Prop. 1 S (2018–2019)

FOR BUDSJETTÅRET 2019 — Utgiftskapittel: 1400–1482 Inntektskapittel: 4400–4471 og 5578

Til innhaldsliste

Del 2
Klima- og miljødepartementets budsjett for 2019

7 Omtale av kapittel og post

Programkategori 12.10 Fellesoppgåver, forsking, internasjonalt arbeid m.m.

Hovudinnhald og prioriteringar

Utgiftene under programkategori 12.10 kan førast tilbake til alle resultatområda. Kategorien omfattar verksemda til Klima- og miljødepartementet medrekna tilskot som blir behandla i departementet og løyvingar til å hente inn kunnskap og miljødata, under dette kartlegging, overvaking og forsking på klima- og miljøområdet. Delar av løyvingane kan bli stilte til disposisjon for etatane som er underlagt departementet når det er naturleg at etatane utfører oppgåvene.

Internasjonalt arbeid

Omtale av Noregs internasjonale arbeid med klima og miljø finst òg under dei ulike resultatområda og dei andre programkategoriane. Omtalen i dette kapitlet gjeld berre internasjonalt arbeid som går på tvers av resultatområda.

Multilateralt klima- og miljøsamarbeid

Mange FN-organ er viktige aktørar i det globale arbeidet med miljø- og klimaspørsmål. Noreg er ein viktig bidragsytar til organisasjonane og programma som har miljø som kjerneoppgåve. Noreg gir dessutan tilleggsmidlar for å styrkje arbeidet med miljø- og klimaspørsmål og har fortløpande dialog med institusjonane om integrering av miljøomsyn i verksemda deira. Noreg vil i 2019 fortsatt leggje vekt på å følgje opp Rio+20-vedtaket om å styrkje FNs miljøprogram. Frå norsk side vil vi ha spesiell merksemd på områda marin forsøpling og mikroplast, og ta aktivt del i å utvikle nye verkemiddel og sterkare globale forpliktingar for å redusere marin forsøpling. Vi vil særleg prioritere å følgje opp vedtaka frå FNs tredje miljøforsamling som fann stad i desember 2017 (UNEA-3). Vi vil òg leggje vekt på arbeidet med ein handlingsplan mot marin plastforsøpling under FNs sjøfartsorganisasjon IMO, og trappe opp engasjementet i den globale partnarskapen mot marin forsøpling (GPML). Arbeidet med marin forsøpling vidareføres også på FNs fjerde miljøforsamling (UNEA-4) som finn stad i mars 2019. Denne miljøforsamlinga har som tema å løfte fram innovative løysningar til miljøutfordringar og sirkulærøkonomi. Eit sterkt FNs miljøprogram vil kunne medverke til kunnskapsbasert miljøpolitikk i alle verdas land og til sterkare samarbeid. Den sjette globale miljøstatusrapporten GEO-6 vil bli lagt fram på miljøforsamlinga, og er eit viktig bidrag til gjennomføringa av miljødimensjonen i Agenda 2030 og berekraftsmåla. Noreg er òg ein sentral bidragsytar til FNs program for å redusere utslepp gjennom avskoging og skogdegradering i utviklingsland (UN-REDD), og til fleire Verdsbankfond som finansierar investeringar for å redusere utslepp frå skog i utviklingsland, til dømes FEPF Karbonfond og BioCarbon-fondet. Sjå omtale av Klima- og skoginitiativet under programkategori 12.70.

FNs universelle berekraftsmål vart vedtekne i september 2015. Noreg har oppnådd mykje, men er òg utfordra av ein del av måla. Måla skapar forventningar om at både land og internasjonale organisasjonar skal betre integreringa av dei tre dimensjonane av berekraft – økonomiske, sosiale og miljøvise omsyn – på ein rekke samfunnsområde. Måla kan såleis gi drahjelp til det globale grøne skiftet, og fremje heilskapleg tenking over «silotilnærming». Oppgåva med årleg å følgje opp gjennomføringa av berekraftsmåla er lagt til FNs høgnivåforum for berekraftig utvikling (HLPF), og kvart fjerde år skal verdas leiarar få ei særskilt oversikt over framdrifta og område som krev større innsats. I 2019 vil statsleiarane møtast for første gong for ein heilskapleg gjennomgang av alle måla.

Konvensjonen om biologisk mangfald (CBD) omfattar bevaring og berekraftig bruk av det biologiske mangfaldet, og rettferdig fordeling av utbytte frå bruk av genetiske ressursar. I 2020 skal det vedtakast eit nytt globalt rammeverk under partsmøtet i Beijing. Det nye rammeverket vil erstatte dei 20 Aichimåla som vart vedtekne i 2010. Aichimåla er godt integrerte i Agenda 2030 og berekraftsmåla, og det bør sikrast ein tett kopling mellom berekraftsmåla og andre eksisterande mål for biologisk mangfald i utviklinga av nytt strategisk rammeverk.

Noreg vil fram mot 2020 delta aktivt i forhandlingane for å sikre eit ambisiøst og effektivt nytt globalt rammeverk under CBD. Noreg ønsker ei utvikling av konvensjonen innan berekraftig bruk og økosystembaserte tilnærmingar til klimautfordringa, samt større vekt på å integrere omsyn til biologisk mangfald i andre sektorar. Dette er alle sentrale punkt for gjennomføring av FNs berekraftsmål. Regjeringa set av inntil 30 mill. kroner over Utanriksdepartementets budsjett for å følgje opp innsatsen i 2019. Sjå eigen omtale i Utanriksdepartementets budsjettproposisjon.

Den globale miljøfasiliteten (GEF) støttar tiltak som skal medverke til å betre det globale miljøet. GEF er ein finansieringsmekanisme for dei globale miljøkonvensjonane og har særskilt høve til å sjå ulike miljøproblem under eitt. Investeringsbehovet er framleis mange gonger større enn GEF-midlane, og det er derfor viktig å bruke desse midlane til å skape størst mogleg spreiingseffekt og inspirere andre aktørar, som til dømes Det grøne klimafondet og aktørar i privat sektor.

I denne globale finansielle arkitekturen vil GEFs rolle blant anna vere å fremje innovative tilnærmingar til miljø på dei viktigaste sektorane og heilskaplege strategiar der ein ser ulike miljøproblem i samanheng. I sjuande programperiode (GEF-7) vil GEF utvikle vidare ei tilnærming med større vekt på breie integrerte program som adresserar drivkreftene bak global miljøforverring.

Påfyllingsforhandlingar i fondet starta opp våren 2017, og blei sluttført i april 2018. På trass av redusert bidrag frå USA fekk ein mobilisert midlar og utvikla programstrategiar som gjer at ein under kommande programperiode i GEF-7 kan auke innsatsen mot marin forsøpling og betre koplingane til eksisterande klima- og skogsatsingar inkl. REDD+. Ein har òg fått på plass betre mekanismar for å sikre resultat av GEF-programma over tid, slik at oppnådde miljøeffektar blir meir varige.

Frå norsk side meiner vi samla sett forhandlingsresultatet gir gode høve til strategisk bruk av GEF-midlar til globale miljøformål i neste fireårs-periode, ikkje minst når det gjeld marin forsøpling og havplast. På bakgrunn av forhandlingsresultatet har Noreg gitt tilsegn om å auke løyvinga til GEF med 20 pst. til 520 mill. kroner over neste fireårsperiode over Utanriksdepartementets budsjett.

For omtale av Noregs hovudinnsatsområde i det internasjonale klimaarbeidet, sjå programkategori 12.20 og 12.70.

Miljøkriminalitet

Miljøkriminalitet veks med 5–7 pst. årleg, noko som er tre gonger meir enn veksten i den globale økonomien. Regjeringa vil styrkje arbeidet med miljøkriminalitet nasjonalt og internasjonalt. Noreg ønskjer global merksemd på at miljøkriminalitet er ei grenseoverskridande og alvorleg form for organisert kriminalitet som òg medverkar til tap av naturmangfald til dømes gjennom ulovleg hogst og ulovleg handel med truga arter. Regjeringa vil òg arbeide for at òg ulovleg handel med kjemikaliar og avfall blir rekna med som miljøkriminalitet. Noreg vil arbeide for å styrkje samarbeidet mellom ulike aktørar som FNs miljøprogram, FNs kontor for narkotika og kriminalitet (UNODC) og INTERPOL.

Medverknad i EU-samarbeidet og effektiv gjennomføring av EØS-rettsakter.

Klima- og miljødepartementet har som mål å medverke til ein ambisiøs klima- og miljøpolitikk i EU. EU har ein klar pådrivarrolle i det internasjonale klima- og miljøsamarbeidet, og ein stor del av EUs klima- og miljøpolitikk blir innlemma i norsk regelverk som følgje av EØS-avtala. Miljø sorterer under Juncker-kommisjonens satsing på sysselsetjing, vekst, investeringar og konkurransekraft, i tillegg til at det er lagt eit særskilt ansvar for berekraftig utvikling til Kommisjonens nestleiar og visepresident. Klima er ein integrert del av satsinga på Energiunionen, som òg er blant Kommisjonens politisk prioriterte toppsaker. Blant Noregs prioriterte saker er felles oppfylling av klimamål med EU mot 2030, plast og marin forsøpling, og kjemikaliar.

Klima- og miljødepartementet fører ein aktiv politikk for tidleg påverknad av prioriterte saker. Dette påverknadsarbeidet skjer gjennom å delta i Kommisjonens ekspertgrupper og komitear, politiske møter med Kommisjonen og Europaparlamentet, andre innspel til sentrale aktørar i EU, og gjennom å delta i ambisiøse «vennegrupper» som REACH UP-gruppa på kjemikalieområdet og Green Growth Group (GGG) på klimaområdet og gjennom nordisk samarbeid. Noreg har ein nasjonal ekspert i DG Climate Action i Europakommisjonen. Nordisk samarbeid er òg viktig for å påverke utvikling av EUs regelverk og andre internasjonale prosessar. Noreg fekk på plass eit nordisk plastprogram og sette grøn konkurransekraft, klima og transport på den nordisk dagsordenen under det nordiske formannskapet i 2017, på måtar som har spela inn til EUs arbeid med desse tema.

Noreg er medlem i Det europeiske miljøbyrået (EEA) og deltek i arbeidet i Det europeiske kjemikaliebyrået (ECHA). Miljøbyråa er ei viktig informasjonskjelde for alle som er med å utforme, vedta, setje i verk og evaluere miljøpolitikk. Gjennom EØS-avtala er Noreg òg medlem av EUs jordobservasjonsprogram Copernicus, som etablerer omfattande satellittovervaking av miljø globalt, regionalt og nasjonalt, ikkje minst i havområda og i Arktis. Gjennom forskingssamarbeidet i EØS-avtala, deltek Noreg òg i det globale samarbeidet om satellittar og jordobservasjon i Group on Earth Observations (GEO), mellom anna i ei høgnivågruppe i EU.

Enkelte sentrale miljøpolitiske område er ikkje omfatta av EØS-avtala. Det gjeld naturvern og forvalting av naturressursar, landbruk og fiskeri, men Noreg og EU er tett bundne saman gjennom EUs indre marknad på alle områder. Nye forslag og omlegging i EUs politikk får stor verknad for norsk politikk. Kvart år blir ei rekkje rettsakter innlemma i EØS-avtala og gjennomførde i norsk regelverk for miljø- og klimapolitikken.

Ved å delta gjennom heile prosessen sikrar departementet ein grundig gjennomgang og vurdering av forslag til nye EU-rettsakter og moglege konsekvensar av gjennomføring før regelverket eventuelt blir teke inn i EØS-avtala og gjennomført i norsk rett.

EØS-midlane medverkar til sosial utjamning i Europa og til gjennomføringa av EUs acquis i mottakarlanda. Dei er òg ein del av miljøforvaltinga sitt EU/EØS-arbeid. Miljø- og kulturarvprogramma under EØS-midlane stimulerer til godt bilateralt fagleg samarbeid med mottakarlanda, og tilsvarande er arbeidsgrupper og oppfølging av dei nordiske miljøministermøta gode plattformer for EU/EØS-arbeidet. Klima, energi, miljø og lågutsleppsutvikling er eitt av tre prioriterte hovudområde i neste periode 2014–2021. Det vil gi nye og gode høve til å stimulere landa til tidleg oppfølging av EUs rettsakter på området.

Klima og miljø i handels- og investeringsvernavtaler

Òg andre handels- og investeringsvernavtaler enn EØS-avtala påverkar kva som blir produsert og selt og korleis, og dermed òg klima- og miljøverknadene av handel. Dei påverkar òg kva tiltak som kan setjast i verk av omsyn til klima og miljø. I motsetning til EØS-avtala inneheld dei ikkje felles klima- og miljøregelverk. Det er derfor naudsynt å syte for at dei vert utforma slik at dei fremjar grøn vekst og støttar opp om klima- og miljøomsyn. Derfor arbeider Klima- og miljødepartementet for at slike avtaler får eigne kapittel om handel og berekraftig utvikling, senkar toll på klima- og miljøvennlege varer og gir rom for støtte, avgifter og reguleringar som gjer det enklare og billegare å produsere, forbruke og transportere med mindre ressursar og utslepp. Den amerikanske administrasjonen har endra prioriteringene for USAs handelspolitikk. Det internasjonale handelssystemet vert sett under press. Utvikling av slike avtaler skjer no i aukande grad utanfor Verdas handelsorganisasjon (WTO). Departementet følgjer derfor både forhandlingane mellom Noreg og Kina, mellom Den europeiske frihandelsorganisasjonen EFTA og Argentina, Brasil, Paraguay og Uruguay, òg utviklinga i samarbeidet om handel og investeringar mellom EU og andre sentrale land. EU er blant dei som har komme lengst i arbeidet med avtaler som støttar opp om klima- og miljøomsyn.

Klima- og miljøsamarbeid med utviklingsland

Samarbeid med økonomiar i framvekst og utviklingsland er òg ein viktig pilar i Noregs internasjonale klima- og miljøarbeid. Med bilaterale samarbeidsavtaler og støtte til internasjonale initiativ skal Noreg medverke til ei grøn utvikling gjennom oppbygging av kapasitet og kompetanse til å forvalte miljø og naturressursar.

Klima- og miljødepartementet har særskilte avtaler om samarbeid med miljøstyresmaktene i dei store utviklingslanda Kina, India og Sør-Afrika. Desse landa har stor betyding for utvikling av den globale miljøtilstanden og er heilt sentrale i internasjonalt miljøsamarbeid og i utvikling av globale miljøavtaler. Det bilaterale samarbeidet skal byggje relevant fagleg samarbeid på styresmaktnivå og gi ei plattform for dialogen om internasjonale miljøutfordringar. I Kina, Sør-Afrika og India har Klima- og miljødepartementet medverka til ein portefølje av prosjekt som er retta inn mot det enkelte land si evne til å gjennomføre internasjonale forpliktingar under miljøkonvensjonane.

Prosjekta er hovudsakleg forvaltingssamarbeid, der Miljødirektoratet er ein viktig partnar på norsk side. Finansiering skjer i hovudsak over Utanriksdepartementets budsjett. I tillegg vert det nytta midlar over Klima- og miljødepartementets budsjett for å setje i gang nye prosjekt og utgreiingar. I Kina og Sør-Afrika medverkar Miljødirektoratet til utvikling av utsleppsrekneskap. I Kina medverkar dei i tillegg til utvikling av kvotemarknad. I Kina er det òg eit viktig samarbeid for å redusere utslepp av miljøgifter, verdsetjing av økosystemtenester og restaurering etter jordskjelv i Sichuan. Oppstart av nye bilaterale samarbeidsprosjekt med Kina i 2019 er under planlegging. Noreg gir òg støtte til og deltek med ekspertar i høgnivårådet China Council for International Cooperation on Environment and Development (CCICED). Rådet er oppretta av, og gir tilrådingar til, den kinesiske toppleiinga. I India er det mellom anna samarbeid om eit senter for biodiversitet i Chennai, og alternativ til bruk av hydrofluorkarbon (HFK) som kuldemedium. Klima- og miljødepartementet har òg bilateralt miljøsamarbeid med Myanmar. Forvalting av vass- og naturressursar og handtering av farleg avfall er dei sentrale samarbeidsområda.

Regjeringas største internasjonale initiativ innan klima- og miljø er Klima- og skoginitiativet (sjå nærare omtale under programkategori 12.70).

Klima- og miljødepartementet stimulerer òg til det breiare grøne skiftet i utviklingsland gjennom støtte til fleire andre internasjonale initiativ. Kunnskapsgrunnlaget, naudsynte institusjonar, lover, reguleringar og økonomiske verkemiddel må på plass for å kunne realisere ei grønare utvikling. I Det grøne partnarskapet PAGE samarbeider fem FN-organ om å tilby motiverte utviklingsland støtte til grøn omlegging av økonomien. PAGE særskilt vekt på dei økonomiske og finansielle rammevilkåra for jobbskaping og lønsam ressurseffektivitet, og at sektorane kan ha behov for tilpassa støtte eller nye insentiv i omlegginga. Noreg støttar òg Global Green Growth Institute (GGGI), ein internasjonal organisasjon som fremjar sosialt inkluderande og berekraftig økonomisk vekst i utviklingsland og økonomiar i framvekst. GGGI samarbeider med sine medlemsland med å utvikle strategiar og politiske verkemiddel for grøn vekst, gjere desse om til finansierbare prosjekt og tiltak og styrkje institusjonell kapasitet, læring og kunnskapsdeling (sjå nærare omtale under programkategori 12.70).

På oppdrag frå Utanriksdepartmentet/Norad er Meteorologisk institutt engasjert i kapasitetsbygging innan vêrvarsling og klimaarbeid i blant anna Bangladesh, Myanmar og Vietnam. Formålet er å byggje opp dei meteorologiske institusjonane i landa slik at dei blir sett i stand til å varsle farleg vêr og handtere klimaendringar. Forutan å støtte opp om norsk utanrikspolitikk oppfyller òg Meteorologisk institutt ei generell oppmoding frå WMO om at i-land bistår i u-land innan utviklinga av meteorologi.

Nærare om budsjettforslaget

Foreslått løyving knytt til programkategorien for 2019 er på 2 159,0 mill. kroner. Dette er ein auke på 8,4 pst. samanlikna med saldert budsjett for 2018. Auken skuldast hovudsakelig at ein ønskjer å samle midlane knytt til å hente inn kunnskap på klima- og miljøområdet under kap. 1410. Det er flytt budsjettmidlar frå andre kapittel, jf. omtale under dei enkelte budsjettkapitla. Dette skal gjere det enklare å ha oversikt over kor mykje midlar som blir brukte til å hente inn kunnskap på klima- og miljøområdet, og lettar arbeidet med å utvikle eit heilskapleg kunnskapsgrunnlag på tvers av resultatområda.

Utgifter under programkategori 12.10 fordelte på kapittel

(i 1 000 kr)

Kap.

Nemning

Rekneskap 2017

Saldert budsjett 2018

Forslag 2019

Pst. endr. 18/19

1400

Klima- og miljødepartementet

539 619

645 752

656 082

1,6

1410

Kunnskap om klima og miljø

829 901

810 399

946 710

16,8

1411

Artsdatabanken

66 247

69 793

5,4

1412

Meteorologiformål

439 036

468 686

486 448

3,8

Sum kategori 12.10

1 808 556

1 991 084

2 159 033

8,4

Kap. 1400 Klima- og miljødepartementet

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2017

Saldert budsjett 2018

Forslag 2019

01

Driftsutgifter

276 088

285 724

288 584

21

Spesielle driftsutgifter

57 525

84 509

106 508

50

Heilskapleg profilering, grøne løysingar

10 000

10 239

51

Den naturlege skulesekken

7 904

62

Den naturlege skulesekken

3 409

3 409

70

Frivillige miljøorganisasjonar og allmennyttige miljøstiftelsar

57 068

57 402

52 541

71

Internasjonale organisasjonar

78 768

85 133

88 053

74

Tilskot til AMAP, kan overførast

4 231

4 345

4 871

76

Støtte til nasjonale og internasjonale miljøtiltak, kan overførast

37 473

115 230

97 382

79

Tilskot til kulturminneforvalting

25 057

Sum kap. 1400

539 619

645 752

656 082

Post 01 Driftsutgifter

Midlane under posten er retta mot alle resultatområda.

Løyvinga dekkjer dei ordinære driftsutgiftene som er naudsynte for at Klima- og miljødepartementet skal kunne halde ved lag ei god verksemd. Om lag to tredelar av løyvinga gjeld løn til fast tilsette i departementet. Om lag ein tredel av løyvinga går til å dekkje husleige, fornying av materiell, inventar og utstyr, blant anna drift og utvikling av IT-anlegget til departementet, reiseutgifter, kurs- og konferanseverksemd og tiltak for kompetanseutvikling. Av desse fellesutgiftene er husleige og IKT-utgifter dei største.

Løyvinga kan overskridast mot tilsvarande meirinntekt under kap. 4400 post 02.

Post 21 Spesielle driftsutgifter

Midlane under posten er retta mot alle resultatområda.

Løyvinga på denne posten dekkjer utgifter til kjøp av utgreiingar. Løn til mellombels tilsette som er knytte til faglege prosjekt kan òg førast over posten. Prosjekta relaterer seg til heile miljøforvaltingas ansvarsområde.

Klima- og miljøpolitikken står overfor store utfordringar og det er viktig å ha eit grundig fagleg fundament for den politikken som blir lagt opp. Det er derfor viktig at Klima- og miljødepartementet har nok ressursar til å kunne initiere utgreiingar av ny politikk og evaluere politiske tiltak og verkemiddel som er sette i gang eller gjennomførte. I tillegg blir ressursar nytta til å vurdere klima- og miljøkonsekvensar av forslag som er fremja frå andre sektorar.

Løyvinga på posten er samla auka med om lag 22 mill. kroner. Størst auke knyter seg til marin forsøpling (25 mill. kroner). Midlane skal bl.a. gå til Senter for oljevern og marint miljø, til samarbeid med næringslivet og til å støtte opp under det internasjonale arbeidet for sterkare globale forpliktingar på området.

Vidare er posten auka med 4,8 mill. kroner (3,3 mill. kroner frå kap. 1420 post 01 og 1,5 mill. kroner frå kap. 1420 post 21). Dette er midlar som blir tildelte Folkehelseinstituttet, for vurdering av helseeffektar av miljøutgifter og forureining.

Det er lagt inn 2 mill. kroner til å utarbeide heilskapleg plan for Oslofjorden og 0,5 mill. kroner til oppfølging av FNs miljøforsamling.

Av løyvinga på posten er 4,4 mill. kroner til Den naturlege skulesekken flytta til ny post 51 kap. 1400. Samstundes er 2,25 mill. kroner til overvakingsprogram for tamrein flytta til kap. 1410 post 21. Av skrantesjukemidlane som låg på posten er det teke ut 3,8 mill. kroner som følgje av at nedskytinga av villreinstamma i Nordfjella, sone 1, vart ferdig sist vinter.

Rapport 2017

I 2017 blei midlane på posten nytta til tiltak knytte til alle resultatområda, hovudsakeleg innan klima og naturmangfald.

Post 50 Heilskapleg profilering, grøne løysingar

Posten blei oppretta i 2018 for å fremje heilskapleg profilering av norske grøne løysingar. Formålet er auka eksport og å trekkje internasjonale investorar til Noreg. Satsinga skal medverke til å fremje fleire gode gründarar, fleire vekstkraftige bedrifter og fleire innovative næringsmiljø, som samtidig skal bidra til berekraftig utvikling og overgang til lågutsleppssamfunnet. Sjå òg Prop. 1 S (2017–2018) Nærings- og fiskeridepartementet.

Det grøne skiftet byr på både utfordringar og moglegheiter for næringslivet. På fleire område har Noreg gode føresetnader til å ta ei leiarrolle i teknologiutvikling og løysingar for det grøne skiftet. Dette gjeld blant anna prosessindustrien og elektrifiseringa av transportsektoren. Noreg er allereie verdsleiande på utvikling av teknologi for elektrifisering av maritim transport. Berekraftig havbruk er eit anna mogleg vekstområde. Bioøkonomi, sirkulærøkonomi og smarte bygg og byar er andre moglegheitsområde. Regjeringa ønskjer å gi ekstra drahjelp til næringslivet som leverer grøne løysingar og som har moglegheiter på internasjonale marknader.

Satsinga skal sjåast i samanheng med Innovasjon Noreg sitt arbeid med profilering for å medverke til auka internasjonalisering. Innovasjon Noreg skal leggje til rette for eit samarbeid med privat næringsliv som skal inviterast til å delta i både utforming og vidare finansiering av satsinga.

Det er foreslått ei løyving på 10,239 mill. kroner for 2019.

Post 51 Den naturlege skulesekken

Midlane under posten er knytte til alle resultatområda bortsett frå Polarområda.

Posten er ny og samlar midlane til Den naturlege skulesekken. Midlane til skulesekken var tidlegare delte på to postar. Sidan alle midlane går gjennom Naturfagsenteret ved Universitetet i Oslo, og universitetet er ei nettobudsjettert statleg verksemd, er det meir riktig å leggje alle midlane på ein 50-post. Frå post 21 er det flytta 4,4 mill. kroner og frå post 62 er det flytta 3,5 mill. kroner.

Den naturlege skulesekken (DNS) er eit samarbeidstiltak mellom Kunnskapsdepartementet og Klima- og miljødepartementet. Tiltaket er leia av Miljødirektoratet og Utdanningsdirektoratet, mens gjennomføringa skjer gjennom Nasjonalt senter for naturfag i opplæringa (Naturfagsenteret) ved Universitetet i Oslo.

Av løyvinga er 3,4 mill. kroner øyremerkte tilskot til skular. Dei resterande midlane skal nyttast til administrasjon og rettleiing, og til kjøp av tenester hos eksterne aktørar som samarbeider med DNS-skular. Innrettinga av tilskotsdelen av midlane er som følgjer:

Mål

Målet er å medverke til at elevane får kunnskap og medvit om berekraftig utvikling og miljøutfordringane på kloden, og blir i stand til å forstå og utvikle løysingar på miljøproblema i dag og i framtida.

Den naturlege skulesekken legg til rette for utvida bruk av nærmiljøet til skulane i undervisninga og set miljø, friluftsliv og berekraftig utvikling i samanheng med realfag, samfunnsfag og mat og helse. Tiltaket legg til rette for samarbeid mellom skular og eksterne aktørar som til dømes frivillige miljø- og friluftsorganisasjonar. Den støttar utviklinga av lokale, fleirfaglege undervisningsopplegg tilpassa læreplanverket. Eit berande pedagogisk prinsipp er å flytte læringsarenaen frå klasserommet til lokalsamfunnet. I Den naturlege skulesekken er varierte arbeidsmetodar utandørs, bruk av nærmiljøet og aktørar i nærmiljøet sentralt.

Kriterium for måloppnåing

Den naturlege skulesekken skal koordinere læringsressursar innanfor dei aktuelle områda, og skape eit profesjonelt nettverk av foreiningar og organisasjonar som driv skuleretta verksemd. Den naturlege skulesekken skal medverke til å utnytte skulen sitt nærmiljø som læringsarena og bruk av ulike lokale, regionale og nasjonale ressursar, i tillegg til å medverke til å styrkje samfunnsfaglege og naturfaglege metodar.

Tildelingskriterium

Den enkelte skulen kan søkje på årleg utlyste utviklingsmidlar. Kriterium for å få tildelt støtte er at dei planlagde undervisningsopplegga skal nytte skulen sitt nærmiljø som læringsarena, ha høg fagleg kvalitet og femne om 2 eller fleire fag. Minst eitt av desse faga skal vere naturfag eller samfunnsfag, og skulane blir bedne om å samarbeide med ein ekstern aktør. Undervisningsopplegga skal ha som mål å utvikle elevane og lærarane si nyfikne, kunnskapen deira om natur og samfunn, og medvit om berekraftig utvikling. Det skal leggjast vekt på grunnleggjande dugleikar i læringsprosessane, og utforskande arbeidsmåtar (Forskarspiren) skal vere ein viktig måte å arbeide på.

Oppfølging og kontroll

Dei tiltaka som blir sette i gang, blir følgde opp fortløpande fagleg og økonomisk av Naturfagsenteret ved Universitetet i Oslo. Undervisningsopplegga blir vurderte for publisering på nettstaden www.natursekken.no slik at dei kan delast med andre. Det blir utarbeidd årlege rapportar om heile prosjektet frå Naturfagsenteret.

Rapport 2017

Posten er ny i 2019, og det er derfor ikkje rapportering for 2017. Mykje av midlane til skulesekken vart i 2017 nytta over post 62. Sjå rapportering under denne.

Post 62 Den naturlege skulesekken

Posten er lagt ned, og midlane flytta til ny post 51.

Rapport 2017

I 2017 fekk 131 skular midlar til utvikling av undervisningsopplegg. Totalt har 619 skular gjennomført skuleprosjekt i Den naturlege skulesekken i perioden 2009–2017/2018. Skulane som deltek får pedagogisk rettleiing gjennom regionale nettverk ved høgskular og Naturfagsenteret. Naturfagsenteret arrangerer årleg ein nasjonal konferanse for deltakarskulane i februar. Konferansen samlar kvart år 3–400 lærarar, skuleleiarar, lærarutdannarar og eksterne aktørar.

I tillegg er det totalt 7 regionkontaktar som arrangerer to nettverksmøte årleg i sin region, med til saman 14 regionale samlingar rundt om i landet. Det er òg oppretta 8 lærarnettverk i regionane.

Post 70 Frivillige miljøorganisasjonar og allmennyttige miljøstiftelsar

Midlane under posten er retta mot alle resultatområda.

Mål

Målsetjinga med tilskotsordninga er å leggje til rette for eit breitt folkeleg engasjement for miljøsaker. Tilskotsordninga skal stimulere til miljøaktivitetar lokalt, regionalt og nasjonalt. Tilskotsordninga gjeld for landsdekkjande frivillige organisasjonar og allmennyttige stiftelsar av nasjonal tyding, med hovudformål for verksemda innanfor miljøforvaltinga sitt ansvarsområde.

Tildelingskriterium

Definisjon av medlemmer og lokallag er samordna med Kulturdepartementets definisjonar.

Terskel for medlemstal er 5 000 (3 000 for barne- og ungdomsorganisasjonar).

Foreløpig tildeling for 2019 er vist i tabellen nedanfor. Fordelinga er gjort i samsvar med forskrifta.

Tabell 7.1 Fordeling av tilskot

Organisasjon/stiftelse

Rekneskap 2017

Løyving 2018

Forslag 2019

Miljøorganisasjonar

Den Norske Turistforeining

6 424 700

6 450 000

6 416 000

Forbundet Kysten

4 501 300

4 524 000

4 500 000

Fortidsminneforeininga

4 016 500

4 232 000

4 238 000

Framtida i våre hender

4 088 400

4 496 000

4 472 000

Noregs Jeger- og Fiskarforbund1

9 734 318

9 773 000

4 859 000

Noregs naturvernforbund

7 397 900

6 646 000

7 582 000

Paraplyorganisasjonar

Sabima

1 683 200

1 683 000

1 683 000

Kulturvernforbundet

1 683 200

1 683 000

1 683 000

Regnskogfondet

1 683 200

1 683 000

1 683 000

Barn- og ungdomsorganisasjonar

Natur og Ungdom

5 484 100

5 321 000

4 530 000

Miljøagentane

2 552 400

2 756 000

2 742 000

Miljøstiftelsar

Miljøstiftelsen Bellona

2 070 000

2 095 000

2 095 000

Norsk kulturarv

1 150 000

1 150 000

1 150 000

WWF Noreg

3 083 200

3 083 000

3 083 000

Zero

1 368 000

1 368 000

1 368 000

Norsk klimastiftelse

457 000

457 000

457 000

Sum

57 337 418

57 400 000

52 541 000

1 Opphavleg løyving 9 720 000 kroner. Det er rammeoverført 4 861 000 kroner, som følgje av overføring av ansvaret for haustbart vilt frå Klima- og miljødepartementet til Landbruks- og matdepartementet.

Oppfølging og kontroll

Oppfølging av bruk av midlar skjer blant anna ved kontroll og vurdering av søknad, årsrapport og årsrekneskap, innsend av tilskotsmottakar.

Post 71 Internasjonale organisasjonar

Midlane under posten er retta mot alle resultatområda. Løyvinga er foreslått auka med nærare 3 mill. kroner. Dette er ein generell auke av fleire kontingentar og ein priskompensasjon på posten. Prosjektmidlar til FNs naturpanel (IPBES) er flytta til post 76, mens kontingenten til Naturpanelet er budsjettert under kap. 1420 post 84.

Mål

Målsetjinga med løyvinga er å medverke til å halde ved lag drifta av organisasjonar, avtaler, konvensjonar og sekretariat som utfører viktig miljøretta arbeid av verdi for Noreg.

Løyvinga skal dekkje obligatoriske bidrag til internasjonale organisasjonar, avtaler, konvensjonar og sekretariat der Noreg deltek aktivt. Løyvinga under denne posten er ei direkte følgje av at Noreg har ratifisert avtaler med budsjettbindingar, eller at regjeringa har vedteke norsk medlemskap. I tillegg blir det gitt bidrag til FNs miljøprogram (UNEP). Ordninga er ikkje open for søknad.

Følgjande internasjonale organisasjonar, avtaler, konvensjonar og sekretariat får bidrag:

  • International Council of Monuments and Sites (ICOMOS)

  • Internasjonalt studiesenter for bevaring og restaurering av kulturminnesmerke (ICCROM)

  • FNs miljøprogram (UNEP)

  • Den internasjonale naturvernunionen (IUCN)

  • Interimssekretariat for konvensjonen om vern av våtmarker (Ramsar-konvensjonen)

  • Konvensjonen om internasjonal handel med truga arter (CITES)

  • Konvensjonen om trekkjande arter av ville dyr (Bonn-konvensjonen)

  • Vassfuglavtala under Bonnkonvensjonen (AEWA)

  • Albatrossavtala under Bonnkonvensjonen (ACAP)

  • Flaggermusavtala under Bonnkonvensjonen (EUROBATS)

  • Den nordatlantiske laksevernorganisasjonen (NASCO)

  • Konvensjonen om biologisk mangfald (Biodiversitetskonvensjonen/CBD)

  • Protokoll om genmodifiserte organismar (Cartagena-protokollen)

  • Nagoya-protokollen under konvensjon om biologiske mangfald om tilgang til genressursar og ein rettferdig og likeverdig fordeling av fordelar som følgjer av bruken av slike ressursar.

  • Konvensjonen om vern av ville europeiske planter og dyr, og leveområda deira (Bernkonvensjonen)

  • Konvensjonen om vern av ozonlaget (Wienkonvensjonen)

  • Protokoll om stoff som reduserer ozonlaget (Montrealprotokollen).

  • FNs klimapanel (IPCC)

  • FNs rammekonvensjon om klimaendringar (UNFCCC)

  • Protokoll som skal redusere utslepp av skadelege klimagassar (Kyoto-protokollen)

  • Det europeiske miljøvernbyrået (EEA)

  • Fellessekretariat for Oslo- og Pariskonvensjonane og Bonnavtala (oljeforureining)

  • Konvensjonen om langtransporterte luftforureiningar (LRTAP-konvensjonen)

  • Det europeiske overvakingsprogrammet for langtransport av luftforureiningar (EMEP)

  • Konvensjonen om kontroll med grenseoverskridande transport av farleg avfall (Baselkonvensjonen)

  • Konvensjonen om persistente organiske sambindingar (Stockholm-konvensjonen)

  • Konvensjonen om notifikasjon og førehandssamtykke ved eksport av kjemikaliar (Rotterdam-konvensjonen)

  • Konvensjonen om kvikksølv (Minamata-konvensjonen)

  • Strategic Approach to International Chemicals Management (SAICM)

  • Oppfølging av REACH-regelverket på kjemikaliar

  • Konvensjonen om tilgang til miljøinformasjon, deltaking i avgjerdsprosessar og høve til klage- og domstolsprøving på miljøområdet (Århus-konvensjonen)

  • Protokoll om forureina utslepp og utsleppsregister under Århus-konvensjonen (PRTR)

  • Espoo-konvensjonen om grenseoverskridande miljøkonsekvensutgreiingar

  • Kontingent til Verdensarvfondet

Oppfølging og kontroll

Kontroll og oppfølging av organisasjonane, avtaler, konvensjonar, og sekretariata skjer ved generell formaliakontroll av reviderte rekneskapar og årsrapportar, deltaking i partsmøte, generalforsamlingar, årsmøte og liknande.

Post 74 Tilskot til AMAP, kan overførast

Løyvinga er retta mot resultatområde Polarområda og er auka i 2019 med ekstra midlar grunna flytting av sekretariatet frå Oslo til Tromsø og høgare driftsutgifter der.

Mål

Målet med løyvinga er å sikre kunnskap om miljøsituasjonen i Arktis gjennom vidareføring av programmet for arktisk miljøovervaking (AMAP). Dette er ei internasjonal forplikting Noreg har påteke seg som vertsland for AMAP-sekretariatet. AMAP er ei arbeidsgruppe under Arktis råd som skal kartleggje nivå og effektar av forureining og klimaendringar på arktiske økosystem. Sekretariatet til den arktiske miljøovervakings- og vurderingsprogrammet AMAP vart oppretta av Klima- og miljødepartementet med formål å utøve sekretariatsfunksjonar for denne arbeidsgruppa.

Oppfølging og kontroll

Klima- og miljødepartementet nemner opp styret og får årsrapportar, rekneskap og revisjonsberetningar.

Rapport 2017

2017 var eit år med stor aktivitet for AMAP-sekretariatet, med særleg omfattande rapportproduksjon. Det har òg vore eit utfordrande år fordi ein mellom anna har førebudd omlokalisering av sekretariatet frå Oslo til Tromsø i 2018. Sekretariatet har likevel lagt ned stor innsats i 2017 for å følgje opp oppdrag frå Arktisk råd knytt til overvaking, vurderingar og samanstilling av informasjon om miljøtilstand og klimaendringar i Arktis. AMAP leverte tre omfattande vurderingar til ministermøte i Arktisk råd i mai 2017: ei oppdatert vurdering av klimaendringane i Arktisk, ei vurdering av nye miljøgiftar i det arktiske miljøet og ein omfattande studie av mogleg tilpassing til ulike endringar i Arktis. AMAPs arbeid i 2017 har vore viktig for å dokumentere tilstanden for det arktiske miljøet, som grunnlag for tilrådingar om tiltak og som bidrag til Stockholmkonvensjonen, Minamatakonvensjonen og FNs klimapanel.

Post 76 Støtte til nasjonale og internasjonale miljøtiltak, kan overførast

Tilskotsordninga skal medverke til nasjonale tiltak slik at Noreg oppfyller sine internasjonale plikter for naturmangfald, klima og forureiningar, og nasjonale mål innafor alle resultatområda. Tilskotsordninga skal òg medverke til å styrke arbeidet med miljøspørsmål som er viktige for Noreg, og å få gjennomslag for norske miljøpolitiske prioriteringar internasjonalt.

Posten er delt mellom alle resultatområde, jf. omtale under.

Posten er redusert med 17,8 mill. kroner i høve til 2018, og utgjer 97,4 mill. kroner i 2019. Løyvinga er redusert med 20 mill. kroner, da det ikkje er sett av midlar til pilotanlegg for biogass i 2019 (sjå omtale, under rapportering). Som prisjustering har posten fått 3,1 mill. kroner.

Naturmangfald og friluftsliv

Midlane er retta mot tiltak som skal medverke til måloppnåing på naturmangfald- og friluftslivsområdet.

Mål

Posten skal medverke til at Noreg oppfyller sine nasjonale og internasjonale plikter innan natur-mangfald- og friluftsområdet.

Tildelingskriterium

Tiltaka er prioriterte med utgangspunkt i nasjonale mål og prioriteringar innanfor resultatområda naturmangfald og friluftsliv.

I 2019 blir det innanfor naturmangfaldområdet føreslått å gi tilskot til:

  • Framande arter, søknadsbasert tilskotsordning (4 mill. kroner)

  • FN-organet Grid Arendal (4,5 mill. kroner)

  • Norsk institutt for vassforsking (NIVA), (0,45 mill. kroner)

  • Norsk deltaking i Naturpanelets ekspertgrupper (2,2 mill. kroner)

  • Stiftelsen Norsk Naturarv (0,75 mill. kroner)

  • Friluftsrådenes Landsforbund (2,8 mill. kroner), til å utvikle, leie og drifte eit nytt prosjekt som skal kartleggje og systematisk vidareutvikle suksessrike aktivitetstiltak innanfor friluftsliv for barn og unge i ferie og fritid. Midlane skal gå til løn, administrative utgifter og tiltak. Arbeidet skal skje i samarbeid med Miljødirektoratet og dei sentrale friluftslivsorganisasjonane.

Oppfølging og kontroll

Årsrapportar og reviderte rekneskapar frå gjennomførte prosjekt dannar grunnlaget for ein generell formaliakontroll.

Rapport 2017

2,3 mill. kroner av denne posten vart fordelt gjennom Den naturlege skulesekken til 20 lokale og landsdekkjande ikkjestatlege lag, organisasjonar og føretak som har søkt om tilskot til tiltak eller prosjekt som støttar opp under grunnskulane (1.–10. trinn og Vg1) si planlegging og gjennomføring av fleirfaglege undervisningsopplegg i deira nærmiljø. Midlane blei i hovudsak fordelte til å utvikle og gjennomføre undervisningsopplegg for elevar, under dette til tiltak innafor tema som naturmangfald, klima, heilskapelege vurderingar kring berekraftig utvikling, avfall og matproduksjon/gardsdrift. Midlane blei i hovudsak tildelt private og frivillige aktørar, og dei var jamt fordelte mellom nasjonale, regionale og lokale aktørar.

På dei øyremerka midlane til tiltak mot framande organismar kom det inn i alt 49 søknader på til saman 8 mill. kroner i 2017. Det blei tildelt totalt 2 mill. kroner til 16 ulike prosjekt.

På det internasjonale området er det gitt driftsstøtte til GRID-Arendal, ForUM for miljø og utvikling. Støtta til GRID-Arendal er eit generelt basistilskot til drifta, og utgjer knapt 10 pst. av GRID-Arendals samla inntekter. GRID-Arendal hovudformål er å støtte FNs miljøprogram sitt arbeid gjennom utvikling, innhenting og bruk av vitskapleg basert miljøinformasjon og er ein viktig aktør i den globale innsatsen for å redusere marin forsøpling og i å styrke kunnskapen om blå skog og blått karbon.

0,45 mill. kroner vart utbetalt til NIVA, knytt til det internasjonale arbeidet i samband med European Topic Center for Water.

Kulturminne og kulturmiljø

Midlane er retta mot tiltak som skal medverke til måloppnåing på kulturminneområdet, jf. resultatområde Kulturminne og kulturmiljø.

Kriterium for måloppnåing

Alle midlane på posten blir gitt til øyremerkte formål og disponerte til oppfølging av etablerte samarbeidsavtaler og målretta utviklingstiltak.

Tildelingskriterium

Tiltaka er prioriterte med utgangspunkt i nasjonale mål og prioriteringar innanfor resultatområde Kulturminne og kulturmiljø.

I 2019 blir det føreslått innanfor kulturminneområdet å gi tilskot til:

  • Verdsarv-Unesco (4,3 mill. kroner)

    Noregs internasjonale engasjement under verdsarvkonvensjonen vart ført vidare frå hausten 2016, som ei 6-årig samarbeidsavtale mellom Klima- og miljødepartementet og Unescos rådgivande organ IUCN og ICCROM. Samarbeidet er organisert som eit programsamarbeid – «World Heritage Leadership – A new capacity building programme of ICCROM and IUCN» – og byggjer vidare på pilotsamarbeidet som vart gjennomført i 2015/2016.

  • Verdsarvsenter (11,5 mill. kroner)

    Dei fem autoriserte verdsarvsentra ved Vestnorsk fjordlandskap, Geiranger, Vegaøyan Verdsarv, Bergkunsten i Alta, Alta museum, Røros bergstad og Circumferensen, og industri-arva Rjukan – Notodden, får på bakgrunn av autorisasjonsordninga som er fastsett av Klima- og miljødepartementet etter gitte krav til drift og innhald i sentra årlege tilskot. Ordninga er bygd opp etter tilsvarande modell som gjeld for besøkssenter for naturinformasjon.

  • Foreininga Freda (0,2 mill. kroner)

    Foreininga Freda vart etablert i 2006 som ein landsdekkjande interesseorganisasjon for private eigarar av hus og eigedom freda etter Kulturminnelova.

  • Bygg og Bevar (3,0 mill. kroner)

    Bygg- og bevar er ein nettportal mellom det offentlege, næringslivet og dei private eigarane. Tilskot går til Byggenæringens landsforbund (BNL). Bygg og Bevar er ei kommunikasjonsplattform for kunnskap og kompetanse på freda og verneverdige bygningar, ein sentral møteplass for eigarar av kulturhistoriske eigedommar og kvalifisert handverkskompetanse.

  • Arbeid med brearkeologisk sikringsarbeid i Oppland (0,5 mill. kroner)

    Brearkeologisk sikringsarbeid i Oppland fylkeskommune. Midlane til dette formålet går til sikring av dei kulturhistoriske verdiane som kan gå tapt ved at funn som kjem fram ved smelting av snøfonner og isbrear blir utsette for nedbryting. Den globale oppvarminga fører til at isen i høgfjellsområda gradvis smeltar. Frå 2011 har eit brearkeologisk sikringsprogram, under leiing av Kulturarveininga ved Oppland fylkeskommune, berga arkeologiske funn frå isen. Det brearkeologiske sikringsprogrammet i Oppland har sidan 2006 samla inn meir enn 2000 funn frå 50 funnstader, noko som utgjer meir enn halvparten av funna globalt, og meir enn 85 pst. nasjonalt. Dei arkeologiske funna frå isen gir eit sjeldan blikk inn i ei fortidsverd. Nasjonale og internasjonale klimaaktørar samarbeider rundt koplinga mellom funna og klima i fortid og notid.

  • Kulturminnedagen (0,4 mill. kroner)

    Noregs Kulturvernforbund er ein paraplyorganisasjon for frivillige organisasjonar som arbeider innanfor områda historie og kulturminnevern. Noregs Kulturvernforbund har koordineringsansvaret for den årlege markeringa av Kulturminnedagen og tilskotet går til dette formålet.

  • Etter- og vidareutdanning (EVU) (1,5 mill. kroner)

    Noregs teknisk naturvitskapelege universitet (NTNU) bachelorprogrammet i Tradisjonelt Bygghåndverk. Tilskotet skal medverke til å sikre tilgang på kvalifiserte handverkarar som kan setje i stand den freda bygningsmassen.

  • Fortidsminneforeininga (5 mill. kroner)

    Fortidsminneforeininga er landets eldste kulturvernorganisasjon, stifta i 1844 og har som mål å sikre verneverdige bygnings- og kulturmiljø. Foreininga er ein stor eigedomsforvaltar. Foreininga eig eigedommar rundt omkring i landet, blant dei åtte stavkyrkjer, Steinvikholm festning, to mellomalderloft, to gardar på Røros og lystgarden Vøienvolden i Oslo. Dei fleste av eigedommane er opne for publikum, og foreininga driv ei form for museumsverksemd. Foreininga får 5 mill. kroner øyremerkt museumsdrift.

  • Overføring av statens eigedommar på Røros (10,2 mill. kroner)

    Forvaltinga av statens eigedommar, som vart kjøpt i 1980 etter kopparverket på Røros, skal overførast til Statsbygg. Dette skal sikre at byggverka blir i samsvar med myndigheitskrav, at staten etterlever forpliktingane etter verdsarvkonvensjonen og at vidare bruk og bevaring av eigedommane er i tråd med fredingsformålet. Bygningsvernsenteret ved Rørosmuseet i Musea i Sør-Trøndelag as (MiST) skal utføre antikvarisk istandsetjing og vedlikehald på eigedommane, som ledd i museet si forsking, dokumentasjon og formidling av bergverksverksemda. Tilskotet skal dekkje dei årlege forvaltingskostnadane.

Oppfølging og kontroll

Det blir motteke rapportar og revidert rekneskap. Kontrollen skjer ved generell formalia- og sannsynskontroll.

Rapport 2017

  • Midlane under Kulturminneområdet er flytt frå post 79. For rapport om 2017 sjå post 79.

Forureining

Midlane er retta mot tiltak som skal medverke til måloppnåing på forureiningsområdet

Mål

Posten skal:

  • medverke til nasjonale tiltak slik at Noreg oppfyller sine internasjonale plikter innan forureiningar.

  • styrkje arbeidet med miljøspørsmål som er viktige for Noreg, og å få gjennomslag for norske miljøpolitiske prioriteringar internasjonalt.

Tildelingskriterium

Tiltaka er prioriterte med utgangspunkt i nasjonale mål og prioriteringar innanfor resultatområde forureining.

I 2019 blir det føreslått å gi tilskot til:

  • Matvett AS til arbeidet med reduksjon av matsvinn og for deira medverknad til oppfølging av avfallsstrategien (0,8 mill. kroner)

  • Norsk Institutt for Luftforsking (NILU) (3,3 mill. kroner). NILU går i 2019 frå å vere deltakar i «European Topic Centre on Air Pollution and Climate Change Mitigation» under The European Environment Agency (EEA) til å leie eit nytt «European Topic Centre on Air pollution, Transport, Noice and Industrial pollution» (ETC/ATNI). NILU vil frå 2019 òg vere deltakar i eit nytt «European Topic Centre on Climate Mitigation and Energy» (ETC/CME). Tilskotet til NILUs arbeid for EEA er derfor foreslått auka med 1,9 mill. kroner

  • Meteorologiske institutt (0,3 mill. kroner)

  • Sekretariat for Conservation of Arctic Floraand Fauna (0,2 mill. kroner)

  • UNEPs arbeid med internasjonale tiltak for betre regulering av miljøgifter (oppfølging av internasjonale konvensjonar)(2,5 mill. kroner)

  • Tilskot til NHO – til nasjonalt program for leverandørutvikling for klimasmarte offentlege anskaffingar (0,25 mill. kroner).

Oppfølging og kontroll

Det blir motteke rapportar og revidert rekneskap. Kontrollen skjer ved generell formalia- og sannsynskontroll.

Rapport 2017

Det er gitt støtte til Matvett AS med å kartleggje og redusere matsvinn som ei oppfølging av avfallsstrategien og betalt kontingent til NHO for at Klima- og miljødepartementet skal medverke til leverandørutviklingsprogrammet.

Conservation of Arctic Flora and Fauna (CAFF) er Arktisk råds arbeidsgruppe for bevaring av arktisk biodiversitet. Klima- og miljødepartementet har gitt støtte til drifta av det internasjonale CAFF-sekretariatet i Akureyri på Island.

Vidare er det gitt tilskot til institutt som arbeider internasjonalt innanfor departementets resultatområde. Institutta har viktige internasjonale oppgåver og representerer Noreg i ulike samanhengar. Meteorologisk institutt har rolla som internasjonalt meteorologisenter under Konvensjonen om langtransportert grenseoverskridande luftforureining og Det europeiske samarbeidsprogrammet for overvaking og måling av luftforureiningar (EMEP). Tilskotet for 2017 er nytta til å vidareutvikle EMEP-modellen som vert nytta til å analysere spreiing, konsentrasjonar og avsetjingar av luftforureiningar. Slike modellanalysar vert nytta som grunnlag for forhandlingar om internasjonale avtaler om reduksjon i utslepp av luftforureiningar, til dømes Gøteborgprotokollen. Norsk institutt for luftforsking (NILU) arbeider som European Topic Centre on Air Pollution and Climate Change Mitigation under The European Environment Agency (EEA). Instituttet er vald ut til arbeidet for EEA i konkurranse med liknande institutt i andre europeiske land. EEA har som føresetnad at institutta kan finansiere delar av kostnadane som Topic Centre nasjonalt. Tilskotet frå Klima- og miljødepartementet dekkjer delar av kostnadene ved NILU sitt arbeid for EEA. Arbeidet Meteorologisk institutt og NILU utfører for EMEP og EEA utgjer òg viktig grunnlag for utvikling av lovgiving i EU på desse fagområda.

Noregs forskingsråd har fått tilskot til samarbeid med EU om strålevernforsking. Bidraget til EUs strålevernprogram sikrar norske forskarar tilgang på midlar og eit felles europeisk forskingsmiljø med fokus på verknaden av radioaktiv forureining av miljøet og grunnlag for å etablere rammeverk for vern av miljøet. Programmet fører saman nøkkelaktørar innan radioøkologisk forsking i Europa og har stor meirverdi for norske aktørar og den kunnskapsbaserte statsforvaltinga.

Midlane til internasjonale tiltak på miljøgifter og biocid vart i 2017 utbetalt til EUs kjemikaliebyrå ECHA og til dei internasjonale konvensjonane på kjemikaliar.

Klima

Klimaområdet er delt inn i to underområde, nasjonalt og internasjonalt.

Nasjonalt

Midlane er retta mot tiltak som skal medverke til måloppnåing på det nasjonale klimaområdet.

Mål

Posten skal:

  • medverke til nasjonale tiltak slik at Noreg oppfyller sine internasjonale plikter innan klima og nasjonale mål innanfor dette resultatområda.

  • styrkje arbeidet med miljøspørsmål som er viktige for Noreg, og å få gjennomslag for norske miljøpolitiske prioriteringar internasjonalt.

Tildelingskriterium

Tiltaka er prioriterte med utgangspunkt i nasjonale mål og prioriteringar innanfor resultatområde klima.

I 2019 blir det føreslått innanfor det nasjonale klimaområdet å gi tilskot til:

  • Reisestøtte i samband med internasjonale klima- og miljømøte (0,35 mill. kroner)

  • FNs klimapanel (IPCC) 6. hovudsyklus (6 mill. kroner)

  • Nasjonalt senter for berekraftig omstilling (NABO) (0,5 mill. kroner)

  • ForUM for Utvikling og Miljø (0,45 mill. kroner)

  • Skiforeininga – Snow for the future (1,5 mill. kroner)

Oppfølging og kontroll

Det blir motteke rapportar og revidert rekneskap. Kontrollen skjer ved generell formalia- og sannsynskontroll.

Rapport 2017

Ifølgje Innovasjon Noreg (IN) som forvaltar pilotordninga for biogass har det vore lite interesse for å starte opp biogassanlegg i 2017. Det har likevel vore ein auke i talet på løyvingar samanlikna med 2016 fordi det frå 2017 vart opna for støtte til forprosjekt. På grunn av den låge interessa har Innovasjon Noreg etter avtale med departementet sett i gong ei ekstern evaluering av ordninga, som er venta å vera ferdig hausten 2018. Midlar som ikkje er brukt tidlegare år er overført til 2018 og IN har sett i gang ulike tiltak for å få fleire søknadar til programmet.

Det vart gitt tilskot til Nasjonalt senter for berekraftig omstilling (NABO) på 0,5 mill. kroner.

ForUMs verksemd i 2017 var i tråd med deira handlingsplan og omfatta sentrale saksområde for Klima- og miljødepartementet, blant anna deltaking og innspel i tilknyting til klimaforhandlingane og FNs universelle berekraftsmål. ForUMs aktivitet på områda medverka til å setje fokus på saksfelt av sentral betydning for Klima- og miljødepartementet. I 2017 gav Klima- og miljødepartementet 0,45 mill. kroner i driftsstøtte til ForUM

Det vart gitt reisestønad til ulike norske ideelle organisasjonar for deltaking i møte mellom anna i dei internasjonale klimaforhandlingane. Noreg har støtta arbeidet med 6. hovudrapport mellom anna gjennom støtte til norske forskarar som bidrar i arbeidet med rapporten.

Internasjonalt

Midlane er retta mot tiltak som skal medverke til måloppnåing på det internasjonale klimaområdet.

Mål

Posten skal styrkje arbeidet og internasjonale prosessar på klimaområdet som er viktige for Noreg, og få gjennomslag for norske miljøpolitiske prioriteringar internasjonalt.

Tildelingskriterium

Tiltaka er prioriterte med utgangspunkt i nasjonale mål og prioriteringar innanfor klimaområdet der styrkt internasjonalt samarbeid er heilt naudsynt for å møte klimautfordringa og oppnå det langsiktige temperaturmålet.

I 2019 blir det føreslått innanfor det internasjonale klimaområdet å gi tilskot til:

  • Climate and Clean Air Coalition, (CCAC) (6 mill. kroner). Noregs bidrag til Koalisjonen for klima og rein luft sitt Trust Fund under UNEP for arbeidet med å redusere utslepp med klimaeffekt på kort sikt og negative helseeffektar.

  • Internasjonalt klimaarbeid som understøttar utvikling av forpliktande internasjonalt samarbeidet under Parisavtala (8 mill. kroner). (Støtte til konferansar, møte, seminar, tilskot til internasjonale organisasjonar osv.).

Vidare skal midlane nyttast til :

  • Kapasitetsbygging for deltaking og rapportering i Parisavtala (Capacity-Building Initiative for Tranparency Fund (CBIT) (3 mill. kroner.)

  • Klimasekretariatets arbeid med å støtte gjennomføring av Parisavtala og Klimakonvensjonen (10 mill. kroner). Dette blir gitt i fullmakt til UD som saman med midlar over UDs eige budsjett utbetaler samla støtte til sekretariatet for Klimakonvensjonen.

  • FNs klimapanel 3 mill. kroner.

Oppfølging og kontroll

Det blir motteke rapportar og revidert rekneskap. Kontrollen skjer ved generell formalia- og sannsynskontroll.

Rapport 2017

Klima- og miljødepartementet gav i 2017 støtte på 6 mill. kroner til Koalisjonen for klima og rein luft (CCAC) sitt arbeid med å redusere utslepp med klimaeffekt på kort sikt, hovudsakleg metan, hydrofluorkarbonar og svart karbon. Innsatsen er retta mot kunnskapsutvikling og tiltak i sektorar som blant anna avfall, olje- og gass, tungtrafikk og landbruk.

Det vart gitt støtte på til internasjonale prosessar for å styrkje internasjonalt klimasamarbeid. Klima- og miljødepartementet har bl.a. prioritert prosessar som støttar opp om gjennomføring og regelverksutvikling under Parisavtala og har gitt støtte til arbeid under OECD, Cartagena-dialogen for samarbeid mellom progressive land, samarbeid mellom møteleiarane i regelverksutviklinga, workshops for legale spørsmål og marknadsspørsmål, den uformelle forhandlingsdialogen under C2ES, arbeid under Høgambisjonskoalisjonen. Det vart òg gitt støtte/tilskot til ymse konferansar, møte, seminar, i samband med internasjonalt klimaarbeid der Klima- og miljødepartementet har ei sentral rolle.

Det vart utbetalt 3 mill. kroner til CIBIT (Capacity-Building Initiative for Tranparency Fund) til arbeidet med kapasitetsbygging for deltaking og rapportering i Parisavtala.

Post 79 Tilskot til kulturminneforvalting, kan overførast

I 2018 vart posten lagt ned og midlane flytt til post 76.

Rapport 2017

Følgjande tiltak fekk tilskot i 2017: Den internasjonale verdsarv, kapasitets- og kompetansebyggingsaktivitetar i regi av Unescos rådgivande organ IUCN og ICCROM som oppfølging av Noregs internasjonale engasjement under verdsarvkonvensjonen, verdsarvsenter (Vega, Vestnorsk fjordlandskap og Alta) og tilskot til Basisutstilling. I tillegg fekk følgjande tiltak tilskot i 2017: Foreininga Freda, Etter- og vidareutdanning (EVU), Bygg og Bevar, Klimapark 2469, Fortidsminneforeininga og Kulturminnedagen.

Kap. 4400 Klima- og miljødepartementet

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2017

Saldert budsjett 2018

Forslag 2019

02

Ymse inntekter

284

429

441

03

Refusjon frå Utanriksdepartementet

2 075

1 766

1 817

50

Tilbakeføring av tapsfondsmidler frå Statens miljøfond

37 604

Sum kap. 4400

39 963

2 195

2 258

Post 02 Ymse inntekter

Under denne posten fører departementet meir tilfeldige inntekter. Prosjektmidlar frå Nordisk Ministerråd blir òg førte her. Meirinntekter under denne posten gir grunnlag for tilsvarande meirutgifter under kap. 1400 post 01 Driftsutgifter, jf. forslag til vedtak II.

Post 03 Refusjon frå Utanriksdepartementet

Det er budsjettert med 1,8 mill. kroner i refusjon frå Utanriksdepartementet i samband med utgifter til medlemskap i Den internasjonale naturvernunionen (IUCN) som er utgiftsført over kap. 1400 post 71 Internasjonale organisasjonar.

Kap. 1410 Kunnskap om klima og miljø

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2017

Saldert budsjett 2018

Forslag 2019

21

Miljøovervaking

262 134

281 425

277 297

22

Miljøkartlegging

90 579

23

MAREANO, kan overførast

44 386

50

Basisløyvingar til miljøforskingsinstitutta

178 179

186 837

191 294

51

Forskingsprogram m.m.

271 897

275 959

293 105

53

Internasjonalt samarbeid om miljøforsking

6 652

6 737

6 897

54

Artsprosjektet m.m.

40 566

70

Nasjonale oppgåver ved miljøforskingsinstitutta

49 140

54 441

38 007

72

Tilskot til GenØk – Senter for biotryggleik

11 900

5 000

5 145

73

Infrastrukturtiltak til miljøinstitutta

9 433

Sum kap. 1410

829 901

810 399

946 710

Kap. 1410 Kunnskap om klima og miljø omfattar midlar til miljøkartlegging, under dette arbeidet med det økologiske grunnkartet, midlar til miljøovervaking, infrastruktur for miljødata, forskingsprogram, basisløyvingar og andre tilskot til miljøforskingsinstitutta. Kapitlet rettar seg mot alle resultatområda. Kap. 1410 syner ein auke på 136,3 mill. kroner i høve til 2018. Dette skuldast at det er overført midlar frå kap. 1420 som i 2018 blei brukt til overvaking og kartlegging. I tillegg er kap. 1424 MAREANO nedlagt, og MAREANO-prosjektet har fått ein eigen post 23 under kap. 1410. Ein ønskjer på denne måten å samle midlane til å hente inn kunnskap på klima- og miljøområdet under kap. 1410. Dette skal gjere det enklare å ha oversikt over kor mykje midlar som blir brukte til å hente inn kunnskap på klima- og miljøområdet, og vil lette arbeidet med å utvikle eit heilskapleg kunnskapsgrunnlag på tvers av resultatområda.

Som følgje av at det blir overført midlar til kartlegging og overvaking frå andre kapittel og postar, og stor auke i midlane til naturkartlegging dei siste åra, har ein sett det som ein fordel å skilje ut midlane til kartlegging og overvaking i to ulike postar. Dette gjer det lettare å ha oversikt over korleis midlane blir nytta. Tidlegare post 21 Miljøovervaking og miljødata endrar nemning til Miljøovervaking, og det er oppretta ein ny post 22 Miljøkartlegging.

Klima- og miljøpolitikken skal vere kunnskapsbasert. Kunnskapen blir bygd opp gjennom forsking, kartlegging, overvaking, miljøstatistikk og ulike former for rapportering. Kartlegging er definert som å hente inn stadfesta informasjon. Overvaking er definert som langsiktig og jamleg å hente inn informasjon etter ein fastsett metodikk. Overvakingsdata er ofte stadfesta, men ikkje alltid. Grunnleggjande geografisk informasjon som plandata, eigedomsdata og andre geodata er òg ein føresetnad for ein effektiv miljøpolitikk.

Kunnskap om klima og miljø er i aukande grad ein viktig føresetnad for avgjerder som blir fatta på mange samfunnsområde. For å kunne ta omsyn til viktige miljøverdiar er det naudsynt å ha stadfesta informasjon om arter, naturtypar, kulturminne og landskap og andre høve som kan ha innverknad på miljøverdiane.

Vidare treng vi kunnskap om korleis miljøtilstanden utviklar seg. For å kunne seie noko om dette, treng vi overvakingsdata over lang tid, slik at vi får lange tidsseriar. Miljøovervakinga må derfor vere langsiktig, stabil og føreseieleg. Vi treng òg overvaking av forureiningar og andre viktige faktorar som har påverknad på miljøet.

Miljøforskinga medverkar til å avdekkje og avklare nye problemstillingar, men er samstundes eit viktig supplement og korrektiv til miljøovervakinga. Forsking er naudsynt for å sikre best moglege metodar for innsamling av overvakingsdata, og overvakingsdata (inkl. lange tidsseriar) er eit viktig grunnlag for mykje av forskinga. Kompetansen i forskingsmiljøa er sentral når overvakingsresultat skal tolkast.

Miljøforskinga har stor nytte av det kunnskapstilfanget som kjem fram gjennom overvaking. Overvakingsdata gir forskarar høve til å analysere utviklingstrendar i miljøet, då dei same metodane er nytta over lange tidsperiodar. Forsking med utgangspunkt i slike data har derfor stor verdi for miljøforvaltinga.

Samstundes med forslag til statsbudsjett for 2019, legg regjeringa fram Meld. St. 4 (2018–2019) Langtidsplan for forskning og høyere utdanning 2019–2028. Planen er ein revisjon av Meld. St. 7 (2014–2015) Langtidsplan for forskning og høyere utdanning 2015–2024. Langtidsplanen har tiårige mål og prioriteringar, og gir uttrykk for kva regjeringa meiner er særleg viktig å prioritere den kommande fireårsperioden. For nærare omtale, sjå del III, kap. 5, i Prop 1 S for Kunnskapsdepartementet.

Post 21 Miljøovervaking

Midlane under posten dekkjer dei fleste resultatområda.

I tråd med det som er nemnt over, er postnemninga endra frå «Miljøovervaking og miljødata» til berre «Miljøovervaking». Den delen av løyvinga som gjeld kartlegging er flytta til ny post 22 «Miljøkartlegging».

Posten dekkjer utgifter til å hente inn miljødata knytt til overvaking av tilstand, påverknader og effektar av desse på naturmiljøet og kulturminne. Posten inneheld òg midlar til infrastruktur for miljødata, under dette etablering av og drift av ulike databasar. Oversikt over status og utvikling for indikatorar for dei nasjonale klima- og miljømåla, som mellom anna byggjer på data som er skaffa fram med midlar frå denne posten, går fram av Miljøstatus.no.

Naturovervakinga omfattar overvaking av status og utvikling for arter og naturtypar, under dette mellom anna sjøfuglprogrammet SEAPOP (inkludert SEATRACK), bestandsovervaking av rovvilt, og overvaking av tareskog. Overvaking av påverknader og effektar omfattar mellom anna overvaking av forureiningar og farlege kjemikaliar, og effektar av klimaendringar. Nokre midlar går òg til overvaking av kulturminne og kulturmiljø.

Miljøovervaking gir grunnlag for å setje mål for miljøpolitikken, vurdere i kva grad dei nasjonale miljømåla blir oppnådde og kva slag miljø- og helseverknader ein oppnår med verkemiddelbruk og tiltak. I tillegg pliktar Noreg gjennom ei rekkje internasjonale miljøavtaler å dokumentere utviklinga i miljøet og dei faktorane som påverkar miljøtilstanden, og deltek i ei rekkje internasjonale overvakingsprogram. Resultata frå desse programma er det viktigaste grunnlaget for revisjon av eksisterande internasjonale avtaler og etablering av nye. Mange endringar i miljøtilstanden skjer gradvis og over lang tid. For å få den naudsynte informasjonen må overvakingsprogramma derfor gå over fleire år. Dette gjeld særleg der det er naudsynt med god kunnskap som grunnlag for tiltak og politikkutvikling for å nå nasjonale mål.

I høve til 2018 er posten samla sett redusert med 4,1 mill. kroner. Kartleggingsmidlar på 87,5 mill. kroner er flytt til post 22. Vidare er posten redusert med 1 mill. kroner knytt til kulturminne, og i samband med avbyråkratiserings- og effektiviseringsreforma er den redusert med 1,4 mill. kroner.

På den andre sida er mykje nye midlar lagt inn på posten som følgje av ønsket om å samle midlane til overvaking på kap. 1410 post 21. Frå kap. 1420 post 22 er det flytt 51,6 mill. kroner, av dette 48,1 mill. kroner til diverse vassovervakingsprosjekt og 3,5 mill. kroner til bestandsovervaking av vill anadrom laksefisk.

Frå kap. 1410 post 70 er det flytt 18 mill. kroner. Av desse gjeld 13,5 mill. kroner finansiering av nokre av dei lange tidsseriane, og 4,5 mill. kroner klassifisering og bestandsundersøkingar av villaks.

Frå kap. 1400 post 21 er det flytt 4 mill. kroner som følgjer: 1,35 mill. kroner til overvaking av dverggås, 0,25 mill. kroner til overvaking snøugle og 2,4 mill. kroner til nasjonalt overvakingsprogram for fjellrev/avlsprogrammet for fjellrev/fjellrev i Finnmark/Interreg Felles Fjellrev II.

Frå kap. 1420 post 82 er det flytt 3,1 mill. kroner, av dette 0,7 mill. kroner til hubro, 0,4 mill. kroner til elvemusling og 2 mill. kroner til overvaking av innhole eiker og kalklindeskog. Det er i tillegg lagt inn 1,8 mill. kroner til overvaking av effektane av tiltak for truga natur finansiert med tilskot frå kap. 1420 post 82, og ei prisjustering på 5,1 mill. kroner.

Rapport 2017

Midlane på posten gjekk i 2017 til ei rekkje ulike overvakingsprogram, som er langsiktige og som dekkjer ulike miljøtema som naturmangfald, klima, forureining og miljøgifter, og kulturminne. Overvakinga vert koordinert av direktorata, og resultata vert rapporterte til departementet. Lange tidsseriar og data frå miljøovervakinga inngår i nasjonale miljøindikatorar og vert formidla på Miljøstatus.no og direktorata sine nettsider. Resultat frå overvakinga vert òg publiserte gjennom fagrapportar som blir gitt ut av direktorata og dei institutta og forskingsmiljøa som gjennomfører overvakinga. Miljødirektoratet koordinerer overvaking som gjeld natur, klima og forureining. Dette omfattar overvaking av luft, terrestrisk miljø, ferskvatn og kystvatn. Polarinstituttet koordinerer polarovervaking, og Statens Strålevern koordinerer overvaking knytt til radioaktivitet. Riksantikvaren koordinerer overvaking av kulturminne og kulturmiljø. Kvar etat rapporterer òg til departementet på dei miljødata som dei har ansvar for. Overvaking og miljødata blir rapportert årleg til departementet, og elles presentert på Miljøstatus.no.

Relevante overvakingsdata frå naturovervaking inngår i produksjonen av Naturindeks for Noreg, som er ein hovudindikator for det nasjonale målet om at økosystema skal ha god tilstand og levere økosystemtenester. Overvakingsdata vert oppdaterte kvart år, medan ein samla oppdatering av heile naturindeksen skjer kvart femte år. Overvakingsdata frå naturovervakinga er òg grunnlag for indikatorsystemet knytt til fagsystem for fastsetting av økologisk tilstand.

Post 22 Miljøkartlegging

Midlane under posten dekkjer dei fleste resultatområda.

Posten er ny, jf. omtale over, og dekkjer utgifter til å hente inn stadfesta (koordinatbestemt) miljøinformasjon frå kartlegging, det vil si alle typar av eingongsinnhenting av stadfesta informasjon. Arbeid med naturkartlegging og etablering av det økologiske grunnkartet utgjer ein stor del av midlane på posten. Det blir òg nytta midlar frå posten til å bygge opp digital infrastruktur for innsamling og formidling av stadfesta økologiske data og til Artsdatabanken sitt arbeid med å gjere grunnkartet tilgjengeleg for samfunnet. Metoden som nyttast i naturkartlegginga byggjer på inndelings- og beskrivingssystemet Natur i Noreg (NiN). Det økologiske grunnkartet omfattar ei samling av kartdata med stadfesta informasjon om blant anna naturtypar, arter og landskapstypar. Summen av desse kartdata vil saman gi eit økologisk grunnkart for Noreg, og gi grunnlag for ein kunnskapsbasert forvalting av norsk natur.

Data frå miljøkartlegging er, likeeins med data frå miljøovervaking, ein viktig del av grunnlaget for Miljøstatus.no.

Midlane på posten består av 87,5 mill. kroner i kartleggingsmidlar som er flytt frå kap. 1410 post 21. Det er vidare lagt inn ei prisjustering på 3 mill. kroner.

Post 23 MAREANO, kan overførast

Midlane under posten dekkjer dei fleste resultatområda.

Midlane på posten låg tidlegare under kap. 1424, men dette er lagt ned i samband med at alle kartleggings- og overvakingsmidlane er samla under kap. 1410.

Posten dekkjer Klima- og miljødepartementets del av utgiftene til MAREANO-programmet. MAREANO-programmet kartlegg havbotnen i norske havområde, gjennom systematisk innsamling av data om djupn og om havbotnen sin geologi, landskap, naturmangfald og forureining. Føremålet med kartlegginga er å medverke til ein kunnskapsbasert forvalting av dei havbaserte næringane og dei marine økosystema. MAREANO-programmet sett ein ny standard for kunnskap om havbotnen, og har vakt internasjonal merksemd.

Rapport 2017

Posten er ny i 2019. Sjå tekst under kap. 1424 for rapport på bruken av løyvinga til MAREANO i 2017.

Post 50 Basisløyvingar til miljøforskingsinstitutta

Midlane under posten dekkjer dei fleste resultatområda.

Løyvinga er auka med 4,5 mill. kroner samanlikna med saldert budsjett 2018. Det er lagt inn ei prisjustering på 5,4 mill. kroner, men teke ut 0,9 mill. kroner som del av avbyråkratiserings- og effektiviseringsreforma.

Posten dekkjer grunnløyvinga og dei strategiske instituttløyvingane til fordelingsarena for miljøinstitutta, og strategiske instituttløyvingar til Norsk institutt for bioøkonomi (NIBIO) på fordelingsarena for primærnæringsinstitutt.

Frå og med 2018 blei 10 pst. av grunnløyvinga omfordelt etter oppnådde resultat på resultatindikatorar som vitskapleg publisering, samarbeid med universitet og høgskular, internasjonale inntekter, inntekter frå Noregs forskingsråd og nasjonale oppdragsinntekter.

Mål

Fordelingsarenaen for miljøinstitutta inkluderer Norsk institutt for luftforsking (NILU), Norsk Institutt for naturforsking (NINA), Norsk institutt for Kulturminneforsking (NIKU), Norsk institutt for vassforsking (NIVA), Senter for klimaforsking (CICERO), Nansensenteret (NERSC – Nansen Environmental and Remote Sensing Center), Transportøkonomisk institutt (TØI) og Uni Research – klima og miljø, som alle er sentrale institutt innanfor sine område av miljøforskinga. Dei skal fungere som nasjonale kompetansesenter og ha ei kunnskapsstrategisk rolle overfor miljøforvaltinga, og skal innanfor sine område tilfredsstille samfunnet sitt behov for å løyse problem på kort og lang sikt. Uni Research er frå 1. januar 2018 en del av forskingskonsernet NORCE.

Oppfølging og kontroll

Det blir motteke årsrapportar og reviderte rekneskapsoversyn for løyvingane frå Noregs forskingsråd, og kontroll skjer ved generell formalia- og sannsynskontroll. For oppfølging av årsrapporten vil det bli halde møte med Forskingsrådet og det enkelte instituttet for drøftingar av miljøforvaltingas kunnskapsbehov.

Rapport 2017

Midlane på posten vart nytta til å dekkje grunnløyvinga og dei strategiske instituttløyvingane til fordelingsarena for miljøinstitutta, og strategiske instituttløyvingar til Norsk institutt for bioøkonomi (NIBIO) på fordelingsarena for primærnæringsinstitutt.

Post 51 Forskingsprogram m.m.

Midlane under posten er retta mot forskingsprogram innanfor alle resultatområde. Midlane under posten blir kanaliserte gjennom Noregs forskingsråd.

Mål for miljøforskinga er å medverke til å styrkje kunnskapsgrunnlaget for eit effektivt miljøarbeid med stor vekt på relevans og for ei berekraftig ressursforvalting og samfunnsplanlegging. Miljøforskinga skal gi eit godt kunnskapsunderlag for nasjonale forvaltingsoppgåver, for avgjerder i politikkutforming og som grunnlag for internasjonalt miljøsamarbeid.

Hovudvekta er lagt på forsking om klimaendringar og klimaomstilling, under dette forsking på biologiske og samfunnsvise effektar av klimaendringar. Forskingsinnsatsen for å nå mål om omstilling til eit lågutsleppssamfunn, med særleg fokus på ikkje kvotepliktige utsleppssektorar blir ført vidare i 2019. Marin forsking og forsking om naturmangfald og helse- og miljøfarlege kjemikaliar blir òg prioritert. Klima- og miljødepartementet ønskjer å sikre at òg dei mindre fagområda får naudsynt prioritet i både det nasjonale og det internasjonale arbeidet. Det blir framleis arbeidd for å betre integreringa av miljøforsking i alle relevante delar av verksemda til Noregs forskingsråd.

Løyvinga er samla auka med 17,1 mill. kroner. Det er lagt inn 10 mill. kroner til ein større innsats til forsking på marin forsøpling. I tillegg er det lagt inn ei prisjustering på 7,9 mill. kroner. Det er til posten flytt 0,6 mill. kroner frå Kunnskapsdepartementets budsjett etter justering av verksemdskostnadene til Forskingsrådet. Løyvinga er redusert med 1,4 mill. kroner som del av avbyråkratiserings- og effektiviseringsreforma.

Klima- og miljødepartementet bidrar med 0,6 mill. kroner til finansiering av eit havsekretariat i Noregs forskingsråd, sjå nærere omtale kap. 285 post 55 under Kunnskapsdepartementet. Eit slikt havsekretariat finansiert over rådets verksemdsbudsjett skal gi strategiske råd og tilrådingar om forsking og utvikling retta mot berekraftig bruk og forvalting av havet og delta i ulike nasjonale og internasjonale prosessar.

Oppfølging og kontroll

Departementet får årsrapportar frå Noregs forskingsråd som er utarbeidde på bakgrunn av innspel frå programstyra. I tillegg er representantar frå miljøforvaltinga valde inn i programstyra.

Mål for Noregs forskingsråd

Regjeringa har fastsett fem mål for Forskingsrådet. Dei fem måla er:

  • auka vitskapeleg kvalitet

  • auka verdiskaping i næringslivet

  • å møte store samfunnsutfordringar

  • eit vel fungerande forskingssystem

  • god rådgiving

Måla er felles for alle departementa. Kunnskapsdepartementet har utarbeidd eit styringssystem for departementa si styring av Forskingsrådet. Systemet er utarbeidd i samarbeid med dei andre departementa og Forskingsrådet. Klima- og miljødepartementet styrer sine midlar til Forskingsrådet i tråd med dette. Samla resultat av verksemda til Noregs forskingsråd i 2017 er omtalt i budsjettproposisjonen til Kunnskapsdepartementet for 2019.

Frå og med 2018 er alle løyvingar til drift av Forskingsrådet samla på ein post på budsjettet til Kunnskapsdepartementet, sjå nærare omtale under Verksemdkostnader, kap. 285 post 55.

Rapport 2017

I 2017 vart løyvinga nytta til finansiering av forskingsprogramma Miljøforsk, Marinforsk, Klimaforsk, Energix, Bedre helse, Polarforskingsprogrammet og Program for romforsking.

Post 53 Internasjonalt samarbeid om miljøvernforsking

Posten er auka med 0,2 mill. kroner i høve til 2018.

Mål

Tilskotet er kontingent for medlemskap i International Institute for Applied Systems Analysis (IIASA). IIASA er eit internasjonalt forskingsinstitutt som mellom anna medverkar med analysar til arbeidet med internasjonale miljøavtaler. Instituttet medverkar til internasjonale forhandlingar om klima og luftforureiningar med sin kompetanse innanfor scenarioutvikling, integrert vurdering av langsiktig policy for utsleppsreduksjonar på tvers av land og utvikling av strategiar for å redusere effektane av klimaendringar. Bidrag frå instituttet utgjer eit naudsynt grunnlag for dei internasjonale forhandlingane om reduksjon av sur nedbør og andre konsekvensar av luftforureiningar. Instituttet spelar òg ei sentral rolle som rådgivar i EUs arbeid med klima og luftforureiningar.

Oppfølging og kontroll

Kontingenten blir overført Noregs forskingsråd, som tek hand om den norske medlemskapen.

Post 54 Artsprosjektet m.v.

Posten blei lagt ned i 2018, og midlane flytta til nytt kap. 1411 Artsdatabanken.

Rapport 2017

Artsprosjektet har i 2017 medverka til å byggje opp kompetanse gjennom støtte til Forskarskulen i biosystematikk (ForBio). ForBio er eit tverrinstitusjonelt samarbeid mellom dei fire naturhistoriske musea i Noreg, og er finansiert gjennom støtte frå Klima- og miljødepartementet (Artsprosjektet). I 2017 vart det halde 22 kurs.

Artsprosjektet skal gjennom kartlegging av arter medverke til ei langsiktig oppbygging av kunnskap om artsmangfaldet i Noreg. Løyvinga i 2017 var på 20,43 mill. kroner i tilskot til kartlegging av dårleg kjende arter, fordelt på åtte nye prosjekt for perioden 2018–2021.

Nye data frå den omfattande kartlegginga blir gjort tilgjengeleg i relevante databasar og karttenester i Artsdatabanken. Artsprosjektet medverkar òg til oppbygging av ein nasjonal infrastruktur og eit globalt referansebibliotek med DNA-strekkodar for arter frå Noreg. Dette arbeidet skjer i samarbeid med Norwegian Barcode of Life (NorBOL). I løpet av 2017 vart det teke prøver av ca. 20 000 individ, og det fins no DNA-sekvensar frå over 70 000 norske planter, dyr og sopp i BOLD (den internasjonale basen).

Artsprosjektet har i 2017 medverka til å halde den norske Artsnamnebasen oppdatert på taksonomi og namn på nye arter som er funne i Noreg. Artsnamnebasen er eit nettbasert namneregister, og primærkjelda for norske arter sin taksonomi og nomenklatur. I 2017 vart det òg levert om lag 3000 samiske artsnamn til databasen.

Artsprosjektet har gjennom Arter på nett gitt tilgang til informasjon (tekst, bilde, bestemmingsnøklar og filmar) om lag 600 nye artar (taksa) i 2017. Det vart òg i 2017 lyst ut tilskot til å gjere artsdata tilgjengelege i Arter på nett. Fem nye prosjekt fekk støtte frå Artsprosjektet.

Post 70 Nasjonale oppgåver ved miljøforskingsinstitutta

Posten er redusert med 16,4 mill. kroner i høve til 2018. Til post 21 er det flytt 13,5 mill. kroner til finansiering av lange tidsseriar for overvaking og 4,5 mill. kroner til klassifisering og bestandsundersøkingar for villaks. Det er lagt inn ei prisjustering på 1,6 mill. kroner.

Mål

Målet er å syte for at Norsk institutt for luftforsking (NILU), Norsk Institutt for naturforsking (NINA), Norsk institutt for kulturminneforsking (NIKU), Norsk institutt for vassforsking (NIVA), Senter for klimaforsking (Cicero) og Norsk institutt for bioøkonomi (NIBIO) har ressursar til fagleg rådgiving til miljøforvaltinga, til deltaking og fagleg støtte for miljøforvaltinga i nasjonale og internasjonale organ ved behov, til informasjons- og databasetenester overfor forvaltinga, under dette vedlikehald av relevante nasjonale databasar, og driftsstilskot til ulike forskingsstasjonar.

Det ligg òg inne 4,7 mill. kroner i driftsstøtte til Forskingssenter for miljø og samfunn (CIENS) som har ansvar for å drifte Miljøprøvebanken.

Oppfølging og kontroll

Det er ein føresetnad at institutta drøftar prioriteringar og planar for gjennomføring med relevante etatar og Klima- og miljødepartementet. Det blir motteke rapportar og reviderte rekneskapsoversyn for løyvingane, og kontroll skjer ved generell formalia- og sannsynskontroll. Det blir halde årlege møte med kvart enkelt institutt for å drøfte dei nasjonale oppgåvene.

Rapport 2017

I 2017 vart løyvinga mellom anna nytta til deltaking og fagleg støtte for miljøforvaltinga i nasjonale og internasjonale organ, databasetenester, oppretthalde algesamling som nasjonal referansesamling, vidareutvikling av kunnskapsgrunnlaget for forvaltinga av ville laksebestandar, nasjonal beredskap for konservering av kulturhistorisk viktige gjenstandar, driftsstøtte for målestasjonene på Zeppelinfjellet og Trollhaugen i polarområda, referanselaboratorium for målingar av luftforureining og atmosfærisk korrosjon, videreutvikling og drift av Miljøprøvebanken og til vidareføring av viktige lange overvakingstidsseriar.

Post 72 Tilskot til GenØk – Senter for biotryggleik

Posten er prisjustert med 0,1 mill. kroner. Departementet meiner det framleis er behov for uavhengig forsking og rådgiving på feltet biotryggleik. For å vurdere moglegheitene for ytterlegare målretting og ulike måtar å organisere dette viktige arbeidet på gjennomførast ei evaluering av GenØks forskings- og rådgivingsarbeid i 2018.

Mål

Løyvinga skal støtte utviklinga av GenØk – Senter for biotryggleik som eit kompetansesenter på genteknologi. GenØk skal drive forsking, informasjon og rådgiving om helse og miljøkonsekvensar ved bruk av genteknologi og genmodifisering, for å sikre trygg bruk av genteknologi.

Oppfølging og kontroll

Det er ein føresetnad at instituttet drøftar prioriteringar og planar for gjennomføring med Miljødirektoratet og Klima- og miljødepartementet. Det blir motteke rapport og reviderte rekneskapsoversyn for løyvingane, og kontroll skjer ved generell formalia- og sannsynskontroll. Det skal haldast årlege møte med instituttet for å drøfte prioriteringar.

Rapport 2017

I 2017 blei løyvinga nytta til fagleg rådgiving til miljøforvaltinga, mellom anna i form av rapportar til Miljødirektoratet i samband med GMO-høyringar, rådgiving om genmodifiserte vaksinar, og til forskingsprosjekt for å utvikle vidare kunnskapsgrunnlaget for vurdering av helse- og miljøkonsekvensar av genmodifiserte organismar. Dette er prosjekt innan mikro- og molekylærbiologi, immunepidemiologi og økologi, virologi, økotoksikologi og økosystem, og samfunnsvitskaplege aspekt ved moderne bio- og nanoteknologi.

Kap. 1411 Artsdatabanken

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2017

Saldert budsjett 2018

Forslag 2019

01

Driftsutgifter

31 670

32 020

21

Spesielle driftsutgifter, kan overførast, kan nyttast under post 70

6 275

8 883

50

Arter og naturtypar, kan overførast, kan nyttast under postane 21 og 70

16 861

70

Tilskot til arter og naturtypar, kan overførast, kan nyttast under post 21

11 441

28 890

Sum kap. 1411

66 247

69 793

Artsdatabanken er ein nasjonal kunnskapsbank om naturmangfald i Noreg. Artsdatabanken sin viktigaste oppgåve er å gjere oppdatert kunnskap om naturtypar, arter og populasjonar lett tilgjengeleg for samfunnet. Mellom anna lagar Artsdatabanken raudliste for arter, raudliste for naturtypar, dei gjer risikovurderingar for framande arter i Noreg, utviklar type- og beskrivingssystem for natur (Natur i Noreg), og har viktige oppgåver i arbeidet med å etablere det økologiske grunnkartet.

Artsdatabanken er fagleg uavhengig og bruttobudsjettert forvaltingsorgan med eige styre. Det faglege sjølvstendet, og styret sitt ansvar og oppgåver, er nedfelt i Artsdatabanken sitt mandat og instruks.

Post 01 Driftsutgifter

Midlane under posten er retta mot resultatområde naturmangfald.

Løyvinga dekkjer dei ordinære driftsutgiftene for Artsdatabanken. Om lag tre fjerdedelar av løyvinga gjeld løn til tilsette. Resten av løyvinga går til å dekkje husleige, fornying av materiell, inventar og utstyr, blant anna drift og utvikling av IT-anlegget, reiseutgifter, kurs- og konferanseverksemd og tiltak for kompetanseutvikling.

Posten er samla sett redusert med 0,4 mill. kroner i høve til 2018. Det er teke ut 0,2 mill. kroner i samband med avbyråkratiserings- og effektiviseringsreforma og lagt inn om lag same beløp i prisjustering. Til post 21 er det flytta 0,4 mill. kroner.

Post 21 Spesielle driftsutgifter, kan overførast, kan nyttes under post 70

Midlane under posten er retta mot resultatområde naturmangfald.

Posten dekkjer utgifter til mellom anna Artsdatabankens kjøp av tenester til Artsprosjektet, arbeid med raudlister, risikovurderingar av framande organismar, arbeidet med Artsobservasjonar og arbeid med Global Biodiversity Information Facility (GBIF) som gjer data om naturmangfald fritt tilgjengelege på internett.

Posten er auka med 2,6 mill. kroner i høve til 2018. Til ny datainfrastruktur er det lagt inn eit eingongsbeløp på 2 mill. kroner. Frå post 01 er det flytta 0,4 mill. kroner. I samband med at post 50 er lagt ned, er det flytt 0,3 mill. kroner til posten. I samband med at det er oppretta ei inntektsløyving under kap. 4411 post 02 er det til dei motsvarande utgiftene lagt inn 0,4 mill. kroner på posten. Det er rammeoverført 0,5 mill. kroner til Direktoratet for økonomistyring (DFØ) som skal utføre løn- og rekneskapstenester for Artsdatabanken. Det er teke ut 0,1 mill. kroner i samband med avbyråkratiserings- og effektiviseringsreforma og lagt inn 0,1 mill. kroner i prisjustering.

Løyvinga kan overskridast mot tilsvarande meirinntekt under kap. 4411 post 02.

Rapport 2017

Posten var ny i 2018 og det er derfor ingen rapporttekst for 2017. Midlane på posten låg tidlegare under kap. 280 post 51 på Kunnskapsdepartementet sitt budsjett og kap. 1410 post 54 på Klima- og miljødepartementet sitt budsjett. Sjå rapportering under desse.

Post 50 Arter og naturtypar, kan overførast, kan nyttast under postane 21 og 70

Posten er lagt ned som ei oppfølging av omlegginga i budsjettet under Artsdatabanken i samband med revidert nasjonalbudsjett 2018, jf. Prop. 85 S og Innst. 400 S (2017–2018). Posten dekte tilskot til arbeid med å styrkje kunnskapen om artene i Noreg.

Til post 21 er det flytta 0,3 mill. kroner og til post 70 er det flytta 16,6 mill. kroner.

Rapport 2017

Posten var ny i 2018 og det er derfor ingen rapporttekst for 2017. Midlane på posten låg tidlegare under kap. 1410 post 54. Sjå rapportering under denne.

Post 70 Tilskot til arter og naturtypar, kan overførast, kan nyttast under post 21

Midlane under posten er retta mot resultatområde naturmangfald.

Posten dekkjer tilskot til arbeid med å styrkje kunnskapen om artene i Noreg. Midlane på posten låg tidlegare under kap. 1410 post 54 Artsprosjektet mv.

Posten er auka med 17,4 mill. kroner i høve til 2018. I samband med at post 50 er lagt ned, er det flytta 16,6 mill. kroner til posten. Det er lagt inn ei prisjustering på 0,8 mill. kroner.

Mål

Tilskotsordninga skal styrkje kunnskapen om mangfaldet av arter i Noreg til beste for allmenta, forvalting og forsking. Ordninga skal særleg skaffe kunnskap om lite kjente arter og artsgrupper, og byggje opp vitskapeleg kompetanse slik at vi i framtida er betre rusta til å kartleggje artsmangfaldet vårt.

Kriterium for måloppnåing

Det skal leggjast særleg vekt på å dokumentere hittil dårleg kjente arter og artsgrupper, styrkje kompetanseoppbygging og rekruttering innan biosystematikk og å medverke til og dra nytte av tilsvarande prosjekt i Sverige. Ordninga skal òg leggje til rette for god samordning med anna kartlegging av arter i Noreg og fremje DNA-strekkoding av norske arter når dette kan effektivisere arbeidet for å betre kunnskapen om artene, og styrkje formidlinga om arter i Noreg.

Tildelingskriterium

Ordninga er nytta til arbeid med å styrkje kunnskapen om artene i Noreg, og er retta mot universiteta og frittståande forskingsinstitusjonar. Søknader til ordninga går gjennom ei omfattande vurdering før det blir klart kva søknader som får tilskot.

Oppfølging og kontroll

Alle tilskotsmottakarar leverar rapportar som syner den kunnskapsproduksjon som tilskotet har finansiert, samt reviderte rekneskap frå gjennomførte prosjekt.

Rapport 2017

Posten er ny i 2018 og det er derfor ingen rapporttekst for 2017. Midlane på posten låg tidlegare under kap. 1410 post 54. Sjå rapportering under denne.

Kap. 4411 Artsdatabanken

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2017

Saldert budsjett 2018

Forslag 2019

02

Ymse inntekter

417

Sum kap. 4411

417

Post 02 Ymse inntekter

Posten vart oppretta i samband med revidert nasjonalbudsjett 2018, jf. Prop. 85 S og Innst. 400 S (2017–2018). På posten er det ført ymse inntekter, primært inntekter frå eksterne oppdragsgivarar. Dei tilsvarande utgiftene er budsjetterte under kap. 1411 post 21.

Kap. 1411 post 21 kan overskridast mot tilsvarande meirinntekter under denne posten, jf. forslag til vedtak II.

Kap. 1412 Meteorologiformål

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2017

Saldert budsjett 2018

Forslag 2019

50

Meteorologisk institutt

296 766

302 389

313 882

70

Internasjonale samarbeidsprosjekt

142 270

166 297

172 566

Sum kap. 1412

439 036

468 686

486 448

Ansvaret for Meteorologisk institutt vart flytt frå Kunnskapsdepartementet til Klima- og miljødepartementet med verknad frå 1. januar 2018.

Post 50 Meteorologisk institutt

Meteorologisk institutt står for den offentlege meteorologiske tenesta for sivile og militære formål i Noreg. Meteorologisk institutt sitt arbeid med å overvake og varsle ver, er ein kritisk samfunnsfunksjon.

Instituttet lagar vêrvarsel for samfunnet generelt gjennom vêrvarslingssentralane i Tromsø, Bergen og Oslo. I tillegg er observasjonsstasjonar spreidde over heile landet og i Arktis. Meteorologisk institutt er blant dei fremste kunnskapsmiljøa i Noreg på klimaendringar. Instituttet har ei viktig rolle i å førebu Noreg på eit endra klima, blant anna gjennom leiinga av Klimaservicesenteret (KSS). Observasjonane frå nordområda er òg med på å dokumentere klimaendringar. Meteorologisk institutt er dessutan aleine om å ha personell på Bjørnøya og Hopen, og sikrar i så måte norsk nærvær.

Mål for 2018

Meteorologisk institutt overvaker og varslar vêret med høg kvalitet og regularitet og bereknar klimaet i notid og framtid for at styresmaktene, næringslivet, institusjonar og befolkninga kan sikre liv og verdiar og verne miljøet.

Meteorologisk institutt driv forsking og utvikling på alle sine fagområde så instituttet kan yte tenester i verdsklasse.

Budsjettforslag for 2019

Dynamiske geodata, det vil seie vêr- og klimarelaterte data som endrar seg i rom og tid, blir ikkje forvalta på ein einsarta måte. Data blir dessutan sletta på grunn av plassmangel eller fordi dei er mangelfullt dokumenterte. For å møte dagens utfordringar med lagring og forvalting av dynamiske geodata foreslår departementet å løyve 5 mill. kroner til kap. 1412 post 50 Meteorologisk institutt. Tiltaket går over fire år med ei totalramme på 20 mill. kroner. Tiltaket skal først og fremst syte for at dynamiske geodata av god kvalitet blir samordna og tilgjengelege for brukarar, men tiltaket kan òg opne for nye samanstillingar og bruk, både for kommersielle og offentlege aktørar.

I samband med overgang til Direktoratet for Økonomistyring (DFØ) for lønstenester, er det overført 0,7 mill. kroner til DFØ.

Ut over dette foreslår departementet at løyvinga på posten blir ført vidare på same nivå som i 2018.

Rapport for 2017

I 2017 hadde Kunnskapsdepartementet ansvaret for Meteorologisk institutt.

For 2017 auka kvaliteten på varsla for nedbør, temperatur og vind. Modellresultata for hav og kyst er betra ved hjelp av gode inngangsdata frå numerisk vêrvarsling, noko som gir betre varsel. Radarar som måler overflatestraum, gir betre straumvarsel, og betrar dermed beredskapen for oljesøl, søk og redning og drivande gjenstandar. Instituttet varsla om ekstreme vêrforhold fire gonger i 2017: uvêra Vidar, Ylva, Aina og Birk. Farevarsel blir no distribuerte i eit standardisert format.

Samarbeidet mellom Noreg og Sverige om operasjonell numerisk vêrvarsling omfattar òg Finland frå hausten 2017. Samarbeidet effektiviserer produksjonen av varsel, gir betre beredskap og ein monaleg stordriftsfordel innanfor tungrekning.

MET deltek i ei rekkje forskingsprosjekt med Arktis i fokus. Instituttet medverka òg som hovudforfattarar i to store kunnskapsrapportar om historisk og framtidig klima i Arktis. MET sine regionale nedskaleringar var ein del av AACA-rapporten (Adaptation Action for a Changing Arctic) som dekkjer Barentsregionen, og instituttet sin analyse av trendar for permafrost og snøtilhøve var ein del av SWIPA-rapporten (Soil, Water, Ice and Permafrost in the Arctic). MET hadde ni ph.d.-ar under rettleiing i 2017.

Instituttet har ei viktig rolle i arbeidet med tryggleik og beredskap, og deltar jamleg i øvingar med Forsvaret og andre etatar der vêr og klima speler ei rolle. Instituttet testar dessutan utsleppsmodellane sine hyppig og vil kunne varsle farlege utslepp til luft og hav i løpet av 30 minutt, så lenge staden for utsleppa er kjent. På klimasida blei det i 2017 gitt ut klimaprofilar for alle norske fylke i regi av Norsk Klimaservicesenter, til bruk for kommunane og fylka til å tilpasse seg til eit endra klima.

Det er utvikla nye Yr-appar i 2017, og mobilversjonen av Yr er forbetra. Brukartilfredsheita på halo.met.no har auka.

For tolvte året på rad blei MET kåra til den statsetaten i Noreg som har best omdømme blant publikum.

Post 70 Internasjonale samarbeidsprosjekt

Løyvinga på posten går i hovudsak til å innfri dei forpliktingane Noreg har til å betale kontingentutgifter i samband med norsk deltaking i følgjande internasjonale meteorologiorganisasjonar:

  • Den europeiske organisasjonen for utnytting av meteorologiske satellittar (EUMETSAT). Eventuelle overskot av kontingentinnbetalingar til EUMETSAT blir overførte til eit fond, Working Capital FUND (WCF). Fondet er heimla i EUMETSATs statuttar og består av akkumulert budsjettoverskott

  • Det europeiske senteret for mellomlange vêrvarsel (ECMWF)

  • Europeiske samarbeidsprosjekt mellom dei meteorologiske institutta (EUMETNET og ECOMET er dei største samarbeidsnettverka)

  • Den meteorologiske verdsorganisasjonen (WMO)

Mål for 2019

Målet med løyvinga er å medverke til og dra nytte av utvikling og betring av meteorologiske tenester gjennom internasjonalt samarbeid.

Budsjettforslag for 2019

Noreg er medlem i EUMETSAT, ECMWF og WMO gjennom å ha tiltredd internasjonale konvensjonar. Budsjettvedtak i dei styrande organa er dermed forpliktande for Noreg. Det prosentvise bidraget frå eit land til budsjettet er proporsjonalt med bruttonasjonalinntekta i landet. Når det gjeld dei andre internasjonale organisasjonane, er det Meteorologisk institutt som er medlem.

Storleiken på løyvinga på posten er òg avhengig av svingingar i valutakursane og aktivitetsnivået i dei ulike organisasjonane. Mesteparten av utgiftene er knytte til den europeiske organisasjonen for utnytting av meteorologiske satellittar (EUMETSAT). Det nye polarbanesatellittprogrammet (EPS-SG) har ført til ein auke i bidraget frå Noreg til EUMETSAT dei seinare åra.Vidare har valutakursutviklinga i det siste året gitt ein auke i bidraga frå Noreg. Den føreslåtte løyvinga for 2019 er derfor høgare enn løyvinga i 2018.

Klima- og miljødepartementet foreslår ei løyving på 172,6 mill. kroner.

Rapport 2017

I 2017 hadde Kunnskapsdepartementet ansvaret for Meteorologisk institutt. EUMETSAT er den viktigaste samarbeidsorganisasjonen innanfor meteorologi, og i 2017 var bidraget frå Noreg på 122 mill. kroner. EUMETSAT driftar ei rekkje ulike satellittar for meteorologiske data. Særleg polarbanesatellittane er viktige for varslinga av vêret i Noreg. Eit nytt polarbanesatellittprogram (EPS-SG) blei starta i 2015. Første nye satellitt i dette programmet skal ifølgje planen sendast opp i tredje kvartal 2022, og den andre satellitten eit år seinare. Viktig er òg det geostasjonære satellittprogrammet METEOSAT, som nå førebur tredje generasjons satellittar (MTG). Det har vore nokre forseinkingar i programmet, og første nye satellitt i dette programmet skal ifølgje planen skytast opp i 2021.

Satellittprogrammet JASON, som overvaker verdshava, skal førast vidare. For Noreg er dette særskilt viktig for forskinga på og overvakinga av klimaet, i tillegg til at data frå satellittane blir nytta i modellar for varsling av straum, havtemperatur, havis med meir. Data frå dei meteorologiske satellittane har i dei seinare åra ført til ei monaleg kvalitetsforbetring av vêrvarslinga.

Noreg er eitt av 22 medlemsland i det europeiske reknesenteret ECMWF. I tillegg har tolv land status som samarbeidsland, og dermed tilgang til produkt frå ECMWF. ECMWF har dei beste globale tidøgnsvarsla i verda og er leiande på utvikling av numeriske berekningsmodellar for vêrvarsling. ECMWF har òg ei sentral rolle i det europeiske Copernicus-samarbeidet. I 2017 var bidraget frå Noreg på 12,2 mill. kroner.

EUMETNET er eit nettverk mellom dei nasjonale meteorologiske institutta i Europa for å nytte ressursane mest mogleg effektivt. EUMETNET driv felles program innanfor det europeiske meteorologiske observasjonssystemet. For å nå måla sine er Meteorologisk institutt heilt avhengig av europeiske samarbeidsprosjekt mellom dei meteorologiske institutta. I 2017 var bidraget frå Noreg på 1,7 mill. kroner. I 2017 har EUMETNET arbeidd for å få etablert nye samarbeidsavtalar som gjeld frå 2019, og nye program for perioden 2019–23.

EUMETNET, saman med EUMETSAT og ECMWF, speler ei viktig strategisk rolle som overbygning for den meteorologiske infrastrukturen i Europa, og som kontaktpunkt overfor EU når det gjeld meteorologi.

ECOMET syter for at observasjonane og dei numeriske prognosane frå dei nasjonale meteorologiske institutta i Europa er tilgjengelege for private kommersielle aktørar, og for at den kommersielle aktiviteten i dei nasjonale meteorologiske institutta oppfyller konkurranselovgivinga.

WMO syter for global utveksling av meteorologiske observasjonar i nær sanntid mellom dei 190 medlemslanda. Vitskaplege nyvinningar innanfor varsling av vêr blir òg i stor grad gjorde tilgjengelege for alle verdas meteorologiske institutt gjennom WMO. WMO har mellom anna ei satsing spesielt retta mot å utnytte sesongvarsling og klimaprognosar betre i u-land som er sårbare for tørke og flaum (Global Framework for Climate Services). Tilskotet frå Noreg til WMO i 2017 var på 5,3 mill. kroner.

Programkategori 12.20 Klima, naturmangfald og forureining

Hovudinnhald og prioriteringar

Utgiftene under programkategori 12.20 gjeld resultatområde Naturmangfald, Friluftsliv, Forureining og Klima.

Programkategorien omfattar verksemda til Miljødirektoratet, Enova og noko av verksemda til Sjøfartsdirektoratet og Statens strålevern.

Oppfølginga av dei tre nasjonale måla for naturmangfald skjer i hovudsak med utgangspunkt i Meld. St. 14 (2015–2016) Natur for livet – norsk handlingsplan for naturmangfald. Regjeringa vil arbeide for å nå ambisjonane i Aichi-protokollen, og følgje opp naturmangfaldmeldinga i tråd med Stortingets innstilling. Prioriterte tiltak i 2019 er vidareføring av satsinga på å betre kunnskapen om arter og økosystem, og auke arealet av verna skog og marine verneområde, samt vidare utvikling av ein økosystembasert forvalting. Arbeidet med å ta vare på verdiane i verneområda og arbeidet med å fjerne framande, skadelege arter frå norsk natur blir styrkt i 2019. Andre viktige prioriteringar i 2019 er tiltakspakke for dei mest truga naturtypane og ansvarsartene, styrking av rovviltarbeidet, miljøkvalitetsnorm for villrein, utarbeiding av ein plan for å oppfylle kvalitetsnorma for villaks, tiltaksplan mot framande arter og suppleringsvern.

Regjeringa vil leggje til rette for bevaring av Noregs sterke tradisjonar for friluftsliv, med utgangspunkt i allemannsretten til fri ferdsel i utmark. Handlingsplanen for friluftsliv som regjeringa la fram i 2018 vil bli følgt opp i 2019, i nært samarbeid med friluftslivsorganisasjonane. Handlingsplanen konkretiserer og utfyller ei rekkje av tiltaka og føringane i stortingsmeldinga om friluftsliv frå 2016, og inneheld mange nye tiltak og føringar for å styrkje friluftslivsarbeidet. Stortingsmeldinga og handlingsplanen vil saman utgjere grunnlaget for statens arbeid med friluftsliv i åra som kjem.

For å motverke og redusere forureining blir det grunnleggjande og langsiktige arbeidet med forvalting av nasjonalt regelverk, internasjonale avtalar og løyvingar til tiltak vidareført. Regjeringa legg vekt på å arbeide for å redusere spreiing av miljøgifter, og at Noreg følgjer opp internasjonale avtalar om dette. Arbeidet med å redusere marin forsøpling og spreiing av mikroplast nasjonalt og internasjonalt vil framleis ha høg prioritet. Ei rekkje nasjonale tiltak vil bli sett i verk. Internasjonalt vil Noreg halde fram med si leiarrolle for å få på plass sterkare globale forpliktingar. Arbeidet med å forebygge og rydde opp i marin forsøpling blir forsterka. Det foreslås og ei styrking av forskinga på dette området. Arbeidet med å rydde opp i massane på sjøbotnen i hamne- og fjordområde som er sterkt forureina av miljøgifter blir vidareført. I 2019 blir det mellom anna gjeve statleg støtte til å setje i gang opprydding av forureina sjøbotn i Horten. Strålevernet får nye ressursar knytt til kontroll med og avvikling av forsøksreaktorane til Institutt for energiteknikk.

Klima er ei av regjeringa sine hovudprioriteringar. For å redusere utsleppa og omstille Noreg til eit lågutsleppssamfunn i tråd med klimalova forsterkar regjeringa stadig verkemiddelbruken. Av særleg prioriterte tiltak i 2019 er styrkinga av Enova eit sentralt verkemiddel i arbeidet med å fremje innovasjon og utvikling av nye energi- og klimaløysningar. Ei styrking av Enova vil kunne medverke til satsinga på grøn skipsfart og reduserte utslepp frå aktivitetar på land. Grøn skipsfart er ein viktig del av arbeidet med grøn omstilling i transportsektoren, og eit satsingsområde i regjeringas klimapolitikk.

Resultatområde

Tabell 7.2 Resultatområde under programkategori 12.20

Resultatområde

Nasjonale mål

Naturmangfald

  • Økosystema skal ha god tilstand og levere økosystemtenester.

  • Ingen arter og naturtypar skal utryddast, og utviklinga til truga og nær truga arter og naturtypar skal betrast.

  • Eit representativt utval av norsk natur skal takast vare på for kommande generasjonar.

Friluftsliv

  • Friluftslivets posisjon skal sikrast og vidareutviklast gjennom å ta vare på allemannsretten, bevaring og tilrettelegging av viktige friluftslivsområde og stimulering til auka friluftslivsaktivitet for alle.

  • Naturen skal i større grad brukast som læringsarena og aktivitetsområde for barn og unge.

Forureining

  • Forureining skal ikkje skade helse og miljø.

  • Utslepp av helse- og miljøfarlege stoff skal stansast.

  • Veksten i mengda avfall skal vere vesentleg lågare enn den økonomiske veksten, og ressursane i avfallet utnyttast best mogleg gjennom materialgjenvinning og energiutnytting.

  • Å sikre trygg luft. Basert på dagens kunnskapsstatus blir følgjande nivå sett på som trygg luft:

    • Årsmiddel PM10: 20 µg/m3

    • Årsmiddel PM2,5: 8 µg/m3

    • Årsmiddel NO2: 40 µg/m3

  • Støyplager skal reduserast med 10 pst. innan 2020 i forhold til 1999. Talet på personar som er utsette for over 38 dB innandørs støynivå skal reduserast med 30 pst. innan 2020 i forhold til 2005.

Klima

  • Noreg skal fram til 2020 kutte i dei globale utsleppa av klimagassar tilsvarande 30 pst. av Noregs utslepp i 1990.

  • Noreg har på vilkår teke på seg ei forplikting om minst 40 pst. utsleppsreduksjon i 2030 samanlikna med 1990.

  • Noreg skal vere klimanøytralt i 2030.

  • Noreg har lovfesta eit mål om å bli eit lågutsleppssamfunn i 2050.

  • Reduserte utslepp av klimagassar frå avskoging og skogdegradering i -utviklingsland, i samsvar med berekraftig utvikling.

  • Politisk mål om at samfunnet skal førebuast på og tilpassast til klimaendringane.

Politikk for å nå dei nasjonale måla for naturmangfald

Kunnskap om natur

God og oppdatert kunnskap om natur er avgjerande for å nå dei nasjonale måla for naturmangfald, og sikre god planlegging og heilskapelege løysingar. Regjeringa vil i 2019 fortsetje kunnskapsløftet for norsk natur, og føre arbeidet med det økologiske grunnkartet vidare. Det vil bli lagt vekt på å få til god samordning av data, slik at sektorane og miljøforvaltinga sine data blir gjort lett tilgjengelege for avgjerdstakarar og allmenta.

I 2019 vil Miljødirektoratet vidareføre si kartlegging av dei naturtypane som er prioriterte for kartlegging, både innanfor og utanfor verneområda. Ein planlegg òg å gjere Miljødirektoratets kartleggingsmetode tilgjengeleg for andre sektorar, slik at dei kan nytte denne i kartlegging i samband med mellom anna konsekvensutgreiingar.

Det er eit nasjonalt mål at økosystema skal ha god tilstand og levere økosystemtenester. For å få til dette må vi ha naturvitskapeleg kunnskap om kva som er å anse som god økologisk tilstand i naturen. I 2019 vil regjeringa helde fram arbeidet med å prøve ut og vidareutvikle fagsystemet for klassifisering av tilstanden i økosystema. Arbeidet tek utgangspunkt i tilrådingane som Klima- og miljødepartementet fekk frå Ekspertrådet for økologisk tilstand i 2017. Regjeringa vil greie ut korleis forvaltingsmål for ulike delar av naturen skal fastsetjast, og korleis forvaltinga kan rettast inn for å nå desse måla. I arbeidet med forvaltingsmål vil omsynet til naturverdiar på vanleg måte bli vurdert opp mot andre viktige samfunnsinteresser slik at det kan fastsetjast mål som samla sett er dei beste for samfunnet. Som del av dette arbeidet vil regjeringa vurdere om, og eventuelt korleis, forvaltingsmåla bør fastsetjast som kvalitetsnormer etter naturmangfaldlova §13 og i tråd med Stortinget sitt vedtak nr. 670 av 23. mai 2016. Regjeringa tek sikte på at måla blir fastsette i 2021/2022, etter ei første klassifisering av økosystema,

Heilskapleg vassforvalting

Regjeringa vil styrkje norsk vassforvalting og følgje opp vassforskrifta. Dei heilskaplege forvaltingsplanane for perioden 2016–2021 er eit viktig verktøy for å nå måla om godt vassmiljø i ferskvatn, kystvatn og grunnvatn. Gjennomføring av miljøforbetrande og beskyttande tiltak skal føre til at Noreg når måla på vassforvaltingsområdet i løpet av 2021. Planane og miljømåla skal leggjast til grunn for sektorane si gjennomføring av tiltak innafor eige ansvarsområde. Tiltaka i planane krev at sektorane, fylkesmenn, vassregionmynde og vassområda medverkar i arbeidet slik at miljømåla kan bli nådd.

Førebuing av arbeidet med vassforvaltingsplanar for 2022–2027 startar opp i 2019 med høyring av vesentlege utfordringar for vassmiljøet, og ei vurdering av behov for endringar i planane. Ein føresetnad for gode resultat, både i oppfølging av vassforvaltingsplanane for perioden 2016–2021 og utarbeiding av nye planar for perioden 2022–2027, er betring av kunnskapen om tilstanden i vassførekomstane. Sektorane må ta ansvar for å styrkje kunnskapen om vassførekomstane, mellom anna gjennom bruk av påleggsheimlar. Regjeringa vil halde fram med å utvide overvakingsnettet for elvar, innsjøar og grunnvatn, og overvakinga av kystvatn vil bli utvida.

I 2019 vil miljøforvaltinga i større grad nytte pålegg innafor ramma av standardvilkåret for naturforvalting i tidlegare gitte vasskraftkonsesjonar. Dette vil gjelde både pålegg om nye undersøkingar for å avdekkje miljøproblem som følgjer av dei tidlegare vasskraftutbyggingane, og konkrete miljøforbetrande tiltak for å redusere miljøkonsekvensane frå desse utbyggingane. Dette er ei oppfølging av regjeringas politikk for miljøforbetring i utbygde vassdrag, jf. Meld. St. 14 (2015–2016) Natur for livet, og vil vere eit naudsynt verkemiddel for å nå mange av miljømåla i dei godkjente vassforvaltingsplanane.

Heilskapleg forvalting av havområda

Å ta vare på eit godt havmiljø er i kjernen av regjeringa sitt arbeid med og satsing på hav, nasjonalt og internasjonalt. Verdiskaping basert på bruk av marine ressursar er avhengig av god miljøtilstand og eit rikt naturmangfald i havet. Nasjonalt er dei heilskaplege forvaltingsplanane regjeringas verktøy for å samordne berekraftig bruk og bevaring av dei marine økosystema i dei norske havområda. Formålet med forvaltingsplanane er å leggje til rette for verdiskaping gjennom berekraftig bruk av ressursar og økosystem i havområda, og samtidig halde ved lag struktur, verkemåte, produktivitet og naturmangfald i økosystema.

Som oppfølging av Stortingets oppmodingsvedtak nr. 672 av 23. mai 2016 og som stadfesta i Meld. St. 35 (2016–2017) Oppdatering av forvaltningsplanen for Norskehavet, vil regjeringa revidere dei heilskaplege og økosystembaserte forvaltingsplanane for havområda våre minimum kvart tolvte år, og oppdatere dei kvart fjerde år.

Regjeringa vil i 2020 leggje fram ei melding til Stortinget om revidering av forvaltingsplanen for Barentshavet–Lofoten. Samtidig vil òg forvaltingsplanane for Norskehavet og for Nordsjøen – Skagerrak bli oppdatert. Fagleg forum utarbeider eit samla fagleg grunnlag som skal vere ferdig våren 2019.

Internasjonalt arbeider Klima- og miljødepartementet tett med Utanriksdepartementet og andre aktuelle departement med statsministeren sitt internasjonale høgnivåpanel for berekraftig havøkonomi (High level panel for building a sustainable ocean economy), det norske vertskapet til Our Ocean-konferansen i 2019 og i FN-forhandlingane om ei ny avtale om naturmangfald i område utanfor nasjonal jurisdiksjon.

Klimaendringar og havforsuring er av dei største utfordringane vi står overfor i forvaltinga av havmiljøet i tida framover. For å skaffe naudsynt kunnskap om effektane av forsuring på enkeltarter, i næringskjeda og på økosystema, vil den langsiktige overvakinga bli halden ved lag og vidareutvikla.

Kartleggingsprogrammet for havbotn, MAREANO, og overvakingsprogrammet for sjøfugl, SEAPOP, har gitt monaleg ny kunnskap om marin natur, og begge programma vil bli førte vidare i 2019. SEATRACK er ein modul i SEAPOP som på kort tid gir svært mykje ny kunnskap som har mykje å seie for forvaltinga av sjøfugl. SEATRACK blir ført vidare i 2019. Mange sjøfuglbestandar har vist ein dramatisk nedgang. Regjeringa skal utarbeide ein handlingsplan for å betre situasjonen for sjøfuglar. I planen vil ulike verkemiddel og tiltak bli vurderte, inkludert ei vurdering av om einskilde sjøfuglarter bør få status som prioritert art.

Regjeringa vil halde fram med oppbygging av kunnskap om økosystema i havet. Det er kunnskapsbehov mellom anna knytt til endringar slik som nedgang i sjøfuglbestandar og sukkertareskog, korleis klimaendringar og havforsuring påverkar økosystema, om samanhengar i dei marine økosystema, og om tilførsler og spreiing av miljøgifter. Det er òg behov for forsking knytt til forvaltingstiltak for å styrkje naturlege bestandar og auke potensialet for hausting, slik som marine verneområde og bevaringsområde for hummar og kysttorsk.

Heilskapleg plan for Oslofjorden

Stortinget har i oppmodingsvedtak nr. 575 (2017–2018) bedt regjeringa leggje fram heilskapleg plan for Oslofjorden – «med mål om at fjorden skal oppnå god miljøtilstand, restaurere viktige naturverdier, fremme et aktivt friluftsliv og ivareta det biologiske mangfoldet i fjorden». Klima- og miljødepartementet har starta oppfølging av vedtaket, og arbeidet vil halde fram i 2019.

Tiltak mot framande organismar

Regjeringa vil halde fram med arbeidet for å stanse planting av og spreiinga av skadelege framande arter, og fjerne slike arter frå norsk natur. I 2019 vil arbeidet bli retta meir mot konkrete tiltak for å fjerne framande skadelege arter, og budsjettet er difor auka med 10 mill. kroner. Eit utkast til tiltaksplan mot framande skadelege organismar skal etter planen ferdigstillast i løpet av 2018. Den tverrsektorielle nasjonale strategien frå 2007 skal vidareførast, og ligg til grunn for tiltaksplanen. Tiltaksplanen vil gjelde fram til 2024, og omfattar prioriteringar og tiltak for å målrette og samordne innsatsen mot framande skadelege organismar betre. Det vil i 2019 bli sett inn konkrete tiltak for å ta ut fleire framande skadelege arter i verneområde og andre prioriterte område.

God kunnskap om framande arter og deira økologiske risiko er avgjerande for å nå dei nasjonale måla om naturmangfald. Artsdatabanken oppdaterte i 2018 risikovurderingar for framande arter med om lag 400 nye arter, sjå Framandartlista. Vitskapskomiteen for mat og miljø (VKM) vil frå 2019 få faste oppdrag om å utarbeide miljørisikovurdering innanfor fagområda framande organismar, handel med truga arter (CITES) og mikroorganismar. Oppdraga til VKM vil skje etter bestilling frå Miljødirektoratet, eventuelt i samarbeid med Mattilsynet, og vil kunne omfatte risikohandtering med forslag til tiltak.

Det vil i 2019 bli gjennomført endringar i regelverket om framande arter, på bakgrunn av erfaringar med det nye regelverket og nye risikovurderingar av arter.

Bruk av utanlandske treslag til skogbruksformål er regulert i eiga forskrift. Regjeringa har sett i gang ei utgreiing av om det skal fastsetjast forbod mot bruk av utanlandske treslag med betydeleg risiko for norsk natur.

Tiltak mot skrantesjuke

Som eit tiltak i kampen mot sjukdomen skrantesjuke hos villrein og anna hjortevilt, vart arbeidet med å ta ut villreinstamma i Nordfjella, sone 1, sluttført innan fristen 1. mai 2018. Klima- og miljødepartementet, Landbruks- og matdepartementet, Mattilsynet og Miljødirektoratet vil saman med aktuelle kommunar utarbeide ein plan for korleis ein kan førebu for etablering av ei ny villreinstamme i Nordfjella villreinområde og om forvaltinga av areal i Nordfjella og tilhøyrande randsoner i bandleggingsperioden. Arbeidet med å kartleggje og registrere omfanget av skrantesjuke hos villrein og anna hjortevilt vil halde fram i 2019. Det same gjeld arbeidet med å redusere bestanden av hjort, rådyr og elg i dei kringliggjande kommunane til Nordfjella villreinområde. Tilskotsordninga til kommunane skal halde fram i 2019.

Reguleringa av genmodifiserte organismar (GMO)

Regjeringa vil vidareføre ein restriktiv politikk på GMO-området i 2019, i tråd med Stortingets ønskje. Genteknologilova regulerer genmodifiserte organismar, og lova krev at styresmaktene vurderer dei opp mot helse- og miljøeffektar, berekraft, samfunnsnytte og etikk. Samstundes opnar ny teknologi for stadig nye moglegheiter og nokre modifiserte organismar kan vere i ein gråsone med omsyn til regulering.

Tiltak for å ta vare på truga arter og naturtypar

Regjeringa vil arbeide for å ta vare på truga arter og naturtypar og auke talet på prioriterte arter og utvalte naturtypar. Naturmangfaldmeldinga trekkjer opp prinsipp for verkemiddelbruken for truga natur. Målet er at ingen arter og naturtypar blir utrydda, og at utviklinga for truga og nær truga arter og naturtypar skal bli betre. Miljødirektoratet er, i samarbeid med relevante sektormyndigheiter, i gang med å utarbeide eit samla forslag til kva for verkemiddel som bør brukast for å ta vare på dei sterkt og kritisk truga ansvarsartane og dei truga naturtypane. Dette vil danne grunnlaget for at regjeringa kan velje verkemiddel som er mest mogleg effektive for å nå dette målet. Dette arbeidet vil halde fram i 2019.

Departementet viser til Stortingets vedtak nr. 674, 23. mai 2016:

«Stortinget ber regjeringen utarbeide en handlingsplan for å bedre situasjonen for sjøfugler. I handlingsplanen må det gjøres en vurdering av hvilke øvrige sjøfugler som bør få status som prioritert art.»

Klima- og miljødepartementet har gitt Miljødirektoratet i oppdrag å utarbeide ein handlingsplan for sjøfugl, der ulike verkemiddel og tiltak skal vurderast, inkludert bruken av status som prioritert art. Arbeidet med handlingsplanen vart starta opp i 2018, og skal etter planen ferdigstillast i løpet av 2019.

Rovviltforvalting

Regjeringa vil føre ei forvalting i samsvar med Bernkonvensjonen, naturmangfaldlova, rovviltforlika frå 2004 og 2011 og føringane frå Stortinget.

Regjeringa vil ytterlegare effektivisere skadefelling av rovvilt og finne langsiktige løysingar for vidare reduksjon i tap av beitedyr til rovdyr. Midlane til rovviltforvaltinga er derfor styrkt med over 15 mill. kroner i 2019 til Statens Naturoppsyn (SNO) og midlar til førebyggjande tiltak. Regjeringa vil arbeide for å gjennomføre den todelte målsetjinga i rovviltforvaltinga: Regjeringa vil sikre levedyktige bestandar av dei fem store rovviltartene jerv, ulv, bjørn, gaupe og kongeørn. Samstundes skal konfliktar og tap av beitedyr bli halde på eit lågast mogleg nivå. Regjeringa meiner at det er behov for å føre ei kunnskapsbasert forvalting av rovvilt samstundes som det òg er behov for meir kunnskap for å kunne føre ei forsvarleg og presis forvalting av små bestandar.

Det skal givast realistiske lisensfellingskvotar. Alle forvaltingstyresmakter i rovviltforvaltinga skal ha høg beredskap og tett oppfølging med beitenæringa og aktuelle kommunar slik at vi så langt det er mogleg sikrar at uttak av rovvilt med skadepotensial blir gjennomført i prioriterte beiteområde.

Samspelet med dei lokale fellingslaga skal vidareførast og styrkjast for å sikre god lokal forankring av fellinga, og det skal vurderast å opne for nye og meir effektive metodar for uttak. Det er viktig at fellingsmetodane er humane. Regjeringa vil òg sjå på moglegheitene for å etablere ei uavhengig rovviltklagenemnd som behandlar klagar på vedtak om kvotar for jakt og felling av rovvilt.

Rovviltforvaltinga skal ha høg beredskap og tett oppfølging med beitenæringa og aktuelle kommunar, slik at vi så langt det er mogleg sikrar at uttak av rovvilt med skadepotensial blir gjennomført i prioriterte beiteområde.

Regjeringa vil halde fram med aktiv dialog med rovviltnemndene. Nemndene skal følgje opp regjeringa si føring om ei tydelegare soneinndeling mellom prioriterte beiteområde og prioriterte rovviltområde i sine regionale forvaltingsplanar, jf. prinsippet om den todelte målsetjinga.

Regjeringa vil følgje opp erfaringar med bruk av laus, på drevet halsande hund ved felling av ulv.

Regjeringa vil følgje opp Stortingets vedtak om ein fagleg gjennomgang av den norske delbestanden av ulv, og gjennomføre ei ny uavhengig utgreiing av det genetiske opphavet til ulvestamma i Noreg.

Regjeringa vil òg vurdere om det skal gjerast endringar i den regionale forvaltingsmodellen og ei omfordeling av dei regionale bestandsmåla.

Forvalting av vill laksefisk

Regjeringa vil ha ein tiltaksplan for å oppfylle kvalitetsnorma for villaks, og arbeidet med ein tiltaksplan for vill laksefisk vil halde fram i 2019. Arbeidet byggjer på klassifisering av laksestammer etter kvalitetsnorma for villaks. Tiltak innanfor alle sektorar som påverkar stammene vil bli vurdert.

Tiltaka mot lakseparasitten Gyrodactylus salaris vil bli ført vidare i tråd med faglege tilrådingar. Fiskesperra i Driva skal driftast i tråd med føresetnadene, og reetablering av fiskestammene i regionane Rauma, Vefsn, Rana og Skibotn vil halde fram. Nedkjemping av parasitten i Drammensregionen vil bli nærmare utgreidd.

Arbeidet med å etablere ein genbank for lakse- og sjøaurestammene frå Hardanger er godt i gang. Arbeidet med å gjennomføre avtala med Finland om fisket i Tanavassdraget vil halde fram. Mellom anna gjeld dette oppfølging av forvaltingsplan, styrkt fiskeoppsyn, overvaking av laksestammane og årlege vurderingar av fiskereglane. Det vil bli lagt vekt på å sikre lokal medverknad i prosessane.

Samarbeidet med Russland om forvalting av laksestammane i Finnmark og i Murmanskregionen vil byggje på samarbeidsavtala som blei etablert i 2015.

Kalking av vassdrag som er ramma av forsuring vil halde fram. Det vil bli utarbeidd ein strategi for bevaring og utvikling av bestandane av storaure i Noreg.

I 2019 vil Den nord-atlantiske laksevernorganisasjonen (NASCO) og den tilsvarande organisasjonen for laks i det nordlege Stillehavet (NPAFC) samarbeide om eit internasjonalt år for villaks. Temaet for året er «Salmon and People in a Changing World». Det internasjonale lakseåret 2019 har som mål å auke merksemda om laks, kva som påverkar laksebestander og betydninga av laksen som ein ressurs for mange lokalsamfunn. Det vil bli gjennomført tiltak i regi av organisasjonar og offentleg forvalting. Noreg skal òg vere vertsnasjon for NASCO-møtet og eit internasjonalt symposium som vil finne stad i Tromsø i juni 2019.

Evalueringa av ordninga med nasjonale laksevassdrag og laksefjordar vert omtalt i eige avsnitt.

Skogvern

Regjeringa arbeider for å ta vare på truga arter og naturtypar, og sikre eit representativt utval av norsk natur. Skogvern er her prioritert, både fordi eit stort tal truga arter og naturtypar lever i skog, og fordi eksisterande skogvernområde ikkje dekkjer eit representativt utval av norsk skognatur. Regjeringa vil verne 10 pst. av skogen gjennom frivillig vern av privateigd skog og vern av offentleg eigde skogareal, jf. Stortingets behandling av Meld. St. 14 (2015–2016) Natur for livet. Målet vil vere langsiktig.

Takten i skogvernet har auka betydeleg dei siste åra. Løyvingane til skogvern var frå 2002 til 2012 på mellom 100 og 200 mill. kroner årleg, men er frå 2013 gradvis auka og har sidan 2017 vore på godt over 400 mill. kroner årleg. Pr. oktober 2018 er vel 4,6 pst. av det totale skogarealet, og nær 3,4 pst. av det produktive skogarealet verna. I 2019 er det planlagt vern av ei rekkje skogområde, både ved vern av offentleg eigd skog og ved frivillig vern av privateigd skog. Miljødirektoratet har fått i oppdrag å følgje opp Stortingets oppmodingsvedtak om å gjere ein gjennomgang av Statskog SFs ordinære skogeigedommar med sikte på vern av aktuelle areal. Betydelige areal eigd av Statskog SF kan fremjast for vern i 2019. Miljødirektoratet vil følgje opp Statskog sitt sal av eigedommar ved å bruke forkjøpsretten på areal som er viktige for vern eller makeskifte.

Framdrifta i skogvernet på statsgrunn som involverer allmenningsstyre og fjellstyre har ikkje vore slik ein har lagt til grunn i proposisjonar til Stortinget. Erfaringane viser at frivillig vern på statsallmenning i liten grad har ført fram, og Miljødirektoratet viser til at det i perioden 2008–2014 ikkje er motteke nye tilbod om frivillig skogvern frå fjellstyre eller frå allmenningar som er oppretta etter lov om skogsdrift m.v. i statsallmenningane. Tiltak for å betre framdrifta i arbeidet, slik at viktige område kan vernast, vil bli vurdert.

Arbeidet med frivillig vern av privateigd skog er ein suksess, som òg i 2019 er venta å føre til vern av viktig skogareal. Det vart i juni 2017 lagt fram ei evaluering av skogvernet, som mellom anna viser dei viktigaste skogtypane som manglar i skogvernet nasjonalt og på fylkesnivå. For å sikre eit kostnadseffektivt skogvern med høg fagleg kvalitet vil kartlegginga bli intensivert, jf. omtale i Meld. St. 14 (2015–2016) Natur for livet, med sikte på å finne ut kor dei viktigaste skogareala for naturmangfald er. Miljødirektoratet vil i tillegg vidareføre arbeidet med systematisk kartlegging av prioriterte skogtypar. For 2019 vil dette i hovudsak omfatte kartlegging av kalkskog, og start av kartlegging av fuktskogar.

Supplerande verneplanar

Regjeringa vil sikre eit representativt utval av norsk natur. Eksisterande verneområde er ikkje fullt ut representative. Det er derfor naudsynt å verne meir, særleg i skog og i marine område. For desse naturtypane går det eigne prosessar. Det er òg nokre manglar i andre naturtypar. Desse manglane skal dekkjast gjennom supplerande områdevern. Arbeidet med dei supplerande verneplanane som er ei oppfølging av Meld. St. (2015–2016), er starta opp. Arbeidet vil bli organisert fylkesvis. Desse verneplanane vil kunne innehalde framlegg om nytt vern innafor alle vernekategoriar; både naturreservat, biotopvern, landskapsvernområde og nasjonalparkar. Eventuelle framlegg om nye store verneområde, t.d. nasjonalparkar kan strekkje seg over fleire fylke. Ein legg til grunn at dei aktuelle fylkesmennene samarbeider om slike framlegg. Dersom mange område viser seg å vere aktuelle som nasjonalparkar vil ein vurdere å gjennomføre vernet gjennom ein eigen nasjonalparkplan.

Ta vare på verdiane i verneområda

Regjeringa vil sikre at dei eksisterande verneområda blir forvalta på ein god måte. Regjeringa vil derfor leggje fram ein handlingsplan for styrkt forvalting av verneområda. Handlingsplanen vil bli lagt fram i 2018, og vil danne grunnlag for ei styrkt forvalting av verneområda i 2019. Regjeringa vil auke løyvinga til skjøtsel, kanalisering og tilrettelegging i verneområda. Regjeringa vil samstundes auke talet på verneområdeforvaltarar for nasjonalparkar og andre store verneområde for å betre forvaltinga av desse. Det skal tilsettast ein forvaltar i den nyoppretta Lofotodden nasjonalpark. Grunna særleg stort arbeidspress skal det i tillegg tilsettast ein ekstra forvaltar knytt til nasjonalpark-/verneområdestyra i følgjande område: Trollheimen landskapsvernområde, Jostedalsbreen nasjonalpark, landskapsvernområda Nordkvaløya Rebbenesøy og Lyngsalpan, Nærøyfjorden landskapsvernområde og landskapsvernområda Skardsfjella-Hyllingsdalen og Sylan.

God forvalting av dei verna områda er ein føresetnad for å nå dei nasjonale måla. God forvalting vil òg sikre områda si betyding for framtidige opplevingar og for verdiskaping i utmarkskommunane no og i framtida. Forvaltinga skal vere kunnskapsbasert, og ha god lokal forankring.

Forvaltinga av om lag 80 pst. av det verna arealet i Noreg er lokalt forankra. Der det er naudsynt skal verneområde ha skjøtsels- og forvaltingsplanar som gir konkrete forvaltings- eller bevaringsmål for området og retningslinjer om bruk, informasjon, skjøtsel og eventuell tilrettelegging. I dei store verneområda, spesielt i nasjonalparkane, skal forvaltingsplanane også integrere moglegheita for naturbasert verdiskaping i form av reiseliv og turisme. Besøksstrategiar skal integrerast i dei forvaltingsplanane der det er aktuelt. Merkevarestrategien som er utarbeidd for nasjonalparkane og som no blir implementert, er eit viktig ledd i utvikling av naturbasert reiseliv knytt til nasjonalparkane.

Dei fleste eldre Ramsarområda har no ein ferdig forvaltingsplan, eller ein slik plan er under arbeid. Arbeidet med å utarbeide forvaltingsplanar for Ramsarområda som vart melde inn til Ramsarkonvensjonen i perioden 2011–2013, vil halde fram.

God forvaltingsplanlegging gjennom utarbeiding av skjøtsels- og forvaltingsplanar medverkar til at arbeidet med tiltak i verneområde blir målretta og kostnadseffektivt. For å effektivisere forvaltingsplanlegginga er verktøyet «Forvaltningsplaner på nett for verneområder» lansert. Dette systemet hentar data også frå andre fagsystem og datakjelder, som Naturbase, Lovdata og NatStat. Tilstanden i verneområda skal vere slik at verneformålet blir halde ved lag eller betra. Miljødirektoratet har derfor utvikla systemet NatStat for å overvake og rapportere tilstand til nærare bestemte naturkvaliteter i verneområda. Dette gir eit godt grunnlag for effektiv og føremålstenleg forvalting av verneområda.

I samanheng med behandlinga av Meld. St. 18 (2015–2016) Friluftsliv – Natur som kilde til helse og livskvalitet ba Stortinget regjeringa om å leggje fram ein handlingsplan for auka skjøtsel, kanalisering og tilrettelegging for å ta vare på naturverdiane og fremje friluftslivet i nasjonalparkar og andre store verneområde. Handlingsplanen vil bli lagt fram av regjeringa i løpet av 2018.

Marine verneområde

Marint vern skal medverke til at eit utval av representative, særeigne, sårbare eller truga marine undersjøiske naturtypar og naturverdiar blir tekne vare på for framtida. I arbeidet med marine verneområde går det føre seg verneprosessar i ulike stadium for 21 av dei 36 områda som blei foreslått som marine verneområde i 2004. Av dei 36 områda er dei to områda Iverryggen og Røstrevet ikkje aktuelle for vern etter naturmangfaldlova fordi dei ligg utanfor territorialgrensa. I 2019 vil det bli arbeidd vidare med etablering av nye marine verneområde. Det er lagt vekt på gode verneprosessar lokalt. Regjeringa arbeider med å følgje opp Stortingets vedtak om at det seinast i 2020 skal fremjast ei eiga sak om ein heilskapleg nasjonal plan for marine verneområde.

Kulturlandskap

Regjeringa vil auke talet på utvalte kulturlandskap. Klima- og miljødepartementets budsjett til formålet blei i 2018 auka til 21,8 mill. kroner. Dette blir ført vidare i 2019. I tillegg kjem 11 mill. kroner over jordbruksavtala, som er ein auke på 3 mill. kroner i høve til 2018. Talet på område vil bli auka frå 22 område i 2016 til ca. 46 område innan 2020. Dette skal sikre ivaretaking av natur- og kulturverdiar gjennom aktiv jordbruksdrift og målretta tiltak i kulturlandskapet, og istandsetting og restaurering av bygningar og andre kulturminne. Verdiskaping i dei utvalte områda er eit sentralt ledd i arbeidet.

Tilskot til tiltak for ville pollinerande insekt følgjer opp regjeringas pollinatorstrategi som blei lansert i juni 2018. Miljødirektoratet vil følgje opp strategiarbeidet med ein tverrsektoriell tiltaksplan og eit pollinatorforum. Tiltak i utvalde naturtypar som slåtteeng, kystlynghei og innhole eiker og auka satsing i dei utvalte kulturlandskapa medverkar til betre leveområde for villbier og andre pollinerande insekt.

Internasjonalt samarbeid for å ta vare på naturmangfaldet

Tap av naturmangfald må sjåast både i eit globalt og eit nasjonalt perspektiv. Noreg samarbeider med andre land, direkte og gjennom ulike konvensjonar, for å stoppe tapet av naturmangfald. Internasjonalt arbeid for å styrkje gjennomføringa av FNs berekraftsmål er ei prioritert oppgåve. Gjennomføringa av Aichi-måla under Konvensjonen om biologisk mangfald har ei klar kopling til gjennomføringa av berekraftsmåla til FN. Rapportering frå fagleg arbeid syner at arbeidet må intensiverast for å nå måla. Delmål 15.8 om å førebyggje og avgrense framande arter er rekna som spesielt utfordrande for Noreg, og vil framleis vere eit prioritert område.

Konvensjonen om biologisk mangfald (CBD) med Cartagenaprotokollen om genmodifiserte organismar og Nagoya-protokollen om genressursar held partsmøte hausten 2018. Gjennomføring av Aichi-måla under CBD har framleis høgste prioritet fram til 2020. CBD arbeider med å utvikle ein mekanisme for landgjennomgang for gjennomføring av den strategiske planen under konvensjonen om biologisk mangfald. Noreg medverkar òg aktivt med å utvikle Cartagenaprotokollen om GMO, mellom anna i rettleiing for sosioøkonomiske vurderingar og miljørisikovurderingar. Noreg vil medverke aktivt i utvikling av eit nytt globalt rammeverk for konvensjonen etter 2020, og i utviklingsarbeid under konvensjonen og protokollar. Arbeidet med å førebu den 9. Trondheimskonferansen i 2019 er eit sentralt ledd i dette. Trondheimskonferansane om naturmangfald har vore arrangerte i samarbeid med ei rekkje internasjonale partnarar sidan 1993. Ei evaluering av Trondheimskonferansane blei lagt fram hausten 2017, og viser at konferansane er viktige uformelle møteplassar for å utvikle konvensjonen.

Naturpanelet (IPBES, Intergovernmental Platform om Biodiversity and Ecosystem Services) er inne i ein viktig fase med avslutting av første arbeidsprogram. Den første globale gjennomgangen vil bli lagt fram våren 2019, og vil vere eit viktig kunnskapsgrunnlag i utviklinga av eit nytt globalt rammeverk for naturen. Oppfølginga av FNs berekraftsmål og Aichi-måla under CBD krev truverdig og solid kunnskap som grunnlag for tiltak. Norsk handlingsplan for naturmangfald, Meld. St. 14 (2015–2016) Natur for livet understrekar at det er viktig med kunnskap som underbyggjer dei vala samfunnet tek. I 2018 la Naturpanelet fram ein global rapport om landdegradering og restaurering og fire regionale utgreiingar, av desse ein for Europa og Sentral-Asia. Den tekniske støtteeininga for kapasitetsbygging under Naturpanelet i Trondheim blir vidareført i 2019.

Naturmangfald er sentralt i fleire av FNs berekraftsmål. I 2019 vil heile målsettet bli gjennomgått på statsleiarnivå i FN. Noreg vil medverke til å synleggjere utvalte koplingar mellom berekraftsmåla, under dette helse-miljø og økosystembaserte metodar for å møte klimautfordringa. Sektorsamarbeid er naudsynt for å nå både FNs berekraftsmål og Aichi-måla. Erkjenning av naturmangfald som landa sin naturkapital er nøkkelen til å utvikle dette.

Europarådet sin konvensjon 19. september 1979 om vern av ville europeiske planter og dyr og deira naturlege leveområde (Bern-konvensjonen) er eit viktig instrument for å ta vare på naturmangfald i Europa og tilgrensande land. Noreg deltek aktivt i samarbeidet under konvensjonen, mellom anna i arbeidet med framande arter, klima og utviding av Emerald Network.

Bonnkonvensjonen om bevaring av trekkjande ville dyr (CMS) er ein global avtale som skal beskytte trekkjande arter av ville dyr. Avtala er viktig for å sikre forvalting og berekraftig bruk av trekkjande arter og deira leveområde.

Politikk for å nå dei nasjonale måla for friluftsliv

Sikring, ivaretaking og tilrettelegging av friluftslivsområde

Stigane og turvegane er dei viktigaste anlegga i friluftslivet. Regjeringa vil i 2019 starte opp eit nytt fleirårig prosjekt med mål om å fremje planlegging, opparbeiding, skilting og merking av samanhengande nettverk av turstigar i kommunane. Miljødirektoratet vil leie prosjektet, i nært samarbeid med fylkeskommunane. Det konkrete arbeidet vil skje i kommunane, i samarbeid med lokale organisasjonar. Kompetansenettverk, erfaringsdeling og stimuleringsmidlar vil vere sentrale virkemiddel. Eit viktig mål med tiltaket er at den enklaste og vanlegaste form for friluftsliv, vandring i grøntområde og naturomgivnader, blir endå lettare tilgjengeleg for alle grupper i befolkninga.

Prosjektet «Kartlegging og verdsetting av friluftslivsområder» blei sett i gang i 2014, med mål om at alle kommunar skulle kartleggje og verdsetje sine friluftslivsområde innan utløpet av 2018. Målet med prosjektet har vore å auke kunnskapen om friluftslivsområda i kommunane, og unngå at viktige friluftslivsområde blir bygde ned eller taper kvalitet på annan måte grunna mangel på kunnskap. Miljødirektoratet har leia prosjektet i nært samarbeid med fylkeskommunane. Ein stor del av landets kommunar er i gang eller har gjennomført kartlegginga. Men for at så mange som mogleg av kommunane i landet skal få gjennomført arbeidet, vil Regjeringa utvide prosjektperioden med eitt år, slik at prosjektet held fram ut 2019.

Arbeidet med å sikre attraktive friluftslivsområde vil halde fram i 2019, der friluftslivsområde i nærmiljøet og friluftsområde som kan brukast av mange vil bli prioriterte. Landfaste område i strandsona og område langs vassdrag med lett tilgjenge har også høg prioritet. Gjennom statleg sikring kan område bli tilrettelagde for høg bruk, samtidig som opplevingsverdiar og naturverdiar blir bevarte. I tillegg inneber sikringa eit vern mot nedbygging og anna forringing av områda. Gjennom løyvinga til tiltak i statleg sikra friluftslivsområde, vil regjeringa føre vidare arbeidet med å opparbeide og leggje til rette statleg sikra friluftslivsområde for å auke attraktiviteten og bevare natur- og opplevingsverdiar.

Regjeringa vil i 2019 prioritere utarbeiding av tiltaksplanar og forvaltingsplanar for dei eigedommane som staten eig på dei statleg sikra friluftslivsområda som er freda i medhald av Landsverneplanen for statens kulturhistoriske eigedommar. Fylkeskommunane skal frå 1. januar 2020 ta over fylkesmannen sin oppgåver når det gjeld statleg sikring av friluftslivsområde og ein del av Miljødirektoratets oppgåver. I 2019 vil opplæring av fylkeskommunane til dette arbeidet bli prioritert.

Regjeringa vil utvikle vidare prosjektet «Historiske Vandreruter» i regi av Riksantikvaren og Den Norske Turistforeining, med mål om at det innan 2020 er historiske vandreruter i alle fylke i landet. Historiske vandreruter er eit samarbeid mellom Den Norske Turistforeining (DNT) og Riksantikvaren, som har som formål å auke kjennskap til og bruk av gamle ferdselsruter med kulturhistoriske og friluftslivsmessige kvalitetar. Frå 2019 vil regjeringa gi driftsmidlar til Den Norske Turistforeining til å drifte og utvikle prosjektet vidare.

Regjeringa vil i 2019 føre vidare arbeidet med å vurdere nye einingar av skjergardstenesta i område som i dag ikkje har skjergardsteneste. Dette vil skje i nært samarbeid med kommunar, fylkeskommunar og eventuelle friluftsråd i desse områda, som òg er venta å medverke økonomisk.

Regjeringa vil føre vidare arbeidet med å gå gjennom teltingsforbod og andre restriksjonar i statleg sikra friluftslivsområde, med sikte på å fjerne restriksjonar som det ikkje lenger er bruk for.

Regjeringa vil halde fram arbeidet med å formidle gode eksempel og erfaringar innafor tilrettelegging og stimulering til friluftsliv i nærmiljøet, med bakgrunn i erfaringar frå Miljødirektoratets nærmiljøsatsing, arbeidet med statleg sikring og tilrettelegging av friluftslivsområde, Groruddalsatsinga og andre områdesatsingar.

Regjeringa vil i 2019 utvikle vidare ordninga Nasjonale Turiststigar, og starte arbeidet med å autorisere stigar som Nasjonale Turiststigar på bakgrunn av kritererium fastsette av Klima- og miljødepartementet i august 2018.

Stimulering til friluftsliv

I arbeidet med å stimulere til friluftsliv vil regjeringa prioritere barn, unge og grupper som er lite fysisk aktive. Dette inneber blant anna at regjeringa gjennom aktuelle tilskotsordningar, områdesatsingar og andre prosjekt og satsingar vil medverke til å utvikle tiltak som kan rekruttere desse gruppene til friluftsliv.

Det er viktig å satse på tiltak og aktivitetar som har best effekt for dei ulike målgruppene. Regjeringen vil derfor i 2019 gi midlar til Friluftsrådenes Landsforbund til å utvikle, lede og drifte eit nytt prosjekt som skal kartleggje og systematisk vidareutvikle aktivitetstiltak innanfor friluftsliv for barn og unge i ferie og fritid. Arbeidet skal skje i samarbeid med Miljødirektoratet og dei sentrale friluftslivsorganisasjonane.

Regjeringa vil føre vidare samarbeidet og dei øyremerkte løyvingane til Norsk Friluftsliv og Den Norske Turistforeining innanfor friluftsliv for personar med innvandrarbakgrunn og friluftsliv for personar med nedsett funksjonsevne. Regjeringa vil òg føre vidare løyvinga til Norsk Friluftsliv til prosjektet som vart oppretta i 2018 for å fremje friluftsliv i skulen. I Groruddalsatsinga og andre områdesatsingar er motivering av lokalbefolkninga til friluftsliv og rekreasjon i nærliggjande grøne område prioriterte felt.

Allemannsretten

Regjeringa vil føre vidare arbeidet med å informere om allemannsretten, under dette både om dei rettane som allemannsretten gir, men òg om plikta til varsam og omsynsfull ferdsel. Dette vil blant anna skje gjennom vidareføring og vidareutvikling av det elektroniske undervisningsopplegget om allemannsretten.

Undervisningsopplegget «Smak på naturen», som handlar om kunnskap om allemannsretten som eit fellesgode gjennom aktivitetar som bærplukking og kjennskap til enkeltarter, vil bli utvikla vidare. Undervisningsopplegget er utvikla av Miljødirektoratet, og er retta mot barnehagebarn frå 4 års alder og skulebarn opp til 4. klasse.

Regjeringa vil i 2019 utvikle vidare og halde fram marknadsføringa av læringsopplegget «Høsting – en smak av tradisjon og muligheter», som handlar om forslag til haustingsaktivitetar retta mot skulen. Det er utarbeidd eit fyldig hefte til læringsopplegget, som viser aktuelle aktivitetar i heile skuleløpet, frå 1. klasse og til og med vidaregåande skule.

Regjeringa vil i 2019 fremje forslag om å modernisere friluftslovas føresegner om ferdsle i utmark, slik at det ikkje er tvil om at nye, ikkje-motoriserte ferdselsformer, er omfatta av ferdselsretten.

Motorferdsle i utmark

Den fortløpande evalueringa av lovendringa våren 2015 som opna for at kommunane kan fastsetje snøskuterløyper for morokøyring, vil halde fram til 2020. Gjennom evalueringa vil ein innhente kunnskap om effekten av lovendringa. Kunnskapen kan nyttast i den vidare utviklinga av regelverket om motorferdsle. Slik kunnskap vil òg gi innsikt som kommunane kan nytte når dei skal planleggje for nye løyper.

I 2018 vart seks kommunar valde ut til eit forsøk der kommunane har fått mynde til å fastsetje løyper for catskiing. Dette gjeld kommunane Jølster, Eid, Stryn, Surnadal, Vang og Oppdal. Forsøket skal evaluerast etter fire år. Evalueringa skal gjerast ferdig i tide til at ei eventuell permanent ordning kan tre i kraft før forsøksordninga går ut.

Omfanget av ulovleg motorferdsle er framleis for høgt. Den forsterka innsatsen frå naturoppsynet knytt til kontroll av både lovleg og avdekking av ulovleg motorferdsle vil derfor bli ført vidare.

Politikk for å nå dei nasjonale måla for forureining

Forureining som skjer til vatn, jordsmonn, luft og vegetasjon har ofte alvorlege følgjer for naturen. Regjeringa er derfor oppteken av å redusere spreiing av miljøgifter, og hindre at miljøgifter blir samla opp i næringskjeda.

Forureiningslova skal medverke til å verne det ytre miljøet mot forureining og redusere eksisterande forureining. Lova skal òg medverke til å redusere mengda avfall og fremje betre avfallshandtering. Formålet er å sikre at forureiningar og avfall ikkje fører til helseskade, går ut over trivselen eller skader naturen si evne til produksjon og sjølvfornying. Lova byggjer blant anna på prinsippet om at forureinar betalar og prinsippet om føre var. Det skal takast utgangspunkt i den teknologien som gir dei beste resultata, ut frå ei samla vurdering av noverande og framtidig bruk av miljøet og av økonomiske forhold. Forureiningslova set eit generelt forbod mot forureinande utslepp, men opnar for at verksemder kan søkje miljøstyresmaktene om utsleppsløyve. Arbeidet med å vurdere ein søknad om løyve krev avveging mellom ulempene tiltaket gjer for miljøet med andre fordelar. Når miljøstyresmaktene gir løyve til utslepp vert det sett vilkår for utsleppet. Vilkåra blir tett følgt opp med tilsyn og rapporteringskrav.

Produktkontrollova har som føremål å førebyggje at produkt og forbrukartenester medfører helseskade eller miljøforstyrring, under dette gjennom å fremje effektiv bruk av energi i produkt. Lova inneheld blant anna ei plikt om aktsemd for alle som har å gjere med produkt som kan medføre helseskade eller miljøforstyrring, og ei substitusjonsplikt som inneber at ei verksemd må vurdere sin kjemikaliebruk og gå over til mindre skadelege alternativ der det kan skje utan urimeleg kostnad eller ulempe.

Til både forureiningslova og produktkontrollova er det fastsett ei rekkje krav i forskrifter. Tilsyn blir nytta for å avdekkje eventuelle brot på regelverket.

Andre viktige verkemiddel i forureiningspolitikken er lover og forskrifter som er forvalta av andre styresmakter, avgifter som reflekterer dei samfunnsøkonomiske kostnadane ved utsleppa og som stimulerer til reduserte forureiningar, tilskot over statsbudsjettet og kunnskap om utslepp, spreiing og effektar av forureiningar.

Forureiningar kryssar landegrenser. Internasjonale avtaler der landa tek på seg å redusere sine utslepp er difor viktige for å redusere forureiningar som skader miljøet og menneske si helse.

Kjemikaliar

Kjemikaliepolitikken har som formål å redusere risiko for skade på helse og miljø knytt til utslepp og bruk av kjemikaliar generelt. Føre var-prinsippet skal brukast når kunnskapen om risiko for helse og miljø er usikker. Regjeringa arbeider for å redusere spreiing av miljøgifter, og vil setje nye ambisiøse mål for utfasing av prioriterte miljøgifter. Kjemikaliar som er rekna for å utgjere eit alvorleg trugsmål mot helse og miljø, blir sette på den norske prioritetslista1 for miljøgifter – som for tida omfattar om lag 35 stoff og stoffgrupper. Formålet med prioritetslista er både å spesifisere kva stoff som er omfatta av 2020-målet om utfasing av bruk og utslepp, samtidig som det gir føringar for prioritering av nasjonalt og internasjonalt arbeid med desse stoffa. Utsleppa av miljøgiftene på lista blir reduserte gjennom streng regulering både nasjonalt og internasjonalt av produkt, gjennom tiltak for opprydding av forureining, og gjennom krav til industriutslepp og avfallshandtering. Ein viktig del av arbeidet vidare er å følgje opp prioritetslista nasjonalt og internasjonalt, og å identifisere fleire miljøgifter som skal omfattast av prioritetslista. I arbeidet med nye prioriterte miljøgifter blir det vurdert ikkje berre enkeltstoff, det er òg lagt vekt på å vurdere grupper av stoff med like eller nærliggjande eigenskapar og som potensielt kan takast i bruk som erstatningar for kvarandre. På den måten kan ein unngå til dømes uheldige erstatningar med like farlege, nesten like stoff.

Dei to stoffa/stoffgruppene Dekloran og PFBS er vurderte å oppfylle kriteria for prioritetslista, og desse stoffa blir no inkluderte i lista – sjå nærare omtale i boks 7.1.

Boks 7.1 To nye stoff/stoffgrupper til prioritetslista for miljøgifter

Dekloran (dekloran pluss inkl. varianter): Dette er eit klororganisk stoff som blir brukt som flammehemmar i mange typar plast og polymerer, som nylon, polyuretan, polypropylen, neopren og silikongummi. Materiala kan brukast til elektroniske leidningar og kablar, bilar og takmaterial i plast i tillegg til å kunne fungere som mjuknar for plastmaterial. Dekloran pluss er marknadsført som eit alternativ til den forbodne bromerte flammehemmaren deka-BDE. Stoffet (inkl. variantane -pluss, -anti og -syn) blir ofte gjenfunne i både nært og fjerntliggjande ytre miljø, innandørs og utandørs, i organismar og i menneske. Stoffet er svært tungt nedbrytbart og vil bli verande i miljøet over lang tid. Det hopar seg opp i levande organismar og i næringskjeder. Stoffet blir inkludert på prioritetslista på dette grunnlaget.

PFBS (perfluorobutansulfonsyre, inkludert salt og relaterte stoff): PFBS er ein kortkjeda perfluorert forbindelse. Generelt har det vore ein overgang til bruk av kortkjeda PFASar som erstatning for langkjeda PFASar, som PFOS og PFOA, etter at det vart innført restriksjonar på desse stoffa nasjonalt og internasjonalt. Dei viktigaste bruksområda for PFBS og PFBS-relaterte stoff er som vatn- og flekkavvisande middel til lær, tekstil og porøse harde overflater.

PFBS oppfyller kriteria for å vere lite nedbrytbar, og er ikkje vist å kunne brytast ned under naturlege miljøforhold. Forureining av miljø og drikkevatn med PFBS er dermed ein irreversibel prosess. Vidare er PFBS svært løyseleg i vatn og mobilt, det passerer drikkevassrenseanlegg og avløpsrenseanlegg og har potensiale for langtransport. PFBS er funne i sjøvatn, i elvar, og i drikkevatn, i Europa og andre stader i verda. PFBS kan bindast til protein i blod og vev, og stoffgruppa har potensiale for bioakkumulering i luftpustande dyr og i menneske. Det er vidare av bekymring at dyrestudiar gir indikasjonar på skadelege eigenskapar, inkludert hormonforstyrrande effektar, og at helse- og miljøskadar ved langtids/livslang eksponering ikke kan utelukkast. PFBS, dets salt og relaterte stoff blir derfor inkludert på prioritetslista under kriteriet «har egenskaper som gir tilsvarende grunn til bekymring».

Miljøskadelege kjemikaliar blir transporterte over lange strekningar med luft- og havstraumar, gjennom handel med produkt og gjennom avfallsstraumar. Både nasjonalt og internasjonalt arbeid er svært viktig og ein føresetnad for å handtere utfordringane vi står overfor. Regjeringa meiner derfor det er viktig at Noreg følgjer opp internasjonale avtaler om spreiing av miljøgifter. Nasjonalt er forureiningslova og produktkontrollova med tilhøyrande forskrifter sentrale verkemiddel. Etter produktkontrollova er det blant anna fastsett eit omfattande forskriftsverk om helse- og miljøskadelege kjemikaliar som er i stadig endring og utvikling. Produkt blir omsette internasjonalt, og norske forbod og andre reguleringar må vere i samsvar med Noregs internasjonale plikter om produktregulering og handel. Kjemikalieregelverket i Noreg og EU er harmonisert gjennom EØS-avtala. Hovudregelen er såleis at dei same krava skal gjelde i Noreg og EU. Noreg medverkar aktivt i arbeidet for å styrkje og gjennomføre EU sitt regelverk på kjemikalieområdet.

EU har eit omfattande regelverk for registrering, vurdering, godkjenning og restriksjonar på kjemikaliar (REACH-regelverket), og for klassifisering og merking av helse- og miljøfarlege stoff. Vidare utvikling av desse regelverka er svært viktig i kjemikaliepolitikken.

Noreg har òg felles reglar med EU om produkt med biocid som blir nytta til å øydeleggje uønskte organismar. Noreg gir godkjenning til biocidprodukt for den norske marknaden.

Det europeiske kjemikaliebyrået ECHA (European Chemicals Agency) er navet i ei omfattande kunnskapsutveksling og vidareutvikling av kunnskapsgrunnlaget for EUs kjemikaliearbeid.

Noreg arbeider aktivt for globale tiltak for å redusere forureining og sikre meir forsvarleg handtering av kjemikaliar og avfall, til dømes under Stockholmkonvensjonen om persistente organiske miljøgifter, Baselkonvensjonen om grensekryssande transport av farleg avfall, Rotterdamkonvensjonen om handel med farlege kjemikaliar, Minamatakonvensjonen om kvikksølv, og miljøgiftsprotokollane under FNs økonomiske kommisjon for Europa. Noreg arbeider kontinuerlig for global regulering av fleire stoff under Stockholmkonvensjonen.

Kunnskap gjennom forsking, kartlegging av potensielt skadelege stoff i produkt, avfall og utslepp, og miljøovervaking er svært viktig i kjemikaliearbeidet. Betre kunnskap om miljøgifter i Arktis er av stor strategisk vekt for å få på plass regionale eller globale avtaler, fordi det er utbreidd internasjonal semje om at stoff som blir funne att i Arktis, langt frå utsleppskjeldene, utgjer alvorlege problem.

Gammal forureining lagra i jord og sjøbotn kan føre til skade på helse og miljø, og vere ei kjelde til spreiing av helse- og miljøskadelege kjemikaliar. Arbeidet med forureina grunn i Noreg har gått føre seg i fleire tiår. I overkant av 2000 grunnforureiningssaker er avslutta, og oppryddingstiltak er gjennomførte på store og alvorlege grunnforureiningslokalitetar, i hovudsak etter pålegg av forureiningslova retta mot ansvarleg forureinar eller grunneigar. Nye forureina lokalitetar dukkar ofte opp når industri blir lagt ned og arealbruken endra. Vi får òg stadig ny kunnskap om miljøgifter og bransjar, som gjer at det blir avdekt fleire område med forureina grunn. Arbeidet med forureina grunn held derfor fram. Arbeidet med opprydding i forureina sjøbotn følgjer føringane i handlingsplanen om forureina sediment frå 2006 (jf. St.meld. nr. 14 (2006–2007) Sammen for et giftfritt miljø). Arbeidet med å rydde opp er godt i gang i fleire område, og mange område er ferdig rydda. Av dei 17 høgast prioriterte områda for opprydding av forureina sjøbotn frå handlingsplanen er 4 ferdig rydda, 1 er nær ferdig, og 2 større prosjekt er ferdige i løpet av 2018. I tillegg er det pågåande arbeid på delprosjekt i fleire av dei resterande områda. Utover desse 17 områda blir det arbeidd med undersøkingar og tiltak ved ei rekkje industrifjordar, skipsverft og i store hamner. Tiltak for å rydde opp i sjøbotn er fremja gjennom fylkesvise tiltaksplanar og prioritering av område som skal ryddast opp. Miljødirektoratet og fylkesmennene arbeider med å syte for at områda blir kartlagde og for at det blir rydda opp der det er naudsynt.

I hovudsak er det prinsippet om at forureinar betaler som skal leggjast til grunn, og bruk av pålegg etter forureiningslova er eit viktig verkemiddel for å sikre naudsynt opprydding av forureina grunn og sjøbotn. Statlege styresmakter medverkar med finansiering der dette er aktuelt og naudsynt i samanhengar der den ansvarlege av ulike årsaker ikkje kan identifiserast, ikkje kan stå for ei god opprydding eller der det vil vere urimeleg at den ansvarlege skal dekkje alle kostnadene, jf. omtale av tildelingskriterium for oppryddingspostane kap. 1420, post 39, 69 og 79. Opprydding i forureina grunn og sjøbotn er kostbart og tidkrevjande. I fleire år har hovudvekta av arbeidet på dei prioriterte områda med forureina sjøbotn vore tiltak i innleiande fasar med undersøkingar, pilotprosjekt og liknande. Arbeidet er no komme over i ein fase der fleire område i åra framover vert klare for tildekking og mudring og deponering av forureina sjøbotn. Desse tiltaka er dei mest kostnadskrevjande i arbeidet. Det må prioriterast mellom dei ulike områda i den vidare gjennomføringa av opprydding. I 2019 blir det mellom anna gjeve statleg støtte til å setje i gang opprydding av forureina sjøbotn i Horten.

Det er behov for ytterlegare tiltak for å sikre at nullutsleppsmålet for petroleumsverksemda blir nådd, særleg for olje og naturleg førekommande stoff i produsert vatn. Alle operatørane har gjennomført nye risikovurderingar og felta med høgast miljørisiko fekk i 2016 krav om vurderingar av best tilgjengelege teknologi for behandling av produsert vatn. Miljømyndigheitene følgjer no vidare opp desse operatørane med sikte på å minske miljørisikoen.

Avfall

Det overordna målet med avfallspolitikken er å syte for at skadane frå avfall blir så små som mogleg på menneske og naturmiljø. Samtidig ønskjer ein å auke utnyttinga av ressursane i avfallet. Politikken på avfallsfeltet skal medverke til at ressursane i avfallet blir haldne i krinsløp lengst mogleg, og kjem til nytte som råvarer.

Tabell 7.3 Avfallsdefinisjonar

Viktige omgrep

Definisjonar

Farleg avfall

Avfall som ikkje kan behandlast saman med vanleg avfall fordi det kan medføre alvorlege forureiningar eller fare for skade på menneske og dyr.

Gjenvinning

Fellesnemning for eit kvart tiltak der hovudresultatet er at avfall kjem til nytte ved å erstatte materialar som elles ville vorte brukte eller at avfall er vorte førebudd til dette, under dette førebuing til ombruk, material-gjenvinning og energiutnytting.

Materialgjenvinning

Utnytting av avfall slik at materialet blir teke vare på heilt eller delvis, t.d. produksjon av skrivepapir frå returpapir.

Ved å stimulere til meir ombruk og gjenvinning, reduserer vi mengda avfall som går til sluttbehandling samtidig som vi utnyttar ressursane i avfallet betre. Dette medverkar òg til ein sirkulær økonomi. I tillegg inneheld mange typar avfall material som det kan vere miljømessig gunstig å nytte om igjen. Dei stadig veksande avfallsmengdene gjer at utfordringane knytte til avfallsbehandling på lang sikt vil auke om ein ikkje lukkast med å førebyggje avfall. Over tid har strengare krav til deponi og forbrenningsanlegg og bruk av meir miljøvennleg teknologi medverke til betydelege reduksjonar i utslepp til luft og vatn frå sluttbehandling av avfall. Sluttbehandling av avfall vil òg kunne føre til fare for utslepp av miljøskadelege stoff til jord, luft og vatn. Avfallsdeponi er strengt regulerte og deponia må samle opp sigevatnet og greie ut reinsebehovet.

Det blir produsert og omsett stadig fleire produkt, og mange av desse inneheld helse- og miljøfarlege stoff. Auka kunnskap og større medvit om miljøgifter gjer òg at nye stoff og produkt blir klassifiserte som farleg avfall. Dette medverkar til at mengdene farleg avfall som oppstår aukar. For å medverke til å førebyggje farleg avfall er det viktig å arbeide for at det blir utvikla meir miljøvennlege produkt.

Farleg avfall kan ikkje behandlast saman med vanleg avfall fordi det kan medføre alvorlege forureiningar eller fare for skade på menneske og dyr. Det er òg strenge reglar som skal hindre at slikt avfall blir eksportert til land utan kapasitet til å behandle det forsvarleg. Farleg avfall skal takast forsvarleg hand om og anten gå til gjenvinning eller vere sikra god nok nasjonal behandlingskapasitet. Auka materialgjenvinning av farleg avfall som kan skje utan vidare spreiing av miljøskadelege stoff er likevel i tråd med intensjonen om sirkulær økonomi, og norsk avfallspolitikk. I samsvar med regjeringsplattforma skal det utarbeidast ein plan for å avgrense mengda farleg avfall. Miljødirektoratet har fått i oppdrag å utarbeide ein slik plan innan 1. mars 2019. Dei skal i dette arbeidet beskrive korleis, og på kva område det er mogleg å oppnå ein reduksjon i mengda farleg avfall som blir generert. Dei skal òg beskrive korleis, og på kva område det er mogleg å oppnå auka materialgjenvinning av farleg avfall.

Det eksisterande deponiet for farleg avfall på Langøya vil truleg vere fullt innan få år. Med bakgrunn i våre nasjonale mål og internasjonale forpliktingar er det viktig at vi held ved lag ein nasjonal behandlingskapasitet for farleg avfall.

Miljødirektoratet tilrådde i 2016 moglege eigna lokalitetar for eit framtidig deponi. Av dei fire kommunane som vart vurderte til å kunne ha eigna lokalitet, er det berre Nesset kommune som har vore positiv til konsekvensutgreiing av eit slikt tiltak. Nesset kommune har tidlegare fastsett eit planprogram for eit mogleg deponi og det er no gjennomført ei konsekvensutgreiing av tiltaket. Konsekvensutgreiing og forslag til reguleringsplan har vore til høyring.

Klima- og miljødepartementet vurderte i 2016 at det burde gjennomførast ei konsekvensutgreiing av eit mogleg deponi for farleg avfall i Dalen gruve i Brevik i Porsgrunn. Porsgrunn kommune har ikkje ønskt etablering av eit deponi i Brevik. Klima- og miljødepartementet vart i 2017 oppnemnt som ansvarleg myndigheit for å fastsetje eit planprogram for eit mogleg deponi for farleg avfall i Dalen gruve i Brevik. Forslag til planprogram ble fastsett 13. juli 2018. Konsekvensutgreiinga vart send departementet 4. september 2018 og er no lagt ut på høyring.

Konsekvensutgreiingane av eit mogleg deponi i Nesset og av eit mogleg deponi i Brevik gir eit styrkt kunnskapsgrunnlag i saka. Klima- og miljødepartementet vurderer no behovet for eventuell vidare statleg involvering for å få på plass ny deponeringskapasitet for farleg avfall i tråd med nasjonale behov.

Sjølv om stadig meir farleg avfall blir forsvarleg teke hand om, er det likevel farleg avfall som går til ukjent behandling. Det blir gjort ein særleg innsats for å auke innsamlinga av prioritert farleg avfall og å sikre forsvarleg handtering. Auka innsamling av avfall som inneheld olje, informasjon til bransjen og tilsyn er prioritert. Informasjon til befolkninga, bedrifter og kommunar er òg ein viktig del av styresmaktene sitt arbeid for å auke innsamlinga av farleg avfall. Tilsyn med farleg avfall og samarbeid mellom involverte etatar er vesentleg styrkt dei siste åra, og dette arbeidet skal halde fram. Tilsyn har fått auka merksemd for å redusere ulovleg import og eksport, særleg eksport til land under utvikling som ikkje har kapasitet til å taka hand om det. Reaksjonane mot ulovleg eksport og import av farleg avfall er òg skjerpa. Klima- og miljødepartementet vurderer fortløpande utviklinga på området, om verkemidla fungerer etter intensjonen og behovet for nye verkemiddel.

Avfallspolitikken blir gjennomført gjennom eit samspel mellom ei rekkje ulike verkemiddel: forureiningslova og forskrifter gitt i medhald av lova, avgifter, refusjons- og panteordningar, bransjeavtaler og informasjonstiltak, og kombinasjonar av desse. Verkemidla skal sikre ein samfunnsøkonomisk og miljøvis god balanse mellom det som blir gjenvunne som material og det som blir energiutnytta eller deponert. Fleire verkemiddel skal stimulere til materialgjenvinning eller energiutnytting, under dette forbod mot deponering av nedbryteleg avfall og produsentansvar for fleire typar avfall. Det er òg etablert eigne retursystem for fleire ulike avfallsfraksjonar, mellom anna for elektrisk og elektronisk avfall, batteri, bilvrak, PCB-haldige isolerglasruter og fleire typar emballasjeavfall. Gode resultat frå retursystema medverkar til høg gjenvinningsgrad samtidig som miljøgifter i avfallet blir sikra ei forsvarleg behandling. Departementet vurderer verkemidla fortløpande.

Regjeringa har lagt fram ei stortingsmelding om avfallspolitikk og sirkulær økonomi: St. Meld. 45 (2016–2017) Avfall som ressurs. I meldinga er vektlagt førebygging, auka ombruk og materialgjenvinning av avfall. Stortingsmeldinga vart handsama i Stortinget i 2018, som i stor grad slutta seg til dei framlagde forslaga. Stortinget ba blant anna regjeringa stille krav til utsortering og materialgjenvinning av plast og matavfall frå husholdninger og liknande avfall frå næringslivet.

EU vedtok våren 2018 nytt avfallsregelverk. Endringane medfører betydeleg meir ambisiøse mål om materialgjenvinning for avfall frå hushalda og liknande avfall frå næringslivet og av emballasjeavfall, i tillegg til nokre andre endringar som òg har relevans for Noreg. Desse måla gjeld for 2025, 2030 og 2035. For kommunalt avfall (hushaldsavfall og liknande) er det krav om 55 pst. innan 2025, 60 pst. innan 2030 og 65 pst. innan 2035.

Tabell 7.4 Mål for materialgjenvinning i EU:

Innan 2025

Innan 2030

Alt emballasjeavfall

65 %

70 %

Plastemballasje

50 %

55 %

Treemballasje

25 %

30 %

Jernhaldig metallemballasje

70 %

80 %

Aluminiumsemballasje

50 %

60 %

Glasemballasje

70 %

75 %

Papp, kartong og bølgepapp

75 %

85 %

Samstundes har Noreg, gjennom gjeldande EU/EØS-regelverk, krav om 50 pst. materialgjenvinning av hushaldsavfall og liknande avfall frå næringslivet, og 70 pst. materialgjenvinning av bygg- og anleggsavfall innan 2020. For å sikre at desse måla blir nådde utgreier nå Miljødirektoratet krav til utsortering og materialgjenvinning av våtorganisk avfall og utvalte typar plastavfall. Det blir òg sett i gang eit arbeid for å vurdere verkemiddel for å nå måla for bygg- og anleggsavfall. Klima- og miljødepartementet gjer òg ein særleg innsats for å førebyggje matsvinn, og fleire departement har no inngått en avtale med matbransjen. Målet for samarbeidet er å halvere matsvinn innan 2030, jf. også FNs berekraftsmål på området.

Marin forsøpling og mikroplast

Marin forsøpling og tilførsel av mikroplast til havet er ein av dei mest alvorlege globale miljøutfordringane. Dette er ei omfattande og kompleks problemstilling som krev tiltak på mange område, både nasjonalt og internasjonalt. Regjeringa har ei brei tilnærming til å redusere marin forsøpling og mikroplast. Innsatsen mot marin forsøpling er trappa opp ytterlegare.

Dette er nærare beskrive i regjeringas Strategi mot marin plastforsøpling og spreiing av mikroplast (plaststrategi) som inngår i Meld. St. 45 (2016–2017) Avfall som ressurs. Strategien er utarbeidd på bakgrunn av Miljødirektoratet sine vurderingar av kjelder og tiltak, og omfattar tiltak nasjonalt og internasjonalt mot høvesvis marin forsøpling og spreiing av mikroplast. Strategien omfattar òg nordisk og EUs arbeid på området, inkludert norske og nordiske synspunkt inn i EUs arbeid. Endeleg er det gjort greie for viktige internasjonale initiativ.

Engasjementet mot marin forsøpling har auka sterkt i alle delar av samfunnet. Til dømes auka talet deltakarar i Hold Norge Rent sin strandryddekampanje frå om lag 48 000 i 2017 til 120 000 allereie i april 2018.

I Noreg er det særleg plastavfall frå fiskeri- og oppdrettsnæringa og avfall frå forbrukarar som er dei største kjeldene til marin forsøpling, i tillegg til bygg- og anleggsavfall, avfall frå skipsfart og langtransportert avfall.

I stortingsmelding St. 35 (2016-2017) Oppdatering av forvaltningsplanen for Norskehavet beskrives status for marin forsøpling og mikroplast for alle norske havområder. Vidare omtalast tiltak mot sjøbaserte kjelder. Regjeringa arbeider for å redusere bruken av unødvendige eingongsartiklar av plast. Miljødirektoratet skal vurdere ulike verkemiddel for å redusere miljøkonsekvensane av eingongsartiklar av plast, inkludert for kva produkt/produktgrupper eit forbod mot bruk av eingongsplast kan vere aktuelt. Det er òg teke initiativ overfor ulike delar av bransjen om eit meir forpliktande samarbeid om å redusere den unødvendige bruken. Vidare har EU-kommisjonen lagt fram eit forslag til direktiv om å redusere miljøverknadene av enkelte eingongsartiklar av plast og av fiskeriutstyr. Noreg vil gi innspel til dette arbeidet. Generelt vil regjeringa følgje EUs plaststrategi og bidra der det er aktuelt.

Regjeringa har satt i gang og vil i 2019 følgje opp pågåande utgreiingar av eit mogleg forslag til produsentansvar for høvesvis fiskerinæringa og oppdrettsnæringa og vurderer òg andre tiltak for å redusere utslepp av plast frå desse næringane. I tillegg vert det vurdert å innføre eit system som skal sikre at fiskarar og andre kan levere avfall dei har teke opp frå havet (marint avfall) i hamn utan meirkostnad. Denne ordninga skal avløyse pilotprosjektet «Fishing for Litter». Sjøfartsdirektoratet vurderer no forslag til styrka tiltak nasjonalt og internasjonalt mot utslepp av plastavfall og mikroplast til sjøen frå skip.

Nedbryting av plastavfall i havet er ei stor kjelde til mikroplast. Derfor er tiltak for å redusere marin forsøpling eit viktig bidrag til å redusere tilførsla av mikroplast til det marine miljøet. I tillegg medverkar fleire landbaserte og sjøbaserte kjelder til utslepp av mikroplast. Miljødirektoratet har foreslått ei forskrift om drift og utforming av kunstgrasbaner og det vert vurdert andre tiltak for å redusere spreiing av mikroplast frå blant anna bildekk, maling, tekstilar, kosmetikk og reingjeringsprodukt.

Når det gjeld tekstilar har Noreg saman med fleire andre land bedt EU-kommisjonen raskt undersøke tekniske moglegheiter og krav til reinsing av mikroplast frå vask av tekstilar under økodesigndirektivet.

Når det gjeld reduksjon av mikroplast i kosmetikk er det sett i gang ein prosess under kjemikalieregelverket REACH for å avgrense innhald av tilsett mikroplast i produkt slik som til dømes. kroppspleieprodukt. Ei regulering av mikroplast på EU-nivå vil gjelde for Noreg gjennom EØS-avtala. Noreg vil aktivt medverke inn i EU sin prosess på dette området. I lys av framdrifta i EU vil regjeringa komme tilbake til Stortinget med ei vurdering av om det er naudsynt med eit særskilt forbod i Noreg.

Regjeringa har teke fleire grep for å styrkje og samordne opprydding av marin forsøpling. Desse vil bli førte vidare i 2019. Det har blitt etablert eit Senter for oljevern og marint miljø i Lofoten/Vesterålen. Det skal vere som eit nasjonalt og internasjonalt kompetansesenter og skal arbeide for å fremje kunnskap, kostnadseffektive og miljøvennlege teknologiar og metodar for arbeidet med oljevern og marin plastforsøpling. Fylkesmennene har fått i oppgåve å koordinere samarbeidet om opprydding av marin forsøpling der relevante statlege aktørar medverkar i samarbeid med kommunar, interkommunale selskap, og privat og frivillig sektor. Miljødirektoratet har oppretta eit samarbeidsforum mellom dei etatane som arbeider med opprydding av marint avfall.

Miljødirektoratet si tilskotsordning inneber at det blir delt ut midlar til ei rekkje tiltak til opprydding og førebygging av marin forsøpling. I 2018 vart det gitt 80 mill. kroner til tilskot til oppryddingsarbeid og førebyggjande tiltak.

Ei grunnleggjande føring er at tilskot berre vert gitt til kostnader for opprydding av avfall utan kjend eigar.

Noreg er initiativtakar og globalt leiande i arbeidet i FNs miljøforsamling (UNEA) mot marin forsøpling og mikroplast. På FNs tredje miljøforsamling, i desember 2017, fekk Noreg gjennom eit vedtak som blant anna inneheld ein nullvisjon mot vidare tilførsler til havet. Vi fekk òg tilslutning til å opprette ei ekspertgruppe som mellom anna skal sjå på høvet til sterkare globale forpliktingar mot marin forsøpling og spreiing av mikroplast. Noreg vil i 2019 følgje opp arbeidet tett og framleis vere pådrivar i prosessen om dette under FNs miljøforsamling. Vi vil òg ha høgt trykk på å styrkje tiltaka mot marin forsøpling og spreiing av mikroplast under FNs sjøfartsorganisasjon IMO der det etter forslag frå blant anna Noreg skal utarbeidast ein handlingsplan mot dette. Styrking av det regionale havmiljøsamarbeidet er òg viktig for Noreg. Noreg har og fremja fleire tiltak under den globale Baselkonvensjonen om avfall, blant anna eit såkalla «partnerskap» for plastavfall, styrka tekniske kriterier for miljøforsvarleg handsaming av plastavfall, og at ein skal vurdere å endre avtala slik at grensekryssande transport av plastavfall må ha godkjenning frå importerande land før avfallstransport kan finne stad.

Òg i det arktiske og norsk-russiske miljøsamarbeidet vil Noreg medverke til at samarbeidet mot marin forsøpling og mikroplast vert utvikla vidare.

Radioaktive stoff

Nivået på radioaktiv forureining generelt er lågt. Utslepp og avfall er nært knytt til aktiviteten i ulike sektorar. Radioaktive stoff er nytta til mellom anna behandling av pasientar på sjukehus og i forsking og utdanning. Det er òg radioaktive komponentar i enkelte forbrukarprodukt som for eksempel røykvarslarar. Radioaktiv forureining og radioaktivt avfall kan òg oppstå som eit biprodukt i ulike typar prosessindustri, og ved utvinning av mineral og graving i alunskiferhaldig grunn. Forureining og avfall følgjer av oppkonsentrering av naturleg førekommande radionuklidar som finst i berggrunnen, slik som ved utvinning av olje og gass, og ved framstilling av radioaktive stoff og drift av forsøksreaktorane til Institutt for energiteknikk (IFE).

Radioaktiv forureining av norske land- og havområde skjer vidare frå internasjonale kjelder, slike som historiske atomsprengingar i atmosfæren og Tsjernobyl-ulykka. Framtidige ulykker knytte til anlegg i nærområda våre, i særleg grad dei gamle atomkraftverka i Russland, vil kunne ha store konsekvensar for Noreg. I 2019 vil det bli arbeidd vidare med å vurdere og leggje til rette for lagrings- og deponikapasitet for radioaktivt avfall. Det er særleg fokus på deponiløysingar på lang sikt og løysingar for det brukte atombrenselet og anna avfall frå forskingsreaktorane i Halden og på Kjeller. Dette er òg relevant knytt til avvikling av forsøksreaktorane. Statens strålevern har gjennomgått regelverket på området og utviklar rettleiar om avfallsklassifisering ved overflatekontaminering. Dette er særleg relevant ved rivingsarbeid for å avgrense mengda radioaktivt avfall som må handterast. Fram mot 2020 skal det faglege grunnlaget for forvaltingsplanen for Barentshavet og Lofoten utviklast, og risiko for og overvaking av radioaktiv forureining i nord er ein viktig del av det arbeidet.

Langtransportert luftforureining

Det nasjonale og internasjonale arbeidet med å redusere langtransportert luftforureining er basert på omfattande kunnskap gjennom overvaking, forsking og analysar av utslepp, tilførsler og effektar av luftforureiningar, og strategiar for å redusere utslepp i tråd med felles miljømål på tvers av landa i Europa. Norske fagmiljø som Meteorologisk institutt, Norsk institutt for luftforsking og Norsk institutt for vassforsking medverkar i vesentleg grad til kunnskapsutviklinga gjennom sine funksjonar som internasjonale fagsenter under Konvensjonen om grenseoverskridande langtransportert luftforureining.

Landa som deltek i samarbeidet under denne konvensjonen har i Gøteborgprotokollen teke på seg talfesta forpliktingar om å redusere sine utslepp av forureiningar til luft. Det er fastsett utsleppsforpliktingar som landa skal overhalde frå høvesvis 2010 og 2020. Styringsorgana under konvensjonen arbeider no med strategien for det internasjonale arbeidet med å redusere luftforureiningane fram mot 2030. Strategien vil leggje grunnlaget for meir effektiv gjennomføring og framtidig utvikling av mellom anna Gøteborgprotokollen. Noreg vil i arbeidet med å redusere langtransportert luftforureining òg leggje vekt på at landa skal redusere forureinande utslepp som medverkar til klimaendringar, mellom anna svart karbon (sot).

EU har innlemma forpliktingane i Gøteborgprotokollen av 1999 i sitt direktiv om nasjonale utsleppstak for forureiningar til luft, «takdirektivet». Direktivet er innlemma i EØS-avtala. Noreg har her dei same utsleppsforpliktingane som i Gøteborgprotokollen av 1999. EU vedtok eit nytt tilsvarande direktiv i desember 2016. Direktivet inneber gjennomføring i EU av dei nye utsleppsforpliktingane i den reviderte Gøteborgprotokollen av 2012. Desse forpliktingane gjeld frå 2020. Vidare fastset direktivet nye utsleppsforpliktingar som gjeld frå 2030. Arbeidet med EØS-vurdering av direktivet pågår og det er enno ikkje teke stilling til nye utsleppsforpliktingar for EFTA/EØS-landa.

Regjeringa ser det som svært viktig å overhalde Noreg sine internasjonale forpliktingar på dette området. Hovudinnsatsen innanfor det nasjonale arbeidet med langtransportert luftforureining er no å redusere utsleppa av ammoniakk (NH3) i tråd med forpliktingane i Gøteborgprotokollen og i EØS-avtala. Tidlegare utsleppsrekneskap viste at Noreg overheldt utslippsforpliktingane for ammoniakk i 2010 og dei første åra etterpå. Dei seinare åra er metodikken i utsleppsrekneskapen oppdatert. Dette har ført til betydelege oppjusteringar av utsleppstala. I 2016 var ammoniakkutsleppa 23 pst. over nivået på 23 000 tonn som Noreg har forplikta seg til å ikkje overskride. Førebelse tal publisert av Statistisk sentralbyrå 15.8.2018 viser at utsleppa var på same nivå i 2017.

Om lag 90 pst. av ammoniakkutsleppa i Noreg skjer ved lagring og bruk av gjødsel i landbruket. Det er sett i gang ein gjennomgang av gjødselregelverket. Eit av formåla med gjennomgangen er å redusere utslepp til luft.

Over jordbruksoppgjeret finst støtteordningar for å ta betre vare på gjødsla under lagring og spreiing. I jordbruksoppgjeret 2018 vart tilskot til miljøvenleg spreiing over Regionale Miljøprogram styrkt. Gjennom investeringsordninga SMIL er det opna for støtte til å installere dekke på opne gjødselkummar.

NOx-avgifta og Miljøavtala mellom Klima- og miljødepartementet og næringsorganisasjonane om reduksjon av NOx-utsleppa er særleg viktige verkemiddel for å redusere desse utsleppa. Miljødirektoratet har stadfest at næringslivsorganisasjonane har oppfylt sine forpliktingar om å redusere utsleppa for åra 2008–2017, slik desse er sett i avtala. Vilkåret for avgiftsfritak for desse åra er dermed oppfylt.

Klima- og miljødepartementet inngjekk 24.5.2017 ei ny Miljøavtale om reduksjon av NOx-utsleppa med 15 næringsorganisasjonar. Verksemder som sluttar seg til den nye avtala får fritak for betaling av NOx-avgift for åra 2018–2025. Dersom utsleppstaka i avtala ikkje blir overhaldne, oppstår det krav om å betale avgift til staten der satsen avheng av kor stor overskridinga er. Vidareføring av avgiftsfritaket frå 2018 for verksemder som sluttar seg til avtala er godkjent av EFTAs overvakingsorgan (ESA) som lovleg statsstøtte.

Det er viktig å medverke til at fleire av landa i Sør- og Aust-Europa, Kaukasus og Sentral-Asia sluttar seg til Gøteborgprotokollen. Noreg medverkar til finansiering av kapasitetsbygging for å sette desse landa i stand til å ratifisere og implementere protokollen. Arbeidet skjer i regi av FNs Økonomiske kommisjon for Europa (UNECE).

Globalt er luftforureining sett på som ein av dei største miljørelaterte truslane mot folks helse. Verdas Helseorganisasjon (WHO) har anslått at om lag sju millionar menneske årleg døyr for tidleg på grunn av luftforureining, innandørs og utandørs. Kjeldene til helseskadeleg luftforureining er matlaging ved forbrenning av kol, ved og biomasse, transport, energi, avfallshandtering og industri. På grunnlag av anslaga frå WHO, har OECD anslått at verdas samla kostnader knytt til utandørs luftforureining i 2012 motsvarte om lag 5 pst. av verdas BNP i 2015. Denne delen er venta å auke i åra framover, særleg i utviklingsland og i framveksande økonomiar. FNs tredje miljøforsamling vedtok ein resolusjon om tiltak for betre luftkvalitet. Saman med motsvarande vedtak i WHO, vil denne resolusjonen vere eit grunnlag for det globale arbeidet med å redusere helseskadelege luftforureiningar.

Regjeringa arbeider innanfor FNs sjøfartsorganisasjon (IMO) for å utvikle eit meir effektivt regelverk for å redusere utsleppa til luft frå skipsfarten. IMO vedtok i juli 2017 å etablere eit lågutsleppsområde for NOx (NECA) i Nordsjøen og Austersjøen. Dette inneber at skip som seglar i desse havområda og som er bygt etter 1.1.2021 må innfri strengare krav til utslepp av NOx.

Lokal luftforureining

Klima- og miljødepartementet har det overordna ansvaret for å nå måla om lokal luftkvalitet, og ei pådrivarrolle mot andre departement og etatar for å få gjennomført tiltak som kan redusere luftforureining.

Noreg er blant dei landa i Europa som har lågast risiko for tidleg død som følgje av lokal luftforureining. Dårleg luftkvalitet fører likevel til alvorlege helseplager for befolkninga. Nivåa av svevestøv viser ein nedgåande trend i fleire byområde, mens i enkelte område varierer nivåa frå år til år.

Det er likevel eit stykke igjen til det nasjonale målet for svevestøv, og det nasjonale målet for PM10 vart i 2017 overskride i tre byområde (Oslo, Hamar og Drammen). Det nasjonale målet for PM2,5 vart overskride i fire byområde (Oslo, Bærum Sarpsborg og Fredrikstad). Fleire stader har NO2-konsentrasjonane vore stabile gjennom det siste tiåret. Det nasjonale målet for NO2 vart i 2017 overskride i Oslo, og der trengst det fleire tiltak for å redusere NO2-utsleppa.

Det nasjonale målet for lokal luftkvalitet blei endra frå 1. januar 2017 i tråd med tilrådinga frå Miljødirektoratet, Vegdirektoratet, Folkehelseinstituttet og Helsedirektoratet i rapport M-129

«Grenseverdier og nasjonale mål – Forslag til langsiktige helsebaserte nasjonale mål og reviderte grenseverdier for lokal luftkvalitet.»

Forureiningsforskrifta kapittel 7 er det sentrale verkemiddelet for lokal luftkvalitet. I forskrifta er kommunane gjort til forureinings-styresmakt for lokal luft. Forskrifta gir grenseverdiar for konsentrasjonar av ei rekkje stoff i luft. Grenseverdiane for partiklar (svevestøv) vart skjerpa frå 1. januar 2016, i tråd med tilråding frå Miljødirektoratet med fleire frå 2014. Ytterlegare skjerping skal vurderast frå 2020, basert på eit oppdatert kunnskapsgrunnlag som skal utarbeidast i 2018 og 2019. Forureiningsforskrifta stiller òg krav til målingar, utrekningar, utgreiingar av tiltak og rapportering. Forskriftskrava har utspring i EUs rammedirektiv for luftkvalitet, som er teke inn i EØS-avtala.

Noreg vart dømt i EFTA-domstolen hausten 2015 for brot på luftkvalitetsdirektivet for perioden 2009–2017, ved (i) overskridingar av grenseverdiane for NO2 og PM10, og (ii) ved at det ikkje var utarbeidd tilstrekkelege tiltaksutgreiingar i aktuelle kommunar/soner.

Dei siste åra har det vore viktig å utvide verktøykassa til kommunar og anleggseigarar, slik at det kan setjast i verk tiltak i periodar med overskridingar av grenseverdiane i forureiningsforskrifta.

For å leggje til rette for ytterlegare tiltak som betrar luftkvaliteten, har regjeringa sett i gang ei rekkje arbeid. Mellom anna er det lagt til rette for at kommunar som ønskjer det kan opprette lågutsleppsoner, gjennom ei sentral forskrift for lågutssleppssoner for bilar. Yrkestransportlova er endra slik at det er opna for at løyvestyresmakta kan stille miljøkrav for drosjer og det er lagt til rette for å differensiere bompengesatsane på bakgrunn av miljøeigenskapar. I tillegg er det for 14 byar blitt etablert eit nasjonalt berekningsverktøy for lokal luftkvalitet, og det blir arbeidd med å utvikle eit landsdekkjande berekningsverktøy og ei ny nettløysning for lokal luftkvalitet som blir lansert 1. november 2018.

Støy

Regjeringa vil arbeide for å redusere støyplager gjennom å følgje opp nasjonale og internasjonale forpliktingar. Miljøstyresmaktene følgjer opp status og utvikling i støyutsleppa og støyplaga generelt. Klima- og miljødepartementet har det overordna ansvaret for støy og ei koordinerande rolle overfor andre departement og etatar for å få gjennomført tiltak som kan redusere støyplager. Dei ulike sektordepartementa har hovudansvaret for å sikre at støyplaga blir redusert innanfor sin samfunnssektor, og å medverke til at det nasjonale målet for støy kan bli nådd.

Talet på støyplaga personar blant dei som var utsette for høg støy ved bustaden i 1999 er redusert med 9 pst. mellom 1999 og 2014. I denne utrekninga er det ikkje teke omsyn til folkevekst eller tilflytting til område som er plaga av støy. Generelt vil trafikkvekst og folkevekst i område påverka av støy føre til fleire støyutsette, noko som forklarer kvifor vi samtidig opplever ein generell auke i talet på nordmenn som er utsette for støy. Talet på personar utsette for høg innandørs støy aukar. Utviklinga viser at det kan bli vanskeleg å nå det fastsette målet om at talet på personar utsette for over 38 dB innandørs støynivå skal reduserast med 30 pst. frå 2005 til 2020, og det trengst fleire tiltak.

Forureiningsforskrifta kapittel 5 stiller krav om at anleggseigarar gjennomfører støyreduserande tiltak ved/på bustader der innandørs støy overstig 42 dB. EUs rammedirektiv for støy er òg teke inn i forureiningsforskrifta, og i tråd med dette skal anleggseigarar og dei største bykommunane kartleggje støy og utarbeide handlingsplanar for å redusere støy.

Ei rekkje tiltak er fastsette i ein nasjonal handlingsplan mot støy. Samferdselsdepartementet, Helse- og omsorgsdepartementet og Klima- og miljødepartementet vil gi sine etatar i oppdrag å greie ut ein ny måleindikator for støy som har fokus på søvnforstyrring, og å tilråde dei mest kostnadseffektive tiltaka i prioritert rekkjefølgje, for å redusere støy. Etatane skal òg vurdere effekten av tiltaka.

Ein fornuftig arealbruk etter plan- og bygningslova er kanskje det viktigaste, og mest kostnadseffektive, verkemiddelet for å førebyggje støyproblem. Det er gitt ei felles retningslinje (T-1442/2016) for behandling av støy i plansaker, med fokus på dei største støykjeldene. Retningslinja ble oppdatert i 2016 i tråd med nye fastsette grenseverdiar for skytebanestøy. Miljødirektoratet har laga ei rettleiing til retningslinja som blir oppdatert fortløpande i samarbeid med andre etatar og anleggseigarar.

Politikk for å nå dei nasjonale måla for klima

Regjeringa fører ein ambisiøs klima- og miljøpolitikk som byggjer på forvaltaransvaret og føre var-prinsippet. Regjeringa legg vekt på å styrkje Noregs konkurransekraft, skape grøn vekst og nye grøne arbeidsplassar. Det er naudsynt med ei omstilling til eit moderne, berekraftig lågutsleppssamfunn. Noreg har høg kompetanse, teknologi og tilgang på kapital som gjer det mogleg å medverke betydelig til denne omstillinga. Klimakonvensjonen og Parisavtala legg grunnlaget for norsk klimapolitikk. For informasjon om internasjonalt klimaarbeid, inkludert Parisavtala, sjå Programkategori 12.70 (Internasjonalt klimaarbeid).

Vi vil oppfylle vårt mål om 30 pst. utsleppsreduksjon i 2020 samanlikna med 1990 gjennom vår forplikting under Kyotoprotokollen om å redusere utsleppa i gjennomsnitt 16 pst. i 2013-2020. Målet om 40 pst. utsleppsreduksjon i 2030 skal følgjast opp gjennom ei avtale om felles oppfylling med EU. Regjeringa vil følgje målet om at Noreg skal vere klimanøytralt i 2030 og medverke til at Noreg skal bli eit lågutsleppssamfunn i 2050. Sjå nærare omtale av oppfølging av klimamåla for 2030 og 2050, og klimatilpassing i del IV.

Regjeringa vel verkemiddel ut frå kriteriet om at forureinar skal betale og at klimamåla skal bli nådd til lågast mogleg kostnad og med størst mogleg tryggleik, og vil halde fram arbeidet med grønt skatteskifte. Dei viktigaste verkemidla i norsk klimapolitikk er CO2-avgifta og EUs kvotesystem, som set ein pris på utslepp av klimagassar. Om lag 80 pst. av dei samla norske utsleppa er omfatta av desse verkemidla. Regjeringa vil innføre flat CO2-avgift for alle sektorar og trappe denne gradvis opp i perioden. Miljødirektoratet har ansvaret for kvotesystemet og den norske kvoterekneskapen under Kyoto-protokollen. Nærare detaljar om CO2-avgifta står i Prop. 1 LS (2018–2019) Skatter og avgifter 2019 frå Finansdepartementet.

I tillegg blir det nytta andre verkemiddel, mellom anna direkte regulering, standardar, avtaler og tilskot til utsleppsreduserande tiltak. Miljødirektoratet forvaltar ei tilskotsordning, Klimasats, til kommunar og fylkeskommunar for å redusere utslepp av klimagassar og medverkar til omstilling til lågutsleppssamfunnet. Klimagassutsleppa er mellom anna regulert i forureiningslova, plan- og bygningslova og produktkontrollova med tilhøyrande forskrifter. Dei statlege planretningslinjene for samordna bustad-, areal- og transportplanlegging har blant anna som mål at utbyggingsmønster og transportsystem skal fremje kompakte byar og tettstader og leggje til rette for klima- og miljøvennleg transport.

Forskingsrådet har samla sett ei rekkje verkemiddel som medverkar til å støtte målet om at Noreg fram mot 2050 skal bli eit lågutsleppssamfunn. Regjeringa vil støtte utvikling og spreiing av nullutslippsløysingar og medverke til å skape marknader for nullutsleppsteknologi. Ein stor del av innsatsen er innretta for å utvikle ny lågutsleppsteknologi, Enova skal bidra til reduserte klimagassutslepp og styrkt forsyningstryggleik for energi, og teknologiutvikling som på lengre sikt òg medverkar til reduserte klimagassutslepp. Regjeringa vil sikre Enova som eit viktig verkemiddel i klimapolitikken og føre vidare Enovas høve til å støtte omstilling til lågutsleppsteknologi i alle sektorar.

I samband med Stortingets behandling av Nasjonalbudsjettet 2017 ba Stortinget regjeringen «igangsette en prosess med berørte næringsorganisasjoner om etablering av en miljøavtale med tilhørende CO2-fond» (vedtak 108, punkt 1).

I Revidert nasjonalbudsjett 2017 rapporterte regjeringa om prosess, innretning og mogleg tidsløp for eit CO2-fond. Her vart det mellom anna uttrykt at eit eventuelt CO2-fond finansierast gjennom ei løyving på utgiftssida til statsbudsjettet, og at det ikkje vert gjeve heilt eller delvis fritak for CO2-avgift for verksemder knytte til eit eventuelt CO2-fond, slik næringslivet har ønskt.

Ved Stortingets handsaming av Revidert nasjonalbudsjett 2017 ba Stortinget regjeringa i vedtak 1110 mellom anna om å:

«…starte forhandlinger med berørte næringsorganisasjoner om etablering av en miljøavtale med tilhørende CO2-fond for næringstransport, med sikte på oppstart i løpet av 2019. Forhandlingene skal ta utgangspunkt både i de argumenter og løsninger som fremføres i RNB og de forslag næringslivet har spilt inn om en modell basert på NOx-fondet. Et privat fond skal vurderes, samtidig som det må foretas en grensedragning mellom et CO2-fond og eksisterende virkemidler, herunder Enova.»

Klima- og miljødepartementet har, saman med næringslivet, hatt ein prosess med drøftingar om eit CO2-fond for næringstransport og tilhøyrande miljøavtale. Drøftingane har pågått mellom Klima- og miljødepartementet og næringslivet ved NHO og fleire av dei transportrelaterte næringsorganisasjonane. Det er utarbeidd eit kunnskapsgrunnlag for eit mogleg CO2-fond, og det har blitt utgreidd fleire ulike innretningar av eit CO2-fond og ulike typar finansieringsmodellar. Miljødirektoratet har utvikla ein tiltaksmodell for å berekne kostnader og potensial for utsleppsreduksjonar som del av kunnskapsgrunnlaget. Kluge Advokatfirma har utgreidd statsstøtterettslege problemstillingar for ulike modellar av eit privat CO2-fond. Thema Consulting har på oppdrag frå NHO med fleire, utarbeidd ein rapport om teknologiutvikling og insentiv for klimavennleg næringstransport.

Regjeringa er oppteken av at klimapolitikken er basert på verkemiddel ut frå kriteriet om at forureinar skal betale og at klimamåla blir nådd til lågast mogleg kostnad og med størst mogleg sikkerheit. Hovudverkemidla i norsk klimapolitikk er sektorovergripande verkemiddel i form av klimagassavgifter og omsettbare kvoter. Regjeringa har derfor signalisert at det ikkje blir gitt redusert CO2-avgift for verksemder tilslutta eit eventuelt CO2-fond, og at den har som utgangspunkt at eit eventuelt CO2-fond blir finansiert over statsbudsjettet si utgiftsside og blir administrert av Enova.

Å leggje ordninga til Enova har fleire fordelar. Transportsektoren er allereie i dag eit av dei største områda under Enova, og det er kompetanse og system på plass for å løyse oppgåva på ein effektiv måte. Ei miljøavtale med tilhøyrande CO2-fond forvalta av Enova vil kunne komme raskt i gang med tanke på avklaringar med ESA. Støtte til investeringar i nullutsleppsteknologiar til køyretøy og fartøy må òg sjåast i samanheng med støtte til utbygging av lade- og fylleinfrastruktur for nullutsleppstransport, og Enova vil kunne koordinere dette godt. Ei ordning gjennom Enova vil kunne innrettast slik at den er svært enkel å bruke både for store og små transportselskap.

Departementet har invitert næringslivet til å gi innspel på korleis dei kan ha ein føremålstenleg medverknad på utformingar av ordningar under Enova. Næringslivet har primært ønskt ein modell der det blir gitt avgiftsfritak frå CO2-avgifta og oppretta eit privat CO2-fond. Eit slikt privat fond vil kunne innebere høge administrasjonskostnader og utfordringar med omsyn til kontroll. Utgreiingane frå Kluge Advokatfirma viser òg at tildelingar frå eit privat fond truleg også vil utgjere statsstøtte og dermed bli avgrensa av statsstøtteregelverket på same måte som støtte frå Enova. Dersom all næringstransport på land og sjø skulle få fritak for CO2-avgift, vil det årlege provenytapet kunne bli 4,5 mrd. kroner. Provenytapet må dekkast inn gjennom auka skatter på andre grunnlag og/eller reduserte løyvingar til andre føremål på statsbudsjettet.

Drøftingane med næringslivet pågår framleis. Det er semje om behovet for å stimulere innfasinga av låg- og nullutsleppsteknologi på nye område.

Enova har frå og med 2015 gitt støtte til klimatiltak i transportsektoren. Støtta er trappa kraftig opp og i 2017 fikk 177 prosjekt i transportsektoren samla om lag 1,1 mrd. kroner i støtte frå Enova. I tillegg kjem støtte til andre sektorar. Regjeringa foreslår ei auka overføring til Enova gjennom Klima- og energifondet på 344,5 mill. kroner, samanlikna med saldert budsjett for 2018. Midlane skal prioriterast til tiltak som gir størst mulig utsleppsreduksjonar i ikkje-kvotepliktig sektor. Særleg innan transportsektoren er det mogleg å skalere opp innsatsen på å fase inn null- og lågutsleppsteknologi. Regjeringa ser denne satsinga i samanheng med drøftingane med næringslivet, og ønskjer å halde fram dialogen om gode samarbeidsløysingar mellom myndigheitene og næringslivet.

Klimatilpassing

Klima- og miljødepartementet har ansvar for å leggje til rette for regjeringas heilskaplege arbeid med klimatilpassing. Miljødirektoratet har sidan 2014 vore den fagetaten som støttar Klima- og miljødepartementet i dette arbeidet og koordinerer det heilskaplege klimatilpassingsarbeidet. Midlane til klimatilpassing på Klima- og miljødepartementets budsjett blir føreslått førte vidare frå 2018 til 2019 under Miljødirektoratet. I tillegg er det sett av 6,4 mill. kroner til ei tilskotsordning for kommunar. Sjå nærare omtale av arbeidet med klimatilpassing under del IV.

Felles oppfylling av klimamål for 2030

Som eit bidrag til Parisavtala har både Noreg og EU meldt inn forpliktingar på visse vilkår på minst 40 pst. reduksjon i klimagassutslepp innan 2030 samanlikna med 1990. Noreg og EU arbeider no for ei felles oppfylling av desse utslippsmåla for 2030. Ei slik avtale mellom Noreg og EU vil innebere at Noreg vil medverke til gjennomføring av utsleppsreduksjonar på 43 pst. samanlikna med 2005 innanfor EU sitt kvotesystem (kvotepliktig sektor). Noreg vil òg medverke til utsleppsreduksjonar i ikkje kvotepliktig sektor, der dei samla utsleppa i EU skal kuttast med 30 pst. frå 2005 til 2030. Innsatsen som er naudsynt for å få til dette skal fordelast mellom landa gjennom bindande utsleppsmål. Ei avtale med EU vil innebere at Noreg vil få eit nasjonalt utsleppsmål for ikkje-kvotepliktig sektor på linje med samanliknbare EU-land. EUs regelverk for korleis opptak og utslepp frå skog- og arealbrukssektoren skal reknast inn mot utsleppsmålet (LULUCF-forordninga), vil óg vere relevant for Noreg i ei avtale med EU om felles oppfylling av klimamål for 2030. Sjå nærare omtale av felles oppfylling i del IV, klimalovrapporteringa.

Nærare om budsjettforslaget

Foreslått løyving knytt til programkategorien er på om lag 7,4 mrd. kroner i 2019. Tabellen under syner at dette er ein auke på 66,9 pst. samanlikna med saldert budsjett for 2018. Den store auken skuldast i hovudsak at ansvaret for oppfølginga av eigarskapen i Enova SF 1. mai 2018 vart overført frå Olje- og energidepartementet til Klima- og miljødepartementet, jf. kgl. res av 27. april 2018.

Budsjettmidlar til arbeidet med kunnskapsgrunnlaget (overvaking, kartlegging, artsprosjektet og liknande) er omtalt under programkategori 12.10 Fellesoppgåver, forsking, internasjonalt arbeid m.m.

Utgifter under programkategori 12.20 fordelte på kapittel

(i 1 000 kr)

Kap.

Nemning

Rekneskap 2017

Saldert budsjett 2018

Forslag 2019

Pst. endr. 18/19

1420

Miljødirektoratet

4 035 402

4 246 095

4 233 127

-0,3

1422

Miljøvennleg skipsfart

16 839

5 427

12 557

131,4

1423

Radioaktiv forureining i det ytre miljø

15 403

16 704

27 040

61,9

1424

MAREANO

24 466

43 352

-100,0

1425

Fisketiltak

85 709

95 229

16 796

-82,4

1428

Reduserte klimagassutslepp, energiomlegging, energi- og klimateknologi

3 064 450

Sum kategori 12.20

4 177 819

4 406 807

7 353 970

66,9

Kap. 1420 Miljødirektoratet

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2017

Saldert budsjett 2018

Forslag 2019

01

Driftsutgifter

668 360

667 928

689 287

21

Spesielle driftsutgifter

258 076

257 570

263 078

22

Statlege vassmiljøtiltak

297 183

279 369

235 574

23

Oppdrags- og gebyrrelatert verksemd, kan overførast

153 276

136 864

135 608

30

Statlege tileigningar, bandlegging av friluftsområde, kan overførast

32 668

32 460

30 167

31

Tiltak i verneområde, kan overførast

79 035

74 419

81 419

32

Statlege tileigningar, fylkesvise verneplanar, kan overførast

2 092

3 006

1 450

33

Statlege tileigningar, nytt vern, kan overførast

545

5 062

6 200

34

Statlege tileigningar, nasjonalparkar, kan overførast

49 073

2 053

35

Statlege tileigningar, skogvern, kan overførast

429 235

464 612

444 612

37

Skogplanting, kan overførast

4 040

10 375

38

Restaurering av myr og annen våtmark, kan overførast

5 393

23 625

23 625

39

Oppryddingstiltak, kan overførast, kan nyttast under postane 69 og 79

8 006

12 483

12 483

61

Tilskot til klimatiltak og klimatilpassing, kan overførast

27 712

153 920

158 230

63

Returordning for kasserte fritidsbåtar

292

20 000

20 000

64

Skrantesjukeprøver frå fallvilt

281

1 700

1 748

65

Tiltak i kommunar med ulverevir i Hedmark, Akershus og Østfold

18 200

20 000

20 560

69

Oppryddingstiltak, kan overførast, kan nyttast under postane 39 og 79

153 371

96 962

50 962

70

Tilskot til vassmiljøtiltak, kan overførast

58 972

42 755

30 292

71

Marin forsøpling, kan overførast

58 740

65 290

65 290

72

Erstatning for beitedyr tekne av rovvilt, overslagsløyving

113 948

140 892

136 978

73

Tilskot til rovvilttiltak, kan overførast

85 988

70 051

80 426

74

CO2-kompensasjonsordning for industrien

636 413

496 041

538 167

75

Utbetaling for vrakpant og tilskot til kjøretøy og fritidsbåtar, overslagsløyving

428 770

671 518

690 992

76

Refusjonsordningar, overslagsløyving

114 537

119 462

137 464

77

Ymse organisasjonar og stiftelsar m.m.

14 355

14 416

14 416

78

Friluftsformål, kan overførast

174 163

184 821

179 891

79

Oppryddingstiltak, kan overførast, kan nyttast under postane 39 og 69

529

450

450

81

Naturarv og kulturlandskap, kan overførast, kan nyttast under post 21

55 881

60 511

62 011

82

Tilskot til truga arter og naturtypar, kan overførast

44 882

48 455

45 355

84

Internasjonalt samarbeid

4 944

4 964

5 308

85

Naturinformasjonssenter, kan overførast

56 442

66 114

69 031

Sum kap. 1420

4 035 402

4 246 095

4 233 127

Midlane under budsjettkapitlet er retta mot alle resultatområde med unntak for resultatområda Kulturminne og kulturmiljø, og Polarområda.

Miljødirektoratets rolle og oppgåver

Miljødirektoratet er Klima- og miljødepartementets sentrale rådgivande og utøvande fagorgan innan klima, naturforvalting, forureining og friluftsliv. Hovudoppgåvene er å redusere klimagassutslepp, ta vare på naturmangfaldet og sikre den naturlege produksjonsevna, hindre forureining og leggje til rette for friluftsliv. Dette betyr mellom anna å leggje til rette for å ta vare på naturen, berekraftig bruk og verdiskaping.

Omsynet til miljø og berekraftig utvikling og dei nasjonale miljømåla gir hovudramma for arbeidet i Miljødirektoratet. Etaten sine funksjonar er å skaffe og formidle miljøinformasjon, utøve forvaltingsmynde, styre og rettleie regionalt og kommunalt nivå, gi faglege råd og delta i internasjonalt miljøarbeid.

Arbeidet som Miljødirektoratet utfører er ein føresetnad for å få gjennomført nasjonal klima- og miljøpolitikk, og å få sett i verk konkrete tiltak nasjonalt, regionalt og lokalt.

På klimaområdet arbeider Miljødirektoratet mellom anna med tiltaksanalysar for reduksjon i klimagassutslepp, utvikling og rapportering av klimagassrekneskapen til FN, utvikling og rapportering av klimagassrekneskapen for kommunar, utslippsreduksjon og omstilling til lågutsleppssamfunnet i kommunar og fylkeskommunar, overvaking av klimaendringar og verknader av klimaendringar på naturmangfald. Direktoratet deltek i dei internasjonale forhandlingane under Klimakonvensjonen, særleg med spørsmål knytte til utsleppsrapportering, kvoteregisteret, forsking og overvaking. Vidare er direktoratet Noregs nasjonale kontaktpunkt for FNs klimapanel og koordinerer alle prosessar knytte til klimapanelets arbeid.

Klima- og miljødepartementet har ansvaret for å leggje til rette for regjeringas heilskaplege arbeid med klimatilpassing, og Miljødirektoratet er departementets fagetat på dette området. Direktoratet bistår departementet i oppfølging av stortingsmeldinga om klimatilpassing, medverkar til at regjeringas arbeid på området blir følgt opp av forvaltinga og i samfunnet, og støttar departementet i det internasjonale arbeidet med klimatilpassing, under dette i klimaforhandlingane.

På naturforvaltingsområdet arbeider Miljødirektoratet mellom anna med å sikre ei kunnskapsbasert forvalting der økosystema har god tilstand og leverer økosystemtenester, etablering og forvalting av verneområde og forvalting av truga arter og naturtypar, under dette etablering og forvalting av prioriterte arter og utvalde naturtypar. Andre viktige oppgåver er forvalting av rovvilt, vassforvalting, heilskapleg havforvalting, marin naturforvalting og forvalting av villaks, innlandsfisk og villrein. Miljødirektoratet er òg fagetat for anna haustbart vilt, men blir på dette området styrt frå Landbruks- og matdepartementet etter at ansvaret på departementsnivå er flytta dit, jf. Prop. 48 S og Innst. 230 S (2017–2018). På same måte som på klimaområdet deltek etaten i dei internasjonale forhandlingane under Konvensjonen om biologisk mangfald. Direktoratet er Noregs nasjonale kontaktpunkt for det internasjonale naturpanelet (IPBES), og koordinerer alle prosessar knytt til Naturpanelet sitt arbeid. Ei teknisk støtteeining for kapasitetsbygging er etablert i Miljødirektoratet.

Etaten medverkar vidare til at omsynet til langsiktig disponering av naturressursane blir lagt til grunn ved arealplanlegging etter plan- og bygningslova.

Statens naturoppsyn er ein del av Miljødirektoratet, og har med heimel i lov om statleg naturoppsyn ansvar for å føre tilsyn med naturtilstanden og oppsyn med at reglane i miljølovgivinga blir følgde, og avdekkje og førebygge miljøkriminalitet. Statens naturoppsyn er òg kompetansemiljø for gjennomføring av skjøtsels- og tilretteleggingstiltak i verneområda.

Tilrettelegging for friluftsliv, motivering av befolkninga til å utøve friluftsliv og sikring og forvalting av friluftslivsområde er òg viktige oppgåver for Miljødirektoratet.

Miljødirektoratet samordnar det sektorovergripande arbeidet på forureiningsområdet, og samarbeider med sektorane om faktagrunnlag, analysar og vidareutvikling av tiltak og verkemiddel. Viktige oppgåver på forureiningsområdet er arbeidet med å redusere marin forsøpling og mikroplast, redusere og førebyggje bruk av helse- og miljøfarlege kjemikaliar, reinske opp i forureina sjøbotn og forureina grunn, hindre forureining i vassdrag og langs kysten, førebyggje og hindre oljeforureining, redusere luftforureiningar og å auke ressursutnyttinga og redusere miljøproblem frå avfall. Direktoratet er aktivt involvert i internasjonalt samarbeid på desse områda. Etaten har vidare ansvar for å gjennomføre risikobasert tilsyn.

Miljødirektoratet har brei oversikt over naturtilstand og forureining i Noreg, og rapporterer dette fortløpande til resten av miljøforvaltinga, andre sektorar og allmenta mellom anna gjennom Miljøstatus.no. Etaten har òg fagleg instruksjonsmynde overfor miljøvernavdelingane hos fylkesmannen.

Post 01 Driftsutgifter

Midlane under posten er retta mot resultatområda Naturmangfald, Friluftsliv, Forureining og Klima.

Posten dekkjer løns- og driftsutgifter til verksemda ved Miljødirektoratets to hovudkontor i Trondheim og Oslo, og dei lokale kontora til Statens naturoppsyn rundt omkring i landet. Meir spesifikt dekkjer posten løn til faste og mellombels tilsette, husleige, reiser, IKT-utgifter, informasjon, formidling og drift av miljøinformasjonssystem og ulike nettstader. Posten dekkjer òg drift av CO2-kompensasjonsordninga og klimasatsordninga. For ei vidare utgreiing om kva slags føremål løyvinga går til, viser vi til omtala under «Miljødirektoratets rolle og oppgåver» over.

Utgifter knytte til oppdrag som Statens naturoppsyn utfører for andre, mellom anna Statskog, er dekte av posten. Inntektene for desse er førte under kap. 4420 post 01.

Samla sett er posten auka med 21,4 mill. kroner. Til å dekkje kostnadene ved lønsoppgjeret i staten i 2018 er det lagt inn 15,7 mill. kroner. Det er lagt inn 6 mill. kroner til seks nye nasjonalpark- og verneområdforvaltarar. Det er likeins lagt inn 5 mill. kroner til fem årsverk i Statens naturoppsyn til operativ feltverksemd i rovviltforvaltinga, særleg bistand til kommunale fellingslag i samband med skadefellingsforsøk.

Til direktoratets arbeid med marin forsøpling er det lagt inn 2,5 mill. kroner. Vidare er posten auka med 3 mill. kroner grunna forventa auka framleigeinntekter under kap. 4420 post 01. Som prisjustering har posten fått 2,9 mill. kroner. Til posten er det flytt 1 mill. kroner frå kap. 1400 post 01 i samband med at ei stilling knytt til internasjonale oppgåver er flytta frå Klima- og miljødepartementet til Miljødirektoratet.

I samband med at pilotordninga for skogplanting blir avslutta i 2018, er det teke ut 5 mill. kroner som har gått til styring og administrasjon av ordninga hos fylkesmennene.

Av løyvinga på posten er 3,3 mill. kroner over fleire år tildelt Folkehelseinstituttet knytt til vurdering av helseeffektar av miljøgifter og forureiningar. Desse midlane er no flytta til kap. 1400 post 21 for fortsatt tildeling til Folkehelseinstituttet derifrå. I tillegg er det teke ut 3,3 mill. kroner i samband med avbyråkratiserings- og effektiviseringsreforma. Det er likeins teke ut 3 mill. kroner som direktoratet i 2018 fekk i samband med at det tek over ansvaret for drifta for fleire IT-system i dei andre miljøetatane, men mesteparten av midlane er lagt inn igjen på post 21, jf. omtale under denne.

Løyvinga kan overskridast mot tilsvarande meirinntekt under kap. 4420 post 01.

Rapport 2017

Av rekneskapsførte utgifter i 2017 vart 72 pst. nytta til løn. Resten gjekk til husleige, energi, drift og utvikling av IKT, reiseutgifter, kompetanse- og organisasjonsutvikling.

Post 21 Spesielle driftsutgifter

Posten finansierer tiltaksretta forvaltingsoppgåver innan resultatområda Naturmangfald, Friluftsliv, Forureining og Klima.

Posten finansierer fleire av direktoratets oppgåver innan klima. Dette gjeld til dømes arbeid knytt til FNs klimapanel (IPCC), utvikling og drift av klimarekneskapen, utgreiing for å støtte etatens arbeid med tiltak mot klimagassutslepp og kortlevde klimadrivarar, restaurering av våtmark, utvikling av verktøy for lokal klima- og energiplanlegging og utvikling av verktøy for å rekne ut lokal luftkvalitet. Posten dekkjer òg finansiering av ulike oppgåver innan klimatilpassing, støtte til Klimaservicesenteret, og andre tiltak for auka kunnskap og kompetanse.

Posten dekkjer kostnadene med prosess for gjennomføring av verneplanar som er vedtekne av Stortinget. Dette gjeld skogvern og supplerande vern der direktoratet finansierer noko av fylkesmannens arbeid, og delar av arbeidet med marint vern der etaten finansierer utgreiing av kunnskapsgrunnlaget og fylkesmannens arbeid. Utgifter til å hente inn kunnskap og arbeidet til lokale partar knytt til lokalt initierte nasjonalparkforslag blir òg finansierte frå denne posten. I tillegg dekkjer posten fylkesmennene og nasjonalparkstyra sitt arbeid med utarbeiding av forvaltingsplanar, kostnader til nasjonalparkstyre og tilsynsutval, og innføringa av merkevare- og besøksstrategi for nasjonalparkane og andre verneområde.

Ein del av tenestekjøp av oppsynsoppgåver som Statens naturoppsyn gjer hos Fjellstyra blir dekte over posten. Miljødirektoratet vil som i tidlegare år kjøpe slike tenester etter behov og tilgjengeleg budsjettramme.

Posten dekkjer òg ymse utgifter knytt til nasjonal koordinering av Skjergardstenesta, samt utgifter knytt til arbeidet med kartlegging og verdisetting av friluftslivsområde og nytt ferdselsåreprosjekt.

I samband med forvalting av rovvilt dekkjer posten drift av nasjonalt fagråd for overvaking av rovvilt og møtegodtgjersle for dei regionale rovviltnemndene. Posten dekkjer òg ordningar for vaktberedskap hos fylkesmennene og utviklingstiltak som er prioriterte av dei regionale rovviltnemndene.

Posten dekkjer utarbeiding og oppfølging av handlingsplanar og faggrunnlag for truga artar og naturtypar, under dette innhenting av naudsynt kunnskap og utreiingar. Midlane vert òg nytta til tenestekjøp knytt til rådgiving om skjøtsel og forvalting av truga artar og naturtypar. Tiltaka vert finansierte over post 82 Tilskot til truga artar og naturtypar. Posten dekkjer vidare tenestekjøp knytt til Naturindeks for Noreg.

Fagsystem for nasjonal styring og rapportering, og oppfølging av forpliktingar i internasjonale konvensjonar, som Bernkonvensjonen og Ramsarkonvensjonen, blir òg dekte av posten. Det same gjeld førebuing og gjennomføring av den niande Trondheimskonferansen om biologisk mangfald i 2019.

Posten finansierer utvikling og drift av handlingsplanar mot framande arter. I tillegg finansierer posten utvikling av kunnskapsgrunnlaget om framande arter. Avtala med Vitskapskomiteen for mat og miljø om risikovurderingar knytte til innførsel av framande organismar, genmodifiserte organismar, CITES og mikroorganismar vert òg dekt over posten.

Posten blir brukt til kjøp av spisskompetanse for å vurdere helse- og miljøfare ved stoff som Noreg foreslår for reguleringar i EU og globalt. Den blir òg brukt til å få fram betre kunnskap om ulike kjelder til spreiing av miljøgifter, som eit ledd i å nå dei nasjonale måla på miljøgiftområdet, og til å sikre eit brukarvennleg elektronisk system for deklarering av kjemikaliar til Produktregisteret.

På avfallsområdet dekkjer posten utgifter til utgreiingar, og til å utvikle og drifte refusjonssystemet for spillolje. Vidare dekkjer posten utgifter direktoratet eventuelt får ved å måtte fjerne eigarlaust farleg avfall, farleg avfall frå konkursbu eller farleg avfall som eigaren ikkje klarer å ta hand om på ein forsvarleg måte, jf. forureiningslova §§ 74 og 76.

Samla sett er posten auka med 5,5 mill. kroner i høve til 2018.

Posten er auka med følgjande midlar: 10 mill. kroner til arbeid mot framande arter, 3 mill. kroner til oppfølgingsoppgåver på rovviltområdet, 2,5 mill. kroner til oppfølgingsoppgåver på viltområdet, 2,5 mill. kroner til gjennomføring av Trondheimskonferansen 2019, 1,5 mill. kroner til å hente inn kunnskap for samla verkemiddelbruk for truga natur (ei delvis vidareføring av prosjektet om å utvikle nye faggrunnlag for arter og naturtypar) og 0,5 mill. kroner til evaluering av modellen for lokal forvalting av nasjonalparkar og andre store verneområde.Til å følgje opp direktoratets etablering av driftsansvar for fleire IT-system for alle miljøetatane, er det lagt inn 2,8 mill. kroner. Føremålet var i 2018 finansiert over post 01, jf. omtale under denne.

Til posten er det frå post 31 flytta 3 mill. kroner til eit treårig prosjekt for å byggje fagmiljø og erfaring regionalt hos ein eller fleire fylkesmenn knytt til uttak av framande treslag i verneområde.

Posten har fått ei prisjustering på 7,4 mill. kroner.

Etter avslutta periode er følgjande midlar tekne ut: 5,5 mill. kroner til å utvikle nye faggrunnlag for arter og naturtypar, 4,5 mill. kroner til ei norsk økosystemutgreiing, 4 mill. kroner til tiltak mot skrantesjuke, 2 mill. kroner til utarbeiding og igangsetjing av tiltaksplan mot framande organismar, 1,5 mill. kroner til utgreiing av betydninga av predatorar for bestandene i Tanavassdraget og midlar til forsking og innhenting av kunnskap om bestandsutviklinga i Tanavassdraget (prosjektet er delvis ført vidare under post 22, jf. omtale under denne), 1 mill. kroner til å utarbeide mål for «god tilstand» i norske økosystem, 1 mill. kroner til utvikling av standardiserte pålegg for miljøforbetring i regulerte vassdrag, 0,9 mill. kroner til programmet for samarbeid med miljøpolitisk viktige land og 0,5 mill. kroner til betre motsegnspraksis hos fylkesmenn og fylkeskommunar i energisaker.

Som del av avbyråkratiserings- og effektiviseringsreforma er posten redusert med 1,3 mill. kroner.

I samband med at overvakingsmidlane skal samlast under kap. 1410 post 21 er 4 mill. kroner flytta dit. Dette gjeld 1,35 mill. kroner knytt til dverggås, 0,25 mill. kroner til snøugle og 2,4 mill. kroner til fjellrev.

Frå posten er 1,5 mill. kroner over fleire år tildelt Folkehelseinstituttet knytt til vurdering av helseeffektar av miljøgifter og forureiningar. Desse midlane er no flytta til kap. 1400 post 21 for fortsett tildeling til Folkehelseinstituttet derifrå.

Rapport 2017

Midlane på posten blei i 2017 nytta til tiltak knytte til forvalting av nasjonalparkar og andre verneområde, kamp mot framande arter, forvalting av truga arter og utvalde naturtypar og rovvilt, og arbeid knytt til klima og forureining.

Ein del av midlane er òg nytta til kjøp av naturoppsynstenester. Om lag ein tredel av løyvinga på posten vart fordelt vidare til fylkesmennene til bruk i dei einskilde fylka.

Post 22 Statlege vassmiljøtiltak

(i 1 000 kr)

Underpost

Nemning

Rekneskap 2017

Saldert budsjett 2018

Forslag 2019

22.1

Kalking

90 303

84 116

82 054

22.2

Anadrome laksefisk

118 530

106 731

107 930

22.3

Generell vassforvalting

88 350

88 522

45 590

Sum post 22

297 183

279 369

235 574

Midlane under posten er retta mot resultatområde Naturmangfald.

Posten dekkjer ulike vassmiljøtiltak som ikkje er tilskot, under dette midlar til kalking, bevaring og forvalting av viltlevande anadrom laksefisk (laks, sjøaure og sjørøye) og heilskapleg vassforvalting. Tilskot til same føremål blir dekte over post 70.

Samla sett er posten redusert med 43,8 mill. kroner. Endringane blir forklarte under den einskilde underposten.

Underpost 1 dekkjer kjøp av kalkingstenester og er i høve til 2018 redusert med 2,1 mill. kroner. For å gjere plass til andre prioriteringar i statsbudsjettet er posten redusert med 4 mill. kroner. Den delen av kalkingsmidlane som ligg på 22-posten er dessutan redusert med 0,4 mill. kroner som del av avbyråkratiserings- og effektiviseringsreforma. Samstundes er underposten prisjustert med 2,4 mill. kroner.

Underpost 2 dekkjer tiltak og forsking og utvikling knytt til forvalting av anadrom laksefisk, under dette tiltak mot lakseparasitten Gyrodactylus salaris, bevaring i genbank og styrking av kunnskapsgrunnlaget. Posten er i høve til 2018 auka med 1,2 mill. kroner.

Det er teke ut 5 mill. kroner som har lege inne til mellombels oppbevaring av genmateriale for laksefisk-stammer frå Hardanger på Ims, i tråd med at ny genbank for desse er vedteken bygd. Arbeidet med å etablere ein genbank for laksefisk frå Hardanger blei sett i gang i 2018, og underposten vil i 2019 og framover dekkje etablering og drift av genbanken, under dette òg vidare innsamling av genmateriale frå fiskebestandane. Til investering i genbanken er det behov for ei bestillingsfullmakt på 9,1 mill. kroner på posten, jf. forslag til vedtak V.

Som del av avbyråkratiserings- og effektiviseringsreforma er underposten redusert med 0,5 mill. kroner.

Underposten er prisjustert med 3,1 mill. kroner. Til ny metodikk for genetikkanalyse i Tana er det lagt inn 2,1 mill. kroner, og til oppfølging og avslutning av tiltak frå 2018 kalla «Utredning av betydningen av predatorer for bestandene i Tanavassdraget» er det lagt inn 1 mill. kroner.

Som følgje av ei omlegging av bestandsovervakinga for laks frå tilskots- til oppdragsfinansiert verksemd er det flytta 4 mill. kroner frå post 70. Samstundes er 3,5 mill. kroner til overvaking av villaks som frå før låg på post 22 flytta til kap. 1410 post 21.

Underpost 3 omfattar midlar til heilskapleg vassforvalting etter vassforskrifta og anna generell vassforvalting. Frå denne posten blir det òg fordelt midlar til vassregionstyresmaktene og arbeidet i vassområda. Samla er underposten redusert med 42,9 mill. kroner.

I samband med at overvakingsmidlane skal samlast under kap. 1410 post 21 er 48,1 mill. kroner til vassovervaking flytta dit. For å gjere plass til andre prioriteringar i statsbudsjettet er posten redusert med 1 mill. kroner. Som del av avbyråkratiserings- og effektiviseringsreforma er underposten redusert med 0,4 mill. kroner.

Til underposten er det flytta 4 mill. kroner frå post 70 for å ivareta fylkesmannens oppgåver i vassforvaltinga, spesielt oppgåver som ligg i vassforskrifta sin planleggingssyklus i 2019. Underposten er prisjustert med 2,6 mill. kroner.

Underpost 3 skal framleis dekkje tiltak knytt til storaure og krypsiv.

Rapport 2017

Miljødirektoratet og fylkesmannen brukte 297 mill. kroner til ulike statlege vassmiljøtiltak i 2017. Om lag 40 pst. av midlane har vore nytta til kalking av vassdrag. Om lag 30 pst. har vore nytta til forvalting av og tiltak for å ta vare på anadrom laksefisk, under dette tiltak mot lakseparasitten Gyrodactylus salaris. Om lag 30 pst. av midlane er nytta til generell vassforvalting.

Kalking

Tilførsla av sur nedbør er sterkt redusert sidan toppnivåa på 1980-talet, men den positive utviklinga flata ut etter tusenårsskiftet. Enno er om lag 8 pst. av arealet i Noreg skadd av forsuring, og fram mot 2030 er det berre venta små ytterlegare betringar i forsuringssituasjonen. For å oppnå ytterlegare betring i vasskvaliteten i Noreg, må utsleppa av svovel- og nitrogenforbindelsar til luft i Europa reduserast meir enn målsetjingane i Gøteborgprotokollen.

Totalt blir 22 lakseførande elvar i Noreg kalka. I dei elvane der laksen har gått tapt grunna sur nedbør er det etablert nye laksestammer. Det har vore godt laksefiske i mange av dei kalka elvane, med ein årleg totalfangst på 40–60 tonn (12–15 pst. av all laks fanga i norske elvar). Rapportar om kalkavslutning i lokale prosjekt blir følgde opp. Oppfølging av Plan for kalking av vassdrag i Noreg 2016–2021 starta i 2016. I tillegg til den vanlege drifta blei det tildelt ekstra midlar til optimaliseringstiltak i Agder, Rogaland og Hordaland, mellom anna til nye kalkingsdoserarar og/eller terrengkalking.

Anadrom laksefisk

I Driva er det no bygd ei fiskesperre som første fase i arbeidet med å nedkjempe lakseparasitten Gyrodactylus salaris i Drivaregionen. Fisketrapp og fangsthus blei tekne i bruk i løpet av august 2017. Oppflytting av sjøaure blei starta opp. Ved hjelp av ei ekspertgruppe blei det identifisert og sett i gang modifiserande tiltak som sikrar at sperra fungerer fullgodt frå sesongen 2018. Utgreiing av moglege tiltak mot lakseparasitten i Drammen-regionen går etter planen, og Vefsna- og Lærdalregionen blei friskmeldt i oktober. Genbankarbeidet er framleis omfattande som følgje av at historisk mange bestander er teke vare på, og er under reetablering i påvente av eller etter nedkjempingstiltak mot Gyrodactylus salaris. Innsamling og mellombels oppbevaring av laksefiskbestander i Hardanger er følgt opp i tråd med føresetnadene. Løyvinga er òg brukt til arbeidet med fisket i Tanavassdraget. Innsatsen på bestandsovervaking av villaks er auka, og eit opplegg for særskilt overvaking på sjøaure er vidareutvikla. Kunnskapsgrunnlaget for forvalting av laks er styrkt, mellom anna gjennom klassifisering av fleire laksebestandar etter kvalitetsnorma i regi av Vitskapeleg råd for lakseforvalting.

Generell vassforvalting

Gjennom auka overvaking i mellom anna fjordar og kystvatn, har kunnskapsgrunnlaget for vassforvaltinga hatt høg prioritet saman med utvikling av klassifiseringssystemet for ferskvatn og kystvatn. Utvikling av fagsystema Vass-Nett og Vassmiljø har vore viktig som førebuing på vidare arbeid med kunnskapsgrunnlaget. Det har òg vore prioritert å gi midlar til vassområda og arbeidet med regionale overvakingsprogram saman med auka fokus på bruk av påleggsheimlar. Oppfølging av regionale vassforvaltingsplanar og tiltaksprogram har vore prioritert mellom anna gjennom oppfølging av sektoransvaret i regulerte vassdrag og på industriområdet.

Løyvinga er òg brukt til kunnskapsoppdatering knytt til storauretiltak og tiltak og innhenting av kunnskap knytt til krypsiv.

Post 23 Oppdrags- og gebyrrelatert verksemd, kan overførast

Løyvinga er knytt til utgifter som direktoratet har ved gebyrfinansiert verksemd og til utgifter ved oppdrag finansierte frå andre instansar. Midlane er retta mot resultatområda Naturmangfald, Forureining og Klima.

Posten er samla redusert med 1,3 mill. kroner i høve til 2018.

Grunna forventa reduserte inntekter frå internasjonale oppdrag under kap. 4420 post 09 er posten redusert med 8,2 mill. kroner. Vidare er 4,4 mill. kroner rammeoverført til Landbruks- og matdepartementets budsjett i samband med at ansvaret for forvaltinga av haustbare viltressursar er overført til dette departementet, jf. Prop. 48 S og Innst. 230 S (2017–2018). Midlane er knytt til utgifter ved å drive eksamensordninga for jegerprøva. Posten er redusert med 0,4 mill. kroner i samband med avbyråkratiserings- og effektiviseringsreforma.

Grunna venta auka inntekter under kap. 4420 postane 04 og 06 er posten auka med 7,8 mill. kroner. I prisjustering er posten auka med 3,9 mill. kroner.

Direktoratet utfører med heimel i fleire forskrifter oppgåver som er gebyrfinansierte i samsvar med prinsippet om at forureinar betaler. Utgiftene til desse oppgåvene er budsjetterte til 39,6 mill. kroner, mens inntektene er 41,1 mill. kroner. Sjå nærare forklaring under kap. 4420 post 04 der inntektene blir førte.

På same vis utfører fylkesmennene oppgåver i samband med konsesjonsbehandling og kontroll etter forureiningslova, jf. gebyrinntekter under kap. 4420 post 06 anslått til 35,9 mill. kroner. Inntektene blir tilbakeførte til fylkesmennene.

Til utgiftene ved kontroll og verifisering av kvotepliktige verksemder er det i samsvar med EUs reglar knytt gebyr som er førte under kap. 4420 post 07, anslått til 8,3 mill. kroner.

Omfanget av arbeid knytt til gebyrrelatert verksemd på naturforvaltingsområdet er venta til om lag 0,6 mill. kroner, jf. inntekter under kap. 4420 post 08.

Posten dekkjer òg utgifter anslått til 43,8 mill. kroner ved internasjonale oppdrag som direktoratet får refunderte over kap. 4420 post 09, hovudsakleg frå andre statsinstansar.

Løyvinga på posten kan overskridast mot tilsvarande meirinntekter under kap. 4420 postane 04, 06, 08 og 09, jf. forslag til vedtak II.

Rapport 2017

Om lag 24 mill. kroner av midlane vart i 2017 nytta av fylkesmennene, i hovudsak knytt til gebyrfinansierte tiltak på forureiningsområdet. Utgifter til internasjonal verksemd var om lag 46 mill. kroner. Ein vesentleg del av desse vart nytta til løn og direkte kostnader. Resten av midlane vart nytta til løn og driftskostnader knytt til dei ulike gebyrordningane.

Post 30 Statlege tileigningar, bandlegging av friluftslivsområde, kan overførast

Midlane på posten er retta mot resultatområde Friluftsliv. Midlane blir nytta til statleg sikring av nye friluftslivsområde, anten ved offentleg erverv eller ved avtale om varig bruksrett (servituttavtale med grunneigar).

Kommunane og dei interkommunale friluftsråda kan søkje Miljødirektoratet om økonomisk medverknad til sikring av viktige friluftslivsområde. Miljødirektoratet kan òg i samarbeid med kommunane overta friluftslivsareal frå andre statlege etatar som ikkje lenger har behov for desse i si verksemd. I tillegg kan kommunale friluftsområde vederlagsfritt bli omgjort til statleg sikra friluftslivsområde, dersom områda tilfredsstiller kriteria for statleg sikring. Slike område blir tinglyste som statleg sikra friluftslivsområde.

Midlane på posten kan òg nyttast til grunnleggjande istandsetjingstiltak i samband med at nye område blir sikra, til dømes oppføring av toalettbygningar eller opparbeiding av tilkomst. Midlane på posten kan òg nyttast til istandsetting av statleg eigde bygningar på dei sikra områda, under dette utarbeiding av forvaltingsplanar og istandsetjing av freda bygningar på sikra område.

For friluftsområde med nasjonal og regional bruk kan staten medverke med inntil 100 pst. av kostnadane, for område med i hovudsak lokal bruk med inntil 50 pst. av kostnadene. Prioriterte område i sikringsarbeidet er friluftsområde i og ved store befolkningskonsentrasjonar, under dette område i nærmiljøet, landfaste område i kystsona med lite tilgjengeleg strandsone og stort press på areala, og sentrale område ved innlandsvassdrag.

Løyvinga kan normalt ikkje nyttast til å kjøpe bygningar. Unntak frå dette er bygningar som anten skal rivast eller nyttast i friluftslivssamanheng i området.

Frå og med 2019 skal ikkje staten lenger bli eigar av nye område som blir sikra. Unnateke frå dette er friluftslivsareal som blir overteke frå andre statlege etatar som ikkje lenger har behov for desse i sin verksemd, og som med dette blir statleg sikra friluftslivsområde.

Midlane på posten kan òg dekkje utgifter knytte til dei sikra områda, som for eksempel grenseoppgangar, frådelingar og tinglysingar. Investeringsmidlane blir utbetalte når Miljødirektoratet har motteke formell dokumentasjon på at heimel eller rett er overført, og at statens vilkår er oppfylte.

Posten er redusert med 3 mill. kroner. I prisjustering er posten auka med 0,7 mill. kroner. I sum er posten redusert med 2,3 mill. kroner.

Det er behov for ei tilsegnsfullmakt på 55 mill. kroner på posten, jf. forslag til vedtak VI.

Rapport 2017

Det vart sikra 33 nye friluftslivsområde gjennom statleg medverknad med midlar frå post 30 i 2017. Om lag 70 pst. av områda kan definerast som nærområde til der folk bur. Områda som vart sikra i 2017 ligg i 13 ulike fylke. Dei siste åra er det i langt større grad enn tidlegare blitt sikra friluftslivsområde i nærleiken av bustadområde. Desse områda har jamt over høgare sikringskostnader enn område utanfor bustadområda. Det er både kommunar og interkommunale friluftsråd som har initiert desse sikringsprosessane, og som vil stå for vidare drift og tilsyn i områda framover.

I tillegg til gjennomført sikring, søkte kommunar og friluftsråd om statleg medverknad til å sikre nye område, og 52 nye område vart innvilga i 2017. Kommunane og friluftsråda arbeider no med å få gjennomført sikringa av desse, og med tilrettelegging av areala.

Post 31 Tiltak i verneområde, kan overførast

Posten er retta mot resultatområde Naturmangfald. Midlane dekkjer statlege investeringsutgifter og andre typar tiltak i verneområde. Midlane går til tiltak som er naudsynte for å ta vare på verneverdiane, inkludert utgreiingar som er naudsynte før tiltak, informasjonstiltak og skjøtsels- og tilretteleggingstiltak. Tilretteleggingstiltaka omfattar opparbeiding av stigar, klopping og merking for å betre tilgjenget i verneområda og samstundes styre ferdsla i og rundt sårbar natur i verneområda. Midlane nyttast òg til informasjonstiltak i alle typar av verneområde i samband med ny merkevare for Noregs nasjonalparkar og til utarbeiding av besøksstrategiar for nasjonalparkar og andre verneområde med store besøkstal eller særskilde utfordringar. Alle tiltak skal vere i tråd med godkjent forvaltings-/skjøtselsplan for verneområda og andre relevante styringsdokument.

Posten blir òg nytta til båtinvesteringar for Statens naturoppsyn. Grunna alder og slitasje har Statens naturoppsyn behov for utskifting og fornying av båtar for å tilfredsstille krav til eiga sikkerheit og stabil drift. Til materiellbestillingar (hovudsakleg båtkjøp) er det behov for ei bestillingsfullmakt under posten på 3 mill. kroner, jf. forslag til vedtak V.

Posten skal òg nyttast til å dekkje Klima- og miljødepartementet sin del av kostnadene til fjerning av Einøvlingsdammen i Dovrefjell og Sunndalsfjella nasjonalpark. Nasjonalparken vart utvida i 2018, og i samband med vernevedtaket vart det bestemt at Einøvlingsdammen skal fjernast. Dammen har ei damkrone på 150 meter og er eigd av Statskog. Anlegget er ikkje omfatta av Forsvaret og Forsvarsbygg sitt restaureringsprosjekt for det tidlegare skytefeltet på Hjerkinn.

Posten er auka med 7 mill. kroner i høve til 2018. Til auka skjøtsel og tilrettelegging i verneområde er det lagt inn 10 mill. kroner. Frå posten er det flytta 3 mill. kroner til post 21 for finansiering av eit treårig prosjekt for å byggje fagmiljø og erfaring regionalt hos ein eller fleire fylkesmenn knytt til uttak av framande treslag i verneområde.

Rapport 2017

Midlane er brukt til tiltak og investeringar for å ta vare på og halde ved lag verneverdiane i verneområde over heile landet. Mange hundre slike tiltak blir gjennomførte kvart år. Tiltaka er prioriterte først og fremst i verneområde der verneverdiane er truga. Rydding og slått i areal som er i ferd med å gro att grunna endra arealbruk og uttak av framande arter som sitkagran, rynkerose og mink er eksempel på tiltak som er gjennomførte.

Skjøtsel er aldri eingongstiltak, og tiltaka må alltid følgjast opp. I Øvre Forra naturreservat i Trøndelag er myrslått gjennomført gjennom mange år, og tiltaksmidlar blir her nytta årleg til skjøtselsarbeidet som følgjer planen for området. Slått i kulturlandskap i Utladalen landskapsvernområde kan òg stå som eit døme på årleg skjøtsel av kulturmark i verneområda.

Kampen mot framande arter i verneområda held fram, og bland dei konkrete tiltaka som blei gjennomførte i 2017, kan nemnast omfattande uttak av framande treslag i Ånuglo naturreservat i Hordaland. Dei framande treslaga er no fjerna ved hjelp av hogstmaskiner, og tømmeret er teke ut med lekter sjøvegen. Det står att nokre få tre i vanskeleg terreng, og desse vil bli hogd i 2018.

I fleire verneområde er planta gran ein trussel for verneverdiane. Blant desse er Junkerdalsura naturreservat der ein i 2017 starta arbeidet med å fjerne eit større granfelt som fortrengjer naturleg førekommande arter. Prosjektet er fleirårig.

Tilretteleggings- og informasjonstiltak er òg prioriterte i 2017, og har omfatta mellom anna opparbeiding av stigar, klopping og merking for å betre tilgjenget i verneområda og samstundes styre ferdsla i og rundt sårbar natur. Av tilretteleggingstiltak kan nemnast utbetring av turstien på Runde i Møre og Romsdal og ferdigstilling av eit stort fuglekikketårn i Herdla naturreservat i Hordaland. Desse to verneområda får årleg mykje besøk, og større tilretteleggingstiltak blir prioriterte i slike område.

I Flekkefjord landskapsvernområde har jettegytene ved Brufjell vorte populære turmål. Ettersom delar av ruta går i dels farleg terreng har forvaltinga sikra nedstiging til jettegrytene, og lagt til rette i form av toalett og anna stigforbetring.

Post 32 Statlege tileigningar, fylkesvise verneplanar, kan overførast

Posten er retta mot resultatområde Naturmangfald.

Posten skal dekkje utgifter til gjennomføringa av planen for vern av fylkesvise, tematiske verneplanar slik det er fastsett gjennom St.meld. nr. 68 (1980–81) Vern av norsk natur. Posten skal dekkje utgifter til å erstatte dei økonomiske tapa som eigarar og rettshavarar har ved vernetiltak etter naturmangfaldlova i desse sakene, jf. erstatningsreglane i lova. Erstatningar blir fastsette ved minnelege avtaler eller ved rettslege skjønn. Posten skal òg dekkje kjøp av område som er verna eller føresett verna etter naturmangfaldlova, og utgifter som staten som grunneigar har i samband med overtakinga av innkjøpte eigedommar. Forutan erstatning og kjøp skal midlane på denne posten dekkje andre kostnader som er knytte til gjennomføring av verneplanane.

Posten er redusert med 1,6 mill. kroner i høve til venta utbetalingar i 2019.

Det er behov for ei bestillingsfullmakt på 6,7 mill. kroner på posten, jf. forslag til vedtak V. Fullmakta skal i all hovudsak gå til å gi dekning for utgifter til Tyrifjorden som vart vedteken verna i juni 2018, men der det tek tid før erstatningane blir utbetalte.

Rapport 2017

I 2017 var hovudtyngda av utbetalingar over posten knytt til erstatningar og omkostningar for Rinnleiret naturreservat og grensemerking for verneområde i Sogn og Fjordane og Finnmark. Utgifter i samband med kompensasjon for endra grenser i Åkersvika naturreservat er og førebels postert her, men utgiftene til dette skal refunderast frå vegstyresmaktene.

Post 33 Statlege tileigningar, nytt vern, kan overførast

Posten er retta mot resultatområde Naturmangfald og omfattar alt nytt vern som ikkje er skogvern.

Posten skal dekkje utgifter til gjennomføringa av nytt vern utover det som er fastsett gjennom St.meld. nr. 68 (1980–81) Vern av norsk natur og St.meld. nr. 62 (1991–92) Ny landsplan for nasjonalparker og andre større verneområder i Norge. Posten skal òg dekkje utgifter til gjennomføringa av marint vern, jf. Meld. St. 14 (2015–2016) Natur for livet – Norsk handlingsplan for naturmangfold.

På posten blir det ført utgifter i form av erstatning av det økonomiske tapet eigarar og rettshavarar har ved vernetiltak etter naturmangfaldlova, jf. erstatningsreglane i lova. Erstatningar blir fastsette ved minnelege avtaler eller ved rettslege skjønn. Posten kan òg dekkje kjøp av område som er verna eller føresett verna etter naturmangfaldlova, og utgifter som staten som grunneigar har i samband med overtakinga av innkjøpte eigedommar. Forutan erstatning og kjøp av område skal midlane på posten dekkje andre lovpålagte kostnader som er knytte til gjennomføring av vernevedtaka, inkludert registrering og vurdering av verneverdiar.

Når det gjeld marint vern, er vernevedtak for områda Innervisten, Nordfjorden, Karlsøyvær, Kaldvågfjorden og Innhavet, Rossfjordstraumen, Rystraumen og Ytre Karlsøy planlagt hausten 2018 eller i 2019. Utgiftene for vern av områda er venta å komme til utbetaling etter 2019 og inngår i bestillingsfullmakta. Vernevedtak for Ytre Hardangerfjord, Lurefjorden og Lindåsosane, Krossfjorden, Lopphavet, Rauerfjorden, Dalsfjorden, Stad og Grandefjæra er planlagd i 2019. Òg for desse er utgiftene venta å kome etter 2019.

Finansiering av den planlagde utvidinga av Saltfjellet/Svartisen har tidlegare vore lagt til kap. 1420 post 34, men er i 2019-budsjettet flytta til 33-posten for nytt vern. Utvidinga er no planlagd å skje i 2019. Utgiftene ved vernet vil først komme i seinare år.

Ut frå det som er nemnt over blir det fremja forslag om ei bestillingsfullmakt under posten på 7,7 mill. kroner, jf. forslag til vedtak V.

Løyvinga er auka med 1,1 mill. kroner til prosessutgifter ved marine verneplanar. Løyvinga for 2019 vil i hovudsak gå til konsekvensutgreiingar av attståande kandidatområde for marint vern.

Rapport 2017

Erstatningssakene for område verna i 2016 vart avslutta i 2017 med berre ei mindre erstatningsutbetaling knytt til Rødberget marine verneområde.

Post 34 Statlege tileigningar, nasjonalparkar, kan overførast

Posten er retta mot resultatområde Naturmangfald.

Posten skal dekkje utgifter til gjennomføringa av nasjonalparkplanen, jf. St.meld. nr. 62 (1991–92) Ny landsplan for nasjonalparker og andre større verneområder i Norge i form av erstatning av det økonomiske tapet eigarar og rettshavarar har ved vernetiltak etter naturmangfaldlova i desse sakene, jf. erstatningsreglane i lova. Posten dekkjer òg tilsvarande utgifter for Fulufjellet og Færder nasjonalparkar som er resultat av regionale/lokale verneinitiativ. Erstatningar blir i hovudsak fastsette ved minnelege avtaler. Nokre få saker går til rettsleg skjønn.

Forutan erstatning og vederlag skal midlane på posten dekkje andre lovpålagte kostnader som er knytte til gjennomføring av nasjonalparkplanen. For å dekkje venta utgifter til dette i 2019, er det lagt inn ei løyving på 2,1 mill. kroner.

Utviding av verneområda på Dovrefjell gjennom innlemming av det nedlagte og restaurerte skytefeltet på Hjerkinn blei gjennomført i 2018. Saka om utvidinga av Saltfjellet/Svartisen er flytta til post 33, jf. omtale under denne. Det er ikkje planlagt vern av nye nasjonalparkar under 34-posten i 2019.

Rapport 2017

Oppgjer har vore utbetalt fortløpande ettersom tilboda vert aksepterte av grunneigarar og rettshavarar gjennom minnelege avtaler, eventuelt etter nye forhandlingar. Rettsleg skjønn har vore naudsynt i få saker, nasjonalparkplanen sett under ett, men er hovudårsak til at det framleis er ein del område der erstatningssakene ikkje er avslutta.

Post 35 Statlege tileigningar, skogvern, kan overførast

Posten er retta mot resultatområde Naturmangfald og Friluftsliv.

Posten skal dekkje utgifter til erstatning av dei økonomiske tapa eigarar og rettshavarar har ved skogvern etter naturmangfaldlova og markalova, jf. erstatningsreglane i lovene. Erstatningar blir fastsette ved minnelege forhandlingar eller ved rettsleg skjønn. Posten skal dekkje kjøp av skogområde som er verna eller føresett verna etter naturmangfaldlova og markalova, utgifter som staten som grunneigar har i samband med overtaking av innkjøpte eigedommar, erstatningsordning for område som er under vurdering for vern, og utgifter til gjennomføring av makeskifteløysingar knytte til nytt vern.

Midlane på posten skal vidare dekkje andre utgifter som er knytte til gjennomføring av skogvernet, som registrering og vurdering av verneverdiar, grensemerking, utarbeiding av forvaltingsplanar når dette er naudsynt for å fastsetje skjønnsføresetnadene, o.a.

For å gjere plass til andre prioriteringar i statsbudsjettet er posten redusert med 20 mill. kroner i budsjettforslaget for 2019.

For å følgje opp Stortingets oppmodingsvedtak om vern av skog på Statskog SFs areal er det i 2019 behov for auke av bestillingsfullmakta på posten. Det blir fremja forslag om ei bestillingsfullmakt på 351 mill. kroner, jf. forslag til vedtak V.

Rapport 2017

Overførte midlar frå 2016 og løyvinga for 2017 er brukt i arbeidet for å nå det nasjonale målet om at eit representativt utval av naturtypar i skog skal vernast for kommande generasjonar. Hovudtyngda av utbetalingane er knytt til erstatningar i samband med frivillig vern av skog, der omlag 318 mill. kroner er utbetalt i erstatningar og vederlag. Det er utbetalt omlag 3,5 mill. kroner til kjøp av eigedommar frå Statskog. Det er òg utbetalt om lag 64 mill. kroner i erstatning for vern på Statskog SF sin grunn.

Post 37 Skogplanting, kan overførast

Ordninga for skogplanting blir avslutta i 2018, og det er ikkje løyva midler på posten i 2019.

Rapport 2017

Pilotordninga for skogplanting starta i 2015 og har hatt ei årleg finansiering på 15 mill. kroner. Dei første åra var det fokus på utarbeiding av rettleiingsmateriale for planting i pilotfasen, kartlegging av areal for planting og å setje planter i produksjon. Dei første plantefelta vart realisert i 2016. I 2017 har det vore stort fokus på planting i pilotfylka. Frå sentralt hald har det vore prioritert å etablere rutinar for sakshandsaming i pilotfylka, og å planlegge intern og ekstern evaluering av ordninga. Rutinane som er etablerte, for eksempel tilrettelegging for praktisk handtering av tilskotsordninga i økonomisystemet ØKS og innhenting av informasjon om miljøkriteria på feltnivå, vil òg sikre erfaringar som mogleggjer evaluering av pilotfasen i 2018. Den praktiske gjennomføringa av pilotfasen vil bli avslutta hausten 2018.

Post 38 Restaurering av myr og anna våtmark, kan overførast

Posten er retta mot resultatområda Klima og Naturmangfald. Posten skal dekkje utgifter til tiltak for å restaurere myr og anna våtmark, planlegging og oppfølging av desse tiltaka. Posten kan nyttast til restaurering både inne i og utanom verneområde. Posten kan og nyttast til ei incentivordning for å få til frivillige avtalar for restaurering av myr og våtmark på privat grunn utanfor verneområde.

Miljødirektoratet og Landbruksdirektoratet samarbeider om restaurering av myr og anna våtmark i perioden 2016–2020 etter ein plan dei to direktorata utarbeida i 2016. Arbeidet er retta inn slik at det medverkar til å oppfylle regjeringa si målsetjing om reduserte klimagassutslepp, tilpassing til klimaendringane og betring i økologisk tilstand. Døme på tiltak kan vere tetting av grøfter i myr og større restaureringstiltak som remeandrering av elveløp. Kostnadseffektive tiltak skal prioriterast, og restaurering skal skje etter avtale med grunneigarar og rettshavarar.

Det ligg 3,5 mill. kroner til leiing av prosjektet under post 21.

Restaurering av myr har mellom anna til føremål å redusere klimagassutslepp frå drenerte myrar. Tetting av grøfter fører grunnvatnet tilbake til sitt naturlege nivå og hindrar at myra sitt torvlag med høgt innhald av karbon blir ytterlegare nedbrote. Slik restaurering er ifølgje FNs klimapanel eit kostnadseffektivt tiltak for å redusere klimagassutsleppa i jordbrukssektoren på global skala. Restaurering av myr og anna våtmark kan vere eit tiltak for klimatilpassing då intakte våtmarker mellom anna kan dempe flaumtoppar. Restaurering vil òg betre den økologiske tilstanden i myr og anna våtmark, og betre og auke tilgangen på leveområde for ei rekkje truga arter.

I «Plan for restaurering av våtmark» frå 2016 er det sagt at ein skal gjennomføre ei utgreiing av incentivordning for å lettare få til avtaler om restaurering på privat grunn. Miljødirektoratet og Landbruksdirektoratet vil leggje fram eit forslag til ei slik ordning i løpet av hausten 2018.

Det blir fremja forslag om ei bestillingsfullmakt under posten på 9,5 mill. kroner, jf. forslag til vedtak V.

Rapport 2017

Fylkesmannen i Oslo og Akershus og Statens naturoppsyn vart i 2017 styrkt, slik at ein vart rigga til å prosjektere og drifte mange restaureringsprosjekt under implementeringa av Plan for restaurering av våtmark i Norge (2016–2020). Ei rammeavtale for entreprenørar kom òg på plass, slik at arbeidskraft er tilgjengeleg når den trengs ute på myrane og slik at tiltaka vert så kostnadseffektive som mogleg. Kurs og seminar for å heve kompetansen om restaurering av myr vart gjennomført for entreprenørar, Statens naturoppsyn og fylkesmannen.

Restaureringsplanen er under implementering, og det vart i 2017 gjennomført restaureringstiltak i til samen 14 myrar. Døme på verneområde der det blei restaurert myr i 2017 er Grunnfjorden naturreservat i Nordland, der om lag 3000 meter grøft i Strengelvågmyran vart tetta. Arbeidet vil bli vidareført i 2018. I Atnsjømyrane naturreservat i Hedmark var det tetta 1500 meter grøft.

Når det gjeld tildeling av midlar til restaurering av anna våtmark enn myr, kan nemnast forprosjektering i Haukåsmyrane i Hordaland der det er planar om remeandrering av elveløp. I Kjelle i Akershus er planlagt endring av bekkeløp med mål om å forseinke vatnet i vassdraget. Midlar til både forprosjekt og gjennomføring av tiltak vert tildelt over denne budsjettposten, slik at det kvart år i planperioden kan gjennomførast restaureringstiltak i myr og anna våtmark.

Post 39 Oppryddingstiltak, kan overførast, kan nyttast under postane 69 og 79

Posten er knytt til resultatområde Forureining. Utgiftene må sjåast i samanheng med midlar til same føremål under postane 69 og 79.

Posten blir nytta til å dekkje utgifter til undersøkingar og gjennomføring av oppryddingstiltak i grunn på land og i botn i sjø og vatn som er forureina med helse- og miljøskadelege stoff. Løyvinga går i hovudsak til arbeid i tilknyting til opprydding i forureina sjøbotn og til arbeidet med å rydde opp i forureina jord. Vidare dekkjer posten utgifter til opprydding frå enkelte forureina lokalitetar der staten ved miljøforvaltinga er eigar. Opprydding i forureina sjøbotn gjeld i hovudsak oppfølging av 17 prioriterte område.

Posten kan òg nyttast til planvis kartlegging, oppfølging og tiltaksretta overvaking av forureiningssituasjonen, til undersøkingar og utgreiingar for å leggje til rette for ein målretta og effektiv innsats i oppryddingsarbeid og til anna kunnskapsoppbygging.

Prinsippet om at forureinar betaler ligg til grunn for arbeidet med oppryddinga og ligg til grunn for alle tre postane. Så langt det er rimeleg vil pålegg etter forureiningslova bli nytta som verkemiddel for å sikre opprydding. Det vil likevel vere ulike situasjonar der det er aktuelt at miljøforvaltinga dekkjer delar av utgiftene til undersøkingar, opprydding eller andre tiltak, som for eksempel:

  • Der staten ved miljøforvaltinga er den ansvarlege for forureininga

  • Der den ansvarlege ikkje kan identifiserast, ikkje er betalingsdyktig og/eller av andre grunnar ikkje kan stå for ei god opprydding

  • Der det av miljøgrunnar hastar å få rydda opp. Staten kan forskottere oppryddingskostnadene for å komme raskt i gang, og krevje kostnadene refunderte frå den ansvarlege i etterkant

  • Der miljøforvaltinga vil skaffe fram grunnlag for å leggje til rette for kunnskapsinnhenting og formidling

  • Der det er naudsynt for å medverke til ei samla opprydding eller anna tiltaksgjennomføring i eit område

  • Der det av andre grunnar er urimeleg at den ansvarlege skal dekkje alle kostnadene

Mange av dei store oppryddingsprosjekta i forureina sjøbotn er delfinansierte av kommunar og andre aktørar. Ettersom prosjekta strekkjer seg over fleire år, er det naudsynt å kunne inngå forpliktingar for framtidige år til å kjøpe inn materiell og til å gi tilsegn om tilskot ut over gitt løyving under kap. 1420 Miljødirektoratet postane 39, 69 og 79 Oppryddingstiltak. Ut frå behovet blir det fremja forslag om ei slik fullmakt på 76,3 mill. kroner, jf. forslag til vedtak VII.

Rapport 2017

Rapportering på resultat frå ressursbruken i oppryddingsarbeidet for 2017 er samla under post 79.

Post 61 Tilskot til klimatiltak og klimatilpassing, kan overførast

Posten er knytt til resultatområde Klima.

Posten er prisjustert med 4,3 mill. kroner. Posten omfattar to tilskotsordningar: Den eine er ordninga for tilskot til kommunale klimatiltak for å kutte utslepp av klimagassar (Klimasats), der det er sett av 151,8 mill. kroner. I tillegg er det sett av 2 mill. kroner til forvalting av ordninga under kap. 1420 post 01, jf. oppmodingsvedtak nr. 84 av 3. desember 2015 og 3 mill. kroner under kap. 1420 post 21 til kjøp av tenester for å spreie kunnskap og erfaring frå prosjektet jf. Innstilling 2 S (2017–2018). Den andre er ordninga for tilskot til klimatilpassingstiltak i kommunane, som det er sett av 6,4 mill. kroner til i 2019. Klimasatsordninga strekkjer seg over fleire år og det blir fremja forslag om ei tilsegnsfullmakt under posten på 176,7 mill. kroner, jf. forslag til vedtak VI.

Klimatiltak (Klimasats)

Boks 7.2 Kort om ordninga:

  • Klimasatsprosjekta utgjer ein stor kunnskapsbank. Formidling av erfaringar gjennom rettleiing, webinar og samlingar er ein sentral del av Klimasats.

  • Kommunane har sendt meir enn 1000 søknader om Klimasats-midlar i perioden 2016–2018. Søknadene er politisk forankra og set klima på dagsorden i kommune-Noreg.

  • Samla søkjesum er over 1 mrd. kroner.

  • 578 ulike prosjekt har fått tilsegn om til saman 395 mill. kroner.

  • Mange prosjekt involverer fleire kommunar og fylkeskommunar.

  • Nokre prosjekt gir utsleppskutt straks, andre tiltak initierer ei langsiktig omstilling til lågutsleppssamfunnet.

  • Stor breidde i tiltak, og mange klimatiltak blir prøvde ut, ofte i dialog med næringslivet.

  • Meir enn 200 kommunar er engasjerte i interkommunale nettverk. Interkommunalt samarbeid er viktig i omstillinga til lågutsleppssamfunnet.

Mål

Formålet er å fremje klimatiltak i kommunar og fylkeskommunar ved å støtte prosjekt som bidreg til reduserte utslepp av klimagassar og omstilling til lågutsleppssamfunnet.

Kriterium for måloppnåing

Midlane skal gå til dei beste prosjekta for klimagassreduksjon og omstilling til lågutsleppssamfunnet. Midlane skal fortrinnsvis utløyse tiltak, men delar av midlane kan gå til planlegging og utgreiing av tiltak. Dei kan òg gå til nettverksbygging og erfaringsdeling.

Tildelingskriterium

Kommunar og fylkeskommunar kan søkje om midlar til 5 ulike formål: Klimavennleg areal- og transportplanlegging, klimavennleg transportgjennomføring av tiltak, klimagassreduserande tiltak i andre sektorar, forprosjekt for klimagassreduserande tiltak og interkommunale nettverk for kompetanseheving og deling av erfaring. Detaljerte kriterium finst på www.miljokommune.no.

Oppfølging og kontroll

Resultatkontroll og oppfølging skjer ved at tilskotsmottakarane leverer sluttrapport med resultat, dokumentasjon og bekrefta rekneskap. Dei ulike prosjekta har individuelle raporteringskrav og fristar slik at ein får føremålstenleg rapportering. Endringar i prosjektet blir melde inn undervegs. Langvarige prosjekt har krav om årleg delrapport. Enkelte prosjekt har òg krav om etterrapportering, der dei skal gjere greie for effektane når tiltaket har hatt noko verknadstid.

Tilskotsbeløpet blir utbetalt i etterkant av utgifter som har påløpt, og for langvarige prosjekt er det delutbetalingar på grunnlag av rekneskap.

Rapport 2017

Ordninga var ny i 2016. Dei fleste av tiltaka strekkjer seg ut i 2018, og utbetaling skjer i etterkant hovudsakleg i 2018 og 2019. I 2017 fekk Miljødirektoratet søknader for meir enn 330 mill. kroner til ordninga sin tildelingspott på 150 mill. kroner. 124 kommunar og 170 prosjekt fekk støtte. Areal- og transportplanlegging og klimavennlege bygg til sjølvkøyande bussar, fossilfrie maskinparker, el-syklar til tenestereiser, hurtigladarar for el-drosjer, avfallshandtering, matsvinn og klimavennlege menyar var noko av det som fekk Klimasats-pengar i 2017.

Klimatilpassing

Mål

Formålet med tilskotsordninga er å styrkje kommunane sitt arbeid på dette området. Midlane skal nyttast til tiltak som gjer kommunane betre rusta til å møte klimaendringane. Dette omfattar kunnskap om korleis klimaendringane kan verke inn på kommunane/fylkeskommunane sine ansvarsområde, og/eller utgreiingar om kva slag tiltak kommunane må setje i verk for å møte klimaendringane.

Kriterium for måloppnåing

Midlane må brukast på tiltak som gjer samfunnet betre rusta mot klimaendringane.

Tildelingskriterium

Kommunar og fylkeskommunar kan søkje om midlar til kunnskapsoppbygging og til utgreiing av konkrete tilpassingstiltak. Midlane kan ikkje brukast til gjennomføring av fysiske klimatilpassingstiltak.

Oppfølging og kontroll

Resultatkontroll og oppfølging av tilskot til klimatilpassing skjer ved at det blir følgt opp at tilskots-mottakarane nyttar midlane som føresett og at tiltak blir gjennomførte. Kontroll av bruk av midlar skjer blant anna gjennom dokumentasjon i sluttrapport innsend av tilskotsmottakar.

Rapport 2017

Der var løyvd 6,4 mill. kroner til tilskotsordninga for klimatilpassingstiltak i 2017 og 15 kommunar og fylkeskommunar fekk tilskot til arbeidet med klimatilpassing. Meir nedbør og meir ekstreme nedbørshendingar er ei utfordring for mange kommunar. Handtering av flaum, overvatn, og havnivåstigning, er det dei alle fleste har fått stønad til frå årets tilskotspott. I tillegg blei det gitt støtte klimatilpassingsstrategiar og til ein bølgjestudie.

Post 63 Returordning for kasserte fritidsbåtar, kan overførast

Posten gir tilskot til kommunale anlegg for behandling av kasserte fritidsbåtar. Tilskot til private behandlingsanlegg og til kommunale og interkommunale verksemder som er organisert som sjølvstendige rettssubjekt blir utbetalt frå post 75. Ordninga rettar seg mot resultatområde Forureining.

Mål

Målet med tilskotsordninga er å stimulere båteigarar til å levere kasserte båtar til godkjend returplass slik at fritidsbåten kan takast hand om på ein forsvarleg måte og gjenvinnast. Posten dekkjer utbetaling av tilskot for kostnader ved behandling ved ein kommunal eller interkommunal behandlingsplass.

Frå 1. oktober 2017 vert det utbetalt tilskot til kasserte fritidsbåtar over denne posten. Det vert utbetalt eit beløp per kg båt som blir levert inn til handsamingssystemet for å dekkje kostnadane kommunane har ved å handsama båtvraka.

Kriterium for måloppnåing

Kriterium for måloppnåing er at tilskotsordninga medverkar til å auke innlevering av fritidsbåtar som skal vrakast slik at dei kan takast hand om på ein forsvarleg måte og ikkje blir etterlatt i naturen, ulovleg senka eller brent.

Tildelingskriterium

Tilskot til behandling av kasserte fritidsbåtar blir utbetalt til behandlingsanlegg av Miljødirektoratet. Tilskotet i kroner per båt er basert på kostnadene ved å handsame fritidsbåtane. Tilskot til private behandlingsanlegg og kommunale og interkommunale verksemder organisert som sjølvstendige rettssubjekt blir utbetalte frå post 75.

Oppfølging og kontroll

Miljødirektoratet kontrollerer dokumentasjon frå behandlingsanlegget i samband med at kasserte fritidsbåtar blir behandla.

Rapport 2017

Ordninga vart vedteken i statsbudsjettet for 2017. Som følgje av naudsynt utvikling av system for å gjennomføre ordninga, blei den verksam frå 1. oktober 2017. Det var heilt på slutten av båtsesongen. Ordninga fekk derfor avgrensa utbreiing i 2017 og det vert berre levert om lag 2 400 fritidsbåtar i 2017. Samla utbetaling til kommunar og interkommunale selskap kom på om lag 300 000 kroner. Heilårseffekt av ordninga kjem først i 2018.

Post 64 Skrantesjukeprøver frå fallvilt

Tilskotsordninga er retta mot resultatområde Naturmangfald.

Skrantesjuke er ein smittsam prionsjukdom som rammar hjortedyr, og er dødeleg for dyr som blir smitta. I Europa er vanleg skrantesjuke tidlegare ikkje funne før den nyleg vart påvist hos norsk villrein i Nordfjella villreinområde. I tillegg er ein annan variant av sjukdommen funne hos elg i Selbu. Heile bestanden av villrein i Nordfjella, sone 1, blei fjerna i 2018 som eit ledd i å prøve å bli kvitt sjukdommen.

Kommunen sitt ettersøkspersonell er den gruppa som er mest i kontakt med fallvilt, og det er derfor ofte føremålstenleg at dei tek ut naudsynte prøver. Kommunen skal alltid registrere fallvilt i Miljødirektoratet sin database Hjorteviltregisteret, under dette om skrantesjukeprøve er teken. Kommunens prøvetaking av fallvilt kan føre til ekstra utgifter. Posten er oppretta for å dekkje utgifter kommunar har i samband med kartlegging av skrantesjuke hos fallvilt.

Mål

Målsetjinga med tilskotsordninga er kartlegging av mogleg spreiing av skrantesjuke.

Kriterium for måloppnåing

Kriterium for måloppnåing er at tilskotsordninga medverkar til auka kartlegging av skrantesjuke hos fallvilt.

Tildelingskriterium

Det er oppretta ein eigen modul i Miljødirektoratets elektronisk søknadssenter, der kommunar kan søkje om tilskot i etterkant av den årlege rapporteringsfristen for fallvilt. Søknadssenteret hentar automatisk det talet skrantesjukeprøver som kommunen har registrert frå fallvilt i Hjorteviltregisteret. Det blir gitt ein fast sats per registrert prøve, og summen blir utbetalt som tilskot til kommunane.

Oppfølging og kontroll

Oppfølging og kontroll blir gjennomført av Miljødirektoratet gjennom Elektronisk søknadssenter.

Rapport 2017

Rapportering av fallvilt følger jaktåret (1. april–31. mars), og for 2016/2017 søkte til saman 106 kommunar/samkommunar om tilskot for 804 prøvar til ein samla sum på 0,3 mill. kroner. Dei låge utbetalingane skuldast at posten var ny i 2017, og den praktiske tilrettelegginga av tilskotsordninga kom på plass seint på året. Det er i tillegg sannsynleg at ein del kommunar ikkje har funne det hensiktsmessig å fremme refusjonskrav for relativt små beløp.

Post 65 Tiltak i kommunar med ulverevir i Hedmark, Akershus og Østfold

Tilskotsordninga er retta mot resultatområde Naturmangfald. Løyvinga er prisjustert med 0,6 mill. kroner.

Mål

Målsetjinga med tilskotsordninga er å bidra til konfliktdemping i kommunar med ulverevir.

Kriterium for måloppnåing

Kriterium for måloppnåing er at tilskotsordninga medverkar til konfliktdemping.

Tildelingskriterium

Ordninga gjeld for kommunar innanfor fylka Hedmark, Akershus og Østfold som har eitt eller fleire ulverevir per 1. juni 2019. Tilskotet blir fordelt likt på kommunane.

Kommunane skal disponere tilskotet vidare på tiltak som medverkar til å oppfylle formålet med forskrifta. Kommunane skal sjølve avgjere kva konfliktreduserande tiltak som skal finansierast.

Kommunen står fritt til å disponere tilskotet og velje tiltak, under dette å tilgodesjå aktuelle aktuelle næringsinteresser, organisasjonar eller privatpersonar. Bruken av tilskotet skal vere relatert til den særlege belastninga av å ha eit ulverevir i kommunen.

Oppfølging og kontroll

Kommunar som blir tildelte tilskot, skal innan 1. mai 2020 rapportere til Miljødirektoratet korleis tilskotet er brukt og i kva grad bruken har medverka til måloppnåing. Miljødirektoratet vurderer tilskotsordninga årleg.

Rapport 2016

Posten var ny i 2017. Totalt 16 kommunar søkte om tilskot i 2017. Av desse blei 13 kommunar tildelt 1,4 mill. kroner kvar, til saman 18,2 mill. kroner.

Post 69 Oppryddingstiltak, kan overførast, kan nyttast under postane 39 og 79

Utgiftene på posten må sjåast i samanheng med midlar til same føremål under postane 39 og 79. Midlane er retta mot resultatområde Forureining. I dei fleste område som får støtte stammar forureininga frå langt tilbake i tid og det er vanskeleg å finne den ansvarlege forureinaren. Midlane som staten løyver over dei tre postane 39, 69 og 79 er derfor naudsynte for at oppryddinga av forureiningane skal bli gjennomført.

Posten er redusert med 46 mill. kroner i høve til 2018. Dette skuldast i hovudsak at oppryddingane i Puddefjorden og Sandefjord er avslutta i 2018 og at oppstarten av opprydding i Horten i 2019 er eit mindre oppryddingsprosjekt enn desse.

Av løyvinga er det sett av 18 mill. kroner i statleg støtte til å setje i gang opprydding i forureina sjøbotn i Horten hamn, i tillegg til auka fullmakt på 72 mill. kroner for vidare gjennomføring av denne oppryddinga i åra 2020–2021. Elles vil den samla løyvinga på postane 39, 69 og 79 gå til vidareføring og gjennomføring av allereie vedtekne oppryddingstiltak, inkludert tiltak der det har blitt gitt finansieringstilsegn frå miljømyndigheitene, og til ei rekkje mindre tiltak særleg innanfor forureina sjøbotn.

Mål

Posten skal nyttast til å dekkje utgifter som kommunane har til å undersøkje og til å gjennomføre oppryddingstiltak i grunn på land og i botn i sjø og vatn som er forureina med helse- og miljøskadelege stoff.

Kriterium for måloppnåing

Både for forureina sjøbotn og forureina grunn er bruk av midlane knytt opp mot det nasjonale målet «Forureining skal ikkje skade helse og miljø» og til målet «Utslipp av helse- og miljøskadelege stoff skal stansas.»

Tildelingskriterium

I dei prioriterte tiltaksplanområda for forureina sjøbotn vil kommunen ofte stå for førebuing og gjennomføring av oppryddingstiltak. Posten skal nyttast til delfinansiering av oppryddingsprosjekt i kommunal regi, og der fleire aktørar er med på å finansiere tiltaket. Kommunen må normalt òg sjølv medverke med midlar. Sjå òg omtale under kap. 1420 postane 39 og 79.

Oppfølging og kontroll

Kontroll av bruk av midlar skjer mellom anna gjennom dokumentasjon av framdrift og slutt-rapport innsendt av tilskotsmottakar.

Rapport 2017

Rapportering på resultat frå ressursbruken i oppryddingsarbeidet for 2017 er samla under post 79.

Post 70 Tilskot til vassmiljøtiltak, kan overførast

(i 1 000 kr)

Underpost

Nemning

Rekneskap 2017

Saldert budsjett 2018

Forslag 2019

70.1

Kalking

6 581

3 630

3 767

70.2

Anadrom laksefisk

14 420

17 099

14 957

70.3

Generell vassforvalting

37 971

22 026

11 568

Sum post 70

58 972

42 755

30 292

Tilskotsordningane under posten er retta mot resultatområde Naturmangfald.

Posten samlar alle tilskotsmidlane til ulike vassmiljøtiltak. På same vis som post 22 er delt inn i midlar til kalking, bevaring og forvalting av viltlevande anadrom laksefisk og heilskapleg vassforvalting, er post 70 delt inn etter tilskotsordningar for dei same føremåla.

Samla sett er posten redusert med 12,5 mill. kroner i høve til 2018. For å gjere plass til andre prioriteringar i statsbudsjettet, er posten redusert med 7 mill. kroner. Reduksjonen er gjort på underpost 3. Som følgje av omlegging av bestandsovervakinga for laks frå tilskots- til oppdragsbasert er 4 mill. kroner flytta ut av underpost 2 til post 22. Til post 22 er det òg flytta 4 mill. kroner frå underpost 3 for å ta vare på fylkesmannens oppgåver i vassforvaltinga, spesielt oppgåver som ligg i vassforskrifta sin planleggingssyklus for 2019.

Det er lagt inn 1,5 mill. kroner på underpost 2 til tiltak i samband med at 2019 er det internasjonale villaksåret. Posten har fått ei prisjustering på 1 mill. kroner som er fordelt andelsvist på underpostane.

Kalking

Mål

Målsetjinga med tilskotsordninga er å medverke til å redusere dei negative effektane av sur nedbør på naturmangfaldet i vassdrag.

Kriterium for måloppnåing

God vasskvalitet er hovudkriteriet for måloppnåing. Kriteria og framdriftsplan for desse følgjer av handlingsplanen for kalkingsverksemda.

Tildelingskriterium

Tilskot kan bli gitt til kjøp, transport og spreiing av kalk, til informasjon om effektar av tiltak som er gjennomført og rettleiing om kalking i vassdrag. Det kan ytast tilskot til prosjekt i område der tolegrensa for menneskeskapt forsuring er overskriden, og der det kan påvisast eller er sannsynleg at skadar på naturmangfaldet skuldast forsuring. I område der tolegrensa ikkje lenger er overskriden, men der tidlegare forsuring har ført til at det opphavlege mangfaldet er borte, kan det bli gitt tilskot til å setje i stand opphavleg naturmangfald. Det blir ikkje gitt tilskot til naturleg sure lokalitetar. Ved tildeling av midlar kan det stillast vilkår om at fisket i området blir opna for allmenta etter retningslinjer gitt av miljøstyresmaktene, og at søkjaren medverkar med ein viss eigeninnsats. Eigeninnsatsen kan vere delfinansiering eller arbeidsinnsats.

Oppfølging og kontroll

Tilskotsmottakarane blir følgde opp for å sikre at midlane blir nytta som føresett og at tiltak blir gjennomførte. Kontrollen overfor tilskotsmottakar går føre seg gjennom generell formalia- og sannsynskontroll av innsende rapportar.

I tillegg skjer resultatkontroll og oppfølging gjennom undersøkingar av vasskvalitet og biologiske forhold i vassdraga.

Rapport 2017

Det meste av midlane under ordninga vart i 2017 brukt til kalking av innsjøar og bekkar, hovudsakleg i Agder. Det vart òg gitt tilskot til bladet «pH-status» og til Voss klekkeri.

Anadrom laksefisk

Mål

Målet med tilskotsordninga er å leggje til rette for bevaring og forvalting av vill anadrom laksefisk.

Kriterium for måloppnåing

Kriterium for måloppnåing er å medverke til å nå måla for viltlevande anadrom laksefisk.

Tildelingskriterium

Det kan gis tilskot til tiltak knytte til informasjon om og forvalting av villaks, sjøaure og sjørøye, under dette bevarings- og kultiveringstiltak og til anvend FoU-verksemd og overvaking som grunnlag for mellom anna lokal forvalting av lakse- og sjøaurebestandar. Det kan òg givast tilskot til tiltak for å betre tilgangen til og moglegheita for fiske for allmenta.

Oppfølging og kontroll

Tilskotsmottakarane blir følgt opp for å sikre at midlane blir nytta som føresett og at tiltak blir gjennomførte. Kontrollen overfor tilskotsmottakar går føre seg gjennom generell formalia- og sannsynskontroll av innsende rapportar.

I tillegg skjer resultatkontroll og oppfølging gjennom undersøkingar av vasskvalitet og biologiske forhold i vassdraga.

Rapport 2017

Midlane vart i 2017 nytta til overvakingsprogrammet for nasjonale laksevassdrag og -fjordar, forsking og utvikling innan arbeidet med nedkjemping av Gyrodactylus salaris, og informasjons- og kunnskapsformidlingstiltak. I tillegg er det gitt tilskot til tiltak i regi av organisasjonar. Samla har dette medverka til betre forvalting og styrkt kunnskapsgrunnlag knytt til anadrom laksefisk.

Generell vassforvalting

Mål

Målsetjinga med tilskotsordninga er å medverke til god økologisk og kjemisk tilstand i vatn, jf. vassforskrifta.

Kriterium for måloppnåing

God vasskvalitet er hovudkriteriet for måloppnåing. Lokal involvering vil òg vere eit viktig kriterium. Kriteria og framdriftsplan for desse følgjer av vassforskrifta og dei regionale vassforvaltingsplanane og tiltaksprogramma.

Tildelingskriterium

Tilskot kan givast til vassområde med særskilte utfordringar til tiltak der målet er god økologisk og/eller kjemisk tilstand i vatn, til tilrettelegging, organisering og informasjon knytt til arbeidet i vassområde og vassregionar og til utgreiingar og andre tenestekjøp knytte til særskilte utfordringar i vassområda.

Oppfølging og kontroll

Tilskotsmottakarane blir følgde opp for å sikre at midlane blir nytta som føresett og at tiltak blir gjennomførte. Kontrollen overfor tilskotsmottakar går føre seg gjennom generell formalia- og sannsynskontroll av innsende rapportar.

Rapport 2017

Midlane under ordninga blei nytta til ulike tiltak for betring av vassmiljøet lokalt, både konkrete tiltak og kartlegging av utfordringar. Det vart gitt tilskot til tiltak over heile landet.

Det vart òg gitt tilskot til organisasjonar som har medverka i vassforvaltingsarbeidet. Samla har dette medverka til betre vassforvalting, styrkt kunnskapsgrunnlag og betre vassmiljø lokalt.

Post 71 Marin forsøpling, kan overførast

Posten er retta mot resultatområde Forureining.

Mål

Ordninga skal gå til tiltak for å redusere marin forsøpling gjennom å dekkje utgifter knytte til opprydding av marint avfall og til førebyggjande arbeid. Høg merksemd skal vere på strandsona og rydding av marint avfall på sjøbotnen. Prinsippet om at forureinar betaler skal liggje til grunn for arbeidet. Opprydding der det finst ein ansvarleg for avfallet er ikkje omfatta av ordninga. I slike tilfelle kan styresmaktene gi pålegg om opprydding, og utgiftene skal dekkjast av ansvarleg forureinar.

Kriterium for måloppnåing

Kriterium for måloppnåing er at midlane er knytte opp mot det nasjonale målet om «Veksten i mengda avfall skal vere vesentleg lågare enn den økonomiske veksten, og ressursane i avfallet utnyttas best mogleg gjennom materialgjenvinning og energiutnytting».

Tildelingskriterium

Det blir arbeidd med å fremje ei forskrift med kriterium for bruken av ordninga.

Tilskotsordninga prioriterer tiltak som oppfyller fleire av følgjande kriterium:

  • Prosjekt som samlar aktørar, mange deltakarar og dekkjer større geografiske område

  • Oppryddingstiltak som er retta mot lite tilgjengelege område som truleg ikkje vil bli rydda av andre, eller stader der forsøplinga medfører svært stor skade for natur og miljø

  • Førebyggingstiltak med ein målretta plan for å engasjere og involvere spesifikke sektorar eller næringar, for eksempel gjennom distribusjon av informasjons- og undervisningsmateriell

  • Metodeutvikling som medverkar til meir effektiv opprydding over heile landet

  • Søkjarar med spesiell kompetanse innanfor det omsøkte tiltaket

  • Tiltak som sikrar ein effektiv bruk av midlane med godt dokumenterte utgiftspostar

  • Tiltak som medverkar med eigenfinansiering eller medfinansiering frå andre kjelder

  • Tiltak som inneheld konkrete og realistiske/gjennomførbare planar for gjennomføring av prosjektet

Oppfølging og kontroll

Kontroll av bruk av midlane skjer mellom anna gjennom sluttrapport innsend av tilskotsmottakar.

Rapport 2017

Det vart i 2017 utbetalt 65 mill. kroner til 56 ulike søknader (totalt 206 søknader). Om lag 55 mill. kroner gjekk til 53 ulike prosjekt til rydding av strender og havbotn og fjerning av eigarlause kasserte fritidsbåtar, om lag 5 mill. kroner gjekk til to pilotprosjekt om miljøvennleg vedlikehald av fritidsbåtar for å hindre at miljøfarleg botnstoff frå fritidsbåtar blir tilførte vassmiljøet og om lag 5 mill. kroner til ulike prosjekt til å hente inn kunnskap/formidling, førebyggingskampanjar/førebyggjande arbeid og undervisning.

Post 72 Erstatning for beitedyr tekne av rovvilt, overslagsløyving

(i 1 000 kr)

Underpost

Nemning

Rekneskap 2017

Saldert budsjett 2018

Forslag 2019

72.1

Erstatning for husdyr

47 525

71 736

65 696

72.2

Erstatning for tamrein

66 423

69 156

71 282

Sum post 72

113 948

140 892

136 978

Posten er retta mot resultatområde Naturmangfald. Posten omfattar erstatningar for husdyr og tamrein som er drepne eller skada av rovvilt. Erstatningane kan variere frå år til år, blant anna på grunn av naturgitte forhold. Løyvingsbehovet er slik sett vanskeleg å stipulere, og posten er derfor budsjettert som overslagsløyving.

Ut frå prinsippet om realistisk budsjettering er løyvinga redusert med 8 mill. kroner i tråd med lågare husdyrtap dei siste åra. Det er lagt inn ei prisjustering på 4,1 mill. kroner.

Mål

Ordninga skal sikre full erstatning for dokumenterte og sannsynleggjorte rovviltskadar på husdyr og tamrein slik dette er nedfelt i naturmangfaldlova.

Kriterium for måloppnåing

Kriterium for måloppnåing er at ordninga tek vare på dyreeigaren sin lovfesta rett til full erstatning i tilfelle der rovvilt er årsak til tap av dyr.

Tildelingskriterium

Erstatningar blir utbetalte i samsvar med «Forskrift om erstatning når husdyr blir drept eller skadet av rovvilt», fastsett 30. mai 2014 og «Forskrift om erstatning for tap og følgeskader når tamrein blir drept eller skadet av rovvilt», fastsett 4. mai 2001.

Oppfølging og kontroll

Erstatningssøknadene blir gjennomgått for å sikre at vilkåra for erstatning er oppfylte. Dokumentasjon av rovviltskadane, som blir gjennomført av Statens naturoppsyn, er viktig grunnlag for erstatning. Bestandsregistreringa er òg betra dei siste åra gjennom felles metodikk mellom Noreg og Sverige, betra moglegheit for publikum til å melde inn rovviltobservasjonar og auka ressursar for Statens naturoppsyn.

Rapport 2017

Erstatningsoppgjeret for husdyr og tamrein er gjennomført i medhald av gjeldane reglar. Det er framleis stor variasjon i tapsutviklinga i ulike område, men på nasjonalt nivå let det til å vere ein god samanheng mellom auka innsats på førebyggjande tiltak, og reduksjon i sauetapa. For reinnæringa ser ein ikkje ein tilsvarande samanheng. For denne næringa er det vanskelegare å finne eigna tiltak, og tapsforholda varierer i større grad med naturgitte forhold knytte til klima, beitegrunnlaget o.a. Dei nye tiltaka som vart innførte i 2014 for å sikre ei betre samordning av erstatning for tap av rein der reineigaren har høgre reintal enn det som er fastsett av reindriftsforvaltinga, vart førte vidare.

Post 73 Tilskot til rovvilttiltak, kan overførast

Posten er retta mot resultatområde Naturmangfald. Posten dekkjer utgifter til førebyggjande og konfliktdempande tiltak i rovviltforvaltinga, under dette godtgjering til lokale fellingslag og tilskot til Noregs Jeger- og Fiskarforbund for rovvilttiltak som ei oppfølging av rovviltforliket av 2011. Innafor posten er det sett av 10 mill. kroner til omstillingstiltak. Posten er auka med 10,375 mill. kroner til generell styrking av arbeidet med forebyggande og konfliktdempande tiltak, med særleg merksemd på arbeid for å finne langsiktige løysingar i kroniske tapsområde slik som Nord-Østerdalen aust for Glomma i Hedmark. Noko av midlane skal gå til såkalla radiobjøller på sau.

Mål

Målet med tilskotsordninga er å førebyggje rovviltskadar i husdyrhald og tamreindrift gjennom å medverke til å finansiere førebyggjande tiltak. Midlane skal òg nyttast til omstillingstiltak for dyreeigarar med utmarksbasert sauehald, som over eit lengre tidsrom har hatt omfattande rovviltskadar og ønskjer ei omstilling til anna næringsverksemd med tilknyting til landbrukseigedommen. Ei ny føresegn for slike tiltak vart sett i verk i 2015. Vidare skal midlane nyttast til godtgjering ved forsøk på skadefelling av rovvilt, og medverke til å dempe konfliktar og auke verdiskapinga knytt til førekomst av rovdyr i lokalsamfunn. Det blir lagt vekt på å føre vidare arbeidet med tiltak innan førebygging og konfliktdemping med utgangspunkt i Stortingets behandling av St.meld. nr. 15 (2003–2004) Rovvilt i norsk natur, jf. Innst. S. nr. 174 (2003–2004), og rovviltforliket på Stortinget våren 2011 (jf. Representantforslag 8:163 S (2010–2011)).

Kriterium for måloppnåing

Kriterium for måloppnåing er at tilskotsordninga stimulerer til mindre tap og konfliktar i forhold til førekomst av rovvilt i dei ulike rovviltregionane ved å setje i verk effektive førebyggjande og konfliktdempande tiltak. Vidare er det eit kriterium for måloppnåing at tilskotsordninga fører til omstillingar der dette fører til reduserte tap og konfliktar.

Tildelingskriterium

Tilskot til førebyggjande og konfliktdempande tiltak blir fordelte etter ei føresegn fastsett i 2013, mens føresegna som omhandlar omstillingstiltak vart fastsett i 2015. Det er utarbeidd ei eiga nettside for blant anna å gjere informasjon om dei ulike førebyggjande og konfliktdempande tiltaka meir tilgjengeleg for beitebrukarar, kommunar og lokalsamfunn. I tråd med føringane i rovviltpolitikken vil ein hovuddel av midlane bli kanalisert gjennom dei åtte regionale rovviltnemndene. Midlane skal nyttast til førebyggjande tiltak i husdyrhald og tamreindrift og til konfliktdempande tiltak retta mot kommunar og lokalsamfunn. I kvar region har den regionale rovviltnemnda utarbeidd ein forvaltingsplan som skal sikre at det over tid blir lagt til rette for tilpassingar som gir eit best mogleg skilje mellom beitedyr og faste førekomstar av rovvilt. Dette inneber blant anna at besetningar med store årlege tap til rovvilt bør prioriterast for tilskot til naudsynte driftstilpassingar. Dei regionale rovviltnemndene har hovudansvaret for at tildelingane over posten skjer i tråd med eigen forvaltingsplan i den enkelte regionen. Det er utarbeidd nasjonale standardar for nokre av dei ulike førebyggjande tiltaka. Desse standardane skal følgjast ved iverksetjing av tiltaka. Det blir i samband med tildeling av tilskotet lagt stor vekt på samarbeid med dei ulike forvaltingsorgana, blant anna Mattilsynet, og på at næringsdrift skal ha langsiktige og føreseielege vilkår. Midlane til omstilling skal fordelast av Miljødirektoratet, etter innspel frå regionale og lokale miljø- og landbruksstyresmakter.

Auka beitebruk med sau i rovviltprioriterte område skal ikkje stimulerast. For å medverke til ei tydelegare soneforvalting skal midlar til førebyggjande og konfliktdempande tiltak normalt prioriterast slik at det blir fokusert på besetningar som ikkje medverkar til auka tal på beitedyr i rovviltprioriterte område. På same måte skal nyetablert beitebruk med sau i rovviltprioriterte område prioriterast lågt. I 2018 vart det fastsett satsar for heimebeite med sau i beitesesongen og for tidlegare sanking.

Oppfølging og kontroll

Det blir utført ein generell formalia- og sannsynskontroll av rapportar frå tilskotsmottakarar om gjennomføring av tiltak og ressursforbruk. For å sikre effektiv bruk av midlane er det lagt vekt på kontroll med at førebyggjande tiltak som er støtta med offentlege midlar følgjer nasjonale standardar der slike er utarbeidde.

Rapport 2017

I 2017 vart det behandla i alt 452 søknadar om konkrete førebyggjande tiltak, og det vart behandla 238 søknader om tiltak for å dempe konfliktar kring rovvilt. Det kom inn 107 søknader om akutte tiltak, og det vart gjennomført omstillingstiltak for to bruk som hadde opplevd vesentleg rovviltskade i besetningane over fleire år. Det kan ut frå statistikk over erstatningsutbetaling for skade/tap av sau, sjå ut til at tapa går ned med ein auke i avsette midlar til tiltak. Reduksjon i tapsomfanget kan òg henge saman med den geografiske differensieringa av både rovviltførekomst og prioritering av tiltak. Det er ikkje gjennomført evaluering av ordninga basert på enkelttiltak.

Ettersom det har vore særs gode erfaringar med eit system der brukarar sender søknad elektronisk, er det no òg lagt til rette for at alle rapportar kan sendast inn på same vis. Dette vil føre til betre oversikt over oppnådde resultatet og brukarane si vurdering av måloppnåinga ved dei einskilde tiltaka. Resultata vert publiserte på ei nettside slik at alle kan ta del i vurderingane.

Post 74 CO2-kompensensasjonsordning for industrien

Posten er knytt til resultatområde Klima.

Mål

Målet med ordninga er å kompensere norsk industri for auka kraftprisar som følgje av EUs kvotesystem for CO2-utslepp. Kompensasjonen skal redusere faren for karbonlekkasje og slik hindre auke i globale utslepp som følgje av utflytting av industri til land med mindre stram klimapolitikk. Ordninga er basert på EU-kommisjonen sine retningslinjer som opnar for statsstøtte til utvalte industrisektorar som er vurderte til å vere særleg utsette for karbonlekkasje. Den norske ordninga vart godkjent av EFTA sitt overvakingsorgan ESA i september 2013.

Det årlege støttebeløpet avheng mellom anna av utviklinga i kvoteprisen og blir utbetalt etterskotsvis året etter støtteåret. Dette inneber at det for støtteåret 2018 må løyvast pengar for utbetalingar i samband med statsbudsjettet for 2019. Basert på gjeldande overslag er posten auka med 42,1 mill. kroner. Auken skuldast mellom anna endring i kvotepris.

Kriterium for måloppnåing

Kriterium for måloppnåing er at tilskotsordninga reduserer faren for karbonlekkasje.

Tildelingskriterium

Ordninga omfattar industriverksemder i alle 15 sektorar som i høve til EUs retningslinjer har moglegheit for støtte. Dette inkluderer blant anna produsentar av aluminium, ferrolegeringar, kjemiske produkt og treforedling.

Ordninga gjeld ikkje for langsiktige kraftavtaler inngått før 2005. Vidare skal industrien sin eigen kraftproduksjon komme til fråtrekk i utbetalinga av støtte. Ordninga gjeld for perioden 1. juli 2013 til 31. desember 2020.

Oppfølging og kontroll

Ordninga blir administrert av Miljødirektoratet, som i behandling av søknadane kontrollerer om dei enkelte verksemdene fyller vilkåra for utbetaling av kompensasjon. Det blir årleg rapportert om bruken av midlar til EFTA sitt overvakingsorgan ESA og til Stortinget i samband med budsjettet.

Rapport for støtteåret 2017

Fristen for å rapportere mellom anna produksjonstal og elektrisitetsforbruk for 2017 var 1. mars 2018. Basert på innrapporterte tal for 2017 har Miljødirektoratet i 2018 utbetalt 469,3 mill. kroner for støtteåret 2017.

Post 75 Utbetaling for vrakpant, og tilskot til køyretøy og fritidsbåtar, overslagsløyving

Ordninga rettar seg mot resultatområde Forureining. Tilskot til kommunale anlegg for behandling av kasserte fritidsbåtar ligg under post 63 Returordning for kasserte fritidsbåtar. Posten er prisjustert med 19,5 mill. kroner.

Mål

Målet med vrakpantordninga for køyretøy er å stimulere bileigarar til å levere utrangerte bilar til godkjend biloppsamlingsplass slik at bilvraket kan takast hand om på ein forsvarleg måte og gjenvinnast. Posten dekkjer utbetaling av vrakpant og kostnader ved overføring av vrakpanten til bileigaren. Forskrift om kasserte køyretøy gir produsentar og importørar ansvaret for handtering av kasserte køyretøy. Produsentansvaret er ein del av avfallsforskrifta kapittel 4 om kasserte køyretøy.

Vrakpantordninga vart frå og med 1. januar 2018 utvida til å gjelde nye køyretøygrupper, som tidligare ikkje var omfatta av ordninga, under dette mopedar, lette og tunge motorsyklar, lastebilar, bubilar og campingvogner. For desse kjøretøygruppene vert panten utbetalt som eit tilskot til behandlingsanlegget der eigaren får ein fastsett del av beløpet for å levere køyretøyet til vraking hos ein godkjend biloppsamlar medan ein del av beløpet går til behandlingsanlegget for å dekkje dei kostnadene anlegget har med å miljøsanere vraket. Ordninga vart vedteken av Stortinget under behandlinga av statsbudsjettet 2017. Det har vore naudsynt å utgreie ei rekkje problemstillingar for å få eit godt system på plass, og ordninga vert sett i verk frå 1. januar 2018.

I budsjettet for 2017 vert det òg vedteke eit ekstra tilskot på 13 000 kroner til varebileigarar som vrakar sin gamle varebil med diesel- eller bensinmotor, og samstundes kjøper ein ny nullutsleppsvarebil. Det har òg vore naudsynt å utgreie ei rekkje problemstillingar, blant anna utvikling av datasystem for å administrere utbetalingane. Systemet kom difor på plass i slutten av april i 2018.

I statsbudsjettet for 2017 vart det òg vedteke ei tilskotsordning for å stimulere til innlevering av kasserte fritidsbåtar. Frå 1. oktober 2017 blei det utbetalt tilskot til kasserte fritidsbåtar over denne posten. Det blir utbetalt eit beløp på 1 000 kroner per båt til båteigaren. Samstundes vert det utbetalt eit tilskot til verksemda som handterer båtane. Dette beløpet er eit tilskot per kg båt som blir handtert, og skal dekkje kostnadene med miljøsanering av båten, handtering, attvinning av det som er aktuelt å attvinne og å levere avfallet frå båten til eit anlegg for avfallsbehandling. I dei tilfella båten blir handtert av ein kommune blir handteringstilskotet betalt ut over post 63.

Kriterium for måloppnåing

Kriterium for måloppnåing er at tilskotsordninga medverkar til auka innlevering av køyretøy og fritidsbåtar som skal vrakast slik at dei kan takast hand om på ein forsvarleg måte.

Tildelingskriterium

Vrakpanten for køyretøy blir utbetalt av Skatteetaten på vegner av Miljødirektoratet mot kvittering for at bilvraket er levert til godkjend biloppsamlingsplass for behandling. Ordinær vrakpant for 2018 er 3 000 kroner. Vrakpant til dei nye køyretøygruppene og tilskot til handteringsanlegg for desse gruppene blir òg utbetalt av Skatteetaten. Tilskot til utskifting av varebilar blir utbetalt av Miljødirektoratet.

Tilskot til båteigar og tilskot til handtering av kasserte fritidsbåtar blir utbetalt av Miljødirektoratet. Tilskot til kommunar og interkommunale føretak til handtering av fritidsbåtar blir utbetalt frå post 63.

Oppfølging og kontroll

For å sikre at det kasserte køyretøyet har rett til vrakpant eller tilskot blir vrakmeldinga for køyretøy kontrollert mot det sentrale motorvognregisteret. For varebilar og fritidsbåtar blir dokumentasjon frå behandlingsanlegget sjekka av Miljødirektoratet. Kontrollen skjer elles ved kontroll av lager på oppsamlingsplassane og rekneskap med vedlegg.

Rapport 2017

I 2017 vart det samla inn i overkant av 143 000 bilvrak, som er ein liten auke frå året før. Talet på vrak svingar frå år til år, men har vore relativt stabilt dei siste åra, frå 156 000 i 2013, 149 000 i 2014 til 136 000 i 2016. Ordninga for andre køyretøygrupper var ikkje i drift i 2017.

Det vart utbetalt tilskot til om lag 2 600 båteigarar dei tre siste månadene i 2017, dvs. om lag 2,6 mill. kroner. Ei rekkje verksemder var i prosess med å søkje om løyve som handteringsanlegg, men berre to private verksemder behandla båtar i 2017. Dei behandla samla om lag 190 båtar, noko som utgjorde om lag 0,8 mill. kroner. Det er først i 2018 at denne delen av ordninga vil bli fullt ut verksam.

Post 76 Refusjonsordningar, overslagsløyving

Posten dekkjer ulike refusjonsordningar retta mot resultatområda Forureining og Klima. Samla er posten auka med 18 mill. kroner. Av dette er 3,5 mill. kroner prisjustering.

Til forventa auke i refusjon av avgift på hyderofluorkarbon (HFK) og perfluorkarbon (PFK) er posten i tillegg styrkt med 14,5 mill. kroner. Auken skuldast anslag om fleire leverte tankar til destruksjon. Samla er det til refusjon av avgift på hyderofluorkarbon (HFK) og perfluorkarbon (PFK) budsjettert med om lag 77 mill. kroner og til refusjonar for spillolje er det budsjettert med om lag 60 mill. kroner i 2019.

Refusjon av smørjeoljeavgifta

Mål

Målet med ordninga er å stimulere til auka innlevering av spillolje til miljøgodkjent behandling. Spillolje er brukt smørjeolje og transformatorolje og er klassifisert som farleg avfall. Smørjeolje er, med unntak av enkelte bruksmåtar, pålagt smørjeoljeavgift, jf. St.prp. nr. 1 (2007–2008) Skatte-, avgifts- og tollvedtak, kap. 5542 post 71.

Kriterium for måloppnåing

Kriterium for måloppnåing er totalt innsamla kvantum av spillolje.

Tildelingskriterium

Det blir utbetalt refusjon for dei fleste typar brukt smørjeolje og andre brukte oljer (transformatoroljer med meir) med tilsvarande eigenskapar, med unntak av blant anna spillolje som kjem frå større skip (større enn 250 fot) i internasjonal sjøfart. Refusjonen blir utbetalt til større mottaksanlegg (tankanlegg) med førehandstilsegn frå Miljødirektoratet. I tilsegna er det fastsett ein del vilkår som refusjonsmottakar har plikt til å rette seg etter. Krav om utbetaling blir kontrollerte opp mot førehandstilsegna.

Refusjonssatsen vert fastsett årleg av Miljødirektoratet med utgangspunkt i nivået på smøre-oljeavgifta.

Oppfølging og kontroll

Miljødirektoratet brukar ein tredjepart til å kvalitetssikre og kontrollera søknadane om refusjon. Miljødirektoratet gjennomfører tilsyn ved nokre refusjonsanlegg kvart år. Ved kontroll av mottaksanlegga dei siste åra, er det konstatert einskilde brot på ordninga for refusjonar. Miljødirektoratet følgjer opp brota ved å nekte refusjonsutbetaling eller krevje tilbakebetaling av feilaktig utbetalte refusjonar. Strengare reaksjonar som tilbaketrekking av tilsegna eller melding til politiet blir òg vurderte i alvorlege tilfelle.

Rapport 2017

Innsamlingsgraden for spillolje (med og utan rett til refusjon) har vore stabil dei siste åra og er berekna til i underkant av 90 pst. I 2017 vart det totalt samla inn i underkant av 25 000 m3 olje som har krav på refusjon, om lag det same som året før. Det vart i 2017 utbetalt om lag 59 mill. kroner i refusjon. Refusjonssatsen var på 2,46 kroner pr. liter.

Refusjon av avgift på hydrofluorkarbon (HFK) og perfluorkarbon (PFK)

Mål

Refusjonsordninga er heimla i forskrift 1. juni 2004 nr. 930 om gjenvinning og behandling av avfall (avfallsforskrifta), kapittel 8. Hydrofluorkarboner (HFK) blir i første rekkje nytta i kjøle- og fryseanlegg, varmepumper og mobil luftkondisjonering.

Formålet med ordninga er å redusere utslepp til luft av HFK og PFK. Gassane er klimagassar, og reguleringa av desse er ein del av strategien for å redusere utsleppa av klimagassar i samsvar med Kyotoprotokollen. Ordninga med avgift og refusjon skal medverke til meir bruk av miljøvennlege kuldemedium og mindre bruk av dei HFK/PFK-gassane som har høgast klimaverknad (globalt oppvarmingspotensiale), stimulere til produktutvikling, styrkje arbeidet med å hindre lekkasjar og stimulere til innsamling og forsvarleg behandling av brukt gass. Målgruppe for refusjonsordninga er aktørar som har avfallsgass eller kassert utstyr som inneheld HFK- eller PFK-gass.

Tildelingskriterium

Forskrifta inneber at kuldebransjen og andre som leverer HFK og PFK til godkjent destruksjonsanlegg, kan krevje refusjon. Føresetnaden er dokumentasjon som viser kva for mengd og typar av HFK og PFK som er levert og forsvarleg destruert.

Det blir utbetalt refusjon for den mengda HFK og PFK som er levert til godkjent destruksjonsanlegg for destruksjon. Refusjonssatsane vil vere lik dei gjeldande differensierte avgiftssatsane for avgifta på HFK og PFK ved innleveringstidspunktet, jf. Stortingets årlege avgiftsvedtak og forskrift 11. desember 2001 nr. 1451 om særavgifter § 3-18-2.

Oppfølging og kontroll

Miljødirektoratet fører tilsyn med refusjonsordninga, jf. avfallsforskrifta § 17-3. Mengd HFK/PFK som blir samla inn og sendt til destruksjon varierer mykje frå år til år. Grunnen er at hos den einaste aktøren som nyttar ordninga blir gassen innsamla på store tankar. Når ein tank er full, blir den sendt til forsvarleg destruksjon. Kvar tank som blir sendt til destruksjon utløyser om lag 15 mill. kroner i refusjon, avhengig av samansetjinga av gassane i tanken.

Rapport 2017

I 2017 vart fire tankar med gass leverte til destruksjon med eit samla refusjonsbeløp på om lag 55,3 mill. kroner. Utbetaling av refusjonar har auka betydeleg dei siste åra som eit resultat av at meir gass har blitt samla inn og destruert og fordi avgiftssatsen har auka.

Innhaldet i tankane er i all hovudsak ulike blandingar av HFK-gassar, då PFK-gassar er svært lite brukte i Noreg. Ressursbruken under ordninga var i 2017 retta mot dei nasjonale måla under resultatområde Klima.

Post 77 Ymse organisasjonar og stiftelsar m.m.

Posten er tredelt, jf. omtale under. Midlane er retta mot resultatområda Naturmangfald, Friluftsliv, Forureining og Klima. Til ordninga for frivillige miljøorganisasjonar og allmennnyttige stiftelsar innanfor forureiningsområdet er det sett av 5,1 mill. kroner, til ordninga for miljømerking, miljøvennleg forbruk og forbrukarinformasjon er det sett av 2,8 mill. kroner og til ordninga for naturfaglege organisasjonar er det lagt inn 6,5 mill. kroner.

Frivillige miljøorganisasjonar og allmennyttige stiftelsar innanfor forureiningsområdet

Mål

Tilskotsordninga skal medverke til å halde oppe eit utval av demokratisk oppbygde, landsomfattande organisasjonar med arbeid mot forureining som formål, for å sikre frivillig engasjement og styrkje medverknaden i miljøspørsmål lokalt, regionalt og nasjonalt, basert på fagleg innsikt.

Målet er òg å påverke produksjons- og forbruksmønsteret ved å byggje opp og formidle kompetanse om miljøvennleg produksjon og forbruk, og stimulere til berekraftig praksis i næringsliv, hushald og offentleg verksemd.

Tildelingskriterium

Storleiken på driftstilskota blir fastsett blant anna ut frå ei vurdering av organisasjonane sitt aktivitetsnivå nasjonalt og lokalt, økonomien deira og alternative høve til finansiering, saman med medlemstalet i organisasjonane.

Ordninga omfattar tilskot til:

  • Norsk vassforeining

  • Norsk foreining mot støy

  • Tilskot til LOOP

  • Foreininga Hold Norge Rent

  • Folkeaksjonen oljefritt Lofoten, Vesterålen og Senja

Det er i 2019 rekna med tilskot til dei nemnde tilskotsmottakarane på same nivå som i 2018. Det er ein føresetnad at organisasjonane og stiftelsane sender inn søknad om tilskot. Det blir fortløpande vurdert om organisasjonane og stiftelsane tilfredsstiller kriteria for å ta imot støtte.

Oppfølging og kontroll

Tilskotsmottakarar bli følgde opp i forhold til at midlane blir nytta som føresett og at tiltak blir gjennomførte. Oppfølging og kontroll går føre seg ved generell formalia- og sannsynskontroll av innsende rapporteringar.

Rapport 2017

Midlane er brukte til grunnstøtte til drift, opplæringstiltak og informasjonstiltak og førebyggjande arbeid generelt i dei ulike organisasjonane.

Miljømerking, miljøvennleg forbruk og forbrukarinformasjon

Mål

Standardar for miljøleiing, produkt og tenester og miljømerking er viktige verktøy i ein førebyggjande miljøpolitikk. Standardisering inneber utarbeiding av krav og spesifikasjonar for varer, tenester, prosessar og verksemder. Miljømerking skal gi informasjon til og bevisstgjering av forbrukarar, næringsliv og offentlege verksemder om miljøvennlege val. Dei offisielle miljømerkeordningane som Svana og Blomen er eit viktig supplement til lovpålagte krav, og bidrar til redusert bruk av prioritetslistestoff. Merkeordningane er nærare omtalte i Barne- og likestillingsdepartementets budsjettproposisjon. Posten omfattar driftstilskot til Stiftelsen Miljømerking og Standard Noreg.

Kriterium for måloppnåing

Klima- og miljødepartementet føreset at midlane blir nytta til å intensivere arbeidet med verkemiddel som fremjar prioriterte miljø- og berekraftsmål. Innan standardiseringsarbeidet er det viktig med arbeid knytt til europeiske og internasjonale standardar som er særleg relevante for miljøleiing og klima- og miljøomsyn i produkt og tenester. For miljømerking er det sentralt med utvikling av miljøkriterium slik at fleire produktgrupper blir merkte. Det skal særleg leggjast vekt på å utvikle og vidareutvikle kriteriesett for produktgrupper som medfører stor miljøbelastning. Det skal òg fokuserast på tiltak for å få fleire produsentar til å søkje om merket innanfor dei områda der det er utvikla kriterium og til å gi forbrukarar informasjon om spekteret av miljømerkte produkt på marknaden.

Tildelingskriterium

Tildeling av midlar er basert på organisasjonane sine resultat frå føregåande år og ein konkret søknad om midlar for kommande periode, sett opp mot prioriterte nasjonale miljø- og berekraftsmål.

Oppfølging og kontroll

Drifts- og prosjekttilskota blir følgde opp gjennom krav som blir fastsette i kvart enkelt tilsegnsbrev. Det blir motteke årsrapport og/eller rekneskapsoversikt for alle tilsegner, i tillegg til at det er fagleg kontakt med dei enkelte tilskotsmottakarane.

Rapport 2017

Midlane til Stiftelsen Miljømerking er brukte til å auke kunnskapen om, kjennskapen til og aksepten av miljømerkinga si betydning.

Naturfaglege organisasjonar

Mål

Ordninga skal medverke til å halde oppe eit utval av demokratisk oppbygde, landsomfattande organisasjonar innanfor naturområdet for å sikre frivillig engasjement og styrkje medverknaden i miljøspørsmål lokalt, regionalt og nasjonalt, basert på fagleg innsikt.

Tildelingskriterium

Storleiken på driftstilskota blir fastsett mellom anna ut frå ei vurdering av organisasjonane sitt aktivitetsnivå nasjonalt og lokalt, økonomien deira og alternative høve til finansiering, saman med medlemstalet i organisasjonane.

Det er rekna med tilskot til:

  • Foreininga Våre Rovdyr

  • Norsk Biologforeining

  • Norsk Botanisk Foreining

  • Norsk Entomologisk Foreining

  • Norsk Ornitologisk Foreining

  • Noregs Sopp- og nyttevekstforbund

  • Norsk Zoologisk Foreining

For 2019 er det rekna med tilskot til dei nemnde tilskotsmottakarane på same nivå som for 2018.

Tilskot til den einskilde organisasjonen blir utbetalt etter søknad.

Oppfølging og kontroll

Tilskotsmottakarar blir følgt opp i forhold til at midlane blir nytta som føresett, og at tiltak blir gjennomførte. Oppfølging og kontroll går føre seg ved generell formalia- og sannsynskontroll av innsende rapporteringar. I tillegg kjem fagleg kontakt med dei enkelte tilskotsmottakarane.

Rapport 2017

Midlane vart nytta til grunnstøtte til drift, informasjonsverksemd og prosjekt i dei ulike organisasjonane.

Post 78 Friluftslivsformål, kan overførast

Posten er retta mot resultatområde Friluftsliv.

Posten er redusert med 10 mill. kroner. Reduksjonen er teken på ordninga for tiltak i statleg sikra friluftsområde. Samstundes har posten fått ei prisjustering på 5,1 mill. kroner. Samla er posten redusert med 4,9 mill. kroner i høve til 2018.

Det er behov for ei tilsegnsfullmakt på 3 mill. kroner til anskaffingar i samband med kjøp og reparasjonar av båtar i Skjergardstenesta, jf. forslag til vedtak VI.

Til posten ligg fleire tilskotsordningar som er omtala under.

Friluftslivsaktivitet

Tilskot til friluftslivsaktivitet har ei ramme på 52,5 mill. kroner.

Mål

Målet med ordninga er å medverke til auka deltaking i helsefremjande, trivselsskapande og miljøvennleg friluftsliv for alle grupper i befolkninga.

Kriterium for måloppnåing

Måloppnåinga vil bli dokumentert gjennom resultatindikatorane på resultatområde Friluftsliv. Måloppnåinga blir òg vurdert ut frå oppnådde resultat og omfanget av aktivitetsfremjande tiltak i regi av friluftsorganisasjonane.

Tildelingskriterium

Det blir primært gitt tilskot til friluftslivstiltak som stimulerer til direkte friluftslivsaktivitet. Det kan òg bli gitt støtte til enkelt materiell og utstyr når dette medverkar til å fremje den friluftslivsaktiviteten det blir søkt om tilskot til. Det blir ikkje gitt midlar til kostnadskrevjande utstyr, utstyrssentralar eller til supplering av utstyrslager. Følgjande type aktivitetar blir prioriterte:

  • Aktivitetar som er lite ressurskrevjande og lett tilgjengelege for ulike brukargrupper.

  • Tiltak som blir gjennomførte i nærmiljøet med særleg vekt på byar og tettstader.

  • Tiltak som inkluderer ein plan for marknadsføring av tiltaket overfor aktuelle målgrupper.

  • Tiltak som medverkar til auka deltaking over tid

Personar som er lite fysisk aktive, barn, unge og barnefamiliar og personar med nedsett funksjonsevne er prioriterte.

Oppfølging og kontroll

Tilskotsmottakar blir følgt opp i forhold til at midlane blir nytta som føresett og at tiltak blir gjennomførte. Kontrollen overfor tilskotsmottakar går føre seg gjennom generell formalia- og sannsynskontroll av innsende rapportar.

Rapport 2017

Totalt vart det i 2017 gitt 52,5 mill. kroner i tilskot til lag og organisasjonar som arbeider med aktivitetsfremjande tiltak for friluftsliv. Av dette fekk landsomfattande friluftslivsorganisasjonar 26,25 mill. kroner direkte frå Miljødirektoratet, mens lokale og regionale lag og organisasjonar fekk 26,25 mill. kroner frå fylkeskommunane. Totalt kom det inn 951 søknader om statleg støtte frå posten, og det totale søknadsbeløpet var på 117 mill. kroner.

Midlane er i all hovudsak brukte til å støtte tiltak for barn, unge og barnefamiliar, tiltak som stimulerer nye grupper til deltaking i friluftslivsaktivitetar, til dømes personar med nedsett funksjonsevne og etniske minoritetar i Noreg, og tiltak som medverkar til å utvikle samarbeidet mellom friluftsliv og kulturminne. Døme på tiltak som fekk tilskot frå Miljødirektoratet er Friluftsrådenes Landsforbund sine prosjekt «Læring i friluft» og «Friluftsliv og folkehelse – tiltak for lite aktive», og Norsk Friluftsliv sitt prosjekt «Friluftslivets veke». Det er òg gitt tilskot til Noregs sopp- og nyttevekstforbund til «Soppens dag», til Norsk Botanisk foreining sitt arrangement «Villblomstens dag», til Noregs Jeger- og Fiskarforbund sitt rekrutteringsprosjekt «Ungdom og laksefiske» og til Noregs Bedriftsidrettsforbund sitt aktivitetstilbod «Ti på Topp».

Friluftslivsaktivitet for personar med innvandrarbakgrunn

Ordninga har ei ramme på 10 mill. kroner.

Mål

Målet med ordninga er å medverke til auka deltaking i helsefremjande, trivselsskapande og miljøvennleg friluftsliv for personar med innvandrarbakgrunn, og gjennom dette medverke til å auke integreringa av personar med innvandrarbakgrunn i befolkninga elles.

Kriterium for måloppnåing

Måloppnåinga vil bli dokumentert gjennom resultatindikatorane på resultatområde Friluftsliv. Måloppnåinga blir òg vurdert ut frå oppnådde resultat og omfanget av aktivitetsfremjande tiltak i regi av friluftsorganisasjonane.

Tildelingskriterium

Det blir primært gitt tilskot til friluftslivstiltak som stimulerer til direkte friluftslivsaktivitet. Det kan òg bli gitt støtte til enkelt utstyr og materiell når dette medverkar til å fremje den friluftslivsaktiviteten det blir søkt om tilskot til. Det blir ikkje gitt midlar til kostnadskrevjande utstyr, utstyrssentralar eller til supplering av utstyrslager.

Følgjande type aktivitetar blir prioriterte:

  • Tiltak som er lite ressurskrevjande og lett tilgjengelege.

  • Tiltak som fører til auka integrering av personar med innvandrarbakgrunn i befolkninga elles.

  • Tiltak som blir gjennomførte i nærmiljøet med særleg vekt på byar og tettstader.

  • Tiltak som inkluderer ein plan for marknadsføring av tiltaket overfor aktuell målgruppe.

  • Tiltak som medverkar til auka deltaking over tid.

Barn, unge og barnefamiliar er prioriterte i ordninga.

Oppfølging og kontroll

Tilskotsmottakar blir følgt opp i forhold til at midlane blir nytta som føresett og at tiltak blir gjennomførte. Kontrollen overfor tilskotsmottakar går føre seg gjennom generell formalia- og sannsynskontroll av innsende rapportar.

Rapport 2017

Ordninga hadde ei ramme på 10 mill. kroner i 2017. Totalt var det 18 søkjarar som til saman søkte om 21 mill. kroner. 17 lag og organisasjonar vart til saman tildelte tilskot.

Tiltaka omfatta tilbod om turar og aktivitetar, men òg inkluderingstiltak og opplæring av personar med innvandrarbakgrunn til å bli leiarar i lag og organisasjonar. Leiarar med innvandrarbakgrunn er viktige for vidare rekruttering av personar med innvandrarbakgrunn.

Døme på tiltak er Wild X sitt ungdomsprosjekt «Wild X aktivitetsprogram» med opplæring og tilbod om turar knytte til jakt, fiske og anna friluftsliv, Friluftsrådas Landsforbund sitt prosjekt «Friluftsliv for innvandrarar», Norsk Friluftsliv sitt prosjekt «Kulturelt mangfald og integrering i friluftslivet», Den norske Turistforeining sitt prosjekt «Inkludering i DNT», Raudekrossen sitt prosjekt «Til topps nasjonalt og lokalt» og Skiforeininga sitt tiltak «Friluftsglede for alle». I tillegg fekk INLO tilskot til «Innvandrar ut i naturen» og Oslofjorden Friluftsråd støtte til prosjektet «Friluftskurs, fiske og hausting».

Driftsstøtte til friluftslivsorganisasjonar

Ordninga har ei ramme på 35,62 mill. kroner.

Mål

Målet med tilskotsordninga er å styrkje allmenta sine interesser for deltaking i friluftsliv gjennom det arbeidet som skjer gjennom dei store friluftslivsorganisasjonane og deira lokale lag og foreiningar.

Friluftsrådas Landsforbund (FL) er paraplyorganisasjonen for dei interkommunale friluftsråda. (Det er 28 interkommunale friluftsråd, der 27 er tilslutta FL). Det er sett av 15,55 mill. kroner i administrasjonsstøtte til FL og dei interkommunale friluftsråda. Det er eit mål at flest mogleg kommunar er med i eit interkommunalt friluftsråd.

Norsk Friluftsliv er paraplyorganisasjon for 17 friluftslivsorganisasjonar med til saman 950 000 medlemmar. Det er sett av 5,07 mill. kroner i administrasjonsstøtte til Norsk Friluftsliv.

FL, Norsk Friluftsliv og Samarbeidsrådet for naturvern (SRN) har etablert fylkesvise samarbeidsnettverk for natur og friluftsliv (FNF – Forum for natur og friluftsliv). Til FNF er det sett av 12 mill. kroner i administrasjonsstøtte.

Organisasjonen Wild X tilbyr friluftslivsaktivitetar med personar med innvandrarbakgrunn i alderen 12–25 som hovudmålgruppe. Det er sett av 1,5 mill. kroner i administrasjonsstøtte til Wild X.

Tjukkasgjengen driv med lågterskel tilbod innanfor friluftsliv og fysisk aktivitet, der personar som er lite fysisk aktive er hovudmålgruppa. Tjukkasgjengen har eit konsept som gjer at denne gruppa blir nådd. Det er sett av 1,5 mill. kroner i administrasjonsstøtte til Tjukkasgjengen.

Kriterium for måloppnåing

Måloppnåinga vil bli dokumentert gjennom resultatindikatorane på resultatområde Friluftsliv.

Måloppnåinga blir òg vurdert ut frå oppnådde resultat i kommunane og friluftsråda sitt arbeid med opparbeiding og skjøtsel av statleg sikra friluftsområde.

Oppfølging og kontroll

Tilskotsmottakar blir følgd opp ved at midlane blir nytta som føresett og at tiltak blir gjennomførte. Kontrollen overfor tilskotsmottakar går føre seg gjennom generell formalia- og sannsynskontroll av innsende rapportar.

Rapportering i forhold til bruk av tilskotsmidlar blir tekne opp i årlege møte med FL, friluftsråd som ikkje er knytt til FL, Norsk Friluftsliv, FNF, Wild X og Tjukkasgjengen.

Rapport 2017

Totalt vart det i 2017 tildelt 13,75 mill. kroner til FL og interkommunale friluftsråd. Midlane er nytta til drift, til å styrkje arbeidet i FL og til å utvide FLs engasjement geografisk. Det er stor interesse for interkommunalt samarbeid om friluftsråd, og i 2017 var det 28 interkommunale friluftsråd med 229 medlemskommunar. Friluftsråda femner slik vel 75 pst. av befolkninga i heile landet.

Det er i 2017 inngått avtale med grunneigarar om 266 km med nye turstigar, skiløyper og turvegar, og friluftsråda har saman med medlemskommunane arbeidd med sikring av fleire nye friluftsområde. Det er tilrettelagt 102 km med nye turstigar og friluftsråda har vore pådrivarar og koordinatorar i arbeid med å skilte og merke ytterlegare 960 km.

Friluftsråda har hatt opne turar med 21 800 deltakarar, tiltak for barn og ungdom med 11 5000 deltakarar og tiltak for personar med minoritetsbakgrunn med 8 300 deltakarar. I tillegg har mange vore med på turar der friluftsråda har vore medarrangørar. Friluftsråda har framleis stor innsats retta mot friluftsliv og bruk av naturen i læringsarbeidet i barnehage og skule, og engasjerer seg i arbeidet med å ta vare på arealgrunnlaget for friluftsliv gjennom verdikartlegging av friluftsområde, deltaking i dei fylkesvise Forum for natur og friluftsliv og gjennom uttale i ulike arealsaker.

Friluftsråda forvaltar 550 offentleg eigde friluftsområde med omfattande oppgåver knytte til m.a. skjøtsel, vask av toalett og bosshandtering, og forvaltar over 2 600 km turistar og 175 km skiløyper.

Norsk Friluftsliv vart tildelt 4,57 mill. kroner i administrasjonsstøtte. Norsk Friluftsliv får dessutan aktivitets- og prosjektmidlar frå Miljødirektoratet for vidare tildeling til sentralledda i Norsk Friluftsliv sine medlemsorganisasjonar. Arbeidet omfattar i stor grad påverknads- og informasjonsarbeid overfor offentlege styresmakter og andre organisasjonar, med sikte på å skape best mogleg vilkår for friluftslivet.

Forum for Natur og friluftsliv (FNF) vart i 2017 tildelt 11 mill. kroner i administrasjonsstøtte. Frå 2016 er organiseringa av FNF endra, med eit nytt sekretariat med sentral leiing av organisasjonen. Dette fører til at arbeidsgivaransvaret no er plassert sentralt for alle tilsette. Alle fylke har ein eigen FNF-koordinator, og litt over halvparten av fylka har koordinatorar i 80–100 pst. stilling. FNF-koordinatorane gjer eit betydeleg og viktig arbeid for natur- og friluftsinteressene i dei enkelte fylka.

Wild X fekk i 2017 utbetalt 1,2 mill. kroner i driftsstøtte. Organisasjonen er under stadig utvikling, med blant anna oppretting av lokallag i fleire fylker.

Tiltak i statleg sikra friluftslivsområde

Ordninga har ei ramme på 34 mill. kroner.

Mål

Målet med ordninga er å medverke til naturvennleg fysisk tilrettelegging og skjøtsel i statleg sikra friluftslivsområde og i område verna som friluftsområde etter markalova, slik at områda blir tilgjengelege og attraktive.

Kriterium for måloppnåing

Måloppnåinga vil bli dokumentert gjennom resultatindikatorane på resultatområde Friluftsliv.

Måloppnåinga blir òg vurdert ut frå oppnådde resultat i kommunane med opparbeiding og skjøtsel av statleg sikra friluftsområde.

Tildelingskriterium

Det blir tildelt tilskot til tilrettelegging som har eitt eller fleire av følgjande mål:

  • Minske dei fysiske hindringane for friluftsliv og leggje til rette for auka friluftslivsaktivitet for alle.

  • Ta vare på kvalitetane for oppleving i området og leggje til rette for gode naturopplevingar.

  • Hindre at friluftsliv fører til unødige naturinngrep, slitasje og forstyrring av plante- og dyrelivet, kulturminne og kulturmiljø.

Tilskot kan berre bli gitt der tiltaket inngår i ein gjeldande og godkjent forvaltingsplan knytt til tilrettelegging av statleg sikra friluftslivsområde. For område verna som friluftslivsområde etter markalova er det eit vilkår at tiltaka er i tråd med verneforskrift og eventuell forvaltingsplan for området.

Oppfølging og kontroll

Tilskotsmottakar blir følgt opp i forhold til at midlane blir nytta som føresett og at tiltak blir gjennomførte. Kontrollen overfor tilskotsmottakar går føre seg gjennom generell formalia- og sannsynskontroll av innsende rapportar.

Rapport 2017

Budsjett for 2017 var 45 mill. kroner, som vart tildelt fylkeskommunane for vidare tildeling til kommunar og interkommunale friluftsråd. Fordelinga vart utført på grunnlag av omfanget av statleg sikra friluftslivsområde, og om det låg føre forvaltingsplanar for friluftslivsområda som dokumenterer behov for tiltaksmidlar. I gjennomsnitt vart fylka i 2017 tildelte 2,37 mill. kroner. Eit fylke blei tildelt 6 mill. kroner, mens det fylket som fekk minst blei tildelt 200 000 kroner. I alt fekk 7 fylke tildelt meir enn 3 mill. kroner.

Totalt mottok fylkeskommunane 272 søknader frå kommunar og interkommunale friluftsråd, og totalt søknadsbeløp var 82,6 mill. kroner. Tiltaka var totalt kostnadsberekna til 146 mill. kroner, noko som viser at mange søkjarar medverkar sjølve med eigne midlar og dugnadsinnsats. Det vart i 2016 gitt statleg støtte til omlag 190 tiltak. Ein stor del av tiltaka omfatta universell tilrettelegging slik at fleire grupper av befolkninga får høve til å nytte områda. Dei fleste tilretteleggingstiltaka stimulerer til aktivitet, som til dømes etablering og merking av turvegar og stigar.

Eksempel på tiltak som fekk statleg støtte i Østfold fylke i 2017 er nytt toalettbygg i Husborn friluftslivsområde i Marker kommune, og nytt sanitæranlegg på Storesand i Hvaler kommune. I Akershus fekk Oslofjordens Friluftsråd støtte til tiltak på Ommen i Nesodden kommune, og Ås kommune fekk midlar til toalett på Breivoll. I Oslo fekk Bymiljøetaten støtte til skjøtselstiltak i fire ulike friluftslivsområde. I Hedmark fekk Stange kommune midlar til Strandsagtomta friluftsområde i Ringsaker kommune, og i Oppland fekk Lillehammer kommune støtte til fleire tiltak på Mosodden ved Lågen. I Buskerud fylke har Hurum kommune fått støtte til utvikling av friluftsområdet Sætre park og Drammen kommune har fått støtte til å oppgradere Stordammen friluftsområde. I Vestfold fylke er det gitt tilskot til fleire padlelei-tiltak, Larvik kommune har fått midlar til rehabilitering av brygge på Bjønnes friluftsområde og Tjøme kommune har fått støtte til toalett på Munkholmen. I Telemark har Bamble kommune fått midlar til ymse tiltak på Tangen for og i Steinvika, Bamble kommune til nytt toalett på Rognstranda og Porsgrunn kommune til nytt toalettbygg på Sildevika friluftsområde. I Aust-Agder fekk Slåttholmen i Lillesand støtte til tilrettelegging og skjøtsel, Risør kommune midlar til Hollenderhagen og Evje og Hornnes kommune midlar til ymse tiltak i Furuly Friluftspark. I Vest-Agder fylke fikk Flekkefjord kommune tilskot til ny bryggje i Tarmevika, og Kristiansand kommune midlar til ei bru på Forsvarsareala på Flekkerøya. I Rogaland fekk Ryfylke Friluftsråd midlar til å oppgradere kystleihus på Skageneset. I Sogn og Fjordane fekk Vågsøy kommune midlar til parkeringsplass på Moldøen friluftsområde. I Møre og Romsdal fekk mellom anna Sunnmøre friluftsråd midlar til å rehabilitere toalett og flytebrygge på Langevågsholmane, og i Sør-Trøndelag fekk Ørland kommune midlar til tiltak på Bruholmen friluftsområde. I Nord-Trøndelag fylke fekk mellom anna Stjørdal kommune støtte til tiltak på Storvika friluftsområde og Levanger kommune tilskot til opprusting av Tinbuen friluftsområde. Nordland fylkekommune løyvde midlar til sørvisbygg på Kalle friluftsområde i Vågan kommune, og i Troms fylke fekk Storfjord kommune støtte til ulike tiltak på Sandørneset.

Skjergardstenesta

Ordninga har ei ramme på 35 mill. kroner.

Mål

Ordninga gir statlege budsjettmidlar til drift av skjergardstenesta, inkludert kjøp og større reparasjonar av båtar knytte til tenesta.

Kriterium for måloppnåing

Måloppnåinga vil bli dokumentert gjennom resultatindikatorane på resultatområde Friluftsliv.

Måloppnåinga blir òg blant anna vurdert ut frå talet friluftslivsområde som er drifta i dei enkelte driftsområda, kor mange dagsverk dei enkelte driftsområda har brukt til fjerning av marin forsøpling og talet dagar dei enkelte driftsområda har brukt til bistand til Statens naturoppsyn.

Tildelingskriterium

Under framgår fordelinga til dei ulike driftsområda i 2019. Fordelinga inneber litt auke i forhold til tildelinga i 2018. Midlane blir fordelte til fylkesmennene i dei aktuelle fylka. I 2019 vil midlane til driftsområdet Rogaland og Hordaland bli fordelte til Fylkesmannnen i Hordaland. Miljødirektoratet kan i samband med overføring konkretisere vilkår og føresetnader knytte til dei statlege driftstilskota.

Tabell 7.5 Fordeling til driftsområde i skjergardstenesta

Driftsområde

(i 1000 kr)

Østfold

2 870

Oslo og Akershus

2 970

Vestfold

3 105

Telemark

3 150

Aust-Agder

3 035

Vest-Agder

3 855

Rogaland og Hordaland

4 015

Sum

23 000

Vidare er 5 mill. kroner øyremerkte utviding av skjergardstenesta med nye einingar nord for dagens verkeområde i Hordaland. I 2018 vart det oppretta eit nytt driftsområde i Møre og Romsdal, der midlane blei fordelte direkte frå Miljødirektoratet. Òg i 2019 vil midlane til dette driftsområdet bli fordelte direkte frå Miljødirektoratet, då driftsområdet framleis vil vere i ein etableringsfase. Frå 2020 tek ein sikte på at midlane til dette driftsområdet vert likestilt med dei andre driftsområda og fordelt i ordinær tildeling til driftsområda. Det er førebels ikkje etablert andre nye einingar, slik at midlane som er øyremerkte til dette vil bli fordelte seinare.

Vidare er 5 mill. kroner av løyvinga øyremerkt til arbeidet med fjerning av marint søppel. Midlane til dette vert fordelte til dei einingane i Skjergardstenesta som melder inn planar og ønskje om å få øyremerkte midlar til fjerning av marint søppel. Tildelinga vert samordna med dei ordinære tilskotsmidlane til tiltak mot marin forsøpling.

Andre midlar på posten er øyremerkte båtinvesteringar og diverse kurs, opplæring mv.

Oppfølging og kontroll

Tilskotsmottakar blir følgt opp i forhold til at midlane blir nytta som føresett og at tiltak blir gjennomførte. Kontrollen overfor tilskotsmottakar går føre seg gjennom generell formalia- og sannsynskontroll av innsende rapportar.

Rapportering i forhold til bruk av tilskotsmidlar blir òg tekne opp i møte mellom Miljødirektoratet/fylkesmannen og skjergardstenesta i dei tre regionområda, og skal rapporterast i samband med søknader om tilskot kommande år.

Rapport 2017

Skjergardstenesta vart etablert i 1992, og dei markerte i 2017 eininga sitt 25 års jubileum. Skjergardstenesta oppnådde i 2017 gode resultat i alle driftseiningar. Det vart teke i bruk to nye arbeidsbåtar i Mandal kommune og i Moss kommune, og det vart gjennomført anbodskonkurranse for bygging av to nye båtar til Kragerø kommune og Lillesand kommune. Desse båtane skal vere ferdige i 2018. Som ei oppfølging av evalueringa vart det i 2017 gjennomført ytterlegare tiltak for å utvikle skjergardstenesta vidare. Mellom anna er det gjennomført fleire tiltak på kompetansesida, tiltak for oppfølging av nye forskrifter for bygging av mindre lasteskip og tiltak for å styrkje styrings- og rapporteringsrutinane.

Andre friluftslivstilskot

Det er sett av 2 mill. kroner i tilskotsmidlar til prosjektet kartlegging og verdsetjing av friluftslivsområde. Til leiing av prosjektet er det sett av midlar under kap. 1420 post 21.

Det er sett av 4 mill. kroner til eit nytt prosjekt med mål om å fremje planlegging, opparbeiding, skilting og merking av samanhengande nettverk av ferdselsårer for friluftsliv i kommunane. Ei prioritert oppgåve i 2019 vil vere å stimulere til ein nasjonal dugnad for å få registrert eksisterande turruter i Nasjonal database for tur- og friluftsruter.

Det er sett av 1,2 mill. kroner til Norsk Friluftsliv sitt prosjekt «Integrering gjennom friluftsliv». Midlane skal gå til løn, administrative utgifter og tiltak.

Det er sett av 1,2 mill. kroner til prosjektet «Friluftsliv for personar med funksjonsnedsetting» i regi av Den Norske Turistforeining. Midlane skal gå til løn, administrative utgifter og tiltak.

Det er sett av 2 mill. kroner til friluftslivstiltak i Groruddalsatsinga, som er eit samarbeid mellom Oslo kommune og staten, og som starta opp i 2017.

Det er sett av 1,2 mill. kroner til Norsk Friluftsliv sitt prosjekt med mål om å fremje friluftsliv i skulen. Prosjektet omfattar blant anna drift og vidareutvikling av «Forum for friluftsliv i skolen». Midlane skal gå til løn, administrative utgifter og tiltak.

Det er sett av 1,17 mill. kroner til Den Norske Turistforeining, for å drifte og vidareutvikle prosjektet «Historiske Vandreruter.» «Historiske Vandreruter» har som mål å auke bruken av gamle ferdselsruter med kulturhistoriske og friluftslivsmessige kvalitetar. Midlane skal gå til løn, administrative utgifter og tiltak.

Det er under kap. 1400 post 76 sett av 2,8 mill. kroner til Friluftsrådenes Landsforbund, som skal utvikle, leie og drifte eit nytt prosjekt som skal kartleggje og systematisk vidareutvikle suksessrike aktivitetstiltak innanfor friluftsliv for barn og unge i ferie og fritid. Arbeidet skal skje i samarbeid med Miljødirektoratet og dei sentrale friluftslivsorganisasjonane.

Rapport 2017

Godt tilgjenge til attraktive friluftslivsområde føreset at kommunane har kjennskap til kvar dei viktigaste friluftslivsområda er. Prosjektet kartlegging og verdsetjing av friluftslivsområde vart sett i gang i 2014, og skal medverke til slik kjennskap. Fylkeskommunane har ei sentral rolle i prosjektet, og skal mellom anna setje i gang og gjennomføre regionale prosjekt for å stimulere kommunane til kartlegging og verdsetjing av friluftslivsområde etter Miljødirektoratet sin rettleiar M-98 2013: «Kartlegging og verdsetting av friluftslivsområder». Prosjektet er i rute, og i 2017 blei det fordelt 6,4 mill. kroner i tilskot til fylkeskommunane. Ved utgangen av 2017 var alle fylke involverte i arbeidet. 153 kommunar hadde ferdigstilt sitt arbeid og150 kommunar var godt i gang med arbeidet.

Miljødirektoratet har delteke på møte i programstyre nærmiljø i Groruddalsatsinga, og har utbetalt prosjektmidlane for dette prosjektet til Oslo kommune. Det er rapportert for tildelte midlar gjennom den samla rapporteringa for programstyret sitt arbeid.

Midlar løyvd til dei to nye prosjekta i 2017 i regi av Norsk Friluftsliv og Den Norske Turistforeining er stilt til disposisjon for dei to organisasjonane, og dei har rapportert til Miljødirektoratet.

Det vart i budsjettforliket for 2017 løyvd 2 mill. kroner på posten til beredskapstiltak for Kjerag og Preikestolen, Desse midlane er frå 2018 flytta til ordninga «Nasjonale Turiststiar» under kap. 1420 post 81, men dei organisasjonane som fekk tilskot i 2017 har sendt rapportar for dette.

Post 79 Oppryddingstiltak, kan overførast, kan nyttast under postane 39 og 69

Utgiftene på posten må sjåast i samanheng med midlar til same føremål under postane 39 og 69. Midlane er retta mot resultatområde Forureining. I dei fleste områda som får støtte stammar forureininga frå langt tilbake i tid, og det er vanskeleg å finne den ansvarlege forureinaren. Midlane som staten løyver over dei tre postane 39, 69 og 79 er derfor naudsynte for at oppryddinga av forureiningane skal bli gjennomført.

Mål

Posten skal nyttast til å dekkje utgifter som kommunale og interkommunale selskap/verksemder, private verksemder og privatpersonar har til å undersøkje og til å gjennomføre oppryddingstiltak i grunn på land og i botn i sjø og vatn som er forureina med helse- og miljøskadelege stoff.

Kriterium for måloppnåing

Både for forureina sjøbotn og forureina grunn er bruk av midlane knytt opp mot det nasjonale målet «Forureining skal ikkje skade helse og miljø» og til målet «Utslepp av helse- og miljøfarlege stoff skal stansas».

Tildelingskriterium

Posten skal nyttast til delfinansiering av oppryddingsprosjekt. Prinsippet om at forureinar betaler ligg til grunn ved vurdering av om det skal givast tilskot. Sjå òg omtale under kap. 1420 postane 39 og 69.

Oppfølging og kontroll

Kontroll av bruk av midlar skjer mellom anna gjennom dokumentasjon av framdrift og sluttrapport innsendt av tilskotsmottakar.

Rapport 2017

Det blir her rapportert samla for oppryddingsarbeidet finansiert frå postane 39, 69 og 79.

Arbeidet med opprydding i forureina sjøbotn går framover. Fram til no er undersøkingar gjennomførte i dei fleste av dei prioriterte områda, og i fleire av områda har dei viktigaste oppryddingstiltaka starta eller blitt gjennomførte. Av dei viktigaste gjennomførte tiltaka i 2017 var ferdigstilling av arbeidet med å rydde opp sjøbotnen i Bangavågen i Stavanger. Vidare vart oppryddinga av sjøbotnen i Puddefjorden i Bergen og Sandefjordsfjorden sett i gang i 2017. Utover dette er det gjennomført ei rekkje mindre tiltak, førebuande arbeid m.m. på fleire lokalitetar, blant anna i Listerfjordane. Arbeidet held òg fram for opprydding i forureina grunn der det er behov, blant anna arbeid i samband med nedlagte Killingdal gruve, forbetringar på grunnforureiningsdatabasen, revideringa av rettleiar om forureina grunn og kjeldesporing av forureining med perfluorerte stoff i Tyrifjorden.

Post 81 Naturarv og kulturlandskap, kan overførast, kan nyttast under post 21

Midlane under posten er retta mot resultatområde Naturmangfald og Friluftsliv.

Posten er auka med 1,5 mill. kroner. Auken er lagt på ordninga for pollinatorar med 0,5 mill. kroner og ordninga for nasjonale turiststigar med 1 mill. kroner.

Desse seks føremåla får tilskot frå posten: Forvaltingstiltak i verdsarvområde (11,5 mill. kroner), tiltak i utvalde kulturlandskap i jordbruket (21,8 mill. kroner), tiltak i prioriterte kulturlandskapsområde (1,1 mill. kroner), tiltak for ville pollinerande insekt (3 mill. kroner), verdiskaping basert på naturarven (8,2 mill. kroner), programmet «Villreinfjella som verdiskapar» (5 mill. kroner) og Nasjonale Turiststiar (11,5 mill. kroner).

Forvaltingstiltak i verdsarvområde

Mål

Målet med tilskot til forvaltingstiltak i norske verdsarvområde med viktige naturverdiar er å sikre ei berekraftig forvalting av norske verdsarvområde.

Kriterium for måloppnåing

Måloppnåing blir vurdert ut frå om forvaltinga er i tråd med kriteria for tildeling av verdsarvstatus og områda sine forvaltingsplanar.

Tildelingskriterium

Dei aktuelle verdsarvområda er Vegaøyan som vart innskrive på UNESCO si verdsarvliste i 2004, og Vestnorsk fjordlandskap med Geirangerfjorden og Nærøyfjorden som vart ført på lista i 2005. Mottakarar er stiftelsane Vegaøyan Verdsarv, Geirangerfjorden Verdsarv og Nærøyfjorden Verdsarvpark. Posten dekkjer òg tilskot til Foreininga Noregs verdsarv til gjennomføring av arrangementet Verdsarvforum.

Midlane må sjåast i samanheng med midlar til verdsarvområda i Noreg under kap. 1429 post 79 Tilskot til Verdsarven.

Oppfølging og kontroll

Resultatkontroll og oppfølging skjer ved at mottakarane av tilskot blir følgde opp av Miljødirektoratet i forhold til at midlane blir nytta som føresett og at tiltak blir gjennomførte. Kontrollen overfor tilskotsmottakar går føre seg gjennom generell formalia- og sannsynskontroll av innsende rapportar.

Rapport 2017

Oppfølging av norske verdsarvområde med naturverdiar er organisert gjennom ideelle stiftingar på staden som mottek tilskot til drift og gjennomføring av forvaltingstiltak innanfor rammer sett i forvaltingsplanar og retningslinjer for oppfølging av verdsarvkonvensjonen. Midlane har i 2017 medverka til gjennomføring av tiltak og satsingar på ulike tema for verdsarvforvalting i verdsarvområda Vegaøyan og Vestnorsk fjordlandskap. Desse omfattar blant anna forvaltingsplanlegging, strategiarbeid, nettverksbygging, lokal involvering og organisering av samarbeid. Det er fokus på samarbeid og medfinansiering med andre aktørar i gjennomføring av tiltak. Forpliktingane knytte til formidling og informasjon om kultur- og naturverdiar er tekne hand om og utvikla vidare gjennom tiltak retta mot barn, unge og besøkande. Initiativ med målsetjing å utvikle betre besøkshandtering, redusert forureining og miljøsertifisering er sette i gang eller førte vidare.

Tiltak i utvalde kulturlandskap i jordbruket

Frå 2018 omfattar ordninga berre midlar til oppfølging av den frivillige ordninga Utvalde kulturlandskap i jordbruket. I 2019 blir budsjettet over jordbruksavtala under Landbruks- og matdepartementet auka med 3 mill. kroner til 11 mill. kroner. Totalt blir det dermed 32,8 mill. kroner til ordninga i 2019. Talet på område i ordninga skal jamfør plan auke frå 32 ved utgangen av 2017 til 46 fram mot 2020 innanfor gjeldande budsjett. Midlar til område i Nasjonal registrering av verdifulle kulturlandskap er skild ut i eiga ordning, sjå under.

Mål

Målet med tilskotet er å sikre ei berekraftig forvalting av norske kulturlandskap som inngår i den frivillige ordninga Utvalde kulturlandskap i jordbruket.

Kriterium for måloppnåing

Måloppnåing blir vurdert ut frå om forvaltinga er i tråd med kriteria for utpeiking av utvalde kulturlandskap i jordbruket.

Tildelingskriterium

Eit nasjonalt sekretariat leia av Landbruksdirektoratet, saman med Miljødirektoratet og Riksantikvaren, følgjer forvaltinga av områda i samarbeid med fylka. Fylka har ansvaret for administrasjon, tilskotsforvalting og prioritering av tiltak i samråd med områdeutval i dei enkelte områda. Midlane blir tildelte med grunnlag i godkjende forvaltingsplanar. I 2018 har dei samarbeidande direktorata fått i oppdrag å greie ut overføring av forvaltingsansvar innafor ordninga til kommunane.

Oppfølging og kontroll

Det er Landbruksdirektoratet som fordeler og følger opp tildelinga av midlar. Sekretariatet rapporterer tilbake til departementa gjennom årlege rapportar. Kontrollen av tilskotsmottakar går føre seg gjennom generell formalia- og sannsynskontroll av innsende rapportar.

Rapport 2017

Midlane til utvalde kulturlandskap i jordbruket er ei spleiseordning med landbruket. I 2017 auka dei samla løyvingane til arbeidet med utvalde kulturlandskapet til 24,5 mill. kroner.

Midlane til utvalde kulturlandskap blir fordelte på tiltak innafor planlegging/prosess, kulturminne, naturmangfald og landskapsskjøtsel, overvaking/dokumentasjon, formidling og andre tiltak (næringsutvikling, seterdrift, turstiar m.m.). Landbruksdirektoratet, Miljødirektoratet og Riksantikvaren lager årleg ein rapport om bruken av midlane til utvalde kulturlandskap som òg inneheld status i dei einskilde områda og fordelinga av midlar på ulike formål. I 2017 blei i overkant 8 mill. kroner nytta til tiltak for å ta vare på miljøverdiar knytte til naturmangfald og landskap.

Tilskot til tiltak i prioriterte kulturlandskapsområde og tiltak for ville pollinerande insekt

Tilskotsordninga heitte tidlegare Nasjonal registrering av verdifulle kulturlandskap. Ordninga er med bakgrunn i Stortingets forlik om 2017-budsjettet utvida til å omfatte tilskot til tiltak for ville pollinerande insekt. For 2019 vil ei ny forskrift regulere den nye ordninga.

Mål

Målet med ordninga er todelt. Det første målet er å sikre ei berekraftig forvalting av norske kulturlandskap som inngår i Nasjonal registrering av verdifulle kulturlandskap.

Det andre målet er å bidra til å sikre eller betre leveområda for ville pollinerande insekt.

Kriterium for måloppnåing

Måloppnåing blir vurdert ut frå om tiltaka sikrar naturmangfaldet i område med store naturverdiar og om dei sikrar gode leveområde for ville pollinerande insekt.

Tildelingskriterium

Det er utvikla eit eige sett med tildelingsskriterium. Blant søknader som gjeld tilskot til tiltak i prioriterte kulturlandskapsområde, vil dei som er forankra i ei skjøtsels- eller tiltaksplan, bli prioriterte.

Blant søknader som gjeld tiltak for pollinerande insekt, vil dei som gjeld areal med førekomst av mange arter eller raudlista arter, bli prioriterte.

Oppfølging og kontroll

Tilskotsmottakar blir følgt opp i forhold til at midlane blir nytta som føresett og at tiltak blir gjennomførte. Kontrollen overfor tilskotsmottakar går føre seg gjennom generell formalia- og sannsynskontroll av innsende rapportar frå tilskotsmottakarane til Miljødirektoratets elektronisk søknadssenter.

Rapport 2017

Til ordninga som gjeld spesielt verdifulle kulturlandskap har søknadsmassen vore stabil dei seinare åra med rundt 35–40 søknader og ein søknadssum på 4–6 mill. kroner. Med eit budsjett på 1,5 mill. kroner i 2017, vart det innvilga om lag 20 søknader.

Midlane under ordninga medverkar til å hindre attgroing, gjennomføre skjøtsel av biologisk viktige areal og gjennomføre naudsynte tiltak for å ta vare på verdiar knytte til prioriterte verdifulle kulturlandskap.

Ordninga som gjeld ville pollinerande insekt er ny frå 2017, med første ordinære tildeling av midlar i 2018. Det er derfor ikkje rapportering for 2017.

Verdiskaping naturarv

Mål

Målet med ordninga er å medverke til at verneverdiane i verneområda blir haldne oppe eller aukar slik at verneområde og andre verdifulle naturområde framleis kan vere ein viktig ressurs i samfunnsutviklinga.

Kriterium for måloppnåing

Måloppnåinga blir vurdert ut frå om tilskotet stimulerer til at verneområda og andre verdifulle naturområde blir del av ei brei verdiskaping der natur, lokalsamfunn og næringsutvikling har ein langsiktig positiv effekt av tiltaka.

Tildelingskriterium

Tilskot kan bli tildelt til tilrettelegging for ferdsel, ulike typar informasjon, naturfagleg kompetanseheving i reiselivsverksemder og til tiltak for å betre samarbeid og kunnskap om verneområde i koplinga mellom naturforvalting, næring og lokalsamfunn. Tilskotet skal mellom anna gå til implementering av merkevare- og kommunikasjonsstrategien for nasjonalparkar, dvs. blant anna til nasjonalparksenter, nasjonalparklandsbyar og nasjonalparkkommunar. Foreininga «Norges nasjonalparkkommuner» blir tildelt eit grunntilskot på 0,5 mill. kroner frå posten. Tilskot blir tildelt konkrete tiltak knytte til verdiskaping som har naturarven som utgangspunkt, og det er krav om minst 50 pst. eigeninnsats.

Oppfølging og kontroll

Oppfølging skjer hovudsakeleg i form av fortløpande kontakt mellom Miljødirektoratet og prosjekta som får tilskot. Kontrollen skjer i hovudsak gjennom generell formalia- og sannsynskontroll av innsende prosjektrapportar og årsmeldingar, og av revisorstadfesta årsrekneskap.

Rapport 2017

Posten finansierte til og med 2013 verdiskapingsprogrammet Naturarven som verdiskapar som mellom anna resulterte i at det blei etablert 29 nye verksemder, 138 eksisterande verksemder fekk høve til utvide drifta si og 100 verksemder fekk auka omsetning. Bruken av løyvinga er basert på dei erfaringane dette programmet gav. Tilskot har mellom anna dekt prosjekt innafor fugleturisme, besøkstrategiar for mykje brukte turstigar, tilrettelegging av stigar og sykkelstigar, produktutvikling knytt til ulike naturområde, utvikling av nasjonalparklandsbyar og kommunar. I 2017 mottok desse prosjekta støtte til verdiskaping: Lierne nasjonalparksenter, Halti nasjonalparksenter, Stiftelsen Nordland nasjonalparksenter, Besøkssenter rovdyr Namsskogan, Joma Næringspark AS, Randsfjordmuseet AS, Lister friluftsråde, Noregs nasjonalparkkommunar og nasjonalparklandsbyar, Nærøyfjorden Verdsarvpark, Nordveggen AS, Stavanger turistforeining, Hindsæter Fjellhotell AS, Biovegen i byen (ein organisasjon i Trondheim), Skogsætring velforeining, Hardanger Breføring, Tinn kommune, Bodø kommune, Stryn kommune, Sunndal næringsselskap, Røyrvik auto og DNT.

Villreinfjellet som verdiskapar

Med utgangspunkt i midlar frå budsjettforliket 2017 vart det i samband med revidert nasjonalbudsjett (jf. Prop. 129 S og Innst. 401 S (2016–2017)) etablert ei tilskotsordning for villreinfjellet som verdiskapar.

Mål

Programmet «Villreinfjellet som verdiskapar» har som mål å stimulere til brei verdiskaping knytt til dei ti nasjonale villreinområda, særleg innretta mot ulike delar av reiselivet. Programmet skal medverke til god gjennomføring av dei regionale planane for villreinområda, og til å utvikle og spreie kunnskap om villreinen og villreinfjellet til ulike målgrupper.

Kriterium for måloppnåing

Måloppnåinga blir vurdert ut frå om tilskotet stimulerer til at dei nasjonale villreinområda blir del av ei brei verdiskaping der villrein, lokalsamfunn og næringsutvikling har ein langsiktig positiv effekt av tiltaka.

Tildelingskriterium

Tilskot kan bli tildelt til eit hovudprosjekt i samsvar med den fastsette programplanen. Hovudprosjekta skal omfatte fleire ulike delprosjekt og tiltak, og må vere knytt til eit geografisk område eller eit tema innafor dei 61 kommunane som er omfatta av dei nasjonale villreinområda. Det er utvikla eit eige sett med søknadskriterium, der det mellom anna blir lagt vekt på god samgang med handlingsprogramma knytt til dei regionale planane. Det blir òg lagt vekt på at hovudprosjekta skal ha geografisk spreiing og dekkje ulike tema og problemstillingar knytt til dei ulike nasjonale villreinområda. Prosjekta skal femne både miljøvis, sosial, kulturell og økonomisk verdiskaping, og det er krav til søkjarane om minst 50 pst. eigeninnsats i form av arbeid og/eller andre økonomiske midlar.

Oppfølging og kontroll

Oppfølging skjer hovudsakeleg i form av fortløpande kontakt mellom Miljødirektoratet og dei prosjekta som får tilskot, og gjennom at Fylkesmannen deltek i dei styrande organa for prosjekta. Kontroll skjer gjennom generell formalia- og sannsynskontroll av innsende prosjektrapportar og årsmeldingar, og av revisorstadfesta årsrekneskap. Norsk villreinsenter vil ha ei rolle i fagleg oppfølging og rådgiving for prosjekta.

Rapport 2017

Tilskotsordninga er ny etter budsjettforliket for 2017. Programmet byggjer på erfaringane med det tidlegare programmet Naturarven som verdiskapar (2009–2013), og på rapporten ØF-rapport 2015/05: Europeiske villreinregioner – en strategisk satsing på villreinfjellet som ressurs for reiselivet frå ei breitt samansett arbeidsgruppe oppnemnt av Klima- og miljødepartementet. Til saman 10 søknader om tilskot ble sendt inn innan fristen 1. september, og av desse fekk 7 søkjarar tilsegn om tilskot.

Nasjonale Turiststigar

Nokre av midlane under ordninga kan brukast av Miljødirektoratet under post 21, til prosjektutvikling og prosjektstyring.

Mål

Nasjonale Turiststigar er turstigar med tilhøyrande naturattraksjonar som er internasjonale opplevingsattraksjonar med ekstraordinært mange besøkande, og som derfor har ulike utfordringar. Tilstrøyminga medfører stor slitasje på stigane, utfordringar med søppel/avfall, behov for informasjon både før og under besøket, og utfordringar med tryggleiken til dei besøkande. Målet for ordninga er å utvikle eit avgrensa tal Nasjonale Turiststigar, slik at tryggleik, opplevingsverdiar, informasjon og naturverdiar blir tekne vare på.

I løpet av 2018 vil det bli utvikla ei autoriseringsordning på bakgrunn av kriterium fastsette av Klima- og miljødepartementet i august 2018, der eit avgrensa tal stigar vil bli autoriserte som Nasjonal Turiststig. Det kan totalt bli autorisert inntil 15 Nasjonale Turiststigar. Autoriseringsordninga skal bidra til at stigar som blir autoriserte held ved lag sine natur- og opplevingskvalitetar, og at dei har ein tilfredsstillande beredskap og tryggleik. Ordninga skal ikkje leggje til rette for meir utbygging og tiltak enn det som er naudsynt, og alle tiltak skal vere innanfor rammene av allemannsretten og norsk friluftslivstradisjon. Eventuelle byggje- og anleggstiltak skal vere tilpassa landskapet, ha minst mogleg omfang, vere minst mogleg synlege, og ta omsyn til området sine natur- og opplevingskvalitetar.

God lokal forankring av arbeidet og langsiktig planlegging gjennom heilskapleg besøksforvalting som skal munne ut i ein besøksstrategi er eit krav for å bli autorisert.

Frå 2019 vil stiar som er autoriserte bli prioriterte ved tildeling av midlar frå ordninga.

Kriterium for måloppnåing

Måloppnåinga blir vurdert ut frå om tilskotet medverkar til færre ulykker og utrykkingar frå hjelpemannskap i samband med ferdsel på stiane, redusert slitasje og om tilskotet medverkar til å oppretthalde naturverdiar og miljøverdiar på og i tilknyting til stigane. I tillegg skal ordninga sitt bidrag til brei lokal verdiskaping leggjast vekt på.

Tildelingskriterium

Destinasjonsselskap, kommunar, kommunale- eller interkommunale føretak, stiftelsar, frivillige organisasjonar og verneområdestyre kan søkje på ordninga. Søknader med synleggjort breie samarbeidsrelasjonar mellom reiseliv, frivillige, kommune og forvalting vil bli prioriterte.

Tilskot blir gitt til prosjekt som omhandlar turstigar med store opplevingskvalitetar og som har betydelege utfordringar knytte til stor ferdsel av turistar, der internasjonale turister utgjer ein stor del.

Det skal liggje føre ei prosjektbeskriving for stigen/området det blir søkt om tilskot til, og som søknaden skal byggje på. Prosjektbeskrivinga skal vise omfang av besøk på den aktuelle stigen, beskrive kva som er utfordringane for det aktuelle området og ein plan for arbeidet med ei heilskapleg besøksforvalting der ein syner kva tiltak som kan imøtekomme desse utfordringane. Stigens betydning for lokalt reiseliv skal òg inngå i prosjektbeskrivinga.

Alle fysiske tiltak som får tilskot skal i utgangspunktet vere opne for allmenta. Alle byggje- og anleggstiltak skal vere tilpassa landskapet og områdets natur- og opplevingskvalitetar.

Tildelte midlar skal i utgangspunktet brukast til fysiske tiltak på og i tilknyting til stigane. Det kan òg bli gitt tilskot til enkelte andre tiltak, som for eksempel informasjonstiltak og planleggingstiltak, og forprosjekt og prosjektleiing knytt til besøksforvalting som førebuing til å søkje om autorisasjon. Det blir ikkje gitt tilskot til drift knytt til stigområda.

Det blir berre gitt tilskot til søkjarar som medverkar med minst 50 prosent eigeninnsats (økonomiske midlar eller arbeidsinnsats som kan dokumenterast).

Prioriterte tiltak:

  • Informasjonstiltak

  • Planlegging, forprosjekt og prosjektleiing knytt til besøksforvalting og som førebuing til å søkje om autorisasjon

  • Tilrettelegging og merking av stig

  • Sikringsbuer og andre beredskapstiltak

  • Toalett/sanitæranlegg

  • Søppelhandtering

  • Tilrettelegging av tilkomstsoner, inklusiv parkeringsareal

Oppfølging og kontroll

Tilskotsmottakar blir følgt opp i forhold til at midlane blir nytta som føresett og at tiltak blir gjennomførte. Kontrollen overfor tilskotsmottakar går føre seg gjennom generell formalia- og sannsynskontroll av innsende rapportar.

Rapport 2017

Ordninga var ny i 2017. Turstigane til Preikestolen og Kjerag i Rogaland, Trolltunga i Hordaland og Gaustatoppen i Telemark fekk støtte. Det kom til saman inn 32 søknader.

Post 82 Tilskot til truga arter og naturtypar, kan overførast

(i 1 000 kr)

Underpost

Nemning

Rekneskap 2017

Saldert budsjett 2018

Forslag 2019

82.1

Tilskotordning – truga arter

17 869

17 677

16 577

82.2

Tilskotordning – truga naturtypar

27 013

30 778

28 778

Sum post 82

44 882

48 455

45 355

Posten er retta mot resultatområde Naturmangfald. Posten er delt i to underpostar, ein for truga arter og ein for truga naturtypar. Underposten for truga arter omfattar mellom anna tilskot til prioriterte arter og deira økologiske funksjonsområde og arter som er klassifiserte som truga på Norsk raudliste for arter 2015. Tiltak for bevaring av hubro er òg inkludert i posten med fokus på tiltak mot elektrokusjon. Underposten for truga naturtypar omfattar tilskot til utvalde naturtypar og naturtypar som er klassifiserte som truga på Norsk raudliste for naturtypar 2011.

I samband med at overvakingsmidla skal samlast under kap. 1410 post 21 er 3,1 mill. kroner flytta dit, 1,1 mill. kroner frå underpost 1 og 2 mill. kroner frå underpost 2. Midlane vil framleis bli nytta til arbeid med truga arter og naturtypar.

Under kap. 1410 post 21 er det òg lagt inn 1,8 mill. kroner til overvaking av effektane av tiltak for truga natur finansiert ved tilskot frå kap. 1420 post 82.

Truga arter, inkludert hubro

Mål

Målet med tilskotsordninga er å medverke til å gjennomføre tiltak for å ta vare på truga plante- og dyrearter, under dette arter som er valt ut som prioriterte arter. Ordninga inkluderer òg økologiske funksjonsområde for prioriterte arter.

Kriterium for måloppnåing

Måloppnåinga blir vurdert ut frå talet på tiltak knytt til truga arter. Måloppnåinga for hubro blir vurdert ut frå talet stolpar/konstruksjonar som er sikra mot skade på hubro, og utvikling i hubrobestanden i desse områda.

Tildelingskriterium

Tilskot kan bli tildelt konkrete tiltak i felt til skjøtsel og vedlikehald, biotopforbetrande tiltak. restaurering, aktiv skjøtsel eller andre typar tiltak som er naudsynte for å ta vare på eller rette opp økologiske funksjonsområde for prioriterte arter, gjerding, naudsynt utstyr for å gjennomføre tiltak, informasjon retta lokalt/regionalt, kartlegging knytt til tiltak og tiltak for hindre at hubro dør som følgje av at dei brukar straumstolpar som sitjeplass.

Oppfølging og kontroll

Resultatkontroll og oppfølging skjer ved at tilskotsmottakarane blir følgde opp i forhold til at midlane blir nytta som føresett og at tiltak blir gjennomførte. Kontrollen overfor tilskotsmottakar går føre seg gjennom generell formalia- og sannsynskontroll av innsende rapportar.

Rapport 2017

I 2017 kom det inn 231 søknadar til tilskotsordninga for truga og prioriterte arter. Det vart søkt om lag 28,5 mill. kroner og Miljødirektoratet tildelte om lag 17,3 mill. kroner til slike søknader. Midlane er gitt til konkrete tiltak, som t.d. skjøtsel av lokalitetar, styrking av bestandar og informasjon. Av dette er om lag 4,9 mill. kroner gitt til 18 tiltak for hubro i 10 fylke for å unngå at arten dør som følgje av elektrokusjon. Dei ulike nettselskapa nyttar i tillegg eigne midlar på dei same strekningane.

Truga naturtypar

Mål

Målet med tilskotsordninga er å medverke til å ta vare på naturtypar gjennom tiltak og aktiv skjøtsel av truga og utvalde naturtypar.

Kriterium for måloppnåing

Måloppnåinga blir vurdert ut frå målsetjingane for å ta vare på naturtypar i dei enkelte handlingsplanane, under dette tal på lokalitetar som blir tekne vare på og talet på tiltak knytt til førekomstar av truga og utvalde naturtypar.

Tildelingskriterium

Tilskot kan bli tildelt konkrete tiltak i felt til skjøtsel og vedlikehald, restaurering, gjerding, naudsynt utstyr for å gjennomføre tiltak, informasjon retta lokalt/regionalt, kartlegging knytt til tiltak og utvikling av skjøtsels-/tiltaksplan for tiltaket.

Oppfølging og kontroll

Resultatkontroll og oppfølging skjer ved at tilskotsmottakarane rapporterer korleis midlane blir nytta, gjennomførte tiltak og resultat. Kontrollen går føre seg gjennom generell formalia- og sannsynskontroll av innsende rapportar frå tilskotsmottakar til fylkesmannen.

Rapport 2017

I 2017 kom det inn over 960 søknadar, mot rundt 850 i 2016. Det kom inn søknader for tiltak i 17 ulike naturtypar, same som i 2016. Talet på søknader er framleis størst innafor naturtypane slåttemark, kystlynghei og hole eiker. Taket på søknader knytt til kystlynghei, hole eiker og haustingsskog har auka.

Miljødirektoratet tildelte totalt 28,4 mill. kroner til fylkesmannen til tiltak i truga og utvalde naturtypar i 2017. Vel 20 mill. kroner av dette gjekk til skjøtsel og andre tiltak i kulturmarkstypar, til dømes slått av slåttemark og slåttemyr, beiting og brenning i kystlynghei eller styving av tre i haustingsskog. Av kulturmarkstypane vart slåttemark tildelt mest midlar, 15,7 mill. kroner, følgd av kystlynghei med samla tilskot på 6,2 mill. kroner. 2,7 mill. kroner vart tildelt til å fristille og skjøtte hole eiker og informere om naturtypen, mens 1,2 mill. kroner gjekk til tiltak knytt til haustingsskog. Det blei òg tildelt midlar til tiltak i lokalitetar av open grunnlendt kalkmark, slåttemyr, naturbeitemark, kalk-lindeskog, kroksjøar og kystgranskog. I tillegg til skjøtsel med slått og beite har ein del av midlane gått til gjerding, fjerning av framande arter og annan uønskt vegetasjon, til informasjonstiltak og til innkjøp av naudsynt utstyr for skjøtsel.

Overført frå same post gjekk det 6,5 mill. kroner til fylkesmennene i 2017, til å følgje opp handlingsplanarbeidet for utvalde naturtypar og ulike tiltak for andre truga naturtypar. Hovuddelen av dette gjekk til å få utarbeidd skjøtselsplanar for naturtypelokalitetar som treng skjøtsel. Talet på skjøtselsplanar som er utarbeidde stig jamt. Det gjer òg talet på langsiktige avtalar med grunneigarar om skjøtsel, noko som er eit viktig verkemiddel for å motivere grunneigarar til å søkje tilskot og drive skjøtsel. Det er flest skjøtselsplanar og avtalar for slåttemark og kystlynghei. Det vart òg søkt om midlar til å utarbeide skjøtselsplanar for lokalitetar av andre naturtypar. Alle fylke i landet er no inkludert i arbeidet med handlingsplan for slåttemark. Det er godt dokumentert at skjøtsel for å tilbakeføre slåtteenger som er i ferd med å gro igjen, og framhalden hevd på lokalitetar som er i god hevd frå før gir gode resultat med omsyn til å bevare ein god tilstand i naturtypen. Miljødirektoratet starta i 2017 arbeidet med eigen handlingsplan for slåttemyr (slåttemyr har tidlegare vore inkludert i handlingsplan for slåttemark) og revidering av handlingsplan for utvald naturtype slåttemark. I samarbeid med fylkesmannen i Vestfold, kom ein òg i gang med å revidere handlingsplan for utvald naturtype hole eiker. Fagsamling med forvaltinga i aktuelle fylke og kommunar innafor eikeområdet i Noreg vart gjennomført i juni 2017 for å få innspel til revisjonsarbeidet. Endeleg har Miljødirektoratet nytta om lag 1,7 mill. kroner til sentrale leveransar knytte til truga naturtypar. Dette omfattar mellom anna nasjonal fagrådgjeving for handlingsplan for slåttemark, tilsvarande knytt til oppfølging av handlingsplan for kystlynghei og oppdatering av malane for skjøtselsplanar for slåttemark og haustingsskog.

Post 84 Internasjonalt samarbeid

Tilskotsordninga er primært knytt til resultatområda Naturmangfald og Forureining, men òg til Friluftsliv, Klima og Polarområda.

Posten er auka med 0,3 mill. kroner i høve til 2018. Det er lagt inn 0,2 mill. kroner i bidrag til det internasjonale ressurspanelet (kunnskapspanel under UNEP). Posten har fått ei prisjustering på 0,1 mill. kroner.

Mål

Målet for tilskotsordninga er å støtte organisasjonane som er nemnde nedanfor i deira internasjonale arbeid for vern av naturmangfald og berekraftig bruk av naturressursar, klima, og å setje Miljødirektoratet og andre delar av miljøforvaltinga i stand til å delta i det faglege internasjonale nettverket desse organisasjonane utgjer.

Kriterium for måloppnåing

Kriterium for måloppnåing er om Noreg gjennom si støtte til dei internasjonale organisasjonane i rimeleg grad medverkar til at desse kan utføre oppgåvene sine, og at Miljødirektoratet og anna miljøforvalting får tilgang til arbeidet som skjer i dei.

Tildelingskriterium

Posten skal dekkje utgifter til kontingent i samband med medlemskap i relevante internasjonale organisasjonar, under dette:

  • Naturpanelet (Intergovernmental Science-Policy Platform on Biodiversity an Ecosystem Services, IPBES)

  • Federation of Nature and National Parks of Europe (EUROPARC)

  • Conseil International de La Chasse (CIC)

  • International Union for Conservation of Nature (IUCN) (Government Agency member)

  • Wetlands International (WI)

  • BirdLife International (BI)

  • Nordisk kollegium for viltforsking (NKV)

  • Den europeiske plantevernorganisasjonen (Planta Europa)

  • Den europeiske organisasjonen for bevaring av geologiarven (ProGEO)

  • Working Group on Harmonization of regulatory oversight in Biotechnology (WGHROB) under Biosafety-programmet til OECD

  • Konvensjon om langtransportert luftforureining (LRTAP-konvensjonen), kjerneoppgåver som ikkje blir omfatta av bidraget til EMEP-protokollen

  • Common Forum on Contaminated Land

  • The European Union Network for the Implementation and International Transaction Log (IIL)

  • Enforcement of Environmental Law (IMPEL)

  • Organization of Economic co-operation and Development (OECD)

  • Ressurspanelet (The international Resource Panel)

Posten skal òg dekkje utgifter knytte til relevante oppfølgingsprosjekt i tilknyting til medlemskapen, slik som i den nordatlantiske organisasjonen for laksevern, North Atlantic Salmon Conservation Organization (NASCO) og naturpanelet (IPBES). Kontingenten til NASCO er dekt over kap. 1400 post 71 Internasjonale organisasjonar.

Det skjer ei kontinuerleg vurdering av organisasjonane sine målsetjingar og av tilhøvet deira til sentrale konvensjonar og avtaler og kva nytte Miljødirektoratet har av medlemskapen.

Oppfølging og kontroll

Oppfølging skjer hovudsakleg i form av deltaking i og bidrag til møte i organisasjonane sine styrande organ, der det blir fatta avgjerder mellom anna om budsjett, kontingentar og økonomisk styring. Oppfølging av spesielle prosjekt skjer gjennom deltaking i referanse-, arbeids- eller styringsgrupper, ved kontakt med slike grupper, eller ved direkte kontakt med prosjektet.

Kontrollen skjer i hovudsak gjennom generell formalia- og sannsynskontroll av innsende prosjektrapportar og årsmeldingar, og av revisorstadfesta årsrekneskapar frå organisasjonane. I tillegg deltek Miljødirektoratet på møte i organisasjonane sine styrande organ, der det blir fatta avgjerder mellom anna om budsjett, kontingentar og økonomisk styring.

Rapport 2017

Midlane dekte i 2017 medlemskontingenten i Naturpanelet, NKV, CICEUROPARC, IUCN, WI og ProGEO. I tillegg vart det gitt bidrag til ekspertmøte om global utredning i IPBES, reisestøtte til møter i Ramsaskonvensjonen, Common Forum on Contaminated Land, OECD, Noregs bidrag til arbeidet med anadrom fisk i ICES, Noregs bidrag til effektarbeid under LRTAP-konvensjonen og prosjektstøtte til ProGEO.

Post 85 Naturinformasjonssenter, kan overførast

Midlane er i hovudsak retta mot resultatområda Naturmangfald og Friluftsliv.

Besøkssenter for natur skal vere dei fremste kvalitetsformidlarane av kunnskap om nasjonalparkar, villrein, våtmark, rovvilt, fugl og villaks til lokalbefolkninga og tilreisande, spesielt barn og unge. I høve til 2018 er posten auka med 2,9 mill. kroner. Av dette er 1,9 mill. kroner prisjustering mens 1 mill. kroner skal gå til styrking av formidling, utstillingar og informasjontiltak ved dei ulike besøkssentra.

Mål

Målet med tilskotsordninga er å medverke til drift, utvikling og etablering av naturinformasjonssenter/besøkssenter natur.

Kriterium for måloppnåing

Måloppnåing for sentra blir vurdert på bakgrunn av årlege rapportar der sentra viser at dei fyller autorisasjonskrava.

Tildelingskriterium

Autoriserte besøkssenter natur kan søkje om eit årleg grunntilskot til aktivitet knytt til administrasjon, planlegging og gjennomføring av informasjonstiltak, naturrettleiing m.m. Grunntilskotet blir for 2019 på 1,029 mill. kroner pr. senter. Autoriserte senter kan i tillegg søkje kompetansetilskot til oppgåver som nøytrale kunnskapsformidlarar/kompetansesenter. Både autoriserte senter, andre som arbeider med naturinformasjon (for eksempel museum og stiftelsar) og senter som ikkje er autoriserte, kan søkje om tilskot til utstillingar og informasjonstiltak.

Med bakgrunn i merknader frå energi- og miljøkomiteens medlemmer frå Høyre, Fremskrittspartiet, Venstre og Kristelig Folkeparti i Innst. 9 S (2017-2018) foreslår departementet at det blir etablert eit nasjonalt villakssenter. Departementet foreslår at budsjettet på til saman 7,385 mill. kroner sett av til villaks, blir nytta til drift av villakssenteret. Ein ventar i tillegg at det blir overført 3 mill. kroner på posten frå 2018 til 2019 knytt til unytta midlar til møteplassen for samarbeid om villaksen i Tana. Éin mill. kroner av desse blir planlagt nytta til investeringar i samband med etableringa og to mill. kroner til tilskot til informasjonstiltak om villaks i regi av ulike organisasjonar i samband med det internasjonale villaksåret 2019.

Mottakarar av tilskot til naturrettleiing er besøkssenter for villrein på Hjerkinn, besøkssentra for rovdyr i Flå og Namsskogan og besøkssenter Nordland, Ilene, Færder, Nordre Øyeren og Hardangervidda-(Skinnarbu). For å tilby naturrettleiing ved besøkssenteret for villrein på Skinnarbu slik det har vore tidlegare, er det flytta 1 mill. kroner frå utstillingsmidlane til rovviltsentra til budsjettet for besøkssenter for villrein.

Runde Miljøsenter må rapportere bruken av midlane på same måte som dei autoriserte sentra. Desse midlane går delvis til forsking og tildelinga vil derfor bli sett i samanheng med gjennomgangen av forskings- og overvakingsmidlar på budsjettet, som skal skje i løpet av 2018.

Tabell 7.6 Type senter

Tema for senter

(i 1000 kr)

Besøkssenter nasjonalpark og forvaltingsknutepunkt

30 164

Besøkssenter villrein

8 323

Besøkssenter våtmark

6 934

Besøkssenter rovdyr

6 433

Naturrettleiing

6 586

Kunnskapsformidling om villaks

7 385

Runde Miljøsenter

3 206

Sum

69 031

Oppfølging og kontroll

Resultatkontroll og oppfølging skjer ved at tilskots-mottakarane leverer årsmelding, revidert rekneskap, budsjettforslag, plan for verksemda og eventuelt framdriftsrapportar med rekneskap. Sentra rapporterer tal på besøkande, aktivitetar og naturrettleiing, sal av logoprodukt, resultat frå brukarundersøkingar og eventuelle evalueringar av innhald og aktivitet ved senteret, og på andre forhold som var sentrale for å få tildelt tilskotet. Det blir utført ein generell formalia- og sannsynskontroll av rapportane og rekneskapane. Det blir nytta stikkprøvekontroll, blant anna ved gjennomsyn av utstillingar og informasjonsmateriell som det er gitt støtte til.

Rapport 2017

Det vart i 2017 gitt grunntilskot til 15 autoriserte besøkssenter nasjonalpark. Det vart etter søknad gitt tilskot til fornying av utstillingar og informasjonstiltak, og til opparbeiding og tilrettelegging av forvaltingsknutepunkt. Tre autoriserte besøkssenter rovdyr og seks autoriserte besøkssenter våtmark fekk òg tilskot. Det er vidare gitt tilskot til senter for laks, Norsk villreinsenter og til informasjonstiltak gjennom Klimapark 2469 til informasjon om klimaendringar, naturfaglege aspekt og verneverdiar i Jotunheimen nasjonalpark. I tillegg er det gitt tilskot til ein møteplass for samarbeid om villaksen i Tanavassdraget.

Følgjande senter fekk tilskot i 2017: Besøkssenter villrein, Norsk Villreinsenter, Kunnskapssenter for laks og vassmiljø, besøkssenter rovdyr; Bardu, Flå og Namsskogan, besøkssenter nasjonalpark; Øvre-Pasvik, Stabbursdalen, Reisa, Lierne, Femundsmarka, Folgefonna, Færder, Ytre Hvaler, Hardangervidda – Skinnarbu og Hardangervidda – Eidfjord, Jostedalsbreen – Oppstryn, Jostedalsbreen – Fjærland og Jostedalsbreen – Jostedalen, Jotunheimen, og besøkssenter nasjonalparkane i Nordland, Balsfjorden våtmarkssenter – Midt-Troms museum, Dokkadelta våtmarkssenter, besøkssenter våtmark Ilene, besøkssenter våtmark Jæren, besøkssenter våtmark Nordre Øyeren, besøkssenter våtmark Oslo, besøkssenter våtmark Lista, Trondheimsfjorden våtmarkssenter, besøkssenter våtmark Ørland og Runde miljøsenter.

Kap. 4420 Miljødirektoratet

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2017

Saldert budsjett 2018

Forslag 2019

01

Oppdrag og andre ymse inntekter

2 685

4 272

7 373

04

Gebyr, forureiningsområdet

48 004

38 132

41 141

06

Gebyr, fylkesmannsembeta sine miljøvernavdelingar

23 965

29 466

35 869

07

Gebyr, kvotesystemet

8 692

8 077

8 270

08

Gebyr, naturforvaltingsområde

4 472

4 902

638

09

Internasjonale oppdrag

64 350

50 550

43 816

Sum kap. 4420

152 168

135 399

137 107

Post 01 Oppdrag og andre ymse inntekter

På posten er det budsjettert med enkelte ulike oppdragsinntekter og leigeinntekter som direktoratet har i samband med utleige av nokre kontorlokale og sitt konferansesenter i Oslo. Oppdragsinntektene er hovudsakleg knytte til tenester som Statens naturoppsyn utfører for andre, mellom anna Statskog. På posten blir òg ført ymse inntekter, frå sal av rapportar utarbeidde av Miljødirektoratet og enkelte andre produkt. Dei tilsvarande utgiftene er budsjetterte under kap. 1420 post 01 Driftsutgifter.

Posten er auka med 3 mill. kroner som følgje av auka leigeinntekter i Trondheim, prisjustert med 0,1 mill. kroner og redusert med 0,02 mill. kroner som følgje av avbyråkratiserings- og effektiviseringsreforma.

Kap. 1420 post 01 Driftsutgifter kan overskridast mot tilsvarande meirinntekter under denne posten, jf. forslag til vedtak II.

Post 04 Gebyr, forureiningsområdet

I samsvar med prinsippet om at forureinaren skal betale, er det innført gebyr på ulike område innanfor forureiningsområdet.

Posten omfattar Miljødirektoratets inntekter frå følgjande ordningar:

  • gebyr frå dei som får utferda eit sertifikat under ei sertifiseringsordning for bedrifter og personell som handterer fluorerte klimagassar (produktforskrifta, Kapittel 6a). Ordninga er ein del av EØS-avtala som regulerer dei fluorerte klimagassane HFK, PFK og SF6 gjennom krav til blant anna dokumenterte kvalifikasjonar for teknisk personell og bedrifter som utfører arbeid på utstyr med nokre av desse gassane. Den praktiske gjennomføringa av sertifiseringsordninga blir i dag utført av Isovator AS (HFK i kuldeanlegg mv.) og Incert AB (SF6 i høgspentbrytarar). EU vedtok 16. april 2014 ei revidert forordning som utvidar sertifiseringsordninga til òg å gjelde personell som handterer kjølebilar/-tilhengarar og GIS-anlegg. Den reviderte forordninga er foreløpig ikkje implementert i Noreg

  • gebyr for konsesjonsbehandling og kontroll i medhald av forureiningsforskrifta

  • gebyr for tilsyn og kontroll med importører og produsentar av kjemiske stoff og stoffblandingar, i medhald av deklareringsforskrifta

  • gebyr for deklarasjon av farleg avfall, i medhald av avfallsforskrifta. Verksemder som leverer farleg avfall skal fylle ut eit deklarasjonsskjema med opplysningar om avfallets opphav, innhald og eigenskapar. Det er fastsett eit gebyr for denne deklarasjonen, og gebyret skal dekkje Miljødirektoratets kjøp av tenester ved drift og utvikling av systemet

  • gebyr for drift av produsentregister for elektriske og elektroniske produkt (EE-registeret), i medhald av avfallsforskrifta. Alle som importerer og produserer elektriske og elektroniske produkt (EE-produkt) i Noreg pliktar å vere medlem av eit godkjent returselskap. Returselskapa finansierer drifta av EE-registeret gjennom eit gebyr som avheng av deira marknadsdel

  • gebyr for eksport og import av avfall, i medhald av avfallsforskrifta. Verksemder som importerer eller eksporterer meldepliktig avfall må ha løyve til dette. Gebyret er basert på Miljødirektoratet sin timebruk og timekostnad til behandling av søknadar om eksport og import av avfall

  • I tillegg vil det på denne posten kunne komme inntekter frå andre ordningar, som for eksempel gebyr for behandling av søknader om godkjenning av biocidprodukt

I høve til 2018 er posten auka med 3 mill. kroner. Ei justering av gebyrsatsane aukar inntektene med 3,2 mill. kroner og gir grunnlag for same auke i dei tilknytte utgiftene under kap. 1420 post 23. Samstundes er posten redusert med 0,2 mill. kroner i samband med avbyråkratiserings- og effektiviseringsreforma.

Tabell 7.7 Budsjettet for 2019 fordeler seg på dei ulike gebyrordningane som følgjer:

Gebyrordning

Budsjett inntekt 2019 (tal i tusen kroner)

Sertifisering for fluorerte klimagassar

2 500

Konsesjonsbehandling etter forureiningsforskrifta

5 800

Tilsyn etter forureiningslova

9 220

Kvotetilsyn

220

Tilsyn med kjemikaliar

5 400

Deklarasjon av farleg avfall

5 400

Drift av produsentregiser for elektriske og elektroniske produkt (EE-registeret)

2 500

Eksport og import av avfall

6 600

Godkjenning av biocid og biocidprodukt

3 500

Totalt kap. 4420 post 04

41 140

Kap. 1420 post 23 Driftsutgifter kan overskridast mot meirinntekter under denne posten, jf. forslag til vedtak II.

Post 06 Gebyr, fylkesmannsembeta sine miljøvernavdelingar

Posten omfattar inntekter til Fylkesmannen frå gebyr for arbeid med konsesjonsbehandling og tilsyn. Samla er posten auka med 6,4 mill. kroner som følgje av auka gebyrsatsar. I talet ligg òg ein reduksjon på 0,1 mill. kroner i samband med avbyråkratiserings- og effektiviseringsreforma. Kap. 1420 post 23 Driftsutgifter kan overskridast mot tilsvarande meirinntekter under denne posten, jf. forslag til vedtak II.

Post 07 Gebyr, kvotesystemet

Miljødirektoratet forvaltar kvoteforskrifta. Verksemder som er omfatta av kvoteplikta må ha løyve frå Miljødirektoratet til kvotepliktige utslepp, i tillegg til eit godkjent program for utrekning og måling av utsleppa. Dei kvotepliktige verksemdene sine årlege utsleppsrapportar blir kontrollerte og verifiserte av Miljødirektoratet.

I tråd med føresegnene i kap. 39 i forureiningsforskrifta skal Miljødirektoratets kostnader ved utarbeiding av løyve til kvotepliktige utslepp finansierast av gebyr.

I tråd med føresegnene i kap. 9 i kvoteforskrifta skal Miljødirektoratets kostnader ved godkjenning av utsleppsrapportar finansierast av gebyr. Dette er i samsvar med EUs reglar. Miljødirektoratet har òg ansvaret for å drifte det elektroniske kvoteregisteret.

Det er samla lagt inn 0,2 mill. kroner som følgje av prisjustering og avbyråkratiserings- og effektiviseringsreforma.

Post 08 Gebyr, naturforvaltingsområde

Inntektene på denne posten skal dekkje utgifter i samband med merkjepliktig vilt, og til utgifter ved kontroll av naturforvaltingsvilkår i vasskraftskonsesjonar.

Det er merkje- og registreringsplikt for dødt vilt som tilfell Viltfondet, sjå vedlegg (artsliste) til forskrift 18. juni 2004 nr. 913 om handtering av dødt vilt. Dei som vil overta merkjepliktig vilt frå Viltfondet skal betale eit gebyr. Gebyret blir ført vidare på same nivå som i tidligare år, det vil seie 450 kroner. Innbetalte gebyr blir nytta til drift og vedlikehald av ein sentral database for å ta vare på informasjon om individa. Desse utgiftene blir dekte over kap. 1420 post 23.

Miljødirektoratet krev refusjon for utgifter det har knytt til kontroll av naturforvaltingsvilkår i vasskraftkonsesjonar. Gebyret er heimla i vassdragsreguleringslova § 12 punkt 19, i vassressurslova § 57–58 og den enkelte konsesjon.

Posten er redusert med 4,3 mill. kroner i høve til 2018. Frå posten er det flytta 4,4 mill. kroner til Landbruks- og matdepartementets budsjett knytt til inntekter frå jegerprøvegebyr. Dette skjer i samband med at ansvaret for haustbart vilt er flytta dit, jf. Prop. 48 S og Innst. 230 S (2017–2018). Som følgje av prisjustering og avbyråkratiserings- og effektiviseringsreforma er det på posten netto lagt inn 0,1 mill. kroner.

Kap. 1420 post 23 Driftsutgifter kan overskridast mot tilsvarande meirinntekter under denne posten, jf. forslag til vedtak II.

Post 09 Internasjonale oppdrag

Inntektene under posten kjem frå andre statsinstansar og frå internasjonale organisasjonar, og skal finansiere Miljødirektoratets utgifter under kap. 1420 post 23 til internasjonalt miljøsamarbeid og bistandsarbeid, for eksempel institusjonsbygging i samarbeidsland.

Posten er prisjustert med 1,5 mill. kroner. Grunna redusert anslag på oppdragsinntekter i 2019 er det teke ut 8,2 mill. kroner av løyvinga.

Kap. 1420 post 23 Driftsutgifter kan overskridast mot tilsvarande meirinntekter under denne posten, jf. forslag til vedtak II.

Kap. 1422 Miljøvennleg skipsfart

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2017

Saldert budsjett 2018

Forslag 2019

21

Spesielle driftsutgifter

5 659

5 427

5 557

60

Tilskot til kommunar og fylkeskommunar, kan overførast, kan nyttast under post 70

11 180

70

Tilskot til private, kan nyttast under post 21

7 000

Sum kap. 1422

16 839

5 427

12 557

Miljøvennleg skipsfart er eit prioritert innsatsområde i klimapolitikken og i regjeringas maritime strategi. Bruk av meir klima- og miljøvennleg drivstoff og energieffektive skip er nøkkelfaktorar i å redusere utsleppa frå skipsfarten. Noreg er i dag leiande i utvikling og bruk av blant anna gassdrivne skip og batteridrivne ferjer – eit fortrinn som kan utnyttast og utviklast vidare.

Regjeringa har i den maritime strategien identifisert fleire grep for å medverke til å redusere utsleppa frå skipsfarten. For å utløyse potensialet for utsleppsreduksjonar frå skipsfarten må både styresmakter og næringa investere, og regjeringa vil derfor òg leggje opp til ei styrking av Sjøfartsdirektoratets kompetanse på nye klima- og miljøvennlege løysingar for skipsfarten, med mål om ein effektiv prosess for myndigheitsbehandling av skip som blir bygde med ny klima- og miljøvennleg teknologi. Sjøfartsdirektoratet skal òg auke merksemda på tiltak mot marin forsøpling frå internasjonal og nasjonal skipsfart.

Rolle og oppgåver for Sjøfartsdirektoratet:

Sjøfartsdirektoratet er underlagt Klima- og miljødepartementet i saker som gjeld forureining og vern om det marine miljøet, og utfører viktig arbeid innanfor dette området. Arbeidet omfattar blant anna utgreiingsoppgåver, utarbeiding av forskrifter, utferding av sertifikat, flaggstatskontrollar og hamnestatskontrollar. Sjøfartsdirektoratet utfører dessutan betydelege internasjonale oppgåver på miljøområdet retta mot FNs sjøfartsorganisasjon (IMO), EU, Nordsjøsamarbeidet og Det arktiske samarbeidet.

Sjøfartsdirektoratet har som ei av sine hovudmålsetjingar å medverke til at skipsfarten er ei klima- og miljøvennleg transportform. Direktoratet skal òg medverke til god tryggleik mot forureining ved effektivt tilsyn av norske skip og hamnestatskontroll av framande skip.

Post 21 Spesielle driftsutgifter

Posten medverkar til å dekkje løn til fast og mellombels tilsette og driftsutgifter for Sjøfartsdirektoratet i arbeidet med ein miljøvennleg skipsfart. Reduksjonar i utslepp av SO2, NOx og klimagassar står sentralt i dette arbeidet. Vidare skal det gjennomførast tiltak for å redusere faren for utilsikta introduksjon og spreiing av framande arter i ballastvatn. Posten dekkjer òg midlar knytte til utgreiingar, informasjon, internasjonalt arbeid og formidling relatert til miljøspørsmål.

Rapport 2017

Midlane til Sjøfartsdirektoratet har blant anna gått til nasjonalt og internasjonalt arbeid med å redusere klimagassutslepp frå skipsfarten, redusere eller hindre forureining til luft og sjø, førebyggje spreiing av framande organismar, opphogging av skip, arbeid med forvaltingsplanar for havområda og eit eige arbeid med å sjå nærare på miljøbelastninga frå cruisetrafikk i norske fjordar.

Post 70 Tilskot til private, kan nyttast under post 21

7 mill. kroner er foreslått løyvd til Statens del i det offentleg-private samarbeidet Grønt kystfartsprogram. Desse skal i hovudsak brukast til å utvikle grøne løysingar for fleire fartøyskategoriar.

Rapport 2017

Posten med løyving til Grønt kystfartsprogram er ny i 2019.

Kap. 1423 Radioaktiv forureining i det ytre miljø

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2017

Saldert budsjett 2018

Forslag 2019

01

Driftsutgifter

15 403

16 704

27 040

Sum kap. 1423

15 403

16 704

27 040

Post 01 Driftsutgifter

Midlane under denne posten er retta mot resultatområde Forureining. Statens Strålevern er Klima- og miljødepartementets direktorat på området radioaktiv forureining i det ytre miljø og er forureiningsmyndigheit etter forureiningslova. Direktoratet si fremste oppgåve er forvalting og rådgivingsverksemd. Dette omfattar forvalting og kartlegging av radioaktivt avfall og avfallsstraumar med heimel i forureiningslova.

Verksemder som er omfatta av Strålevernets forvaltingsmynde er blant anna petroleumsverksemd, sjukehus og forsking, avfallsdeponi, forskingsreaktorane i Halden og på Kjeller og noko prosess- og mineralindustri.

Det skal byggas eit protonanlegg i Oslo innan 2023 og i Bergen innan 2025. Ei utfordring med slike anlegg er mengdene radioaktivt avfall som kan oppstå den dagen anlegget skal avviklast. Avvikling av protonanlegga må vurderast allereie i planleggingsfasen, slik at mengdene radioaktivt avfall som oppstår ved avslutning kan reduserast ved blant anna å tilpasse design på bygget og val av bygnadsmateriale.

Strålevernet leier arbeidet i radioaktivitetskomiteen til Oslo-Paris-kommisjonen (OSPAR), i tillegg til å leie ekspertgruppa for radioaktiv forureining under Den blanda norsk-russiske miljøvernkommisjonen. Trusselvurderingar og scenario for akutt forureining i samband med hendingar ved sjøtransport av radioaktivt avfall, brukt brensel, og atomdrivne fartøy har vore eit viktig satsingsområde i 2018 som vil bli følgt opp vidare.

Overvaking av radioaktiv forureining skal gi oppdatert informasjon om miljøtilstanden, og medverke til å oppdage eventuelle nye utslepp. Vidare skal overvakinga medverke til kunnskap om tilførsler og langtidsutvikling av forureininga. Det nasjonale overvakingsprogrammet for marint miljø er sentralt i vurderingane av måloppnåing i OSPAR.

Strålevernet har ansvar for å støtte og gi råd i oppfølging av departementets beredskapsansvar. Strålevernet har òg ansvar for fagleg utgreiingsverksemd og tilsyn med radioaktiv forureining og for å koordinere nasjonal overvaking av radioaktiv forureining i det ytre miljøet, i samarbeid med andre relevante institusjonar og fagmiljø. Strålevernet deltek òg i arbeidet med forvaltingsplanane for norske havområde.

I 2018 har Strålevernet begynt førebuingane og gjennomføringa av ein eigenevaluering som grunnlag for IEAAs Integrated Regulatory Review Service (IRRS) i 2019. IRRS-en er ein total gjennomgang av heile fovaltningsregimet på atom- og radioaktvitetsområdet.

Overvakinga av tilstanden og potensielle utslepp frå den sokne ubåten Komsomolets skal styrkjast. Arbeidet med å medverke til at utslepp av radioaktive stoff blir unngått eller minimert frå dei ulike kjeldene er sentralt, i tillegg til arbeid med miljøutfordringar i nord- og polarområda, vurdering av norsk oppfylling av OSPARs mål, formidling og beredskap.

I 2019 vil Strålevernet òg prioritere tilsyn med verksemder som har løyve etter avfallsforskrifta (kap. 16). Strålevernet skal arbeide vidare med å kartleggje om òg andre verksemder treng tilsvarande løyve.

Posten er tilført ekstra midlar (10 mill. kroner) frå 2019. Dette for å styrkje Strålevernets ressursar knytt til mellom anna kontroll med og avvikling av forsøksreaktorane framover og oppgåver knytte til behandling og lagring av det brukte brenselet og anna avfall frå IFEs verksemd.

Posten dekkjer utgifter som Statens strålevern har til løn og godtgjersle for fast og mellombels tilsette. Vidare dekkjer posten utgifter knytte til oppdragsverksemd, ordinære driftsutgifter og utgifter knytte til etaten si samla utgreiings- og rådgivingsverksemd på området radioaktiv forureining i det ytre miljøet.

Rapport 2017

Strålevernet har i år gitt 15 utsleppsløyver. I samband med mellom anna oppfølging av store utsleppskjelder, deponi, alunskifer og petroleum er det særleg viktig med godt samarbeid mellom Strålevernet og Miljødirektoratet. Det er òg gjennomført totalt 107 tilsyn, av desse er 10 tilsyn på staden med verksemder som har løyve frå Strålevernet, og 97 er dokumenttilsyn i form av gjennomgang blant anna av årsrapportar frå alle verksemdene som har løyve i samsvar med forureiningslova.

Strålevernet har arbeidd med forslag til endringar i HMS-forskriftene for petroleumsindustrien for å gjere tydeleg rolla til Strålevernet. Endringane blei vedtekne i desember 2017.

Strålevernet følgjer opp dei nukleære anlegga i Noreg nøye. Dei har mellom anna pålagt IFE å syte for å auke lagringskapasiteten og syte for forsvarleg lagring av det radioaktive avfallet frå verksemda. Vidare er IFE pålagt å utarbeide tiltaksplanar for å fjerne radioaktiv forureining på sine område. Dette er problemstillingar som òg har komme fram i samband med utarbeiding av konseptvalutgreiingane (KVU) om framtidig oppbevaring av radioaktivt avfall og framtidig dekommisjonering av dei nukleære anlegga i Noreg.

Strålevernet er fast deltakar i Fagleg forum for dei norske havforvaltingsplanane. I 2016–2019 er arbeidet konsentrert om å utarbeide det faglege grunnlaget for revideringa av forvaltingsplanen for Barentshavet og oppdatering av forvaltingsplanane for Norskehavet og Nordsjøen/Skagerak. Strålevernet medverkar òg inn i Overvakingsgruppa for utvikling i miljøtilstand i norske havområde.

Strålevernet leier framleis radioaktivitetskomiteen i OSPAR. Strålevernet deltek i Flaggskipa på Framsenteret og Senter for fremragende forskning/Centre for Environmental Radioactivity.

Strålevernet har òg delteke i ei arbeidsgruppe saman med Kystverket for å auke kunnskap og beredskap knytt til transport av radioaktivt avfall og reaktordrivne fartøy i våre nære havområde, og for å sjå på høvet til samordning av innsats ved hendingar på dette området. Strålevernet har følgt opp dialogen med britiske styresmakter for atomtryggleik og vore på synfaring på området der dei no byggjer nytt atomkraftverk. Vidare har Strålevernet i 2017 på oppmoding frå KLD delteke i ei nystarta arbeidsgruppe under ESPOO-konvensjonen for å vurdere aldring av reaktorar og forholdet til konvensjonen.

På det norsk-russiske ekspertgruppemøtet under Den norsk-russiske miljøkommisjonen i St. Petersburg hausten 2017 vart det lagt fram ein nyleg publisert 10-års rapport frå det norsk-russiske samarbeidet om miljøovervaking av radioaktiv forureining i Barentshavet.

Strålevernet koordinerer nasjonal overvaking av radioaktiv forureining i det ytre miljø. Resultat og data frå overvakinga i marint og terrestrisk miljø vert formidla på Miljøstatus.no og summert opp i rapportar. Resultat frå 25 år med overvaking rundt den sokne ubåten Komsomolets har blitt summert opp og publisert i 2017.

Kap. 1424 MAREANO

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2017

Saldert budsjett 2018

Forslag 2019

21

Spesielle driftsutgifter, kan overførast

24 466

43 352

Sum kap. 1424

24 466

43 352

Budsjettkapitelet og post 21 er lagt ned i 2019-budsjettet og midlane flytta til ny post 23 MAREANO under kap. 1410.

Post 21 Spesielle driftsutgifter, kan overførast

Posten er lagt ned og løyvinga flytta til kap. 1410 post 23.

Rapport 2017

MAREANO-programmet prioriterte i 2017 innsamling av djupnedata aust i Barentshavet, Svalbard (sokkelkant og Rijpfjorden) og i transektet Bjørnøya til djuphavet. Grunna mykje sjøis i 2017 var det ikkje mogleg å sjømåle alle utpeikte område nord for Svalbard. Erstatningsområde vart tekne i bruk og i tillegg vart det sjømålt i delar av Barentshavet. Til saman vart det innsamla djupnedata frå 19 579 km2. Innsamling av geologi-, biologi- og kjemidata vart gjennomført aust i Barentshavet (17 670 km2) og frå transektet Nordkapp-Sørkapp (5000 km2), pluss to boksar på sokkelkanten utanfor sørvestlege Spitsbergen (1 250 km2).

MAREANO har blant anna produsert nye batymetri- og terrengkart, geologiske og biologiske kart som inkluderer botntypar, landskap, naturtype- og biotopkart, sårbare biotopar, marint søppel, trålspor, produktivitets- og artsdata (www.mareano.no). Rapportering av resultat skjer gjennom www.mareano.no og Noreg digitalt (www.geonorge.no).

Kap. 1425 Fisketiltak

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2017

Saldert budsjett 2018

Forslag 2019

01

Driftsutgifter

12 408

15 107

21

Spesielle driftsutgifter

27 566

30 076

100

70

Tilskot til fiskeformål, kan overførast

13 053

14 446

16 696

71

Tilskot til viltformål, kan overførast

32 682

35 600

Sum kap. 1425

85 709

95 229

16 796

Kap. 1425 Fisketiltak omfattar utgifter til fisketiltak og delar av fiskeforvaltinga. Midlane under kap. 1425 er primært retta mot resultatområde Naturmangfald, men involverer òg resultatområde Friluftsliv gjennom tilrettelegging for fiske.

Samla sett er løyvinga under kap. 1425 redusert med 78,4 mill. kroner. Reduksjonen skuldast at ansvaret for haustbare viltressursar er overført til Landbruks- og matdepartementet, jf. Prop. 48 S og Innst. 230 S (2017–2018). Som følgje av dette er postane 01 og 71 nedlagde og i staden budsjettert under nye postar på Landbruks- og matdepartementets budsjett.

Dei resterande utgiftene over kap. 1425 er finansierte ved avgift på fiske, som saman med utgifter til forvalting av ordninga under kap. 1420 post 01 og kap. 1410 post 50 korresponderer med inntektsløyvingane over kap. 5578 Sektoravgifter under Klima- og miljødepartementet post 72 Fiskaravgifter.

For nærare utgreiing om avgiftene og forholdet mellom kap. 1410, 1425, 1420, 5578 og inntektene til fondet, viser vi til omtale under kap. 5578.

Løn og godtgjersler til fast tilsette innan det statlege verksemdsområdet blir ikkje dekte over kap. 1425, men over kap. 1420 Miljødirektoratet og kap. 525 Fylkesmannsembeta.

Bruken av fondsmidlane blir drøfta med representantar for brukarinteressene. Dette må sjåast i samanheng med at arbeidet er basert på driftsplanar, og at dei sentrale ledda i frivillige organisasjonar skal arbeide for å oppnå den same målsetjinga.

Post 01 Driftsutgifter

Posten er lagd ned i 2019-budsjettet. Den del av løyvinga som er finansiert av Statens fiskefond er flytta til post 21 (litt under 0,1 mill. kroner), mens resterande del finansiert av Viltfondet er flytta inn under Landbruks- og matdepartementets budsjett.

Rapport 2017

Løyvinga innanfor fiskeforvaltinga er brukt til drift av betalingstenesta for fiskaravgift. Løyvingane innanfor viltforvaltinga er nytta til å oppretthalde verksemda i dei statlege villreinnemndene, slik at desse kan behandle den fortløpande bestandsforvaltinga og vere ein aktør i høve til andre sektorar som nyttar areal i villreinområda. Utover dette er aktivitet knytt til jegerregisteret på om lag same nivå som i 2016. Statistisk Sentralbyrå produserer statistikken over jegerar og jaktutbytte, og medverkar på den måten til overvaking av bestandar av vilt og deira utvikling.

Post 21 Spesielle driftsutgifter

Midlane under posten er retta mot resultatområda Naturmangfald og Friluftsliv.

Posten er redusert med 30 mill. kroner i høve til 2018 i samband med at ansvaret for haustbart vilt og Viltfondet er flytta til Landbruks- og matdepartementet.

Resterande del av posten dekkjer utgifter til drift av betalingstenesta for fiskaravgiftene, informasjonstiltak og faglege prosjekt og oppdrag.

Rapport 2017

Løyvinga er nytta til forsking og utgreiing som gir eit betre kunnskapsunderlag for forvalting av både haustbare viltarter, anadrom laksefisk og arter med meir usikre bestandstilhøve.

Post 70 Fiskeformål, kan overførast

Tilskotsordninga er retta mot resultatområda Naturmangfald og Friluftsliv. Løyvinga skal gå til å dekkje både lokale og sentrale tiltak. Posten er auka med 2,25 mill. kroner grunna auka midlar i Statens fiskefond, jf. omtale under kap. 5578 post 72.

Mål

Målet med tilskotsordninga er å medverke til å sikre og utvikle bestandar av vill anadrom laksefisk og leggje til rette for og motivere til fiske etter anadrom laksefisk.

Kriterium for måloppnåing

Kriterium for måloppnåing er om ordninga bidreg til å nå målsetjingane for anadrom laksefisk. Den faktiske effekten av tilskota kan ikkje bedømmast frå år til år, men må vurderast i eit langsiktig perspektiv og i samanheng med andre verkemiddel og årsaksforhold.

Tildelingskriterium

Tiltak som kan få tilskot er tiltak knytte til informasjon om og forvalting av villaks, sjøaure og sjørøye, under dette kultiveringstiltak, driftsplanlegging, praktisk nytta forsking og overvaking. Det kan vidare bli gitt tilskot til tiltak som betrar tilgangen til og moglegheita for fiske for allmenta og tiltak retta mot rekruttering eller stimulering til fiske.

Oppfølging og kontroll

Resultatkontroll og oppfølging skjer ved at tilskotsmottakarane leverer sluttrapportar og rekneskap og eventuelt framdriftsrapportar med rekneskap. Det blir gjort ein generell formalia- og sannsynskontroll av rapportane og rekneskapane.

Rapport 2017

I 2017 har det vore eit sentralt mål å gi tilskot til tiltak i regi av landsdekkjande organisasjonar knytte opp mot informasjon og forvalting av anadrom laksefisk. Det er òg ytt tilskot til tiltak retta mot rekruttering og stimulering til fiske. Det er vidare gitt tilskot til anvend forsking og overvaking.

Ein stor del av tilskotsposten er disponert av fylkesmennene for å støtte tiltak som informasjon, anvend forsking og overvaking, tilrettelegging og arrangement, kultiveringstiltak og driftsplanlegging. Samla har dette medverka til betre forvalting av laks, sjøaure og sjørøye, og ei meir berekraftig hausting av desse fiskeressursane. Tilskota har òg medverka til å styrkje kunnskapsgrunnlaget, til informasjon og formidling av tilstand og utfordringar knytte til anadrom laksefisk, og dei har medverka til å auke interessa for friluftsliv og fiske, særleg blant barn og unge.

Post 71 Tilskot til viltformål, kan overførast

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2017

Saldert budsjett 2018

Forslag 2019

71.1

Hjortevilttiltak

2 690

3 250

71.2

Villreintiltak

4 064

2 850

71.3

Lokale vilttiltak m.v.

21 707

24 000

71.4

Viltovervaking

4 221

5 500

Sum post 71

32 682

35 600

Posten er lagt ned i samband med at ansvaret for haustbart vilt og Viltfondet er flytta til Landbruks- og matdepartementet.

Rapport 2017

Løyvingane er i 2017 nytta omtrent som tidlegare år. I 2017 vart det levert 849 søknadar om vilttiltak i søknadssenteret. Av desse behandla Miljødirektoratet 155 søknadar, fylkesmennene 422 søknadar og fylkeskommunane 272 søknadar.

Det har vore ytt tilskot til dei fleste aktørar og grupper som arbeider med viltforvalting. Ordninga har gitt støtte til tiltak i regi av enkeltpersonar, organisasjonar og lag, og medverkar i relevante større prosjekt der andre har hovudfinansieringa. Ordninga er òg nytta til å støtte studentprosjekt, der dette inneber at det blir gjennomført fagleg relevante undersøkingar.

Ordninga medverkar til å auke tiltaksvolumet, stimulere ungdom og andre til friluftsliv og uteaktivitet, og gir eit utvida kunnskapsgrunnlag både for økosystem og arter.

Det er eit mål at resultata frå bruken av tilskotsmidlane skal verte tilgjengelege for alle interesserte, og slik auke kunnskapen om og spreiinga av vellykka former for tiltak. Frå 2013 blir dei fleste rapportar frå prosjekt og oppnådde resultat lagt inn i Miljødirektoratet sitt elektroniske søknadssenter. Ettersom det er fleire ulike styresmakter og mange tiltakshavarar vil det vere ei stor breidd i type tiltak, og i kva ein kan oppnå på eit enkelt år. Det er for ein stor del dei same som betaler avgift som nyttar høvet til å søke tilskot, eller nyttar resultata. Dette fører til ein god samanheng mellom tiltakstypar og årlege behov for resultat. Det er vidare slik at ressurstilgangen samla sett er vurdert å vere god nok i forhold til dei prioriterte tiltaka. Dei som nyttar tilskotsordningane eller resultata har eigeninteresse i å oppnå dei nasjonal måla, ettersom måloppnåinga er naudsynt for å kunne oppretthalde haustinga, og ha eit tilstrekkeleg godt kunnskapsunderlag for forvaltinga.

Kap. 1428 Reduserte klimagassutslepp, energiomlegging, energi- og klimateknologi

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2017

Saldert budsjett 2018

Forslag 2019

50

Overføring til Klima- og energifondet

3 064 450

Sum kap. 1428

3 064 450

Ansvaret for oppfølginga av eigarskapet i Enova SF vart 1. mai 2018 overført frå Olje- og energidepartementet til Klima- og miljødepartementet, jf. kgl.res av 27. april 2018. Frå same dato vart òg Olje- og energidepartementets partsforhold i den fireårige styringsavtala med Enova overført til Klima- og miljødepartementet. Ein viser til Olje- og energidepartementets budsjettproposisjon for resultatrapporteringa for 2017. Her følgjer ei mer detaljert omtale av Enova SF.

Statsforetaket Enova er eit sentralt verkemiddel i arbeidet med å fremje innovasjon og utvikling av nye klima- og energiløysingar. Enova er lokalisert i Trondheim og hadde om lag 75 årsverk i 2017.

Enovas oppgåver er nærare beskrivne i ei styringsavtale mellom departementet og Enova om forvaltinga av midlane frå Klima- og energifondet. Avtala legg rammer for Enovas verksemd, set mål for aktiviteten og stiller krav til rapportering. Avtala skal sikre at midlane frå fondet blir forvalta i samsvar med dei måla og føresetnadene som ligg til grunn for Stortingets vedtak om opprettinga av fondet og andre rammer som gjeld for bruken av fondet sine midlar.

I Meld. St. 25 (2015–2016) om energipolitikken mot 2030 vart Enovas rolle gjennomgått og perspektiv for den vidare utviklinga av føretaket lagt fram. Stortinget slutta seg til at dei overordna måla for Enova skal vere reduserte klimagassutslepp, styrkt forsyningstryggleik for energi og utvikling av klima- og miljøteknologi, og at Enova framleis skal ha stor fagleg fridom til å utvikle verkemiddel og tildele enkeltprosjekt, jf. Innst. 401 S (2015–2016).

Styringsavtala gir Enova langsiktige økonomiske rammer og stor fagleg fridom. Styringsmodellen gir Enova høve til å utnytte dei ressursane som er stilte til rådvelde effektivt.

Mål for Enova

Inneverande fireårige avtale mellom departementet og Enova om forvaltinga av midlane frå Klima- og energifondet har vend Enova sitt fokus mot klima og innovasjon. Det har mellom anna betydd ei styrkt satsing på å redusere utslepp i transportsektoren og andre ikkje-kvotepliktige næringar og innovative løysingar tilpassa lågutsleppssamfunnet.

Enova og Klima- og energifondet sitt formål er å medverke til reduserte klimagassutslepp og styrkt forsyningstryggleik for energi, og teknologiutvikling som på lengre sikt òg medverkar til reduserte klimagassutslepp.

I tillegg til formålet, er det fastsett delmål i styringsavtala om at Enova skal fremje:

  • 1. Reduserte klimagassutslepp som medverkar til å oppfylle Noregs klimaforplikting for 2030.

  • 2. Auka innovasjon innan energi- og klimateknologi tilpassa omstillinga til lågutsleppssamfunnet.

  • 3. Styrkt forsyningstryggleik gjennom fleksibel og effektiv effekt- og energibruk.

Enova skal etablere verkemiddel med sikte på å oppnå varige marknadsendringar. I lågutsleppssamfunnet må det vere slik at dei miljøvennlege og klimavennlege løysingane blir føretrekte utan støtte. Enova skal prioritere innsatsen der høvet til å påvirke utviklinga er størst og mot teknologiar og løysingar som er tilpassa lågutsleppssamfunnet.

Enova skal fremje reduserte klimagassutslepp som medverkar til å oppfylle Noregs klimaforplikting for 2030. Det er likevel viktig at teknologien og løysingane som blir støtta er tilpassa lågutsleppssamfunnet. På denne måten bidrar marknadsendringa Enova søkjer å oppnå til omstillinga til lågutsleppssamfunnet. Transport står for over halvparten av ikkje-kvotepliktige klimagassutslepp. Enova har derfor mykje merksemd retta mot teknologiar og løysingar som kan redusere transportutslepp. På land støttar Enova tiltak som drivstoffinfrastruktur, produksjon av biogass og innkjøp av tyngre yrkeskjøretøy med nullutslepp. På sjø støttar Enova tiltak som medverkar til ein grønare maritim sektor med lågare utslepp, mellom anna batterihybridisering, infrastruktur for landstraum og innovative energi- og klimavennlege løysingar.

Regjeringa vil styrkje satsinga på reduserte klimagassutslepp frå ikkje-kvotepliktig sektor. Som gjort greie for under «Politikk for å nå dei nasjonale måla for klima» har regjeringa derfor foreslått å auke overføringa til Enova gjennom Klima- og energifondet med 395 mill. kroner i 2019, samanlikna med budsjettforslaget for 2018. Styringsavtala føreset at Klima- og energifondet blir tilført 2 mrd. kroner i ordinær løyving over statsbudsjettet i 2019, i tillegg til inntektene frå påslaget på nettariffen som er anslått til 670 mill. kroner. Regjeringas forslag inneber at Enova blir tilført betydeleg meir midlar enn det som er avtalefesta i styringsavtala. Den auka satsinga vil bli inkludert innanfor Enovas eksisterande styringsmodell ved å justere den gjeldande avtala mellom Enova og departementet. Klima- og miljødepartementet tek sikte på å inngå ei tilleggsavtale om dei nye midlane innan starten av 2019, med vekt på tiltak som gir størst utsleppsreduksjon i ikkje-kvotepliktig sektor. Særleg innan transportsektoren er det mogleg å skalere opp innsatsen på innfasing av null- og lågutsleppsteknologi. Ei styrking av Enova vil kunne medverke til satsinga på grøn skipsfart og reduserte utslepp frå aktivitetar på land. Dei vidare drøftingane med næringslivet om ei miljøavtale vil kunne påverke utforminga og innrettinga av tilleggsavtala.

Utvikling av ny energi- og klimateknologi er essensielt for å få til den naudsynte omstillinga til eit lågutsleppssamfunn. Gjennom rådgiving og finansiell støtte reduserer Enova aktørane sin risiko og aukar takten på utvikling og testing av innovative, meir klimavennlege og energieffektive teknologiar. Med dette er Enova med på å leggje grunnlaget for eit meir energieffektivt og klimavennleg næringsliv i framtida. Målet med teknologiprosjekta er å hauste erfaringar som medverkar til kompetanseutvikling, innovasjon og spreiing av teknologi både nasjonalt og internasjonalt.

Enova skal fremje styrkt forsyningstryggleik gjennom fleksibel og effektiv effekt- og energibruk. Eit robust, effektivt og fleksibelt energisystem er ein føresetnad for omstillinga til lågutsleppssamfunnet. Tiltak som medverkar til å avgrense belastninga på straumnettet er viktig for å sikre at omstillinga til lågutsleppssamfunnet ikkje trekkjer med seg store kostnader i energisektoren og unødvendige naturinngrep. Slike tiltak kan mellom anna innebere reduksjon av spisslast gjennom for eksempel betre isolerte bygg, auka fleksibilitet mellom energiberarar i form av for eksempel fjernvarme, meir fleksibilitet i elektrisitetsbruken i for eksempel fjernstyring av apparat, betre nettplanlegging gjennom meir informasjon om forbruk og betre integrerte områdeløysingar med element av dei føregåande.

I tillegg til formålet, delmåla og andre rammer i avtala er det utarbeidd fire målindikatorar som undervegs i avtaleperioden skal gi indikasjon på Enovas måloppnåing. Målindikatorene utgjer eitt av fleire grunnlag for styringsdialogen mellom departementet og Enova. Ein viser til resultatrapporten for 2017 i Olje- og energidepartementets Prop. 1 S (2018–2019) under kapittel 1825 for ei omtale av desse.

Styringsavtala stiller òg opp særlege vilkår på enkelte område, som Enova skal følgje opp gjennom sine program. Ein viser til resultatrapporten for 2017 i Olje- og energidepartementets Prop. 1 S (2018–2019) under kapittel 1825 for ei omtale av desse. Enova skal:

  • medverke til utvikling av drivstoffinfrastruktur for utsleppsfri land- og sjøtransport, under dette elektrisitet og hydrogen.

  • tilby ei rettsbasert ordning for offentleg tilgjengeleg ladeinfrastruktur for elbil. Støtta skal ikkje gjelde for privatpersonar.

  • tilby ei rettsbasert ordning for enøk-tiltak i hushald. Ordninga skal vere knytt til skattesystemet slik at brukarar òg kan velje å få utbetalt støtta som en del av det årlege skatteoppgjeret. Enova skal årleg stille til disposisjon minimum 250 mill. kroner til denne ordninga.

  • ha eit landsdekkjande tilbod av informasjons- og rådgivingstenester.

  • ta vare på drifta og utviklinga av energimerkeordninga og ordninga for energivurdering av tekniske anlegg.

Enova lanserte hausten 2017 ei rettsbasert ordning der det er tilbydd støtte til ladestasjonar i kommunar med færre enn to hurtigladarar. Ordninga følgjer opp det særlege vilkåret i avtala om at «Enova skal tilby en rettighetsbasert ordning for ladeinfrastruktur for elbil. Ordningen skal ikke gjelde for privatpersoner». Dette særlege vilkåret følgjer opp og kvitterte ut Stortingets oppmodingsvedtak med tilsvarande innhald, jf. vedtak 82 i Innst. 2 S (2015–2016).

For å kunne tilby ei rettsbasert ordning for ladeinfrastruktur har Enova måtta nytte eit unntak i statsstøtteregelverket om «bagatellmessig støtte». Avgrensingar i regelverket har medverka til at ordninga ikkje har fungert etter føremålet. Erfaringane Enova har gjort er at ordninga ikkje medverkar til optimal utbygging av ladeinfrastruktur, ikkje medverkar til utvikling av ein profesjonell lademarknad, gir høgare støttekostnader og skapar vridingar i kontraktstrukturar mellom eigarar, søkjarar og utbyggjarar. Enova ønskjer derfor å erstatte den rettsbaserte ordninga med ei konkurransebasert ordning. Enova vil definere geografiske område, strekningar og/eller knutepunkt der etablering av hurtigladarar vil vere utløysande for ein vidare vekst både i kjøp og bruk av elbil og den kommersielle lademarknaden. Ei slik ordning vil kunne byggje vidare på dei erfaringane Enova har frå dei streknings- og konkurransebaserte utlysningane for hurtigladarar og den konkurransebaserte ordninga for etablering av landstraumanlegg i norske hamner.

Departementet ønskjer på denne bakgrunnen å mjuke opp ordlyden i det særlege vilkåret i avtalen ved å fjerne ordet rettsbasert, slik at det ikkje legg avgrensningar for korleis Enova kan utvikle treffsikre verkemiddel for å medverke til utbygging av offentleg tilgjengeleg ladeinfrastruktur.

Post 50 Overføring til Klima- og energifondet

Løyvinga omfattar samla overføringar til Klima- og energifondet inkludert inntekter frå påslag på nettariffen, jf. kap. 5578, post 73.

Det er foreslått ei løyving på 3 064,45 mill. kroner og ei fullmakt til å gi tilsegn på inntil 400 mill. kroner utover gitt løyving, jf. forslag til vedtak VI. Inntektene frå påslaget på nettariffen utgjer 670 mill. kroner.

Tildelings- og oppfølgingskriterium

Enova har fullmakt til å utforme verkemiddel i samsvar med rammene i styringsavtala med departementet, oppdragsbrev, føresegner og statlege regelverk. Midlane frå Klima- og energifondet skal forvaltast på ein slik måte at måla blir nådd og pålagte oppgåver utført mest mogleg kostnadseffektivt. Verkemidla som blir nytta skal utformast for å utløyse tiltak som elles ikkje ville ha blitt realiserte og skal ta sikte på å oppnå varige marknadsendringaer. Enovas verkemiddel skal ikkje intervenere i allereie vel fungerande marknader.

Boks 7.3 Eksemel på prosjekt støtta i 2017

Ny energi- og klimateknologi i industrien: Normag fekk støtte på 19,5 mill. kroner til bygging av ein pilot for energi- og klimaeffektiv produksjon av magnesium og silika på Herøya. Teknologien som blir prøvd ut skal gi 95 pst. lågare CO2-utslepp og 62 pst. lågare energibruk i magnesiumproduksjon. I tillegg kjem 22 pst. lågare CO2-utslepp og 36 pst. lågare energibruk i silikaproduksjon. Energieffektive produksjonsprosessar med låge utslepp vil vere heilt sentrale i lågutsleppssamfunnet.

Ny energi- og klimateknologi i maritim sektor: Yara fekk 133,6 mill. kroner i støtte til eit heilelektrisk autonomt logistikkonsept. Yara vil erstatte dagens lastebiltransport av gjødsel ut frå fabrikken på Herøya med eit autonomt og heilelektrisk logistikkkonsept rundt containerskipet «Yara Birkeland». Nye logistikk- og infrastrukturløysingar er heilt avgjerande for å kunne flytte transport frå veg til sjø og for å redusere klimagassutslepp, dette prosjektet åleine vil erstatte ca. 40 000 lastebilturar. Yara har etablert eit tett samarbeid med Kongsberg Maritime som utviklar og leverer den autonome utstyrspakken til containerskipet.

Produksjon av bærekraftig biodrivstoff: Silva Green Fuel, som er eigd av Statkraft og Södra, fekk 116,7 mill. kroner i støtte til å byggje eit pilotanlegg for 2. generasjons biodrivstoff frå trevirke. Målet er å kunne byggje eit kommersielt anlegg innan 2021 med ein produksjon på nærare 100 mill. liter/år. Ved erstatning av diesel vil dette redusere CO2-utsleppa med 266 000 tonn/år.

Energieffektive bygg: Oslo kommune har fått 22,9 mill. kroner i støtte for å ta i bruk innovative energilysingar i nye Jordal Amfi. Når ishalla står ferdig vil den bruke ein tredel av energien til ishalla den erstattar. Mellom anna blir halla bygd som passivhus og overskotsvarme frå kuldelageret vil bli utnytta til oppvarming. Løysingane som blir brukte har stor overføringsverdi til andre ishaller og idrettshaller i både Noreg og andre land.

Enovas tildeling av midlar frå Klima- og energifondet skal skje etter objektive og transparente kriterium. Kriterium for kvart enkelt verkemiddel eller ordning skal publiserast.

EFTAs Overvakingsorgan (ESA) er ansvarleg for å overvake at norske styresmakter overheld EØS-avtalas reglar om offentleg støtte. Enovas notifisering av støtteordningane under Klima- og energifondet er godkjent av ESA fram til 2022. Notifisering av Klima- og energifondet til ESA føreset at Enova nyttar lån på vilkår som verkemiddel for store demonstrasjonsprosjekt. Dersom eit demonstrasjonsprosjekt er vellykka, beheld mottakar verdien av teknologien. Ved å gi lån på vilkår unngår ein å overkompensere industrien. Det er lagt opp til at Enova kan gi tilsegn om inntil 60 pst. av godkjente kostnader i lån. Renter på lån skal ikkje vere lågare enn marknadsrentene i tråd med ESAs retningslinjer. I tilfelle der teknologien lykkast, skal lån frå Enova nedbetalast når den teknologiske risikoen i prosjektet er avklart.

Venteleg vil ikkje alle demonstrasjonsprosjekt oppnå ønskt resultat og enkelte lån på vilkår må omgjerast til tilskot som følgje av at teknologiar ikke lykkast. Det er derfor føreslått at Enova får fullmakt til å omgjere lån på vilkår til tilskot etter forhandsdefinerte og føreseielege vilkår, jf. forslag til vedtak XII.

Søknader om lån skal behandlast etter dei same kriteria og rutinane som i dag gjeld for tilskot. Søknad om tilskot eller lån skal innehalde informasjon som angir korleis tiltaket vil underbyggje relevante delmål og tilfredsstille dei krava som er stilt til resultatrapportering. Enovas utlysingar under kvart enkelt verkemiddel skal spesifisere ytterlegare kva opplysningar som er påkravd knytt til det enkelte program, ordning eller verkemiddel.

Styringsavtala pålegg Enova å sikre at dei ikkje unødig forstyrrar dei marknadene dei rører ved med sine verkemiddel, men heller rettar opp marknadssvikt og byggjer ned barrierar. Enova skal nytte tredjepartsvurderingar framfor å byggje opp særleg kreditvurderingskompetanse.

Tilsegn om tilskot, lån og andre forpliktingar må haldast innanfor disponibel ramme og fullmakter for Klima- og energifondet. Midlar frå tilbakebetalte eller refinansierte lån skal resirkulerast i fondet.

Kap. 5578 Sektoravgifter under Klima- og miljødepartementet

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2017

Saldert budsjett 2018

Forslag 2019

71

Jeger- og fellingsavgifter

75 000

90 915

72

Fiskaravgifter

15 000

16 484

19 000

73

Påslag på nettariffen til Klima- og energifondet

670 000

Sum kap. 5578

90 000

107 399

689 000

Post 71 Jeger- og fellingsavgifter

Posten er lagt ned i samband med at ansvaret for haustbart vilt og budsjettmidlar tilknytt Viltfondet er flytta til Landbruks- og matdepartementet, jf. Prop. 48 S og Innst. 230 S (2017–2018).

Post 72 Fiskaravgifter

Fiskaravgiftene som blir innbetalte til Statens fiskefond er inntektsførte i statsbudsjettet på denne posten.

Posten er auka med 2,5 mill. kroner i høve til saldert budsjett 2018. Dette skuldast ein venta auke i innbetalingar til fondet.

Nærare om Statens fiskefond

Fiskaravgift til staten skal betalast for fiske i vassdrag med anadrome laksefisk. Det skal òg betalast avgift for fiske med fastståande reiskap i sjøen. Det er innført visse unntak, blant anna for fiske i medhald av reindriftslovgivinga og til undervisnings- eller behandlingsformål.

Bruken av midlane blir fastsett gjennom statsbudsjettet.

Inntekter og avgiftssatsar

Inntektene til Statens fiskefond kjem frå fiskaravgift på fiske etter anadrome laksefisk. Ordninga med Statens fiskefond synleggjer at tilretteleggingstiltak, og delar av fiskeforvaltinga retta inn mot anadrome fiskearter, for ein stor del er baserte på brukarfinansiering.

Årsavgiftene for fiske etter anadrom laksefisk gjeld frå og med 1. januar til og med 31. desember, og vart sist justerte i 2017. For 2019 gjer regjeringa framlegg om å endre avgiftene i tråd med prisstigninga. Årsavgifta for fiske etter anadrom laksefisk i vassdrag i 2019 blir 272 kroner for enkeltpersonar, mens familieavgifta blir 434 kroner. Familieavgifta gjeld for ektefelle/sambuarar med eventuelle barn mellom 18 og 20 år.

Personavgifta for fiske med fastståande reiskap i sjøen med sesongstart før 1. juli blir på 679 kroner, mens satsen for dei som har fiskestart etter 1. juli blir 412 kroner.

Inntektene frå avgiftene gjer at det er budsjettert med ein kapitalstraum i Statens fiskefond som vist i tabellen nedanfor.

Tabell 7.8 Berekning av kapital i Statens fiskefond i 2019

(i 1000 kr)

Saldo pr. 31.12.171:

6 610

Budsjettert innbetalt i 20182:

16 675

Budsjettert refusjon i 2018 (utbetalingar frå fondet):

-18 540

Budsjettert saldo pr. 31.12.18:

4 745

Budsjettert innbetalt i 20193:

18 071

Budsjettert refusjon i 2019 (utbetalingar frå fondet):

-19 000

Budsjettert saldo pr. 31.12.19

3 816

1 Saldo pr. 31.12.2017 inkluderer 1,056 mill. kroner som ved ein feil ikkje vart utbetalt frå fondet og inn på kap. 5578 post 72 før rekneskapsåret 2017 var avslutta.

2 Talet inkluderer stipulerte renteinntekter på 0,1 mill. kroner og planlagd ekstra inntektsføring i nysalderinga 2018 på 1,056 mill. kroner grunna feilen i 2017.

3 Talet inkluderer stipulerte renteinntekter på 0,1 mill. kroner.

Administrasjon og økonomiforvalting

Statens fiskefond blir forvalta av Klima- og miljødepartementet ved Miljødirektoratet. Utgiftene over statsbudsjettet skal normalt svare til dei inntektene ein ventar at fondet vil ha same året. Eventuelle overskytande inntekter skal overførast og blir kapitaliserte i fondet.

Inntektene over kap. 5578 post 72 finansierer utgifter til fisketiltak og fiskeforvalting over kap. 1425 (post 21 og 70) og kap. 1420 (post 01), og forsking på fiskeressursar over kap. 1410 (post 50).

Planlagt bruk av inntektene frå fiskaravgiftene går fram av tabellen nedanfor.

Tabell 7.9 Samla ressursbruk finansiert av inntekter til Statens fiskefond i 2019

(i 1000 kr)

Formål

Prosjekt, utgreiingar (kap. 1425.21)

100

Meirverdiavgift som er ført under Finansdepartementet

25

Tilskot til fiskeformål (kap. 1425.70):

16 696

Sum under kap. 1425:

16 821

Tilskotsforvalting i Miljødirektoratet(kap. 1420.01)

1 196

Fiskeforsking, NINA (kap. 1410.50):

983

Totalsum

19 000

Spesielt om lokale tiltak

I fordelinga av fondsmidlane, frårekna naudsynte driftsutgifter, er målet at minst 50 pst. av midlane går til tiltak som er initierte lokalt. Andre tiltak som er meinte å gi effekt for eit avgrensa område, eit bestemt vassdrag eller fjordområde, og der lokale aktørar deltek i stor grad, blir rekna som lokale tiltak, sjølv om dei er initierte og administrerte av offentleg forvalting, organisasjonar eller institusjonar på sentralt nivå.

Post 73 Påslag på nettariffen til Klima- og energifondet

Omsetningskonsesjonærer som tarifferer for uttak av elektrisk energi skal i forbindelse med fakturering legge eit påslag på tariffen til alle sluttbrukarar på alle nettnivå.

For hushaldsbruk skal påslaget utgjere 1 øre/kWh. For andre sluttbrukarar enn hushald skal påslaget utgjere 800 kroner/år per målepunkt-ID.

Bidraget omsetningskonsesjonærer skal betale til Klima- og energifondet er 1 øre/kWh multiplisert med den energimengden som er fakturert hushaldsbruk, samt summen av påslag per målepunkt-ID som er fakturert andre sluttbrukarar enn hushald, i den angjeldende termin. Enova står for innkrevjing og oppfølging av påslaget mot nettselskapa som innbetalas til Klima- og energifondet.

Oppfølging av oppmodingsvedtak

Framdrifta i utfasinga av fossil oppvarming i statlege bygg og foretak

Vedtak nr. 41, 4. desember 2017

«Stortinget ber regjeringen melde tilbake til Stortinget om fremdriften i utfasingen av fossil oppvarming i statlige bygg og foretak.»

Vedtaket vart gjort ved behandling av Prop. 1 S (2017–2018), if. Innst. 2 S (2017–2018).

Det enkelte departementet har ansvar for å planleggje og gjennomføre utfasing av mineralolje i bygg som departementet eller underliggjande etatar/verksemder eig. Regjeringa har som rapportering på vedtak nr. 43, 1. desember 2014, dei siste fire åra presentert status og planar for å fase ut oljefyring til grunnlast i statlege bygningar. For informasjon om grunnlast i statlege bygningar viser ein til årets rapportering, sjå side 171–173.

I vedtak nr. 41, 4 desember 2017 har Stortinget bedt om ei utvida rapportering, som omfattar fossil oppvarming i statlege bygg og føretak. Som oppfølging av vedtak nr. 41 har dei ulike departementa innhenta informasjon om oljefyring og gass til oppvarming i statlege bygg, til grunnlast og spisslast.

Som eigar har staten i høve til Meld. St. 27 (2013–2014) Et mangfoldig og verdiskapende eierskap (eierskapsmeldingen) forventningar til korleis selskap med statleg eigardel arbeider med klima og miljø, og til at dei etterlever lover og reglar, under dette det kommande oljefyrforbodet frå 2020. Staten som eigar har ikkje, i eigarkapsmeldinga, uttrykt forventningar til rapportering om utfasing av fossil oppvarming og regjeringa har i utgangspunktet ikkje detaljert informasjon om framdrifta for utfasing av fossil oppvarming i statlege føretak. Energibruk er detaljert informasjon knytt til føretaka si drift som departementet normalt ikkje mottek i eigenskap av eigarrolla. I den grad eigardepartementa har hatt tilgang til informasjonen for heileigde føretak har dette blitt rapportert som ledd i oppfølginga av vedtaket. Statlege foretak er i denne samanhengen forstått som føretak og selskap som er eigde av staten åleine.

I det følgjande er det gitt ei oversikt over informasjonen om fossil oppvarming i statlege bygg og føretak:

Forsvarsdepartementet (FD) har ved utgangen av 2017 132 anlegg med eit totalt oljeforbruk på 2 514 000 liter, av dette er spisslast estimert til 400 000 liter. Av desse anlegga er 80 anlegg (1 973 000 liter) planlagt fasa ut innan utgangen av 2020. For dei fleste av FDs gjenverande anlegg ventar ein med å gjennomføre utfasing, fordi bygga er planlagt utrangerte eller rivne i åra etter 2020. Ved utgangen av 2017 var det 2 anlegg med gass til oppvarming med eit forbruk på 13 253 MWh (1 335 988 Sm3) i 2017. Det er ikkje rapportert om statlege føretak under FD som nyttar fossil olje eller gass til oppvarming.

Helse- og omsorgsdepartementet (HOD) eller underliggjande etatar eig ingen statlege bygg med fossil oppvarming. Dei regionale helseføretaka Helse Midt-Norge RHF, Helse Nord RHF, Helse Sør-Øst RHF og Helse Vest RHF hadde per 31.12.2017 13 anlegg med mineralolje til grunnlast og 75 anlegg til spisslast, med eit oljeforbruk på 735 189 liter. Det er lagt planar for å fase ut 9 anlegg til grunnlast og 22 anlegg som blir nytta til spisslast innan utgangen av 2020. Fire anlegg til grunnlast er i bygg som vil bli utrangerte etter 2020. Dei regionale helseføretaka har i tillegg rapport om at det er i bruk 15 anlegg med fossil gass, med eit forbruk på 162 745 MWh (16 405 718 Sm³) i 2017. Sjukehusbygg med døgnkontinuerleg pasientbehandling har utsett frist for å fase ut oljefyr fram til 1.1.2025, jf. forskrift om forbod mot bruk av mineralolje til oppvarming av bygningar.

Justisdepartementet (JD)ved Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap (DSB) har to anlegg med mineralolje til grunnlast som er i bruk, med eit forbruk på 26 246 liter i 2017. DSB arbeider med avhendingsplanar, men tidspunkt er ikkje fastsett. Det er ingen bruk av gass til oppvarming i bygga JD eig. Det er ikkje rapportert om statlege føretak under JD som sjølv eig anlegg til fossil oppvarming.

Kommunal- og moderniseringsdepartementet (KMD) ved Statsbygg har frå utgangen av 2017 fasa ut alle sine anlegg med mineralolje til grunnlast. Statsbygg har per 31.12.2017 30 anlegg med mineralolje til spisslast, med eit forbruk på 260 000 liter i 2017. Statsbygg har planlagt utfasing av alle desse anlegga innan utgangen av 2020. Det er ingen bruk av gass til oppvarming i bygg eigd av KMD. Kartverkets nye stasjon i Ny-Ålesund vil bruke mineralolje til oppvarming, noko som er beste tilgjengelege alternativ på Svalbard. Det er ikkje rapportert om statlege føretak under KMD som sjølv eig anlegg til fossil oppvarming.

Kulturdepartementet (KUD) ved Opplysningsvesenets fond eig ved utgangen av 2017 18 anlegg med mineralolje til oppvarming av prestebustader, med eit forbruk på 72 000 liter. Alle anlegga er planlagt fasa ut innan 2018. Det er ikkje rapportert om statlege føretak under KUD som sjølv eig anlegg til fossil oppvarming.

Kunnskapsdepartementet (KD) eller underliggjande etatar eig ingen statlege bygg som nyttar mineralolje til grunnlast. Ved utgangen av 2017 hadde Noregs miljø- og biovitskapelege universitet (NMBU) eitt anlegg med mineralolje til spisslast, med eit forbruk på 1855 liter i 2017. Anlegget er planlagt fasa ut i god tid før utgangen av 2020. Det er ingen bruk av gass til oppvarming i bygga KD eig. Det er ikkje rapportert om statlege føretak under KD som sjølve eige anlegg til fossil oppvarming

Landbruks- og matdepartementet (LMD) eller underliggjande etatar eig ikkje statlege bygg som nyttar mineralolje til grunnlast. Det er heller ingen bruk av gass til oppvarming i desse bygga. Norsk institutt for bioøkonomi (NIBIO) eig 3 anlegg med mineralolje til spisslast per utgangen av 2017, med eit forbruk på 4700 liter. Eitt av anlegga blir avvikla i 2019. Dei to siste anlegga er brukt til oppvarming av veksthus, der det per i dag ikkje er planar for utfasing. Driftsbygningar i landbruket, under dette veksthus har utsett frist for å fase ut oljefyr fram til 1.1.2025, jf. forskrift om forbod mot bruk av mineralolje til oppvarming av bygningar. Det er ikkje rapportert om statlege føretak under LMD som sjølv eig anlegg til fossil oppvarming.

Samferdselsdepartementet (SD) har ved Statens Vegvesen 5 anlegg med grunnlast, med eit forbruk på 35 000 liter ved utgangen av 2017. Tidleg i 2018 var alt forbruk til grunnlast fasa ut ved desse anlegga. Det står att ca. 20 000 liter spisslast, som blir nytta i særskilte tilfelle der ikkje andre straumkjelder er tilgjengelege. Vidare har Kystverket noko bruk av mineralolje, primært til drift av navigasjonsutstyr for fyrstasjonar. Fyrstasjonar som ikkje er kopla til straumnettet er unnatekne frå forbod mot bruk av mineralolje til oppvarming av bygningar frå 2020. Av statlege føretak under samferdselsdepartementet eig Bane NOR SF per 2017 21 anlegg med mineralolje til oppvarming (ukjent forbruk). Det blir jobba aktivt med planar for utfasing, med planlagt gjennomføring innan 2020. Bane NOR SF eig to anlegg med gass til oppvarming (ukjent forbruk). Vidare eig Avinor AS 2 lufthamner der det blir nytta mineralolje til grunnlast, med eit samla forbruk på 53 500 liter i 2017 og 16 lufthamner med mineralolje til spisslast, med eit forbruk på 338 006 liter i 2016 og 605 340 liter i 2017. Alle anlegga er planlagt fasa ut innan 2020. Nye Veier AS leiger sine lokale, og eig derfor ingen bygg eller anlegg.

Olje- og energidepartementet (OED) eller underliggjande etatar eig ikkje bygg med fossil oppvarming. Av statlege føretak under OED eig Gassco AS ved utgangen av 2017 eitt anlegg med to gasskjelar som nyttar naturgass som energikjelde (spisslast), med eit forbruk på 6380 m3, svarande til 63 MWh. Det er ikkje registrert anlegg med mineralolje eller anlegg med fossil gass i Statnett SF sine bygg, basert på den overordna kartlegginga som har vore mogleg. Petoro AS og Gassnova SF leiger sine lokale, og eig ikkje bygg med fossil oppvarming.

Klima- og miljødepartementet (KLD) eig ingen statlege bygg med fossil oppvarming. Kings Bay AS i Ny- Ålesund på Svalbard og Bjørnøen AS på Bjørnøya nyttar mineralolje til oppvarming og straumproduksjon. I 2017 var forbruket av diesel i Ny-Ålesund på 176 630 liter. Det er få alternative energiløysingar på Bjørnøya og Svalbard, og det ingen planar om å erstatte denne energiløysinga på kort sikt.

Nærings- og fiskeridepartementet (NFD) eller underliggjande etatar eig ingen statlege bygg med fossil oppvarming. Nærings- og fiskeridepartementet har ikkje hatt tilgang til informasjon om statlege føretak og difor ikkje rapportert til Klima- og miljødepartementet om status for fossil oppvarming i sine statlege føretak.

Berekraftskrav for alt biodrivstoff

Vedtak nr. 749, 2. juni 2017

«Stortinget ber regjeringen raskest mulig gjennomføre prosess med ESA for å avklare om det er rom for Norge til å gjøre gjeldende EUs bærekraftskrav for alt biodrivstoff som omsettes i Norge, eventuelt endringer som kan gjøres fra Norges side med sikte på å gjøre EUs bærekraftskrav gjeldende for alt biodrivstoff som omsettes i Norge så raskt som mulig.»

Stortinget gjorde vedtaket då innstillinga Innst. 331 S (2016–2017) frå energi- og miljøkomiteen, jf. Dok. 8:69 S (2016–2017), vart behandla, jf. tilrådinga i innstillinga romartal I.

Biodrivstoff som er omsett utanfor omsetjingskravet er per i dag ikkje underlagt krav om å oppfylle EUs berekraftskriterium. Då Stortinget fatta sitt vedtak om å gjere EUs berekraftskriterium gjeldande for alt biodrivstoff hadde Klima- og miljødepartementet allereie teke kontakt med ESA gjennom brev av 18. april 2017. I brevet spurte KLD om ESAs syn på høvet til å gjennomføre Stortingets vedtak. Klima- og miljødepartementet mottok ESAs svar 26. september 2017.

ESA understrekar i sitt svar at førespurnaden ligg utanfor ESAs mandat. I saker som gjeld den indre marknaden og som enno ikkje er vedtekne i Noreg, har ikkje ESA mandat til å gi ei foreløpig juridisk vurdering om forståinga av EØS-avtala sine reglar. ESAs kompetanse er avgrensa til å overvake at EØS-reglar er riktig implementert og brukt, mens det er EFTA-domstolen som har mynde til å tolke EØS-regelverket. ESA gir likevel noko rettleiing i dette spørsmålet i sitt brev.

ESA nemner at berekraftskriteria gjeld for biodrivstoff som blir teke i bruk for å oppfylle nasjonale målsetjingar under fornybardirektivet og drivstoffkvalitetsdirektivet eller som er gjenstand for økonomiske støtteordningar. Dersom Noreg kjem fram til at verken drivstoffkvalitetsdirektivet eller fornybardirektivet er til hinder for å innføre berekraftskrav til alt biodrivstoff i Noreg, må det undersøkjast om dette er eit «egnet, nødvendig og forholdsmessig tiltak» for å oppnå det ein ønskjer, nemleg å sikre at alt biodrivstoff som er omsett i Noreg er berekraftig, og ein må vise at målet ikkje kan oppnåast like effektivt med mindre restriktive tiltak.

Rapporteringa til Miljødirektoratet viser at i 2016 oppfylte alt biodrivstoff som vart omsett i Noreg EUs berekraftskriterium. Bransjen har erklært at det ikkje skal kjøpast inn biodrivstoff i Noreg som ikkje oppfyller EUs berekraftskriterium. Det tyder på at innføring av nye forskriftsføresegner som foreslått ikkje er nødvendig for å oppnå formålet om at alt biodrivstoff som er omsett skal oppfylle berekraftskriteria. Det gjer det vanskelegare å få gjennomslag for at tiltaket er «egnet, nødvendig og forholdsmessig» for dette formålet. Bransjeerklæringa gir ikkje varig sikkerheit for at marknadssituasjonen vil forbli slik i det lange løp. Regjeringa vil følgje med på om biodrivstoffet som blir omsett framover held fram med å oppfylle EUs berekraftskriterium.

Regjeringa viser til at bakgrunnen for at dette er ei aktuell problemstilling i Noreg er Stortingets vedtak i samband med RNB 2015 om at biodrivstoff ikkje lenger skulle vere omfatta av vegbruksavgifta. På grunn av verkeområdet til berekraftskriteria var det ikkje mogleg å stille krav til berekraft for biodrivstoff omsett utanfor omsetjingskravet. Ein fekk dermed ein situasjon der det biodrivstoffet som det ikkje blir betalt vegbruksavgift for heller ikkje er omfatta av krav til å oppfylle EUs berekraftskriterium. Regjeringa vil fram mot budsjettet for 2020 arbeide vidare med spørsmålet om å innføre vegbruksavgift på biodrivstoff utanfor omsetjingskravet. Dersom det blir innført vegbruksavgift på alt biodrivstoff i 2020 vil det ikkje lenger vere noko kopling mellom omsetjingskravet og vegbruksavgifta, og problemstillinga som er teken opp i dette oppmodingsvedtaket vil derfor ikkje lenger vere aktuell, sjå omtala av oppfølginga av oppmodingsvedtak 751. Ein viser elles til oppmodingsvedtak 1104 som følgjast opp av Finansdepartementet. Regjeringa ser med dette på vedtaket som kvittert ut.

Bransjeavtale eller liknande, om at alt sal av biodrivstoff skal vere palmeoljefritt

Vedtak nr. 750, 2. juni 2017

«Stortinget ber regjeringen undersøke om de nylige løfter fra bensinbransjen og positive uttalelser fra de største bensinstasjonskjedene kan videreutvikles til en bransjeavtale eller liknende, om at alt salg av biodrivstoff skal være palmeoljefritt og ha høyere klimaeffekt enn EUs minstekrav.»

Stortinget gjorde vedtaket då innstillinga Innst. 331 S (2016–2017) frå energi- og miljøkomiteen, jf. Dok. 8:69 S (2016–2017), vart behandla, jf. tilrådinga i innstillinga romartal II.

Regjeringa er av den oppfatninga at dersom Klima- og miljødepartementet tek initiativ til at det blir etablert ei bransjeavtale vil ein bevege seg inn i ei juridisk gråsone der mange av dei same spørsmåla som er drøfta under omtala av oppmodingsvedtak 753 vil vere relevante.

Bestemmingane i fornybardirektivet og drivstoffkvalitetsdirektivet regulerer medlemsstatane sitt høve til å forby eller avgrense omsetjing av drivstoff som oppfyller tekniske krav og spesifikasjonar for drivstoff, inkludert berekraftskriteria. EU-domstolens praksis viser at biodrivstoff som oppfyller berekraftskriteria skal takast med i berekninga av om nasjonale omsetningskrav og forpliktingar knytte til fornybar energi er oppfylte, og om forbruk av biodrivstoff har rett til finansiell støtte. Dersom biodrivstoff med palmeolje oppfyller berekraftskriteria kan styresmaktene derfor ikkje medverke til å hindre at dette blir omsett og teke med i vurderinga for desse formåla. Ein viser elles til omtala av EØS og WTO-avtalene under omtala av oppmodingsvedtak nr. 753 nedanfor.

Det pågår eit frivillig arbeid med å innføre Svanemerke for drivstoff som Miljømerking Noreg har ansvaret for. Eit svanemerkt drivstoff har i eit livssyklusperspektiv låge utslepp av klimagassar, og krava er strengare enn EUs berekraftskrav. Klima- og miljødepartementet har gjennomført eit møte med Miljømerking Noreg om svanemerkt drivstoff.

Regjeringa viser òg til at Drivkraft Noreg har utarbeidd ei bransjeerklæring for berekraftig biodrivstoff. Etter erklæringa skal alt biodrivstoff som blir kjøpt inn av foreininga sine medlemmer oppfylle EUs berekraftskriterium. Erklæringa inneber ikkje at medlemmene avstår frå å bruke biodrivstoff frå palmeolje. Klima- og miljøministeren har gjennomført eit møte med Drivkraft Noreg der blant anna spørsmålet om palmeoljebasert biodrivstoff vart teke opp. Klima- og miljøministeren har òg gjennomført eit møte med bransjeorganisasjonen Biodrivstoff 2030.

Klima- og miljødepartementet ser òg nærare på dei høva som er i norsk regelverk til å betre og målrette informasjonen om ulike typar biodrivstoff, slik at forbrukarane kan ta mest mogleg informerte val. Vi ser mange døme på at forbrukarmakt fører til endring. Ein føresetnad for at forbrukarane skal kunne velje miljøvennleg er at det ligg føre tilgjengeleg informasjon om produkta dei kjøper. Norske forbrukarar har rett til informasjon etter miljøinformasjonslova sine føresegner om miljøinformasjon frå verksemd, jf. § 16. Denne opplysningsplikta gjeld likevel berre etter oppmoding frå forbrukaren. Klima- og miljødepartementet har gitt Miljødirektoratet i oppdrag å sjå nærare på kva høve ein har til å sikre norske forbrukarar enklare tilgang på informasjon om klimaeffekten av drivstoffet dei blir tilbodne. Regjeringa ser med dette på vedtaket som kvittert ut.

Verkemiddel for å fremje avansert berekraftig biodrivstoff

Vedtak 751, 2. juni 2017

«Stortinget ber regjeringen vurdere handlingsrommet for ulike virkemidler, herunder avgifter og regelverk, for å fremme bruk av avansert bærekraftig biodrivstoff, og komme tilbake til Stortinget i egnet form.»

Stortinget gjorde vedtaket då innstillinga Innst. 331 S (2016–2017) frå energi- og miljøkomiteen, jf. Dok. 8:69 S (2016–2017), vart behandla, jf. tilrådinga i innstillinga romartall II.

Gjeldande verkemiddelapparat for å fremje biodrivstoff består hovudsakleg av omsetjingskravet og avgiftsfordelar. Frå 1. januar 2018 er omsetjingskravet på 10 pst, der 3,5 prosentpoeng skal oppfyllast med avansert biodrivstoff. Det er i tillegg eit omsetjingskrav for bensinkøyretøy på 4 pst. Avansert biodrivstoff tel dobbelt innanfor omsetjingskravet. Alt biodrivstoff er friteke frå CO2-avgift, mens biodrivstoff omsett utanfor omsetjingskravet «ikkje er omfatta» av vegbruksavgifta. I tillegg støttar Enova prosjekt innanfor avansert biodrivstoff som har eit teknologielement, og Innovasjon Noreg og Forskingsrådet støttar forsking på avansert biodrivstoff.

Eit nærliggjande verkemiddel for å fremje avansert biodrivstoff er å auke delkravet om avansert biodrivstoff innanfor det generelle omsetjingskravet. Klima- og miljødepartementet har forskriftsfesta opptrappingsplanen for biodrivstoff til vegtrafikk i tråd med Stortingets oppmodingsvedtak som vart fatta i samband med budsjettforliket hausten 2016. Delkravet om avansert biodrivstoff var her sett til 4,5 pst. i 2019 og 8 pst. i 2020. På grunn av dobbeltelling vil kravet reelt sett innebere ei innblanding på 2,25 pst. i 2019 og 4 pst. i 2020.

Klima- og miljødepartementet har gitt Miljødirektoratet i oppdrag å arrangere eit innspelsmøte med bransjen for å kartleggje om tilgangen på avansert biodrivstoff i marknaden tilseier at det er realistisk å auke delkravet om avansert biodrivstoff ytterlegare. Ein eventuell auke i omsetjingskravet for avansert biodrivstoff vil måtte konsekvensutgreiast og sendast på offentleg høyring før ei eventuell endring i forskrifta.

Biodrivstoff omsett utanfor omsetjingskravet har sida 1. oktober 2015 ikkje vore pålagt vegbruksavgift. Regjeringa vil fram mot budsjettet for 2020 arbeide vidare med spørsmålet om å innføre vegbruksavgift på biodrivstoff utanfor omsetjingskravet. Ein viser elles til omtale av oppmodingsvedtak 1104 som er fordelt til Finansministeren om ei differensiering av vegbruksavgifta.

Regjeringa viser til at det framover vil vere behov for å følgje opp Jeløyaplattforma si målsetjing om 40 pst. innblanding av biodrivstoff til vegtransport i 2030, avhengig av teknologiutviklinga og utviklinga av alternative energiberarar, og avklare korleis dette skal følgjast opp i praksis. Regjeringa vil i samband med dette arbeidet gjere vurderingar omkring ein auke i delkravet om avansert biodrivstoff og andre verkemiddel for å fremje avansert biodrivstoff i perioden fram mot 2030.

Regjeringa viser også til at den i Nasjonal transportplan 2018-2029 (NTP) føreslo å innføre eit omsetningskrav for biodrivstoff til luftfart frå 2019. Miljødirektoratet, Avinor og Luftfartstilsynet fekk i oppdrag å utarbeide konsekvensutgreiing og utkast til endringsforskrift. Saka blei sendt på høyring med frist for innspel 10. august 2018.

Utkastet til endringsforskrift som blei sendt på høyring omfatta to alternative utformingar av omsetningskravet: «1 % biodrivstoff som tilfredsstiller berekraftskriteria, der avansert biodrivstoff tel dobbelt» og «0,5 % avansert biodrivstoff som tilfredsstiller berekraftskriteria». I utkastet til forskrift var det skissert at omsetningskravet skulle innførast frå 1. januar 2019. I høyringsbrevet blei det spesielt bede om innspel på marknadsforhold og kostnadar for biodrivstoff til luftfart (særleg for avansert biodrivstoff), volum som vil kunne verte tilbydd og leverast til den norske marknaden i 2019 og om Forsvaret burde verte omfatta av omsetningskravet.

Totalt gav 25 høyringsinstansar innspel, av desse var fire utan merknadar. I høyringsnotatet var det lagt til grunn at prisen på biojetfuel var om lag 2-3 gonger høgare enn prisen på fossilt, og total kostnad var anslått til mellom 54 og 72 mill. kroner. Innspela i høyringa tyder på at dette er for lågt. Det er vidare komme innspel frå omsetjarane av drivstoff om at det vil måtte etablerast nye ordningar i forsyningskjeda som vil ta tid og gi auka kostnader. Det er fleire aktørar som meiner at det er usikkerheit knytt til kor mykje biodrivstoff som vil vere tilgjengeleg i marknaden, og at det vil kunne bli utfordrande for omsetjarane av drivstoff å oppfylle omsetningskravet allereie frå 2019. Regjeringa vurderer ut frå innspela i høyringa at det er føremålstenleg å utsetje innføring av omsetningskravet til 1. januar 2020 for å gi bransjen tid til å tilpasse seg det nye kravet.

I høyinga er det komme ulike innspel når det gjeld modell for omsetningskravet. Nokre høyringsinstansar meiner at omsetningskravet bør kunne oppfyllast med både avansert og konvensjonelt berekraftig biodrivstoff for å sikre bransjen fleksibilitet. Andre meiner at det bør stillast krav til avansert biodrivstoff. Konvensjonelt biodrivstoff er produsert frå mat- og fôrvekstar. Slikt biodrivstoff medfører risiko for indirekte arealbruksendringar gjennom at auka etterspørsel etter biodrivstoff skaper press på areal som kan føre til negative effektar for naturmangfald og utslepp av klimagassar. Avansert biodrivstoff er produsert frå avfall og restar og er derfor ikkje forbunde med risiko for indirekte arealbruksendringar. Regjeringa meiner difor at det skal stillast krav om avansert biodrivstoff i omsetningskravet for luftfarten.

Forsvaret er ikkje definert som omsetjar då Forsvaret ikkje er registrert særavgiftspliktig etter særavgiftsforskrifta § 5-1 eller § 5-2. Forsvaret sel noko drivstoff til allierte og sivile på dei av lufthamnene der det ikkje er sivilt drivstoff tilgjengeleg. Forsvaret deler òg tankanlegg med Avinor på lufthamnene Værnes, Bodø og Evenes. Forsvaret melder at sjølv om spesifikasjonane for jetdrivstoff som vert nytta militært tillet innblanding av ein del biodrivstoff, ligg det foreløpig ikkje føre godkjenning frå produsentane av flytypane i Luftforsvaret. Ei slik godkjenning er naudsynt før det kan leverast biodrivstoff til Luftforsvaret sine basar. På grunn av at flytypane i Luftforsvaret ikkje er godkjente for bruk av biodrivstoff vil regjeringa unnta Forsvarets bruk av drivstoff frå omsetningskravet.

Miljødirektoratet har i konsekvensvurderinga og i høyringa lagt til grunn at tiltaket ikkje vil vere i strid med Noregs internasjonale forpliktingar. EØS-rettslege forhold ved å nytte omsetningskrav ved sida av avgiftsinsentiv for å fremje auka bruk av biodrivstoff, vart ikkje tekne opp i desse dokumenta. Regjeringa viser til at eit omsetningskrav for biodrivstoff i seg sjølv ikkje utgjer statsstøtte. Etter EØS-avtala er det likevel ikkje høve til å kombinere eit omsetningskrav med eit avgiftsfritak som utgjer statsstøtte. Dette følgjer av miljøretningslinjene og gruppeunntaksforordninga artikkel 44. Regjeringa ser det slik at dagens avgrensing av CO2-avgifta på mineralske produkt, der biodrivstoff ikkje er omfatta av avgifta, ikkje utgjer statsstøtte. Forbrenning av biologisk materiale tilfører ikkje nytt karbon til karbonkretsløpet i naturen, i motsetning til forbrenning av fossile drivstoff. Utslepp av CO2 frå forbrenning av biodrivstoff inngår derfor ikkje i nasjonale totalutslepp av CO2 etter FNs klimakonvensjon. CO2-avgifta er eit verkemiddel som prisar utslepp av fossilt karbon og som har som formål å redusere norske utslepp av klimagassar, slik desse vert målt etter FNs klimakonvensjon. CO2-avgifta er derfor avgrensa til mineralske produkt (fossile drivstoff) og det vert gitt fritak for delen av biodrivstoff innblanda i mineralske produkt. Regjeringa ser det på denne bakgrunnen slik at det for CO2-avgifta sitt vedkommande ikkje er ein føresetnad for å innføre omsetningskrav for luftfarten, at det samtidig vert innført ei avgiftsplikt for produkta som blir omfatta av omsetningskravet, slik det er gjort for vegbruksavgifta, jf. Innst. 360 S (2014–2015) kap. 3.2.1

Regjeringa har bestemt at det skal innførast eit omsetningskrav på 0,5 prosent avansert biodrivstoff til luftfart frå 1. januar 2020. Kravet vil bli forskriftsfesta av Klima- og miljødepartementet. Regjeringa ser med dette på vedtaket som kvittert ut.

Forbod mot palmeolje i offentlege kjøp

Vedtak nr. 753, 2. juni 2017

«Stortinget ber regjeringen gjennom forskrift til lov om offentlige anskaffelser stille krav om at det ikke skal benyttes biodrivstoff basert på palmeolje eller biprodukter av palmeolje. Forskriftsendringen skal tre i kraft så snart som mulig.»

Stortinget gjorde vedtaket i samband med behandling av Dok. 8:69 S (2016–2017) om å sikre at det ikkje blir selt palmeoljebasert biodrivstoff i Noreg jf. Innst. 331 S (2016–2017) frå energi- og miljøkomiteen og laust forslag nr. 5 fremjat frå salen.

Grunngivinga for forslaget var å syte for at «alt biodrivstoff som det offentlige etterspør er palmeoljefritt, siden økt etterspørsel etter palmeolje bidrar til økt avskoging av regnskog». I innstillinga vart det òg peika på at EUs berekraftskriterium ikkje var strenge nok til å sikre at biodrivstoffet er garantert palmeoljefritt eller har den høgaste klimanytten, berre at palmeoljen er sertifisert.

Bakgrunnen for forslaget er indirekte arealbruksendringer (ILUC, indirect land use changes): Matproduksjon blir trengt bort og ny matjord skaffa ved anten avskoging eller drenering av myrer, med påfølgjande utslepp av klimagassar og tap av naturmangfald. EUs berekraftskriterium fangar ikkje opp dette aspektet.

Det er usikkert kor mykje eit eventuelt forbod i offentlege anskaffingar vil redusere den samla bruken av palmeolje i biodrivstoff i Noreg. Offentlege aktørar kjøper drivstoff anten gjennom direkte import eller frå drivstoffomsetjarane som opererer i marknaden. Drivstoffomsetjarane er omfatta av det stadig aukande omsetningskravet og avgiftsfordelen innanfor vegbruksavgifta, som driv opp forbruket av biodrivstoff, inkludert biodrivstoff frå palmeolje. Eit forbod som gjeld offentleg kjøp vil ikkje nødvendigvis føre til at drivstoffomsetjarane sel mindre palmeoljebasert drivstoff totalt, men at dei sel det til private aktørar heller enn til det offentlege. Klimaeffekten av eit eventuelt forbod er derfor vanskeleg å anslå. Regjeringa vil derfor vurdere andre og meir effektive verkemiddel og tiltak enn eit forbod i offentlege anskaffingar.

Klima- og miljøministeren har teke initiativ til å kartleggje høvet til å auke delkravet om avansert biodrivstoff ytterlegare allereie frå 2020. Biodrivstoff frå palmeolje kan ikkje brukast til å oppfylle eit delkrav om avansert biodrivstoff. Regjeringa viser òg til at den fram mot budsjettet for 2020 vil arbeide vidare med spørsmålet om å innføre vegbruksavgift på biodrivstoff utanfor omsetningskravet. Ein viser elles til omtale av oppmodingsvedtak nr. 1104 som er fordelt til Finansministeren om ei differensiering av vegbruksavgifta.

Regjeringa viser vidare til at EU i 2018 har blitt samd om nytt fornybardirektiv. I direktivet uttrykkjer EU mål om å på litt lengre sikt avgrense bruken av palmeolje blant anna gjennom å påleggje medlemslanda ei gradvis utfasing av biodrivstoff med høg ILUC-effekt. Regelverket er ikkje endeleg utarbeidd på dette punktet. Dersom direktivet blir vurdert som EØS-relevant vil det bli innlemma i avtala og dermed òg gjelde for Noreg. Regjeringa følgjer EUs vidare arbeid på området.

Palmeolje og biodrivstoff basert på palmeolje blir importert frå andre land. Eit forbod må derfor òg vurderast opp mot både våre handelsrettslege skyldnader og våre handelspolitiske interesser. Advokatfirmaet Thommessen AS har på oppdrag frå KLD utgreidd om Stortingets oppmoding om å avgrense biodrivstoff basert på palmeolje i offentlege anskaffingar kan gjennomførast i tråd med Noregs skyldnader etter EØS-avtala, WTO-avtalene og våre andre handelsavtaler. Utgreiinga stadfester at det er tvil om eit forbod i tråd med oppmodingsvedtaket vil vere lovleg etter EØS-avtala og WTO-avtalene. Den stadfester òg at vi må vente reaksjonar blant anna frå statar med økonomiske interesser i saka, og prosessar som reiser tvil om tiltaket er lovleg. I tråd med dei handelspolitiske føringane i Meld. St. 29 (2014–2015) om globalisering og handel er regjeringa oppteken av å både overhalde våre internasjonale forpliktingar, å gjennomføre ein effektiv miljø- og klimapolitikk og å ta vare på andre norske interesser. Forslaget om å innføre forbod har ført til reaksjonar som viser at det kan gi utfordringar for norske eksportinteresser som er avhengige av eit ope, føreseieleg og regelstyrt handelsregime. Det vil ikkje tene verken klima eller norske interesser elles å innføre eit tiltak som har ein usikker klimaeffekt og som dessutan høgst sannsynleg vil bli utfordra og som det er tvil om vi vil kunne oppretthalde.

Det nye regelverket for offentlege anskaffingar er meir fleksibelt enn tidlegare for grøne innkjøparar. Direktoratet for forvaltning og IKT, Difi har likevel registrert ein etterspørsel etter teknisk og anskaffingsfagleg rettleiing og praktiske råd for oppdragsgivarar som, etter eige val, ønskjer å unngå innkjøp av palmeoljebasert biodrivstoff eller anna biodrivstoff som har risiko for indirekte arealbruksendringar og auka globale utslepp. I staden for eit forbod i forskrift om offentlege anskaffingar, vil Difi derfor bli bedt om å utarbeide faglege råd og rettleiing til offentlege oppdragsgivarar, i tråd med Difis ståande rettleiingsoppdrag på området grøne anskaffingar. Regjeringa ser med dette på vedtaket som kvittert ut.

Norge skal være klimanøytralt frå og med 2030

Vedtak nr. 897, 14. juni 2016

«Stortinget ber regjeringen legge til grunn at Norge skal sørge for klimareduksjoner tilsvarende norske utslipp fra og med 1. januar 2030, og at klimanøytralitet kan oppnås gjennom EUs kvotemarked, internasjonalt samarbeid om utslippsreduksjoner, kvotehandel og prosjektbasert samarbeid.»

I innstilling 407 S til proposisjon 115 S om samtykke til ratifikasjon av Parisavtala fatta Stortinget vedtak om at Noreg skal vere klimanøytralt frå og med 2030.

I meld. St 41 er det vist til at Regjeringa vil komme tilbake til Stortinget med ei omtale om oppfølginga av klimanøytralitetsmålet på eit eigna tidspunkt etter at regelverket rund EUs innsatsfordelingsforordning er klart. Dette regelverket er no klart, men Noregs avtale med EU opp mot dette regelverket er ikkje ferdigforhandla.

Internasjonale marknadsmekanismar vil vere viktige for å oppfylle klimanøytralitetsmålet. Høve til kvotekjøp under Kyotoprotokollen blir truleg avslutta i 2020, som er det siste året i den andre skyldnadsperioden. I Parisavtala er det lagt opp til vidare marknadsbasert samarbeid, blant anna gjennom ein ny FN-styrt marknadsmekanisme som kan erstatte dei prosjektbaserte mekanismane under Kyotoprotokollen. Noreg arbeider aktivt for å få på plass ein slik ny mekanisme. Noreg støttar blant anna Verdsbankens fondsinitiativ Transformative Carbon Asset Facility (TCAF) som utviklar pilot-program. Kor omfattande marknaden for samarbeid om utsleppsreduksjonar vil bli under Parisavtala er uvisst. Det inneber uvisse både om omfang og pris for utsleppsreduksjonar som kan oppnåast ved slike samarbeid. Regjeringa vil på eigna måte komme tilbake til Stortinget med oppfølging av vedtaket.

Heilskapleg plan for utfasing av fossil grunnlast i alle statlege bygg.

Vedtak nr. 43, 1. desember 2014

«Stortinget ber regjeringen lage en helhetlig plan for utfasing av fossil grunnlast i alle statlige bygg.»

Stortinget fatta vedtaket ved behandlinga av tilleggsinnstilling frå finanskomiteen (Innst. 2 S Tillegg 1 (2014–2015)), jf. Meld. St. 1 (2014–2015), Prop. 1 S (2014–2015), Prop. 1 S Tillegg 1 (2014–2015), Prop. 1 S Tillegg 2 (2014–2015) og Prop. 1 S Tillegg 3 (2014–2015).

Det følgjer av klimaforliket, jf. Innst. 390 S (2011–2012), at fossil fyringsolje som grunnlast skal fasast ut av alle statlege bygg innan 2018. Det er lagt til grunn at dette skal forståast som at utfasinga skal gjennomførast innan utgangen av 2018. Med statlege bygg blir det i denne samanhengen forstått bygg som departementa eller underliggjande etatar/verksemder eig. Bygg som er eigde av statlege aksjeselskap blir i denne samanhengen ikkje rekna som statlege bygg. Fossil grunnlast er i denne samanhengen avgrensa til fossil olje brukt til grunnlast. Grunnlast er den varmekjelda som dekkjer hovuddelen av bygningane sitt varmebehov over året. Ofte dekkjer grunnlasta ca. 50 pst. av effektbehovet på dei kaldaste dagane og 85 pst. av varmebehovet over året. Anlegg der fossil olje berre blir brukt til spisslast, dvs. for å dekkje det varmebehovet grunnlasta ikkje dekkjer, inngår i hovudsak ikkje i oversikta under. Det er likevel ikkje alltid mogleg å skilje mellom grunnlast og spisslast, så tala kan òg inkludere noko olje brukt til spisslast.

Det enkelte departementet har ansvar for å planleggje og gjennomføre utfasing i bygg som departementet eller underliggjande etatar/verksemder eig. Departementa har rapportert kor mange anlegg med fossil olje som grunnlast det enkelte departement eig og kor mykje olje som vart brukt i desse anlegga i 2016 og 2017, og dertil kor mange anlegg som er planlagt utfasa og kor mykje dette vil redusere bruken av olje. Under følgjer ei samanstilling av status ved utgangen av 2017 og planlagt utfasing i 2018 og eventuelt åra etter, basert på rapportering frå departementa. Regjeringa tek sikte på å komme tilbake årleg med ei oppdatert oversikt over status og planar fram til utfasinga er fullført.

Status per 31.12.2017

Fem departement eig per utgangen av 2017 sjølv, eller har underliggjande etatar/verksemder som eig bygg som har fossil fyringsolje som grunnlast. I rapporteringa er det i tillegg rapportert om anlegg med fossil fyringsolje i bygg eigd av dei regionale helseforetaka under Helse- og omsorgsdepartementet. Helseforetaka er sjølvstendige føretak/rettsssubjekt som ikkje går under definisjonen «statlige bygg». Informasjon om anlegg i helseforetaka er likevel teken med for å vise utvikling over tid. Totalt er det rapportert om 170 fyringsanlegg med fossil olje som grunnlast ved utgangen av 2017. Det er 16 anlegg færre enn ved utgangen av 2016.

Utsleppa frå dei aktuelle anlegga er berekna til om lag 9053 tonn CO2 i 2017. Det er ein reduksjon på 6383 tonn CO2 samanlikna med 2016. Utsleppa er berekna av Klima- og miljødepartementet på grunnlag av opplysningar om oljeforbruk rapporterte frå dei aktuelle departementa . Fleire departement opplyser at det er noko uvisse i dei rapporterte tala. Metodikk og føresetnader som ligg til grunn for rapporteringane varierer òg mellom departementa. Tala som blir presenterte her, må derfor sjåast på som omtrentlege.

Tabellen under viser talet på fyringsanlegg med fossil olje som grunnlast og utsleppa frå desse anlegga, fordelt på dei ulike departementa.

Tabell 7.10 Fyring med fossil olje som grunnlast i statlege bygg, status per 31.12.2016 og 31.12.2017:

Departement

Tal anlegg med fossil olje som grunnlast per 31.12.16

Utslepp i 2016 (tonn CO2)

Tal anlegg med fossil olje som grunnlast per 31.12.17

Utslepp i 2017 (tonn CO2)

Forsvarsdepartementet

136

9 850

132

6 729

Helse- og omsorgsdepartementet1

19

4 715

13

1 968

Justisdepartementet

2

46

2

70

Kommunal- og moderniseringsdepartementet

0

431

0

0

Kulturdepartementet

24

257

18

193

Kunnskapsdepartementet

0

0

0

0

Landbruks- og matdepartementet

0

67

0

0

Samferdselsdepartementet2

5

80

5

95

Sum

186

15 436

170

9 053

1 Alle anlegg under Helse- og omsorgsdepartementet er i bygg eigde av dei regionale helseføretaka. Helse- og omsorgsdepartementet si rapportering viser samla oljeforbruk frå både grunnlast og spisslast då det ikkje har vore mogleg å skilje på forbruket for nokre av anlegga.

2 Under Samferdselsdepartementet er det berre rapportert på bygg under etatane Statens Vegvesen og Kystverket. På grunn av omorganiseringar i jernbanesektoren er Jernbaneverket si verksemd i hovudsak overteken av statsføretaket Bane NOR SF, frå utgangen av 2016. Bane NOR sine bygg er ikkje omfatta av rapporteringa.

Planar for utfasing

I 2018 og 2019 er det fasa ut, eller planlagt fasa ut høvesvis 68 og 21 anlegg med fossil grunnlast. Det er totalt rapportert om planar for å fase ut 68 av dei 170 anlegga som brukte fossil olje som grunnlast per 31.12.2017 innan utgangen av 2018. Dei aller fleste anlegga som ikkje er planlagt fasa ut innan 2018 er det Forsvarsdepartementet som eig. Justisdepartementet og Helse- og omsorgsdepartementet eig nokre få anlegg der det ikkje er lagt planar for utfasing innan utgangen av 2018.

Forsvarsdepartementet har 95 anlegg, som ikkje er planlagt fasa ut innan 2018. Forsvarsdepartementet har derimot planar for utfasing av dei fleste av desse anlegga innan det generelle forbodet trer i kraft 1.1.2020. Ved to forsvarsbaserer det planlagt omfattande energiinfrastrukturprosjekt som medfører at utfasing av fossil olje skjer først etter 2020. I samband med Forsvarets langtidsplan vil enkelte bygg bli utrangerte, og truleg rivne etter 2020. Det er derfor ikkje planlagt å gjennomføre prosjekt for utfasing av fossil olje i desse bygga før 2018 eller 2020. Forsvarsdepartementet planlegg elles for utfasing av all fossil olje til oppvarming, både til grunnlast og til spisslast, og handterer alle prosjekt for utfasing av olje med ein føresetnad om at det ikkje skal nyttast olje som spisslast.

Justisdepartementet har 2 anlegg og Helse- og omsorgsdepartementet 5 anlegg der det ikkje ligg føre konkrete planar om utfasing innan 2018. DSB under Justisdepartementet arbeider med avhendingsplaner for sine to anlegg, men det er på dette nåværende tidspunkt ikke tidfestet. Dei regionale helseføretaka under Helse- og omsorgsdepartementet opplyser at det blir arbeidd med planar for å fase ut eitt anlegg i 2019, mens dei fire siste anlegga er i bygg som vil bli utrangerte etter 2020.

Anlegga som blir fasa ut i 2018 er venta å gi ein årleg utsleppsreduksjon på om lag 2321 tonn CO2. Anlegga som er planlagt fasa ut i 2019 er venta å redusere dei årlege utsleppa med om lag 2376 tonn CO2. Det er ikkje teke omsyn til ev. utslepp frå dei energiberarane som erstattar fyringsoljen (f.eks. ved omlegging til gass eller fjernvarme).

Tabellen under viser talet på anlegg som er planlagt fasa ut i åra 2017 og 2018 og venta utsleppsreduksjonar som følgje av utfasinga, fordelt på dei ulike departementa.

Tabell 7.11 Planlagt utfasing av fossil olje som grunnlast 2018–2019

2018

2019

Departement

Tal anlegg som er planlagt fasa ut

Årleg utsleppsreduksjon (tonn CO2)

Tal anlegg som er planlagt fasa ut

Årleg utsleppsreduksjon (tonn CO2)

Forsvarsdepartementet

37

1796

20

2224

Helse- og omsorgsdepartementet

8

239

1

1511

Justisdepartementet

0

0

0

0

Kommunal- og moderniseringsdepartementet

Kulturdepartementet

18

193

-

-

Kunnskapsdepartementet

Landbruks- og matdepartementet

Samferdselsdepartementet

5

94

0

0

Sum

68

2321

21

2376

1 Oljeforbruket for dette anlegget er estimert ut frå gjennomsnittleg forbruk for helseforetaka sine gjenverande oljefyranlegg for 2017.

Programkategori 12.30 Kulturminne og kulturmiljø

Hovudinnhald og prioriteringar

Løyvingane under programkategori 12.30 høyrer i hovudsak inn under resultatområde Kulturminne og kulturmiljø, og omfattar verksemda til Riksantikvaren og Norsk kulturminnefond.

Løyvingane på kulturminneområdet går til å følgje opp intensjonane i St.meld. nr. 16 (2004–2005) Leve med kulturminner og Meld. St. 35 (2012–2013) Framtid med fotfeste. Målsetjinga er å ta vare på mangfaldet av kulturminne og kulturmiljø som bruksressursar og som grunnlag for kunnskap, oppleving og verdiskaping. Det er òg eit mål at eit utval av kulturminne og kulturmiljø som dokumenterer geografisk, sosial, etnisk, nærings- og tidsmessig breidde skal ha varig vern ved freding innan 2020. Løyvinga omfattar midlar til å sikre, setje i stand og halde ved like freda og verneverdige kulturminne og kulturmiljø og midlar til å føre vidare arbeidet med verdiskaping knytt til kulturminne og kulturmiljø. Kulturminnefondet er styrkt med 4,125 mill. kroner i 2019. I tillegg er styrkinga til samisk bygningsvern frå 2018 ført vidare .

Regionreforma vil få stor konsekvens for korleis kulturminneforvaltinga arbeider i framtida. Fleire førstelinjeoppgåver som i dag blir løyste av Riksantikvaren, skal etter 2020 løysast av den regionale kulturminneforvaltinga.

Både Riksantikvaren og regionane må ha rette verkemiddel, fagkompetanse og kapasitet for å handtere oppgåvene godt. Riksantikvaren må bidra til at regionane kan få kompetanse som set dei i stand til å løyse desse oppgåvene. Regionane må stå rusta til å utføre god kulturminneforvalting, noko som òg inneber at eigarar av kulturminne får lik behandling uavhengig av lokalisering. Det er særleg viktig at tilskotshandteringa gir ei kostnadseffektiv og oversiktleg forvalting.

Både samfunnet rundt oss og den offentlege forvaltinga er i endring. Riksantikvarens overordna strategi fram til 2021 vart ferdigstilt i 2016. Strategien tek utgangspunkt i endringar som gir kulturminnefeltet både utfordringar og nye moglegheiter. Strategien gir retning for direktoratets arbeid fram til 2021.

Klimaendringane gir nye utfordringar òg for arbeidet med kulturminne. Den globale oppvarminga fører til at isen i høgfjellsområda gradvis smeltar og kan dermed føre til at funn som kjem fram blir utsette for nedbryting.

Byar og tettstader veks i rekordfart. Det er viktig å ta vare på kulturminne og kulturmiljø som gir byane særpreg og attraktivitet. Samtidig er sirkulær økonomi ved gjenbruk av bygningar og bygningsdelar òg godt miljøvern.

I 2017 har Riksantikvaren reist ti motsegnsaker til regulerings- og kommuneplanar. Det er i løpet av året brukt betydelege ressursar på å finne gode løysingar saman med fylke, kommunar og utbyggjarar, før saker går til motsegn. Dette er døme på god og effektiv kulturminneforvalting.

Forenkla saksbehandling med tanke på statlege eigedommar, gjer òg forvaltinga meir effektiv. Stadig fleire saker blir løyste gjennom ein samarbeidsmodell der vedtak blir fatta i møte mellom partane.

Fredingsstrategien fram mot 2020 gir ti prioriterte tema for nye fredingar, slik at fredingslista skal bli meir representativ, både tematisk og geografisk. Betre framdrift i fredingssakene er òg eit viktig tema i strategien. Tala viser at det er langt betre framdrift i fredingssakene no enn på fleire tiår. Det vart vedteke freding i til saman 25 saker i 2017, og 10 nye fredingssaker er starta opp i tråd med fredingsstrategien.

Endra rammevilkår og regionmeldinga set mange av premissane for omstilling hos Riksantikvaren. Det er teke grep som gjer at direktoratet medverkar til å definere korleis ein best kan møte morgondagen.

Gjennom blant anna arbeidet med NB!-områda i byane og KULA-registeret som omfattar kulturhistorisk viktige kulturmiljø og landskap av nasjonal interesse, vil Riksantikvaren signalisere kva område og kulturmiljø som det er knytte vesentleg nasjonal interesse til. Dette vil medverke til tidleg avklaring av kulturminneinteressene og til at arealforvaltinga blir meir føreseieleg. Riksantikvaren vil òg halde fram med å ha tett og god dialog med kommunar, fylkeskommunar og utbyggjarar. Erfaringane viser at dette ofte medverkar til gode løysingar og gir resultat ved at stadig færre saker endar med motsegn.

I satsinga Utvalgte kulturlandskap i jordbruket blir landskap med store kulturhistoriske og biologiske verdiar forvalta etter særskilt avtale mellom eigarar og styresmakter. I 2017 har arbeidet vore prega av arbeid med utviding av ordninga, etter større budsjettaukingar i Klima- og miljødepartementet i 2016 og 2017. I 2018 er det 45 område.

Det har vore høg aktivitet og gode resultat i dei ti bevaringsprogramma i 2017. Det har lenge vore klart at målet om ordinært vedlikehaldsnivå for programma i løpet av 2020 vanskeleg kan bli nådd, med to unntak; stavkyrkjeprogrammet og truleg brannsikringa av stavkyrkjene.

Dei ti bevaringsprogramma, med tilskot, kompetansebygging og rådgiving, er dei viktigaste verkemidla for å nå dei nasjonale måla på kulturminneområdet. Likevel er fleire av bevaringsprogramma prega av eit stort og aukande etterslep. Det vart derfor sett i gang eit arbeid i 2016 med å reorientere bevaringsprogramma. Oppfølginga av dette arbeidet er viktig både for å spisse innsatsen innanfor dei enkelte bevaringsprogramma som er svært ulike i innretning og omfang og for å tilpasse programsatsinga inn mot arbeidet med å utvikle nye nasjonale mål. Denne reorienteringa vil òg kunne medføre ei justering av enkelte av programma sine mål. Dette vil inngå som sentrale tema i den nye stortingsmeldinga på kulturminnefeltet.

Dei nasjonale måla på kulturminneområdet har ei sterk objekt- og tilstandsorientering. Nye nasjonale mål på kulturminnefeltet vil inngå i ny stortingsmelding. Intensjonen er at dei nye nasjonale måla i sterkare grad sak leggje vekt på kulturarven som samfunnsressurs og samfunnsnytte-perspektivet. I tillegg vil det sjølvsagt framleis vere like viktig å sikre arbeidet med istandsetjing, vedlikehald og høg fagleg standard på det antikvariske arbeidet. Dette vil til ei kvar tid vere kjerneoppgåve innanfor kulturminneforvaltinga.

Resultatområde

Tabell 7.12 Resultatområde under programkategori 12.30

Resultatområdet

Nasjonale mål

Kulturminne og kulturmiljø

  • Tapet av verneverdige kulturminner skal minimerast.

  • Eit prioritert utval automatisk freda og andre arkeologiske kulturminne skal ha eit ordinært vedlikehaldsnivå innan 2020.

  • Eit representativt utval kulturminne og kulturmiljø skal vere vedtaksfreda innan 2020.

  • Freda bygningar, anlegg og fartøy skal ha eit ordinært vedlikehaldsnivå innan 2020.

Politikk for å nå dei nasjonale måla for kulturminne og kulturmiljø

Regjeringa prioriterer høgt å leggje til rette for vern gjennom bruk. Ei forvalting prega av partnarskap mellom styresmakter, private eigarar og andre aktuelle aktørar, og å sikre gode rammevilkår for verdiskaping, opplevingar og kunnskap med utgangspunkt i kulturhistoriske verdiar er viktig.

Gode fagdatabasar og styringsdata som gir kunnskap om og oversikt over kulturhistoriske verdiar – kor dei er og kva slag tilstand dei er i – er avgjerande for å kunne bruke verkemidel riktig og å setje inn tiltak der dei trengst mest og verkar best. Kunnskapsløftet for kulturminnefeltet har gjennom fleire år vore ei prioritert satsing for Riksantikvaren, som skal sikre god tilgang av kulturminnedata på tvers av forvaltingsnivå og for publikum.

I Meld. St. 18 (2016–2017) Bærekraftige byer og sterke distrikt, er det vektlagt at kulturminne og kulturmiljø skal vere ein viktig ressurs i byutviklinga. Fortettinga i enkelte byar og pressområde er massiv, og mange område vil på få år bli endra radikalt. Andre byar og bymiljø er prega av handelslekkasje og tomme forretningar. Store endringar i busetjingsmønstret med sterk befolkningsvekst i og omkring byane, medfører òg auka press på areal og bygningar i byane og fører til at areal og bygningar går ut av bruk andre stader. Samtidig er kulturminne og kulturmiljø en viktig ressurs i byutviklinga. Mange historiske stader og enkeltbygningar er trekkplaster for turistar, og utgjer ofte ein ressurs òg for andre næringar. Kulturminne er ein viktig del av regjeringas bymiljøpolitikk. Riksantikvaren har utarbeidd ein bystrategi for forvalting av kulturminne og kulturmiljø i byar. Bystrategien, som vart lansert i mars 2017, inneheld strategiske føringar og tilrådingar. Føremålet er å medverke til kvalitet i byutviklinga, bevaring og vidareutvikling av historiske bymiljø, til beste for innbyggjarane, næringsliv og tilreisande. Strategien vil fremja ei byutvikling som i større grad fører vidare stadeigen og lokal byggeskikk, og i mindre grad fremjar kontrasterande busetnad som svekkjer opplevinga av historiske bymiljø. Samtidig signaliserer strategien at ei løysingsorientert forvalting må kunne diskutere eit breitt spekter av verkemiddel, tilpassa formålet med vern. Bystrategien peiker på at kulturarven er ein sentral ressurs og ein viktig del av det grøne skiftet i byane. Det blir no arbeidd med revisjon av handlingsplanen som skal medverke til at mål og strategiar i Bystrategien blir sette i verk.

Klima- og miljødepartementet er òg, saman med Helse- og omsorgsdepartementet og Kommunal- og moderniseringsdepartementet, involvert i eit 3-årig nordisk bymiljøprosjekt, «Attraktive byer». Prosjektet vart etablert i 2017 under den norske formannskapsperioden i Nordisk Ministerråd. Kulturminne og bymiljøpolitikk inngår òg som eitt blant fleire miljøpolitiske område som vil bli tekne opp i «Grøn byutvikling – dialogforum med dei største byane» som Klima- og miljødepartementet har etablert i samarbeid med Kommunal- og moderniseringsdepartementet.

Regjeringa er oppteken av å synleggjere og dokumentere kulturarven sin samfunnsnytte, både knytt til konkrete prosjekt og tema, men òg å kunne sjå endringar og trendar over tid. Riksantikvaren har i løpet av 2017 fått utarbeidd ei rekkje rapportar som på ulikt vis belyser kulturminner sin samfunnsøkonomiske verdi, og korleis ulike kulturmiljø medverkar til verdiskaping. Hovudfunna viser at kulturminnevern lønner seg for staten, kommunane og eigarar.

Godt samarbeid mellom forvalting og frivillige vil medverke til auka bruk og betre vern av kulturminne. Riksantikvarens strategi for frivillig arbeid er revidert og gjeld no frå 2018 til 2021. Strategien for samarbeid med frivillige organisasjonar skal medverke til å utnytte mulegheitene som ligg i felles innsats, faglege diskusjonar og kompetansedeling.

Innsatsen i dei ti tematiske bevaringsprogramma er avgjerande for at ein skal kunne setje i stand og halde ved like prioriterte kulturminne av høg nasjonal verdi. Bevaringsprogrammet for istandsetjing av freda hus i privat eige er særleg prioritert. Det er likevel naudsynt å gjere tydelege prioriteringar i bruk av dei økonomiske midlane. I stavkyrkjeprogrammet vart istandsetjinga av dei 28 stavkyrkjene sluttført i 2015. Fortløpande vedlikehald og oppgradering av brannslokkingsanlegg og andre sikringstiltak vil vere prioriterte tiltak framover.

Kunnskapsløftet

Som ei viktig satsing sidan 2011 har Kunnskapsløftet vore Riksantikvarens viktigaste arbeid for å effektivisere og modernisere kulturminneforvaltinga. Satsinga inkluderer digitalisering av arkiv og å gjere data tilgjengelig, og utvikling av heilskaplege, digitale saksbehandlingssystem. Kunnskapsløftet vart i all hovudsak fullført i august 2017 med unntak av delprosjektet Kulturminner i kommunen (KiK) som blir ført vidare og som er ein sentral del av satsinga.

Digitaliseringsprosjektet vart avslutta i 2017, og arbeidet med å få digitalisert saksarkiva (inkl. saksarkiva til dei fire distriktskontora) er dermed ferdigstilt. Digitaliseringsprosjektet har inngått som eit delprosjekt i Kunnskapsløftet. Prosjektet har vore eit viktig bidrag i å byggje opp og gjere tilgjengeleg digital informasjon om kulturminna. Prosjektet sin største gevinst er digital tilgang til kjeldene, både for forvalting, forsking og publikum, uavhengig av fysisk plassering. Digitalisering sikrar òg bevaring av forgjengeleg arkivmateriale, og frigjer lokale fordi digitalisert arkivmateriale kan avleverast til Riksarkivet.

Dette er viktig for å effektivisere forvaltinga, og syte for at ein òg står godt rusta til å ta gode avgjerder om kulturminne og kulturmiljø på lokal og regionalt plan. Kunnskapsløftet skal vere med på å gi kommunar eit godt fagleg grunnlag for å planleggje for desse endringane på ein måte der kulturhistoriske verdiar blir tekne vare på og medverkar til ei positiv samfunnsutvikling.

Kunnskapsløftet har vore ei hovudsatsing for kulturminnefeltet, for å svare på Riksrevisjonens funn frå 2009. Prosjektperioden varte ut 2017. Prosjektet har så langt gitt gode resultat, men det står framleis att nokre uløyste oppgåver som det må arbeidast vidare med òg etter at prosjektperioden er avslutta. Regjeringa er oppteken av at det blir utvikla eit modernisert og digitalisert forvaltings- og saksbehandlingssystem som sikrar likebehandling, standardisering, forenkling og effektivisering av arbeidsprosessar på tvers av forvaltingsnivåa. Dette blir derfor særskilt viktig for klargjeringa til gjennomføringa av regionreforma. Hovudsatsinga i 2019 vil vere å starte utviklinga av Kulturminneregisteret basert på erfaringane frå prosjektet. Kulturminneregisteret vil gjere sentrale data om norske kulturminne tilgjengelege for regional og lokal forvalting, eigarar av kulturminne og publikum. Kulturminneregisteret vil stille saman informasjon frå alle relevante kjelder for kulturminnedata, og sikre den faglege dialogen med andre sektorar. Digitaliseringa av saksbehandling og tilskotsforvalting i kulturminneforvaltinga vil bli intensivert, og i 2019 vil fleire pilotar og ordningar bli tekne i bruk i fylka, med sikte på ordinær drift i alle fylke i 2020.

I KiK-satsinga (Kulturminne i Kommunane) har Riksantikvaren arbeidd for auka kulturminnekompetanse på kommunalt nivå. Til no har Riksantikvaren støtta nærmare 350 kommunar med midlar først frå post 21 og så frå post 60, til arbeidet med eigne kulturminneplanar som, i tillegg til kurs og samlingar, har vore gode grep for å styrkje den kommunale forvaltinga av kulturminne. Gjennom satsinga er kulturminne i aukande grad sett på den lokalpolitiske dagsorden og skapar stort engasjement i kommunane. Prosjektet skal gå ut 2020, og framdrifta i prosjektet er i samsvar med målsettinga.

Kommunane har hovudansvaret for å avgjøre kva som er verneverdig i eigen kommune og skaffe seg oversyn over dette. Arbeidet med kulturminneplanar krev god oppfølging frå kommunane og fylkeskommunane si side da dette er planprosessar som tek lang tid. Det tek erfaringsvis frå to til fire år å få kulturminneplanen fram til politisk vedtak.

Som del av kunnskapsløftet vart prosjektet Registrering av automatisk fredete samiske bygninger ferdigstilt i 2017. I samarbeid med Sametinget og KLD har Riksantikvaren arbeidd for ei god, føreseieleg og eigarorientert forvalting av desse kulturminna. Bevaringsprogrammet for samiske bygningar tek utgangspunkt i resultata frå dette registreringsprosjektet. Om lag 900 bygningar er registrerte som automatisk freda. Dei mest verdifulle vil bli prioriterte i bevaringsprogrammet for samiske kulturminne. Prosjektet vart formelt avslutta i 2017. Etterarbeid har gått føre seg i 2018 og vil halde fram i 2019. Prosjektet har gitt kulturminneforvaltinga ny kunnskap om samisk bygningsarv, og har stort potensial for forsking i åra som kjem.

Verdsarv

Som oppfølging av Meld. St. 35 (2012–2013) Framtid med fotfeste – Kulturminnepolitikken har Klima- og miljødepartementet sett i gang ei mangeårig satsing for oppfølging av verdsarvkonvensjonen med sikte på å auke kunnskapen om verdsarvkonvensjonen og styrkje den lokale forankringa ved blant anna å etablere verdsarvsenter ved dei norske verdsarvområda.

Forvaltinga av dei norske verdsarvområda inneber særlege forpliktingar for alle sektorar. Noreg som statspart til verdsarvkonvensjonen, har høge ambisjonar for forvalting av verdsarvområda, og har som mål at områda skal utviklast til fyrtårn for god kulturminneforvalting. Riksantikvaren arbeider i samarbeid med Miljødirektoratet for betra forvalting av verdsarvområda, blant anna gjennom forvaltingsplanar og betre lokal organisering. I 2017 hadde sju av åtte norske verdsarvområde etablerte verdsarvråd, og halvparten av forvaltingsplanane er oppdaterte. Arbeidet med å revidere forvaltingsplanane for Urnes Stavkyrkje og Røros Bergstad og Circumferensen er sett i gang. Riksantikvaren har vidare starta arbeidet med konkretisering av dei faktiske verdsarvverdiane, som heng tett saman med oppdraget om å utvikle indikatorar for verdsarven og arbeidet med revidering av forvaltingsplanar. God forvalting av verdsarvområda avheng òg av betre samordning mellom dei sektorane som påverkar utviklinga i områda. Samordninga mellom aktuelle departement og direktorat som er nedfelt i verdsarvpolitikken, er viktig føresetnad i arbeidet.

Oppfølging av autorisasjonsordninga for verdsarvsenter og utvikling av dei fem autoriserte verdsarvsentra i Alta, på Vega, i Geiranger, i Røros bergstad og Circumferensen og på Rjukan-Notodden er prioritert. Plan for det vidare arbeidet med etablering av verdsarvsenter ved dei norske verdsarvstadene blei ferdigstilt våren 2017. Planen vil bli lagt til grunn for prioriteringa av eventuelle ytterlegare autoriseringar av senter avhengig av budsjettføresetnader og andre rammevilkår.

Internasjonalt er kapasitetsbygging under verdsarvkonvensjonen eit viktig innsatsområde. Noreg medverkar i dette arbeidet gjennom ei satsing ved ei seksårig avtale (2016–2021) med IUCN og ICCROM om programsamarbeidet «World Heritage Leadership – a new capacity building programme of ICCROM and IUCN». Frå 2017–2021 er Noreg valt inn i Verdsarvkomiteen som er ansvarleg for den internasjonale gjennomføringa av Konvensjonen for verdens kultur- og naturarv. Det inneber auka internasjonalt engasjement og innsats. Noreg skal medverke til å implementere konvensjonen globalt og bidra til å styrkje det faglege grunnlaget for komiteen sitt arbeid.

Bevaringsprogramma

I omtala av kulturminne og arbeidet med dei ti bevaringsprogramma i statsbudsjettet for 2017 vart det med utgangspunkt i dei fire gjeldande nasjonale miljømåla på kulturminnefeltet

  • Tapet av verneverdige kulturminne skal minimerast

  • Eit prioritert utval automatisk freda og andre arkeologiske kulturminne skal ha eit ordinært vedlikehaldsnivå innan 2020

  • Eit representativt utval kulturminne og kulturmiljø skal vere vedtaksfreda innan 2020

  • Freda bygningar, anlegg og fartøy skal ha eit ordinært vedlikehaldsnivå innan 2020

lagt opp til ein gjennomgang av bevaringsprogramma for å vurdere moglege justeringar i måten arbeidet skjer på innanfor det enkelte programmet. Dette «som følgje av at fleire av dei nasjonale måla synast vanskelege å nå innan 2020». Eventuelle nye nasjonale mål vil inngå i ny stortingsmelding.

Uavhengig av denne prosessen har arbeidet som har vore organisert gjennom dei 10 bevaringsprogramma utgjort den viktigaste satsinga i arbeidet med å nå dei nasjonale måla. Bevaringsprogramma vil framleis vere både viktige innsatsområde og verktøy i arbeidet med å nå dei nasjonale måla for kulturminnepolitikken.

Kulturminnepolitikken og ambisjonsnivået i dei nasjonale miljømåla har vore behandla i Stortinget ved fleire høve dei siste 20 åra.

  • St. meld. nr. 58 (1996–1997) Miljøpolitikk for en bærekraftig utvikling-Dugnad for framtida – Bestilling fra Stortinget om opptrappingsplan

  • St. meld. nr. 16 (2004–2005) Leve med kulturminner – opptrappingsplan (årlige bevilgninger opp 175 mill. kroner – helst ila en fireårs periode)

  • St. meld. nr. 26 (2006–2007) Regjeringens miljøvernpolitikk og rikets miljøtilstand – bevaringsprogrammene

  • St. meld. nr. 35 (2012–2013) Framtid med fotfeste – Kulturminnepolitikken – ambisjoner og nasjonale miljømål videreføres

Kort om dei enkelte bevaringsprogramma – status, utfordringar og kva er oppnådd

  • 1. Freda bygningar i privat eige. Omfatta ca. 3400 objekt. 33 pst. av bygningane har ordinært vedlikehaldsbehov, 28 pst. har moderat behov og 12 pst. har behov for omfattande utbetringar. 27 pst. har ukjent tilstandsgrad. Det er ei betring på til saman 5 % for bygningar med moderate eller store utbetringsbehov frå 2016 til 2017. Frå og med 2017 går alle tilstandsgrader som er eldre enn 10 år over til ukjent tilstand. Dette forklarer auken i delen bygningar med ukjent tilstand og fallet i bygningar med ordinært vedlikehaldsbehov. Riksantikvaren vil saman med fylka halde fram med satsinga på auka tilstandsregistrering i 2019.

  • 2. Fartøy. Ca. 260 verneverdige fartøy inngår i programmet. Av desse er 16 freda etter kulturminnelova. Det er ei utfordring med etterslep som følgje av høg forverringsgrad for fartøya.

  • 3. Samiske bygningar. Her inneheld kulturminnelova ei flytande fredingsgrense, alt eldre enn 100 år er automatisk freda. I perioden 2011–2017 har Klima- og miljødepartementet i samarbeid med Riksantikvaren og Sametinget gjennomført eit registreringsprosjekt. Formålet har vore å få eit samla oversyn over bestanden av desse kulturminna. Verneverdi og tilstandsgrad er vurdert. Det finst omlag 1200 samiske bygningar eldre enn 100 år, men mange av desse vil ikkje ha slike verdiar at dei vil liggje inne i programmet. Gjennom det kartleggingsarbeidet som no ligg føre har kulturminneforvaltinga fått eit godt grunnlag for å prioritere dei viktigaste kulturminna. I oppfølginga av Registreringsprosjektet er det òg sett i gang eit lovarbeid for å erstatte den flytande fredingsgrensa med ei fast aldersbestemt grense. I perioden 2012–2017 har det vore synfaring på ca. 1200 samiske bygningar. Fordeling av tilstandsgrad har vore stabil i denne perioden og meir enn 70 pst. av bygningsmassen er i god eller middels god stand.

  • 4. Mellomalderruinar. Totalt er det registrert 87 lokalitetar med til saman 122 ruinar. Alle desse er automatisk freda etter kulturminnelova, men bevaringsprogrammet er avgrensa til å omfatte 58 av det 87 lokalitetane. Dei fleste konserveringsprosjekta er pågåande arbeid som vil halde fram i fleire år framover. I 2017 vart det arbeidd på 15 ruinar. 25 av ruinane er ferdig konserverte.

  • 5. Verdsarv. Noreg har 82 verdsarvområde på Unescos verdsarvliste, der eitt er ført inn på naturkriterium. Dei ulike verdsarvområda er av svært ulik karakter og omfang og med variasjon i den tekniske tilstanden. Nokre av verdsarvområda inneheld objekt som fagleg fell inn under andre program som f. eks. stavkyrkjer og freda bygningar. Status er at dei fleste stadene har manglar knytte til forvalting og administrasjon. Den uttalte ambisjonen er at dei norske verdsarvstadene skal vere fyrtårn innan kultur- og naturforvalting i Noreg. Dette handlar om at dei skal ha best mogleg tilstand, formelt vern og forvalting. Forvalting inkluderer i denne samanhengen blant anna oppdatert forvaltingsplan, buffersoner, verdsarvkoordinatorfunksjon, verdsarvråd, overvaking mm. Utfordringar knytt til dette programmet er derfor meir samansett enn for dei andre programma, og alternativ innretning på arbeidet med dette innsatsområdet vil bli vurdert.

  • 6. Utvalde arkeologiske kulturminne. Meir enn 100 000 objekt er lagt inn i Riksantikvarens fagdatabase, Askeladden. Ein svært liten del av desse ligg inne i programmet, ca. 450 (omfattar eit større tal lokalitetar). Det er jamn progresjon i programmet og det er i 2017 registrert 363 lokalitetar i Askeladden med ordinært vedlikehaldsnivå som inngår i programmet.

  • 7. Bergkunst. Her er det totalt registrert ca. 1900 lokalitetar som alle er automatisk freda etter kulturminnelova og som alle ligg inne i bevaringsprogrammet. Innanfor programmet er det så langt registrert 402 lokalitetar i Askeladden med ordinært vedlikehaldsnivå og progresjonen er sett på som god.

  • 8. Teknisk/industrielle kulturminne. 15 anlegg er definert som nasjonalt prioriterte anlegg og alle desse inngår i programmet. 11 av desse anlegga er rekna som sette i stand. Gjennom tilskotsposten som er knytt til dette bevaringsprogrammet medverkar Riksantikvaren til at fleire anlegg nærmar seg eit normalt vedlikehaldsnivå, men behova ved fleire av anlegga er framleis store. I tillegg har enkelte anlegg, som tidlegare har fått status som ferdigstilt, fått skadar som medfører at dei likevel har behov for tilskot til istandsetjing. Hovudbildet er at med unntak av to anlegg – Odda og Haldenkanalen – ligg det an til at 2020-målet kan bli nådd.

  • 9. Stavkyrkjer. Det er totalt 28 stavkyrkjer som alle er automatisk freda og inngår i programmet. Istandsetjinga av stavkyrkjene i regi av Stavkyrkjeprogrammet vart avslutta i 2015, med noko mindre arbeid i 2016 og 2017. På grunn av klimaendringane, med større fare for ekstremvêr, er det gjennomført risikovurderingar ved alle stavkyrkjene. Konklusjonane frå desse vurderingane er innarbeidde i vedlikehaldsplanar.

  • 10. Brannsikring tette trehusmiljø og stavkyrkjer. Bevaringsprogrammet har som mål å holde brannsikringa av stavkyrkjene ved like på eit høgt nivå. Samtidig skal rettleiing og tilskot bidra til brannsikring av rundt 180 tette trehusmiljø med gammal verneverdig trehusbusetnad. Om lag 30 tette trehusområde vart betre brannsikra gjennom tilskot i 2017. 20 av 28 stavkyrkjer har fått tilskot og gjennomført større tiltak i 2017. Tryggleiken blir halden på eit generelt høgt nivå ved årleg service av teknisk anlegg i alle dei 28 stavkyrkjene.

Bevaringsprogramma og tilpassinga til nye nasjonale mål og pågåande endringsprosessar:

Arbeidet med forvaltinga av kulturminne organisert i dei 10 bevaringsprogramma kan beskrivast som ei arbeidsform med hovudformål å oppnå ei systematisk heving av bevaringstilstanden til ulike kulturminnekategoriar. I tillegg ligg det òg eit viktig element av fagleg utvikling og kunnskapsoppbygging i bevaringsprogramma. Programma har tydelege mål formulert i relasjon til 2020-årstalet. I arbeidet med nye nasjonale mål er tanken at ein skal frigjera seg frå konkrete årstalsmål. Det er derfor naturleg at òg det vidare arbeidet med bevaringsprogramma blir tilpassa denne endringa. Det er naturleg at arbeidet framover blir innretta mot årsintervall med fleire fasar med mål for kvar tidsperiode. Blant andre døme på tema som kan vurderast nærare kan nemnast:

  • Differensiere mål for ulike delar av bestanden, f. eks. ved å sortere objekt som er i bruk og som er ute av bruk.

  • Leggje større vekt på vilje og evne hos eigaren.

  • Bruk av kriterium knytte til samfunnsnytte, offentleg tilgjenge eller verdiskapingspotensial.

Sjølv om bevaringsprogramma byggjer på ein felles systematikk og har fleire fellesnemnarar, viser gjennomgangen at programma er svært forskjellige. Dette gjeld med omsyn til omfang, fagleg innhald, utfordringar og kva aktørar som er involverte i gjennomføringa av programma. Som del av gjennomgangen som er gjort blir det vurdert omlegging av arbeidsforma for enkelte av programma for at denne skal bli betre tilpassa den aktuelle situasjonen innanfor det enkelte programmet. Det kan vidare vere aktuelt å slå saman enkelte program og det kan òg vere aktuelt å vurdere nye bevaringsprogram for å målrette innsatsen på særskilt viktige innsatsområde.

Som døme kan det vere aktuelt å gjere ei særleg prioritering for arbeidet med automatisk freda, samiske kulturminne. I perioden 2011–2017 er det gjennomført eit registreringsprosjekt som for første gongen har gitt ei samla oversikt over bestanden av desse kulturminna, med kjend verneverdi og tilstandsgrad. Over Riksantikvarens budsjett ble det for 2018 øyremerkt inntil 6,0 mill. kroner for å styrkje oppfølginga av arbeidet med bevaring av automatisk freda samiske bygningar innanfor Bevaringsprogrammet for automatisk freda samiske bygningar.

Riksantikvarens arbeid med førebuing til gjennomføringa av regionreforma vil vere ei sentral oppgåve i 2019 og 2020. Som del av regionreforma skal viktige myndigheits- og ansvarsområde som i dag er tillagt Riksantikvaren, overførast til regionane. Arbeidsmetodikken for bevaringsprogramma er trekt inn i arbeidet med planlegginga av myndigheitsoverføringa der særleg arbeidsmetodikken og ansvarsfordelinga som er nytta gjennom Bevaringsprogrammet for freda bygningar i privat eige, utgjer ein modell med overføringsverdi til andre delar av arbeidet med forvaltinga av kulturminne. På bakgrunn av denne beskrivinga er det naturleg at det arbeidet som er starta med reorienteringa av bevaringsprogramma blir ført vidare og sett i samanheng med dei omtalte prosessane.

Dei justeringane som er aktuelle i oppfølginga av gjennomgangen av bevaringsprogramma må tilpassast dei nye nasjonale miljømåla på kulturminnefeltet som vil komme i den nye stortingsmeldinga og førebuingane til gjennomføringa av regionreforma. Arbeidsformer, prioriteringar m.v. innanfor ramma av dei nasjonale miljømåla er noko som må vurderast fortløpande i lys av utviklinga på feltet. Det er derfor ikkje føremålstenleg å gå meir detaljert inn på dette (i denne samanhengen).

Bygg og Bevar

Prosjektet Bygg og Bevar har gått føre seg sidan 2009, og er eit samarbeid med Byggenæringas landsforeining. Nettportalen er ein god arena for samarbeid mellom det offentlege og dei private eigarane av freda og verneverdige bygningar. Portalen gir blant anna informasjon om handverkarar med riktig kompetanse, produkt- og bransjeinformasjon om materiale og restaurering og riktig energirehabilitering utan at kulturhistoriske verdiar går tapt. Nettportalen er eit viktig bidrag for å betre rammevilkåra for dei private eigarane. I samarbeid med Byggenæringas landsforeining er dette arbeidet ført vidare i ein ny programfase over fem år (2016–2020).

Nærare om budsjettforslaget

Foreslått løyving knytt til programkategorien er i 2019 på om lag 809 mill. kroner på utgiftsida. Dette er ein auke på 26,3 mill. kroner eller 3,4 prosent, samanlikna med saldert budsjett for 2018. I auken inngår 19 mill. kroner til kjøp og bygging av eit formidlingssenter for ruinen av Klemenskyrkja i Trondheim.

Utgifter under programkategori 12.30 fordelte på kapittel

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2017

Saldert budsjett 2018

Forslag 2019

Pst. endr. 18/19

1429

Riksantikvaren

652 383

670 535

692 728

3,3

1432

Norsk kulturminnefond

103 898

112 170

116 320

3,7

Sum kategori 12.30

756 281

782 705

809 048

3,4

Kap. 1429 Riksantikvaren

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2017

Saldert budsjett 2018

Forslag 2019

01

Driftsutgifter

145 894

145 091

148 540

21

Spesielle driftsutgifter

43 958

36 727

37 719

22

Bevaringsoppgåver, kan overførast

15 690

24 133

24 708

50

Tilskot til samisk kulturminnearbeid

3 541

3 516

60

Kulturminnearbeid i kommunane

9 116

15 716

8 600

70

Tilskot til automatisk freda og andre arkeologiske kulturminne, kan overførast

43 587

33 164

52 164

71

Tilskot til freda kulturminne i privat eige, kulturmiljø og kulturlandskap, kan overførast

151 107

152 015

159 015

72

Tilskot til tekniske og industrielle kulturminne, kan overførast

58 210

61 545

58 045

73

Tilskot til bygningar og anlegg frå mellomalderen og brannsikring, kan overførast

48 883

55 952

57 575

74

Tilskot til fartøyvern, kan overførast

65 734

61 883

63 226

75

Tilskot til fartøyvernsenter, kan overførast

16 245

15 757

16 214

77

Tilskot til verdiskapingsarbeid på kulturminneområde, kan overførast

4 926

8 000

8 232

79

Tilskot til verdsarven, kan overførast

45 492

57 036

58 690

Sum kap. 1429

652 383

670 535

692 728

Rolle og oppgåver for Riksantikvaren

Riksantikvaren er direktorat for kulturminneforvalting og Klima- og miljødepartementets rådgivande og utøvande faginstans for forvalting av kulturminne, kulturmiljø og det kulturhistoriske innhaldet i landskapet. Riksantikvaren skal medverke fagleg til departementet sitt arbeid med kulturminneforvalting. Innsats og verkemiddel har i dei siste åra vore særleg knytt til gjennomføring av dei ti bevaringsprogramma for nasjonalt viktige kulturminne, til prosjektet Kunnskapsløftet for kulturminneforvaltinga og til verdiskaping på kulturminneområdet. Riksantikvaren skal i partnarskap med eigarane og næringslivet stimulere til auka verneinnsats og verdiskaping. Direktoratet har òg ein rådgivande funksjon overfor anna offentleg forvalting, allmenta og næringslivet.

I saker der Riksantikvaren utøver mynde etter særlov, skal både kulturminnefaglege og andre samfunnsomsyn leggjast til grunn for avgjerdene. Riksantikvaren har ansvaret for å gjennomføre den statlege kulturminnepolitikken, og har i den samanhengen eit overordna kulturminnefagleg ansvar for arbeidet fylkeskommunane, Sametinget, forvaltingsmusea og Sysselmannen på Svalbard utfører som regionale styresmakter for kulturminne. Tilretteleggings- og stimuleringstiltak skal medverke til at kommunane tek omsyn til kulturminne og kulturmiljø som viktige element og ressursar. Riksantikvaren skal formidle kontakt mellom norske og internasjonale fagmiljø, representere norske styresmakter i relevante internasjonale organ og sjå til at folkerettsleg bindande avtaler om kulturminne og kulturmiljø blir etterlevde.

Post 01 Driftsutgifter

Hovuddelen av løyvinga dekkjer løn og godtgjersler til tilsette, husleige, oppvarming, reinhald, IKT, reiseverksemd, informasjonstiltak og andre driftsutgifter for Riksantikvaren. Posten dekkjer i tillegg kjøp av konsulenttenester til faglege prosjekt og utgreiingar, under dette kostnader knytte til Riksantikvarens drift og oppfølging av elektronisk biletarkiv for miljøforvaltinga. Inntekter knytte til dette blir førte under kap. 4429 post 02 og 09.

Løyvinga på posten kan overskridast mot tilsvarande meirinntekter under kap. 4429, post 02 og 09, jf. forslag til vedtak II.

Rapport 2017

Størsteparten av midlane er lønskostnader. I perioden frå 2010 til 2017 har talet på faste årsverk gått noko ned, mens lønsutbetalingar har auka med rundt 10 pst. Veksten i lønsutbetalingar skuldast pensjonspremie til SPK og mindre refusjonar. I den same tidsperioden har budsjettposten for andre driftsutgifter auka med rundt 5 pst. Dette skuldast blant anna auke i faste lisens- og vedlikehaldsavtaler knytte til utviklinga og drifta av IKT-baserte fagsystem, prisstigning.

Post 21 Spesielle driftsutgifter

Post 21 dekkjer prosjektmidlar til fagleg samarbeid med andre land i samsvar med norske prioriteringar, medlemsutgifter og utgifter knytte til samarbeidsavtaler og utgreiingsarbeid. I 2017 gjaldt dette blant anna kandidering til verdsarvkomiteen. Midlar til det internasjonale kurset i konservering av tre (ICWCT – International Course on Wood Conservation Technology) blir òg dekte over denne posten. Midlane blir elles nytta til kjøp av vedlikehalds- og istandsetjingstenester for bygningar som Riksantikvaren sjølv har eit eigar-/forvaltingsansvar for.

Riksantikvaren kan lyse ut forskings- og utviklingsmidlar innanfor denne potten, og bestiller utgreiingar blant anna på klima- og energifeltet.

Rapport 2017

I 2017 ble 43,9 mill. kroner nytta innan post 21

Aktivitet

Lønn, reise og kompetansemidlar tilknytt prosjekt

8 300

Husleige til Kongsvoll fjellstove

2 900

Kjøp av tenester1

32 700

Sum

43 900

1 Digitalisering, Kunnskapsløftet (avslutta august 2017), Sametingets registreringar av automatisk freda samiske bygningar, konsulentar, forskings- og utviklingsmidlar m.m.

Riksantikvaren utarbeidde i 2015 Fredningsstrategi mot 2020 for kulturminneforvaltningen. Fredingsstrategien viser innanfor kva tema Riksantikvaren i dag manglar freda bygg eller anlegg, det vere seg eksempelvis nasjonale minoritetar, handel eller rekreasjon, fritid og folkehelse. Nye fredingssaker skal vere innanfor dei prioriterte tema, og startast opp i eit avgrensa omfang. Fredingsstrategien angir òg korleis kulturminneforvaltinga skal arbeide effektivt og på lag med eigar i nye fredingssaker. Fredningsstrategien fram mot 2020 angir ti prioriterte tema for nye fredingar, slik at fredingslista vår skal bli meir representativ, både tematisk og geografisk. Betre framdrift i fredingssakene er òg eit viktig tema i strategien. Tala viser at Riksantikvaren har langt betre framdrift i fredingssakene no enn på fleire tiår. Det vart vedteke freding i til saman 25 saker i 2017, og 10 nye fredingssaker er starta opp i tråd med fredingsstrategien. Målrettinga av fredingsarbeidet etter dei føringane som vart lagt i fredingsstrategien gir effektar. Stadig fleire eldre fredingssaker blir sluttførte, og nye fredingssaker starta opp i medhald av strategien. Talet pågåande fredingssaker er i ferd med å komme ned på eit meir handterbart nivå for både fylkeskommunane og Riksantikvaren. Dette gjer at nye fredingssaker blir behandla raskare og betre, noko som er til fordel òg for eigarane.

Med forankring i Fredningsstrategi mot 2020 vart det brukt midlar til fleire prosjekt med mål om å finne fram til eit representativt utval kulturminne blant minoritetane sine kulturminne og grøne kulturminne. Arbeidet held fram i 2018.

I 2017 starta Riksantikvaren opp arbeidet med kvenske/norsk-finske kulturminne jf. Fredingsstrategiens pkt. 2 om nasjonale minoritetar. NIKU utarbeidde i den samanhengen rapporten «Identifisering av potensialområder for funn av kvenske/norsk-finske bygninger, Vestsiden av Lyngenfjorden og indre del av Storfjord». Riksantikvaren ønskjer å få utført ein tilsvarande analyse i 2018 for områda Målselv og Lenvik i Troms.

I høve til Riksantikvarens fredingsstrategi og KLDs tildelingsbrev 2017 vart det i 2017 gjennomført ei evaluering av dei freda kulturmiljøa i Noreg (med unntak av dei statleg eigde). Evalueringa var spissa mot fredingsprosess og forvaltingsregime og fokuserte på fire konkrete eksempel. Evalueringa munna ut i ei rekkje tilrådingar. Tilrådingane er følgde opp i 2018 med to tiltak. Som svar på funna i evalueringa knytt til forvalting skal det blant anna gjennomførast ein fagdag for fylkeskommunar og kommunar med freda kulturmiljø der målet er kompetanseheving, klargjering av forvaltingsnorma for kulturminnelova § 20 og høve til erfaringsutveksling og nettverksbygging.

Som svar på kulturmiljøevalueringa sine funn knytt til prosess blir ei foreslått freding av Henningsvær som kulturmiljø gjennomført som prosjekt. Det skal gjennomførast eit forprosjekt hausten 2018 der målet er at tiltak som allereie er gjennomført i Henningsvær blir summerte opp, og vegen vidare blir planlagt.

I 2017 vart det i prosjektet Statens kulturhistoriske eigedommar freda 21 eigedommar knytte til landsverneplan for Statskog. Riksantikvaren brukte òg noko midlar for oppfølging av arbeidet og prosessen av landsverneplanane i dei departementa som ikkje har ferdigstilt sine landsverneplanar.

Det vart i 2017 sett av ressursar til kjøp av tenester i prosjektet kulturmiljøfreding av Skudeneshavn.

I 2017 har Riksantikvaren køyrt 4 program på miljøovervaking:

  • Status for verneverdige kulturminne i utvalde kommunar

  • Status for tap og skade på automatisk freda kulturminne i utvalde kommunar

  • Kulturlag i utvalde mellomalderbyar

  • Klimaeffektar på freda bygg

I tillegg er det gjennomført forprosjekt og utgreiingar knytt til eit mogleg program for langtidsovervaking av samfunnsnytte i utvalde kulturmiljø.

Post 22 Bevaringsoppgåver, kan overførast

Tunge nasjonale bevaringsoppgåver er det i visse tilfelle verken føremålstenleg eller mogleg å gjennomføre ved å dele ut tilskot til lokale prosjekteigarar. I desse tilfella må Riksantikvaren fungere som prosjekteigar. Sidan dette er prosjekt som i dei fleste tilfella går over fleire år, og det ikkje alltid let seg gjere å anslå det eksakte utbetalingsbehovet kvart enkelt år, er midlane plassert på post 22, der dei kan overførast. Dette gjeld fleire store prosjekt, som brannsikring av stavkyrkjer og grunnvassmåling under Bryggen i Bergen, som er avhengig av fleirårige avtaler med leverandørar.

Spesielt for 2017 vart det sett av 10 mill. kroner til Klemenskyrkja i Trondheim. Midlane skulle brukast til å utarbeide eit formidlingsopplegg knytt til funnet av Klemenskyrkja. Midlane vart løyvde i revidert nasjonalbudsjett for 2017. Midlane blei likevel ikkje brukt i 2017 då utgravinga blei utvida pga. nye uførsette funn. Ferdigstilling av bygget og gjennomføring av delar av formidlingstiltaka blei derfor utsette, og midlane vil bli brukt i 2018 til planlegging av formidlingstiltak i tråd med føremålet.

Rapport 2017

Det har vore god progresjon i utbetringa av brannsikringsanlegg på stavkyrkjene.

Andre område der midlar frå post 22 blir nytta er ruinkonservering, konservering av kyrkjekunst og profane mellomalderbygningar.

Post 50 Tilskot til samisk kulturminnearbeid

Regjeringa og Sametinget er blitt samde om at det frå 2019-budsjettet skal etablerast ei budsjettordning der overføringane til Sametinget over statsbudsjettet i utgangspunktet blir samla på ein budsjettpost under Kommunal- og moderniseringsdepartementets budsjett. Klima- og miljødepartementet foreslår på denne bakgrunnen at 3,6 mill. kroner som i statsbudsjettet 2018 er tildelt Sametingets arbeid med å setje i stand og synleggjere samiske kulturminne og kulturmiljø frå 2019 blir rammeoverført Kommunal- og moderniseringsdepartementets kap. 560 Samisk språk, kultur og samfunnsliv, post 50 Samisk språk, kultur og samfunnsliv

Rapport 2017

Sametinget rapporterer til Kommunal- og moderniseringsdepartementet for denne posten.

Post 60 Kulturminnearbeid i kommunane

Det blir gitt tilskot til kommunar som ønskjer å sette i gang, nyleg har sett i gang eller vil rullere eksisterande kulturminneplan. Tilskot blir òg gitt til kompetansemodellar som styrkjer arbeidet lokalt og regionalt. Dette gjeld samarbeid mellom fylkeskommunar, kommunar, museum og Sametinget. Òg særskilte satsingar i kommunane kan komme inn under tilskotsposten; døme her i 2018 er Murbyen Oslo (2 mill. kroner) og Vikna kommune og det freda fiskeværet Sør-Gjeslingan (5 mill. kroner).

Rapport 2017

  • midlar til byantikvarstillingar i 11 kommunar i perioden 2014 til 2016 og etablert nettverk for «gamle» og nye byantikvarar som møtest to gonger årleg.

  • midlar til kompetansemodellar i kommunar og fylke, til dømes samarbeid mellom fleire kommunar som nyttar felles kompetanse for å lage kulturminneplan eller samarbeid mellom kommunar og museum.

  • oppdatert og forbetra rettleiing overfor kommunane i fleire kanalar3.

  • arrangere Utviklingsnett med relevante tema for kommunane, mellom anna byggesak og formidling4.

Post 70 Tilskot til automatisk freda og andre arkeologiske kulturminne, kan overførast

Posten dekkjer utgifter til arkeologiske undersøkingar ved mindre, private tiltak og når særlege grunnar ligg føre.

Delar av midlane under posten er knytte til bevaringsprogrammet for bergkunst (BERG) og for utvalde, arkeologiske kulturminne og kulturmiljø (BARK).

Posten dekkjer òg tilskot til arkeologiske museum, sjøfartsmuseum og Norsk institutt for kulturminneforsking (NIKU).

Posten er òg nytta til finnarløn.

Posten er styrkt med 19 mill. kroner til Klemenskyrkja, til kjøp av en seksjon og bygging av eit formidlingssenter.

Mål

Medverke til forvalting av og ivaretaking av kunnskapen om automatisk freda og andre arkeologiske kulturminne og kulturmiljø.

Kriterium for måloppnåing

Tiltak retta mot sikring, tilrettelegging og dokumentasjon av automatisk freda og andre arkeologiske kulturminne i bevaringsprogrammet for bergkunst og bevaringsprogrammet for utvalde, arkeologiske kulturminne.

Tiltak retta mot sikring av kunnskap om automatisk freda og andre arkeologiske kulturminne.

Tildelingskriterium

Målgruppa for tilskotet er tredelt:

Ei målgruppe er private tiltakshavarar. Staten dekkjer som hovudregel utgiftene til registreringar og utgravingar av arkeologiske kulturminne i samband med mindre private tiltak og dersom det ligg føre særlege grunnar, jf. kulturminnelova § 10.

Ei anna målgruppe er forvaltarar av arkeologiske kulturminne. Tilskota blir i hovudsak nytta til oppfølging av dei to bevaringsprogramma utvalde arkeologiske kulturminne og kulturmiljø og bergkunst. Midlane blir tildelte etter søknad til Riksantikvaren.

Midlane nyttast og til naudsynt fagleg assistanse til fylkeskommunane og Sametinget i forvaltingssaker. Midlane dekkjer naudsynt fagleg assistanse frå Norsk institutt for kulturminneforsking (NIKU). Midlane skal vidare nyttast til å dekkje utgifter til naudsynte undersøkingar for å sikre det vitskaplege kjeldematerialet og til anna arbeid for å sikre kulturminnet på staden, til hjelp i kulturminnekriminalitetssaker og ved dei arkeologiske forvaltingsmusea. I tillegg skal midlane dekkje saksbehandling og feltundersøkingar ved sjøfartsmusea.

Posten dekkjer òg finnarløn fastsett etter skjønn av Riksantikvaren i medhald av kulturminnelova § 13.

Oppfølging og kontroll

Riksantikvaren skal kontrollere at tiltakshavar oppfyller kriteria for å få tilkjent dekning av utgifter til registreringar og utgravingar. Riksantikvaren overfører midlar til dei arkeologiske forvaltingsmusea og til regional kulturminneforvalting etter framlegging av rekneskap over forskotterte midlar og etter framlagt sluttregnskap.

Forvaltarar av arkeologiske kulturminne leverer sluttrapportar på utført arkeologisk arbeid til Riksantikvaren som kontrollerer at arbeidet er utført i samsvar med dei aktuelle vilkåra. I spesielle tilfelle er det òg aktuelt med kontroll på staden.

Forvaltingsinstitusjonar rapporterer om bruk av tildelte midlar.

Rapport 2017

Det er utført tiltak innan dokumentasjon, skjøtsel og sikring av bergkunstlokalitetar over heile landet i regi av Bevaringsprogrammet for bergkunst (BERG) i 2017. Arbeidet er utført av fylkeskommunane, Sametinget og dei arkeologiske forvaltingsmusea, ofte i samarbeid med lokale krefter. Gjennom tilskot i 2017 er det sett i verk nye tiltak innan skjøtsel og tilrettelegging på 129 bergkunstlokaliteter, og det går føre seg arbeid med mange prosjekt som er vidareførte frå tidlegare år.

Det er òg utført metodeutvikling innan dokumentasjon og formidling, og nettverkstiltak som konserveringsworkshop og dokumentasjonsworkshop med programpartnarar i 2017.

Totalt er det gitt 7,2 mill. kroner i tilskot til nye tiltak innanfor BERG i 2017, og det blei utbetalt 5,5 mill. kroner (post 70). Resten av tiltaka held fram i 2018.

Tabell 7.13 Bevaringsprogrammet for bergkunst (BERG)

Bergkunst i Askeladden

Tal lokalitetar

Kommentar

Bergkunstlokalitetar totalt

1 947

Status pr. 20.03.18 for automatisk freda lokalitetar

Enkeltminne bergkunst totalt

2 920

Status pr. 20.03.18 for automatisk freda lokalitetar

Nye skjøtselstiltak i 2017

129

Tilskot 2017

Nye tilretteleggingstiltak i 2017

7

Tilskot 2017

Nye dokumentasjonstiltak i 2017

27

Tilskot 2017

Tilfredsstillande bevarings/ vedlikehaldsnivå

402

Rapportert totalt i programmet

Tilrettelagt for publikum med tilfredsstillande bevarings-/ vedlikehaldsnivå

77

Rapportert totalt i programmet

I løpet av 2017 er det gjennomført skjøtsel og tilrettelegging for publikum i regi av Bevaringsprogrammet for utvalde, arkeologiske kulturminne og kulturmiljø (BARK) over heile landet, noko som omfattar 56 lokalitetar i Askeladden.

Eit BARK-prosjekt (tilretteleggingsobjekt) omfattar i dei fleste tilfelle ei gruppe kulturminne som utgjer ein samanheng. Fleire lokalitetar i Askeladden kan derfor inngå i eit prosjekt i BARK. I 2017 vart det sett i gang skjøtsels- og tilretteleggingstiltak i 28 slike BARK-prosjekt. Parallelt går det føre seg arbeid med ei rekkje prosjekt som er sette i gang frå tidlegare år. Arbeidet blir utført av fylkeskommunar og Sametinget i samarbeid med kommunane og andre lokale krefter. Så langt i programmet er 78 slike tilretteleggingsprosjekt ferdigstilte.

Nettverkstiltak er viktig for å nå måla i programmet og det blei gjennomført eit skjøtselsseminar for fylkeskommunane i 2017

Totalt vart det gitt 3,0 mill. kroner i tilskot til tiltak innanfor BARK i 2017, og det blei utbetalt 2,3 mill. kroner. Andre tiltak held fram i 2018.

Tabell 7.14 Bevaringsprogrammet for utvalde, arkeologiske kulturminne og kulturmiljø (BARK)

Skjøtsel og tilretteleggingstiltak

BARK objekt og kommunar

Kommentar

Tal på objekt der det vart sett i gang tiltak 2017

28 (56 lokalitetar)

Tilskot 2017

Tal på ferdigstilte objekt totalt

78

I perioden 2012–2017

Tal kommunar der det er utført eller går føre seg BARK-tiltak

144 kommunar

I perioden 2012–2017

Det er gjennomført ei rekkje arkeologiske undersøkingar i 2017 knytt til ordninga der staten dekkjer utgifter til arkeologiske undersøkingar i samband med mindre, private tiltak, og dersom det ligg føre særlege grunnar. I samband med utgravinga av Klemenskyrkja i Trondheim er det gitt tilskot på til saman 27,6 mill. kroner fordi det ligg føre særlege grunner til at Staten skal dekkje utgiftene til dei arkeologiske undersøkingane.

Midlar frå posten er i 2017 blant anna òg brukt til å dekkje innsamling og registrering av eit depotfunn frå bronsealder i Trøndelag, oppretting av ein bautastein på Tjøtta i Troms, kartlegging av skadde buplassar frå steinalderen i Finnmark, og dokumentasjon av eit skipsvrak frå mellomalderen ved Avaldsnes i Rogaland.

Tabell 7.15 Tiltak til automatisk freda og andre arkeologiske kulturminne 2017

Tiltak

Tal på saker

Tilskot (i 1 000 kr)

Merknader

Mindre private tiltak. Direkte tilskot frå RA

30

12 975

Midlane blir betalte ut til den institusjonen som gjennomfører utgravinga

Mindre, private tiltak. Tilskot til fylka i samband med prøveprosjekt med delegert mynde.

972

Særlege grunnar. Direkte tilskot frå RA

8

32 155

Sikring av arkeologiske kulturminne og vitskapleg kjeldemateriale

4 865

Andre prioriterte myndigheitsoppgåver ved dei arkeologiske forvaltingsmusea

5

1 068

Saksbehandling ved sjøfartsmusea

5

6 200

Finnarløn

0

0

Bevaringsprogrammet for bergkunst (BERG)

5 500

Sjå ovanfor

Bevaringsprogrammet for utvalte arkeologiske kulturminne og kulturmiljø (BARK)

2 300

Sjå ovanfor

Sum

66 035

Post 71 Tilskot til freda kulturminne i privat eige og kulturmiljø og kulturlandskap, kan overførast

Midlane på posten går i hovudsak til bevaringsprogrammet freda bygningar i privat eige. Kulturmiljø, kystkultur og kulturlandskap får òg tilskot frå posten.

Mål

Freda og andre særleg verdifulle kulturminne, kulturmiljø og kulturlandskap i privat eige skal vere sette i stand til ordinært vedlikehaldsnivå innan 2020.

Kriterium for måloppnåing

  • Tiltak retta mot freda bygningar og anlegg i privat eige.

  • Tiltak retta mot freda eller spesielt verneverdige kulturminne og kulturmiljø langs kysten.

  • Tiltak retta mot freda kulturmiljø og andre særleg verdifulle kulturmiljø og landskap.

Tildelingskriterium

Målgruppa er private eigarar og forvaltarar av bygningar, anlegg, kulturmiljø og landskap som er vedtaksfreda, automatisk freda, mellombels freda eller der fredingssak er under behandling. Tilskot skal dekkje meirutgifter, heilt eller delvis, i samband med antikvarisk sikring, istandsetjing, vedlikehald og skjøtsel av freda kulturminne og kulturmiljø, i samsvar med fredingsføremålet. Følgjande prioriteringar gjeld: tiltak som stansar og hindrar ytterlegare forfall, mellombels sikring og tiltak som sikrar bygningar og anlegg det finst få av.

Andre målgrupper er private eigarar og forvaltarar av freda kulturminne og kulturmiljø som er typiske for liv og verksemd langs kysten. Tilskota blir fordelte på grunnlag av følgjande prioriteringar: tiltak som stansar og hindrar ytterlegare forfall, mellombels sikring og tiltak som sikrar kulturminne og kulturmiljø som det finst få av. I arbeidet med kystkulturen skal det i særleg grad leggjast til rette for at kulturminne og kulturmiljø kan medverke til å skape attraktive lokalsamfunn.

Ei anna viktig målgruppe er private eigarar og forvaltarar, i første rekkje knytt til dei ti freda kulturmiljøa, men òg til andre særleg verdifulle kulturmiljø og landskap. Tilskota skal primært tildelast tiltak som er forankra i forvaltings- og skjøtselsplanar.

Styrkinga til samisk bygningsvern er ført vidare i 2019 med ei øyremerking på inntil 6 mill. kroner.

Oppfølging og kontroll

Tilskotsmottakaren skal levere sluttrapportar på utført arbeid til fylkeskommunen/Sametinget som skal sjå til at arbeidet er utført i samsvar med dei vilkåra som er sette. Fylkeskommunen/Sametinget skal rapportere til Riksantikvaren.

Når det gjeld den siste målgruppa og tilskot til dei ni freda kulturmiljøa og til andre særleg verdifulle kulturmiljø og landskap, skal tilskotsmottakaren levere sluttrapportar på utført arbeid til Riksantikvaren som skal sjå til at arbeida blir utførte i samsvar med dei aktuelle vilkåra. Fagleg oppfølgingsansvar kan leggjast til fylkeskommunen/Sametinget.

I spesielle tilfelle er det òg aktuelt med kontroll på staden.

Rapport 2017

I 2017 vart det brukt 148,4 mill. kroner i bevaringsprogrammet for freda bygningar i privat eige. Hovuddelen av posten blei fordelt til fylkeskommunar som vil setje i gang eit utval prioriterte prosjekt. På den måten vil midlane blir meir konsentrerte, slik at fleire prosjekt blir avslutta, og effekten av den offentlege innsatsen blir tydelegare. I alt vart det gitt tilskot til 407 søkjarar frå fylkeskommunane og Riksantikvaren i 2017. I 2017 vart det innført at tilstandsregistreringer eldre enn 10 år skulle sjåast på som ukjent tilstand (TG 9). Det har ført til at heile 27,3 pst. av den freda bygningsmassen i privat eige har ukjent tilstand. I tillegg er det mange registreringar som tek til å bli gamle og derfor usikre. I 2017 vart det frå Riksantikvarens side oppretta ei tilskotsordning på 2 mill. kroner, der fylka kunne søkje om støtte til oppdatering av tilstandsregistreringar som hadde ukjent tilstand eller ei tilstandsregistrering som var eldre enn sju år. Enkelte fylke nytta dette høvet godt, mens responsen frå andre var dårlegare. Riksantikvarens mål er at ukjent tilstandsgrad skal reduserast til maks 3 pst. i løpet av sommaren 2019. For å få til dette er tilskotsordninga for tilstandsregistreringar auka til 5 mill. kroner i 2018. 2,2 mill. kroner blei overført til Sametinget for sikring og istandsetjing av eit mindre utval samiske bygningar. Frå heile registreringsperioden kom talet på registrerte bygningar opp i ca. 1100 i 2017, mens ca. 900 av desse er registrerte som automatisk freda og inngår i bevaringsprogrammet. Til no er 468 av dei samiske bygningane registrerte i Askeladden.

Post 72 Tilskot til tekniske og industrielle kulturminne, kan overførast

Posten er redusert med 3,5 mill. kroner i 2019.

Mål

Formålet er å ivareta tekniske og industrielle kulturminne som viser Noregs utvikling som industrinasjon.

Målgruppa er eigarar og forvaltarar av tekniske og industrielle kulturminne, men òg brukarar og samfunnet elles.

Gjennom bevaringsprogrammet for tekniske og industrielle kulturminne har Stortinget prioritert 15 anlegg som representerer delar av Noregs industrihistorie. Målet med bevaringsprogrammet er å setje i stand og vedlikehalde dei prioriterte tekniske og industrielle anlegga. Med dette er meint normalt vedlikehaldsnivå innanfor eit definert omfang. Av dei 15 anlegga i bevaringsprogrammet har 11 anlegg status som «ferdigstilt». Med ferdigstilt er meint at anlegget er sett i stand til eit normalt vedlikehaldsnivå.

Ferdigstilt må i denne samanhengen ikkje forståast som «ferdig» eller «sluttført». Tekniske og industrielle kulturminne vil òg etter at dei har oppnådd eit normalt vedlikehaldsnivå ha behov for tilskot til fortløpande vedlikehald og istandsetjing.

Kriterium for måloppnåing

Tilskotet skal medverke til å sikre, og halde ved lag eller betre tilstandsgraden for tekniske og industrielle kulturminne.

Måloppnåing i bevaringsprogrammet

Anlegga skal vere sette i stand og ha eit normalt vedlikehaldsnivå med minimum tilstandsgrad 2 i eksteriør.

Interiør/maskinpark skal vere sett i stand og ha eit normalt vedlikehaldsnivå der dette er vurdert som ein del av anlegget sitt omfang. Dette må ikkje forvekslast med drift eller produksjon, men inngår som ein del av det fortløpande vedlikehaldet av anlegga.

Anlegga er sjølve ansvarleg for å oppdatere objekta sin tilstandsgrad gjennom årleg revisjon av verksemdsplanen.

Verksemdsplan

Verksemdsplanar tek for seg anlegga sine behov for sikring, istandsetjing, og vedlikehald. Planane blir oppdaterte årleg, og skal gi forvaltinga og anlegga ei felles forståing av behov fram mot måloppnåing.

Som ein del av grunnlaget for å kunne vurdere måloppnåinga i bevaringsprogrammet skal Riksantikvaren ha kunnskap om kva anlegg som har gjennomført risikovurdering knytt opp mot brann, klima/miljø/naturskadar. Dette skal gå fram av verksemdsplanane.

Tildelingskriterium

Ikkjestatlege eigarar og forvaltarar av tekniske og industrielle kulturminne kan søkje om tilskot. Frist for innsending av søknad om tilskot frå statsbudsjettet 2019 er 1. november 2018.

Riksantikvaren fordeler midlane på posten etter søknad til konkrete tiltak innanfor sikring, istandsetjing og vedlikehald av tekniske og industrielle kulturminne. Anlegga i bevaringsprogrammet skal prioriterast. Det kan og bli løyvd midlar til andre anlegg som representerer og dokumenterer Noregs tekniske og industrielle historie. Riksantikvaren kan sjølv prioritere og initiere andre oppgåver og tiltak.

Sektorprinsippet skal liggje til grunn, og det skal følgjeleg ikkje givast tilskot til kulturminne i statleg eige. Det skal heller ikkje givast tilskot til museal drift og/eller verksemd.

Ved fordeling av tilskot skal Riksantikvaren prioritere:

  • Tiltak som stansar og hindrar ytterlegare forfall, og tiltak som er naudsynte for å fullføre pågåande arbeid med istandsetjing og vedlikehald som er sett i gang med tilskot frå Riksantikvaren.

  • Tilskot til forvalting, drift og vedlikehald av anlegga i bevaringsprogrammet

  • Tiltak som i første omgang sikrar måloppnåing i bevaringsprogrammet, og deretter for heile tilskotsposten

  • Tiltak knytt til bevaring gjennom dokumentasjon

  • Tiltak som inneber moglegheitsstudiar

  • Tiltak som inneber kulturminne- og tilstandsregistrering av objekt utanfor bevaringsprogrammet.

Vidare må Riksantikvaren:

  • Vurdere realismen i prosjektet si praktiske og økonomiske gjennomføring

  • Leggje vekt på om prosjektet har andre økonomiske bidragsytarar, og eigaren si eigenfinansiering og -innsats

Tiltak det blir gitt tilskot til skal gjennomførast etter antikvariske retningslinjer og i samsvar med andre retningslinjer frå Riksantikvaren.

Forvalting, drift og vedlikehald

Til anlegga i bevaringsprogrammet skal det prioriterast tilskot til forvalting, drift og vedlikehald (FDV). Tilskot til FDV skal medverke til å oppretthalde anlegga sine kompetanse og betre anlegga sin tilstandsgrad. Innanfor rammene av dette kan tilskotet dekkje kostnader som er naudsynte for at bygg, eksisterande tekniske system og installasjonar skal fungere.

FDV-stillingar som får tilskot til løn frå Riksantikvaren skal primært følgje opp vedlikehald og istandsetjing av dei objekta som inngår i Riksantikvaren sitt bevaringsprogram. Berre ein mindre del av tilskotet til løn kan nyttast til eigenadministrasjon.

Desse postane skal ikkje prioriterast ved tilskot:

  • Trygding

  • Telefon/internett

  • Husleige

  • Kommunale skattar, avgifter og renovasjon

  • Snørydding, klipping av gras og anna ordinær utomhus skjøtsel

  • Oppvarming i publikumsareal utover frostsikring

  • Vakthald

  • Museal verksemd og formidling

  • Drivstoff, drift og vedlikehald av bilar og større verktøy, der det ikkje er avtalt særskilt med Riksantikvaren

  • Nye stillingar, unntaket er der det er kompetanseoverføring/lærlingar/leigd hjelp

Oppfølging og kontroll

Tilskotsmottakaren skal levere sluttrapportar på utført arbeid til Riksantikvaren som ser til at arbeida er utførte i samsvar med dei aktuelle vilkåra. Meir detaljert informasjon om rapporteringskrava blir gitt i dei enkelte tilskotsbreva. Kontrollen av tilskotsmottakaren skjer gjennom generell formalia- og sannsynskontroll av rekneskap og innsende rapportar. Oppfølging på staden er særleg aktuelt og viktig for å sikre at arbeidet vert utført i samsvar med økonomireglementet for staten og antikvariske retningslinjer.

Særskilt oppfølging i 2018 og 2019

Bevaringsprogrammet for tekniske og industrielle kulturminne vart oppretta for å medverke til å nå dei nasjonale måla (2020-målet). Frå 2020 trer den nye regionreforma i kraft. Som ein del av denne skal etter planen tilskotsforvaltinga for post 72 overførast til dei nye regionane. På bakgrunn av dette skal Riksantikvaren gjennomføre ei evaluering av tilskotsordninga for bevaringsprogrammet for tekniske og industrielle kulturminne.

Anlegga i bevaringsprogrammet er i hovudsak organiserte som museum og fleire av desse får støtte til museumsverksemda frå Kulturdepartementet. Riksantikvaren skal, etter initiativ frå Klima- og miljødepartementet, gå i dialog med Kulturdepartementet for å definere og gjere tydeleg grensegangen og ansvarsforholda mellom dei to departementa sine tilskotsordningar. Ein viser til den gjeldande samarbeidsavtala som bl.a. er omtalt i Prop 1S (1996/ 1997). Dette vil både vere viktig som ein del av evalueringa av dagens tilskotsordning, men òg som ei førebuing før overføring av ansvar til regionane frå 2020.

Rapport 2017

I 2017 omfatta bevaringsprogrammet for tekniske og industrielle kulturminne 15 prioriterte anlegg. Det vart gitt 58,2 mill. kroner til istandsetjing, forvalting, drift og vedlikehald av dei 15 anlegga i bevaringsprogrammet tekniske og industrielle kulturminne. Mesteparten av tilskot til FDV gjekk til tilskot til lønn for å sikre kompetansen på anlegga. På grunn av statleg eigarskap og sektorprinsippet fekk Tyssedal kraftverk berre tilskot til Forvalting Drift og Vedlikehald (FDV)- lønn i 6 månader i 2017.

Tilskotsfordelinga til bevaringsprogrammet har fram til i dag hatt ein positiv effekt for å nå målsetjinga om normalt vedlikehaldsnivå.

I 2017 fikk Atlungstad Brenneri status ferdigstilt, og ved utgangen av 2017 hadde 11 av 15 anlegg status som ferdigstilt. Samtidig er det tydeleg at behova ved fleire av anlegga er langt større enn det som kan dekkjast ved ei rein framskriving av tilskotsposten, under dette Rjukan-banen, Odda smelteverk og Haldenkanalen.

Riksantikvaren har i 2017 utarbeidd verksemdsplanar for anlegga i bevaringsprogrammet. Planane tek for seg anlegga sine resterande behov for sikring, istandsetjing, og vedlikehald. Verksemdsplanane viser at det i 2017 har blitt avdekt og/eller oppstått nye behov som tidlegare ikkje var kjende ved fleire av anlegga. Planane blir oppdaterte årleg, og skal gi forvaltinga og anlegga ei felles forståing av behov fram mot måloppnåing.

Fagseminar

For å styrkje kompetansen innan forvalting, drift og vedlikehald, og medverke til nettverksbygging, samarbeid og auka kunnskap omkring denne typen kulturminne, arrangerer Riksantikvaren eit årleg fagseminar for dei prioriterte anlegga. Fagseminaret blir arrangert i samarbeid med anlegga i bevaringsprogrammet og fylkeskommunane. Det er ei målsetjing at dette forumet blir ført vidare og utvikla.

I 2017 vart Riksantikvaren sitt fagseminar gjennomført på Salhus, og eit nytt fagseminar for 2018 er under planlegging i samarbeid med Fetsund Lenser, Haldenkanalen og fylkeskommunane.

Tabell 7.16 Tilskot til tekniske og industrielle kulturminne 2017

Anlegg

Innskrive

Status

Tilskot overført frå 2016 til 2017

Tilskot (istandsetjing)

FDV

Odda smelteverk

2013

Ikkje sett i stand

414 520

5 146 728

1 426 763

Tyssedal kraftverk

1997

Sett i stand

276 598

Sjølingstad Uldvarefabrik

1997

Sett i stand

1 859 060

2 818 427

Salhus Tricotagefabrik

1997

Sett i stand

497 128

2 565 273

Bredalsholmen Dokk

2015

Ikkje sett i stand

655 634

2 121 884

1 192 762

Kistefos Træsliberi

2002

Sett i stand

160 000

1 166 625

Spillum Dampsag og Høvleri

1997

Sett i stand

2 211 046

Atlungstad Brenneri

2013

Sett i stand

706 078

2 411 206

1 534 507

Neptun Sildoljefabrik

1997

Sett i stand

1 242 500

1 686 217

Rjukanbanen

2011

Ikkje sett i stand

30 281

6 046 898

2 734 448

Haldenkanalen

2013

Ikkje sett i stand

1 999 840

1 241 896

Næs jernverksmuseum

1997

Sett i stand

181 248

1 408 771

Folldal gruver

2002

Sett i stand

1 399 040

2 971 405

Klevfos Cellulose- og Papirfabrik

1997

Sett i stand

1 152 885

1 191 434

Fetsund Lenser

1997

Sett i stand

942 260

3 301 501

Andre tilskuddsmottakere fra posten

Gamle Vossebanen

500 000

Vigsnes Gruver

1 503 9371

Gloster Gladiator

654 400 (kr. 25 000 overført frå 2016)

Nes gardssag

100 000

Pettersons fabrikker

150 000

Sulitjelma gruver

232 980

Thamshavnbanen

183 000

1 Restmidlar utbetalt i 2017. Gitt som øyremerkte midlar i statsbudsjettet 2016.

Post 73 Tilskot til bygningar og anlegg frå mellomalderen og brannsikring, kan overførast

Tilskotsordninga er knytt til dei fire bevaringsprogramma restaurering av stavkyrkjer, konservering av mellomalderruinar, istandsetjing av freda bygningar i privat eige, og brannsikring av stavkyrkjer og tette trehusmiljø.

Mål

Restaurering av dei 28 stavkyrkjene blei ferdigstilt i 2015 slik at dei no har oppnådd eit ordinært vedlikehaldsnivå. Frå 2016 vil fortløpande vedlikehald og tjørebreiing av stavkyrkjene bli prioritert. Prioriterte ruinar og profane bygningar frå mellomalderen skal ha eit ordinært vedlikehaldsnivå innan 2020. Bevaringsprogrammet for brannsikring har som mål at branntilløp og brann i stavkyrkjer, og brannspreiing mellom hus i tette trehusmiljø, skal unngåast.

Kriterium for måloppnåing

  • Tiltak retta mot stavkyrkjer, profane bygningar og prioriterte ruinar frå mellomalderen, og opplysningar om tilstandane til desse kulturminna.

  • Brannsikringstiltak i stavkyrkjer og tette trehusmiljø.

  • Eventuell brann eller branntilløp i stavkyrkjer og om tilfelle av brannspreiing mellom hus i tette trehusmiljø.

Tildelingskriterium

Målgruppa er eigarar og forvaltarar av automatisk freda bygningar og anlegg frå mellomalderen og eigarar av utvalde tette trehusmiljø. Midlane skal gå til vern, sikring og beredskapsarbeid. Dette inkluderer brannsikringstiltak, vedlikehaldsprogram for stavkyrkjene og sikring av verdifull kyrkjekunst i desse kyrkjene. Det skal òg ytast tilskot til sikrings- og restaureringstiltak på mellomalderbygningar og mellomalderruinar. Det blir lagt vekt på prosjekt som har overføringsverdi når det gjeld brannsikring av andre verdifulle kulturminne og kulturmiljø.

Istandsetjingstiltak skal gjennomførast etter antikvariske retningslinjer og i samsvar med eventuelle andre retningslinjer frå Riksantikvaren. Riksantikvaren kan sjølv prioritere og initiere oppgåver og tiltak på særleg viktige prosjekt.

I medhald av St.meld. nr. 26 (2006–2007) Regjeringens miljøpolitikk og rikets miljøtilstand skal 45 av ruinane, inkludert dei 12–15 største anlegga, takast vare på. Vidare skal ruinar som engasjerer lokalmiljøet prioriterast.

Oppfølging og kontroll

Tilskotsmottakar må levere sluttrapport på utført arbeid til Riksantikvaren. Rapporten må òg innehalde ein økonomisk rapport. Meir detaljert informasjon om rapporteringskrav blir gitt i dei enkelte tilskotsbreva. Riksantikvaren kontrollerer at arbeida blir utførte i samsvar med dei vilkåra som er sette. Kontroll på staden er òg aktuelt.

Rapport 2017

Gjennom bevaringsprogrammet for ruinar er det utført konserveringsarbeid på 15 ruinanlegg i 2017. Dei største arbeida er gjort på Steinvikholm og Tautra i Nord-Trøndelag, Holla kyrkjeruin i Telemark og Selje kloster og helgenanlegg i Sogn og Fjordane. Det vart brukt 10,7 mill. kroner til bevaringsprogrammet for ruinar (ruinprosjektet) i 2017. I tillegg til konservering, blir det arbeidd med forskings- og utviklingsoppgåver, skjøtsel, informasjon, formidling og kompetanseutvikling, skjøtsel av murane og området omkring, skilting og tilrettelegging.

Overordna for FOU-oppgåvene er supplering og forbetring av datagrunnlaget i Askeladden. Undersøking av ruinområda med geofysiske metodar (georadar) og oppmåling er derfor viktige oppgåver.

Stavkyrkjeprogrammet vart formelt avslutta i 2015, men det er noko etterarbeid, for å sikre god vidare forvalting av denne unike bygningsgruppa. I 2017 vart vedlikehaldsplanane for kyrkjene ferdigstilte. På bakgrunn av klimaendringane, med større fare for ekstremvêr, er det gjennomført risikovurderingar for stavkyrkjene. Konklusjonane frå desse vurderingane er innarbeidde i vedlikehaldsplanen for kvar einskilt kyrkje.

I 2017 vart det arrangert ein konferanse der temaet var forsking, kunnskapsbehov og formidling knytt til stavkyrkjene og dei andre norske mellomalderkyrkjene.

Tilskot til hus frå mellomalderen blir òg tildelt frå denne posten. 252 mellomalderbygningar inngår i Bevaringsprogrammet for freda bygningar i privat eige. For desse er Riksantikvaren forvaltingsansvarleg.

Tilstandsfordelinga for mellomalderbygningane er ved utgangen av 2017 at 33 pst. er i god stand, 52 pst. har moderate istandsetjingsbehov og 15 pst. trenger omfattande istandsetjing.

Det vart i 2017 gitt tilsegn om tilskot til 20 bygningar med eit samla tilskotsbeløp på 7 mill. kroner. Arbeida spenner frå større utbetringar av lafteverk til tradisjonell taktekking og refundamentering.

Til brannsikring av stavkyrkjene vart det i 2017 fordelt 18,2 mill. kroner frå post 73. I tillegg er det brukt 10,5 mill. kroner frå post 22.

20 av 28 stavkyrkjer har fått tilskot og gjennomført større tiltak i 2017. Det er utført storkontroll og vedlikehald av sprinkleranlegg ved ei rekkje kyrkjer. To stavkyrkjer har fått fornya sløkkeanlegg. Videoovervaking, sikring av nærståande nabobygningar og brannskalsikring er andre prioriterte tiltak. I tillegg hjelper Riksantikvaren eigarane av stavkyrkja med kontinuerleg å oppretthalde og drive kyrkjene sine sikringssystem. Det står framleis att ein del tyngre vedlikehald og utvida tryggleik ved stavkyrkjene.

For å sikre verdifulle tette trehusmiljø inngår Riksantikvarens tilskotsordning som ei delfinansiering av tekniske brannsikringstiltak for å redusere risikoen for større områdebrannar/bybrannar.

Det vart fordelt 8,6 mill. kroner frå post 73 til ca. 30 tette trehusmiljø i 2017. Det blir gitt tilskot til brannsikringsplanar, branndeteksjon og sløkketekniske tiltak som brannslangepostar mm.

Riksantikvaren prioriterte i 2017 òg tilskot til område som ligg vanskeleg tilgjengeleg eller langt unna næraste brannvesen.

Post 74 Tilskot til fartøyvern, kan overførast

Midlane på posten går til bevaringsprogrammet for fartøy.

Bevaringsprogrammet for fartøy har som mål å sikre at fartøy som er freda og eit representativt utval fartøy som har avtale med Riksantikvaren om vern har eit normalt vedlikehaldsnivå innan 2020.

Målet med ordninga:

Målet med tilskotsordninga er å sikre, setje i stand og ta vare på freda fartøy og eit utval av fartøy som er tildelt status som verna skip, der eigar skriftleg har akseptert å følgje Riksantikvaren sine antikvariske retningsliner. I denne samanhengen skal «sikre» forståast som å sikre mot tap og «ta vare på» som å haldast i operativ stand.

Kriterium for måloppnåing

  • At fartøy blir sikra mot tap

  • At fartøy blir haldne i operativ stand

  • At fartøy oppnår forbetra tilstandsgrad

  • At fartøy beheld sertifikata

Tildelingskriterium

Målgruppa er eigarar og forvaltarar av freda fartøy og fartøy der det er inngått avtale mellom Riksantikvaren og fartøyeigar om status som verna skip.

Frist for innsending av søknad om tilskot frå statsbudsjettet 2019 er 1. november 2018.

Riksantikvaren fordeler midlane etter søknad til konkrete restaurerings-, istandsetjings og vedlikehaldsarbeid. Riksantikvaren kan på eige initiativ prioritere og initiere oppgåver og tiltak. Eit grunntilskot til Norsk Foreining for Fartøyvern blir tildelt frå denne posten, etter søknad frå foreininga.

Tilskot til tiltak innan sikring, istandsetjing og ivaretaking skal tildelast etter ei vurdering av følgjande:

  • Fartøyeigar sin frivillige innsats, og realismen i den praktiske og økonomiske gjennomføringa av prosjektet det er søkt om.

  • Fartøyet sin verneverdi og representativitet

  • Om fartøyet har kjent tilstandsgrad, om det føreligg det ein teknisk-historisk dokumentasjonsrapport, eventuelt restaureringsplanen. Det må føreligge naudsynt dokumentasjon til at prosjektet kan ta tilstrekkelege antikvariske omsyn for tiltaka det søkjast tilskot til.

  • Fartøyeigar sitt bidrag til formidling av fartøyet

  • Andre bidragsytarar, lokalt, regionalt og nasjonalt

  • Risikoen for lågare tilstandsgrad, eventuelt tap av fartøyet

Tiltak det blir gjeve tilskot til skal gjennomførast etter antikvariske retningslinjer og i samsvar med andre retningsliner frå Riksantikvaren. For å sikre ei kostnadseffektiv gjennomføring av vedlikehalds- og istandsetjingstiltak, skal Riksantikvaren prioritere fartøy med kjent tilstand, restaureringsplan og ein teknisk-historisk dokumentasjonsrapport.

Oppfølging og kontroll

Tilskotsmottakar skal levere sluttrapport på utført arbeid som det er gitt tilskot til. Rapporten skal òg omfatte ein økonomisk rapport til Riksantikvaren. Meir detaljert informasjon om rapporteringskrava blir gjeve i tilskotsbreva. Riksantikvaren skal kontrollere at arbeida blir utførte i samsvar med vilkåra som er sette i tilskotsbreva. Oppfølging på staden er særleg aktuelt og viktig for å sikre at arbeidet vert utført i samsvar med økonomireglementet for staten og antikvariske retningslinjer.

Rapport 2017

Mål

Bevaringsprogrammet for fartøy har som mål at eit representativt utval fartøy som er freda eller har avtale om vern med Riksantikvaren skal ha et normalt vedlikehaldsnivå innan 2020. Ein tilstand av normalt vedlikehaldsbehov må ikkje forvekslast med at arbeidet er sluttført. Eit fartøy som er ferdig restaurert vil ha en situasjon av «normalt vedlikehald» i frå tre til syv år. Dette strekast under i Prop. 1 S (2012–2013).

Status og resultat

Ved utgangen av 2017 var det om lag 260 fartøy på vernelista. Av desse er 15 freda. I 2017 er det gjeve tilskot til totalt seks SAVOS-fylke og ein SAVOS-kommune; Aust-Agder, Hordaland, Møre og Romsdal, Nord-Trøndelag, Rogaland, Sogn og Fjordane og Bremanger kommune. Det er gjeve tilskot til tiltak på 76 fartøy.

Post 75 Tilskot til fartøyvernsenter, kan overførast

Midlane frå post 75 skal gå til fellestenester ved fartøyvernsentra i Noreg. Frist for søknad om tilskot frå post 75 frå statsbudsjettet 2019 er 1. oktober 2018. Fartøyvernsentra får midlar til fellestenester over post 75. Tilskot frå posten skal prioriterast og fordelast av Riksantikvaren etter vurdering av fartøyvernsentra sine søknader. Søknadene skal innehalde framlegg til budsjett og disponering av tid og kostnader knytt til gjennomføring av oppgåver innan fellestenestene, samt eventuelle investeringar i anlegg og utstyr. Det er ikkje eit krav at midlane blir fordelte likt mellom dei tre sentra.

Målet for ordninga

Fartøyvernet i Noreg følgjer prinsippet om vern gjennom bruk. Dette medfører at fartøya må haldast operative, slik at dei i størst mogleg grad kan vere tilgjengelege for publikum.

Føremålet med dei tre fartøyvernsentra er at kunnskap knytt til handverk innan istandsetjing og vedlikehald av fartøy blir bevart i eit langsiktig perspektiv. Dette skal skje gjennom utøving av fellestenester. Og kunnskapen dei vinn skal dokumenterast og mellom anna gjerast tilgjengeleg for forvaltinga, fartøyeigarar, andre verft/båtbyggjeri og andre aktørar i fartøyvernet. Tilskot frå post 75 skal sikre at dei tre fartøyvernsentra kan utføre fellestenester uavhengig av økonomiske konjunkturar i samfunnet.

Riksantikvaren gjennomførte og leverte i 2018 ei evaluering av ordninga med fartøyvernsentra og denne tilskotsposten. I medhald av Nasjonal verneplan for fartøy 2010–2017, og evalueringa, skal oppgåvene i fellestenestene reviderast etter ei slik evaluering. Riksantikvaren leiar dette arbeidet som skal sluttførast før fartøyvernsentra sin søknadsfrist for 2019.

Kriteria for måloppnåing

  • At kunnskap om fartøy, handverk og teknikkar som er naudsynt for å setje i stand og vedlikehalde fartøy blir systematisk samla inn, dokumentert og sikra i eit lengre perspektiv

  • At innsamling og dokumentasjon av kunnskapen held naudsynt kvalitet, slik at den vert eit godt grunnlag for framtidig istandsetjing av fartøy, ivaretaking av handverk og forsking.

  • At kunnskapen som fartøyvernsentra vinn, blir gjort tilgjengeleg og stilt til rådvelde for fartøyeigarar, forvaltinga, verft, båtbyggeri og andre aktørar i fartøyvernet.

Tildelingskriterium

Tilskot frå post 75 skal givast til løn til fartøyvernkonsulentar ved fartøyvernsentra. Ein mindre del av tilskota kan givast til investeringar i anlegg som er naudsynt for utføring av fellestenestene.

Riksantikvaren gir tilskot på grunnlag av søknader frå sentra med prioriterte og konkrete oppgåver og tiltak. Desse skal vere baserte på følgjande prioriteringar, og dei nye fellestenestene som blir utarbeidde av Riksantikvaren, i dialog med fartøyvernsentra, før søknadsfrist for 2019:

  • Oppfølging av tilrådingar frå Riksantikvaren si evaluering av fartøyvernsentra. Riksantikvaren er ansvarleg for å sikre prioritering av og framdrift i oppfølginga av desse punkta.

  • Sikre og heve kvaliteten på arbeid utført innan fellestenestene, med særleg fokus på sikring av handverk i eit lengre perspektiv, og dokumentasjon som teknikk.

  • Dokumentasjon av fartøy, utbetringsarbeid og handverksprosessar.

  • Utføre ei kost-nyttevurdering av ordninga med delelager

  • Med bakgrunn i ein heilskaplegg plan, gjere kunnskapen ved fartøyvernsentra tilgjengeleg for andre

Oppfølging og kontroll

For å sikre at tiltak vert gjennomførte i tråd med føremålet med tilskotet skal Riksantikvaren sjå til at fartøyvernsentra rapporterer slik det går fram av tilskotsbreva. Oppfølging på staden og i kvartalsvise samarbeidsfora med fartøyvernsentra er viktig. Kontrollen i høve til fartøyvernsentra som tilskotsmottakarar skjer i samsvar med økonomireglementet, generell formalia- og sannsynskontroll av revidert årsrekneskap og årsmeldinga frå fartøyvernsentra.

Rapport 2017

I 2017 er 16,4 mill. kroner over post 75 fordelt til dei tre fartøyvernsentra Nordnorsk Fartøyvernsenter og Båtmuseum i Gratangen (3,75 mill. kroner), Hardanger fartøyvernsenter i Nordheimsund (5,2 mill. kroner) og Bredalsholmen Dokk og fartøyvernsenter (7,45 mill. kroner).

Tilskota frå post 75 har finansiert stillingar knytte til løysing av oppgåver under fellestenestene, under dette dokumentasjonsarbeid i samband med istandsetjing av fartøy som Riksantikvaren gjev tilskot til. Tilskota har vidare medverke til generell rådgjeving, opplæring og kompetansebygging ved sentra og ovanfor fartøyeigarar. Fartøyvernsentra har i tillegg motteke og utført oppdrag som t.d. produksjon og publisering av faktaark, synfaringar, og teknisk-historisk dokumentasjon av fartøy på vegner av Riksantikvaren

Riksantikvaren starta evalueringa av tilskotspost 75 og ordninga med fartøyvernsenter i 2016. Det har vore arbeidd med evalueringa gjennom heile 2017. Frist for ferdigstilling av evalueringsarbeidet vart sett til april 2018.

Post 77 Tilskot til verdiskapingsarbeid på kulturminneområdet, kan overførast

Mål

Kulturminne og kulturmiljø skal takast i bruk i utvikling av lokalsamfunn og som grunnlag for miljøvis, økonomisk, sosial og kulturell utvikling.

Tildelingskriterium

Midlane skal nyttast til satsingar som tydeleggjer og integrerer kulturminnefeltet i lokal og regional utvikling og som samstundes siktar mot ei koordinert og langsiktig forvalting av kulturminne og kulturmiljø. Samhandling med aktørar og verkemiddel som støttar opp om dette vil bli prioritert.

Oppfølging og kontroll

Tilskotsmottakar må levere sluttrapport på utført arbeid til Riksantikvaren som òg omfattar ein økonomisk rapport. Meir detaljert informasjon om rapporteringskrav blir gitt i dei enkelte tilskotsbreva. Riksantikvaren kontrollerer at arbeida blir utførte i samsvar med dei vilkåra som er sette. Kontroll på staden er òg aktuelt.

Rapport 2017

I 2017 er det gitt tilskot til 33 større og mindre prosjekt som tek i bruk kulturminne, kulturmiljø og landskap som ressurs i samfunnsutviklinga.

Prosjekta medverkar til produksjon av samfunnsgode knytt til reiseliv og næringsutvikling, bo- og livskvalitet, friluftsliv, folkehelse, utdanning og kultur. På næringssida er prosjekta særleg relatert til attraksjonsutvikling, tilrettelegging av fellesgode og nettverkssamarbeid mellom næringsaktørar og offentlege myndigheiter.

Samstundes byggjer prosjekta opp under ei koordinert berekraftig forvalting og bruk av kulturminne over tid. Involvering av innbyggjarar og aktørar som til vanleg ikkje har noko direkte ansvar for kulturminne, skapar engasjement, entusiasme og positiv innstilling til å ta vare på kulturminna. Prosjektarbeidet gir innsikt i betydninga av kulturarv, mobiliserer ressursar og gir kulturminneforvaltinga auka oppslutning og legitimitet.

Post 77 og verdiskapingsprosjekta supplerer andre verkemiddel slik som freding etter kulturminnelova, bevaring etter plan- og bygningslova, tilskot til istandsetjing og vedlikehald mv. Ved tilskotsbehandlinga legg vi vekt på utvikle samarbeid og nettverk på tvers av sektorar for å sikre gode resultat på fleire samfunnsområde og i tillegg understreke samfunnet sitt felles ansvar for kulturarv.

I tråd med Stortingets føresetnader, vart 0,5 mill. kroner gitt i tilskot til bruk av Solobservatoriet som kompetansesenter. Andre prosjekt og stader som har fått tilskot i 2017 er blant anna Henningsvær med besøksforvalting i regi av kommune og innbyggjarar, Svalbard med formidling og attraksjonsbygging og Geiranger med bruk av nedlagte fjordgardar til overnatting. I Akershus blir Blaker skanse, Bingen lenser og Tertitten utvikla som besøksmål, mens det på Sørlandet blir sikta mot ei koordinert forvalting av uthamnene til nytte for både lokalsamfunn og tilreisande.

Tabell 7.17 Tilskot til verdiskaping i 2017

Tiltak/område

Tilskot (i 1000 kr)

Solobservatoriet

500

Andre prosjekt

7 860

Sum

8 360

Post 79 Tilskot til verdsarven, kan overførast

Mål

Områda på Unescos verdsarvliste i Noreg skal forvaltast i tråd med forpliktingane i Unescos verdsarvkonvensjon og retningslinjene for oppfølging av konvensjonen.

Kriterium for måloppnåing

Tiltak retta mot verdsarvområde i Noreg.

Tildelingskriterium

Målgruppa er områda i Noreg som er innskrivne eller under nominasjon til Unescos verdsarvliste. Noreg har pr. i dag åtte verdsarvområde. I spesielle tilfelle kan midlane nyttast til tiltak som indirekte medverkar til sikring av desse områda.

Oppfølging og kontroll

Oppfølging skjer gjennom møte og fagsamlingar gjennomførte i samsvar med avtalt arbeidsprogram. Kontrollen overfor tilskotsmottakaren skjer gjennom generell formalia- og sannsynskontroll av rekneskap og innsende rapportar. I spesielle tilfelle er det òg aktuelt at Riksantikvaren eller fylkeskommunen/Sametinget utfører kontroll på staden for å sjå til at tiltak er gjennomførte etter antikvariske retningslinjer og andre føresetnader for tilskotet.

Miljødirektoratet har eigne tilskotsmidlar og har tilsvarande oppfølging.

Rapport 2017

I 2017 vart det frå post 79 brukt 46,955 mill. kroner på verdsarv. Dette kom i tillegg til at det er brukt midlar til verdsarv frå andre postar. Vidare fekk organisasjonen Noregs verdsarv òg midlar frå post 79. Midlane til Noregs verdsarv har fått ein auke og var i 2017 på 3,91 mill. kroner. Bakgrunnen for auken frå 2017 er at det vart gitt midlar til basisutstillinga (verdensarvsentra) på Riksantikvarens budsjett.

Tabell 7.18 Tilskot til verdsarvområda i 2017 frå post 79

Verdsarvområda

Tilskot (i 1000 kr)

Bryggen i Bergen

14 190

Røros bergstad og Circumferensen

11 035

Bergkunsten i Alta

2 6641

Vegaøyan

2 0002

Vestnorsk fjordlandskap

3 300

Urnes stavkyrkje, omgivnader

1 048

Struves meridianboge

550

Rjukan-Notodden industriarv

12 168

Sum

46 955

1 Ikkje inkludert tilskot frå post 22 på 665 000 kroner.

2 Ikkje inkludert tilskot på 4,1 frå Miljødirektoratet.

Midlar til Noregs verdsarv har fått ein auke i 2017, då det frå det året vart gitt midlar til basisutstillinga på Riksantikvarens budsjett.

Kap. 4429 Riksantikvaren

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2017

Saldert budsjett 2018

Forslag 2019

02

Refusjonar og ymse inntekter

3 065

4 506

2 637

09

Internasjonale oppdrag

2 297

1 277

3 314

Sum kap. 4429

5 362

5 783

5 951

Post 02 Refusjonar og ymse inntekter

Posten gjeld refusjonar og innbetalte midlar frå oppdragsverksemd for andre institusjonar m.m., jf. omtale under kap. 1429 post 01. Under posten er det budsjettert inntekter ved sal av Riksantikvarens rapportar og andre produkt og driftsvederlag frå Kongsvoll fjellstove. Meirinntekter under posten gir grunnlag for meirutgifter under kap. 1429 post 01, jf. forslag til vedtak II nr. 1.

Post 09 Internasjonale oppdrag

Midlane på posten skal finansiere dei tilsvarande utgiftene til internasjonale oppdrag. Meirinntekter under posten gir grunnlag for meirutgifter under kap. 1429 post 01, jf. forslag til vedtak II nr. 1.

Kap. 1432 Norsk kulturminnefond

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2017

Saldert budsjett 2018

Forslag 2019

50

Til disposisjon for kulturminnetiltak

103 898

112 170

116 320

Sum kap. 1432

103 898

112 170

116 320

Post 50 Til disposisjon for kulturminnetiltak

Norsk kulturminnefond er eit forvaltingsorgan med særskilte fullmakter. Midlane skal nyttast til kulturminnetiltak og til drift av administrasjonen og styret.

Kulturminnefondet har i hovudsak ansvaret for verneverdige kulturminne og kulturmiljø.

Kulturminnefondet er styrkt med 4,125 mill. kroner i 2019.

Mål

Medverke til å styrkje arbeidet med å bevare verneverdige kulturminne og kulturmiljø og til at eit mangfald av kulturminne og kulturmiljø kan nyttast som grunnlag for framtidig oppleving, kunnskap, utvikling og verdiskaping.

Den siste brukarundersøkinga viser at 83 prosent av alle søkjarane er tilfredse med kontakten med kulturminnefondet, og meiner den faglege oppfølginga av prosjekta som kulturminnefondet tilbyr er svært viktig. Fire av fem prosjekt som har fått tilsegn om midlar ville ikkje vorte realiserte utan støtta frå fondet. Ein kan etter dette grovt sett rekna med at 2000 prosjekt over heile landet neppe hadde blitt sette i stand utan støtta frå kulturminnefondet.

Når Kulturminnefondet går inn og ser på kor mykje private midlar dei statlege insentiva frå fondet løyser ut, kjem det fram at i eit gjennomsnittleg prosjekt kjem 28 prosent av midlane frå staten gjennom Kulturminnefondet. 72 prosent av det som skal til for å setje objektet i stand, kjem frå eigaren sjølv i form av eigne midlar eller eigen innsats på prosjektet. Menon Economics har i evalueringa «Kulturminnefondets samfunnsnytte» funne at for kvar krone som vert løyvd frå Kulturminnefondet vert det brukt 3,5 kroner på istandsetjing av kulturminnet. Dei dokumenterer samstundes at dei fleste kulturminna som vert sett i stand ofte får ein ny bruk og at det dermed vert etablert både verdiskaping og næringsverksemd som ei følgje av istandsetting av kulturminne.

Kriterium for måloppnåing

Opplysningar om tiltak retta mot verneverdige og freda kulturminne og kulturmiljø.

Tildelingskriterium

Tilskotsmidlane blir fordelte av kulturminnefondets styre etter søknad. Kulturminnefondet skal vere eit lågterskeltilbod til private eigarar av verneverdige kulturminne og kulturmiljø. Tilskota blir i hovudsak tildelte istandsetjings- og sikringsprosjekt. Tilskot til prosjekt som fremjar verdiskaping, handverk, næringsverksemd og aktivitet i lokalsamfunnet er prioriterte. Dette gjelder òg prosjekt som gir synergieffektar, og som løyser ut private midlar eller betydeleg eigeninnsats. Samarbeid med eigarane av kulturminne og kulturmiljø er den viktigaste strategien for kulturminnefondets arbeid.

Oppfølging og kontroll

Oppfølging skjer overfor tilskotsmottakar gjennom generell formalia- og sannsynskontroll av rekneskap og sluttrapport frå tilskotsmottakaren. I mange tilfelle er det aktuelt med kontroll på staden for å sikre at tiltaka er gjennomførte etter antikvariske retningslinjer og andre føresetnader for tilskotet.

Midlane frå Kulturminnefondet skal komme i tillegg til dei ordinære løyvingane frå Riksantikvaren.

Rapport 2017

Det vart brukt 17,5 mill. kroner til drift av Kulturminnefondet i 2017. Driftskostnaden pr. søknad går ned. Det vart gjeve tilsegner på til saman inntil 99,1 mill. kroner, fordelt på 606 søknader.

Det kom inn 1242 søknader innan fristen 1. november 2016. Kulturminnefondet behandla 196 søknader om strakstiltak og til fag- og handverksseminar fortløpande gjennom året. Samla søknadssum frå private eigarar av verneverdige kulturminne er på 351,6 mill. kroner. Det har aldri vore større interesse for å søkje Kulturminnefondet om støtte til istandsetjing av verneverdige kulturminne.

Programkategori 12.60 Nord- og polarområda

Hovudinnhald og prioriteringar

Utgiftene under programkategori 12.60 høyrer inn under resultatområda Naturmangfald, Forureining, Klima og Polarområda. Programkategorien omfattar verksemda til Norsk Polarinstitutt, Svalbards miljøvernfond, Kings Bay AS og Fram – nordområdesenter for klima- og miljøforsking.

Løyvingane vil gå til forvaltinga av miljøet på Svalbard, miljøsamarbeidet under Arktisk råd, til miljøforvaltinga i Antarktis, til forsking og miljøovervaking og til drift av vår polare forskingsinfrastruktur i både nord og sør.

Hovudprioriteringane for miljøvernarbeidet på Svalbard i 2019 er arbeidet med forvaltningsplanar for verneområda, inkludert arbeid med besøksforvaltning både i og utanfor verneområda og å følgje opp det omfattande og komplekse arbeidet med opprydding etter koldrifta i Lunckefjell og Svea. Vidare skal Norsk Polarinstitutt styrkje sitt samarbeid og sin forskingsaktivitet – og miljøovervaking i Ny-Ålesund. Norsk Polarinstitutt skal i samarbeid med Havforskningsinstituttet gjennomføre eit omfattande tokt til Antarktis med hovudformålet å styrkje kunnskapsgrunnlaget for forvaltinga av kril og økosystemet krilen lever i, og kunnskapsgrunnlaget for arbeidet med marine verneområde i Antarktis. Regjeringa har som eitt av dei overordna måla for svalbardpolitikken å ta vare på den særeigne villmarksnaturen på Svalbard. Dei spesifikke miljømåla for Svalbard går fram av Meld. St. 32 (2015–2016) Svalbard. Der er det m.a. slått fast at innanfor dei rammene traktats – og suverenitetsmessige omsyn set, skal miljøomsyn vege tyngst ved konflikt mellom miljøvern og andre interesser. Raske klimaendringar er ei betydeleg og aukande utfordring for miljøvernet og lokalsamfunna på Svalbard. Miljøvernarbeidet på Svalbard må sjå til at lokal verksemd skjer innanfor rammer som sikrar at den samla miljøbelastninga ikkje blir for stor.

Forsking og høgare utdanning er eit av dei viktigaste satsingsområda for norsk aktivitet og nærvær på Svalbard. I tråd med svalbardmeldinga er det lagt fram ein overordna strategi for forsking og høgare utdanning på Svalbard og ein forskingsstrategi for Ny-Ålesund er under utarbeiding. Norsk Polarinstitutt skal ivareta det norske vertskapet og ha ansvaret for å setje i verk forskingsstrategien for Ny-Ålesund.

Noreg skal medverke gjennom forskingsinnsats og aktiv deltaking i arbeidet under Antarktis-traktaten med tilhøyrande Miljøprotokoll til eit globalt samarbeid for vern av det sårbare miljøet i Antarktis både i havet og på land.

Klimaendringane er tydelegare i Arktis enn nokon annan stad, og vil få store effektar både her og for det globale klimaet. Innanfor Arktisk råd vil spesielt prioriterte tema for Noreg vere klimaendringar, tiltak mot utslepp av kortlevde klimaforureiningar, bevaring av arktisk biodiversitet, heilskapleg havforvalting, tiltak mot forureining og miljøovervaking i Arktis.

Miljøvernsamarbeidet med Russland vil bli ført vidare innanfor Den norsk-russiske miljøvernkommisjonen og Barentssamarbeidet. Bilateralt er samarbeidet om forvalting av miljøet i Barentshavet og grenseområda prioritert. Innan havmiljøsamarbeidet er samarbeid om økosystembasert forvaltning av Barentshavet den viktigaste saka. I tillegg vil Noreg søke å etablere eit samarbeid med Russland om marin forsøpling i Barentshavet. I grenseområda vil miljøovervaking fortsatt vere viktig på grunn av dei høge utsleppa av svovel og metall frå nikkelverka på Kola. Innan Barentssamarbeidet er bevaring av naturmangfaldet, forvalting av grensevassdrag og samarbeid om klimaspørsmål sentrale oppgåver, i tillegg til løysinga av dei store og samansette miljøutfordringane i russisk del av Barentsregionen.

Framsenteret i Tromsø omfattar i dag 21 norske institusjonar, og det er full fagleg aktivitet som gir fortløpande resultat på alle dei seks tematiske satsingsområda, kalla «flaggskip». Framsenteret har oppnådd nasjonal og internasjonal status som kompetansemiljø, og er òg attraktivt for lokalisering av nasjonale initiativ og for internasjonale sekretariat som Noreg har ansvaret for, blant anna Sekretariatet for Arktisk råd. I 2018 er også sekretariatet for Arktisk råds arbeidsgruppe Arctic Monioring and Assessment Programme blitt relokalisert frå Oslo til Framsenteret i Tromsø. I 2018 vart nybygg til Framsenteret teke i bruk. Dette har gitt Framsenteret ei utviding med 195 nye arbeidsplassar pluss laboratorier og spesialrom.

Resultatområde

Tabell 7.19 Resultatområde under programkategori 12.60.

Resultatområdet

Nasjonale mål

Polarområda

  • Omfanget av villmarksprega område på Svalbard skal haldast ved lag, og naturmangfaldet bevarast tilnærma upåverka av lokal aktivitet.

  • Dei 100 viktigaste kulturminna og kulturmiljøa på Svalbard skal sikrast gjennom føreseieleg og langsiktig forvalting.

  • Negativ menneskeleg påverknad og risiko for påverknad på miljøet i polarområda skal reduserast.

Politikk og verkemiddel for å nå dei nasjonale måla på polarområda

Svalbard

Miljøvernarbeidet på Svalbard skal i 2019 ha fokus på å beskytte villmarksområda utanfor busettingane på Svalbard i ein situasjon med omstilling av lokalsamfunna og raske endringar i klimaet. Forvaltninga vil sjå til at ferdsel og anna lokal verksemd skjer innanfor rammer som sikrar at den samla miljøbelastninga ikkje blir for stor. Samstundes vil forvaltninga av Svalbards natur- og kulturminne ta omsyn til at samfunna og miljøet på Svalbard er i endring slik at nødvendig omstilling kan skje i samsvar med dei måla som er sette i Meld. St. 32 (2015–2016) Svalbard.

Naturverdiar og kulturminne som ligg nær lokalsamfunna er viktige for reiselivet og lokalbefolkninga og må sikrast. Miljøstyresmaktene er i nær dialog med lokale aktørar om dette. Prioriterte kulturminne skal sikrast med utgangspunkt i Kulturminneplan for Svalbard 2013–2023.

Arbeidet med forvaltningsplanar for verneområda på Svalbard, inkludert arbeid med besøksforvaltning både i og utanfor verneområda, vil halde fram for å bidra til lokal verdiskaping og gode opplevingar for dei tilreisande. Det er mange ulike brukarinteresser innanfor verneområda, og forvaltingsplanane er eit verktøy for å balansere bruks- og verneinteressene innanfor ramma av verneformålet. Samstundes som dei tek vare på verneverdiane og aukar forståinga for Svalbard sine unike miljøkvalitetar.

Store Norske Spitsbergen Kulkompani AS har ansvar for å utarbeide ein plan for opprydding i Svea/Lunckefjell. Sysselmannen som miljøvernmyndigheit skal følgje opp dette omfattande og komplekse arbeidet, som vil involvere alle fagområda innan natur- og artsforvaltning, forureining/avfall, arealplanlegging og kulturminne. Arbeidet med å følgje opp oppryddingsarbeidet vil være svært arbeidskrevjande for Sysselmannen si miljøvernavdeling dei kommande åra. Det er føreslått å styrke Sysselmannens miljøvernavdeling, m.a. i samband med opprydninga i Svea/Lunckefjell.

Miljøforvaltinga vil halde fram arbeidet med å ta vare på det biologiske mangfaldet, m.a. gjennom oppfølging av strategiar som er utarbeidde.

Det vil også framover vere viktig å følgje opp arbeid knytt til forureining, avløp og avfall både på regelverksida og ved konkret tiltak i felt.

Klimaendringane fører til auka fare for flaum og skred. Dette vil påverke kor folk kan bu, og fører med seg utfordringar for arealplanlegginga i lokalsamfunna. Ei viktig oppgåve framover blir difor å sjå til at areal- og samfunnsplanlegging i planområda tek omsyn til klimaendringane og til natur- og kulturminne innanfor planområda.

Den minkande fjordisen på Svalbard, som skuldast klimaendringar, gjer at dei fjordane som framleis har stabil is vinterstid blir særs viktige for isavhengige arter som isbjørn og ringsel.Miljøforvaltninga følgjer med på situasjonen og vil vurdere eventuelle tiltak.

Den strenge praksisen når det gjeld løyve og vilkår for verksemd som medfører inngrep utanfor dei eksisterande busetjings- og gruveområda vil bli ført vidare.

Antarktis

Klimaendringar er eit viktig punkt på dagsordenen i samarbeidet under traktaten. Noreg skal gjennom vår forskingsverksemd medverke til auka kunnskap om klimaendringane, og samtidig til den internasjonale kunnskapsutviklinga om Antarktis og globale problemstillingar knytte til polarområda. Noreg leiar ei arbeidsgruppe som skal sjå på oppfølginga av Antarktis-traktatsystemets klimahandlingsplan.

Sikring og istandsetjing av kulturminna er utfordrande i Antarktis. Noreg har vore ein pådrivar for å få på plass retningslinjer for vurderinga av kva som er kulturminne, og retningslinjer for å vurdere bevaringstiltak for kulturminne i Antarktis. Slike retningslinjer vart vedtekne av partane under Antarktistraktaten i mai 2018. Bevaringstiltak blir gjennomførde i medhald av fagleg grunngitt og avgrensa prioriteringsliste.

Noreg arbeider aktivt gjennom samarbeidet under Antarktistraktaten for ei økosystembasert, heilskapleg forvalting av miljøet i havet i traktatområdet. Områdebaserte tiltak, slik som marine verneområde, er eit viktig element i norsk og internasjonalt arbeid for å ta vare på og sikre berekraftig bruk av marine ressursar og økosystem. Noreg deltok aktivt i prosessen for å vedteke det marine verneområdet i Rosshavet, og vil halde fram å delta aktivt i arbeidet med å få på plass eit nettverk av marine verneområde i heile konvensjonsområdet.

Norsk Polarinstitutt har ei nøkkelrolle i norsk antarktisadministrasjon både som nasjonal operatør, og som styresmakt etter forskrift om miljøvern og tryggleik i Antarktis. Norsk Polarinstitutt har òg som viktig oppgåve å skaffe fram forskingsbasert kunnskap som medverkar til at Noreg på best mogleg måte oppfyller sine forpliktingar som traktatpart. Mellom anna på grunn av klimaendringane og arbeidet med marine verneområde i Antarktis, er denne oppgåva svært viktig.

Arktisk råd

Regionalt samarbeid er avgjerande for å handtere utfordringane i Arktis. Noreg vil halde fram med å spele ei aktiv rolle i Arktisk råd og i rådet sine arbeidsgrupper, der samarbeid om klima og miljø står sentralt. Arktisk råd har ei viktig rolle i å setje saman og vurdere vitskapleg kunnskap om klimaendringane og miljøet i Arktis. Dette arbeidet er viktig som grunnlag for samarbeid om forvaltning av miljøet i Arktis, og for internasjonale avtaler som gjeld forureining og klima. Rådet har konkrete samarbeidsprosjekt som gjeld bevaring av naturmangfaldet og det marine miljøet i Arktis, og tiltak for å redusere kjelder til forureining. Tiltak for å redusere klimaendringane er det viktigaste vi kan gjere for å ta vare på det arktiske miljøet. Arktisk råd vedtok i 2017 eit kollektivt reduksjonsmål for svart karbon (sot), og landa skal rapportere resultat til ministermøtet kvart anna år. Rådet arbeider òg med å styrkje samarbeidet mellom dei arktiske landa om å ta vare på dei arktiske havområda. Noreg er ein pådrivar både i rådet sitt arbeid for å redusere utslepp av svart karbon, styrkje havsamarbeidet, og med å dokumentere effektane av klimaendringar på økosystema i Arktis. Vurderingar av klimaendringar og forureining i Arktis, bevaring av biologisk mangfald og heilskapleg forvaltning av det marine miljøet vil fortsatt stå sentralt for Noregs arbeid i Arktisk råd i 2019. Noreg vil medverke aktivt i Arktisk råds arbeid med prosjekt og oppfølgingsplanar på desse områda, og leggje til rette for at kunnskap og tilrådingar som blir skaffa fram gjennom desse prosjekta blir tekne i bruk og implementerte i forvaltinga.

Miljøvernsamarbeidet med Russland

Dei sentrale oppgåvene i samarbeidet innanfor Den norsk-russiske miljøvernkommisjonen og miljøvernsamarbeidet i Barentsregionen vert ført vidare.

I Den norsk-russiske miljøvernkommisjonen er utviklinga av eit konsept for ein forvaltingsplan for russisk side av Barentshavet høgt prioritert. Eit samordna norsk-russisk program med overvaking av felles sårbare og truga arter, presentasjon av felles resultat i miljødataportalen Barentsportal, og samarbeid om risikovurdering og kontroll av petroleumsverksemd i Barentshavet er viktige element i samarbeidet.

Noreg vil arbeide for å få redusert utsleppa av svovel og metall frå nikkelverka på Kola inntil problemet er løyst. Miljøovervaking i grenseområda og god miljøinformasjon til lokalbefolkninga har ein sentral plass i det bilaterale samarbeidet.

I miljøarbeidsgruppa under Barentsrådet fokuserer ein på forvalting av dei grensekryssande vassressursane og naturmangfaldet i regionen. Ei høgt prioritert oppgåve er å medverke til å løyse dei store og samansette miljøutfordringane i russisk del av Barentsregionen, dei såkalla hot spots, som er beskrivne i Arktisk råds miljøovervakingsprogram og det nordiske miljøfinansieringsselskapet (NEFCO) si hot spot-liste frå 2003. Miljøfinansiering frå NEFCO er eit viktig verkemiddel.

Forsking og miljøovervaking i nord- og polarområda

Situasjonen i polarområda gir nye kunnskapsutfordringar knytte til miljø og klima. Å utvikle kunnskap og forståing av korleis miljø i Arktis og Antarktis vert påverka av klimaendringar, havforsuring, forureining og auka aktivitet er derfor ein særs viktig del av både det nasjonale arbeidet og det internasjonale samarbeidet i nord- og polarområda. Grunnlaget for Noregs bidrag til dette samarbeidet er den nasjonale satsinga på kunnskap om klima og miljø.

Sentrale verkemiddel med omsyn til polar kunnskapsproduksjon er Norsk Polarinstitutt, Fram – Nordområdesenter for klima- og miljøforsking og vår infrastruktur for polarforsking.

Det blir arbeidd med å betre parameter for miljøovervaking av kulturminna.

Svalbard er ei særs viktig plattform for forsking i – og for internasjonalt samarbeid om – naturvitskapleg forsking i Arktis. Forskingsstrategi for Ny-Ålesund som er under utarbeiding skal setje rammene for den vidare utviklinga av Ny-Ålesund, og styrkje norsk vertskap og koordinering av forskingsverksemder. Norsk Polarinstitutt har fått ansvar for å implementere og følgje opp forskingsstrategien i Ny-Ålesund. Norsk Polarinstitutt har fått 10 mill. kroner til samarbeid, forsking og miljøovervaking i Ny-Ålesund. Strategien skal òg sikre at dei unike, men avgrensa goda som forskingsverksemda i Ny-Ålesund byr på, blir nytta meir effektivt og ein skal leggje betre til rette for auka grad av samarbeid. Det blei difor løyvd 20,5 mill. kroner i 2017 over Klima- og miljødepartementets budsjett til oppføring av eit nytt, felles bygg i Ny-Ålesund. Dette bygget vil bli teke i bruk i 2019.Vidare er det løyvd til saman 37 mill. kroner i revidert nasjonalbudsjett 2017 og 2018 for å setje i stand service- og administrasjonsbygget i Ny-Ålesund. I tillegg er det foreslått løyvd 8 mill. kroner som kjem til utbetaling i 2019.

Den faglege satsinga i Framsenteret vil bli ført vidare.

Nærare om budsjettforslaget

Foreslått løyving knytt til programkategorien for 2019 er på 422,9 mill. kroner. Dette er ein auke på om lag 31,3 mill. kroner, eller 8,0 pst. samanlikna med saldert budsjett for 2018. Auken i løyvinga skuldast i hovudsak 10 mill. kroner til samarbeid, forsking og miljøovervaking i Ny-Ålesund og 8 mill. kroner til å ferdigstille service- og administrasjonsbygget i Ny-Ålesund.

Utgifter under programkategori 12.60 fordelte på kapittel

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2017

Saldert budsjett 2018

Forslag 2019

Pst. endr. 18/19

1471

Norsk Polarinstitutt

311 106

300 495

320 128

6,5

1472

Svalbards miljøvernfond

20 264

17 658

19 658

11,3

1473

Kings Bay AS

53 635

21 642

30 270

39,9

1474

Fram – Nordområdesenter for klima- og miljøforsking

58 330

51 745

52 823

2,1

Sum kategori 12.60

443 335

391 540

422 879

8,0

Kap. 1471 Norsk Polarinstitutt

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2017

Saldert budsjett 2018

Forslag 2019

01

Driftsutgifter

229 006

228 072

242 376

21

Spesielle driftsutgifter, kan overførast

81 599

71 926

77 243

50

Stipend

501

497

509

Sum kap. 1471

311 106

300 495

320 128

Rolle og oppgåver for Norsk Polarinstitutt:

Norsk Polarinstitutt er den sentrale statsinstitusjonen for kartlegging, miljøovervaking og forvaltingsretta forsking i Arktis og Antarktis, jf. Meld. St. 32 (2015–2016) Svalbard, Meld. St. 32 (2014–2015) Norske interesser og politikk i Antarktis, Meld. St. 33 (2014–2015) Norske interesser og politikk for Bouvetøya, fagleg og strategisk rådgivar overfor den sentrale forvaltinga og fagleg rådgivar for miljødirektorata og Sysselmannen i polarspørsmål.

Instituttet skal vidare:

  • halde ved lag ein brei forskingsbasert kompetanse på område der miljøforvaltinga har eit direkte forvaltingsansvar i nord- og polarområda eller har ei heilt sentral pådrivarrolle både nasjonalt og i internasjonale prosessar. Det omfattar klimaprosessar og klimaendringar og effektane av desse på naturen og viltforvalting, område- og habitatvern, og miljøgift/forureiningsproblematikk

  • forvalte og formidle forskings- og miljødata frå polarområda

  • ha ansvar for topografisk og geologisk kartlegging av landområda på Svalbard og norsk biland og territorialkrav i Antarktis

  • utvikle, revidere og leie overvakingsprogram og system for miljøovervaking av norsk Arktis

  • medverke til å stimulere og koordinere nasjonal og internasjonal forsking på Svalbard gjennom å samarbeide om forskingsprosjekt og gi tilgang til instituttet sin infrastruktur, så som forskingsstasjon, feltutstyr og transport mot dekning av instituttet sine kostnader

  • følgje opp og gjennomføre norsk miljølovgiving i Antarktis

  • medverke til at forvaltingas kunnskapsbehov blir teke hand om

  • fremje miljøforsking og forvaltingsrådgiving innan Det bilaterale norsk-russiske miljøsamarbeidet

  • utforske og overvake det marine miljøet i det nordlege Barentshavet

  • delta i Fagleg forum for økosystembasert forvalting av norske havområde

  • representere Noreg i internasjonale samarbeidsfora og formidle kontakt mellom norske og internasjonale fagmiljø

  • medverke til å styrkje Framsenteret

  • utvikle samarbeidet med dei andre forskingsinstitusjonane og universitet

  • formidle utovervend informasjon om polar-områda i alle relevante kanalar

  • vere vertskap og ha ansvaret for å setje i verk forskingsstrategien for Ny-Ålesund

Post 01 Driftsutgifter

Midlane under denne posten er retta mot resultatområda Naturmangfald, Forureining, Klima og Polarområda.

Posten dekkjer utgifter som Norsk Polarinstitutt har til løn og godtgjersler for faste og mellombels tilsette. Vidare dekkjer posten ordinære driftsutgifter, drift av forskingsstasjon og luftmålestasjon i Ny-Ålesund og fartøy, og utgifter knytte til instituttets samla forskings- og ekspedisjonsverksemd.

På denne posten er det foreslått avsett 10 mill. kroner til Norsk Polarinstitutts samarbeid, forsking og miljøovervaking i Ny-Ålesund.

Posten dekkjer elles utgifter knytte til sals- og oppdragsverksemd. Dei tilhøyrande inntektene er førte under kap. 4471 postane 01 og 03. Løyvinga kan overskridast dersom det er tilsvarande meirinntekt under dei to nemnde postane, jf. forslag til vedtak II.

Rapport for 2017:

Polarinstituttet har i 2017 brukt om lag 35 pst. av løyvinga si til løns- og driftsutgifter knytte til administrasjon, kommunikasjon, drifta til bygningar på Svalbard og i Tromsø, drift av forskingsfartøyet R/V Lance og andre felleskostnader. Resterande 65 pst. er løn og andre utgifter knytte til forskingsavdelinga, miljø- og kartavdelinga og i ICE (Senter for is, klima og økosystem). Av forbruket på denne posten korresponderer omlag 74 mill. kroner med inntekter på kap. 4471. Dette er nesten alt saman knytt til ekstern finansiering av forskingsaktivitet frå mellom anna Forskingsrådet og EU. Forskingsfartøyet R/V Lance vart avhenda i 2017 og erstatta av det nye isgåande forskingsfartøyet Kronprins Haakon som vart levert i 2018. Eigarskapen til båten skal overførast til Norsk Polarinstitutt og Havforskingsinstituttet skal ha ansvar for den daglege drifta. Fartøyet vil ha heimehamn i Tromsø. Fartøyet er eit av verdas mest avanserte forskingsfartøy. Fartøyet har isbrytarklasse og skal dekkje både eksisterande og nye behov for nærvær, overvaking og datainnsamling i islagte og opne farvatn til alle årstider. Fartøyet kosta 1,5 mrd. kroner og vart finansiert over Kap. 926 Havforskingsinstituttet, post 45 fartøy.»

Post 21 Spesielle driftsutgifter, kan overførast

Midlane under denne posten er retta mot resultatområde Polarområda. Posten dekkjer utgifter til vitskapeleg samarbeid i Antarktis der midlane gjeld deltaking i det internasjonale Antarktis-samarbeidet og midlar til gjennomføring av dei norske Antarktis-ekspedisjonane.

I tillegg til forskingsaktivitet skal løyvinga dekkje drift av forskingsstasjonen Troll og det internasjonale DROMLAN-prosjektet (Dronning Maud Land Air Network). Noregs nærvær i Antarktis er styrkt betydeleg, og vil i større grad medverke til det internasjonale arbeidet for å bevare Antarktis som det reinaste og minst påverka villmarksområdet i verda.

Posten dekkjer elles utgifter knytte til drift av TrollSat. Dei tilsvarande inntektene er førte under kap. 4471 post 21. Løyvinga kan overskridast dersom det er tilsvarande meirinntekt under den nemnde posten, jf. forslag til vedtak II.

Rapport 2017

Av midlane på denne posten vart ca. 93 pst. brukt til løn for dei som arbeider på Troll-stasjonen og drift av bygningar i Antarktis, fartøyleige, helikopterleige og andre logistikkutgifter. Resterande del av løyvinga, ca. 7 pst. går til forsking. Av forbruket på denne posten korresponderer om lag 22,3 mill. kroner med inntekter på kap. 4471.

Post 50 Stipend

Midlane under denne posten er retta mot resultatområda Forureining, Klima og Polarområda.

Mål

Stipendmidlane skal auke rekrutteringa til og kompetansen innanfor den norske polarforskinga. Midlane er eit viktig og effektivt verkemiddel for å stimulere norsk polarforsking på Svalbard. Støtte blir primært gitt til norske hovudfags- og doktorgradstudentar. Støtta skal dekkje ekstrautgifter ved opphald i felt.

Kriterium for måloppnåing

Talet på hovudfagsoppgåver og doktorgrader med polarforsking som emne.

Tildelingskriterium

Det blir lagt vekt på relevante polare problemstillingar, fagleg kvalitet og i kor stor grad temaet ligg til rette for forsking.

Oppfølging og kontroll

Kravet er rekneskapsoversikt og ein kort fagleg rapport om gjennomføringa.

Rapport 2017

Av 77 søknader vart 39 finansierte med totalt 2,1 mill. kroner. Av dette var 0,5 mill. kroner midlar frå Norsk Polarinstitutt.

Dei viktigaste norske institusjonane som fekk støtte var Noregs Arktiske Universitetet (5), Universitetsstudia på Svalbard (14), Noregs Teknisk Naturvitskapelege Universitet (5) og Norsk Polarinstitutt (3).

Kap. 4471 Norsk Polarinstitutt

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2017

Saldert budsjett 2018

Forslag 2019

01

Sals- og utleigeinntekter

7 566

11 009

11 272

03

Inntekter frå ymse tenesteyting

73 775

60 675

62 123

21

Inntekter, Antarktis

22 329

13 554

13 877

Sum kap. 4471

103 670

85 238

87 272

Post 01 Sals- og utleigeinntekter

Salsinntektene gjeld sal av kart, flybilete og publikasjonar, mens utleigeinntektene gjeld utleige av feltutstyr, transportmiddel, blant anna utleige av forskingsfartøy og andre inntekter. Kap. 1471 post 01 kan overskridast tilsvarande eventuelle meirinntekter under denne posten, jf. forslag til vedtak II.

Post 03 Inntekter frå diverse tenesteyting

Oppdragsinntektene gjeld inntekter frå eksterne oppdrag for andre offentlege instansar og frå det private næringslivet. Meirinntekter under denne posten gir grunnlag for tilsvarande meirutgifter under kap. 1471 post 01, jf. forslag til vedtak II.

Post 21 Inntekter, Antarktis

Posten gjeld refusjon av utgifter Norsk Polarinstitutt har for andre land og verksemder knytte til Antarktis-samarbeidet. I hovudsak gjeld dette refusjon av driftsutgiftene ved TrollSat i medhald av avtale med Kongsberg Satellite Services og inntekter frå flygingar knytte til DROMLAN-samarbeidet. Meirinntekter under denne posten gir grunnlag for tilsvarande meirutgifter under kap. 1471 post 21, jf. forslag til vedtak II.

Kap. 1472 Svalbards miljøvernfond

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2017

Saldert budsjett 2018

Forslag 2019

50

Overføringar til Svalbards miljøvernfond

20 264

17 658

19 658

Sum kap. 1472

20 264

17 658

19 658

Både inntekt- og utgiftsposten til Svalbards miljøvernfond er oppjustert med 2 mill. kroner. Det er fleire besøkande til Svalbard, og det er særleg ein auke i besøkande med turistskip, jf. også omtale under kap. 5578 post 70.

Svalbards miljøvernfond er oppretta med heimel i svalbardmiljølova, og departementet etablerte fondet i 2005. Fondet starta si verksemd i 2007 og er eit økonomisk verkemiddel i miljøvernarbeidet på Svalbard. Fondet gjev tilskot til tiltak for å beskytte naturmiljø og kulturminne på øygruppa, i samsvar med svalbardmiljølova § 98 og fondet sine vedtekter. Midlane i fondet skal medverke til å sikre Svalbards særeigne villmarksnatur og kulturminne som grunnlag for oppleving, kunnskap og verdiskaping.

Inntektene til fondet er sette saman av midlar frå miljøavgift for tilreisande til Svalbard, av midlar kravde inn gjennom avgift for løysing av kort for jakt, fangst eller fiske i samband med hausting og avgift ved jegerprøveeksamen. Både fondskapitalen og avkastninga skal nyttast til tiltak som har til føremål å verne miljøet på Svalbard. Fondet skal sikre si eiga drift, slik at ein mindre del av midlane vil gå til forvalting av fondsmidlane og til utgifter knytte til innkrevjing av inntektene. Det er utarbeidd eigne vedtekter for verksemda til fondet og gitt forskrift om tilskot frå fondet. Styret for fondet blir utnemnt av departementet og er fondet sitt øvste organ, medan sekretariatet er lagt til Sysselmannen som har ansvar for den daglege leiinga og drifta av miljøvernfondet si verksemd.

Kvart år tildeler fondet no 10–25 mill. kroner til miljøvernprosjekt etter søknad frå organisasjonar, verksemder og privatpersonar. Erfaringa viser at Svalbard miljøvernfond medverkar gjennom tildelingane til eit gradvis skifte til miljøvennleg samfunns- og næringsutvikling på Svalbard.

Rapport for 2017:

I 2017 vart det gitt 72 tilsegner til ulike prosjekt. Informasjon om desse prosjekta finst på heimesida til fondet: http://www.sysselmannen.no/Svalbards-miljovernfond/. Sidan fondet blei operativt i 2007 og til og med hausten 2017, er det gitt støtte til over 570 prosjekt med ein samla sum på 127 mill. kroner.

Post 50 Overføringar til fondet

Posten skal berre nyttast til overføring av inntektene frå kap. 5578 post 70 Sektoravgifter under Svalbards miljøvernfond.

Kap. 5578 Sektoravgifter under Klima- og miljødepartementet

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2017

Saldert budsjett 2018

Forslag 2019

70

Sektoravgifter under Svalbards miljøvernfond

20 249

17 670

19 670

Sum kap. 5578

20 249

17 670

19 670

Post 70 Sektoravgifter under Svalbards miljøvernfond

Denne posten blir nytta til avgifter som, i samsvar med svalbardmiljølova, skal overførast til Svalbards miljøvernfond. Miljøavgift for reisande til Svalbard er hovudinntektskjelda til fondet, men under denne posten blir det òg budsjettert med sal av jakt- og fiskekort m.m. Posten aukar med 2 mill. kroner fordi talet på besøkande til Svalbard aukar, hovudsakleg fordi det er fleire besøkande med turistskip.

Meirinntekter under kap. 5578 post 70 gir grunnlag for tilsvarande meirutgifter som er budsjetterte under kap. 1472 Svalbards miljøvernfond, jf. forslag til vedtak II nr. 1.

Kap. 1473 Kings Bay AS

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2017

Saldert budsjett 2018

Forslag 2019

70

Tilskot

53 635

21 642

30 270

Sum kap. 1473

53 635

21 642

30 270

Midlane under denne posten er retta mot resultatområde Polarområda. Tilskotet skal gå til investeringar og drift i Kings Bay AS og naudsynte utgifter til administrasjon av Bjørnøen AS.

Kings Bay AS eig grunn og dei fleste av bygningane i Ny-Ålesund og har ansvaret for drift og vedlikehald, yter tenester til forsking og vitskapeleg verksemd, samt medverke til utvikling av infrastrukturen på staden. Vidare skal selskapet ta vare på naturmiljø og kulturminne. Noregs forskingsråd skal utvikle ein forskingsstrategi for Ny-Ålesund i løpet av 2018, for å sikre gode rammer for fagleg utvikling og koordinering av aktiviteten. Drift og utvikling av tenester og infrastruktur i Ny- Ålesund skal vere samordna med forskingsfaglege behov og prioriteringar slik desse går fram av strategien. Norsk Polarinstitutt får ansvar for å implementere og følgje opp forskingsstrategien i Ny-Ålesund.

Kings Bay AS sitt driftskonsept er å leige ut fasilitetar til forskarar og tilby kost og losji i tillegg til ei rekkje andre tenester under opphaldet. I all hovudsak skjer dette gjennom fleirårige kontraktar med forskingsinstitusjonar frå til saman 10 land. I tillegg nyttar andre norske og utanlandske forskingsinstitusjonar staden utan å drive permanent forsking. Rundt 20 institusjonar har kvart år forskingsprosjekt i Ny-Ålesund.

Staten eig alle aksjane i Kings Bay AS. Selskapet er avhengig av tilskot over statsbudsjettet for å utføre dei samfunnsoppgåvene som det er pålagt. Tilskotet skal dekkje investeringar, eventuelt driftsunderskot i Kings Bay AS og naudsynte utgifter til administrasjon av Bjørnøen AS. Det er krav om at drifta til Kings Bay AS skal gå i balanse og at Ny-Ålesund skal vere ein grøn forskingsstasjon.

Rapport 2017

Kings Bay AS har lagt til rette for forskingsaktivitet i Ny-Ålesund på ein økonomisk rasjonell måte med fokus på minst mogleg miljøpåverknad av selskapet si verksemd og forskingsaktivitetane som skjer i Ny- Ålesund. Forskingsaktiviteten er avgjerande for selskapet sine inntekter, og i 2017 var det ein auke på nesten 1000 forskardøgn frå 2016. Selskapet har i 2017 sett i gang arbeidet med eit nytt felles forskingsbygg, og dette skal vere ferdigstilt til januar 2019. Kings Bay AS har store utfordringar med setningsskadar på bygningsmassen som følgje av klimaendringar og tining av permafrosten. Det er gjort vurderingar av ulike tiltak og alternativ for sikring og istandsetjing av Servicebygget, og det er løyvd til saman 37 mill. kroner til sikring og istandsetjing av Servicebygget i 2017 og 2018. Selskapet har òg utført sikrings- og istandsetjingstiltak på Kongsfjordhallen. Utfordringar med bygningsmassen er krevjande økonomisk for selskapet, og årsresultatet viser eit underskot for selskapet på 6,3 mill. kroner.

Kap. 1474 Fram – Nordområdesenter for klima- og miljøforsking

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2017

Saldert budsjett 2018

Forslag 2019

50

Tilskot til statlege mottakarar, kan overførast, kan nyttast under post 70

25 600

23 745

24 011

70

Tilskot til private mottakarar, kan overførast, kan nyttast under post 50

32 730

28 000

28 812

Sum kap. 1474

58 330

51 745

52 823

Midlane under dette kapitlet skal gå til å styrkje og skaffe framifrå ny kunnskap om klima og miljø og om miljøkonsekvensar av ny næringsverksemd i nord. Kunnskapen skal setje oss i stand til å forvalte hav- og landområda våre i nord, og dei ressursane som finst der, på ein endå betre måte, og sikre at ny næringsverksemd på dette området skjer innanfor miljøforsvarlege rammer. Betre kunnskap om klima og miljø har avgjerande verdi for ressursforvalting, klimatilpassing, samfunnsplanlegging og beredskap i nord. Betre kunnskap om og forståing av prosessane i Arktis vil òg vere eit svært viktig bidrag til det internasjonale klimaarbeidet. Aktiviteten er delt inn i seks faglege satsingsområde (flaggskip). Dei er:

  • havisen i Polhavet, teknologi og avtaleverk, leiar: Norsk Polarinstitutt

  • effektar av klimaendringar på fjord og kystøkologi i nord, leiar: Havforskingsinstituttet

  • effektar av klimaendringar på terrestre økosystem, landskap, samfunn og urfolk, leiar: Universitetet i Tromsø

  • havforsuring og økosystemeffektar i nordlege farvatn, leiar: Havforskingsinstituttet

  • miljøgifter – effektar på økosystem og helse, leiar: Norsk institutt for luftforsking

  • miljøkonsekvensar av næringsverksemd i nord (MIKON), leiar: Norsk institutt for naturforsking

Post 50 Tilskot til statlege mottakarar, kan overførast, kan nyttast under post 70

Mål

Midlane skal gå til dei statlege partnarane i Framsenteret, med mål å gjennomføre forvaltingsrelevant klima- og miljøforsking av høg kvalitet i nasjonale og internasjonale nettverk, og til å delta i og utvikle vidare både nasjonalt og internasjonalt tverrfagleg forskingssamarbeid. Midlane skal òg gå til aktiv formidling av forskingsresultat frå klima- og miljøforsking i nord til næringsliv, skuleverk, forvaltingsnivå og eit breitt publikum.

Kriterium for måloppnåing

  • Skaffe fram og publisere ny kunnskap av framifrå kvalitet

  • Bidra til etablering av forskarutdanning og mastergradutdanning gjennom samarbeid med relevante institusjonar innan høgre utdanning på klima og miljø

  • Etablert fagleg forskingssamarbeid mellom relevante nasjonale institusjonar, fylle «kunnskapshol» og gi nasjonal meirverdi

  • Etablerte gode forskingsretta nettverk nasjonalt og internasjonalt, og samarbeid med dei andre FoU-miljøa i landsdelen.

  • Fleirfaglege og tverrfaglege samarbeidsprosjekt mellom institusjonane og forskarar med naturvitskapleg, teknologisk og samfunnsvitskapleg kompetanse

  • Formidle forskingsresultat til brukarane, som til dømes forvaltninga, næringslivet, skuleverket, andre relevante brukarar og eit breitt publikum

Tildelingskriterium

Prosjekta må liggje innanfor dei vedtekne faglege satsingsområda, og vere kvalitetssikra av Noregs Forskingsråd. I tillegg må dei vere tverrfaglege i størst mogleg grad.

Oppfølging og kontroll

Leiarane for kvar av dei faglege satsingsområda (Flaggskipsleiarane) er pålagt saman med dei andre deltakarane i flaggskipa å rapportere årleg om forskingsaktivitet som er sett i gang og oppnådde resultat innan 30. november.

Post 70 Tilskot til private mottakarar, kan overførast, kan nyttast under post 50

Midlane skal gå til dei ikkje-statlege partnarane i Framsenteret, til dei same føremåla som for post 50, og kriterium for måloppnåing, rapportering og tildeling, oppfølging og kontroll er dei same. Sjå elles omtala under post 50 ovanfor. Posten dekkjer òg driftstilskot til Framsenteret AS.

Rapport 2017

Framsenteret har vore involvert i betydeleg nasjonal og internasjonal forskingsaktivitet i 2017. Forskingsmiddel frå flaggskipa finansierte 785 forskingsprosjekt, og det vart produsert 110 publiseringar i internasjonale tidsskrift. I tillegg vart forskingsresultat publiserte i Framsenterets eigen rapportserie og formidla på Framsenterets nettside og gjennom ei rekkje kanalar som Youtube (framshorts.com), framsyningar, dei nasjonale forskingsdagane og stands ved ei rekkje nasjonale og internasjonale konferansar. Årets utgåve av Fram Forum vart produsert og utgitt engelskspråkleg i papirform og i elektronisk utgåve med global distribusjon.

Forskarar frå Framsenteret har òg presentert si forsking på ei lang rekkje nasjonale og internasjonale fagkonferansar og arbeidsseminar. Forskinga i Framsenteret har òg vore kommunisert til ei rekkje besøk frå ulike land og ambassadar, forskingsinstitusjonar, statlege organ, utdanningsinstitusjonar og media.

Programkategori 12.70 Internasjonalt klimaarbeid

Hovudinnhald og prioriteringar

Utgiftene under programkategori 12.70 gjeld resultatområde Klima. Kategorien omfattar verksemda til Klima- og miljødepartementet med kjøp og sal av kvotar og departementet sitt arbeid med Klima- og skoginitiativet.

Klimautfordringa kan berre løysast gjennom eit globalt samarbeid. Noreg skal vere ein pådrivar i det internasjonale klimaarbeidet. Klima- og skoginitiativet er Noreg si største internasjonale klimasatsing, og er saman med kjøp av klimakvotar vårt viktigaste bidrag til å redusere utslepp i utviklingsland. Andre hovudinnsatsområde i det internasjonale klimaarbeidet – Parisavtala, klimafinansiering, utviklinga av internasjonale karbonmarknader og utfasing av subsidiar til fossile brensle, utslepp frå internasjonal transport, og kortlevde klimaforureiningar – er også omtala i dette kapitlet. Budsjettmidlar knytt til Parisavtala og kortlevde klimaforureiningar er omtalt under programkategori 12.10 Fellesoppgåver, forsking, internasjonalt arbeid m.m. Anna internasjonalt klimaarbeid er finansiert over Utanriksdepartementets budsjett.

Parisavtala

Parisavtala under FNs klimakonvensjon tok til å gjelde 4. november 2016 då eit tilstrekkeleg tal land hadde ratifisert avtala. Den var eit vendepunkt for internasjonalt samarbeid på klimaområdet, og representerer, saman med klimakonvensjonen, eit solid rammeverk for framtidig global klimainnsats. Meir enn 175 land har ratifisert avtala. USA har på den andre sida signalisert at dei vil melde seg ut av Parisavtala.

Det overordna formålet med Parisavtala er å styrkje den globale innsatsen mot klimaendringane. Målet er å avgrense den globale temperaturauken til godt under 2 grader Celsius samanlikna med førindustrielt nivå, og å søkje å avgrense oppvarminga til 1,5 grader. Landa si evne til å handtere skadeverknadene av klimaendringane skal styrkjast. Avtala har føresegner om støtte til utviklingsland for omstilling til lågutsleppsutvikling. Det er òg oppgitt som eit formål at finansstraumar skal bli meir i samsvar med ei klimarobust lågutsleppsutvikling, og avtala har derfor føresegner om støtte til utviklingsland for omstilling til lågutsleppsutvikling.

Med Parisavtala tek alle statar på seg å utarbeide, melde inn, halde ved lag og rapportere på suksessive nasjonalt fastsette bidrag, og å setje i verk nasjonale tiltak med sikte på å nå sine nasjonalt fastsette bidrag. Det er stor forskjell i korleis landa har utforma sine innspel. FNs klimasekretariat sine utrekningar viser likevel at dei nasjonalt fastsette bidraga som no ligg til grunn for Parisavtala er langt unna den utviklingsbana som er i tråd med temperaturmålet i Parisavtala. Det er derfor stort behov for auka ambisjonar over tid gjennom den fastlagte 5-årige ambisjonssyklusen under Parisavtala. Mange av måla er dessutan uklare, noko som viser at betre rettleiing for korleis mål skal utformast og følgjast opp er naudsynt.

I slutten av 2018 skal regelverket for gjennomføringa av Parisavtala på plass. Regelverket vil gjere avtala sine føresegner gjennomførlege, understøtte progresjon i landa sin innsats, og ved gode insitament og prosessar hjelpe partane i å utvikle klarare og meir ambisiøse mål.

I 2018 vart den internasjonale Talanoa-dialogen om utsleppsreduksjonar gjennomført. Den vil informere dei nasjonalt fastsette bidraga som land skal kommunisere innan 2020. For tilliten i klimaforhandlingane er det òg viktig at dei industrialiserte landa held fram med å skalere opp si klimafinansiering til utviklingslanda. Industrilanda har ei kollektiv forplikting om å mobilisere 100 mrd. dollar årleg i slik finansiering innan 2020. Regjeringa vil føre vidare innsatsen for eit sterkt internasjonalt klimaregime i 2019.

Klimafinansiering

Noreg har vore eit føregangsland i å innrette klimafinansieringa på ein langsiktig og føreseieleg måte. Særleg gjeld dette Klima- og skoginitiativet (sjå eigen tekst etter tabell 7.20). Norsk klimafinansiering, utover Klima- og skoginitiativet og kjøp av klimakvotar, blir betalt over Utanriksdepartementets budsjett. KLD omtalar likevel klimafinansiering breitt i denne budsjettproposisjonen for å gi en samla framstilling.

Noreg har tidlegare forplikta seg til å overføre 1,6 mrd. kroner til Det grøne klimafondet i perioden 2015–2018. For 2019 blir støtta ført vidare med 400 mill. kroner over Utanriksdepartementet sitt budsjett. Diskusjonane om den første formelle påfyllinga til fondet er i gang , og det er teke sikte på å bli ferdig med forhandlingane i 2019. I Paris annonserte statsministeren òg at vi vil auke vårt bidrag til Det grøne klimafondet betydeleg. Dersom fondet sikrar verifiserte utsleppsreduksjonar frå avskoging og skogdegradering i utviklingsland vil auken til saman svare til ei dobling av vårt bidrag innan 2020. Det grøne klimafondet fatta på sitt styremøte i oktober 2017 vedtak om eit pilotprogram for utbetalingar til REDD. På bakgrunn av dette vedtaket gav Noreg ein ekstraløyving til fondet i 2017 på 80 mill. kroner.

Framhalden norsk støtte til klimatiltak i utviklingsland er svært viktig for ei effektiv gjennomføring av Parisavtala. I Meld. St. 24 (2016–2017) Felles ansvar for felles framtid har regjeringa signalisert at den vil auke nivået på klimafinansieringa. Fornybar energi vil ha ein sentral plass i den norske innsatsen, og regjeringa seier i meldinga at den vil doble bistanden til fornybar energi. I 2019 aukar støtta med 430 mill. kroner over UDs budsjett.

Norsk klimafinansiering skal framover innrettast slik at den medverkar til transformative tiltak med verifiserbar reell klimaeffekt. Vårt sterke engasjement for resultatbasert finansiering blir særleg følgt opp gjennom Klima- og skoginitiativet, arbeidet i Det grøne klimafondet, statens kvotekjøpsprogram og i ein ny pilot under Verdsbanken, Transformative Carbon Asset Facility. Gjennomføring av Parisavtala og støtte til utviklingsland sitt arbeid og innmelde klimaplanar (NDC) vil vere ei viktig føring for innretninga av klimafinansieringa framover. Parisavtalas artikkel 2.1 c, slår fast at finansieringsstraumar må gjerast konsistente med ei utvikling med låge utslepp av klimagassar og klimarobustheit. Dette understrekar betydninga av å bruke offentlege midlar og verktøy slik at private investeringar dreier seg i retning av lågutsleppsløysingar og -teknologi. Norfund er eit viktig verkemiddel i denne samanhengen. Stortinget har tidlegare stilt krav om at 50 pst. av tilførte midlar til Norfund skal nyttast til investeringar i fornybar energi. Å mobilisere private investeringar til privat klimafinansiering er også eit viktig mål for Det grøne klimafondet, som har ein eigen fasilitet forprivat sektor.

Parisavtala har gitt mandat til partane under avtala om å utvikle eit felles system for måling og rapportering knytt til tiltak og støtte. Systemet inneber at vi venteleg vil kunne rekneskapsføre både tradisjonell bistand, andre offisielle straumar og private midlar som er mobiliserte gjennom offentlege verkemiddel. Parisavtala pålegg òg industrilanda å levere oppdatert informasjon annakvart år for klimafinansiering. Forhandlingane om informasjonskrav som skal følgje desse planane er venta avslutta under klimapartsmøtet i Polen i desember 2018.

KLD har bilaterale miljøsamarbeid med Kina, India og Sør-Afrika, og støttar grøn økonomi i utviklingsland gjennom internasjonale initiativ. I tillegg støttar Noreg klimatiltak og lågutsleppsutvikling i EU-landa med svakast økonomi gjennom EØS-midlane. 5 mrd. kroner er sett av over UDs budsjett til klima-, energi og miljøsamarbeid med mottakarlanda i perioden 2014-2021. For meir informasjon, sjå programkategori 12.10 Fellesoppgåver, forsking, internasjonalt samarbeid m.m

Internasjonale karbonmarknader, prising av utslepp og utfasing av subsidiar til fossile brensle

Noreg skal vere ein pådrivar i arbeidet for å setje ein pris på CO2, og for utvikling av effektive, fungerande internasjonale karbonmarknader.

I sine innmeldingar til FNs klimakonvensjon (Nationally Determined Contributions) er det mange land som opplyser at dei har sett, eller vurderer å setje, ein pris på utslepp av klimagassar. Felles for dei fleste av dei landa som brukar dette verkemidlet er at prisane er for låge til å fremje teknologisk utvikling og omstilling. Ein ny og meir ambisiøs klimapolitikk globalt vil medverke til høgare prisar.

Parisavtala har etablert ei ramme for marknadsbasert samarbeid mellom land etter 2020. Noreg arbeider aktivt gjennom klimaforhandlingane for å sikre ei god innretning av marknadsbasert samarbeid under Parisavtala, samtidig som ein gjennom deltaking i Transformative Carbon Asset Facility tek del i arbeidet med å utvikle pilotar for å teste ut nye former for marknadssamarbeid innanfor ramma av Parisavtala.

Bruk av ulike former for marknadsmekanismar har både ført til store utsleppsreduksjonar og investeringar i mange utviklingsland. Den grøne utviklingsmekanismen (CDM), som ligg til grunn for statens kvotekjøpsprogram, har ifølgje berekningar gjort av FNs Klimasekretariat (UNFCCC) så langt ført til omlag 2 milliard tonn CO2-ekvivalentar i verifiserte reduserte utslepp. Dei faktiske reduksjonane av utslepp er av UNFCCC utrekna til å bli om lag fire gonger så høge fram til 2020. I tillegg har utviklingsland sin bruk av fleksible mekanismar ført til store investeringar i desse landa, og vist korleis ein kan gjennomføre tiltak som ikkje berre reduserer utslepp av drivhusgassar, men også har stor utviklingseffekt, til dømes gjennom redusert lokal forureining, og tilgang på fornybar energi.

Regjeringa arbeider òg for utfasing av subsidiar på fossilt brensel. Globalt har det dei seinare åra blitt brukt opp til 500 mrd. US dollar årleg på subsidiar for lågare brenselsprisar til forbrukar. Beløpet varierer og er no ca. 200 mrd. US dollar lågare, mellom anna fordi land som Mexico, Indonesia og India har gjennomført subsidiereform. Utfasing av subsidiar på fossilt brensel er av dei viktigaste tiltaka land kan gjere for at utsleppa av drivhusgassar skal slutte å auke.

Det er ein aukande tendens til at land i ulike verdsdelar set i gang reformarbeid for fossilsubsidiar. Dette har i stor grad skjedd i ein periode med låge prisar på fossil energi. Ei viktig utfordring er å halde reformarbeidet oppe i periodar med aukande prisar, noko som er ein viktig bakgrunn for mykje av den norske støtta til arbeid med utfasing av subsidiar internasjonalt. Eitt eksempel er utgreiingsarbeidet gjennom Nordisk Ministerråd, der ein ser på korleis ein kan gjere endringar i konkrete sektorar i enkelte utviklingsland. Sentralt i arbeidet står analysar av høva til såkalla «swaps», der innsparte subsidiar blir reinvesterte i energieffektivitet og fornybar produksjon. Noreg arbeider òg for å fase ut fossile subsidiar gjennom andre kanalar, slike som Vennegruppa for reform av fossile subsidiar saman med dei andre nordiske landa og Costa Rica, Etiopia, New Zealand og Sveits.

Bruk av fleksible mekanismar

Gjennom Kyotoprotokollens system og i Parisavtala er det opna for fleksibel gjennomføring og samarbeid mellom land som supplement til nasjonale tiltak. Dette har gjort det mogeleg for Noreg å ta på seg større forpliktingar, og dermed større globale reduksjonar, enn ein kunne utan ei slik ordning. Ein viser til Innst. 60 S (2013–2014) der ein samla komité (Energi- og miljøkomiteen) skriv følgjande: «Komiteen vil peke på at det gjennom Kyotoprotokollens system åpnes for en fleksibel gjennomføring og samarbeid mellom land som supplement til nasjonale tiltak. Komiteen viser til at dette kan gjøre det mulig for Norge å ta på seg større forpliktelser og bidra til større globale reduksjoner».

Ved ratifikasjon av endringar i Kyoto-protokollen har Noreg forplikta seg til å redusere dei årlege klimagassutsleppa i perioden 2013–2020 med 16 pst. i gjennomsnitt, jamført med Noregs utslepp i 1990. Reduksjonane i klimagassutslepp vil i hovudsak komme gjennom nasjonale tiltak, medrekna den norske deltakinga i det europeiske kvotesystemet, EU-ETS, som omfattar rundt halvparten av alle norske klimagassutslepp. Kvotar frå prosjekt i utviklingsland skal sikre at Noreg fullt ut oppfyller sine plikter under Kyoto-protokollen. Kor stort behov Noreg vil ha for klimakvotar frå utviklingsland er sterkt avhengig av kva avtale ein får med EU om oppgjeret for deltakinga i det europeiske kvotesystemet. Dette spørsmålet er enno ikkje avklart med EU. For ei nærare omtale av kvotesystemet, og av samanhengen mellom dette og statens behov for kvotar frå utviklingsland, viser ein til boks 7.3 i Prop. 1 S (2016–2017) Klima- og miljødepartementet for 2017.

Det blir lagt vekt på at statens kvotekjøp skal gjere ein skilnad. Ein kjøper derfor berre kvotar frå prosjekt som er i ferd med å innstille på grunn av manglande inntekter frå kvotesal eller som allereie har innstilt, og frå nye prosjekt. Klima- og miljødepartementet har inngått kontraktar med forventa levering av om lag 46 millionar kvotar. I tillegg har ein overført 3 millionar kvotar som ikkje vart nytta i den første Kyotoperioden (2008–2012).

I Parisavtala er det opna for at land kan samarbeide om gjennomføring av tiltak for å redusere utslepp av globale klimagassar. Slikt samarbeid opnar for at enkeltland aukar ambisjonane sine og kan såleis bli viktig for å realisere målet om å halde den globale oppvarminga godt under 2 grader, og å prøve å avgrense temperaturauken til 1,5 grad. Arbeidet med å utvikle reglar og prosedyrar vil ta tid. Gjennom kvotekjøpsprogrammet arbeider Klima- og miljødepartementet med å vidareutvikle dagens kvotesystem med sikte på å prøve ut ordningar som er tilpassa den nye klimaavtala for perioden etter 2020. Klima- og miljødepartementet deltek såleis i Transformative Carbon Asset Facility, TCAF, som blei lansert i tilknyting til klimakonferansen i Paris og erklært operativt i mars 2017. Fondet skal utvikle pilotar for nye samarbeidsformer tilpassa ein ny mekanisme under Parisavtala.

Formålet med fondet er å medverke til varig omlegging i utviklingsland gjennom program som støttar utvikling av lågutsleppsløysingar for sektorar i eit land. Bruk av økonomiske verkemiddel, mellom anna prising av utslepp av klimagassar, kan til dømes vere eit sentralt element i ei slik omlegging. Fondet kan medverke til at utviklingslanda aukar sine ambisjonar. I innmeldingar til FNs klimasekretariat før klimakonferansen i Paris indikerte fleire utviklingsland eit klart høgare ambisjonsnivå om dei får internasjonal støtte til å gjennomføre tiltak. Samarbeidsprogram, til dømes program gjennom TCAF, kan bli viktige verkemiddel for slike tiltak. Gjennom Parisavtala har alle land forplikta seg til å vurdere sine mål kvart femte år med sikte på å heve ambisjonane. Samarbeid mellom land om gjennomføring av tiltak kan bli avgjerande for nivået på ambisjonane.

TCAF skal levere målbare resultat i form av verifiserte utsleppsreduksjonar som deltakarane i fondet eventuelt kan bruke som bidrag til å nå nasjonale mål (NDC). Fondet vil vere resultatbasert, betaling for utsleppsreduksjonane vil som hovudregel først skje når resultat er dokumentert. Arbeidet med slike omfattande program er krevjande og kan ta lang tid. Det er dermed uvisst når, og i kva grad, TCAF vil føre til reduserte utslepp av klimagassar.

Utsleppsreduksjonar ein kjøper gjennom marknadsbasert samarbeid under Parisavtala krev avtale med vertslanda om korleis slike utsleppsreduksjonar skal bokførast for å sikre at verknadene av eit tiltak ikkje blir dobbeltrekna.

I samsvar med Meld. St. 41 (2016–2017) Klimastrategi for 2030 – norsk omstilling i europeisk samarbeid, arbeider regjeringa for ei løysing med EU der Noreg og EU-land samarbeider om å redusere klimagassutsleppa med 40 pst. Denne reduksjonen skal takast innanfor EØS, utan å rekne med effekten av eventuelle tiltak i land utanfor EØS-området. Dersom Noreg ikkje lukkast med å få ei avtale om felles gjennomføring med EU, har ein lagt til grunn at ein kan bruke fleksible mekanismar til delvis oppfylling av norske forpliktingar.

Utslepp frå internasjonal transport

Noreg arbeider innanfor FNs sjøfartsorganisasjon (IMO) og FNs organisasjon for sivil luftfart (ICAO) med å utvikle regelverk for å redusere klimagassutsleppa frå internasjonal transport. IMO vedtok i april 2018 ei avtale om reduksjon av klimagassutslepp frå internasjonal skipsfart med 50 pst. innan 2050 frå nivået i 2008. Samtidig er det semje om ein visjon om å fase ut klimagassutslepp så raskt som mogleg i dette hundreåret. ICAO vedtok på si generalforsamling i oktober 2016 å etablere ein global marknadsbasert mekanisme for å kjøpe utsleppsreduksjonar frå andre sektorar, som eit bidrag til å nå målet om karbonnøytral vekst i internasjonal luftfart etter 2020. Dei første seks åra vil det bli frivillig deltaking. 73 statar, deriblant Noreg og 43 andre europeiske land, har så langt meldt at dei vil delta frivillig. Kjøp av utsleppsreduksjonar skal komme i tillegg til meir effektive flymotorar, nye fly, teknologiutvikling, mindre omvegar på flyrutene, grøne landingar og utvikling av alternativt berekraftig drivstoff. ICAO vil venteleg vedta det endelege tekniske og juridiske rammeverket for marknadsmekanismen i 2018, og den vil vere klar for bruk frå 1. januar 2019.

Tabell 7.20 Nasjonalt mål under programkategori 12.70

Resultatområde

Nasjonale mål

Klima

Reduserte utslepp av klimagassar frå avskoging og skogdegradering i utviklingsland, i samsvar med berekraftig utvikling.

Klima- og skoginitiativet

Nasjonalt mål Klima- og skoginitiativet er delt opp i følgjande delmål:

  • 1. Å medverke til at det internasjonale klimaregimet er eit effektivt verkemiddel for reduserte utslepp frå avskoging og skogdegradering

  • 2. Å medverke til kostnadseffektive, tidlege og målbare reduksjonar i utslepp av klimagassar

  • 3. Å medverke til å ta vare på naturskog for å sikre denne skogen si evne til å binde karbon

I Parisavtala som vart inngått i 2015 er tiltak for skogbevaring og auka skogdekke (REDD+) framheva som ein viktig strategi for å nå målet. I 2015 vart òg FNs berekraftsmål vedtekne. Dei inkluderer eigne mål om stans i avskoginga, berekraftig skogforvalting og auka restaurering av degradert skog. Fordi bevaring og restaurering av tropisk skog er avgjerande for å nå klimamåla og halde ved lag biodiversitet, styrkje klimatilpassing, og samtidig utgjer livsgrunnlaget for hundrevis av millionar av menneske, er desse skogane ein direkte føresetnad for å nå alle berekraftsmåla. Det er med andre ord no ei klar internasjonal semje om at berekraftig utvikling ikkje er mogeleg utan å verne om og restaurere verdas attverande tropiske skogar.

Klima- og skoginitiativet vart lansert på Bali i 2007, og starta opp i 2008. Då initiativet vart etablert var tanken at det under FNs klimakonvensjon skulle etablerast ein global insentivstruktur for å betale for reduksjonar i klimagassutslepp i utviklingsland, og at reduserte utslepp frå avskoging og skogdegradering i utviklingsland (REDD+) skulle inkluderast i strukturen på ein god måte. Ved starten i 2008 var Klima- og skoginitiativets innsats derfor i stor grad retta mot å leggje forholda til rette for ein slik insentivstruktur, som potensielt kunne ha mobilisert eit titals milliardar dollar årleg. Toppmøtet i København i 2009 leverte ikkje dette, noko det også er vist til i Meld. St. 21 (2011–2012) Norsk klimapolitikk. Parisavtala i 2015 var eit gjennombrot ved at landa forplikta seg til å redusere sine klimagassutslepp, inkludert frå avskoging og skogdegradering. Dette inneber at viktige skogland sjølve tek ansvaret for å redusere utslepp frå skog. Sjølv om Parisavtala også opnar for at land kan selje utsleppsreduksjonar utover sine eigne bidrag, er det ikkje venta at ein slik marknad vil oppnå det omfanget som vart diskutert i 2009.

Klima- og skoginitiativets tilnærming har tilpassa seg desse endringane i rammevilkår, som Stortinget òg har blitt informert om, og har gitt si tilslutning til. I tillegg til å skape økonomiske insentiv for våre utvalte partnarland, er innsatsen i aukande grad retta mot å støtte eit breiare sett med aktørar og reformkrefter som medverkar til redusert avskoging, og å motverke globale drivkrefter bak avskoginga. Eksempel er bidrag til auka openheit og betre data om skogen og skogøydelegging, kampanjar for avskogingsfri produksjon av og handel med landbruksvarer, og innsats mot skogkriminalitet. F.eks. er tilgang til data om skogen eit viktig verktøy for myndigheitene i skoglanda i arbeidet med å handheve lovgiving som vernar skogen, og for å motverke skogkriminalitet. Det gir òg sivilsamfunnsorganisasjonar høve til å finne ut kven som avskogar, og å stille desse til ansvar. I 2019 blir Klima- og skoginitiativet styrkt med 200 mill. kroner over ein treårsperiode for å investere i infrastruktur for å gi offentleg tilgjengeleg data om skogen. Innsatsen omfattar òg styrking av skoglanda sin kunnskap og kapasitet til å bruke data, også sivilsamfunnsorganisasjonar i landa. Riksrevisjonens undersøking av Klima- og skoginitiativet frå 2018 viser til at kontrollen med gjennomføringa og resultata av REDD+ kan bli betre. Auka tilgang på data vil bidra til dette.

Dei bilaterale landpartnarskapa er sentrale i Klima- og skoginitiativets langsiktige arbeid. Her støttar Noreg blant anna styresmaktene i skoglanda sitt arbeid med å lage og handheve lover og regelverk som medverkar til berekraftig vekst samtidig som verdifull skog får stå. Først og fremst skjer dette ved å betale landa for verifiserte reduksjonar i avskoginga, men òg gjennom støtte til viktige reformer.

Støtta til sivile samfunnsorganisasjonar vart styrkt i 2018, og blir halden på tilnærma same nivå i 2019. Prioriterte innsatsområde for den auka støtta er kamp mot internasjonal skogkriminalitet, beskyttelse av miljøforkjemparar, auka ambisjonsnivå for redusert avskoging i medhald av Parisavtala, avskogingsfrie verdikjeder og innsats for å påverke finanssektoren sine investeringar i avskogingsfri retning.

Mens avskoging i Latin-Amerika og Sør-Aust-Asia ofte er driven av store landbruksaktørar, er avskoginga i fleire av samarbeidslanda i Afrika i stor grad driven av subsistensøkonomi (med produksjon til eige forbruk). Fattigdom og sterk folkevekst gjer det vanskeleg for sentrale styresmakter å styre avskoginga. I desse landa er det behov for ein breiare portefølje av langsiktige utviklingsprosjekt og investeringar lokalt. Betaling for verifiserte utsleppsreduksjonar vil der ofte ikkje vere hovudstrategien.

Alle skoglanda som Klima- og skoginitiativet samarbeider med har utfordringar når det gjeld styresett, og fleire av satsingane inneber betydeleg risiko for økonomisk misleghald. Risikovurderingar og risikohandtering er derfor ein sentral del av alle prosjekt initiativet arbeider med. Grundig kvalitetssikring før inngåing av tilskotsavtaler er eitt sentralt element i dette arbeidet. Som for alle bistandsprosjekt er nulltoleranseprinsippet lagt til grunn for økonomisk misleghald, sjå nærare i omtale i Prop. 1 S (2017–2018) Utanriksdepartementet.

Kortlevde klimaforureiningar

Noreg er langt framme på kunnskapsutvikling og internasjonalt engasjement for å redusere utslepp som gir klimaeffekt på kort sikt og som gir tilleggseffektar som betre helse og auka matproduksjon. Dette blir gjort ved å redusere utslepp av metan, svart karbon og hydrofluorkarbon i tillegg til CO2. Desse har relativt kort levetid i atmosfæren samanlikna med CO2 og kan derfor gi rask klimaeffekt og bremse farten på oppvarminga. Dette vil vere viktig for land som er særleg sårbare for konsekvensane av klimaendringane. Sidan ein del av tiltaka for å redusere desse utsleppa òg har ei rekkje andre fordelar som betre luftkvalitet, helse og jordbruksproduktivitet, kan vi redusere skadeverknadene av klimaendringane og samtidig medverke til å nå fleire av berekraftsmåla.

Noreg arbeider derfor internasjonalt for å redusere desse utsleppa, både gjennom Arktisk Råd og Koalisjonen for Klima og rein luft (CCAC). Sidan hausten 2014 har Noreg sete i styringskomiteen til CCAC. Koalisjonen vart skapt i 2012 og har no over 140 land og organisasjonar som medlemmar. I koalisjonen har Norge vore særleg engasjert i å utvikle metode for å vurdere tiltak som gir klimaeffekt, både på kort og lang sikt, og helsegevinstar. Miljødirektoratet har gjort fleire utgreiingar og medverka til viktig metodeutvikling nasjonalt og internasjonalt. Våren 2018 publiserte Miljødirektoratet ein rapport om klimaeffekt på kort sikt og helsegevinstar som vil følgje av å gjennomføre tiltaka som er identifiserte i rapporten Beregningsteknisk grunnlag for Meld. St. 41, Klimastrategi for 2030 – norsk omstilling i europeisk samarbeid.

Utanriksministermøtet under Arktisk råd vedtok i 2015 at dei arktiske landa skal redusere utsleppa sine av svart karbon og metan. I 2017 blei utanriksministermøtet samd om eit kollektivt mål om å samla redusere utsleppa av svart karbon (sot) med mellom 25 og 33 pst. innan 2025, samanlikna med 2013. Det kollektive målet er ikkje juridisk bindande. Målet skal vurderast på nytt, med sikte på å auke ambisjonane ytterlegare. Svart karbon har ein særskilt oppvarmande effekt når det blir sleppt ut i nærleiken til dei arktiske områda, då partiklane legg seg på is og snø og hindrar at solstrålane blir reflekterte tilbake til atmosfæren. Dei arktiske landa står for ti prosent av dei globale utsleppa av svart karbon, men medverkar til tretti prosent av oppvarmingseffekten i Arktis. Arbeidet med kortlevde klimadrivarar er høgt prioritert i Arktisk Råd og det blir gjennomført ei rekkje konkrete pilotprosjekt. Noreg har teke i bruk mange verkemiddel som reduserer utslepp av svart karbon. Noreg har hatt ei pådrivarrolle for å få landa med størst utslepp med på eit kollektivt mål for reduksjon av svart karbon.

I oktober 2016 vart det vedteke å fase ned produksjon og forbruk av hydrofluorkarbon (HFK) under Montrealprotokollen (Kigali-endringane). HFK-gassar blir nytta som erstatning for fleire av dei ozonreduserande gassane, og er sterke klimagassar, men dei fleste HFK-gassene har kort levetid i atmosfæren samanlikna med CO2. 48 partar har i dag (september 2018) ratifisert endringane og dei trår i kraft frå 2019. Noreg ratifiserte Kigali-endringane i september 2017 og Noregs skyldnader vil vere gjeldande frå 1. januar. For å oppfylle Noregs skyldnader vil eit system for lisensiering av import bli innført frå 2019.

Boks 7.4 Resultat etter 10 år med Klima- og skoginitiativet

Klima- og skoginitiativets strategiske rammeverk

Mål

Milepæl

  • 1. Å medverke til kostnadseffektive, tidlege og målbare reduksjonar i utslepp av klimagassar

  • 2. Å medverke til å ivareta naturskog for å sikre denne skogen si evne til å binde karbon

  • a) Betaling for reduserte utslepp frå skog

  • b) Policy for berekraftig skog- og arealbruk i skogland

  • c) System for måling, rapportering og verifisering (MRV) av utslepp frå skog er etablert

  • d) Effektiv gjennomføring av ny policy for berekraftig skog- og arealbruk

  • e) Betre styresett i gjennomføringa av skog- og arealforvaltning

  • f) Privat sektor motverkar avskoging

  • 3. Å medverke til at det internasjonale klimaregimet er eit effektivt verkemiddel mot CO2-utslepp frå avskoging og skogdegradering

  • g) REDD+ medverkar til å auke ambisjonen i det globale klimaregimet

  • h) Auka, langsiktig og føreseieleg global finansiering av REDD+

  • i) Effektive sikringsmekanismar innarbeidde i finansieringsinstitusjonane for REDD+

Klima- og skoginitiativet vart lansert på klimatoppmøtet på Bali i 2007. Mellom 2008 og 2017 har Klima- og skoginitiativet brukt totalt om lag 23 mrd. kroner. Når vi no rapporterer på resultat for 2017 kan det vere grunn til å løfte blikket og sjå på nokre eksempel på kva som er oppnådd i 10-årsperioden. Innleiingsvis bør det nemnast at til trass for viktige bidrag frå Noreg og andre land over ein tiårsperiode, er avskoginga framleis alarmerande høg mange stader, og skogsaka er framleis underfokusert og underfinansiert globalt sett. Men ønskjer vi ei berekraftig framtid for planeten må tropisk avskoging stoppast og reverserast, og som det er demonstrert nedanfor har ti år med klima- og skogsatsing vist at det nyttar.

Merk at attribusjon av resultat på eit så stort saksfelt som tropisk skogbevaring nødvendigvis vil vere komplisert. Oppsummeringa under skal derfor ikkje tolkast som ein påstand om at resultata er oppnådde åleine som ei direkte følgd av Noregs innsats. Likevel illustrerer dette kva Noreg gjennom Klima- og skoginitiativet har gitt store bidrag til å oppnå. Det er sett inn referansar til initiativet sine milepælar som går fram av tabellen over.

Internasjonal konsensus om REDD+ og forståing for skogens betyding for planeten si berekraft og sosioøkonomisk utvikling: Gjennom dei siste ti åra er forståinga for tropisk skog sin betyding for planeten si framtidige berekraft styrkt – dels som eit resultat av Noreg sin innsats. Det er no allment akseptert at verken klimamåla eller FNs berekraftsmål kan nåast med mindre tropisk avskoging blir stoppa og over tid reversert. Skog har gått frå å vere nærmast fråverande til å vere ei kjernesak i forhandlingane under FNs klimakonvensjon, og er tilgodesett med eit eige kapittel i Parisavtala frå 2015. FNs berekraftsmål inneheld sterke formuleringar om betydinga av å verne og byggje opp igjen skog. Skogland etter skogland forpliktar seg no til å bevare skog som sitt bidrag i klimakampen (milepæl g)).

Samtidig har Klima- og skoginitiativet gjennom støtte til utvikling og spreiing av kunnskap medverka til å demonstrere at effektiv berekrafts- og klimapolitikk – under dette bevaring og restaurering av tropisk skog – ikkje berre er kompatibel med økonomisk vekst, men at dei er to sider av same sak. Oppfatninga av vern som ein konkurrent til vekst blir framleis artikulert frå enkelte hald – særleg frå aktørar som har direkte økonomiske interesser i avskoginga – men det er stadig større semje om at frå eit samfunnsperspektiv er det i skoglanda si interesse å bevare og restaurere skog i stor skala. Desse perspektiva er avgjerande for å sikre politisk konsensus om skogbevaring over tid, og er oppnådd både gjennom innsats i internasjonale forhandlingar og samarbeid med skoglanda, men òg gjennom internasjonale satsingar som for eksempel New Climate Economy og The Business and Sustainable Development Commission (milepæl b), c), d), e), f), g), h)).

Samarbeidet med Brasil: Brasil har redusert sine klimagassutslepp frå avskoging i Amazonas med anslagsvis 3,8 milliardar tonn CO2 – eller vel 70 gonger Noregs årlege utslepp – i den perioden partnarskapen med Noreg har vore på plass (skogåret 2009 til skogåret 2017). Noreg har medverka direkte og indirekte til dette, gjennom å betale for nesten 230 millionar tonn reduserte utslepp (Milepæler a) til i)). Midlane som Noreg betaler for leverte tonn utsleppsreduksjonar frå Amazonas i Brasil blir sette i Amazonasfondet. Fondet er forvalta av Den brasilianske utviklingsbanken (BNDES), og styrt av ei nasjonal styringsgruppe samansett av sivilt samfunn og føderale- og delstatsmyndigheiter. Amazonasfondet finansierer tiltak for berekraftig vekst og ytterlegare redusert avskoging, eksempelvis:

  • miljøregistrering av private skogområde – som er avgjerande for å sikre transparens og lovlydnad i skogsektoren over tid – på storleik med Frankrike (Milepæl e));

  • styrking av 95 urfolksterritorium som dekkjer meir enn to gonger Noregs areal (Milepæl d) og i));

  • beskyttelse av over 190 verneområde som samla dekkjer over 1 million kvadratkilometer, tilsvarande det samla arealet til Noreg, Finland og Tyskland (Milepæl d));

  • over 50 miljøetatar har fått støtte, på både nasjonalt nivå, og i delstatar og kommunar, for å styrkje deira kapasitet til å overvake skogane og arbeidet mot skogbrannar (Milepæl d) og e)); og

  • finansiering av Brasils miljøpoliti Ibama si evne til å slå ned på ulovleg avskoging, noko som har blitt framheva som ei av hovudårsakene til at avskoginga gjekk ned igjen i skogåret 2017 etter at den auka i 2015 og 2016 (Milepæl d) og e)).

Samarbeidet med Indonesia: Indonesia har vore blant verdas største utsleppsland som følgje av store utslepp frå skog og torvmyr. Motkreftene mot reformer er mektige, økonomisk og politisk, og den indonesiske skogsektoren var for ti år sidan i stor grad stengt for innsyn og fokusert på konvertering av intakt regnskog til plantasjedrift i stor skala. I 2010 inngjekk Indonesia og Noreg eit banebrytande partnarskap for å redde det som er igjen av Indonesias regnskogar, og i åra deretter har Indonesia – dels som følgje av partnarskapsavtala med Noreg – innført og begynt implementeringa av ei rekkje viktige reguleringar.

I 2011 vart det innført eit moratorium mot utferding av nye lisensar for hogst og utvinningsverksemd i primærskog og på torvmyr på eit område nesten dobbelt så stort som Noreg. Moratoriet er sidan forlenga diverse gonger og er framleis i effekt (Milepæl b)). I forlenginga av moratoriet er det gjennomført eit stort arbeid for å skape større transparens i indonesisk skogforvaltning, under dette gjennom å offentleggjere og samordne oversiktene over indonesiske skogområde og tilknytte konsesjonar for hogst, utvinning og konvertering til landbruk. Samtidig har eit stort tal selskap fått beskjed om å revidere sine forretningsplanar for betre å ta vare på skogen, og indonesiske styresmakter har begynt arbeidet med å få slutt på dei lovlause tilstandane som tidlegare har rådd i sektoren (Milepæl d)). Reformagendaen har òg blitt utvida. Til dømes kan beslutninga i 2016 om å erklære all avskoging på og drenering av torvmyr ulovleg – også innanfor allereie utdelte konsesjonar – åleine, ifølgje utrekningar frå World Resources Institute, føre til årlege utsleppsreduksjonar som svarar til så mykje som 10 gonger Noregs årlege utslepp. I følgje Global Forest Watch vart det fjerna mykje mindre skog på slike område i 2017 enn i 2016, med tilsvarande betydelege utsleppsreduksjonar, noko som truleg er ein effekt av moratoriet (Milepæl a)).

Det er vidare gjennomført ei rekkje konkrete reformgrep for betre handheving av lova og styrkte rettar for urfolk. Den indonesiske grunnlovsdomstolen slo i 2013 fast at staten ikkje har lov til å dele ut konsesjonar på urfolk sine tradisjonelle landområde. Så langt har 18 urfolksgrupper fått retten til sitt land som ei oppfølging av vedtaket, og Klima- og skoginitiativet støttar aktivt urfolk sin innsats på dette området (Milepæl d) og e)).

Parallelt med dette har Indonesia auka sine eigne ambisjonar. I 2017 sende landet inn sin tredje nasjonale kommunikasjon til FNs klimakonvensjon. Det blir rapportert på at landet har sett opp eit informasjonssystem for sikringsmekanismar for tiltak for å redusere utslepp frå avskoging og skogdegradering. Indonesia oppdaterte òg sine nasjonale klimamål ved årsskiftet 2017/2018 og la inn høgare ambisjonar som går ut på at avskoginga skal reduserast med over 50 pst. samanlikna med gjennomsnittet for årleg avskoging i Indonesia i perioden 2000–2015 (Milepæler g) og i)).

Samarbeidet med Colombia: Noreg inngjekk saman med Tyskland og Storbritannia i 2015 ein klima- og skogpartnarskap med Colombia, og har saman med Tyskland og Storbritannia betalt for utsleppsreduksjonar frå redusert avskoging i colombiansk Amazonas. Noreg har hittil betalt for 4 millionar tonn reduserte utslepp av CO2 (Milepæl a) og c)). Colombia har i oppfølginga av partnarskapen etablert ein solid reformagenda (Milepæl b) og d)). Dei har gitt formell beskyttelse til mesteparten av sine tropiske skogar. Landbruk er berre tillate på område som ikkje var skog i 2010. Colombias samla verneområde med skog svarer no til nesten heile Noregs areal. Urfolk har vunne fram med rett til sjølvstyre på linje med kommunar. Sterke verkemiddel er sette inn for å få kontroll over ei avskoging som naturleg har auka som følgje av fredsavtala. Til trass for unike utfordringar etter fredsavtala har Colombia aktivt integrert berekraftig miljøforvaltning og fredsbygging. Noregs engasjement både for fredsavtala og for skogbevaring gjer oss til ein av Colombias næraste partnarar i denne innsatsen.

Sikringstiltak: Noreg har vore ein aktiv pådrivar for at sikringstiltak for reduserte utslepp frå avskoging og skogforringing er ein del av det internasjonale klimaregimet og at dei såkalla Cancun safeguards blei vedtekne av FNs klimakonvensjon. Landa skal rapportere på at dei føljer Cancun safeguards før dei får resultatbaserte utbetalingar. Noreg har liten kontroll på kva skoglanda vel å rapportere på til FN, men støttar tiltak for å styrkje skoglandas kapasitet til å rapportere på og til å innføra sikringstiltak. Klima- og skoginitiativet stiller krav til at alle fond som mottek pengar frå Noreg skal oppfylla dei krav Noreg har til sikringstiltak.

Offentleg/privat samarbeid. Over halvparten av avskoginga er driven av produksjon av landbruksvarer som soya, palmeolje, kjøt, gummi og papir. Klima- og skoginitiativet har vore ein sentral pådrivar for at rundt 450 av verdas største selskap – inkludert gigantar som Nestle, Walmart og Unilever – har komme med løfte om å redusere eller eliminere avskoging i verdikjedene sine (Milepæl f)). For ti år sidan var privat sektor i dei fleste skogland og til dels globalt anten passive eller til og med aktivt fiendtlege til reformer for redusert avskoging. I dag er ein stor del av dei viktigaste selskapa aktive pådrivarar for innsatsen, og del av ein stadig sterkare global koalisjon som driv innsatsen framover, blant anna gjennom Tropical Forest Alliance der Noreg er sentral givar og styremedlem. Sjølv om fødevareindustrien framleis er bak skjema for å nå målet om null avskoging innan 2020, er det mykje som tyder på at vi står overfor ei omfattande omvelting av globale råvarekjeder.

Urfolk: Å beskytte urfolk sine rettar er, utover å vere eit sentralt element i norsk menneskerettspolitikk, eit effektivt tiltak for å beskytte skog. I tropane som heilskap anslår Rights and Resources Institute (RRI) at urfolk forvaltar meir enn 55 milliardar tonn, eller minst 25 pst., av karbonet bunde i tropisk skog. Urfolk og lokalsamfunn forvaltar ifølgje RRI desse områda både meir effektivt og meir kostnadseffektivt enn styresmakter og verneorganisasjonar. Sikre landrettar for urfolk er avgjerande for vedvarande forsvarleg forvaltning av desse områda.

Klima- og skoginitiativet har derfor gjennom tett samarbeid med urfolksorganisasjonar, sivilt samfunn og multilaterale organ medverka til at urfolk sine rettar og stemme er styrkt både i dei internasjonale klimaforhandlingane og i nasjonale prosessar i skoglanda vi jobbar med (Milepæl e) og i)). Store nye regnskogsområde er komne under kontroll av urfolk (og dels andre lokalsamfunn) i Brasil (nær 14 pst. av arealet) og Colombia (nær 31 pst. av arealet). I Peru og spesielt i Indonesia er anerkjenning av urfolksterritorium i startgropa, men potensialet er stort og planane ambisiøse. Potensialet i Indonesia, det vil seie område urfolk har hevdvunne rettar til, men som like fullt ikkje er offisielt anerkjent, er ifølgje urfolksorganisasjonar på heile 400 000 km2, meir enn ein femdel av Indonesias flateareal. Klima- og skoginitiativet finansierer dette arbeidet globalt, både gjennom våre landpartnarskap og vår sivilsamfunnssatsing, og er medinitiativtakar til og finansierer The International Land and Forest Tenure Facility som skal medverke til å drive dette arbeidet framover i viktige tropiske skogland.

Skogovervaking og transparens. Klima- og skoginitiativet har gitt sentrale bidrag til ein teknologirevolusjon innanfor skogovervaking som få hadde trudd var mogleg for 10 år sidan (Milepæl c)). Skogsektoren i mange sentrale tropiske skogland har i stor grad vore stengt for effektivt innsyn. Oppdaterte avskogingsdata for alle skogland – i nær sanntid og med stadig betre detaljeringsnivå – finst no gratis hos norsk-støtta Global Forest Watch, som Klima- og skoginitiativet har vore den første og største donor til. Dermed er informasjonsmonopolet brote. Noreg har òg medverka til å styrkje skogovervaking og transparens i sentrale samarbeidsland, og til å styrkje arbeidet som blir gjort i regi av FN og Verdsbanken på dette området.

Støtte til sivilt samfunn. Miljøorganisasjonar har spela ei særs viktig rolle for å halde selskap og land ansvarlege for å levere på sine forpliktingar. Klima- og skoginitiativet har eit omfattande samarbeid med sivilt samfunn over heile verda, og støttar deira innsats på ei rekkje område som bidrar til redusert avskoging og berekraftig utvikling (Milepæl e)). Gjennom 10 år har Klima- og skoginitiativet utbetalt om lag 2,2 mrd. kroner til sivilsamfunnsorganisasjonar.

Kampen mot skogkriminalitet. Meir enn halvparten av avskoginga som føregår globalt er ulovleg. Skogkriminalitet er i verdi blant dei fire mest lønsame internasjonale ulovlege geskjeftane. Tilgang til informasjon og ansvarleggjering av aktørar er effektive verkemiddel for å auke innsatsen mot skogkriminalitet og brot på menneskerettar. Klima- og skoginitiativet støttar organisasjonar som Interpol og ei rekkje miljøorganisasjonar som avdekkjer skogkriminalitet. Innsatsen har medverka til fleire hundretals arrestasjonar i Amazonas og Søraust-Asia, og beslag av tømmerlaster verd titals millionar dollar (Milepæl d)).

Verdsbankens Karbonfond. Etter fleire år med forhandlingar, regelutforming og førebuingar – og betydeleg forseinking – har vi no i samarbeid med eit stort tal givarland og tropiske skogland bygd opp eit multilateralt system for å betale for utsleppsreduksjonar (Milepæl h), g) og i)). Fondet førebur seg no på å inngå kjøpskontraktar med opptil 19 land, for anslagsvis til saman 212 millionar tonn utsleppsreduksjonar.

Boks 7.5 Riksrevisjonens undersøking av Klima- og skoginitiativet

Riksrevisjonen overleverte våren 2018 Dokument 3:10 (2017–2018) Riksrevisjonens undersøkelse av Norges internasjonale klima- og skogsatsing til Stortinget. Riksrevisjonen har undersøkt Noregs innsats for å etablere eit effektivt verkemiddel for å redusere klimagassutslepp frå avskoging og skogdegradering i utviklingsland.

Riksrevisjonens hovudfunn:

  • Resultata av REDD+ er til no forseinka og usikre

  • Kontrollen med gjennomføringa og resultata av REDD+ fungerer ikkje godt nok

  • Det norske bidraget til REDD+ har ikkje utløyst nok finansiering frå andre givarar

  • Klima- og miljødepartementet er ikkje systematisk nok i å hente inn og bruke informasjon om resultat av den norske klima- og skogsatsinga

  • Departementet si oppfølging av risiko for misleghald er ikkje god nok

Riksrevisjonens tilrådingar:

  • Utvikle vidare tiltak for å handtere behovet for varige resultat i REDD+ gjennom arbeidet inn mot FNs klimakonvensjon og i dei bilaterale samarbeida

  • Styrkje departementets informasjonsgrunnlag for å ta vare på sosiale og miljøvise sikringsmekanismar ved betalingar for resultat

  • Styrkje oppfølginga av det norske bidraget til REDD+ gjennom systematisk å hente inn og behandle informasjon om framdrift og resultat i den norske klima- og skogsatsinga

  • Syte for ei ansvarleg og aktiv oppfølging av risiko og bruk av reaksjonar ved avvik og varsel om mogleg økonomisk misleghald

Klima- og miljøministerens tilsvar til Riksrevisjonen:

Klima- og miljøministerens svarbrev er teke inn i Dok. 3:10. Brevet framhevar at Riksrevisjonen gir nyttige innsikter, og at departementet vil følgje opp Riksrevisjonens tilrådingar. Tilrådingane er i stor grad i tråd med innsatsen som allereie blir gjort i Klima- og skoginitiativet. Departementet vil framover følgje Riksrevisjonens tilråding om å styrkje innhenting av informasjon både om sikringsmekanismar, og om framdrift og resultat av den norske innsatsen for å kunne bruke kunnskapen til å gjere innsatsen meir målretta og effektiv. Departementet vil òg aktivt følgje opp risiko for økonomisk misleghald.

Klima- og miljøministeren har i svarbrevet ein del merknader til Riksrevisjonens funn. Brevet viser bl.a. fram ei rekkje resultat av Klima- og skoginitiativets innsats, bl.a. blir resultata av Brasils innsats for å redusere øydelegginga av Amazonas det siste 10-året framheva. Samarbeidet mellom Noreg og Brasil har vore ei drivkraft i denne innsatsen. Ein viser òg til at rammevilkåra for Klima- og skoginitiativet i stor grad har endra seg sidan initiativet vart lansert i 2007. Frå å skulle vere ein mellombels innsats for eit globalt klimaregime med solid finansiering som skulle etablerast etter toppmøtet i København i 2009, har den norske innsatsen blitt ståande som det største globale initiativet for verdas regnskogar. Andre land har komme etter, men den venta globale finansieringa har ikkje blitt realisert. Samtidig har skoglanda gjennom Parisavtala i sterkare grad teke ansvar for å redusere avskoginga på eiga hand (og i mange tilfelle presisert at dei kan gjere meir med internasjonal støtte). Derfor har Klima- og skoginitiativet justert innsatsen mot å i endå større grad også å samarbeide med krefter som kan medverke til redusert avskoging gjennom andre kanalar, f.eks. sivile samfunnsorganisasjonar, urfolksorganisasjonar, privat næringsliv og å leggje til rette for nasjonal innsats gjennom bilaterale samarbeid og å utvikle gode verktøy og kunnskap for at skoglanda kan forvalte og kontrollere skogen sin. I sitt svarbrev til Riksrevisjonen framhevar Statsråden at desse endra rammevilkåra og oppnådde resultata ikkje kjem godt nok fram i Dok. 3:10.

Nærare om budsjettforslaget

Foreslått løyving knytt til programkategorien for 2019 er på 3,385 mrd. kroner. Dette er ein auke på om lag 257 mill. kroner eller om lag 8,2 pst. samanlikna med saldert budsjett for 2018. Auken relaterer seg til priskompensasjon og ein auka satsing på Klima- og skoginitiativet med 200 mill. kroner.

Overslaget på inntekter frå kvotesal er sett til 6,743 mrd. kroner. Budsjettmidlar knytt til Parisavtala og kortlevde klimaforureiningar er omtalt under programkategori 12.10 Fellesoppgåver, forsking, internasjonalt arbeid m.m.

Utgifter under programkategori 12.70 fordelte på kapittel

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2017

Saldert budsjett 2018

Forslag 2019

Pst. endr. 18/19

1481

Klimakvotar

133 758

148 742

204 809

37,7

1482

Internasjonale klima- og utviklingstiltak

2 977 669

2 979 805

3 180 582

6,7

Sum kategori 12.70

3 111 427

3 128 547

3 385 391

8,2

Kap. 1481 Klimakvotar

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2017

Saldert budsjett 2018

Forslag 2019

01

Driftsutgifter, kan overførast

2 841

4 432

4 499

22

Kvotekjøp, generell ordning, kan overførast

130 607

144 000

200 000

23

Kvotekjøp, statstilsette sine flyreiser, kan overførast

310

310

310

Sum kap. 1481

133 758

148 742

204 809

Post 01 Driftsutgifter, kan overførast

Posten omfattar utgifter til kjøp av eksterne tenester som kommersiell og juridisk rådgiving, og andre driftsutgifter i samband med arbeidet med kjøp av utsleppsreduksjonar. Det blir foreslått ei løyving på 4,496 mill. kroner på denne posten.

Post 22 Kvotekjøp, generell ordning, kan overførast

Posten omfattar utgifter til kjøp av utsleppsreduksjonar. For 2019 blir det foreslått ei løyving på 200 mill. kroner.

Strategien for kjøp av klimakvotar i perioden 2013–2020 er drøfta i Revidert nasjonalbudsjett 2013. Der legg ein vekt på at staten gjennom sitt kvotekjøp skal medverke til utviklinga og legitimiteten til det internasjonale samarbeidet. Kjøpsstrategien byggjer på FN-systemet, og ein fører i store trekk vidare strategien frå første Kyotoperiode (2008–2012). Staten kjøper kvotar frå FN-godkjende prosjekt som står i fare for å innstille drifta eller som allereie har innstilt, og frå nye prosjekt. Ein vil ikkje kjøpe kvotar frå prosjekt som har inntekter som dekkjer dagleg drift. Slike prosjekt vil mest truleg halde fram å generere utsleppsreduksjonar uavhengig av statens kvotekjøp. I samsvar med EUs regulering av kvotehandelssystemet vil staten ikkje kjøpe kvotar frå hydrofluorkarbonprosjekt, adipinsyreprosjektet, og frå kolbasert energiproduksjon utan karbonfangst og lagring.

Klima- og miljødepartementet foreslår at det blir løyvd 200 mill. kroner til betaling for kvotar og andre utsleppsreduksjonar som blir leverte i 2019. Gjennomsnittleg pris per kvote er 32 kroner. Overslaget er basert på forventa levering frå eksisterande avtaler, men som vanleg er det uvisst kor mange kvotar som faktisk vil bli leverte. Dette vil avhenge av utviklinga i det enkelte prosjekt. Blir til dømes eit prosjekt forseinka, eller kanskje ikkje gjennomført, vil dette påverke utbetalingane. Det ligg også inne overslag på utbetalingar til fond under Verdsbanken (TCAF og CPF).

I visse høve vil det vere ønskjeleg å betale ein viss del på forskot, mellom anna ved deltaking i fond under Verdsbanken. I samsvar med etablert praksis kan det òg bli aktuelt å betale eit mindre forskotsbeløp til prosjekteigarar for å dekkje ymse administrasjonskostnader. Forvaltingskostnader til NEFCO, Verdsbanken, og eventuelle andre forvaltarar vert òg ført på denne posten. Det kan også vere aktuelt å støtte alminnelege tiltak for å hjelpe land med å utvikle program som i sin tur kan gje grunnlag for kjøp av utsleppsreduksjonar i perioden 2021–2030.

Det kan vere føremålstenleg å endre samansetjinga av porteføljen til staten. Det kan ein gjere ved å selje vidare kontraktar for enkelte prosjekt, ved å selje framtidige volum frå enkelte prosjekt, eller ved å selje kvotar i marknaden. Den slags sal kan vere ønskjeleg for å gjere tilpassingar i porteføljen, for eksempel for å få betre risikospreiing ved å kjøpe frå prosjekttypar og land som er underrepresenterte i porteføljen, eller for å tilpasse volumet til oppdaterte overslag over levering og kjøpsbehov. Det kan òg vere aktuelt å styre denne eksponeringa gjennom avleidde instrument, for eksempel bytteavtaler. Klima- og miljødepartementet ber derfor om fullmakt til å selje kvotar og å nytte salsinntekta knytta til sal av klimakvotar under statens kvotekjøpsprogram, som er rekneskapsført på kap. 4481 Sal av klimakvotar, post 01 Salsinntekter, til å betale for nye kvotar utover det som er løyvd, jf. forslag til romartalsvedtak III.

Ved utgangen av august 2018 hadde Klima- og miljødepartementet inngått avtaler om levering av til saman 54 millionar kvotar (tonn CO2-ekvivalenter). Ein reknar ikkje med å få levert avtalt volum fullt ut. Kor mykje som faktisk blir levert, er avhengig av utviklinga i det enkelte prosjektet. Forventa levering frå dei inngåtte avtalene er anslått til om lag 46 millionar kvotar, men overslaget er usikkert. I tillegg til avtaler som er inngått for levering i perioden 2013–2020 har ein overført om lag 3 millionar kvotar som ikkje vart nytta i den første Kyotoperioden (2008–2012). Ved utgangen av august 2018 stod det til saman 21 millionar kvotar på statens konto i det internasjonale kvoteregisteret.

Kontraktane blir inngått etter fullmakter gitt av Stortinget. I samsvar med innarbeidd praksis ber Klima- og miljødepartementet om at fullmakta blir fornya, slik at den dekkjer framtidige skyldnadar på avtaler som allereie er inngått. På denne bakgrunn ber ein om ei fullmakt på 1 700 mill. kroner for å dekkje utbetalingar som følgjer i åra etter 2019. Denne ramma vil omfatte betalingar som knyter seg til avtaler som blir inngått i 2019 og tidlegare år, og som vil gi utbetalingar i 2020 og seinare år, jf. forslag til romartalsvedtak IV.

Rapport 2017

I 2017 signerte Klima- og miljødepartementet ni avtaler om levering av 9 millionar kvotar frå 14 ulike prosjekt i syv utviklingsland. Prosjekta knyter seg til energieffektive kokeomnar og til metanoppsamling frå søppelfyllingar, frå avløpsvatn og frå gjødselkjellarar. Gjennomsnittleg kontraktspris er om lag 3,3 euro, eller rundt 32 kroner for kvar kvote (tonn CO2-ekvivalentar). Til saman har KLD inngått 18 bilaterale avtaler om levering av 21 mill. kvotar.

I perioden 2013–2017 vart det òg inngått avtaler gjennom fond i Verdsbanken (Carbon Partnership Facility) og NEFCO (NEFCO Carbon Fund og Norwegian Carbon Procurement Facility). Ei meir detaljert oversikt over inngåtte avtaler ligg på www.carbonneutralnorway.no og på heimesidene til Klima- og miljødepartementet.

Avtale om deltaking i Transformative Carbon Asset Facility, eit fond under Verdsbanken, med 80 mill. amerikanske dollar vart underteikna i januar 2017.

Post 23 Kvotekjøp, statstilsette sine flyreiser, kan overførast

Ordninga med kvotekjøp for statstilsette sine flyreiser vart innført på nytt i 2013 etter at EU sitt opplegg for kvoteplikt for fly vart innskrenka til berre å omfatte flyreiser innanfor EØS-området. Det vil derfor verte kjøpt kvotar for statstilsette sine reiser som ikkje er omfatta av kvoteplikt. På bakgrunn av at flyreiser innan EØS-området er omfatta av kvoteplikt, er omfanget av reiser det skal kjøpast kvotar for, avgrensa. Regjeringa foreslår at det vert løyvd 310 000 kroner for å dekkje kjøp av kvotar for flyreiser statstilsette gjer på strekningar som ikkje er omfatta av kvoteplikt.

Kap. 4481 Sal av klimakvotar

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2017

Saldert budsjett 2018

Forslag 2019

01

Salsinntekter

6 743 022

Sum kap. 4481

6 743 022

Post 01 Salsinntekter

EUs reviderte kvotedirektiv, med underordna rettsakter, vart innlemma i EØS-avtala i juli 2012. Reglane er harmoniserte på EU-nivå og inneber m.a. at kvoteplikta skal utvidast til å gjelde fleire sektorar og klimagassar. Kvotar som ikkje vert tildelte gratis, skal seljast i den europeiske marknaden. Kommisjonen har fordelt mengda av kvotar som skal seljast etter ein bestemt fordelingsnøkkel. Noreg sin del av totalt salsvolum er om lag 0,75 pst. Frå og med 2013 skal Noreg selje kvotar gjennom auksjonar på ei felleseuropeisk auksjonsplattform. Prosessen med å knytte seg til denne auksjonsplattforma har teke mykje lengre tid enn føresett og Noreg har enno ikkje fått ta til å selje kvotar. Dette skuldast mellom anna diskusjonar omkring EØS-rettslege spørsmål.

EFTA-landa har no komme til semje med Europakommisjonen om vilkåra for å auksjonere kvotar. EFTA-statane vil inngå to tilknytingsavtaler til avtaler mellom Europakommisjonen og EUs medlemsstatar om felles innkjøp av auksjonsplattform og auksjonsovervakar. Ei ny avgjerd i EØS-komiteen skal legge til rette for at EFTA-statane kan bli partar i desse avtalene. Deltaking i den nye avgjerda til EØS-komiteen og inngåing av dei to tilknytingsavtalene er ei sak som krev Stortinget sitt samtykke i medhald av Grunnlovas §26 andre ledd. Samtykkeproposisjon om å delta i avgjerda i EØS-komiteen og tilknyting til avtaler om felles innkjøp vart godkjent i statsråd 22. juni, jf. Prop. 101 S (2017–2018).

Det er no lagt til grunn at Noreg vil komme i gang med kvotesalet i 2019. Forseinkinga med å komme i gang med salet betyr at det i perioden 2013–2018 har akkumulert seg totalt 41,4 millionar kvotar som ikkje er selde. Ytterlegare 5,4 millionar kvotar er foreløpig planlagt selt i 2019, til saman 46,8 millionar kvotar. EUs innstrammingsreform (Market Stability Reserve, MSR) som trer i kraft i 2019 medverkar til å redusere det samla auksjonsvolumet i 2019 med 264 millionar kvotar. Noregs del av dette er 2,2 millionar. EU-kommisjonen vil i mai 2019 kunngjere om det vil bli ytterlegare reduksjon av auksjonsvolumet i 2019.

Basert på kvoteprisen i marknaden sommaren 2018 er inntekta frå sal av klimakvotane for perioden 2013–2019 anslått til 6 743 mill. kroner. Kvoteprisen har auka mykje det siste året, men prisane kan svinge sterkt i denne marknaden og anslaget er derfor usikkert. Ein tek atterhald om ytterlegare forseinkingar i prosessen med å knyte seg til den felleseuropeiske auksjonsplattforma.

Kap. 1482 Internasjonale klima- og utviklingstiltak

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2017

Saldert budsjett 2018

Forslag 2019

01

Driftsutgifter

98 908

98 262

99 039

73

Klima- og skogsatsinga, kan overførast

2 878 761

2 881 543

3 081 543

Sum kap. 1482

2 977 669

2 979 805

3 180 582

Forvaltinga av Klima- og skoginitiativet har frå 1. januar 2014 vore samla i Klima- og miljødepartementet. Dagens organisering der ansvaret for satsinga er samla i eitt departement er vurdert som effektiv og gir klarare ansvarsforhold enn tidlegare delt organisering mellom Klima- og miljødepartementet og Utanriksdepartementet.

Post 01 Driftsutgifter

Posten omfattar driftsmidlane knytte til regjeringa sitt Klima- og skoginitiativ. Posten dekkjer alle driftskostnader til satsinga, under dette løn, administrasjon, reiseutgifter, informasjonsverksemd, evalueringar m.v. i Klima- og miljødepartementet, Utanriksdepartementet (med ambassadane) og Norad. I tillegg dekkjer løyvinga kjøp av varer og tenester knytte til drift, slik som utgreiingar, konsulenttenester, seminar og internasjonale møte m.v. Samanlikna med 2018 er posten redusert med 0,5 mill. kroner på grunn av avbyråkratiserings- og effektiviseringsreforma.

For 2019 er det foreslått ei løyving på 99 039 000 kroner på posten. I medhald av OECD/ DACs direktiv kan visse utgifter godkjennast som offisiell utviklingshjelp (ODA-godkjente utgifter). Heile løyvinga på kap. 1482, post 01 er godkjent som utviklingshjelp.

Klima- og skoginitiativet er eit internasjonalt nybrottsarbeid. Å drive dette arbeidet framover er krevjande, både politisk og fagleg. Tilgang til variert og høg kompetanse og kapasitet gjennom målretta bruk av eksterne fagmiljø er avgjerande for å lykkast. Dette gjeld både for å drive det globale arbeidet med løysingsutvikling og klimapolitisk konsensusbygging vidare, og for å kunne støtte partnarland sitt arbeid med å utvikle og implementere sine klima- og skogstrategiar.

Rapport 2017

Kap 1482, post 01 har blitt nytta til løns- og driftsutgifter for Klima- og skoginitiativet. Midlane dekkjer løns-, drifts- og reiseutgifter til satsinga i Klima- og miljødepartementet, Norad og ved norske utanriksstasjonar som forvaltar midlar for Klima- og skoginitiativet. Ein stor del av personellressursane i initiativet har vore nytta til å følgje opp dei bilaterale samarbeida, og internasjonale prosessar som medverkar til å nå måla om utsleppsreduksjonar frå skog i utviklingsland.

Klima- og skoginitiativet har mål om å medverke til eit effektivt klimaregime basert på klimaavtala som vart forhandla fram i Paris i 2015. Som ein del av dette har Klima- og skoginitiativet i 2017 arbeidd for at utslepp frå skog skal inngå i lands nasjonale bidrag (NDC) under Parisavtala, at landa skal auke ambisjonsnivået i sine NDCar, og at skog skal medverke til å nå Parisavtalas ambisiøse globale mål. Klima- og skoginitiativet har hatt tett kontakt med partnarlanda for å støtte desse nasjonale prosessane og har kjøpt konsulenttenester for å støtte opp om prosessane. Dette har medverka til milepælen «REDD+ medverkar til å auke ambisjonen i det globale klimaregimet» i Klima- og skoginitiativets strategiske rammeverk, sjå boks. 7.4.

Klima- og skoginitiativet har som mål å auke den globale finansieringa av REDD+. I 2017 har initiativet arbeidd saman med og opp mot ei rekkje donorland for å få dette til, blant anna gjennom dei globale klimaforhandlingane. Saman med Tyskland og Storbritannia har Noreg lova ei samla finansiering på 5 mrd. dollar frå 2015–2020. Dette arbeidet medverkar til milepælen «auka langsiktig og føreseieleg global finansiering av REDD+». I 2017 har Klima- og skoginitiativet halde fram med innsatsen for å få høve til å etablere gobale marknader for utsleppsreduksjonar frå skog i utviklingsland. For å støtte desse prosessane har det vore kjøpt inn eksterne konsulenttenester.

Klima- og skoginitiativet samarbeider med ei rekkje partnarland og organisasjonar internasjonalt. Dette inneber å delta på og arrangere internasjonale møte og konferansar, og prosessar for å etablere internasjonalt samarbeid, ofte med fleire aktørar. Midlar på posten har vore brukt til å dekkje utgifter knytte til å gjennomføre slike arrangement, medverke til konsensusbygging, utvikle analysar og løysingar m.m. Midlar har òg vore brukte til å innhente eksterne vurderingar av partnarlands framdrifts- og utsleppsrapportar. Tenestene har i hovudsak vore finansierte over driftsposten.

Post 73 Klima- og skogsatsinga, kan overførast

For 2019 er det foreslått løyvd 3 081 543 000 kroner på posten. I 2019 er posten auka med 200 mill. kroner for ein treårsperiode for å investere i infrastruktur for offentleg tilgjengeleg data om skogen. Klima- og skoginitiativet har sidan lanseringa i 2007 inngått ei rekkje samarbeid og partnarskap, i hovudsak med sentrale tropiske skogland med mål om å betale for verifiserte, reduserte utslepp frå skog i løpet av avtaleperioden. Framdrifta i disse initiativa vil bli tilpassa den ramma som er foreslått på posten. Det er ikkje rom for å inngå større nye partnarskap på posten innanfor noverande budsjettramme.

Det er fremja forslag om ein tilsegnsfullmakt på 2 052 mill. kroner på posten, sjå romartalsvedtak VI. Klima- og skoginitiativet inngår langsiktige avtaler om betaling for resultat i skoglanda. Partnarskapa til Klima- og skoginitiativet inneber fleire juridiske forpliktingar om fleirårige utbetalingar. Skyldnader blir utløyste når partnarlandet leverer resultat som avtalt i form av verifiserte utsleppsreduksjonar, eller milestolpar i reformer for betra skogforvalting og redusert avskoging. Fullmakta dekkjer òg avtaler med organisasjonar som inneber utbetalingsforpliktingar over fleire år.

I medhald av OECD/ DACs direktiv kan visse utgifter godkjennast som offisiell utviklingshjelp (ODA-godkjente utgifter). Heile løyvinga på kap. 1482, post 73 er godkjent som utviklingshjelp.

Mål

Tilskotet skal medverke til:

  • at det internasjonale klimaregimet er eit effektivt verkemiddel for reduserte utslepp frå avskoging og skogdegradering

  • kostnadseffektive, tidlege og målbare reduksjonar i utslepp av klimagassar frå avskoging og degradering av skog i utviklingsland

  • å bevare naturskog i utviklingsland for å sikre denne skogen si evne til å lagre karbon

Desse måla skal vere styrande for ressursbruk og prioriteringar, og vedtak om igangsetjing, vidareføring eller endring av støtte. Det er eit overordna mål for norsk utanriks- og utviklingspolitikk å medverke til berekraftig utvikling og reduksjon av fattigdom. For norsk klimapolitikk er det eit overordna mål å medverke til reduserte utslepp av klimagassar for å nå dei globale klimamåla. Desse er derfor naturlege overordna mål for Klima- og skoginitiativet. Langsiktig bevaring av skog er avhengig av at det blir oppnådd resultat også på andre område enn reduserte utslepp av klimagassar. Klima- og skoginitiativet skal derfor gjennom arbeidet òg medverke til bevaring av naturskog, berekraftig utvikling og styrking av politisk og økonomisk styresett i naturressursforvaltinga og arbeide for å sikre rettane til urfolk og lokalsamfunn. I arbeidet for å nå måla skal klimapolitikken og utviklingspolitikken underbyggje kvarandre.

Tildelingskriterium

Tilskotet dekkjer tre kategoriar av tiltak: betaling for verifiserte utsleppsreduksjonar, finansiering av program- og prosjektporteføljar og fondsoppbygging. I tillegg skal tilskotet medverke til å utvikle og å spreie kunnskap som medverkar til å nå Klima- og skoginitiativet sine mål. Kriterium for utbetaling av tilskot i kvar kategori er beskrive under.

Betaling for verifiserte utsleppsreduksjonar

Eit av Klima- og skoginitiativet sine hovudmål er reduksjon av klimagassutslepp frå avskoging og degradering av skog. Kriterium for å utløyse tilskotsmidlar er verifiserte reduksjonar av klimagassutslepp frå avskoging og degradering av skog. I tråd med Stortingets føringar er det eit mål å auke delen av tilskotet som blir utbetalt for verifiserte utsleppsreduksjonar frå skog. Slike utbetalingar er avhengig av effektive og robuste system for å måle og verifisere resultat, og storleiken på utbetalinga må stå i eit rimeleg forhold til det oppnådde resultatet. Blir det ikkje levert dokumentasjon på reduserte utslepp eller auka klimagassopptak i skog, skal midlane ikkje utbetalast.

Finansiering av program- og prosjektporteføljar

For å nå måla om utsleppsreduksjonar gjennom bevaring av skog er det i mange land behov for førebuande innsats for å starte dei naudsynte prosessane, etablere strategiar og arenaer og støtte program for omlegging til nye forretningsmodellar og produksjonsmetodar i landbruk. Eit godt forvaltingsregime er ein føresetnad for å få resultat av satsinga og sikre framdrift i arbeidet. Klima- og skoginitiativet vil derfor føre vidare arbeidet med å styrkje gjennomføringstakten og hindre forseinkingar ved å medverke til reformer og institusjonsbygging i mottakarlanda. Dette vil òg imøtekomme forventningar og behov i mottakarlanda og styrkje moglegheitene for varig betra skogforvalting.

Styresmakter, organisasjonar, næringslivsaktørar og andre aktørar som kan medverke til reformprosessar og å nå Klima- og skoginitiativet sine mål, kan få tilskot frå posten.

Midlane skal nyttast til prosjekt eller program som fremjar institusjonsbygging, planprosessar, kartleggingsarbeid, kompetansebygging, kunnskapsutvikling eller liknande, som medverkar til at måla for tilskotsposten blir nådde. Midlar kan nyttast til tiltak som fremjar samarbeid med privat sektor og som styrkjer insentiva for privat sektor til å investere i berekraftig og avskogingsfri produksjon av råvarer. Det kan mellom anna givast tilskot til private aktørar for å direkte redusere investor sin risiko knytt til investeringar i avskogingsfri og berekraftig råvareproduksjon. Sjå romartalsvedtak knytt til posten for unnatak frå økonomireglementet i visse tilfelle.

Fondsoppbygging (multilaterale satsingar) for framtidige utbetalingar for verifiserte utsleppsreduksjonar

Varig skogbevaring i utviklingsland krev store investeringar for berekraftig utvikling. Tilgang til føreseieleg finansiering av REDD+-investeringar er dermed ein føresetnad for å nå Klima- og skoginitiativet sine mål. Det kan derfor utbetalast midlar frå posten til mulitilaterale satsingar for framtidig betaling for utsleppsreduksjonar, som for eksempel Forest Carbon Partnership Facility (FCPF) i Verdsbanken.

I enkelte internasjonale organisasjonar kan det vere vanskeleg for Noreg å få gjennomslag for å følgje våre reglar om utbetaling etter behov og i terminar. Primært vil dette vere i tilfelle der fondsforvaltar ønskjer ein del forskotsvise utbetalingar for å inngå juridisk forpliktande avtaler med tropiske skogland om framtidig kjøp av verifiserte utsleppsreduksjonar. Slik utbetaling krev unntak frå føresegnene i stortingsvedtak av 8. november 1984 om utbetaling av gitte tilskotsløyvingar. Sjå forslag til romartalsvedtak VIII for klima- og miljødepartementet. Klima- og skoginitiativet sitt krav om at midlane skal rapporterast som bistand vil stå fast.

Fondsoppbygging skal vurderast separat for kvart enkelt tilfelle, og berre når følgjande kriterium er oppfylte:

  • Betaling for resultat. Fondsoppbygging bør avgrensast til initiativ der Noreg medverkar til å byggje opp fond med eksplisitt formål å betale for framtidige verifiserte utsleppsreduksjonar frå skog.

  • Utfall av forhandlingar. Nye unntak skal berre vurderast for initiativ der Noreg må ta omsyn til ein eller fleire andre store bidragsytarar og/eller multilaterale samarbeidspartnarar sin praksis og behov. Noreg skal i forhandlingar først ha forsøkt å få gjennomslag for at midlane blir utbetalte til fondet etter at utsleppsreduksjonane er oppnådde.

  • Forsvarleg forvalting. Det må etablerast juridiske rammeverk og styringsstruktur knytte til fonda som sikrar god forvalting av midlane. Dersom midlane er forvalta i felles fond med fleire bidragsytarar skal Noreg forsøke å etablere felles forvaltingskrav som sikrar effektiv forvalting.

Utvikle og spreie kunnskap om Klima- og skoginitiativet sine mål

Det er eit mål å kommunisere Klima- og skoginitiativet sine mål betre ut til befolkninga i Noreg og globalt. Tiltak som medverkar til å spreie kunnskap som er relevant for Klima- og skoginitiativet sine tre målsetjingar som beskrivne over kan derfor få støtte. Det kan søkjast om tilskotsmidlar til kunnskapsformidling retta mot endringsaktørar og premissleverandørar globalt eller nasjonalt, mot marknadsaktørar og mot befolkning i skogland, givarland eller globalt. Tiltak med mål om å formidle kunnskap kan få tilskot. Opplæring og kunnskapsproduksjon kan inngå som ein del av prosjektet.

Oppfølging og kontroll

For kvar utbetaling skal det rapporterast på oppnådde resultat i samsvar med dei inngåtte avtalene og dei klimapolitiske måla. Tilskotsmottakarar skal ha sikringsmekanismar mot korrupsjon og negative sosiale og økonomiske konsekvensar.

Betaling for verifiserte utsleppsreduksjonar skjer etterskotsvis. Utbetalingane vil skje til fond, som vil vere tilskotsmottakar. I visse høve vil det vere ønskeleg å betale ein viss del vidare frå fondet på forskot, mellom anna ved deltaking i fond under Verdsbanken. Ved delegert samarbeid om betaling for verifiserte utsleppsreduksjonar, vil tilskotsmottakar vere den parten som er delegert forvaltinga. Klima- og miljødepartementets ansvar knytt til oppfølging av midlane er derfor avgrensa til oppfølging av avtala mellom Noreg og mottakar. Eit eksempel på eit slikt fond er Brasils Amazonas-fond, administrert av Den brasilianske utviklingsbanken (BNDES).

Avtaler om utbetalingar til fond bør gi høve til kontroll og tilbakebetaling av tilskotet innanfor eit rimeleg tidsrom dersom det ikkje er forvalta i tråd med intensjonen. Ved utbetalingar til fond må det avtalast at fondet berre kan bruke norske midlar på tiltak som er godkjente som offisiell bistand (ODA). I tillegg skal avtalene fastslå at tilskotsmottakarar skal ha sikringsmekanismar mot korrupsjon og negative sosiale og økonomiske konsekvensar i deira vidare utbetalingar til ODA-godkjente aktivitetar, og at det blir rapportert på oppnådde resultat. Avtalene skal vidare medverke til Klima- og skoginitiativet sine mål om reduserte klimagassutslepp, biologisk mangfald og berekraftig utvikling. Dersom midlane er forvalta i felles fond med fleire bidragsytarar skal Noreg forsøke å etablere felles forvaltingskrav som syter for effektiv forvalting.

Rapport 2017

Meir informasjon om heile innsatsen under Klima- og skoginitiativet finst på www.regjeringen.no. Dette erstattar ein trykt resultatrapport om innsatsen, slike som vart publiserte i 2015 og 2016. For å gjere tydeleg Klima- og skoginitiativets oppnådde resultat blir det vist gjennomgåande i rapporteringa til korleis dei ulike innsatsane medverkar til å nå milestolpar i initiativet, jf. boks 7.4.

Brasil

Om lag 30 pst. av verdas attverande regnskog finst i Brasil, som dermed er verdas største tropiske skogland. I brasiliansk Amazonas lever over 25 millionar menneske. Mange lokalsamfunn, spesielt urfolk, er avhengig av skogen for å overleve. Skogen er òg viktig for pollinering og vasskvalitet i regionen, og avgjerande for verda sitt klima, biologisk mangfald og nedbørsmønster.

I 2008 lova Noreg å medverke med inntil 1 mrd. dollar til Amazonasfondet, dersom Brasil kunne vise til verifisert redusert avskoging i brasiliansk Amazonas. I samarbeidsperioden frå 2008 til 2017 har Brasil redusert utsleppa med om lag 3,8 milliardar. tonn CO2, samanlikna med tiåret før, tilsvarande om lag 70 år med norske utslepp. Noreg har betalt for nesten 230 millionar av desse tonna, som svarar til meir enn fire års norske utslepp.

I 2015 leverte Brasil eit svært ambisiøst klimamål til FNs klimakonvensjon, der landet forpliktar seg til å redusere utslepp av klimagassar med ytterlegare 43 pst. mellom 2020 og 2030. Under klimatoppmøtet i Paris annonserte Brasil og Noreg på dette grunnlaget ei forlenging av skogsamarbeidet for perioden 2016–2020.

Brasil har dei siste åra gått inn i ei politisk krise. Den politiske situasjonen har mellom anna resultert i reduserte budsjett til kontrolltiltak mot ulovleg hogst og beskyttelse av verna skog og urfolksterritorium. Dette førte til ein auke i avskoginga i 2015 og 2016. Noreg uttrykte ved fleire høve i 2017 tydeleg otte over utviklinga overfor brasilianske myndigheiter. I 2017 betalte Noreg 350 mill. kroner til Brasil for redusert avskoging i skogåret 2016. Betalinga representerer ein betydeleg reduksjon frå tidlegare år, i tråd med avtala med Brasil. Årsaka til reduksjonen var ein kombinasjon av auka avskoging, og at avtala mellom Noreg og Brasil krev stadig større reduksjonar i avskoginga for å kvalifisere til utbetaling.

Noreg betalte for om lag 8,5 millionar tonn reduserte CO2-utslepp frå skog i 2016 (utbetalt i 2017). Avskoginga i skogåret 2016 var på 7 893 kvadratkilometer, som er ein auke på 27 pst. samanlikna med året før. Dette er likevel ein reduksjon på 62 pst. samanlikna med gjennomsnittlig årleg avskoging mellom 1996 og 2005, då landet sette i gang viktige tiltak for å redusere avskoginga.

Etter auken i avskoginga i 2016 leverte Brasil eit betre avskogingstal enn frykta for skogåret 2017, med ein nedgang på 12 pst. relativt til skogåret 2016. Med denne nedgangen har Brasil levert på Klima- og skogsatsinga sitt viktigaste overordna mål om gjennomførte utsleppsreduksjonar frå skog.

Brasil har gjennom samarbeidsperioden hatt eit godt utvikla system for måling, rapportering og verifisering av klimagassutslepp frå skog (MRV) i Amazonas-biomen. Noreg har lenge hatt dialog med Brasil om å utvide systemet til å dekkje heile landet, særleg den brasilianske savannen, Cerrado. Brasilianske styresmakter viste i 2017 auka interesse for denne biomen. I januar 2017 lanserte Brasils miljøverndepartement ein handlingsplan for å redusere avskoging i Cerrado fram til 2020. Brasilianske styresmakter har arbeidd med å utvikle eit nasjonalt system for skogovervaking og karbonmåling (MRV-system) for dette biomet, og sende tidleg i 2017 referansenivå for utslepp frå Cerrado til Klimakonvensjonen (UNFCCC). Dette er eit første viktig steg for at Brasil kan ta imot betaling for redusert avskoging nasjonalt (ikkje berre for Amazonas-skogen). I juni 2017 vart fleire nasjonalparker med savanneskog utvida. Dette vil auke «andelen av skog med nasjonalt skogovervakingssystem», ein indikator for resultat i Klima- og skoginitiativets strategiske rammeverk, sjå boks 7.4.

Mot slutten av 2016 lanserte Brasil ei svært ambisiøs målsetjing om å restaurere 12 millionar hektar skog innan 2030 og i januar 2017 vedtok Brasil ein nasjonal plan for å gjenvinne naturleg vegetasjon (PROVEG), med handlingsplanen PLANAVEG som viktigaste verktøy. PLANAVEG skal betre reguleringar, støtte forsking, koordinere arealplanlegging og gi teknisk assistanse for å støtte regenerering av naturleg vegetasjon. Ein av Amazonasfondet sine utlysingar i 2017 var retta mot restaurering av skog (rundt 430 mill. kroner til 5 store prosjekt). Desse innsatsane medverkar til å levere på milepælen om effektiv gjennomføring av ny politikk for berekraftig skog- og arealbruk.

Noreg har i 2017 styrkt innsatsen for å sikre berekraftig utvikling i urfolksområde i Amazonas gjennom støtte til ti urfolksorganisasjonar og frivillige organisasjonar som støttar urfolk. Dette medverkar til betre styresett i skog- og arealforvaltninga, og vil setje organisasjonane i stand til å på sikt kunne ta imot direkte støtte frå Amazonasfondet og andre finansieringskjelder. Urfolk har gjennom dei siste tiåra fått anerkjent råderett over 1,174,030 km2 eller nærare 14 pst. av flateinnhaldet i Brasil, av dette det aller meste i Amazonas.

Utan ein landbruksøkonomi som legg til rette for private investeringar i avskogingsfrie forsyningskjeder vil det truleg bli vanskeleg å nå Brasils klimamål. Noreg har vore i dialog med Brasil om dette. Amazonasfondet har i 2017 sett på konkrete høve til sterkare samarbeid med privat sektor, retta mot små bedrifter og små private landeigarar. I august 2017 hadde Amazonasfondet ei prosjektutlysing knytt til privat sektor. Det er sett av om lag 320 mill. kroner som skal gi støtte til opptil ti prosjekt som medverkar til å skape berekraftige forsyningskjeder.

Noreg har i 2017 vore i dialog med viktige delstatar om utvikling av grøn økonomi og tilknyting til organisasjonen Tropical Forest Alliance (TFA). TFA jobbar for å redusere tropisk avskoging knytt til viktige globale råvarer innan 2020. TFA er saman med det nederlandske berekraft-initiativet IDH særleg aktive i delstaten Mato Grosso. Noreg støttar implementering av delstaten sin berekraftstrategi Produce, Conserve, Include (PCI) gjennom IDH og TFA.

Frå april 2017 har Noreg støtta IPAM i Mato Grosso med 9,5 mill. kroner. Prosjektet premierar jordeigarar som vel å unngå avskoging på sine landareal, også når dei har juridisk rett til å ta ut regnskog. Noregs støtte til IPAM medverkar til å oppnå Klima- og skoginitiativets milestolpar «effektiv gjennomføring av ny policy for berekraftig skog- og arealbruk» og «privat sektor arbeider mot avskoging».

I 2017 betalte Noreg ut 350 mill. kroner til Brasils Amazonasfond. For å gi teknisk støtte til Amazonasfondet vart det utbetalt 9,9 mill. kroner til det tyske bistandsorganet GIZ (Deutche Gesellshaft für Internationale Zusammenarbeit). I tillegg støtta Klima- og skoginitiativet fleire urfolksorganisasjonar direkte, med 3,8 mill. kroner, og 6 mill. kroner til frivillige organisasjonar som støttar urfolk.

Indonesia

Indonesia er eitt av verdas største og mest folkerike land og eit ungt demokrati. Indonesia rommar verdas tredje største tropiske regnskog, med eit enormt naturmangfald. På Indonesias 17 000 øyar bur 250 millionar menneske. Ein stor del er fattige. Om lag 60 millionar er urfolk og lokalsamfunn som er avhengig av skogen for sitt livsutkomme.

Avskoging og øydelegging av karbonrik torvmyr er hovudårsak til årlege utslepp som har vore anslått til rundt 2 milliardar tonn CO2. Dette gjer Indonesia til eitt av landa i verda med høgast klimagassutslepp. Årsakar til avskoginga er blant anna etablering av plantasjar for produksjon av palmeolje eller papirmasse, gruvedrift, tømmerhogst og skogbrannar. Torvmyrer blir drenerte for å konvertere desse områda til landbruksformål. Korrupsjon og svakt styresett kombinert med sterk etterspørsel etter palmeolje og andre råvarer er viktige underliggjande årsaker.

Noreg inngjekk i 2010 eit klima- og skogpartnarskap med Indonesia for å støtte landets innsats for å redusere klimagassutslepp frå avskoging, skogdegradering og øydelegging av torvmyr. Noreg har lova Indonesia inntil 1 mrd. dollar, under føresetnad av at Indonesia oppnår resultat på desse områda. Indonesia har levert på politiske milestolpar i partnarskapsperioden, men det har vore store utfordringar med framdrifta i arbeidet, og landet har foreløpig ikkje levert verifiserte utsleppsreduksjonar. Derfor har utbetalingane frå Noreg vore avgrensa til arbeidet med institusjons- og kapasitetsbygging.

I 2017 sende Indonesia inn sin tredje nasjonale kommunikasjon til FNs klimakonvensjon. Det er rapportert på at landet har sett opp eit informasjonssystem for sikringsmekanismar for tiltak for å redusere utslepp frå avskoging og skogdegradering. Indonesia oppdaterte også sine nasjonale klimamål ved årsskiftet 2017/2018, og la inn høgare ambisjonar for reduserte utslepp frå skog og torvmyr. Dette medverkar til å nå Klima- og skoginitiativets milestolpe om auka ambisjonar under det internasjonale klimaregimet, og til indikatoren om at land skal levere oppdateringar om system for sikringsmekanismar til klimakonvensjonen.

I juli 2017 vart det nasjonale moratoriet mot utvinnande verksemd i primærskog og torvmyr forlenga for tredje gong. Eit areal på 660 000 km2, eller tilsvarande det dobbelte av Noregs samla fastlandsareal, er dekt av moratoriet. Norsk støtte til indonesisk sivilsamfunn har medverka til å halde ved lag eit krav om at betringar i styresett må finne stad i tidsrommet då moratoriet blir gjennomført. Indonesia er òg i gang med å gjennomføre ei omfattande regulering frå 2016 om betre forvaltning av torvmyra. Ei avtale som opphavleg vart inngått med Verdsbanken for å gjennomføre dette arbeidet vart i 2017 overført til UNOPS. Indonesias miljø- og skogdepartement gjennomgår konsesjonar for å sikre samsvar med dei nye instruksane om torvmyr. 87 selskap med konsesjonar som dekkjer eit areal på over 290 000 km2 har fått beskjed om å revidere forretningsplanane sine. Ved utgangen av 2017 hadde 31 av desse selskapa levert og fått planane godkjende. Dette medverkar til å nå Klima- og skoginitiativet sine milepælar om betre styresett i skog- og arealforvaltning og at privat sektor jobbar mot avskoging.

Førebelse tal frå Global Forest Watch viser at avskoginga gjekk ned i 2017, mellom anna er det ein stor nedgang i øydelegging av beskytta torvmyr. Desse tala må endeleg stadfestast og verifiserast. Noreg og Indonesia har tett dialog om etablering av eit referansenivå som dei norske utbetalingane kan baserast på når Indonesia leverer resultat.

Fleire av dei indonesiske provinsane medverkar til å nå milepælen om betre skog- og arealforvaltning. Provinsen Jambi utferda ei eiga regulering for å styrkje førebyggande arbeid mot skogbrannar, Sør-Sumatra utferda eiga regulering om torvmyrforvaltning og i Ache utferda guvernøren eit 6-måneders forbod mot gruveverksemd innanfor det skogrike økosystemet Leuser.

Noreg støtta indonesiske urfolksorganisasjonar og sivilsamfunnet sitt arbeid for at urfolk skal ha rett til sine tradisjonelle landområde innanfor statleg skog (i tråd med Grunnlovsdomstolens rettsavgjerd frå 2013). Arbeidet med å anerkjenne urfolksterritorium er framleis i startfasen i Indonesia, ved utgangen av 2017 var 18 urfolksterritorium på 21 918 ha i skogområde anerkjent av indonesiske styresmakter. Det utgjer litt over 1 pst. av landets flateinnhald. Urfolk sin juridiske situasjon har òg blitt noko styrkt i 2017, etter at Grunnlovsdomstolen slo fast at nasjonale identitetskort også skulle anerkjenne tradisjonell tru og praksis som religiøs tilknyting. Urfolks rettar og levekår utgjer ein sentral del av klima- og skoginitiativet sin bilaterale dialog med Indonesia og i satsinga på det sivile samfunn.

Det vart utbetalt 105 mill. kroner til klima- og skogpartnarskapen med Indonesia i 2017. Det meste av dette gjekk til å støtte opp under myndigheitene sitt arbeid for å beskytte torvmyra.

Colombia

Med over halvparten av sitt landområde dekt av skog, er Colombia eit av verdas viktigaste regnskogland. Colombias skogar dekkjer oppimot 600 000 kvadratkilometer, om lag det dobbelte av Noregs landareal. Amazonas-bassenget utgjer omkring to tredelar av skogen. Colombia har eit heilt unikt naturmangfald, berre slått av Brasil, og er på verdstoppen i flest fuglearter og ferskvassfisk. Omtrent halvparten av Colombias skogar ligg i territorium som tilhøyrer urfolk og den afrocolombianske befolkninga. Nærare 60 pst. av Colombias klimagassutslepp stammar frå avskoging og frå landbrukssektoren.

På klimatoppmøtet i Paris i 2015 inngjekk Noreg ein klima- og skogavtale med Colombia saman med Storbritannia og Tyskland. Etter avtala vil Noreg medverke med opptil 1,8 mrd. kroner totalt for perioden fram til og med 2020, av dette vil minimum 1,5 mrd. kroner berre bli utbetalt for verifiserte utsleppsreduksjonar frå skog. Opptil 300 mill. kroner vil kunne utbetalast for resultat når det gjeld reformer og institusjonsbygging som er nødvendige for å redusere avskoginga.

Utsleppa frå skog har gått betydeleg ned dei siste åra samanlikna med perioden 1990–2010. Men etter fleire år med nedgang gjekk avskoginga i Colombia både i 2016 og i 2017 betrakteleg opp. Ifølgje dei offisielle avskogingstala for 2017, auka avskoginga på landsbasis med 23 pst. samanlikna med året før. Den auka avskoginga er knytt til endra dynamikkar som følgje av fredsprosessen og skuldast i stor grad at område som tidegare var utilgjengelege som følgje av konflikten og FARCs kontroll no blir tekne i bruk, i hovudsak ulovleg. Ein ser ein auke i ulovleg overtaking av jord, kvegdrift, kokaproduksjon og ulovleg tømmerhogst.

I møte med den auka avskoginga har colombianske styresmakter trappa opp innsatsen i regionane for å stanse ulovleg hogst og verne nye område. Samtidig har det vore viktig framgang nasjonalt i utvikling og gjennomføring av reformer for berekraftig skog- og arealbruk. Blant anna har styresmaktene i 2017, med bistand frå bl.a. Noreg, lansert ein nasjonal strategi for heilskapleg skogforvaltning og kontroll med avskoging, eit dokument som samtidig er Colombias nasjonale REDD+ strategi. Ein intersektoriell kommisjon for å få kontroll på avskoginga vart vedteken ved presidentdekret i 2017 og i den nasjonale klimakommisjonen er det vedteke at alle departementa skal utarbeide tiltak for å redusere utsleppa knytte til avskoging.

Som tredje land internasjonalt leverte Colombia i 2017 inn sitt første samandrag på sikringsmekanismar til klimakonvensjonen. Samandraget handlar om korleis Colombia har følgt opp og respektert sikringsmekanismane i Amazonasregionen, der det sub-nasjonale programmet for REDD+ er under implementering.

På grunnlag av oppnådde milepælar utbetalte Noreg i 2017 123 mill. kroner til det nasjonale fondet Colombia Sostenible, som er administrert av Den interamerikanske utviklingsbanken. Colombia Sostenible-fondet skal medverke til ei berekraftig utvikling på landsbygda, redusere fattigdommen i område som har vore hardast ramma av konflikten og motarbeide avskoginga. Urfolk og afrocolombianske samfunn er prioriterte målgrupper. Utover støtta til Colombia Sostenible har Noreg i 2017 utbetalt 82 mill. kroner for utsleppsreduksjonar oppnådd i colombiansk Amazonas, som var utrekna til 20 mill. tonn CO2 for åra 2013–2014. Midlane er kanaliserte gjennom Tysklands REDD Early Movers-program, der også Tyskland betaler for verifiserte utsleppsreduksjonar i Colombia. REM-midlane går til Colombias strategi for berekraftig utvikling i Amazonasregionen, den såkalla Amazonasvisjonen.

Peru

Peru er verdas fjerde største regnskogland med 690 000 km2 tropisk regnskog. Samanlikna med andre land i regionen har Peru hatt låg avskoging, men den er likevel betydeleg. Tal frå 2016 viser at avskoginga har etablert seg på eit høgt nivå samanlikna med starten av 2000-talet. Årleg avskoging i 2016 var totalt på 1 647 km2. Dette var ein auke med 5,2 pst. samanlikna med 2015 og noko lågare enn avskogingstoppen i 2014. I gjennomsnitt slepp Peru årleg ut i overkant av 53 millionar tonn CO2 som eit direkte resultat av avskoginga. Det er om lag like mykje som Noregs årlege klimagassutslepp. Avskoginga skuldast landbruk, ulovleg gullgraving og vegbygging. I tillegg kjem utslepp som følgje av degradering av skog. Ein viktig del av degraderinga skuldast ulovleg, ikkje berekraftig hogst. Om lag halvparten av Perus nasjonale klimagassutslepp kjem frå arealbruksendringar og då særleg avskoging.

Gjennom avtala som Peru, Tyskland og Noreg signerte i 2014 sette Peru seg mål om betydelege utsleppsreduksjonar frå avskoging og skogdegradering. Noreg lova å medverke med inntil 1,8 mrd. kroner innan 2020 dersom Peru leverer på sin del av avtala. Av midlane er 1,5 mrd. kroner reservert betaling for verifiserte utsleppsreduksjonar.

Eit stort steg vart teke i 2017 for å styrkje rettane til urfolk i Peru. Perus styresmakter anerkjente eksistensen til isolerte urfolk i område som omfattar to urfolksreservatforslag i Yavari-regionen i Loreto. Ei formell anerkjenning er nest siste steg i prosessen for å opprette urfolksreservata. Det neste (og siste) steget blir å vedta dei endelege grensene for reservata. Til saman utgjer reservatforslaga 25 000 km2. Alle former for økonomisk aktivitet og ferdsel i desse områda er svært avgrensa, og staten er pålagt å beskytte isolerte urfolk straks deira eksistens er stadfest. Denne anerkjenninga er derfor eit svært viktig gjennombrot for å beskytte nokre av verdas mest sårbare befolkningsgrupper og eit viktig tiltak for vern av naturskog i Amazonas.

I løpet av året fekk 34 urfolksamfunn i Loreto eigedomsrettar på eit område på til saman 1500 km2 og det grunnleggjande forarbeidet gjennomført for å kunne tildele 69 urfolkssamfunn eigedomsrett til totalt 3 000 km2 med skog i San Martin og Ucayali. Dette er venta å skje i 2018. Det er første gang på fleire tiår at urfolk har fått eigedomsrett i så stor skala i Peru. Arbeidet vart gjennomført med norsk støtte gjennom WWF og FNs utviklingsprogram. Forsking viser at fordeling av eigedomsrettar til urfolk medverkar til betre styresett i skog- og arealforvaltninga.

Peruanske styresmakter har starta opp prosessen med skogarealplanlegging for fylka San Martin og Ucayali i 2017 med ei utstrekning på 38 000 km2. Dette målet vil medverke til å oppnå Klima- og skoginitiativet sin milepæl for effektiv gjennomføring av ny politikk for berekraftig skog- og arealbruk. Perus skogprogram trappa opp verksemda og utvida sitt incentivprogram for skogbevaring med over ein million hektar.

Peru har eit godt system for å måle og rapportere utslepp frå skog. Referansenivået for Amazonasbiomet, som utgjer meir enn 90 pst. av all skog i Peru, vart levert til FNs klimakonvensjon i 2016. Avskogingstala er lett tilgjengelege på plattforma GeoBosque, og viser avskoging heilt ned på kommunenivå. Perus tidlegvarslingssystem for skog er òg kopla opp mot denne plattforma. Denne informasjonen medverkar til stadig meir kunnskap om avskogingsmønster i Amazonas og kan gjere arbeidet med kontroll og handheving meir effektivt.

Grupo Palmas, Perus største produsent, foredlar og eksportør av palmeolje forplikta seg i april 2017 til null avskoging. Sjølv om store kommersielle selskap ikkje er ein stor drivar, sender dette eit positivt signal om at landbrukssektoren er i ferd med å ta inn over seg betydninga av skogens verdi også i Peru.

I 2017 vart det samla utbetalt 42,5 mill. kroner til Peru gjennom det norske Klima- og skoginitiativet. Støtta vart gitt til WWF og FNs utviklingsprogram, jf. over.

Kongobassenget

I Kongobassenget finst verdas nest største regnskog, etter Amazonas. Kongobassenget omfattar Den demokratiske republikken Kongo (DRK), Republikken Kongo, Kamerun, Gabon, Ekvatorial-Guinea og Den sentral-afrikanske republikken.

Skogen i Kongobassenget dekkjer eit område på langt over 3 millionar km2, når både tropisk regnskog og savanneskog er inkludert. DRK har 60 pst. av skogen i Kongobassenget og er verdas nest-største skogland etter Brasil. Ny forsking har avdekt ei samanhengande torvmyr på 145 500 km2 i grenseområdet mellom DR Kongo og Republikken Kongo. Dette utgjer bortimot 30 pst. av verdens tropiske torvmyr.

Skogen i Kongobassenget er på same tid viktig for nedbørsmønster, og dermed også for busetnad og matproduksjon, i store delar av Afrika.

Avskoginga i Kongobassenget har historisk vore relativt låg, men er no sterkt aukande. Avskoginga er størst i DRK. I det såkalla nasjonale referansenivået som DRK, med teknisk støtte frå FAO og økonomisk støtte frå Norge, har utvikla og lagt fram for Klimakonvensjonen, var årleg avskoging i DRK på heile 17 000 km2 i perioden 2010–2014. Det betyr at eit samla skogareal tilsvarande det totale landarealet til Nederland og Belgia har forsvunne i denne fireårsperioden.

Svijordbruk er den viktigaste årsaka til avskoging i DRK, etterfølgt av produksjon av trekol rundt dei største byane. Sterk folkevekst og fattigdom er viktigaste underliggjande årsak. I følgje oppdaterte prognosar frå FN vil DRK få den tredje største befolkningsveksten i verda (i millionar) etter India og Nigeria fram mot 2050 og bli verdas 5. mest folkerike land i 2100. Situasjonen i Kamerun har mange fellestrekk med DRK, medan Gabon, Republikken Kongo og Den sentral-afrikanske republikken har langt lågare befolkningspress og relativt låg avskoging. Ein større del av CO2-utsleppa i desse landa er forårsaka av skogdegradering gjennom meir spreidd hogst.

Landa i regionen har store utfordringar. Mange lever i fattigdom, styresettet er svakt og offentlege institusjonar manglar kapasitet. I tillegg er enkelte av landa ramma av konflikt.

SI 2017 støtta Noreg fleirgjevarfondet Central African Forest Initiative (CAFI) med totalt 400 mill. kroner. Støtte gjennom Congo Basin Forest Fund (CBFF), og USAID-programmet CARPE er under avvikling.

Central African Forest Initiative (CAFI)

CAFI er eit regionalt fleirgivarinitiativ med sju givarland og alle dei seks skoglanda i Kongobassenget.

Etter lanseringa i 2015, inngjekk Noreg ei avtale om inntil 2 080 mill. kroner i støtte til CAFI fram til 2020. I april 2016 vart ei intensjonsavtale inngått mellom CAFI og DRK om samla støtte på inntil 1,5 mrd. kroner til implementering av ein investeringsplan som skal gi redusert avskoging. Midlane blir kanaliserte gjennom landet sitt nasjonale REDD+ fond (FONAREDD). Ein del av midlane blir først utbetalt etter ein uavhengig midtvegsgjennomgang av 41 ulike målsetjingar nedfelt i intensjonsavtala. Både CAFI-fondet og FONAREDD er forvalta av FN. Ved utgangen av 2017 hadde FONAREDD lansert 15 programutlysingar, og styret i fondet hadde godkjent totalt 8 program med CAFI-finansiering. Fondet er eit viktig instrument for å fremje tverrsektorielt samarbeid innanfor skog- og arealbruk og medverkar til dokumentert samarbeid på tvers av aktørar og sektorar.

Den norske støtta skal gå til politikkutvikling og sektorreform, og til integrerte provinsprogram som tek sikte på å medverke til utsleppsreduksjonar og berekraftig utvikling.

CAFIs programportefølje i DRK er framleis under utvikling og i ein tidleg fase. Etableringa av programporteføljen har teke lengre tid enn først forventa. Dette har samanheng med fleire regjeringsskifte sidan signeringa av intensjonsavtala og tidvis tunge prosedyrar hos implementerande partnarar, delvis som følgje av høgt risikonivå i landet. Enkelte program har likevel levert viktige resultat i 2017. DRK presenterte eit første utkast til referansenivå hausten 2017, som vil bli justert vidare i 2018 etter evaluering under Klimakonvensjonen. Dette arbeidet medverkar til Klima- og skoginitiativet sin milepæl «bedre systemer for måling, rapportering og verifisering av utslipp fra skog» (sjå boks 7.4) og er del av ein større innsats for å etablere eit nasjonalt skogovervakingssystem i DRK som er eit av kriteria i Warszawa-rammeverket for REDD+.

I 2017 har det vidare vore fokus på etableringa av modellar for å ta vare på ei inkluderande forvaltning og oppfølging av FONAREDDs portefølje, i tråd med sikringsmekanismane under Klimakonvensjonen. Blant anna har det blitt utvikla og testa ein manual for konsultasjonsprosessen før, under og etter at program blir implementerte. Det har òg blitt gjennomført deltakande risikoanalysar av intensjonsavtalas milepælar innanfor skogsektoren (andre sektorar vart ferdigstilte i 2016).

I juni 2017 vart ei intensjonsavtale inngått mellom CAFI og Gabon. Gabon sette seg svært ambisiøse mål for skogsektoren. Gabon har heile 88 pst. skogdekke. Gjennom intensjonsavtala har Gabon sett seg som mål å ta vare på 98 pst. av skogen, inkludert all skog som er rik på karbon og biologisk mangfald, og å avgrensa konverteringa av annan skog og redusere skogdegradering forårsaka av hogst. Å nå desse måla blir særs krevjande for Gabon, og vil truleg også krevje ekstern støtte utover dagens CAFI-program.

Midlane frå CAFI skal støtte arbeidet med arealplanlegging og skogovervaking. Avtala har ei ramme på 150 mill. kroner. Som i DRK føreset intensjonsavtala med Gabon at støtta i Fase 2 (halvparten av støttebeløpet) blir utbetalt etter ein uavhengig midtvegsgjennomgang som vurderer måloppnåing i høve til kriteria i avtala.

I både DRK og Gabon er føresetnaden at eit nasjonalt Safeguards Information System (SIS) blir utvikla og implementert. I DRK er det sett av spesifikk støtte frå CAFI for dette arbeidet.

I tillegg til DRK har Republikken Kongo, Ekvatorial Guinea, Kamerun og Den sentralafrikanske republikk fått mindre tilskot frå CAFI til å utarbeide nasjonale investeringsplanar for REDD+. Republikken Kongo har komme lengst i dette arbeidet, og det er venta at landet sin investeringsplan blir lagt til grunn for forhandlingar om ei intensjonsavtale i løpet av hausten 2018.

I november 2017 overtok Frankrike leiinga i CAFI. Noreg er framleis klart største givar til CAFI-fondet, men dei andre givarane har i motsetning til Noreg store bilaterale bistandsprogram i regionen som i aukande grad blir samstemte med CAFIs innsats. Interessa for CAFI som koordinerande organ for givarane sin innsats er aukande.

Arbeidet i denne regionen er vanskeleg og risikofylt. Det skuldast både det komplekse drivarbildet med småskala svedjejordbruk, trekolproduksjon, fattigdom og folkevekst som drivarar i DRK, det definitivt største skoglandet i regionen, og at regionen er prega av styresettutfordringar og store kapasitetsutfordringar. I tillegg er den politiske situasjonen i DRK svært utfordrande. Arbeidet krev tett oppfølging av CAFIs samarbeidspartnarar som implementerer programma.

Liberia

Det samla skogarealet i Liberia er på storleik med Danmark og utgjer omtrent 40 pst. av den attverande vestafrikanske regnskogen. Bevaring av desse skogane vil vere avgjerande for Liberias høve til effektivt landbruk, tilgang til konstruksjonsverke, energi og eksportinntekter. Samtidig har skogane eit svært rikt naturmangfald med mange unike arter. Bevaring og god forvaltning av skogane vil gi store klimagevinstar. Til trass for store naturressursar, er Liberia eit av verdas fattigaste land.

I 2014 inngjekk Noreg og Liberia ei avtale om støtte til bevaring av Liberias tropiske skog. Støtta skal medverke til kamp mot fattigdom gjennom grøn vekst, redusert avskoging og mindre utslepp av klimagassar. Noreg har lova å betale Liberia opp til 1 mrd. kroner, avhengig av resultata landet oppnår.

Liberia har store utfordringar med fattigdom, infrastruktur og offentleg forvalting. Akutte sosiale og økonomiske behov gjer det vanskeleg for myndigheitene å prioritere ressursar til langsiktig skogforvalting. I 2017 betalte Noreg derfor 40 mill. kroner i budsjettstøtte for å gi myndigheitene handlingsrom til å oppretthalde forvaltingskapasitet i skogsektoren.

Til trass for den krevjande situasjonen har Liberia teke ei rekkje grep for å få kontroll over den industrielle tømmerhogsten og styrkje skogforvaltinga. Myndigheitene har stansa tildelinga av industrielle hogstkonsesjonar. Dei arbeider og med å sikre at tømmer blir hogd lovleg og ansvarleg. Dette er knytt til ei handelsavtale med EU (VPA) som gir marknadstilgang for tømmer som er hogd i medhald av landet sine lover og reglar.

Eit program for å styrkje skogforvalting og stimulere berekraftig økonomisk aktivitet i dei største skoglandskapa blir gjennomført i samarbeid med Verdsbanken. Programmet medverkar til å betre forvaltinga av verdifulle verneområde og styrkje reformprosessen i skogforvaltinga. Denne går blant anna ut på å overføre formelle forvaltningsrettar til menneska som har sitt tradisjonelle levevis i og ved skogen. Programmet har allereie medverka til resultat under milepælene «effektiv gjennomføring av ny policy for berekraftig skog- og arealbruk», «Betre styresett i skog- og arealforvaltning» i form av betre offentleg tilgang til dokument knytte til hogstkonsesjonar og overføring av hogstrettar til lokalbefolkning, revisjon og utvikling vidare av eit system for oppfølging av sosiale og miljøretta sikringsmekanismar (SIS), oppretting av to nye verneområde (høvesvis i 2016 og 2017). Eit pågåande prosjekt for etablering av Nasjonalt skogovervakingsprogram vil òg levere på milepælen. «Systemer for måling, rapportering og verifisering av utslipp fra skog er etablert», jf. Klima- og skoginitiativet sitt strategiske rammeverk i boks 7.4.

Hausten 2017 var det presidentval i Liberia. Valet vart gjennomført utan uro og førte til den første fredelege maktoverføringa i Liberia på 70 år. Dette er ein stor siger for den demokratiske utviklinga i landet etter borgarkrigen. Knappe ressursar og politisk uvisse knytt til valperioden førte likevel til avgrensa framdrift hausten 2017.

124 mill. kroner vart utbetalt til Liberia i 2017. Av desse vart 40 mill. kroner utbetalt som budsjettstøtte, mens 84 mill. kroner er avsett til prosjektet i regi av Verdsbanken.

Etiopia

Etiopias landareal er på over ein million kvadratkilometer, som omtrent svarer til storleiken på Frankrike og Spania til saman. Det bur om lag 100 millionar menneske i landet. Til trass for ein årleg økonomisk vekst på over 10 pst. dei siste åra, er Etiopia framleis eitt av verdas fattigaste land. Unntakstilstand vart innført i landet på grunn av sosial og politisk uro i oktober 2016, denne vart heva i august 2017.

Etiopia har både savanneskog og annan naturskog. I skogane finst ei rekkje endemiske plante- og dyrearter, og dei fungerer også som naturlege vasstårn for våtmarker og elvesystem som forsyner millionar av etiopiarar med straum, drikkevatn og kunstig vatning til jordbruk. Skogane sikrar dessutan lokalt mikroklima, dei forsyner landsbyar med bioenergi og medverkar til å binde jordsmonn der det blir dyrka mat. Avskoginga er driven primært av fattige menneske med behov for brensel og jordbruksland, vest i landet er skogen utsett for massivt press på grunn av brenselsbehovet til ei veksande flyktningbefolkning frå Sør-Sudan.

Etiopia har utarbeidd ein strategi for grøn økonomisk utvikling (Climate Resilient Green Economy (CRGE) Strategy). Landet tek sikte på å nå status som mellominntektsland innan 2025 utan at utsleppa av klimagassar aukar. For å oppnå dette planlegg landet å unngå drivhusgassutslepp på 255 millionar tonn CO2 innan 2030, samanlikna med dagens utsleppsprognosar. Halvparten av utsleppa skal unngåast ved å verne og restaurere skog. Etiopia viser slik korleis skogbevaring og auka opptak av karbon i skog kan vere ein del av ein plan for økonomisk vekst. Dette gjer landet til eit eksempel for andre utviklingsland.

I august 2013 signerte Noreg og Etiopia ei avtale om gjennomføring av nasjonale planar for REDD+ for perioden 2013–2020. Gjennom å støtte Etiopias CRGE-strategi ønskjer Noreg å medverke til at dei lukkast med både å beskytte landets attverande naturskog, og å auke det eksisterande skogdekket.

I 2017 har klima- og skogsamarbeidet med Etiopia vore prega av å setje i gang fase to av samarbeidet. Dette har hovudsakleg skjedd gjennom å ferdigstille program og prosjekt som skal medverke til landet sin strategi for grøn utvikling i skogsektoren. Det vart inngått avtaler om støtte til skogbevaringstiltak og tiltak som støttar opp under Etiopias skogrestaureringsambisjonar for 720 mill. kroner til og med 2020. Av desse skal 600 mill. kroner kanaliserast gjennom Etiopias eige klimafond og går til implementering av styresmaktene sin investeringsplan for fase to av samarbeidet med Noreg. Investeringsplanen fokuserer på bevaring av attverande og karbonrik skog sør-vest i Etiopia, skogrestaurering og etableringa av ei skogtransformasjonseining (Forest Sector Transformation Unit). Eininga er planlagt etablert i det etiopiske departementet for miljø, skog og klima og skal leggje til rette for og etablere offentlege-private samarbeid som tek sikte på å auke innsatsen for skogbevaring og skogplanting og samtidig medverke til økonomisk vekst og jobbskaping. I tillegg vart det inngått avtaler med sivilsamfunnsorganisasjonane World Agroforestry Center og Norwegian Forestry Group, for arbeid med å styrkje den etiopiske trefrøsektoren og skogplanting i Amhara.

Tiltaka har i 2017 så vidt starta implementering, men skal medverke til konkrete resultat under Klima- og skoginitiativet sitt resultatrammeverk på milepælar om effektiv gjennomføring av ny policy for berekraftig skog- og arealbruk, betre styresett i skog- og arealforvaltning og at privat sektor jobbar mot avskoging. For alle tiltaka har miljøretta og sosiale konsekvensar blitt vurderte og funne tilfredsstillande.

Norge støttar Verdsbankens program for berekraftige skoglandskap (BioCarbon Fund Initiative for Sustainable Forest Landscape), som samarbeider med Etiopia om å redusere utslepp og skape nye inntekter frå skogen i Oromia-regionen. Programplanlegginga vart ferdigstilt og implementeringa starta i 2017.

Norge har ført vidare støtte til berekraftig og deltakande skogforvaltning i Bale-fjella gjennom organisasjonen Farm Africa. Det er òg utført ein midtvegsgjennomgang av den norske støtta til Wondo Genet College of Forestry ved Hawassa-universitetet. Midtvegsgjennomgangen understreka prosjektet si strategiske betydning, men avdekte òg ei rekkje svake punkt både knytt til prosjektstyringa og samarbeidet mellom dei ulike deltakande aktørane. Dette blir følgt opp av ambassaden i Addis Abeba.

Framgangen i klima- og skogsamarbeidet med Etiopia ligg etter planen. Det var unntakstilstand i Etiopia i meir enn halve 2017 og det har medverka negativt til framdrifta. Det må òg understrekast at landet sitt generelle utviklingsnivå, og styresmaktene sin kapasitet, vil krevje langsiktig innsats for å oppnå signifikante resultat for implementeringsfasen av klima- og skogsatsinga i landet. Totalt vart det utbetalt 94,7 mill. kroner til klima- og skogtiltak i Etiopia i 2017.

Guyana

Guyanas 185 000 km2 med skog dekkjer eit område fire gonger så stort som Danmark. Guyana høyrer til ei anna geologisk sone enn Amazonasbassenget og har nokre av verdas best bevarte regnskogsområde. Avskoginga i Guyana er svært låg både i regional og global samanheng. Målet for samarbeidet mellom Guyana og Noreg er at avskoginga skal halde fram med å vere låg. Samarbeidet med Guyana er dessutan viktig for å ta vare på eit rikt naturmangfald og for å medverke til berekraftig utvikling for menneska i landet. Betra styresett i Guyanas skogsektor er også eit viktig mål for samarbeidet. Guyanas klimagassutslepp kjem hovudsakleg frå utslepp frå energisektoren og det er risiko for at desse vil auke framover. Utvikling av rein og fornybar energi er derfor ein viktig pilar i partnarskapet.

Noreg har lova å betale opp til 1,5 mrd. kroner til Guyana avhengig av resultata. Om lag 1 mrd. kroner er utbetalt. Guyana har oppnådd utsleppsreduksjonar som Noreg foreløpig ikkje har betalt for grunna uvisse kring prioriteringar av rein og fornybar energi. Dette er ein sentral del av samarbeidet. Norske midlar blir bl.a. kanalisert gjennom eit fond i Verdsbanken (Guyana REDD+ Investment Fund (GRIF)) som går til å gjennomføre prosjekt i tråd med landet sin grøne utviklingsstrategi. Gjennom prosjekta har fleire små og mellomstore klimavennlege bedrifter fått høve til å starte opp både i byane og i urfolksområde. Klimatilpassingstiltak er òg sett i gang. Avtala med Verdsbanken om GRIF vart i 2016 forlenga med fem nye år, ut 2021. I 2017 har nye prosjekt blitt godkjent av styret i GRIF-fondet. Eit av prosjekta er å utvikle ein ny grøn vekststrategi for Guyana i tråd med President Grangers prioriteringar.

Guyana Forestry Commission (GFC) er ansvarleg for overvaking av skogane i landet. I løpet av relativt kort tid har GFC utvikla eit av dei beste systema for skogovervaking, rapportering og verifisering i tropane. Noreg inngjekk i 2017 ei avtale med Conservation International om å støtte arbeidet til kommisjonen for å drive med skogovervaking fram til og med 2019. Dei verifiserte tala for 2015 og 2016 viser ei gjennomsnittleg avskoging på 0,05 pst. Det er den lågaste avskoginga sidan partnarskapen med Noreg begynte i 2009, og ei av dei lågaste avskogingsratane i verda. Ei av årsakene til dette er at Guyana har betra styringa av gruvesektoren etter at landet meldte seg inn i Extractive Industries Transparency Initiative i 2017. Gruvedrift har vore den største årsaka til avskoging i Guyana. Dette medverkar til å nå klima- og skoginitiativets milepæl om betre styresett i skog- og arealforvaltning og til at privat sektor medverkar til å redusere avskoging.

Det har blitt utbetalt 23,5 mill. kroner til partnarskapen med Guyana i 2017. Hovudvekta har gått til systemet for skogovervaking.

Vietnam

Vietnam har variert topografi, klima og jordsmonn, med lang kystlinje, regnskog, tempererte område og fjell, og store elvedelta i nord og sør. Mekongregionen, som landet utgjer ein del av, er blant områda i verda med størst mangfald av sjeldne dyre- og plantearter. Mellom 1943 og 1990 vart skogdekket i Vietnam redusert frå 43 til 27 pst. som følgje av krig og folkeauke. Sjølv om det totale skogdekket igjen har auka til meir enn 40 pst. som følgje av omfattande skogplanting, har avskoging og skogdegradering i attverande naturskog halde fram. Dette skuldast blant anna konvertering til kommersielt plantasjejordbruk, infrastruktur og tømmerplantasjar. Intakt naturskog utgjer no mindre enn ein pst. av skogane i landet.

Noreg har sidan 2013 hatt ei klima- og skogavtale med Vietnam gjennom FNs REDD-program. Avtalen omfattar totalt støtte på 180 mill. kroner til Vietnams førebuande arbeid for å redusere klimagassutslepp frå skog. Iverksetjing har vore utfordrande og prega av svak framdrift. I 2016 og 2017 var det likevel god framgang i programmet. Eit nytt direktiv frå Kommunistpartiet frå januar 2017 (Directive 13) gir instruks om å unngå all hogst i naturskog, redusere arealbruksendring og avskoging for infrastruktur og plantasjejordbruk og sikre betre handheving av lover knytte til forvaltning av skog. Ein annan viktig milepæl var då statsministeren våren 2017 godkjente revidert nasjonal REDD+ handlingsplan (NRAP).

Det er også i 2017 gjort framsteg i arbeidet med å utvikle system for måling, rapportering og verifisering av utslepp frå skog. Det same gjeld rapportering på korleis Vietnam set i verk og overheld sikringsmekanismar, som ledd i iverksetjinga av REDD+ i landet. Desse skal syte for transparens i forvalting av skog, at etniske minoritetar ikkje blir skadelidande som følgje av tiltak for å redusere utslepp og auke opptak av karbon i skog, og at naturskog og biologisk mangfald ikkje blir ytterlegare redusert. Sjølv om ny skoglov godkjent i november 2017 gir auka rom for deltaking av sivilsamfunn og etniske minoriteter, er sivilsamfunnet framleis strengt kontrollert og har liten innverknad på skog- og arealbruk i Vietnam.

Det er også utfordringar knytt til tap av naturskog, styresett, ulovleg hogst og handel med tømmer frå nabolanda. Vietnams treforedlingsindustri er blant verdas største, men importerer ein stor del av råvarene og legg dermed press på skogen i nabolanda. FNs REDD-program har i 2017 vidareført støtte til samarbeidet mellom EU og Vietnam for å sikre lovleg import av tømmer og trevarer til den europeiske marknaden, inkludert Noreg. Utvikling av eit robust system for sporing av tømmer står sentralt her. Laos vedtok eit forbod mot eksport av ubehandla tømmer i 2016, og dette har medverka vesentleg til redusert grensehandel med tømmer mellom Vietnam og Laos, også i 2017. Norskstøtta sivilsamfunnsaktørar speler sentrale roller i å dokumentere ulovleg tømmerhandel, tapte inntekter og utviklingsmoglegheiter for styresmaktene i regionen.

Resultat oppnådd i 2017 leverer på milepælane «betre styresett i skog- og arealforvalting» «policy for berekraftig skog- og arealbruk» og «systemer for måling, rapportering og verifisering av utslipp» i Klima- og skoginitiativets resultatrammeverk, sjå boks 7.4. Når FNs REDD-program i Vietnam går inn i sitt siste år i 2018, har Vietnam kvalifisert seg til resultatbasert støtte frå Verdsbankens karbonfond, og førebur ein søknad til Det grøne klimafondet.

Klima- og skoginitiativet utbetalte til saman 51 mill. kroner til Vietnam i 2017. Pengane vart kanaliserte gjennom FNs REDD-program.

Tanzania

Rundt halvparten av Tanzanias samla areal er dekt av skog. Landet har stor variasjon av skogtypar, frå regnskog til tørr savanneskog.

Tanzania er eit land med høg avskoging. Landet har ei av verdens snøggast veksande befolkningar (3 pst./år), og majoriteten av befolkninga brukar ved og trekol som si primære energikjelde. Dette legg betydeleg press på skogen. Berre 15 pst. av befolkninga har tilgang til straum.

Ekspansjon av landbruksareal legg også eit betydeleg press på skogen i Tanzania. Det er nødvendig med auka landbruksproduksjon for å fø ei raskt veksande befolkning, men når produktiviteten ikkje aukar er det nødvendig å ta i bruk nytt areal for å auke produksjonen.

I april 2008 underteikna Noreg og Tanzania ei intensjonsavtale om samarbeid for å redusere avskoginga i landet. Noreg lova å støtte landet med inntil 500 mill. kroner over fem år. Igangsetjing av REDD+ i Tanzania tok betydeleg lenger tid enn venta og den politiske støtta til arbeidet med REDD+ vart svakare etter endringar i regjeringa i 2009. Etter at president Magufuli kom til makta i slutten av 2015 er klima framleis lågt prioritert av Tanzanias myndigheiter, sjølv om klima er sett som eitt av fire prioriterte område. Det same gjeld skog, inkludert REDD+, som er eitt av fire satsingsområde i Tanzanias Intended Nationally Determined Contributions (INDC), levert i 2015. På grunn av låg prioritering frå styresmaktene si side, er samarbeidet med Tanzania derfor skalert kraftig ned dei siste åra. Noreg har framleis dialog med styresmaktene om REDD+ for å sjå på høve til å fremje arbeidet med reduserte utslepp frå avskoging i Tanzania.

Eit norskstøtta senter, National Carbon Monitoring Centre (NCMC), vart lansert i 2016 med ein prosjektperiode på fire operative år. Sokoine University of Agriculture er vertsinstitusjon, og det er avtalefesta eit fagleg samarbeid med Norsk Institutt for Bioøkonomi (NIBIO). NCMC er venta på sikt å kunne levere resultat knytte til MRV-indikatorane, under dette skog med nasjonalt overvakingssystem og skog med referansenivå. Prosjektet leverer allereie data til miljømyndigheitene og produserer informasjonsmateriale om avskoging og klimagassutslepp. Med dette arbeidet har NCMC potensiale for å bli ein viktig institusjon for heile regionen, då det ikkje finst tilsvarande institusjonar i nabolanda. Noregs støtte har vore avgjerande for å byggje opp NCMC som institusjon. Utkastet til Forest Reference Emission Level (FREL) for Tanzania vart levert til FNs klimakonvensjon i 2016. Når dette blir verifisert vil det representere eit resultat under Klima- og skoginitiativet sin indikator «delen av skog med referansenivå utvikla og verifisert», under milestolpen «system for måling, rapportering og verifisering av utslepp frå skog er etablert», sjå boks 7.4.

I 2017 støtta Noreg også Forestry Training Institute (FTI). Instituttet medverkar til å auke kunnskapen om REDD+ gjennom yrkesutdanning på skogområdet. Prosjektet vart i 2017 forlenga til ut 2018. Ein midtvegs-gjennomgang i 2016 konkluderte med at prosjektet har ført til auka kompetanse om REDD+ blant dei uteksaminerte kandidatane. Dette arbeidet heldt fram i 2017.

Til saman utbetalte Noreg litt over 13 mill. kroner til Tanzania i 2017.

Innsats i særleg karbonrike skogtypar

Klima- og skoginitiativet har eit særskilt fokus på naturskog, grunna dei store karbonlagra desse økosystema ofte representerer, og deira særskilt viktige bidrag til bevaring av andre økosystemtenester. I takt med at den generelle oversikta over skogane i verda er blitt betre dei siste åra, er det aukande fokus på særskilt karbonrike naturtypar i prosjektporteføljar og internasjonale samarbeid. Eksempel på dette omfattar støtta til det indonesiske byrået for restaurering av torvmyr, og støtte til fleire prosjekt som inneheld komponentar på torvmyr og mangroveskog. Stortinget har òg gjort tydeleg at slike økosystem burde få meir merksemd, seinast i Innst. 9 S (2016–2017), der Energi- og miljøkomiteen ber om at det blir sett i gang meir dialog internasjonalt om mangroveskog og REDD+, og støtte til eitt eller fleire strategiske initiativ på mangroveområdet.

Som ei oppfølging av Klima- og miljøkomiteens innstilling inngjekk Klima- og skoginitiativet ei avtale med organisasjonen Mangroves for the Future i 2017. Organisasjonen arbeider for betre forvaltning av mangrovar i Søraust-Asia, og den norske støtta er til eit prosjekt med mål om betre integrering av mangrovar i nasjonale REDD-strategiar i regionen, med eit særleg fokus på Indonesia, Vietnam og Myanmar. Avtala hadde eit omfang på 5 mill. kroner i 2017, med sikte på oppskalering over dei neste åra, dersom prosjektet ga resultat.

I Indonesia er det lagt planar for kartlegging av mangrovar. Det er òg gjennomført samtaler med provinsane Papua og Vest-Papua for å inkludere mangrovar i arealbruksplaner. Provinsane omfattar dei største mangroveførekomstane i Indonesia, og rommar samtidig mesteparten av attverande intakt regnskog i Indonesia.

Endeleg utgjer mangrovar del av førebuingane til betaling for utsleppsreduksjonar på lokalt nivå i Vietnam, som er støtta frå norsk side gjennom FNs REDD+ program. I provinsen Ca Mau vart det i 2017 brukt meir enn 800 000 kroner på sikring og restaurering av mangrovar for dette formålet. Det blir òg gitt noko støtte til kartlegging, vern og restaurering av mangrovar gjennom frivillige organisasjonar.

Støtte til sivilt samfunn og kunnskapsproduksjon og formidling

Sivilsamfunnet er viktige aktørar i arbeidet for reduserte utslepp frå avskoging (REDD+), og har vore ein viktig støttekanal for Klima- og skoginitiativet sidan 2009. I 2016 inngjekk Klima- og skoginitiativet, ved Norad, avtaler med 37 sivilsamfunnsorganisasjonar for å føre vidare dette arbeidet for perioden 2016–2020.

Måla for sivilsamfunnssatsinga fell inn under resultatrammeverket for Klima- og skoginitiativet, og prosjekta er valt ut for å levere resultat på ulike milepælar og indikatorar. Fem organisasjonar arbeider for internasjonal konsensus om REDD+, som bidrar til å nå milepælen om auka, langsiktig og føreseieleg global finansiering av REDD+. Fleire av støttemottakarane arbeider òg for å oppnå milepælen om betre sikringsmekanismar innarbeida i finansieringsinstitusjonar for REDD+, og gir innspel på både på landnivå og til globale mekanismar som Det grøne klimafondet. Heile 18 organisasjonar arbeider på ulike måtar opp mot Klima- og skoginitiativets milepæl for policy for berekraftig skog- og arealbruk i skogland. I Peru har for eksempel WWF støtta Tahuamanu kommune i å utvikle ein samordna utviklingsplan for berekraftig bruk av naturressursar, med målsetjingar om redusert avskoging og ein berekraftig landskapsstrategi. Planen vart formelt godkjent i mars 2018.

Mange organisasjonar arbeider mot milepælen om betre styresett i skog- og arealforvaltning og medverkar særleg til indikatoren meir inkluderande skog- og arealforvaltning. Åtte organisasjonar arbeider med handheving av lovverk for skogforvaltning. Desse arbeider blant anna med å avdekkje ulovleg hogst og medverkar til å nå indikatoren om at konsesjonar, avskogingstal, REDD+ vedtak m.m. skal vere offentleg tilgjengelege. Ti organisasjonar arbeider med å styrkje urfolk og andre skogavhengige folk sine rettar. For eksempel har Utviklingsfondet saman med den etiopiske organisasjonen Ethio Wetlands and Natural Resource Association arbeidd med deltakande skogforvaltning i Etiopia sidan 2013. Etter fleire års kamp og rettssaker har ei lokal folkegruppe vunne over eit investeringsselskap som på urettmessig vis hadde fått tildelt ein konsesjon på 200 hektar skog som lokalsamfunnet hadde forvaltningsrett over. Saka er eit bidrag til indikatoren om betydninga av avklarte rettsforhold.

Ni organisasjonar arbeider med avskogingsfrie verdikjeder i næringslivet og medverkar til å nå milepælen om å auke privat sektor sitt arbeid mot avskoging. Minst fem direkte og indirekte tilskotsmottakarar har bistått den brasilianske delstaten Mato Grossos arbeid for å redusere utslepp frå avskoging med 90 pst. innan 2030.

I tillegg inngjekk Klima- og skoginitiativet i 2017 avtale på 40 mill. kroner med organisasjonen The International Land and Forest Tenure Facility, med ein intensjon om å utvide med inntil 120 mill. kroner ut 2020 for sikring av urfolks og tradisjonelle lokalsamfunn sine landrettar og forvaltning av minimum 90 000 km2 tropisk skog.

I 2017 vart det utbetalt til saman 305,5 mill. kroner over tilskotsordninga til sivile samfunnsorganisasjonar frå Klima- og skoginitiativet, under dette innsats for urfolks rettar og deltaking. Det vart i 2017 utbetalt tilskot med formål om å medverke til auka kunnskap om Klima- og skoginitiativet sine mål. Det vart gitt støtte til nettstaden Mongabay og kunnskapsinstitusjonen CIFOR.

Interfaith Rainforest Initiative

Det vart i 2017 inngått avtale om norsk støtte på 50 mill. kroner for perioden 2018–2020 til arbeidet med Interfaith Rainforest Initiative. FN miljø forvaltar midlane og koordinerer arbeidet. Initiativet vart lansert i Oslo i juni 2017, med deltaking på høgt nivå frå religiøse institusjonar og urfolksleiarar frå Klima og skoginitiativet sine viktigaste partnarland. Hans Majestet Kongen var til stade under lanseringa.

Formålet med initiativet er å mobilisere trussamfunn, religiøse institusjonar og religiøse leiarar i kampen for vern av tropisk skog i Indonesia, DR Kongo, Peru, Colombia og Brasil. Trussamfunn representerer unike nettverk for kunnskapsformidling, bevisstgjering og mobilisering i Klima- og skoginitiativet sine partnarland. Trussamfunn er ein viktig del av det sivile samfunn i desse landa og representerer ei betydeleg moralsk og mobiliserande kraft som hittil ikkje har vore utnytta i arbeidet med vern av regnskogen. Trussamfunn representerer unike nettverk for kunnskapsformidling, bevisstgjering og mobilisering i Klima- og skoginitiativet sine partnarland.

Initiativet medverkar inn mot Klima- og skoginitiativet sin milepæl «effektiv gjennomføring av ny policy for bærekraftig skog- og arealbruk»og bidrar til samarbeid på tvers av aktørar og sektorar.

Multilaterale satsingar

Noreg har over fleire år gitt støtte til ulike multilaterale program gjennom FNs klima- og skogprogram (UN-REDD) og Verdsbankens Forest Carbon Partnership Facility (FCPF), og har medverka aktivt i utforminga av programma sin policy og gjennomføring. Totalt deltek meir enn 60 skogland i desse initiativa. Noreg har òg sidan 2013 støtta Initiative for Sustainable Forest Landscapes (ISFL) under Verdsbanken. Initiativet har til hensikt å prøve ut ei landskapstilnærming med fokus på klimasmart landbruk og bevaring av naturskog i tropiske skogland. Det er viktig for Noreg at også innsats gjennom multilaterale kanalar har eit nasjonalt fokus, og er retta mot å gi insentiv for varige nasjonale reformer i tråd med Klima- og skoginitiativet sin strategi. Organisasjonane skal hjelpe skoglanda til å setje i verk inkluderande prosessar, styrking av urfolks og andre skogfolks rettar, likestilling og ivaretaking av biologisk mangfald.

I 2017 arbeidde UN-REDD med fagleg rådgiving til 14 samarbeidsland og ein region (Kongobassenget). Målet er å hjelpe landa med å måle, rapportere og verifisere sine utsleppsreduksjonar frå skog, og handtere årsakene til avskoging ved gjennomføring av politikk og tiltak. I nokre land, som i Elfenbenskysten, er det òg lagt vekt på samarbeid med privat sektor.

I tillegg gjennomfører UN-REDD globale kunnskaps- og kommunikasjonsaktivitetar relatert til REDD+ som understøttar det faglege arbeidet til UN-REDD. I Ecuador har støtte frå UN-REDD ført til ferdigstilling av landets ‘readiness’-fase. UN-REDDs støtte vart spesielt viktig i Ecuador for å få UNFCCC-sekretariatet si godkjenning av den nasjonale REDD+ tiltaksplanen for rapportering på sikringsmekanismar (Safeguard Information Systems – SIS) for REDD+.

I den Demokratiske Republikken Kongo (DRK) har UN-REDD medverka til utviklinga av eit referansenivå for måling av redusert avskoging. Av dei 25 landa som har målt og innrapportert sitt skogdekke (referansenivå) til Klimakonvensjonen, har 70 pst. fått støtte frå UN-REDD. Gjennom støtta får landa høve til å lære av og gi tilbakemelding til andre land, teknisk støtte til å forstå og følgje regelverket for rapportering og sende forslaga ut på opne høyringsrundar. Samla vil desse tiltaka medverke til betre system for måling, rapportering og verifisering av utslepp frå skog, som er ein viktig milestolpe i Klima- og skoginitiativets resultatrammeverk.

Sju av medlemslanda i FCPF sitt «Readinessfond» nådde midtvegsmålet i perioden, slik at 33 av dei 47 landa har fullfinansiert sitt førebuingsarbeid. Seks nye land nådde målet om kvalifisering til støtte i FCPFs Karbonfond (CF).

I 2017 vedtok FCPFs Karbonfond å godta ytterlegare to land i fondet sin investeringsportefølje; Ghana og Republikken Kongo. Dei første fire programma var DR Kongo, Costa Rica, Mexico og Chile som alle vart valt inn i fondets investeringsportefølje i 2016. Fondets investeringsportefølje bestod ved utgangen av 2017 av totalt seks land som førebur seg til å skrive under på kjøpskontraktar med fondet. I 2017 vart DR Kongo det første landet som gikk inn i forhandlingar om kjøpskontrakt med fondet. Dette er ein viktig milestolpe i arbeidet opp mot Klima- og skoginitiativet sitt mål om å medverke til utsleppsreduksjonar.

Initiative for Sustainable Forest Landscapes (ISFL) består av to hovudelement; eit støttefond (BioCarbon Fund Plus) og eit fond for resultatbaserte utbetalingar (Tranche 3). I 2017 inngjekk BioCarbon-fondet sine to første landavtaler med Etiopia og Zambia. I Etiopia er det regionen Oromia som er avtalepart. I denne delstaten ligg meir enn 40 pst. av skogen i landet, og det inkluderer ei avtale med meir enn 60 000 etiopiske kaffibønder som kan medverke til auka kaffiproduksjon med betre kvalitet, utan at dette fører til auka avskoging eller skogdegradering.

Noreg utbetalte 507 mill. kroner til multilaterale satsingar i 2017 gjennom Klima- og skoginitiativet, kanalisert gjennom Verdsbanken (FCPF) og UN REDD.

Samarbeid med privat sektor

Meir enn halvparten av all avskoging i dag skuldast produksjon av mat og andre landbruksråvarer. Samtidig aukar talet på menneske på jorda svært raskt og innan 2050 vil verden måtte dekkje matbehovet til 10 milliardar menneske. Berekraftig landbruk er derfor sentralt for å redusere avskoging i tropiske skogland. Dette kan gjerast gjennom effektivisert landbruk, god skog- og arealforvalting, og restaurering av landareal med utarma jord. Styresmaktene må leggje til rette gjennom regulering, slik som arealplanar, stabile landrettar og lovverk som ikkje tillet at skogar og torvmyrer blir øydelagde, og målretta incentivordningar. Selskapa som produserer og kjøper råvarer som soya, palmeolje, kjøt og kakao, må ta ansvar for at produksjonen ikkje medverkar til avskoging. Her er offentleg-privat samarbeid sentralt.

Dei siste åra har mange store selskap engasjert seg i kampen mot avskoging. Omlag 500 selskap har påteke seg meir enn 750 forpliktingar om å gjere forsyningskjedene sine avskogingsfrie sidan signeringa av New York Declaration on Forests i 2014. Det er svært positivt, og ein snakkar no om ein global allianse mot avskoging innan privat sektor. Det er likevel krevjande å gjennomføre skyldnadene, og i 2017 kom fleire studiar som viser at det ser ut til å bli utfordrande å nå måla for 2020.

Noreg støttar privat sektor sin innsats for å redusere avskoging frå forsyningskjeder, og utvikling av metodar for ein berekraftig og klimavennleg landbruksproduksjon, på fleire måtar. Tiltaka som er beskrivne under skal medverke til framgang på milestolpen knytt til «privat sektor arbeider mot avskoging» i Klima- og skoginitiativet sitt strategiske rammeverk, og på milestolpane «effektiv gjennomføring av policy for bærekraftig skog- og arealbruk», sjå boks 7.4.

Noreg er ein aktiv deltakar i Tropical Forest Alliance (TFA), som er eit privat-offentleg samarbeid for å innføre avskogingsfrie verdikjeder for palmeolje, papirmasse, soya og storfekjøtt innan 2020. Alliansen høyrer til under World Economic Forum-paraplyen og består av deltakarar frå skogland, givarland, privat sektor og sivilsamfunn, inkludert urfolk. Alliansens fortrinn er at den samlar ulike samarbeid på tvers av aktørar og sektorar rundt felles målsetjingar. Den produserer kunnskap om korleis privat sektor, under dette finanssektoren, kan bli avskogingsfri, respektere skogfolks rettar og bevare naturskog, samtidig som skoglanda oppnår økonomisk vekst og fattigdomsreduksjon. Slik kan alliansen hjelpe skogland å oppfylle fleire berekraftsmål for utvikling. I 2017 vart partane samde om ti strategiske prioriteringar for å oppnå berekraftige forsyningskjeder, i rapporten The Commodities and Forests Agenda 2020: Ten Priorities to Remove Tropical Deforestation from Commodity Supply Chains. For å setje i gang samarbeid mellom offentleg og privat sektor lokalt, etablerte Tropical Forest Alliance i 2017 kontor i Søraust-Asia, Latin-Amerika og Afrika. I Colombia vart det etablert eit formelt samarbeid mellom styresmakter, næringsliv og sivilsamfunnet for å oppnå avskogingsfri produksjon av landbruksråvarer. Det vart utbetalt 19,1 mill. kroner til TFA frå Klima- og skoginitiativet i 2017.

I juli 2017 vart &Green-fondet for avskogingsfritt landbruk i tropiske skogland etablert etter initiativ frå Noreg. Gjennom å tilby subsidiert delfinansiering, eller risikoavlastning, har fondet som mål å mobilisere privat kapital til investeringar i avskogingsfrie forretningsmodellar. Fondet skal demonstrere modellar der sosialt og miljøvist ansvarleg landbruk er økonomisk lønnsamt, og dermed medverke til å framskunde ei grøn omstilling i landbruksindustrien. Noreg har lova å medverke med opptil 800 mill. kroner. Fondet kom i gang i 2017, er i dialog med næringslivsaktørar om konkrete prosjekt i fleire av jurisdiksjonane som no er opne for investeringar. Det vart utbetalt 250 mill. kroner til fondet &Green frå Klima- og skoginitiativet i 2017.

The Sustainable Trade Initiative (IDH) fremjar samarbeid mellom myndigheiter, lokalbefolkning og privat sektor for utvikling av avskogingsfritt jordbruk i viktige område i Brasil, Indonesia og Liberia. Det vart utbetalt 14,4 mill. kroner til IDH frå Klima- og skoginitiativet i 2017.

Klima- og skoginitiativet støtta i 2017 òg ei lang rekkje sivilsamfunnsorganisasjonar som fremjar strategiar for å få privat næringsliv til arbeide mot avskoging i sine forsyningskjeder.

Fremje skogbevaring gjennom grøn vekst-porteføljar

Ei av hovudprioriteringane for Klima- og skoginitiativet er auka satsing på tiltak som medverkar til berekraftig utvikling og reduserte klimagassutslepp gjennom betra styresett i skog- og arealforvaltinga. Utvikling av planar for grøn vekst med sektorvise politiske verkemiddel, legg til rette for ei økonomisk utvikling som på sikt kan redusere klimagassutslepp og fattigdom.

I 2017 vidareførte Klima- og skoginitiativet støtta til Den globale kommisjonen for økonomi og klima og deira flaggskipprosjekt New Climate Economy. Prosjektet utviklar kunnskap om og modellar for korleis økonomisk vekst kan skje på ein måte som er berekraftig. I 2017 vart initiativet The Food and Land Use Coalition lansert, der fokus ligg spesielt på korleis matproduksjon i verda må endrast for å sikre at ei veksande befolkning blir brødfødd på ein helsesam og miljøvist berekraftig måte. Initiativet er eit offentleg/privat samarbeid med brei deltaking frå privat sektor, frivillige organisasjonar og akademia i nord og sør. Tre av klima- og skoginitiativet sine samarbeidsland er òg pilotland for initiativet (Colombia, Etiopia og Indonesia).

Global Green Growth Institute (GGGI) medverkar til å etablere rammevilkår som vil ha stor betyding for kor varige dei endringane vil bli som innsatsen for REDD+ skaper. GGGI bistår myndigheiter med å utvikle planar og strategiar for utsleppsreduksjonar og betre klimatilpassing innan energi, byutvikling, vassressursforvalting og arealforvalting. I 2017 gjennomførte GGGI aktivitetar innan 49 prosjekt fordelt på 26 land. Organisasjonen fokuserer særleg på tiltak som medverkar til utsleppsreduksjonar, grøne jobbar, tilgang til berekraftige tenester, som for eksempel energitenester, bedre luftkvalitet, tilstrekkeleg tilgang til økosystemtenester og bedre klimatilpassing. Innsatsen er kopla til landa sitt arbeid med å gjennomføre sine nasjonalt bestemte skyldnader under Parisavtala, og til arbeidet med berekraftsmål (SDG). GGGI samarbeider tett med privat sektor for å redusere finansiell risiko for private aktørar ved investeringar i grøne prosjekt, og medverkar på denne måten til at fleire land har etablert finansieringsmekanismar for klimatiltak som inkluderer REDD+.

Initiativet Partnership for Action on Green Economy (PAGE) har som formål å leggje til rette for grøn vekst ved å hjelpe partnarland med å setje inkluderande og berekraftig vekst i sentrum for økonomisk utvikling. I 2018 medverka PAGE til eit grønt skifte i samarbeidsland anten ved støtte til tverrsektorielle nasjonale planar og strategiar med mål om grøn vekst og med koplingar til berekraftsmåla eller ved å bistå i utforminga av nasjonale planar og politikk kopla til grøn vekst og berekraftsmåla. Partnarskapen har no 18 partnarland.

Wealth Accounting and the Valuation of EcosystemServices (WAVES) er eit globalt partnarskap som har som målsetjing å integrere nasjonale rekneskapar for naturkapital inn i planar for utvikling og vekst. Slike rekneskap for til dømes skog kan nyttast til å gi eit breiare bilde av skogens økonomiske og miljømessige verdi, informasjon om årsaker til avskoging og om det samfunnsøkonomiske potensialet som ligg i vern av skogen. Waves har i 2017 arbeidd for å utvikle konkrete vegkart for korleis dette skal gjennomførast i dei åtte medlemslanda Botswana, Colombia, Costa Rica, Filippinene, Guatemala, Indonesia, Madagaskar og Rwanda.

I 2017 vart det utbetalt 79 mill. kroner frå budsjettposten til New Climate Economy, GGGI, PAGE og WAVES for å fremje skogbevaring gjennom grøn vekst.

Transparens

Auka transparens kring avskoging er eit av hovudsatsingsområda for Klima- og skoginitiativet. Ny teknologi og raskt fallande kostnadar for satellittar og satellittinformasjon, gjer det mogeleg å overvake avskoging i nær sanntid. Saman med informasjon om landrettar, hogstkonsesjonar og finansstraumar gir dette nye moglegheiter for myndigheitar til å overhalde lovar, sivilsamfunnsorganisasjonar og urfolk til å drive kampanjar, og bedrifter til å bruke sin marknadsmakt og levere på mål om avskogingsfrie forsyningskjedar. Teknologiske plattformer for transparens, slik som Global Forest Watch, er også svært nyttig for at sivilt samfunn og urfolksgrupper – under dette mange støtta av Klima- og skoginitiativet, kan halde styresmakter og selskap ansvarlege for avskoging.

Måling, rapportering og verifisering (MRV) av endringar i skogen og utslepp av klimagassar frå skogareala er ein føresetnad for å kunne betale for utsleppsreduksjonar. Skoglanda må etablere eit system for å måle endringar i skogareala og estimere utslepp av klimagassar frå skog, for så å rapportere resultata offentleg og til dei som skal betale for utsleppsreduksjonar. For at resultata skal ha truverde må dei verifiserast av ein uavhengig tredjepart. I 2017 heldt Klima- og skoginitiativet fram med å gi støtte til fleire strategiske satsingar for å bidra til milepælen «system for måling, rapportering og verifisering av utslipp frå skog er etablert», sjå boks 7.4 med strategisk rammeverk for Klima- og skoginitiativet. Støtta går både til skogland for å byggje opp deira MRV-system, og til overordna satsingar. I det bilaterale samarbeidet medverkar Klima- og skoginitiativet sin innsats til å utvikle system for måling, rapportering og verifisering, mellom anna for Brasil, Peru og Etiopia. Av dei overordna satsingane kan det nemnast at Noreg er den største givaren til prosjektet Global Forest Watch, som gjer uavhengige analysar av skogar i verda gratis tilgjengelege via sine nettsider.

Klima- og skoginitiativet medverkar òg til metodeutvikling for måling av endringar i skogen og estimering av utslepp av klimagassar frå skog i tropiske land. Eit eksempel på slikt arbeid er deltaking i det internasjonale nettverket Global Forest Observation Initiative. Dette nettverket har blant anna til føremål å syte for at leverandørane av satellittdata prioriterer å samle inn data om skogen, og at skoglanda har tilgang til god metoderettleiing og kapasitetsbygging. Klima- og skoginitiativet arbeider òg for eit betre samarbeid mellom leverandørar og brukarar av satellittdata av skog. Dette arbeidet blir utført med støtte frå Norsk Romsenter. Eit anna eksempel er Noregs støtte til eit prosjekt i FAO som gjer fjernmålingsdata tilgjengelege for tropiske skogland.

Til saman vart det utbetalt 82,8 mill. kroner til overordna MRV og anna metodearbeid i 2017. Hovuddelen av midlane finansierte WRIs program Global Forest Watch og Restoration Project og FAOs Satellite Data Management System.

Innsats mot ulovleg verksemd i skogsektoren

Ulovleg verksemd i skogsektoren er – direkte og indirekte – ein av dei største årsakene til avskoging i verdas regnskogar. Skogkriminalitet utgjer òg eit alvorleg hinder for utvikling. Det er ein type kriminalitet som er prega av høg profitt og låg risiko. Internasjonal handel med ulovleg hogd tømmer er estimert å utgjere det fjerde største kriminalitetsområdet etter narkotika-, våpen- og menneskehandel, og sjansen for å bli teken og dømt er mange stader framleis svært låg.

Utan å redusere den ulovlege avskoginga når vi neppe måla i Parisavtala eller Berekraftsmåla. Ei heller målsetjingane for Klima- og skoginitiativet. Derfor er ein intensivering av innsatsen mot ulovleg avskoging eit viktig verkemiddel for å oppnå dei globale klima- og berekraftsmåla.

I 2017 støtta Klima- og skoginitiativet ulike tiltak for å motarbeide skogkriminalitet. På bilateralt nivå har Klima- og skoginitiativet til dømes utbetalt midlar til Amazonasfondet basert på reduserte utslepp. Amazonasfondet har i sin tur løyvd ekstra pengar til det brasilianske miljøpolitiet, Ibama. Takka vere desse midlane har Ibama slått til mot ulovleg hogst og gruveverksemd i Amazonas i større grad. Dei har gripe og straffeforfølgt individ som bryt skoglova, og dermed vore ein viktig bidragsytar til at Brasils avskoging vart redusert frå skogåret 2016 til skogåret 2017.

Noreg har vore ein pådrivar for opprettinga av Interpols arbeidsgruppe mot skogkriminalitet. Formålet er blant anna å setje i verk lovhandhevingsoperasjonar i skogsektoren og gi strategiske råd til Interpol. Dette kan potensielt bli eit viktig verktøy for å slå ned på kriminelle nettverk som øydelegg skogen.

I tillegg har Noreg støtta Interpols Project LEAF, som har som mål å slå ned på kriminelle nettverk som opererer i skogsektoren. Prosjektet medverkar til «dokumentert samarbeid på tvers av aktører og sektorer» som er ein indikator under milepælen «effektiv gjennomføring av policy for bærekraftig skog- og arealbruk, jf. Klima- og skoginitiativet sitt strategiske rammeverk i boks 7.4. Interpols støtte har blant anna medverka til at styresmakter i Amazonas- og Mekongregionen har beslaglagt tømmer og tømmerprodukt til mange mill. kroner og straffeforfølgt nøkkelpersonar i kriminelle nettverk.

Fotnotar

1.

For oversikt over stoffa og stoffgruppene på prioritetslista og status for utslepp og utsleppsreduksjonar, sjå http://www.miljostatus.no/prioritetslisten, og vidare lenker derifrå.

2.

Bryggen i Bergen, Urnes stavkyrkje, Røros bergstad og Circumferensen, Bergkunsten i Alta, Vegaøyan, Vestnorsk fjordlandskap, Struves meridianboge og Industriarven Rjukan – Notodden.

3.

Ny rettleiar i plan- og bygningslov, oppdaterte nettsider til kommunane på www.ra.no/kik, og nye oppgåvehjelper og temasider på www.miljøkommune.no.

4.

Utviklingsnett er Riksantikvarens seminarrekkje med aktuelle tema for kommunar og lokale aktørar.

Til forsida