10 Merknader til lovforslaget
10.1 Endringar i opplæringslova
Til § 1-2 andre ledd
I andre ledd er orda og vidaregåande opplæring tekne ut, fordi desse orda har komme inn i lova gjennom ein feil ved ei tidlegare lovjustering. I tillegg er ordet mottek bytta ut med ordet får som ei språkeleg retting. Departementet viser til omtale i kapittel 7.
Til § 1-2 fjerde ledd
Fjerde ledd er ny og seier at departementet etter søknad frå fylkeskommunen kan gi løyve til at fylkesekommunen kan stå ansvarleg for vidaregåande opplæring i utlandet som har til formål at elevane skal få norsk vitnemål ved fullført og bestått opplæring. Det blir og fastsett at opplæringslova gjeld for slik opplæring. Så langt det er forsvarleg og nødvendig, kan departementet likevel gjere unntak frå føresegna i opplæringslova og forskrifter til denne. I slike tilfelle må det gjerast ei konkret vurdering med avveging av ulike omsyn, som praktiske behov og omsynet til elevane og samfunnet.
I føresegna er det fastsett at det er mogleg å endre vilkåra for løyvet når tilhøva tilseier det, og at løyvet til å drive vidaregåande opplæring i utlandet om nødvendig kan kallast tilbake. Ordninga vil kunne omfatte både norske og utanlandske elevar, men må baserast på frivillig deltaking. Det vil kunne bli fastsett ulike vilkår avhengig av om elevane er norske eller utanlandske, ut frå omsyn til kva som er nødvendig og rimeleg. Departementet viser elles til omtale og vurderingar i kapittel 4.
Til overskrift kapittel 10
Overskrifta er endra som følgje av at § 10-9 ikkje berre omhandlar krav om politiattest for personalet ved skolen, men også for personale i skoleliknande aktivitetstilbod, skolefritidsordning, leksehjelp og musikk- og kulturskolar. Ved å tilføye m.m” vil dette lettare kunne regulerast i kapittel 10.
Til § 10-9
Heile § 10-9 er omstrukturert slik at heimelsgrunnlaga for å krevje politiattest er samla i første og andre ledd i føresegna. Konsekvensane av eventuelle merknader går fram av tredje ledd. I § 10-9 er det innarbeidd krav om politiattest som ein no finn i opplæringslova §§ 13-6, 13-7 og 13-7a. Dette gjer det enklare for brukarane å finne dei krav om politiattest som er å finne i opplæringslova.
I første ledd er det tilføydd at krav om politiattest vil gjelde både ved fast og mellombels tilsetjing. Dette gjeld både for mellombels tilsetjing med heimel i arbeidsmiljølova og mellombels tilsetjing med heimel i opplæringslova. Dette er i dag gjeldande rett, men blir her foreslått teke inn i sjølve lovteksten.
Endringane i første ledd inneber at fleire lovbrot skal merkjast av på politiattestane enn tidlegare. Ikkje berre seksuelle lovbrot, men også grove valds-, rans- og narkotikalovbrot skal no takast med. Det følgjer av tilvisinga til politiregisterlova § 39 første ledd.
Vidare er heimel for å krevje politiattest for musikk- og kulturskolar, skolefritidsordninga, leksehjelp og skoleliknande aktivitetstilbod regulerte. Dei er nær i slekt og såleis likt regulerte. Når det gjeld skoleliknande aktivitetstilbod, er dette eit nytt område der det krevst politiattest. Dette er i føresegna definert til å vere aktivitetstilbod i regi av skoleeigaren med tilknyting til skolen, og som har karakter av opplæring. Det avgjerande for kva som fell inn under omgrepet, er at det gjeld aktivitetar utanom skolen som blir arrangerte i regi av skoleeigaren, og at tilbodet har nær tilknyting til skolen. Det må vere eit tilbod med karakter av opplæring og vere slik utforma at det gir noko fagleg kompetanse. Men det må ikkje stillast strenge krav til det faglege innhaldet, heller ikkje med tanke på kva som kan vere å sjå på som fag.
Omgrepet skoleliknande aktivitetstilbod vil såleis omfatte slikt som sommerskole og leksehjelp som blir tilboden i skoleregi frå femte årstrinn og oppover. Det vil omfatte skoleliknande aktivitetstilbod anten dei blir gitt i skoleferie eller på anna tidspunkt utanom den ordinære skoletida. Det skal vidare omfatte alle tilsette i skoleliknande aktivitetstilbod, også assistentar. Men det skal ikkje omfatte foreldre og andre pårørande som hjelper til i aktivitetstilbodet i kraft av si rolle som foreldre eller pårørande. Her må det avgrensast mot dei som regelmessig oppheld seg i aktivitetstilbodet, jf. andre ledd i føresegna. Omgrepet er nærmare omtalt under departementet sine vurderingar, sjå punkt 3.4.4 ovanfor.
I andre ledd er vidare kommunen og fylkeskommunen erstatta med skoleeigaren. Dette inneber inga realitetsendring.
I andre ledd er verkeområdet utvida til også å gjelde vidaregåande skole. Det vil også i samband med vidaregåande skole vere behov for å innhente politiattestar frå andre som regelmessig oppheld seg der.
Tredje ledd regulerer konsekvensane av merknader. I andre punktum er forhold som ikkje fell inn under yrkesforbodet i første punktum regulerte. Dette har samanheng med at det er uttrykt i Ot.prp. nr. 108 (2008-2009) at heimel for og konsekvensar av merknader i politiattesten må gå fram av særlovgivinga. I desse tilfelle må den ansvarlege for tilsettinga vurdere konsekvensane av merknader på politiattesten konkret. Omgrepet barn er endra til mindreårig. Dette inneber ikkje noka realitetsendring.
Fjerde ledd inneheld forskriftsheimelen.
Departementet viser elles til omtale og vurderingar i kapittel 3.
Til § 13-6 andre ledd, § 13-7 sjette ledd og § 13-7a tredje ledd
I § 13-6 andre ledd, § 13-7 sjette ledd og § 13-7a tredje ledd er det ført tilvisingar til § 10-9. Sjølve realitetsinnhaldet er regulert i § 10-9, jf. merknad ovanfor om § 10-9. Det blir berre vist til § 10-9, ikkje kva ledd. Dette er gjort for å unngå hyppige lovendringar dersom hovudføresegna i § 10-9 seinare blir endra.
Departementet viser elles til omtale og vurderingar i kapittel 3.
Til kapittel 14 om tilsyn m.m.
Kapitlet er omredigert som følgje av tilpassing til tilsynssystemet i kommunelova kapittel 10A. Det statlege tilsynet er skilt ut som eigen paragraf. Også tema statleg rettleiing og heimel for statleg informasjonsinnhenting er skilde ut som eigne paragrafar. Kapitteloverskrifta er tilpassa til det nye, omredigerte kapitlet. Departementet viser elles til omtale og vurderingar i kapittel 6.
Til § 14-1
Første ledd fastslår at det blir ført statleg tilsyn med at kommunane og fylkeskommunane oppfyller dei pliktene dei er pålagde i eller i medhald av opplæringslova. Alle desse pliktene blir kalla kommunepliktene. Det blir tydeleggjort at tilsynet er eit reint lovlegtilsyn, men dette inneber inga realitetsendring. Tilsyn med elevane sine rettar vil vere omfatta av dette. I samsvar med det alminnelege prinsippet i denne særlovgjennomgåinga er tilsynsheimelen spesifisert på kapittelnivå i lova, men det er framleis slik at alle pliktene til kommunane og fylkeskommunane er underlagde heimelen for statleg tilsyn. Det blir dessutan fastsett at tilsynet med opplæringslova blir nærmare regulert av kommunelova kapittel 10A. I samsvar med ordninga i kommunelova, der tilsynsmyndet er lagt til fylkesmannen, blir også tilsynsmyndet etter opplæringslova lagt til fylkesmannen. Dette er ikkje til hinder for at fylkesmannen kan instruerast av Kunnskapsdepartementet og Utdanningsdirektoratet innanfor eige sektorområde, under dette også inkludert omgjering av fylkesmannen sitt vedtak i samsvar med forvaltningslova § 35 eller liknande.
Andre ledd vidarefører høvet til at det framleis også kan førast statleg tilsyn med andre plikter enn kommunepliktene, det vil seie plikter der det er andre pliktsubjekt enn kommunar og fylkeskommunar, t.d. private skolar som er godkjende med heimel i opplæringslova § 2-12. Tilsynsmyndigheita blir her lagd til departementet med høve til ordinær delegering. Også tilsynet etter dette leddet blir nærmare regulert av kommunelova kapittel 10A (§§ 60 c og 60 d), likevel tilpassa den aktuelle tilsynsinstansen.
Til § 14-2
Denne føresegna er ei vidareføring av tilsvarande føresegn som har stått i første ledd i opplæringslova § 14-1 om tilsyn. Denne omredigeringa gjer det klart at statleg råd og rettleiing er noko anna enn tilsyn. Ansvaret etter føresegna blir lagt til departementet med høve til vidare delegering på same måten som etter tidlegare føresegn.
Til § 14-3
Dette er ei vidareføring av den tidlegare § 14-2 om kommunalt tilsyn med heimeopplæring.
Til 14-4
Dette er ei vidareføring av ei føresegn som tidlegare har stått i § 14-1 fjerde ledd om statleg informasjonsinnhenting og evaluering.
10.2 Endringar i privatskolelova
Til § 3-3 fjerde ledd
I fjerde ledd er ei tilvising til opplæringslova § 3-1 femte ledd om rett til inntil to år ekstra satt inn. Dette inneber at slik rett også vil gjelde for elevar i private vidaregåande skolar. Elevane vil da få like høve til å nytte retten til utvida tid i vidaregåande opplæring i offentleg og privat skole. Elevar som nyttar retten i private vidaregåande skolar, vil følgje normal opplæring, og skolen vil få statstilskott etter den fastsette satsen for det utdanningsprogrammet eleven følgjer. Nokre skolar får tilskottssats for ressurskrevjande elevar etter forskrifta til privatskolelova kapittel 9A. Dersom ein elev ved ein slik skole får innvilga rett til utvida tid som blir teken ut ved skolen, vil skolen framleis få tilskott etter den fastsette satsen for skolen.
Utgifter til spesialundervisning vil følgje dei vanlege reglane i privatskolelova § 3-6. Det blir peika på at det vil vere valfritt om den utvida tida blir teken ut i privat eller offentleg skole.
At føresegnene gjeld så langt dei passar, er fordi opplæringslova § 3-1 femte ledd om elevar som har rett til opplæring i og på teiknspråk etter § 3-9 og rett til opplæring i punktskrift etter § 3-10, ikkje skal gjelde for elevar i private skolar. Dette er fordi privatskolelova ikkje har tilsvarande rettar for elevar i private skolar.
Når det gjeld elevar med rett til særskild språkopplæring etter privatskolelova 3-5, understrekar departementet at retten til opplæring i inntil to år ekstra ikkje gjeld for elevar ved norske skolar i utlandet, jf. privatskolelova § 3-5 siste ledd.
Departementet viser elles til omtale og vurderingar i kapittel 5.
Til overskrift kapittel 4
Overskrifta er endra som følgje av at § 4-3 ikkje berre omhandlar krav om politiattest for personalet ved skolen, men også for personalet ved skoleliknande aktivitetstilbod og leksehjelp. Ved å tilføye m.m. vil dette lettare kunne regulerast i kapittel 4.
Til § 4-3
Endringane i § 4-3 er langt på veg likelydande med endringane i opplæringslova § 10-9. Departementet viser til merknadene til denne.
Ordet styret er erstatta med ordet skolen. Dette er ikkje meint å innebere nokon realitetsforskjell.
Det er som nemnt framanfor uvanleg med skoleliknande aktivitetstilbod i ein privat skole. Slike skolar skal som hovudregel berre drive skoleverksemd. Dispensasjon kan likevel givast. For dei tilfella da ein privatskole såleis har høve til å tilby skoleliknande aktivitetstilbod, gjeld kravet om politiattest også for dette tilbodet. Departementet understrekar likevel at eit eventuelt skoleliknande aktivitetstilbod ikkje må vere i strid med privatskolelova § 2-2 første ledd.
Departementet viser elles til omtale og vurderingar i kapittel 3.
Til § 7-1e
I tredje ledd er gjort ei tilvisning til § 4-3 om politiattest. Dette er på tilsvarande måte som i opplæringslova og det vises til til merknad til opplæringslova § 13-7a tredje ledd ovanfor.
Ikraftsetjing
Merknad til romartal III om ikraftsetjing:
Departementet tek sikte på at lovendringane i opplæringslova og privatskolelova blir sette i verk 1. august 2011.