Del 1
Innleiing
1 Om klima- og miljøutfordringane
Klimautfordringane
Det er brei semje om at det å løyse klima- og miljøutfordringane er blant dei største oppgåvene vi står overfor i vår tid. Klima- og miljøendringane påverkar menneska si helse, livsgrunnlag og verdiskaping. Samstundes er det menneska som er årsak til endringane gjennom våre forbruksmønster.
Oppvarming av klimasystemet er utvitydig, og den menneskelege påverknaden er klar, ifølgje den siste hovudrapporten frå FNs klimapanel. Klimaendringane er eit resultat av menneskeskapte utslepp av klimagassar frå blant anna energiproduksjon og -bruk, industri, transport og landbruk sidan førindustriell tid. Utsleppa har ført til at konsentrasjonen av CO2 i atmosfæren i dag, i følgje verdas meteorologiorganisasjon, er 145 pst. høgare enn i førindustriell tid. Havet har teke opp ca. 30 pst. av dei menneskeskapte CO2-utsleppa til atmosfæren. Det auka CO2-nivået i havet medfører auka havforsuring, og har effektar på arter og økosystem i havet. Åra 2015, 2016 og 2017 har blitt stadfesta som dei tre varmaste som nokonsinne er registrert globalt. Ifølgje Verdas meteorologiorganisasjon (WMO) var jorda si overflate i 2017 om lag 1,1 grad varmare enn i før-industriell tid, og mesteparten av denne temperaturaukinga har skjedd sidan midten av 1970-talet.
I 2015 vart verdas leiarar, med Parisavtala, samde om at den globale oppvarminga må haldast godt under to grader – og at vi skal streve etter å avgrense temperaturauken til 1,5 grader, for at vi skal unngå farlege klimaendringar. Med Parisavtala har alle statar teke på seg å melde inn eller fornye sine nasjonalt fastsette bidrag kvart femte år, i tråd med prinsippa i avtala om at nye bidrag vil utgjere ein progresjon og høgste moglege ambisjon. Regjeringa vil at Noreg skal vere ein pådrivar i det internasjonale klimaarbeidet, og Noreg har som ein del av Parisavtala teke på seg ei forplikting på vilkår om minst 40 pst. utsleppsreduksjon i 2030 samanlikna med 1990-nivået. FNs klimapanel legg i oktober 2018 fram ein spesialrapport om verknadene av klimaendringane ved 1,5 grads global oppvarming og utrekningar for kor mykje dei globale utsleppa må reduserast for å avgrense oppvarminga til 1,5 grad. Denne rapporten vil vere eit viktig element i kunnskapsgrunnlaget for klimapolitikken framover.
I 2017 var dei norske klimagassutsleppa på 52,4 mill. tonn CO2-ekvivalentar ifølgje førebelse tal frå Statistisk sentralbyrå. Det er ein nedgang på 1,7 pst. frå 2016, men 2,4 pst. høgare samanlikna med 1990-nivået. Viktigaste årsak til fjorårets nedgang er redusert bruk av fossile brensle til vegtrafikk.
Endringar i klima skaper nye utfordringar for menneska og samfunnet. Eit varmare klima med større nedbørsmengder fører blant anna til overfløyming, jordras og auka forureining. Skadelege framande arter vil tilpasse seg i den norske naturen, mange arter og bestandar flytter seg lenger nord eller høgare til fjells om det er mogleg, eller dei blir borte frå norsk natur. Årets tørkesommar har tydeleg vist at jordbruksavlingar og buskap kan vere utsette for skade i eit endra klima.
Ringverknadene av klimaendringar i andre delar av verda kan òg få store konsekvensar for Noreg. I følgje ei rapport frå EY1 vil den mest akutte verknaden vere auka behov for bistand og naudhjelp som følgje av hyppigare og kraftigare ekstremvêr, flaum, tørke og mangel på vatn. Det er påvist tydelege samanhengar mellom slike verknader, fattigdomsutvikling og humanitære kriser blant menneske som bur i sårbare område.
Gjennom klimaforliket på Stortinget vart det slått fast kva som er hovudutfordringane i klimapolitikken, kva mål vi skal nå og ei rekkje verkemiddel. Behandlinga av Meld. St. 13 (2014–2015) Ny utslippsforpliktelse for 2030 – en felles løsning med EU stadfeste mål og særskilte innsatsområde mot 2030. Meld. St. 41 (2016–2017) Klimastrategi for 2030 – norsk omstilling i europeisk samarbeid er ein strategi for korleis måla kan nås i samarbeid med EU. Regjeringa jobbar med å følgje opp vedtaka frå stortinget si behandling av Meld. St. 41. (2016–2017) Klimastrategi for 2030 – norsk omstilling i europeisk samarbeid.
Boks 1.1 Rapportering etter klimalova
Lov om klimamål (klimalova) lovfester klimamåla for 2030 og 2050. Formålet med lova er å fremje gjennomføring av Noregs klimamål som ledd i omstillinga til eit lågutsleppssamfunn. For 2030 skal målet vere minst 40 pst. utsleppsreduksjon i 2030 samanlikna med 1990. For 2050 har Noreg eit mål om å bli eit lågutsleppssamfunn, og målet skal vere å redusere klimagassutsleppa med 80 til 95 pst. målt mot 1990. Ved vurdering av måloppnåing skal det takast omsyn til effekten av norsk deltaking i det europeiske klimakvotesystemet for verksemder. Det skal rapportertast på klimamåla kvart år. Årets budsjett er første gongen regjeringa rapporterer i medhald av klimalova. Klimalovrapporteringa ligg i del IV. Der framgår ei meir omfattande omtale av klimautfordringane, utsleppsutvikling og regjeringas strategi for å nå klimamåla, og korleis Noreg blir førebudd på og tilpassa klimaendringane.
Marin forsøpling, endringar i havmiljøet og spreiing av miljøgifter
Dei store havområda under norsk jurisdiksjon, og vår avhengnad av og tilknyting til havet både i fortid, notid og framtid, inneber eit særskilt forvaltingsansvar for å sikre vel fungerande marine økosystem, reine hav og rein kyst. Viktige utviklingstrekk i norsk og internasjonal havforvalting er omstilling i havbaserte næringar, globale diskusjonar under FN om forvalting av hav og havressursar, ei aukande erkjenning av økosystema si rolle i havøkonomien, og havet si rolle som ein del av løysinga på globale utfordringar. Ifølgje rapporten The Ocean Economy in 2030, utgitt av Organisasjonen for økonomisk samarbeid og utvikling (OECD) i 2016, har verdas havområde stort potensial for økonomisk vekst gjennom nye næringar og utvikling av eksisterande næringar. Ein føresetnad for å realisere havets potensial fullt ut, er at havområda blir nytta på ein ansvarleg og berekraftig måte. Samstundes står vi i dag overfor truslar mot havmiljøet spesielt i form av klimaendringar og forsuring av havet og marin forsøpling.
Marin forsøpling og spreiing av mikroplast er eit aukande globalt miljøproblem og ein trussel mot både dyreliv langs kyst og i hav, mot sjømatressursane og menneska sin bruk av kyst- og havområda. I Noreg er det særleg plastavfall frå fiskeri- og oppdrettsnæringa og avfall frå forbrukarar som er dei største kjeldene til marin forsøpling. På global basis kjem dei største mengdene marint avfall frå land i rask økonomisk vekst og utan tilfredsstillande system for behandling av avfall. Plastavfall blir svært sakte brote ned i havdjupet. Det er usikkert om det nokon gong vil forsvinne, eller berre endar opp som små mikro- og nanoplastpartiklar. Det er behov for meir kunnskap om effektane av mikroplast i havet på helsa til dyr og menneske. Den raske auken av plast i havet, og dei skadane ein allereie ser, gjer at dette er rekna som ein av dei viktigaste truslane mot havmiljøet.
Eit reint miljø er ein føresetnad for at vi fritt skal kunne bruke naturen, hauste av naturressursane og beskytte menneskers helse. Mykje av norsk verdiskaping, produksjon og velferd er derfor avhengig av eit reint miljø. Helse- og miljøskadelege kjemikaliar kryssar landegrenser. Dei utgjer ei stor utfordring både nasjonalt og internasjonalt. Dei farlegaste kjemikaliane og miljøgiftene blir sakte brotne ned i naturen og hopar seg opp i næringskjedene. Miljøgiftene er derfor eit alvorleg trugsmål mot mangfaldet i naturen og mot matforsyning og helse for kommande generasjonar. Noreg gjer ein særskilt innsats både nasjonalt og internasjonalt for å stanse bruk og utslepp av prioriterte miljøgifter innan 2020.
Tap av naturmangfald
Naturen er sjølve livsgrunnlaget vårt, men verda over forsvinn no naturtypar og arter i eit stadig aukande tempo. Mange økosystem er så belasta av negativ påverknad at dei ikkje lenger leverer dei goda eller held ved lag dei naturlege prosessane som menneska er heilt avhengige av. Tapet av naturmangfald er både ei nasjonal og ei internasjonal utfordring. I Noreg er det risiko for tap av naturmangfald og særleg som følgje av arealinngrep, arealbruksendringar og spreiing av framande arter. I havet gir marin plastforsøpling og havforsuring store utfordringar for mangfaldet av planter og dyr. Klimaendringane forsterkar truslane både på land og i havet. Ein føresetnad for å lukkast med det grøne skiftet er å ta vare på naturmangfaldet for noverande og kommande generasjonar. World Economic Forums «Global Risk Report» frå 2015 identifiserer klimarisiko, tap av naturmangfald og kollaps av økosystem på topp fem-lista over risiki som kan få betyding for utvikling av makroøkonomien framover.
Eit rikt naturmangfald og lett tilgang til naturområde er viktig for folkehelsa. Friluftsliv er den vanlegaste forma for fysisk aktivitet i Noreg, og er ei viktig kjelde til helse og livskvalitet for ein stor del av befolkninga.
Vern om kulturminne og kulturmiljø
Kulturminne og kulturmiljø utgjer vårt kollektive minne om samfunn og levekår i tidlegare tider og er ein integrert del av klima- og miljøpolitikken. Dette er ressursar som ikkje kan fornyast, og dei representerer både miljømessige, kulturelle, sosiale og økonomiske verdiar og er ei viktig kjelde til kunnskap og opplevingar.
Mange norske byar og stader har ein struktur som kan sporast tilbake til mellomalder eller seinare. Urbanisering og auka tilflytting til byar og tettstader fører til press for endra bruk av areal og eksisterande bygningar og anlegg. I arbeid med byutvikling er det ei utfordring og eit mål at kulturminna og samansette kulturmiljø vert integrerte i planlegginga slik at dei kan medverka sterkt til gode bu- og lokalmiljø med særpreg og attraktivitet. Redusert energiforbruk, utslepp og avfallsproduksjon er viktige overordna mål i miljøpolitikken. Energieffektivisering, gjenbruk og bevaring av eksisterande bygg er bidrag til å nå desse måla. Å ta vare på og skjøtte dei gamle kulturlandskapa er viktige for artsmangfaldet.
I dag er breidda stor og verkemidla i kulturminnearbeidet mange, men i eit samfunn der endringstempoet er høgare enn nokon gong, blir det stilt store krav til at forvaltinga skal vere tydeleg og føreseieleg. Dette gjeld særleg i og omkring dei store byane. Samstundes kan nye miljøutfordringar verke direkte inn på korleis samfunnet vernar dei kulturhistoriske verdiane sine.
Miljøutfordringar i nord – og polarområda
Klimaendringar og auka menneskeleg aktivitet gir miljøutfordringar i Arktis og Antarktis. Polarområda i nord og sør har ei nøkkelrolle i det globale klimaet, og issmelting i Arktis og Antarktis er avgjerande for havnivået i framtida.
Raske klimaendringar er ei betydeleg og aukande utfordring for miljøvernet og lokalsamfunna på Svalbard. Dei siste åra har klimaendringane ført til mindre fjordis særleg på vestkysten av Svalbard, noko som reduserer leveområda til isavhengige arter som ringsel og isbjørn. Områder som framleis har stabil fjordis om vinteren og beskyttande brefrontar blir difor stadig viktigare for slike artar på denne delen av Svalbard. Reiselivet på Svalbard aukar raskt og er i mange samanhengar ei utfordring for miljøet. Det gjeld særleg ferdsel i område som er viktige for dyrelivet i sårbare periodar av året, då auka ferdsel fører til forstyrring av plante- og dyreliv. Mindre is og villare vêr gir òg større erosjon på strendene, og kulturminna som ligg nært sjøen, står i fare for å rase i havet.
Klimaendringane fører til auka fare for flaum og skred. Dette fører med seg utfordringar for arealplanlegginga i lokalsamfunna. Mange bygg får skadar på grunn av mindre permafrost som inneber at grunnen tinar.
Marin forsøpling og mikroplast i havet og på strendene rundt Svalbard er eit aukande problem. I Antarktis møter ein dei same utfordringane med klimaendringar, havforureining av særleg plast og auka menneskeleg aktivitet.
Klimaendringane kan påverke økosystema i Sørishavet. Ei utvikling mot varmare og ferskare vatn og gradvis flytting av frontsystem sørover vil kunne føre til endringar for nøkkelarter, slik som kril, som igjen påverkar livsgrunnlaget for pingvinar og andre marine pattedyr.
Framande arter er ein miljøtrussel på Svalbard, og globalt. I polarområda er miljøet sårbart, og klimaendringane har gjort det lettare for framande arter å finne fotfeste der. Fleire nye arter kjem på naturlig vis med havstraumane og kan etablere seg som følgje av varmare hav og generelt varmare klima. Andre arter blir introduserte gjennom menneskeleg aktivitet
Klima- og miljøutfordringane må løysast både nasjonalt og internasjonalt
Regjeringas klima- og miljøpolitikk byggjer på føre-var prinsippet og forvaltaransvaret. Klimautfordringane kan bare løysast gjennom globalt samarbeid, men Noreg må òg redusera eigne utslepp. Alle samfunnssektorar har eit sjølvstendig ansvar for å leggje miljøomsyn til grunn for aktivitetane sine og for å medverke til at dei nasjonale klima- og miljøpolitiske måla kan bli nådde.
Klima- og miljødepartementet har ansvaret for å samordne og utvikle regjeringas klima- og miljøpolitikk, og arbeider for klima- og miljøvennlege løysingar i alle samfunnssektorar. Sjølv om klima- og miljøforvaltinga har det overordna ansvaret for å ha oversikt over miljøtilstanden, har alle sektorar eit sjølvstendig ansvar for å sikre at kunnskap om eigen påverknad på klima og miljø, og kunnskap om moglege løysingar og tiltak, blir ivareteke i forsking og anna kunnskapsproduksjon.
I forvaltinga for eit berekraftig samfunn som tek vare på naturkapitalen står følgjande prinsipp sentralt:
Klima- og miljøpolitikken skal vere basert på kunnskap. Å hente inn kunnskap frå nasjonale kjelder som forsking, kartlegging og overvaking (og syntesar baserte på dette) står sentralt, men bidrag frå internasjonale kunnskapsprosessar som FN sitt klimapanel (IPCC) og Naturpanelet (IPBES) er òg viktig.
Føre var-prinsippet, som er nedfelt i forureiningslova, naturmangfaldlova, kulturminnelova og svalbardmiljølova, seier at dersom det er fare for at ein aktivitet kan skade miljøet og kunnskapen er mangelfull, skal ein ta tilstrekkelege forholdsreglar mot slik skade, eller late vere å gjennomføre aktiviteten.
Prinsippet om samla belastning står sentralt i naturmangfaldlova og inneber at ein skal leggje vekt på summen av påverknad på naturmangfaldet, både område, naturtypar og arter, når planar skal leggjast og vedtak skal fattast.
Forureinar betaler-prinsippet inneber at den som har ansvaret for at forureining skjer, skal dekkje kostnadene ved at forureining blir påført samfunnet. Dette er prinsippet for ei rekkje miljøavgifter, til dømes CO2-avgifta. Etter forureiningslova har den som forureinar òg ansvaret for å rydde opp. Tilsvarande har naturmangfaldlova eit prinsipp om at kostnadene ved at miljøet blir dårlegare skal berast av tiltakshavar. Kulturminnelova har føresegn om at tiltakshavar skal betale kostnader ved arkeologiske undersøkingar av automatisk freda kulturminne. Svalbardmiljølova har òg slike føresegner.
Internasjonalt samarbeid er avgjerande for å løyse dei globale klima- og miljøutfordringane.
I september i 2015 vart FNs universelle berekraftsmål vedtekne av FNs generalforsamling. Måla rettleier FN og medlemslanda i arbeidet med global fattigdom, sosiale rettar og jobbar, klima og miljø fram mot 2030. I 2019 finn det første møtet på statsleiarnivå stad, etter at alle måla er gjennomgått, og Global Sustainable Development Report som gir status på alle måla blir lagt fram. Berekraftmåla og Parisavtala dannar ei viktig ramme for Noregs nasjonale og internasjonale miljøarbeid, og begge er omtala nærare i denne proposisjonen.
Internasjonalt samarbeid under mellom anna Gøteborgprotokollen og betre teknologiar har medverka til at vi har klart å redusere tilførslene til vårt land av sur nedbør, og samarbeid gjennom Montrealprotokollen har resultert i at ozonlaget no er i ferd med å bli tjukkare. I Kigali i 2016 vart det bestemt at Montrealprotokollen òg skal regulere dei sterke klimagassane hydrofluorkarbon (HFKar). Stockholmkonvensjonen, Minamatakonvensjonen og Baselkonvensjonen er globale avtaler som gir redusert produksjon og bruk av miljøgifter og som regulerer grensekryssande transport av farleg avfall.
FN sin konvensjon om biologisk mangfald (CBD) er eit svar på verdssamfunnet si bekymring over tapet av naturmangfald. Partslanda til CBD har no sett i gang ein prosess om å einast om eit nytt globalt rammeverk om biologisk mangfald, med sikte på vedtak på partsmøtet i Kina i 2020. Det nye rammeverket vil ta over for Aichimåla. Gjennomføring av Aichimåla har ei klar kopling til oppfølginga av FNs berekraftsmål, og Noreg legg vekt på at òg det nye rammeverket skal medverke til å styrkje gjennomføring av berekraftsmåla. Vidare må dei nye måla byggje på beste tilgjengelege kunnskap, og setje ein ambisiøs retning for å mobilisere til handling for å stanse den alarmerande tapsraten for biologisk mangfald globalt.
Naturpanelet (IPBES, Intergovernmental Platform on Biodiversity and Ecosystem Services) er inne i ein viktig fase med avslutning av første arbeidsprogram i 2019. Den første globale rapporten blir presentert våren 2019. Norsk handlingsplan for naturmangfald, Meld. St. 14 (2015–2016) Natur for livet understrekar at det er viktig med kunnskap som underbyggjer dei vala samfunnet tek. Naturpanelets rapportar vil òg vere viktige for utviklinga av nye globale miljømål etter 2020, og for nasjonal politikkutforming.
Mange FN-organ er viktige aktørar i det globale arbeidet med miljø- og klimaspørsmål. FNs miljøprogram er ein sentral aktør for å bringe fram ny miljøkunnskap, utvikle internasjonal miljølovgiving og hjelpe land med gjennomføringa av nasjonal miljøpolitikk.
Regjeringa vil styrkje Noregs internasjonale leiarrolle i arbeidet mot marin forsøpling. Noreg har i 2017 fått internasjonal tilslutning under FNs miljøforsamling (UNEA) til ein visjon om å stanse tilførsler av plastavfall og mikroplast til havet.Det er etter initiativ frå Noreg òg sett i gang ein prosess for å vurdere sterkare globale forpliktingar for å motverke marin plastforsøpling.
Noreg fekk òg i 2018 saman med andre sentrale sjøfartsnasjonar gjennomslag i FNs sjøfartsorganisasjon (IMO) om at det skal utarbeidast ein handlingsplan mot marin plastforsøpling frå skip. Noreg har òg fått brei støtte til sine forslag om å styrkje Baselkonvensjonen om grensekryssande transport av avfall sitt arbeid mot marin forsøpling.
EU er ein pådrivar i internasjonal miljøpolitikk, og internasjonale miljøkonvensjonar dannar ofte utgangspunkt for gjennomføring av eit meir ambisiøst regelverk i EU. Ein stor del av EUs miljøpolitikk blir innlemma i norsk regelverk som følgje av EØS-avtala, blant anna regelverk på område som avfall, kjemikaliar, industriutslepp, luftkvalitet og vassforvalting. Noreg deltek fullt ut i EUs klimakvotesystem. Noreg og EU arbeider no for ei felles oppfylling av klimamåla for 2030.
Noregs økonomiske bidrag til gjennomføring av EØS-avtala i perioden 2014-2021 er på om lag 27 mrd. kroner. Om lag 5 mrd. kroner går til klima, energi og miljø. I tillegg kjem betydeleg satsing på forsking og grøn innovasjon. I klimaarbeidet skal klimatiltak prioriterast høgare enn klimatilpassing for å medverke til oppfølging av Parisavtala i mottakarlanda.
Samarbeid med økonomiar i framvekst og utviklingsland er òg ein viktig pilar i Noregs internasjonale klima- og miljøarbeid. Med bilaterale samarbeidsavtaler og støtte til internasjonale initiativ skal Noreg medverke til ei grøn utvikling. Vi prioritere å byggje opp kapasitet og kompetanse til å forvalte miljø- og naturressursar. Regjeringas største internasjonale initiativ innan klima og miljø er Klima- og skoginitiativet. Klima- og miljødepartementet har òg bilaterale samarbeid med styresmaktene i Kina, India og Sør-Afrika. Desse landa er viktige for den globale miljøtilstanden.
Noreg jobber for ei anerkjenning globalt av at miljøkriminalitet er ein grenseoverskridande og alvorleg form for organisert kriminalitet og for ei heilskapleg tilnærming der ein ser dei ulike typene miljøkriminalitet i samanheng og samstundes i samanheng med anna organisert kriminalitet.
Dersom vi skal ta dei globale miljøutfordringane på alvor, bør dei òg sjåast i samanheng med internasjonal handel, investeringar og finanssektoren. Klima- og miljødepartementet arbeider for at bilaterale, regionale og multilaterale handels- og investeringsavtaler vert utforma slik at dei fremjar grøn vekst og støttar opp om klima- og miljøomsyn.
2 Resultatområde og nasjonale mål i klima- og miljøpolitikken
Klima- og miljøpolitikken er delt opp i seks resultatområde. Resultatområda er etablerte for å vise heilskapen i Klima- og miljødepartementets politikkområde, og for å gjere synleg at klima og miljø er eit ansvar for heile samfunnet.
På kvart resultatområde er det tilhøyrande nasjonale mål som speglar kva Noreg vil oppnå på området, og indikatorar for kvart mål som viser utviklinga over tid. Mål og indikatorar går fram av Miljøstatus.no. I 2018 har Klima- og miljødepartementet fastsett eit sett med indikatorar for alle dei nasjonale måla.
Under følgjer ei nærare omtale av resultatområda og dei nasjonale måla.
2.1 Naturmangfald
Nasjonale mål:
Økosystema skal ha god tilstand og levere økosystemtenester.
Ingen arter og naturtypar skal utryddast, og utviklinga til truga og nær truga arter og naturtypar skal betrast.
Eit representativt utval av norsk natur skal takast vare på for kommande generasjonar.
Naturmangfaldet er grunnlaget for menneska sitt liv på jorda. Vel fungerande økosystem er ein føresetnad for stabilitet, velferd og vekst. Naturen reinsar vatn og luft, resirkulerer næringsstoff, bind jordsmonn, dempar flaumar, lagrar karbon, beskyttar mot erosjon og syter for pollinering av planter. Naturen medverkar òg til verdiskaping og arbeidsplassar og opplevingar. Ein mangfaldig natur gir meir robuste økosystem som er betre i stand til å tilpasse seg endringar i naturen, blant anna klimaendringane.
Gjennom dei siste tiåra er det globale naturmangfaldet vesentleg redusert. Situasjonen i Noreg er meir positiv, men her òg finst det utfordringar. Naturindeksen for Noreg (sjå omtale i boks 2.1) viser at det er utfordringar i fleire hovudøkosystem, blant anna i våtmark i lågareliggjande og kystnære strøk, i havområda ved Svalbard, i Nordsjøen og i Skagerrak og i ope lågland (kulturbetinga naturtypar) i Sør-Noreg. Regjeringa har som ei oppfølging av naturmangfaldmeldinga sett i gang arbeid med å klargjere kva som er å rekne som god tilstand i dei ulike økosystema og å fastsetje forvaltingsmål.
Boks 2.1 Naturindeksen for Noreg
Naturindeksen for Noreg 2015 er basert på 301 indikatorar og viser tilstand og utviklingstrendar for naturmangfaldet i dei store økosystema havbotn, opne vassmassar i havet, kystvatn- botn og kystvatn-vassmassane, elvar og innsjøar, våtmark, skog, fjell og kulturbetinga naturtypar i ope landskap. Ny naturindeks vil bli presentert i 2020. Alle forskingsinstitusjonar som arbeider med naturovervaking er involverte i arbeidet, og i alt var 85 ekspertar involvert i oppdatering av Naturindeks 2015. For meir informasjon sjå http:/www.miljodirektoratet.no/Documents/publikasjoner/M441/M441.pdf
For å hindre at arter og naturtypar i norsk natur blir utrydda, må vi ha spesiell merksemd på dei artene og naturtypane som er truga. Dette er arter og naturtypar der det er ekstremt høg eller høg risiko for at dei kan forsvinne frå norsk natur. Ein truga art eller naturtype er definert som ein art eller naturtype i ein av kategoriane kritisk truga, sterkt truga eller sårbar på Norsk raudliste for arter 2015 eller Norsk raudliste for naturtypar 2011. Tabell 2.1 gir ei oversikt over truga arter og naturtypar i dei ulike hovudøkosystema.
Tabell 2.1 Talet på truga arter og naturtypar i hovudøkosystema
Hovudøkosystema i Noreg | Talet på truga arter | Talet på truga naturtypar |
---|---|---|
Hav og kystvatn | 45 | 5 |
Elvar og innsjøar | 166 | 5 |
Våtmark | 174 | 11 |
Skog | 1 135 | 9 |
Fjell | 83 | 1 |
Kulturlandskap (ope lågland) | 1 119 | 9 |
Polare område (Svalbard) | 46 |
Dei områda som er verna etter naturmangfaldlova utgjer ein viktig del av den norske naturen, og det er ei prioritert oppgåve å oppretthalde tilstanden i desse områda ved god forvalting. Om lag 17 pst. av fastlands-Noreg er no verna som nasjonalparkar, naturreservat eller landskapsvernområde. Om lag 80 pst. av det verna arealet på fastlandet blir forvalta av nasjonalpark- og verneområdestyra som består av representantar frå kommunar og fylkeskommunar, desse har tilknyting til verneområdet, i tillegg til representantar oppnemnde av Sametinget der det er aktuelt.
Om lag 75 pst. av nasjonalparkane, 70 pst. av landskapsvernområda og litt over 20 pst. av naturreservata ligg i fjellet. Om lag 35 pst. av arealet over 900 meter over havet er verna. Det finst naturtypar i fjellet som treng betre vern, men i hovudsak reknar ein målet om representativt vern av fjellet som oppnådd. Vel 4,6 pst. av skogen, under dette nær 3,4 pst. av den produktive skogen, er no verna. Det er eit mål å verne 10 pst. av skogarealet. Produktiv skog har som hovudregel det største naturmangfaldet, så det blir arbeidd vidare for å verne slik skog. 15,7 pst. av våtmark, 13,6 pst. av elvar og innsjøar og 12,1 pst. av områda i ope lågland, under dette kulturlandskapet, er verna. Sjølv om omfanget av verna areal gir relativt god dekning for desse tre hovudøkosystema, er det framleis behov for å verne fleire naturtypar. Om lag 3,1 pst. av hav og kystvatn innafor 12 nautiske mil (territorialfarvatnet) er verna. Her er det langt igjen før målet om representativt vern er oppnådd.
2.2 Kulturminne og kulturmiljø
Nasjonale mål:
Tapet av verneverdige kulturminne skal minimerast.
Eit prioritert utval automatisk freda og andre arkeologiske kulturminne skal ha eit ordinært vedlikehaldsnivå innan 2020.
Eit representativt utval kulturminne og kulturmiljø skal vere vedtaksfreda innan 2020.
Freda bygningar, anlegg og fartøy skal ha eit ordinært vedlikehaldsnivå innan 2020.
I Prop. 1 S (2017–2018) frå Klima- og miljødepartementet la regjeringa fram forslag til nye nasjonale mål på kulturminnefeltet. I samband med budsjettbehandlinga vart det bestemt at regjeringa skal leggje fram ei stortingsmelding om kulturminnefeltet og at endringa av dei nasjonale måla skal behandlast i denne meldinga.
Regjeringa vil leggje fram ei melding om kulturminnepolitikken for Stortinget våren 2020, der forslag til nye mål vil bli forankra.
Kulturminne og kulturmiljø er viktige delar av samfunnet sitt kollektive minne. Historiske bygningar, bymiljø, landskap og arkeologiske spor er kjelder til historia om samfunnet si utvikling, om enkeltmennesket sitt liv og om korleis menneska har brukt og innretta seg etter naturen og samfunnet gjennom tidene. Kulturminnepolitikken skal forvalte dei kulturhistoriske verdiane som eit kulturelt og miljøvist ressursgrunnlag for morgondagens samfunn.
Kulturminne og kulturmiljø utgjer verdiar som gir stader særpreg og eigenart, og er ein ressurs i utvikling av gode lokalsamfunn og gode næringar. Døme viser at lokalsamfunn som tek i bruk kulturarven, skaper ei rekkje moglegheiter for befolkninga. Kulturarv kan vere eit konkurransefortrinn ved val av bustad, ved etablering av verksemder og ved utvikling av reiseliv. Kulturarv kan òg medverke til å skape attraktive miljø for utviklinga av ulike kultur- og tradisjonsprodukt innanfor til dømes handverkstradisjonar, kunsthandverk og lokale matvarer.
I St. meld. nr. 16 (2004–2005) Leve med kulturminner vart det lagt fram ein opptrappingsplan for å nå dei nasjonale miljømåla om at freda kulturminne skal setjast i stand til ordinært vedlikehaldsnivå. I oppfølginga av meldinga har Klima- og miljødepartementet organisert arbeidet i ti bevaringsprogram. I Meld. St. 35 (2012–2013) Framtid med fotfeste som blei behandla i juni 2013, heldt eit samla Storting ved lag ambisjonane og måla frå Leve med kulturminner.
Til trass for vesentleg styrking av dei statlege tilskotsordningane, er situasjonen i dag til dels prega av etterslep i istandsetjingsarbeidet. Dette bildet varierer likevel frå program til program. Istandsetjingsprogrammet for stavkyrkjer er sluttført i tråd med målet slik at innsatsen no kan konsentrerast om det fortløpande vedlikehaldet. Utfordringane med omsyn til etterslep er størst innanfor programmet for freda kulturminne i privat eige.
I statsbudsjettet for 2016 varsla Klima- og miljødepartementet at dei ti bevaringsprogramma ville bli gjennomgått som følgje av eit stort og aukande etterslep på fleire av bevaringsprogramma. Det er store variasjonar mellom programma som gjer at enkelte av 2020-måla ikkje vil bli nådde.
Kunnskapsløftet vart i hovudsak fullført i 2017 med unntak av delprosjektet Kulturminner i kommunene som blir ført vidare. Mange kommunar har oppdatert oversikt over eigne verneverdige kulturminne og kulturmiljø. Over 300 kommunar har no vedteke eller er i gang med å utarbeide kulturminneplan. Gjennom arbeidet med lokale kulturminneplaner vil fleire kommunar få betre kunnskap, og tapet av verneverdige kulturminne og -miljø kan reduserast.
Kulturminnefondet er den viktigaste verkemiddelordninga for eigarar av verneverdige kulturminne. Tilskot frå Kulturminnefondet er eit effektivt bidrag til arbeidet med å betre rammevilkåra for private eigarar av kulturminne og til å stimulere til privat verneinnsats. Kulturminnefondet har i 2017 fordelt 99,1 mill. kroner til 606 tiltak, som medverkar til at eit mangfald av kulturminne og kulturmiljø kan nyttast som grunnlag for framtidige opplevingar, kunnskap, utvikling og verdiskaping.
Dei enkelte kulturminna og samansette kulturmiljø medverkar sterkt til lokalt særpreg og attraktivitet. Riksantikvarens bystrategi 2017–2020 er eit verktøy for arbeidet med forvalting av historiske bymiljø. Bystrategien har ein eigen handlingsplan som blir oppdatert jamleg. Strategien legg vekt på at vern og gjenbruk eller ny bruk av eldre bygningar og bystruktur er viktige ledd i det grøne skiftet.
2.3 Friluftsliv
Nasjonale mål:
Friluftslivet sin posisjon skal bli teken vare på og utvikla vidare gjennom ivaretaking av allemannsretten, bevaring og tilrettelegging av viktige friluftslivsområde og stimulering til auka friluftslivsaktivitet for alle.
Naturen skal i større grad brukast som læringsarena og aktivitetsområde for barn og unge.
Friluftsliv gir auka trivsel, betrar folkehelsa og aukar forståinga og interessa for å ta vare på naturverdiar. Friluftsliv er kjenneteikna av koplinga mellom fysisk aktivitet og naturopplevingar, og av at friluftsliv som regel ikkje har noko konkurranseelement. Spesielt viktig er naturen i nærmiljøet, som er den klart mest etterspurte arenaen for fysisk aktivitet i kvardagen.
Friluftslivet har ei sterk stilling i Noreg. Den norske naturen og landskapet, friluftsliv og eit nært forhold til naturen er ein viktig del av det nasjonale medvitet og ein integrert del av mange nordmenn sitt liv.
Undersøkingar viser at, forutan å få trim og bli i betre fysisk form, er det først og fremst fred og ro, naturoppleving og det å komme ut i frisk luft folk ønskjer når dei er på tur. Ifølgje SSB sine levekårsundersøkingar deltek meir enn 90 pst. av den norske befolkninga i friluftslivsaktivitet. I gjennomsnitt driv nordmenn med ein eller fleire friluftslivsaktivitetar meir enn 100 gonger i året. Fotturar er mest utbreidde, deretter følgjer bading utandørs.
Befolkningstettleiken aukar i byar og tettstader. Befolkninga har likevel ein unik nærleik til grøntområde i høve til andre land vi kan samanlikne oss med. Samstundes er tilgangen til grøntområde avgrensa i dei store byane, der berre halvparten av befolkninga har trygg tilgang til leike- og rekreasjonsareal.
Den lovfesta retten i friluftslova til å kunne ferdast fritt og opphalde seg i naturen (allemannsretten) og at ferdsel og opphald i naturen er gratis, er ein viktig føresetnad for at friluftsliv er svært utbreidd i Noreg. Allemannsretten si sterke stilling i Noreg heng nært saman med den vekta naturopplevingar har for folk i det daglege. Stadig fleire flytter til byar og tettstader, og då får naturen i og ved slike område ein endå viktigare funksjon som arena for rekreasjon, friluftsliv og naturopplevingar.
2.4 Forureining
Nasjonale mål:
Forureining skal ikkje skade helse og miljø.
Utslepp av helse- og miljøfarlege stoff skal stansast.
Veksten i mengda avfall skal vere vesentleg lågare enn den økonomiske veksten, og ressursane i avfallet utnyttast best mogleg gjennom materialgjenvinning og energiutnytting.
Å sikre trygg luft. Basert på dagens kunnskapsstatus blir følgjande nivå sett på som trygg luft:
Årsmiddel PM10: 20 µg/m3
Årsmiddel PM2,5: 8 µg/m3
Årsmiddel NO2: 40 µg/m3
Støyplager skal reduserast med 10 pst. innan 2020 i høve til 1999. Talet på personar som er utsette for over 38 dB innandørs støynivå skal reduserast med 30 pst. innan 2020 i høve til 2005.
Alle har rett til eit miljø som trygger helse og velferd, og til ein natur der mangfaldet og produksjonsevna blir teken vare på.
Til tross for at nivået for enkelte miljøgifter er på veg ned og industriutsleppa er kraftig reduserte i Noreg og andre vestlege land, er det likevel behov for ein særleg innsats framover både nasjonalt og ikkje minst internasjonalt for å stanse bruk og utslepp av dei prioriterte miljøgiftene (www.miljostatus.no/prioritetslisten).
Boks 2.2 Nærare om to av dei nasjonale måla for arbeidet med forureiningar
Forureining skal ikkje skade helse og miljø:
Forureining i denne samanhengen er å forstå som utslepp av stoff som kan gi skade på helse og/eller miljø, jf. definisjonar i forureiningslova. Det nasjonale målet dekkjer potensielt helse- og miljøskadelege forureiningar, òg ved akutt forureining, der handtering og verkemiddelbruk i hovudsak er basert på risikovurderingar. Målet inneber at risiko for skade skal minimerast. Målet omfattar utslepp av helse- og miljøskadelege kjemikaliar, langtransportert luftforureining og radioaktive stoff. Målet omfattar den delen av nullutsleppsmålet for petroleumsverksemd som gjeld oljekomponentar som ikkje er miljøfarlege, og tilsette kjemikaliar som ikkje har ibuande miljøfarlege eigenskapar, og naturleg førekommande radioaktive stoff.
Utslepp av helse- og miljøfarlege stoff skal stansast:
Nokre typar forureiningar eller stoff kan ha så alvorlege konsekvensar at dei i hovudsak blir handterte og regulerte etter sine ibuande eigenskapar. Utslepp av slike helse- og miljøfarlege stoff skal kontinuerleg reduserast med intensjon om å stanse utsleppa. Det langsiktige målet er å oppnå konsentrasjonar i miljøet nær bakgrunnsnivå for naturleg førekommande stoff og nær null for menneskeskapte stoff. For dei prioriterte miljøgiftene i den spesifikke prioritetslista, for tida om lag 35 stoff og stoffgrupper, skal bruk og utslepp av desse miljøgiftene reduserast vesentleg med sikte på å stanse utslepp innan 2020. Målet omfattar òg nullutsleppsmålet for naturleg førekommande og tilsette miljøfarlege stoff frå operasjonelle utslepp frå petroleumsverksemd, nokre radioaktive stoff, farleg avfall og radioaktivt avfall.
Nivået på radioaktiv forureining er generelt lågt. Nedfallet frå ulykka i Tsjernobyl i 1986 er framleis ei viktig kjelde til radioaktivitet i norsk natur.
Gammal forureining lagra i jord og sjøbotn kan føre til skade på helse og miljø, og vere ei kjelde til spreiing av helse- og miljøskadelege kjemikaliar. Arbeidet med forureina grunn i Noreg har gått føre seg i fleire tiår. I overkant av 2000 grunnforureiningssaker er avslutta, og oppryddingstiltak er gjennomført på store og alvorlege grunnforureiningslokalitetar. Arbeidet med opprydding i forureina sjøbotn følgjer føringane i handlingsplanen om forureina sediment frå 2006. Av dei 17 høgast prioriterte områda for opprydding av forureina sjøbotn er 7 ferdig eller nær ferdig rydda.
For petroleumsverksemda er det eit mål at utslepp til sjø av dei mest miljøfarlege tilsette kjemikaliane skal stansast og at utslepp av naturleg førekommande prioriterte miljøgifter skal stansast eller minimerast. Når det gjeld olje og andre stoff, er målet ingen utslepp eller minimering av utslepp som kan gi skade, jf. Meld. St. 35 (2016–2017) Oppdatering av forvaltningsplanen for Norskehavet. Dette nullutsleppsmålet gjeld for heile den norske sokkelen. For olje og naturleg førekommande stoff i produsert vatn er det framleis behov for tiltak for å nå målet.
Farleg avfall skal takast forsvarleg hand om og anten gå til gjenvinning eller være sikra god nok nasjonal behandlingskapasitet. I dag blir nær alt farleg avfall gjenvunne eller levert til godkjent behandling. Innsats for å redusere helse- og miljøskadelege stoff i produkt medverkar òg til å redusere miljøproblema når slike produkt blir til avfall.
Det er eit nasjonalt mål at veksten i mengda avfall skal vere vesentleg lågare enn den økonomiske veksten, og ressursane i avfallet skal utnyttast best mogleg gjennom materialgjenvinning og energiutnytting. Brutto nasjonalprodukt har auka med berre 1 pst. frå 2015, mens avfallsmengdene auka med 3 pst. Det nasjonale målet er altså ikkje nådd. Det er vidare eit mål at 80 pst. av avfallet skal sikrast god ressursutnytting gjennom materialgjenvinning og energiutnytting. I 2016 vert 74 pst. av avfallet material- eller energigjenvunne. Målet for gjenvinning er dermed heller ikkje nådd.
Regjeringa har som ambisjon at havområder og ferskvann ikkje skal tilføres plastavfall og mikroplast. I Norge er det forbod mot å forsøple. Internasjonalt er det etter forslag frå Noreg òg semje om å stanse all tilførsel av plastavfall og mikroplast til havet på sikt. Avfallsførebygging og god handtering av avfall er avgjerande for å førebyggje marin forsøpling. Ei rekkje nye tiltak for å redusere tilførslene av plast og mikroplast er sett i verk i Noreg, og fleire er under utgreiing og førebuing. Opprydding må òg prioriterast i kystnære område der det kan gjennomførast effektivt og med metodar som ikkje gir annan miljøskade.
Gjennom Montrealprotokollen forpliktar medlemslanda seg til å fase ut bruk av gassar som er skadelege for ozonlaget. Bruken av stoffa er på verdsbasis redusert med over 98 pst., og overvakingsresultat viser no at ozonlaget er i ferd med å bli tjukkare. Noreg oppfyller forpliktingane i Montrealprotokollen.
Internasjonale avtaler har redusert tilførslene av langtransportert luftforureining sidan 1980. Likevel vil vassforsuring framleis vere eit problem i store delar av Noreg fleire tiår framover utan ytterlegare reduksjonar. Verdas Helseorganisasjon anslår at sju millionar menneske årleg dør for tidleg på grunn av luftforureining, av desse bur 400 000 i Europa. Nasjonalt har Noreg redusert sine utslepp av svoveldioksid, nitrogenoksid og flyktige organiske sambindingar i tråd med dei internasjonale forpliktingane i Gøteborgprotokollen og i EØS-avtala. For utslepp av ammoniakk må verkemiddelbruken forsterkast for å overhalde forpliktingane i dei internasjonale avtalene.
Både for svevestøv og NO2 er det i tillegg til nasjonale mål, fastsett juridisk bindande grenseverdiar i forureiningsforskrifta. Grenseverdien for svevestøv vart stramma inn frå 1. januar 2016. Frå 1. januar 2017 blei det nasjonale målet for lokal luftkvalitet endra i tråd med tilrådinga frå Miljødirektoratet, Vegdirektoratet, Folkehelseinstituttet og Helsedirektoratet i rapport M-129.
Nivåa av svevestøv (PM10) viser ein nedgåande trend sidan 2004. I 2017 var det ingen overskridingar av grenseverdiane for PM10, men det nasjonale målet for PM10 vart overskride i tre byområde (Oslo, Hamar og Drammen). Det var ingen overskridingar av grenseverdien for PM2,5 i 2017, men Oslo, Bærum, Sarpsborg og Fredrikstad overskreid det nasjonale målet. Dei fleste stadene har konsentrasjonane av nitrogendioksid (NO2) vore stabile gjennom det siste tiåret. I Oslo vart grenseverdien for årleg gjennomsnittskonsentrasjon NO2 overskride i 2017. Det nasjonale målet for NO2 svarer til grenseverdien og i 2017 hadde følgjeleg berre Oslo overskridingar av dette.
Talet på støyplaga personar blant dei som var utsette for høg utandørs støy ved bustaden i 1999 er redusert med 9 pst. mellom 1999 og 2014. I denne utrekninga er det ikkje teke omsyn til befolkningsvekst eller tilflytting til område som er plaga av støy. Generelt vil trafikkvekst og befolkningsvekst i område påverka av støy føre til fleire støyutsette, noko som forklarar kvifor vi samtidig opplever ein generell auke i talet på nordmenn som er utsette for støy. Vegtrafikk er den desidert viktigaste kjelda til støyplager i Noreg i dag, og står for over 80 pst. av den utrekna støyplaga. Talet på personar utsette for høg innandørs støy aukar. Utviklinga viser at det kan bli vanskeleg å nå det fastsetje målet for støy i 2020.
2.5 Klima
Nasjonale mål:
Noreg skal fram til 2020 kutte i dei globale utsleppa av klimagassar tilsvarande 30 pst. av Noregs utslepp i 1990.
Noreg har på vilkår teke på seg ei forplikting om minst 40 pst. utsleppsreduksjon i 2030 samanlikna med 1990.
Noreg skal vere klimanøytralt i 2030.
Noreg har lovfesta eit mål om å bli eit lågutsleppssamfunn i 2050.
Reduserte utslepp av klimagassar frå avskoging og skogdegradering i utviklingsland, i samsvar med berekraftig utvikling.
Politisk mål om at samfunnet skal førebuast på og tilpassast til klimaendringane.
Resultatområdet Klima omfattar arbeidet med å redusere utslepp og auke opptak av klimagassar, internasjonal klimafinansiering og klimatilpassing.
Dei nasjonale måla for klima er forankra gjennom Klimaforliket (Innst. 390 S (2011–2012) til Meld. St. 21 (2011–2012) – Norsk klimapolitikk), og Stortingets behandling av stortingsmelding om ny utsleppsforplikting for 2030 (Innst. 211 S (2014–2015), av Meld. St. 13 (2014–2015) – Nye utslippsforpliktelser for 2030 – en felles løsning med EU)), og stortingsmelding om klimatilpassing i Noreg (Meld. St. 33 (2012–2013)), og av proposisjon om samtykke til ratifikasjonen av Parisavtala (Innst. 407 S (2015–2016) til Prop. 115 S (2015–2016)) og Lov om klimamål (klimalova) av 16.6.2017.
Boks 2.3 Ambisjonen for innanlandske utsleppskutt mot 2020
I klimaforliket frå 2008 vart det lagt til grunn at det kunne vere realistisk å ha eit mål om å redusere dei innanlandske klimagassutsleppa med 15–17 mill. tonn CO2-ekvivalentar i 2020, samanlikna med referansebanen slik den vart presentert i Nasjonalbudsjettet 2007, når nettoopptak i skog vart inkludert med 3 mill. tonn CO2 i eit norsk utsleppsregnskap for 2020. Dette vart i samband med behandlinga av energimeldinga (Innst. 401 S (2015–2016)) operasjonalisert og det står at dei innanlandske utsleppa ikkje skal overstige 45–47 mill. tonn CO2-ekvivalentar i 2020. For å ta omsyn til blant anna endringar i retningslinjene for utsleppsberekningar vart dette sidan teknisk justert slik at intervallet no er endra til 46,6–48,6 mill. tonn (sjå KLDs budsjettproposisjon, Prop. 1 S (2016–2017)). Dette inkluderer ikkje skog. Eventuelle bidrag frå opptak i skog ville komme i tillegg og auke ambisjonsnivået utover dette. Med Kyotoprotokollens bokføringsreglar får Noreg nytte ein avgrensa del av opptaket i skogen til å oppfylle utsleppsforpliktinga for 2020. Utslepp frå avskoging m.m. gjer at vi samla sett ikkje ventar at sektoren vil medverke til å oppfylle utsleppsforpliktinga for 2020.
Ambisjonen om nasjonale utsleppsreduksjonar i 2020 i klimaforliket frå 2008 var basert på SFTs tiltaksanalysar (no Miljødirektoratet), eksisterande verkemiddelbruk, og dei sektorvise klimahandlingsplanane. Det vart samstundes presisert at dei sektorvise måla var baserte på anslag og at dei ville måtte revurderast dersom endringar i framtidige prognosar, kostnader, teknologiutvikling eller andre vesentleg endra føresetnader skulle tilseie det. I både klimaforliket frå 2008 og 2012 vart det peikt på at uvissa er stor når det gjeld den økonomiske og teknologiske utviklinga og når det gjeld effekten av verkemiddel. I klimaforliket frå 2012 vart det understreka at teknologiutviklinga, kostnadene ved klimatiltak, befolkningsveksten, den økonomiske veksten og utsleppsutviklinga innanfor petroleumssektoren ville ha betydning for når ambisjonen blir nådd.
Noregs mål for 2020 blir følgt opp under Kyotoprotokollen, mens 40-prosentsmålet for 2030 er meldt inn til FN som Noregs bidrag under Parisavtala og lovfesta i klimalova. Målet om at Noreg skal bli et lågutsleppssamfunn i 2050 er lovfest i klimalova.
I Statistisk sentralbyrås foreløpige utsleppsrekneskap var Noreg sine utslepp i 2017 på 52,4 mill. tonn CO2-ekvivalentar, om lag 1 mill. tonn lågare enn året før (sjå tabell 2.2). Klimagassutsleppa nådde ein topp i 2007 med 56,8 mill. tonn CO2-ekvivalentar, men har sidan blitt redusert noko. Dette trass i at Noreg har hatt ein vesentleg vekst i folketalet og økonomien. Petroleumssektoren er den største utsleppskjelda i Noreg, tett følgt av industri og vegtrafikk. Sjå nærare i tabell 2.2, og omtale i klimalovrapportinga i del IV.
Tabell 2.2 Utslepp av klimagassar. Mill. tonn CO2-ekvivalentar (foreløpige tal for 2017)
Mill. tonn 2017 | Endring i pst. | ||
---|---|---|---|
Sidan 1990 | 2016–2017 | ||
Utslepp frå norsk territorium | 52,4 | 2,4 | -1,7 |
Av dette: | |||
Olje- og gassutvinning | 14,7 | 78,0 | -1,4 |
Industri og bergverk | 12,3 | -37,8 | 4,3 |
Vegtrafikk | 8,8 | 22,5 | -9,6 |
Luftfart, sjøfart, fiske, motorreiskap m.m. | 6,6 | 16,2 | -4,2 |
Jordbruk | 4,5 | -4,5 | 1,0 |
Energiforsyning | 1,7 | 321,5 | 3,6 |
Oppvarming i andre næringar og hushald | 0,9 | -62,5 | -6,5 |
Andre kjelder | 2,9 | 8,5 | 0,1 |
Tala omfattar ikkje utanriks sjø- og luftfart.
Kjelde: Statistisk sentralbyrå.
Under Kyotoprotokollen har Noreg teke på seg ei utsleppsforplikting som inneber at Noreg skal syte for at dei årlege utsleppa av klimagassar i perioden 2013–2020 i gjennomsnitt er 16 pst. lågare enn Noregs utslepp i 1990. Kyotoprotokollen etablerer på denne måten eit utsleppsbudsjett for perioden 2013–2020 som er i tråd med 2020-målet om å kutte dei globale utsleppa av klimagassar i 2020 tilsvarande 30 pst. av norske 1990-utslepp.
Klimaforliket frå 2008 gir ein ambisjon for kor stor del av 2020-målet som skal oppfyllast gjennom innanlandske utsleppsreduksjonar. Ambisjonen er å redusere dei innanlandske utsleppa i 2020 frå eit berekna nivå på 60,6 mill. tonn og ned til 46,6–48,6 mill. tonn.
Den globale klimaavtala som vart vedteken i Paris i desember 2015 legg grunnlaget for norsk klimapolitikk. Regjeringa ratifiserte Parisavtala i juni 2016, i tråd med Stortingets samtykke (Prop. 115 S (2015–2016)). På grunnlag av innstillinga til proposisjonen om samtykke til ratifikasjon av Parisavtala, Innst. 407 S (2015–2016), har Stortinget vedteke at regjeringa skal leggje til grunn at Noreg frå og med 2030 skal vere klimanøytralt. Sjå programkategori 12.20 for meir informasjon.
Parisavtala har eit mål om å avgrense den globale temperaturauken til godt under to grader og søkje å avgrense oppvarminga til 1,5 grader Celsius. Ifølgje FNs klimapanel utviklar dei globale utsleppa seg på ein måte som vil føre til at temperaturauken vil overstige to grader, og verda risikerer svært alvorlege, irreversible konsekvensar.
Som eit bidrag til Parisavtala har både Noreg og EU meldt inn forpliktingar på bestemte vilkår på minst 40 pst. reduksjon i klimagassutslepp innan 2030 samanlikna med 1990. Noreg og EU arbeider no for ei felles oppfylling av desse klimamåla. For ei nærare omtale av 2030-måla og felles oppfylling, sjå klimalovrapporteringa i del IV.
Regjeringa vil vurdere Noregs endelege nasjonalt fastsette bidrag til Parisavtala for perioden 2021–2030, og komme tilbake til Stortinget med dette i god tid før fristen for innmelding av slike bidrag i 2020.
For 2050 er målet at Noreg skal bli eit lågutsleppssamfunn. Med lågutsleppssamfunn er meint eit samfunn der klimagassutsleppa, ut frå beste vitskaplege grunnlag, utsleppsutviklinga globalt og nasjonale omstende, er redusert for å motverke skadelege verknader av global oppvarming som beskrive i Parisavtala. For ei nærare omtale av 2050 måla, sjå klimalovrapporteringa i del IV.
I tillegg til den nasjonale innsatsen medverkar Noreg til globale utsleppsreduksjonar gjennom mellom anna innsats for bevaring av tropisk skog i utviklingsland. Innsatsen skjer gjennom Klima- og skoginitiativet, som er ein del av norsk offentleg bistand. Klima- og skoginitiativet er eit resultat av klimaforliket i 2008, og vart ført vidare i forliket i 2012. Klima- og skoginitiativet har som mål å nå kostnadseffektive, tidlege og målbare utsleppsreduksjonar gjennom bevaring av tropisk skog, og å medverka til utvikling i skoglanda. Satsinga har inngått partnarskap med ei rekkje sentrale skogland konsentrert rundt verdas tre store regnskogbasseng: Amazonas, Kongobassenget/Sentral-Afrika og Indonesia.
I tillegg prioriterer Noreg mellom anna samarbeid om utsleppsreduksjonar gjennom kvotekjøp og utvikling av nye marknadsmekanismar, og tiltak mot kortliva klimaforureiningar for å utløyse ytterlegare klimainnsats internasjonalt.
Klima- og skoginitiativet og anna internasjonal innsats er nærare omtalt i del II, programkategori 12.70.
Samfunnet skal førebuast på og tilpassast til klimaendringane. Klimaet endrar seg allereie, og endringane vil påverke både natur og samfunn. Klimaframskrivingar presenterte i rapporten Klima i Norge 2100, gir oppdatert kunnskap om korleis klimaendringane kan bli i Noreg i åra framover. Framskrivingane i rapporten har teke utgangspunkt i ulike utsleppsscenario, og viser at vi med ein framhalden rask auke i klimagassutsleppa mellom anna må vente ein markant auke i temperaturen, og at styrtregnepisodane kjem oftare og kraftigare. Tilsvarande kan regnflaumane førekomme hyppigare og større. På grunn av stigande havnivå vil òg fleire område som ikkje er utsette for overfløyming ved stormflod i dag, kunne bli utsette for dette i framtida. Rapporten viser òg at med reduserte klimagassutslepp vil klimaendringane bli betydeleg mindre. Det er gitt ei utfyllande omtale av status på klimatilpassingsarbeidet i del IV.
2.6 Polarområda
Nasjonale mål:
Omfanget av villmarksprega område på Svalbard skal haldast ved lag, og naturmangfaldet takast vare på tilnærma upåverka av lokal aktivitet
Dei 100 viktigaste kulturminna og kulturmiljøa på Svalbard skal sikrast gjennom føreseieleg og langsiktig forvalting
Negativ menneskeleg påverknad og risiko for påverknad på miljøet i polarområda skal reduserast
Noreg har eit særskilt ansvar som miljøforvaltar i nordområda og på Svalbard, og eit av hovudmåla for norsk svalbardpolitikk er å ta vare på den særeigne villmarksnaturen på Svalbard. Dei spesifikke miljømåla for Svalbard går fram av Meld. St. 32 (2015-2016) Svalbard, jfr. Innst. 88 S (2016–2017). På Svalbard er no 65 pst. av landområdet og 87 pst. av territorialfarvatnet freda som naturreservat og nasjonalparkar. Dei tilnærma urørte naturområda har stor eigenverdi, og er viktige for bevaring av det sårbare biologiske mangfaldet som finst her. Samstundes har områda ein verdifull kulturarv og stor verdi som kjelde til kunnskap og naturoppleving. Dyrelivet er i utgangspunktet freda, og fleire arter har hatt ein kraftig vekst etter tidlegare for sterk utnytting. Nokre av pattedyr- og fugleartene har ikkje klart å komme tilbake til tidlegare nivå.
Mindre is og villare vêr gir større erosjon på strendene, og kulturminna som ligg nært sjøen, står i fare for å rase i havet. For kulturminne med særleg høg kulturhistorisk og/eller opplevingsverdi vil det vere aktuelt å setje i gang førebyggjande tiltak for å motverke ròteskadar eller erosjon. Målet er sikring av dei kulturminna med høgast prioritet i Kulturminneplan for Svalbard 2013–2023. For enkelte særleg verdifulle kulturminne som står i fare for å gå tapt, er det aktuelt å utføre dokumentasjon eller arkeologisk naudutgraving.
Noreg er medlem av Arktisk råd og medverkar til ei sirkumpolar, heilskapleg tilnærming for å handtere miljøutfordringane gjennom aktiv deltaking i Arktisk råd og rådets arbeidsgrupper.
Arktis råd utarbeider omfattande vitskapeleg baserte vurderingar av klimaendringane og utviklinga av miljøtilstanden i Arktis. Dette arbeidet gir viktige bidrag til kunnskapen som ligg til grunn for internasjonale avtaler som gjeld forureining og klima. Under Arktisk råd blir det òg forhandla fram avtaler mellom dei arktiske landa, mellom anna om oljevern og samarbeid om forsking i Arktis.
Noreg og Russland har felles ansvar for forvalting av miljø, arter og naturressursar i Barentshavet og grenseområda. Eit breitt og effektivt miljøvernsamarbeid med Russland, tufta på gjensidig interesse, står sentralt. Overvaking av miljøtilstanden i grenseområdet og påverknadsarbeid for å få redusert utsleppa frå russisk industri nær grensa står sentralt for å nå det nasjonale målet. Etter initiativ frå Noreg er òg marin forsøpling og mikroplast no sett på dagsordenen i det norsk-russiske miljøsamarbeidet.
Barentssamarbeidet er viktig for å styrkje grenseoverskridande kontakt og problemløysing og for å fremje berekraftig utvikling i Barentsregionen.
I Antarktis har Noreg som part til Antarktistraktaten òg forplikta seg til eit omfattande vern av miljøet. Antarktistraktaten og Miljøprotokollen peikar ut Antarktis til eit verneområde vigsla til fred og vitskap. Det siste tiåret er det gjennomført ei rekkje miljøtiltak i tråd med miljøprotokollen, og Antarktis står i dag fram som eit av dei siste store urørte naturområda i verda. I Meld. St. 32 (2014–2015) Norske interesser og politikk i Antarktis, er det slått fast at Noreg framleis vil vere ein pådrivar for å verne om miljøet i Antarktis og tryggje dette området som eit referanseområde for forsking i samanheng med den viktige stillinga som dette området har når det gjeld globale klima- og miljøendringar. Marine verneområde er viktige områdebaserte tiltak, m.a. for å ta vare på og sikre berekraftig bruk av marine ressursar og økosystem.
3 Hovudprioriteringar i Klima- og miljødepartementets budsjett for 2019
Forslaget til budsjett for Klima- og miljødepartementet har ei utgiftsramme på 14 130,321 mill. kroner i 2019 mot 10 700,683 mill. kroner i 2018. Dette er ein netto auke på 3 429,6 mill. kroner, eller 32,1 pst. frå saldert budsjett 2018. Den store auken skuldast i hovudsak at ansvaret for oppfølginga av eigarskapen i Enova SF 1. mai 2018 vart overført frå Olje- og energidepartementet til Klima- og miljødepartementet.
Utgiftene under Klima- og miljødepartementet åleine gir ikkje eit fullstendig uttrykk for regjeringas samla politiske prioriteringar av klima og miljø. Miljøpolitikken blir i stor grad ført ved hjelp av skattar, avgifter og regulering.
Regjeringa vil føre ein ambisiøs klima- og miljøpolitikk som byggjer på forvaltaransvaret og føre var-prinsippet. Noreg skal vere ein pådrivar i det internasjonale klimaarbeidet og omstille seg slik at vi oppfyller klimaforpliktingane våre. Tiltak for å redusere klimagassutslepp og tilpasse samfunnet til klimaendringane er ei av hovudprioriteringane for regjeringa. Viktige klimapolitiske satsingar ligg òg under andre departement sine budsjett.
Enova vart 1. mai 2018 overført til Klima- og miljødepartementet frå Olje- og energidepartementet. Enova er eit sentralt verkemiddel i arbeidet med å fremje innovasjon og utvikling av nye energi- og klimaløysingar. Enovas overordna mål er reduserte klimagassutslepp, og styrkt forsyningstryggleik for energi og teknologiutvikling som på lengre sikt òg medverkar til reduserte klimagassutslepp. Regjeringa foreslår ein auke av overføringane til Enova gjennom Klima- og energifondet med 344,450 mill. kroner i 2019 samanlikna med saldert budsjett for 2018, med vekt på tiltak som gir størst utsleppsreduksjon i ikkje-kvotepliktig sektor. Særleg innan transportsektoren er det mogleg å skalere opp innsatsen på innfasing av null- og lågutsleppsteknologi gjennom Enova. Ei styrking av Enova vil kunne medverke til satsinga på grøn skipsfart og reduserte utslepp frå aktivitetar på land.
Grøn skipsfart er ein viktig del av arbeidet med grøn omstilling i transportsektoren, og eit satsingsområde i regjeringas klimapolitikk. Regjeringa vil styrkje og utvikle vidare arbeidet med grøn skipsfart til å omfatte nullutslepps- og hybridkonsept for ulike fartøyskategoriar innan 2030. Regjeringa foreslår å løyve 7 mill. kroner til den statlege delen i det offentleg-private samarbeidet Grønt kystfartsprogram.
Ordninga med tilskot til kommunale klimatiltak, Klimasats, er ført vidare med 156,8 mill. kroner for 2019. Regjeringa foreslår òg å vidareføre tilskotsordninga for klimatilpassing. Ordningane blir administrerte av Miljødirektoratet.
I tråd med regjeringas og Stortingets føringar for Klima- og skoginitiativet er det inngått avtaler som heilt eller delvis omfattar betaling for verifiserte utsleppsreduksjonar, og samtidig støttar berekraftig utvikling i skoglanda. I 2019 legg regjeringa opp til at Noreg betaler for om lag 30 mill. tonn CO2 i utsleppsreduksjonar i Brasil, Colombia, Ecuador, Guyana og Indonesia, og potensielt òg i Peru. I 2019 vil Klima- og skoginitiativet halde fram med å satse på berekraftig utvikling i partnarlanda, og å auke privat næringsliv sin innsats for redusert avskoging.
Klima- og skoginitiativet blir styrkt opp til eit nivå på 3,2 mrd. kroner i 2019, ein midlertidig auke på 200 mill. kroner frå saldert budsjett 2018. Midla nyttast til auka innsats for tilgjengelege data om skogen for myndigheitar, sivilsamfunn og andre, som bidrar til skogbevaring og ansvarleggjering av dei som avskogar. I tillegg vil satsinga òg ha ei tilsegnsfullmakt på 2 mrd. kroner.
Det blir foreslått å løyve 200 mill. kroner til kjøp av klimakvotar i 2019. For 2019 foreslår Klima- og miljødepartementet ei fullmakt på 1,7 mrd. kroner.
Det blir lagt til grunn at Noreg vil komme i gang med salet av klimakvoter i 2019, tilsammen 46,8 millioner kvoter. Basert på kvoteprisen i marknaden sommaren 2018 er inntekta frå sal av klimakvotane anslått til 6 743 mill. kroner.
Føreslåtte løyvingar til CO2-kompensasjonsordninga i 2019 utgjer omlag 538 mill. kroner.
Klima- og miljødepartementet styrka sekretariatets arbeid for å understøtte forhandlingsmøte og gjennomføring av avgjerder under klimakonvensjonen og Parisavtala med 10 mill. kroner i fjorårets budsjett. Desse midla vidareførast i 2019. Dette kjem i tillegg til at Utanriksdepartementet vil føre vidare si eksisterande støtte til sekretariatet.
For å møte dagens utfordringar med lagring og forvalting av dynamiske geodata (vêr- og klimarelaterte data som endrar seg i rom og tid) er det foreslått å løyve 5 mill. kroner til Meteorologisk institutts arbeide på dette området i 2019.
Regjeringa vil styrkje Noregs internasjonale leiarrolle i arbeidet mot marin forsøpling, og gå føre med offensive tiltak nasjonalt. Regjeringa foreslår derfor å styrkje arbeidet med å førebyggje og rydde opp i marin forsøpling med 25 mill. kroner på årets budsjett. Midlane skal mellom anna gå til Senter for oljevern og marint miljø, til samarbeid med næringslivet og til å støtte opp under det internasjonale arbeidet for sterkare globale forpliktingar på området. Det foreslås òg 10 mill. kroner til forsking på området.
Det grunnleggjande arbeidet med forvalting av nasjonalt regelverk og løyvingar til tiltak for å motverke forureiningar blir ført vidare.
Regjeringa vil halde fram med det langsiktige arbeidet med å hindre, og å rydde opp i, forureining på sjøbotnen i hamne- og fjordområde som er sterkt ureina av miljøgifter. Det er foreslått å løyve 18 mill. kroner i 2019 i statleg støtte til å starte med opprydding i forureina sjøbotn i Horten, i tillegg til auka fullmakt på 72 mill. kroner for den vidare gjennomføringa av denne oppryddinga.
Regjeringa fører vidare midlar til forsking som skal nyttast til kunnskapsoppbygging om marine økosystem og reint hav, under dette gjennomføring av pilotprosjekt for å betre tilstanden i kystmiljøet.
Statens strålevern er forureiningsmyndigheit for radioaktiv forureining i det ytre miljø. Regjeringa foreslår ei auking på 10 mill. kroner i 2019 for å møte utfordringane framover knytt til mellom anna handtering av brukt brensel og anna avfall frå Institutt for energiteknikk (IFE) si verksemd og avvikling av forsøksreaktoren i Halden.
Regjeringa vil ta vare på naturen og økosystema våre. Hovudinnretninga for arbeidet med vern og berekraftig bruk av naturen ligg i vidare oppfølging av Meld. St. 14 (2015–2016) Natur for livet, og Stortingets behandling av meldinga. Arbeidet med å sikre god tilstand i økosystema, hindre tap av arter og naturtypar og sikre eit representativt utval av natur for kommande generasjonar held fram i 2019.
Midlar til arbeidet med å betre kunnskapen om naturmangfaldet gjennom kartlegging, overvaking og forsking blir ført vidare på omtrent same nivå som i 2018. Betre kunnskapsgrunnlag er ein føresetnad for å utvikle ei økosystembasert forvalting.
Arbeidet med å styrkje forvaltinga av verneområda held fram i 2019. Regjeringa styrkar løyvinga til skjøtsel og tilrettelegging i verneområda med 10 mill. kroner. Løyvinga til nye verneområdeforvaltarar er auka med 6 mill. kroner, og løyvinga til besøkssenter for natur er auka med 1 mill. kroner.
Arbeidet med å fjerne skadelege, framande arter frå norsk natur blir styrka i 2019. Løyvinga til tiltak mot framande organismar er auka med 10 mill. kroner, og utarbeiding av ein tiltaksplan mot framande arter er høgt prioritert.
Arbeidet med rovviltforvalting blir styrkt i 2019. Løyvinga til styrking av Statens naturoppsyns feltpersonell og førebyggjande tiltak i område som opplever store skadar frå rovvilt på beitedyr er auka med 15 mill. kroner. Det vil medverke til å finne langsiktige løysingar for å redusere skadane på beitedyr og effektivisere fellingar.
Regjeringa vil prioritere løyvingane til norsk skogvern på eit høgt nivå òg i 2019, for å sikre god framdrift i arbeidet med å verne 10 pst. av skogen. Det vil i 2019 bli prioritert å arbeide vidare med å halde høg kvalitet på skogvernet, og sikre at vernet dekkjer eit representativt utval av norsk skognatur. Regjeringa foreslår å redusere løyvinga til norsk skogvern med 20 mill. kroner til 444,6 mill. kroner i 2019.
Arbeidet med å etablere ein genbank for laksefisk frå Hardanger blei sett i gang i 2018 og er ei stor satsing òg i 2019. Det vil òg bli etablert eit nasjonalt villakssenter, og 7,4 mill. kroner som er sett av til formidling av kunnskap om villaks, blir foreslått nytta til drift av senteret. Det er og sett av midlar til tilskot til informasjonstiltak om villaks i regi av ulike organisasjonar i samband med det internasjonale villaksåret 2019. Til ny metodikk for genetikkanalyse av laks i Tana-vassdraget er det lagt inn 2,1 mill. kroner.
Regjeringa foreslår å redusere løyvinga til vassforvalting med 12 mill. kroner. Arbeidet med å gjennomføre tiltaka i vassforvaltingsplanane blir likevel ført vidare slik at dei vedtekne måla i planane kan bli nådde i 2021. Utvikling av ein heilskapleg plan for Oslofjorden vil vere ei viktig oppgåve i 2019, og det er lagt inn 2 mill. kroner til dette arbeidet.
Arbeidet med å utvikle ein tiltakspakke for dei mest truga naturtypane og ansvarsartene vil bli prioritert, og regjeringa vil sende eit forslag til samla verkemiddelbruk på høyring i løpet av 2019. Arbeidet med suppleringsvern er eit viktig område i 2019. Vidare er det lagt inn 1,8 mill. kroner til overvaking av effektane av tiltak for truga natur.
Regjeringa vil fram mot 2020 delta aktivt i forhandlingane for eit ambisiøst og effektivt nytt globalt rammeverk for biologisk mangfald. Regjeringa set av 2,5 mill. kroner til gjennomføring av Trondheimskonferansen, 2 mill. kroner til styrka deltaking av norske forskarar i Naturpanelets ekspertgrupper, og inntil 30 mill. kroner over Utanriksdepartementets budsjett for å følgje opp innsatsen i 2019.
Miljøforvaltinga skal gjennom å ta vare på sitt ansvar medverke til ei heilskapleg forvalting av landskap. Ansvaret omfattar å ta vare på naturmangfaldet og den kulturhistoriske dimensjonen ved landskapet, og landskap av betydning for å utøve friluftsliv.
Regjeringa foreslår å redusere løyvinga til tilrettelegging av sikra friluftsområde med 10 mill. kroner, og midlane til sikring av nye friluftsområde med 2,3 mill. kroner. Regjeringa vil likevel halde fram med arbeidet med å sikre og utvikle vidare friluftslivet gjennom bevaring og tilrettelegging av viktige friluftslivsområde, og stimulering til auka friluftslivsaktivitet for alle. Oppfølging av Handlingsplan for friluftsliv vil bli prioritert. Det blir gitt betydelege tilskot til friluftsliv frå spelemidlane, som er administrerte av Kulturdepartementet, til både aktivitet og anlegg. Spelemidlane vil derfor òg vere viktige når det gjeld oppfølging av Handlingsplan for friluftsliv. Ordninga med Nasjonale Turiststigar vil bli utvikla vidare med sikte på å betre tryggleiken, og medverke til at opplevings- og naturverdiar blir tekne vare på. Tilskotsordninga er styrka med 1 mill. kroner til 11,5 mill. kroner i 2019. Regjeringa vil i 2019 starte opp eit nytt ferdselsåreprosjekt i regi av Miljødirektoratet, for å fremje nettverk av turstigar i kommunane.
Friluftsrådenes Landsforbund vil i 2019 få tildelt 2,8 mill. kroner til å utvikle, lede og drifte eit nytt prosjekt som skal kartleggje og systematisk vidareutvikle suksessrike aktivitetstiltak innanfor friluftsliv for barn og unge i ferie og fritid. Arbeidet skal skje i samarbeid med Miljødirektoratet og dei sentrale friluftslivsorganisasjonane.
Regjeringa har styrkt driftstilskotet til Norsk Friluftsliv, friluftsråda, Forum for natur og friluftsliv og Wild X. Regjeringa har òg styrka driftstilskota til Norsk Friluftsliv sitt skuleprosjekt og prosjektet «Integrering gjennom friluftsliv» og DNT sitt prosjekt «Friluftsliv for personer med funksjonsnedsettelser». Regjeringa vil frå 2019 gi driftsmidlar til DNT for vidare drift av prosjektet «Historiske Vandreruter.» Driftsmidlane til Skjergardstenesta er òg styrka.
Kulturarven representerer både vår felles historie og store økonomiske og kulturelle verdiar, og medverkar til identitet og fellesskapsfølelse. Regjeringa vil leggje fram ei ny kulturminnemelding for Stortinget våren 2020, der nye nasjonale mål på kulturminnefeltet skal forankrast. I 2019 vil regjeringa styrkje kulturminnefondet med 4,150 mill. kroner slik at fleire private eigarar kan få tilskot til å setje i stand verneverdige eigedommar.
Funnet og utgravinga av Klemenskirken i Trondheim har gitt oss viktig ny kunnskap. Regjeringa vil sikre realisering av eit formidlingssenter der funnet blei gjort, og set av ytterlegare 19 mill. kroner til kjøp av ein næringsseksjon i bygget som skal oppførast på staden og til ferdigstilling av eit visningsrom.
I perioden 2017–2021 er Noreg valt inn som medlem av Unescos verdsarvkomité. Klima- og miljødepartementet vil i denne perioden fokusere særskilt på det internasjonale ansvaret for verdsarvkonvensjonen. Noreg vil gjere ein særleg innsats for å sikre god forvalting i land med små ressursar, å sikre ein god balanse på verdsarvlista og å arbeide for å betre den økonomiske situasjonen.
Samstundes held det nasjonale arbeidet fram for å styrkje lokal kunnskap og lokal forvalting. Arbeidet med gjennomføringa av Prioritetsplanen for verdsarvsentre (2017-2026) ved dei norske verdsarvområda er viktig her. Pr i dag har fem av dei åtte norske verdsarvområda autoriserte verdsarvsentre.
Internasjonal kapasitetsbygging under verdsarvkonvensjonen er eit anna innsatsområde som er prioritert innanfor verdsarvpolitikken. Klima- og miljødepartementet har inngått ei seksårig programsamarbeidsavtale (2016–2021) med International Union for Conservation of Nature (IUCN) og The International Centre for the Study of the Preservation and Restoration of Cultural Property (ICCROM) med dette som mål.
Som ledd i norsk medlemskap i verdensarvkomiteen blir det i bistandsbudsjettet for 2019 foreslått betydeleg auka ressursar for å styrkje forvaltinga og trygginga av verdensarven globalt med særlig satsing på Afrika.
I perioden 2011–2017 har Klima- og miljødepartementet i samarbeid med Riksantikvaren og Sametinget gjennomført eit registreringsprosjekt. Styrkinga til samisk bygningsvern, som låg inne i budsjettet for 2018, er ført vidare i 2019 med ei øyremerking på inntil 6 mill. kroner.
Kulturminne er ein viktig del av regjeringas bymiljøpolitikk og i Meld. St. 18 (2016–2017) Berekraftige byar og sterke distrikt, er det vektlagt at kulturminne og kulturmiljø er ein viktig ressurs i byutviklinga. Dette er langsiktige perspektiv som kjem til uttrykk blant anna gjennom dei halvårlege politiske møta i forumet Grøn Byutvikling, som er etablert for dei største byane. Oppfølginga av Riksantikvarens Bystrategi 2017–2020 er eit av dei viktige verktøya.
Å utvikle kunnskap og forståing av korleis miljø i Arktis vert påverka av klimaendringar, havforsuring, forureining og auka aktivitet er ein særs viktig del av både det nasjonale arbeidet og det internasjonale samarbeidet i nord- og polarområda. I tråd med svalbardmeldinga la Regjeringa i 2018 fram ein overordna strategi for forsking og utdanning på Svalbard. Ein eigen forskingsstrategi for Ny-Ålesund er under utarbeiding. Regjeringa foreslår å styrkje Norsk Polarinstitutts samarbeid, forsking og miljøovervaking i Ny-Ålesund med 10 mill. kroner i 2019.
Regjeringa har òg foreslått å løyve 8 mill. kroner til avsluttande arbeid på administrasjons- og servicebygget i Ny-Ålesund.
I 2019 skal det gjennomførast eit omfattande tokt til Antarktis. Hovudformålet med toktet vil vere å styrkje kunnskapsgrunnlaget for forvaltinga av kril og økosystemet krilen lever i, og kunnskapsgrunnlaget for arbeidet med marine verneområde i Antarktis. Norsk Polarinstitutts budsjett er auka med 3,5 mill. kroner til dette formålet.
Effektivisering m.m.
Regjeringa vil byggje sin politikk på effektiv bruk av fellesskapet sine ressursar. Som i næringslivet er det òg i offentleg forvalting eit potensial for å bli meir effektiv. Regjeringa har derfor innført ei avbyråkratiserings- og effektiviseringsreform, og føreset at alle statlege verksemder gjennomfører tiltak for å bli meir effektive. Reforma vil gi insentiv til meir effektiv statleg drift og skapar handlingsrom for prioriteringar i statsbudsjettet. Verksemdene har òg godt høve til å planleggje og gjennomføre tiltak for å effektivisere drifta når reforma er eit årleg krav. Delar av gevinsten frå mindre byråkrati og meir effektiv bruk av pengane blir overførde til fellesskapet i dei årlege budsjetta. Den årlege overføringa er sett til 0,5 pst. av alle driftsutgifter som blir løyvde over statsbudsjettet. For Klima- og miljødepartementet inneber dette reduksjonar på om lag 18,5 mill. kroner på driftspostane.
4 Klima- og miljøprofilen i statsbudsjettet
For å nå dei nasjonale klima- og miljømåla må alle sektorar i samfunnet medverke. Regjeringa fører ein brei klima- og miljøpolitikk som omfattar verkemiddel på resultatområda omtalt i kapittel 2 og verkemiddel innanfor andre departement sine ansvarsområde.
Dette kapittelet samanfattar heilskapen i regjeringas klima- og miljøinnsats, under dette klima- og miljørelevante satsingar i andre departement, og ei omtale av regjeringas prioriteringar innanfor klima.
Miljøpolitikk er ikkje først og fremst løyvingar og budsjettpostar. Arbeid for eit betre miljø omfattar i stor grad avgjerder som ikkje har direkte konsekvensar for statsbudsjettet. Til dømes vil planlegging av arealbruk vere viktig, det same er regulering av tillatne grenseverdiar for forureining. Samtidig er statsbudsjettet eit viktig og betydeleg verkemiddel for å nå miljømåla.
4.1 Klima- og miljørelevante prioriteringar i statsbudsjettet
Klima- og miljøprofilen i statsbudsjettet omfattar innsats på heile miljøområdet, det vil seie innsats for å ta vare på naturmangfaldet og kulturminne- og kulturmiljø, medverke til auka friluftsliv, redusere forureining og dempe klimaendringar og negative effektar av klimaendringane.
Klima- og miljøprofilen i statsbudsjettet syner at regjeringa satsar på klimatiltak for å redusere klimagassutsleppa ved mellom anna auka satsing på eit betre togtilbod. Regjeringa vil halde fram med å sikre langsiktige og klare rammevilkår for næringsliv, kommunar og enkeltmenneske som legg til rette for- og tar grøne vegval.
Samla sett er styrkinga av budsjettet på om lag 4 mrd. kroner fordelt på fleire departement. I tillegg kjem regjeringa sine prioriteringar på Klima- og miljødepartementets budsjett på 687 mill. kroner.
For ei samla nærare omtale av dei ulike departementas klima- og miljøpolitikk, sjå kapittel 8 i inneverande proposisjon. Alle departementa har òg ei eiga klima- og miljøomtale i sine respektive proposisjonar.
Tabell 4.1 Viktige prioriteringar i statsbudsjettet for 2019 under Klima- og miljødepartementet (auke frå saldert budsjett 2018)
(i 1000 kroner) | |
---|---|
Tiltak | Utgifter |
Marin plastforsøpling | 25 000 |
Forskningsmidler til reduksjon av marin forsøpling og spredning av mikroplast | 10 000 |
Enova – utslippsreduksjoner i ikke-kvotepliktig sektor | 344 450 |
Statlig andel i det offentlig-private samarbeidet Grønt kystfartsprogram | 7 000 |
Styrket innsats for datatilgang og åpenhet for å hindre avskoging i tropisk skog | 200 000 |
Opprydding av forurenset sjøbunn i Horten | 18 000 |
Polarforskning i Ny-Ålesund | 10 000 |
Sikring av administrasjons- og servicebygget i Ny-Ålesund | 8 000 |
Tiltak mot skadelige og fremmede arter | 10 000 |
Skjøtsel og tilrettelegging i verneområder | 10 000 |
Styrke arbeidet med rovviltforvalting og forebyggende tiltak i områder med store tap | 15 400 |
Formidlingssenter Klemenskirken i Trondheim | 19 000 |
Styrking av Statens strålevern | 10 000 |
Tabell 4.2 Viktige prioriteringar i statsbudsjettet for 2019 med tydeleg klima- og miljøgevinst på andre departement sine område (auke frå saldert budsjett 2018)
(i 1 000 kroner) | ||
---|---|---|
Tiltak | Departement | Utgifter |
Styrking av tilsyn med petroleumssektoren | ASD | 7 000 |
Skredsikring i Longyearbyen | JD | 45 000 |
Norges forskingsråd – Mogeleggjerande teknologiar | KD | 65 000 |
Energiløysning med sjøvatn i nytt regjeringskvartal | KMD | 70 000 |
Forsking på klimabidrag frå skogen | LMD | 25 000 |
Investeringskapital Nysnø AS | NFD | 200 000 |
Innovasjon Noreg – profilering av grøne løysningar | NFD | 10 000 |
Forsking – Havets helse | NFD | 30 000 |
Miljøteknologiordninga | NFD | 16 400 |
Miljøtiltak Svea og Lunckefjell | NFD | 101 700 |
Miljøtiltak Raufoss | NFD | 3 100 |
Miljøvenlege energiteknologiar, ENERGIX | OED | 20 000 |
Fullskala CO2-demonstrasjonsreinseanlegg | OED | 155 000 |
Teknologisenter for CO2-fangst (TCM) | OED | 13 000 |
Særskilte tilskot til store kollektivprosjekt (50/50-ordninga) | SD | 747 000 |
Nye tog | SD | 261 000 |
Vedlikehald og fornying av jernbane (inkl. ERTMS) | SD | 648 000 |
Planleggje jernbane | SD | 15 200 |
Auka investeringar i jernbane | SD | 1 096 100 |
Forsking Pilot T | SD | 10 000 |
Marin forsøpling | UD | 250 000 |
Versarv og kulturminne | UD | 50 000 |
Grøn skipsfart (IMO) | UD | 10 000 |
Biodiversitet (30 mill. kroner) og Miljøgifter (10 mill. kroner) | UD | 40 000 |
Havpanel | UD | 49 000 |
Our Ocean (16 mill. kroner) og Havdialoger (20 mill. kroner) | UD | 36 000 |
Førebygging og klimatilpassing | UD | 26 440 |
Frøkvelvet | UD | 37 900 |
UNHABITAT | UD | 5 000 |
4.2 Regjeringas prioriteringar innanfor klima
Klima er eit hovudsatsingsområde for regjeringa. Regjeringa vil føre ein ambisiøs klimapolitikk som kuttar utslepp, styrkjer Noregs konkurransekraft og skaper grøn vekst og nye grøne jobbar. Klima- og miljødepartementet har det overordna og sektorovergripande ansvaret for nasjonal og internasjonal klimapolitikk, medrekna klimaforhandlingane i FN. I tillegg til eigne verkemiddel, har departementet ei rolle som samordnar overfor sektordepartementa og andre aktørar.
I Meld. St. 13 (2014–2015) blei utsleppsmåla for 2030 lagt fram og det framgår at regjeringa vil arbeide for ein avtale om felles oppfylling av 2030-målet med EU. I meldinga blei det òg peikt ut fem prioriterte innsatsområde i arbeidet med klimapolitikken framover. Desse er: reduserte utslepp i transportsektoren, utvikling av lågutsleppsteknologi i industrien og rein produksjonsteknologi, CO2-handtering, styrkje Noregs rolle som leverandør av fornybar energi og miljøvennleg skipsfart.
Stortinget vedtok våren 2017 ei klimalov. Formålet med lova er å fremje gjennomføring av Noregs klimamål som ledd i omstilling til eit lågutsleppssamfunn. For nærare omtale av klimalova og rapporteringa i samsvar med lova sjå del IV.
Regjeringa la i juni 2017 fram Meld. St. 41 (2016–2017) Klimastrategi for 2030 – norsk omstilling i europeisk samarbeid er ein strategi for korleis Parisforpliktinga kan oppfyllast saman med EU. Regjeringa vil bruke mogelegheita i EUs kvotesystem (ETS) og høvet for direkteavtalar mellom land i EU-rammeverket for å oppfylle norske klimaforpliktingar i ikkje-kvotepliktig sektor, men samtidig ha ambisjon om å ta så mykje som mogeleg av forpliktinga nasjonalt.
Regjeringa vil utarbeide ein plan for å oppfylle Noregs klimaforpliktingar i ikkje-kvotepliktig sektor når ei avtale med EU om felles oppfylling er på plass. For nærare omtale av regjeringas strategi for å nå 2030 måla sjå del IV.
Regjeringa vil føre ein offensiv politikk for å medverke til ei grøn omstilling av norsk økonomi. Regjeringa har lagt fram ein strategi for grøn konkurransekraft for å ruste Noreg og næringslivet for ei lågutsleppsframtid og vil at Noreg skal være eit føregangsland i utviklinga av ein grøn, sirkulær økonomi som nytter ressursane betre. 15 ulike næringar har levert egne vegkart for grøn konkurransekraft. Med utgangspunkt i desse vegkarta vil regjeringa ha tett dialog med næringslivet for å skape lønsame, grøne arbeidsplassar.
Regjeringa vil leggje til rette for at offentleg sektor som kunde medverkar til å ta i bruk og utvikle nye miljø- og klimavennlege teknologiar, produkt og løysingar. Transportsektoren og bygg-anlegg er viktige område. I tråd med Jeløya-plattformen vil regjeringa stille krav til utsleppsfrie eller fornybare løysingar i offentlege ferjeanbod der det ligg til rette for det, og vurdere krav til nullutsleppstransport i leveransar til det offentlege. Regjeringa vil òg bruke offentlege innkjøp og regelverk for å stimulere etterspurnad etter produkt som er produserte med lågutsleppsteknologi. Fleire ordningar medverkar til å leggje til rette for grøne og innovative anskaffingar, bl.a. midlar til Difi til kompetanse og veiledning om grøne innkjøp og til Leverandørutviklingsprogrammet. Innovasjon Noreg og Enova har òg ordningar som kan medverke til å stimulere grøne innovative innkjøp i offentleg sektor, i tillegg til Klimasats, som er ei tilskotsordning til kommunale prosjekt som utløyser reduserte klimagassutslepp og/eller omstilling til lågutsleppssamfunnet.
Reduserte utslepp i transportsektoren er eit prioritert innsatsområde for regjeringa. Regjeringa prioriterer kollektivtrafikk og jernbane høgt. Over budsjettet er det blant anna sett av midlar til bymiljø- og byvekstavtaler, bygging og vidare planlegging av InterCity og tiltak som skal stimulere til overføring frå gods til veg og bane. Blant viktige jernbanesatsingar som vil medverke til å nå nullvekstmålet er ruteomlegging som innber auka frekvens på lokaltoga på Austlandet (omtalt som R2027). Desse prosjekta inngår i NTP 2018–2029.
I NTP 2018–2029 har regjeringa fastsett nye, ambisiøse mål for å fase inn nullutsleppskøyretøy, blant anna at nye personbilar og lette varebilar frå 2025 skal vere nullutsleppskøyretøy. I Jeløya-plattformen set regjeringa ein ambisjon om å redusere utsleppa frå transport med 50 pst. innan 2030. Analysar viser at vi ikkje når ambisiøse utsleppsreduksjonar innan vegtransporten utan insentiv. Regjeringa sine allereie vedtekne verkemiddel er venta å gi vesentleg bidrag til å nå måltala. Auka teknologisk mogning i kjøretøysegmenta slik at nullutsleppskøyretøy blir konkurransedyktige med fossile løysingar ligg til grunn for måltala.
I meldinga om regjeringas klimastrategi for 2030 (Meld. St. 41, 2016–2017) varsla regjeringa at den vil medverke til oppfylling av måltala for nullutsleppskjøretøy ved blant anna å byggje vidare på dagens verkemiddel, ha ein føreseieleg og langsiktig politikk for fordelar for nullutsleppstransport, der verkemidla blir tilpassa marknadsutviklinga, og leggje til rette for at det alltid skal løne seg å velje bilar med nullutslepp. I Jeløya-plattformen er det varsla at regjeringa fører vidare skattefordelane for elbil når det gjeld eingongsavgift og meirverdiavgift i heile perioden for å nå 2025-måla.
Eingongsavgifta for ladbare hybridbilar er frå juli 2018 differensiert etter elektrisk rekkjevidde. Det er stilt krav om minst 50 km elektrisk rekkjevidde for å få fult vektfrådrag. Bilar med mindre rekkjevidde får eit frådrag som står i høve til dette.
Når det gjeld andre fordelar for nullutsleppsbilar, som gratis parkering, ferjetransport og fritak for bompengar, er det no lagt opp til at dette blir avgjort lokalt, men innanfor nasjonale retningslinjer. For bompengar er det etablert ein bindande nasjonal regel om at nullutsleppskøyretøy ikkje skal ha meir enn halvparten av takstane til konvensjonelle køyretøy jf. Prop. 87 S (2017–2018) Nokre saker om luftfart, veg, særskilde transporttiltak, kyst og post og telekommunikasjonar. For ferjer gjeld tilsvarande retningslinjer frå og med 1. juli 2018. Regjeringa har sendt på høyring forslag om endring i vegtrafikklova og parkeringsforskrifta for at nullutsleppskjøretøy ikkje skal betale meir enn halvparten av prisen for parkering samanlikna med bensin- og dieselkjøretøy på avgiftslagde kommunale parkeringsplassar.
I statsbudsjettet foreslår regjeringa ei grøn omlegging av eingongsavgifta for motorsyklar og å fjerne drosjar sine fordelar knytt til CO2-komponenten i eingongsavgifta.
Omsetjingskravet for biodrivstoff til vegtransport vart auka til 10 pst. frå 1. januar 2018, med eit delkrav om 2,5 pst. avansert biodrivstoff. Ved forskrift fastsett i mai 2018 er krava auka på nytt frå 1. januar 2019 og 1. januar 2020. I Jeløyaplattforma seier regjeringa at den har eit mål om 40 pst. innblanding i 2030, avhengig av teknologiutviklinga og utviklinga av alternative energiberarar. Delkravet om avansert biodrivstoff styrkjer den globale klimaeffekten av omsetjingskravet og kan medverke til å byggje opp under punktet «Bidra til utvikling av verdikjeden for andregenerasjons biodrivstoff» i klimaforliket. Frå 2017 er det òg innført eit delkrav om biodrivstoff til bensinkøyretøy, og det blir arbeidd med å auke dette kravet. KLD føreslår å innføre eit omsetjingskrav for biodrivstoff til luftfart på 0,5 pst. avansert biodrivstoff, sjå omtale under oppfølging av oppmodingsvedtak i Prop. 1 S (2018–2019) for Klima- og miljødepartementet del II Programkategori 12.20. KLD jobbar òg med oppfølging av Stortinget sitt oppmodingsvedtak om å forby palmeolje i offentleg kjøp, sjå omtale av oppfølging av oppmodingsvedtak i del II.
Regjeringa la hausten 2014 fram ein nasjonal, tverrsektoriell biogasstrategi. I oppfølginga av strategien vart det i 2015 sett av 10 mill. kroner til pilotanlegg og forsking på biogass gjennom Innovasjon Noreg. Ordninga blir foreslått ført vidare, men utan nye løyvingar for 2019. Ei evaluering av ordninga er venta hausten 2018. I 2019 vil departementet ta stilling til om ordninga skal førast vidare og om det eventuelt skal gjerast endringar.
Grøn skipsfart er ein viktig del av det grøne skiftet, og eit satsingsområde i regjeringas klimapolitikk. Omlegging til bruk av null- og lågutsleppsløysingar i stor skala er avgjerande for å nå nasjonale klimamål. Utvikling og introduksjon av låg- og nullutsleppsløysingar i skipsfarten kan samtidig gi betydelege næringseffektar i form av arbeidsplassar og auka omsetjing for norske verft, teneste- og utstyrsleverandørar. Eksport av norsk, klimavennleg maritim teknologi er no ytterlegare aktualisert gjennom den nullutsleppsvisjonen for internasjonal skipsfart som nyleg er vedteken i FNs sjøfartsorganisasjon (IMO) under norsk leiing. Regjeringa vil styrkje og utvikle vidare arbeidet med grøn skipsfart til å omfatte nullutslepps- og hybridkonsept for ulike fartøyskategoriar innan 2030. Regjeringa set krav til lågutslepps- og nullutsleppsteknologi i ferjeanbod når dette er mogleg. Inngåtte kontraktar tyder på at ein tredel av Noregs bilferjer vil ha elektrisk framdrift i 2021. Både stat og fylkeskommunane har mogleggjort utviklinga gjennom å setje krav i anboda. Pilot-E, eit samarbeid mellom Noregs Forskingsråd, Innovasjon Noreg og Enova, støttar innovative prosjekt innan blant anna maritim sektor. I det nye anbodet for Kystruta Bergen – Kirkenes er det sett krav om at klimagassutsleppa skal reduserast med 25 pst. over kontraktperioden frå 2021 til 2030. Vidare er det sett krav om at dei 11 skipa skal ha høve til å kople til landstraum. Regjeringa foreslår å løyve 7 mill. kroner til den statlege delen i det offentleg-private samarbeidet Grønt kystfartsprogram.
Regjeringas CO2-handteringsstrategi og Jeløya-plattforma slår fast ein ambisjon om å realisere ei kostnadseffektiv løysing for fullskala CO2-handtering i Noreg gitt at dette gir teknologiutvikling i eit internasjonalt perspektiv. Parisavtala har gjort tydeleg ambisjonsnivået for globale klimatiltak. Ifølgje FNs klimapanel vil CO2-fangst og lagring vere nødvendig for å nå Parisavtalas mål. Regjeringa jobbar langs fleire spor for å følgje opp vår strategi for CO2-handtering. Det inkluderer mellom anna å føre vidare teknologisenteret ved Mongstad (TCM), løyvingar til forskingsprogrammet CLIMIT, og prosjektet for fullskala CO2-handtering i Noreg. Hovudmålet for eit nytt norsk fullskalaprosjekt er å medverke til teknologiutvikling og kostnadsreduksjonar, slik at CO2-handtering kan bli eit effektivt klimatiltak globalt.
Det er gjennomført konseptstudiar av moglege fullskala demonstrasjonsanlegg for CO2-handtering i Noreg. Regjeringa foreslår ei bevilgning til å dekke vidare planleggeing av fullskala CO2-handtering. Det skal no gjennomførast forprosjektering på fangstanlegga ved Fortum Oslo Varme (FOV) og Norcem, samt for transport og lagring.
Regjeringa styrkjer samhandlinga mellom næringslivet, forvaltinga og forskinga innan lågutsleppsindustri og har oppretta eit strategiforum; Prosess21. Hovudoppgåva for Prosess21 er å gi strategiske råd og tilrådingar om korleis Noreg best kan få til ei utvikling i retning av minimale utslepp frå prosessindustrien i 2050 og samtidig leggje til rette for at verksemder i prosessindustrien har berekraftig vekst i denne perioden.
Regjeringa har auka rammene for Miljøteknologiordninga i Innovasjon Noreg betydeleg dei siste åra. Den føreslåtte løyvinga til Miljøteknologiordninga er 581,9 mill. kroner for 2019.
Regjeringa oppretta i 2018 eit nytt investeringsselskap «Fornybar AS» som framover vil operere under namnet «Nysnø Klimainvesteringer AS». Selskapet skal medverke til reduserte klimagassutslepp gjennom investeringar. I statsbudsjettet for 2019 er det foreslått å løyve 400 mill. kroner i investeringskapital til selskapet. For nærare omtale sjå Nærings- og fiskeridepartementets budsjettproposisjon kapittel 950 post 52.
Regjeringa vil intensivere forskingsinnsatsen for omstilling til lågutsleppssamfunnet og prioritere utvikling av teknologi og løysingar for det grøne skiftet. Forskingsprogrammet EnergiX som støttar forsking på mellom anna fornybar energi og effektiv energibruk, blir foreslått styrkt med 20 mill. kroner under Olje- og energidepartementet. Regjeringa foreslår å løyve 25 mill. kroner over budsjettet til Landbruks- og matdepartementet til forsking på korleis eit styrkt klimabidrag frå skogen kan bidra til grøn omstilling. Pilot E som har som delmål å medverke til reduserte utslepp frå transportsektoren er foreslått styrkt med 10 mill. kroner under Samferdselsdepartementet. Forskingsinnsatsen for å fremje lågutsleppsløysingar under Klima- og miljødepartementet blir ført vidare i 2019. Satsinga har ei ramme på 91,5 mill. kroner og har særleg fokus på ikkje-kvotepliktige utsleppssektorar, der transport og jordbruk er dei største.
Regjeringa har etablert ei heilskapleg satsing for å synleggjere norske, grøne løysingar for auka eksport og for å trekkje internasjonale investorar til Noreg. Innovasjon Noreg fikk i 2018 i oppdrag å etablere eit samarbeid med privat næringsliv med dette som mål. I 2018 blei det utvikla eit digitalt utstillingsvindauge The Explorer som skal brukast til å gjere synleg norske grøne løysingar for den internasjonale marknaden. Arbeidet blir ført vidare i 2019 med ei løyving på 10,239 mill. kroner under Klima- og miljødepartementets budsjett. Sjå nærare omtale under kap. 1400 post 50. Regjeringa foreslår vidare å styrke satsinga med ytterligare 10 mill. kroner over Nærings- og fiskeridepartementets budsjett, slik at den totale satsinga i 2019 blir på 20,239 mill. kroner.
Kommunane er sentrale for å nå måla i ikkje-kvotepliktig sektor. Regjeringa medverkar til kommunane sitt arbeid gjennom blant anna å tilby rettleiing til klima- og energiplanlegging, støtteordninga Klimasats og pågåande utvikling av klimagasstatistikk og verktøy for å berekne effekten av lokale klimatiltak.
I 2015 starta regjeringa ei pilotordning for skogplanting på nye areal som klimatiltak. Ordninga vil bli avslutta mot slutten av 2018. I 2016 starta regjeringa òg ei ordning med gjødsling av skog som klimatiltak, og ei ordning for tettare planting etter hogst på eksisterande skogareal. Skogplanteforedlinga vart òg styrkt. Dette er ei direkte oppfølging av punkt i klimaforliket. Regjeringa fører òg vidare arbeidet med restaurering av myr og anna våtmark.
Ei nærare skildring av verkemiddel og satsingar på andre departement sine område finst i del III kapittel 8. Omtale av klimaeffekt av budsjettet finst i klimalovrapporteringa i del IV.
Regjeringa sin politikk nasjonalt må sjåast i samanheng med Noregs internasjonale forpliktingar og satsingar. Dette er omtalt i del II, under programkategori 12.20 og 12.70. Klima- og skoginitiativet er Noregs største internasjonale klimasatsing, og er saman med kjøp av klimakvotar og utvikling av nye marknadsmekanismar regjeringa sitt viktigaste bidrag til å redusere utslepp i utviklingsland. I 2019 foreslår regjeringa å auke løyvinga til Klima- og skoginitiativet med 200 mill. kroner, til eit nivå på 3,18 mrd. kroner. Reduserte utslepp frå tropisk skog er ein del av klimaavtala som vart vedteken i Paris i 2015. Avtala legg òg vekt på betaling for resultat som skoglanda oppnår. Gjennom det norske Klima- og skoginitiativet samarbeider vi med verdas største regnskogsland – Brasil, Colombia, Peru, Kongo og Indonesia – og har medverka til ei rekkje viktige resultat i form av utsleppsreduksjonar og berekraftig utvikling. I behandlinga av Meld. St. 24 (2016–2017) Felles ansvar for felles framtid slutta Stortinget seg til regjeringas forslag om at Klima- og skoginitiativet skal førast vidare på eit høgt nivå fram til 2030.
Klima, miljø og hav er blant regjeringas hovudsatsingsområder for internasjonalt utviklingsarbeid, og innsatsen styrkast i 2019. Norsk innsats innan klima og miljø skal i hovudsak gå til finansiering av utslippsreduksjonar og klimatilpassingstiltak, inkludert kapasitetsbygging og teknologisamarbeid i utviklingsland. Regjeringa vil òg prioritere støtte til utviklingslands innsats for å beskytte biomangfaldet, verdsarven, grøn skipsfart og innsats mot miljøgifter.
Det blir foreslått å løyve 200 mill. kroner til betaling for FN-godkjende klimakvotar i 2019.
5 Oversiktstabellar
5.1 Merknader til budsjettframlegget
Regjeringa foreslår ei samla løyving til Klima- og miljødepartementet på 14 130,321 mill. kroner på utgiftssida og 7 684,697 mill. kroner på inntektssida.
5.2 Utgifter
Utgifter under programkategori 12.10 fordelte på kapittel
(i 1 000 kr) | |||||
---|---|---|---|---|---|
Kap. | Nemning | Rekneskap 2017 | Saldert budsjett 2018 | Forslag 2019 | Pst. endr. 18/19 |
1400 | Klima- og miljødepartementet | 539 619 | 645 752 | 656 082 | 1,6 |
1410 | Kunnskap om klima og miljø | 829 901 | 810 399 | 946 710 | 16,8 |
1411 | Artsdatabanken | 66 247 | 69 793 | 5,4 | |
1412 | Meteorologiformål | 439 036 | 468 686 | 486 448 | 3,8 |
Sum kategori 12.10 | 1 808 556 | 1 991 084 | 2 159 033 | 8,4 |
Utgifter under programkategori 12.20 fordelte på kapittel
(i 1 000 kr) | |||||
---|---|---|---|---|---|
Kap. | Nemning | Rekneskap 2017 | Saldert budsjett 2018 | Forslag 2019 | Pst. endr. 18/19 |
1420 | Miljødirektoratet | 4 035 402 | 4 246 095 | 4 233 127 | -0,3 |
1422 | Miljøvennleg skipsfart | 16 839 | 5 427 | 12 557 | 131,4 |
1423 | Radioaktiv forureining i det ytre miljø | 15 403 | 16 704 | 27 040 | 61,9 |
1424 | MAREANO | 24 466 | 43 352 | -100,0 | |
1425 | Fisketiltak | 85 709 | 95 229 | 16 796 | -82,4 |
1428 | Reduserte klimagassutslepp, energiomlegging, energi- og klimateknologi | 3 064 450 | |||
Sum kategori 12.20 | 4 177 819 | 4 406 807 | 7 353 970 | 66,9 |
Utgifter under programkategori 12.30 fordelte på kapittel
(i 1 000 kr) | |||||
---|---|---|---|---|---|
Kap. | Nemning | Rekneskap 2017 | Saldert budsjett 2018 | Forslag 2019 | Pst. endr. 18/19 |
1429 | Riksantikvaren | 652 383 | 670 535 | 692 728 | 3,3 |
1432 | Norsk kulturminnefond | 103 898 | 112 170 | 116 320 | 3,7 |
Sum kategori 12.30 | 756 281 | 782 705 | 809 048 | 3,4 |
Utgifter under programkategori 12.60 fordelte på kapittel
(i 1 000 kr) | |||||
---|---|---|---|---|---|
Kap. | Nemning | Rekneskap 2017 | Saldert budsjett 2018 | Forslag 2019 | Pst. endr. 18/19 |
1471 | Norsk Polarinstitutt | 311 106 | 300 495 | 320 128 | 6,5 |
1472 | Svalbards miljøvernfond | 20 264 | 17 658 | 19 658 | 11,3 |
1473 | Kings Bay AS | 53 635 | 21 642 | 30 270 | 39,9 |
1474 | Fram – Nordområdesenter for klima- og miljøforsking | 58 330 | 51 745 | 52 823 | 2,1 |
Sum kategori 12.60 | 443 335 | 391 540 | 422 879 | 8,0 |
Utgifter under programkategori 12.70 fordelte på kapittel
(i 1 000 kr) | |||||
---|---|---|---|---|---|
Kap. | Nemning | Rekneskap 2017 | Saldert budsjett 2018 | Forslag 2019 | Pst. endr. 18/19 |
1481 | Klimakvotar | 133 758 | 148 742 | 204 809 | 37,7 |
1482 | Internasjonale klima- og utviklingstiltak | 2 977 669 | 2 979 805 | 3 180 582 | 6,7 |
Sum kategori 12.70 | 3 111 427 | 3 128 547 | 3 385 391 | 8,2 |
5.3 Inntekter
Inntekter under programkategori 12.10 fordelte på kapittel
(i 1 000 kr) | |||||
---|---|---|---|---|---|
Kap. | Nemning | Rekneskap 2017 | Saldert budsjett 2018 | Forslag 2019 | Pst. endr. 18/19 |
4400 | Klima- og miljødepartementet | 39 963 | 2 195 | 2 258 | 2,9 |
4411 | Artsdatabanken | 417 | |||
Sum kategori 12.10 | 39 963 | 2 195 | 2 675 | 21,9 |
Inntekter under programkategori 12.20 fordelte på kapittel
(i 1 000 kr) | |||||
---|---|---|---|---|---|
Kap. | Nemning | Rekneskap 2017 | Saldert budsjett 2018 | Forslag 2019 | Pst. endr. 18/19 |
4420 | Miljødirektoratet | 152 168 | 135 399 | 137 107 | 1,3 |
5578 | Sektoravgifter under Klima- og miljødepartementet | 90 000 | 107 399 | 689 000 | 541,5 |
Sum kategori 12.20 | 242 168 | 242 798 | 826 107 | 240,2 |
Inntekter under programkategori 12.30 fordelte på kapittel
(i 1 000 kr) | |||||
---|---|---|---|---|---|
Kap. | Nemning | Rekneskap 2017 | Saldert budsjett 2018 | Forslag 2019 | Pst. endr. 18/19 |
4429 | Riksantikvaren | 5 362 | 5 783 | 5 951 | 2,9 |
Sum kategori 12.30 | 5 362 | 5 783 | 5 951 | 2,9 |
Inntekter under programkategori 12.60 fordelte på kapittel
(i 1 000 kr) | |||||
---|---|---|---|---|---|
Kap. | Nemning | Rekneskap 2017 | Saldert budsjett 2018 | Forslag 2019 | Pst. endr. 18/19 |
4471 | Norsk Polarinstitutt | 103 670 | 85 238 | 87 272 | 2,4 |
5578 | Sektoravgifter under Klima- og miljødepartementet | 20 249 | 17 670 | 19 670 | 11,3 |
Sum kategori 12.60 | 123 919 | 102 908 | 106 942 | 3,9 |
Utgifter fordelte på postgrupper
(i 1 000 kr) | |||||
---|---|---|---|---|---|
Post-gr. | Nemning | Rekneskap 2017 | Saldert budsjett 2018 | Forslag 2019 | Pst. endr. 18/19 |
01–01 | Driftsutgifter | 1 448 908 | 1 492 990 | 1 531 385 | 2,6 |
11–25 | Varer og tenester | 1 358 049 | 1 401 963 | 1 507 550 | 7,5 |
30–49 | Nybygg, anlegg m.v. | 610 087 | 626 042 | 602 009 | -3,8 |
50–59 | Overføringar til andre statsrekneskaper | 947 864 | 956 369 | 4 048 269 | 323,3 |
60–69 | Overføringar til kommunar | 223 561 | 311 707 | 260 100 | -16,6 |
70–89 | Overføringar til private | 5 708 949 | 5 911 612 | 6 181 008 | 4,6 |
Sum under departementet | 10 297 418 | 10 700 683 | 14 130 321 | 32,1 |
Inntekter fordelte på postgrupper
(i 1 000 kr) | |||||
---|---|---|---|---|---|
Post-gr. | Nemning | Rekneskap 2017 | Saldert budsjett 2018 | Forslag 2019 | Pst. endr. 18/19 |
01–29 | Sal av varer og tenester m.v. | 263 559 | 228 615 | 6 976 027 | 2 951,4 |
50–91 | Skattar, avgifter og andre overføringar | 147 853 | 125 069 | 708 670 | 466,6 |
Sum under departementet | 411 412 | 353 684 | 7 684 697 | 2 072,8 |
Oversikt over bruk av stikkordet «kan overførast»
**Under Klima- og miljødepartementet blir stikkordet foreslått knytta til desse postane utanom postgruppe 30–49
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Kap. | Post | Nemning | Overført til 2018 | Forslag 2019 |
1400 | 74 | Tilskot til AMAP | 4 871 | |
1400 | 76 | Støtte til nasjonale og internasjonale miljøtiltak | 7 583 | 97 382 |
1410 | 23 | MAREANO | 44 386 | |
1411 | 21 | Spesielle driftsutgifter | 8 883 | |
1411 | 70 | Tilskot til arter og naturtypar | 28 890 | |
1420 | 23 | Oppdrags- og gebyrrelatert verksemd | 7 574 | 135 608 |
1420 | 61 | Tilskot til klimatiltak og klimatilpassing | 70 688 | 158 230 |
1420 | 69 | Oppryddingstiltak | 105 478 | 50 962 |
1420 | 70 | Tilskot til vassmiljøtiltak | 17 685 | 30 292 |
1420 | 71 | Marin forsøpling | 1 579 | 65 290 |
1420 | 73 | Tilskot til rovvilttiltak | 5 820 | 80 426 |
1420 | 78 | Friluftsformål | 13 926 | 179 891 |
1420 | 79 | Oppryddingstiltak | 421 | 450 |
1420 | 81 | Naturarv og kulturlandskap | 324 | 62 011 |
1420 | 82 | Tilskot til truga arter og naturtypar | 4 968 | 45 355 |
1420 | 85 | Naturinformasjonssenter | 3 222 | 69 031 |
1422 | 60 | Tilskot til kommunar og fylkeskommunar | 8 820 | |
1424 | 21 | Spesielle driftsutgifter | 24 430 | |
1425 | 70 | Tilskot til fiskeformål | 5 | 16 696 |
1429 | 22 | Bevaringsoppgåver | 27 803 | 24 708 |
1429 | 70 | Tilskot til automatisk freda og andre arkeologiske kulturminne | 18 138 | 52 164 |
1429 | 71 | Tilskot til freda kulturminne i privat eige, kulturmiljø og kulturlandskap | 9 024 | 159 015 |
1429 | 72 | Tilskot til tekniske og industrielle kulturminne | 1 906 | 58 045 |
1429 | 73 | Tilskot til bygningar og anlegg frå mellomalderen og brannsikring | 13 336 | 57 575 |
1429 | 74 | Tilskot til fartøyvern | 298 | 63 226 |
1429 | 75 | Tilskot til fartøyvernsenter | 219 | 16 214 |
1429 | 77 | Tilskot til verdiskapingsarbeid på kulturminneområde | 3 434 | 8 232 |
1429 | 79 | Tilskot til verdsarven | 14 884 | 58 690 |
1471 | 21 | Spesielle driftsutgifter | 77 243 | |
1474 | 50 | Tilskot til statlege mottakarar | 24 011 | |
1474 | 70 | Tilskot til private mottakarar | 1 | 28 812 |
1481 | 01 | Driftsutgifter | 2 000 | 4 499 |
1481 | 22 | Kvotekjøp, generell ordning | 119 480 | 200 000 |
1481 | 23 | Kvotekjøp, statstilsette sine flyreiser | 310 | |
1482 | 73 | Klima- og skogsatsinga | 35 373 | 3 081 543 |
6 Oppfølging av oppmodingsvedtak
Nedanfor er det gjort greie for oppfølging av oppmodingsvedtak under Klima- og miljødepartementet. Tabell 6.1 og påfølgjande utdjupande tekst inkluderer alle vedtak frå stortingssesjonen 2017–2018 og alle vedtak frå tidlegare stortingssesjonar der rapporteringa ikkje vart avslutta i samband med behandlinga av Prop. 1 S (2017–2018), eller ev. i samband med behandlinga av meldinga til Stortinget om oppmodings- og utgreiingsvedtak.
I enkelte tilfelle kan oppfølginga av vedtaka vere meir omfattande beskrive under det aktuelle programområdet i proposisjonen. Det vil i desse tilfella vere ei tilvising til denne teksten.
I tabell 6.1 er det oppgitt kor vidt departementet planlegg at rapporteringa på oppmodingsvedtaket no er avslutta, eller om departementet vil rapportere konkret på vedtaket også i neste års budsjettproposisjon. Rapportering på vedtak som inneber at departementet skal leggje fram ei konkret sak for Stortinget f.eks. proposisjon, stortingsmelding, utgreiing el., vil normalt bli avslutta først når saka er lagt fram for Stortinget.
Sjølv om det i tabellen er oppgitt at rapporteringa er avslutta, vil det i en del tilfelle kunne vere slik at oppfølginga av alle sider av vedtaket ikkje er endeleg avslutta. Dette kan f.eks. gjelde vedtak med oppmoding til regjeringa om å ta særlege omsyn i politikkutforminga på eit område. Då vil oppfølginga kunne strekkje seg over mange år. Stortinget vil i desse tilfella haldast orientert om den vidare oppfølginga på ordinær måte, gjennom omtale av det relevante politikkområdet i budsjettproposisjonar og andre dokument.
Tabell 6.1 Oversikt over oppmodingstiltak, ordna etter sesjon og nummer
Sesjon | Vedtak nr. | Stikkord | Rapportering avslutta (ja/nei) |
---|---|---|---|
2017–2018 | 40 | Genmaterialet for laksefisk i Hardanger | Ja |
2017–2018 | 41 | Framdrifta i utfasinga av fossil oppvarming i statlege bygg og føretak | Ja |
2017–2018 | 48 | Flytande havvind (Enova) | Ja |
2017–2018 | 49 | Utbygging av landstraum for cruiseskip (Enova) | Ja |
2017–2018 | 204 | Stortingsmelding om kulturminnefeltet | Nei |
2017–2018 | 205 | Nasjonale mål på kulturminnefeltet | Nei |
2017–2018 | 389 | Sikre at CO2-fondets verkemiddelapparat også omfattar Kystruta | Nei |
2017–2018 | 390 | Verkemiddel innretta mot Kystruta (Enova) | Ja |
2017–2018 | 480 | Nasjonale mål for avfallsførebygging, materialgjenvinning og gjenbruk | Nei |
2017–2018 | 481 | Gjenbruk gjennom kommunane sine gjenbruksstasjonar | Ja |
2017–2018 | 482 | Utleige av avfallskonteinarar frå godkjente avfallsselskap | Nei |
2017–2018 | 483 | Bruk av husdyrgjødsel i produksjonen av biogass basert på matavfall | Nei |
2017–2018 | 484 | Krav til behandling av kloakkslam | Nei |
2017–2018 | 485 | Krav til utsortering og materialgjenvinning av plast og matavfall | Nei |
2017–2018 | 486 | Avfall frå offentlege tenester og andre som produserer avfall som liknar hushaldsavfall | Nei |
2017–2018 | 487 | Reinsing av flygeoske | Nei |
2017–2018 | 488 | Forbod mot varer som inneheld PFAS | Ja |
2017–2018 | 489 | Matkastelov | Nei |
2017–2018 | 490 | Fosforgjenvinning | Nei |
2017–2018 | 491 | Oppsamling av gummigranulat frå eksisterande og nye kunstgrasbaner | Nei |
2017–2018 | 492 | Revidert strategi mot marin plastforsøpling og spreiing av mikroplast | Nei |
2017–2018 | 493 | Nasjonal strategi for ein sirkulær økonomi | Nei |
2017–2018 | 495 | Forbetringar av avfallsstatistikken mm. | Ja |
2017–2018 | 496 | EØS-mål for gjenvinning av avfall frå bygg- og anleggsnæringa | Nei |
2017–2018 | 497 | Plan for å avgrense mengda farleg avfall | Ja |
2017–2018 | 498 | Arbeide for å utfase unødvendig bruk av eingongsartiklar av plast | Ja |
2017–2018 | 499 | Ordning for å gjere det gratis å levere marint avfall | Ja |
2017–2018 | 500 | Gi Sjøfartsdirektoratet i oppgåve å hindre og bekjempe marin forsøpling på havet | Ja |
2017–2018 | 502 | Pålegg om utsortering og materialgjenvinning av plast- og matavfall | Nei |
2017–2018 | 503 | Handlingsplan for kretsløpsøkonomi | Nei |
2017–2018 | 575 | Heilskapleg plan for Oslofjorden | Nei |
2017–2018 | 661 | Utgreie strengare krav til svartvass- og gråvassutslepp frå cruiseskip | Nei |
2017–2018 | 664 | Utvikle vidare programmet for grøn skipsfart | Nei |
2017–2018 | 667 | Handlingsplan for utbygging av biogass i Noreg | Nei |
2017–2018 | 668 | Bransjenorm for biogass | Nei |
2017–2018 | 671 | Kutt i klimagassutslepp – sektorvise ambisjonar | Nei |
2017–2018 | 672 | Implementere krav og reguleringar til utslepp frå cruiseskip og annan skipstrafikk i turistfjordar m.m. | Nei |
2017–2018 | 674 | Nasjonalt forbod mot sal av heliumballongar | Nei |
2017–2018 | 758 | Biogass i drivstoffhierarkiet | Nei |
2017–2018 | 764 | Dekningsplikta når gardbrukarar blir pålagt undersøkingar | Nei |
2017–2018 | 815 | Oppmjukingar i forskriftene til lov om motorferdsel i utmark | Nei |
2017–2018 | 933 | Planlagde endringar i vassforvaltninga/vassforskrifta blir stilt i ro | Ja |
2016–2017 | 19 | Omsetningskrav for bruk av berekraftig drivstoff i skipsfart | Nei |
2016–2017 | 21 | Verkemiddel for utvikling av fleire låg- og nullutsleppsløysingar for skip | Nei |
2016–2017 | 24 | Handlingsplan med sikte på å styrkje det samla friluftslivsarbeidet og friluftslivet si rolle i folkehelsearbeidet | Ja |
2016–2017 | 26 | Utviding av Skjergardsparkane der det er lokale initiativ | Ja |
2016–2017 | 108, punkt 5 | Opptrappingsplan for biodrivstoff til vegtrafikk | Ja |
2016–2017 | 108, punkt 7 | CO2-nøytralt syntetisk drivstoff | Nei |
2016–2017 | 108, punkt 8 | E10 som ny bransjestandard for bensin | Nei |
2016–2017 | 309 | Ordning for å sikre at importerte bilar er omfatta av dei lovpålagte returordningane | Nei |
2016–2017 | 529 | Gratis levering av marint avfall | Ja |
2016–2017 | 530 | Endring av forureiningslova, gebyr for forsøpling | Nei |
2016–2017 | 591 | Fagleg gjennomgang av den norske delbestanden av ulv | Nei |
2016–2017 | 722 | Plan for vedlikehaldsetterslepet på kulturminne | Nei |
2016–2017 | 748 | Teknisk berekningsutval på klimafeltet | Ja |
2016–2017 | 749 | Berekraftskrav for alt biodrivstoff | Ja |
2016–2017 | 750 | Bransjeavtale eller liknande, om at alt sal av biodrivstoff skal vere palmeoljefritt | Ja |
2016–2017 | 751 | Verkemiddel for å fremje bruk av avansert berekraftig biodrivstoff | Ja |
2016–2017 | 753 | Forbod mot palmeolje i offentleg kjøp | Ja |
2016–2017 | 907 | Leggje fram heilskapleg nasjonal plan for marine verneområde | Nei |
2016–2017 | 908 | Ikkje iverksetje petroleumsverksemd i Froan/Sularevet og Iverryggen | Ja |
2016–2017 | 909 | Leggje fram fagleg oppdatert avgrensing av heile iskantsona inkludert «Vesterisen» | Nei |
2016–2017 | 910 | Eventuell ny definisjon i revidering av forvaltningsplan for Barentshavet-Lofoten | Nei |
2016–2017 | 914 | Forslag til tiltak og verkemiddel for overvassproblematikk | Nei |
2016–2017 | 961 | Tilrettelegging for mottak av husdyrgjødsel | Nei |
2016–2017 | 1105 | Fossilfrie anleggsprosjekt | Nei |
2015–2016 | 57 | Tiltak for auka bruk av låg- og nullutsleppsteknologi i nærskipsfarten | Nei |
2015–2016 | 668 | Leggje fram plan for marine verneområde | Nei |
2015–2016 | 669 | Klargjering av kva som er god tilstand og kva areal som er å rekne som forringa økosystem | Nei |
2015–2016 | 670 | Kvalitetsnormer for økosystem som del av utviklinga av nye forvaltningsmål | Nei |
2015–2016 | 671 | Vedtak i sakene om nasjonalparkane Jomfruland, Raet og vurdere vernevedtaket knytt til Lofotodden | Ja |
2015–2016 | 672 | Revidere dei heilskaplege og økosystembaserte forvaltningsplanane for havområda våre | Ja |
2015–2016 | 674 | Handlingsplan for å betre situasjonen for sjøfugl | Nei |
2015–2016 | 676 | Utvikle vidare dagens ordning med utvalte kulturlandskap | Ja |
2015–2016 | 677 | Kvalitetsnorm for villrein | Nei |
2015–2016 | 678 | Styrking av arbeidet med eit økologisk grunnkart for Noreg | Ja |
2015–2016 | 679 | Oppdatering av svartelista over framande skadelege organismar og raudlistene over truga arter og naturtypar | Ja |
2015–2016 | 681 | Forbod mot mikroplast i kroppspleieprodukt | Nei |
2015–2016 | 687 | Stimulere til auka bruk av trekol i prosessindustrien | Ja |
2015–2016 | 772 | Lik jakttid i og utanfor ulvesona | Nei |
2015–2016 | 773 | Uavhengig utgreiing av det genetiske opphavet til ulvestamma i Noreg | Ja |
2015–2016 | 894 | Noregs forslag til forsterka mål – som utgangspunkt for prosessen for å nå Parisavtala | Ja |
2015–2016 | 895 | Parisavtala – Noregs endelege nasjonalt fastsette bidrag for perioden 2021–2030 | Nei |
2015–2016 | 897 | Noreg skal vere klimanøytralt frå og med 2030 | Nei |
2014–2015 | 43 | Heilskapleg plan for utfasing av fossil grunnlast i alle statlege bygg innan 2018 | Ja |
2014–2015 | 387 | Forbod mot oljefyr til grunnlast | Ja |
Stortingssesjon 2017–2018
Genmaterialet for laksefisk i Hardanger
Vedtak nr. 40, 4. desember 2017
«Stortinget ber regjeringen sikre at det innsamlede genmaterialet for laksefisk i Hardanger blir tatt vare på inntil videre, og brukes som virkemiddel for å bevare det genetiske mangfoldet i lakse- og ørretbestandene.»
Vedtaket vart fatta ved behandling av Prop. 1 S (2017–2018), jf. Innst. 2 S (2017–2018).
Regjeringa vedtok i februar 2018 å etablere ein genbank for å bevare bestandane av vill laksefisk i Hardanger inntil miljøforholda er slik at fisk kan setjast tilbake i elvane. Etableringa av genbanken skjer på ein slik måte at ein tek vare på genmaterialet frå laksefisk i Hardanger som allereie er samla inn. Regjeringa ser oppmodingsvedtaket som følgt opp.
Framdrifta i utfasinga av fossil oppvarming i statlege bygg og føretak
Vedtak nr. 41, 4. desember 2017
«Stortinget ber regjeringen melde tilbake til Stortinget om fremdriften i utfasingen av fossil oppvarming i statlige bygg og foretak.»
Vedtaket vart gjort ved behandling av Prop. 1 S (2017–2018), jf. Innst. 2 S (2017–2018).
Det enkelte departementet har ansvar for å planleggje og gjennomføre utfasing av mineralolje i bygg som departementet eller underliggjande etatar/verksemder eig. Regjeringa har dei siste fire åra presentert status og planar for å fase ut oljefyring til grunnlast i statlege bygningar, som oppfølging av vedtak nr. 43, 1. desember 2014. For informasjon om grunnlast i statlege bygningar viser ein til årets rapportering i Prop. 1 S (2018–2019), del II, Programkategori 12.20.
I vedtak nr. 41, 4 desember 2017 har Stortinget bedt om ei utvida rapportering, som omfattar fossil oppvarming i statlege bygg og føretak. Som oppfølging av vedtak nr. 41 har dei ulike departementa henta inn informasjon om oljefyring og gass til oppvarming, til grunnlast og spisslast. For nærare rapportering på vedtak nr. 41 sjå omtale i Prop. 1 S (2018–2019), del II, Programkategori 12.20. Regjeringa ser oppmodingsvedtaket som følgt opp.
Flytande havvind (Enova)
Vedtak nr. 48, 4. desember 2017
«Stortinget ber regjeringen sikre at mandatet til Enova også omfatter flytende havvind, slik at Enova kan bidra til å realisere fullskala pilot-/demonstrasjonsanlegg.»
Vedtaket vart gjort ved behandling av Prop. 1 S (2017–2018), jf. Innst. 2 S (2017–2018).
Vedtaket er følgt opp gjennom styringsavtala mellom departementet og Enova for perioden 2017 til 2020. Utvikling av havbasert fornybar teknologi, under dette havvind, fell innafor Enovas mandat. I 2017 lanserte Enova to program som er aktuelle for vindkraft til havs: «demonstrasjon av ny energi- og klimateknologi» og «fullskala innovativ energi- og klimateknologi». Målet for det første programmet er å avlaste teknologirisiko og at ny teknologi, for eksempel vindkraft til havs, skal bli demonstrert under reelle driftsforhold. Gjennom det andre programmet kan Enova støtte meirkostnaden ved bruk av nye og innovative løysingar. Enova har allereie tildelt støtte til eit forprosjekt for flytande havvind, og er open for søknader under dei ovannemnde programma. Regjeringa ser oppmodingsvedtaket som følgt opp.
Utbygging av landstraum for cruiseskip (Enova)
Vedtak nr. 49, 4. desember 2017
«Stortinget ber regjeringen sikre at mandatet til Enova også omfatter utbygging av landstrøm for cruiseskip i kommunal eller privat regi.»
Vedtaket vart gjort ved behandling av Prop. 1 S (2017–2018), jf. Innst. 2 S (2017–2018).
Vedtaket er følgt opp gjennom styringsavtala mellom departementet og Enova for perioden 2017 til 2020. Enovas mandat omfattar landstraumprosjekt både i kommunal og privat regi, for både cruisehamner og andre typar offentleg tilgjengelege hamner. Enova har eit eige program for landstraum med halvårlege utlysingar, der landstraumprosjekt konkurrerer og blir prioriterte etter størst klimagassreduksjon per statlege støttekrone. Prosjekt for utbygging av landstraum til cruiseskip blir behandla etter dei same prinsippa som andre landstraumprosjekt. Programmet er ope for søknader for prosjekt der det blir bygd ut landstraum til cruiseskip, men desse har til no ikkje nådd opp i konkurransen. Regjeringa ønskjer ei brei tilnærming til utslepp frå cruisetrafikk og det blir arbeidd med ytterlegare tiltak overfor cruisenæringa. Regjeringa ser oppmodingsvedtaket som følgt opp.
Stortingsmelding om kulturminnefeltet
Vedtak nr. 204, 12. desember 2017
«Stortinget ber regjeringen legge frem en stortingsmelding om kulturminnefeltet.»
Vedtaket vart gjort ved behandling av Prop. 1 S (2017–2018), jf. Innst. 14 S (2017–2018).
Regjeringa tek sikte på å leggje fram meldinga våren 2020 i samsvar med Jeløya-erklæringa og Stortingets vedtak.
Nasjonale mål på kulturminnefeltet
Vedtak nr. 205, 12. desember 2017
«Stortinget ber regjeringen vente med å realitetsbehandle endrede nasjonale mål til stortingsmeldingen om kulturminnefeltet er behandlet.»
Vedtaket vart gjort ved behandling av Prop. 1 S (2017–2018), jf. Innst. 14 S (2017–2018).
Forslag til nye nasjonale mål blir lagt fram som ein del av ny stortingsmelding om kulturminnefeltet. Regjeringa tek sikte på å leggje fram meldinga våren 2020.
Sikre at CO2-fondets verkemiddelapparat også omfattar Kystruta
Vedtak nr. 389, 20. desember 2017
«Stortinget ber regjeringen sikre at CO2-fondets virkemiddelapparat er bredt nok til også å omfatte Kystruten.»
Vedtaket vart gjort ved behandling av Dokument 8:73 S (2017–2018), jf. Innst. 95 S (2017–2018).
Regjeringa har starta ein prosess der etableringa av eit CO2-fond for næringstransport blir drøfta. Det blir no arbeidd vidare saman med næringslivet om vurderingar knytt til mogleg innretning av eit CO2-fond, inkludert kva transportsegment som kan inngå i eit eventuelt CO2-fond. Skipsfart inngår i desse vurderingane. Regjeringa vil komme tilbake til Stortinget på eigna måte når dette arbeidet er ferdigstilt.
Verkemiddel innretta mot Kystruta (Enova)
Vedtak nr. 390, 20. desember 2017
«Stortinget ber regjeringen sørge for at Enova har relevante og treffsikre virkemidler innrettet mot Kystruten slik at skipene har insentiver for utslippskutt og en raskere omstilling i mer klima- og miljøvennlig retning.»
Vedtaket vart gjort ved behandling av Dokument 8:73 S (2017–2018), jf. Innst. 95 S (2017–2018).
Vedtaket er følgt opp gjennom styringsavtala mellom departementet og Enova for perioden 2017 til 2020. I styringsavtala er det lagt til grunn at Enova skal medverke på regjeringas prioriterte innsatsområde i klimapolitikken, blant anna knytt til reduserte utslepp i transportsektoren og miljøvennleg skipsfart. Enova har støtta fleire innovative prosjekt i maritim næring, blant anna hos Hurtigruten, og tildelte i 2017 til saman over 800 mill. kroner i støtte til prosjekt i maritim næring. Enova har fleire verkemiddel retta mot maritim sektor som medverkar til at nye teknologiske løysingar blir utvikla, testa og tekne i bruk raskare og i større omfang enn dei elles ville blitt. Investeringsstøtta skal dekkje delar av meirkostnadene samanlikna med konvensjonelle løysingar. Regjeringa ser oppmodingsvedtaket som følgt opp.
Nasjonale mål for avfallsførebygging, materialgjenvinning og gjenbruk
Vedtak nr. 480, 12. april 2018
«Stortinget ber regjeringen sette nasjonale mål for avfallsforebygging, materialgjenvinning og gjenbruk i tråd med EUs sirkulære økonomipakke.»
Vedtaket vart gjort ved behandling av Meld. St. 45 (2016–2017), jf. Innst. 127 S (2017–2018) om Avfall som ressurs – Avfallspolitikk og sirkulær økonomi, jf. tilrådinga i innstillinga romartal I.
Miljødirektoratet har fått i oppdrag å greie ut gjennomføringa av krava som er sett til materialgjenvinning i EUs avfallsregelverk. Direktoratet har òg fått i oppdrag å vurdere eit nasjonalt mål for materialgjenvinning. Når det gjeld avfallsførebygging og gjenbruk er det ikkje sett noko mål om det i EUs sirkulære økonomipakke. Det er store metodiske utfordringar å kvantifisere mål for avfallsførebygging og gjenbruk. Det blir arbeidd med å utvikle indikatorar for avfallsførebygging på matavfallområdet. Fram til dette arbeidet er klart er det føremålstenleg å vente med arbeid med mål og indikatorar for førebygging på andre område. Regjeringa vil komme tilbake til Stortinget på eigna måte.
Gjenbruk gjennom kommunane sine gjenbruksstasjonar
Vedtak nr. 481, 12. april 2018
«Stortinget ber regjeringen gi kommunene ansvar for å legge til rette for gjenbruk gjennom kommunenes gjenbruksstasjoner.»
Vedtaket vart gjort ved behandling av Meld. St. 45 (2016–2017), jf. Innst. 127 S (2017–2018) om Avfall som ressurs – Avfallspolitikk og sirkulær økonomi, jf. tilrådinga i innstillinga romartal II.
Det er vurdert slik at kommunane allereie har dette ansvaret, sjølv om det ikkje går uttrykkeleg fram av forureiningslova, og at dette kan dekkjast over avfallsgebyret. Regjeringa ser oppmodingsvedtaket som følgt opp.
Utleige av avfallskonteinarar frå godkjente avfallsselskap
Vedtak nr. 482, 12. april 2018
«Stortinget ber regjeringen gi kommunene anledning til selv å bestemme om de ønsker samtykke ved utleie av avfallskonteinere fra godkjente avfallsselskaper.»
Vedtaket vart gjort ved behandling av Meld. St. 45 (2016–2017), jf. Innst. 127 S (2017–2018) om Avfall som ressurs – Avfallspolitikk og sirkulær økonomi, jf. tilrådinga i innstillinga romartal III.
Regjeringa vil komme tilbake til Stortinget på eigna måte.
Bruk av husdyrgjødsel i produksjonen av biogass basert på matavfall
Vedtak nr. 483, 12. april 2018
«Stortinget ber regjeringen om at ved bygging av nye industrielle anlegg for produksjon av biogass basert på matavfall, skal det gjøres en utredning av om det er hensiktsmessig å ta inn husdyrgjødsel i produksjonen.»
Vedtaket vart gjort ved behandling av Meld. St. 45 (2016–2017), jf. Innst. 127 S (2017–2018) om Avfall som ressurs – Avfallspolitikk og sirkulær økonomi, jf. tilrådinga i innstillinga romartal IV.
Vedtaket er til behandling i Klima- og miljødepartementet, og må vurderast i samanheng med vedtak nr. 961, 16. juni 2017, «Tilrettelegging for mottak av husdyrgjødsel». Regjeringa vil komme tilbake til Stortinget på eigna måte.
Krav til behandling av kloakkslam
Vedtak nr. 484, 12. april 2018
«Stortinget ber regjeringen utrede hvordan man kan stille krav om at alt kloakkslam skal behandles fortrinnsvis gjennom produksjon av biogass og biogjødsel eller kompost.»
Vedtaket vart gjort ved behandling av Meld. St. 45 (2016–2017), jf. Innst. 127 S (2017–2018) om Avfall som ressurs – Avfallspolitikk og sirkulær økonomi, jf. tilrådinga i innstillinga romartal V.
Klima- og miljødepartementet vil i samråd med aktuelle departement vurdere korleis vedtaket best kan følgjast opp. Regjeringa vil komme tilbake til Stortinget på eigna måte.
Krav til utsortering og materialgjenvinning av plast og matavfall
Vedtak nr. 485, 12. april 2018
«Stortinget ber regjeringen stille krav til utsortering og materialgjenvinning av plast og matavfall fra husholdninger og lignende avfall fra næringslivet.»
Vedtaket vart gjort ved behandling av Meld. St. 45 (2016–2017), jf. Innst. 127 S (2017–2018) om Avfall som ressurs – Avfallspolitikk og sirkulær økonomi, jf. tilrådinga i innstillinga romartal VI.
Miljødirektoratet har fått i oppdrag å utgreie krav til utsortering og materialgjenvinning av våtorganisk avfall (matavfall) og utvalte typar plastavfall. Oppdraget skal leverast hausten 2018. Stortinget vil bli orientert på eigna måte.
Avfall frå offentlege tenester og andre som produserer avfall som liknar hushaldsavfall
Vedtak nr. 486, 12. april 2018
«Stortinget ber regjeringen utrede og legge til rette for at alt avfall fra offentlige tjenester og andre som produserer avfall som likner husholdningsavfall, skal ha de samme kravene til materialgjenvinning i norsk regelverk som husholdningsavfall.»
Vedtaket vart gjort ved behandling av Meld. St. 45 (2016–2017), jf. Innst. 127 S (2017–2018) om Avfall som ressurs – Avfallspolitikk og sirkulær økonomi, jf. tilrådinga i innstillinga romartal VII.
Miljødirektoratet har fått i oppdrag å utgreie krav til utsortering og materialgjenvinning av våtorganisk avfall (matavfall) og utvalde typar plastavfall. Oppdraget skal leverast hausten 2018. Regjeringa vil komme tilbake til Stortinget på eigna måte.
Reinsing av flygeoske
Vedtak nr. 487, 12. april 2018
«Stortinget ber regjeringen utrede påbud om rensing av flyveaske og komme til Stortinget med dette på egnet måte.»
Vedtaket vart gjort ved behandling av Meld. St. 45 (2016–2017), jf. Innst. 127 S (2017–2018) om Avfall som ressurs – Avfallspolitikk og sirkulær økonomi, jf. tilrådinga i innstillinga romartal XI.
Miljødirektoratet har fått i oppdrag å utarbeide en plan for å avgrense mengda farleg avfall jf. vedtak nr. 497 av 12. april 2018. Oppdraget skal leverast våren 2019. Vidare oppfølging av oppmodingsvedtak nr. 487 må sjåast i samanheng med Miljødirektoratets svar på oppdraget til vedtak 497. Stortinget vil bli orientert på eigna måte.
Forbod mot varer som inneheld PFAS
Vedtak nr. 488, 12. april 2018
«Stortinget ber regjeringen arbeide for et forbud mot varer som inneholder PFAS i tråd med EUs regelverk.»
Vedtaket vart gjort ved behandling av Meld. St. 45 (2016–2017), jf. Innst. 127 S (2017–2018) om Avfall som ressurs – Avfallspolitikk og sirkulær økonomi, jf. tilrådinga i innstillinga romartal XIII.
Klima- og miljødepartementet og Miljødirektoratet gjer ein målretta innsats for å redusere bruken av perfluorerte stoff (PFAS-er) i forbrukarprodukt. Det er fleire PFAS-er som allereie er forbodne eller som er i prosess til å bli forbodne i EU. Norge arbeider aktivt både i EU og globalt med å avgrense spreiing av PFAS-er. Miljødirektoratet har utarbeidd ein tiltaksplan for å skaffe fram kunnskap, syte for tiltak, delta aktivt i internasjonalt inkludert europeisk arbeid og formidle informasjon om PFAS-er. Regjeringa ser oppmodingsvedtaket som følgt opp.
Matkastelov
Vedtak nr. 489, 12. april 2018
«Stortinget ber regjeringen fremme forslag til en matkastelov som omfatter næringsmiddelindustrien og matvarebransjen. Loven bør omfatte påbud om å donere all spiselig overskuddsmat til veldedige formål og sekundært til dyrefôr, samt påbud om å offentliggjøre nøkkeltall knyttet til matsvinn og reduksjon av matsvinn.»
Vedtaket vart gjort ved behandling av Meld. St. 45 (2016–2017), jf. Innst. 127 S (2017–2018) om Avfall som ressurs – Avfallspolitikk og sirkulær økonomi, jf. tilrådinga i innstillinga romartal XV.
Departementet arbeider med saka. Regjeringa vil komme tilbake til Stortinget på eigna måte.
Fosforgjenvinning
Vedtak nr. 490, 12. april 2018
«Stortinget ber regjeringen utrede virkemidler og tiltak for å legge til rette for fosforgjenvinning i Norge.»
Vedtaket vart gjort ved behandling av Meld. St. 45 (2016–2017), jf. Innst. 127 S (2017–2018) om Avfall som ressurs – Avfallspolitikk og sirkulær økonomi, jf. tilrådinga i innstillinga romartal XVI.
Departementet arbeider med saka. Regjeringa vil komme tilbake til Stortinget på eigna måte.
Oppsamling av gummigranulat frå eksisterande og nye kunstgrasbaner
Vedtak nr. 491, 12. april 2018
«Stortinget ber regjeringen innføre et regelverk som sikrer at effektivt utstyr for oppsamling av gummigranulat fra eksisterende og nye kunstgressbaner tas i bruk med virkning fra 1. januar 2019.»
Vedtaket vart gjort ved behandling av Meld. St. 45 (2016–2017), jf. Innst. 127 S (2017–2018) om Avfall som ressurs – Avfallspolitikk og sirkulær økonomi, jf. tilrådinga i innstillinga romartal XXIII.
Klima- og miljødepartementet tar sikte på å innføre reglar om etablering og drift av kunstgrasbaner. Stortinget vil bli orientert på eigna måte.
Revidert strategi mot marin plastforsøpling og spreiing av mikroplast
Vedtak nr. 492, 12. april 2018
«Stortinget ber regjeringen revidere strategi mot marin plastforsøpling og spredning av mikroplast innen 2020.»
Vedtaket vart gjort ved behandling av Meld. St. 45 (2016–2017), jf. Innst. 127 S (2017–2018) om Avfall som ressurs – Avfallspolitikk og sirkulær økonomi, jf. tilrådinga i innstillinga romartal XXIV.
Ei revidering vil omfatte både igangsette og nye tiltak. Departementet vil setje i gang dette arbeidet slik at revidert strategi mot marin forsøpling og spreiing av mikroplast ligg føre innan 2020. Stortinget vil bli orientert på eigna måte.
Nasjonal strategi for ein sirkulær økonomi
Vedtak nr. 493, 12. april 2018
«Stortinget ber regjeringen utarbeide en nasjonal strategi for en sirkulær økonomi.»
Vedtaket vart gjort ved behandling av Meld. St. 45 (2016–2017), jf. Innst. 127 S (2017–2018) om Avfall som ressurs – Avfallspolitikk og sirkulær økonomi, jf. tilrådinga i innstillinga romartal XXVII.
Vedtaket må sjåast i samanheng med vedtak nr. 503 av 12. april 2018, «Handlingsplan for kretsløpsøkonomi». Regjeringa vil komme tilbake til Stortinget på eigna måte.
Forbetringar av avfallsstatistikken m.m.
Vedtak nr. 495, 12. april 2018
«Stortinget ber regjeringen utrede forbedringer av avfallsstatistikken og vurdere om det er behov for å utarbeide et produsentregister for å tydeliggjøre returselskapenes forpliktelser i etablerte produsentansvar.»
Vedtaket vart gjort ved behandling av Meld. St. 45 (2016–2017), jf. Innst. 127 S (2017–2018) om Avfall som ressurs – Avfallspolitikk og sirkulær økonomi.
Miljødirektoratet har eit utstrekt samarbeid med Statistisk sentralbyrå (SSB) om avfallsstatistikken, og SSB arbeider kontinuerleg med forbetringar av denne statistikken. Miljødirektoratet vil i arbeidet med nytt EE-register inkludere eit høve til at det også kan nyttast for andre produsentansvarsordningar. Regjeringa ser oppmodingsvedtaket som følgt opp.
EØS-mål for gjenvinning av avfall frå bygg- og anleggsnæringa
Vedtak nr. 496, 12. april 2018
«Stortinget ber regjeringen vurdere om vi når EØS-mål for gjenvinning av avfall fra bygg- og anleggsnæringen i 2020, og ev. utrede nødvendige virkemidler, herunder vurdere en skjerping av kravene til byggavfall i teknisk forskrift.»
Vedtaket vart gjort ved behandling av Meld. St. 45 (2016–2017), jf. Innst. 127 S (2017–2018) om Avfall som ressurs – Avfallspolitikk og sirkulær økonomi.
Regjeringa vil komme tilbake til Stortinget på eigna måte.
Plan for å avgrense mengda farleg avfall
Vedtak nr. 497, 12. april 2018
«Stortinget ber regjeringen utarbeide en plan for å begrense mengden farlig avfall.»
Vedtaket vart gjort ved behandling av Meld. St. 45 (2016–2017), jf. Innst. 127 S (2017–2018) om Avfall som ressurs – Avfallspolitikk og sirkulær økonomi.
Miljødirektoratet har fått i oppdrag å utarbeide en plan for å avgrense mengda farleg avfall. Oppdraget skal leverast våren 2019. Regjeringa ser oppmodingsvedtaket som følgt opp.
Arbeide for å fase ut unødvendig bruk av eingongsartiklar av plast
Vedtak nr. 498, 12. april 2018
«Stortinget ber regjeringen arbeide for å utfase unødvendig bruk av engangsartikler av plast.»
Vedtaket vart gjort ved behandling av Meld. St. 45 (2016–2017), jf. Innst. 127 S (2017–2018) om Avfall som ressurs – Avfallspolitikk og sirkulær økonomi.
Vedtaket er følgt opp gjennom at departementet har gitt Miljødirektoratet i oppdrag å vurdere ulike verkemiddel for å redusere miljøkonsekvensane av eingongsartiklar av plast, inkludert for kva produkt/produktgrupper eit forbod mot bruk av eingongsplast kan vere aktuelt. Direktoratet skal ta omsyn til forslaget til direktiv frå EU-kommisjonen og den pågåande prosessen i EU rundt dette direktivet, og anna relevant arbeid på området. Klima- og miljødepartementet har vidare innleia ein dialog med næringslivet om eit meir forpliktande samarbeid for å redusere bruk av unødvendige eingongsartiklar av plast. Regjeringa ser oppmodingsvedtaket som følgt opp.
Ordning for å gjere det gratis å levere marint avfall
Vedtak nr. 499, 12. april 2018
«Stortinget ber regjeringen utrede en ordning for å gjøre det gratis å levere marint avfall i havn for fiskere og andre, basert på erfaringene fra prosjektet «Fishing for Litter».»
Vedtaket vart gjort ved behandling av Meld. St. 45 (2016–2017), jf. Innst. 127 S (2017–2018) om Avfall som ressurs – Avfallspolitikk og sirkulær økonomi.
Miljødirektoratet har utarbeidd eit forslag til system for innlevering av marint avfall i hamn utan meirkostnad. Den føreslåtte ordninga skal ta vare på målsetjingane og intensjonane til «Fishing for Litter». Forslaget er no til vurdering i departementet. Regjeringa ser oppmodingsvedtaket som følgt opp.
Gi Sjøfartsdirektoratet i oppgåve å hindre og bekjempe marin forsøpling på havet
Vedtak nr. 500, 12. april 2018
«Stortinget ber regjeringen om å gi Sjøfartsdirektoratet i oppgave å forhindre og bekjempe marin forsøpling på havet.»
Vedtaket vart gjort ved behandling av Meld. St. 45 (2016–2017), jf. Innst. 127 S (2017–2018) om Avfall som ressurs – Avfallspolitikk og sirkulær økonomi.
Sjøfartsdirektoratet har allereie slike oppgåver gjennom sitt ansvar for oppfølging av forbodet mot utslepp av avfall frå skip etter forskrift om miljøvis sikkerheit for skip og flyttbare innretningar, og for forureiningsforskrifta kapittel 20 om skip sine plikter i medhald av skipsavfallsdirektivet. Sjøfartsdirektoratet skal levere forslag til styrka tiltak mot marin forsøpling frå skip nasjonalt og internasjonalt hausten 2018 til Klima- og miljødepartementet som vil følgje opp forslaget. Regjeringa ser oppmodingsvedtaket som følgt opp.
Pålegg om utsortering og materialgjenvinning av plast- og matavfall
Vedtak nr. 502, 2. april 2018
«Stortinget ber regjeringen pålegge kommuner og næringsaktører utsortering og materialgjenvinning av plast- og matavfall i tråd med anbefalingene fra Miljødirektoratet.»
Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket er representantforslag frå stortingsrepresentant Une Aina Bastholm om eit løft for norsk sirkulærøkonomi gjennom gjenvinning av avfall for næringsaktørar og kommunar, jf. Dok. 8:31 S (2017–2018) og Innst. 129 S (2017–2018).
Miljødirektoratet har fått i oppdrag å utgreie krav til utsortering og materialgjenvinning av våtorganisk avfall (matavfall) og utvalde typar plastavfall. Oppdraget skal leverast hausten 2018. Stortinget vil bli orientert på eigna måte.
Handlingsplan for kretsløpsøkonomi
Vedtak nr. 503, 12. april 2018
«Stortinget ber regjeringen lage en forpliktende handlingsplan for kretsløpsøkonomi med mindre ressurssløsing i alle deler av samfunnet.»
Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket er representantforslag frå stortingsrepresentant Une Aina Bastholm om eit løft for norsk sirkulærøkonomi gjennom gjenvinning av avfall for næringsaktørar og kommunar, jf. Dok. 8:31 S (2017–2018) og Innst. 129 S (2017–2018).
Vedtaket må sjåast i samanheng med vedtak nr. 493 av 12. april 2018, «Nasjonal strategi for ei sirkulær økonomi». Stortinget vil bli orientert på eigna måte.
Heilskapleg plan for Oslofjorden
Vedtak nr. 575, 5. april 2018
«Stortinget ber regjeringen legge fram helhetlig plan for Oslofjorden – med mål om at fjorden skal oppnå god miljøtilstand, restaurere viktige naturverdier, fremme et aktivt friluftsliv og ivareta det biologiske mangfoldet i fjorden.»
Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket er representantforslag frå stortingsrepresentantane Ola Elvestuen, Carl-Erik Grimstad og Abid Q. Raja om ein heilskapleg forvaltningsplan for Oslofjorden, jf. Dok. 8:51 S (2017–2018) og Innst. 203 S (2017–2018).
Klima og miljødepartementet har satt igang arbeidet med ein handlingsplan. Regjeringa vil komme tilbake til Stortinget på eigna måte.
Utgreie strengare krav til svartvass- og gråvassutslepp frå cruiseskip
Vedtak nr. 661, 3. mai 2018
«Stortinget ber regjeringen utrede strengere krav til svartvanns- og gråvannsutslipp fra cruiseskip.»
Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Meld. St. 41 (2016–2017) Klimastrategi for 2030 – norsk omstilling i europeisk samarbeid, representantforslag frå stortingsrepresentantane Audun Lysbakken, Lars Haltbrekken, Kari Elisabeth Kaski, Arne Nævra og Torgeir Knag Fylkesnes om å gjennomføre Stortingets mål i klimaforliket om å kutte norske klimagassutslepp fram mot 2020, jf. Dok. 8:16 S (2017–2018) og Innst. 253 S (2017–2018), jf. tilrådinga i innstillinga romartal VIII.
Sjøfartsdirektoratet har fått i oppdrag å utgreie krav til utslepp av kloakk frå skip langs kysten nord og vest for Lindesnes. Regjeringa vil komme tilbake til Stortinget på eigna måte.
Utvikle vidare programmet for grøn skipsfart
Vedtak nr. 664, 3. mai 2018
«Stortinget ber regjeringen videreutvikle programmet for grønn skipsfart til å omfatte nullutslipps- og hybridkonsepter for ulike fartøykategorier innen 2030.»
Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Meld. St. 41 (2016–2017) Klimastrategi for 2030 – norsk omstilling i europeisk samarbeid, representantforslag frå stortingsrepresentantane Audun Lysbakken, Lars Haltbrekken, Kari Elisabeth Kaski, Arne Nævra og Torgeir Knag Fylkesnes om å gjennomføre Stortingets mål i klimaforliket om å kutte norske klimagassutslepp fram mot 2020, jf. Dok. 8:16 S (2017–2018) og Innst. 253 S (2017–2018), jf. tilrådinga i innstillinga romartal XI.
Regjeringa vil utvikle vidare arbeidet med grøn skipsfart til å omfatte nullutslepps- og hybridkonsept innanfor ulike fartøyskategoriar innan 2030, og mellom anna følgje opp med ein eigen handlingsplan for grøn skipsfart. Sjå òg oppmodingsvedtak nr. 21, 18. oktober 2016 «Verkemiddel for utvikling av fleire låg- og nullutsleppsløysingar for skip» og nr. 57, 1. desember 2015, «Tiltak for auka bruk av låg- og nullutsleppsteknologi i nærskipsfarten». Regjeringa vil komme tilbake til Stortinget på eigna måte.
Handlingsplan for utbygging av biogass i Noreg
Vedtak nr. 667, 3. mai 2018
«Stortinget ber regjeringen vurdere en handlingsplan for utbygging av biogass i Norge.»
Vedtaket vart gjort ved behandlinga av Meld. St. 41 (2016–2017) Klimastrategi for 2030 – norsk omstilling i europeisk samarbeid, jf. Innst. 253 S (2017–2018).
Oppmodingsvedtaket er til behandling i Klima- og miljødepartementet. Regjeringa vil komme tilbake til Stortinget på eigna måte.
Bransjenorm for biogass
Vedtak nr. 668, 3. mai 2018
«Stortinget ber regjeringen ta initiativ til et samarbeid med biogassbransjen om å etablere en bransjenorm for biogass for å dokumentere klimanytten av norsk biogass og til bruk for Miljødirektoratet i rapporteringen av biodrivstoff.»
Vedtaket vart gjort ved behandlinga av Meld. St. 41 (2016–2017) Klimastrategi for 2030 – norsk omstilling i europeisk samarbeid, jf. Innst. 253 S (2017–2018).
Oppmodingsvedtaket er til behandling i Klima- og miljødepartementet. Regjeringa vil komme tilbake til Stortinget på eigna måte.
Kutt i klimagassutslepp – sektorvise ambisjonar
Vedtak nr. 671, 3. mai 2018
«Stortinget ber regjeringen legge frem sektorvise ambisjoner for kutt i klimagassutslippene i ikke-kvotepliktig sektor.»
Vedtaket vart gjort ved behandlinga av Meld. St. 41 (2016–2017) Klimastrategi for 2030 – norsk omstilling i europeisk samarbeid, jf. Innst. 253 S (2017–2018).
Oppmodingsvedtaket er til behandling i Klima- og miljødepartementet. Regjeringa vil komme tilbake til Stortinget på eigna måte.
Implementere krav og reguleringar til utslepp frå cruiseskip og annan skipstrafikk i turistfjordar m.m.
Vedtak nr. 672, 3. mai 2018
«Stortinget ber regjeringen implementere krav og reguleringer til utslipp fra cruiseskip og annen skipstrafikk i turistfjorder samt andre egnede virkemidler for å sørge for innfasing av lav- og nullutslippsløsninger i skipsfarten fram mot 2030, herunder innføre krav om nullutslipp fra turistskip- og ferger i verdensarvfjordene så snart det er teknisk gjennomførbart, og senest innen 2026.»
Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Meld. St. 41 (2016–2017) Klimastrategi for 2030 – norsk omstilling i europeisk samarbeid, representantforslag frå stortingsrepresentantane Audun Lysbakken, Lars Haltbrekken, Kari Elisabeth Kaski, Arne Nævra og Torgeir Knag Fylkesnes om å gjennomføre Stortingets mål i klimaforliket om å kutte norske klimagassutslepp fram mot 2020, jf. Dok. 8:16 S (2017–2018) og Innst. 253 S (2017–2018).
Sjøfartsdirektoratet har sendt på offentleg høyring eit forslag til forskrift om endring av forskrift om miljømessig sikkerhet for skip og flyttbare innretninger. Regjeringa vil komme tilbake til Stortinget på eigna måte.
Nasjonalt forbod mot sal av heliumballongar
Vedtak nr. 674, 3. mai 2018
«Stortinget ber regjeringen snarest mulig utrede et nasjonalt forbud mot salg av heliumballonger, og komme tilbake til Stortinget på egnet måte.»
Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket er Meld. St. 41 (2016–2017) Klimastrategi for 2030 – norsk omstilling i europeisk samarbeid, representantforslag frå stortingsrepresentantane Audun Lysbakken, Lars Haltbrekken, Kari Elisabeth Kaski, Arne Nævra og Torgeir Knag Fylkesnes om å gjennomføre Stortingets mål i klimaforliket om å kutte norske klimagassutslepp fram mot 2020, jf. Dok. 8:16 S (2017–2018) og Innst. 253 S (2017–2018).
Miljødirektoratet skal vurdere ulike verkemiddel for å redusere miljøkonsekvensane av eingongsartiklar av plast, inkludert for kva produkt/produktgrupper eit forbod mot bruk av eingongsplast kan vere aktuelt. I lys av tilrådingane direktoratet kjem med vil departementet vurdere vidare behov for utgreiing av eit nasjonalt forbod mot sal av heliumballongar. Stortinget vil bli orientert på eigna måte.
Biogass i drivstoffhierarkiet
Vedtak nr. 758, 24. mai 2018
«Stortinget ber regjeringen klargjøre drivstoffhierarkiet slik at biogassbilers klimanytte fremstilles på riktig måte. Stortinget ber regjeringen på egnet måte komme tilbake til Stortinget med denne klargjøringen.»
Vedtaket vart gjort ved behandling av Dokument 8:153 S (2017–2018), jf. Innst. 287 S (2017–2018).
Oppmodingsvedtaket er til behandling i Klima- og miljødepartementet. Regjeringa vil komme tilbake til Stortinget på eigna måte.
Dekningsplikta når gardbrukarar blir pålagt undersøkingar
Vedtak nr. 764, 28. mai 2018
«Stortinget ber regjeringen i forbindelse med stortingsmeldingen om kulturminnefeltet foreta en gjennomgang av dekningsplikten når gårdbrukere blir pålagt undersøkelser etter kulturminneloven §§ 9 og 10, og vurdere å innlemme «utvidelser og nybygg av driftsbygninger på alminnelige gårdsbruk» i bestemmelsen for «mindre, private tiltak».»
Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket er representantforslag frå stortingsrepresentantane Steinar Reiten og Olaug V. Bollestad om gjennomgang av grenseoppgangen mellom «mindre» og «større» tiltak i kulturminnelova §§ 9 og 10 (Innst. 306 S (2017–2018)). I dette forslaget blei det fremja følgjande forslag:
«Stortinget ber regjeringen foreta en gjennomgang av dekningsplikten når gårdbrukere blir pålagt undersøkelser etter kulturminneloven §§ 9 og 10, og sørge for at utvidelser og nybygg av driftsbygninger på alminnelige gårdsbruk faller inn under bestemmelser for ‘mindre, private tiltak’. Gjennomgangen legges frem for Stortinget på egnet måte.»
Regjeringa vil komme tilbake i samband med ny stortingsmelding om kulturminnepolitikken, med ein gjennomgang av dekningsplikta i kulturminnelova i samband med arkeologiske undersøkingar. Det vil i stortingsmeldinga òg bli vurdert å innlemme «utvidelser og nybygg av driftsbygninger på alminnelige gårdsbruk».
Oppmjuking i forskriftene til lov om motorferdsel i utmark
Vedtak nr. 815, 1. juni 2018
«Stortinget ber regjeringen foreta oppmykninger i forskriftene til lov om motorferdsel i utmark som gjør det mulig for kommunene å gi dispensasjoner for bruk av elmotor med begrenset effekt på vann under 2 kvadratkilometer. Dispensasjon bør bare kunne gis etter at kommunene har vurdert om det er forsvarlig ut fra hensynet til vannet som levested for viltarter og fugler, herunder særskilt legge vekt på hensynet til hekkeområder.»
Vedtaket vart gjort ved behandling av Dok 8:77 S (2017–2018), jf. Innst. 325 S (2017–2018). Det er teke sikte på at endringar i regelverket blir sende på høyring innan utgangen av 2018.
Regjeringa vil komme tilbake til Stortinget.
Planlagte endringar i vassforvaltninga/vassforskrifta blir stilt i ro
Vedtak nr. 933, 13. juni 2018
«Stortinget ber regjeringen om å stille sine planlagte endringer i vannforvaltningen/ vannforskriften i bero slik at dette kan sees i sammenheng med samlet sak om oppgaver til de nye fylkeskommunene.»
Vedtaket vart gjort ved behandling av Prop. 88 S (2017–2018), jf. Innst. 393 S (2017–2018).
Regjeringa har vedteke ikkje å gjere endringar i organiseringa av vassforvaltningsarbeidet etter vassforskrifta no. Saka blir nærare omtalt i melding til Stortinget om regionreforma/oppfølging av Hagen-utvalets forslag.
Stortingssesjon (2016–2017)
Omsetningskrav for bruk av berekraftig drivstoff i skipsfart
Vedtak nr. 19, 18. oktober 2016
«Stortinget ber regjeringen foreslå et omsetningskrav for bruk av bærekraftig biodrivstoff i drivstoffet for skipsfarten.»
Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket er representantforslag frå stortingsrepresentantane Pål Farstad, Abid Q. Raja, Iselin Nybø, Terje Breivik og Sveinung Rotevatn, jf. Dok. 8:71 S (2015–16) og Innst. 22 S (2015–2016) frå energi- og miljøkomiteen.
Klima- og miljødepartementet har gitt Miljødirektoratet og Sjøfartsdirektoratet i oppdrag å greie ut høve til og konsekvensar av innføring av eit omsetningskrav for berekraftig biodrivstoff i skipsfart. Direktorata vil i første omgang utarbeide eit teknisk kunnskapsgrunnlag der tekniske, økonomiske, juridiske, strukturelle og klimamessige konsekvensar av eit eventuelt omsetningskrav blir vurderte. Kunnskapsgrunnlaget er venta ferdigstilt i løpet av hausten 2018. Regjeringa vil seinare vurdere å be direktorata utarbeide eit høyringsnotat og utkast til forskrift om omsetningskrav for biodrivstoff i skipsfart. Regjeringa vil på eigna måte komme tilbake til Stortinget.
Verkemiddel for utvikling av fleire låg- og nullutsleppsløysingar for skip
Vedtak nr. 21, 18. oktober 2016
«Stortinget ber regjeringen komme tilbake til Stortinget på egnet måte med virkemidler som kan stimulere til å øke ordremengden og bidra til utvikling av flere lav- og nullutslippsløsninger for skip, og om hvordan dette vil bidra til å nå målsettingen for 2030 om å redusere klimagassutslippene med minst 40 pst.»
Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket er representantforslag frå stortingsrepresentantane Pål Farstad, Abid Q. Raja, Iselin Nybø, Terje Breivik og Sveinung Rotevatn, jf. Dok. 8:71 S (2015–16) og Innst. 22 S (2015–2016).
Oppfølginga er tidlegare omtalt i Prop. 1 S (2017–2018) for Klima- og miljødepartementet. Oppfølginga av vedtaket må vidare sjåast i samanheng med oppfølginga av oppmodingsvedtak nr. 57, 1. desember 2015, og oppmodingsvedtak nr. 664, 3. mai 2018. Miljøvennleg skipsfart er eit prioritert innsatsområde i regjeringas klimapolitikk. Ulike støtteordningar og bruk av miljøkrav i offentlige anskaffelser har bidratt til auka ordremengde og utvikling av fleire låg- og nullutsleppsløysingar i ferjesektoren. Arbeidet med verkemiddel for utvikling av låg- og nullutsleppsløysingar for skip må sjåast i samanheng med arbeidet med å oppfylle Noregs utsleppsforplikting i 2030 under Parisavtala. Regjeringen vil utvikle vidare arbeidet med grønn skipsfart til å omfatte nullutslipps- og hybridkonsepter innanfor ulike fartøyskategoriar innan 2030, og mellom anna følgje opp med ein eigen handlingsplan for grønn skipsfart. Regjeringa vil komme tilbake til Stortinget på eigna måte.
Handlingsplan med sikte på å styrkje det samla friluftslivsarbeidet og friluftslivet si rolle i folkehelsearbeidet
Vedtak nr. 24, 20. oktober 2016
«Stortinget ber regjeringen legge fram en handlingsplan med sikte på å styrke det samlede friluftslivsarbeidet og friluftslivets rolle i folkehelsearbeidet. Det forutsettes at arbeidet med handlingsplanen skjer i nært samarbeid med de sentrale friluftslivsorganisasjonene.»
Vedtaket vart gjort ved behandling av Meld. St. 18 (2015–2016), jf. Innst. 26 S (2016–2017) om Friluftsliv – Natur som kilde til helse og livskvalitet.
Regjeringa la fram handlingsplanen 24. juli 2018. Planen er utarbeidd i nært samarbeid med friluftslivsorganisasjonane. Handlingsplanen konkretiserer oppfølging av tiltakspunkta og føringane i stortingsmeldinga om friluftsliv frå 2016. Planen inneheld òg ei rekkje nye tiltak for å styrkje friluftslivsarbeidet. Regjeringa ser på oppmodingsvedtaket som følgt opp.
Utviding av skjergardstenesta der det er lokale initiativ
Vedtak nr. 26, 20. oktober 2016
«Stortinget ber regjeringen arbeide for en utvidelse av Skjærgårdstjenesten der det er lokale initiativ og en forpliktende lokal medfinansiering.»
Vedtaket vart gjort ved behandling av Meld. St. 18 (2015–2016), jf. Innst. 26 S (2016–2017) om Friluftsliv – Natur som kilde til helse og livskvalitet.
Sommaren 2018 vart det etablert ei ny eining av Skjergardstenesta i Møre og Romsdal. Det blir òg vurdert behov for Skjergardsteneste i andre område. Miljødirektoratet følgjer desse prosessane. Det er blant anna viktig at Stortingets føring om ei forpliktande lokal medfinansiering er på plass før ei overføring av statlege midlar kan skje. Regjeringa ser på oppmodingsvedtaket som følgt opp.
Opptrappingsplan for biodrivstoff til vegtrafikk
Vedtak nr. 108, punkt 5, 5. desember 2016
«Stortinget ber regjeringen trappe opp omsetningskravet for biodrivstoff til veitrafikk og delkravet om avansert biodrivstoff i årene 2017–2020. Delkravet om avansert biodrivstoff settes til 2,5 pst. fra 1. oktober 2017, 3,5 pst. i 2018, 4,5 pst. i 2019 og 8 pst. i 2020. Det generelle omsetningskravet trappes opp i takt med dette til 20 pst. Opptrappingsplanen forskriftsfestes.»
Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket er Meld. St. 1 (2016–2017), Prop. 1 S (2016–2017) og Prop. 1 S Tillegg 1–5 (2016–2017) og Innst. 2 S (2015–2016) om nasjonalbudsjettet 2016 og forslaget til statsbudsjett for 2016. Vedtaket vart fatta som følgje av laust forslag nr. 100 fremja frå salen.
Regjeringa opplyste i Prop. 1 S (2017–2018) for Klima- og miljødepartementet, s. 144, at vedtaket var følgt opp for den delen som gjeld 1. oktober 2017 og 1. januar 2018. Komiteen hadde i Innst. 9 S (2017–2018) ikkje kommentert dette. Regjeringa har følgt opp den delen av vedtaket som gjeld 1. januar 2019 og 1. januar 2020 gjennom å sende dei naudsynte forskriftsendringane på høyring sommaren 2017 og å fastsetje nivåa på omsetningskravet i forskrift mai 2018. Regjeringa ser på oppmodingsvedtaket som følgt opp.
CO2-nøytralt syntetisk drivstoff
Vedtak nr. 108, punkt 7, 5. desember 2016
«Stortinget ber regjeringen utrede klimapotensialet ved CO2-nøytralt syntetisk drivstoff og vurdere om det er hensiktsmessig med endringer som kan være nødvendig for å sikre teknologinøytral markeds- og virkemiddelbehandling for CO2-nøytralt syntetisk drivstoff og andre klimavennlige alternativer.»
Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket er Meld. St. 1 (2016–2017), Prop. 1 S (2016–2017) og Prop. 1 S Tillegg 1–5 (2016–2017) og Innst. 2 S (2015–2016) om nasjonalbudsjettet 2016 og forslaget til statsbudsjett for 2016.
Regjeringa har følgt opp vedtaket gjennom å gi Miljødirektoratet i oppdrag å utgreie klimapotensialet ved CO2-nøytralt syntetisk drivstoff og vurdere om det er føremålstenleg med endringar som kan vere naudsynte for å sikre teknologinøytral marknads- og verkemiddelhandtering for CO2-nøytralt syntetisk drivstoff og andre klimavennlege alternativ gjennom tildelingsbrevet for 2017. Det er føremålstenleg å ta omsyn til den vidare regelverksutforminga i EU på dette området. Utgreiinga er venta ferdigstilt i løpet av hausten 2018. Regjeringa vil komme tilbake til Stortinget på eigna måte.
E10 som ny bransjestandard for bensin
Vedtak nr. 108, punkt 8, 5. desember 2016
«Stortinget ber regjeringen i løpet av 2018 innføre E10 som en bransjestandard for bensin. Regjeringen bes komme tilbake i statsbudsjettet for 2018 med en konkret plan for arbeidet.»
Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket er Meld. St. 1 (2016–2017), Prop. 1 S (2016–2017) og Prop. 1 S Tillegg 1–5 (2016–2017) og Innst. 2 S (2015–2016) om nasjonalbudsjettet 2016 og forslaget til statsbudsjett for 2016.
Regjeringa har følgt opp vedtaket gjennom å presentere ein konkret plan for korleis den ser for seg å innføre E10 som ny bransjestandard for bensin i Prop. 1 S (2017–2018) s. 145–146. Komiteen har i Innst. 9 S (2017–2018) ikkje kommentert dette. Regjeringa har gitt Miljødirektoratet i oppdrag å utforme konsekvensvurdering og utkast til endringsforskrift for å følgje opp vedtaket gjennom tildelingsbrevet for 2017. Regjeringa tek sikte på å sende dei naudsynte forskriftsendringane på høyring i løpet av 2018.
Ordning for å sikre at importerte bilar er omfatta av dei lovpålagte returordningane
Vedtak nr. 309, 17. desember 2016
«Stortinget ber regjeringen utrede en ordning for å sikre at alle som importerer biler til landet, omfattes av de lovpålagte returordningene og bidrar til finansieringen av disse.»
Dokumenta som ligg til grunn er Prop. 1 LS (2016–2017) og Prop. 1 S (2016–2017) og Innst. 3 S (2016–2017) om skatter, avgifter og toll 2017.
Departementet arbeider med dette. Stortinget vil bli orientert på eigna måte.
Gratis levering av marint avfall
Vedtak nr. 529, 28. mars 2017
«Stortinget ber regjeringen særskilt belyse hvordan gratis levering av marint avfall bør organiseres, og komme tilbake til dette på egnet måte.»
Stortinget fatta vedtaket ved behandling av innstilling frå energi- og miljøkomiteen Innst. 213 S (2016–2017), jf. Dok. 8:31 S (2016–2017), innstillinga si tilråding romartal I.
I strategien mot marin plastforsøpling og spreiing av mikroplast i Meld. St. 45 (2016–2017) Avfall som ressurs – avfallspolitikk og sirkulær økonomi går det fram at regjeringa vil utgreie ei ordning for å gjere det gratis å levere marint avfall i hamn for fiskarar og andre, basert på erfaringane frå prosjektet «Fishing for litter». Miljødirektoratet har utarbeidd eit forslag til system for innlevering av marint avfall i hamn utan meirkostnad. Den foreslåtte ordninga skal ivareta målsetjingane og intensjonane til Fishing for Litter. Forslaget er no til vurdering i departementet. Vi viser til at regjeringa har lagt opp til samme prosess som for oppmodningsvedtak nr. 499 av 12. april 2018 og ser det som følgt opp.
Endring av forureiningslova, gebyr for forsøpling
Vedtak nr. 530, 28. mars 2017
«Stortinget ber regjeringen fremme en sak om endring av forurensningsloven, slik at kommunene får hjemmel til å ilegge overtredelsesgebyrer i forsøplingssaker.»
Stortinget fatta vedtaket ved behandling av Dok. 8:31 S (2016–2017), jf. Innst. 213 S (2016–2017), innstillinga si tilråding romartal III.
Regjeringa vil gi kommunar høve til å pålegge mellom anna overtredelsesgebyr. Lovforslaget har vært på høyring og departementet arbeider med saka. Regjeringa vil komme tilbake til Stortinget på eigna måte.
Fagleg gjennomgang av den norske delbestanden av ulv
Vedtak nr. 591, 25. april 2017
«Stortinget ber regjeringen foreta en faglig gjennomgang av den norske delbestanden av ulv.»
Stortinget fatta vedtaket ved behandling av Prop. 63 L (2016–2017), jf. Innst. 257 S (2016–2017), jf. Endringer i naturmangfoldloven (felling av ulv m.m.), jf. innstillinga romartal III.
Miljødirektoratet vil i løpet av 2019 gjere ein fagleg gjennomgang. Stortinget vil bli orientert på eigna måte.
Plan for vedlikehaldsetterslepet på kulturminne
Vedtak nr. 722, 30. mai 2017
«Stortinget ber regjeringen utrede og legge frem en plan for Stortinget for hvordan vedlikeholdsetterslepet på kulturminner i Norge kan tas igjen.»
Vedtaket vart gjort ved behandling av Meld. St. 19 (2016–2017), Innst. 324 S (2016–2017), Opplev Norge – unikt og eventyrlig.
Plan for å løyse vedlikehaldsetterslepet på kulturminne blir presentert i ei eiga melding til Stortinget. Regjeringa tek sikte på å leggje fram meldinga våren 2020. Forslag til nye nasjonale mål blir lagt fram som ein del av meldinga.
Teknisk berekningsutval på klimafeltet
Vedtak nr. 748, 2. juni 2017
«Stortinget ber regjeringen opprette et teknisk beregningsutvalg på klimafeltet. Arbeidet i det tekniske beregningsutvalget skal ledes av Miljødirektoratet.»
Dokumenta som ligger til grunn for vedtaket er Prop. 77 L (2016–2017) og Innst. 329 S (2016–2017) om Lov om klimamål (klimalova).
Utvalet vart oppretta 15. juni 2018 og har starta arbeidet sitt. Utvalet skal gje råd om metode for å berekne klimaeffekt av budsjett og for tiltaks- og verkemiddelanalyse. Regjeringa ser oppmodingsvedtaket som følgt opp.
Berekraftskrav for alt biodrivstoff
Vedtak nr. 749, 2. juni 2017
«Stortinget ber regjeringen raskest mulig gjennomføre prosess med ESA for å avklare om det er rom for Norge til å gjøre gjeldende EUs bærekraftskrav for alt biodrivstoff som omsettes i Norge, eventuelt endringer som kan gjøres fra Norges side med sikte på å gjøre EUs bærekraftskrav gjeldende for alt biodrivstoff som omsettes i Norge så raskt som mulig.»
Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket er representantforslag frå stortingsrepresentantane Heikki Eidsvoll Holmås, Karin Andersen og Torgeir Knag Fylkesnes, jf. Dok. 8:69 S (2016–2017) og Innst. 133 S (2016–2017).
Regjeringa har teke kontakt med ESA, og vurderer i lys av ESA si tilbakemelding at norske myndigheiter ikkje kan gjere EU sine berekraftskrav gjeldande for alt biodrivstoff som blir omsett i Noreg. Regjeringa si oppfølging av dette oppmodingsvedtaket er omtalt i KLDs Prop. 1 S (2018–2019) del II Programkategori 12.20. Regjeringa ser oppmodingsvedtaket som følgt opp.
Bransjeavtale eller liknande, om at alt sal av biodrivstoff skal vere palmeoljefritt
Vedtak nr. 750, 2. juni 2017
«Stortinget ber regjeringen undersøke om de nylige løfter fra bensinbransjen og positive uttalelser fra de største bensinstasjonskjedene kan videreutvikles til en bransjeavtale eller liknende, om at alt salg av biodrivstoff skal være palmeoljefritt og ha høyere klimaeffekt enn EUs minstekrav.»
Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket er representantforslag frå stortingsrepresentantane Heikki Eidsvoll Holmås, Karin Andersen og Torgeir Knag Fylkesnes, jf. Dok. 8:69 S (2016–2017) og Innst. 133 S (2016–2017).
Regjeringa meiner at det på grunn av våre internasjonale forpliktelsar gjennom EØS og WTO-avtalene ikkje er rom for at norske myndigheiter tek initiativ til ei slik bransjeavtale. Regjeringa har følgt opp oppmodingsvedtaket gjennom møter med drivstoffbransjen. Regjeringa si oppfølging av dette oppmodingsvedtaket er omtalt i KLDs Prop. 1 S (2018–2019) del II Programkategori 12.20. Regjeringa ser oppmodingsvedtaket som følgt opp.
Verkemiddel for å fremje bruk av avansert berekraftig biodrivstoff
Vedtak nr. 751, 2. juni 2017
«Stortinget ber regjeringen vurdere handlingsrommet for ulike virkemidler, herunder avgifter og regelverk, for å fremme bruk av avansert bærekraftig biodrivstoff, og komme tilbake til Stortinget i egnet form.»
Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket er representantforslag frå stortingsrepresentantane Heikki Eidsvoll Holmås, Karin Andersen og Torgeir Knag Fylkesnes, jf. Dok. 8:69 S (2016–2017) og Innst. 133 S (2016–2017).
Regjeringa viser til at det pågår eit arbeid for å kartlegge tilgangen på avansert biodrivstoff, med siktemål om å auke delkravet til slikt biodrivstoff i framtida. Regjeringa vil fram mot 2020-budsjettet arbeide vidare med spørsmålet om å innføre vegbruksavgift på biodrivstoff utanfor omsetningskravet jf. oppmodingsvedtak 1104 som er fordelt til Finansministeren. Regjeringa si oppfølging av dette oppmodingsvedtaket er omtalt i KLDs Prop. 1 S (2018–2019) del II Programkategori 12.20. Regjeringa ser oppmodingsvedtaket som følgt opp.
Forbod mot palmeolje i offentlege kjøp
Vedtak nr. 753, 2. juni 2017
«Stortinget ber regjeringen gjennom forskrift til lov om offentlige anskaffelser stille krav om at det ikke skal benyttes biodrivstoffbasert på palmeolje eller biprodukter av palmeolje. Forskriftsendringen skal tre i kraft så snart som mulig.»
Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket er representantforslag frå stortingsrepresentantane Heikki Eidsvoll Holmås, Karin Andersen og Torgeir Knag Fylkesnes, jf. Dok. 8:69 S (2016–2017) og Innst. 133 S (2016–2017).
Regjeringa vil følgje opp vedtaket gjennom å styrke Direktoratet for forvaltning og IKT si rettleiing opp mot oppdragsgivarar som ønskjer å unngå palmeolje i det enkelte kjøp. Regjeringa si oppfølging av vedtaket er omtalt i KLDs Prop. 1 S (2018–2019) del II Programkategori 12.20. Regjeringa ser oppmodingsvedtaket som følgt opp.
Leggje fram heilskapleg nasjonal plan for marine verneområde
Vedtak nr. 907, 14. juni 2017
«Stortinget ber regjeringen om å følge opp arbeidet med en helhetlig nasjonal plan for marine verneområder og prioritere områdene som er definert som særlig verdifulle og sårbare (SVO) i dette arbeidet. Stortinget ber regjeringen legge fram en egen sak om dette senest i 2020.»
Stortinget fatta vedtaket ved behandling av Meld. St. 35 (2016–2017), jf. Innst. 455 S (2016–2017), om oppdatering av forvaltningsplanen for Norskehavet, innstillinga si tilråding romartal I.
Klima- og miljødepartementet har sett i gang arbeidet med å utarbeide ein plan for det vidare arbeidet med marint vern. Sjå òg omtale av oppfølging av Stortingets vedtak nr. 668, 23. mai 2016. Regjeringa vil komme tilbake til Stortinget på eigna måte.
Ikkje iverksetje petroleumsverksemd i Froan/Sularevet og Iverryggen
Vedtak nr. 908. 14. juni 2017
«Stortinget ber regjeringen ikke iverksette petroleumsvirksomhet, inkludert leting og seismikkskyting i Froan/Sularevet og Iverryggen, frem til en helhetlig marin verneplan for alle norske havområder er lagt frem for Stortinget.»
Stortinget fatta vedtaket ved behandling av Meld. St. 35 (2016–2017), jf. Innst. 455 S (2016–2017), om oppdatering av forvaltningsplanen for Norskehavet, innstillinga si tilråding romartal III.
Regjeringa følgjer opp oppmodingsvedtaket, og vil ikkje setje i verk petroleumsverksemd, inkludert leiting og seismikkskyting i Froan/Sularevet og Iverryggen, fram til ein heilskapleg marin verneplan for alle dei norske havområda er lagt fram for Stortinget.
Leggje fram fagleg oppdatert avgrensing av heile iskantsona inkludert «Vesterisen»
Vedtak nr. 909, 14. juni 2017
«Stortinget ber regjeringen i forbindelse med revideringen av forvaltningsplanen for Barentshavet og havområdene utenfor Lofoten legge frem en faglig oppdatert avgrensing av hele iskantsonen inkludert «Vesterisen», basert på best tilgjengelig vitenskapelig kunnskap. I påvente av dette videreføres definisjonen av dette området og rammene for aktivitet som ble fastsatt i den i dag gjeldende forvaltningsplan for Norskehavet (St.meld. nr. 37 (2008–2009)).»
Stortinget fatta vedtaket ved behandling av Meld. St. 35 (2016–2017), jf. Innst. 455 S (2016–2017), om oppdatering av forvaltningsplanen for Norskehavet, innstillinga si tilråding romartal IV.
Neste oppdatering av iskanten som eit særskilt verdifullt og sårbart område vil skje i samband med revideringa av forvaltingsplanen for Barentshavet–Lofoten i 2020. Som ein del av det faglege grunnlaget for denne revideringa vil det også bli gjort ein gjennomgang av definisjonen som ligg til grunn for berekninga av iskanten. Oppmodingsvedtaket vil bli følgt opp ved at arbeidet omfattar heile iskantsona inkludert Vesterisen.
Eventuell ny definisjon av iskanten i revidering av forvaltningsplan for Barentshavet-Lofoten
Vedtak nr. 910,14. juni 2017
«Stortinget ber regjeringen legge til grunn at en eventuell ny definisjon av iskanten skal skje med utgangspunkt i en helhetlig revidering av forvaltningsplanen for Barentshavet og havområdene utenfor Lofoten.»
Stortinget fatta vedtaket ved behandling av Meld. St. 35 (2016–2017), jf. Innst. 455 S (2016–2017), om oppdatering av forvaltningsplanen for Norskehavet, innstillinga si tilråding romartal V.
Neste oppdatering av iskanten som eit særskilt verdifullt og sårbart område vil skje i samband med revideringa av forvaltingsplanen for Barentshavet–Lofoten i 2020. Som ein del av det faglege grunnlaget for denne revideringa vil det også bli gjort ein gjennomgang av definisjonen som ligg til grunn for berekninga av iskanten.
Forslag til tiltak og verkemiddel for overvassproblematikk
Vedtak nr. 914, 14. juni 2017
«Stortinget ber regjeringen gjennomgå anbefalingene fra overvannsutvalget (NOU 2015:16), og komme tilbake til Stortinget på egnet måte med forslag til tiltak og virkemidler for overvannsproblematikk, inkludert en vurdering av en egen sektorlov for vann- og avløp.»
Stortinget fatta vedtaket ved behandling av Dok. 8:78 S (2016–2017), jf. Innst. 436 S (2016–2017), jf. innstillinga si tilråding romartal I.
Regjeringa arbeider med å gjennomgå tilrådingane frå overvassutvalet (NOU 2015:16). Det er føreslått ein pakke av verkemiddel som må sjåast i samanheng og som til saman vil medverke til å oppnå måla om å førebyggje skade på busetnad, infrastruktur, helse og miljø. Lovendringane utgreiast med sikte på framlegg for Stortinget innan våren 2020.
Tilrettelegging for mottak av husdyrgjødsel
Vedtak nr. 961, 16. juni 2017
«Stortinget ber regjeringen om at det ved bygging av industrielle anlegg for produksjon av biogass basert på matavfall også legges til rette for mottak av husdyrgjødsel.»
Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket er Prop. 141 S (2016–2017) og Innst. 445 S (2016–2017) om endringer i statsbudsjettet 2017 under Landbruks- og matdepartementet (Jordbruksoppgjøret 2017 m.m.).
Oppfølginga er omtalt i Prop. 1 S (2017–2018) for Klima- og miljødepartementet, s. 151 og Meld. St. 7 (2017–2018). Miljødirektoratet har i tråd med tildelingsbrevet for 2017 greidd ut tiltak og eventuelt nye verkemiddel for biogass og biogjødsel. Vedtaket må vurderast i samanheng med vedtak nr. 483, 12. april 2018. Komiteen har i Innst. 9 S (2017–2018) og Innst. 275 S (2017–2018) ikkje kommentert departementets oppfølging av vedtak nr. 961, 16. juni 2017. Klima- og miljødepartementet vil i samråd med aktuelle departement vurdere korleis vedtaka best kan følgjast opp, og vil komme tilbake til Stortinget på eigna måte om dette venteleg i samband med statsbudsjettet for 2020.
Fossilfrie anleggsprosjekt
Vedtak nr. 1105, 21. juni 2017
«Stortinget ber regjeringen utrede hvordan fossilfrie anleggsprosjekter eventuelt kan gjennomføres og hva konsekvensen av dette vil være.»
Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket er Meld. St. 2 (2016–2017), og Innst. 401 S (2016–2017) om revidert nasjonalbudsjett 2017.
Vedtaket er sett i samanheng med oppmodingsvedtak 108 nr. 16 om å utarbeide ein handlingsplan for fossilfrie byggjeplassar/anleggsplassar innan transportsektoren, som er under behandling i Samferdselsdepartementet. Vedtaket er òg sett i samanheng med oppfølginga av regjeringa vil-punkt i Meld. St. 41 (2016–2017) Klimastrategi for 2030 – norsk omstilling i europeisk samarbeid om å utgreie høvet til å redusere bruken av mineralolje til oppvarming og bygningstørke ved byggje- og anleggsplassar. Oppfølging av vedtaket er omtalt i Prop. 1 S (2017–2018) for Klima- og miljødepartementet, s. 151. Der går det fram at regjeringa er i gang med å greie ut høvet til reduksjon av bruk av mineralolje til oppvarming og bygningstørke ved byggje- og anleggsplassar. Miljødirektoratet har på oppdrag frå Klima- og miljødepartementet nå greidd ut bruken av mineralolje til oppvarming og byggtørk på byggje- og anleggsplasser. Dette arbeidet skal sjåast i samanheng med oppmodingsvedtak nr. 108, punkt 16 (2016–2017), og oppmodingsvedtak 1105 av 21. juni 2017, om å greie fossilfrie anleggsprosjekt. Regjeringa vil komme tilbake til Stortinget på eigna måte når arbeidet er ferdig.
Stortingssesjon (2015–2016)
Tiltak for auka bruk av låg- og nullutsleppsteknologi i nærskipsfarten
Vedtak nr. 57, 1. desember 2015
«Stortinget ber regjeringen legge fram forslag til tiltak for økt bruk av lav- og nullutslippsteknologi i nærskipsfarten, og komme tilbake til Stortinget med dette.»
Stortinget fatta vedtaket ved behandling av Dok. 8:126 S (2014–2015), jf. Innst. 78 S (2015–2016), innstillinga si tilråding romartal VI.
Oppfølginga er tidlegare omtalt i Prop. 1 S (2017–2018) for Klima- og miljødepartementet. Oppfølginga av vedtaket må vidare sjåast i samanheng med oppfølginga av oppmodingsvedtak nr. 21, 18. oktober 2016, og oppmodingsvedtak nr. 664, 3. mai 2018.Miljøvennleg skipsfart er eit prioritert innsatsområde i regjeringas klimapolitikk. For å stimulere til auka bruk av låg- og nullutsleppsløysingar i skipsfartens bygging av nye, grøne skip har regjeringa etablert støtteordningar for utvikling av låg- og nullutsleppsløysingar i innanriks skipsfart og kondemnering av gamle, forureinande skip, jf. omtale i Prop. 1 S (2016–2017) og Meld. St. 17 (2016–2017) Anmodnings- og utredningsvedtak i stortingssesjonen 2015–2016.
Arbeidet med verkemiddel for utvikling av låg- og nullutsleppsløysingar for skip må vidare sjåast i samanheng med arbeidet med å oppfylle Noregs utsleppsforplikting i 2030 under Parisavtala. Regjeringa vil komme tilbake til Stortinget på eigna måte.
Leggje fram plan for marine verneområde
Vedtak nr. 668, 23. mai 2016
«Stortinget ber regjeringen utarbeide en plan for marine verneområder og komme tilbake til Stortinget med en sak om dette.»
Stortinget fatta vedtaket ved behandling av Meld. St. 14 (2015–2016 , jf. Innst. 294 S (2015–2016) om Natur for livet – Norsk handlingsplan for naturmangfald, jf. innstillinga romartal II.
Regjeringas oppfølging av Stortingets vedtak er omtalt i Meld. St. 35 (2016–2017) Oppdatering av forvaltingsplanen for Norskehavet, side 82:
«Det er satt i gang arbeid med en plan for det videre arbeidet med marine verneområder. Det vil som del av planen for det videre arbeidet med marine verneområder gjennomføres en evaluering av status for arbeidet med vern og beskyttelse av marine områder, og identifisering av videre behov for vern og beskyttelse med bakgrunn i nasjonale og internasjonale mål. Dette vil inngå i grunnlaget for det videre arbeidet med marint vern i territorialfarvannet og bevaring av marine områder utenfor territorialgrensen. Det vil i forvaltningen av havområdene løpende vurderes på grunnlag av tilgjengelig kunnskap om det er behov for nye tiltak for å bevare marine naturverdier.»
Regjeringa vil komme tilbake til Stortinget på eigna måte.
Klargjering av kva som er god tilstand og kva areal som er å rekne som forringa økosystem
Vedtak nr. 669, 23. mai 2016
«Stortinget ber regjeringen klargjøre hva som er god tilstand og hvilke arealer som er å regne som forringede økosystemer, og trappe opp arbeidet med å bedre tilstanden i økosystemene, med sikte på at 15 pst. av de forringede økosystemene skal være restaurert innen 2025.»
Stortinget fatta vedtaket ved behandling av Meld. St. 14 (2015–2016), jf. Innst. 294 S (2015–2016), om Natur for livet – Norsk handlingsplan for naturmangfald, innstillingas romartal III.
Klima- og miljødepartementet oppretta i 2016 Ekspertrådet for økologisk tilstand. Rådet er no ferdig med sitt arbeid og har utarbeidd forslag til naturvitskapelege indikatorar og kriterium for kva som er god tilstand i norske økosystem. Klima- og miljødepartementet gjennomfører no naudsynt vidareutvikling og utprøving av fagsystemet slik at det kan bli klart til bruk i forvaltninga frå og med 2020.
Vurdering av om mål om restaurering er nådd må basere seg på ei avklaring av kva som er rekna som forringa økosystem, og kven som er eigna for eventuell restaurering. Spørsmålet om kva som er sett på som forringa økosystem, og omfanget av dette, vil bli sett i samanheng med arbeidet med å klargjere kva som er god tilstand i økosystema fram mot 2020. Klima- og miljødepartementet vil på dette grunnlaget prioritere aktuelle restaureringstiltak med sikte at 15 pst. av dei forringa økosystema er restaurerte innan 2025. Stortinget vil bli orientert på eigna måte.
Kvalitetsnormer for økosystem som del av utviklinga av nye forvaltningsmål
Vedtak nr. 670, 23. mai 2016
«Stortinget ber regjeringen vurdere kvalitetsnormer for økosystemer som en del av utviklingen av nye forvaltningsmål.»
Stortinget fatta vedtaket ved behandling av Meld. St. 14 (2015–2016), jf. Innst. 294 S (2015–2016), om Natur for livet – Norsk handlingsplan for naturmangfald, jf. innstillingas romartal IV.
Med utgangspunkt i Ekspertrådet for økologisk tilstand sitt forslag til klargjering av kva som er god økologisk tilstand, skal det fastsetjast forvaltingsmål for økosystema. Forvaltingsmåla vil vere baserte på det faglege ekspertgrunnlaget nemnt over, på forvaltingsvise vurderingar og avvegingar og samfunnsøkonomiske vurderingar. Som del av dette arbeidet vil Klima- og miljødepartementet vurdere om, og eventuelt på kva måte, forvaltingsmåla bør fastsetjast som kvalitetsnormer etter naturmangfaldlova §13. Stortinget vil bli orientert på eigna måte.
Vedtak i sakene om nasjonalparkane Jomfruland, Raet og vurdere vernevedtaket knytt til Lofotodden
Vedtak nr. 671, 23. mai 2016
«Stortinget ber regjeringen så raskt som mulig fatte vedtak i sakene om nasjonalparkene Jomfruland, Raet, vurdere vernevedtaket knyttet til Lofotodden og varsle Stortinget om dette på egnet måte.»
Stortinget fatta vedtaket ved behandling av Meld. St. 14 (2015–2016), jf. Innst. 294 S (2015–2016), om Natur for livet – Norsk handlingsplan for naturmangfald, innstillingas romartal V.
Verneforslag for Jomfruland og Raet blei vedtekne i statsråd i desember 2016, og verneforslag for Lofotodden blei vedteke i statsråd i juni 2018. Regjeringa ser på vedtaket som følgt opp.
Revidere dei heilskaplege og økosystembaserte forvaltningsplanane for havområda våre
Vedtak nr. 672, 23. mai 2016
«Stortinget ber regjeringen revidere de helhetlige og økosystembaserte forvaltningsplanene for våre havområder minimum hvert tolvte år, og oppdatere dem hvert fjerde år.»
Stortinget fatta vedtaket ved behandling av Meld. St. 14 (2015–2016), jf. Innst. 294 S (2015–2016), om Natur for livet – Norsk handlingsplan for naturmangfald, innstillingas romartal VII.
Regjeringa ser oppmodingsvedtaket som følgt opp, jf. Meld. St. 35 (2016–2017) Oppdatering av forvaltningsplanen for Norskehavet, side 94, der det går fram at:
«Regjeringen vil: – Legge frem revideringer av de helhetlige og økosystembaserte forvaltningsplanene for havområdene minimum hvert tolvte år, og oppdatere dem hvert fjerde år.»
Handlingsplan for å betre situasjonen for sjøfuglar
Vedtak nr. 674, 23. mai 2016
«Stortinget ber regjeringen utarbeide en handlingsplan for å bedre situasjonen for sjøfugler. I handlingsplanen må det gjøres en vurdering av hvilke øvrige sjøfugler som bør få status som prioritert art.»
Vedtaket vart fatta ved Stortinget si behandling av Meld. St. 14 (2015–2016) Natur for livet – Norsk handlingsplan for naturmangfald, jf. Innst. 294 S (2015–2016), innstillingas romartal IX.
Miljødirektoratet har fått i oppdrag å utarbeide ein handlingsplan for sjøfugl, der ulike verkemiddel og tiltak skal vurderast, inkludert bruken av status som prioritert art. Handlingsplanen skal etter planen bli ferdigstilt i løpet av 2019. Stortinget vil bli orientert på eigna måte.
Vidareutvikling av dagens ordning med utvalte kulturlandskap
Vedtak nr. 676, 23. mai 2016
«Stortinget ber regjeringen videreutvikle dagens ordning med utvalgte kulturlandskap med sikte på å øke antall områder frem mot 2020.»
Vedtaket vart fatta ved Stortinget si behandling av Meld. St. 14 (2015–2016) Natur for livet – Norsk handlingsplan for naturmangfald, jf. Innst. 294 S (2015–2016), jf. innstillinga romartal XII.
Regjeringa sitt mål er å ta vare på inntil 46 område som utvalte kulturlandskap i jordbruket fram mot 2020. Finansiering av ordninga som i 2018 totalt var på 29,8 mill. kroner er eit spleiselag mellom miljø- og landbrukssektoren. I 2019 blir det løyvd ytterlegare 3 mill. kroner til utvalte kulturlandskap over jordbruksavtala. Regjeringa har per i dag peikt ut 41 område der det blir sett i verk skjøtsels- og istandsetjingstiltak. Regjeringa ser på vedtaket som følgt opp.
Kvalitetsnorm for villrein
Vedtak nr. 677, 23. mai 2016
«Stortinget ber regjeringen utarbeide en kvalitetsnorm for villrein, og vurdere kvalitetsnorm for flere utvalgte arter.»
Vedtaket vart fatta ved Stortinget si behandling av Meld. St. 14 (2015–2016) Natur for livet – Norsk handlingsplan for naturmangfald, jf. Innst. 294 S (2015–2016), jf. innstillinga romartal XIII.
Miljødirektoratet har levert eit faggrunnlag og forslag til miljøkvalitetsnorm for villrein som etter planen skal sendast på høyring hausten 2018. Klima- og miljødepartementet tek sikte på å ha ein miljøkvalitetsnorm på plass i løpet av 2019.
Miljødirektoratet har levert ei fagleg vurdering av høvet til å kunne utvikle miljøkvalitetsnormer for fleire haustbare småviltarter – lirype, fjellrype, hare, bever og skogshøns. Klima- og miljødepartementet vurderer framleis om det bør utviklast miljøkvalitetsnormer for nokre av desse artene. Stortinget vil bli orientert på eigna måte.
Styrking av arbeidet med økologisk grunnkart for Noreg
Vedtak nr. 678, 23. mai 2016
«Stortinget ber regjeringen styrke arbeidet med et økologisk grunnkart for Norge med naturtyper, arter og landskapstyper.»
Vedtaket vart fatta ved Stortinget si behandling av Meld. St. 14 (2015–2016) Natur for livet – Norsk handlingsplan for naturmangfald, jf. Innst. 294 S (2015–2016,) jf. innstillinga romartal XIV.
Klima- og miljødepartementet vil i 2019 føre vidare og styrkje arbeidet med det økologiske grunnkartet. Klima- og miljødepartementet har bedt Miljødirektoratet om å leie og koordinere arbeidet som skjer i nært samarbeid med Artsdatabanken. Det er òg oppretta ei direktoratsgruppe for å sikre god sektorsamordning. Regjeringa vil orientere om status i arbeidet i dei årlege budsjettproposisjonane.
Oppdatering av svartelista over framande skadelege organismar og raudlistene over truga arter og naturtypar
Vedtak nr. 679, 23. mai 2016
«Stortinget ber regjeringen sørge for at svartelisten over fremmede skadelige organismer og rødlistene over truede arter og naturtyper oppdateres fortløpende slik at alle artsgrupper og naturtyper gjennomgås hvert femte år.»
Vedtaket vart fatta ved Stortinget si behandling av Meld. St. 14 (2015–2016) Natur for livet – Norsk handlingsplan for naturmangfald, jf. Innst. 294 S (2015–2016), jf. innstillinga romartal XVI.
Artsdatabanken har ansvaret for å fastsetje raudlistestatus for norske arter og naturtypar, publisere Nasjonale raudlister for arter og naturtypar og oppdatere desse, og å vurdere økologisk risiko knytt til arter som ikkje høyrer naturleg heime i Noreg (framande arter) og å føre oversikt over slike arter som er påvist i Noreg. Frå og med 2018 har Artsdatabanken gått bort frå å bruke «Svartelista» om enkelte framande arter. «Fremmedartlista» er det nye namnet som Artsdatabanken vil bruke i sine risikovurderingar. Regjeringa vil i styringsdokument for Artsdatabanken fastsetje at slik oppdatering skal skje jamnleg, og slik at alle artsgrupper og naturtypar blir gjennomgått kvart femte år. Regjeringa ser på vedtaket som følgt opp.
Forbod mot mikroplast i kroppspleieprodukt
Vedtak nr. 681, 23. mai 2016
«Stortinget ber regjeringen om fremme forslag med sikte på å forby mikroplast i kroppspleieprodukter.»
Stortinget fatta vedtaket ved behandling av Dok. 8:44 S (2015–2016), jf. Innst. 282 S (2015–2016), innstilling si tilråding romartal I.
I plaststrategien som EU-kommisjonen la fram i januar 2018 vert det foreslått å regulere bruk av mikroplast i kosmetikk. EU sitt kjemikaliebyrå skal utarbeide eit restriksjonsforslag og norske miljømyndigheiter vil aktivt følgje dette arbeidet. I lys av framdrifta i EU vil Regjeringa vurdere om det er naudsynt med eit særskilt forbod i Noreg. Stortinget vil bli orientert på eigna måte.
Stimulere til auka bruk av trekol i prosessindustrien
Vedtak nr. 687, 23. mai 2016
«Stortinget ber regjeringen stimulere til økt bruk av trekull i ferrolegeringsindustrien gjennom risikoavlastning og støtte til industriskala demonstrasjonsanlegg og fullskala pilotprosjekt for norsk produksjon av trekull.»
Vedtaket vart gjort ved behandling av Dokument 8:50 S (2015–2016), jf. Innst. 275 S (2015–2016).
Komiteen hadde følgende merknad i forbindelse med behandlingen av Olje- og energidepartementets Prop. 1 S (2017–2018), jf. Innst. 9 S (2017–2018). «Anmodningsvedtaket anses av regjeringen som fulgt opp. Komiteens flertall, medlemmene fra Arbeiderpartiet, Senterpartiet og Sosialistisk Venstreparti og Miljøpartiet De Grønne, viser til at regjeringen mener vedtaket er fulgt opp i forbindelse med inngåelse av ny styringsavtale med Enova. Flertallet vil minne om at selv om Enova har mulighet til å støtte økt bruk av trekull i ferrolegeringsindustrien, så er ikke Enova pålagt av regjeringen å stimulere til dette. Flertallet anser ikke anmodningsvedtaket som oppfylt.»
Vedtaket er følgt opp gjennom styringsavtala mellom departementet og Enova for perioden 2017 til 2020. Etter at den nye avtala trådde i kraft 1. januar 2017 har Enova lansert nye program som medverkar til utvikling av ny innovativ energi- og klimateknologi. Enova har fire forskjellige program retta mot forskjellige stadium i teknologiutviklinga, frå demonstrasjons- og forprosjektfasen til fullskala implementering og marknadsintroduksjon. Programma legg til rette for å støtte innovative teknologiprosjekt innanfor alle dei største norske industrigreinene.
Programtilbodet retta mot industrien styrkjer innsatsen som tidlegare har medverka til realisering av Hydros pilot for aluminiumsproduksjon på Karmøy, TiZirs pilot for avansert smelteverksteknologi i Tyssedal, Glencores energieffektive elektrolyseanlegg i Kristiansand, og Arbas demonstrasjonsanlegg for produksjon av biokol i Follum. Regjeringa ser på vedtaket som følgt opp.
Lik jakttid i og utanfor ulvesona
Vedtak nr. 772, 6. juni 2016
«Stortinget ber regjeringen vurdere å tillate lik jakttid i og utenfor ulvesonen.»
Stortinget fatta vedtaket ved behandling av Meld. St. 21 (2015–2016), jf. Innst. 330 S (2015–2016), jf. Ulv i norsk natur, innstillinga romartal V.
Regjeringa har motteke ei fagleg vurdering frå Miljødirektoratet om lik jakttid i og utanfor ulvesona, som regjeringa vil følgje opp. Stortinget vil bli orientert på eigna måte.
Uavhengig utgreiing av det genetiske opphavet til ulvestamma i Noreg
Vedtak nr. 773, 6. juni 2016
«Stortinget ber regjeringen bestille en ny uavhengig utredning av den genetiske opprinnelsen til ulvestammen i Norge.»
Stortinget fatta vedtaket ved behandling av Meld. St. 21 (2015–2016), jf. Innst. 330 S (2015–2016), jf. Ulv i norsk natur, innstillinga romartal VI.
Miljødirektoratet har etter oppdrag frå Klima- og miljødepartementet sett i gang ein gjennomgang av eksisterande studiar og kunnskap og nye, omfattande analysar av DNA-materiale av ulv som er samla inn, med mål om å undersøkje kvar ulven i Skandinavia kjem frå. Miljødirektoratet har også sendt på anbod eit nytt prosjekt i den genetiske utgreiinga av ulvestamma (fase 2), som i hovudsak vil bestå av nye DNA-analysar av ulv. Dette er eit omfattande arbeid som vil ta fleire år. Regjeringa ser på vedtaket som følgt opp.
Noregs forslag til forsterka mål – som utgangspunkt for prosessen for å oppnå Parisavtalas formål
Vedtak nr. 894, 14. juni 2016
«Stortinget ber regjeringen, før dialogen om økte ambisjoner i 2018, komme til Stortinget med en sak om Norges forslag til forsterkede mål – som utgangspunkt for prosessen for å oppnå Paris-avtalens formål.»
Vedtaket vart fatta ved Stortinget si behandling av proposisjonen til Stortinget om samtykke til ratifikasjon av Parisavtala (Innst. 407 S (2015–2016), jf. Prop. 115 S (2015–2016), innstillingas romartal I.
I Revidert nasjonalbudsjett 2018 Meld. St. 2 (2017–2018) kom Regjeringen tilbake til Stortinget om dette, se kap 3.6.3.
Regjeringen anser anmodningsvedtaket som utkvittert.
Parisavtala – Noregs endelege nasjonalt fastsette bidrag for perioden 2021–2030
Vedtak nr. 895, 14. juni 2016
«Stortinget ber regjeringen legge frem en sak til Stortinget om Norges endelige nasjonalt fastsatte bidrag for perioden 2021–2030 så raskt som mulig etter at forhandlingene med EU om felles oppfyllelse er avsluttet, og i god tid før fristen for innmelding av slike bidrag i 2020.»
Stortinget fatta vedtaket ved behandling av Prop. 115 S (2015–2016), jf. Innst. 407 S (2015–2016) om samtykke til ratifikasjon av Parisavtala.
Regjeringa varsla Prop. 1 S (2016–2017) side 55, at ein vil vurdere Noregs endelege nasjonalt fastsette bidrag for perioden 2021–2030, og komme tilbake Stortinget om dette så raskt som mogleg og i god tid før fristen for innmelding av slike bidrag i 2020.
Noreg skal vere klimanøytralt frå og med 2030
Vedtak nr. 897, 14. juni 2016
«Stortinget ber regjeringen legge til grunn at Norge skal sørge for klimareduksjoner tilsvarende norske utslipp fra og med 1. januar 2030, og at klimanøytralitet kan oppnås gjennom EUs kvotemarked, internasjonalt samarbeid om utslippsreduksjoner, kvotehandel og prosjektbasert samarbeid.»
Stortinget fatta vedtaket ved behandling av Prop. 115 S (2015–2016), jf. Innst. 407 S (2015–2016), om samtykke til ratifikasjon av Parisavtala.
I innstilling 407 S til proposisjon 115 S om samtykke til ratifikasjon av Parisavtala fatta Stortinget vedtak om at Noreg skal vere klimanøytral frå og med 2030. Vedtaket legg opp til at dei norske utsleppa frå og med 1. januar 2030 blir motsvarte av reduksjonar i andre land gjennom EUs kvotemarknad, internasjonalt samarbeid om utsleppsreduksjonar, kvotehandel og prosjektbasert samarbeid. For nærmare omtale, sjå Klima- og miljødepartementets Prop. 1 S (2018–2019) del II programkategori 12.20, side 171. Regjeringa vil komme tilbake til Stortinget på eigna måte.
Stortingssesjon 2014–2015
Heilskapleg plan for utfasing av fossil grunnlast i alle statlege bygg
Vedtak nr. 43, 1. desember 2014
«Stortinget ber regjeringen lage en helhetlig plan for utfasing av fossil grunnlast i alle statlige bygg.»
Stortinget fatta vedtaket ved behandlinga av tilleggsinnstilling frå finanskomiteen (Innst. 2 S Tillegg 1 (2014–2015)), jf. Meld. St. 1 (2014–2015), Prop. 1 S (2014–2015), Prop. 1 S Tillegg 1 (2014–2015), Prop. 1 S Tillegg 2 (2014–2015) og Prop. 1 S Tillegg 3 (2014–2015).
Det følgjer av klimaforliket, jf. Innst. 390 S (2011–2012), at fossil fyringsolje som grunnlast skal fasast ut av alle statlege bygg innan 2018. Det er lagt til grunn at dette skal forståast som at utfasinga skal gjennomførast innan utgangen av 2018. Departementa har rapportert kor mange anlegg med fossil olje som grunnlast det enkelte departement eig og kor mykje olje som vart brukt i desse anlegga i 2016 og 2017, og dertil kor mange anlegg som er planlagt utfasa og kor mykje dette vil redusere bruken av olje. Regjeringa tek sikte på å komme tilbake årleg med ei oppdatert oversikt over status og planar fram til utfasinga er fullført. Se del II programkategori 12.20 for meir detaljert omtale. Regjeringa ser oppmodingsvedtaket som følgt opp.
Forbod mot oljefyr til grunnlast
Vedtak nr. 387, 3. februar 2015
«Stortinget ber regjeringen legge fram et lovforslag som forbyr bruk av fossil olje til oppvarming i husholdninger og til grunnlast i øvrige bygg. Regjeringen bes også vurdere å utvide forbudet til også å omfatte topplast.»
Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket er Dok. 8:10 S (2014–2015) Innst. 147 S (2014–2015).
Regjeringa fastsette 28. juni 2018 ei forskrift om forbod mot bruk av mineralolje til oppvarming av bygningar frå 2020, både til grunnlast og spisslast (topplast). Regjeringa har i tillegg vedteke ei tilleggsregulering som inneber at bruk av mineralolje til oppvarming av driftsbygningar i landbruket blir forbode frå 2025 og mellombelse bygningar frå 2020. Regjeringa ser oppmodingsvedtaket som følgt opp.