Del 2
Klima- og miljødepartementets budsjett for 2022
8 Omtale av kapittel og post
Programkategori 12.10 Fellesoppgåver, forsking, internasjonalt arbeid m.m.
Hovudinnhald og prioriteringar
Utgiftene under programkategori 12.10 kan førast tilbake til alle resultatområda. Kategorien omfattar verksemda til Klima- og miljødepartementet medrekna tilskot som blir behandla i departementet, og løyvingar for å sikre ei kunnskapsbasert forvaltning, under dette kartlegging, overvaking og forsking på klima- og miljøområdet og anna arbeid knytt til miljødata. Delar av løyvingane kan bli stilte til disposisjon for etatane som er underlagde departementet, når det er naturleg at etatane utfører oppgåvene.
Internasjonalt arbeid
Omtale av Noregs internasjonale arbeid med klima og miljø finst òg under dei ulike resultatområda og dei andre programkategoriane. Omtalen i dette kapittelet gjeld berre internasjonalt arbeid som går på tvers av resultatområda.
Multilateralt klima- og miljøsamarbeid
FN er ein viktig aktør i det globale arbeidet med miljø- og klimaspørsmål. Noreg er ein vesentleg bidragsytar til dei organisasjonane og programma som har miljø som kjerneoppgåve, og har fortløpande dialog med nær alle FN-institusjonane om integrering av klima- og miljøomsyn i verksemda deira. Noreg legg vekt på å følgje opp Rio+20-vedtaket om å styrkje FNs miljøprogram. Programmet har eit særskilt ansvar i FN-systemet for å fremje ivaretakinga av miljødimensjonen i berekraftig utvikling og for å innarbeide omsynet på tvers i organisasjonen. Klima- og miljøministeren er valt som president for FNs femte miljøforsamling (UNEA5), styringsorganet for miljøprogrammet som ifølgje Rio+20 set agenda for det globale miljøarbeidet. Første del av miljøforsamlinga under norsk leiing vart halden i februar 2021, digitalt på grunn av covid-19, medan dei fleste politiske sakene vart utsette til andre del av møtet i mars 2022. Målet er å styrkje det internasjonale miljøsamarbeidet og oppnå vedtak og erklæringar som på ulike vis fremjar bevaring av natur som løysing på ulike problem. Frå norsk side vil vi ha spesiell merksemd på området plastforureining og ta aktivt del i arbeidet for å oppnå mandat for ein ny global avtale mot marin plastforsøpling og plastforureining. For dette veksande miljøtrugsmålet vil vi òg leggje vekt på oppfølginga av handlingsplanen mot marin plastforsøpling under FNs sjøfartsorganisasjon IMO og følgje opp endringane i mandatet til Baselkonvensjonen og det internasjonale regelverket for plastavfall.
Klima, naturmangfald og forureining er anerkjende som dei viktigaste miljøutfordringane som krev sterkare global respons. Noreg vil halde fram arbeidet med å utvikle den normative rolla til FNs miljøprogram og sikre eit tettare samarbeid med andre FN-organ. Noreg er òg ein sentral bidragsytar til FNs program for å redusere utslepp gjennom avskoging og skogdegradering i utviklingsland (UN-REDD) og til fleire verdsbankfond som finansierer investeringar for å redusere utslepp frå skog i utviklingsland, til dømes FEPF Karbonfond og BioCarbon-fondet. Sjå omtale av Klima- og skoginitiativet under programkategori 12.70.
FNs berekraftsmål føreset at både einskilde land og internasjonale organisasjonar skal betre integreringa av dei tre dimensjonane av berekraft (økonomiske, sosiale og miljøvise omsyn) på ei rekkje samfunnsområde. Måla kan såleis gje draghjelp til det globale grøne skiftet og fremje heilskapleg tenking over «silotilnærming». Noreg har oppnådd mykje, men er òg utfordra av ein del av måla. Regjeringa la i juni 2021 fram Meld. St. 40 (2020–2021) Mål med mening – Norges handlingsplan for å nå bærekraftsmålene innen 2030. Oppgåva med å følgje opp gjennomføringa av berekraftsmåla globalt årleg er lagd til FNs høgnivåforum for berekraftig utvikling (HLPF), og kvart fjerde år skal leiarane i verda få ei særskild oversikt over framdrifta og område som krev større innsats. Noreg la fram sin andre frivillige rapport om framgangen på måla til FNs høgnivåforum sommaren 2021. Sjå omtale av berekraftsmåla under del III kap. 8.2.
Konvensjonen om biologisk mangfald (CBD) omfattar bevaring og berekraftig bruk av det biologiske mangfaldet på landjorda og i havet og rettferdig fordeling av utbytte frå bruk av genetiske ressursar. På det neste partsmøtet skal eit nytt globalt rammeverk for naturen vedtakast. Det nye rammeverket vil erstatte dei 20 Aichi-måla som vart vedtekne i 2010. Aichi-måla er godt integrerte i Agenda 2030 og i berekraftsmåla, og det er viktig med ei tett kopling mellom berekraftsmåla og andre eksisterande mål for biologisk mangfald i utviklinga av eit nytt strategisk rammeverk.
Noreg deltek aktivt i forhandlingane for å sikre eit effektivt, nytt globalt rammeverk som kan snu den negative trenden med tap av natur. Ein effektiv avtale inneber at landa i verda blir samde om både eit sett med ambisiøse mål og robuste system som gjer at landa i større grad gjennomfører dei nye måla. Noreg arbeider for ein avtale som forpliktar landa til å auke innsatsen over tid. Noreg ønskjer vidare ei utvikling av konvensjonen innanfor berekraftig bruk og har mellom anna retta merksemda mot berekraftige verdikjeder i forhandlingane om det nye rammeverket. Integrering av omsyn til biologisk mangfald i andre sektorar og i alle ledd i verdikjedene er avgjerande for å sikre at den totale belastninga på naturen ikkje blir for stor. Som ein del av dette arbeidet vil Noreg løfte miljøkriminalitet som tema og vere ein pådrivar i arbeidet mot miljøkriminalitet. Noreg arbeider for økosystembaserte tilnærmingar til bevaring av naturen og bruk av naturbaserte løysingar på klimautfordringa. Noreg støttar målet om at 30 pst. av hav- og landområde skal bevarast gjennom vern eller andre bevaringstiltak. Endring av areal grunna landbruk er ein av dei største drivarane bak tap av biologisk mangfald. Noreg er mellom anna difor aktiv i førebuinga av FNs toppmøte om berekraftige matsystem hausten 2021.
Det globale miljøfondet (GEF) skal medverke til at utviklingsland og land med overgangsøkonomi kan nå måla i dei globale miljøavtalane om klima, biologisk mangfald, forørkning, kjemikaliar og kvikksølv. GEF er med på å betre klima- og miljøtilstanden globalt ved å kvalitetssikre nasjonale og regionale tiltak og finansiere meirverdien av dei for det globale miljøet. Arbeidet blir utført gjennom ei rekkje ulike partnarorganisasjonar i FN og det sivile samfunn. Medan det i internasjonalt miljøsamarbeid ofte kjem krav om å opprette nye fond for å støtte u-landa, ser Noreg at GEF har opparbeidd god kunnskap og sterke nettverk som gjer dei i stand til å yte hjelpa som landa ber om. Noreg auka sitt bidrag til GEF ved førre påfyllinga (GEF7) og forhandlar no fram til sommaren 2022 om påfyllinga for neste fireårsperiode (GEF8). GEF konsentrerer seg i stadig større grad om store, integrerte program som kan medverke til å nå måla i fleire miljøkonvensjonar samstundes. Effektiviteten til slik tilnærming skal evaluerast.
Omtale av Noregs hovudinnsatsområde i det internasjonale klimaarbeidet finst under programkategori 12.20 og 12.70.
Miljøkriminalitet
Miljøkriminalitet er eit alvorleg og aukande problem med store negative konsekvensar for naturmangfald og klima. Å stoppe ulovleg avskoging er ein viktig del av klimaløysinga og ei nødvendigheit for at land med mykje ulovleg avskoging skal kunne oppfylle sine forpliktingar. Ei rekkje artar er trua av utrydding på grunn av internasjonal flora- og faunakriminalitet, skogkriminalitet og gruvekriminalitet, både på grunn av handel med trua artar og på grunn av arealfragmentering og forringa leveområde.
Miljøkriminalitet medverkar òg til tap av inntekter for statar, auka fattigdom, auka ulikskap og underminering av demokratiske institusjonar. Internasjonal miljøkriminalitet er i tillegg knytt til annan organisert kriminalitet, som ulovleg handel med våpen, narkotikasmugling og menneskehandel, og blir nytta til såkalla trusselfinansiering, det vil seie finansiering av terrorgrupper og andre ikkje-statlege væpna grupper. Dette medverkar til å føre vidare ustabilitet i sårbare statar og truar regional og internasjonal tryggleik.
Regjeringa la våren 2020 fram ei stortingsmelding om miljøkriminalitet. Meldinga presenterer regjeringa sin politikk for å styrkje innsatsen mot miljøkriminalitet, både nasjonalt og internasjonalt. Tiltaka omfattar mellom anna informasjons- og haldningsskapande arbeid, nye sanksjonar, bruk av teknologi og auka tilsyn og kontroll med handel med trua artar, framande artar, genmodifiserte artar og forureining. Internasjonalt blir det viktig å få global merksemd om at miljøkriminalitet er ei grenseoverskridande og alvorleg form for organisert kriminalitet som må sjåast i samanheng med økonomisk kriminalitet som korrupsjon, kvitvasking, dokumentfalsk, skatteunndraging og tollsvindel. Tiltaka her omfattar utvikling av internasjonal politikk, internasjonal rettsutvikling, utviklingspolitiske verkemiddel, arbeid i internasjonale organisasjonar og sivilsamfunn, motverking av ulovleg netthandel og bruk av teknologi, verdikjedesporing og handelsavtalar.
Medverknad i EU-samarbeidet og effektiv gjennomføring av EØS-rettsakter
EU har ei klar pådrivarrolle i det internasjonale klima- og miljøsamarbeidet, og ein stor del av EUs klima- og miljøpolitikk blir innlemma i norsk regelverk som følgje av EØS-avtalen. Regjeringa har som mål å medverke til ein ambisiøs klima- og miljøpolitikk i EU og vere ein aktiv og relevant partnar i Europas grøne giv. Dette er EUs grøne vekststrategi der målet om klimanøytralitet i EU i 2050 er gjort styrande for eit gjennomgripande grønt skifte som omfattar nær alle samfunnsområde. Europas grøne giv medfører omfattande ny politikk- og regelverksutvikling, også på område som er omfatta av EØS-avtalen. Klima- og miljødepartementet følgjer tett med på område som klima, avfall og produkt i den sirkulære økonomien, plastforureining, kjemikaliar og grøn finans.
Påverknadsarbeidet overfor EU skjer gjennom å delta i Kommisjonens ekspertgrupper og komitear, politiske møte med Kommisjonen og Europaparlamentet, andre innspel til sentrale aktørar i EU og gjennom å delta i ambisiøse «vennegrupper» som REACH UP-gruppa på kjemikalieområdet, som no omfattar plast òg, og Green Growth Group (GGG) på klimaområdet. Noreg har òg ein nasjonal ekspert i Europakommisjonens generaldirektorat for miljø for å styrkje EUs arbeid med plastforureining. Nordisk samarbeid er òg viktig for å påverke utviklinga av EUs regelverk og andre internasjonale prosessar. Dei nordiske statsministrane vedtok i august 2019 ein ny visjon for det nordiske samarbeidet fram mot 2030. I oppfølginga av denne visjonen har det nordiske samarbeidet på klima- og miljøområdet blitt tilført vesentleg auka ressursar, noko som medfører eit forsterka nordisk samarbeid innanfor sentrale område som klima, biomangfald og sirkulær økonomi.
Noreg er medlem i Det europeiske miljøbyrået (EEA) og deltek i arbeidet i Det europeiske kjemikaliebyrået (ECHA). Miljøbyråa er ei viktig informasjonskjelde for alle som er med på å utforme, vedta, setje i verk og evaluere miljøpolitikk. Gjennom EØS-avtalen er Noreg medlem av EUs romprogram 2021–2027, som inkluderer jordobservasjonssystemet Copernicus. Systemet etablerer omfattande satellittovervaking av miljø globalt, regionalt og nasjonalt, ikkje minst i havområda og i Arktis. Noreg deltek òg i EUs forskings- og innovasjonsprogram Horisont Europa, der klima og miljø er eit sentralt satsingsområde. Minst 35 pst. av totalbudsjettet til Horisont Europa skal vere klimarelevant. Programmet skal bidra til å nå måla i Europas grøne giv.
Enkelte sentrale miljøpolitiske område er ikkje omfatta av EØS-avtalen. Det gjeld naturvern og forvaltning av naturressursar, landbruk og fiskeri, men Noreg og EU er tett bundne saman gjennom EUs indre marknad på alle område. Nye forslag og omlegging i EUs politikk får stor verknad for norsk politikk. Kvart år blir ei rekkje rettsakter innlemma i EØS-avtalen og gjennomførte i norsk regelverk for miljø- og klimapolitikken.
Ved å delta gjennom heile prosessen sikrar departementet ein grundig gjennomgang og vurdering av forslag til nye EU-rettsakter og moglege konsekvensar av gjennomføringa før regelverket eventuelt blir teke inn i EØS-avtalen og gjennomført i norsk rett.
EØS-midlane er også ein del av EU/EØS-arbeidet i miljøforvaltninga. Dei medverkar til sosial og økonomisk utjamning i Europa og til gjennomføringa av EUs rettsakter i mottakarlanda. Klima, energi, miljø og lågutsleppsutvikling er eitt av tre prioriterte hovudområde i inneverande periode, som vil gå fram til og med 2024. Klima-, miljø- og kulturarvprogramma inkludert dei bilaterale fonda under EØS-midlane stimulerer til godt bilateralt fagleg samarbeid med mottakarlanda og stimulerer landa til oppfølging av internasjonale avtalar innan klima, miljø og biodiversitet.
Berekraftig finansiering og klimarisiko
Om verda skal nå klimamåla, er det nødvendig at både offentlege og private investeringar blir vridde i ei meir berekraftig retning, særleg infrastruktur og andre investeringar med lang levetid. I Parisavtalen er dette anerkjent i formålet, der det er sagt at avtalen skal medverke til å sameine finansstraumane med ein bane mot lågutsleppsutvikling og klimarobust utvikling. Finanssektoren har ei nøkkelrolle i omstillinga til ein lågutsleppsøkonomi. EU la i 2018 fram ein handlingsplan for berekraftig finans. Handlingsplanen har som mål å dreie kapitalen mot meir berekraftige investeringar, handtere klima- og miljømessig risiko og fremje openheit og langsiktig tenking i finansiell og økonomisk aktivitet. Regjeringa stiller seg bak måla i EUs handlingsplan og følgjer oppfølginga av planen tett. Finansdepartementet og Klima- og miljødepartementet deltek som observatørar til Kommisjonens ekspertgruppe på berekraftig finans. EU utviklar rammeverk som skal hjelpe finansnæringa å bidra til omstillinga til ein lågutsleppsøkonomi. EU-landa har mellom anna blitt einige om eit klassifiseringssystem for berekraftige økonomiske aktivitetar, ein såkalla taksonomi. Relevante regelverk vil òg gjelde Noreg. Finansdepartementet fremja ein lovproposisjon om gjennomføring av mellom anna taksonomien i ei ny lov om opplysninger om bærekraftsinformasjon i finanssektoren før sommaren 2021. Sjå nærmare omtale i Meld. St. 31 (2020–2021) Finansmarkedsmeldingen 2021. For å forsterke arbeidet med berekraftig finans, og som varsla i European Green Deal, la Kommisjonen fram ein fornya strategi for berekraftig finans i juli 2021.
Det er òg viktig å ha ei god vurdering og handtering av korleis lågutsleppsutvikling kan påverke lønnsemda og risikoen til langsiktige investeringar, både i privat og offentleg sektor. Det regjeringsoppnemnde Klimarisikoutvalet peiker i sin rapport på nokre overordna prinsipp for å betre handteringa av klimarisiko i samfunnet og gjev tilrådingar retta mot både privat og offentleg sektor. Regjeringa meiner det er viktig med god informasjon, gode analysar, gode avgjerdsprosessar og riktige insentiv for å få ei god handtering av klimarisiko, både i privat og offentleg sektor. Korleis regjeringa følgjer opp rapporten frå Klimarisikoutvalet, vart omtalt i revidert nasjonalbudsjett 2019 (Meld. St. 2 (2018–2019)), Finansmarkedsmeldingen 2019 (Meld. St. 24 (2018–2019)) og Noregs lågutsleppsstrategi for 2050 (vedlegg 1 til Prop. 1 S (2019–2020)). Arbeidet til regjeringa med å avdekkje og redusere klimarisiko er også omtalt i Perspektivmeldingen 2021 (Meld. St. 14 (2020–2021)).
Klima og miljø i handels- og investeringsvernavtaler
Handels- og investeringsvernavtalar påverkar kva som blir produsert og selt, og korleis ein gjer det, og dermed også klima- og miljøverknadene av handel. Dei påverkar òg kva tiltak som kan setjast i verk av omsyn til klima og miljø. I motsetning til EØS-avtalen inneheld dei ikkje felles klima- og miljøregelverk. Det er difor nødvendig å syte for at dei blir utforma slik at dei fremjar grøn vekst og støttar opp om klima- og miljøomsyn. Behovet for å arbeide for å styrkje eit samsvar mellom handel og miljø aukar, mellom anna når det gjeld samanhengen mellom handel og skogforvaltning. Difor arbeider vi for at slike avtalar får eigne kapittel om handel og berekraftig utvikling, senkar toll på klima- og miljøvennlege varer og gjev rom for støtte, avgifter og reguleringar som gjer det enklare og billigare å produsere, forbruke og transportere med mindre ressursar og utslepp. Avtalen med Storbritannia er eit døme på dette. Denne erstattar ikkje EØS-avtalen. EØS-avtalen har ei rekkje felles klima- og miljøreglar. Desse er Storbritannia ikkje lenger er bunden av. Den nye frihandelsavtalen med Storbritannia inneheld likevel ei rekkje ambisiøse forpliktingar på klima, miljø og arbeidstakarrettar, og det grøne skiftet er tema i avtalen. Fleire land legg stadig større vekt på klima- og miljømessig berekraft også i handelspolitikken. EU og USA er no blant dei fremste her. EUs nye handelspolitikk har fått ei større rolle i arbeidet med berekraftig utvikling, og USAs nye handelspolitikk ser ut til å gå i same retninga. Det internasjonale handelssystemet blir sett under stadig sterkare press på grunn av økonomiske, politiske og sikkerheitsmessige interesser og ringverknadene av globaliseringa. Presset har blitt forsterka av covid-19-pandemien, som viste kor utsett globale leveransekjeder kan vere i krisesituasjonar. Utvikling av slike avtalar skjer no i aukande grad utanfor Verdshandelsorganisasjonen (WTO). Departementet deltek difor i forhandlingane mellom Noreg og Kina, og forhandlingar mellom anna med Malaysia gjennom den europeiske frihandelsorganisasjonen EFTA. Vi følgjer med på samarbeidet om handel og investeringar mellom EU og andre sentrale land. Samstundes tek medlemsland i WTO fleire nye initiativ for å styrkje bidraget frå handelen til å løyse klima- og miljøutfordringane. Eit initiativ som Noreg er med på, har mellom anna handel med miljøvarer og -tenester, sirkulær økonomi og berekraftige leveransekjeder i fokus. Vi følgjer òg forhandlingane om ein ambisiøs, bindande avtale om klima, handel og berekraft som Noreg saman med New Zealand, Costa Rica, Fiji og Island vart einige om å starte hausten 2019.
Klima- og miljøsamarbeid med utviklingsland
Samarbeid med økonomiar i framvekst og utviklingsland er òg ein viktig pilar i Noregs internasjonale klima- og miljøarbeid. Med bilaterale samarbeidsavtalar og støtte til internasjonale initiativ skal Noreg medverke til ei grøn utvikling gjennom oppbygging av kapasitet og kompetanse til å forvalte miljø og naturressursar.
Det største internasjonale initiativet frå regjeringa innan klima og miljø er Klima- og skoginitiativet. Sjå nærmare omtale av dette under programkategori 12.70. Klima- og miljødepartementet har òg særskilde avtalar om samarbeid med miljøstyresmaktene i dei store framvoksande økonomiane Kina, India og Sør-Afrika. Desse landa har stor innverknad på den globale miljøtilstanden og er heilt sentrale i utviklinga av globale miljøavtalar. I Kina, Sør-Afrika og India har Klima- og miljødepartementet medverka til ein portefølje av prosjekt som er retta inn mot evna det enkelte landet har til å gjennomføre internasjonale forpliktingar under miljøkonvensjonane.
Prosjekta er hovudsakleg forvaltningssamarbeid. Miljødirektoratet er ein viktig partnar på norsk side. Finansiering skjer i hovudsak over Utanriksdepartementets budsjett. I tillegg blir det nytta midlar over Klima- og miljødepartementets budsjett for å setje i gang nye prosjekt og utgreiingar. Klima- og miljødepartementet samarbeider med Sør-Afrikas miljødepartement om å betre forståinga for digitale gensekvensar (digital sequencing information – DSI) og kapasitetsbygging i Afrika knytt til dette. Miljødirektoratet er i dialog med Sør-Afrika om utarbeidinga av avfallssystem med sikte på å redusere tilførselen av marin forsøpling. Tidlegare har Miljødirektoratet medverka til å utvikle ein utsleppsrekneskap i Sør-Afrika. I Kina har Miljødirektoratet sidan 2012 vore ein sentral partnar for å utvikle klimakvotemarknaden. Kinas nasjonale kvotemarknad vart offisielt lansert i juli 2021 og er den største i verda. Noregs kvotesamarbeid med Kina held fram i ein ny fase. I 2019 vart det starta opp nye prosjekt med Kina om miljøgifter, marin forsøpling og svart karbon. Noreg gjev òg støtte til og deltek med ekspertar i høgnivårådet China Council for International Cooperation on Environment and Development (CCICED). I 2021 vart tidlegare finansminister og leiar av CICERO Senter for klimaforsking Kristin Halvorsen utnemnd som ny nestleiar i rådet, etter tidlegare klima- og miljøminister Vidar Helgesen. Rådet er oppretta av og gjev tilrådingar til den kinesiske toppleiinga. I tillegg til å sjå på og gje råd om Kinas nasjonale utfordringar rettar høgnivårådet no meir merksemd mot Kinas rolle internasjonalt, mellom anna Kinas utlandsinvesteringar gjennom det nye silkeveginitiativet deira. I India er klimagassutslepp frå kuldemedium ei stor og aukande klimautfordring. Noreg støttar arbeid som kan medverke til raskare innfasing av meir miljøvennlege kuldemedium. Gjennom det bilaterale samarbeidet støttar Noreg også bruk av meir miljøvennleg brensel i sementproduksjon. India og Noreg har inngått ein intensjonsavtale om samarbeid om integrert havforvaltning og har ei rekkje samarbeidsprosjekt for å motverke plastforsøpling og plastforureining.
Meteorologisk institutt (MET) er involvert i bistandsarbeid innanfor vêrvarsling og klimaanalysar i sju land i Afrika og Asia, med finansiering frå Norad og Verdsbanken. Mellom anna støttar regjeringa eit pilotprosjekt som skal sjå på korleis MET sin teknologi og kompetanse kan brukast til å styrkje formidling og distribusjon av lokale vêrvarsel i utvalde norske samarbeidsland i Afrika og Asia. MET arbeider kontinuerleg med tilgjengeleggjering, mellom anna med opplæringsvideoar, som har vore særskilt nyttige og relevante under covid-19-pandemien.
Dette er ei oppfølging av regjeringa sin plan for deling av digitale løysingar i bistandspolitikken og støttar FNs berekraftsmål.
I tillegg til å støtte opp om norsk utanrikspolitikk følgjer Meteorologisk institutt òg ei generell oppmoding frå WMO om at i-land hjelper i u-land til å utvikle meteorologi.
Utgifter under programkategori 12.10 fordelte på kapittel
(i 1 000 kr) | |||||
---|---|---|---|---|---|
Kap. | Nemning | Rekneskap 2020 | Saldert budsjett 2021 | Forslag 2022 | Endring i pst. |
1400 | Klima- og miljødepartementet | 655 263 | 675 365 | 674 980 | -0,1 |
1410 | Kunnskap om klima og miljø | 1 178 393 | 1 106 179 | 1 122 539 | 1,5 |
1411 | Artsdatabanken | 70 897 | 69 623 | 70 473 | 1,2 |
1412 | Meteorologiformål | 487 333 | 522 774 | 489 712 | -6,3 |
Sum kategori 12.10 | 2 391 886 | 2 373 941 | 2 357 704 | -0,7 |
Kap. 1400 Klima- og miljødepartementet
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2020 | Saldert budsjett 2021 | Forslag 2022 |
01 | Driftsutgifter | 290 566 | 294 508 | 292 111 |
21 | Spesielle driftsutgifter | 79 615 | 66 985 | 75 973 |
50 | Heilskapleg profilering, grøne løysingar | 10 514 | 10 785 | 10 757 |
51 | Den naturlege skulesekken | 10 169 | 10 432 | 5 000 |
70 | Frivillige klima- og miljøorganisasjonar samt klima- og miljøstiftelsar | 52 541 | 52 541 | 53 907 |
71 | Internasjonale organisasjonar | 80 677 | 91 774 | 88 814 |
74 | Tilskot til AMAP, kan overførast | 5 002 | 5 162 | 5 296 |
76 | Støtte til nasjonale og internasjonale miljøtiltak, kan overførast | 126 179 | 143 178 | 143 122 |
Sum kap. 1400 | 655 263 | 675 365 | 674 980 |
Post 01 Driftsutgifter
Midlane under posten er retta mot alle resultatområda.
Den foreslåtte løyvinga på 292,1 mill. kroner dekkjer dei ordinære driftsutgiftene som er nødvendige for at Klima- og miljødepartementet skal kunne halde ved lag ei god verksemd. Om lag to tredelar av løyvinga gjeld lønn til fast tilsette i departementet. Om lag ein tredel av løyvinga går til å dekkje husleige, fornying av materiell, inventar og utstyr, mellom anna drift og utvikling av IT-anlegget til departementet, reiseutgifter, kurs- og konferanseverksemd og tiltak for kompetanseutvikling. Av desse fellesutgiftene er husleige og IKT-utgifter dei største. Løyvinga under posten er redusert med om lag 1,6 mill. kroner grunna ny premiemodell for betaling av pensjonspremie og om lag 0,7 mill. kroner grunna gevinstuttak på grunn av forventa lågare reiseutgifter, sjå nærmare omtale under del I kap 3.
Løyvinga kan overskridast mot tilsvarande meirinntekt under kap. 4400 post 02, jf. forslag til vedtak II.
Post 21 Spesielle driftsutgifter
Midlane under posten er retta mot alle resultatområda.
Løyvinga på denne posten dekkjer utgifter til kjøp av utgreiingar. Lønn til mellombels tilsette som er knytte til faglege prosjekt, kan òg førast over posten. Posten dekkjer heile ansvarsområdet til miljøforvaltninga.
Klima- og miljøpolitikken står overfor store utfordringar, og det er viktig å ha eit grundig fagleg fundament for den politikken som blir lagd opp. Det er difor viktig at Klima- og miljødepartementet har nok ressursar til å kunne initiere utgreiingar av ny politikk og evaluere politiske tiltak og verkemiddel som er sette i gang eller gjennomførte. I tillegg blir ressursar nytta til å vurdere klima- og miljøkonsekvensar av forslag som er fremja frå andre sektorar.
Det er foreslått ei løyving på 76 mill. kroner. Samla sett er løyvinga auka med 9 mill. kroner samanlikna med saldert budsjett for 2021. Det er foreslått å flytte 9,5 mill. kroner frå kap. 1400 post 76, som gjeld oppfølging av den nasjonale strategien for sirkulær økonomi, og som skal utbetalast til statlege mottakarar. Det blir òg foreslått å rammeoverføre 2 mill. kroner til Direktoratet for forvaltning og økonomistyring, til arbeidet direktoratet gjer med offentlege innkjøp. Reduksjonar på posten kjem av omdisponering av midlar til andre postar fordi tidsavgrensa prosjekt er avslutta. I 2022 blir det foreslått ei løyving på om lag 12,5 mill. kroner til nye tidsavgrensa tiltak som omfattar mellom anna Klimautvalet 2050 og utgreiing om farleg avfall.
Rapport 2020
I 2020 vart midlane på posten nytta til tiltak knytte til alle resultatområda, hovudsakleg innanfor klima, forureining og naturmangfald.
Post 50 Heilskapleg profilering, grøne løysingar
Posten vart oppretta i 2018 for å profilere norske grøne løysingar internasjonalt. Formålet er å auke eksport og trekkje investorar ved å posisjonere Noreg som ein pioner for grøne løysingar i internasjonale marknader. Tiltaket skal medverke til å løfte fram fleire gode gründerar, vekstkraftige bedrifter og innovative næringsmiljø som utviklar grøn teknologi og produkt tilpassa lågutsleppssamfunnet.
Det grøne skiftet byr på både utfordringar og moglege utviklingsområde for næringslivet. På fleire område har Noreg gode føresetnader for å ta ei leiarrolle i teknologiutvikling og løysingar for det grøne skiftet. Dette gjeld mellom anna produkt frå prosessindustrien og produksjon av fornybar energi og lågutsleppsløysingar i transportsektoren. Noreg er allereie verdsleiande på teknologi for nullutsleppsløysingar i maritim transport. Berekraftig havbruk er eit anna mogleg vekstområde. Bioøkonomi, sirkulærøkonomi og smarte bygg og byar er andre moglegheitsområde. Regjeringa ønskjer å gje ekstra draghjelp til næringslivet som leverer grøne løysingar, og som har moglegheiter internasjonalt.
Satsinga skal sjåast i samanheng med det arbeidet Innovasjon Noreg gjer med profilering for å medverke til auka internasjonalisering. Innovasjon Noreg skal leggje til rette for eit samarbeid med privat næringsliv, som skal inviterast til å delta i både utforming og vidare finansiering av satsinga.
Det er foreslått ei løyving på om lag 10,8 mill. kroner for 2022.
Rapportering 2020
I 2018 vart utstillingsvindauget The Explorer utvikla i samarbeid med næringslivet, og i mai 2019 vart det lansert. The Explorer er ei nettside der internasjonale kjøparar og investorar kan sjå norske grøne løysingar i eit digitalt utstillingsvindauge og enklare komme i kontakt. Kvar månad i 2020 hadde The Explorer over 100 000 besøkjande i gjennomsnitt. I slutten av 2020 hadde The Explorer 400 løysingar frå norske bedrifter. Éi av fire norske bedrifter opplyser at dei har fått nye kontaktar ved å vere på plattforma. To gonger i året møtest eit strategisk råd samansett av leiande representantar for næringsliv, organisasjonsliv og styresmakter for å bli orienterte om The Explorer og for å diskutere relevante tema.
Post 51 Den naturlege skulesekken
Midlane under posten er knytte til alle resultatområda bortsett frå polarområda.
Den naturlege skulesekken (DNS) har vore eit samarbeidstiltak mellom Kunnskapsdepartementet og Klima- og miljødepartementet. Frå og med 2022 er tiltaket berre i regi av Klima- og miljødepartementet. Tiltaket er leidd av Miljødirektoratet, medan gjennomføringa skjer gjennom Nasjonalt senter for naturfag i opplæringa (Naturfagsenteret) ved Universitetet i Oslo.
Posten er av omsyn til det samla budsjettopplegget redusert med 5,4 mill. kroner frå 2021, og foreslått løyving er 5 mill. kroner. Løyvinga skal nyttast til tilskot til skular, administrasjon og rettleiing, formidling av erfaringar frå satsinga til skular og eksterne aktørar og til kjøp av tenester hos eksterne aktørar som samarbeider med DNS-skular.
Mål
Målet med ordninga er å medverke til at lærarar og elevar får kunnskap og medvit om berekraftig utvikling og klima- og miljøutfordringane på kloden og blir i stand til å forstå og utvikle løysingar på miljøproblema i dag og i framtida.
Den naturlege skulesekken legg til rette for utvida bruk av nærmiljøet til skulane i undervisninga og set miljø, friluftsliv og berekraftig utvikling i samanheng med realfag, samfunnsfag, kroppsøving og mat og helse. Tiltaket legg til rette for samarbeid mellom skular og eksterne aktørar, til dømes frivillige miljø- og friluftslivsorganisasjonar, og støttar utviklinga av lokale, fleirfaglege undervisningsopplegg tilpassa læreplanverket. Eit berande pedagogisk prinsipp er å flytte læringsarenaen frå klasserommet til lokalsamfunnet. I Den naturlege skulesekken står varierte arbeidsmetodar utandørs, bruk av nærmiljøet og aktørar i nærmiljøet sentralt.
Kriterium for måloppnåing
Den naturlege skulesekken skal koordinere læringsressursar innanfor dei aktuelle områda og skape eit profesjonelt nettverk av foreiningar og organisasjonar som driv skuleretta verksemd. Den naturlege skulesekken skal medverke til å utnytte nærmiljøet til skulen som læringsarena og bruke ulike lokale, regionale og nasjonale ressursar i tillegg til å medverke til å styrkje samfunnsfaglege og naturfaglege metodar.
Tildelingskriterium for skulane
Den enkelte skulen kan søkje på årleg utlyste utviklingsmidlar. Kriterium for å få tildelt støtte er at dei planlagde undervisningsopplegga skal nytte nærmiljøet til skulen som læringsarena, ha høg fagleg kvalitet og femne om to eller fleire fag. Minst eitt av desse faga skal vere naturfag eller samfunnsfag, og skulane bør samarbeide med ein ekstern aktør. Undervisningsopplegga skal ha som mål å utvikle nyfikne hos elevar og lærarar og auke kunnskapen deira om natur og samfunn og medvitet om berekraftig utvikling. Det skal leggjast vekt på grunnleggjande dugleikar i læringsprosessane, og utforskande metodar skal vere ein viktig måte å arbeide på.
Oppfølging og kontroll
Dei tiltaka som blir sette i gang, blir følgde opp fortløpande fagleg og økonomisk av Naturfagsenteret ved Universitetet i Oslo. Undervisningsopplegga blir vurderte for publisering på nettstaden www.natursekken.no, slik at dei kan delast med andre. Det blir utarbeidd årlege rapportar om heile prosjektet frå Naturfagsenteret.
Rapport 2020
I 2020 fekk 144 skular midlar til å utvikle undervisningsopplegg i skuleåret 2020/2021. Totalt har 756 skular gjennomført skuleprosjekt i Den naturlege skulesekken i perioden 2009–2020/2021. Skulane som deltek, får pedagogisk rettleiing gjennom regionale nettverk ved universitet og Naturfagsenteret.
Det er ti regionkontaktar ved fem universitet, i tillegg til staben på Naturfagsenteret som i 2020 har vore ein full stilling og fem deltidsstillingar som prosjektmedarbeidar og/eller regionkontakt. Det er oppretta lærarnettverk i regionane, og det blir årleg arrangert regionale samlingar rundt om i landet. Det er òg oppretta eit eige nettverk med elleve eksterne aktørar som alle er i samarbeid med kvar sin skule. Naturfagsenteret følgjer opp dette nettverket med fleire nettverkssamlingar i året, som i 2020 var digitale.
Naturfagsenteret arrangerer årleg ein nasjonal konferanse for deltakarskulane i februar. Konferansen samlar kvart år 300–400 lærarar, skuleleiarar, lærarutdannarar og eksterne aktørar. Den nasjonale konferansen var i 2020 digital.
Post 70 Frivillige klima- og miljøorganisasjonar og klima- og miljøstiftelsar
Midlane under posten er retta mot alle resultatområda. Det er foreslått ei løyving på 53,9 mill. kroner for 2022. Posten har fått priskompensasjon og er auka med om lag 1,4 mill. kroner. Forskrifta knytt til ordninga blei endra i 2021, hovudsakeleg små endringar knytt til tildelingskriterium og presiseringar for betre å oppnå målet med tilskotsordninga
Mål
Målet med tilskotsordninga er å leggje til rette for eit breitt folkeleg engasjement for klima- og miljøsaker og stimulere til klima- og miljøaktivitetar lokalt, regionalt og nasjonalt. Tilskotsordninga gjeld for landsdekkjande frivillige organisasjonar, stiftelsar og paraplyorganisasjonar som har nasjonal innverknad, og med eit hovudformål for verksemda som ligg innanfor ansvarsområdet til miljøforvaltninga.
Tildelingskriterium
Fordeling av tilskot er berekna etter forskrifta knytt til ordninga. 77 pst. av løyvd beløp på posten går til frivillige klima- og miljøorganisasjonar, medan 23 pst. går til paraplyorganisasjonar og klima- og miljøstiftelsar. For dei frivillige organisasjonane blir tilskota berekna etter kriterium som er gjorde greie for i forskrifta. For klima- og miljøstiftelsane og paraplyorganisasjonane er tilskota berekna med grunnlag i løyvinga dei fekk førre året.
Tabell 8.1 Fordeling av tilskot til organisasjonar i 2021 og 2022 (i 1000 kr)
Organisasjon/stiftelse | Rekneskap 2020 | Løyving 2021 | Løyving 2022 |
---|---|---|---|
Klima- og miljøorganisasjonar | |||
Den Norske Turistforening | 6 658 | 6 670 | 6 440 |
Forbundet Kysten | 4 563 | 4 513 | 4 458 |
Fortidsminneforeininga | 3 877 | 3 954 | 4 507 |
Framtida i våre hender | 4 700 | 4 513 | 4 706 |
Noregs Jeger- og Fiskarforbund | 4 895 | 4 900 | 4 541 |
Noregs Naturvernforbund | 7 637 | 7 650 | 7 265 |
Besteforeldrenes Klimaaksjon | 0 | 0 | 1 981 |
Barne- og ungdomsorganisasjonar | |||
Natur og Ungdom | 5 131 | 4 390 | 4 095 |
Miljøagentane | 2 996 | 3 866 | 3 517 |
Paraplyorganisasjonar | |||
Sabima | 1 541 | 1 367 | 1 402 |
Kulturvernforbundet | 1 541 | 1 367 | 1 402 |
Regnskogfondet | 1 541 | 1 367 | 1 402 |
Norsk Fyrhistorisk Forening | 0 | 1 367 | 1 402 |
Klima- og miljøstiftelsar | |||
Miljøstiftelsen Bellona | 1 917 | 1 700 | 1 744 |
Norsk Kulturarv | 1 052 | 933 | 958 |
WWF Noreg | 2 822 | 2 502 | 2 567 |
Zero | 1 252 | 1 110 | 1 139 |
Norsk klimastiftelse | 418 | 371 | 381 |
Sum | 52 541 | 52 540 | 53 907 |
Oppfølging og kontroll
Bruken av midlar blir følgd opp mellom anna ved å kontrollere søknad med årsrapport og årsrekneskap som tilskotsmottakarane sender inn. Departementet kan føre tilsyn med at tilskotsmottakarane oppfyller krava i forskrifta, at opplysningane i søknaden er riktige, og at organisasjonane blir drivne i medhald av vedtektene sine. Riksrevisjonen kan også gjennomføre slik kontroll.
Post 71 Internasjonale organisasjonar
Midlane under posten er retta mot alle resultatområda. Det er foreslått ei løyving på 88,8 mill. kroner for 2022. Samla er posten redusert med om lag 3 mill. kroner som følgje av endra valutakursar. Det er ein generell auke av fleire kontingentar og ein priskompensasjon på posten.
Mål
Målsetjinga med løyvinga er å medverke til å halde ved lag drifta av organisasjonar, avtalar, konvensjonar og sekretariat som utfører viktig miljøretta arbeid av verdi for Noreg.
Løyvinga skal dekkje obligatoriske bidrag til internasjonale organisasjonar, avtalar, konvensjonar og sekretariat der Noreg deltek aktivt. Løyvinga under denne posten er ei direkte følgje av at Noreg har ratifisert avtalar med budsjettbindingar, eller at regjeringa har vedteke norsk medlemskap. I tillegg blir det gjeve bidrag til FNs miljøprogram (UNEP). Ordninga er ikkje open for søknad.
Følgjande internasjonale organisasjonar, avtalar, konvensjonar og sekretariat får bidrag:
International Council of Monuments and Sites (ICOMOS)
Internasjonalt studiesenter for bevaring og restaurering av kulturminnesmerke (ICCROM)
FNs miljøprogram (UNEP)
Den internasjonale naturvernunionen (IUCN)
Interimssekretariat for konvensjonen om vern av våtmarker (Ramsar-konvensjonen)
Konvensjonen om internasjonal handel med trua artar (CITES)
Konvensjonen om trekkjande artar av ville dyr (Bonn-konvensjonen)
Vassfuglavtalen under Bonn-konvensjonen (AEWA)
Albatrossavtalen under Bonn-konvensjonen (ACAP)
Flaggermusavtalen under Bonn-konvensjonen (EUROBATS)
Den nordatlantiske laksevernorganisasjonen (NASCO)
Konvensjonen om biologisk mangfald (Biodiversitetskonvensjonen/CBD)
Protokoll om genmodifiserte organismar (Cartagena-protokollen)
Nagoya-protokollen under konvensjon om biologiske mangfald om tilgang til genressursar og ei rettferdig og likeverdig fordeling av fordelar som følgjer av bruken av slike ressursar
Konvensjonen om vern av ville europeiske plantar og dyr og leveområda deira (Bern-konvensjonen)
Konvensjonen om vern av ozonlaget (Wien-konvensjonen)
Protokoll om stoff som reduserer ozonlaget (Montreal-protokollen)
FNs klimapanel (IPCC)
FNs rammekonvensjon om klimaendringar (UNFCCC)
Protokoll som skal redusere utslepp av skadelege klimagassar (Kyoto-protokollen)
Det europeiske miljøvernbyrået (EEA)
Fellessekretariat for Oslo- og Paris-konvensjonen og Bonn-avtalen (oljeforureining)
Konvensjonen om langtransporterte luftforureiningar (LRTAP-konvensjonen)
Det europeiske overvakingsprogrammet for langtransport av luftforureiningar (EMEP)
Konvensjonen om kontroll med grenseoverskridande transport av farleg avfall (Basel-konvensjonen)
Konvensjonen om persistente organiske sambindingar (Stockholm-konvensjonen)
Konvensjonen om notifikasjon og førehandssamtykke ved eksport av kjemikaliar (Rotterdam-konvensjonen)
Konvensjonen om kvikksølv (Minamata-konvensjonen)
Strategic Approach to International Chemicals Management (SAICM)
Oppfølging av REACH-regelverket på kjemikaliar
Konvensjonen om tilgang til miljøinformasjon, deltaking i avgjerdsprosessar og høve til klage- og domstolsprøving på miljøområdet (Århus-konvensjonen)
Protokoll om forureina utslepp og utsleppsregister under Århus-konvensjonen (PRTR)
Espoo-konvensjonen om grenseoverskridande miljøkonsekvensutgreiingar
Kontingent til Unescos Verdsarvfond
Oppfølging og kontroll
Kontroll og oppfølging av organisasjonar, avtalar, konvensjonar og sekretariat skjer ved generell formaliakontroll av reviderte rekneskapar og årsrapportar, deltaking i partsmøte, generalforsamlingar, årsmøte og liknande.
Post 74 Tilskot til AMAP, kan overførast
Løyvinga på 5,3 mill. kroner er retta mot resultatområdet polarområda. Posten er auka med 0,1 mill. kroner.
Mål
Målet med løyvinga er å sikre kunnskap om miljøsituasjonen i Arktis gjennom programmet for arktisk miljøovervaking, Arctic Monitoring and Assessment Programme (AMAP). AMAP er ei arbeidsgruppe under Arktisk råd som skal kartleggje nivå og effektar av forureining og klimaendringar på arktiske økosystem. Noreg, som vertsland for AMAP-sekretariatet, har teke på seg ei internasjonal forplikting til å ta hand om drifta av arbeidsgruppa. Stiftelsen Sekretariatet til den arktiske miljøovervakings- og vurderingsprogrammet AMAP vart oppretta av Klima- og miljødepartementet for dette formålet.
Oppfølging og kontroll
Klima- og miljødepartementet nemner opp styret i stiftelsen og får årsrapportar, rekneskapar og revisjonsmeldingar.
Rapport 2020
AMAP-sekretariatet har hatt stor fagleg produksjon i 2020 og har lagt ned stor innsats for å følgje opp oppdrag frå Arktisk råd knytte til overvaking, vurderingar og samanstilling av informasjon om miljøtilstand og klimaendringar i Arktis. I 2020 har AMAP-sekretariatet klargjort sju leveransar til Arktisk råds ministermøte i 2021, inkludert fem vitskaplege utgreiingsrapportar. Desse omhandlar klimaendringar i Arktis, kortliva klimaforureiningar, samverke mellom klimaendringar og miljøgifter, endring i kvikksølvnivå og helseeffektar av forureining. AMAP-sekretariatet har i tillegg brukt mykje tid og ressursar på formidlingsaktivitetar. Covid-19-pandemien har ikkje forårsaka større forseinkingar eller svikt i leveransane. AMAPs arbeid er viktig for å dokumentere tilstanden for det arktiske miljøet, som grunnlag for tilrådingar om tiltak og som bidrag til internasjonale prosessar som Stockholm-konvensjonen, Minamata-konvensjonen og FNs klimapanel.
Post 76 Støtte til nasjonale og internasjonale miljøtiltak, kan overførast
Tilskotsordninga skal medverke til nasjonale tiltak slik at Noreg oppfyller dei internasjonale forpliktingane sine for naturmangfald, klima og forureining og nasjonale mål innanfor alle resultatområda. Tilskotsordninga skal òg medverke til å styrkje arbeidet med miljøspørsmål som er viktige for Noreg, og til å få gjennomslag for norske miljøpolitiske prioriteringar internasjonalt.
Posten er delt mellom alle resultatområda, jf. omtale under.
Forslag til løyving er 143,1 mill. kroner, om lag det same som i 2021.
Naturmangfald og friluftsliv
Midlane er retta mot tiltak som skal medverke til måloppnåing på naturmangfalds- og friluftslivsområdet.
Mål
Posten skal medverke til at Noreg oppfyller dei nasjonale og internasjonale forpliktingane sine innan naturmangfalds- og friluftsområdet.
Tildelingskriterium
Tiltaka er prioriterte med utgangspunkt i nasjonale mål og prioriteringar innanfor resultatområda naturmangfald og friluftsliv.
I 2022 gjer ein framlegg om å gje tilskot til
FN-organet GRID-Arendal (4,5 mill. kroner)
SABIMA (3 mill. kroner), til drift av kartleggingskoordinatorar og gjennomføring av kartlegging i artsobservasjonar
Norsk institutt for vassforsking (NIVA), for deltaking i European Topic Center for Water (0,45 mill. kroner)
Norsk deltaking i Naturpanelets ekspertgrupper (2,2 mill. kroner)
Stiftelsen Norsk Naturarv (0,75 mill. kroner)
Sekretariat for etter- og vidareutdanning i samfunnsplanlegging (SEVS) (0,2 mill. kroner)
Foreininga Norges nasjonalparkkommuner (1,0 mill. kroner)
Driftsstøtte til Nordhordland Biosfæreområde (0,5 mill. kroner)
Maridalens venner (0,3 mill. kroner). Foreininga sitt formål er å bevare Maridalens noverande busetnad og miljø, og foreininga arbeider blant anna med å oppretthalde kulturlandskapet i Maridalen landskapsvernområde gjennom skjøtselstiltak. Foreininga har ein utfordrande finansiell situasjon på grunn av eit uventa inntektsbortfall. Tilskotet blir gjeve som ein mellombels overgangsstønad for at foreininga kan yte i skjøtselsarbeid i det statlege verneområdet.
Oppfølging og kontroll
Årsrapportar og reviderte rekneskapar frå gjennomførte prosjekt dannar grunnlaget for ein generell formaliakontroll.
Rapport 2020
På det internasjonale området er det gjeve driftsstøtte til GRID-Arendal. Støtta til GRID-Arendal er eit generelt basistilskot til drifta og utgjer knapt 10 pst. av GRID-Arendals samla inntekter. GRID-Arendal har som hovudformål å støtte arbeidet til FNs miljøprogram gjennom utvikling, innhenting og bruk av vitskapleg basert miljøinformasjon og er ein viktig aktør i den globale innsatsen for å redusere marin plastforsøpling og plastforureining og styrkje kunnskapen om blå skog og blått karbon.
0,45 mill. kroner vart utbetalte til NIVA, knytt til det internasjonale arbeidet i samband med European Topic Center for Water.
I 2020 fekk Miljødirektoratet totalt 9 søknader om tilskot til deltaking i ekspertgrupper under Naturpanelet/IPBES på til saman 3,5 mill. kroner. Den totale potten på 2,2 mill. kroner vart delt på dei ulike søknadene.
Kulturminne og kulturmiljø
Midlane er retta mot tiltak som skal medverke til måloppnåing på kulturmiljøområdet, jf. resultatområdet kulturminne og kulturmiljø.
Kriterium for måloppnåing
Alle midlane på posten blir gjevne til øyremerkte formål og disponerte til oppfølging av etablerte samarbeidsavtalar og målretta utviklingstiltak.
Tildelingskriterium
Tiltaka er prioriterte med utgangspunkt i nasjonale mål og prioriteringar innanfor resultatområdet kulturminne og kulturmiljø.
I 2022 blir det innanfor kulturmiljøområdet foreslått å gje tilskot til
Verdsarvsenter (14,2 mill. kroner)
Dei seks verdsarvsentera ved verdsarvområda Vestnorsk fjordlandskap (Geiranger), Vegaøyan, Bergkunsten i Alta, Røros bergstad og Circumferensen, industriarven Rjukan-Notodden og Urnes stavkyrkje får årlege driftstilskot. Sentera er autoriserte som verdsarvsenter etter ei felles autorisasjonsordning for besøkssenter på bakgrunn av gjevne krav til drift og innhald i sentera. Ordninga blir administrert av Miljødirektoratet. Den totale ramma for ordninga utgjer i 2021 13 mill. kroner.
Mellombels omdisponering av midlar verdsarv (4,3 mill. kroner) – nasjonalt og internasjonalt
Nasjonalt: Eingongsløyving på 3,3 mill. kroner til arbeidet med Basisutstillingen for de norske autoriserte verdensarvsentrene. Formålet er å styrkje framdrifta ved å bidra til at basisutstillinga kjem raskast mogleg på plass ved dei etablerte autoriserte verdsarvsentera. Internasjonalt: Eingongsløyving på 1 mill. kroner til å støtte opp om Unescos arbeid med oppfølginga av Haag-konvensjonen og Annen protokoll, der formålet er retta mot kulturmiljø som er trua av krig og konflikt.
Foreininga Freda (0,2 mill. kroner)
Foreininga Freda vart etablert i 2006 som ein landsdekkjande interesseorganisasjon for private eigarar av hus og eigedom freda etter kulturminnelova.
Bygg og Bevar (3,9 mill. kroner)
Bygg og Bevar er ein nettportal mellom det offentlege, næringslivet og dei private eigarane. Tilskotet går til Byggenæringens Landsforbund (BNL). Bygg og Bevar er ei kommunikasjonsplattform for kunnskap og kompetanse på freda og verneverdige bygningar, ein sentral møteplass for eigarar av kulturhistoriske eigedommar og kvalifisert handverkskompetanse.
Arbeid med brearkeologisk sikringsarbeid i Innlandet (0,5 mill. kroner)
Midlane til dette formålet går til sikring av dei kulturhistoriske verdiane som kan gå tapt ved at funn som kjem fram ved smelting av snøfonner og isbrear, blir utsette for nedbryting. Den globale oppvarminga fører til at isen i høgfjellsområda gradvis smeltar. Frå 2011 har eit brearkeologisk sikringsprogram, under leiing av Kulturarveininga ved Innlandet fylkeskommune, berga arkeologiske funn frå isen. Det brearkeologiske sikringsprogrammet i Innlandet har sidan 2006 samla inn meir enn 3 500 funn frå 53 funnstader, noko som utgjer meir enn halvparten av funna globalt og meir enn 85 pst. nasjonalt. Dei arkeologiske funna frå isen gjev eit sjeldan blikk inn i ei fortidsverd. Nasjonale og internasjonale klimaaktørar samarbeider rundt koplinga mellom funna og klimaet i fortid og notid.
Kulturminnedagen (0,6 mill. kroner)
Noregs Kulturvernforbund er ein paraplyorganisasjon for frivillige organisasjonar som arbeider innanfor områda historie og kulturminnevern. Noregs Kulturvernforbund har koordineringsansvaret for den årlege markeringa av kulturminnedagen, og tilskotet går til dette formålet. Som del av tilrettelegginga for Frivillighetens år 2022 blir tilskottet styrkt med 200 000 kroner.
Etter- og vidareutdanning (EVU) (1,5 mill. kroner)
Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet (NTNU) bachelorprogrammet i Tradisjonelt Bygghåndverk. Tilskotet skal medverke til å sikre tilgang på kvalifiserte handverkarar som kan setje i stand den freda bygningsmassen.
Fortidsminneforeininga (5 mill. kroner)
Fortidsminneforeininga er den eldste kulturvernorganisasjonen i landet, stifta i 1844, og har som mål å sikre verneverdige bygnings- og kulturmiljø. Foreininga er ein stor eigedomsforvaltar. Foreininga eig eigedommar rundt omkring i landet, mellom anna åtte stavkyrkjer, Steinvikholm festning, to mellomalderloft, to gardar på Røros og lystgarden Vøienvolden i Oslo. Dei fleste av eigedommane er opne for publikum, og foreininga driv ei form for museumsverksemd. Foreininga får 5 mill. kroner øyremerkte til museumsdrift.
Overføring av statens eigedommar på Røros (8,2 mill. kroner)
Forvaltninga av statens eigedommar, som vart kjøpte i 1980 etter koparverket på Røros, vart frå 2018 overført til Statsbygg. Dette skal sikre at byggverka blir i samsvar med krav frå styresmaktene, at staten etterlever forpliktingane etter verdsarvkonvensjonen, og at vidare bruk og bevaring av eigedommane er i tråd med fredingsformålet. Bygningsvernsenteret ved Rørosmuseet i Musea i Sør-Trøndelag as (MiST) skal utføre antikvarisk istandsetjing og vedlikehald på eigedommane som ledd i forskinga, dokumentasjonen og formidlinga av bergverksverksemda som museet driv. Tilskotet skal dekkje dei årlege forvaltningskostnadene.
Norges Verdensarv (1 mill. kroner)
Norges Verdensarv er ein organisasjon om tek vare på interessene til dei åtte norske verdsarvområda. I dag er 19 kommunar og 7 fylkeskommunar medlemmer.
Rassikring Øvre Storwartz (3 mill. kroner)
Midlane er til prosjektering og tiltak for sikring av dei øvre og svært grunne gruvegangane under freda bygg på Øvre Storwartz, som inngår i eigedommane staten har på Røros. Sikringa tener òg omsyn til publikum og personell i eit populært friluftsområde. Delar av gruvegangane kollapsa i 2018 som følgje av erosjon.
Frivillighetens år 2022 (2,5 mill. kroner)
Som del av markeringa av Frivillighetens år 2022 vil det gjennomførast ei særskild satsing retta mot regionale og lokale aktørar for å bidra til å løfte fram det frivillige kulturmiljøarbeidet. «Lokalhistoriske vandreruter» vil inngå som del av satsinga, og formålet er å leggje til rette for auka engasjement og gjere rutene meir synlege. Dette vil utgjere eit supplement til det etablerte nasjonale prosjektet «Historiske vandreruter», som blir gjennomført i samarbeid mellom RA og DNT. Midlane og satsinga blir administrerte av Riksantikvaren.
Oppfølging og kontroll
Det blir motteke rapportar og reviderte rekneskapar. Kontrollen skjer ved generell formalia- og sannsynskontroll.
Rapport 2020
Desse tiltaka fekk tilskot i 2020: Internasjonal verdsarv, kapasitets- og kompetansebyggingsaktivitetar i regi av Unescos rådgjevande organ IUCN og ICCROM som oppfølging av Noregs internasjonale engasjement under verdsarvkonvensjonen, og dei seks autoriserte verdsarvsentera (Vega, Vestnorsk fjordlandskap, Alta, Røros og Circumferensen, Industriarven Rjukan-Notodden og Urnes). Besøkssenter verdsarv i Geiranger og Vega Verdensarvsenter vart reautoriserte som besøkssenter i 2020. I tillegg fekk desse tiltaka tilskot i 2020: Foreininga Freda, Etter- og vidareutdanning (EVU), Bygg og Bevar, Klimapark 2469, Fortidsminneforeininga, Kulturminnedagen, Norges Verdensarv og Bygningsvernsenteret ved Rørosmuseet i Musea i Sør-Trøndelag as (MiST).
Forureining
Midlane er retta mot tiltak som skal medverke til måloppnåing på forureiningsområdet.
Mål
Posten skal
medverke til nasjonale tiltak slik at Noreg oppfyller sine internasjonale plikter innan forureiningar
styrkje arbeidet med miljøspørsmål som er viktige for Noreg, og å få gjennomslag for norske miljøpolitiske prioriteringar internasjonalt
medverke til ein meir grøn og sirkulær økonomi
Tildelingskriterium
Tiltaka er prioriterte med utgangspunkt i nasjonale mål og prioriteringar innanfor resultatområdet forureining.
I 2022 blir det foreslått å gje tilskot til
Matvett AS til arbeidet med reduksjon av matsvinn og for deira medverknad til oppfølginga av avfallsstrategien (0,8 mill. kroner)
Norsk Institutt for Luftforsking (NILU) (5,0 mill. kroner). NILU vil frå 2022 leie «European Topic Centre on Human Health and the Environment» under The European Environment Agency (EEA). NILU vil òg vere deltakar i «European Topic Centre on Climate Change Mitigation». Vidare vil NILU leie «Forum for Air Quality Modelling» (FAIRMODE) under EU-kommisjonens Joint Research Centre (JRC).
Meteorologisk institutt (0,3 mill. kroner)
Sekretariat for Conservation of Arctic Floraand Fauna (0,22 mill. kroner)
Sekretariat for avtalen om vern av isbjørn (0,3 mill. kroner)
GRID-Arendals arbeid med marin forsøpling (5 mill. kroner)
Tilskot til NHO – til nasjonalt program for leverandørutvikling for klimasmarte offentlege anskaffingar (0,25 mill. kroner)
Tilskot til European Forum of Judges for the Environment (0,4 mill. kroner)
Styrking av det internasjonale kjemikaliearbeidet (2,5 mill. kroner)
Tilskot til internasjonale og nasjonale organisasjonar som arbeider med marin forsøpling globalt (7 mill. kroner)
NILU og NIVAs internasjonale og nasjonale arbeid med effektar av luftforureining under konvensjonen om langtransporterte luftforureiningar (NILU 0,29 mill. kroner og NIVA 2,26 mill. kroner)
PAME-sekretariatet (0,27 mill. kroner)
Oppfølging av strategien for sirkulær økonomi (20,5 mill. kroner) som fordeler seg slik:
3,65 mill. kroner til Matvett for å styrkje arbeidet mot matsvinn i forbrukarleddet og offentleg sektor
1,4 mill. kroner til KS for å utarbeide rettleiing for korleis kommunar og fylkeskommunar kan ta del i sirkulær-økonomi-arbeidet
4 mill. kroner til Virke for å heve kompetansen om sirkulær økonomi i handelsnæringa
4 mill. kroner til Stiftelsen Miljømerking for å styrkje arbeidet og utvide nedslagsfeltet til også å omfatte dei meir sirkulære og samansette forretningsmodellane og løysingane i framtida
3,8 mill. kroner til Standard Norge for å styrkje standardiseringsarbeidet innanfor sirkulær økonomi og til arbeid med allmenne standardar innanfor bioøkonomien
1,25 mill. kroner til Samordningsrådet for digitalisering i BAE-sektoren (bygg, anlegg og eiendom) for å gjennomføre pilotprosjekt og hauste erfaring knytt til utvikling og flyt av digitale produktdata for byggjevarer
0,5 mill. kroner til Eyde-klyngja til utvikling og ivaretaking av drifta av den utvikla databasen for materialstraumar i prosessindustrien
1,3 mill. kroner til LOOP for å bidra med nasjonal informasjon og tiltak om minimering og sortering av avfall
0,6 mill. kroner til NILU for å delta og koordinere arbeid med sirkulær økonomi i EEA
Oppfølging og kontroll
Det blir motteke rapportar og reviderte rekneskapar. Kontrollen skjer ved generell formalia- og sannsynskontroll.
Rapport 2020
Det er gjeve støtte til Matvett AS for arbeid med å kartleggje og redusere matsvinn som ei oppfølging av avfallsstrategien og betalt kontingent til NHO for at Klima- og miljødepartementet skal medverke til leverandørutviklingsprogrammet.
Conservation of Arctic Flora and Fauna (CAFF) er Arktisk råds arbeidsgruppe for bevaring av arktisk biodiversitet. Klima- og miljødepartementet har gjeve støtte til drifta av det internasjonale CAFF-sekretariatet i Akureyri på Island.
Vidare er det gjeve tilskot til institutt som arbeider internasjonalt innanfor resultatområdet til departementet. Institutta har viktige internasjonale oppgåver og representerer Noreg i ulike samanhengar. Meteorologisk institutt har rolla som internasjonalt meteorologisenter under Konvensjonen om langtransportert grenseoverskridande luftforureining og Det europeiske samarbeidsprogrammet for overvaking og måling av luftforureiningar (EMEP). Norsk institutt for luftforsking (NILU) arbeider som European Topic Centre on Air Pollution and Climate Change Mitigation under The European Environment Agency (EEA). Instituttet er valt ut til arbeidet for EEA i konkurranse med liknande institutt i andre europeiske land. EEA har som føresetnad at institutta kan finansiere delar av kostnadene som Topic Centre nasjonalt. Tilskotet frå Klima- og miljødepartementet dekkjer delar av kostnadene ved NILUs arbeid for EEA. Arbeidet Meteorologisk institutt og NILU utfører for EMEP og EEA, utgjer òg eit viktig grunnlag for utvikling av lovgjeving i EU på desse fagområda.
Midlane til internasjonale tiltak på miljøgifter vart i 2020 utbetalte til dei internasjonale konvensjonane på kjemikaliar.
Det er òg gjeve støtte til det globale arbeidet mot marin forsøpling, mellom anna eit tilskot til GRID-Arendal.
Klima
Klimaområdet er delt inn i to underområde, nasjonalt og internasjonalt.
Nasjonalt
Midlane er retta mot tiltak som skal medverke til måloppnåing på det nasjonale klimaområdet.
Mål
Posten skal
medverke til nasjonale tiltak slik at Noreg oppfyller dei internasjonale pliktene sine innanfor klima og nasjonale mål innanfor dette resultatområdet
styrkje arbeidet med miljøspørsmål som er viktige for Noreg, og å få gjennomslag for norske miljøpolitiske prioriteringar internasjonalt
Tildelingskriterium
Tiltaka er prioriterte med utgangspunkt i nasjonale mål og prioriteringar innanfor resultatområdet klima.
I 2022 blir det foreslått innanfor det nasjonale klimaområdet å gje tilskot til
Reisestøtte i samband med internasjonale klima- og miljømøte (0,35 mill. kroner)
FNs klimapanel (IPCC) 6. hovudsyklus (7,5 mill. kroner)
Nasjonalt senter for berekraftig omstilling (NABO) (0,5 mill. kroner)
ForUM for Utvikling og Miljø (0,55 mill. kroner)
Tilskot til NHO – Grønt Landtransportprogram (2,0 mill. kroner)
Oppfølging og kontroll
Det blir motteke rapportar og reviderte rekneskapar. Kontrollen skjer ved generell formalia- og sannsynskontroll.
Rapport 2020
Det vart gjeve tilskot til Nasjonalt senter for berekraftig omstilling (NABO) på 0,5 mill. kroner. Midlane har mellom anna blitt brukte til å støtte etableringa av nye nabolagsnettverk som arbeider med lokale berekraftsløysingar.
ForUMs verksemd i 2020 var i tråd med handlingsplanen deira. ForUM lagar samstemte og koordinerte innspel frå norsk sivilsamfunn til regjeringa og Stortinget og er bindeledd mellom sivilsamfunn og norske styresmakter under fleire internasjonale prosessar. I 2020 arbeidde dei mellom anna på nasjonale og internasjonale prosessar knytte til naturmangfald og klima og på FNs miljøforsamling. I 2020 gav Klima- og miljødepartementet 0,45 mill. kroner i driftsstøtte til ForUM.
Det vart gjeve tilskot til etablering av Grønt Landtransportprogram i 2020 på 1 mill. kroner. 0,5 mill. kroner vart overført til 2021. Midlane har gått til etablering og oppstart av programmet, irekna rekruttering og konsulenttenester.
Det vart ikkje gjeve reisestønad til ulike norske ideelle organisasjonar for deltaking i møte mellom anna i dei internasjonale klimaforhandlingane, da dei vart utsette til 2021. Noreg har støtta arbeidet med rapportar i tilknyting til FNs klimapanels 6. hovudrapport, i form av tilskot til institusjonar som har medlemmer i forfattarteam til dei ulike arbeidsgruppene, og byrået til FNs klimapanel.
Det vart i 2020 gjeve tilskot til Standard Norge, Sintef og RISE Fire Research på totalt 0,2 mill. kroner i samband med CENs standardiseringsarbeid. Midlane har blitt brukte til påverknadsarbeid under CEN/TC 295 for å ta hand om norske interesser med tanke på utslepp frå vedomnar.
Internasjonalt
Midlane er retta mot tiltak som skal medverke til måloppnåing på det internasjonale klimaområdet.
Mål
Posten skal styrkje arbeidet og internasjonale prosessar på klimaområdet som er viktige for Noreg, og få gjennomslag for norske miljøpolitiske prioriteringar internasjonalt.
Tildelingskriterium
Tiltaka er prioriterte med utgangspunkt i nasjonale mål og prioriteringar innanfor klimaområdet der styrkt internasjonalt samarbeid er heilt nødvendig for å møte klimautfordringa og oppnå det langsiktige temperaturmålet.
I 2022 blir det foreslått innanfor det internasjonale klimaområdet å gje tilskot til
Climate and Clean Air Coalition, (CCAC) (6,0 mill. kroner), Noregs bidrag til Koalisjonen for klima og rein luft sitt Trust Fund under UNEP for arbeidet med å redusere utslepp med klimaeffekt på kort sikt og negative helseeffektar
internasjonalt klimaarbeid som støttar opp under utvikling av forpliktande internasjonalt samarbeid under Parisavtalen (7,4 mill. kroner) (støtte til konferansar, møte, seminar, tilskot til internasjonale organisasjonar osv.)
Vidare skal midlane nyttast til
Klimasekretariatets arbeid med å støtte gjennomføring av Parisavtalen og Klimakonvensjonen (10,0 mill. kroner)
FNs klimapanel (IPCC) (3,0 mill. kroner)
Globalt arbeid, irekna bilateralt samarbeid – Sekondering Verdensbanken (3,0 mill. kroner)
Oppfølging og kontroll
Det blir motteke rapportar og reviderte rekneskapar. Kontrollen skjer ved generell formalia- og sannsynskontroll.
Rapport 2020
Klima- og miljødepartementet gav i 2020 støtte på 6 mill. kroner til Koalisjonen for klima og rein luft (CCAC) sitt arbeid med å redusere utslepp med klimaeffekt på kort sikt, hovudsakleg metan, hydrofluorkarbon og svart karbon. Innsatsen er retta mot kunnskapsutvikling og tiltak i sektorar som mellom anna avfall, olje og gass, tungtrafikk og landbruk.
Det vart gjeve støtte til internasjonale prosessar for å styrkje internasjonalt klimasamarbeid. Klima- og miljødepartementet har mellom anna prioritert prosessar som støttar opp om gjennomføring og regelverksutvikling under Parisavtalen, og har gjeve støtte til eit partnarskap for å fremje nasjonale mål under Parisavtalen, klimaarbeid under OECD, arbeid for å fremje marknadssamarbeid under Parisavtalen, utvikling av virtuell kapasitetsbygging, og den uformelle forhandlingsdialogen under C2ES. Tilskot har også blitt gjeve til aktivitetar som støttar arbeid i den sjette hovudsyklusen til FNs klimapanel, mellom anna til førebuande arbeid til utvikling av metodikk for kortliva klimadrivarar og delfinansiering av ei teknisk støtteeining i Sør-Afrika. Det vart òg gjeve støtte/tilskot til ymse møte i samband med internasjonalt klimaarbeid der Klima- og miljødepartementet har ei sentral rolle.
Kap. 4400 Klima- og miljødepartementet
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2020 | Saldert budsjett 2021 | Forslag 2022 |
02 | Ymse inntekter | 650 | 470 | 482 |
03 | Refusjon frå Utanriksdepartementet | 31 470 | 34 046 | 29 585 |
Sum kap. 4400 | 32 120 | 34 516 | 30 067 |
Post 02 Ymse inntekter
Det er budsjettert med om lag 0,5 mill. kroner frå diverse inntekter. Under denne posten fører departementet meir tilfeldige inntekter. Prosjektmidlar frå Nordisk ministerråd blir òg førte her. Meirinntekter under denne posten gjev grunnlag for tilsvarande meirutgifter under kap. 1400 post 01 Driftsutgifter, jf. forslag til vedtak II.
Post 03 Refusjon frå Utanriksdepartementet
Det er budsjettert med 29,6 mill. kroner i refusjon frå Utanriksdepartementet i samband med utgifter til medlemskap i Den internasjonale naturvernunionen (IUCN), Konvensjon om internasjonal handel med trua artar, FNs klimasekretariat, FNs rammekonvensjon om klimaendringar, Montrealprotokollen og FNs miljøprogram, som alle er utgiftsførte over kap. 1400 post 71 Internasjonale organisasjonar. Reduksjonen i løyvinga kjem av endra valutakursar.
Kap. 1410 Kunnskap om klima og miljø
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2020 | Saldert budsjett 2021 | Forslag 2022 |
21 | Miljødata | 271 730 | 276 890 | 414 306 |
22 | Miljøkartlegging | 122 143 | 130 180 | |
23 | MAREANO, kan overførast | 53 071 | 46 754 | 47 730 |
50 | Grunnløyvingar under Noregs forskingsråd til miljøforskingsinstitutta | 230 961 | 220 552 | 221 190 |
51 | Forskingsprogram under Noregs forskingsråd | 449 753 | 379 503 | 385 690 |
53 | Internasjonalt samarbeid om miljøforsking | 7 083 | 7 267 | 7 419 |
70 | Nasjonale oppgåver ved miljøforskingsinstitutta | 38 507 | 39 723 | 40 756 |
72 | Tilskot til NORCE – Senter for biotryggleik | 5 145 | 5 310 | 5 448 |
Sum kap. 1410 | 1 178 393 | 1 106 179 | 1 122 539 |
Kap. 1410 Kunnskap om klima og miljø omfattar midlar til å utvikle eit heilskapleg kunnskapsgrunnlag på tvers av resultatområda. Dette omfattar mellom anna miljødata, basisløyvingar til miljøforskingsinstitutta, forskingsprogram i Noregs forskingsråd og andre tilskot til miljøforskingsinstitutta. Kapittelet rettar seg mot alle resultatområda.
Klima- og miljøpolitikken skal vere kunnskapsbasert. I Klima- og miljødepartementets nye kunnskapsstrategi 2021–2024 er kunnskapssystemet for klima og miljø nøkkelordet. Systemet består av mange byggjesteinar og ulike aktørar. Strategien definerer mål, delmål og konkrete tiltak. Strategien peiker òg på viktige kunnskapsbehov framover og behovet for strategisk arbeid med kunnskapsproduksjon, samanstilling og formidling. Eit godt felles kunnskapsgrunnlag føreset eit godt samarbeid mellom dei ulike sektorane.
For å få kunnskap om korleis miljøtilstanden utviklar seg, treng vi tidsseriar med overvakingsdata samla over lang tid. Vi treng òg overvaking av klimaendringar, forureiningar og andre viktige faktorar som påverkar miljøet.
Forsking er nødvendig for å sikre best moglege metodar for innsamling av overvakingsdata. Kompetansen i forskingsmiljøa er òg sentral når overvakingsresultat skal tolkast. Miljøforvaltninga skal sikre bruk av ny teknologi og kostnadseffektive løysingar i kartleggings- og overvakingsarbeidet. Der det er relevant og formålstenleg, skal anskaffingar vere «teknologinøytrale» og baserte på ytings- og funksjonsspesifikasjonar.
Regjeringa sin Langtidsplan for forskning og høyere utdanning 2019–2028 (Meld. St. 4 (2018–2019)) inneheld tiårige mål og prioriteringar og tre opptrappingsplanar for perioden 2019–2022. Det grøne skiftet har ein sentral plass i langtidsplanen. For nærmare omtale av forslaget frå regjeringa til oppfølging av langtidsplanen i 2022 og den samla FoU-innsatsen, sjå del III kap. 5 i Prop. 1 S for Kunnskapsdepartementet.
Alle postane under kap. 1410 har fått priskompensasjon.
Post 21 Miljødata
Posten 21 og post 22 er frå 2022 foreslått slått saman til ny felles post 21 med namnet Miljødata, som dekkjer både miljøovervaking og kartlegging. Midlane under posten dekkjer dei fleste resultatområda. Det er foreslått ei samla løyving på om lag 414,3 mill. kroner for 2022. Posten er samla sett foreslått auka med om lag 7,2 mill. kroner frå saldert budsjett 2021. Det er flytta 1 mill. kroner til posten frå kap. 1420 post 22 for å samle midlane til overvaking av økosystem i store innsjøar på éin post. Til styrkt overvaking av rovvilt er det flytta 3 mill. kroner frå kap. 1420 post 71 og 2 mill. kroner frå kap. 1420 post 73. Innanfor området marin forsøpling er det flytta 6 mill. kroner frå kap. 1420 post 71 til overvaking av mikroplast.
Posten dekkjer utgifter til å hente inn miljødata og skaffe kunnskap ved å utføre kartlegging og overvaking av tilstand, påverknader og effektar av desse på miljøet. Posten inneheld òg midlar til infrastruktur for miljødata, inkludert etablering og drift av ulike databasar. Oversikt over status og utvikling for indikatorar for dei nasjonale klima- og miljømåla går fram av Miljøstatus.no.
Miljøovervaking gjev grunnlag for å setje mål for miljøpolitikken og vurdere i kva grad dei nasjonale miljømåla blir oppnådde, og kva slags miljø- og helseverknader ein oppnår med verkemiddelbruk og tiltak. I tillegg pliktar Noreg gjennom ei rekkje internasjonale miljøavtalar å dokumentere utviklinga i miljøet og dei faktorane som påverkar miljøtilstanden. Noreg deltek òg i ei rekkje internasjonale overvakingsprogram. Resultata frå desse programma er det viktigaste grunnlaget for revisjon av eksisterande internasjonale avtalar og etablering av nye. Mange endringar i miljøtilstanden skjer gradvis og over lang tid. Overvakingsprogramma må difor gå over fleire år for å sikre eit godt kunnskapsgrunnlag for tiltak og politikkutvikling for å nå nasjonale mål.
Naturovervakinga omfattar overvaking av status og utvikling for artar og naturtypar. Døme på dette er sjøfuglprogrammet SEAPOP (inkludert SEATRACK), arealrepresentativ naturovervaking (ANO), bestandsovervaking av rovvilt og overvaking av verneområde og tareskog. Overvaking av påverknader og effektar omfattar mellom anna overvaking av forureiningar og farlege kjemikaliar og effektar av klimaendringar. Nokre midlar går òg til overvaking av kulturminne og kulturmiljø.
Ein stor del av midlane frå posten blir nytta til innhenting av ny kartfesta miljøinformasjon, i hovudsak gjennom kartlegging av naturtypar baserte på Natur i Norge-systemet (NiN) i område med stor aktivitet og stort utbyggingspress. Midlar frå posten går òg til innhenting av andre typar kartfesta miljøinformasjon, mellom anna artar, landskapstypar og landskapsøkologiske samanhengar (grøn infrastruktur), og ulike typar miljøvariablar. I tillegg dekkjer posten utgifter til å drifte digital infrastruktur for innsamling og formidling av denne kartfesta miljøinformasjonen, inkludert drift og nødvendig utvikling av portal for økologiske grunnkart.
Data frå miljøkartlegging er, som data frå miljøovervaking, ein viktig del av grunnlaget for Miljøstatus.no.
Rapport 2020
Midlane på posten vart i 2020 nytta til ei rekkje langsiktige overvakingsprogram som dekkjer ulike miljøtema som naturmangfald, klima, forureining og miljøgifter i tillegg til kulturminne. Overvakinga blir koordinert av direktorata, og resultata blir rapporterte til departementet. Lange tidsseriar og data frå miljøovervakinga inngår i nasjonale miljøindikatorar og blir formidla på Miljøstatus.no og nettsidene til direktorata. Resultat frå overvakinga blir òg publiserte gjennom fagrapportar som blir gjevne ut av direktorata og dei institutta og forskingsmiljøa som gjennomfører overvakinga. Miljødirektoratet koordinerer overvaking som gjeld natur, klima og forureining. Dette omfattar overvaking av luft, terrestrisk miljø, ferskvatn og kystvatn. Hausten 2019 starta Miljødirektoratet arbeid med evaluering av miljøovervakinga til direktoratet. Denne gjennomgangen er no utført, og direktoratet er i sluttfasen med å anskaffe miljøovervakinga for fem nye år. Gjennomgangen viste at overvakingsprogramma samla sett svarer godt på målsetjinga om å ha god oversikt over miljøtilstanden i norsk natur. Sjølv om Miljødirektoratets overvaking generelt sett er god, har gjennomgangen avdekt kunnskapshòl og nokon større manglar. Direktoratet meiner det ikkje er forsvarleg å setje i gang store kostnadskrevjande nye aktivitetar. Slike nye aktivitetar ville gått ut over eksisterande overvaking som ikkje kan avsluttast. Trass dette har Miljødirektoratet funne midlar til å styrkje overvakingsporteføljen med ny klimaeffektovervaking og overvaking av mikroplast. Polarinstituttet koordinerer polarovervaking, og Direktoratet for strålevern og atomtryggleik koordinerer overvaking knytt til radioaktivitet. Riksantikvaren koordinerer overvakinga av kulturminne og kulturmiljø.
Relevante overvakingsdata frå naturovervaking blir nytta som grunnlag for Naturindeks for Noreg, som er ein hovudindikator for det nasjonale målet om at økosystema skal ha god tilstand og levere økosystemtenester. Overvakingsdataa blir oppdaterte kvart år, medan ei samla oppdatering av heile naturindeksen skjer kvart femte år. Overvakingsdataa frå naturovervakinga er òg grunnlag for indikatorsystemet knytt til fagsystem for fastsetjing av økologisk tilstand.
Post 22 Miljøkartlegging
Posten er frå 2022 foreslått slått saman med post 21 til ny felles post med namnet Miljødata.
Rapport 2020
Ein stor del av midlane vart nytta til kartlegging av naturtypar på land som er raudlista eller har sentrale oppgåver i eit økosystem, og til kartlegging av artane i desse naturtypane. Feltbiologar kartla på oppdrag frå Miljødirektoratet eit samla areal som er meir enn fem gonger større enn Oslo kommune i 2020. Område frå nord til sør som er utsette for utbyggingspress, vart prioriterte. Statsforvaltaren medverka i å velje ut område. Midlar frå posten har òg gått til å vidareutvikle tekniske verktøy knytte til kartlegginga av naturtypar.
Ekspertgrupper har jobba med å utvikle kartleggingsinstruksar for kartlegging av naturtypar både i marine område og ferskvassområde etter Natur i Norge-metoden.
I 2020 vart det brukt midlar frå posten til Artsdatabankens arbeid med å utvikle ein portal for økologiske grunnkart, som vart lansert i slutten av 2020. Direktoratsgruppa for økologisk grunnkart bidrog med å peike ut kva kart som bør inngå i portalen. Eit sentralt kart i portalen er kartet som viser resultata frå kartlegginga av naturtypar.
Det vart òg nytta midlar til å kartleggje natur ved hjelp av fjernmålings- og modelleringsteknikkar. Resultat frå slik kartlegging vil etter kvart inngå i portal for økologisk grunnkart. Nokre midlar vart nytta til vedlikehald og vidareutvikling av Natur i Norge.
Post 23 MAREANO, kan overførast
Midlane under posten dekkjer dei fleste resultatområda.
Det er foreslått ei løyving på posten på 47,7 mill. kroner for 2022. Posten er auka med om lag 1 mill. kroner.
Posten dekkjer Klima- og miljødepartementets del av utgiftene til MAREANO-programmet. MAREANO-programmet kartlegg havbotnen i norske havområde gjennom systematisk innsamling av data om djupn og om geologi, landskap, naturmangfald og forureining på havbotnen. Formålet med kartlegginga er å medverke til ei kunnskapsbasert forvaltning av dei havbaserte næringane og dei marine økosystema. MAREANO-programmet set ein ny standard for kunnskap om havbotnen og har vekt internasjonal merksemd. Det er opna for at MAREANO-programmet frå 2021 også gjennomfører noko kartlegging inn mot kysten.
Rapport 2020
Frå starten og til og med 2020 har MAREANO-programmet djupnemålt totalt cirka 287 660 km2 (det blir i tillegg nytta djupnedata frå andre aktørar). Djupnemålingane dannar grunnlaget for planlegging og kartlegging av geologisk, biologisk og kjemisk miljøtilstand på sjøbotnen, og totalt 229 613 km2 sjøbotn er kartlagd i felt med omsyn til geologi, biologi og kjemi. I 2020 prioriterte MAREANO-programmet å samle inn djupnedata frå Spitsbergenbanken i Barentshavet, og til saman 3 708 km2 vart djupnekartlagde. Kartlegging og innsamling av geologiske, biologiske og kjemiske data vart gjorde på midtnorsk sokkel, i områda Frøyabanken, Sula, Haltenbanken, Sklinnatransektet, Trænabanken og Trænadjupet. Kartleggingsarealet for geologi, biologi og kjemi i 2020 var totalt 11 333 km2.
MAREANO har mellom anna produsert nye djupne- og terrengkart, geologiske og biologiske kart som inkluderer botntypar, landskap, naturtype- og biotopkart, sårbare biotopar, marint søppel, trålspor, produktivitets- og artsdata. Rapporteringa av resultat skjer gjennom www.mareano.no og Noreg digitalt (www.geonorge.no). Terreng- og kornstorleikskart er gjorde tilgjengelege for bruk om bord på fiskefartøy. Fleire metodeprosjekt vart òg ferdigstilte i 2020, mellom anna knytt til karbon i marine sediment.
Post 50 Grunnløyvingar under Noregs forskingsråd til miljøforskingsinstitutta
Midlane under posten dekkjer dei fleste resultatområda.
Det er foreslått ei løyving på posten på om lag 221,2 mill. kroner for 2022.
Posten er samla sett auka med om lag 0,6 mill. kroner. Posten dekkjer grunnløyvinga til fordelingsarena for miljøinstitutta. Det blir ikkje lenger øyremerkt midlar til fisk- og viltforsking frå Statens fiskefond og Viltfondet som del av grunnfinansieringa av miljøinstitutta, og løyvinga er difor redusert med 4 mill. kroner. Midlane vil i staden bli brukte til konkrete fiske- og vilttiltak, under dette auka kunnskap om fisk og vilt, jf. omtale under kap. 1425 i denne proposisjonen og kap. 1140 i Landbruks- og matdepartementets budsjettproposisjon for 2022.
Kunnskapsdepartementet har justert det statlege grunnfinansieringssystemet for institutt som mottek grunnfinansiering frå Forskingsrådet. Delar av grunnløyvinga skal framleis vere resultatbasert og tildelast ut ifrå skåren institutta får på indikatorar for kvalitet og relevans, men indikatorane og utrekningsmåten er noko endra.
Frå og med 2018 vart 10 pst. av grunnløyvinga omfordelt etter oppnådde resultat på resultatindikatorar som vitskapleg publisering, samarbeid med universitet og høgskular, internasjonale inntekter, inntekter frå Noregs forskingsråd og nasjonale oppdragsinntekter.
Mål
Fordelingsarenaen for miljøinstitutta inkluderer Norsk institutt for luftforsking (NILU), Norsk Institutt for naturforsking (NINA), Norsk institutt for Kulturminneforsking (NIKU), Norsk institutt for vassforsking (NIVA), Senter for klimaforsking (CICERO), Nansensenteret (NERSC – Nansen Environmental and Remote Sensing Center), Transportøkonomisk institutt (TØI) og NORCE (Miljø og klima). Dei skal fungere som nasjonale kompetansesenter og ha ei kunnskapsstrategisk rolle overfor miljøforvaltninga, og dei skal innanfor områda sine tilfredsstille behovet samfunnet har for å løyse problem på kort og lang sikt.
Oppfølging og kontroll
Det blir motteke årsrapportar og reviderte rekneskapsoversyn for løyvingane frå Noregs forskingsråd, og kontroll skjer ved generell formalia- og sannsynskontroll. Som oppfølging av årsrapporten vil det bli halde møte med Forskingsrådet og det enkelte instituttet for drøftingar av kunnskapsbehovet i miljøforvaltninga.
Rapport 2020
Midlane på posten vart nytta til å dekkje grunnløyvinga til fordelingsarena for miljøinstitutta.
Post 51 Forskingsprogram under Noregs forskingsråd
Midlane under posten er retta mot forskingsprogram innanfor alle resultatområda. Midlane under posten blir kanaliserte gjennom Noregs forskingsråd.
Mål for miljøforskinga er å medverke til å styrkje kunnskapsgrunnlaget for eit effektivt miljøarbeid med stor vekt på relevans og for ei berekraftig ressursforvaltning og samfunnsplanlegging. Miljøforskinga skal gje eit godt kunnskapsunderlag for nasjonale forvaltningsoppgåver, for avgjerder i politikkutforming og som grunnlag for internasjonalt miljøsamarbeid.
Hovudvekta er lagd på forsking om klimaendringar og klimaomstilling, inkludert forsking på biologiske og samfunnsvise effektar av klimaendringar. Forskingsinnsatsen inkluderer også forsking for omstilling til eit lågutsleppssamfunn, med særleg vekt på å utvikle løysingar i ikkje-kvotepliktige utsleppssektorar, og forsking og innovasjon for grøn omstilling.
Det er foreslått ei løyving på posten på om lag 385,7 mill. kroner for 2022. Posten er samla sett auka med om lag 6,2 mill. kroner. Regjeringa foreslår å bevilge 40 mill. kroner til ei eiga forskings- og utveklingsinnsats på nullutsleppsløysingar for store skip som opererer over lengre strekningar («Maritime zero 2050»). Det blir foreslått å rammeoverføre 10,6 mill. kroner til kap. 288 post 73 under Kunnskapsdepartementet for deltaking i EUs rammeprogram for forsking og innovasjon, Horisont Europa.
Regjeringa foreslår å omprioritere 22 mill. kroner frå avsetningane i Forskingsrådet til forsking på sirkulær økonomi. Sjå ytterlegare omtale under kap. 285 i Kunnskapsdepartements Prop. 1 S (2021–2022).
Mål for Noregs forskingsråd
Noregs forskingsråd er ein sentral aktør i det norske forskings- og innovasjonssystemet og eit viktig verkemiddel for å nå dei forskingspolitiske måla til regjeringa. Regjeringa har fastsett fem mål for Forskingsrådet. Måla er
auka vitskapleg kvalitet
auka verdiskaping i næringslivet
å møte store samfunnsutfordringar
eit velfungerande forskingssystem
god rådgjeving
Måla er felles for alle departementa. Kunnskapsdepartementet har i samarbeid med departementa og Forskingsrådet utarbeidd eit styringssystem for departementa si styring av Forskingsrådet. Samla resultat av verksemda til Noregs forskingsråd i 2020 er omtalt i Prop. 1 S for Kunnskapsdepartementet.
Oppfølging og kontroll
Departementet har styringsmøte med Noregs forskingsråd kvart halvår.
Rapport 2020
I 2020 vart løyvinga nytta til finansiering av aktivitetane Miljøforsk, Marinforsk, Klimaforsk, Energix, Bionær, Bedre helse, Polarforskingsprogram, Romforsk og Transport. Forskingsrådets departementsvise årsrapport for Klima- og miljødepartementet gjev meir detaljert rapportering om bruken av midlane.
Post 53 Internasjonalt samarbeid om miljøvernforsking
Det er foreslått ei løyving på om lag 7,4 mill. kroner på posten for 2022. Posten er auka med om lag 0,2 mill. kroner.
Mål
Tilskotet er kontingent for medlemskap i International Institute for Applied Systems Analysis (IIASA). IIASA er eit internasjonalt forskingsinstitutt som mellom anna medverkar med analysar til arbeidet med internasjonale miljøavtalar. Instituttet medverkar til internasjonale forhandlingar om klima og luftforureiningar med kompetanse innanfor scenarioutvikling, integrert vurdering av langsiktig policy for utsleppsreduksjonar på tvers av land og utvikling av strategiar for å redusere effektane av klimaendringar. Bidrag frå instituttet er eit nødvendig grunnlag for dei internasjonale forhandlingane om reduksjon av sur nedbør og andre konsekvensar av luftforureiningar. Instituttet speler òg ei sentral rolle som rådgjevar i EUs arbeid med klima og luftforureiningar.
Oppfølging og kontroll
Kontingenten blir overført Noregs forskingsråd, som tek hand om den norske medlemskapen.
Post 70 Nasjonale oppgåver ved miljøforskingsinstitutta
Det er foreslått ei løyving på posten på 40,8 mill. kroner for 2022.
Posten er samla sett auka med om lag 1 mill. kroner.
Mål
Målet er å syte for at Norsk institutt for luftforsking (NILU), Norsk institutt for naturforsking (NINA), Norsk institutt for kulturminneforsking (NIKU), Norsk institutt for vassforsking (NIVA), Senter for klimaforsking (Cicero) og Norsk institutt for bioøkonomi (NIBIO) har ressursar til fagleg rådgjeving til miljøforvaltninga, til deltaking og fagleg støtte for miljøforvaltninga i nasjonale og internasjonale organ ved behov, til informasjons- og databasetenester overfor forvaltninga, inkludert vedlikehald av relevante nasjonale databasar, og driftstilskot til ulike forskingsstasjonar.
Det ligg òg inne 5,2 mill. kroner i driftsstøtte til Forskingssenter for miljø og samfunn (CIENS) som har ansvaret for å drifte Miljøprøvebanken.
Oppfølging og kontroll
Det er ein føresetnad at institutta drøftar prioriteringar og planar for gjennomføring med relevante etatar og Klima- og miljødepartementet. Det blir motteke rapportar og reviderte rekneskapsoversyn for løyvingane, og kontroll skjer ved generell formalia- og sannsynskontroll.
Rapport 2020
I 2020 vart løyvinga mellom anna nytta til deltaking og fagleg støtte for miljøforvaltninga i nasjonale og internasjonale organ, databasetenester, til å halde oppe algesamling som nasjonal referansesamling, til nasjonal beredskap for konservering av kulturhistorisk viktige gjenstandar, til driftsstøtte for målestasjonane på Zeppelinfjellet og Trollhaugen i polarområda, til referanselaboratorium for målingar av luftforureining og atmosfærisk korrosjon og til vidareutvikling og drift av Miljøprøvebanken.
Post 72 Tilskot til NORCE – Senter for biotryggleik
Det er foreslått ei løyving på posten på 5,4 mill. kroner for 2022. Posten er auka med om lag 0,1 mill. kroner.
Mål
Fagmiljøet ved GenØk – Senter for biotryggleik vart hausten 2021 oppretta som eit kunnskaps- og kompetansesenter i NORCE. Løyvinga skal støtte utviklinga av fagmiljøet ved tidlegare GenØk – Senter for biotryggleik som eit kompetansesenter på genteknologi i NORCE. Fagmiljøet skal drive forsking, informasjon og rådgjeving om helse- og miljøkonsekvensar ved bruk av genteknologi og genmodifisering for å sikre trygg bruk av genteknologi. Fagmiljøet skal drive forsking som bidreg til kunnskap om miljø, helse og samfunn og ha eit tverrfagleg og heilskapleg perspektiv innan genteknologifeltet. Fagmiljøet skal framleis vere lokalisert i Tromsø.
Oppfølging og kontroll
Det er ein føresetnad at dei beste organisatoriske vilkår blir lagde til grunn, slik at fagmiljøet kan utvikle ny og verdifull kunnskap på tvers av fagområde, og slik at fagmiljøet kan vidareutviklast som eit uavhengig kompetansesenter på biotryggleik innan genteknologi. Det er ein føresetnad at styringsdialogen med Klima- og miljødepartementet og Miljødirektoratet held fram, og at representantar frå fagmiljøet ved Senter for biotryggleik deltek. Det blir motteke rapportar og reviderte rekneskapsoversyn for løyvingane, og kontroll skjer ved generell formalia- og sannsynskontroll. Det skal haldast årlege møte med fagmiljøet for å drøfte faglege prioriteringar.
Rapport 2020
I 2020 vart løyvinga nytta i GenØk – Senter for biotryggleik til fagleg rådgjeving til miljøforvaltninga, mellom anna i form av innspel til Miljødirektoratet i samband med GMO-høyringar, til rådgjeving om antibiotikaresistente genar/bakteriar, til arbeidet med operasjonalisering av etikk-kriteriet i genteknologilova og til forskingsprosjekt for å utvikle vidare kunnskapsgrunnlaget for vurdering av helse- og miljøkonsekvensar av genmodifiserte organismar. Dette er prosjekt innan mikro- og molekylærbiologi, immunepidemiologi og økologi, virologi, økotoksikologi og økosystem og samfunnsvitskaplege aspekt ved moderne bio- og nanoteknologi.
Kap. 1411 Artsdatabanken
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2020 | Saldert budsjett 2021 | Forslag 2022 |
01 | Driftsutgifter | 31 569 | 32 715 | 32 658 |
21 | Spesielle driftsutgifter, kan overførast, kan nyttast under post 70 | 13 554 | 10 242 | 10 656 |
70 | Tilskot til artar og naturtypar, kan overførast, kan nyttast under post 21 | 25 774 | 26 666 | 27 159 |
Sum kap. 1411 | 70 897 | 69 623 | 70 473 |
Artsdatabanken er ein nasjonal kunnskapsbank om naturmangfald i Noreg. Artsdatabankens viktigaste oppgåve er å gjere oppdatert kunnskap om naturtypar, artar og populasjonar lett tilgjengeleg for samfunnet. Mellom anna lagar Artsdatabanken raudliste for artar og raudliste for naturtypar, dei gjer risikovurderingar for framande artar i Noreg, utviklar type- og beskrivingssystem for natur (Natur i Norge) og har viktige oppgåver i arbeidet med å drifte og vidareutvikle det økologiske grunnkartet.
Artsdatabanken er ein fagleg uavhengig og bruttobudsjettert etat med eige styre. Det faglege sjølvstendet og ansvar og oppgåver styret har, er nedfelte i Artsdatabankens mandat.
Post 01 Driftsutgifter
Midlane under posten er retta mot resultatområdet naturmangfald.
Det er foreslått ei løyving på posten på om lag 32,7 mill. kroner for 2022. Posten er totalt sett redusert med om lag 0,1 mill. kroner.
Løyvinga dekkjer dei ordinære driftsutgiftene for Artsdatabanken. Resten av løyvinga går til å dekkje husleige, fornying av materiell, inventar og utstyr, mellom anna drift og utvikling av IT-anlegget, reiseutgifter, kurs- og konferanseverksemd og tiltak for kompetanseutvikling.
Rapport 2020
Om lag tre firedelar av løyvinga vart nytta til lønn.
Post 21 Spesielle driftsutgifter, kan overførast, kan nyttast under post 70
Midlane under posten er retta mot resultatområdet naturmangfald. Det er foreslått ei løyving på posten på om lag 10,7 mill. kroner for 2022. Posten er auka med om lag 0,4 mill. kroner
Posten dekkjer utgifter til mellom anna Artsdatabankens kjøp av tenester til risikovurderingar av framande artar, Artsprosjektet, Artsobservasjonar, kommunikasjon og Artsorakelet.
Løyvinga kan overskridast mot tilsvarande meirinntekt under kap. 4411 post 02.
Rapport 2020
I 2020 vart løyvinga nytta til kjøp av tenester til arbeidet med ny raudliste for artar og metodeutvikling for dørstokkartar, til systemutvikling av Artsobservasjonar og til kommunikasjon. Midlar har òg vore nytta til arbeidet med DNA-strekkoding i NorBOL-nettverket, noko som har løfta kunnskapsgrunnlaget om norske artar vesentleg, og vidare til Forskarskulen i biosystematikk (ForBio), som har styrkt og vidareutvikla kompetansen og kapasiteten i dei taksonomiske fagmiljøa i Noreg.
Post 70 Tilskot til artar og naturtypar, kan overførast, kan nyttast under post 21
Midlane under posten er retta mot resultatområdet naturmangfald.
Det er foreslått ei løyving på posten på om lag 27,2 mill. kroner for 2022. Posten er auka med om lag 0,5 mill. kroner.
Posten dekkjer tilskot til kunnskapsoppbygging om artar og naturtypar i Noreg.
Mål
Tilskotsordninga skal styrkje kunnskapen om mangfaldet av artar i Noreg til beste for allmenta, forvaltning og forsking slik at vi i framtida er betre rusta til å forvalte naturmangfaldet.
Kriterium for måloppnåing
Det skal leggjast særleg vekt på kartlegging og dokumentasjon av dårleg kjende artar og artsgrupper i Artsprosjektet. Tilskotsordninga kan òg nyttast til å byggje kunnskap om naturvariasjon basert på Natur i Norge (NiN), styrkje kompetansebygging innanfor naturmangfald og styrkje formidling av artar og naturtypar i Noreg. Tilskot kan vidare nyttast til å fremje brukarstøtte og kvalitetssikring av artsfunn i Artsobservasjonar og til å medverke til at data om artar og naturtypar blir tekne i bruk.
Tildelingskriterium
Midlane til Artsprosjektet er særleg retta mot vitskaplege institusjonar. For andre formål kan institusjonar, stiftelsar, føretak og frivillige organisasjonar også få tilskot.
Oppfølging og kontroll
Alle tilskotsmottakarar leverer rapportar som syner den kunnskapsproduksjonen som tilskotet har finansiert, og reviderte rekneskapar frå gjennomførte prosjekt. Det blir stilt krav om open datadeling og bruk av opne lisensar for datadeling og gjenbruk.
Rapport 2020
Størstedelen av midlane vart nytta som tilskot til kartlegging og dokumentasjon av dårleg kjende artar og artsgrupper i Artsprosjektet. Også i 2020 har Artsprosjektet komme med mykje ny kunnskap om dårleg kjende artar. Frå 2009 til 2020 er det funne over 3 500 nye artar for Noreg.
Artsobservasjonar er framleis ein stor suksess, mellom anna som plattform for folkeforsking. Databasen har no passert 25 mill. observasjonar og er den største enkeltdatabasen for artar i Noreg. Artsdatabanken har i 2020 lagt stor vekt på arbeidet med kvalitetssikring av artsfunna og nytta midlar frå posten til dette.
Kap. 4411 Artsdatabanken
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2020 | Saldert budsjett 2021 | Forslag 2022 |
02 | Ymse inntekter | 526 | 420 | 429 |
Sum kap. 4411 | 526 | 420 | 429 |
Post 02 Ymse inntekter
På posten er det ført ymse inntekter, primært inntekter frå eksterne oppdragsgjevarar. Dei tilsvarande utgiftene er budsjetterte under kap. 1411 post 21.
Kap. 1412 Meteorologiformål
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2020 | Saldert budsjett 2021 | Forslag 2022 |
50 | Meteorologisk institutt | 342 154 | 379 917 | 360 612 |
70 | Internasjonale samarbeidsprosjekt | 145 179 | 142 857 | 129 100 |
Sum kap. 1412 | 487 333 | 522 774 | 489 712 |
Post 50 Meteorologisk institutt
Meteorologisk institutt (MET) står for den offentlege meteorologiske tenesta for sivile og militære formål i Noreg. Arbeidet til Meteorologisk institutt med å overvake og varsle vêr er ein kritisk samfunnsfunksjon. Instituttet har ei viktig rolle i arbeidet med tryggleik og beredskap og deltek jamleg i øvingar med Forsvaret og andre etatar der vêr og klima speler ei rolle.
Instituttet lagar vêrvarsel for samfunnet generelt gjennom vêrvarslingssentralane i Tromsø, Bergen og Oslo og Yr. MET sitt observasjonsnettverk dekkjer Noreg, havområda våre og Svalbard. Meteorologisk institutt er blant dei fremste kunnskapsmiljøa i Noreg på klimaendringar. Instituttet har ei viktig rolle i å førebu Noreg på eit endra klima, mellom anna gjennom leiinga av Klimaservicesenteret (KSS). Observasjonane frå nordområda er òg med på å dokumentere klimaendringar. Meteorologisk institutt er dessutan aleine om å ha personell på Bjørnøya og Hopen og sikrar i så måte norsk nærvær og støtte til søk og redning.
Forskingsverksemda til MET har som formål å utvikle samfunnsnyttige tenester. Forskinga blir raskt operasjonalisert, og tilbakemeldingar frå både interne og eksterne brukarar skal drive forskinga framover. Det er utbreidd nasjonalt og internasjonalt samarbeid på forskings- og utviklingsområdet.
Foreslått løyving på posten i 2022 er 360,6 mill. kroner.
I 2021 vart det løyvd 27,8 mill. kroner til utbygginga av ny vêrradar på Finnmarksvidda, i Kautokeino kommune. Dette var ei eingongsinvestering, og løyvinga er redusert med 25,8 mill. kroner. Midlar til vedlikehald og oppgradering blir liggjande.
Mål
Meteorologisk institutt overvaker og varslar vêret med høg kvalitet og regularitet og bereknar klimaet i notid og framtid for at styresmaktene, næringslivet, institusjonar og befolkninga kan sikre liv og verdiar og verne miljøet.
Meteorologisk institutt driv forsking og utvikling på alle fagområda sine, så instituttet kan yte tenester i verdsklasse.
Rapport 2020
Samla sett er kvaliteten på varsla for temperatur, vind og nedbør stadig betre. For temperatur, vind og nedbør er varselkvaliteten på same høge nivået som i 2018 og 2019. Varslingsmodellane til MET er svært gode, og tilgangen til observasjonar, reknekraft og god kompetanse gjer det mogleg å gje svært lokale vêr- og havvarsel av gjennomgåande høg kvalitet.
Meteorologisk institutt hadde eitt resultatkrav som ikkje vart nådd i 2020: å fullføre automatisering av observasjonsinnhentingane på Jan Mayen og begynne på automatisering av observasjonar på Bjørnøya. Det har vore utfordringar med robotsonden som vart montert på Jan Mayen i 2019. Inntil MET er sikre på at robotsonden på Jan Mayen fungerer godt, har det ikkje vore aktuelt å byrje arbeidet med å setje opp ein robotsonde på Bjørnøya.
Boks 8.1 Farevarslinga
Dei siste åra har MET og NVE samarbeidd om å fornye farevarslinga. I 2020 har varselet mellom anna blitt etablert som «styrtregn» mot tidlegare kraftige regnbyer. Det har fått eige ikon og blir presentert på Yr, halo.met.no, varsom.no og på NRK av TV-meteorologane.
Den kraftigaste hendinga med styrtregn i 2020 var i Vestfold 21. august. Det vart observert 64,4 millimeter nedbør i løpet av ein time på Gjekstad i Sandefjord kommune, og på 15 minuttar kom det 33,4 millimeter nedbør på Nøtterøy-Vestskogen. Begge er noregsrekord. Det var òg fleire tilfelle av ekstremt høg og svært høg vasstand i 2020, mellom anna ekstremvêra Didrik og Elsa.
Prioriterte område for MET i 2020 var mellom anna prosjektet med å oppdatere rapporten Klimai Norge 2100 basert på den nye generasjonen globale klimamodellar og ei fireårig satsing på jordsystemmodellering. Prosjektet om jordsystemmodellering skal sørgje for betre kopling mellom vatn i atmosfære og vatn på bakken (hydrologi). Forbetra kopling vil kunne bidra vesentleg til kvaliteten av vêrvarsling.
Prosessen med å få ISO-sertifisering av informasjonstryggleik etter standarden ISO 27001 hadde høg prioritet i 2020, og MET lykkast i å oppnå sertifiseringa tidleg i 2021.
Samarbeidet mellom dei meteorologiske institutta i Noreg, Sverige, Finland og Estland om operasjonell numerisk vêrvarsling (MetCoOp) fungerer svært godt. Samarbeidet effektiviserer modellutviklinga og produksjonen av varsel, gjev betre beredskap og ein stordriftsfordel innanfor tungrekning.
Vêrtenesta Yr blir stadig betra, og bruken av tenesta er framleis høg og aukande. I juli 2020 vart det sett ny rekord med 11,3 mill. unike brukarar på Yr. I gjennomsnitt var det 8,8 mill. brukarar per veke i 2020, det same som i 2019. For 15. året på rad vart MET kåra til den statsetaten i Noreg som har best omdømme blant publikum, og Yr vart for tiande året på rad kåra til vêrtenesta flest nordmenn (63 pst., ein auke på 3 prosentpoeng frå 2019) har størst tiltru til i Ipsos si omnibusundersøking for 2020.
Post 70 Internasjonale samarbeidsprosjekt
Løyvinga på posten går i hovudsak til å innfri dei forpliktingane Noreg har til å betale kontingentutgifter i samband med norsk deltaking i internasjonale meteorologiorganisasjonar.
Regjeringa foreslår ei løyving på 129,1 mill. kroner. Nedgangen kjem av at langtidsbudsjettet for enkelte program i EUMETSAT er redusert, og at valutakursen har endra seg.
Mål
Målet med løyvinga er å medverke til å dra nytte av utvikling og betring av meteorologiske tenester gjennom internasjonalt samarbeid.
Kriterium for måloppnåing
Kriteriet for måloppnåing er at Noreg innfrir forpliktingane sine ved å delta i definerte internasjonale meteorologiske organisasjonar og samarbeidsprosjekt i samsvar med inngåtte avtalar. I tillegg skal deltaking i organisasjonane og samarbeidsprosjekta bidra til utvikling og dra nytte av meteorologiske tenester.
Tildelingskriterium
Posten skal dekkje utgifter til kontingent i samband med medlemskap i følgjande internasjonale meteorologiorganisasjonar:
Den europeiske organisasjonen for utnytting av meteorologiske satellittar (EUMETSAT). Eventuelle overskot av kontingentinnbetalingar til EUMETSAT blir overførte til eit fond, Working Capital FUND (WCF). Fondet er heimla i EUMETSATs statuttar.
Det europeiske senteret for mellomlange vêrvarsel (ECMWF)
Europeiske samarbeidsprosjekt mellom dei meteorologiske institutta (EUMETNET og ECOMET er dei største samarbeidsnettverka)
Den meteorologiske verdsorganisasjonen (WMO)
Noreg er medlem i EUMETSAT, ECMWF og WMO gjennom å ha slutta seg til internasjonale konvensjonar. Budsjettvedtak i dei styrande organa er dermed forpliktande for Noreg. Det prosentvise bidraget frå eit land til budsjettet er proporsjonalt med bruttonasjonalinntekta i landet. Når det gjeld dei andre internasjonale organisasjonane, er det Meteorologisk institutt som er medlem.
Storleiken på løyvinga på posten er òg avhengig av svingingar i valutakursane og aktivitetsnivået i dei ulike organisasjonane. Mesteparten av utgiftene er knytte til den europeiske organisasjonen for utnytting av meteorologiske satellittar (EUMETSAT).
Oppfølging og kontroll
Meteorologisk institutt peiker ut norske delegatar til dei styrande organa i organisasjonane, unnateke for WMO. For WMO nemner utanriksministeren opp norske delegatar til styrande organ etter forslag frå Permanent Representative of Norway with WMO. Budsjettdokument, rekneskapar, revisorstadfesting, årsrapportar og andre rapportar blir lagde fram og vedtekne i samband med verksemda til organisasjonen/samarbeidsprosjektet. Dette inneber at Meteorologisk institutt utfører kontroll med at utført arbeid er i samsvar med formåla organisasjonen/samarbeidsprosjektet har vedteke.
Rapport 2020
Samla forbruk under kap. 1412 post 70 var på 145,2 mill. kroner i 2020, og dekte i 2020 medlemskontingenten i dei internasjonale organisasjonane som er lista opp under «Tildelingskriterium» over.
EUMETSAT er den største og viktigaste samarbeidsorganisasjonen, og i 2020 var bidraget frå Noreg på 121 mill. kroner. EUMETSAT driftar ei rekkje ulike satellittar for meteorologiske data. Særleg polarbanesatellittane er viktige for varslinga av vêret i Noreg. Eit nytt polarbanesatellittprogram (EPS-SG) vart starta i 2015. Første nye satellitten i dette programmet skal etter planen sendast opp i oktober 2023 og den andre satellitten eitt år seinare. Viktig er òg det geostasjonære satellittprogrammet METEOSAT, som no førebur tredje generasjons satellittar (MTG). Det har vore nokre forseinkingar i programmet, og første nye satellitten i dette programmet skal etter planen skytast opp i 1. kvartal 2023. Noreg er eitt av 23 medlemsland i det europeiske reknesenteret ECMWF. I tillegg har elleve land status som samarbeidsland og dermed tilgang til produkt frå ECMWF. ECMWF har dei beste globale tidøgnsvarsla i verda og er leiande på utvikling av numeriske berekningsmodellar for vêrvarsling. ECMWF har òg ei sentral rolle i det europeiske Copernicus-samarbeidet. I 2020 var bidraget frå Noreg på 15 mill. kroner.
Datasenteret til ECMWF har flytta frå Reading i England til Bologna i Italia. I 2020 vart det avgjort at ECMWF skal etablere eit forskingssenter i Bonn i Tyskland, med full tilgang til relevante forskingsprogram i EU.
EUMETNET er eit nettverk mellom dei nasjonale meteorologiske institutta i Europa for å nytte ressursane mest mogleg effektivt. EUMETNET driv felles program innanfor det europeiske meteorologiske observasjonssystemet. For å nå måla sine er MET heilt avhengig av europeiske samarbeidsprosjekt mellom dei meteorologiske institutta. 2020 var bidraget frå Noreg på 2,2 mill. kroner. EUMETNET, saman med EUMETSAT og ECMWF, speler ei viktig strategisk rolle som overbygning for den meteorologiske infrastrukturen i Europa og som kontaktpunkt overfor EU når det gjeld meteorologi.
ECOMET syter for at observasjonane og dei numeriske prognosane frå dei nasjonale meteorologiske institutta i Europa er tilgjengelege for private kommersielle aktørar, og for at den kommersielle aktiviteten i dei nasjonale meteorologiske institutta oppfyller konkurranselovgjevinga.
FN-organisasjonen WMO syter for global utveksling av meteorologiske observasjonar i nær sanntid mellom dei 193 medlemslanda og -territoria. Vitskaplege nyvinningar innanfor varsling av vêr blir òg i stor grad gjorde tilgjengelege for alle dei meteorologiske institutta i verda gjennom WMO.
WMO har mellom anna satsingar for å byggje ut observasjonsnettverket og klimatenester i «least developed countries». Tilskotet frå Noreg til WMO i 2020 var på 6 mill. kroner.
Programkategori 12.20 Klima, naturmangfald og forureining
Hovudinnhald og prioriteringar
Utgiftene under programkategori 12.20 gjeld resultatområda Naturmangfald, Friluftsliv, Forureining og Klima.
Programkategorien omfattar verksemda til Miljødirektoratet, Enova, Senter mot marin forsøpling og noko av verksemda til Sjøfartsdirektoratet og Direktoratet for strålevern og atomtryggleik.
Oppfølginga av dei tre nasjonale måla for naturmangfald skjer i hovudsak med utgangspunkt i Meld. St. 14 (2015–2016) Natur for livet – norsk handlingsplan for naturmangfold. Regjeringa vil arbeide for å nå ambisjonane i Aichi-måla og følgje opp naturmangfaldmeldinga i tråd med Stortingets innstilling. Prioriterte tiltak i 2022 er å føre vidare satsinga på å betre kunnskapen om artar og økosystem, auke arealet av verna skog og marine verneområde og vidareutvikle ei økosystembasert forvaltning. Arbeidet med å setje mål for tilstanden i økosystema er høgt prioritert. I Naturstrategi for våtmark har regjeringa sette mål for tilstanden i dette økosystemet og prioriterer å følgje opp strategien for å nå målet. Vidare vil regjeringa i 2022 prioritere å følgje opp Heilskapleg tiltaksplan for Oslofjorden og tiltaksplanane mot framande artar og for pollinerande insekt. Arbeidet med å ta vare på trua natur og verdiane i verneområda vil halde fram. Vi er inne i FN sitt tiår for naturrestaurering og regjeringa følgjer i 2022 opp med ekstra midlar til restaurering av naturtypar ein ikkje før har restaurert, til dømes sanddyner og open kalkmark. Restaureringstiltak i myr og anna våtmark og i område som er prioriterte i vassforvaltningsplanane vil halde fram i 2022. Arbeidet med å etablere eit nytt globalt rammeverk for bevaring av naturmangfald er forseinka på grunn av covid-19-pandemien, men vil etter planen vedtakast våren 2022. Arbeidet er høgt prioritert. Andre viktige prioriteringar i 2022 er å ta vare på vill laksefisk, mellom anna gjennom tiltak mot pukkellaks og ein storstilt aksjon for å fjerne lakseparasitten Gyrodactylus salaris frå Driva-vassdraget. Regjeringa vil føre vidare rovviltarbeidet, følgje opp kvalitetsnorma for villrein, rettleie kommunane i arbeidet med å ta vare på naturmangfald og gjennomføre verneplanprosessar for å ta vare på verdifull natur.
Regjeringa er oppteken av å ta vare på Noregs sterke tradisjonar for friluftsliv med utgangspunkt i allemannsretten til ferdsel og opphald i utmark. Arbeidet med å følgje opp handlingsplanen for friluftsliv vil halde fram i 2022, i nært samarbeid med friluftslivsorganisasjonane og friluftsråda. Stortingsmeldinga og handlingsplanen utgjer saman grunnlaget for statens arbeid med friluftsliv. I tillegg er regjeringa sin handlingsplan for fysisk aktivitet eit viktig grunnlag i arbeidet med friluftsliv i nærmiljøet.
For å motverke og redusere forureining blir det grunnleggjande og langsiktige arbeidet med forvaltning av nasjonalt regelverk, internasjonale avtalar og løyvingar til tiltak vidareført. Regjeringa har lagt fram ein handlingsplan for ein giftfri kvardag og legg vekt på å arbeide for å redusere spreiing av miljøgifter. Noreg har ei viktig rolle i det internasjonale samarbeidet om dette. Av særleg foreslåtte prioriterte tiltak i 2022 er opprydding av forureina sjøbotn i Store Lungegårdsvann i Bergen. Arbeidet med å førebyggje og rydde opp i plastforureining nasjonalt og internasjonalt har høg prioritet. Internasjonalt vil Noreg halde fram med leiarrolla si for å få på plass ein ny global avtale, og eit vedtak om å starte forhandlingar fram mot ein ny avtale frå FNs femte miljøforsamling i februar er høgt prioritert, samstundes som arbeidet med nasjonale tiltak held fram. Regjeringa ønskjer å leggje til rette for ein sirkulær økonomi som vil medverke til betre utnytting av plast som ressurs, samstundes som det vil vere med på å redusere plastforureininga. Regjeringa arbeider også for sirkulær økonomi på andre område enn plast, slik at produkt varer lenger, kan brukast om att, reparerast og materiala vinnast att. Meir effektiv bruk av ressursar reduserer klimagassutslepp, bremsar tapet av naturmangfald og reduserer forureiningsbelastninga. Regjeringa la sommaren 2021 fram både strategien sin for ein grøn, sirkulær økonomi og ein heilskapleg plaststrategi.
Klima er ei av hovudprioriteringane til regjeringa. For å redusere utsleppa, auke CO2-opptaket og omstille Noreg til eit lågutsleppssamfunn i tråd med klimalova forsterkar regjeringa stadig verkemiddelbruken. Av særleg prioriterte tiltak i 2022 er auke av CO2-avgifta og satsinga på grøn skipsfart. Som del av satsinga på grøn skipsfart foreslår regjeringa å føre vidare ordninga for innfasing av hurtigbåtar med null- og lågutsleppsløysingar i fylkeskommunale samband med ei ramme for nye tilsegn på 40 mill. kroner i 2022. Regjeringa er oppteken av å styrkje det lokale og regionale klimaarbeidet og foreslår å føre vidare tilskotsordninga Klimasats i 2022 med ei ramme for nye tilsegner på 200 mill. kroner.
Regjeringa har også spissa Enova som klimaverkemiddel i ny fireårig styringsavtale. Enova er eit sentralt verkemiddel i arbeidet med å fremje innovasjon og utvikling av nye klima- og energiløysingar og i oppfølginga av klimaplanen for 2021–2030.
Resultatområde
Tabell 8.2 Resultatområde under programkategori 12.20
Resultatområde | Nasjonale mål |
---|---|
Naturmangfald |
|
Friluftsliv |
|
Forureining |
|
Klima |
|
Politikk for å nå dei nasjonale måla for naturmangfald
Kunnskap om natur
I 2021 er dei første nasjonale vurderingane for tilstand i enkelte økosystem gjennomførte. Samstundes skal fagsystemet for vurdering av økologisk tilstand vidareutviklast. Dette arbeidet er basert på naturvitskaplege metodar for å fastsetje ei samla kunnskapsbasert vurdering av tilstand i norske hovudøkosystem og vil gje eit viktig kunnskapsgrunnlag til bruk for økosystembasert forvaltning av natur.
Artsdatabankens kartportal Økologiske grunnkart er open for brukarar, og innhaldet blir jamleg oppdatert. Dei økologiske grunnkarta gjev kunnskap om mellom anna kvar ulike typar natur finst, og annan relevant informasjon knytt til førekomst av natur. Dei økologiske grunnkarta er eit felles verktøy på tvers av sektorane som gjev kunnskap for meir heilskapleg arealforvaltning og dermed betre avgjerdsprosessar.
Artsdatabanken legg fram dei tre listene Norsk raudliste for artar, Norsk raudliste for naturtypar og Framandartslista kvart sjette år. I november 2021 blir ei ny Raudliste for artar lagd fram.
Heilskapleg forvaltning av økosystema på land
Det går fram av naturmangfaldmeldinga at regjeringa vil setje mål for økologisk tilstand i økosystema og innrette forvaltninga mot å nå måla. For våtmark er dette gjort i Naturstrategi for våtmark som vart lagd fram i juni 2021. Måla til regjeringa som kjem fram i strategien, er å «(1) bremse dagens nedbyggingstakt for våtmark og (2) forbetre den økologiske tilstanden i våtmark». I 2022 vil regjeringa følgje opp strategien, mellom anna ved å greie ut tiltaka og vurdere kva tiltak som skal bli innførte for å nå måla for våtmark.
Regjeringa vil i 2022 greie ut om ei ordning som sørgjer for arealnøytralitet, kan vere eit tenleg tiltak for særleg viktige våtmarkstypar, der den som byggjer ned eller ved annan bruk øydelegg areal med slike viktige våtmarkstypar, blir stilt overfor kostnaden for tiltak ved at tilsvarande våtmarksareal blir restaurert. Det kan hindre at arealet med verdifull våtmark blir stadig mindre.
Det er ikkje tilstrekkeleg datagrunnlag til å kunne setje eit tal på kor mykje av våtmarksareala som er forringa eller som bør bli restaurerte, jf. Aichi-mål 15. Forbetring av kunnskapsgrunnlaget er eit sentralt tiltak i naturstrategien, og regjeringa vil følgje dette opp i 2022. Regjeringa vil elles halde fram med å restaurere fleire typar natur kommande år etter faglege prioriteringar av Miljødirektoratet.
Naturstrategien for våtmark vil bli evaluert etter seks år og revidert etter tolv år. Behovet for eventuelle nye mål og verkemiddel vil da bli vurdert. Regjeringa vil i 2022 også halde fram med arbeidet med å følgje opp naturmangfaldmeldinga knytt til å setje mål for tilstanden i dei andre økosystema på land og å rette tiltak og verkemiddelbruk inn mot å nå måla.
I naturmangfaldmeldinga står det òg at regjeringa vil klargjere kva som er tilstanden i økosystema. I 2021 blei tilstandsvurdering basert på fagsystemet for økologisk tilstand presentert for økosystema skog, arktisk tundra, Barentshavet og Nordsjøen, medan vurderinga for fjell vil bli presentert ved årsskiftet. I 2022 vil tilstand bli vurdert for Norskehavet. I tillegg vil arbeid med å styrke faggrunnlaget for alle økosystem fortsette i 2022.
Heilskapleg vassforvaltning
Regjeringa vil fortsetje med arbeidet med å styrkje den heilskaplege vassforvaltninga etter vassforskrifta. Vassforskrifta gjennomfører EUs vassdirektiv i norsk rett. Med vassforskrifta har vi eit system for å forvalte vassmiljø heilskapleg på tvers av sektorar med felles definisjon av ønskt tilstand og berekraftig bruk. Vassforvaltningsplanane med tilhøyrande tiltaksprogram er viktige verktøy for å nå måla om godt vassmiljø i ferskvatn, kystvatn og grunnvatn i Noreg. Det er framleis store utfordringar med å tette gapet mellom dagens tilstand og miljømåla i vassdirektivet, og det vil framleis bli gjennomført ei rekkje tiltak for å nå måla, mellom anna revisjonar av vassdragskonsesjonar, ei betydeleg oppgradering av avløpsanlegg og revisjon av gjødselregelverket.
Vassforvaltningsplanane blir no reviderte. Departementet vil i 2022 godkjenne oppdaterte planar for planperioden 2022–2027. Å nå målet om godt vassmiljø i heile landet krev at alle ansvarlege sektorstyresmakter gjennomfører tiltak for å nå måla i oppdaterte planar. Ein føresetnad for gode resultat av tiltaka er god kunnskap om vassførekomstane. Overvakinga av vassførekomstane i Noreg vil halde fram i 2022.
Heilskapleg forvaltning av havområda
Noverande og framtidig havbasert verdiskaping er avhengig av god miljøtilstand og eit rikt naturmangfald i Noregs kyst- og havområde. Gjennom forvaltningsplanane for havområda er det fastsett heilskaplege rammer og tiltak for berekraftig bruk og bevaring av økosystema. Formålet med forvaltningsplanane er å leggje til rette for verdiskaping gjennom berekraftig bruk av ressursane og økosystemtenestene i havområda og samstundes halde oppe strukturen, verkemåten, produktiviteten og naturmangfaldet til økosystema. Dei gjeldande forvaltningsplanane for Barentshavet–Lofoten, Norskehavet og Nordsjøen–Skagerrak går fram av Meld. St. 20 (2019–2020).
Arbeidet med det faglege grunnlaget for forvaltningsplanane er organisert gjennom dei rådgivande gruppene Overvakingsgruppa og Fagleg forum for dei norske havområda, leia av høvesvis Havforskningsinstituttet og Miljødirektoratet. Mandata for Overvakingsgruppa og Fagleg forum blei oppdaterte i 2021 for å sikre større faglegheit og meir effektiv ressursbruk. Det faglege grunnlaget for forvaltningsplanane vil bli oppdatert og vidareutvikla fram mot neste melding til Stortinget i 2024. Havpanelets forsking og konklusjonar så vel som rapportane frå Naturpanelet og FNs klimapanel er viktige i dette arbeidet.
Miljøtilstanden i dei produktive og ressursrike norske havområda er i mange samanhengar god, men blir i aukande grad påverka av klimaendringar. Denne påverknaden er tydeleg når vi ser på tilstanden i økosystema i Nordsjøen og i Barentshavet. Den vidare utviklinga av havforvaltninga i Noreg må byggje på ei forståing av korleis klimaendringar og andre storskala endringar påverkar og vil forandre Noregs havområde og måten vi bruker dei på.
Regjeringa vil styrkje kunnskapsgrunnlaget om marine økosystem og korleis dei blir endra som følgje av auka menneskeleg aktivitet, klimaendringar og forureining. Regjeringa vil også styrkje kunnskapsgrunnlaget om kva rolle havøkosystema har for den globale klimautviklinga. Det er kunnskapsbehov mellom anna knytt til korleis klimaendringar og havforsuring påverkar økosystema, nedgangen i sjøfuglbestandar og sukkertareskog, om samanhengar i dei marine økosystema og om tilførslar og spreiing av miljøgifter. Det trengst auka kunnskap om naturtypar på havbotnen som har viktige funksjonar som leveområde. Det er òg behov for kunnskap om kor sårbare dei marine botnøkosystema er for påverknader, og kva toleevne dei har for samla belastning. Dette er mellom anna basert på kunnskap som blir opparbeidd gjennom havbotnkartlegginga i MAREANO-programmet. MAREANO har gjeve monaleg ny kunnskap om marin natur. Kartleggings- og overvakingsprogrammet for sjøfugl, SEAPOP med arealmodulen SEATRACK, har gjeve mykje ny kunnskap som er viktig for forvaltninga av sjøfugl. Begge programma vil bli førte vidare i 2022.
Det er òg behov for vidare forsking knytt til forvaltningstiltak for å styrkje naturlege bestandar og auke potensialet for hausting. Døme på slike forvaltningstiltak er marine verneområde og bevaringsområde for hummar og kysttorsk.
Heilskapleg plan for Oslofjorden
Regjeringa ønskjer at Oslofjorden skal vere rein, rik og tilgjengeleg for alle. Det er eit problem i dag at miljøet i fjorden er trua. Regjeringa vil difor leggje til rette for at Oslofjorden skal få god miljøtilstand og vere attraktiv for friluftslivet slik at enda fleire får gode opplevingar frå fjorden. Med bakgrunn i oppmodingsvedtak (575 (2017–2018)) frå Stortinget la regjeringa i april 2021 fram ein heilskapleg plan for Oslofjorden, Helhetlig tiltaksplanfor en ren og rik Oslofjord med et aktivt friluftsliv. Planen viser dei viktigaste prioriteringane regjeringa har for Oslofjorden framover, i første omgang fram mot 2026.
Felles innsats på tvers av sektorar ligg til grunn for planen. Til saman 63 tiltakspunkt skal oppfyllast av ulike ansvarlege styresmakter i åra framover, mellom anna tiltak mot forureining frå jordbruk og avløp, tiltak for å ta vare på trua og nær trua artar og tiltak for å betre tilgangen til strandsona. Det er etablert eit Oslofjordråd leidd av klima- og miljøministeren som skal følgje opp planen. Regjeringa vil i 2022 prioritere å følgje opp den heilskaplege tiltaksplanen.
Tiltak mot framande artar
Regjeringa vil i 2022 halde fram med å følgje opp Tiltaksplan 2020–2025 om bekjempelse av fremmede skadelige organismer. Planen skal bidra til å redusere negativ påverknad på naturmangfaldet. I 2022 vil regjeringa halde fram med eller ferdigstille fleire av dei 28 tiltaka i planen. Dette gjeld mellom anna tiltaka knytte til prioritering av kva for artar som skal nedkjempast ut ifrå ei kost–nytte-vurdering, utvikling av ei rettleiing for handtering av massar som kan innehalde framande skadelege organismar, og eit tettare samarbeid om tilsyn og grensekontroll mellom Miljødirektoratet og Mattilsynet.
Det vil vidare bli utarbeidd nye retningslinjer for behandling av søknader etter forskrift om fremmende organismer.
Bruken av utanlandske treslag til skogbruksformål er regulert i ei eiga forskrift. Regjeringa har fått utgreidd utkast til nye reglar for å redusere bruken og spreiinga av sitkagran og andre utanlandske treslag med høg eller svært høg økologisk risiko. Departementet tek sikte på at ei ny forskrift om dette er sett i verk i løpet av 2022.
Regulering av genmodifiserte organismar (GMO)
Genteknologiutvalet vart sett ned hausten 2020. Utvalet skal gjere ein brei fagleg gjennomgang av spørsmål knytte til framstilling og bruk av genmodifiserte organismar (GMO) og oppdatere kunnskapsgrunnlaget om genteknologi. Utvalet skal òg vurdere tilrådingane frå Bioteknologirådet om ei oppmjuking av genteknologilova og foreslå endringar i norsk lov og praksis der utvalet finn det nødvendig eller formålstenleg. Regjeringa vil i løpet av sommaren 2022 få levert tilrådingane frå utvalet.
Vidare har regjeringa gått inn for endringar i finansieringa av uavhengig og tverrfagleg forsking på genteknologiområdet. Midlane har tidlegare gått til GenØk – senter for biotryggleik, som driv forsking, informasjon og rådgjeving om helse- og miljøkonsekvensar ved bruk av genteknologi og genmodifisering. Kompetansesenteret i GenØk vart hausten 2021 innlemma i forskingskonsernet NORCE. Regjeringa ser positivt på dette og meiner endringane gjev moglegheiter for vidareutvikling, synergiar og tverrfagleg samarbeid. Løyvinga i statsbudsjettet over kapittel 1410 post 72 blir vidareførte til kompetansemiljøet GenØk i den nye organisasjonen.
Tiltak for å ta vare på trua artar og naturtypar
Det er mange verkemiddel i bruk for å ta vare på og betre utviklinga for trua natur. Departementa har blitt einige om ein oppfølgingsplan for arbeidet med trua natur. I 2022 vil regjeringa halde fram med å følgje opp planen. Oppfølgingsplanen er utarbeidd med bruk av kriterium gjevne i naturmangfaldmeldinga og omhandlar 23 artar og 12 naturtypar. Planen beskriv korleis forvaltninga vil bruke verkemiddel som prioritert art, utvalde naturtypar, områdevern og ulike verkemiddel i sektorane. Planen inneheld også tiltak for å skjøtte leveområde, restaurere øydelagd natur og fjerne framande artar. Ofte er det nødvendig å bruke ein kombinasjon av ulike verkemiddel. I 2022 vil det også bli arbeidd med å oppdatere avgjerdsgrunnlaga for 13 naturtypar som førebels ikkje inngår i oppfølgingsplanen. Departementet vil i 2022 i tillegg sjå nærmare på korleis ein best kan ta vare på og betre utviklinga for trua natur som ikkje inngår i oppfølgingsplanen.
Rovviltforvaltning
Regjeringa gjennomfører ei forvaltning av rovviltet som er i samsvar med Bernkonvensjonen, naturmangfaldlova, rovviltforlika frå 2004 og 2011, Stortingets fleirtalsvedtak om ulv frå 2016 og andre føringar frå Stortinget. Regjeringa vil sikre rovviltbestandane, samstundes som tap av husdyr og tamrein til rovvilt skal haldast på eit lågast mogleg nivå. Tydeleg soneforvaltning og den todelte målsetjinga om å ha både rovvilt og beitedyr er sentrale prinsipp i rovviltpolitikken. Ei kunnskapsbasert forvaltning med høg beredskap er eit viktig element for å lykkast best mogleg. Klima- og miljødepartementet vil styrkje det nasjonale overvakingsprogrammet for rovvilt ytterlegare i 2022.
Samspelet med dei lokale skadefellingslaga skal førast vidare, og regjeringa vil følgje opp dei tre vedtaka frå Stortinget i mars 2021 som omhandla dette temaet.
Pollinerande insekt
Regjeringa vil halde fram med å følgje opp Tiltaksplan for ville pollinerende insekter, som vart fremja sommaren 2021. Tiltaksplanen er ei oppfølging av Nasjonal pollinatorstrategi. Planen skal bidra til å sikre levedyktige bestandar av villbier og andre pollinerande insekt for å halde ved lag pollinering i matproduksjon og naturlege økosystem. Dei tre hovudinnsatsområda er auka kunnskap, gode leveområde og formidling. Tap og øydelegging av leveområde blir sett på som den største trusselen mot pollinerande insekt, og tiltak som reduserer denne trusselen har høgast prioritet. Klima- og miljødepartementet vil i 2022 styrkje arbeidet med å følgje opp tiltaksplanen.
Villrein
Regjeringa vil i 2022 følgje opp kvalitetsnorma for villrein. Klima- og miljødepartementet vil i samråd med andre aktuelle departement framover vurdere planar for korleis kvaliteten kan bli nådd for dei villreinområda som i 2021 vart klassifiserte til dårleg tilstand.
I 2020 vart skrantesjuke (CWD) oppdaga hos villreinstamma på Hardangervidda. Etter råd frå Mattilsynet og Miljødirektoratet set regjeringa i verk nødvendige tiltak for å avgrense og utrydde denne svært alvorlege sjukdommen. Regjeringa vil halde fram med å overvake og forske vidare på sjukdommen og hindre at villrein frå Hardangervidda flyttar seg til andre villreinområde. Villreinbestanden er teken ut i Nordfjella sone 1 som eit ledd i kampen mot skrantesjuke. Det må ikkje komme inn ny villrein i området under brakkleggingsperioden. Regjeringa vil leggje til rette for reetablering av villrein i Nordfjella sone 1.
Sjøfugl
Fleire av sjøfuglartane har vore i kontinuerleg tilbakegang sidan overvakinga av dei starta. Regjeringa vil etter planen fremje ein handlingsplan for sjøfugl i 2022. Handlingsplanen blir eit viktig strategi- og planleggingsverktøy for å koordinere tiltak på tvers av sektorar. Målet med planen er å bidra til ein betre tilstand for norske sjøfuglbestandar.
Forvaltning av vill laksefisk
Regjeringa har nyleg lagt fram ein handlingsplan for å oppfylle kvalitetsnorma for villaks. Oppfølginga av planen vil bli prioritert i 2022.
Regjeringa vil halde fram med å kalke vassdrag som er råka av forsuring. Tiltaka mot lakseparasitten Gyrodactylus salaris vil bli vidareførte i tråd med faglege tilrådingar. Ei stor satsing i 2022 vil vere behandling av Driva-regionen. I 2021 blir det gjennomført ei storskala prøvebehandling med klor i Driva. Dersom denne blir vellykka, vil klor truleg bli nytta som hovudkjemikalie ved behandlinga av Driva-regionen i 2022 og 2023.
Departementet vil også arbeide med ei forskrift om særleg beskyttelse av laksen i nasjonale laksevassdrag og nasjonale laksefjordar. Forskrifta skal etter planen regulere mellom anna laksefiske, kultivering av anadrome laksefisk og innlandsfisk, akvakultur, vassdragstiltak og andre tiltak som kan innverke på laksen. Føringar i St.prp. nr. 32 (2006–2007) Om vern av villaksen og ferdigstilling av nasjonale laksevassdrag og laksefjorder vil med dette bli forskriftsfesta.
Nedkjemping av pukkellaks
Fram til 2017 har det vore avgrensa med pukkellaks i norske vassdrag. Frå 2017 har det vore ein urovekkjande trend med eksponentiell vekst i talet på pukkellaks. Dette toppa seg med ein invasjon i 2021. Utfordringa er særleg stor i Aust-Finnmark. Stoda er mange stader kritisk, og dersom utviklinga held fram, vil pukkellaks bli den dominerande laksefisken i Troms og Finnmark i år med invasjonar.
Framtidige invasjonar av pukkellaks vil truleg ha stor negativ effekt på stadeigen laksefisk, vasskvalitet og biologisk mangfald i Noreg. Det er behov for omgåande tiltak for å førebu og sikre ei effektiv utfisking. Klima- og miljødepartementet vil styrkje innsatsen mot pukkellaks i 2022 òg foreslår midlar til innkjøp, etablering og røkt av flyteristfeller i prioriterte vassdrag, og gytefiskteljingar og yngelteljingar. Departementet har og gitt Miljødirektoratet i oppgåve å opprette ei nasjonal kompetansegruppe for pukkellaks. Ei slik kompetansegruppe vil bidra med koordinering av fangstuttak på regionnivå og hjelpe til med tilråding av utstyr og fangstmetodar.
Skogvern
Skogvern er eit viktig verkemiddel for å nå nasjonale mål for naturmangfald, særleg fordi mange trua artar og naturtypar finst i skog, og fordi skogvernet hittil ikkje dekkjer eit representativt utval av norsk skognatur.
Regjeringa vil i 2022 halde fram med å følgje opp Stortingets mål om å verne 10 pst. av skogen gjennom frivillig vern av privateigd skog og vern av offentleg eigd skog.
Frivillig vern av privateigd skog er venta å føre til vern av viktige skogareal òg i 2022. Vern av skog eigd av Statskog er òg venta i 2022, som ei oppfølging av Stortingets oppmodingsvedtak om å gjennomgå eigedommane til Statskog SF med sikte på å verne aktuelt areal. Miljødirektoratet vil følgje opp Statskogs sal av eigedommar ved å vurdere å bruke forkjøpsretten på areal som er viktige for vern eller for makeskifte. Tiltak vil bli vurderte slik at viktige skogområde på statsallmenning kan vernast.
Meld. St. 14 (2015–2016) Natur for livet legg opp til å intensivere kartlegginga for å finne dei viktigaste areala for trua artar og naturtypar, slik at skogvernet er kostnadseffektivt. Miljødirektoratet vil i 2022 vidareutvikle slik treffsikker kartlegging i skogvernet.
Bevaring av verdifull natur
Regjeringa vil bevare verdifull natur. Områda som er verna i dag, inneheld ikkje i tilstrekkeleg grad dei ulike naturtypane i Noreg. Særleg natur i lågtliggjande område i Sør-Noreg under 300 moh. er ikkje godt nok representert. Verneområda dekkjer heller ikkje i tilstrekkeleg grad natur som er trua av utrydding. For å nå dei nasjonale måla for naturmangfald og FNs berekraftsmål nr. 15 Liv på land er det difor nødvendig å supplere dei eksisterande verneområda, slik det òg er varsla i Meld. St. 14 (2015–2016) Natur for livet. For å dekkje desse manglane er det nødvendig å verne om lag 600 km2. I 2022 vil prosessen for å verne desse områda halde fram. Desse nye verneområda skal ikkje omfatte skog eller marine område. Vern av slik natur skjer gjennom eigne prosessar.
Verneplanprosessane skal vere gode og inkluderande. Alle dette gjeld, kan på vanleg måte uttale seg i breie, opne høyringar, og det blir gjort grundige avvegingar mellom verneinteresser og andre samfunnsinteresser før eit eventuelt vedtak om vern blir gjort. Sametinget og andre relevante samiske interesser blir konsulterte der det er aktuelt. Lokal forankring er viktig for eit godt resultat i vernearbeidet.
I prosessen med å finne fram til lokalitetar for å dekkje manglar i eksisterande vern har det også komme forslag til område som kan eigne seg for å bli nasjonalpark eller landskapsvernområde. Miljødirektoratet har vurdert naturverdiane i desse områda og hatt dialog med alle aktuelle kommunar. I 2022 vil regjeringa gjennom Miljødirektoratet og statsforvaltaren gjennomføre vidare prosessar med sikte på vern i områda der direktoratet har vurdert at det er tilstrekkeleg verneverdiar og mogleg å få lokal aksept for vern. Det blir lagt vekt på lokal forankring. Dei aktuelle områda er fire heilt nye verneområde – Sunnmørsalpane, Hornelen, Masfjordfjella og Øystesefjella. Seks område kan bli gjort om frå landskapsvernområde til nasjonalpark – Lyngsalpan, Sylan, Trollheimen, Ålfotbreen, Oksøy-Ryvingen og Flekkefjord-Listastrendene. I tillegg er det ei rekke større og mindre utvidingar av noverande verneområde. Bevaring av fleire av desse store, samanhengande naturområda som vi har att i Noreg, er viktig av mange grunnar. Det sikrar samanhengande landskap, gjer at nokre artar kan tole klimaendringane betre, og bevarer økologiske nettverk av naturområde.
Marine verneområde
Våren 2021 la regjeringa fram ei melding til Stortinget om heilskapleg nasjonal plan for bevaring av viktige område for marin natur. Meldinga omhandlar ein plan for det vidare arbeidet for å ta vare på viktig natur i havet gjennom etablering av marine verneområde og andre effektive arealbaserte bevaringstiltak.
Gjennom meldinga har regjeringa mellom anna vedteke å føre vidare arbeidet med marin verneplan frå 2004 og supplere denne med nye område. Marint vern skal medverke til at eit utval av representative, særeigne, sårbare eller trua marine naturtypar og naturverdiar blir tekne vare på for framtida. I arbeidet med marine verneplan går det for seg verneprosessar for 12 av dei 36 områda som vart foreslåtte som marine verneområde i 2004, medan 17 område er verna. I 2022 vil det bli arbeidd vidare med å etablere nye marine verneområde. Eit viktig oppfølgingspunkt i meldinga er å vurdere om det er behov for å styrkje lovgjevinga utanfor 12 NM, der vi ikkje har heimel til å opprette marine verneområde etter naturmangfaldlova.
Regjeringa vil òg hente meir erfaring med bevaring og restaurering av økosystem og kartleggje område som er viktige for karbonlagring. I meldinga blir det vidare varsla ein prosess for å gå gjennom dei internasjonale forpliktingane våre for marin bevaring og korleis desse skal oppfyllast.
Sikring av verdiane i verneområda
Regjeringa vil halde fram med arbeidet for å betre forvaltninga av dei eksisterande verneområda.
Langsiktig forvaltning av områda er avgjerande for å nå det nasjonale målet om at eit representativt utval av norsk natur skal takast vare på for kommande generasjonar. Innsatsen i 2022 vil følgje prioriteringane i Miljødirektoratets strategi for bruk av midlar til tiltak i verneområde for perioden 2020–2025. I 2022 vil regjeringa halde fram med å prioritere skjøtsel av verneområde for å motverke gjengroing og spreiing av framande artar, som er dei største truslane mot verneverdiane. Uttak av framande treslag frå verneområde vil frå 2022 gå over frå ein pilotfase til ein ordinær driftsfase.
Regjeringa legg til rette for at nasjonalpark- og verneområdestyra gjennom besøksstrategiar kan planleggje for auka besøk i nasjonalparkar og andre store verneområde der naturen toler det. Nokre nasjonalparkar manglar framleis besøksstrategiar, og det vil bli arbeidd vidare med dette i 2022. Regjeringa vil halde fram med å prioritere tilrettelegging, med mellom anna skilting og vedlikehald av stiar. All informasjon om nasjonalparkar og andre store verneområde skal ha høg kvalitet, mellom anna ved å følgje merkevara Noregs nasjonalparkar og vere i tråd med besøksstrategien for området. Utvikling av nettstaden Norgesnasjonalparker.no vil halde fram i 2022.
Besøkssenter er viktige formidlarar av norsk natur. Regjeringa vil i 2022 halde fram med å støtte utviklinga av senter som gjev gode opplevings- og læringsarenaer og møteplassar for samarbeid mellom forvaltning, naturoppsyn, næringsliv, skular, barnehagar, frivillige organisasjonar og andre aktørar. I 2022 vil eit nytt besøkssenter for Oslofjorden og eitt for skogvern, bli autorisert.
Ordninga med lokal forvaltning av nasjonalparkar og andre store verneområde og forsøksordninga med grunneigar- og partssamansette verneområdestyre er evaluerte (NF-rapport nr.: 1/2021 og NF-rapport nr.: 9/2020). Klima- og miljødepartementet vurderer rapportane og vil avklare den nærmare oppfølginga av dei.
Kulturlandskap
Gjennom dei årlege jordbruksforhandlingane blir det arbeidd med klima- og miljøvennlege verkemiddel. Dette medverkar til at vi kan nå dei nasjonale klima- og miljømåla.
Regjeringa vil i 2022 halde fram arbeidet med å ta vare på kulturlandskap. Ordninga for utvalde kulturlandskap i jordbruket blir finansiert over Klima- og miljødepartementets og Landbruks- og matdepartementets budsjett og omfattar no totalt 46 område. Ordninga skal sikre verdiar knytte til landskap, naturmangfald, kulturminne og kulturmiljø. Sekretariatet for ordninga har levert ei tilråding om innlemming av ytterlegare tre til fem område i ordninga. Dei to departementa vil i løpet av 2022 bestemme kva for nye område som skal innlemmast i ordninga i perioden 2022–2025.
For å redusere dei negative effektane av gjengroing i kulturlandskap på naturmangfaldet og for ytterlegare å redusere tapet av sau til rovvilt er det sett i verk eit pilotprosjekt for å ta i bruk gjengrodde gardsnære beiteressursar i område prioriterte til jerv. Arbeidet blir følgt opp i 2022.
Internasjonalt samarbeid for å ta vare på naturmangfaldet
Tapet av natur går raskare enn nokon gong. Det internasjonale naturpanelet (IPBES) anslår at bortimot 1 mill. artar kan døy ut, og at leveområda stadig blir mindre. Vi treng ei felles løysing på eit globalt problem. Landa i verda forhandlar no om eit nytt globalt rammeverk for bevaring av natur under konvensjon om biologisk mangfold (CBD). Arbeidet er forseinka på grunn av covid-19-pandemien, men skal etter planen vedtakast våren 2022. Regjeringa vil kort tid etter at det globale rammeverket er vedteke, komme til Stortinget med ein plan for korleis Noreg skal følgje opp dei nye måla.
Noreg deltek aktivt og samarbeider tett med ei rekkje land for å sikre ei forpliktande løysing som kan snu den negative trenden med tap av natur. Semje om eit sett med ambisiøse mål er ein viktig del av rammeverket, men det er også avgjerande å få på plass effektive verktøy som medverkar til at landa gjennomfører måla. Gradvis opptrapping av innsats over tid, jamleg rapportering og transparens i dei nasjonale strategiane landa har, er viktige element. Det nye rammeverket må leggje til grunn ei heilskapleg forståing der bevaring av biologisk mangfald blir sett i samanheng med reduksjon i klimagassutslepp og tilpassing til klimaendringar. Naturpanelets hovudrapport om tilstanden til naturen er, saman med Klimapanelets 1,5-gradarsrapport og spesialrapport om klimaendringar og landareal, eit heilt sentralt kunnskapsgrunnlag for det nye rammeverket.
Noreg leier styringsgruppa for den Nordiske satsinga på naturbaserte løysingar i Norden. Nordisk ministerråd har løyvd 26 mill. DKK til det fireårige programmet som skal auke kunnskapen om naturbaserte løysingar og korleis dei bidreg til betre måloppnåing for klima, klimatilpassing og biologisk mangfald i dei nordiske landa.
International Maritime Organization (IMO) er i gang med ein revisjon av retningslinjene for tilgroing på skip med sikte på å unngå overføring av framande artar frå eitt farvatn til eit anna. Dette er viktig for å unngå å øydeleggje naturmangfaldet gjennom introduksjon av framande artar som kan skade naturverdiar i sjøen. Noreg har ei nøkkelrolle i arbeidet med revideringa av retningslinjene.
Miljøkriminalitet
Arbeidet med å følgje opp stortingsmeldinga om miljøkriminalitet vil halde fram i 2022. Meldinga har totalt 97 tiltak for å styrkje innsatsen mot miljøkriminalitet. Nasjonalt omfattar tiltaka informasjons- og haldningsskapande arbeid, tilsyn/kontroll, sanksjonar og auka bruk av teknologi. Arbeidet i 2022 omfattar oppfølging av vanleg høyring om ulike lovendringar for å bidra til å nedkjempe miljøkriminalitet. Regjeringa vil òg føre vidare ein styrkt tilsynsinnsats for å motverke og avdekkje miljøkriminalitet.
Internasjonalt er det viktig å få global merksemd om at miljøkriminalitet er ei grenseoverskridande og alvorleg form for organisert kriminalitet som må sjåast i samanheng med økonomisk kriminalitet som korrupsjon, kvitvasking, dokumentfalsk, skatteunndraging og tollsvindel. Tiltaka her omfattar utvikling av internasjonal politikk, internasjonal rettsutvikling, utviklingspolitiske verkemiddel, arbeid i internasjonale organisasjonar og sivilsamfunn, bruk av teknologi, verdikjedesporing og handelsavtalar og motverking av ulovleg netthandel.
Politikk for å nå dei nasjonale måla for friluftsliv
Sikring, ivaretaking og tilrettelegging av friluftslivsområde
Ein sentral del av den heilskaplege tiltaksplanen regjeringa har for Oslofjorden, er å betre tilgangen til fjorden for friluftsliv og rekreasjon. Det er ei utfordring at allmenta er hindra tilgang til delar av fjorden som følgje av hytter, hus og andre installasjonar i strandsona. Det er viktig at allmenta sin lovlege ferdsel og opphald i strandsona ikkje blir hindra av ulovlege stengsel og installasjonar. I 2022 foreslår regjeringa difor å opprette ei tilskotsordning med midlar til juridisk bistand til kommunane langs Oslofjorden for å bidra til å halde allemannsretten i hevd.
Ferdselsåreprosjektet, som regjeringa starta i 2019, vil bli prioritert også i 2022. I 2022 vil det bli arbeidd vidare med sikte på at alle kommunar har utarbeidd eller påbegynt arbeidet med ein plan for ferdselsårene i friluftslivet.
Arbeidet med bevaring av viktige friluftslivsområde gjennom sikring vil halde fram i 2022. Bevaring av friluftslivsområde i nærmiljøet som kan nyttast av mange, vil bli prioritert. Landfaste område i strandsona og område langs vassdrag med lett tilgjenge har òg høg prioritet.
Motivering til friluftsliv
Regjeringa vil halde fram med å prioritere motivering til friluftsliv for heile befolkninga. Regjeringa vil i 2022 halde fram med å prioritere tiltak som særleg kan rekruttere barn, unge, personar som er lite fysisk aktive, og personar med innvandrarbakgrunn til friluftslivsaktivitet.
Allemannsretten
Regjeringa vil saman med eksterne aktørar halde fram med å informere om rettane og pliktene som allemannsretten gjev. Regjeringa vil òg innhente oppdatert kunnskap om allemannsretten og korleis allemannsretten blir etterlevd.
Motorferdsel i utmark
Stortinget har bede regjeringa om å fremje forslag om revidering av lov om motorferdsel i utmark og vassdrag. Siktemålet er «økt lokalt selvstyre og redusert byråkrati knyttet til praktiseringen av loven, samtidig som hensyn til natur og friluftsliv blir ivaretatt». Med bakgrunn i vedtaket har Kongen i statsråd 3. september 2021 sett ned eit offentleg utval som skal gjennomgå regelverket om motorferdsel i utmark og vassdrag og foreslå endringar i dette. Vedtaket gjev sentrale føringar for arbeidet til utvalet. Mandatet frå regjeringa opnar for ein brei gjennomgang av regelverket, og utvalet står fritt til å foreslå endringar i motorferdsellova eller ei heilt ny lov. Utvalet skal leggje vekt på å skape klare reglar som er enklare å praktisere. Formålet i motorferdsellova om å «ut fra et samfunnsmessig helhetssyn […] regulere motorferdsel i utmark og vassdrag med sikte på å verne om naturmiljøet og fremme trivselen», jf. § 1, ligg fast. Utvalet skal levere utgreiinga si innan 1. desember 2023.
Omfanget av ulovleg motorferdsel er for høgt. Ulovleg motorferdsel er mellom anna ei utfordring for vilt og anna naturmangfald og for friluftslivet. Den forsterka innsatsen frå naturoppsynet knytt til kontroll av lovleg og avdekking av ulovleg motorferdsel vil difor bli vidareført.
Politikk for å nå dei nasjonale måla for forureining
Forureining til vatn, jordsmonn, luft og vegetasjon har ofte alvorlege følgjer for helse og miljø. Regjeringa er særleg oppteken av å redusere spreiing av miljøgifter og hindre at miljøgifter blir samla opp i næringskjeda. Dei viktigaste verkemidla er forureiningslova og produktkontrollova.
Forureiningslova skal medverke til å verne det ytre miljøet mot forureining og redusere eksisterande forureining og til å redusere avfallsmengda og fremje betre avfallshandtering. Formålet er å sikre at forureiningar og avfall ikkje fører til helseskade, går ut over trivselen eller skader evna naturen har til produksjon og sjølvfornying. Lova byggjer mellom anna på prinsippet om at forureinaren betaler, og prinsippet om føre var og set eit generelt forbod mot forureinande utslepp. Verksemder kan søkje miljøstyresmaktene om utsleppsløyve. I slike løyve blir det sett vilkår for utsleppa.
Produktkontrollova skal førebyggje at produkt og forbrukartenester gjev helseskade eller miljøforstyrring, mellom anna gjennom å fremje effektiv bruk av energi i produkt. Lova inneheld mellom anna ei plikt om aktsemd for alle som har å gjere med produkt som kan medføre helseskade eller miljøforstyrring, og eit krav om at ei verksemd må vurdere kjemikaliebruken sin og nytte mindre skadelege alternativ der det kan skje utan urimeleg kostnad eller ulempe.
Til både forureiningslova og produktkontrollova er det fastsett ei rekkje krav i forskrifter. Det er òg fastsett forskrifter med heimel i fleire lover der formålet er å regulere helse- og miljøskadeleg forureining samstundes som ein regulerer andre faktorar som påverkar miljø og samfunn. Forskrift om rammer for vannforvaltning er eit slikt døme.
Tilsyn blir nytta for å avdekkje eventuelle brot på regelverket. Miljøstyresmaktene gjennomfører risikobasert tilsyn ved at dei prioriterer område der påverknad eller risiko for påverknad av miljøet er størst, og der det er stor risiko for brot på miljøregelverket. Når dei finn brot på regelverket, vil miljøstyresmaktene vedta sanksjonar av ulike slag. Miljøstyresmaktene kan mellom anna nytte gebyr ved brot på reglane, og strafferamma for alvorlege brot vart heva frå 1. juli 2019 for å styrkje kampen mot miljøkriminalitet.
Andre viktige verkemiddel i forureiningspolitikken er regelverk som er forvalta av andre styresmakter, avgifter som reflekterer dei samfunnsøkonomiske kostnadene ved utsleppa, og som stimulerer til redusert forureining, tilskot over statsbudsjettet og kunnskap om utslepp, spreiing og effektar av forureining.
Forureining kryssar landegrenser. Eit ambisiøst EU/EØS-regelverk og internasjonale avtalar der landa tek på seg å redusere utsleppa sine, er difor viktige for å redusere forureining som skader miljøet og helsa til menneske.
Kjemikaliar
Kjemikaliepolitikken skal redusere risiko for skade på helse og miljø knytt til utslepp og bruk av kjemikaliar generelt. Føre-var-prinsippet skal brukast når kunnskapen om risiko for helse og miljø er usikker. Miljøgifter og andre stoff som er rekna for å utgjere eit alvorleg trugsmål mot helse og miljø, blir sette på den norske prioritetslista1 – som for tida omfattar 68 stoff og stoffgrupper. Regjeringa arbeider for å redusere spreiinga av slike stoff. Prioritetslista spesifiserer kva stoff som skal reduserast vesentleg med sikte på at stoffa skal fasast ut, og gjev føringar om at nasjonalt og internasjonalt arbeid med desse stoffa skal prioriterast. Utsleppa av stoffa på lista blir reduserte gjennom streng regulering av produkt både nasjonalt og internasjonalt, gjennom tiltak for opprydding av forureining og gjennom krav til industriutslepp og avfallshandtering. Ein viktig del av arbeidet vidare er å følgje opp prioritetslista nasjonalt og internasjonalt og å identifisere fleire miljøgifter som skal omfattast av prioritetslista. I arbeidet med nye prioriterte stoff blir ikkje berre enkeltstoff vurderte, det er òg lagt vekt på å vurdere grupper av stoff med like eller nærliggjande eigenskapar som potensielt kan takast i bruk som erstatningar for kvarandre. På den måten kan ein unngå til dømes uheldige erstatningar med like farlege, nesten like stoff.
Prioritetslista vart presentert første gong i 1997. Dei to stoffa hydrogenert terfenyl og TBPH (bis(2-etyl-1-heksyl)tetrabromftalat) er vurderte å oppfylle kriteria for prioritetslista, og desse stoffa blir no inkluderte i lista – sjå nærmare omtale i boks 8.3.
Miljøskadelege kjemikaliar blir transporterte over lange strekningar med luft- og havstraumar, gjennom handel med produkt og gjennom avfallsstraumar. Difor er arbeid på både nasjonalt, europeisk og internasjonalt nivå svært viktig og ein føresetnad for å handtere utfordringane vi står overfor. Nasjonalt er forureiningslova og produktkontrollova med tilhøyrande forskrifter sentrale verkemiddel. Etter produktkontrollova er det mellom anna fastsett eit omfattande forskriftsverk om helse- og miljøskadelege kjemikaliar som er i stadig endring og utvikling. Produkt blir omsette internasjonalt, og norske forbod og andre reguleringar må vere i samsvar med Noregs internasjonale plikter om produktregulering og handel. Kjemikalieregelverket i Noreg og EU er harmonisert gjennom EØS-avtalen. Hovudregelen er såleis at dei same krava skal gjelde i Noreg og i EU. Noreg medverkar aktivt i arbeidet for å styrkje og gjennomføre EU sitt regelverk på kjemikalieområdet.
EU har eit omfattande regelverk for registrering, vurdering, godkjenning og restriksjonar på kjemikaliar (REACH) og for klassifisering, merking og emballering av helse- og miljøfarlege stoff (CLP). Vidare utvikling av desse regelverka er svært viktig i kjemikaliepolitikken.
Noreg har òg felles reglar med EU om produkt med biocid som blir nytta til å øydeleggje uønskte organismar. Noreg gjev godkjenning til biocidprodukt for den norske marknaden.
Det europeiske kjemikaliebyrået ECHA (European Chemicals Agency) er navet i ei omfattande kunnskapsutveksling og vidareutvikling av kunnskapsgrunnlaget for EUs kjemikaliearbeid.
Noreg arbeider aktivt og er ein pådrivar for globale tiltak for å redusere forureining og sikre meir forsvarleg handtering av kjemikaliar og avfall, til dømes under Stockholmkonvensjonen om persistente organiske forbindelser, Baselkonvensjonen om grensekryssande transport av avfall, Rotterdamkonvensjonen om handel med farlege kjemikaliar, Minamatakonvensjonen om kvikksølv og miljøgiftprotokollane under FNs økonomiske kommisjon for Europa. Noreg arbeider kontinuerleg for global regulering av fleire stoff under Stockholmkonvensjonen. Noreg deltek også i forhandlingane om eit nytt globalt rammeverk for miljøforsvarleg handtering av kjemikaliar og avfall for tida etter 2020. Forhandlingane har blitt utsette fleire gonger på grunn av pandemien. Målsetjinga er at landa skal bli samde om det nye rammeverket våren 2023.
Kunnskap gjennom forsking, gjennom kartlegging av potensielt skadelege stoff i produkt, avfall og utslepp og gjennom miljøovervaking er svært viktig i kjemikaliearbeidet. Betre kunnskap om miljøgifter i Arktis er av stor strategisk vekt for å få på plass regionale eller globale avtalar fordi det er utbreidd internasjonal semje om at stoff som blir funne att i Arktis, langt frå utsleppskjeldene, utgjer alvorlege problem.
Boks 8.2 To nye stoff til prioritetslista
Det er eit nasjonalt mål at bruk og utslepp av kjemikaliar på prioritetslista skal stansast, og formålet med prioritetslista er å gje føringar for arbeid med utfasing av desse farlegaste stoffa. Stoffa hydrogenert terfenyl og TBPH (bis(2-etyl-1-heksyl)tetrabromftalat) blir i liten grad brotne ned i miljøet og hopar seg såleis opp i levande organismar. Å halde fram med bruken og utsleppet av stoffa vil utgjere risiko for skade på helse og miljø på lang sikt.
Hydrogenert terfenyl er ei kompleks stoffblanding som består av fleire kjemiske sambindingar. Det blir mellom anna brukt som varmeoverføringsmedium, for å regulere temperaturar i industriprosessar, i drivstoffprodukt og til overflatebehandling av plast, lim og harpiksprodukt, i hovudsak av profesjonelle aktørar. Stoffet finst også i produkt til forbrukarar, mellom anna lim. Hydrogenert terfenyl er påvist både i menneske, innemiljø og ytre miljø, inkludert høge nivå i fisk. Stoffet blir brote ned svært sakte i miljøet og hopar seg svært lett opp i levande organismar. Hydrogenert terfenyl blir inkludert på prioritetslista på dette grunnlaget.
TBPH (bis(2-etyl-1-heksyl)tetrabromftalat) blir brukt som flammehemjande stoff og plastmjukingsmiddel i mellom anna madrassar, isolasjonsmateriale og byggjemateriale. Stoffet er eit alternativ til det bromerte flammehemjande stoffet pentaBDE, som er forbode globalt. TBPH blir brukt i polyuretanskum og annan type plast og kan finnast i møbelstopp, isolasjonsmateriale, leidnings- og kabelisolasjon, belagde tekstilar, byggjemateriale, tettemiddel og lim. TBPH er ikkje kjemisk bunde i plast, og stoffet kan difor leke ut under bruk eller i avfallsfasen. Stoffet er funne i miljøet og dyr, både i Noreg og i resten av verda. TBPH er også funne i husstøv og er påvist i plasma og morsmjølk hos ammande kvinner. Stoffet blir brote ned svært sakte i miljøet og hopar seg svært lett opp i levande organismar. TBPH blir inkludert på prioritetslista på dette grunnlaget.
Mål om nullutslepp frå petroleumsverksemda
Utsleppa frå petroleumsverksemda av miljøfarlege tilsette kjemikaliar, stoff som finst naturleg, inkludert dispergert olje, og radioaktive stoff som finst naturleg, har totalt sett auka dei siste åra. Det er difor behov for å føre vidare arbeidet og framleis følgje opp nullutsleppsmålet for petroleumsverksemda. Det blir vurdert om det er behov for å gjere enkeltvedtak om risikoreduksjon på enkelte felt.
Gammal forureining i grunn og sjøbotn
Gammal forureining lagra i jord og sjøbotn kan føre til skade på helse og miljø og vere ei kjelde til spreiing av helse- og miljøskadelege kjemikaliar. Arbeidet med forureina grunn i Noreg har gått føre seg i fleire tiår, og kvart år blir eit stort tal lokalitetar i Noreg undersøkte, registrerte og, ved behov, sanerte. Totalt er det no drygt 13 000 lokalitetar i databasen Grunnforurensning, irekna 900 med alvorleg grunnforureining. Oppryddinga har i hovudsak skjedd etter pålegg med heimel i forureiningslova, retta mot ansvarleg forureinar eller grunneigar.
Hittil har mykje av arbeidet vore konsentrert om kartlagde, prioriterte forureina lokalitetar og tiltak i barnehagar. I dag er opprydding av alvorleg blyforureining ved Forsvarets skyte- og øvingsfelt og opprydding av perfluorerte stoff (PFAS) frå brannøvingar ved norske lufthamner høgt prioriterte. Dei fleste andre oppryddingstiltaka i forureina grunn blir gjorde i tilknyting til at byggje- og gravearbeid eller terrenginngrep skal gjennomførast i forureina område, og blir i hovudsak behandla av kommunane.
Arbeidet med opprydding i forureina sjøbotn følgjer føringane i handlingsplanen om forureina sediment frå 2006 (jf. St.meld. nr. 14 (2006–2007) Sammen for et giftfritt miljø). I fleire år har hovudvekta av arbeidet på dei prioriterte områda med forureina sjøbotn vore tiltak i innleiande fasar med undersøkingar, pilotprosjekt og liknande. Arbeidet er no komme over i ein fase der fleire område i åra framover blir klare for tildekking og mudring og deponering av forureina sjøbotn. Dette er det mest kostnadskrevjande i arbeidet.
Av dei 17 høgast prioriterte områda, som er omtalte i handlingsplanen om forureina sediment, er 7 område nær eller ferdig rydda. I tillegg er nokre delområde ferdige. Av nyare arbeid vart arbeidet med å rydde opp i forureina sjøbotn i Hammerfest hamn påbegynt i 2021 og er forventa å vere ferdig i 2023. Forutan dei 17 områda er det mellom anna også rydda opp i Horten hamn.
I statsbudsjettet for 2022 blir det foreslått å løyve midlar til oppstart av opprydding i forureina sjøbotn i Store Lungegårdsvann i Bergen. Oppryddinga skjer i tilknyting til Renere havn Bergen-prosjektet og er planlagd å skje gjennom tildekking av sjøbotnen med reine massar. Sjøbotnen i fjordområdet er betydeleg forureina av aktivitetar frå tidlegare tider og utgjer i dag ein risiko for helsa til menneske og for økosystemet. Forureininga i fjordområdet utgjer også ein risiko for rekontaminering av sjøbotnen i Puddefjorden, som vart rydda i 2017–2018.
Handlingsplanen for forureina sediment inneheld også mål om undersøkingar og tiltak i forureina sjøbotn ved prioriterte skipsverft, store hamner og småbåthamner. Miljødirektoratet og statsforvaltarane arbeider med å syte for at områda blir kartlagde, og at det blir rydda opp der det er nødvendig.
Opprydding i forureina grunn og sjøbotn er kostbart og tidkrevjande, og hovudregelen er at prinsippet om at forureinaren betaler, skal leggjast til grunn ved opprydding av forureina område. I nokre tilfelle vil likevel statlege styresmakter medverke med finansiering. Statleg medverknad kan til dømes vere aktuelt og nødvendig der den ansvarlege av ulike årsaker ikkje kan identifiserast eller ikkje kan stå for ei god opprydding, eller der det vil vere urimeleg at den ansvarlege skal dekkje alle kostnadene, jf. omtale av tildelingskriterium for oppryddingspostane kap. 1420, post 39, 69 og 79.
Farleg avfall
Farleg avfall inneheld helse- og miljøfarlege stoff. Farleg avfall på avvegar kan føre til at miljøgifter blir spreidde og hopar seg opp i naturen. Difor må dette avfallet samlast inn og behandlast forsvarleg. Farleg avfall skal ikkje blandast saman med anna avfall, men handterast for seg. Det skal takast forsvarleg hand om og anten gå til materialattvinning eller energiutnytting eller vere sikra god nok nasjonal sluttbehandlingskapasitet. Det er òg strenge reglar som skal hindre at slikt avfall blir eksportert til land utan kapasitet til å behandle det forsvarleg. Auka materialattvinning av farleg avfall som kan skje utan ukontrollert spreiing av miljøskadelege stoff, er i tråd med intensjonen om sirkulær økonomi og norsk avfallspolitikk.
Farleg avfall oppstår i landbasert industri, i petroleumsindustri og bergverksdrift, i hushalda og ved avfallsforbrenning. I 2019 vart det ifølgje SSB levert 1,61 mill. tonn farleg avfall i Noreg til godkjend behandling. Dette er ein liten auke frå året før, men ei dobling frå mengda i 2003. Auken frå 2003 kan dels forklarast med auka aktivitet i industrien, dels med at meir avfall frå petroleumsindustrien til havs har blitt ført til land. I tillegg har strengare regelverk både i EU og i Noreg ført til at fleire avfallstypar er klassifiserte som farleg avfall. Det blir òg produsert og omsett stadig fleire produkt, og mange av desse inneheld helse- og miljøfarlege stoff. For å medverke til å førebyggje farleg avfall er det viktig å arbeide for at det blir utvikla meir miljøvennlege produkt.
Dagens deponi for uorganisk farleg avfall på Langøya har lenge vore anslått fullt innan få år. NOAH, som driv anlegget, har i mai 2021 søkt Miljødirektoratet om løyve til å gjennomføre tiltak som vil kunne forlengje deponikapasiteten på Langøya potensielt fram til 2030. Søknaden blir no behandla i Miljødirektoratet.
Det er i utgangspunktet industrien som sjølv har som ansvar å sikre forsvarleg behandling av avfallet sitt, også farleg avfall. Samstundes er det viktig at Noreg held oppe ein nasjonal behandlingskapasitet for farleg avfall i samsvar med dei internasjonale pliktene som følgjer av Baselkonvensjonen og EUs rammedirektiv om avfall. Klima- og miljødepartementet følgjer difor utviklinga med etablering av ny behandlingskapasitet for farleg avfall.
1. mars 2021 publiserte Miljødirektoratet Vedlegg om farlig avfall, inkludert avfallsforebyggingsprogram til den nasjonale avfallsplanen som kom i 2019. Vedlegget beskriv status for farleg avfall, forventa utvikling av mengdene, førebygging og materialattvinning og behov for ny infrastruktur.
Klima- og miljødepartementet er òg oppteke av å sjå på korleis mengdene farleg avfall kan reduserast, og korleis kunnskapsoppbygging knytt til FoU og innovasjon kan bidra til dette. Forskingsrådet fekk i 2021 i oppdrag å greie ut moglegheiter og hindringar for korleis forsking og innovasjon kan bidra til reduksjon og auka materialattvinning av farleg avfall i Noreg.
Avfall og sirkulær økonomi
Dei seinaste åra har det vakse fram ei erkjenning av at dersom ein skal nå målet om at avfallsveksten skal vere lågare enn den økonomiske veksten, må ein gjere noko med måten ein produserer og forbruker varer på. Det er heilt sentralt i ein sirkulær økonomi at vi aukar utnyttinga av ressursane i avfallet ved at desse ressursane blir haldne i krinsløpet lengst mogleg og kjem til nytte som råvarer for nye produkt. Å leggje om på avfallspolitikken er ein heilt sentral premiss for ein meir sirkulær økonomi.
Stortingsmeldinga frå regjeringa om avfallspolitikk og sirkulær økonomi, Meld. St. 45 (2016–2017) Avfall som ressurs, ligg til grunn for den politikken regjeringa fører. Regjeringa la sommaren 2021 fram ein nasjonal strategi for sirkulær økonomi og ein plaststrategi. Hausten 2021 la regjeringa fram ein handlingsplan for å auke delen av klima- og miljøvennlege anskaffingar og grøn inovasjon i offentlege anskaffingar. Noreg er ein del av den indre marknaden og arbeider aktivt saman med og overfor EU i aktuelle prosessar. Døme på dette er utvikling av avfallspolitikken, produktpolitikken og produsentansvarsordningar. Eit felles europeisk miljøregelverk vil gje størst miljømessig gevinst.
Dei stadig veksande avfallsmengdene gjer at utfordringane knytte til avfallsbehandling på lang sikt vil auke om ein ikkje lykkast med å førebyggje avfall. Over tid har strengare krav til deponi og forbrenningsanlegg og bruk av meir miljøvennleg teknologi medverka til store reduksjonar i utslepp til luft og vatn frå sluttbehandling av avfall. Dei store grepa i avfallspolitikken er difor ikkje lenger knytte til utsleppa frå sluttbehandling av avfall, men til å redusere avfallsmengdene gjennom produktdesign for auka levetid og moglegheit for reparasjon, auka ombruk av produkt og auka materialattvinning. På den måten reduserer vi utsleppa frå uttak av ressursar og frå produksjonen og transporten av nye produkt.
Avfallspolitikken blir gjennomført i eit samspel mellom ei rekkje ulike verkemiddel: forureiningslova og forskrifter gjevne i medhald av lova, avgifter, refusjons- og panteordningar, bransjeavtalar og informasjonstiltak og kombinasjonar av desse. Verkemidla skal sikre ein samfunnsøkonomisk og miljøvis god balanse mellom det som blir attvunne som materiale, og det som blir energiutnytta eller deponert. Regjeringa legg opp til tiltak og verkemiddel som skal styrkje rolla avfallspolitikken har som drivkraft for ein sirkulær økonomi i heile verdikjeda. Nøkkelen er eit tett samspel mellom avfalls- og produktpolitikken.
EU vedtok våren 2018 nytt avfallsregelverk. Endringane medfører mellom anna langt meir ambisiøse mål om materialattvinning for avfall frå hushalda og liknande avfall frå næringslivet og av emballasjeavfall. For slikt avfall er det krav om 55 pst. materialattvinning innan 2025, 60 pst. innan 2030 og 65 pst. innan 2035. For emballasjeavfall er det ulike delkrav om materialattvinning for dei ulike materialslaga for 2025 og 2030. For all emballasje er det eit samla krav om 35 pst. materialattvinning i 2025 og 70 pst. i 2030. Det nye avfallsregelverket vil bli gjeldande også for Noreg. Miljødirektoratet har på oppdrag frå Klima- og miljødepartementet analysert tiltak for førebuing til ombruk og materialattvinning av hushaldningsavfall og liknande avfall frå næringslivet. Rapport frå Miljødirektoratet vart levert våren 2021. Analysen peiker også på verkemiddel som bør vurderast nærmare for å utløyse tiltak. Analysen fortel oss at det vil bli svært krevjande å nå måla, men at fleire tiltak kan gje innsparingar for kommunale og private verksemder. Klima- og miljødepartementet ser no på aktuelle verkemiddel for å nå dei nye måla. Miljødirektoratet skal også vurdere korleis produsentansvarsordningar kan styrkjast for å underbyggje ein meir sirkulær økonomi.
Klima- og miljødepartementet følgjer arbeidet i EU tett og arbeider for at regelverksutviklinga i størst mogleg grad er i tråd med norske posisjonar.
Dei neste åra er det fleire område innan avfallspolitikken og sirkulær økonomi som blir viktige. Klima- og miljødepartementet vil følgje opp relevante delar av nasjonal strategi for ein grøn, sirkulær økonomi. Klima- og miljødepartementet vil jobbe for å finne gode løysingar for mellom anna tekstilavfall, avfall frå bygg og anleggsnæringa og emballasje. Det blir stadig viktigare å sjå på korleis produkt blir designa og utforma, da dette speler ei avgjerande rolle for handteringa i avfallsfasen til produktet. Nye måtar å regulere produkt på, som til dømes forslag til ny batteriforordning og revidering av økodesigndirektivet, understrekar behovet for framover å sjå avfallspolitikken meir i samanheng med produkt- og kjemikaliepolitikken. Også den kommande revisjonen av regelverket for eksport og import av avfall blir viktig for overgangen til ein meir sirkulær økonomi. Det same gjeld bruk av offentlege innkjøp som verkemiddel for å nå klima- og miljømåla og som ledd i det, ein meir sirkulær økonomi.
Å førebyggje matsvinn held fram med å vere ei viktig prioritering for regjeringa. Bransjeavtalen om reduksjon av matsvinn er regjeringa sitt fremste verktøy for å halvere matsvinnet innan 2030, jf. FNs berekraftsmål på området. Det blir viktig å fortsetje det gode arbeidet under bransjeavtalen og styrkje matsvinnarbeidet meir generelt.
Nasjonal avfallsplan inkludert avfallsførebyggingsprogram vart oppdatert i 2019 og inneheld status og planar for avfallshandtering i perioden 2020–2025.
Særleg om plast og plastforureining
Marin plastforsøpling og tilførsel av mikroplast til havet er ei av dei mest alvorlege globale miljøutfordringane. Dette er ei omfattande og kompleks problemstilling som krev tiltak på mange område, både nasjonalt og internasjonalt. Det er såleis ei særskild prioritering for regjeringa å finne gode løysingar for alle fasar i heile livsløpet til plasten, for å utnytte ressursane betre og hindre at plast kjem på avvegar i naturen.
Regjeringa la i 2021 fram ein oppdatert plaststrategi. Det er første gongen heile plastpolitikken blir samla under eitt, og strategien tek ei heilskapleg tilnærming til plastforsøpling og plastforureining. Plaststrategien er oppdatert i tråd med EUs politikk for sirkulær økonomi og viser kor viktig det er å sjå på tiltak i heile livsløpet til plasten for både å utnytte ressursane betre og leggje til rette for at plast ikkje forureinar og hamnar i miljøet. Opprydding av marin forsøpling blir òg grundig omtalt. Strategien gjer greie både for tiltak som er iverksett, og nye tiltak som regjeringa vil gjennomføre. Plaststrategien er regjeringa sin handlingsplan mot marin forsøpling som etterspurd av Stortinget. Den er utarbeidd mellom anna med bakgrunn i Miljødirektoratets siste oppdaterte tiltaksvurderingar for både marin forsøpling og mikroplast. Strategien må sjåast i samanheng med strategien om sirkulær økonomi. Regjeringa vil i 2022 leggje vekt på å følgje opp og gjennomføre tiltaka i strategien. Nokre av tiltaka er kort beskrivne under.
Regjeringa arbeider mellom anna for å redusere bruken av eingongsartiklar i plast. Den 3. juli 2021 vart det innført forbod mot å bringe i omsetning og krav til merking av enkelte eingongsartiklar av plast.
Departementet har òg starta eit samarbeid med næringslivet for å redusere miljøkonsekvensar av eingongsartiklar av plast som ikkje skal bli forbodne, og der ein skal redusere forbruket. Departementet vil oppfordre partane i arbeidslivet til å vere med på å utvikle ei norsk «plastpakt», der reduksjon av forbruk av enkelte eingongsprodukt og haldningsskapande arbeid skal vere ein viktig del.
Regjeringa vil innføre produsentansvarsordningar for fleire plastprodukt, irekna for fiskeri- og akvakulturutstyr. Regjeringa vil gjennomføre EUs reviderte skipsavfallsdirektiv, irekna innføre eit generelt avfallsgebyr for fiskefartøy òg, i tillegg til å styrkje tilsyn med skip. Ordninga Fishing for Litter fortset inntil vidare.
Nedbryting av plastavfall i havet er ei stor kjelde til mikroplast. Difor er tiltak for å redusere marin forsøpling eit viktig bidrag til å redusere tilførselen av mikroplast til det marine miljøet. I tillegg medverkar fleire landbaserte og sjøbaserte kjelder til utslepp av mikroplast. I Noreg er mellom anna dekkslitasje, gummigranulat frå kunstgrasbanar, måling og tekstilar identifiserte som viktige kjelder til spreiing av mikroplast.
Klima- og miljødepartementet har fastsett forskrift om drift og utforming av kunstgrasbanar med verknad frå 1. juli 2021. Departementet vurderer òg tiltak for å redusere spreiing av mikroplast frå småbåthamner.
Det er viktig at produktreguleringar skjer på europeisk nivå, og Noreg følgjer opp EUs arbeid med ulike tiltak retta mot utslepp av mikroplast. Til dømes vil Noregs forslag om filter i vaskemaskinar bli vurdert i den kommande revisjonen av økodesignregelverket i EU.
EUs kjemikaliebyrå har utarbeidd eit restriksjonsforslag under kjemikalieregelverket REACH om ei rekkje ulike kjelder til tilsett mikroplast i produkt som til dømes kroppspleieprodukt og vaskemiddel. Noreg har aktivt medverka i EUs prosess på dette området og vil følgje arbeidet nøye. EU-kommisjonens vedtak er venta i 2021/2022, men med ulike ikrafttredingstidspunkt for ulike kategoriar.
Ei regulering av mikroplast på EU-nivå vil òg gjelde for Noreg gjennom EØS-avtalen.
Senter for oljevern og marint miljø blir frå 1. januar 2022 eit reindyrka senter mot marin forsøpling som eit statleg organ underlagt Klima- og miljødepartementet. Senteret skal få oppgåver som vil styrkje samordninga og tilrettelegginga for eit effektivt og godt oppryddingsarbeid i Noreg. Vidare utvikling og bruk av dei digitale verktøya Rydde og Reint Hav med kartfesta informasjon om opprydding vil vere sentralt. Senteret mot marin forsøpling skal òg ha oppgåver knytte til kunnskap i arbeidet mot marin forsøpling frå sjøbaserte kjelder.
Regjeringa vil fortsetje å leggje til rette for frivillige i arbeidet med opprydding gjennom mellom anna tilskot til oppryddingsaksjonar. Regjeringa vil evaluere tilskotsordninga mot marin forsøpling mellom anna i lys av utviklinga i oppryddingsarbeidet og behovet for føreseielege vilkår for aktørane. Regjeringa vil òg vurdere korleis frivillig rydding i sjø og på land best kan støttast opp om, og vurdere behov og moglege tiltak for å leggje til rette for transport, levering og mottak av avfall. Regjeringa vil i 2022 halde fram med å rydde og i og fjerne fleire forlatne blåskjelanlegg og utvide oppreinskinga av attgløymde og tapte fiskereiskapar i kyst- og fjordområde.
For å lykkast med å motverke forsøpling av verdshava krevst det eit sterkt internasjonalt samarbeid. Noreg er initiativtakar og globalt leiande i arbeidet i FNs miljøforsamling (UNEA) mot marin forsøpling og mikroplast og har som mål at verda skal bli samd om ein ny global rettsleg bindande avtale mot plastforsøpling og plastforureining. I 2017 fekk Noreg tilslutning til eit vedtak som mellom anna inneheld ein nullvisjon mot vidare tilførslar til havet. Dei nordiske miljøministrane var dei første til å ta tydeleg til orde for ein ny global avtale på møtet deira i Reykjavík i 2019. Mange land går no inn for ein ny global avtale mot plastforsøpling og plastforureining. Saman med andre land arbeider Noreg for at FNs miljøforsamling i 2022 skal vedta å setje i gang forhandlingar fram mot ein ny global avtale. Noreg ønskjer at avtalen skal forplikte alle landa til å motverke plastforsøpling og plastforureining, men at landa blir gjevne fleksibilitet i korleis dei best kan gjennomføre pliktene sine. Dei nordiske landa har òg ei satsing på plastforureining som vil bidra til å føre vidare ei nordisk leiarrolle i det globale arbeidet i 2022, noko som vil vere ei viktig prioritering under norsk formannskap.
Noreg bidreg til å styrkje arbeidet med plastavfall under Baselkonvensjonen om grensekryssande transport av avfall. På partsmøtet til Baselkonvensjonen i 2019 vart partane etter forslag frå Noreg samde om strengare kontroll med grensekryssande handel med plastavfall og eit partnarskap mellom styresmakter, næringsliv og miljøorganisasjonar for betre behandling av plastavfall. Reglane tredde i kraft i Noreg i januar 2021. Ei positiv følgje av det er òg at det blir lettare å byggje opp ein attvinningsindustri for plast i Europa og gjennom det styrkje den sirkulære økonomien. Noreg arbeider òg for høgare standardar for miljøforsvarleg handtering av plastavfall globalt under Baselkonvensjonen. Noreg vil føre vidare ei leiarrolle også i dette arbeidet i 2022.
I 2018 oppretta regjeringa eit bistandsprogram mot marin forsøpling og mikroplast med varigheit til 2024. Programmet gjev stønad til tiltak i utviklingsland med store utfordringar knytte til avfallshandtering, men òg til tiltak for å styrkje globale og regionale regelverk, bidra til meir berekraftig forbruk og produksjon, kunnskapsinnhenting og informasjonsarbeid. Tiltak for å redusere forsøpling frå fiskeri og skipsfart, til dømes tiltak for hamnemottak i utviklingsland, er òg omfatta gjennom stønad til Glo-Litter Partnerships. Glo-Litter vart oppretta i 2019 og blir drive av FNs sjøfartsorganisasjon (IMO) i samarbeid med FNs mat- og landbruksorganisasjon (FAO). Glo-Litter Partnerships er eit av Noregs tiltak for å bidra til gjennomføring av handlingsplanen mot plastforsøpling frå skip under IMO.
Samarbeid med andre utvalde land og regionar, både bilateralt og gjennom multilaterale og regionale forum, vil stå sentralt. I våre havområde gjeld dette særleg overfor EU, gjennom det nordiske og det norsk-russiske samarbeidet, det regionale havmiljøsamarbeidet under OSPAR og Arktisk råd. Under Arktisk råd er det nyleg vedteke ein handlingsplan mot marin forsøpling, og i OSPAR skal det no utarbeidast ein ny handlingsplan. Gjennom regjeringa sitt bistandsprogram mot marin forsøpling og mikroplast er det prioritert tiltak i store utsleppsland i Søraust-Asia og Afrika og for små øystatar hardt råka av problemet.
Næringssalt og organisk materiale som forureinar vassdrag og kystområde
For mykje næringssalt (fosfor og nitrogen) og organisk materiale er blant dei tre største påverknadene på vassdraga og kystområda våre. Næringssalt endrar tilstanden i vatn og påverkar algevekst og oksygenforhold for plante- og dyreliv. Dei største landbaserte kjeldene til utslepp av næringssalt er jordbruk og kommunalt avløp. I tillegg blir næringssalt frakta frå Europa til den norske kysten med havstraumar.
Til forureiningslova er det fastsett ei rekkje krav i forskrifter for å redusere utsleppet frå avløp og frå jordbruk. Desse omfattar mellom anna krav til utslepp av avløpsvatn i forureiningsforskrifta og krav til lagring og bruk av gjødsel i forskrifta om organisk gjødsel, som skal redusere avrenninga av næringsstoff til vatn frå jordbruket. Desse regelverka er viktige verkemiddel for å nå vassmiljømåla i vassforvaltningsplanane med tilhøyrande tiltaksprogram etter vassforskrifta. For å nå miljømåla i vassforskrifta må innsatsen styrkjast. Det er no om lag 290 innsjøar og over 850 elvar som ikkje når miljømålet for fosfor.
Vassmiljømåla i forskrift om rammer for vannforvaltningen (vassforskrifta) seier mellom anna at alt vatn i utgangspunktet skal ha god tilstand. I vassforvaltningsplanane er det sett konkrete miljømål for alle elvar og innsjøar, kystvatn og grunnvatn i Noreg. Det er òg laga tiltaksprogram der det mellom anna er foreslått tiltak for å redusere tilførsel av næringssalt og organisk materiale som forureinar vassdrag og kystområde. Desse tiltaka skal vurderast og følgjast opp av den ansvarlege sektorstyresmakta. Planane og tilhøyrande tiltaksprogram skal oppdaterast kvart sjette år fram til 2033. Dette arbeidet er no i gang i vassregionane, og planane blir godkjende av Klima- og miljødepartementet våren 2022.
Alle avløpsanlegga i den enkelte kommunen skal oppfylle reinsekrava i forureiningsforskrifta, slik at vi kan nå miljømåla innan 2027 og seinast innan 2033.
Når det gjeld jordbruk, skal statsforvaltaren og kommunane innføre nye eller strengare krav i område der eksisterande krav eller frivillige tiltak for å redusere avrenning av næringsstoff ikkje er nok til å nå miljømålet om god tilstand. Dette inneber at statsforvaltarane skal stille krav til bestemte rutinar for jordarbeiding eller tiltak for jord etter delegert heimel for dette etter jordlova, og kommunane skal stille strengare krav til lagring og bruk av gjødsel etter heimlar for dette i forskrift om organisk gjødsel. Næringsrike innsjøar i låglandet på Austlandet, Jæren og i Vestland i tillegg til ved Oslofjorden er høgt belasta område som bør få særleg merksemd, sidan det har vore negativ utvikling eller for svak positiv utvikling i fleire av desse områda dei siste åra. I tillegg er forskrifta om organisk gjødsel, irekna krava til lagring og bruk av gjødsel, under revisjon.
Radioaktiv forureining
Nivået på radioaktiv forureining generelt er lågt. Utslepp og avfall er nær knytte til aktiviteten i ulike sektorar. Radioaktive stoff er nytta til mellom anna behandling av pasientar på sjukehus og i forsking og utdanning. Det er òg radioaktive komponentar i enkelte forbrukarprodukt, til dømes røykvarslarar. Radioaktiv forureining og radioaktivt avfall kan oppstå som eit biprodukt i ulike typar prosessindustri og ved utvinning av mineral og graving i alunskiferhaldig grunn. Forureining og avfall følgjer òg av oppkonsentrasjon av naturlege radionuklidar som finst i berggrunnen, som ved utvinning av olje og gass og ved framstilling av radioaktive stoff.
Radioaktiv forureining av norske land- og havområde skjer vidare frå internasjonale kjelder, som historiske atomsprengingar i atmosfæren og Tsjernobyl-ulykka. Ulykker knytte til anlegg i nærområda våre, i særleg grad dei gamle atomkraftverka i Russland, vil kunne ha store konsekvensar for Noreg.
Ein nasjonal strategi for handtering av radioaktivt avfall blir no utarbeidd. Strategien vil gje føringar som avfallsaktørar må ta omsyn til når dei utarbeider planar og strategiar for handtering av det avfallet dei har ansvar for.
I 2022 vil det bli arbeidd vidare med å planleggje dekommisjonering av atomanlegga i Halden og på Kjeller i samband med andre styresmakter. Det er viktig at det i dette arbeidet blir lagt til rette for lagrings- og deponikapasitet for radioaktivt avfall, inkludert brukt atombrensel.
Langtransportert luftforureining
Det internasjonale arbeidet med å redusere langtransportert luftforureining er framleis viktig for å redusere tilførslar av sur nedbør og andre forureiningar til Noreg. Arbeidet skjer innanfor ramma av UNECEs konvensjon om langtransportert grenseoverskridende luftforurensning, som vart vedteken i 1979. Landa som deltek i samarbeidet under denne konvensjonen, har i Göteborgprotokollen av 1999 teke på seg talfesta forpliktingar om å redusere dei årlege utsleppa sine av svovel (SO2), nitrogenoksid (NOx), flyktige organiske sambindingar utanom metan (nmVOC), ammoniakk (NH3) og små helseskadelege partiklar (PM2,5). Ved endring av protokollen i 2012 tok partane på seg nye forpliktingar om å redusere utsleppa. Endringa inneber at det er teke eit nytt viktig steg i det internasjonale samarbeidet om å redusere langtransportert luftforureining som skader menneskehelse, økosystem, avlingar og materiale.
Dei nye pliktene er uttrykte som ein prosentvis reduksjon av dei årlege utsleppa samanlikna med utsleppa i 2005, gjeldande for 2020 og åra deretter. Noreg har teke på seg å gjennomføre følgjande utsleppsreduksjonar frå 2005: SO2: 10 pst., NOx: 23 pst., nmVOC: 40 pst., ammoniakk: 8 pst. og PM2,5: 30 pst.
Noreg nyttar ei rekkje juridiske og økonomiske verkemiddel for å redusere utsleppa av desse stoffa i tråd med forpliktingane i Göteborgprotokollen. Statistisk sentralbyrå publiserte 8. juni 2021 førebels utsleppstal for 2020.
Noreg har redusert eller ligg godt an til å redusere dei samla årlege utsleppa av svoveldioksid, nitrogenoksid, flyktige organiske sambindingar og små helseskadelege partiklar (PM2,5) i tråd med dei nye internasjonale forpliktingane i Göteborgprotokollen.
For utslepp av ammoniakk må verkemiddelbruken forsterkast for at Noreg skal overhalde forpliktinga i protokollen. Landbruks- og miljøstyresmaktene samarbeider no om å vurdere tiltak og verkemiddel for ytterlegare reduksjon av ammoniakkutsleppa.
For partiklar (PM2,5) var utsleppa i 2019 reduserte med 35 pst. frå 2005. Noreg overheld med det den nye plikta for utslepp av partiklar. For dei nærmaste åra er det likevel risiko for at utsleppa enkelte år kan overskride denne forpliktinga dersom ein kald vinter gjev unormalt høgt forbruk av ved.
Arbeidet med å redusere langtransportert luftforureining er basert på omfattande kunnskap gjennom overvaking, forsking og analysar av utslepp, tilførslar og effektar av luftforureiningar og gjennom modellscenario som viser moglege strategiar for å redusere utslepp i tråd med felles miljømål på tvers av landa i Europa. Norske fagmiljø som Meteorologisk institutt, Norsk institutt for luftforsking og Norsk institutt for vassforsking medverkar i vesentleg grad til kunnskapsutviklinga gjennom funksjonane sine som internasjonale fagsenter under konvensjon om langtransportert grenseoverskridende luftforurensning.
Det er viktig å medverke til at fleire av landa i Sør- og Aust-Europa, Kaukasus og Sentral-Asia sluttar seg til Göteborgprotokollen. Noreg har medverka til finansiering av kapasitetsbygging for å setje desse landa i stand til å ratifisere og implementere protokollen. Arbeidet skjer i regi av FNs økonomiske kommisjon for Europa (UNECE).
Globalt er luftforureining sett på som ein av dei største miljørelaterte truslane mot helsa vår. Helseeffektane av luftforureining medfører store samfunnsøkonomiske kostnader i form av mellom anna for tidleg død, behandlingskostnader og sjukefråvær. Noreg tek del i fleire internasjonale samarbeidsforum som har som oppgåve å betre kunnskapen om effektane luftforureiningar har på menneskehelsa og å overføre erfaringar frå arbeidet under UNECEs luftkonvensjon til andre regionar og hjelpe til med å greie ut og gjennomføre tiltaksstrategiar for å redusere luftforureiningane.
Noreg har ein pådrivarrolle i FNs sjøfartsorganisasjon (IMO) sitt arbeid med å utvikle eit meir effektivt regelverk for å redusere utsleppa til luft frå skipsfarten.
Lokal luftforureining
Klima- og miljødepartementet har det overordna ansvaret for å nå måla om lokal luftkvalitet og ei koordinerande rolle mot andre departement og etatar for å få gjennomført tiltak som kan redusere luftforureining. Noreg deltek òg aktivt i relevante prosessar på EU-nivå om endringar og innstrammingar i EUs regelverk for lokal luftkvalitet.
Kommunane er lokal forureiningsstyresmakt etter forureiningsforskrifta kapittel 7, som er det sentrale verkemiddelet for lokal luftkvalitet. Forureiningsforskrifta kapittel 7 følgjer opp krava i EUs luftkvalitetsdirektiv, som er bindande for Noreg gjennom EØS-avtalen.
Samanlikna med ein del andre land i Europa har Noreg få som døyr for tidleg av luftforureining, men også i norske byar og tettstader fører luftforureining til meir sjukdom og høgare dødelegheit. 1 400 menneske er berekna å ha døydd for tidleg i Noreg i 2018 på grunn av eksponering for fint svevestøv (PM2,5). Luftforureining, som nitrogendioksid og svevestøv, kan føre til eller forverre både luftvegssjukdommar og hjarte- og karlidingar. Barn, eldre og personar med luftvegssjukdommar og hjarte- og karlidingar er spesielt utsette for luftforureining.
Noreg har hatt strengare grenseverdiar for svevestøv enn EU frå og med 2016. Miljødirektoratet, Statens vegvesen, Vegdirektoratet og Folkehelseinstituttet (med bidrag frå Meteorologisk institutt) kom i 2020 med ei tilråding om å skjerpe grenseverdiane for svevestøv i forureiningsforskrifta ytterlegare. Regjeringa har sendt forslaget på høyring. I høyringa blir grenseverdien for årsmiddel PM10 foreslått endra frå 25 til 20 mikrogram per kubikkmeter og for årsmiddel PM2,5 frå 15 til 10 mikrogram per kubikkmeter. I tillegg blir det foreslått å skjerpe talet på tillatne overskridingar av døgnmiddelgrensa for PM10 frå maksimalt 30 til maksimalt 25 overskridingar av 50 mikrogram per kubikkmeter. Regjeringa foreslår nye, strammare grenseverdiar for svevestøv frå 1. januar 2022.
Både nasjonale og lokale styresmakter har over fleire år jobba aktivt for å betre luftkvaliteten i byar og tettstader, og nivåa av luftforureining har gått nedover. Det skjer framleis brot på grenseverdiane enkelte år. Brota er gjerne knytte til for høge nivå av svevestøv, der vegtrafikk og vedfyring er dei viktigaste lokale kjeldene. Nokre stader kan utslepp frå lokal industri gje brot. Nivåa av luftforureining blir bestemte av meteorologiske forhold, variasjon i lokale utslepp, langtransportert luftforureining og av kva slags tiltak som blir sette i verk for å forbetre luftkvaliteten frå år til år. Fleire av desse faktorane kan variere frå år til år.
Miljødirektoratet har på oppdrag frå Klima- og miljødepartementet utarbeidd forslag til endringar i forureiningsforskrifta kapittel 7 om lokal luftkvalitet. Formålet med endringane er å auke gjennomføringsevna til aktørane og å betre etterlevinga av regelverket. Det viktigaste grepet er å forenkle og omstrukturere forskrifta for å gjere ho meir brukarvennleg. I tillegg er det mellom anna foreslått å gje statsforvaltaren ei rolle innan lokal luftkvalitet, å utvide moglegheita kommunane har til å sikre at nødvendige tiltak blir gjennomførte, og å gje Miljødirektoratet fleire styringsverktøy for å sikre at regelverket blir følgt opp. Forslaget til forskriftsendringar vart sendt på høyring i juli 2021 med høyringsfrist 1. oktober 2021.
Luftsamarbeidet, som består av Miljødirektoratet, Statens vegvesen, Meteorologisk institutt, Folkehelseinstituttet og Helsedirektoratet, har dei siste åra utarbeidd ei rekkje tenester som gjer informasjon om luftkvalitet meir tilgjengeleg for befolkninga, og som har som mål å lette arbeidet for kommunane i arbeidet deira med lokal luftforureining. Luftvarslingstenesta Luftkvalitet i Noreg, (https://luftkvalitet.miljodirektoratet.no), gjev folk i heile Noreg tilgang til informasjon om luftkvaliteten der dei er, i sanntid og tre dagar fram i tid. Tenesta inneheld helseråd, og kommunane kan formidle lokal informasjon om luftkvaliteten gjennom nettsida. Tenesta er unik i europeisk skala. Ei fagbrukarteneste (https://www.miljodirektoratet.no) med historisk informasjon, som til dømes måledata og berekna forureiningskart, vart lansert i 2020. Det vart òg ein tiltakskalkulator (https://www.miljodirektoratet.no/tjenester/tiltakskalkulator-for-luftkvalitet/) der ein kan teste effekten av ulike tiltak på luftkvaliteten i alle norske kommunar. Desse tenestene skal gje støtte til det arbeidet kommunane gjer med å setje inn treffsikre langsiktige tiltak for å betre luftkvaliteten. Ei teneste der ein kan hente ut utsleppstal for lokal luftforureining i høg tid- og romoppløysing, vart lansert som testversjon i 2021 (https://www.miljodirektoratet.no/tjenester/luftforurensning-utslippssystem-og-database/). Denne tenesta leverer data til modellen som blir brukt i dei andre tenestene til Luftsamarbeidet, og vil òg vere nyttig for forskarar og konsulentar.
Støy
Regjeringa vil arbeide for å redusere støyplager gjennom å følgje opp krav i nasjonalt regelverk og i EU-regelverk. Miljøstyresmaktene følgjer opp status og utvikling i støyutsleppa og støyplaga generelt. Klima- og miljødepartementet har det overordna ansvaret for støy og ei koordinerande rolle overfor andre departement og etatar for å få gjennomført tiltak som kan redusere støyplager. Dei ulike sektordepartementa har hovudansvaret for å sikre at støyplaga blir redusert innanfor sin samfunnssektor, og å medverke til å nå det nasjonale målet for støy.
Dei fastsette nasjonale måla for reduksjon av støyplaga blir ikkje nådde i dag. Klima- og miljødepartementet, Samferdselsdepartementet og Helse- og omsorgsdepartementet har gjeve etatane sine i oppdrag å greie ut ein ny måleindikator for støy som legg vekt på søvnforstyrring, og å tilrå i prioritert rekkjefølgje dei mest kostnadseffektive tiltaka for å redusere støy. Utgreiinga er under oppfølging i departementa.
Forureiningsforskrifta kapittel 5 stiller krav om at anleggseigarar gjennomfører støyreduserande tiltak ved eller på bustader der innandørs støy overstig 42 dB. EUs rammedirektiv for støy er òg teke inn i forureiningsforskrifta, og i tråd med dette skal anleggseigarar og dei største bykommunane kartleggje støy og utarbeide handlingsplanar for å redusere støy.
Ein fornuftig arealbruk etter plan- og bygningslova er eit viktig, og kostnadseffektivt, verkemiddel for å førebyggje støyproblem og ta i vare stilla som grunnlag for friluftsliv og rekreasjon. Det er gjeve felles retningslinjer (T-1442/2021) for behandling av støy i plansaker, med vekt på dei største støykjeldene. Retningslinjene blei reviderte i 2021 for å gjere dei enklare å forstå og bruke.
Politikk for å nå dei nasjonale klimamåla
Regjeringa fører ein ambisiøs klima- og miljøpolitikk som byggjer på forvaltaransvaret og føre-var-prinsippet. Regjeringa legg vekt på å styrkje Noregs konkurransekraft og skape grøn vekst og nye grøne arbeidsplassar. Det er nødvendig med ei omstilling til eit moderne, berekraftig lågutsleppssamfunn. Noreg har høg kompetanse, teknologi og tilgang på kapital som gjer det mogleg å medverke sterkt til denne omstillinga. Klimakonvensjonen og Parisavtalen legg grunnlaget for norsk klimapolitikk. Informasjon om internasjonalt klimaarbeid, inkludert Parisavtalen, finn ein i Programkategori 12.70 (Internasjonalt klimaarbeid).
Vi vil oppfylle målet vårt om 30 pst. utsleppsreduksjon i 2020 samanlikna med 1990 gjennom forpliktinga vår under Kyotoprotokollen om å redusere utsleppa med i gjennomsnitt 16 pst. i 2013–2020.
Noregs klimamål under Parisavtalen er å redusere utsleppa av klimagassar med minst 50 pst. og opp mot 55 pst. i 2030 samanlikna med nivået i 1990. Regjeringa ønskjer å oppfylle det forsterka målet saman med EU. Gjennom klimaavtalen med EU har Noreg allereie forplikta seg til å samarbeide med EU om å redusere utsleppa med minst 40 pst. innan 2030 samanlikna med 1990-nivået. Regjeringa la i 2021 fram ei melding til Stortinget om ein klimaplan for 2021–2030 om korleis regjeringa planlegg oppfylle Noregs forplikting under Parisavtalen om utsleppskutt på minst 50 pst. og opp mot 55 pst. i samarbeid med EU. Ein sentral del av planen er konkrete verkemiddel for korleis innanlandske ikkje-kvotepliktige utslepp kan reduserast med 45 pst.
Regjeringa vil følgje opp målet om at Noreg skal vere klimanøytralt frå og med 2030 , og medverke til at Noreg blir eit lågutsleppssamfunn i 2050. I august sette regjeringa ned eit offentleg utval som skal vise korleis Noreg kan bli eit lågutsleppssamfunn i 2050. Utvalet skal gjere ei heilskapleg utgreiing om vegvala Noreg står overfor for å nå klimamålet for 2050. Utvalet skal sjå på korleis utsleppsreduksjonar og omstillinga kan skje på ein mest mogleg kostnadseffektiv måte med effektiv ressursbruk og eit konkurransedyktig næringsliv. Omstillinga må òg medverke til ei utvikling som sikrar naturmangfaldet og ei berekraftig velferdssamfunn. Utvalet skal levere sin rapport innan 1. november 2023. Sjå nærmare omtale av oppfølging av klimamåla for 2030 og 2050 og klimatilpassing i del IV.
Regjeringa vel verkemiddel ut frå kriteriet om at forureinaren skal betale, og at ein skal nå klimamåla til lågast mogleg kostnad og med størst mogleg tryggleik, og vil halde fram arbeidet med grønt skatteskifte. Dei viktigaste verkemidla i norsk klimapolitikk er CO2-avgifta og EUs kvotesystem, som set ein pris på utslepp av klimagassar. Om lag 80 pst. av dei samla norske utsleppa er omfatta av desse verkemidla. Regjeringa vil innføre flat CO2-avgift for alle sektorar og trappe denne opp med 5 pst. årleg fram til 2025. Miljødirektoratet har ansvaret for kvotesystemet og den norske kvoterekneskapen under Kyotoprotokollen. Nærmare detaljar om CO2-avgifta står i Prop. 1 LS (2020–2021) Skatter, avgifter og toll 2021 frå Finansdepartementet.
I tillegg er andre verkemiddel viktige for å auke CO2-opptaket og redusere klimagassutsleppa, mellom anna direkte regulering, standardar, avtalar og tilskot til utsleppsreduserande tiltak. Klimagassutsleppa er mellom anna regulerte i forureiningslova, plan- og bygningslova og produktkontrollova med tilhøyrande forskrifter. Dei statlege planretningslinjene for samordna bustad-, areal- og transportplanlegging har mellom anna som mål at utbyggingsmønster og transportsystem skal fremje kompakte byar og tettstader og leggje til rette for klima- og miljøvennleg transport.
Regjeringa vil støtte utvikling og spreiing av nullutsleppsløysingar og medverke til å skape marknader for nullutsleppsteknologi. Enova er eit viktig verkemiddel, og regjeringa har spissa Enova som klimaverkemiddel i ny fireårig styringsavtale. Enovas formål er å medverke til å nå Noregs klimaforpliktingar og til omstillinga til lågutsleppssamfunnet. Regjeringa set, med den nye avtalen, Enova i stand til å halde fram med å støtte omstilling til lågutsleppsteknologi i alle sektorar. Miljødirektoratet forvaltar ei tilskotsordning, Klimasats, til kommunar, fylkeskommunar og Longyearbyen lokalstyre for å redusere utslepp av klimagassar og medverke til omstilling til lågutsleppssamfunnet. I statsbudsjettet for 2022 foreslår regjeringa å føre vidare Klimasats-ordninga. Noregs forskingsråd har ei rekkje verkemiddel som medverkar til omstillinga til eit lågutsleppssamfunn. Ein stor del av innsatsen er innretta for å utvikle ny lågutsleppsteknologi, og Noregs forskingsråd, Innovasjon Noreg og Siva har både breie og tematiske ordningar som medverkar til å støtte opp om utviklinga av klimateknologi.
Det er sett ambisiøse måltal for å redusere klimagassutsleppa frå transportsektoren. For at Noreg skal nå desse måla, må bruken av null- og lågutsleppsløysingar i næringstransporten auke kraftig. Dette føreset tilgang på teknologisk modne løysingar i tilstrekkeleg omfang som kan takast i bruk i ulike delar av transportsektoren. Noreg er avhengig av både den globale utviklinga av kostnadseffektive null- og lågutsleppsteknologiar og eit raskt, storskala skifte til bruk av null- og lågutsleppstransport i Noreg. Norsk næringsliv har difor ei viktig rolle i å spørje etter og ta i bruk låg- og nullutsleppsteknologiar i transportsektoren etter kvart som dei blir tilgjengelege.
Regjeringa la i 2019 fram ein handlingsplan for grøn skipsfart. Handlingsplanen skal medverke til å realisere den ambisjonen regjeringa har om å halvere utsleppa frå innanriks sjøfart og fiske innan 2030 og å stimulere til null- og lågutsleppsløysingar i alle fartøykategoriar.
I statsbudsjettet for 2022 foreslår regjeringa å løyve 40 mill. kroner til forsking og utvikling på nullutsluppsløysingar for større skip som opererer over lengre strekningar. Regjeringa foreslår òg å føre vidare ordninga med øyremerkte midlar til innfasing av hurtigbåtar med null- og lågutsleppsløysingar i fylkeskommunale samband med ei ramme for nye tilsegner på 40 mill. kroner i 2022.
Biodrivstoff er viktig for å erstatte fossilt drivstoff og redusere utsleppa frå eksisterande køyretøy og fartøy. Frå 1. januar 2021 auka omsetningskravet for biodrivstoff til vegtrafikk til 24,5 pst. Delkravet til avansert biodrivstoff vart auka til 9 pst. Avansert biodrivstoff er framstilt av avfall og restar og aukar i utgangspunktet ikkje presset på tropisk avskoging. Eit eige omsetningskrav for 0,5 pst. avansert biodrivstoff til luftfart tok til å gjelde frå 1. januar 2020.
Regjeringa signerte i 2019 ein intensjonsavtale med organisasjonane i jordbruket om reduksjonar i klimagassutslepp og auka opptak av karbon i perioden 2021–2030. Det er etablert ei gruppe som skal skaffe eit faggrunnlag. Dette faggrunnlaget skal informere partane (Norges Bondelag, Norsk Bonde- og Småbrukarlag og staten) om progresjonen og utviklinga i arbeidet med utsleppsreduksjonar og opptaket av karbon i jordbruket. Gruppa består av representantar for avtalepartane og blir leidd av LMD. Sekretariatet blir leidd av Miljødirektoratet og består i tillegg av representantar frå Landbruksdirektoratet, SSB, NMBU og NIBIO.
Klimatilpassing
Klima- og miljødepartementet har ansvar for å leggje til rette for det heilskaplege arbeidet med klimatilpassing i regjeringa. Miljødirektoratet har sidan 2014 vore den fagetaten som støttar Klima- og miljødepartementet i dette arbeidet og koordinerer det heilskaplege klimatilpassingsarbeidet. Midlane til klimatilpassing på Klima- og miljødepartementets budsjett blir foreslått vidareførte frå 2020 til 2021 under Miljødirektoratet. Det er sett av 6,4 mill. kroner til ei tilskotsordning for kommunar. Sjå nærmare omtale av arbeidet med klimatilpassing under del IV.
Klimaavtalen med EU
Noreg har inngått ein klimaavtale med EU. Gjennom klimaavtalen med EU har Noreg forplikta seg til å samarbeide med EU om å redusere utsleppa med minst 40 pst. innan 2030 samanlikna med utsleppsnivået i 1990. Ein slik avtale mellom Noreg og EU inneber at Noreg vil medverke til gjennomføring av utsleppsreduksjonar på 43 pst. samanlikna med 2005 innanfor EUs kvotesystem (kvotepliktig sektor). Noreg vil òg medverke til utsleppsreduksjonar i ikkje-kvotepliktig sektor, der dei samla utsleppa i EU skal kuttast med 30 pst. frå 2005 til 2030. Innsatsen som er nødvendig for å få til dette, skal fordelast mellom landa gjennom bindande utsleppsmål. Noreg har gjennom avtalen fått eit bindande mål om å redusere dei ikkje-kvotepliktig utsleppa med 40 pst. samanlikna med 2005-nivået. Gjennom EUs regelverk for skog- og arealbruk (LULUCF-forordninga) har landa ei forplikting om at utslepp ikkje skal overskride opptaket i sektoren. Forordninga inneheld reglar for korleis opptak og utslepp frå skog- og arealbrukssektoren skal reknast inn mot utsleppsforpliktinga for sektoren.
I desember 2020 melde EU inn eit forsterka klimamål under Parisavtalen. Målet er å redusere nettoutslepp med minst 55 pst. innan 2030 samanlikna med referanseåret 1990. Europakommisjonen la i juli 2021 fram ein omfattande pakke med forslag til lovverk som skal sikre at EU oppfyller det forsterka klimamålet sitt for 2030. Det må bli einigheit mellom Europakommisjonen, Europaparlamentet og Rådet før regelverket kan bli vedteke og sett i verk. Regjeringa er i gang med å vurdere Kommisjonen sine forslag til regelverk og vil medverke til regelverksutviklinga i EU. Sjå nærmare omtale av klimaavtalen med EU i del IV Klimalovrapporteringa.
Nærmare om budsjettforslaget
Foreslått løyving knytt til programkategorien er på om lag 10,3 mrd. kroner i 2022. Tabellen under syner at dette er ein auke på 5,2 pst. samanlikna med saldert budsjett for 2021.
Budsjettmidlar til arbeidet med å betre kunnskapsgrunnlaget (overvaking, kartlegging og forsking) er omtalte under programkategori 12.10 Fellesoppgåver, forsking, internasjonalt arbeid m.m.
Utgifter under programkategori 12.20 fordelte på kapittel
(i 1 000 kr) | |||||
---|---|---|---|---|---|
Kap. | Nemning | Rekneskap 2020 | Saldert budsjett 2021 | Forslag 2022 | Endring i pst. |
1420 | Miljødirektoratet | 5 123 816 | 6 365 688 | 6 771 724 | 6,4 |
1422 | Miljøvennleg skipsfart | 58 633 | 40 092 | 41 293 | 3,0 |
1423 | Radioaktiv forureining i det ytre miljø | 28 229 | 28 799 | 36 907 | 28,2 |
1424 | Senter mot marin forsøpling | 24 643 | 100,0 | ||
1425 | Fisketiltak | 15 106 | 16 060 | 17 043 | 6,1 |
1428 | Enova SF | 5 208 134 | 3 315 744 | 3 384 013 | 2,1 |
Sum kategori 12.20 | 10 433 918 | 9 766 383 | 10 275 623 | 5,2 |
Kap. 1420 Miljødirektoratet
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2020 | Saldert budsjett 2021 | Forslag 2022 |
01 | Driftsutgifter | 725 243 | 720 734 | 725 138 |
21 | Spesielle driftsutgifter | 306 299 | 326 044 | 317 333 |
22 | Statlege vassmiljøtiltak | 259 870 | 240 627 | 274 449 |
23 | Oppdrags- og gebyrrelatert verksemd, kan overførast | 139 452 | 147 386 | 149 508 |
30 | Statlege tileigningar, bevaring av viktige friluftslivsområde, kan overførast | 23 753 | 30 167 | 30 891 |
31 | Tiltak i verneområde, kan overførast | 87 827 | 90 419 | 93 419 |
32 | Statlege tileigningar, fylkesvise verneplanar, kan overførast | 712 | 540 | 1 025 |
33 | Statlege tileigningar, nytt landbasert vern, kan overførast | 519 | 950 | 6 700 |
34 | Statlege tileigningar, nasjonalparkar, kan overførast | 16 099 | 2 053 | 2 256 |
35 | Statlege tileigningar, skogvern, kan overførast | 455 687 | 435 101 | 435 727 |
36 | Statlege tileigningar, marint vern, kan overførast | 2 194 | 6 200 | 1 231 |
37 | Skogplanting, vidareføring av pilotprosjekt for stadeigne treslag, kan overførast | 1 075 | 5 000 | 5 120 |
38 | Restaurering av myr og anna våtmark, kan overførast | 15 302 | 17 090 | 21 090 |
39 | Oppryddingstiltak, kan overførast, kan nyttast under postane 69 og 79 | 11 595 | 12 483 | 12 483 |
60 | Tilskot for å vareta naturmangfald i kommuneplanlegging | 1 000 | 3 026 | |
61 | Tilskot til klimatiltak og klimatilpassing, kan overførast | 116 782 | 224 244 | 222 838 |
62 | Tilskot til grøn skipsfart, kan overførast | 13 820 | 87 157 | |
63 | Returordning for kasserte fritidsbåtar | 1 000 | 700 | |
64 | Skrantesjukeprøver frå fallvilt | 843 | 1 200 | 1 200 |
65 | Tiltak i kommunar med ulverevir i Hedmark, Akershus og Østfold | 20 560 | 20 560 | 20 560 |
66 | Tilskot til kommunar for å betre tilgangen til strandsona langs Oslofjorden | 3 000 | ||
69 | Oppryddingstiltak, kan overførast, kan nyttast under postane 39 og 79 | 63 931 | 92 962 | 125 962 |
70 | Tilskot til vassmiljøtiltak, kan overførast | 40 390 | 42 792 | 47 905 |
71 | Marin forsøpling, kan overførast | 60 031 | 70 290 | 50 290 |
72 | Erstatning for beitedyr tekne av rovvilt, overslagsløyving | 131 834 | 145 885 | 144 548 |
73 | Tilskot til rovvilttiltak, kan overførast | 74 823 | 80 426 | 79 575 |
74 | CO2-kompensasjonsordning for industrien | 1 434 653 | 2 567 000 | 2 800 000 |
75 | Utbetaling for vrakpant og tilskot til kjøretøy og fritidsbåtar, overslagsløyving | 513 230 | 534 000 | 528 000 |
76 | Refusjonsordningar, overslagsløyving | 175 570 | 141 000 | 175 500 |
77 | Ymse organisasjonar og stiftelsar m.m. | 19 716 | 16 416 | 16 843 |
78 | Friluftsformål, kan overførast | 208 661 | 177 776 | 181 798 |
79 | Oppryddingstiltak, kan overførast, kan nyttast under postane 39 og 69 | 885 | 450 | 450 |
81 | Naturarv og kulturlandskap, kan overførast | 66 771 | 67 933 | 69 527 |
82 | Tilskot til trua artar og naturtypar, kan overførast | 45 507 | 42 806 | 43 919 |
83 | Tilskot til tiltak mot framande artar, kan overførast | 17 185 | 4 000 | 4 104 |
84 | Internasjonalt samarbeid | 5 460 | 5 508 | 5 651 |
85 | Naturinformasjonssenter, kan overførast | 81 357 | 79 826 | 82 801 |
Sum kap. 1420 | 5 123 816 | 6 365 688 | 6 771 724 |
Midlane under budsjettkapittelet er retta mot alle resultatområde med unntak for resultatområda Kulturminne og kulturmiljø og for Polarområda.
Miljødirektoratets rolle og oppgåver
Miljødirektoratet er Klima- og miljødepartementets sentrale rådgjevande og utøvande fagorgan innan klima, naturforvaltning, forureining og friluftsliv. Hovudoppgåvene er å redusere klimagassutslepp, ta vare på naturmangfaldet og sikre den naturlege produksjonsevna, hindre forureining og leggje til rette for friluftsliv. Dette inneber mellom anna å leggje til rette for å ta vare på naturen, berekraftig bruk og verdiskaping.
Omsynet til miljø og berekraftig utvikling og dei nasjonale miljømåla gjev hovudramma for arbeidet i Miljødirektoratet. Funksjonane til etaten er å skaffe og formidle miljøinformasjon, utøve forvaltningsmynde, styre og rettleie regionalt og kommunalt nivå, gje faglege råd og delta i internasjonalt miljøarbeid. Direktoratet har eit sektorovergripande ansvar i alle funksjonane.
Arbeidet som Miljødirektoratet utfører, er ein føresetnad for å få gjennomført nasjonal klima- og miljøpolitikk og å få sett i verk konkrete tiltak nasjonalt, regionalt og lokalt.
På klimaområdet arbeider Miljødirektoratet mellom anna med tiltaksanalysar for reduksjon i klimagassutslepp, utvikling og rapportering av klimagassrekneskapen til FN, utvikling og rapportering av klimagassrekneskapen for kommunar, utsleppsreduksjon og omstilling til lågutsleppssamfunnet i kommunar og fylkeskommunar, overvaking av klimaendringar og verknader av klimaendringar på naturmangfaldet. Direktoratet deltek i dei internasjonale forhandlingane under klimakonvensjonen, særleg med spørsmål knytte til utsleppsrapportering, kvoteregisteret, forsking og overvaking. Vidare er direktoratet Noregs nasjonale kontaktpunkt for FNs klimapanel og koordinerer alle prosessar knytte til arbeidet klimapanelet gjer.
Klima- og miljødepartementet har ansvaret for å leggje til rette for det heilskaplege arbeidet til regjeringa med klimatilpassing, og Miljødirektoratet er fagetaten til departementet på dette området. Direktoratet hjelper departementet i oppfølginga av stortingsmeldinga om klimatilpassing, medverkar til at arbeidet til regjeringa på området blir følgt opp av forvaltninga og i samfunnet, og støttar departementet i det internasjonale arbeidet med klimatilpassing under dette i klimaforhandlingane.
På naturforvaltningsområdet arbeider Miljødirektoratet mellom anna med å sikre ei kunnskapsbasert forvaltning der økosystema har god tilstand og leverer økosystemtenester, etablering og forvaltning av verneområde og forvaltning av trua artar og naturtypar, under dette etablering og forvaltning av prioriterte artar og utvalde naturtypar. Andre viktige oppgåver er forvaltning av rovvilt, vassforvaltning, heilskapleg havforvaltning, marin naturforvaltning og forvaltning av villaks, innlandsfisk og villrein. Miljødirektoratet er òg fagetat for viltartar, både haustbart og ikkje-haustbart vilt. Haustbart vilt blir styrt frå Landbruks- og matdepartementet etter at dette ansvaret vart flytta dit i 2018. På same måten som på klimaområdet deltek etaten i dei internasjonale forhandlingane under Konvensjon om biologisk mangfold. Direktoratet er Noregs nasjonale kontaktpunkt for Det internasjonale naturpanelet (IPBES) og koordinerer alle prosessar knytte til Naturpanelets arbeid. Ei teknisk støtteeining for kapasitetsbygging er etablert i Miljødirektoratet.
Etaten medverkar vidare til at det blir teke omsyn til langsiktig disponering av naturressursane i arealplanlegging etter plan- og bygningslova.
Statens naturoppsyn er ein del av Miljødirektoratet og har med heimel i lov om statleg naturoppsyn ansvar for å føre tilsyn med naturtilstanden, ha oppsyn med at reglane i miljølovgjevinga blir følgde, og avdekkje og førebyggje miljøkriminalitet. Statens naturoppsyn er òg kompetansemiljø for gjennomføring av skjøtsels- og tilretteleggingstiltak i verneområda.
Tilrettelegging for friluftsliv, motivering av befolkninga til å drive med friluftsliv og sikring og forvaltning av friluftslivsområde er òg viktige oppgåver for Miljødirektoratet.
Miljødirektoratet samordnar det sektorovergripande arbeidet på forureiningsområdet og samarbeider med sektorane om faktagrunnlag, analysar og vidareutvikling av tiltak og verkemiddel. Viktige oppgåver på forureiningsområdet er arbeidet med å redusere marin forsøpling og mikroplast, redusere og førebyggje bruk av helse- og miljøfarlege kjemikaliar, reinske opp i forureina sjøbotn og forureina grunn, hindre forureining i vassdrag og langs kysten, førebyggje og hindre oljeforureining, redusere luftforureiningar og auke ressursutnyttinga og redusere miljøproblem frå avfall. Direktoratet er aktivt involvert i internasjonalt samarbeid på desse områda. Etaten har vidare ansvar for å gjennomføre risikobaserte tilsyn.
Miljødirektoratet har rolla som nasjonalt samordningsorgan for miljødata og ansvar for å samle miljødata på tvers av sektorar til Miljøstatus.no. Miljødirektoratet har brei oversikt over naturtilstand og forureining i Noreg og formidlar dette til resten av miljøforvaltninga, andre sektorar og allmenta mellom anna gjennom Miljøstatus.no.
Etaten har òg fagleg instruksjonsmynde overfor miljøvernavdelingane hos statsforvaltarane.
Post 01 Driftsutgifter
Midlane under posten er retta mot resultatområda Naturmangfald, Friluftsliv, Forureining og Klima.
Posten dekkjer lønns- og driftsutgifter til verksemda ved Miljødirektoratets to hovudkontor i Trondheim og Oslo og dei lokale kontora til Statens naturoppsyn rundt omkring i landet. Meir spesifikt dekkjer posten lønn til fast og mellombels tilsette, husleige, reiser, IKT-utgifter, informasjon, formidling og drift av miljøinformasjonssystem og ulike nettstader. Posten dekkjer òg drift av CO2-kompensasjonsordninga og Klimasats-ordninga. For ei vidare utgreiing om kva slags formål løyvinga går til, viser vi til omtalen under «Miljødirektoratets rolle og oppgåver» over. Utgifter knytte til felles administrative tenester i miljøforvaltninga og oppdrag som Statens naturoppsyn utfører for andre, mellom anna Statskog, er dekte av posten. Inntektene for desse er førte under kap. 4420 post 01.
Posten er samla sett auka med 4,4 mill. kroner til ei løyving på 725,1 mill. kroner.
Posten har fått 17,6 mill. kroner til å dekkje kostnadene ved lønnsoppgjeret i staten i 2021 og i tillegg ei prisjustering på 3,7 mill. kroner. Det er flytta 1 mill. kroner frå post 21 til saksbehandling og drift av Klimasats-ordninga. Det er flytta 0,6 mill. kroner frå post 85 for å dekkje kostnader ved autorisering og reautorisering av besøkssenter og gjennomføring av nettverkssamling for desse. I tillegg er det flytta 0,1 mill. kroner frå post 23 til kostnader knytte til merkjepliktig vilt og kontroll av naturforvaltningsvilkår i saker om vasskraftkonsesjonar. Tilhøyrande inntekter ligg under kap. 4420 post 01.
Løyvinga under posten er redusert med 12,8 mill. kroner grunna ny premiemodell for betaling av pensjonspremie og med 2,2 mill. kroner grunna gevinstuttak på grunn av forventa lågare reiseutgifter, sjå nærmare omtale under del I kap 3. Posten er redusert med 3,6 mill. kroner i samband med avbyråkratiserings- og effektivitetsreforma.
Av løyvinga er 1,2 mill. kroner finansierte av fiskaravgifter som blir inntektsførte i Statens fiskefond. Fondet overfører midlar til inntektssida i statsbudsjettet over kap. 5578 post 72. Midlane dekkjer Miljødirektoratets utgifter knytte til forvaltning av tilskotsordningar for fisketiltak under kap. 1425 post 70.
På same viset er 3,281 mill. kroner av løyvinga finansierte av jeger- og fellingsavgifter som blir inntektsførte i Viltfondet. Viltfondet overfører midlar til inntektssida i statsbudsjettet over kap. 5576 post 72 under Landbruks- og matdepartementet. Midlane dekkjer utgifter knytte til Miljødirektoratets forvaltning av tilskotsordningar for vilttiltak under kap. 1140 post 71.
Løyvinga kan overskridast mot tilsvarande meirinntekt under kap. 4420 post 01.
Rapport 2020
Av rekneskapsførte utgifter i 2020 vart om lag 80 pst. nytta til lønn. Resten gjekk til husleige, energi, drift og vedlikehald av IKT, reiseutgifter og kompetanse- og organisasjonsutvikling.
Post 21 Spesielle driftsutgifter
Posten finansierer tiltaksretta forvaltningsoppgåver innanfor resultatområda Naturmangfald, Friluftsliv, Forureining og Klima.
Posten finansierer fleire av oppgåvene direktoratet har innan klima. Dette gjeld til dømes arbeid knytt til FNs klimapanel (IPCC), utvikling og drift av utsleppsrekneskapen for klimagassar og langtransportert luftforureining, utgreiing for å støtte etaten i arbeidet med tiltak mot klimagassutslepp og kortliva klimadrivarar, restaurering av våtmark, utvikling av verktøy for lokal klima- og energiplanlegging og utvikling av verktøy for å rekne ut lokal luftkvalitet. Posten dekkjer òg finansiering av ulike oppgåver innan klimatilpassing og Klimasats-ordninga, til dømes satsing på innfasing av hurtigbåtar med null- og lågutsleppsløysingar, støtte til Klimaservicesenteret og andre tiltak for auka kunnskap og kompetanse.
Posten dekkjer kostnader med prosess og utgreiingar for gjennomføring av vern som Stortinget har slutta seg til, inkludert delar av utgiftene hos aktuelle statsforvaltarar. I tillegg dekkjer posten kostnader til nasjonalparkstyre og tilsynsutval, utarbeiding av forvaltningsplanar, planarbeid ved restaurering av myr og våtmark, uttak av framande treslag i verneområde og innføringa av merkevare- og besøksstrategi for nasjonalparkane og andre verneområde.
Ein del av tenestekjøp av oppsynsoppgåver som Statens naturoppsyn gjer hos fjellstyra, blir dekte over posten. Miljødirektoratet vil, som i tidlegare år, kjøpe slike tenester etter behov og tilgjengeleg budsjettramme.
Posten dekkjer òg ymse utgifter knytte til nasjonal koordinering av Skjærgårdstjenesten og utgifter knytte til arbeidet med prosjektet Friluftslivets ferdselsårer.
I samband med forvaltning av rovvilt dekkjer posten drift av dei regionale rovviltnemndene og sekretariata. Posten dekkjer òg midlar til tenestekjøp og forskingsaktivitet i regi av direktoratet og rovviltnemndene.
Posten dekkjer utarbeiding og oppfølging av avgjerdsgrunnlag og handlingsplanar for trua artar og naturtypar. Midlane blir òg nytta til tenestekjøp av kompetanse knytt til identifisering, søk og gjennomføring av tiltak for å ta vare på trua artar og naturtypar. Slike tiltak kan til dømes vere aktiv skjøtsel, restaurering, biotopforbetrande tiltak og fjerning av framande skadelege organismar. Dette høyrer nær saman med arbeidet med å følgje opp oppfølgingsplanen for å ta vare på ei rekkje kritisk og sterkt trua ansvarsartar og trua naturtypar. Etablering av eit nasjonalt overvakingsprogram for insekt, inkludert pollinerande insekt, blir dekt av posten. Posten dekkjer vidare tenestekjøp knytte til Naturindeks for Noreg og tenestekjøp knytte til etablering av klassifiseringssystem for økologisk tilstand og gjennomføring av klassifisering av økologisk tilstand.
Fagsystem for nasjonal styring og rapportering og driftsutgiftene til direktoratet i oppfølginga av internasjonale konvensjonar blir òg dekte av posten.
Avtalen med Vitskapskomiteen for mat og miljø om risikovurderingar knytte til framande organismar, genmodifiserte organismar, internasjonal handel med trua artar og mikroorganismar blir òg dekt over posten.
Posten blir brukt til kjøp av spisskompetanse for å vurdere helse- og miljøfare ved stoff som Noreg foreslår for reguleringar i EU og globalt. Han blir òg brukt til å få fram betre kunnskap om ulike kjelder til spreiing av miljøgifter som eit ledd i å nå dei nasjonale måla på miljøgiftområdet og til å sikre eit brukarvennleg elektronisk system for deklarering av kjemikaliar til Produktregisteret.
På avfallsområdet dekkjer posten utgifter til utgreiingar og til å utvikle og drifte refusjonssystemet for spillolje. Vidare dekkjer posten utgifter direktoratet eventuelt får ved å måtte fjerne eigarlaust farleg avfall, farleg avfall frå konkursbu, farleg avfall som eigaren ikkje klarer å ta hand om på ein forsvarleg måte, eller andre typar avfall som må fjernast raskt, til dømes som følgje av luktproblem, jf. forureiningslova §§ 74 og 76.
Posten er samla sett redusert med 8,7 mill. kroner, og foreslått løyving er 317,3 mill. kroner.
Til posten er det lagt inn ei prisjustering på 8,2 mill. kroner, 1 mill. kroner til oppfølging av tiltaksplan for ville pollinerande insekt og 2 mill. kroner til utgreiingsoppdrag knytte til arbeidet med plast og innsatsen for å redusere marin forsøpling. Det er vidare flytta 0,6 mill. kroner frå post 78 for å dekkje kostnader knytte til friluftslivsstatistikk.
Av omsyn til det samla budsjettopplegget har regjeringa redusert posten med 10,6 mill. kroner. Dette vil føre til ein viss reduksjon i utgreiingar og andre forvaltningstiltak. Det vil i prosessen med utarbeiding av tildelingsbrev til Miljødirektoratet bli teke stilling til kva slags utgreiingar og andre forvaltningstiltak som blir reduserte.
Det er flytta 3 mill. kroner til post 31. Desse midlane vart flytta andre vegen i 2019 til administrasjon av eit treårig prosjekt som no er ferdig, med fjerning av framande treslag i Vestland. Vidare er posten redusert med 1,6 mill. kroner i samband med avbyråkratiserings- og effektivitetsreforma. Det er teke ut 1,3 mill. kroner som i 2021-budsjettet vart lagt inn til oppgåver innan naturmangfald, og 1,3 mill. kroner som har vore avsette til etablering av felles arkiv for miljøforvaltninga. Midlane er flytta til vernepostane for å møte venta utbetalingar i erstatningssaker. Frå posten er det flytta 1 mill. kroner til post 01, øyremerkt arbeidet med Klimasats, og av prosessmidlane til marint vern er det teke ut 1 mill. kroner. Løyvinga er redusert med 0,7 mill. kroner som følgje av at pensjonspremien det er forventa at direktoratet skal betale til Statens pensjonskasse, er redusert, inklusive arbeidsgjevaravgifta av premien. Sjå nærmare omtale under del I kap. 3.
Rapport 2020
Midlane på posten vart i 2020 nytta til tiltak knytte til forvaltning av nasjonalparkar og andre verneområde, kamp mot framande artar, forvaltning av trua artar, utvalde naturtypar og rovvilt. Midlane vart vidare nytta til å starte arbeidet med første klassifisering av økologisk tilstand for utvalde økosystem, å oppdatere naturindeksen for Noreg og arbeid knytt til klima og forureining.
Ein del av midlane er òg nytta til kjøp av naturoppsynstenester. Vel ein tredel av løyvinga på posten vart fordelt vidare til statsforvaltarane til bruk i dei enkelte fylka.
Post 22 Statlege vassmiljøtiltak
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Underpost | Nemning | Rekneskap 2020 | Saldert budsjett 2021 | Forslag 2022 |
22.1 | Kalking | 259 870 | 72 483 | 73 936 |
22.2 | Anadrome laksefisk | 106 781 | 133 446 | |
22.3 | Generell vassforvaltning | 61 363 | 67 067 | |
Sum post 22 | 259 870 | 240 627 | 274 449 |
Midlane under posten er retta mot resultatområdet Naturmangfald.
Posten dekkjer ulike vassmiljøtiltak som ikkje er tilskot, inkludert midlar til kalking, bevaring og forvaltning av viltlevande anadrom laksefisk (laks, sjøaure og sjørøye) og heilskapleg vassforvaltning. Tilskot til dei same formåla blir dekte over post 70.
Underpost 1 dekkjer tiltak som er omtalte i revidert handlingsplan for kalking for perioden 2021–2026: kalking i laksevassdrag, innsjøar og bekker.
Underpost 2 dekkjer tiltak, forsking og utvikling knytte til forvaltning av anadrom laksefisk, inkludert tiltak mot lakseparasitten Gyrodactylus salaris og bevaring i genbank.
Underpost 3 dekkjer midlar til heilskapleg vassforvaltning etter vassforskrifta og anna arbeid med generell vassforvaltning. Underposten skal framleis dekkje tiltak knytte til storaure og krypsiv. Frå denne posten blir det òg fordelt midlar til vassregionstyresmaktene og arbeidet i vassområda.
Foreslått løyving er på 274,4 mill. kroner, ein auke på 33,8 mill. kroner. Underpost 2 er auka med 15,3 mill. kroner til tiltak mot pukkellaks. Vidare er det lagt inn 9 mill. kroner til ein storaksjon for å fjerne lakseparasitten Gyrodactylus salaris frå Driva-vassdraget.
På underpost 3 er det lagt inn 5,5 mill. kroner til oppfølging av den heilskaplege tiltaksplanen for Oslofjorden.
Frå posten er det flytta 1 mill. kroner til kap. 1410 post 21 for å samle midlar til økosystemovervaking i store innsjøar på éin post. Posten er auka som følgje av prisjustering med 6,2 mill. kroner og er blitt redusert med 1,2 mill. kroner i samband med avbyråkratiserings- og effektivitetsreforma.
Rapport 2020
Miljødirektoratet og statsforvaltaren brukte 260 mill. kroner til ulike statlege vassmiljøtiltak i 2020. Om lag 30 pst. av midlane har vore nytta til kalking av vassdrag. Om lag 50 pst. har vore nytta til forvaltning av og tiltak for å ta vare på anadrom laksefisk, inkludert tiltak mot lakseparasitten Gyrodactylus salaris. Om lag 20 pst. av midlane er nytta til generell vassforvaltning.
Kalking
Kalking av forsura laksevassdrag og kalking av forsura innsjøar og bekker (innlandsvassdrag) er gjennomført i tråd med Handlingsplan for vassdrag for 2016–2021, og 23 lakseførande elvar er kalka. Vidare er det lagt til rette for oppstart av kalking i eit nytt vassdrag, Otravassdraget. Kalkingsaktiviteten er tilpassa forsuringsforholda (optimalisering), ein sentral del av arbeidet for å gjere kalkinga så målretta og effektiv som mogleg.
I dei elvane der laksen har gått tapt på grunn av sur nedbør, er det etablert nye laksestammar. Det har vore godt laksefiske i mange av dei kalka elvane, med ein årleg totalfangst på 40–60 tonn (12–15 pst. av all laks fanga i norske elvar).
Enno er om lag 8 pst. av arealet i Noreg skadd av forsuring, og fram mot 2030 er det berre venta små betringar i forsuringssituasjonen. For å oppnå ytterlegare betring i vasskvaliteten i Noreg må utsleppa av svovel- og nitrogensambindingar til luft i Europa ned med meir enn målsetjingane i Göteborgprotokollen.
Anadrom laksefisk
Eit avgrensa forsøk med klor som tiltak mot Gyrodactylus salaris vart gjennomført etter planen. Forsøket var svært vellykka og gav resultat over det som var venta. Det vil bli arbeidd vidare med å utvikle klormetoden. Drifta av fiskesperra i Driva, mellom anna oppflytting av sjøaure, held fram. Førebuing av tiltak mot lakseparasitten i Drammensregionen vart gjennomført etter planen. Genbankarbeidet er framleis omfattande som følgje av at historisk mange bestandar er tekne vare på og under reetablering i vente på, eller etter, nedkjempingstiltak mot Gyrodactylus salaris. Etablering og drift av genbank for laksefisk frå Hardanger har i hovudsak gått som planlagt. Løyvinga er òg brukt til arbeidet med å følgje opp ny avtale om forvaltning av Tanavassdraget. Innsatsen på bestandsovervaking av villaks var stabil, og eit opplegg for særskild overvaking for sjøaure er utvikla vidare. Det vart i Prop. 127 S (2019–2020) om økonomiske tiltak i møte med virusutbrotet (covid-19-pandemien), jf. Innst. 360 S (2019–2020), gjeve ekstraløyving som er brukt til opprusting av genbankstasjonar og bygging av fisketrapp i Nausta.
Generell vassforvaltning
Den viktigaste milepålen for vassforvaltninga i 2020 var ferdigstillinga av forslag til oppdaterte regionale vassforvaltningsplanar og tiltaksprogram, som er på høyring i 2021.
Gjennom overvaking vart kunnskapsgrunnlaget for vassforvaltninga og utviklinga av klassifiseringssystemet for ferskvatn og kystvatn vidareførte. Ei samanstilling av kunnskapsgrunnlaget om tilstanden og utviklinga i utvalde jordbrukspåverka vassdrag vil danne grunnlag for vidare arbeid med eutrofiproblematikken. Eutrofi skjer når næring frå menneskeleg aktivitet, som frå jordbruket, renn ut i bekker og anna vatn med til dømes regnvatnet og endrar næringsinnhaldet og dermed levekåra der. Restaurering av vassdrag er eit nytt satsingsområde i 2020 i forkant av FNs tiår for restaurering av natur. Målet med satsinga er å auke mengda restaurerte vassførekomstar, kunnskaps- og erfaringsutveksling og sikre nødvendig samarbeid og koordinering av restaureringa av vassdrag. Forslag til ein strategisk plan for restaurering av vassdrag for perioden 2021–2030 er utarbeida.
Løyvinga er òg brukt til å utarbeide forslag til forvaltningsstrategi knytt til storauretiltak og tiltak og innhenting av kunnskap knytt til krypsiv.
Post 23 Oppdrags- og gebyrrelatert verksemd, kan overførast
Løyvinga er knytt til utgifter som direktoratet har ved gebyrfinansiert verksemd, og til utgifter ved oppdrag finansierte frå andre instansar. Midlane er retta mot resultatområda Naturmangfald, Forureining og Klima.
Posten er samla sett auka med 2,7 mill. kroner til 149,5 mill. kroner.
Posten er auka som følgje av prisjustering med 3,8 mill. kroner og redusert med 0,7 mill. kroner i samband med avbyråkratiserings- og effektivitetsreforma. Posten er redusert med 0,3 mill. kroner grunna netto endringar under korresponderande inntektspostar på kap. 4420. I tillegg er det flytta 0,1 mill. kroner til post 01, jf. nærmare omtale under denne.
Med heimel i fleire forskrifter utfører direktoratet oppgåver som er gebyrfinansierte i samsvar med prinsippet om at forureinaren betaler. Inntektene til desse gebyra er førte under kap. 4420 post 04.
På same viset utfører statsforvaltarane oppgåver i samband med konsesjonsbehandling og kontroll etter forureiningslova. Gebyrinntekter for dette arbeidet er førte under kap. 4420 post 06. Inntektene blir tilbakeførte til statsforvaltarane.
Til utgiftene ved kontroll og verifisering av kvotepliktige verksemder er det i samsvar med EUs reglar knytte gebyr som er førte under kap. 4420 post 07.
Arbeid i samband med gebyrrelatert verksemd på naturforvaltningsområdet har tidlegare vore budsjettert under posten, men denne kostnaden vil frå 2022 bli ført under kap. 1420 post 01.
Posten dekkjer òg utgifter ved internasjonale oppdrag som direktoratet får refunderte over kap. 4420 post 09, hovudsakleg frå andre statsinstansar.
Løyvinga på posten kan overskridast mot tilsvarande meirinntekter under kap. 4420 postane 04, 06 og 09, jf. forslag til vedtak II.
Rapport 2020
Om lag 5,3 mill. kroner av midlane vart i 2020 nytta av fylkesmennene, i hovudsak knytt til gebyrfinansierte tiltak på forureiningsområdet. Utgifter til internasjonal verksemd var om lag 42 mill. kroner. Ein vesentleg del av desse vart nytta til lønn og direkte kostnader. Resten av midlane på posten vart nytta til lønn og driftskostnader knytte til dei ulike gebyrordningane.
Post 30 Statlege tileigningar, bevaring av viktige friluftslivsområde, kan overførast
Midlane på posten er retta mot resultatområdet Friluftsliv. Midlane blir nytta til å bevare viktige friluftslivsområde, anten ved offentleg erverv eller ved avtale om varig bruksrett (servituttavtale med grunneigar). Foreslått løyving er på 30,9 mill. kroner, ein auke på 0,7 mill. kroner grunna prisjustering.
Kommunane og dei interkommunale friluftsråda kan søkje Miljødirektoratet om økonomisk medverknad til å bevare viktige friluftslivsområde gjennom sikring. Miljødirektoratet kan òg i samarbeid med kommunane overta friluftslivsareal frå andre statlege etatar som ikkje lenger har behov for desse i verksemda si. I tillegg kan kommunale friluftsområde vederlagsfritt gjerast om til sikra friluftslivsområde. Slike område blir tinglyste som sikra friluftslivsområde.
Midlane på posten kan òg nyttast til grunnleggjande istandsetjingstiltak i samband med at nye område blir sikra. Midlane på posten kan òg nyttast til istandsetjing av statleg eigde bygningar på dei sikra områda, inkludert utarbeiding av forvaltningsplanar og istandsetjing av freda og verna bygningar på sikra område.
For friluftsområde med nasjonal og regional bruk kan staten medverke med inntil 100 pst. av kostnadene, og for område med i hovudsak lokal bruk kan staten medverke med inntil 50 pst. av kostnadene. Område som er prioriterte i arbeidet med å bevare viktige friluftslivsområde, er friluftsområde i og ved bustadtette område, inkludert område i nærmiljøet, landfaste område i kystsona som har lite tilgjengeleg strandsone og stort press på areala, og sentrale område ved innlandsvassdrag.
Løyvinga kan normalt ikkje nyttast til å kjøpe bygningar. Unntak frå dette er bygningar som anten skal rivast eller nyttast i friluftslivssamanheng i området.
Hovudregelen er at staten ikkje skal bli eigar av nye område som blir sikra. Unntak frå dette kan vere friluftslivsareal som blir overtekne frå andre statlege etatar som ikkje lenger har behov for desse i verksemda si, og som med dette blir sikra friluftslivsområde.
Midlane på posten kan òg dekkje utgifter knytte til dei sikra områda, til dømes grenseoppgangar, frådelingar og tinglysingar. Investeringsmidlane blir utbetalte når Miljødirektoratet har motteke formell dokumentasjon på at heimel eller rett er overført, og at vilkåra til staten er oppfylte.
Det er behov for ei tilsegnsfullmakt på 55 mill. kroner, jf. forslag til vedtak VI.
Rapport 2020
Det vart sikra 36 nye friluftslivsområde gjennom statleg medverknad med midlar frå posten i 2020. To tredelar av områda kan definerast som nærområde til bustadområde. Områda som vart sikra i 2020, ligg i sju ulike fylke (etter samanslåing av fylka). Dei siste åra er det i langt større grad enn tidlegare blitt sikra friluftslivsområde nær bustadområde. Desse områda har jamt over høgare sikringskostnader enn område utanfor bustadområda. Både kommunar og interkommunale friluftsråd har initiert sikringsprosessane og vil stå for vidare drift og tilsyn i områda framover.
I tillegg til gjennomført sikring søkte kommunar og friluftsråd om statleg medverknad til å sikre nye område, og 53 nye område vart innvilga i 2020. Kommunane og friluftsråda arbeider no med å gjennomføre sikring av desse områda og med tilrettelegging av areala.
Post 31 Tiltak i verneområde, kan overførast
Posten er retta mot resultatområdet Naturmangfald. Midlane dekkjer statlege investeringsutgifter og andre typar tiltak i og i nær tilknyting til verneområde. Midlane går til tiltak som er nødvendige for å ta vare på verneverdiane, inkludert utgreiingar som er nødvendige før tiltak, informasjonstiltak og skjøtsels- og tilretteleggingstiltak. Tilretteleggingstiltaka omfattar opparbeiding av stiar, klopping og merking for å betre tilgjenget i verneområda, men samstundes styre ferdselen i og rundt sårbar natur i verneområda. Midlane blir vidare nytta til informasjonstiltak i alle typar av verneområde i samband med ny merkevare for Noregs nasjonalparkar og til utarbeiding av besøksstrategiar for nasjonalparkar og andre verneområde med store besøkstal eller særskilde utfordringar. Alle tiltak skal vere i tråd med godkjend forvaltnings- eller skjøtselsplan for verneområda og andre relevante styringsdokument.
Posten blir òg nytta til båtinvesteringar for Statens naturoppsyn. På grunn av alder og slitasje har Statens naturoppsyn behov for utskifting og fornying av båtar for å tilfredsstille krav til eigen tryggleik og stabil drift. Til materiellbestillingar (hovudsakleg båtkjøp) er det behov for ei bestillingsfullmakt på 8 mill. kroner, jf. forslag til vedtak V.
Posten er auka med 3 mill. kroner til 93,4 mill. kroner. Auken kjem av at det er flytta 3 mill. kroner frå post 21. Midlane vart flytta andre vegen i 2019 til administrasjon av eit treårig pilotprosjekt med fjerning av framande treslag. Piloten blir avslutta i 2021, og arbeidet går over i ordinær driftsfase.
Rapport 2020
Midlane er brukte til tiltak og investeringar for å ta vare på og halde ved lag verneverdiane i verneområde over heile landet. Mange hundre tilretteleggings- og informasjonstiltak vart gjennomførte i 2020, mellom anna opparbeiding av stiar, klopping og merking for å betre tilgjenget i verneområda og samstundes styre ferdselen i og rundt sårbar natur. Tiltak i verneområde der verneverdiane er trua, blir prioriterte.
Framande artar er ein av dei største truslane mot verneverdiane. Det treårige pilotprosjektet for uttak av framande treslag i verneområda (2019–2021) har så langt gjeve gode resultat. Vi har i 2020 fått rydda ulike naturtypar for framande treslag, mellom anna edellauvskog og kystlynghei, slik at desse områda på noko sikt får att det naturlege artsmangfaldet. Dei mange og til dels omfattande hogstane har òg gjeve verdifulle erfaringar om val og bruk av ulike metodar i arbeidet, mellom anna bruk av taubane og lekter. Blant mange hogstar vart det som døme i 2020 gjennomført større uttak i Åsane naturreservat i Vestland, i Brenslefjellet naturreservat i Møre og Romsdal og i Oksøy-Ryvingen landskapsvernområde i Agder. Statsforvaltaren jobba i 2020 fram regionale rammeavtalar for arbeidet og knytte til seg kunnige og erfarne entreprenørar.
Som ei følgje av covid-19-pandemien fekk fleire av verneområda meir besøk i 2020 enn tidlegare år. God informasjon og tilrettelegging for publikum i område som toler besøk, er særs viktig, og tilrettelegging ved innfallsporten til Forollhogna nasjonalpark kan stå som eit døme på eit slikt tiltak.
Merkevara Noregs nasjonalparkar blir nytta i stadig aukande grad, ettersom mange nasjonalparkar og andre verneområde no har ferdige besøksstrategiar.
Post 32 Statlege tileigningar, fylkesvise verneplanar, kan overførast
Posten er retta mot resultatområdet Naturmangfald.
Posten dekkjer utgifter til gjennomføringa av planen for fylkesvise tematiske verneplanar, slik det er fastsett gjennom St.meld. nr. 68 (1980–81) Vern av norsk natur, og einskilde tilleggsområde. Desse er alle ferdig verna, sett bort frå nokre få som ikkje er gjennomførte grunna avveging mot andre interesser. Av dei som er verna, står det att erstatningsoppgjer for nokre få. Posten skal dekkje utgifter til å erstatte dei økonomiske tapa som eigarar og rettshavarar har ved vernetiltak etter naturmangfaldlova i desse sakene, jf. erstatningsreglane i lova. Erstatningar blir fastsette ved minnelege avtalar eller ved rettslege skjønn. Posten skal òg dekkje kjøp av område som er verna eller føresett verna etter naturmangfaldlova, og utgifter staten som grunneigar har i samband med overtakinga av innkjøpte eigedommar. Forutan erstatning og kjøp skal midlane på posten dekkje andre kostnader som er direkte knytte til etableringa av dei konkrete verneområda.
Posten er auka med 0,5 mill. kroner til 1 mill. kroner grunna venta erstatningsutbetalingar. Det er behov for ei bestillingsfullmakt på 0,4 mill. kroner, jf. forslag til vedtak V.
Rapport 2020
I 2020 var hovudtyngda av utbetalingar over posten knytt til erstatningsoppgjeret for Gaulosen naturreservat i Trøndelag, grensemerking og kostnader for områda i verneplan for Tyrifjorden og grensemerking av einskildområde, mellom anna i Vestland fylke.
Post 33 Statlege tileigningar, nytt landbasert vern, kan overførast
Posten er retta mot resultatområdet Naturmangfald og omfattar alt nytt landbasert vern som ikkje er skogvern.
Posten skal dekkje utgifter til gjennomføringa av nytt landbasert vern utover det som er fastsett gjennom St.meld. nr. 68 (1980–81) Vern av norsk natur og St.meld. nr. 62 (1991–92) Ny landsplan for nasjonalparker og andre større verneområder i Norge. Posten skal òg dekkje utgifter til bevaring av verdifull natur (omtalt som supplerande vern i Meld. St. 14 (2015–2016) Natur for livet – Norsk handlingsplan for naturmangfold).
På posten blir det ført utgifter i form av erstatning av det økonomiske tapet eigarar og rettshavarar har ved vernetiltak etter naturmangfaldlova, jf. erstatningsreglane i lova. Erstatningar blir fastsette ved minnelege avtalar eller ved rettslege skjønn. Posten kan òg dekkje kjøp av område som er verna eller føresett verna etter naturmangfaldlova, og utgifter staten som grunneigar har i samband med overtakinga av innkjøpte eigedommar. Forutan erstatning og kjøp av område skal midlane på posten dekkje andre kostnader som er direkte knytte til etableringa av dei konkrete verneområda, inkludert registrering og vurdering av verneverdiar.
Utviding av Saltfjellet-Svartisen nasjonalpark m.m. vart gjennomført i 2020. Utgiftene i samband med vernet vil i hovudsak komme etter 2021.
Posten er auka med 5,8 mill. kroner til 6,7 mill. kroner for å dekkje venta utbetalingar i 2022. Størstedelen av auken er gjord mogleg ved flytting av midlar frå post 36.
Det er behov for ei bestillingsfullmakt på 5 mill. kroner, jf. forslag til vedtak V.
Rapport 2020
I 2020 var hovudtyngda av utbetalingar over posten knytt til erstatningar, kostnader og grensemerking i nasjonalparkane Raet og Jomfruland.
Post 34 Statlege tileigningar, nasjonalparkar, kan overførast
Posten er retta mot resultatområdet Naturmangfald.
Posten dekkjer utgifter til gjennomføringa av nasjonalparkplanen, jf. St.meld. nr. 62 (1991–92) Ny landsplan for nasjonalparker og andre større verneområder i Norge, og einskilde tilleggsområde, i form av erstatning av det økonomiske tapet eigarar og rettshavarar har ved vernetiltak etter naturmangfaldlova i desse sakene, jf. erstatningsreglane i lova. Områda i planen er alle ferdig verna, sett bort frå nokre få som ikkje er gjennomførte grunna avveging mot andre interesser. Av dei som er verna, står det att erstatningsoppgjer for nokre få. Posten kan òg dekkje kjøp av område som er verna eller føresett verna etter naturmangfaldlova, og utgifter staten som grunneigar har i samband med overtakinga av innkjøpte eigedommar. Erstatningar blir i hovudsak fastsette ved minnelege avtalar. Nokre få saker går til rettsleg skjønn.
Forutan erstatning og vederlag skal midlane på posten dekkje andre kostnader som er direkte knytte til etableringa av dei konkrete verneområda i nasjonalparkplanen.
Løyving er auka med 0,2 mill. kroner til 2,3 mill. kroner grunna venta erstatningsutbetalingar.
Rapport 2020
Det vart ikkje gjennomført vern av nye nasjonalparkar i 2020. Hovudtyngda av utbetalingar i 2020 var knytt til erstatningsoppgjeret for dei tidlegare verna nasjonalparkane Dovrefjell-Sunndalsfjella og Reinheimen med tilgrensande landskapsvernområde o.a.
Post 35 Statlege tileigningar, skogvern, kan overførast
Posten er retta mot resultatområda Naturmangfald og Friluftsliv. Foreslått løyving er på 435,7 mill. kroner, omtrent som for 2021.
Posten dekkjer utgifter til erstatning av dei økonomiske tapa eigarar og rettshavarar har ved skogvern etter naturmangfaldlova og markalova, jf. erstatningsreglane i lovene. Erstatningar blir fastsette ved minnelege forhandlingar eller ved rettslege skjønn. Posten skal dekkje kjøp av skogområde som er verna eller føresett verna etter naturmangfaldlova og markalova, utgifter som staten som grunneigar har i samband med overtaking av innkjøpte eigedommar, erstatningsordning for område som er under vurdering for vern, og utgifter til gjennomføring av makeskifteløysingar knytte til nytt vern.
Midlane på posten skal vidare dekkje andre utgifter som er knytte til gjennomføring av skogvernet, som registrering og vurdering av verneverdiar, grensemerking og utarbeiding av forvaltningsplanar når dette er nødvendig for å fastsetje skjønnsføresetnadene.
For å følgje opp Stortingets oppmodingsvedtak om vern av skog på Statskog SFs areal og sikre god framdrift i skogvernet er det behov for ei bestillingsfullmakt på 351,3 mill. kroner, jf. forslag til vedtak V.
Rapport 2020
Hovudtyngda av utbetalingane er knytt til erstatningar i samband med frivillig vern av skog, der 385,6 mill. kroner er utbetalte i erstatningar og vederlag. Det er òg utbetalt om lag 7,4 mill. kroner i erstatning for vern på grunn som Statskog SF eig.
Post 36 Statlege tileigningar, marint vern, kan overførast
Posten er knytt til resultatområdet Naturmangfald og omfattar marint vern.
Posten skal dekkje utgifter til gjennomføringa av marint vern som omtalt i St.meld. nr. 43 (1998–1999) Vern og bruk i kystsona, Meld. St. 14 (2015–2016) Natur for livet, Meld. St. 20 (2019–2020) Helhetlige forvaltningsplaner for de norske havområdene og Meld. St. 29 (2020–2021) Heilskapleg nasjonal plan for bevaring av viktige område for marin natur.
På posten blir det ført utgifter i form av erstatning av det økonomiske tapet eigarar og rettshavarar har ved vernetiltak etter naturmangfaldlova, jf. erstatningsreglane i lova. Erstatningar blir fastsette ved minnelege avtalar eller ved rettslege skjønn. Posten kan òg dekkje kjøp av område som er verna eller føresett verna etter naturmangfaldlova, og utgifter som staten som grunneigar har i samband med overtakinga av innkjøpte eigedommar. Forutan erstatning og kjøp av område skal midlane på posten dekkje andre lovpålagde kostnader som er knytte til etablering av dei konkrete verneområda, inkludert registrering og vurdering av verneverdiar. Posten dekkjer òg utgifter til konsekvensutgreiing, og kan vidare nyttast til kartlegging som grunnlag for forvaltning av område. Foreslått løyving er på 1,3 mill. kroner på posten for 2022. Posten er redusert med 5,1 mill. kroner som er flytt til kap. 1420 post 33.
Verneprosessane for Ytre Hardangerfjord, Krossfjorden, Børgin, Rauerfjorden, Kråkvåg-Bjugnfjorden (tidlegare omtalt som Grandefjæra) og Lopphavet er venta fullførte i 2021. For desse områda er utgiftene venta å komme etter 2021. Det er planlagt vernevedtak for områda Dalsfjorden, Stadt, Giske, Griphølen, Remman og transekt frå Andfjorden i 2022. Vernevedtak for dei resterande områda er planlagde i 2023 eller seinare.
Det er behov for ei bestillingsfullmakt på 2,8 mill. kroner, jf. forslag til vedtak V.
Rapport 2020
Vernevedtak vart gjorde i 2020 for områda Innervisten, Nordfjorden, Karlsøyfjorden, Kaldvågfjorden og Innhavet, Ytre Karlsøy, Rossfjordstraumen, Rystraumen, Lurefjorden og Lindåsosane og Skarnsundet. Hovudtyngda av utbetalingar på posten var knytt til konsekvensutgreiingar for delområde i marin verneplan (kandidatområda Griphølen, Remman og Andfjorden). Dette er nødvendig for å sikre eit godt kunnskapsgrunnlag for avgjerda om oppretting av verneområde.
Post 37 Skogplanting, vidareføring av pilotprosjekt for stadeigne treslag, kan overførast
Pilotordninga for skogplanting er avslutta, og sluttrapport vart levert til Klima- og miljødepartementet og Landbruks- og matdepartementet våren 2019. Etter avtalar mellom grunneigarar og kommunar skal kostnader til etterarbeid på skogplantingsfelt inntil fem år frå tidspunktet for planting dekkjast av prosjektet. Forslag til løyving på posten er på same nivå som i 2021. Midlane går til vidareføring av pilotprosjekt for stadeigne treslag. Det er avgjerande å gjennomføre ein effektiv og målretta skogpolitikk for å auke karbonbindinga i Noreg og å utvikle stadeigen skog og drive fram fleire skogplantar av lauvskog også for klimatilpassing og for å ta i vare artsmangfald betre i eit klima i endring. I tillegg til skogplanting og påskoging hos private skogeigarar er det viktig å gjere arealkartlegging og utvikle samarbeidet med planteskular og aktørar innan planteproduksjon.
Rapport 2020
Pilotordninga for skogplanting var i gang i perioden 2015–2018 og hadde ei årleg finansiering på 15 mill. kroner i 3 år. Dei første åra var det lagt vekt på å utarbeide rettleiingsmateriale for planting i pilotfasen, å kartleggje areal for planting og å setje plantar i produksjon. Dei første plantefelta vart realiserte i 2016. I 2017 var det i hovudsak planting i pilotfylka, og frå sentralt hald vart det prioritert å etablere rutinar for saksbehandling i pilotfylka og å planleggje intern og ekstern evaluering av ordninga. I 2018 vart pilotordninga avslutta i pilotfylka. Alle fylka leverte sluttrapport frå pilotfasen, og dei siste trea vart planta ut hausten 2018. Miljødirektoratet og Landbruksdirektoratet har arbeidd med å følgje opp pilotfylka i avslutningsfasen. Sluttrapportering og evaluering av ordninga vart levert til Klima- og miljødepartementet og Landbruks- og matdepartementet våren 2019. Etter 2019 er midlar brukte til å dekkje kostnader til etterarbeid på skogplantingsfelt.
Post 38 Restaurering av myr og anna våtmark, kan overførast
Posten er retta mot resultatområda Klima og Naturmangfald. Posten skal dekkje utgifter til tiltak for å restaurere myr og anna våtmark, planlegging og oppfølging av desse tiltaka. Posten kan nyttast til restaurering både inne i og utanom verneområde og til å gjennomføre nødvendig overvaking av effektane av gjennomførte tiltak. Posten kan òg nyttast til ei insentivordning for å få til frivillige avtalar for restaurering av myr og anna våtmark på privat grunn utanfor verneområde. Om det etter tildelingar til restaurering av våtmark blir midlar til overs, kan desse bli nytta til restaurering av andre naturtypar eller innhenting av kunnskap knytt til slik restaurering.
Miljødirektoratet og Landbruksdirektoratet har samarbeidd om restaurering av myr og anna våtmark i perioden 2016–2020 etter ein plan dei to direktorata utarbeidde i 2016. Arbeidet har vore retta inn slik at det medverkar til å oppfylle målsetjinga regjeringa har om reduserte klimagassutslepp, tilpassing til klimaendringane og betring i økologisk tilstand. Døme på tiltak er tetting av grøfter i myr og større restaureringstiltak som å leggje om elva slik at ho får bukte seg frå side til side igjen (i såkalla meandrar). Kostnadseffektive tiltak skal prioriterast, og restaurering skal skje etter avtale med grunneigarar og rettshavarar. Ein revidert plan for perioden 2021–2025 vart ferdigstilt av Miljødirektoratet og skal følgjast opp i dei kommande fem åra.
Restaurering av myr har mellom anna til formål å redusere klimagassutslepp frå drenerte myrar. Tetting av grøfter fører grunnvatnet tilbake til det naturlege nivået og hindrar at torvlaget i myra med høgt innhald av karbon blir ytterlegare nedbrote. Slik restaurering er ifølgje FNs klimapanel eit kostnadseffektivt tiltak for å redusere klimagassutsleppa i jordbrukssektoren. Restaurering av myr og anna våtmark kan vere eit tiltak for klimatilpassing fordi intakte våtmarker mellom anna kan dempe flaumtoppar. Restaurering vil òg betre den økologiske tilstanden i myr og anna våtmark og betre og auke tilgangen på leveområde for ei rekkje trua artar.
Løyvinga er på 21,1 mill. kroner, ein auke på 4 mill. kroner. Auken skal gå til restaurering av natur i andre økosystem enn myr og anna våtmark, slik som skog, fjell og ope lågland, for å møte Stortingets oppmodingsvedtak frå 2016 om å restaurere minst 15 pst. av forringa økosystem før 2025. Naturrestaurering er nødvendig for å stoppe tapet av naturmangfald og under dette verknader av klimaendringar. Vi er no inne i FNs tiår for restaurering (2021–2030). Midlane skal nyttast til å gjennomføre konkrete restaureringsprosjekt prioriterte av Miljødirektoratet. Til grunn for prioriteringa ligg mellom anna ei utgreiing frå direktoratet med tilråding om konkrete og prioriterte restaureringsprosjekt som kan setjast i verk raskt med grunnlag i kjend metodikk.
Det er behov for ei bestillingsfullmakt på 0,9 mill. kroner, jf. forslag til vedtak V.
Rapport 2020
I perioden 2016–2020 vart det gjennomført restaureringstiltak i meir enn 80 myrar, dei fleste i verneområde.
I 2020 vart det òg restaurert myr på areal som ikkje er verna. Avtalen mellom Statskog SF og Miljødirektoratet om restaurering av myr og anna våtmark på deira grunn utanfor verneområde vart følgd opp, og fleire myrar vart restaurerte i samarbeid med Statskog.
Den femårlege overvakinga av klimagassar i Regnåsen-Hisåsen naturreservat held fram. I 2021 skal ei av dei overvakte myrane restaurerast, medan den andre vil fungere som ei referansemyr. Ein vil da etter kvart kunne følgje utviklinga i gassfluksar for dei to myrane.
Det er framleis mange høgmyrar som blir restaurerte – myrar som er sterkt trua på Norsk raudliste for naturtypar (Artsdatabanken, 2018). Desse myrane har djupe lag med torv, der mykje karbon er lagra. Ein ser at vasstanden raskt blir heva i myrane etter restaurering, og dei viktige torvmosane etablerer seg att.
For nokre av restaureringsprosjekta er ulike grupper av artar overvakte. I 2020 vart det mellom anna dokumentert eit stort oppsving av augnestikkarar etter restaurering av myr i Møre og Romsdal, og observasjonar av hekkande par av den trua svarthalespoven vart sett i samanheng med vellykka restaurering av myr i Nordland.
Post 39 Oppryddingstiltak, kan overførast, kan nyttast under postane 69 og 79
Posten er knytt til resultatområdet Forureining. Utgiftene må sjåast i samanheng med midlar til same formål under postane 69 og 79.
Posten blir nytta til å dekkje utgifter til undersøkingar og gjennomføring av oppryddingstiltak i grunnen på land og i botnen i sjø og vatn som er forureina med helse- og miljøskadelege stoff. Løyvinga går i hovudsak til arbeid i tilknyting til opprydding i forureina sjøbotn og til arbeidet med å rydde opp i forureina jord. Opprydding i forureina sjøbotn gjeld i hovudsak oppfølging av 17 prioriterte område. Foreslått løyving er på 12,5 mill. kroner på posten for 2022, det same som for 2021.
Posten kan òg nyttast til planvis kartlegging, oppfølging og tiltaksretta overvaking av forureiningssituasjonen, til undersøkingar og utgreiingar for å leggje til rette for målretta og effektiv innsats i oppryddingsarbeid og til anna kunnskapsoppbygging.
Prinsippet om at forureinaren betaler, ligg til grunn for arbeidet med oppryddinga, og det ligg til grunn for alle tre postane. Så langt det er rimeleg, vil pålegg etter forureiningslova bli nytta som verkemiddel for å sikre opprydding. Det vil likevel vere ulike situasjonar der det er aktuelt at miljøforvaltninga dekkjer heile eller delar av utgiftene til undersøkingar, opprydding eller andre tiltak, til dømes
der staten ved miljøforvaltninga er den ansvarlege for forureininga
der den ansvarlege ikkje kan identifiserast, ikkje er betalingsdyktig eller av andre grunnar ikkje kan stå for ei god opprydding
der det av miljøgrunnar hastar å få rydda opp. Staten kan forskotere oppryddingskostnadene for å komme raskt i gang og krevje kostnadene refunderte frå den ansvarlege i etterkant.
der miljøforvaltninga vil skaffe fram grunnlag for å leggje til rette for kunnskapsinnhenting og formidling
der det er nødvendig for å medverke til ei samla opprydding eller anna tiltaksgjennomføring i eit område
der det av andre grunnar er urimeleg at den ansvarlege skal dekkje alle kostnadene
Mange av dei store oppryddingsprosjekta i forureina sjøbotn er delfinansierte av kommunar og andre aktørar. Ettersom prosjekta strekkjer seg over fleire år, er det nødvendig å kunne inngå forpliktingar for framtidige år til å kjøpe inn materiell og til å gje tilsegn om tilskot utover gjeven løyving under kap. 1420 Miljødirektoratet postane 39, 69 og 79 Oppryddingstiltak. Ut frå behovet blir det fremja forslag om ei slik fullmakt på 28,9 mill. kroner, jf. forslag til vedtak VII.
Rapport 2020
Rapportering på resultat frå ressursbruken i oppryddingsarbeidet for 2020 er samla under post 79.
Post 60 Tilskot for å vareta naturmangfald i kommuneplanlegging
Tilskotsordninga er knytt til resultatområdet Naturmangfald.
Posten er oppretta som følgje av Meld. St. 14 (2015–2016) Natur for livet – norsk handlingsplan for naturmangfold, der det går fram at regjeringa vil leggje til rette for at kommunane betrar kompetansen om naturmangfald. Som ei oppfølging av dette gjennomførte Miljødirektoratet eit pilotprosjekt i 2016–2018. Erfaringane frå pilotprosjektet var gode, og tilskotsordninga er oppretta med bakgrunn i dette. Midlane skal gje støtte til kommunar i arbeidet med å lage kommunedelplan om natur. Løyvinga for 2022 er 3 mill. kroner, ein auke på 2 mill. kroner samanlikna med 2021. Ordninga har vore populær, og slik kan fleire kommunar få tilskot.
Mål
Målet med tilskotsordninga er å styrkje den kommunale naturforvaltninga. Det er ønskjeleg at kommunane har større medvit om eigne naturverdiar, slik at dei kan gjere politiske val på eit betre kunnskapsgrunnlag tidleg i planprosessane. Dette kan gje meir effektive planprosessar og kompetanseløft i kommunane, i tillegg vil det skape eit lokalt engasjement for naturen og betre ivaretaking av naturmangfald.
Kriterium for måloppnåing
Midlane må brukast på å lage og vedta kommunedelplanar for naturmangfald i tråd med plan- og bygningslova.
Tildelingskriterium
Kommunar kan søkje om midlar.
Oppfølging og kontroll
Alle kommunar som får tilskot, må rapportere til Miljødirektoratet om korleis midlane er brukte, og om resultatet.
Rapport 2020
Tilskotsordninga er ny frå 2021.
Post 61 Tilskot til klimatiltak og klimatilpassing, kan overførast
Posten er knytt til resultatområdet Klima.
Løyvinga på posten for 2022 er samla sett på 222,8 mill. kroner og omfattar dei to tilskotsordningane Klimasats (ordning for tilskot til kommunale klimatiltak for å kutte utslepp av klimagassar) og tilskot til klimatilpassingstiltak i kommunane. Regjeringa foreslår å føre vidare tilskotsordninga Klimasats i 2022 med ei ramme for nye tilsegn på 200 mill. kroner, kor 10 mill. kroner er løyving i 2022 og 190 mill. kroner er tilsegnsfullmakt. Utbetalingane strekkjer seg over fleire år, så resten av løyvinga i 2022 er knytte til utbetalingar til kommunane for tilsegn til prosjekt som er gjevne tidlegare år. Løyvinga må sjåast i samanheng med tilsegnsfullmakta på posten.
For 2022 blir det fremja forslag om ei tilsegnsfullmakt på 400,5 mill. kroner, jf. forslag til vedtak VI. Det er sett av 3 mill. kroner til forvaltning av ordninga under kap. 1420 post 01, og 2 mill. kroner under kap. 1420 post 21 til kjøp av tenester for å spreie kunnskap og erfaring frå prosjektet.
Til klimatilpassingstiltak i kommunane blir ei løyving på 6,4 mill. kroner vidareført.
Ordninga under Klimasats med øyremerkte midlar til utvikling av hurtigbåtar med null- og lågutsleppsløysingar er frå 2021 vidareført på eigen budsjettpost (sjå kap. 1420, post 62).
Klimasats
Mål
Formålet er å fremje klimatiltak i kommunar, fylkeskommunar og Longyearbyen lokalstyre ved å støtte prosjekt som medverkar til reduserte utslepp av klimagassar og omstilling til lågutsleppssamfunnet.
Delmåla til tilskotsordninga er å bidra til
a. at kommunen, fylkeskommunen og Longyearbyen lokalstyre integrerer klimaomsyn i aktivitetane sine
b. at kommunen, fylkeskommunen og Longyearbyen lokalstyre styrkjer rolla som samfunnsutviklar og pådrivar som legg til rette for samarbeid på klimaområdet mellom ulike aktørar
Boks 8.3 Om ordninga
Klimasats-prosjekta utgjer ein stor kunnskapsbank. Formidling av erfaringar gjennom rettleiing, nettseminar og samlingar er ein sentral del av Klimasats.
Kommunane har sendt vel 2 500 søknader om Klimasats-midlar i perioden 2016–2021. Samla søkjesum er over 2,6 mrd. kroner.
Søknadene er politisk forankra og set klima på dagsordenen i Kommune-Noreg.
I underkant av 1 500 ulike prosjekt har fått tilsegn om til saman 1 005 mill. kroner i perioden 2016–2021.
Mange prosjekt involverer fleire kommunar og fylkeskommunar.
Nokre prosjekt gjev utsleppskutt straks, andre tiltak initierer ei langsiktig omstilling til lågutsleppssamfunnet.
Det er stor breidd i tiltaka, og mange klimatiltak blir prøvde ut, ofte i dialog med næringslivet.
262 kommunar har i 2021 søkt støtte til deltaking i interkommunale klimanettverk. Talet på kommunar som søkjer slik støtte, har auka kvart år sidan 2016. Interkommunalt samarbeid er viktig i omstillinga til lågutsleppssamfunnet.
Kriterium for måloppnåing
Midlane skal gå til dei prosjekta som i størst grad bidreg til klimagassreduksjon og omstilling til lågutsleppssamfunnet. Midlane skal fortrinnsvis utløyse tiltak, men delar av midlane kan gå til planlegging og utgreiing av tiltak. Dei kan òg gå til nettverksbygging og erfaringsdeling.
Tildelingskriterium
Kommunar og fylkeskommunar kan søkje om midlar til mange ulike formål, til dømes: klimavennleg areal- og transportplanlegging, meirkostnader i anskaffingar, klimavennleg transport, forprosjekt for klimagassreduserande tiltak og interkommunale nettverk for kompetanseheving og deling av erfaring. Longyearbyen lokalstyre kan søkje om tilskot frå 2021.
Kommunar og fylkeskommunar kan få tilskot til tiltak som oppfyller følgjande tildelingskriterium:
Tiltaket skal bidra til reduserte klimagassutslepp, løysingar som kan bidra til omstilling til lågutsleppssamfunnet, eller til begge delar.
Søknaden skal vere politisk forankra i fylkeskommunen/kommunen.
Tilskotet skal vere utløysande for at tiltaket blir gjennomført.
Søkjar må bidra med eigeninnsats.
I 2022 skal Miljødirektoratet særleg prioritere tiltak som bidreg til meir varige omstillingstiltak, systemendring og innovasjon i kommunane. Detaljerte opplysningar finst på www.miljodirektoratet.no/klimasats.
Oppfølging og kontroll
Resultatkontroll og oppfølging skjer ved at tilskotsmottakarane leverer sluttrapport med resultat, dokumentasjon og stadfesta rekneskap. Dei ulike prosjekta har individuelle rapporteringskrav og fristar, slik at ein får formålstenleg rapportering. Endringar i prosjektet blir melde inn undervegs. Langvarige prosjekt har krav om årleg delrapport. Enkelte prosjekt har òg krav om etterrapportering, der dei skal gjere greie for erfaringane når tiltaket har fått verka ei stund.
Tilskotsbeløpet blir utbetalt i etterkant av utgifter som har oppstått, og for langvarige prosjekt er det delutbetalingar på grunnlag av rekneskapar.
Ordninga er følgjeevaluert frå 2016 til 2019. Menon Economics finn at Miljødirektoratets prioriteringar er godt i samsvar med hovudformålet for Klimasats. Ifølgje kommunane medverkar ordninga òg til kompetanseheving og til identifikasjon og realisering av ytterlegare klimatiltak.
Rapport 2020
I 2020 fekk Miljødirektoratet 580 søknader om til saman 661 mill. kroner til den ordinære Klimasats-ordninga. I tillegg kom det ni søknader om støtte til innfasing av hurtigbåtar med null- og lågutsleppsløysingar. Til saman 357 prosjekt fekk støtte. Seks av desse fekk øyremerkte hurtigbåtmidlar.
Klimasats-støtta har i 2020 mellom anna utløyst arbeid med nullutslepp i vegvedlikehald, biokolanlegg, kommunalt pådriv for utsleppsfri tungtransport, fleire utsleppsfrie byggjeplassar, kartlegging av klimatiltak tidleg i byggje- og anleggsprosjekt, gjenbruk og sirkulære materiale i bygg.
Klimatilpassing
Mål
Tilskotsordninga skal fremje arbeidet med klimatilpassing i kommunar og fylkeskommunar ved å medverke til å auke kunnskap om korleis klimaendringane råkar dei, og kva tiltak som må setjast i verk for å måle klimaendringane. Dette omfattar kunnskap om korleis klimaendringane kan verke inn på ansvarsområda til kommunane og fylkeskommunane, og utgreiingar om kva slag tiltak kommunane må setje i verk for å møte klimaendringane.
Kriterium for måloppnåing
Midlane må brukast på tiltak som gjer samfunnet betre rusta mot klimaendringane.
Tildelingskriterium
Kommunar og fylkeskommunar kan søkje om midlar til kunnskapsoppbygging og til utgreiing av konkrete tilpassingstiltak. Midlane kan ikkje brukast til gjennomføring av fysiske klimatilpassingstiltak.
Oppfølging og kontroll
Resultatkontroll og oppfølging av tilskot til klimatilpassing skjer ved at det blir følgt opp at tilskotsmottakarane nyttar midlane som føresett, og at tiltaka blir gjennomførte. Kontroll av bruken av midlar skjer mellom anna gjennom dokumentasjon i sluttrapport innsend av tilskotsmottakaren.
Rapport 2020
I 2020 fekk Miljødirektoratet 39 søknader for til saman 21 mill. kroner på ordninga tilskot til klima-tilpassing. Av desse fekk 18 prosjekt til saman 7,26 mill. kroner i støtte. Av dette er 860 000 kroner som vart trekte inn frå 2019 frå prosjekt som ikkje vart gjennomførte, og lagt til løyvinga på 6,4 mill. kroner for 2020.
Midlane for 2020 vart fordelte mellom små og store kommunar i heile landet til prosjekt om mellom anna klimatilpassing i idretts- og friluftsanlegg, overvasshandtering i forureinande område og indikatorar for klimatilpassing av bygg og infrastruktur.
Post 62 Tilskot til grøn skipsfart, kan overførast
Posten er knytt til resultatområdet Klima. Regjeringa foreslår å føre vidare ordninga for innfasing av hurtigbåtar med null- og lågutsleppsløysingar i fylkeskommunale samband med ei ramme for nye tilsegner på 40 mill. kroner i 2022. Desse midlane er fordelte med ei løyving på 25 mill. kroner og ei tilsegnsfullmakt på 15 mill. kroner i tråd med forventa utbetalingstakt. Den totale løyvinga på posten, 87,2 mill. kroner varetar i tillegg utbetaling av tidlegare gitte tilsegn på 62,2 mill. kroner. Som følgje av at tilskot blir utbetalte på etterskot, er det behov for ei samla tilsegnsfullmakt på 117 mill. kroner til posten, jf. forslag til vedtak VI.
Mål
Ordninga har som formål å auke bruken av null- og lågutsleppsløysingar i fylkeskommunale hurtigbåtsamband.
Tildelingskriterium
Kommunar og fylkeskommunar kan få tilskot til tiltak som oppfyller følgjande tildelingskriterium:
Tiltaket skal bidra til reduserte klimagassutslepp, løysingar som kan bidra til omstilling til lågutsleppssamfunnet, eller til begge delar.
Søknaden skal vere politisk forankra i fylkeskommunen/kommunen.
Tilskotet skal vere utløysande for at tiltaket blir gjennomført.
Søkjar må bidra med eigeninnsats.
Detaljerte opplysningar finst på www.miljødirektoratet.no.
Oppfølging og kontroll
Resultatkontroll og oppfølging skjer ved at tilskotsmottakarane leverer sluttrapport med resultat, dokumentasjon og stadfesta rekneskap. Dei ulike prosjekta har individuelle rapporteringskrav og fristar, slik at ein får formålstenleg rapportering. Endringar i prosjektet blir melde inn undervegs. Fleirårige prosjekt har krav om årleg delrapport. Enkelte prosjekt har òg krav om etterrapportering, der dei skal gjere greie for erfaringane når tiltaket har hatt noko verknadstid. Tilskot kjem som regel til utbetaling når prosjektet er gjennomført, og på grunnlag av sluttrapporten og rekneskapen deira.
Rapport 2020
Posten er ny i 2021. Sjå rapportering på kap. 1420 post 61.
Post 63 Returordning for kasserte fritidsbåtar, kan overførast
Posten gjev tilskot til kommunale anlegg for behandling av kasserte fritidsbåtar. Tilskot til private behandlingsanlegg og til kommunale og interkommunale verksemder som er organiserte som sjølvstendige rettssubjekt, blir utbetalte frå post 75. Ordninga rettar seg mot resultatområdet Forureining. Posten er redusert med 300 000 kroner frå 2021. Foreslått løyving er på 700 000 kroner på posten for 2022.
Mål
Målet med tilskotsordninga er å stimulere båteigarar til å levere kasserte båtar til godkjend returplass, slik at fritidsbåten kan takast hand om på ein forsvarleg måte og materiala frå han kan vinnast att. Posten dekkjer utbetaling av tilskot for kostnader ved behandling ved ein kommunal eller interkommunal behandlingsplass.
Frå 1. oktober 2017 blir det utbetalt tilskot til kasserte fritidsbåtar over denne posten. Det blir utbetalt eit beløp per kilo båt som blir levert inn til behandlingssystemet, for å dekkje kostnadene kommunane har ved å behandle båtvraka.
Kriterium for måloppnåing
Tilskotsordninga skal medverke til å auke innlevering av fritidsbåtar som skal vrakast, slik at dei kan takast hand om på ein forsvarleg måte og ikkje blir etterlatne i naturen, ulovleg senka eller brende.
Tildelingskriterium
Miljødirektoratet betaler ut tilskot til behandlingsanlegg for behandling av kasserte fritidsbåtar. Tilskotet i kroner per båt er basert på kostnadene ved å behandle fritidsbåtane. Tilskot til private behandlingsanlegg og kommunale og interkommunale verksemder organiserte som sjølvstendige rettssubjekt blir utbetalte frå post 75.
Oppfølging og kontroll
Miljødirektoratet kontrollerer dokumentasjon frå behandlingsanlegget i samband med at kasserte fritidsbåtar blir behandla.
Rapport 2020
Ordninga vart vedteken i statsbudsjettet for 2017 og var verksam frå 1. oktober 2017. I 2020 vart det levert totalt om lag 13 900 kasserte fritidsbåtar over både post 63 og post 75. Det var inga utbetaling til kommunale anlegg på post 63 i 2020.
Post 64 Skrantesjukeprøvar frå fallvilt
Tilskotsordninga er retta mot resultatområdet Naturmangfald. Skrantesjuke er ein sjukdom som er dødeleg for hjortedyr. Det er påvist to typar skrantesjuke i Noreg. I Nordfjella sone 1 og på Hardangervidda er det påvist éin smittsam type skrantesjuke. Ein annan type skrantesjuke, såkalla atypisk skrantesjuke, er funnen hos fleire elgar og éin hjort i Noreg. For å auke kunnskapen om skrantesjuke skal det gjennomførast målretta kartlegging av hjortevilt felt under jakt i alle områda der sjukdommen er funnen. I tillegg skal all vaksen villrein felt i alle villreinområda testast, og elg og hjort i eit utval kommunar skal testast.
Skrantesjuke kan påvisast i prøvar frå hjerne og lymfeknutar. Dette krev tilgang til døde dyr og relativt ferske prøvar. Tilgangen til døde hjortevilt og høvet til å ta ut prøvar av hjerne og lymfeknutar er størst i samband med jakt. I tillegg skal fallvilt som er eitt år og eldre, av alle artar hjortevilt testast for skrantesjuke i alle kommunar og villreinområde i Noreg. Ettersøkspersonellet i kommunen er den gruppa som er mest i kontakt med fallvilt, og det er difor ofte formålstenleg at dei tek ut nødvendige prøvar. For å auke kunnskapen om korleis sjukdommen opptrer i ulike aldersgrupper, sender frå og med 2020 også utvalde kommunar inn kjevar frå fallvilt for aldersbestemming. Kommunen skal alltid registrere fallvilt i Miljødirektoratets database Hjorteviltregisteret, inkludert om det er teke skrantesjukeprøve. Prøvetaking av fallvilt kan føre til ekstra utgifter for kommunen. Posten er oppretta for å dekkje utgifter kommunar har i samband med kartlegging av skrantesjuke hos fallvilt.
Målsetjinga med tilskotsordninga er kartlegging av mogleg spreiing av skrantesjuke.
Foreslått løyving er på 1,2 mill. kroner, uendra samanlikna med 2021.
Kriterium for måloppnåing
Kriterium for måloppnåing er at tilskotsordninga medverkar til auka kartlegging av skrantesjuke hos fallvilt.
Tildelingskriterium
Det er oppretta eit eige skjema i Miljødirektoratets elektronisk søknadssenter der kommunar kan søkje om tilskot i etterkant av den årlege rapporteringsfristen for fallvilt. Søknadssenteret hentar automatisk så mange skrantesjukeprøvar som kommunen har registrert frå fallvilt i Hjorteviltregisteret. Det blir gjeve ein fast sats per registrerte prøve og ein fast sats per kjeve. Summen blir utbetalt som tilskot til kommunane.
Oppfølging og kontroll
Miljødirektoratet gjennomfører oppfølging og kontroll gjennom Elektronisk søknadssenter og Hjorteviltregisteret.
Rapport 2020
Rapportering av fallvilt følgjer jaktåret (1. april–31. mars), og for jaktåret 2019–2020 søkte til saman 127 kommunar om tilskot for 1 685 prøvar til ein samla sum på 0,843 mill. kroner. Det var ein stor auke i talet kommunar som søkte samanlikna med førre året, trass nedgang i talet på fallvilt. Dette tyder på at arbeidet med skrantesjuke er meir prioritert og tilskotsordninga meir kjend, men framleis er det mykje fallvilt det ikkje blir søkt om tilskot for. Det blir arbeidd fortløpande for å få inn fleire prøvar frå fallvilt.
Post 65 Tiltak i kommunar med ulverevir i Hedmark, Akershus og Østfold
Tilskotsordninga er retta mot resultatområdet Naturmangfald. Foreslått løyving er på 20,6 mill. kroner, det same som i 2021.
Mål
Målet med tilskotsordninga er å medverke til konfliktdemping i kommunar med ulverevir.
Kriterium for måloppnåing
Kriterium for måloppnåing er at tilskotsordninga medverkar til konfliktdemping.
Tildelingskriterium
Ordninga gjeld for kommunar innanfor dei tidlegare fylka Hedmark, Akershus og Østfold som har eitt eller fleire ulverevir per 1. juni. Tilskotet blir fordelt likt på kommunane.
Kommunane skal disponere tilskotet vidare på tiltak som medverkar til å oppfylle formålet med ordninga. Kommunane skal sjølve avgjere kva konfliktreduserande tiltak som skal finansierast.
Kommunane står fritt til å disponere tilskotet og velje tiltak, under dette å tilgodesjå aktuelle næringsinteresser, organisasjonar eller privatpersonar. Bruken av tilskotet skal vere knytt til tiltak og arbeid med tilpassing til det å ha eit ulverevir i kommunen.
Oppfølging og kontroll
Kommunar som blir tildelte tilskot, skal innan 1. mai rapportere til Miljødirektoratet om korleis tilskotet er brukt, og i kva grad bruken har medverka til å nå målet for ordninga. Miljødirektoratet vurderer tilskotsordninga årleg.
Rapport 2020
Totalt 22 av dei 24 kommunane som kunne få tilskot, søkte om tilskot i 2020. Det vart tildelt til saman 20,56 mill. kroner. Inntil 20 pst. av midlane kunne nyttast til forsking og utgreiing frå og med 2020. 17 av dei 22 kommunane søkte midlar til slike formål. To kommunar (Rendalen og Trysil) søkte berre om midlar til forsking og utgreiing, og desse to fekk tildelt eit tilskot på 0,7 mill. kroner. Dei andre kommunane fekk tildelt 0,958 mill. kroner. Andre tiltak som har fått tilskot, er informasjonstiltak, rovviltgjerder, beskyttelsesvestar for hund, friluftsliv, belysning for skulebarn, kompensasjon av tapte jaktrettar med meir.
Post 66 Tilskot til kommunar for å betre tilgangen til strandsona langs Oslofjorden
Tilskotsordninga er knytt til resultatområde Friluftsliv. Foreslått løyving på posten er 3 mill. kroner.
Posten finansierer ei ny tilskotsordning som gjev midlar til kommunane langs Oslofjorden til juridiske avklaringar i arbeidet med å klargjere grensene mellom innmark og utmark langs strandsona og arbeidet med fjerning av ulovlege stengsel og hindringar i strandsona. Etablering av tilskotsordninga er ein del av oppfølginga av den heilskaplege tiltaksplanen for Oslofjorden.
Mål
Målet med tilskotsordninga er å betre tilgangen for allmenta til ferdsel og opphald langs Oslofjorden gjennom å gje midlar til juridisk bistand til kommunane i arbeidet deira med å fjerne ulovlege stengsel og hindringar til og langs Oslofjorden og arbeidet med klargjering av grensene mellom innmark og utmark.
Kriterium for måloppnåing
Betre moglegheiter for allmenta til å utøve friluftsliv langs Oslofjorden i form av at tidlegare ulovleg privatiserte eller utilgjengelege areal blir tilgjengelege for friluftsliv.
Tildelingskriterium
Oslo kommune, kommunar i Viken og i Vestfold og Telemark med grense til Oslofjorden kan søkje om midlar.
Oppfølging og kontroll
Alle kommunar som får tilskot, må rapportere til Miljødirektoratet om korleis midlane er brukte, og om resultatet.
Rapport 2020
Tilskotsordninga er ny frå 2022.
Post 69 Oppryddingstiltak, kan overførast, kan nyttast under postane 39 og 79
Utgiftene på posten må sjåast i samanheng med midlar til same formål under postane 39 og 79. Midlane er retta mot resultatområdet Forureining. I dei fleste områda som får støtte, stammar forureininga frå langt tilbake i tid, og det er vanskeleg å finne den ansvarlege forureinaren. Midlane som staten løyver over dei tre postane 39, 69 og 79, er difor nødvendige for at oppryddinga av forureiningane skal bli gjennomført.
Elles vil den samla løyvinga på postane 39, 69 og 79 gå til vidareføring og gjennomføring av allereie vedtekne oppryddingstiltak, inkludert tiltak der det er blitt gjeve finansieringstilsegn frå miljøstyresmaktene, og til ei rekkje mindre tiltak, særleg innanfor forureina sjøbotn.
Foreslått løyving er på om lag 126 mill. kroner på posten for 2022. Det er ein auke til framhaldet av oppryddinga av miljøgifter i forureina sjøbotn i Hammerfest hamn. Oppryddinga starta i 2021 og er planlagd over 3 år, og det statlege tilskotet er berekna til totalt 128,5 mill. kroner. I 2022 er det òg foreslått ein auke på 23 mill. kroner for å starte opprydding i Store Lungegårdsvann i Bergen. Oppryddinga skal foregå i to år med ei statleg stønad på tilsaman 107,3 mill. kroner. For dei tre oppryddingspostane er det behov for ei fullmakt til å pådra forpliktingar for framtidige år på til saman 28,9 mill. kroner, jf. forslag til vedtak VII.
Mål
Posten skal nyttast til å dekkje utgifter som kommunane har til å undersøkje og gjennomføre oppryddingstiltak i grunnen på land og i botnen i sjø og vatn som er forureina med helse- og miljøskadelege stoff.
Kriterium for måloppnåing
Både for forureina sjøbotn og forureina grunn er bruken av midlane knytt til det nasjonale målet «forureining skal ikkje skade helse og miljø» og målet «utslepp av helse- og miljøskadelege stoff skal stansast».
Tildelingskriterium
I dei prioriterte tiltaksplanområda for forureina sjøbotn vil kommunen ofte stå for førebuing og gjennomføring av oppryddingstiltak. Posten skal nyttast til delfinansiering av oppryddingsprosjekt i kommunal regi og der fleire aktørar er med på å finansiere tiltaket. Kommunen må normalt medverke med midlar sjølv òg. Sjå òg omtale under kap. 1420 postane 39 og 79.
Oppfølging og kontroll
Kontroll av bruken av midlar skjer mellom anna gjennom dokumentasjon av framdrift og sluttrapport innsend av tilskotsmottakaren.
Rapport 2020
Rapportering på resultat frå ressursbruken i oppryddingsarbeidet for 2020 er samla under post 79.
Post 70 Tilskot til vassmiljøtiltak, kan overførast
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Underpost | Nemning | Rekneskap 2020 | Saldert budsjett 2021 | Forslag 2022 |
70.1 | Kalking | 40 390 | 3 767 | 3 865 |
70.2 | Anadrom laksefisk | 15 457 | 19 859 | |
70.3 | Generell vassforvaltning | 23 568 | 24 181 | |
Sum post 70 | 40 390 | 42 792 | 47 905 |
Tilskotsordningane under posten er retta mot resultatområdet Naturmangfald.
Posten samlar alle tilskotsmidlane til ulike vassmiljøtiltak. På same viset som post 22 er delt inn i midlar til kalking, anadrom laksefisk og generell vassforvaltning, er post 70 delt inn etter dei same formåla. Foreslått løyving på posten er 47,9 mill. kroner, ein auke på 5,1 mill. kroner. Av dette er 1,1 mill. kroner prisjustering, medan 4 mill. kroner er lagt inn på underpost 2 til mogleg tilskot til den delen av drifta av Tanavassdragets fiskeforvaltning som ikkje kan finansierast gjennom sal av fiskekort grunna nye restriksjonar på fiske i dette grensevassdraget med Finland.
På underpost 3 er 1,3 mill. kroner øyremerkte til vasskoordinatorstilling i Sabima.
Kalking
Mål
Målet med tilskotsordninga er å medverke til å redusere dei negative effektane av sur nedbør på naturmangfaldet i vassdrag.
Kriterium for måloppnåing
God vasskvalitet er hovudkriteriet for måloppnåing. Kriteria og framdriftsplan for desse følgjer av handlingsplanen for kalking.
Tildelingskriterium
Tilskot kan bli gjeve til kjøp, transport og spreiing av kalk, til informasjon om effektar av tiltak som er gjennomførte, og til rettleiing om kalking i vassdrag. Det kan ytast tilskot til prosjekt i område der tolegrensa for menneskeskapt forsuring er overskriden, og der det kan påvisast eller er sannsynleg at skadar på naturmangfaldet kjem av forsuring. I område der tolegrensa ikkje lenger er overskriden, men der tidlegare forsuring har ført til at det opphavlege mangfaldet er borte, kan det bli gjeve tilskot til å setje i stand opphavleg naturmangfald. Det blir ikkje gjeve tilskot til naturleg sure lokalitetar. Ved tildeling av midlar kan det stillast vilkår om at fisket i området blir opna for allmenta etter retningslinjer gjevne av miljøstyresmaktene, og at søkjaren medverkar med ein viss eigeninnsats. Eigeninnsatsen kan vere delfinansiering eller arbeidsinnsats.
Oppfølging og kontroll
Tilskotsmottakarane blir følgde opp for å sikre at midlane blir nytta som føresett, og at tiltak blir gjennomførte. Kontrollen overfor tilskotsmottakarane går for seg ved generell formalia- og sannsynskontroll av innsende rapportar.
I tillegg skjer resultatkontroll og oppfølging gjennom undersøkingar av vasskvalitet og biologiske forhold i vassdraga.
Rapport 2020
Det meste av midlane under ordninga vart i 2020 brukt til kalking av innsjøar og bekker, hovudsakleg i Agder. Det vart òg gjeve tilskot til Voss klekkeri og informasjonstiltak, mellom anna til bladet pH-status.
Anadrom laksefisk
Mål
Målet med tilskotsordninga er å leggje til rette for bevaring og forvaltning av vill anadrom laksefisk.
Kriterium for måloppnåing
Kriterium for måloppnåing er å medverke til å nå måla for viltlevande anadrom laksefisk.
Tildelingskriterium
Det kan bli gjeve tilskot til tiltak knytte til informasjon om og forvaltning av villaks, sjøaure og sjørøye, inkludert bevarings- og kultiveringstiltak, og til bruksretta FoU-verksemd og overvaking som grunnlag for mellom anna lokal forvaltning av lakse- og sjøaurebestandar. Det kan òg bli gjeve tilskot til tiltak for å betre tilgangen til og høvet til å fiske for allmenta.
Oppfølging og kontroll
Tilskotsmottakarane blir følgde opp for å sikre at midlane blir nytta som føresett, og at tiltak blir gjennomførte. Kontrollen overfor tilskotsmottakar går for seg gjennom generell formalia- og sannsynskontroll av innsende rapportar.
I tillegg skjer resultatkontroll og oppfølging gjennom undersøkingar av vasskvalitet og biologiske forhold i vassdraga.
Rapport 2020
Midlane vart i 2020 nytta til tiltak i regi av organisasjonar og til informasjonstiltak og formidling av kunnskap. I tillegg vart det gjeve tilskot til overvaking av bestandssituasjonen for laks og sjøaure og til forsking og utvikling innan arbeidet med nedkjemping av Gyrodactylus salaris. Samla har dette medverka til betre forvaltning og styrkt kunnskapsgrunnlag knytt til anadrom laksefisk.
Generell vassforvaltning
Mål
Målet med tilskotsordninga er å leggje til rette for god økologisk og kjemisk tilstand i vatn, jf. vassforskrifta. Restaureringstiltak vil ha høg prioritet, mellom anna som del av den norske satsinga i FNs tiår for restaurering av økosystema 2021–2030.
Kriterium for måloppnåing
Kriterium for måloppnåing er at tiltaka medverkar til at måla om god økologisk og kjemisk tilstand i vassførekomstane blir nådde. Lokal involvering vil òg vere eit viktig kriterium. Kriteria og framdriftsplan for desse følgjer av vassforskrifta og dei regionale vassforvaltningsplanane og tiltaksprogramma.
Tildelingskriterium
Tilskot kan bli gjeve til tiltak som betrar miljøet i vassområde med særskilde utfordringar. Restaureringstiltak vil bli særleg høgt prioriterte. Det kan òg bli gjeve tilskot til tilrettelegging, organisering og informasjon knytt til arbeidet i vassområde og vassregionar og til utgreiingar og andre tenestekjøp knytte til særskilde utfordringar i vassområda.
Oppfølging og kontroll
Tilskotsmottakarane blir følgde opp for å sikre at midlane blir nytta som føresett, og at tiltak blir gjennomførte. Kontrollen overfor tilskotsmottakar går for seg gjennom generell formalia- og sannsynskontroll av innsende rapportar.
Rapport 2020
Midlane vart i 2020 nytta til tiltak i regi av kommunar, interkommunale vassområde og organisasjonar, til både konkrete tiltak og utgreiing av tiltak for å betre vassmiljøet. Restaureringstiltak har hatt hovudprioritet. Det vart gjeve tilskot til tiltak over heile landet.
Det vart òg gjeve tilskot til organisasjonar som har medverka i vassforvaltningsarbeidet. Samla har dette medverka til satsinga på restaurering av vassdrag og betre vassmiljø lokalt.
Post 71 Marin forsøpling, kan overførast
Posten er retta mot resultatområdet Forureining og delt opp i to tilskotsordningar. Foreslått løyving er på om lag 50 mill. kroner på posten for 2022. Det er foreslått omdisponert til saman 20 mill. kroner frå denne posten. For å kunne målrette arbeidet med opprydding av marin forsøpling og evaluere effekten av oppryddinga, blir 8 mill. kroner omdisponert til overvaking og utgreiing av mikroplast. Det resterande beløpet blir nytta til andre presserande oppgåver på Miljødirektoratets budsjett. Det er behov for ei tilsegnsfullmakt på denne posten på 15 mill. kroner, jf. forslag til vedtak VI.
Tilskot til SALT Lofoten for arbeid med Fishing for Litter
Fishing for Litter er ei ordning der eigarlaust marint avfall frå fiskeflåten kan leverast vederlagsfritt. Ordninga vil omfatte 11 hamner og er på om lag 2,4 mill. kroner i 2022.
Tilskot til tiltak for å redusere marin forsøpling
Mål
Ordninga skal gå til tiltak for å redusere marin forsøpling gjennom å dekkje utgifter knytte til opprydding av marint avfall og til førebyggjande arbeid. Stor merksemd skal rettast mot strandsona og rydding av marint avfall på sjøbotnen. Opprydding av avfall langs elvar, vatn og innsjøar er også omfatta av ordninga. Prinsippet om at forureinaren betaler, skal liggje til grunn for arbeidet. Opprydding der det finst ein ansvarleg for avfallet, er ikkje omfatta av ordninga. I slike tilfelle kan styresmaktene gje pålegg om opprydding, og utgiftene skal dekkjast av den ansvarlege forureinaren.
Kriterium for måloppnåing
Kriterium for måloppnåing er at midlane er knytte til det nasjonale målet om at «veksten i mengda avfall skal vere vesentleg lågare enn den økonomiske veksten, og ressursane i avfallet utnyttast best mogleg gjennom materialattvinning og energiutnytting».
Tildelingskriterium
Det er utarbeidd ei forskrift med kriterium for bruken av ordninga. Denne tredde i kraft 1. januar 2019. Følgjande tiltak kan støttast:
opprydding av marin forsøpling og koordinering av slike prosjekt
prosjekt for å førebyggje marin forsøpling
Følgjande kriterium skal vektleggjast ved vurdering av tiltak:
at prosjektet samlar aktørar, har mange deltakarar og dekkjer større geografiske område
at tiltaket sikrar ein effektiv bruk av midlane med godt dokumenterte utgiftspostar
at tiltaket medverkar i stor grad med eigenfinansiering eller medfinansiering frå andre kjelder
at tiltaket inneheld konkrete og realistiske/gjennomførlege planar for gjennomføring av prosjektet
at søkjaren har spesiell kompetanse innanfor tiltaket det er søkt om støtte til
Årlege satsingsområde og prioriteringar blir kunngjorde av Miljødirektoratet i utlysingsteksten for tilskotsordninga, som blir kunngjord i fjerde kvartal 2022.
Oppfølging og kontroll
Kontroll av bruken av midlane skjer mellom anna gjennom sluttrapport innsend av tilskotsmottakaren. I tillegg kan Miljødirektoratet og Riksrevisjonen utan forvarsel føre kontroll med at tilskotet er eller blir nytta etter føresetnadene.
Rapport 2020
Det vart i 2020 tildelt 68,2 mill. kroner til 50 ulike søknader (totalt 149 søknader). Om lag 66 mill. kroner gjekk til oppryddingsprosjekt og førebyggjande arbeid. 2,4 mill. kroner gjekk til vidareføring av prøveordninga Fishing for Litter.
Post 72 Erstatning for beitedyr tekne av rovvilt, overslagsløyving
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Underpost | Nemning | Rekneskap 2020 | Saldert budsjett 2021 | Forslag 2022 |
72.1 | Erstatning for husdyr | 131 834 | 57 584 | 53 951 |
72.2 | Erstatning for tamrein | 88 301 | 90 597 | |
Sum post 72 | 131 834 | 145 885 | 144 548 |
Posten er retta mot resultatområdet Naturmangfald. Posten omfattar erstatningar for husdyr og tamrein som er drepne eller skadde av rovvilt. Erstatningane kan variere frå år til år, mellom anna på grunn av naturgjevne forhold. Løyvingsbehovet er slik sett vanskeleg å stipulere, og posten er difor budsjettert som overslagsløyving.
Foreslått løyving er 144,5 mill. kroner, ein reduksjon på 1,3 mill. kroner samanlikna med 2021. Fordi vi dei siste åra har sett ein nedgang i rovviltskadar på husdyr, er posten nok ein gong redusert, denne gongen med 5 mill. kroner. Så har posten fått ei prisjustering på 3,7 mill. kroner.
Mål
Ordninga skal sikre full erstatning for rovviltskadar på husdyr og tamrein som er dokumenterte og sannsynlege, slik dette er nedfelt i naturmangfaldlova.
Kriterium for måloppnåing
Kriterium for måloppnåing er at ordninga sikrar den lovfesta retten dyreeigaren har til full erstatning i tilfelle der rovvilt er årsaka til tap av dyr.
Tildelingskriterium
Erstatningar blir utbetalte i samsvar med forskrift om rovvilterstatning for husdyr, fastsett 30. mai 2014, og forskrift om rovvilterstatning for tap av tamrein, fastsett 4. mai 2001.
Oppfølging og kontroll
Erstatningssøknadene blir gjennomgåtte for å sikre at vilkåra for erstatning er oppfylte. Dokumentasjon av rovviltskadane, som blir gjennomført av Statens naturoppsyn, er eit viktig grunnlag for erstatning. Bestandregistreringa er òg betra dei siste åra gjennom felles metodikk mellom Noreg og Sverige, betra høve for publikum til å melde inn rovviltobservasjonar og auka ressursar for Statens naturoppsyn.
Rapport 2020
Erstatningsoppgjeret for husdyr og tamrein er gjennomført i medhald av gjeldande reglar. Det er framleis stor variasjon i tapsutviklinga i ulike område, men på nasjonalt nivå er det god samanheng mellom auka innsats på førebyggjande tiltak og reduksjon i sauetapa. For reinnæringa ser ein ikkje nokon tilsvarande samanheng. For denne næringa er det vanskelegare å finne eigna tiltak, og tapsforholda varierer i større grad med naturgjevne forhold knytte til klima, beitegrunnlag og anna.
Post 73 Tilskot til rovvilttiltak, kan overførast
Posten er retta mot resultatområdet Naturmangfald. Posten dekkjer utgifter til førebyggjande og konfliktdempande tiltak i rovviltforvaltninga, inkludert godtgjersle til lokale fellingslag og tilskot til Norges Jeger- og Fiskerforbund for rovvilttiltak som ei oppfølging av rovviltforliket av 2011. Løyvinga på posten kan òg nyttast til tiltak for å auke kunnskapsgrunnlaget som kjem den todelte målsetjinga til gode. Foreslått løyving er 79,6 mill. kroner, ein reduksjon på 0,9 mill. kroner samanlikna med 2021. Posten har fått delvis prisjustering med 1,1 mill. kroner, og så er det flytta 2 mill. kroner til kap. 1410 post 21 for å utvide og forbetre metodikken i rovviltovervakinga. Innanfor posten er det sett av 10 mill. kroner til omstillingstiltak.
Mål
Målet med tilskotsordninga er å førebyggje rovviltskadar i husdyrhald og tamreindrift gjennom å medverke til å finansiere førebyggjande tiltak. Midlane skal òg nyttast til omstillingstiltak for dyreeigarar med utmarksbasert sauehald som over eit lengre tidsrom har hatt omfattande rovviltskadar og ønskjer ei omstilling til anna næringsverksemd knytt til landbrukseigedommen. Vidare skal midlane nyttast til godtgjersle ved forsøk på skadefelling av rovvilt og medverke til å dempe konfliktar og auke verdiskapinga knytt til førekomstar av rovdyr i lokalsamfunn. Det blir lagt vekt på å føre vidare arbeidet med tiltak innan førebygging og konfliktdemping med utgangspunkt i Stortingets behandling av St.meld. nr. 15 (2003–2004) Rovvilt i norsk natur, jf. Innst. S. nr. 174 (2003–2004) og rovviltforliket på Stortinget våren 2011 (jf. Representantforslag 8:163 S (2010–2011)).
Kriterium for måloppnåing
Kriterium for måloppnåing er at tilskotsordninga stimulerer til mindre tap og konfliktar knytte til førekomstar av rovvilt i dei ulike rovviltregionane ved å setje i verk effektive førebyggjande og konfliktdempande tiltak. Vidare er det eit kriterium for måloppnåinga at tilskotsordninga gjev omstillingar der dette fører til reduserte tap og konfliktar.
Tildelingskriterium
Tilskot til førebyggjande og konfliktdempande tiltak blir fordelte etter ei forskrift fastsett i 2013, medan forskrifta som handlar om omstillingstiltak, vart fastsett i 2015. I tråd med føringane i rovviltpolitikken vil ein hovuddel av midlane bli kanalisert gjennom dei åtte regionale rovviltnemndene. Midlane skal nyttast til førebyggjande tiltak i husdyrhald og tamreindrift og til konfliktdempande tiltak retta mot kommunar og lokalsamfunn. I kvar region har den regionale rovviltnemnda utarbeidd ein forvaltningsplan som skal sikre at det over tid blir lagt til rette for tilpassingar som gjev eit best mogleg skilje mellom beitedyr og faste førekomstar av rovvilt. Dette inneber mellom anna at besetningar med store årlege tap til rovvilt bør prioriterast for tilskot til nødvendige driftstilpassingar. Dei regionale rovviltnemndene har hovudansvaret for at tildelingane over posten skjer i tråd med eigen forvaltningsplan i den enkelte regionen. Det er utarbeidd nasjonale standardar for nokre av dei ulike førebyggjande tiltaka. Desse standardane skal følgjast ved iverksetjing av tiltaka. Midlane til omstilling skal fordelast av Miljødirektoratet etter innspel frå regionale og lokale miljø- og landbruksstyresmakter.
Auka beitebruk med sau i rovviltprioriterte område skal ikkje stimulerast. For å medverke til ei tydelegare soneforvaltning skal midlar til førebyggjande og konfliktdempande tiltak normalt prioriterast slik at ordninga ikkje medverkar til fleire beitedyr i rovviltprioriterte område. På same måten skal nyetablert beitebruk med sau i rovviltprioriterte område prioriterast lågt.
Oppfølging og kontroll
Det blir utført ein generell formalia- og sannsynskontroll av rapportar frå tilskotsmottakarar om gjennomføring av tiltak og ressursforbruk. For å sikre effektiv bruk av midlane er det lagt vekt på kontroll med at førebyggjande tiltak som er støtta med offentlege midlar, følgjer nasjonale standardar der slike er utarbeidde.
Rapport 2020
I 2020 vart det behandla i alt 497 søknader om konkrete førebyggjande tiltak, og det vart behandla 189 søknader om tiltak for å dempe konfliktar kring rovvilt. Det kom inn 84 søknader om akutte tiltak, og det vart gjennomført omstillingstiltak for to bruk som hadde opplevd vesentleg rovviltskade i besetningane over fleire år. Det kan ut frå statistikk over erstatningsutbetaling for skade og tap av sau sjå ut til at tapa går ned med ein auke i avsette midlar til tiltak. Reduksjonen i tap kan òg henge saman med den geografiske differensieringa av både rovviltførekomstar og prioritering av tiltak.
Brukarar sender søknad elektronisk, og alle rapportar kan sendast inn på same viset. Dette fører til betre oversikt over oppnådde resultat og korleis brukarane vurderer måloppnåinga ved dei enkelte tiltaka. Rapportane er tilgjengelege i søknadsarkivet til søknadssenteret.
Post 74 CO2-kompensensasjonsordning for industrien
Posten er knytt til resultatområdet Klima. Det er løyva 2 800 mill. kroner til posten for 2022-budsjettet. Dette er ein auke på om lag 230 mill. kroner frå saldert budsjett 2021. Det må understrekast at kostnadsestimata for 2022 er basert på ei rekkje føresetnadar og difor er svært usikre. Endelege kostnadar vil mellom anna avhenge av korleis ny forskrift om CO2-kompensasjon vil sjå ut og kor mykje dei støtterettkomne verksemdene produserer og bruker av kraft i løpet av 2021. Det vil også vere meir krevjande å estimere kostnader for ordninga framover, ettersom kostnadene no er knytte til det løpande kraft- og produksjonsvolumet til verksemdene framfor historiske kraft- og produksjonsvolum. Dei årlege utbetalingane er også tett knytte til utviklinga av kvoteprisane.
Kompensasjonen blir utbetalt etterskotsvis. Det betyr at løyvinga for 2022 gjeld for støtteåret 2021.
Mål
CO2-kompensasjonsordninga kompenserer norsk industri for auka kraftprisar som følgje av EUs kvotesystem for CO2-utslepp. Formålet med ordninga er å redusere faren for karbonlekkasje frå Europa og slik hindre auke i globale utslepp som følgje av utflytting av industri til land med mindre stram klimapolitikk. Ordninga er basert på ESAs retningslinjer for CO2-kompensasjon, som opnar for statsstøtte til utvalde industrisektorar som er vurderte som særleg utsette for karbonlekkasje. ESAs retningslinjer svarer til EUs retningslinjer. Den tidlegare CO2-kompensasjonsordninga vara fram til 31. desember 2020. Regjeringa vil vidareføre den norske CO2-kompensasjonsordninga for perioden 2021–2030 og arbeider med å vurdere korleis ei ny forskrift om CO2-kompensasjon for industrien kan innrettast i Noreg. Regjeringa tek sikte på å sende eit utkast til ny forskrift på høyring i løpet av 2021.
Kriterium for måloppnåing
Kriterium for måloppnåing er at tilskotsordninga reduserer faren for karbonlekkasje.
Tildelingskriterium
Ordninga omfattar industriverksemder i 10 sektorar og 20 undersektorar som det etter EUs retningslinjer er mogleg å gje støtte. Dette inkluderer mellom anna produsentar av aluminium, ferrolegeringar, kjemiske produkt og treforedling. I tillegg arbeider regjeringa for å få inkludert ytterlegare to sektorar i den norske ordninga, det vere seg produksjon av andre organiske kjemiske råvarer og produksjon av gjødsel, nitrogensambindingar og vekstjord. Regjeringa er i dialog med ESA om dette.
Ordninga gjeld for perioden frå 1. januar 2021 til 31. desember 2030. EU-kommisjonen og ESA kan endre retningslinjene for CO2-kompensasjon når dei ser det nødvendig. Ei endring i retningslinjene kan bety at den norske forskrifta må endrast tilsvarande.
Oppfølging og kontroll
Ordninga blir administrert av Miljødirektoratet, som i behandlinga av søknadene kontrollerer om dei enkelte verksemdene fyller vilkåra for utbetaling av kompensasjon. Det blir årleg rapportert om bruken av midlar til EFTAs overvakingsorgan ESA og til Stortinget i samband med budsjettet.
Rapport for støtteåret 2020
Fristen for å rapportere mellom anna produksjonstal og elektrisitetsforbruk for 2020 var 1. mars 2021. Basert på innrapporterte tal for 2020 har Miljødirektoratet i 2021 utbetalt 2 526 mill. kroner for støtteåret 2020.
Post 75 Utbetaling for vrakpant og tilskot til køyretøy og fritidsbåtar, overslagsløyving
Ordninga rettar seg mot resultatområdet Forureining. Tilskot til kommunale anlegg for behandling av kasserte fritidsbåtar ligg under post 63 Returordning for kasserte fritidsbåtar. Post 75 er justert ned med 6 mill. kroner frå statsbudsjettet for 2021. Foreslått løyving er på 528 mill. kroner på posten for 2022.
Mål
Målet med vrakpantordninga for køyretøy er å stimulere bileigarar til å levere utrangerte bilar til godkjend biloppsamlingsplass, slik at bilvraket kan takast hand om på ein forsvarleg måte og materiala frå det kan vinnast att. Posten dekkjer utbetaling av vrakpant og kostnader ved overføring av vrakpanten til bileigaren. Forskrift om kasserte kjøretøy gjev produsentar og importørar ansvaret for handtering av kasserte køyretøy. Produsentansvaret er ein del av avfallsforskrifta kapittel 4 om kasserte køyretøy.
Vrakpantordninga vart frå og med 1. januar 2018 utvida til å gjelde nye køyretøygrupper som tidlegare ikkje var omfatta av ordninga, under dette mopedar, lette og tunge motorsyklar, lastebilar, bubilar og campingvogner. For desse køyretøygruppene blir panten utbetalt som eit tilskot til behandlingsanlegget der eigaren får ein fastsett del av beløpet for å levere køyretøyet til vraking hos ein godkjend biloppsamlar, medan ein del av beløpet går til behandlingsanlegget for å dekkje kostnadene anlegget har med å miljøsanere vraket. Ordninga vart vedteken av Stortinget under behandlinga av statsbudsjettet 2017. Det har vore nødvendig å greie ut ei rekkje problemstillingar for å få eit godt system på plass, og ordninga vart sett i verk frå 1. januar 2018.
I statsbudsjettet for 2017 vart det òg vedteke ei tilskotsordning for å stimulere til innlevering av kasserte fritidsbåtar. Frå 1. oktober 2017 vart det utbetalt tilskot til kasserte fritidsbåtar over denne posten. Det blir utbetalt eit beløp på 1 000 kroner per båt til båteigaren. Samstundes blir det utbetalt eit tilskot til verksemda som handterer båtane. Dette beløpet er eit tilskot per kilo båt som blir handtert, og skal dekkje kostnadene med miljøsanering av båten, handtering, attvinning av det som er aktuelt å vinne att, og levering av avfallet frå båten til eit anlegg for avfallsbehandling. I dei tilfella båten blir handtert av eit kommunalt anlegg som ikkje er sjølvstendig rettssubjekt, blir handteringstilskotet betalt ut over post 63.
Kriterium for måloppnåing
Tilskotsordninga skal medverke til auka innlevering av køyretøy og fritidsbåtar som skal vrakast, slik at dei kan takast hand om på ein forsvarleg måte.
Tildelingskriterium
Vrakpanten for køyretøy blir utbetalt av Skatteetaten på vegne av Miljødirektoratet mot kvittering for at bilvraket er levert til godkjend biloppsamlingsplass for behandling. Ordinær vrakpant for 2021 er 3 000 kroner. Vrakpant til dei nye køyretøygruppene og tilskot til handteringsanlegg for desse gruppene blir òg utbetalte av Skatteetaten.
Tilskot til båteigar og tilskot til handtering av kasserte fritidsbåtar blir utbetalte av Miljødirektoratet. Tilskot til kommunale anlegg for handtering av fritidsbåtar blir utbetalte frå post 63.
Oppfølging og kontroll
For å sikre at det kasserte køyretøyet har rett til vrakpant eller tilskot, blir vrakmeldinga for køyretøy kontrollert mot det sentrale motorvognregisteret. For varebilar og fritidsbåtar blir dokumentasjon frå behandlingsanlegget sjekka av Miljødirektoratet. Kontrollen skjer elles ved kontroll av lager på oppsamlingsplassane og rekneskap med vedlegg.
Rapport 2020
I 2020 vart det samla inn i overkant av 134 200 bilvrak, som er ein liten nedgang frå året før. Talet på vrak svingar frå år til år, men har vore relativt stabilt dei siste åra, frå 143 000 i 2017 og 141 200 i 2018, til 142 600 i 2019. Det var samla inn 1 009 lastebilar i klasse N2 (1 175 i 2019), 819 lastebilar i klasse N3 (825 i 2019), 5 025 mopedar og motorsyklar (4 725 i 2019), 3 990 campingvogner (4 144 i 2019) og 254 bubilar i 2020 (265 i 2019).
Det vart utbetalt tilskot til om lag 13 090 båteigarar i 2020, det vil seie om lag 13,1 mill. kroner. I 2019 vart det utbetalt tilskot til om lag 9 800 båteigarar. Det er ved utgangen av 2020 etablert 250 handteringsanlegg for små kasserte fritidsbåtar, medan det er 74 handteringsanlegg for større kasserte fritidsbåtar over 15 fot. I 2019 var det 72 slike anlegg. Det er utbetalt om lag 43,5 mill. kroner til behandling av kasserte fritidsbåtar i 2020, medan det vart utbetalt 33,4 mill. kroner i 2019. Ordninga vart utvida til å omfatte aluminiumsbåtar og kjølar og ballast i metall frå 1. januar 2020, etter at ordninga var evaluert i 2019. Kostnaden er neglisjerbar, men det får ordninga til å fungere betre. Evalueringa peiker òg på at mangelen på eit register over fritidsbåtane gjer det vanskeleg å føre kontroll med at det faktisk er båteigaren som leverer båten. Det har vore døme på misbruk.
Post 76 Refusjonsordningar, overslagsløyving
Posten dekkjer ulike refusjonsordningar retta mot resultatområda Forureining og Klima. Posten er auka med 34,5 mill. kroner til 175,5 mill. kroner.
Samla er det til refusjon av avgift på hydrofluorkarbon (HFK) og perfluorkarbon (PFK) budsjettert med om lag 105 mill. kroner, og til refusjonar for spillolje er det budsjettert med om lag 70,5 mill. kroner i 2022.
Refusjon av smørjeoljeavgifta
Mål
Målet med ordninga er å stimulere til auka innlevering av spillolje til miljøgodkjend behandling. Spillolje er brukt smørjeolje og transformatorolje og er klassifisert som farleg avfall. Smørjeolje er, med unntak av enkelte bruksmåtar, pålagd smørjeoljeavgift, jf. St.prp. nr. 1 (2007–2008) Skatte-, avgifts- og tollvedtak, kap. 5542 post 71.
Kriterium for måloppnåing
Kriterium for måloppnåing er totalt innsamla kvantum av spillolje.
Tildelingskriterium
Det blir utbetalt refusjon for dei fleste typar brukt smørjeolje og andre brukte oljar (transformatoroljar og anna) med tilsvarande eigenskapar, med unntak av mellom anna spillolje som kjem frå større skip (større enn 76 meter / 250 fot) i internasjonal sjøfart. Refusjonen blir utbetalt til større mottaksanlegg (tankanlegg) med førehandstilsegn frå Miljødirektoratet. I tilsegna er det fastsett ein del vilkår som refusjonsmottakaren har plikt til å rette seg etter. Krav om utbetaling blir kontrollerte opp mot førehandstilsegna.
Refusjonssatsen blir fastsett årleg av Miljødirektoratet med utgangspunkt i nivået på smørjeoljeavgifta.
Oppfølging og kontroll
Miljødirektoratet bruker ein tredjepart til å kvalitetssikre og kontrollere søknadene om refusjon. Miljødirektoratet gjennomfører tilsyn ved nokre refusjonsanlegg kvart år. Ved kontroll av mottaksanlegga dei siste åra er det konstatert enkelte brot på ordninga for refusjonar. Miljødirektoratet følgjer opp brota ved å nekte refusjonsutbetaling eller krevje tilbakebetaling av feilaktig utbetalte refusjonar. Strengare reaksjonar som tilbaketrekking av tilsegna eller melding til politiet blir òg vurderte i alvorlege tilfelle.
Rapport 2020
Innsamlingsgraden for spillolje (med og utan rett til refusjon) har vore stabil dei siste åra og er berekna til i underkant av 90 pst. I 2020 vart det totalt samla inn i underkant av 27 000 m3 olje som har krav på refusjon. Det vart i 2020 utbetalt om lag 67,2 mill. kroner i refusjon. Refusjonssatsen var på 2,57 kroner per liter.
Refusjon av avgift på hydrofluorkarbon (HFK) og perfluorkarbon (PFK)
Mål
Refusjonsordninga er heimla i forskrift 1. juni 2004 nr. 930 om gjenvinning og behandling av avfall (avfallsforskrifta) kapittel 8. Hydrofluorkarbon (HFK) blir i første rekkje nytta i kjøle- og fryseanlegg, varmepumper og mobil luftkondisjonering.
Formålet med ordninga er å redusere utslepp til luft av HFK og PFK. Gassane er klimagassar, og reguleringa av desse er ein del av strategien for å redusere utsleppa av klimagassar i samsvar med Parisavtalen. Ordninga med avgift og refusjon skal medverke til meir bruk av miljøvennlege kuldemedium og mindre bruk av dei HFK- og PFK-gassane som har høgast klimaverknad (globalt oppvarmingspotensial), stimulere til produktutvikling, styrkje arbeidet med å hindre lekkasjar og stimulere til innsamling og forsvarleg behandling av brukt gass. Målgruppe for refusjonsordninga er aktørar som har avfallsgass eller kassert utstyr som HFK- eller PFK-gass.
Tildelingskriterium
Forskrifta inneber at kuldebransjen og andre som leverer HFK og PFK til godkjent destruksjonsanlegg, kan krevje refusjon. Føresetnaden er dokumentasjon som viser kva mengd og typar av HFK og PFK som er leverte og forsvarleg destruerte.
Det blir utbetalt refusjon for den mengda HFK og PFK som er levert til godkjent anlegg for destruksjon. Refusjonssatsane vil vere like dei gjeldande differensierte avgiftssatsane for avgifta på HFK og PFK ved innleveringstidspunktet, jf. Stortingets årlege avgiftsvedtak og forskrift 11. desember 2001 nr. 1451 om særavgifter § 3-18-2.
Oppfølging og kontroll
Miljødirektoratet fører tilsyn med refusjonsordninga, jf. avfallsforskrifta § 17- 3. Mengda HFK og PFK som blir samla inn og send til destruksjon, varierer mykje frå år til år. Grunnen er spesielt at hos den største aktøren som nyttar ordninga, blir gassen innsamla på store tankar. Når ein tank er full, blir han send til forsvarleg destruksjon. Kvar tank som blir send til destruksjon, utløyser med dagens avgiftssats 15–21 mill. kroner i refusjon, avhengig av samansetjinga av gassane i tanken.
Rapport 2020
I 2020 vart sju tankar med gass leverte til destruksjon med eit samla refusjonsbeløp på om lag 112,8 mill. kroner. I tillegg er det utbetalt refusjon for innhald i hushaldskjølemøblar der HFK-gassen blir tappa av på same anlegget som destruerer gassen, men dette er berre mindre mengder. Utbetaling av refusjonar har auka sterkt dei siste åra fordi avgiftssatsen har auka, og som eit resultat av at meir gass, særleg av dei med høg avgiftssats, har blitt samla inn og destruert.
Innhaldet i tankane er i all hovudsak ulike blandingar av HFK-gassar, da PFK-gassar er svært lite brukte i Noreg. Ressursbruken under ordninga var i 2020 retta mot dei nasjonale måla under resultatområdet Klima.
Post 77 Ymse organisasjonar og stiftelsar m.m.
Posten er tredelt, jf. omtale under. Midlane er retta mot resultatområda Naturmangfald, Friluftsliv, Forureining og Klima. Løyvinga er grunna prisjustering auka med 0,4 mill. kroner til 16,8 mill. kroner. Til ordninga for frivillige miljøorganisasjonar og allmennyttige stiftelsar innanfor forureiningsområdet er det sett av knappe 6,3 mill. kroner, til ordninga for miljømerking, miljøvennleg forbruk og forbrukarinformasjon er det sett av 3,9 mill. kroner, og til ordninga for naturfaglege organisasjonar er det sett av 6,7 mill. kroner.
Frivillige miljøorganisasjonar og allmennyttige stiftelsar innanfor forureiningsområdet
Mål
Tilskotsordninga skal medverke til å halde i gang eit utval av demokratisk oppbygde, landsomfattande organisasjonar med arbeid mot forureining som formål, for å sikre frivillig engasjement og styrkje medverknaden i miljøspørsmål lokalt, regionalt og nasjonalt, basert på fagleg innsikt.
Målet er òg å påverke produksjons- og forbruksmønsteret ved å byggje opp og formidle kompetanse om miljøvennleg produksjon og forbruk og stimulere til berekraftig praksis i næringsliv, hushald og offentleg verksemd.
Tildelingskriterium
Storleiken på driftstilskota blir fastsett mellom anna ut frå ei vurdering av aktivitetsnivået til organisasjonane nasjonalt og lokalt, økonomien deira og alternative høve til finansiering, saman med medlemstalet i organisasjonane.
Ordninga omfattar tilskot til
Norsk vannforening (387 000 kroner)
Norsk forening mot støy (1,2 mill. kroner)
LOOP (559 000 kroner)
Foreininga Hold Norge Rent (2,073 mill. kroner)
Folkeaksjonen oljefritt Lofoten, Vesterålen og Senja (1,851 mill. kroner)
Den europeiske standardiseringsorganisasjonen (CEN), (205 000 kroner)
Det er ein føresetnad at organisasjonane og stiftelsane sender inn søknad om tilskot. Det blir fortløpande vurdert om organisasjonane og stiftelsane tilfredsstiller kriteria for å ta imot støtte.
Oppfølging og kontroll
Tilskotsmottakarar bli følgde opp for å kontrollere at midlane blir nytta som føresett, og at tiltak blir gjennomførte. Oppfølging og kontroll går for seg ved generell formalia- og sannsynskontroll av innsende rapporteringar.
Rapport 2020
Midlane er brukte til grunnstøtte til drift, opplæringstiltak og informasjonstiltak og førebyggjande arbeid generelt i dei ulike organisasjonane.
Miljømerking, miljøvennleg forbruk og forbrukarinformasjon
Mål
Gjenbruk, miljømerking og standardar for miljøleiing, produkt og tenester er viktige verktøy i ein førebyggjande miljøpolitikk. Standardisering inneber utarbeiding av krav og spesifikasjonar for varer, tenester, prosessar og verksemder. Miljømerking skal gje informasjon til og gjere forbrukarar, næringsliv og offentlege verksemder medvitne om miljøvennlege val. Dei offisielle miljømerkeordningane som Svana og Blomen er eit viktig supplement til lovpålagde krav og medverkar til redusert bruk av prioritetslistestoff. Merkeordningane er nærmare omtalte i Barne- og likestillingsdepartementets budsjettproposisjon. Gjenbruk er eit godt miljøtiltak for å redusere avfall og forbruk og bidreg til måloppnåing for fleire av FNs berekraftsmål. Posten omfattar driftstilskot til Stiftelsen Miljømerking (1,231 mill. kroner) og Standard Norge (1,642 mill. kroner). Tilskot til Omatt – Bransjeforeningen for idéelle gjenbruksaktører (1,026 mill. kroner) blir vidareført.
Kriterium for måloppnåing
Klima- og miljødepartementet føreset at midlane blir nytta til å intensivere arbeidet med verkemiddel som fremjar prioriterte miljø- og berekraftsmål. Innan standardiseringsarbeidet er det viktig med arbeid knytt til europeiske og internasjonale standardar som er særleg relevante for miljøleiing og klima- og miljøomsyn i produkt og tenester. For miljømerking er det sentralt med utvikling av miljøkriterium, slik at fleire produktgrupper blir merkte. Det skal særleg leggjast vekt på å utvikle og vidareutvikle kriteriesett for produktgrupper som medfører stor miljøbelastning. Det skal òg leggjast vekt på tiltak for å få fleire produsentar til å søkje om merket innanfor områda der det er utvikla kriterium, og for å gje forbrukarar informasjon om spekteret av miljømerkte produkt på marknaden.
Tildelingskriterium
Tildeling av midlar er basert på resultata organisasjonane hadde føregåande år, og ein konkret søknad om midlar for kommande periode, sett opp mot prioriterte nasjonale miljø- og berekraftsmål.
Oppfølging og kontroll
Drifts- og prosjekttilskota blir følgde opp gjennom krav som blir fastsette i kvart enkelt tilsegnsbrev. Det blir motteke årsrapport og/eller rekneskapsoversikt for alle tilsegner, i tillegg til at det er fagleg kontakt med dei enkelte tilskotsmottakarane.
Rapport 2020
Midlane til Stiftelsen Miljømerking er brukte til å utvikle miljømerkingskrav for nye produktområde, skjerpte krav for eksisterande produktområde og til å auke kunnskapen om, kjennskapen til og aksepten av miljømerkinga. Midlane til Standard Norge er brukte til arbeid knytt til europeiske og internasjonale standardar som er særleg relevante for klima- og miljøomsyn i produkt og tenester. Midlane til Omatt – Bransjeforeningen for idéelle gjenbruksaktører er brukte til å gjennomføre kurs for frivillige medarbeidarar om drift av gjenbruksbutikkar og til lover og avtaleverk som er relevante for slik verksemd.
Naturfaglege organisasjonar
Mål
Ordninga skal medverke til å halde i gang eit utval av demokratisk oppbygde, landsomfattande organisasjonar innanfor naturområdet for å sikre frivillig engasjement og styrkje medverknaden i miljøspørsmål lokalt, regionalt og nasjonalt, basert på fagleg innsikt.
Tildelingskriterium
Storleiken på driftstilskota blir fastsett mellom anna ut frå ei vurdering av aktivitetsnivået til organisasjonane nasjonalt og lokalt, økonomien deira og alternative høve til finansiering, saman med medlemstalet i organisasjonane.
Det er rekna med tilskot til
Foreningen Våre Rovdyr (368 000 kroner)
Norsk Biologforening (298 000 kroner)
Norsk Botanisk Forening (298 000 kroner)
Norsk entomologisk foreinng (289 000 kroner)
Norsk Ornitologisk Forening (2,291 mill. kroner)
Norges sopp- og nyttevekstforbund (2,862 mill. kroner, inkludert 2,5 mill. kroner til soppkontroll)
Norsk Zoologisk Forening (263 000 kroner)
Tilskot til den enkelte organisasjonen blir utbetalt etter søknad.
Oppfølging og kontroll
Tilskotsmottakarar blir følgde opp med kontroll av at midlane blir nytta som føresett, og at tiltak blir gjennomførte. Oppfølging og kontroll går for seg ved generell formalia- og sannsynskontroll av innsende rapporteringar. I tillegg kjem fagleg kontakt med dei enkelte tilskotsmottakarane.
Rapport 2020
Midlane vart nytta til grunnstøtte til drift, informasjonsverksemd og prosjekt i dei ulike organisasjonane.
Post 78 Friluftslivsformål, kan overførast
Posten er retta mot resultatområdet Friluftsliv.
Foreslått løyving er på 181,8 mill. kroner, ein auke på 4 mill. kroner frå 2021. Posten har fått ei prisjustering på 4,6 mill. kroner. Frå posten er det flytta 0,6 mill. kroner til post 21 for løpande utarbeiding av friluftslivsstatistikk. Dette skal gje oppdatert informasjon om utviklinga i deltakinga i friluftsliv innanfor alle aldersgrupper og innanfor ulike delar av befolkninga.
Til posten ligg fleire tilskotsordningar som er omtalte under.
Det er behov for ei tilsegnsfullmakt på 3 mill. kroner til anskaffingar i samband med kjøp og reparasjonar av båtar i Skjærgårdstjenesten, jf. forslag til vedtak VI.
Friluftslivsaktivitet
Tilskot til friluftslivsaktivitet har ei ramme på 46,1 mill. kroner.
Mål
Målet med ordninga er å medverke til auka deltaking i helsefremjande, trivselsskapande og miljøvennleg friluftsliv for alle grupper i befolkninga.
Kriterium for måloppnåing
Måloppnåinga vil bli dokumentert gjennom resultatindikatorane på resultatområdet Friluftsliv. Måloppnåinga blir òg vurdert ut frå oppnådde resultat og omfanget av aktivitetsfremjande tiltak i regi av friluftsorganisasjonane.
Tildelingskriterium
Det blir primært gjeve tilskot til friluftslivsaktivitet. Det er òg mogleg å få støtte til enkelt materiell og utstyr når dette medverkar til å fremje den friluftslivsaktiviteten det blir søkt om tilskot til. Det kan dessutan bli gjeve tilskot til informasjonstiltak om rettar og plikter etter allemannsretten. Det blir ikkje gjeve midlar til kostnadskrevjande utstyr, utstyrssentralar eller supplering av utstyrslager.
Desse typane aktivitetar blir prioriterte:
aktivitetar som er lite ressurskrevjande og lett tilgjengelege for ulike brukargrupper
tiltak som blir gjennomførte i nærmiljøet med særleg vekt på byar og tettstader
tiltak som inkluderer ein plan for marknadsføring av tiltaket overfor aktuelle målgrupper
tiltak som medverkar til auka deltaking i friluftsliv over tid
Personar som er lite fysisk aktive, barn, unge og barnefamiliar og personar med nedsett funksjonsevne er prioriterte.
Oppfølging og kontroll
Tilskotsmottakarar blir følgde opp med kontroll av at midlane blir nytta som føresett, og at tiltak blir gjennomførte. Kontrollen overfor tilskotsmottakarar går for seg gjennom generell formalia- og sannsynskontroll av innsende rapportar.
Rapport 2020
Totalt vart det i 2020 gjeve 51,5 mill. kroner i tilskot til lag og organisasjonar som arbeider med aktivitetsfremjande tiltak for friluftsliv. Av dette fekk landsomfattande friluftslivsorganisasjonar 25,7 mill. kroner direkte frå Miljødirektoratet, medan lokale og regionale lag og organisasjonar fekk 25,7 mill. kroner frå fylkeskommunane. Totalt kom det inn 795 søknader om statleg støtte frå posten, og det totale søknadsbeløpet var på 138,4 mill. kroner.
Midlane er i all hovudsak brukte til å støtte tiltak for barn, unge og barnefamiliar, tiltak som stimulerer nye grupper til å delta i friluftslivsaktivitetar, til dømes personar med nedsett funksjonsevne og etniske minoritetar i Noreg, og tiltak som medverkar til å utvikle samarbeidet mellom friluftsliv og kulturminne. Døme på tiltak som fekk tilskot frå Miljødirektoratet, er Friluftsrådenes Landsforbunds prosjekt «Læring i friluft» og «Friluftsliv og folkehelse» og Norsk Friluftslivs prosjekt «Friluftslivets uke». Det er òg gjeve tilskot til Norges sopp- og nyttevekstforbund til «Soppens dag», til Norsk Botanisk Forening sitt arrangement «Villblomstenes dag», til Norges Naturvernforbunds prosjekt «Opplev naturen – livsgrunnlaget vårt» og til Mental Helse Ungdom sitt tiltak «Frisk Pust og Mestring». 13 mill. kroner vart tildelte Norsk Friluftsliv, som fordelte dette vidare til sine eigne medlemsorganisasjonar.
Friluftslivsaktivitet for personar med innvandrarbakgrunn
Ordninga har ei ramme på 10 mill. kroner.
Mål
Målet med ordninga er å medverke til auka deltaking i helsefremjande, trivselsskapande og miljøvennleg friluftsliv for personar med innvandrarbakgrunn og gjennom dette medverke til å auke integreringa av personar med innvandrarbakgrunn i befolkninga elles.
Kriterium for måloppnåing
Måloppnåinga vil bli dokumentert gjennom resultatindikatorane på resultatområdet Friluftsliv. Måloppnåinga blir òg vurdert ut frå oppnådde resultat og omfanget av aktivitetsfremjande tiltak i regi av friluftsorganisasjonane.
Tildelingskriterium
Det blir primært gjeve tilskot til friluftslivsaktivitet. Det kan òg løyvast støtte til enkelt utstyr og materiell når dette medverkar til å fremje den friluftslivsaktiviteten det blir søkt om tilskot til. Det blir ikkje gjeve midlar til kostnadskrevjande utstyr, utstyrssentralar eller til supplering av utstyrslager.
Desse typane aktivitetar blir prioriterte:
tiltak som er lite ressurskrevjande og lett tilgjengelege
tiltak som fører til auka integrering av personar med innvandrarbakgrunn i befolkninga elles
tiltak som blir gjennomførte i nærmiljøet med særleg vekt på byar og tettstader
tiltak som inkluderer ein plan for marknadsføring av tiltaket overfor målgruppa
tiltak som medverkar til auka deltaking i friluftsliv over tid
Barn, unge og barnefamiliar er prioriterte i ordninga.
Oppfølging og kontroll
Tilskotsmottakarar blir følgde opp med tanke på at midlane blir nytta som føresett, og at tiltak blir gjennomførte. Kontrollen overfor tilskotsmottakarar går for seg gjennom generell formalia- og sannsynskontroll av innsende rapportar.
Rapport 2020
Ordninga hadde ei ramme på 10 mill. kroner i 2020. Totalt var det 19 søkjarar som til saman søkte om 17,6 mill. kroner. 19 lag og organisasjonar vart tildelte tilskot.
Tiltaka omfatta tilbod om turar og aktivitetar, men òg tiltak for inkludering og opplæring av personar med innvandrarbakgrunn til å bli leiarar i lag og organisasjonar. Leiarar med innvandrarbakgrunn er viktige for vidare rekruttering av personar med innvandrarbakgrunn.
Døme på tiltak er Wild Xs ungdomsprosjekt «Wild X aktivitetsprogram» med opplæring og tilbod om turar knytte til jakt, fiske og anna friluftsliv, Friluftsrådenes Landsforbunds prosjekt «Friluftsrådenes friluftstiltak for innvandrere», Norsk Friluftslivs prosjekt «Integrering gjennom friluftsliv», Den Norske Turistforenings prosjekt «Nøkkelen til inkludering», Raudekrossens prosjekt «Til Topps lokalt» og Skiforeningens tiltak «Friluftsglede for alle».
Driftsstøtte til friluftslivsorganisasjonar
Ordninga har ei ramme på 39,02 mill. kroner.
Mål
Målet med tilskotsordninga er å styrkje interessa for deltaking i friluftsliv i allmenta gjennom det arbeidet som skjer i dei store friluftslivsorganisasjonane og deira lokale lag og foreiningar.
Friluftsrådenes Landsforbund (FL) er paraplyorganisasjonen for dei interkommunale friluftsråda. Det er for tida 28 interkommunale friluftsråd. Det er sett av 16,95 mill. kroner i administrasjonsstøtte til FL og dei interkommunale friluftsråda. Det er eit mål at flest mogleg kommunar er med i eit interkommunalt friluftsråd.
Norsk Friluftsliv er paraplyorganisasjon for 18 friluftslivsorganisasjonar med til saman over 950 000 medlemmer. Det er sett av 5,57 mill. kroner i administrasjonsstøtte til Norsk Friluftsliv.
FL, Norsk Friluftsliv og Samarbeidsrådet for naturvernsaker (SRN) har etablert fylkesvise samarbeidsnettverk for natur og friluftsliv (FNF – Forum for natur og friluftsliv). Til FNF er det sett av 13,5 mill. kroner i administrasjonsstøtte.
Organisasjonen Wild X tilbyr friluftslivsaktivitetar med personar med innvandrarbakgrunn i alderen 12–25 år som hovudmålgruppe. Det er sett av 1,5 mill. kroner i administrasjonsstøtte til Wild X.
Tjukkasgjengen driv med lågterskeltilbod innanfor friluftsliv og fysisk aktivitet, og hovudmålgruppa er personar som er lite fysisk aktive. Det er sett av 1,5 mill. kroner i administrasjonsstøtte til Tjukkasgjengen.
Kriterium for måloppnåing
Måloppnåinga vil bli dokumentert gjennom resultatindikatorane på resultatområdet Friluftsliv.
Oppfølging og kontroll
Tilskotsmottakarar blir følgde opp med tanke på at midlane blir nytta som føresett, og at tiltak blir gjennomførte. Kontrollen overfor tilskotsmottakarar går for seg gjennom generell formalia- og sannsynskontroll av innsende rapportar og gjennom eit årleg kontaktmøte med kvar organisasjon.
Rapportering om bruk av tilskotsmidlar skjer i årlege kontaktmøte med FL, Norsk Friluftsliv, FNF, Wild X og Tjukkasgjengen.
Rapport 2020
I 2020 vart det løyvd 35,6 mill. kroner i statleg driftsstøtte til 6 nasjonale friluftsorganisasjonar. Totalt vart det tildelt 15,55 mill. kroner til FL og interkommunale friluftsråd i 2020. Midlane er nytta til drift, til å styrkje arbeidet i FL og til å utvide FL sitt engasjement geografisk. Det er stor interesse for interkommunalt samarbeid om friluftsråd, og i 2020 var det 28 interkommunale friluftsråd med 237 medlemskommunar. Friluftsråda femner no over 75 pst. av befolkninga i heile landet.
Det vart i 2020 inngått avtale med grunneigarar om 138 km med nye turstiar, skiløyper og turvegar, og friluftsråda har saman med medlemskommunane arbeidd med å sikre 10 nye friluftsområde. Det er tilrettelagt 171 km med nye turstiar og mellom anna bygd 11 nye toalett, 9 nye bryggjer og 6 nye parkeringsplassar.
Trass i koronasituasjonen i 2020 har FL og friluftsråda hatt stor aktivitet. Friluftsråda har hatt opne turar med 8 700 deltakarar, tiltak for barn og ungdom med 29 000 deltakarar og tiltak for personar med minoritetsbakgrunn med 4 300 deltakarar. I tillegg har over 33 000 personar vore med på turar der friluftsråda har vore medarrangørar. Friluftsråda har framleis stor innsats retta mot friluftsliv og bruk av naturen i læringsarbeidet i barnehage og skule, og 3 600 lærarar og barnehagetilsette var på kurs i regi av FL og friluftsråda i 2020. Friluftsråda engasjerer seg også i arbeidet med å ta vare på arealgrunnlaget for friluftsliv, gjennom deltaking i fylkesvise Forum for natur og friluftsliv og gjennom fråsegner i ulike arealsaker. Friluftsråda har tilrettelagt 3 800 turmål som 83 700 deltakarar har brukt, og til saman har dei gått 1,4 mill. turar. I arbeidet med forsøpling har friluftsråda engasjert 18 800 frivillige som har samla inn 777 tonn søppel. Turregistreringsopplegga har vore ein stor suksess i koronaåret 2020 med ein vekst på om lag 70 pst.
Friluftsråda forvaltar 593 offentleg eigde friluftsområde med omfattande oppgåver knytte til mellom anna skjøtsel, vask av toalett og bosshandtering og forvaltar over 2 570 km turstiar, 171 km turvegar og 176 km skiløyper.
Norsk Friluftsliv vart tildelt 5,07 mill. kroner i administrasjonsstøtte. Norsk Friluftsliv får dessutan aktivitets- og prosjektmidlar frå Miljødirektoratet for vidare tildeling til sentralledda i Norsk Friluftsliv sine medlemsorganisasjonar. Arbeidet omfattar i stor grad påverknads- og informasjonsarbeid overfor offentlege styresmakter og andre organisasjonar med sikte på å skape best mogleg vilkår for friluftslivet.
Forum for natur og friluftsliv (FNF) vart i 2020 tildelt 12 mill. kroner i administrasjonsstøtte via sekretariatet med sentral leiing av organisasjonen. Arbeidsgjevaransvaret er plassert sentralt for alle tilsette. FNF har ved utgangen av 2020 16 lokale FNF med i alt 18 fulltidsstillingar som koordinatorar og ei stilling sentralt som dagleg leiar. FNF-koordinatorane gjer eit stort og viktig arbeid for natur- og friluftsinteressene i dei enkelte fylka.
Wild X fekk i 2020 utbetalt 1,5 mill. kroner i driftsstøtte. Organisasjonen er under stadig utvikling, mellom anna med oppretting av fleire lokallag.
Tjukkasgjengen fekk i 2020 utbetalt 1,5 mill. kroner i driftsstøtte. Organisasjonen arbeider særleg med å motivere og støtte lokale «chapter».
Tiltak i statleg sikra friluftslivsområde
Ordninga har ei ramme på 32,6 mill. kroner.
Mål
Målet med ordninga er å medverke til naturvennleg fysisk tilrettelegging og skjøtsel i friluftslivsområde som er bevarte gjennom statleg sikring, og i område verna som friluftsområde etter markalova, slik at områda blir tilgjengelege og attraktive.
Kriterium for måloppnåing
Måloppnåinga vil bli dokumentert gjennom resultatindikatorane på resultatområdet Friluftsliv.
Måloppnåinga blir òg vurdert ut frå oppnådde resultat i kommunane med opparbeiding og skjøtsel av statleg sikra friluftslivområde.
Tildelingskriterium
Det blir tildelt tilskot til tilrettelegging som har eitt eller fleire av følgjande mål:
minske dei fysiske hindringane for friluftsliv og leggje til rette for auka friluftslivsaktivitet for alle
ta vare på opplevingskvalitetane i området og leggje til rette for gode naturopplevingar
hindre at friluftsliv fører til unødige naturinngrep, slitasje og forstyrring av plante- og dyrelivet, kulturminne og kulturmiljø
Tilskot kan berre bli gjevne der tiltaket inngår i ein gjeldande og godkjend forvaltningsplan knytt til tilrettelegging av sikra friluftslivsområde. For område verna som friluftslivsområde etter markalova er det eit vilkår at tiltaka er i tråd med verneforskrift og eventuell forvaltningsplan for området.
Oppfølging og kontroll
Tilskotsmottakarar blir følgde opp med tanke på at midlane blir nytta som føresett, og at tiltak blir gjennomførte. Kontrollen overfor tilskotsmottakarar går for seg gjennom generell formalia- og sannsynskontroll i fylkeskommunane av innsende rapportar.
Rapport 2020
Budsjettet for 2020 var 34 mill. kroner, som vart tildelt fylkeskommunane for vidare tildeling til kommunar og interkommunale friluftsråd. Fordelinga vart utført på grunnlag av omfanget av sikra friluftslivsområde og om det låg føre forvaltningsplanar for friluftslivsområda som dokumenterte behov for tiltaksmidlar. I gjennomsnitt vart fylka i 2020 tildelte 3,09 mill. kroner. Eit fylke vart tildelt 8,1 mill. kroner, medan det fylket som fekk minst, vart tildelt 0,530 mill. kroner. I alt fekk 6 fylke tildelt meir enn 2 mill. kroner. I tillegg vart det løyvd 8 mill. kroner som ekstra tilskotsmidlar til 8 av fylkeskommunane litt seinare på året. Desse midlane vart overførte frå 2019. Midlane gjekk til tiltak som ikkje hadde fått tilskot i første tildelingsrunde i 2020, og i alt 36 nye tiltak fekk slikt tilskot.
Totalt fekk fylkeskommunane 260 søknader frå kommunar og interkommunale friluftsråd, og totalt søknadsbeløp var 102,8 mill. kroner. Tiltaka var kostnadsberekna til over 200 mill. kroner, noko som viser at mange søkjarar medverkar sjølve med eigne midlar og dugnadsinnsats. Det vart i 2020 gjeve statleg støtte til 193 ulike tiltak. Ein stor del av tiltaka omfatta universell tilrettelegging slik at fleire grupper av befolkninga får høve til å nytte områda. Dei fleste tilretteleggingstiltaka stimulerer til aktivitet, til dømes etablering og merking av turvegar og stiar.
Døme på tiltak som fekk statleg støtte i Viken i 2020, er turløype i Karlshusskogen i Råde kommune, nytt toalettbygg på Øketangen i Sarpsborg kommune, støtte til tiltak i Semsvannet friluftslivsområde i Asker kommune, støtte til tiltak på Åsanden friluftsområde i Hurdal kommune, til oppgradering av turveg i Nedre Sandøra friluftsområde i Øvre Eiker kommune og støtte til tiltak i Breivoll friluftslivsområde i Ås kommune. I Oslo fekk Bymiljøetaten støtte til informasjons- og skjøtselstiltak i tre ulike friluftslivsområde. I Innlandet fekk Elverum kommune midlar til Bergesjøen friluftslivsområde. I Vestfold og Telemark fylke fekk Drangedal kommune eit stort tilskot til ymse tiltak i Kåsmyra friluftslivsområde, Horten kommune fekk støtte til fleire tiltak i Hortenskogen, Færder kommune fekk tilskot til toalett på Randineborg, og Bamble kommune fekk midlar til servicebygg på Ivarsand, og Kragerø kommune fekk midlar til å oppgradere badeplassen på Nepa friluftslivsområde. I Aust- og Vest-Agder fekk Flekkefjord kommune støtte til stinettet i Åna-Sira friluftslivsområde, Risør kommune støtte til tilrettelegging i Hollenderhagen, Arendal kommune fekk midlar til bryggje på Tromlingene, Midt-Agder friluftsråd fekk midlar til skjøtsel og tilrettelegging i Friluftsparken i Søgne, Kristiansand kommune fekk tilskot til ny servicebryggje på Dvergsøya, og Farsund kommune fekk midlar til toalett i Varnes friluftslivsområde. I Rogaland fekk Friluftsrådet Vest midlar til toalett på Hustveit, Ryfylke Friluftsråd fekk midlar til tiltak i Brimse friluftsområde, og Eigersund kommune fekk midlar til nytt toalett på Gyarhamn. I Vestland fylke fekk Bergen og Omland Friluftsråd støtte til fleire formål, mellom anna ymse tiltak i Geitvika friluftslivsområde, på Håøya og til skjøtselstiltak i fleire område. Friluftsrådet Vest fekk midlar til toalettbygg på Valøya friluftslivsområde, og Kinn kommune fekk midlar til skjøtsel og ymse tiltak i Moldøen friluftslivsområde. I Møre og Romsdal fekk mellom anna Sunnmøre friluftsråd midlar til ymse tiltak i Sula-Bolvika og Sula-Langevågsholmane, Molde kommune fekk tilskot til nytt toalettbygg på Julneset, og Kristiansund kommune fekk midlar til å oppgradere Atlanten friluftslivsområde. I Trøndelag fekk Skaun kommune midlar til Saltnesstranda friluftslivsområde, og Selbu kommune fekk støtte til Vikaengene friluftsområde. Nordland fylkeskommune løyvde midlar til tiltak i Baågneset friluftslivsområde i Vefsn kommune og til Vågan kommune til servicebygg i Børvågan friluftslivsområde. I Troms og Finnmark fylke fekk Senja kommune støtte til nytt servicebygg i Ersfjordstranda friluftslivsområde, Ishavskysten friluftsråd fekk støtte til ymse tiltak i Sandørneset friluftslivsområde, og Nordreisa kommune fekk tilskot til ymse tiltak i fleire av friluftslivsområda i kommunen.
Skjærgårdstjenesten
Ordninga har ei ramme på 35,5 mill. kroner.
Mål
Ordninga gjev statlege budsjettmidlar til drift av Skjærgårdstjenesten, inkludert kjøp og større reparasjonar av båtar knytte til tenesta og Skjærgårdstjenestens arbeid med tiltak mot marin forsøpling.
Kriterium for måloppnåing
Måloppnåinga vil bli dokumentert gjennom resultatindikatorane på resultatområdet Friluftsliv.
Måloppnåinga blir òg vurdert mellom anna ut frå talet på friluftslivsområde som er drifta i dei enkelte driftsområda, kor mange dagsverk dei enkelte driftsområda har brukt til fjerning av marin forsøpling, og kor mange dagar dei enkelte driftsområda har brukt til hjelp til Statens naturoppsyn.
Tildelingskriterium
Fordelinga til dei ulike driftsområda i 2022 står i tabellen under. Midlane blir fordelte til fylkeskommunane.
Miljødirektoratet kan i samband med overføring konkretisere vilkår og føresetnader knytte til dei statlege driftstilskota.
Tabell 8.3 Fordeling til driftsområde i Skjærgårdstjenesten
Driftsområde som midlane blir fordelt til | (i 1 000 kr) |
---|---|
Ytre Oslofjord Øst (Viken fylkeskommune) | 3 125 |
Indre Oslofjord (Viken fylkeskommune) | 3 225 |
Ytre Oslofjord Vest (Vestfold og Telemark fylkeskommune) | 3 365 |
Telemark (Vestfold og Telemark fylkeskommune) | 3 420 |
Aust-Agder (Agder fylkeskommune) | 3 295 |
Vest-Agder (Agder fylkeskommune) | 4 210 |
Vestkystparken (Vestland fylkeskommune) | 5 120 |
Møre og Romsdal (Møre og Romsdal fylkeskommune) | 1 380 |
Sum | 27 140 |
5 mill. kroner av løyvinga er øyremerkt til arbeidet med fjerning av marint søppel. Midlane til dette blir fordelte til dei einingane i Skjærgårdstjenesten som søkjer om å få øyremerkte midlar til fjerning av marint søppel. Tildelinga blir samordna med dei ordinære tilskotsmidlane til tiltak mot marin forsøpling.
Andre midlar på posten er øyremerkte til båtinvesteringar og opplæring.
Oppfølging og kontroll
Tilskotsmottakarar blir følgde opp for å sikre at midlane blir nytta som føresett, og at tiltak blir gjennomførte. Kontrollen overfor tilskotsmottakarar går for seg gjennom generell formalia- og sannsynskontroll av rapportar sende til fylkeskommunane.
Rapportering om bruk av tilskotsmidlar blir òg teke opp i møte mellom Miljødirektoratet/fylkeskommunen og Skjærgårdstjenesten i dei tre regionområda, og det skal rapporterast i samband med søknader om tilskot kommande år.
Rapport 2020
Skjærgårdstjenesten fekk i 2020 gode resultat i alle driftseiningar. Det vart ikkje teke i bruk nye arbeidsbåtar i 2020. Skjærgårdstjenesten har også i 2020 gjennomført ytterlegare tiltak for å utvikle tenesta vidare. Mellom anna er det gjennomført fleire tiltak på kompetansesida, tiltak for oppfølging av nye forskrifter for bygging av mindre lasteskip, tiltak for å styrkje styrings- og rapporteringsrutinane og opplæring av fylkeskommunane for at dei skal kunne overta dei regionale styringsoppgåvene frå statsforvaltarane. I 2020 vart det òg oppretta ei ny driftseining i regi av Fjordane Friluftsråd.
Andre friluftslivstilskot
Det er sett av 6 mill. kroner til Miljødirektoratets ferdselsåreprosjekt, som har som mål å fremje planlegging, opparbeiding, skilting og merking av samanhengande nettverk av ferdselsårer for friluftsliv i kommunane. Ei prioritert oppgåve i 2022 vil vere å medverke til at kommunane utarbeider ein plan for friluftslivets ferdselsårer.
Det er sett av 1,2 mill. kroner til Norsk Friluftslivs prosjekt «Integrering gjennom friluftsliv». Midlane skal gå til lønn, administrative utgifter og tiltak.
Det er sett av 2 mill. kroner til Den Norske Turistforening, øyremerkte drift og vidareutvikling av den digitale turplanleggjaren UT.no.
Det er sett av 5 mill. kroner til utvikling av blågrøn infrastruktur i områdesatsingane i Oslo. Dette omfattar Groruddalssatsinga, områdesatsing i Oslo sør og områdesatsing i Oslo indre aust. Områdesatsingane er eit samarbeid mellom Oslo kommune og staten.
Det er sett av 2,2 mill. kroner til Norsk Friluftslivs prosjekt med mål om å fremje friluftsliv i skulen. Prosjektet omfattar mellom anna drift og vidareutvikling av Forum for friluftsliv i skolen. 1 mill. kroner av løyvinga er øyremerkt oppfølging av det igangsette prosjektet med mål om å vidareutvikle eit utval eksisterande, vellykka satsingar innanfor natur og friluftsliv retta mot barn og unge i pedagogiske institusjonar som barnehage, skulefritidsordning og skule. Midlane skal gå til lønn, administrative utgifter og tiltak.
Det er sett av 1,17 mill. kroner til Den Norske Turistforening for å drifte og vidareutvikle prosjektet «Historiske vandreruter». «Historiske vandreruter» har som mål å auke bruken av gamle ferdselsruter med kulturhistoriske og friluftslivsmessige kvalitetar. Midlane skal gå til lønn, administrative utgifter og tiltak.
Det er sett av 1 mill. kroner til Oslofjordens Friluftsråds arbeid for å betre miljøet og fremje friluftsliv i og langs Oslofjorden.
Under kap. 1420 post 66 er det sett av 3 mill. kroner til ei tilskotsordning som gjev juridisk bistand til kommunar langs Oslofjorden i arbeidet med å klargjere grensene mellom innmark og utmark i strandsona og arbeidet med å fjerne ulovlege stengsel og hindringar i strandsona.
Rapport 2020
Miljødirektoratet starta i 2019 eit ferdselsåreprosjekt. Prosjektet har som mål å fremje planlegging, opparbeiding, skilting og merking av samanhengande nettverk av ferdselsårer for friluftsliv i kommunane. I 2020 vart det fordelt 6 mill. kroner i tilskot til dei fylkeskommunane som har ei sentral rolle i prosjektet. Fylkeskommunane etablerer regionale prosjekt for å stimulere kommunane til å utarbeide planar for ferdselsårene til friluftslivet. Planen skal utarbeidast etter Miljødirektoratets rettleiing M-1292 frå 2019, «Plan for friluftslivets ferdselsårer». Så langt i prosjektet har 143 kommunar starta arbeidet med å lage eigne planar. 117 kommunar har gjennomført kartlegging og registrering av eksisterande ferdselsårer i sin kommune. 14 kommunar har vedteke eller vil snart vedta ein plan for ferdselsårene i friluftslivet i sin kommune.
Miljødirektoratet har også i 2020 delteke på møte i programstyret for nærmiljø i Groruddalssatsinga i Oslo og har utbetalt prosjektmidlane for dette prosjektet til Oslo kommune. Det er rapportert for tildelte midlar gjennom den samla rapporteringa for arbeidet til programstyret.
Post 79 Oppryddingstiltak, kan overførast, kan nyttast under postane 39 og 69
Utgiftene på posten må sjåast i samanheng med midlar til same formål under postane 39 og 69. Midlane er retta mot resultatområdet Forureining. I dei fleste områda som får støtte, stammar forureininga frå langt tilbake i tid, og det er vanskeleg å finne den ansvarlege forureinaren. Foreslått løyving er på cirka 0,5 mill. kroner. Midlane som staten løyver over dei tre postane 39, 69 og 79, er difor nødvendige for at oppryddinga av forureiningane skal bli gjennomført.
Mål
Posten skal nyttast til å dekkje utgifter som kommunale og interkommunale selskap og verksemder, private verksemder og privatpersonar har til å undersøkje og gjennomføre oppryddingstiltak i grunnen på land og i botnen i sjø og vatn som er forureina med helse- og miljøskadelege stoff.
Kriterium for måloppnåing
Både for forureina sjøbotn og for forureina grunn er bruken av midlane knytt til dei nasjonale måla «Forureining skal ikkje skade helse og miljø» og «Utslepp av helse- og miljøfarlege stoff skal stansast».
Tildelingskriterium
Posten skal nyttast til delfinansiering av oppryddingsprosjekt. Prinsippet om at forureinaren betaler, ligg til grunn ved vurderinga av om det skal gjevast tilskot. Sjå òg omtale under kap. 1420 postane 39 og 69.
Oppfølging og kontroll
Kontroll av bruken av midlar skjer mellom anna gjennom dokumentasjon av framdrift og sluttrapport innsend av tilskotsmottakaren.
Rapport 2020
Det blir her rapportert samla for oppryddingsarbeidet finansiert frå postane 39, 69 og 79.
Arbeidet med opprydding i forureina sjøbotn går framover. Fram til no er undersøkingar gjennomførte i dei fleste av dei prioriterte områda, og i fleire av områda har dei viktigaste oppryddingstiltaka starta eller blitt gjennomførte. Arbeidet held òg fram for opprydding i forureina grunn der det trengst. Av dei viktigaste gjennomførte tiltaka i 2020 var ferdigstilling av arbeidet med å rydde opp sjøbotnen i Horten indre hamn. I tillegg er det mellom anna arbeid i samband med tilreiingsverket til nedlagde Killingdal gruve i Trondheim og forbetringar på grunnforureiningsdatabasen.
Post 81 Naturarv og kulturlandskap, kan overførast
Midlane under posten er retta mot resultatområda Naturmangfald og Friluftsliv.
Posten er auka med om lag 1,6 mill. kroner til 69,5 mill. kroner, noko som kjem av prisjustering.
Desse sju ordningane får tilskot frå posten: naturskjøtsel i verdsarvområde (12,1 mill. kroner), tiltak i Utvalde kulturlandskap i jordbruket (23 mill. kroner), tiltak i kulturlandskapsområde registrerte som verdifulle kulturlandskap (1,1 mill. kroner), tiltak for ville pollinerande insekt (3,2 mill. kroner), verdiskaping basert på naturarven (8,9 mill. kroner), villreinfjella som verdiskapar (8,5 mill. kroner) og Nasjonale turiststiar (12,7 mill. kroner).
Naturskjøtsel i verdsarvområde
Mål
Målet med tilskot til forvaltningstiltak i norske verdsarvområde med viktige naturverdiar er å sikre at naturverdiane som låg til grunn for innskriving av områda på Unescos liste, blir bevarte og overførte til kommande generasjonar.
Kriterium for måloppnåing
Måloppnåing blir vurdert ut frå om tilstanden til naturverdiane er i tråd med kriteria for tildeling av verdsarvstatus og forvaltningsplanane for områda.
Tildelingskriterium
Dei aktuelle verdsarvområda er Vegaøyan, som vart innskrive i Unescos verdsarvliste i 2004, og Vestnorsk fjordlandskap med Geirangerfjorden og Nærøyfjorden, som vart ført på lista i 2005. Mottakarar er stiftelsane Vegaøyan Verdensarv, Geirangerfjorden Verdsarv og Nærøyfjorden Verdsarvpark. Posten dekkjer òg tilskot til Foreininga Noregs verdsarv til gjennomføring av arrangementet Verdsarvforum.
Midlane må sjåast i samanheng med midlar til verdsarvområda i Noreg under kap. 1429 post 79 Tilskot til verdsarven og med midlar til autoriserte verdsarvsenter i Geiranger og Vega under kap. 1400 post 76.
Oppfølging og kontroll
Resultatkontroll og oppfølging skjer ved at mottakarane av tilskot blir følgde opp av Miljødirektoratet for å sjå til at midlane blir nytta som føresett, og at tiltak blir gjennomførte. Kontrollen overfor tilskotsmottakarar går for seg gjennom generell formalia- og sannsynskontroll av innsende rapportar.
Rapport 2020
Oppfølginga av norske verdsarvområde med naturverdiar er organisert gjennom ideelle stiftelsar på staden som blir tildelte tilskot til drift og gjennomføring av forvaltningstiltak innanfor rammer sette i forvaltningsplanar og retningslinjer for oppfølging av verdsarvkonvensjonen. Midlane har i 2020 medverka til gjennomføring av tiltak og satsingar på ulike tema for verdsarvforvaltning i verdsarvområda Vegaøyan og Vestnorsk fjordlandskap. Desse omfattar mellom anna forvaltningsplanlegging, besøksforvaltning, nettverksbygging, lokal involvering og organisering av samarbeid. Det er lagt vekt på samarbeid og samfinansiering med andre aktørar i gjennomføringa av tiltak. Forpliktingane knytte til formidling og informasjon om kultur- og naturverdiar er tekne hand om og vidareutvikla gjennom tiltak retta mot barn, unge og besøkjande. Gjennomføring av arrangementet Verdsarvforum 2020 vart utsett til 2021 grunna covid-19.
Tiltak i Utvalde kulturlandskap i jordbruket
Ordninga omfattar midlar til oppfølging av den frivillige ordninga Utvalde kulturlandskap i jordbruket. Dette er ei felles satsing mellom landbruks- og miljøstyresmaktene frå 2009. Talet på område i ordninga har stige i takt med auka budsjett og omfatta i starten av 2020 46 kulturlandskap fordelte over heile Noreg. På oppdrag frå departementa leverte Landbruksdirektoratet, Riksantikvaren og Miljødirektoratet hausten 2020 ein plan for perioden 2020–2025 der behovet for å styrkje områda som allereie er med i ordninga, og moglegheitene for å ta fleire kulturlandskap inn i ordninga vart vurderte.
Mål
Målet med tilskotet er å sikre ei berekraftig forvaltning av norske kulturlandskap som inngår i den frivillige ordninga Utvalde kulturlandskap i jordbruket.
Kriterium for måloppnåing
Måloppnåing blir vurdert ut frå om forvaltninga er i tråd med kriteria for utpeiking av utvalde kulturlandskap i jordbruket.
Tildelingskriterium
Eit nasjonalt sekretariat leidd av Landbruksdirektoratet, saman med Miljødirektoratet og Riksantikvaren, følgjer forvaltninga av områda i samarbeid med fylka. Forskrift om tilskudd til tiltak i Utvalgte kulturlandskap i jordbruket og verdensarvområdene Vegaøyan og Vestnorsk fjordlandskap gjeld frå 1. januar 2020. Kommunane fekk frå same tidspunkt ansvaret for administrasjon, tilskotsforvaltning og prioritering av tiltak i samråd med områdeutval i dei enkelte områda. Midlane blir tildelte med grunnlag i godkjende forvaltningsplanar. Landbruks- og miljøvernavdelingane hos statsforvaltarane, i samarbeid med regional kulturmiljøforvaltning, er framleis sentrale faglege rådgjevarar for ordninga. Landbruksavdelingane koordinerer fylkesvise budsjettinnspel og rapportering frå ordninga til nasjonale styresmakter.
Oppfølging og kontroll
I forvaltningssystemet for tilskot (Agros) har Landbruksdirektoratet i 2020 utvikla ei ny løysing for søknadsbehandling og rapportering knytt til ordninga for Utvalde kulturlandskap i jordbruket. Kommunane behandlar søknader og tildeler midlar, medan statsforvaltaren kontrollerer og rapporterer til nasjonale styresmakter. Kontrollen av tilskotsmottakarar skjer gjennom generell formalia- og sannsynskontroll av innsende rapportar.
Fylkesvis rapportering utgjer grunnlaget for årleg rapport for ordninga frå dei tre samarbeidande direktorata til Landbruks- og matdepartementet og Klima- og miljødepartementet.
Rapport 2020
I 2020 var dei samla løyvingane til arbeidet med utvalde kulturlandskap på 37,3 mill. kroner (15,5 mill. kroner gjennom jordbruksoppgjeret og 21,8 mill. kroner over budsjettet til Klima- og miljødepartementet).
Midlane til utvalde kulturlandskap blir fordelte på tiltak innanfor planlegging og prosess, skjøtsel og andre typar tiltak for å ta vare på kulturminne og kulturmiljø, biologisk mangfald og landskapsverdiar, overvaking og dokumentasjon, formidling, tilrettelegging og tiltak som held oppe landbruksdrift i områda (næringsutvikling, seterdrift m.m.). I 2020 gjekk 28 pst. av midlane til kulturminne- og kulturmiljøtiltak, 28 pst. til landskapsskjøtsel, 8 pst. til målretta tiltak for å ta vare på biologisk mangfald og 9 pst. til næringsretta tiltak. Dei resterande 27 pst. vart nytta til tiltak knytte til ferdsel og friluftsliv, planlegging, kartlegging og dokumentasjon og formidling. Særskild årsrapport for ordninga utarbeidd av Landbruksdirektoratet, Miljødirektoratet og Riksantikvaren gjev nærmare oversikt over fordeling av midlane på ulike formål og informasjon om viktige utviklingstrekk i områda.
Tiltak i kulturlandskapsområde registrerte som verdifulle kulturlandskap
Mål
Målet med ordninga er å sikre berekraftig forvaltning av norske kulturlandskap som inngår i Nasjonal registrering av verdifulle kulturlandskap.
Kriterium for måloppnåing
Måloppnåing blir vurdert ut frå om tiltaka sikrar naturmangfaldet i kulturlandskapsområde med store naturverdiar.
Tildelingskriterium
Det er utvikla eit eige sett med kriterium for tildeling med ei liste over prioriterte område som kan søkje om tilskot. Blant søknader som gjeld tilskot til tiltak i kulturlandskapsområde registrerte som verdifulle kulturlandskap, vil dei som er forankra i ein skjøtsels- eller tiltaksplan, bli prioriterte.
Oppfølging og kontroll
Tilskotsmottakarane blir følgde opp med tanke på at midlane blir nytta som føresett, og at tiltak blir gjennomførte. Kontrollen overfor tilskotsmottakarar skjer gjennom generell formalia- og sannsynskontroll av innsende rapportar.
Rapport 2020
Det vart innvilga 34 søknader i 2020, hovudsakleg til tiltak for å hindre gjengroing, gjennomføre skjøtsel i biologisk viktige areal og gjennomføre andre tiltak for å ta vare på naturverdiar knytte til verdifulle kulturlandskap.
Tiltak for ville pollinerande insekt
Mål
Målet med ordninga er å medverke til å sikre eller betre leveområda for ville pollinerande insekt.
Kriterium for måloppnåing
Måloppnåing blir vurdert ut frå om tiltaka sikrar gode leveområde for ville pollinerande insekt.
Tildelingskriterium
Søknader som gjeld areal med førekomst av mange artar eller artar på raudlista, vil bli prioriterte.
Oppfølging og kontroll
Mottakarane av tilskot blir følgde opp med tanke på at midlane blir nytta som føresett, og at tiltak blir gjennomførte. Kontrollen skjer gjennom generell formalia- og sannsynskontroll av innsende rapportar.
Rapport 2020
Om lag 2,5 mill. kroner vart fordelte gjennom fylkesmennene til skjøtsels-, restaurerings- og tilretteleggingstiltak i felt for å betre kvaliteten på leveområde for pollinerande insekt og til regionale kunnskaps- og informasjonstiltak. Om lag 0,5 mill. kroner vart tildelt to nasjonale kunnskapsformidlingstiltak: fagleg rådgjevingsteneste ved etablering og skjøtsel av blomsterrike areal (NIBIO) og kunnskapsformidling om humler og ville bier tilrettelagd for skulen (NTNU Vitskapsmuseet).
Verdiskaping naturarv
Mål
Målet med ordninga er å medverke til at verneverdiane i verneområda og andre verdifulle naturområde blir del av ei brei verdiskaping som har ein langsiktig positiv effekt på natur, lokalsamfunn og næringsutvikling.
Kriterium for måloppnåing
Måloppnåinga blir vurdert ut frå om tilskotet stimulerer til at verneområda og andre verdifulle naturområde blir del av ei brei verdiskaping der natur, lokalsamfunn og næringsutvikling har ein langsiktig positiv effekt av tiltaka.
Tildelingskriterium
Kommunar, regionråd, frivillige organisasjonar, verksemder, grunneigarar, naturinformasjonssenter, tilsynsutval og verneområdestyre kan få tilskot til tiltak for å kanalisere ferdsel, tiltak for å utvikle besøksforvaltning av nasjonalparkar, naturfagleg kompetanseheving i reiselivsverksemder, tiltak for å betre samarbeidet mellom naturforvaltning, næring og lokalsamfunn og til ulike typar av informasjon og leiing av prosjekt som fell inn under desse tiltaka.
Tilskot kan også bli gjeve til implementering av merkevare- og kommunikasjonsstrategien for nasjonalparkar i regi av nasjonalparkkommunar godkjende etter nye kriterium, nasjonalparklandsbyar og nasjonalparksenter. Det er krav om minst 50 pst. eigeninnsats (økonomiske midlar eller arbeidsinnsats).
Regionalparkane ved organisasjonen deira Norske parkar blir tildelt 5 mill. kroner. Midlane skal gå til drift og utvikling av organisasjonen.
Oppfølging og kontroll
Oppfølging skjer hovudsakleg i form av fortløpande kontakt mellom Miljødirektoratet og prosjekta som får tilskot. Kontrollen skjer i hovudsak gjennom generell formalia- og sannsynskontroll av innsende prosjektrapportar og årsmeldingar og av revisorstadfesta årsrekneskap.
Rapport 2020
Det kom inn 40 søknader i 2020. 14 av søknadene vart tildelte midlar. Det vart gjeve tilskot til ulike typar av informasjons- og formidlingstiltak og tilrettelegging av turstiar, utkikkspunkt og andre attraksjonar for å fremje naturopplevingar og auke verdiskapinga i nasjonalparkkommunar og -landsbyar og andre område. Desse fekk tilskot i 2020: Birkenes bygdemuseum. Bjåen Fjellstove, Frøya kommune, Skarvan og Roltdalen og Sylan nasjonalparkstyre, Færder kommune, Hemnes kommune, Magma Geopark AS, Stiftelsen Nordland nasjonalparksenter, Nordreisa kommune, foreininga Norges nasjonalparkkommuner, Nærøyfjorden Verdsarvpark og Røyrvik kommune.
Villreinfjellet som verdiskapar
Mål
Målet er å stimulere til brei verdiskaping knytt til dei ti nasjonale villreinområda, særleg retta inn mot ulike delar av reiselivet. Ordninga skal medverke til god gjennomføring av dei regionale planane for villreinområda og til å utvikle og spreie kunnskap om villreinen og villreinfjellet til ulike målgrupper.
Kriterium for måloppnåing
Måloppnåinga blir vurdert ut frå om tilskotet stimulerer til at dei nasjonale villreinområda blir del av ei brei verdiskaping der villrein, lokalsamfunn og næringsutvikling har ein langsiktig positiv effekt av tiltaka.
Tildelingskriterium
Tilskot kan bli tildelte til prosjekt i samsvar med den fastsette programplanen. Prosjekta skal omfatte fleire ulike tiltak og må vere knytte til eit geografisk område eller eit tema innanfor dei kommunane som er omfatta av dei nasjonale villreinområda. Det er utvikla eit eige sett med søknadskriterium der det mellom anna blir lagt vekt på god samanheng med handlingsprogramma knytte til dei regionale planane. Det blir òg lagt vekt på at prosjekta skal ha geografisk spreiing og dekkje ulike tema og problemstillingar knytte til dei ulike nasjonale villreinområda. Prosjekta skal femne både miljøvis, sosial, kulturell og økonomisk verdiskaping. Det er krav om minst 50 pst. eigeninnsats i form av arbeid eller andre økonomiske midlar.
Oppfølging og kontroll
Oppfølging skjer hovudsakleg i form av jamleg kontakt mellom Miljødirektoratet og dei prosjekta som får tilskot, og ved at statsforvaltaren deltek i dei styrande organa for prosjekta. Kontroll skjer gjennom generell formalia- og sannsynskontroll av innsende prosjektrapportar og årsmeldingar og av revisorstadfesta årsrekneskapar. Norsk villreinsenter har ei viktig rolle i fagleg oppfølging og rådgjeving for prosjekta og arrangerer òg årlege nettverkssamlingar for alle prosjekta i samarbeid med Miljødirektoratet.
Rapport 2020
Følgjande prosjekt fekk tilskot i 2020: Kunnskapsformidling om villreinfjell (Verneområdestyret for Setesdal Vesthei), Villreinløypa (Gudbrandsdalsmusea / Lesja kommune), Dovrefjellaksen – samarbeid om formidling (Trøndelag fylkeskommune), Forollhogna – det hele fjellet (Forollhogna nasjonalparkstyre), Mennesket og reinen (Viken fylkeskommune), Villrein og istid (Norsk institutt for naturforsking mfl.), Tradisjon og destinasjon (Norsk villreinsenter Sør mfl.), DNT i villreinfjellet (Den Norske Turistforening), Budeiene og villreinfjellet (Rjukan Næringsutvikling), Heiplanen – handlingsprogram (Rogaland fylkeskommune). Vidare var det løyvd midlar til mindre tilleggsprosjekt til prosjekta Villreinløypa og Forollhogna. Alle prosjekta er knytte opp mot dei regionale planane for nasjonale villreinområde, og dei har ført til brei mobilisering til samarbeid mellom ulike aktørar lokalt og regionalt. Prosjekta har også ført til at det er etablert gode koplingar til arbeidet med besøksstrategiar for verneområda. Det er oppretta eigne temasider for prosjekta på nettstaden til Norsk villreinsenter, villrein.no.
Nasjonale turiststiar
Mål
Tilskotsordninga Nasjonale turiststiar gjev midlar til stiar med ekstraordinært stort besøk og der internasjonale turistar utgjer ein stor del av dei besøkjande. Tilstrøyminga fører til stor slitasje på stiane og naturen rundt, utfordringar med søppel/avfall, behov for informasjon både før og under besøket og utfordringar med tryggleiken til dei besøkjande. Gjennom ulike tiltak kan desse utfordringane reduserast i stor grad.
Ordninga skal ikkje leggje til rette for meir utbygging og tiltak enn det som er nødvendig, og alle tiltak skal vere innanfor rammene av allemannsretten og norsk friluftslivstradisjon. Eventuelle byggje- og anleggstiltak skal vere tilpassa landskapet, ha minst mogleg omfang og ta omsyn til natur- og opplevingskvalitetane i området.
Det kan autoriserast inntil 15 Nasjonale turiststiar. Stiar med ekstraordinært stort besøk og der internasjonale turistar utgjer ein stor del, kan bli autoriserte. Vidare må noverande situasjon og framtidige planar i nærområdet til stiane ta omsyn til naturmangfald, friluftsliv, tryggleik og landskapskvalitetar for at stiane skal kunne bli autoriserte. Dei autoriserte stiane skal ha stor opplevingsverdi og attraksjonskraft og skal vere eit utval av stiar og turmål som gjennom heilskapleg besøksforvaltning toler mange besøkjande utan at natur- og kulturverdiar blir forringa, og der opplevinga for dei besøkjande er viktig. Vidare skal tryggleiken vere godt teken i vare på desse stiane. God lokal forankring av arbeidet og langsiktig planlegging gjennom heilskapleg besøksforvaltning som skal munne ut i ein besøksstrategi, er eit krav for å bli autorisert som Nasjonal turiststi.
Stiar som er autoriserte som Nasjonal turiststi, blir prioriterte ved tildeling av midlar frå ordninga, men å vere autorisert er ikkje eit krav for å få midlar frå ordninga. Stiar som er autoriserte, vil i tillegg få eit årleg grunntilskot på 300 000 kroner, slik at desse stiane får ei føreseieleg forvaltning. Grunntilskotet blir utbetalt frå og med året etter autoriseringa og kan berre nyttast til tiltak som gjev rett til midlar i tilskotsordninga. Dei autoriserte stiane kan i tillegg søkje om midlar i den ordinære søknadsprosessen.
Kriterium for måloppnåing
Måloppnåinga blir vurdert ut frå om tilskotet medverkar til redusert slitasje og færre ulykker og utrykkingar frå hjelpemannskap i samband med ferdsel på stiane, og om tilskotet medverkar til å halde oppe naturverdiar og miljøverdiar på og i tilknyting til stiane. I tillegg vil det bli lagt vekt på om ordninga medverkar til brei lokal verdiskaping.
Tildelingskriterium
Destinasjonsselskap, kommunar, kommunale eller interkommunale føretak, stiftelsar, frivillige organisasjonar og verneområdestyre kan søkje på ordninga. Søknader med breie samarbeidsrelasjonar mellom reiseliv, frivillige, kommune og forvaltning vil bli prioriterte.
Tilskot blir gjeve til prosjekt som handlar om turstiar med store opplevingskvalitetar der internasjonale turistar utgjer ein stor del av dei besøkjande.
Det skal liggje føre ei prosjektbeskriving for stien og området som det blir søkt om tilskot til. Prosjektbeskrivinga skal vise omfanget av besøk på den aktuelle stien, gjere greie for kva som er utfordringane for det aktuelle området, og innehalde ein plan der ein syner kva tiltak som kan ta hand om desse utfordringane. Kva stien har å seie for lokalt reiseliv, skal òg inngå i prosjektbeskrivinga.
Alle fysiske tiltak som får tilskot, skal i utgangspunktet vere opne for allmenta. Alle byggje- og anleggstiltak skal vere tilpassa landskapet og natur- og opplevingskvalitetane i området.
Tildelte midlar skal i utgangspunktet brukast til tiltak på og i tilknyting til stiane. Det kan òg bli gjeve tilskot til enkelte andre tiltak, til dømes informasjonstiltak og forprosjekt og prosjektleiing knytt til besøksforvaltning som førebuing til å søkje om autorisasjon. Det blir ikkje gjeve tilskot til drift knytt til stiområda.
Det blir berre gjeve tilskot til søkjarar som medverkar med minst 25 pst. eigeninnsats (økonomiske midlar eller arbeidsinnsats som kan dokumenterast).
Prioriterte tiltak:
tilrettelegging og merking av sti
sikringsbuer og andre beredskapstiltak
tilrettelegging av tilkomstsoner
toalett/sanitæranlegg
søppelhandtering
prosjektleiing og planlegging knytt til besøksforvaltning
informasjonstiltak, under dette også fjellvaktteneste, stipatruljar og vertskap ved til dømes startområdet for stien
Oppfølging og kontroll
Tilskotsmottakarane blir følgde opp med tanke på at midlane blir nytta som føresett, og at tiltak blir gjennomførte. Kontrollen overfor tilskotsmottakarar skjer gjennom generell formalia- og sannsynskontroll av innsende rapportar.
Rapport 2020
Det kom inn 21 søknader i 2020, og 16 søkjarar fordelte på 7 fylke fekk tildelt midlar. Mange stiar er rusta opp med mellom anna drenering av vatn og steinlegging. Ulike sikrings- og beredskapstiltak, under dette fjellvaktordning, vart finansierte. Viktige informasjonstiltak vart gjennomførte, og enkelte startpunkt vart tilrettelagde. Desse fekk tilskot i 2020: Segla på Senja, Kjerag og Preikestolen i Lysefjorden, Dronningruta i Vesterålen, Trolltunga og Dronningstien i Ullensvang, Bondhusdalen i Kvinnherad, Romsdalseggen i Rauma, Rødøyløva i Rødøy, Kvalvika-Ryten i Lofoten, Engabreen i Meløy, Besseggen i Vågå, Gaustatoppen i Tinn og Hjartdal kommunar, Aurlandsdalen i Aurland, Kongevegen i Lærdal og Fosseråsa i Geiranger.
Post 82 Tilskot til trua artar og naturtypar, kan overførast
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Underpost | Nemning | Rekneskap 2020 | Saldert budsjett 2021 | Forslag 2022 |
82.1 | Tilskotordning – trua artar | 45 507 | 13 107 | 13 448 |
82.2 | Tilskotordning – trua naturtypar | 29 699 | 30 471 | |
Sum post 82 | 45 507 | 42 806 | 43 919 |
Posten er retta mot resultatområdet Naturmangfald. Posten er delt i to underpostar, ein for trua artar og ein for trua naturtypar. Underposten for trua artar omfattar mellom anna tilskot til prioriterte artar og dei økologiske funksjonsområde deira og artar som er klassifiserte som trua på Norsk raudliste for artar. Tiltak for å bevare hubro er òg inkluderte i posten med vekt på tiltak mot elektrokusjon (at fugl kjem nær to straumførande leidningar samstundes og døyr). Underposten for trua naturtypar omfattar tilskot til tiltak for utvalde naturtypar og naturtypar som er klassifiserte som trua på Norsk raudliste for naturtypar.
Posten er auka med 1,1 mill. kroner i prisjustering til 43,9 mill. kroner.
Trua artar
Mål
Målet med tilskotsordninga er å medverke til å gjennomføre tiltak for å ta vare på trua plante- og dyreartar, under dette artar som er valde ut som prioriterte artar. Ordninga inkluderer òg økologiske funksjonsområde for prioriterte artar.
Kriterium for måloppnåing
Måloppnåinga blir vurdert ut frå talet på tiltak knytte til trua artar. Måloppnåinga for hubro blir vurdert ut frå talet på stolpar og konstruksjonar som er sikra mot skade på hubro, og utvikling i hubrobestanden i desse områda.
Tildelingskriterium
Tilskot kan bli tildelte til konkrete tiltak i felt til skjøtsel og vedlikehald, biotopforbetrande tiltak, restaurering, aktiv skjøtsel eller andre typar tiltak som er nødvendige for å ta vare på eller rette opp økologiske funksjonsområde for trua og prioriterte artar, gjerding, nødvendig utstyr for å gjennomføre tiltak, informasjon retta lokalt/regionalt, kartlegging knytt til tiltak og tiltak for å hindre at hubro døyr som følgje av at dei bruker straumstolpar som sitjeplass.
Oppfølging og kontroll
Resultatkontroll og oppfølging skjer ved at tilskotsmottakarane blir følgde opp med tanke på at midlane blir nytta som føresett, og at tiltak blir gjennomførte. Kontrollen overfor tilskotsmottakarar skjer gjennom generell formalia- og sannsynskontroll av innsende rapportar.
Rapport 2020
Det kom inn 289 søknader i 2020. Det vart søkt om 30,6 mill. kroner, og totalt tildelte Miljødirektoratet og statsforvaltaren om lag 17,2 mill. kroner til slike søknader. Midlane er gjevne til konkrete tiltak som til dømes skjøtsel av lokalitetar, styrking av bestandar og informasjon. Av dette er det samla gjeve om lag 1,4 mill. kroner til 6 tiltak for hubro for å unngå at arten døyr som følgje av elektrokusjon. Dei ulike nettselskapa nyttar i tillegg eigne midlar på dei same strekningane.
Trua naturtypar
Mål
Målet med tilskotsordninga er å medverke til å ta vare på utvalde naturtypar etter naturmangfaldlova kap. VI og trua naturtypar, jf. definisjon av trua naturtypar i Norsk raudliste for naturtypar.
Kriterium for måloppnåing
Måloppnåinga blir vurdert ut frå målsetjingane for å ta vare på naturtypar i dei enkelte handlingsplanane, under dette talet på lokalitetar som blir tekne vare på, og talet på tiltak knytte til førekomstar av trua og utvalde naturtypar.
Tildelingskriterium
Tilskot kan bli tildelt til restaurering, skjøtsel og vedlikehald, tilpassa bruk på areal som inngår i drifta av landbruksføretak, gjerding, kartlegging og overvaking knytt til tiltak, utarbeiding av skjøtsels- eller tiltaksplan, nødvendig utstyr til tiltak og informasjon om naturtypane.
Oppfølging og kontroll
Resultatkontroll og oppfølging skjer ved at tilskotsmottakarane rapporterer korleis midlane blir nytta, og om gjennomførte tiltak og resultat. Kontrollen går for seg gjennom generell formalia- og sannsynskontroll av innsende rapportar frå tilskotsmottakarar til statsforvaltaren.
Rapport 2020
Det kom inn 1 120 søknader i 2020, mot om lag 1 027 i 2019 og 1 050 i 2018. Det kom inn søknader for tiltak i 19 ulike naturtypar. Talet på søknader er framleis størst innanfor naturtypane slåttemark (729 søknader), kystlynghei (169 søknader) og hole eiker (71 søknader). Om lag 980 søknader omfatta skjøtsel og vedlikehald. I tillegg kom det inn søknader om tilskot til gjerding, informasjonstiltak, kartlegging og overvaking knytt til tiltak, tilpassa drift på areal som inngår i drifta av landbruksføretak, og innkjøp av utstyr til skjøtsel.
I 2020 vart det søkt om 63,5 mill. kroner til tiltak for å ta vare på trua og utvalde naturtypar, mot 51,5 mill. kroner i 2019. Den tilgjengelege budsjettramma var om lag 28,8 mill. kroner. Miljødirektoratet tildelte det meste av dette til statsforvaltaren for vidare tildeling, med unntak av 0,435 mill. kroner, som Miljødirektoratet tildelte to informasjonstiltak for dei utvalde naturtypane kystlynghei og hol eik.
Handlingsplanar for naturtypar legg det faglege grunnlaget og dei overordna rammene for ein stor del av tiltaka som blir gjennomførte med støtte frå tilskotsordninga for trua og utvalde naturtypar. Talet på skjøtselsplanar som er utarbeidde for enkeltområde, stig jamt. Det gjer òg talet på langsiktige avtalar med grunneigarar om skjøtsel. Dette er viktige verkemiddel for å motivere grunneigarar til å søkje om tilskot og drive skjøtsel. Det er flest skjøtselsplanar og avtalar for slåttemark og kystlynghei.
Post 83 Tilskot til tiltak mot framande artar, kan overførast
Mål
Tilskotsordninga skal medverke til å hindre negativ påverknad på naturmangfaldet frå framande skadelege artar. Foreslått løyving er på 4,1 mill. kroner, en auke på 0,1 mill. kroner som skuldast prisjustering.
Kriterium for måloppnåing
Kriterium for måloppnåing er om tiltaka som får støtte frå posten, medverkar til at trusselen frå framande skadelege organismar blir mindre.
Tildelingskriterium
Tilskot kan bli tildelt til tiltak for å nedkjempe framande skadelege organismar, informasjonstiltak og kartlegging og overvaking knytt til konkrete tiltak.
Oppfølging og kontroll
Resultatkontroll og oppfølging skjer ved at tilskotsmottakarane rapporterer korleis midlane blir nytta, og om gjennomførte tiltak og resultat. Kontrollen går for seg gjennom generell formalia- og sannsynskontroll av innsende rapportar frå tilskotsmottakar.
Rapport 2020
I 2020 vart løyvinga auka med 13,3 mill. kroner etter Stortingets vedtak om økonomiske tiltak i samband med virusutbrotet (covid-19-pandemien). Desse midlane skulle gå direkte til konkrete tiltak for å fjerne skadelege framande artar over heile landet. Den totale løyvinga på posten i 2020 var dermed 17,3 mill. kroner. Det kom inn 135 søknader til ordninga på til saman 27,6 mill. kroner. Det vart tildelt midlar til 71 prosjekt.
Post 84 Internasjonalt samarbeid
Tilskotsordninga er primært knytt til resultatområda Naturmangfald og Forureining, men òg til Friluftsliv, Klima og Polarområda. Foreslått løyving er 5,7 mill. kroner.
Mål
Målet for tilskotsordninga er å støtte organisasjonane som er nemnde nedanfor, i det internasjonale arbeidet for vern av naturmangfald og berekraftig bruk av naturressursar og å setje Miljødirektoratet og andre delar av miljøforvaltninga i stand til å delta i det faglege internasjonale nettverket desse organisasjonane utgjer.
Kriterium for måloppnåing
Kriterium for måloppnåing er om Noreg gjennom støtte til dei internasjonale organisasjonane i rimeleg grad medverkar til at dei kan utføre oppgåvene sine, og at Miljødirektoratet og anna miljøforvaltning får tilgang til arbeidet som skjer i dei.
Tildelingskriterium
Posten skal dekkje utgifter til kontingent i samband med medlemskap i relevante internasjonale organisasjonar, under dette:
Naturpanelet (Intergovernmental Science-Policy Platform on Biodiversity and Ecosystem Services, IPBES)
Federation of Nature and National Parks of Europe (EUROPARC)
Conseil International de la Chasse (CIC)
International Union for Conservation of Nature (IUCN) (Government Agency member)
Wetlands International (WI)
BirdLife International (BI)
Nordisk kollegium for viltforsking (NKV)
Den europeiske plantevernorganisasjonen (Planta Europa)
Den europeiske organisasjonen for bevaring av geologiarven (ProGEO)
Working Group on Harmonization of Regulatory Oversight in Biotechnology (WGHROB) under Biosafety-programmet til OECD
Konvensjon om langtransportert luftforureining (LRTAP-konvensjonen), kjerneoppgåver som ikkje blir omfatta av bidraget til EMEP-protokollen
Common Forum on Contaminated Land
The European Union Network for the Implementation and International Transaction Log (IIL)
Enforcement of Environmental Law (IMPEL)
Organization of Economic Co-operation and Development (OECD)
Det internasjonale ressurspanelet (The international Resource Panel)
Posten skal òg dekkje utgifter knytte til relevante oppfølgingsprosjekt i tilknyting til medlemskapen. Vidare skal posten dekkje utgifter Noreg har som følgje av plikter i grensevassdrag til Finland og Sverige.
Det skjer ei kontinuerleg vurdering av målsetjingane til organisasjonane og av tilhøvet deira til sentrale konvensjonar og avtalar og av kva nytte Miljødirektoratet har av medlemskapen.
Oppfølging og kontroll
Oppfølging skjer hovudsakleg i form av deltaking i og bidrag til møte i dei styrande organa i organisasjonane, der det blir teke avgjerder mellom anna om budsjett, kontingentar og økonomisk styring. Oppfølging av spesielle prosjekt skjer gjennom deltaking i referanse-, arbeids- eller styringsgrupper, ved kontakt med slike grupper eller ved direkte kontakt med prosjektet.
Kontrollen skjer i hovudsak gjennom generell formalia- og sannsynskontroll av innsende prosjektrapportar og årsmeldingar og av revisorstadfesta årsrekneskapar frå organisasjonane. I tillegg deltek Miljødirektoratet på møte i styrande organ i organisasjonane der det blir teke avgjerder mellom anna om budsjett, kontingentar og økonomisk styring.
Rapport 2020
Midlane dekte i 2020 medlemskontingenten i dei internasjonale organisasjonane som er lista opp under «Tildelingskriterium» over, i tillegg til eit avgrensa tal oppfølgingsprosjekt.
Post 85 Naturinformasjonssenter, kan overførast
Midlane er i hovudsak retta mot resultatområda Naturmangfald og Friluftsliv.
Besøkssenter for natur skal formidle kunnskap av høg kvalitet om nasjonalparkar, villrein, våtmark, rovvilt, fugl og villaks til lokalbefolkninga og tilreisande. Barn og unge er spesielt prioriterte.
Posten er samla sett auka med 3 mill. kroner til 82,8 mill. kroner. Posten har fått ei prisjustering på 2,1 mill. kroner. Til nytt naturinformasjonssenter for Oslofjorden er det lagt inn 1,5 mill. kroner. Til post 01 er det flytta 0,6 mill. kroner for å dekkje driftskostnader i samband med autorisering/reautorisering av besøkssenter og gjennomføring av nettverkssamling.
For 2021 vart det løyvd 1,2 mill. kroner til forprosjekt knytt til eit nytt nasjonalt naturinformasjonssenter i Trillemarka-Rollagsfjell naturreservat. I 2022 vil desse midlane gå til autorisasjon av eit nytt skogvernsenter. Trillemarka-Rollagsfjell og andre senter kan søkje på dette.
Mål
Målet med tilskotsordninga er å medverke til drift, utvikling og etablering av naturinformasjonssenter (besøkssenter for natur).
Kriterium for måloppnåing
Måloppnåing for sentera blir vurdert på bakgrunn av årlege rapportar der sentera viser at dei fyller autorisasjonskrava.
Tildelingskriterium
Autoriserte besøkssenter natur kan søkje om eit årleg grunntilskot til aktivitet knytt til administrasjon, planlegging og gjennomføring av informasjonstiltak, naturrettleiing og anna. Grunntilskotet blir for 2022 på 1,116 mill. kroner per senter. Autoriserte senter kan i tillegg søkje om tilskot til ekstra publikumstiltak og kompetanseheving. Både autoriserte senter, andre som arbeider med naturinformasjon (til dømes museum og stiftelsar), og senter som ikkje er autoriserte, kan søkje om tilskot til utstillingar og informasjonstiltak.
Tabell 8.4 Type senter
Tema for senter | (i 1 000 kr) |
---|---|
Besøkssenter nasjonalpark | 34 642 |
Norsk villreinsenter | 8 979 |
Besøkssenter våtmark | 7 481 |
Besøkssenter rovdyr | 8 517 |
Naturrettleiing | 7 105 |
Det nasjonale villakssenteret | 8 781 |
Besøkssenter for skogvern | 1 222 |
Besøkssenter for Oslofjorden | 1 500 |
Runde Miljøsenter | 3 458 |
Atlanterhavsparken | 1 116 |
Sum | 82 801 |
Naturrettleiing vil seie formidling av kunnskap om naturen og samanhengar i naturen, med det formål å styrkje innsikt, respekt, engasjement og omsorg for natur- og kulturmiljøet. Naturrettleiingstenester blir utførte av ein person, naturrettleiaren, som i hovudsak gjev deltakarane direkte opplevingar ute i naturen. Mottakarar av tilskot til naturrettleiing er Norsk villreinsenter (Hjerkinn og Skinnarbu), besøkssenter for rovdyr i Flå og Namsskogan og besøkssenter Nordland, Færder og Hardangervidda (Skinnarbu), besøkssenter våtmark Ilene og Museene i Akershus avdeling Fetsund lenser (Nordre Øyeren).
Oppfølging og kontroll
Resultatkontroll og oppfølging skjer ved at tilskotsmottakarane leverer årsmelding, revidert rekneskap, budsjettforslag, plan for verksemda og eventuelt framdriftsrapportar med rekneskap. Sentera rapporterer om tal på besøkjande, aktivitetar og naturrettleiing, sal av logoprodukt, resultat frå brukarundersøkingar og eventuelle evalueringar av innhald og aktivitet ved senteret og om andre forhold som var sentrale for å få tildelt tilskotet. Det blir utført ein generell formalia- og sannsynskontroll av rapportane og rekneskapane. Det blir nytta stikkprøvekontroll, mellom anna ved gjennomsyn av utstillingar og informasjonsmateriell som det er gjeve støtte til.
Runde Miljøsenter, Atlanterhavsparken i Ålesund og Det nasjonale villakssenteret må rapportere om bruken av midlane på den same måten som dei autoriserte sentera.
Rapport 2020
Det vart gjeve grunntilskot til 15 autoriserte besøkssenter nasjonalpark, fire autoriserte besøkssenter rovdyr og seks autoriserte besøkssenter våtmark. Det vart òg gjeve grunntilskot til Stiftelsen Norsk villreinsenter, som har ei utvida rolle som informasjons- og kompetansesenter og har driftseiningar på Hjerkinn og Skinnarbu, under dette besøkssenter villrein på Hjerkinn. I tillegg vart det gjeve driftstilskot til Stiftelsen nasjonalt villakssenter, Runde Miljøsenter og Atlanterhavsparken og etableringstilskot til besøkssenter Lofotodden og Raet nasjonalparkar.
Besøkssentera Raet nasjonalpark og Lofotodden nasjonalpark vart autoriserte, medan besøkssenter Ytre Hvaler nasjonalpark, Hardangervidda nasjonalpark, Skinnarbu og kompetansedelen av Stiftelsen Norsk Villreinsenter vart reautoriserte i 2020.
Det vart etter søknad gjeve tilskot til utvikling av forvaltningsknutepunkt i Alta. Det vart vidare etter søknad gjeve tilskot til fornying av utstillingar, informasjonstiltak og kompetanseheving til besøkssenter.
Desse sentera fekk tilskot i 2020: Stiftelsen Norsk villreinsenter, Stiftelsen nasjonalt villakssenter, besøkssenter rovdyr: Bardu, Flå og Namsskogan, besøkssenter nasjonalpark: Hardangervidda, Eidfjord, Øvre Pasvik, Stabbursdalen, Reisa, Lierne, Femundsmarka, Folgefonna, Færder, Ytre Hvaler, Jotunheimen Jostedalsbreen Oppstryn og Jostedalen og besøkssenter nasjonalparkane i Nordland, Klimapark 2469, Norsk Tindesenter, Vollan Gard – Kvikne nasjonalpark, Sážžá Senja naturhus & museum – Midt-Troms museum, Museene i Akershus avd. Fetsund lenser, Balsfjord Fjordmuseum og våtmarkssenter – Midt-Troms museum, Dokkadeltaet våtmarkssenter, besøkssenter våtmark Ilene, besøkssenter våtmark Jæren, besøkssenter våtmark Oslo, besøkssenter våtmark Lista, Trondheimsfjorden våtmarkssenter, besøkssenter våtmark Ørland.
Kap. 4420 Miljødirektoratet
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2020 | Saldert budsjett 2021 | Forslag 2022 |
01 | Oppdrag og andre ymse inntekter | 9 804 | 7 766 | 8 028 |
04 | Gebyr, forureiningsområdet | 49 655 | 46 950 | 49 270 |
06 | Gebyr, statsforvalterembetas miljøvernavdelingar | 35 118 | 37 784 | 37 595 |
07 | Gebyr, kvotesystemet | 8 761 | 8 712 | 5 980 |
08 | Gebyr, naturforvaltningsområde | 38 | 672 | |
09 | Internasjonale oppdrag | 38 286 | 46 665 | 47 878 |
Sum kap. 4420 | 141 662 | 148 549 | 148 751 |
Post 01 Oppdrag og andre ymse inntekter
På posten er det budsjettert med ulike oppdragsinntekter, sal av tenester knytte til felles administrative funksjonar i miljøforvaltninga og overføringar frå andre til tidsavgrensa prosjekt. Oppdragsinntektene er hovudsakleg knytte til tenester som Statens naturoppsyn utfører for andre, mellom anna Statskog. På posten blir det òg ført ymse inntekter, frå sal av rapportar utarbeidde av Miljødirektoratet og enkelte andre produkt. Posten er auka med 0,3 mill. kroner til 8 mill. kroner. Av auken er 0,2 mill. kroner prisjustering.
Frå 2022 vil også inntekter i samband med merkjepliktig vilt og kontroll av naturforvaltningsvilkår i vasskraftskonsesjonar budsjetterast her. Posten er auka med 0,1 mill. kroner i høve til dette. Det er merkje- og registreringsplikt for dødt vilt som tilkjem Viltfondet, sjå vedlegg (artsliste) til forskrift 18. juni 2004 nr. 913 om handtering av dødt vilt. Dei som vil overta merkjepliktig vilt frå Viltfondet, skal betale eit gebyr. Gebyret blir vidareført på same nivået som i tidlegare år, det vil seie 450 kroner. Innbetalte gebyr blir nytta til drift og vedlikehald av ein sentral database for å ta vare på informasjon om individa. I tillegg krev Miljødirektoratet refusjon for utgifter det har knytt til kontroll av naturforvaltningsvilkår i vasskraftkonsesjonar. Gebyret er heimla i vassdragsreguleringslova § 12 punkt 19, i vassressurslova §§ 57–58 og i den enkelte konsesjonen. Dei tilsvarande utgiftene til desse inntektene er budsjetterte under kap. 1420 post 01 Driftsutgifter.
Kap. 1420 post 01 Driftsutgifter kan overskridast mot tilsvarande meirinntekter under denne posten, jf. forslag til vedtak II.
Post 04 Gebyr, forureiningsområdet
I samsvar med prinsippet om at forureinaren skal betale, er det innført gebyr på ulike område innanfor forureiningsområdet.
Posten omfattar Miljødirektoratets inntekter frå følgjande ordningar:
gebyr frå dei som får utferda sertifikat under ei sertifiseringsordning for bedrifter og personell som handterer fluorerte klimagassar (produktforskrifta kapittel 6 a). Ordninga er ein del av EØS-avtalen som regulerer dei fluorerte klimagassane HFK, PFK og SF6 gjennom krav til mellom anna dokumenterte kvalifikasjonar for teknisk personell og bedrifter som utfører arbeid på utstyr med nokre av desse gassane. Den praktiske gjennomføringa av sertifiseringsordninga blir i dag utført av Isovator AS (HFK i kuldeanlegg o.a.) og Incert AB (SF6 i høgspentbrytarar). EU vedtok 16. april 2014 ei revidert forordning som utvidar sertifiseringsordninga til også å gjelde personell som handterer kjølebilar/-tilhengjarar og GIS-anlegg. Den reviderte forordninga er implementert i Noreg gjennom produktforskrifta kap. 6 a og tredde i kraft 14. desember 2018.
gebyr for konsesjonsbehandling og kontroll i medhald av forureiningsforskrifta
gebyr for tilsyn og kontroll med importørar og produsentar av kjemiske stoff og stoffblandingar, i medhald av deklareringsforskrifta, inkludert vedlikehald og vidareutvikling av Produktregisteret som verktøy for effektiv kjemikaliekontroll
årsgebyr for godkjende biocidprodukt og gebyr for behandling av søknader om godkjenning av biocidaktive stoff og biocidprodukt, i medhald av biocidforskrifta. Gebyret skal dekkje alle kostnader til søknadsbehandling og tilsyn og kontroll med at forskrifta og vedtak gjorde i medhald av forskrifta blir overhaldne, inkludert drift, utvikling og vidareutvikling av tiltak og system for forbetring og effektivisering av saksbehandling og søknadsevaluering.
gebyr for deklarasjon av farleg avfall, i medhald av avfallsforskrifta. Verksemder som leverer farleg avfall, skal fylle ut eit deklarasjonsskjema med opplysningar om opphavet til, innhaldet i og eigenskapane til avfallet. Det er fastsett eit gebyr for denne deklarasjonen, og gebyret skal dekkje Miljødirektoratets kostnader ved drift og utvikling av systemet inkludert kjøp av tenester.
gebyr for drift av produsentregister for elektriske og elektroniske produkt (EE-registeret) i medhald av avfallsforskrifta. EE-registeret vart i 2019 erstatta av Produsentansvar, som er det nye registeret for EE-produkt og EE-avfall. Alle som importerer og produserer elektriske og elektroniske produkt (EE-produkt) i Noreg, pliktar å vere medlem av eit godkjent returselskap. Returselskapa finansierer drifta og utviklinga av dette registeret gjennom eit gebyr som er avhengig av marknadsdelen deira.
gebyr for eksport og import av avfall, i medhald av avfallsforskrifta. Verksemder som importerer eller eksporterer meldepliktig avfall, må innhente samtykke til dette. Gebyret er basert på Miljødirektoratets timebruk og timekostnad til behandling av søknader om eksport og import av avfall.
I tillegg vil det på denne posten kunne komme inntekter frå andre ordningar.
Tabell 8.5 Budsjettet for 2022 fordeler seg slik på dei ulike gebyrordningane:
Gebyrordning | Budsjett inntekt 2022 (tal i tusen kroner) |
---|---|
Sertifisering for fluorerte klimagassar | 7 000 |
Konsesjonsbehandling etter forureiningsforskrifta | 8 350 |
Tilsyn etter forureiningslova | 9 325 |
Kvotetilsyn | 345 |
Tilsyn med kjemikaliar | 5 525 |
Deklarasjon av farleg avfall | 7 200 |
Drift av produsentansvar | 1 000 |
Eksport og import av avfall | 6 900 |
Godkjenning av biocid, biocidprodukt og årsgebyr for godkjent biocidprodukt | 3 625 |
Totalt kap. 4420 post 04 | 49 270 |
Samanlikna med 2021 er posten auka med 2,3 mill. kroner.
Kap. 1420 post 23 Driftsutgifter kan overskridast mot meirinntekter under denne posten, jf. forslag til vedtak II.
Post 06 Gebyr, miljøvernavdelingane i statsforvaltarembeta
Posten omfattar inntekter til statsforvaltaren frå gebyr for arbeid med konsesjonsbehandling og tilsyn. Kap. 1420 post 23 Driftsutgifter kan overskridast mot tilsvarande meirinntekter under denne posten, jf. forslag til vedtak II.
Post 07 Gebyr, kvotesystemet
Miljødirektoratet forvaltar klimakvoteforskrifta. Verksemder som er omfatta av kvoteplikta, må ha løyve frå Miljødirektoratet til kvotepliktige utslepp i tillegg til å ha eit godkjent program for utrekning og måling av utsleppa. Dei årlege utsleppsrapportane frå kvotepliktige verksemder blir kontrollerte og verifiserte av Miljødirektoratet.
I tråd med føresegnene i kap. 39 i forureiningsforskrifta skal Miljødirektoratets kostnader ved utarbeiding av løyve til kvotepliktige utslepp finansierast av gebyr.
I tråd med føresegnene i kap. 9 i klimakvoteforskrifta skal Miljødirektoratets kostnader ved saksbehandling og kontroll finansierast av gebyr. Dette er i samsvar med EUs reglar. Miljødirektoratet har òg ansvaret for å drifte det elektroniske kvoteregisteret.
Forventa gebyrinntekt i 2022 er 5,98 mill. kroner. Inntektene er 2,7 mill. kroner lågare enn i 2021 og skuldast at inntektene i 2021 var høge knytt til innføring av fase 4 av klimakvotesystemet, og gebyr for behandling av søknader om tildeling for 2021 – 2025.
Post 08 Gebyr, naturforvaltningsområde
Posten er lagt ned grunna mindreinntekt over fleire år. Anteken resterande inntekt på 0,1 mill. kroner er flytta til post 01 Oppdrag og andre ymse inntekter. Sjå omtale under denne.
Post 09 Internasjonale oppdrag
Inntektene under posten kjem frå andre statsinstansar og frå internasjonale organisasjonar, og dei skal finansiere Miljødirektoratets utgifter under kap. 1420 post 23 til internasjonalt miljøsamarbeid og bistandsarbeid, til dømes institusjonsbygging i samarbeidsland. Posten er auka med 1,2 mill. kroner i prisjustering til 47,9 mill. kroner.
Kap. 1420 post 23 Driftsutgifter kan overskridast mot tilsvarande meirinntekter under denne posten, jf. forslag til vedtak II.
Kap. 1422 Miljøvennleg skipsfart
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2020 | Saldert budsjett 2021 | Forslag 2022 |
21 | Spesielle driftsutgifter | 7 533 | 7 904 | 8 268 |
70 | Tilskot til private, kan nyttast under post 21 | 51 100 | 32 188 | 33 025 |
Sum kap. 1422 | 58 633 | 40 092 | 41 293 |
Miljøvennleg skipsfart er eit prioritert innsatsområde i klimapolitikken og i den maritime strategien til regjeringa. Bruk av meir klima- og miljøvennleg drivstoff og energieffektive skip er nøkkelfaktorar i å redusere utsleppa frå skipsfarten. Noreg er i dag leiande i utvikling og bruk av mellom anna gassdrivne skip og batteridrivne ferjer – eit fortrinn som kan utnyttast og utviklast vidare.
Regjeringa har i handlingsplanen for grøn skipsfart identifisert fleire grep for å medverke til å redusere utsleppa frå skipsfarten. For å utløyse potensialet for utsleppsreduksjonar frå skipsfarten må både styresmaktene og næringa investere, og regjeringa vil difor òg leggje opp til ei styrking av Sjøfartsdirektoratets kompetanse på nye klima- og miljøvennlege løysingar for skipsfarten, med mål om ein effektiv prosess for styresmaktbehandling av skip som blir bygde med ny klima- og miljøvennleg teknologi. Sjøfartsdirektoratet skal òg auke merksemda på tiltak mot marin forsøpling frå internasjonal og nasjonal skipsfart.
Sjøfartsdirektoratets rolle og oppgåver
Sjøfartsdirektoratet er underlagt Klima- og miljødepartementet i saker som gjeld forureining og vern om det marine miljøet, og utfører viktig arbeid innanfor dette området. Arbeidet omfattar mellom anna utgreiingsoppgåver, utarbeiding av forskrifter, utferding av sertifikat, flaggstatskontrollar og hamnestatskontrollar. Sjøfartsdirektoratet utfører oppgaver knyttet til internasjonalt miljøsamarbeid under FNs sjøfartsorganisasjon (IMO), EU, Nordsjøsamarbeidet og det arktiske samarbeidet.
Sjøfartsdirektoratet har som ei av hovudmålsetjingane sine å medverke til at skipsfarten er ei klima- og miljøvennleg transportform. Direktoratet skal òg medverke til god sikring mot forureining ved effektivt tilsyn av norske skip og hamnestatskontroll av framande skip.
Post 21 Spesielle driftsutgifter
Midlane er retta mot resultatområda Naturmangfald, Forureining og Klima.
Det er lagt inn ein priskompensasjon på posten. Foreslått løyving er på om lag 8,2 mill. kroner på posten for 2022.
Posten medverkar til å dekkje lønn til fast og mellombels tilsette og driftsutgifter for Sjøfartsdirektoratet i arbeidet med ein miljøvennleg skipsfart. Reduksjonar i utslepp av SO2, NOx og klimagassar står sentralt i dette arbeidet. Vidare skal det gjennomførast tiltak for å redusere faren for utilsikta introduksjon og spreiing av framande artar i ballastvatn. Posten dekkjer òg midlar knytte til utgreiingar, informasjon, internasjonalt arbeid og formidling relaterte til miljøspørsmål.
Rapport 2020
Midlane til Sjøfartsdirektoratet har mellom anna gått til nasjonalt og internasjonalt arbeid med å redusere klimagassutslepp frå skipsfarten, redusere eller hindre forureining til luft og sjø, førebyggje spreiing av framande organismar, opphogging av skip, arbeid med forvaltningsplanar for havområda og eit eige arbeid med å sjå nærmare på miljøbelastninga frå cruisetrafikk i norske fjordar.
Post 70 Tilskot til private, kan nyttast under post 21
Om lag 7,4 mill. kroner er løyvde til statens del i det offentleg-private samarbeidet Grønt Skipsfartsprogram. Desse skal i hovudsak brukast til å utvikle grøne løysingar for fleire fartøykategoriar. I 2022 foreslår regjeringa å løyve om lag 25,6 mill. kroner til vidareføring av Grønt Skipsfartsprogram sitt arbeid med å realisere grøn flåtefornying av lasteskip. Gjennom grøn flåtefornying vil lasteskip kunne ta i bruk null- og lågutsleppsløysingar. Foreslått løyving er på om lag 33 mill. kroner på posten for 2022.
Rapport 2020
Midlane har vore retta inn mot å støtte arbeidet til Grønt Skipsfartsprogram, som har 61 private og 10 offentlege deltakarar frå heile den maritime verdikjeda. Arbeidet i programmet har bidratt til å stimulere til samarbeid i næringa for å realisere nye låg- og nullutsleppsløysingar i skipsfarten og fjerne barrierar mot introduksjon av slike løysingar. Programmet har siden oppstarten i 2015 totalt initiert 32 pilotprosjekt der fleire er knytte til bygging av nye skip. I 2020 blei seks prosjekt ferdigstilt og seks prosjekt er sette i gang . Prosjekta som er sette i gnag handlar mellom anna om bruk av nye nullutsleppsdrivstoff for skip, autonomi innan grøn skipsfart og CO2-fangst om bord på skip. Arbeidet med grøn flåtefornying rettar seg både mot reiarlag og mot vareeigarar. Det er svært stor interesse for denne ordninga. Ved utgangen av 2020 var det 50 prosjekt under denne ordninga. 22 av desse retta seg mot vareeigarar, og 28 prosjekt for grøn flåtefornying retta seg mot reiarlag.
Kap. 1423 Radioaktiv forureining i det ytre miljø
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2020 | Saldert budsjett 2021 | Forslag 2022 |
01 | Driftsutgifter | 28 229 | 28 799 | 36 907 |
Sum kap. 1423 | 28 229 | 28 799 | 36 907 |
Post 01 Driftsutgifter
Midlane under denne posten er retta mot resultatområdet Forureining. Dei tilhøyrande inntektene er førte under kap. 4423 post 01. Løyvinga kan overskridast dersom det er tilsvarande meirinntekt under denne posten, jf. forslag til vedtak II. Posten dekkjer utgifter som Direktoratet for strålevern og atomtryggleik (DSA) har til lønn og godtgjersle for fast og mellombels tilsette. Vidare dekkjer posten utgifter knytte til oppdragsverksemd, ordinære driftsutgifter og utgifter knytte til den samla utgreiings- og rådgjevingsverksemda etaten driv på området radioaktiv forureining i det ytre miljøet. Posten blir frå 2022 auka med 7,5 mill. kroner for å styrkje DSAs kapasitet i arbeidet med dekommisjonering av dei norske atomanlegga.
Direktoratet for strålevern og atomtryggleik er Klima- og miljødepartementets direktorat på området radioaktiv forureining i det ytre miljøet og forureiningsstyresmakt etter forureiningslova.
Direktoratets fremste oppgåve er å utøve forvaltningsmynde, skaffe fram informasjon og kunnskap og gje faglege råd. Dette omfattar forvaltning og kartlegging av radioaktivt avfall og avfallsstraumar med heimel i forureiningslova.
Verksemder som er omfatta av DSAs forvaltningsmynde, er mellom anna petroleumsverksemd, sjukehus og forsking, avfallsdeponi, atomanlegga i Halden og på Kjeller og noko prosess- og mineralindustri.
Atomreaktorane på Kjeller og i Halden er permanent nedstengde, og overgangen mot avviklings- og oppryddingsfasen (dekommisjoneringa) er påbegynt. Overgangen krev eit betydeleg utgreiings-, planleggings- og kartleggingsarbeid og vil krevje ei rekkje pålegg og løyve frå DSA og skaper nye oppgåver og utfordringar både for operatør og for DSA som forvaltnings- og tilsynsstyresmakt.
Det er planlagt ei ansvarsoverføring for atomanlegga frå IFE til NND (Norsk nukleær dekommisjonering) ved at NND søker om å få konsesjon for anlegga. DSA skal gje råd til departementa og rettleie IFE og NND i arbeidet med avvikling og opprydding av norsk nukleær sektor. DSA rettleier også departementa i arbeidet med dekommisjonering og handtering av avfall frå atomanlegga.
Konsesjonsinnehavar har ansvaret for å sikre sikker og tilstrekkeleg lager- og deponikapasitet for avfall frå atomanlegga, særleg knytt til handtering av avfall frå ein framtidig dekommisjonering av forskingsreaktorane. Dette omfattar også løysingar for det brukte brenselet frå reaktorane og etablering av nytt lager for radioaktivt avfall. DSA vil rettleie og informere om regelverk og rammer for behandling, lagring og deponering av radioaktivt avfall inkludert brukt brensel – dette slik at usikkerheiter hos forslagsstillar og/eller konsesjonsinnehavar blir reduserte og bidreg til framdrift i prosessar som skal sørgje for trygg og miljømessig forsvarleg handtering av radioaktivt avfall.
DSA har laga fagleg grunnlag til ein nasjonal strategi for radioaktivt avfall.
DSA har ansvar for å støtte og gje råd i oppfølginga av beredskapsansvaret til departementet. DSA har òg ansvar for fagleg utgreiingsverksemd og tilsyn med radioaktiv forureining og for å koordinere nasjonal overvaking av radioaktiv forureining i det ytre miljøet, i samarbeid med andre relevante institusjonar og fagmiljø. DSA deltek òg i arbeidet med forvaltningsplanane for norske havområde.
Overvaking av radioaktiv forureining skal gje oppdatert informasjon om miljøtilstanden og medverke til å oppdage eventuelle nye utslepp. Vidare skal overvakinga medverke til kunnskap om tilførslar og langtidsutvikling av forureininga. Det nasjonale overvakingsprogrammet for marint miljø er sentralt i vurderingane av måloppnåing i Oslo-Paris-konvensjonen (OSPAR), rapportering til AMAP og for det bilaterale samarbeidet med Russland om overvaking.
Arbeidet med å medverke til at utslepp av radioaktive stoff blir unngåtte eller minimerte frå dei ulike kjeldene, er sentralt, i tillegg til arbeid med miljøutfordringar i nord- og polarområda, vurdering av norsk oppfylling av OSPARs mål, formidling og beredskap.
DSA deltek og leier arbeidet i radioaktivitetskomiteen til OSPAR, i tillegg til å leie ekspertgruppa for radioaktiv forureining under Den norsk-russiske miljøvernkommisjonen. Samarbeid mellom styresmakter, overvaking av miljøtilstanden, konsekvens- og risikovurderingar knytte til sokne og dumpa objekt i Barentshavet og planlegging av nye felles tokt er sentrale element i samarbeidet i 2022. I 2022 vil DSA følgje opp resultata frå tokt i 2019 og 2021.
DSA følgjer opp Espoo-konvensjonen og deltek i ekspertgruppa som skal utarbeide retningslinjer for korleis ein skal informere naboland om forlengingar av drifta på eldre atomkraftverk.
DSA arbeidde med å vareta Noregs forpliktingar etter felleskonvensjonen om radioaktivt avfall under IAEA (Joint Convention) for å sikre at forpliktingane i konvensjonen er tekne i vare i norsk regelverk og forvaltningspraksis.
Det skal byggjast eit protonalegg i Oslo innan 2023 og i Bergen innan 2025. Anlegga må ha utsleppsløyve etter forureiningslova. Det kan oppstå store mengder radioaktivt avfall når anlegga skal avviklast, som må vere sikra deponikapasitet. DSA følgjer opp planlegginga av utbygging av anlegga og har gjeve innspel i planleggingsprosessen for å sjå til at det blir nytta materiale i anlegga som reduserer mengda radioaktivt avfall ved nedlegging og avvikling.
I samband med nytt klinikkbygg på Radiumhospitalet skal utsleppsreduserande tiltak for radioaktive stoff installerast. DSA bidreg i eit pilotsamarbeid med Sykehusbygg med oppfølging og rettleiing som kan bidra til å etablere best mogleg praksis og sikre erfaringsutbytte.
DSA ser behov for meir kunnskap om eksponeringssituasjonen i avløpssystemet og oppførselen til dei radioaktive stoffa i Oslofjorden og planlegg å gjennomføre ei miljøkartlegging i løpet av 2022. Kartlegginga vil gje auka kunnskapsgrunnlag om radioaktiv forureining frå helsesektoren og forureiningssituasjonen i Oslofjorden.
Rapport 2020
DSA skal sikre effektiv forvaltning av forureiningslova på sitt område gjennom informasjon, handheving og tilsyn. DSA har gjeve betydeleg rettleiing knytt til planlegging av dekommisjonering av atomanlegga og handtering av brukt brensel.
DSA har gjennom arbeidet i Overvakingsgruppa bidrege til utarbeidinga av statusrapport for Barentshavet 2020 og har delteke i møte i Faglig forum som jobbar med det vidare arbeidet med neste revisjon av faggrunnlaget for forvaltningsplanane for norske havområde.
EU-prosjektet CONCERT vart avslutta sommaren 2020. DSA deltek også i samarbeidet i dei europeiske strålevernplattformene som er sentrale i utviklinga av strategiske forskingsagendaer (SRA) for strålevern. DSA deltek i fleire prosjekt ved Senter for framifrå forsking (CERAD) og bidreg i arbeidsgrupper som skal identifisere behov for kunnskap og kompetanse nasjonalt innan dekommisjonering og radioaktivt avfall. DSA deltek i eit prosjekt under Miljøgiftflaggskipet i Framsenteret i 2020. Prosjektet samlar kunnskap om utslepp og spreiing av radionuklidar som finst naturleg i det marine miljøet, og skal styrkje forvaltninga av petroleumsindustrien.
UV-nettverket har vore operativt i 25 år. Det er behov for nye instrument som vil gje betre data i ein større del av det optiske spekteret.
DSA har bidrege inn i arbeidet med utvikling av ny OSPAR-strategi og med å vurdere om ein har oppfylt noverande strategi.
DSA følgjer opp samarbeidet med russiske styresmakter om forvaltning av utslepp og avfall med radioaktive stoff som finst naturleg (NORM).
Den norsk-russiske ekspertgruppa under miljøvernkommisjonen (radioaktivitetsgruppa) har i vår diskutert resultat frå felles tokt til atomubåten «Komsomolets» og vidare samarbeidd om nytt tokt i 2021. Det er ein god bilateral dialog med britiske styresmakter, og det har våren 2020 vore jobba vidare med å få på plass varslingsprosedyrar under den bilaterale varslingsavtalen. Varslingsprosedyrar for avtalen med Ukraina og ein ny varslingsavtale med Kviterussland nærmar seg òg ferdigstilling.
DSA har på oppdrag frå Klima- og miljødepartementet følgt opp arbeidsgruppa under Espoo-konvensjonen om vurdering av levetidsforlenging for kjernekraftverk. DSA har også følgt opp ordinære Espoo-saker på det nukleære området.
For å redusere risiko for forureining frå utanlandske kjelder har DSA løpande dialog med relevante styresmakter for å auke kunnskap og beredskap rundt transport av radioaktivt avfall og trafikk av reaktordrivne fartøy i nærområda våre. Dette blir mellom anna gjort som del av deltakinga vår i Arktisk råds AMAP- og EPPR-arbeidsgrupper der vi leier ekspertgruppene innan radioaktivitet.
DSA har utarbeidd miljøovervakingsprogram for anløpsstadene og kontrollerer i tillegg rutinemessig miljøprøvar ved kvart hamneanløp av reaktordrivne fartøy i samarbeid med Forsvaret.
Det nasjonale miljøovervakingsprogrammet blir gjennomført som planlagt, med basis i samarbeidet med Havforskingsinstituttet, NINA og UiO. Det norsk-russiske miljøovervakingssamarbeidet held fram i 2020, og det er utarbeidd eit nytt arbeidsprogram for overvakingsverksemda i det generelle miljøet som skal dekkje 2021–2023.
DSA samarbeider med Miljødirektoratet og Statsforvaltaren i fleire enkeltsaker for å sikre ei god forvaltning av forureiningslova. Dette er saker mellom anna knytte til petroleumsverksemd, handtering og deponering av alunskifer og digitalisering. Det har så langt ikkje blitt gjennomført stadleg tilsyn etter forureiningslova i år. Dette er ein konsekvens av covid-19-situasjonen. DSA har gjeve 34 løyve til utslepp av radioaktiv forureining og handtering av radioaktivt avfall, fordelte på petroleumsverksemd, irekna både offshore og landbasert verksemd, sjukehus og deponi. Dette er både nye løyve og endringar i eksisterande løyve.
DSA følgjer kontinuerleg opp etableringa av protonterapianlegg med omsyn til utslepp og avfallshandtering. Den formelle søknadsprosessen etter forureiningslova for anlegget ved Oslo universitetssjukehus startar når søknad om utsleppsløyve blir oversend DSA, men miljøaspektet skal vurderast i tidleg fase av prosjektet. DSA hjelper med rettleiing knytt til søknad om løyve til utslepp av radioaktive stoff. For protonanlegget i Oslo er det planlagt å starte drift med pasientar i april 2023, og byggjearbeidet tok til i mai 2020.
Kap. 4423 Radioaktiv forureining i det ytre miljø
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2020 | Saldert budsjett 2021 | Forslag 2022 |
01 | Gebyr, radioaktiv forureining | 711 | 1 026 | 1 048 |
Sum kap. 4423 | 711 | 1 026 | 1 048 |
Posten dekkjer inntekter som Direktoratet for strålevern og atomtryggleik har i samband med gebyr forankra i forureiningslova § 52 a, forskrift om avgrensa utslepp kapittel 39. Kap. 1423 post 01 kan overskridast tilsvarande eventuelle meirinntekter under denne posten, jf. forslag til vedtak II.
Kap. 1424 Senter mot marin forsøpling
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2020 | Saldert budsjett 2021 | Forslag 2022 |
01 | Driftsutgifter | 23 643 | ||
21 | Spesielle driftsutgifter | 1 000 | ||
Sum kap. 1424 | 24 643 |
Regjeringa har avgjort at formålet med Senter for oljevern og marint miljø skal endrast, slik at senteret frå 1. januar 2022 blir eit nasjonalt senter dedikert til arbeidet mot marin forsøpling underlagt Klima- og miljødepartementet. Oppgåvene senteret har innanfor oljevern, blir frå same datoen overførte til Kystverket.
Post 01 Driftsutgifter
Midlane under denne posten er retta mot resultatområdet Forureining. Løyvinga kan overskridast dersom det er tilsvarande meirinntekt under kap. 4424 post 01, jf. forslag til vedtak II. Posten dekkjer utgifter som Senter mot marin forsøpling har til lønn og godtgjersle for fast og mellombels tilsette. Vidare dekkjer posten utgifter knytte til oppdragsverksemd, ordinære driftsutgifter, og til utvikling og drift av dei digitale verktøya Rydde og Reint Hav med kartfesta informasjon.
Post 21 Spesielle driftsutgifter
Midlane under denne posten er retta mot resultatområdet Forureining. Løyvinga på posten dekkjer utgifter til kjøp av utgreiingar.
Resultatrapport 2020
Vi viser til Samferdselsdepartementets Prop. 1 S (2021–2022) for rapportering av resultat for 2020.
Kap. 1425 Fisketiltak
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2020 | Saldert budsjett 2021 | Forslag 2022 |
21 | Spesielle driftsutgifter | 103 | 100 | 300 |
70 | Tilskot til fiskeformål, kan overførast | 15 003 | 15 960 | 16 743 |
Sum kap. 1425 | 15 106 | 16 060 | 17 043 |
Kap. 1425 Fisketiltak omfattar utgifter til fisketiltak og delar av fiskeforvaltninga. Midlane under kap. 1425 er primært retta mot resultatområdet Naturmangfald, men involverer òg resultatområdet Friluftsliv gjennom tilrettelegging for fiske.
Samla sett er løyvinga under kap. 1425 auka med 1 mill. kroner samanlikna med saldert budsjett for 2021. Utgiftene over kap. 1425 er finansierte ved avgift på fiske, som saman med utgifter til forvaltning av ordninga under kap. 1420 post 01 korresponderer med inntektsløyvingane over kap. 5578 Sektoravgifter under Klima- og miljødepartementet post 72 Fiskaravgifter.
For nærmare utgreiing om avgiftene og forholdet mellom kap. 1425, 1420, 5578 og inntektene til fondet viser vi til omtale under kap. 5578.
Lønn og godtgjersler til fast tilsette innan det statlege verksemdsområdet blir ikkje dekte over kap. 1425, men over kap. 1420 Miljødirektoratet og kap. 525 Statsforvaltarane.
Bruken av fondsmidlane blir drøfta med representantar for brukarinteressene. Dette må sjåast i samanheng med at arbeidet er basert på driftsplanar, og at dei sentrale ledda i frivillige organisasjonar skal arbeide for å oppnå den same målsetjinga.
Post 21 Spesielle driftsutgifter
Midlane under posten er retta mot resultatområda Naturmangfald og Friluftsliv.
Posten dekkjer utgifter til drift av betalingstenesta for fiskaravgiftene, informasjonstiltak og faglege prosjekt og oppdrag. Løyvinga er auka med 0,2 mill. kroner til 0,3 mill. kroner grunna omlegging av betalingstenesta for fiskaravgiftene.
Rapport 2020
Løyvinga er nytta til drift av betalingstenesta for fiskaravgift.
Post 70 Fiskeformål, kan overførast
Tilskotsordninga er retta mot resultatområda Naturmangfald og Friluftsliv. Løyvinga er auka med 0,8 mill. kroner til 16,7 mill. kroner. Auken er mogleg fordi Statens fiskefond ikkje lenger skal øyremerkje midlar til grunnfinansieringa av miljøinstitutta, jf. omtale under kap. 5578 post 72. Løyvinga skal gå til å dekkje både lokale og sentrale tiltak.
Mål
Målet med tilskotsordninga er å medverke til å sikre og utvikle bestandar av vill anadrom laksefisk og leggje til rette for og motivere til fiske etter anadrom laksefisk.
Kriterium for måloppnåing
Kriterium for måloppnåing er om ordninga medverkar til å nå målsetjingane for anadrom laksefisk. Den faktiske effekten av tilskota kan ikkje målast frå år til år, men må vurderast i eit langsiktig perspektiv og i samanheng med andre verkemiddel og årsaksforhold.
Tildelingskriterium
Tiltak som kan få tilskot, er tiltak knytte til informasjon om og forvaltning av villaks, sjøaure og sjørøye, under dette kultiveringstiltak, driftsplanlegging, bruksretta forsking og overvaking. Det kan vidare bli gjeve tilskot til tiltak som betrar tilgangen på og høvet til fiske for allmenta, og tiltak retta mot rekruttering eller stimulering til fiske.
Oppfølging og kontroll
Resultatkontroll og oppfølging skjer ved at tilskotsmottakarane leverer sluttrapportar og rekneskap og eventuelt framdriftsrapportar med rekneskap. Det blir gjort ein generell formalia- og sannsynskontroll av rapportane og rekneskapane.
Rapport 2020
I 2020 vart det gjeve tilskot til tiltak i regi av landsdekkjande organisasjonar knytte opp mot informasjon og forvaltning av anadrom laksefisk, til tiltak retta mot rekruttering og stimulering til fiske og til utbetring av laksetrapper. Det er vidare gjeve tilskot til bruksretta forsking og overvaking.
Ein stor del av tilskotsposten er disponert av statsforvaltarane for å støtte tiltak som informasjon, bruksretta forsking og overvaking, tilrettelegging og arrangement, kultiveringstiltak og driftsplanlegging. Samla har dette medverka til betre forvaltning av laks, sjøaure og sjørøye og ei meir berekraftig hausting av desse fiskeressursane. Tilskota har òg medverka til å styrkje kunnskapsgrunnlaget, til informasjon og formidling av tilstand og utfordringar knytte til anadrom laksefisk, og dei har medverka til å auke interessa for friluftsliv og fiske, særleg blant barn og unge.
Kap. 1428 Enova SF
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2020 | Saldert budsjett 2021 | Forslag 2022 |
50 | Overføring til Klima- og energifondet | 5 208 134 | 3 315 744 | 3 384 013 |
Sum kap. 1428 | 5 208 134 | 3 315 744 | 3 384 013 |
Statsføretaket Enova forvaltar midlane frå Klima- og energifondet og er eit sentralt verkemiddel i arbeidet med å fremje innovasjon og utvikling av nye klima- og energiløysingar. Formålet til Enova og Klima- og energifondet er å medverke til å nå Noregs klimaforpliktingar og medverke til omstillinga til lågutsleppssamfunnet. Enova skal rette aktiviteten mot seinfase teknologiutvikling og tidleg marknadsintroduksjon, med sikte på å oppnå varige marknadsendringar slik at løysingar tilpassa lågutsleppssamfunnet på sikt blir føretrekte utan stønad. Enova er lokalisert i Trondheim og hadde om lag 80 årsverk i 2020.
Regjeringa har gjennom fleire budsjett auka løyvingane til Klima- og energifondet og foreslår for 2022 ei samla løyving på 3 384 mill. kroner, inkludert påslaget på nettariffen. Det inneber ein auke på 1,7 mrd. kroner sidan 2013. Med dette set vi Enova i stand til å halde fram med å forsterke satsingane i dag og medverke monaleg til utsleppsreduksjonar og til omstilling til lågutsleppssamfunnet.
Vi har ambisiøse mål i klimapolitikken og skal på kort tid omstille oss til eit lågutsleppssamfunn. Vi har samstundes avgrensa midlar til å utløyse dei nødvendige endringane. Enova er difor sett opp for effektivt å kunne bruke dei midlane som er stilte til rådvelde. Hovudelementet er ei overordna styring gjennom fireårige styringsavtalar mellom departementet og Enova om forvaltninga av midlane frå Klima- og energifondet.
Avtalen legg rammer for verksemda til Enova, set mål for aktiviteten og stiller krav til rapportering. Avtalen skal sikre at midlane frå fondet blir forvalta i samsvar med dei måla og føresetnadene som ligg til grunn for Stortingets vedtak om oppretting av fondet og andre rammer som gjeld for bruken av midlane i fondet. Styringsavtalen gjev Enova langsiktige økonomiske rammer og stor fagleg fridom. Styringsmodellen gjev Enova høve til å utnytte effektivt dei ressursane som er stilte til rådvelde.
Departementet underteikna i desember 2020 ein ny avtale for fireårsperioden 2021–2024. Avtalen byggjer på dei gode erfaringane frå tidlegare avtalar og dreg nytte av Enovas faglege kompetanse og erfaring med verkemiddelutforming. Regjeringa har i den nye avtalen spissa Enova som klimaverkemiddel. Det nye formålet speglar av behovet for handling både på kort og på lang sikt og at arbeidet med å nå 2030-måla våre må skje på ein måte som også lèt oss nå 2040- og 2050-måla våre.
Formålet blir i avtalen utdjupa og konkretisert gjennom delmål om å medverke til a) reduserte ikkje-kvotepliktige klimagassutslepp mot 2030 og b) teknologiutvikling og innovasjon som medverkar til utsleppsreduksjonar fram mot lågutsleppssamfunnet i 2050. Avtalen reflekterer òg at Enova skal finne gode løysingar som tek omsyn til behovet for eit effektivt energisystem, då det er lagt til grunn at det er ei tett kopling mellom energisystemet og utsleppsreduksjonane som må til for omstillinga til lågutsleppssamfunnet. For å nå klimamåla våre og greie omstillinga til lågutsleppssamfunnet krevst det omfattande elektrifisering, ikkje minst i transportsektoren.
Gjennom å forsere tidleg marknadsintroduksjon av klimavennlege teknologiar og løysingar med sikte på å gjere dei føretrekte utan stønad på sikt, vil Enova vere eit viktig verkemiddel i arbeidet med å redusere dei ikkje-kvotepliktige klimagassutsleppa våre. Transportsektoren vil utgjere ein stor del av Enovas aktivitet på grunn av store utslepp, stort behov for teknologiutvikling i dei tyngre segmenta og etter kvart stadig fleire køyretøy og fartøy som er klare for marknadsintroduksjon. Enova vil òg vere eit viktig verkemiddel for stønad til infrastruktur for nullutsleppsdrivstoff for køyretøy og fartøy i den tidlege fasen der det er nødvendig med offentleg stønad.
Vi er avhengige av teknologiutvikling og innovasjon i alle sektorar for å redusere utsleppa våre og greie omstillinga til lågutsleppssamfunnet utan reduksjon i velferda. Dette gjeld så vel innanfor transportsektoren som i industrien. I kvotepliktig industri er det til dømes behov for vedvarande innsats retta mot teknologiutvikling for å omstille sektoren. Utviklingsløpa her er til dels svært lange og må setjast fart på no. Teknologiutviklinga i åra framover er avgjerande for å ha riktig utgangstempo frå 2030 og dermed halde fram med å redusere utslepp også etter 2030.
Vi er òg avhengige av ei tilstrekkeleg teknologiutvikling i ikkje-kvotepliktig sektor for å gjere det mogleg å redusere utsleppa fram mot 2030. Mykje utvikling og pilotering står til dømes att før nullutsleppsløysingar er klare for marknaden i dei tyngre transportsegmenta og i skipsfarten.
Avtalen inneheld òg to målindikatorar, som reflekterer dei to delmåla, ein utsleppsindikator og ein innovasjonsindikator. Målindikatorane skal saman med anna kvalitativ og kvantitativ rapportering gje indikasjon på måloppnåinga til Enova undervegs i avtaleperioden og vil utgjere ein del av grunnlaget for styringsdialogen mellom departementet og Enova. Formål, delmål og resterande føringar i avtalen vil vere førande for korleis Enova innrettar aktiviteten sin. Nivået på målindikatorane er 1,2 mill. tonn ikkje-kvotepliktige CO2-ekvivalentar for utsleppsindikatoren og 6 mrd. kroner i utløyst innovasjonskapital for innovasjonsindikatoren. I tillegg til målindikatorar ønskjer departementet å leggje til rette for ei breiare og meir tilgjengeleg rapportering om aktiviteten til Enova. Dagens årsrapportar er informative og gode, men det er til dømes rom for å utnytte meir av den informasjonen som finst digitalt.
Innanfor rammene av avtalen har Enova stor fagleg fridom til å rette innsatsen mot dei områda der sjansane for å påverke utviklinga er størst, og mot teknologiar og løysingar som er tilpassa lågutsleppssamfunnet. Denne faglege fridommen og fleksibiliteten i avtalen har gjort det mogleg for Enova å snu seg raskt etter nye moglegheiter og tillate Enova å støtte dei prosjekta og dei sektorane der moglegheitene har vist seg, når moglegheitene har vist seg.
Fagleg fridom og overordna styring inneber lite øyremerking av midlar eller aktivitetar. Øyremerking gjer Enova mindre fleksibel og vil medverke til mindre effektiv måloppnåing. Det er dessutan vanskeleg å føresjå i dag kva som treng kor mykje stønad i morgon. I lys av uvissa rundt farten på teknologiutviklinga i forskjellige sektorar vil fleksibiliteten innanfor rammene av avtalen vere enda viktigare i åra framover. Vi har store utfordringar framfor oss dei neste åra.
Enova er som verkemiddel retta mot seinfase teknologiutvikling og tidleg marknadsintroduksjon. Seinfase teknologiutvikling inneber at den viktigaste forskingsaktiviteten er avslutta og løysingane er modne for å utprøvast i større skala. Stønad skal medverke til å auke tempoet og omfanget av pilotering, demonstrasjon og fullskala testing, slik at nye teknologiar og løysingar kjem raskare ut på marknaden. Dersom løysingane skal medverke til utsleppsreduksjonar, må dei takast i bruk i tilstrekkeleg omfang, noko som avheng av om dei kan konkurrere med fossile løysingar. Enovas aktivitet skal difor innrettast med sikte på å oppnå varige marknadsendringar, slik at løysingar tilpassa lågutsleppssamfunnet på sikt blir føretrekte utan stønad. Etter at Enova har medverka til tidleg marknadsintroduksjon av ei løysing, til dømes elektriske varebilar gjennom Nullutsleppsfondet, tek andre verkemiddel som prising av utslepp og regulering over for å fremje utbreiinga av løysingane i marknaden.
Resultatrapport 2020
Det blir vist til Enovas årsrapport, tilgjengeleg på Enovas heimeside, enova.no, for ei utdjupande rapportering frå verksemda i 2020.
I 2020 rekneskapsførte Enova eit administrasjonstilskot på 139,8 mill. kroner. Enova hadde eit årsresultat på om lag 6,8 mill. kroner. Annan eigenkapital var om lag 28,7 mill. kroner per 31. desember 2020.
Enova skal vere ein liten og fleksibel organisasjon som forvaltar offentlege ressursar på ein mest mogleg effektiv måte. Enova har dei siste åra retta stor innsats mot digitalisering og automatisering av arbeidsprosessar som gjev ei meir effektiv saksbehandling og det nødvendige handlingsrommet til å behandle eit aukande tal søknader. I fleire av programma som er lanserte dei siste åra, til dømes Enovatilskotet og stønad til elektriske varebilar, har Enova teke i bruk del- eller heilautomatiserte løysingar. Som følgje av at Enova er oppteke av effektiv drift, behandlar Enova no fleire søknader og tildeler meir stønad per krone administrasjonskostnad enn tidlegare.
Enova gav i 2020 tilsegn om støtte på om lag 3,5 mrd. kronar til 3 852 store og små prosjekt og over 9 000 tiltak gjennom Enovatilskotet. Desse prosjekta er forventa å utløyse i underkant av 7 mrd. kroner i investering frå marknaden. Dette vil gje ei samla investering på om lag 10,5 mrd. kroner i prosjekt vedtekne i 2020.
Enova fekk i 2020, som ein del av den grøne omstillingspakken til regjeringa, ei ekstraløyving på 2 mrd. kroner som skal forsterke satsinga på teknologiutvikling i industrien og hjelpe til grøn omstilling på vegen ut av krisa. Første grep for å oppnå dette var at støttetilbodet Energi- og klimasatsingar i industrien vart justert med lågare terskel for å få støtte, fleire søknadsfristar og fleire tema og tiltak å søkje på – deriblant utgreiingsstønad for å hjelpe industrien i gang. Verkemidla har medverka til å gje potensielle søkjarar tryggleik for at det finst midlar når prosjekta kjem. Enova hadde allereie ei monaleg satsing på teknologiutvikling, men dei ekstra midlane har gjort det mogleg å initiere fleire og større prosjekt. At desse midlane er tilgjengelege, medverkar til at potensielle søkjarar med store satsingar opplever Enova som relevant og kjem til dei med prosjekta sine. Enova ser allereie dette tydeleg gjennom dei potensielle prosjekta det no blir arbeidd med. Enova følgjer eit stort tal løp med ambisjonar om søknader innanfor ei tidsramme på eitt til tre år.
Noreg slutta seg i 2020 til den europeiske satsinga for innovasjons- og industrisamarbeid (IPCEI) for hydrogen, og Enova fekk ansvaret for å forvalte deltakinga nasjonalt. Norsk deltaking i IPCEI for hydrogen gjev norske selskap moglegheit til å ta del i den europeiske satsinga. Dette vil kunne vere ein viktig møtearena for samankopling og koordinering av europeiske hydrogenprosjekt. Enovas forvaltning skal skje på ein måte som er i tråd med rammene, måla og prioriteringane i styringsavtalen. Eventuell støtte til norske prosjekt blir dekt innanfor eksisterande finansielle rammer.
2020 var det siste året av fireårsavtalen 2017–2020 mellom Enova og Klima- og miljødepartementet. Enova og Klima- og energifondets formål var i perioden 2017–2020 å bidra til reduserte klimagassutslepp og styrkt forsyningstryggleik for energi, og teknologiutvikling som på lengre sikt også medverkar til reduserte klimagassutslepp. Styringsavtalen sette opp tre delmål som presiserer formålet nærmare:
a. Reduserte klimagassutslepp som medverkar til å oppfylle Noregs klimaforplikting for 2030
Enova skal prioritere prosjekt som gjev reduserte klimagassutslepp. Transportsektoren står for over halvparten av ikkje-kvotepliktige klimagassutslepp. Enova har difor mykje merksemd retta mot teknologiar og løysingar som kan redusere transportutslepp.
På land støttar Enova tiltak som drivstoffinfrastruktur, produksjon av biogass og innkjøp av tyngre yrkeskøyretøy med nullutslepp. På sjø støttar Enova tiltak som medverkar til ein grønare maritim sektor med lågare utslepp, mellom anna batterihybridisering, infrastruktur for landstraum og innovative energi- og klimavennlege løysingar.
Til saman gav Enova tilsegn om tilskot på om lag 2 mrd. kroner til 3 154 prosjekt i transportsektoren i 2020, mange av dei knytte til stønadsordninga til kjøp av elektrisk varebil som vart lansert i 2019. På land støtta Enova til dømes Ruter med 126 mill. kroner til elektrifisering av bussar. Dette er ein del av ei større satsing på tyngre køyretøy, til saman sidan 2016 har Enova gjeve stønad på over 500 mill. kroner berre til elektrifisering av bussar, inkludert nesten 60 turbussar. Enova ser monaleg bevegelse i marknaden for nullutsleppsløysingar. 2020 har til dømes markert overgangen til mindre serieproduksjon av elektriske lastebilar, Enova støtta i 2020 34 ellastebilar.
På sjøen støtta Enova i 2020 ei rekkje prosjekt, til dømes batteriinstallasjon og landstraum, og lanserte i løpet av året nye ordningar for begge segmenta. Det vart mellom anna lettare og raskare å få stønad til installasjon av batteri. Enova hadde innan utgangen av 2020 støtta batteriinstallasjon og energieffektive tiltak på skip med om lag 1,4 mrd. kroner som har medverka til å drive teknologi- og marknadsutviklinga framover, ei utvikling som har ført fram så langt i 2021, med støtte på nesten 700 mill. kroner til nesten 100 fartøy. Over same tida har Enova støtta over 90 landstraumprosjekt med over 700 mill. kroner og medverka til at det blir stadig meir vanleg å kople skipa til straum når dei ligg ved kai.
I industrien har Enova i 2020 mellom anna støtta 29 prosjekt for spillvarmeutnytting som reduserer behovet for fossile brensel. Sidan oppstarten har Enova medverka til ei positiv utvikling i utnyttinga av spillvarme med stønad til over 250 prosjekt. Enova held fram med å medverke til å flytte teknologifronten, òg i bruk av høgtemperatur varmepumper som etter kvart kan ta over for noko av bruken av olje og gass i oppvarming i industrien. Enova ventar etter kvart å sjå den same utviklinga for varmepumper i industrien som ein har sett i bygg, at dei blir konkurransedyktige i stadig fleire segment.
b. Auka innovasjon innanfor energi- og klimateknologi tilpassa omstillinga til lågutsleppssamfunnet
Utvikling av ny energi- og klimateknologi er essensielt for å få til den nødvendige omstillinga til eit lågutsleppssamfunn. Gjennom rådgjeving og finansiell støtte reduserer Enova risikoen for aktørane og aukar takta på utvikling og testing av innovative, meir klimavennlege og energieffektive teknologiar. Med dette er Enova med på å leggje grunnlaget for eit meir energieffektivt og klimavennleg næringsliv i framtida. Målet med teknologiprosjekta er å hauste erfaringar som medverkar til kompetanseutvikling, innovasjon og spreiing av teknologi både nasjonalt og internasjonalt.
I 2020 gav Enova tilsegn om støtte på om lag 1,1 mrd. kroner til teknologiprosjekt som er venta å utløyse 1,6 mrd. kroner av innovasjonskapital i marknaden. Over heile avtaleperioden har stønad til teknologiprosjekt utløyst innovasjonskapital på i overkant av 10 mrd. kroner, sjå figur 8.1.
I 2020 støtta Enova ei rekkje hydrogenprosjekt, til dømes Topeka AS sitt fullskalaprosjekt med to hydrogenelektriske frakteskip som skal gå i rutefart mellom Bergen og Stavanger. Dei to vil gå på flytande hydrogen. I tillegg har Enova støtta reiarlaget Østensjøs fire offshoreservicefartøy som er klargjorde for hydrogen. På landsida støtta Enova eit pilotanlegg for utsleppsfri hydrogenproduksjon frå naturgass med integrert CO2-fangst. Det er stor vilje i næringa til å ta i bruk og demonstrere nye hydrogenløysingar, og Noreg etablerer seg som leiande innan denne teknologiutviklinga. I tillegg samarbeider verkemiddelapparatet om støtteordningar til hydrogenprosjekt gjennom HEILO. Full liste over dei støtta prosjekta finst på enova.no/heilo.
c. Styrkt forsyningstryggleik gjennom fleksibel og effektiv effekt- og energibruk
Enova skal stimulere til auka innovasjonstakt og ei utvikling som underbyggjer og forsterkar forsyningstryggleiken. Svært mange klimatiltak inneber bruk av elektrisitet i staden for fossile energiberarar, og eit robust, effektivt og fleksibelt energisystem er ein føresetnad for omstillinga til lågutsleppssamfunnet. Tiltak som medverkar til å avgrense belastninga på nettet, er viktige for å sikre at omstillinga til lågutsleppssamfunnet ikkje dreg med seg store kostnader i energisektoren og unødvendige naturinngrep.
I 2020 har Enova medverka til auka innovasjon og teknologiutvikling i heile energiverdikjeda. Det gjeld til dømes stønad til løysingar som tek ned kostnader for flytande havvind, nye marknadsplassar for fleksibilitet, mikronett i samspel med kraftnettet, lokal ressursutnytting gjennom kraft-/energiproduksjon, lagringsløysingar og digitaliseringsprosjekt gjennom smartare styringssystem.
I 2020 har Enova til dømes gjort endringar i pilotprogrammet for å medverke til auka innovasjon gjennom reell utprøving og møtt positiv respons frå marknaden. Fleksibilitet inneber òg utnytting av andre energiressursar, og Enova har over fleire år hatt vore oppteke av å auke bruken av både spillvarme og fjernvarme. I 2020 fekk 26 fjernvarmeprosjekt stønad på til saman 206 mill. kroner.
Særlege vilkår
Styringsavtalen stiller òg opp særlege vilkår på enkelte område, som Enova skal følgje opp gjennom sine program. Enova skal
bidra til utvikling av drivstoffinfrastruktur for utsleppsfri land- og sjøtransport, under dette el og hydrogen.
tilby ei ordning for offentleg tilgjengeleg ladeinfrastruktur for elbil. Støtta skal ikkje gjelde for privatpersonar.
opprette eit nullutsleppsfond for næringstransport med formål om å redusere klimagassutslepp frå næringstransport og medverke til omstillinga til lågutsleppssamfunnet gjennom ein raskare marknadsintroduksjon og -vekst av batteri-, hydrogen- og biogassløysingar i næringskøyretøy og -fartøy. Enova skal fram til utgangen av 2020 stille minimum 1 000 mill. kroner til disposisjon til eit nullutsleppsfond. Eventuelt udisponerte midlar i det enkelte året skal leggjast til ramma for påfølgjande år.
tilby ei rettsbasert ordning for enøktiltak i hushald. Ordninga skal vere knytt til skattesystemet, slik at brukarar også kan velje å få utbetalt støtta som ein del av det årlege skatteoppgjeret. Enova skal årleg stille til disposisjon minimum 250 mill. kroner til denne ordninga.
ha eit landsdekkjande tilbod av informasjons- og rådgjevingstenester.
ta hand om drifta og utviklinga av energimerkeordninga og ordninga for energivurdering av tekniske anlegg.
Enova har brei aktivitet retta mot drivstoffinfrastruktur for utsleppsfri land- og sjøtransport, irekna el og hydrogen, og tildelte i 2020 om lag 335 mill. kroner i støtte til slike prosjekt. Enova støttar mellom anna områdeutbygging av ladeinfrastruktur for elbilar, landstraum til skip, hydrogeninfrastruktur og nødvendig infrastruktur i samband med støtte til innkjøp av tyngre nullutslepps- og biogasskøyretøy. Denne støtta skal byggje opp under ei marknadsdriven utbygging av infrastruktur og medverke til å skape varig marknadsendring.
Enova har gjennom konkurransar om områdeutbygging av offentleg tilgjengeleg ladeinfrastruktur i 2020 støtta utbygging av 50 hurtig- og lynladarar på 25 ladestader med over 65 mill. kroner. I 2021 har Enova støtta utbygging av 12 ladestader i Namdal og Nordland med 14,8 mill. kroner. Til saman sidan 2015 har Enova støtta utbygginga av ein grunnleggjande hurtigladeinfrastruktur for elbilar med om lag 150 mill. kroner fordelte på 237 hurtigladestader.
Over dei to åra 2019 og 2020 har Enova disponert totalt 1,6 mrd. kroner til prosjekt under Nullutsleppsfondet, fordelt ganske jamt mellom sjø og land. Stønad til elektriske varebilar med tilhøyrande ladar utgjer om lag 600 mill. kroner.
Enova har gjennom den rettsbaserte ordninga Enovatilskotet støtta norske bustadeigarar med 158 mill. kroner til over 9 000 energitiltak i 2020. På Enovas nettsider kan ein fortløpande følgje med på statistikken for Enovatilskotet. Over avtaleperioden har Enova utbetalt 930 mill. kroner gjennom Enovatilskotet.
Sjølv om mykje av læringa er knytt til førebuing og gjennomføring av prosjekt, har Enova òg ei brei satsing på informasjon og rådgjeving. Samla medverkar dette til auka kunnskap i samfunnet om høva til å ta i bruk energieffektive og klimavennlege løysingar. Mellom anna har Enova lansert «Enova kunnskap», der dei har samla nyttig informasjon og rettleiing for bedrifter som ønskjer å komme i gang med energileiing. «Enova svarer» er ei nasjonal svarteneste for hushald og profesjonelle aktørar. Svartenesta svarte på om lag 35 000 førespurnader i 2020.
Målindikatorar
I tillegg til andre rammer i avtalen er det utarbeidd fire målindikatorar som undervegs i avtaleperioden skal gje indikasjon på Enovas måloppnåing og utgjere eitt av fleire grunnlag for styringsdialogen mellom departementet og Enova. For avtaleperioden 2017 til 2020 er det lagt til grunn at følgjande nivå indikerer god måloppnåing:
klimaresultat tilsvarande 1 mill. tonn CO2-ekvivalentar i ikkje-kvotepliktig sektor, auka frå 0,75 i 2019
energiresultat tilsvarande 4 TWh
effektresultat tilsvarande 400 MW
innovasjonsresultat tilsvarande utløyst innovasjonskapital på 4 mrd. kroner
I 2020 gav Enova tilsegn til prosjekt med klimaresultat på 0,28 mill. tonn CO2-ekvivalentar, energiresultat på 1,6 TWh, effektresultat på 179 MW og innovasjonsresultat på 1,6 mrd. kroner i privat innovasjonskapital. Enova gav tilsegn om tilskot til om lag 3 800 små og store prosjekt og om lag 9 000 energitiltak i hushalda. Resultata er venta årleg resultat frå prosjekt som har fått tilsegn om støtte. Støtta blir utbetalt etter kvart som støttemottakaren kan dokumentere framdrift i prosjektet.
Tabell 8.6 Klima- og energifondets resultat og disponeringar i 2020, korrigert for kanselleringar
Område | Disponerte midlar (mill. kroner) | Klimaresultat (kilotonn CO2-ekv.) | Energiresultat (GWh/år) | Effektresultat (MW) | Innovasjonsresultat (mill. kroner) |
---|---|---|---|---|---|
Industri | 652 | 48 | 329 | 12 | 700 |
Transport | 1 970 | 212 | 898 | 619 | |
Energisystemet | 369 | 14 | 344 | 166 | 192 |
Bygg og eigedom | 316 | 4 | 36 | 2 | 109 |
Bustad og forbrukar | 158 | 2 | 42 | ||
Internasjonalt | 3 | ||||
Rådgiving og kommunikasjon | 38 | ||||
Eksterne analysar og utviklingstiltak | 53 | ||||
Administrasjon | 187 | ||||
Sum disponerte midlar og resultat | 3 747 | 279 | 1 649 | 179 | 1 620 |
Som det kjem fram av figur 8.1, nådde Enova nivået på alle målindikatorane over avtaleperioden.
Post 50 Overføring til Klima- og energifondet
Løyvinga omfattar samla overføringar til Klima- og energifondet, inkludert inntekter frå påslag på nettariffen, jf. kap. 5578 post 73.
Det er foreslått ei løyving på 3 384 mill. kroner og ei fullmakt til å gje tilsegn på inntil 400 mill. kroner utover gjeven løyving, jf. forslag til vedtak VI. Inntektene frå påslaget på nettariffen utgjer 690 mill. kroner.
Tildelings- og oppfølgingskriterium
Enova har fullmakt til å utforme verkemiddel i samsvar med rammene i styringsavtalen med departementet, oppdragsbrev, føresegner og statlege regelverk. Midlane frå Klima- og energifondet skal forvaltast på ein slik måte at måla blir nådde og pålagde oppgåver utførte mest mogleg kostnadseffektivt. Verkemidla som blir nytta, skal utformast for å utløyse tiltak som elles ikkje ville ha blitt realiserte, og skal ta sikte på å oppnå varige marknadsendringar. Enovas verkemiddel skal ikkje intervenere i allereie velfungerande marknader.
Enovas tildeling av midlar frå Klima- og energifondet skal skje etter objektive og transparente kriterium. Kriterium for kvart enkelt verkemiddel eller ordning skal publiserast.
EFTAs overvakingsorgan (ESA) er ansvarleg for å overvake at norske styresmakter overheld reglane om offentleg støtte i EØS-avtalen. Notifisering av ordninga Enova har for støtte til demonstrasjonsprosjekt, føreset at Enova nyttar lån på vilkår som verkemiddel for store demonstrasjonsprosjekt. Dersom eit demonstrasjonsprosjekt er vellykka, beheld mottakaren verdien av teknologien. Ved å gje lån på vilkår unngår ein å overkompensere industrien. Det er lagt opp til at Enova kan gje tilsegn om inntil 60 pst. av godkjende kostnader i lån. Renter på lån skal ikkje vere lågare enn marknadsrentene i tråd med ESAs retningslinjer. I dei tilfella der teknologien lykkast, skal lån frå Enova nedbetalast når den teknologiske risikoen i prosjektet er avklart.
Venteleg vil ikkje alle demonstrasjonsprosjekt oppnå ønskt resultat, og enkelte lån på vilkår må gjerast om til tilskot som følgje av at teknologiar ikkje lykkast. Det er difor foreslått at Enova får fullmakt til å gjere om lån på vilkår til tilskot etter førehandsdefinerte og føreseielege vilkår, jf. forslag til vedtak XII.
Søknader om lån skal behandlast etter dei same kriteria og rutinane som i dag gjeld for tilskot. Søknad om tilskot eller lån skal innehalde informasjon som fortel korleis tiltaket vil underbyggje relevante delmål og tilfredsstille dei krava som er stilte til resultatrapportering. Enovas utlysingar under kvart enkelt verkemiddel skal spesifisere ytterlegare kva opplysningar som er påkravde knytte til det enkelte programmet, ordninga eller verkemiddelet.
Styringsavtalen pålegg Enova å sikre at dei ikkje unødig forstyrrar dei marknadene dei rører ved med verkemidla sine, men heller rettar opp marknadssvikt og byggjer ned barrierar. Enova skal nytte tredjepartsvurderingar framfor å byggje opp særleg kredittvurderingskompetanse.
Tilsegn om tilskot, lån og andre forpliktingar må haldast innanfor disponibel ramme og fullmakter for Klima- og energifondet. Midlar frå tilbakebetalte eller refinansierte lån skal resirkulerast i fondet.
Kap. 5578 Sektoravgifter under Klima- og miljødepartementet
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2020 | Saldert budsjett 2021 | Forslag 2022 |
72 | Fiskaravgifter | 17 289 | 18 254 | 18 264 |
73 | Påslag på nettariffen til Klima- og energifondet | 713 684 | 690 000 | 690 000 |
Sum kap. 5578 | 730 973 | 708 254 | 708 264 |
Post 72 Fiskaravgifter
Fiskaravgiftene som blir innbetalte til Statens fiskefond, er inntektsførte i statsbudsjettet på denne posten. Foreslått løyving er som i 2021 på 18,3 mil. kroner.
Nærmare om Statens fiskefond
Fiskaravgift til staten skal betalast for fiske i vassdrag med anadrom laksefisk. Det skal òg betalast avgift for fiske med fastståande reiskap i sjøen. Det er innført visse unntak, mellom anna for fiske i medhald av reindriftslovgjevinga, til undervisnings- eller behandlingsformål og til tidsavgrensa arrangement for rekruttering.
Bruken av midlane blir fastsett gjennom statsbudsjettet.
Inntekter og avgiftssatsar
Inntektene til Statens fiskefond kjem frå fiskaravgift på fiske etter anadrom laksefisk. Ordninga med Statens fiskefond synleggjer at tilretteleggingstiltak, og delar av fiskeforvaltninga retta inn mot anadrome fiskeartar, for ein stor del er baserte på brukarfinansiering.
Årsavgiftene for fiske etter anadrom laksefisk gjeld frå og med 1. januar til og med 31. desember og vart sist justerte i 2021. For 2022 gjer ikkje regjeringa framlegg om å endre avgiftene. Årsavgifta for fiske etter anadrom laksefisk i vassdrag i 2022 er 286 kroner for enkeltpersonar, medan familieavgifta er 456 kroner. Familieavgifta gjeld for ektefellar/sambuarar med eventuelle barn mellom 18 og 20 år.
Personavgifta for fiske med fastståande reiskap i sjøen med sesongstart før 1. juli blir på 713 kroner, medan satsen for dei som har fiskestart etter 1. juli, blir 433 kroner.
Inntektene frå avgiftene gjer at det er budsjettert med ein kapitalstraum i Statens fiskefond som vist i tabellen nedanfor.
Tabell 8.7 Berekning av kapital til Statens fiskefond i 2022
(i 1 000 kr) | |
---|---|
Saldo pr. 31.12.20: | 4 068 |
Budsjettert innbetalt i 20211: | 18 264 |
Budsjettert refusjon i 2021 (utbetalingar frå fondet): | -18 264 |
Budsjettert saldo pr. 31.12.21: | 4 068 |
Budsjettert innbetalt i 20222: | 18 264 |
Budsjettert refusjon i 2022 (utbetalingar frå fondet): | -18 264 |
Budsjettert saldo pr. 31.12.22 | 4 068 |
1 Talet inkluderer stipulerte renteinntekter på 0,1 mill. kroner
2 Talet inkluderer stipulerte renteinntekter på 0,1 mill. kroner.
Administrasjon og økonomiforvaltning
Statens fiskefond blir forvalta av Klima- og miljødepartementet ved Miljødirektoratet. Utgiftene over statsbudsjettet skal normalt svare til dei inntektene ein ventar at fondet vil ha same året. Eventuelle overskytande inntekter skal overførast og blir kapitaliserte i fondet.
Inntektene over kap. 5578 post 72 finansierer utgifter til fisketiltak og fiskeforvaltning over kap. 1425 (post 21 og 70) og kap. 1420 (post 01). Frå og med 2022-budsjettet vil ikkje fondet lenger bidra til grunnfinansieringa av miljøinstitutta over kap. 1410 post 50. I staden blir omfanget av fisketiltak under kap. 1425 post 70 auka, under dette tiltak for auka kunnskap.
Tabell 8.8 Samla ressursbruk av inntekter til Statens fiskefond i 2022
(i 1 000 kr) | |
---|---|
Formål | |
Prosjekt, utgreiingar (kap. 1425.21) | 300 |
Meirverdiavgift som er ført under Finansdepartementet | 25 |
Tilskot til fiskeformål (kap. 1425.70): | 16 743 |
Sum under kap. 1425: | 17 068 |
Tilskotsforvaltning i Miljødirektoratet (kap. 1420.01) | 1 196 |
Totalsum | 18 264 |
Spesielt om lokale tiltak
I fordelinga av fondsmidlane, frårekna nødvendige driftsutgifter, er målet at minst 50 pst. av midlane går til tiltak som er initierte lokalt. Andre tiltak som er meinte å gje effekt for eit avgrensa område, eit bestemt vassdrag eller fjordområde, og der lokale aktørar deltek i stor grad, blir rekna som lokale tiltak sjølv om dei er initierte og administrerte av offentleg forvaltning, organisasjonar eller institusjonar på sentralt nivå.
Post 73 Påslag på nettariffen til Klima- og energifondet
Omsetningskonsesjonærar som tarifferer for uttak av elektrisk energi, skal i samband med fakturering leggje eit påslag på tariffen til alle sluttbrukarar på alle nettnivå.
For hushaldsbruk skal påslaget utgjere 1 øre/kWh. For andre sluttbrukarar enn hushald skal påslaget utgjere 800 kroner/år per målepunkt-ID.
Bidraget omsetningskonsesjonærar skal betale til Klima- og energifondet, er 1 øre/kWh multiplisert med den energimengda som er fakturert hushaldsbruk, og summen av påslag per målepunkt-ID som er fakturert andre sluttbrukarar enn hushald, i gjeldande termin. Enova står for innkrevjing og oppfølging av påslaget mot nettselskapa som blir innbetalt til Klima- og energifondet.
Oppfølging av oppmodingsvedtak
Endre omgrepet «nullutslepp» i alle statlege mål og planar til «nullutslepp og biogass»
Vedtak 1007, 27. mai 2021
«Stortinget ber regjeringen om å endre bruken av begrepet nullutslipp i alle statlige målsettinger og planer til nullutslipp og biogass, dette i den hensikt å likebehandle biogass med elektrisitet og hydrogen, og denne begrepsbruken skal gjelde allerede vedtatte og fremtidige planer.»
Vedtaket vart gjort ved behandlinga av Dok. 8:231 S (2020–2021) Representantforslag om å fjerne de statlige barrierene for produksjon og bruk av biogass, jf. Innst. 468 S (2020–2021).
Regjeringa legg til grunn at intensjonen med vedtaket er å kutte i klimagassutsleppa gjennom å leggje til rette for å auke bruken av biogass. Dette er i tråd med politikken til regjeringa, jf. Meld. St. 13 (2020–2021). Å nytte avfall og restar til biogassproduksjon er god ressursutnytting som bidreg til ein sirkulær økonomi. Bruken av biogassen kan erstatte bruk av fossil energi og på den måten bidra til reduserte klimagassutslepp.
Regjeringa fremjar biogass gjennom generelle verkemiddel, slik som CO2-avgifta, kvotesystemet, reglar for behandling av avfall og stønad gjennom Enova. I tillegg finst det visse stønadsordningar som er spesifikt retta mot å auke produksjonen av biogass.
Samstundes legg regjeringa til rette for å utvikle og ta i bruk nullutsleppsteknologiar, til dømes batteri- og hydrogenelektriske køyretøy og fartøy. Ein del av hensikta med verkemiddelbruken for nullutsleppsteknologiar er å utvikle marknadene slik at slike teknologiar etter kvart blir konkurransedyktige utan stønad. Nullutsleppsteknologiar er teknologiar som ikkje fører med seg utslepp i bruksfasen.
Bruken av biogass fører med seg både utslepp av klimagassar og utslepp som påverkar den lokale luftkvaliteten. Utsleppa av CO2 frå bruken av biogass er biogene, det vil seie at dei inngår i det naturlege karbonkrinsløpet og difor blir rekna som null i utsleppsrekneskapen. Biogass er ein energiberar og teknisk sett same produktet som naturgass, det vil seie at han kan nyttast i dei same motorane og kjelane som naturgassen. Det er ikkje mogleg ved kontroll å skilje mellom biogass og naturgass. Gjennom klimapolitikken gjev regjeringa insentiv til å fase ut fossile brensel, irekna naturgass, og erstatte desse med fornybar energi, irekna biogass. Gassmotorar og kjelar er i stor grad moden teknologi. Verkemiddelbruken for å fremje biogass skal for det første stimulere til at avfall og restar blir nytta til biogassproduksjon, og for det andre til at biogassen blir brukt slik at han erstattar fossil energi. Det overordna målet med verkemidla både for nullutsleppsteknologiar og biogass er å kutte utsleppa av klimagassar, men det er ulikt kva som er barrierane, og kva for verkemiddel som er best eigna for å adressere desse.
Omgrepet «nullutslepp» blir nytta på same måten i EUs politikk som i Noreg. Politikken på EU-nivå legg på den eine sida opp til å redusere utsleppa frå nye køyretøy, mellom anna ved å auke delen nullutsleppskøyretøy, og på den andre sida til å erstatte fossile drivstoff med fornybare drivstoff, slik som biogass.
I omstillinga til lågutsleppssamfunnet er vi avhengige av ulike energiberarar. Nokre fordelar med biogassen er at han er energitett og kan erstatte naturgass utan at det er behov for vesentlege investeringar. Det gjer at biogass særleg kan vise seg å bli viktig for å erstatte fossil energi i større skip, dei tyngste køyretøya (trekkvogner) og visse prosessar i industrien. Per i dag er det potensial for å auke både produksjonen og bruken av biogass. På lengre sikt er potensialet for bruk av biogass truleg større enn potensialet for produksjon av biogass basert på avfall og restar. Det betyr at på lengre sikt kan produksjonspotensialet avgrense kor mykje biogass vi kan bruke. Verkemidla for å fremje bruken av biogass må ta omsyn til dette. Først og fremst bør biogass nyttast i segment der overgangen til nullutsleppsløysingar ligg langt fram i tid.
Vedtaket peiker ikkje på kva for konkrete mål og planar som bør endrast. Regjeringa har gjort følgjande vurdering av kva for mål og verkemiddel som kan vere relevante, og kva ei likebehandling av biogass og nullutsleppsløysingar kan innebere:
Vedtaket inneber for det første at biogass skal inkluderast i målsetjingar som inneheld omgrepet «nullutslepp». Dette omgrepet er nytta i måltala frå nasjonal transportplan 2018–2029, her er omgrepet «nullutslepp» i høg grad kopla til køyretøyskategoriar. Måltala er desse:
Nye personbilar og varebilar skal vere nullutsleppskøyretøy i 2025.
Innan 2030 skal nye tyngre varebilar, 75 pst. av nye langdistansebussar og 50 pst. av nye lastebilar vere nullutsleppskøyretøy.
Innan 2030 skal varedistribusjonen i dei største bysentruma tilnærma vere nullutslepp.
Nye bybussar skal vere nullutslepp eller bruke biogass frå 2025.
Her har regjeringa gjort eit tydeleg skilje mellom nullutsleppskøyretøy og køyretøy som nyttar biogass. I denne samanhengen er det eit viktig poeng at biogasskøyretøy ikkje er å identifisere som ein eigen køyretøykategori, men at det snarare er tale om køyretøy i den tekniske kategorien gasskøyretøy som på eit visst tidspunkt bruker biogass. Same køyretøya kan på eit anna tidspunkt like gjerne bruke naturgass. Biogass er trekt fram som eit eigna drivstoff i bybussar. Det er likevel ikkje mogleg å fastslå i kor stor grad nye gasskøyretøy vil nytte biogass. Ei endring av omgrepet «nullutslepp» til «nullutslepp og biogass» i desse måltala, baserer seg slik regjeringa ser det, på ein føresetnad om at det er mogleg å sikre at nye gasskøyretøy ikkje bruker naturgass. Eventuell bruk av naturgass ville svekkje formålet med måltala som eit bidrag til å redusere klimagassutsleppa. Da det ikkje er mogleg ved kontroll å skilje mellom biogass og naturgass, brest denne føresetnaden.
Å inkludere biogass i måltala vil ikkje gje auka utsleppsreduksjonar samanlikna med slik måltala er formulerte i dag, og kan potensielt gje lågare utsleppsreduksjonar. Det er fordi ein ved å endre ordlyden i måltala frå «nullutslepp» til «nullutslepp og biogass» treng færre nullutsleppskøyretøy for å nå måltala. For dei måltala som er sette til 100 pst. av nye køyretøy, kan utsleppsreduksjonen ved å inkludere biogass i måltala i prinsippet bli den same som for 100 pst. nullutsleppskøyretøy, men det føreset at gasskøyretøya berre bruker biogass, og at biogassen er klimanøytral. I dei tilfella der måltala er lågare enn 100 pst., vil ein trenge færre nullutsleppskøyretøy, utan at ein nødvendigvis treng fleire gasskøyretøy, for å nå måltala. Det kjem av at det blir selt ein del gasskøyretøy sjølv om desse per i dag ikkje blir rekna inn i måloppnåinga. Viss desse skal reknast inn i måloppnåinga, kan dei da komme i staden for, og ikkje i tillegg til, nullutsleppskøyretøya. Da vil utsleppsreduksjonen ved å oppnå måltala bli mindre enn det som ligg til grunn i dag. Viss gasskøyretøya i nokon grad bruker naturgass, svekkjer det utsleppsreduksjonen ytterlegare.
Regjeringa har dessutan merka seg at Stortingsfleirtalet ved behandlinga av Nasjonal transportplan 2022–2033 i juni 2021 viste til av måltala for nullutsleppskøyretøy blir vidareførte (jf. Innst. 653 S 2020–2021).
Vedtaket viser, i tillegg til målsetjingar, til «statlege planar». Regjeringa har difor vurdert korleis vedtaket kan forståast og eventuelt gjennomførast når det gjeld verkemiddelbruken. Omgrepet «nullutslepp» er mellom anna brukt i ei rekkje «regjeringa vil»-punkt i klimaplanen til regjeringa (Meld. St. 13 (2020–2021)). Dette gjeld fleire punkt om offentlege innkjøp og låg- og nullutsleppskrav til nye køyretøy og fartøy. Det gjeld også «regjeringa vil»-punkt om framleis å gje insentiv til å fase inn nullutsleppsløysingar i nybilsalet og moglegheita for å innføre nullutsleppssoner. Så lenge hensikta med vedtaket er «å likebehandle biogass med elektrisitet og hydrogen», er det òg relevant å sjå på andre verkemiddel som fremjar nullutsleppsteknologiar. Regjeringa legg til rette for nullutsleppsteknologiar gjennom ei rekkje ulike verkemiddel, slik som tilrettelegging for utbygging av ladeinfrastruktur og fordelar for elbilar (avgiftsfritak og bruksfordelar).
Det vil vere særs krevjande å inkludere biogass i alle verkemidla nemnde ovanfor. Fleire av verkemidla som blir brukte for å fremje nullutsleppskøyretøy, føreset at sjølve køyretøyet kan identifiserast eintydig som nullutsleppskøyretøy. Det vil ikkje vere mogleg for køyretøy og fartøy som bruker biogass, i og med at desse like gjerne kan bruke naturgass. Innføring av nye avgiftsfordelar vil ha budsjettkonsekvensar og kan i tillegg vere administrativt krevjande. Vidare er den gjeldande ESA-godkjenninga av verkemidla for nullutsleppskøyretøy basert på ein definisjon av nullutslepp som omfattar batterielektriske og hydrogendrivne køyretøy. Ei nærmare vurdering av korleis biogass eventuelt kan inkluderast i dei einskilde verkemidla, og kva for konsekvensar det vil ha, vil vere eit omfattande arbeid.
Regjeringa meiner det ikkje er formålstenleg med ei generell føring om å bruke dei same verkemidla for å fremje biogass som for å fremje nullutsleppsteknologi. Somme verkemiddel, slik som CO2-avgifta og kvotesystemet, bidreg til å fremje både nullutsleppsløysingar og biogass. Somme verkemiddel, slik som Enovas støtte til produksjonsanlegg for biogass og tilskot til å levere husdyrgjødsel, er retta mot biogass aleine. Andre verkemiddel, særleg dei som er spesifikt retta mot å stimulere til å utvikle og ta i bruk nullutsleppsløysingar, er ikkje nødvendigvis eigna til å fremje bruken av biogass. Målretta verkemiddel gjer det mogleg å redusere dei viktigaste barrierane for dei ulike løysingane.
Det kan vere aktuelt å inkludere biogass i visse krav om låg- og nullutsleppsteknologi. Til dømes har Statens vegvesen, på vegner av Samferdselsdepartementet, sendt på høyring eit forslag om at ved offentlege innkjøp av bybussar skal det frå 2025 stillast krav om nullutslepp, men at ein kan få unntak ved bruk av biogass. Ved vurderingar av nye eller endra krav vil regjeringa i det einskilde dømet vurdere om det er formålstenleg å inkludere biogass.
Viss bruken av naturgass i transport blir redusert, slik at ein går i retning av at den gassen som blir brukt, er tilnærma 100 pst. biogass, vil det vere enklare å inkludere køyretøy som bruker gass, i visse verkemiddel. Departementet er kjent med at bransjen arbeider med eit system for å dokumentere delen biogass i den totale gassbruken i landtransporten, og vil følgje dette arbeidet med interesse.
Oppsummert meiner regjeringa at ei likebehandling av biogass med nullutsleppsløysingar i alle statlege målsetjingar og planar ikkje er formålstenleg så lenge intensjonen er å kutte i klimagassutsleppa gjennom å auke bruken av biogass. Når det gjeld målsetjingar, meiner regjeringa at ein ikkje bør endre omgrepet «nullutslepp» til «nullutslepp og biogass» i måltala for nullutsleppskøyretøy fordi det ikkje vil føre til auka utsleppskutt og potensielt kan føre til lågare utsleppskutt enn slik måltala er formulerte i dag.
Når det gjeld «statlege planar», meiner regjeringa at det oftast vil vere betre å fremje bruken av biogass gjennom verkemiddel som er retta mot biogass som energiberar, enn gjennom verkemiddel som er retta mot nullutsleppsteknologiar. På den måten kan verkemidla rettast inn mot dei viktigaste barrierane, slik at verkemidla i størst mogleg grad bidreg til kostnadseffektive utsleppsreduksjonar. Regjeringa utelukkar likevel ikkje at det i einskilde tilfelle kan vere aktuelt å utforme verkemidla slik at ein likebehandlar biogass med nullutsleppsløysingar, og regjeringa vil løpande vurdere dette. Effekten på klimagassutsleppa av å gjennomgåande likebehandle biogass med nullutsleppsløysingar i verkemiddelbruken er uviss. Vedtaket vil i tillegg vere særs krevjande å gjennomføre.
Regjeringa rår difor Stortinget til å oppheve vedtak 1007 (2021–2021), jf. forslag til vedtak XIII.
Programkategori 12.30 Kulturminne og kulturmiljø
Hovudinnhald og prioriteringar
Løyvingane under programkategori 12.30 høyrer i hovudsak inn under resultatområdet Kulturminne og kulturmiljø. Løyvingane omfattar verksemda til Riksantikvaren og Kulturminnefondet. Bruken av løyvingane skal vere i tråd med Meld. St. 16 (2019–2020) Nye mål i kulturmiljøpolitikken – Engasjement, bærekraft og mangfold (kulturmiljømeldinga).
Riksantikvaren fordeler tilskot til freda kulturminne og kulturmiljø, inkludert verna og freda fartøy. Dette blir gjort ved at Riksantikvaren fordeler tilskot til kvar fylkeskommune som deretter fordeler tilskota til enkeltprosjekt i fylket etter søknad. Riksantikvaren fordeler òg tilskot til arbeid med kulturarv i kommunane, til verdiskapingsprosjekt og til verdsarvområda. Kulturminnefondet er ei reindyrka tilskotsordning for verneverdige kulturminne og kulturmiljø i privat eige.
Dei nasjonale måla er forankra i Meld. St. 16 (2019–2020). Det er utarbeidd indikatorar for desse måla.
Dei nasjonale måla er knytte til omgrepa «engasjement», «berekraft» og «mangfald». Dei nasjonale måla legg vekt på kor viktig kulturarven er for samfunnet og for arbeidet med å nå FNs berekraftsmål. Med desse måla skal kulturmiljøforvaltninga bli målt på samfunnsbidraget. Kulturmiljøet skal framleis sikrast, og arbeidet for å redusere tap og skade skal halde fram.
Dei historiske spora er eit viktig grunnlag for å forstå vår tid, og dei er dermed ein del av løysinga på samfunnsutfordringane. Kulturmiljøpolitikken er ein sentral og integrert del av klima- og miljøpolitikken. I oppfølginga av stortingsmeldinga skal det mellom anna utarbeidast bevaringsstrategiar for utvalde tema, og det skal utarbeidast forslag til ei ny kulturmiljølov.
Regionreforma inneber at fylkeskommunane har fått meir mynde og i hovudsak har førstelinjeansvaret for behandling av saker etter kulturminnelova. Som ein indirekte konsekvens av regionreforma har òg Sametinget fått meir mynde og fleire oppgåver. Riksantikvaren har eit overordna ansvar for gjennomføring av den nasjonale kulturmiljøpolitikken. Regionreforma inneber og at Riksantikvaren skal vidareutvikle si rolle som fagdirektorat. Å «styrkje innsatsen for å verne om og sikre kultur- og naturarven i verda» er eit eige delmål under FNs berekraftsmål 11 Berekraftige byar og lokalsamfunn, men kulturmiljø medverkar òg til å nå fleire av dei andre berekraftsmåla. Vidareføring av den internasjonale innsatsen på kulturmiljøfeltet er viktig for å styrkje arbeidet for ei berekraftig utvikling nasjonalt og globalt. Noreg legg særleg vekt på arbeidet med kapasitetsbygging for å ta vare på verdsarven og vil føre vidare dei norske prioriteringane frå medlemskapet (2017–2021) i Unescos verdsarvkomité.
Dei ti bevaringsprogramma er knytte direkte opp mot dei tidlegare nasjonale måla (2020-måla), men blir vidareførte inntil dei nye bevaringsstrategiane er klare.
Med verknad frå tilskotsåret 2022 er det vedteke forskrifter for tilskotsordningar under postane 70, 71, 72, 73, 74, 75, 77 og 79 for kap. 1429. Tilskot frå kap. 1432 post 50 blir behandla etter forskrift om vedtekter for Norsk kulturminnefond.
Resultatområde
Tabell 8.9 Resultatområde under programkategori 12.30
Resultatområde | Nasjonale mål |
---|---|
Kulturminne og kulturmiljø |
|
Politikk for å nå dei nasjonale måla for kulturminne og kulturmiljø
Engasjement
Kulturmiljø er eit felles gode og eit felles ansvar. Regjeringa har ambisjon om at fleire skal føle eigarskap til og ta ansvar for kulturmiljø. Dette er òg i samsvar med Europarådets rammekonvensjon om kulturarvens verdi for samfunnet, Faro-konvensjonen, som slår fast at alle har rett til å ta del i den kulturarven som dei sjølve vel, samstundes som dei skal respektere rettane og fridommane til andre. Noreg ratifiserte Faro-konvensjonen i 2008.
Private eigarar av kulturminne og kulturmiljø og frivillige gjer ein uvurderleg innsats for å bevare ein viktig del av kulturarven i landet, også på vegner av fellesskapet. Denne innsatsen medverkar sterkt til arbeidet med å nå dei nasjonale måla og er utslagsgjevande for at kulturmiljø blir brukte og tekne vare på. Sjølv om hovudansvaret for å ta vare på eigen eigedom ligg hos eigaren, skal offentlege verkemiddel medverke til at eigarane er i stand til å ta sin del av ansvaret for å sikre eit mangfald av kulturmiljø. Staten har ulike støtteordningar der eigaren kan få dekt meirkostnader som følgje av krav frå kulturmiljøforvaltninga.
Regjeringa ønskjer auka deltaking og vil betre rammevilkåra for eigarar og forvaltarar av kulturmiljø. Bevaringsstrategiar vil vere ei sentral ramme for eit slikt samarbeid. Riksantikvarens strategi for samarbeid med frivillige organisasjoner 2018–2021 skal òg reviderast som eit ledd i oppfølginga av Meld. St. 16 (2019–2020). Året 2022 er gjeve status som Frivillighetens år og vil bli markert over heile landet. Departementet vil som del av feiringa av Frivillighetens år styrkje innsatsen på området både gjennom tilskot til Kulturminnedagene som blir koordinerte av Kulturvernforbundet, og gjennom midlar til å stimulere til lokale og regionale tiltak.
Kunnskap om tradisjonshandverk og materialkunnskap er heilt avgjerande for å ta vare på freda og verneverdige bygningar, anlegg, fartøy og annan kulturarv. Fartøyvernsentera, bygningsvernsentera og andre rådgjevingstenester for kulturmiljø har mykje å seie for det praktiske istandsetjings-, skjøtsels- og vedlikehaldsarbeidet. Dei fungerer som eit lett tilgjengeleg tilbod for både eigarar og handverkarar og speler ei viktig rolle for å sikre tilgang til kompetanse innan tradisjonshandverk. I oppfølginga av kulturmiljømeldinga vil oppstarttilskot for å stimulere til utvikling av regionale rådgjevingstenester for private eigarar av kulturmiljø bli vurderte.
Kulturminnefondet forvaltar tilskotsordningar retta mot private eigarar av verneverdige kulturminne og kulturmiljø. Fondet har vist seg å vere eit godt og viktig verkemiddel både for å ta vare på eit mangfald av verneverdige kulturmiljø og for å gje private eigarar betre høve til å engasjere seg og ta ansvar. Regjeringa satsar framleis på Kulturminnefondet og legge opp til at midlane til fondet skal medverke strategisk for å nå dei nasjonale kulturmiljømåla.
Bygg og Bevar vart oppretta i 2009 og er eit samarbeidsprogram mellom Klima- og miljødepartementet og Byggenæringens Landsforening (BNL). Nettportalen Bygg og Bevar gjev mellom anna informasjon om handverkarar med rett kompetanse, produkt- og bransjeinformasjon om materiale, restaurering og riktig energirehabilitering, utan at kulturhistoriske verdiar går tapt. Bygg og bevar er vidareført i ein ny samarbeidsavtale med BNL frå 2021 til 2024.
Berekraft
Målet «Kulturmiljø skal medverke til berekraftig utvikling gjennom heilskapleg samfunnsplanlegging» viser kor viktig samfunns- og arealplanlegginga er for å sikre kulturmiljø, og korleis kulturmiljø kan bidra til dei tre dimensjonane av berekraftig utvikling: miljømessig, sosial og økonomisk berekraft. Målet understrekar samstundes Noregs ansvar for og regjeringa sine ambisjonar om å følgje opp FNs berekraftsmål og Agenda 2030. Det vil bli utvikla indikatorar som måler korleis kulturmiljø medverkar til å nå berekraftsmåla i Noreg.
By- og stadutvikling er ein del av løysinga for ei berekraftig utvikling. Kulturarv kan brukast som ein ressurs i samfunnsutviklinga. Transformasjon og ny bruk av eksisterande bygningsmasse kan vere med på å bevare og vitalisere dei historiske byområda. God arkitektur, historiske bygningar og bymiljø medverkar til stadidentitet og positive opplevingar, og er ressursar som bør utnyttast for å utvikle levbare og attraktive byar og stader. Riksantikvaren har utarbeida ein bystrategi med anbefalingar for god kulturmiljøforvalting i byane. Bystrategien vart revidert i 2021. Direktoratet har i 2021 òg lansert ein klimastrategi for kulturmiljøforvaltning.
Regjeringa ønskjer å fremje bruk, ombruk, gjenbruk og transformasjon av hus og bygningsmiljø gjennom koordinert verkemiddelbruk. Regjeringa vil òg vurdere kor godt eigna dagens lovverk er til å verne kulturmiljø ut frå eit klimaperspektiv. Samstundes bør det offentlege bruke rolla som eigar av mange kulturhistoriske eigedomar til å vere ein aktiv pådrivar og gje gode døme på bruk, ombruk og gjenbruk av den historiske bygningsmassen.
Målet med verdiskapingsarbeidet er å dokumentere betydninga kulturmiljø har i dagens samfunn ved å tydeleggjere kulturmiljø som innsatsfaktor i lokalt og regionalt utviklingsarbeid. Kulturmiljø er ein viktig attraksjon for produksjon av opplevingsprodukt og andre næringar. Samstundes veit vi at kulturmiljø, kunnskapen dei representerer, og kulturhistoriske forteljingar betyr mykje for enkeltmenneska og livet i lokalsamfunna. Kulturmiljø inngår som ein ressurs på mange felt, knytt til mellom anna dialog, samhandling og økonomisk verdiskaping. Riksantikvaren har laga ein eigen handlingsplan for verdiskaping for åra 2021–2022. Formålet er å få fram signalprosjekt om næringsutvikling, distriktsutvikling og omstilling i lokalsamfunn slik at betydninga som kulturmiljøa har for brei samfunnsutvikling, inngår som ein del av verktøykassen til fylkeskommunane og kommunane. Kulturmiljø vil dermed bidra positivt til samfunnsutviklarrolla, slik ho er definert i regionreforma.
Mangfald
Med nye nasjonale mål som femner breiare og i større grad legg vekt på kor viktig kulturmiljøet er for samfunnet, er det behov for å justere på korleis bevaringsarbeidet er innretta. For å ta vare på eit mangfald av kulturmiljø vil regjeringa utarbeide bevaringsstrategiar for prioriterte tema der all verkemiddelbruk skal sjåast i samanheng. Dette inneber mellom anna satsingar og tiltak for å forbetre tilstand og vedlikehaldsnivå og tiltak for å redusere tap og skade. Bevaringsstrategiane skal også ta høgd for at det finst mange ulike måtar å ta vare på mangfaldet av kulturmiljø på. Vidare er kunnskap, opplevingar, bruk og engasjement sentrale verdiar som må sikrast i utforminga av bevaringsstrategiane. Som ein del av bevaringsstrategiane bør det utarbeidast heilskaplege oversikter for relevante kulturmiljøkategoriar eller tema, slik at både forvaltningsmiljøa og forskingsmiljøa har eit felles kunnskapsgrunnlag. I samsvar med Stortingets vedtak 707 (2019–2020) og 208 (2019–2020) skal det i samband med bevaringsstrategiane bli fremja forslag om korleis staten kan stimulere private eigarar av kulturminne og kulturmiljø til jamt, godt vedlikehald gjennom skatte- og avgiftsinsentiv. Det skal òg leggjast til grunn at ein av dei nye bevaringsstrategiane skal handle om kyrkjer, og at det i den samanheng blir lagt til grunn ei målsetjing om at alle steinkyrkjer frå mellomalderen skal ha ordinært vedlikehaldsnivå innan 2030. Klima- og miljødepartementet vil samarbeide med Barne- og familiedepartementet om dette. Riksantikvaren vil ha ei viktig rolle i utforminga av bevaringsstrategiane og skal i dette arbeidet sikre eit godt sektorsamarbeid, mellom anna betre koordinering av verkemiddelbruken.
Riksantikvaren utarbeidar oversikt over kulturmiljø og landskap av nasjonal interesse. Riksantikvaren reviderer NB!-registeret (Kulturmiljø av nasjonal interesse i byar og tettstader) og utarbeider eit KULA-register (Kulturhistoriske landskap av nasjonal interesse). Riksantikvaren skal òg utarbeide eit register over kulturmiljø i tettstader, fiskevær, uthamner og industrimiljø.
Riksantikvaren har dei siste 15 åra utarbeidd fleire fagstrategiar, mellom anna for bymiljø, for arkeologiske kulturminne og for arbeid med kulturarv i kommunane. Desse fagstrategiane vil framleis vere viktige, men enkelte av dei må reviderast slik at dei blir tilpassa dei nye nasjonale måla og arbeidet med bevaringsstrategiar.
I 2006 fekk Riksantikvaren, Statens landbruksforvaltning (no Landbruksdirektoratet) og Direktoratet for naturforvaltning (no Miljødirektoratet) eit felles oppdrag som enda i satsinga Utvalde kulturlandskap i jordbruket i 2009. I 2020 inngår 46 landskap i ordninga. Frå og med 2020 er forvaltninga av denne tilskotsordninga lagd til dei aktuelle kommunane. Samarbeidet om ordninga skal førast vidare, og i løpet av 2021 blir nye område vurderte innanfor denne ordninga.
Prosjektet Statens kulturhistoriske eigedommar (SKE-prosjektet) vart starta opp i 2002 og er eit døme på korleis sektoransvaret medverkar til at departement og underliggjande etatar og verksemder tek ansvar for å nå miljømål innanfor eigne ansvarsområde. Etter nesten 20 år er det behov for å evaluere dei statlege landsverneplanane og forvaltninga av dei generelt. SKE-prosjektet har vore eit nybrotsarbeid som har gjeve eit breitt erfaringsgrunnlag knytt til forvaltning og dispensasjonspraksis. I 2020 overtok regionane forvaltningsstyresmakta for desse eigedommane, med unntak av bygningar og anlegg som er oppførte på Riksantikvarens liste.
Kulturarvpolitikken er delt mellom fleire departement. Klima- og miljødepartementet arbeider med å etablere eit kulturarvforum for samarbeid mellom departementa. Det skal gjere det lettare å sjå forvaltninga av den materielle og immaterielle kulturarven i samanheng.
Kunnskap og forsking
Miljøovervaking inneber ei systematisk innsamling av data med metodar som kan etterprøvast, basert på hypotesar om samanhengen mellom årsak og verknad. Data frå miljøovervakingsprogramma vil vere viktige for å følgje opp dei nye nasjonale måla. Eksisterande program vil bli gjennomgåtte og behov for nye program vurderte.
Riksantikvarens nye verksemdsstrategi vektlegg kunnskapsfeltet i større grad enn tidlegare. Verksemdsstrategien har som ei av fleire strategiske satsingar at Riksantikvaren skal bidra til å utvikle og formidle kunnskap om kulturmiljø og bruke kunnskapen målretta i forvaltninga.
Riksantikvarens nye FoU-strategi skal leggje til rette for heilskap og langsiktig tenking i arbeidet og prioriteringane til direktoratet knytte til forsking og utvikling. Strategien inneheld konkrete forslag til mål og satsingar med utgangspunkt i Riksantikvarens verksemdsstrategi på kunnskapsfeltet og Klima- og miljødepartementets kunnskapsstrategi 2021–2024.
Internasjonalt forskingssamarbeid er viktig for å løyse mange samfunnsutfordringar. I Meld. St. 4 (2018–2019) Langtidsplan for forskning og høyere utdanning 2019–2028 er det eit sentralt mål å auke norsk deltaking i EUs rammeprogram for forsking og innovasjon.
Samarbeid mellom europeiske land om forskingsprogram gjennom Joint Programming Initiatives, JPI, har frå 2010 medverka til å samordne offentleg finansiert forsking i Europa innanfor ti område, området kulturmiljø er eitt av desse. Noregs deltaking er med på å styrkje det norske forskingssystemet og mobilisere nye forskingsmiljø og brukargrupper på kulturmiljøfeltet.
Det europeiske jordobservasjonsprogrammet for klima- og miljøovervaking, Copernicus, er med på å auke forståinga av naturen, klimaforandringar og miljø. I 2020 vart det lagt fram ein rapport om å optimalisere tenestene Copernicus leverer for kulturmiljøforvaltninga. Noreg har delteke i arbeidsgruppa.
Verdsarv (Unesco)
Det går fram av Meld. St. 27 (2008–2019) Norges rolle og interesser i multilateralt samarbeid at regjeringa vil bruke FN og andre relevante multilaterale institusjonar aktivt for å sikre ei god handtering av globale miljøutfordringar og oppfølging av berekraftsmåla, under dette ein ambisiøs politikk på mellom anna kultur- og naturarvområdet.
Verdsarvkonvensjonen har som mål å verne kultur- og naturarv som har framståande universell verdi. Statar som har ratifisert konvensjonen forpliktar seg til å samarbeide internasjonalt, identifisere verdsarv i eige territorium, verne og formidle verdsarven. Klima- og miljødepartementet har hovudansvaret for å følgje opp konvensjonen.
Noreg har høge ambisjonar for forvaltninga av verdsarvområda og har som mål at verdsarvområda skal utviklast til fyrtårn for god natur- og kulturmiljøforvaltning når det gjeld tilstand, forvaltning og formelt vern. Riksantikvaren og Miljødirektoratet arbeider saman for å betre forvaltninga av verdsarvområda, mellom anna gjennom forvaltningsplanar, betre lokal organisering og formidling. Fylkeskommunane og kommunane har ei viktig rolle i å oppfylle forpliktingane.
Forvaltninga av dei norske verdsarvområda inneber forpliktingar for alle sektorar. God forvaltning av verdsarvområda avheng òg av betre samordning mellom dei sektorane som påverkar utviklinga i områda. Aktuelle departement deltek difor i eit eige tverrdepartementalt verdsarvforum. Klima- og miljødepartementet leier forumet, som vart etablert i 2018.
Noreg har dei siste åra styrkt innsatsen for forvaltninga av dei åtte norske verdsarvområda. Ambisjonen er at det skal etablerast verdsarvsenter ved alle dei norske verdsarvområda. Klima- og miljødepartementet har utarbeidd ein plan for prioriteringar av dette arbeidet for perioden 2017–2026, og det er autorisert verdsarvsenter ved seks av dei. Departementet ser behov for å justere planen basert på framdrift i arbeidet ved dei ulike stadene og tilgjengelege budsjettmidlar. Formålet er å gje god informasjon om verdsarven og styrkje den lokale forankringa. Basisutstillinga om verdsarven globalt og i Noreg er no i produksjon. Hausten 2021 blir utstillinga installert på verdsarvsenteret på Vega, og i 2022 er planen at utstillinga kjem på plass i Alta og Geiranger. Den vidare målsetjinga er å sikre ei framdrift som bidreg til basisutstillingane ved dei andre autoriserte verdsarvsentera (Røros, Rjukan/Notodden og Urnes), så snart forholda ligg til rette for det. Noreg var i perioden 2017–2021 medlem av Unescos verdsarvkomité. Ei av hovudprioriteringane for den norske innsatsen i komiteen har vore å styrkje institusjonar, ekspertar og lokalsamfunn slik at dei kan ta vare på verdsarven, sikre dei universelle verdiane til verdsarven. Noreg har òg arbeidd for å endre prosessen for å fremje nominasjonar til verdsarvlista med det som mål å sikre at nye oppføringar på verdsarvlista i større grad tilfredsstiller krava som følgjer av konvensjonen. Reforma vart vedteken i Noregs medlemsperiode. Noreg har vidare gått aktivt inn i arbeidet med å etablere etiske retningslinjer for statspartane og komitémedlemmene i arbeidet deira med oppfølging av konvensjonen. Noreg legg prioriteringane frå komitéarbeidet til grunn for det vidare arbeidet med verdsarven internasjonalt.
Kapasitetsbygging under verdsarvkonvensjonen er eit viktig innsatsområde både nasjonalt og internasjonalt. Noreg medverkar til denne satsinga gjennom kapasitetsbyggingsprogrammet World Heritage Leadership. Dette er eit seksårig samarbeidsprogram (2016–2021) med International Union for Conservation of Nature (IUCN) og International Centre for the Study of the Preservation and Restoration of Cultural Property (ICCROM). Arbeidet er av langsiktig karakter, og inneverande fase av programmet blir sluttført i løpet av 2022. Ei midtvegsevaluering av programmet vart ferdigstilt hausten 2020 og dannar grunnlaget for ei eventuell vidareføring frå 2023.
Som ledd i oppfølginga av Noregs prioriteringar for arbeidet i verdsarvkomiteen vart det i 2019–2021 årleg løyvd 30 mill. kroner over Utanriksdepartementets budsjett for å styrkje verdsarvarbeidet i Afrika med særleg vekt på naturområde. Det blir lagt til grunn at innsatsen blir vidareført i 2022.
Europeisk og nordisk samarbeid
Dei siste åra har kulturarvfeltet fått stadig større merksemd i EU. Dette har mellom anna komme til uttrykk gjennom markeringa av det europeiske kulturarvåret i 2018 og i EUs oppfølging etter dette. Eit av resultata er ein ny europeisk handlingsplan for kulturarv, European Framework for Action on Cultural Heritage. I handlingsplanen er det etablert fire prinsipp og fem satsingsområde for handling der EU ønskjer å medverke. Her er verdien kulturarven har for eit inkluderande, berekraftig, tilpassingsdyktig og innovativt Europa og for eit sterkare globalt partnarskap framheva. Handlingsplanen og satsingsområda er i stor grad samanfallande med dei nye nasjonale måla for kulturmiljøpolitikken og slik kulturmiljøarbeidet i Noreg er innretta. Gjennom handlingsplanen er det etablert ei ekspertgruppe som skal drøfte og utveksle erfaringar for å kunne utforme ein berekraftig og deltakande kulturarvpolitikk i Europa. Regjeringa meiner det er eit stort potensial for erfaringsutveksling og gjensidig støtte og prioriterer difor norsk deltaking i ekspertgruppa Commission Expert Group on Cultural Heritage og arbeidet med å følgje opp handlingsplanen.
Noreg deltek i Europarådets mellomstatlege komité for kultur, kulturarv og landskap (CDCPP), der både Kulturdepartementet, Kommunal- og moderniseringsdepartementet og Klima- og miljødepartementet er representerte. Gjennom ei rekkje tiltak medverkar Europarådet til å fremje mangfald og dialog gjennom tilgang til kulturarv og til å skape ei forståing av identitet, felles minne og forståing mellom folkegrupper. Fleire av desse tiltaka har innverknad for Noreg, slik som European Heritage Strategy for the 21st Century, dei europeiske kulturminnedagane, Cultural Routes, i tillegg til ei rekkje faglege nettverk og strategiar. Europarådet er òg ein viktig møteplass for medlemsstatane, både for å drøfte felles løysingar og for politikkutvikling. Noreg deltek og medverkar aktivt i slike samanhengar. Dette arbeidet vil bli ført vidare. Regjeringa vil leggje særleg vekt på arbeidet med å sjå kulturarv, menneskerettar, demokrati og berekraftsmåla i samanheng.
Strategien Norge i Europa frå regjeringa framhevar EØS-midlane som det viktigaste finansielle verkemiddelet i europapolitikken. Gjennom kultur- og kulturarvprogramma under EØS-midlane har norsk kulturmiljøsektor høve til å tileigne seg ny kunnskap ved å diskutere felles utfordringar med europeiske kollegaer.
Nordisk ministerråd er det offisielle samarbeidsorganet til dei nordiske regjeringane. Statsministrane i Norden har gjennom ein deklarasjon frå 20. august 2019 vedteke som visjon at Norden skal bli den mest berekraftige og integrerte regionen i verda fram mot år 2030. Samarbeidet i Norden skal byggje opp under denne visjonen. I ein deklarasjon frå 30. oktober 2019 oppfordrar dei nordiske kulturministrane sektorane til å integrere kultur og kulturarv som ein viktig premiss for arbeidet med FNs berekraftsmål. Ei arbeidsgruppe under dei nordiske miljøministrane, arbeidsgruppa for biologisk mangfold, har lyst ut midlar for 2022 til prosjekt som ser på sosial berekraft i samanheng med mellom anna kulturmiljø.
Regionreforma
Fylkeskommunane og Sametinget har førstelinjeansvaret for dei fleste typane kulturminne og kulturmiljø. I samband med regionreforma fekk fylkeskommunane ansvaret for dei fleste automatisk freda kulturminna som arkeologi, skipsfunn, fartøy, dei fleste forskriftsfreda eigedommane, fleire teknisk-industrielle anlegg og dei ikkje-kyrkjelege mellomalderhusa. Frå hausten 2020 overtok fylkeskommunane saksbehandlinga av søknader innanfor dei fleste tilskotsordningane. Ei følgjeevaluering for å klargjere effektar og gevinstar av overføringa av auka mynde til fylkeskommunane og endringane i ansvars- og oppgåvefordelinga er sett i gang. Første delrapport kom i 2021.
Som følgje av regionreforma vidareutviklar Riksantikvaren rolla si som fagdirektorat, men har framleis det overordna ansvaret for gjennomføringa av den nasjonale kulturmiljøpolitikken.
Bevaringsprogramma
Ei av dei viktigaste strategiske satsingane i arbeidet med å nå dei tidlegare nasjonale måla var å etablere ti bevaringsprogram. Hovudinnsatsen i bevaringsprogramma har sidan oppstarten i 2007 vore retta mot å forbetre vedlikehaldsnivået for utvalde kulturminnekategoriar.
Andre viktige verktøy har vore Riksantikvarens fredingsstrategi og KIK-satsinga (kulturminne i kommunane). Fredingsstrategien skal sikre betre geografisk, sosial, etnisk, næringsmessig og tidsmessig representativitet i fredingsporteføljen. KIK-satsinga har medverka til kompetanse om kulturmiljøforvaltning i kommunesektoren og at det har blitt laga mange kulturminneplanar. Erfaringar har vist at bevaringsprogramma har vore ein effektiv måte å strukturere bevaringsarbeidet på. Både bevaringsprogramma, fredingsstrategien og arbeidet med kulturminne i kommunane har vore tett kopla til dei eksisterande nasjonale måla, der reduksjon av tap, forbetra vedlikehaldsnivå og auka representativitet har vore dei overordna prioriteringane. Denne typen grunnleggjande forvaltning av kulturhistoriske verdiar skal framleis vere ein viktig del av prioriteringane i kulturmiljøforvaltninga. Bevaringsprogramma var opphavleg direkte knytte til dei tidlegare nasjonale måla (2020-måla), som no er avløyste av nye nasjonale mål. Nye bevaringsstrategiar er under utarbeiding, men bevaringsprogramarbeidet blir ført vidare inntil desse er klare. Sjå elles nærmare omtale under delkapittelet «Mangfald».
Kort om dei enkelte bevaringsprogramma – mål og status
1. Freda bygningar i privat eige
Målet for bevaringsprogrammet har vore at alle freda bygningar i privat eige skal vere sette i stand til eit ordinært vedlikehaldsnivå.
Bevaringsprogrammet omfattar rundt 3 400 bygningar. Det har sidan starten av bevaringsprogramma vore ei positiv utvikling. Om lag 38 pst. av bygningane har ordinært vedlikehaldsnivå (TG1), medan 32 pst. har eit moderat behov for istandsetjing (TG2). Om lag 13 pst. har behov for omfattande istandsetjingsarbeid (TG3). Resterande bygningar har anten ukjend tilstand eller har ikkje blitt tilstandsregistrert dei siste ti åra og har fått TG9 (ukjend tilstand).
2. Samiske kulturminne
Målet for bevaringsprogrammet har vore at automatisk freda, samiske bygningar skal vere kartlagde innan 2017, og prioriterte bygningar skal sikrast og setjast i stand.
Gjennom ein revisjon av kulturminnelova i 2018 er det etablert ei fast fredingsgrense. Det inneber at samiske kulturminne frå 1917 eller eldre er automatisk freda. Om lag 900 automatisk freda samiske bygningar vart kartlagde. Sametinget skal utarbeide ein forvaltningsplan for dei freda bygningane.
3. Stavkyrkjene
Målet for bevaringsprogrammet har vore at dei 28 stavkyrkjene skal vere sette i stand til ordinært vedlikehaldsnivå innan 2015.
Målet for stavkyrkjeprogrammet vart nådd i 2015. Stavkyrkjeeigarane skal sørgje for det nødvendige tilsyn og vedlikehald etter avslutninga av programmet. Dette er i varierande grad gjennomført, og det er difor behov for å følgje kyrkjene opp noko tettare framover. På grunn av klimaendringane, med større fare for ekstremvêr, er det etter 2015 gjennomført risikovurderingar ved alle stavkyrkjene.
Treskurden på stavkyrkjene er i liten grad tilstandsundersøkt, trass i at dette er mellomalderske utskjeringar utandørs og innandørs, til dels eksponert for klimapåverknader og turisttrykk.
4. Verdsarven
Målet for bevaringsprogrammet har vore at dei norske verdsarvområda skal utviklast som fyrtårn for den beste praksisen innan natur- og kulturminneforvaltning når det gjeld tilstand, forvaltning og formelt vern.
Dei åtte verdsarvområda er av svært ulik karakter og omfang og med variasjon i den tekniske tilstanden. Mange bygningar er sette i stand, skjøtsel og formidling er forbetra, men mykje står att. Fleire av kulturminna innanfor kvart av verdsarvområda høyrer også inn under andre bevaringsprogram.
5. Tekniske og industrielle kulturminne
Målet for bevaringsprogrammet har vore å sikre, setje i stand og halde ved like eit utval prioriterte anlegg.
Bevaringsprogrammet omfatta ved oppstarten ti anlegg. I ettertid er fem lagde til, slik at det i dag er femten anlegg som er definerte som nasjonalt prioriterte anlegg. Ti av anlegga er rekna som sette i stand.
6. Brannsikring av tette trehusmiljø og stavkyrkjer
Målet for bevaringsprogrammet har vore å halde brannsikringa av stavkyrkjene på eit høgt nivå og medverke til brannsikring av rundt 180 tette trehusmiljø med gammal verneverdig trehusbusetnad. Om lag 60 pst. av dei tette trehusområda har laga brannsikringsplanar som grunnlag for vidare arbeid med sikring mot områdebrann.
Det er eit høgt tryggleiksnivå ved alle dei 28 stavkyrkjene, og det blir gjennomført årleg service av tekniske anlegg.
7. Fartøy
Målet for bevaringsprogrammet er å bevare og sikre eit representativt utval bevaringsverdige fartøy for framtida og løfte verneflåten til eit ordinært vedlikehaldsnivå.
Det er i dag om lag 250 historiske fartøy på Riksantikvarens verneliste. 14 av fartøya er freda, dei andre har status som verna skip.
19 pst. av fartøya har eit ordinært vedlikehaldsnivå. Av dei andre har 25 pst. eit moderat behov for tiltak, medan 56 pst. har stort behov for tiltak og utbetring.
8. Ruinar
Målet for bevaringsprogrammet har vore at eit utval ruiner skal sikrast og gjerast tilgjengelege for publikum.
Bevaringsprogrammet omfattar 58 av totalt 122 ruinar etter kyrkjer, klosteranlegg og borg- og festningsanlegg frå mellomalderen. 27 av ruinane er ferdig konserverte. Det er gjennomført konserverings- og skjøtselstiltak for 11,8 mill. kroner i 2020. I tillegg er det gjennomført forsking, kompetanseutvikling og formidling for til saman 1,3 mill. kroner.
9. Bergkunst
Målet for bevaringsprogrammet har vore at eit utval bergkunstlokalitetar skal dokumenterast, sikrast og gjerast tilgjengeleg for publikum.
Det er registrert meir enn 2 100 bergkunstlokalitetar i Noreg, og alle inngår i bevaringsprogrammet. Per 1. januar 2021 har ein nådd det realitetsjusterte målet om at 500 prioriterte lokalitetar skal ha eit ordinært vedlikehaldsnivå i 2020. 110 av lokalitetane er og tilrettelagde for publikum med ønskt standard.
10. Utvalde arkeologiske kulturminne
Målet for bevaringsprogrammet har vore at eit representativt utval arkeologiske kulturminne og kulturmiljø skal sikrast gjennom skjøtsel og gjerast tilgjengeleg for publikum.
Per 1. januar 2021 har ein nådd det realitetsjusterte målet om at 45 prioriterte arkeologiske kulturminne skal ha eit ordinært vedlikehaldsnivå i 2020. 345 av lokalitetane er og tilrettelagde for publikum med ønskt standard.
Nærmare om budsjettforslaget
Foreslått løyving knytt til programkategorien er i 2022 på om lag 790,1 mill. kroner på utgiftssida. Dette er ein reduksjon på 29,6 mill. kroner, eller 3,6 pst., samanlikna med saldert budsjett for 2021.
Utgifter under programkategori 12.30 fordelte på kapittel
(i 1 000 kr) | |||||
---|---|---|---|---|---|
Kap. | Nemning | Rekneskap 2020 | Saldert budsjett 2021 | Forslag 2022 | Endring i pst. |
1429 | Riksantikvaren | 710 482 | 700 101 | 668 797 | -4,5 |
1432 | Norsk kulturminnefond | 126 292 | 119 614 | 121 340 | 1,4 |
Sum kategori 12.30 | 836 774 | 819 715 | 790 137 | -3,6 |
Kap. 1429 Riksantikvaren
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2020 | Saldert budsjett 2021 | Forslag 2022 |
01 | Driftsutgifter | 146 530 | 146 187 | 151 693 |
21 | Spesielle driftsutgifter | 34 883 | 32 477 | 31 155 |
22 | Fleirårige prosjekt kulturminneforvaltning, kan overførast | 29 600 | 31 085 | 23 734 |
60 | Kulturminnearbeid i kommunane | 8 600 | 8 600 | 8 824 |
70 | Tilskot til automatisk freda og andre arkeologiske kulturminne, kan overførast | 57 255 | 41 064 | 39 026 |
71 | Tilskot til freda kulturminne i privat eige, kulturmiljø og kulturlandskap, kan overførast | 159 965 | 159 015 | 142 759 |
72 | Tilskot til tekniske og industrielle kulturminne, kan overførast | 57 607 | 58 045 | 58 554 |
73 | Tilskot til bygningar og anlegg frå mellomalderen og brannsikring, kan overførast | 70 676 | 57 575 | 59 072 |
74 | Tilskot til fartøyvern, kan overførast | 64 028 | 76 672 | 70 605 |
75 | Tilskot til fartøyvernsenter, kan overførast | 14 888 | 16 459 | 15 557 |
77 | Tilskot til verdiskapingsarbeid på kulturminneområde, kan overførast | 5 320 | 8 232 | 8 446 |
79 | Tilskot til verdsarven, kan overførast | 61 130 | 64 690 | 59 372 |
Sum kap. 1429 | 710 482 | 700 101 | 668 797 |
Rolle og oppgåver for Riksantikvaren
Riksantikvaren, direktoratet for kulturmiljøforvaltning, er Klima- og miljødepartementets rådgjevar og skal setje i verk kulturmiljøpolitikken til regjeringa og gje faglege innspel i arbeidet med politikkutvikling. Riksantikvaren har vidare eit ansvar for utvikling av rettleiingsmateriell, digitale tenester med meir, som sikrar ei einskapleg kulturmiljøforvaltning. Dei skal òg forvalte sentrale data om kulturmiljø i offentleg forvaltning.
Sjølv om ein del av oppgåvene til direktoratet er overførte til regional kulturmiljøforvaltning, som ein del av regionreforma, er Riksantikvaren framleis fredings-, motsegns- og klagestyresmakt og har også ansvar for den nasjonale fordelinga av tilskotsmidlar mellom fylkeskommunane. Riksantikvaren er også dispensasjonsstyresmakta for nokre utvalde kulturminne. Dette gjeld dei fire store mellomalderbyane og enkelte bygningar og anlegg. Riksantikvaren skal òg inntil vidare ha forvaltninga av freda og listeførte kyrkjebygg.
Det er i kgl.res. den 13 august 2021 vedteke forskrifter om tildeling i samsvar med Stortingets budsjettvedtak for kap. 1429 post 70, 71, 72, 73, 74, 75, 77 og 79. Postomtalane er av den grunn kortare enn førre året.
Post 01 Driftsutgifter
Hovuddelen av løyvinga dekkjer lønn og godtgjersler til tilsette, husleige, oppvarming, reinhald, IKT, reiseverksemd, informasjonstiltak og andre driftsutgifter for Riksantikvaren. Posten dekkjer i tillegg kjøp av konsulenttenester til faglege prosjekt og utgreiingar, under dette kostnader knytte til Riksantikvarens drift og oppfølging av elektronisk biletarkiv for miljøforvaltninga. Inntekter knytte til dette blir førte under kap. 4429 post 02 og 09.
Det foreslås at løyvinga på posten kan overskridast mot tilsvarande meirinntekter under kap. 4429 post 02 og 09, jf. forslag til vedtak II.
Det er foreslått ei løyving på 151,7 mill. kroner på posten for 2022. Posten har totalt auka med om lag 5,5 mill. kroner. Auken kjem av ei ompostering frå 22-posten på 8 mill. kroner. Posten er redusert med 4,2 mill. kroner i samband med regionreforma og at oppgåver gradvis blir overførte frå Riksantikvaren til fylkeskommunane. Løyvinga under posten er redusert med 1,4 mill. kroner grunna ny premiemodell for betaling av pensjonspremie og om lag 0,3 mill. kroner grunna gevinstuttak på grunn av forventa lågare reiseutgifter, sjå nærmare omtale under del I kap 3.
Rapport 2020
Størsteparten av midlane er lønnskostnader, som utgjer om lag 56 pst. av dei samla driftsutgiftene.
Driftskostnadene har vore reduserte over tid som følgje av effektivisering av drift, reduksjon i arealleige, bortfall av driftsoppgåver, reduserte innkjøp og anna.
Post 21 Spesielle driftsutgifter
Post 21 dekkjer prosjektmidlar til fagleg samarbeid med andre land i samsvar med norske prioriteringar, medlemsutgifter og utgifter knytte til samarbeidsavtalar og utgreiingsarbeid. Midlar til det internasjonale kurset i konservering av tre (ICWCT – International Course on Wood Conservation Technology) blir òg dekte over denne posten. Midlane blir elles nytta til kjøp av vedlikehalds- og istandsetjingstenester for bygningar som Riksantikvaren sjølv har eit eigar-/forvaltningsansvar for.
Riksantikvaren kan lyse ut forskings- og utviklingsmidlar innanfor denne potten og bestiller utgreiingar mellom anna på klima- og energifeltet.
Det er foreslått ei løyving på 31,2 mill. kroner på posten for 2022.
Rapport 2020
I 2020 vart 34,9 mill. kroner nytta innan post 21.
Aktivitet | |
---|---|
Lønn, reise og kompetansemidlar knytte til prosjekt | 6 014 |
Husleige til Kongsvoll fjellstove | 3 052 |
Kjøp av tenester1 | 25 817 |
Sum | 34 883 |
1 Digitalisering, Kunnskapsløftet, konsulentar, forskings- og utviklingsmidlar m.m.
Fredningsstrategi mot 2020for kulturminneforvaltningen set opp ti prioriterte tema for nye fredingar, slik at fredingslista vår skal bli meir representativ, både tematisk og geografisk. Betre framdrift i fredingssakene er òg eit viktig tema i strategien. Det vart vedteke 13 fredingar i 2020. Målrettinga av fredingsarbeidet etter dei føringane som vart lagde i fredingsstrategien, gjev effektar. Stadig fleire eldre fredingssaker blir sluttførte, og nye fredingssaker blir starta opp i medhald av strategien. Talet fredingssaker som er sette i gang, er no på eit nivå som kan handterast for både fylkeskommunane og Riksantikvaren. Dette gjer at nye fredingssaker blir behandla raskare og betre, noko som er til fordel for eigarane òg.
Med forankring i Fredningsstrategi mot 2020 for kulturminneforvaltningen er det brukt midlar til satsing på dei nasjonale minoritetane sine kulturminner. I 2020 starta prosjektet på jødiske kulturminne i tett samarbeid med representantar frå den jødiske minoriteten. Kartlegging og utval av kulturminne etter historia til den jødiske befolkninga blir gjennomført i 2021.
Forslag om freding av Henningsvær kulturmiljø har vore på høyring. Kommunestyret i Vågan kommune har behandla forslaget og gjeve ei støtte til fredingssaka på visse vilkår. Det er dialog med kommune og fylkeskommune, og saka blir følgd opp fram til ny behandling i kommunestyret før spørsmålet om freding blir endeleg avgjort. Organiseringa av kulturmiljøfredinga følgjer tilrådingane i evalueringsrapporten om dei freda kulturmiljøa i Noreg som vart utførte i 2017.
Post 22 Bevaringsoppgåver, kan overførast
Tunge nasjonale bevaringsoppgåver er det i visse tilfelle verken formålstenleg eller mogleg å gjennomføre ved å dele ut tilskot til lokale prosjekteigarar. I desse tilfella må Riksantikvaren fungere som prosjekteigar. Sidan dette er prosjekt som i dei fleste tilfella går over fleire år, og det ikkje alltid lèt seg gjere å gje overslag over det eksakte utbetalingsbehovet kvart enkelt år, er midlane plasserte på post 22, der dei kan overførast. Dette gjeld fleire store prosjekt, som brannsikring av stavkyrkjer og grunnvassmåling under Bryggen i Bergen, som er avhengig av fleirårige avtalar med leverandørar.
Riksantikvaren kjøper tenester knytte til drift og vedlikehald av brann- og sikringsanlegg ved stavkyrkjene. Drift og vedlikehald av sikringsanlegg omfattar mellom anna løpande periodiske kontrollar (eigenkontrollar og eksterne kontrollar), aksjon ved alarmar, reparasjonar og service for å rette mindre feil og planlagde vedlikehaldsoppgåver for sikringsanlegg.
Behovet kulturmiljøforvaltninga har for teknisk og praktisk bygningskunnskap, er veksande i ein situasjon med meir vekt på klimaendringar og kva konsekvensar dette har for kulturminna. Kulturminne blir raskare brotne ned, frekvensen på vedlikehald aukar, og det kjem til spørsmål om nye metodar. Auka merksemd på klimavennleg byggjenæring, grøne val og gjenbruk kan gjere marknaden for tradisjonsbasert handverk større. Riksantikvaren har sett i gang eit toårig prosjekt, om ivaretaking av kompetanse innanfor tradisjonelt handverk og ivaretaking av arbeid med kunnskapsutvikling og rådgjeving om vedlikehald av dei eldste tømmerkonstruksjonane som blir påverka av klimaendringar i eit varmare og våtare klima.
Det er foreslått ei løyving på 23,7 mill. kroner på posten for 2022.
Rapport 2020
Det har vore god framdrift i utbetringa av brannsikringsanlegg på stavkyrkjene.
Det er brukt 10,2 mill. kroner til stavkyrkjesikring over post 22 i 2020.
Det er i 2020 utført sikringsarbeid på sju stavkyrkjer. Det er lagt planer om sikringstiltak på ytterlegare fem kyrkjer i 2021. Riksantikvarens prosjekt om tradisjonelt handverk og klimaendringar har resultert i iverksetjing av fagleg forum, arbeid med materialbank og deltaking i fagrådet i fagskulen. Riksantikvaren har også sett i gang eit prosjekt med Byggmesterforbundet og vidaregåande skular.
Post 60 Kulturminnearbeid i kommunane
Det blir gjeve tilskot til kommunar som ønskjer å setje i gang, nyleg har sett i gang eller vil rullere eksisterande kulturminneplan. Tilskot blir òg gjevne til utvikling og drift av ulike kompetanse- og samarbeidsmodellar som styrkjer arbeidet lokalt. Dette gjeld samarbeid mellom fylkeskommunar, kommunar, museum, Sametinget og frivillige. Det blir øyremerkt 2 mill. kroner til Murbyen Oslo.
Det er foreslått ei løyving på 8,8 mill. kroner på posten for 2022.
Rapport 2020
375 kommunar har fram til og med 2020 fått tilskot (100 000 kroner) til å utarbeide eller rullere kulturminneplan.
Ved utgangen av 2020 var det berre rundt 30 kommunar utan vedtatt kulturminneplan eller igangsatt arbeid med ein slik plan. Det er òg gjeve tilskot til kompetansemodellar i kommunar og fylkeskommunar, til dømes til samarbeid mellom fleire kommunar som nyttar felles kompetanse for å lage kulturminneplan eller samarbeid mellom kommunar og museum.
Riksantikvaren bidreg med rettleiing i arbeid med kulturminneplanar og for å styrkje kulturmiljøkompetansen i kommunesektoren. Riksantikvaren arrangerer mellom anna Utviklingsnett der byggjesak og kulturminnedata er nokre av temaa.2
Murbyen Oslo er eit bygningsvernsenter for historiske murgårder i Oslo. Senteret har eit nasjonalt ansvar som einaste bygningsvernsenter som fokuserer på kunnskap om tradisjonelle materialar og metodar i murarfaget. Senteret bidreg med råd og rettleiing overfor eigarar, og arrangerer seminar og kurs.
Post 70 Tilskot til automatisk freda og andre arkeologiske kulturminne, kan overførast
Det er foreslått ei løyving på 39 mill. kroner på posten for 2022. Løyvinga reduserast noko som følgje av bortfall av eingongsutgifter til undersøkinga av Gjellestadskipet i 2021.
Mål
Målet med tilskotsordninga er å medverke til forvaltning, sikring, restaurering, skjøtsel, tilrettelegging, formidling og dokumentasjon av automatisk freda og andre arkeologiske kulturminne.
Tildelingskriterium
Tilskot kan gjevast til dekning av heile eller delar av utgiftene til arkeologisk arbeid i samsvar med forpliktingane til staten omtalte i kulturminnelova § 8, § 9 og § 10. Delar av midlane under posten er knytte til bevaringsprogrammet for bergkunst (BERG) og for utvalde, arkeologiske kulturminne og kulturmiljø (BARK). Posten dekkjer òg tilskot til arkeologiske museum, sjøfartsmuseum og Norsk institutt for kulturminneforskning (NIKU). Posten er òg nytta til finnarlønn.
Forslag til løyving på posten er til saman 39 mill. kroner. Innanfor dette samla løyvingsforslaget blir det lagt opp til at inntil 20 mill. kroner blir nytta til dei lovpålagde oppgåvene på området (refusjon av utgifter knytte til mindre private tiltak og særlege grunnar). Resterande 19 mill. kroner skal nyttast til tilskot til bevaringsprogramma BERG og BARK, tilskot til museum og NIKU og finnarlønn. Ved særskilde høve kan det bli aktuelt å avvike frå denne fordelinga av løyvinga.
Oppfølging og kontroll
Tilskotsmottakarane blir følgde opp for å sikre at midlane blir brukte som føresett, og innsende rapportar og rekneskap blir kontrollerte. Dei tilskota som gjeld statleg kostnadsdekning ved tiltak som krev arkeologiske arbeid, blir gjevne til den institusjonen som utfører arbeidet, og denne rapporterer om bruken.
Rapport 2020
Det er utført tiltak innan dokumentasjon, skjøtsel og sikring av bergkunstlokalitetar over heile landet i regi av Bevaringsprogrammet for bergkunst (BERG) i 2020. Arbeidet er utført av fylkeskommunane, Sametinget og dei arkeologiske forvaltningsmusea, ofte i samarbeid med lokale krefter.
I 2020 er det sett i verk nye tiltak innan skjøtsel og tilrettelegging på meir enn 160 bergkunstlokalitetar, og det går òg føre seg arbeid med mange prosjekt som er vidareførte frå tidlegare år. Det er i tillegg utført metodeutvikling innan dokumentasjon og formidling. På bestilling frå Klima- og miljødepartementet har Riksantikvaren gjort ei evaluering av programmet for perioden 2011–2020.
Totalt er det gjeve 6,4 mill. kroner i tilsegn om tilskot til nye tiltak innanfor BERG i 2020, og det vart utbetalt 7,7 mill. kroner. Resten av tiltaka held fram i 2021.
Tabell 8.10 Bevaringsprogrammet for bergkunst (BERG)
Bergkunst i Askeladden | Talet på lokalitetar | Kommentar |
---|---|---|
Bergkunstlokalitetar totalt | 2 159 | Status per 06.05.21 for automatisk freda lokalitetar |
Enkeltminne bergkunst totalt | 3 217 | Status pr. 06.05.21 for automatisk freda lokalitetar |
Nye skjøtselstiltak i 2020 | 161 | Tilskot 2020 |
Nye tilretteleggingstiltak i 2020 | 45 | Tilskot 2020 |
Nye dokumentasjonstiltak i 2020 | 33 | Tilskot 2020 |
Tilfredsstillande bevarings-/vedlikehaldsnivå | 564 | Rapportert totalt i programmet |
Tilrettelagt for publikum med tilfredsstillande bevarings-/vedlikehaldsnivå | 110 | Rapportert totalt i programmet |
I løpet av 2020 er det gjennomført skjøtsel og tilrettelegging for publikum i regi av Bevaringsprogrammet for utvalde arkeologiske kulturminne og kulturmiljø (BARK) over heile landet. Det omfattar 54 lokalitetar i Askeladden.
Eit BARK-prosjekt (tilretteleggingsprosjekt) omfattar i dei fleste tilfella ei gruppe kulturminne som utgjer ein samanheng. Fleire lokalitetar i Askeladden kan difor inngå i eit prosjekt i BARK. I 2020 vart det sett i gang skjøtsels- og tilretteleggingstiltak i 17 slike BARK-prosjekt. Arbeidet blir utført av fylkeskommunar og Sametinget i samarbeid med kommunane og andre lokale krefter. Så langt i programmet er nær 150 slike skjøtsels- og tilretteleggingsprosjekt fullførte. På bestilling frå Klima- og miljødepartementet har Riksantikvaren gjort ei evaluering av programmet for perioden 2011–2020.
Totalt vart det gjeve 2,1 mill. kroner i tilsegn om tilskot til tiltak innanfor BARK i 2020, og det vart utbetalt 3 mill. kroner.
Tabell 8.11 Bevaringsprogrammet for utvalde arkeologiske kulturminne og kulturmiljø (BARK)
Skjøtsel og tilretteleggingstiltak | BARK prosjekt og kommunar | Kommentar |
---|---|---|
Nye tiltak | 17 (54 lokalitetar) | Tilskot 2020 |
Fullførte prosjekt totalt | 150 | I perioden 2012–2020 |
Kommunar der det er utført eller går føre seg BARK-tiltak | 175 kommunar | I perioden 2012–2020 |
Tilfredsstillande bevarings-/ vedlikehaldsnivå | 470 | Rapportert totalt i programmet |
Tilrettelagt for publikum med tilfreds-stillande bevarings-/vedlikehaldsnivå | 345 | Rapportert totalt i programmet |
Det er gjennomført mange arkeologiske undersøkingar i 2020 knytte til ordningane der staten dekkjer utgifter til arkeologiske undersøkingar i samband med mindre, private tiltak og dersom det ligg føre særlege grunnar. Nesten 10 mill. kroner vart gjevne i tilsegn om tilskot til ei rekkje ulike tiltak i landbruket, mellom anna drenering, nydyrking og ulike driftsvegar.
Post 70 vart auka med 15,6 mill. kroner til undersøking av Gjellestadskipet frå vikingtid i Halden.
Tabell 8.12 Tiltak til automatisk freda og andre arkeologiske kulturminne 2020
Tiltak | Tal på saker | Tilskot (i 1000 kr) | Merknader |
---|---|---|---|
Mindre private tiltak. Tilsegn om tilskot til – arkeologiske granskingar. | 37 | 23 186 | Midlane blir betalte ut til den – institusjonen som gjennomfører utgravinga |
Særlege grunnar. Tilsegn om tilskot til arkeologiske granskingar. | 19 | 17 345 | Midlane blir betalte ut til den – institusjonen som gjennomfører utgravinga |
Sikring av arkeologiske kulturminne og vitskapleg kjeldemateriale | 12 | 6 921 | |
Andre prioriterte styresmakt-oppgåver ved dei arkeologiske forvaltningsmusea | 1 000 | ||
Saksbehandling ved sjøfartsmusea | 6 650 | ||
Finnarlønn | 140 | 312 | |
Øyremerking (Gjellestad) | 15 600 | ||
Øyremerking (Klemenskyrkja) | 3 224 | ||
Bevaringsprogrammet for bergkunst (BERG). Tilsegn om tilskot. | 6 450 | Sjå ovanfor | |
Bevaringsprogrammet for utvalde arkeologiske kulturminne og kulturmiljø (BARK). Tilsegn om tilskot | 2 110 | Sjå ovanfor | |
Sum | 82 798 |
Post 71 Tilskot til freda kulturminne i privat eige og kulturmiljø og kulturlandskap, kan overførast
Det er foreslått ei løyving på 142,8 mill. kroner på posten for 2022. Dette inneber ein samla reduksjon i løyvinga på 16,3 mill. kroner. Av omsyn til det samla budsjettopplegget blir det foreslått å redusere løyvinga med 15 mill. kroner. Vidare er tilskotet til samisk bygningsvern på 2 mill. kroner etter planen teke ut, da dette tilskotet var tidsavgrensa til tre år (2019–2021). Elles er posten prisjustert med 3,8 mill. kroner, og 3 mill. kroner er flytta til post 70 for å ta i vare lovpålagde oppgåver.
Mål
Målet med tilskotsordninga er å bevare freda kulturminne og kulturmiljø i privat eige og å bidra til at slike blir sette i stand etter antikvariske retningslinjer. Tilskotsordninga skal sikre verdien kulturminne og kulturmiljø har som kjelde, og at føresetnadene for å gje opplevingar blir tekne i vare, og leggje til rette for berekraftig verdiskaping og bruk.
Tildelingskriterium
Tilskot kan gjevast til istandsetjings- og vedlikehaldstiltak av kulturminne og kulturmiljø som er freda, mellombels freda, eller der ei fredingssak er under behandling. Tilskot skal dekkje meirkostnader, heilt eller delvis, som følgjer av krav til antikvarisk utføring ved sikring, istandsetjing, vedlikehald og skjøtsel. Det kan i særlege tilfelle tildelast tilskot til ikkje-freda kulturminne dersom dette blir gjort med forankring i nasjonale strategiske satsingar.
Oppfølging og kontroll
Detaljert informasjon om rapporteringskrava blir gjevne i dei enkelte tilskotsbreva. Kontrollen av tilskotsmottakar skjer gjennom generell formalia- og sannsynskontroll av innsende rapportar og rekneskap. Oppfølging på staden kan vere særleg aktuelt og viktig for å sikre at arbeidet blir utført i samsvar med antikvariske retningslinjer. Regionalforvaltninga rapporterer til Riksantikvaren.
Rapport 2020
I 2020 vart freda kulturminne i privat eige tildelte totalt 159,0 mill. kroner i tilskot, inkludert tilsegn. Av dette vart 152 mill. kroner tildelte fylkeskommunane. Dei resterande 7 mill. kroner vart nytta av Riksantikvaren til strategiske satsingar på nasjonalt nivå, til dømes minoritetsprosjektet. I fordelinga fekk dei fleste fylka om lag 50 pst. av søknadssummen.
Tilskot over post 71 har gjeve god effekt slik at private eigarar har kunna setje i stand freda bygningar og anlegg. Fleire bygningar og anlegg har fått bedra tilstandsgrad.
Det har vore stadig meir klart at det er behov for handverkarar med kompetanse innan antikvarisk bygningsvern. Ein effekt er at det har blitt teke initiativ til etablering av bygningsvernsenter og fagmiljø i Noreg, som jobbar med tradisjonsbygg og kulturminne. Dette har gjeve auka kunnskap om antikvarisk bygningsvern. Dette sikrar god kvalitet på gjennomførte istandsetjingsarbeid.
I 2020 har 38 pst. av dei registrerte bygningane eit ordinært vedlikehaldsnivå (TG 1), som er 5 pst. auke frå året før, medan 13 pst. har behov for omfattande utbetringar (TG 3). Bygningar med eit moderat behov for utbetringar (TG 2) har auka med 6 pst. frå 27 til 32 pst. samanlikna med året før. 17 pst. har ukjend tilstandsgrad (TG 9). Samla er det fleire bygg med ordinær tilstand og moderat vedlikehaldsbehov. Delen bygg med ukjend tilstand er redusert frå 27 pst. til 17 pst. Denne tilstanden blir registrert automatisk dersom det er over ti år sidan tilstanden til bygningen sist vart registrert.
Som oppfølging av Riksrevisjonens rapportar har Riksantikvaren arbeidd med å styrkje tilskotsforvaltninga i direktoratet og i regionalforvaltninga. Erfaring frå tilsyn og oppfølging av bevaringsprogrammet er innlemma i arbeidet med utforming av digitalt søknads- og saksbehandlingssystem.
Post 72 Tilskot til tekniske og industrielle kulturminne, kan overførast
Det er foreslått ei løyving på 58,6 mill. kroner på posten for 2022.
Mål
Målet med tilskotsordninga er å setje i stand og halde ved like tekniske og industrielle kulturminne (TIK) for å bidra til kunnskap, opplevingar, bruk og verdiskaping.
Tildelingskriterium
Tilskot kan gjevast til eigarar og forvaltarar av tekniske og industrielle kulturminne til sikring; istandsetjing; vedlikehald; kulturminne- og tilstandsregistrering; dokumentasjon; moglegheitsstudiar; lønn til stillingar som er direkte knytte til forvaltning, drift og vedlikehald.
Oppfølging og kontroll
Detaljert informasjon om rapporteringskrava blir gjevne i dei enkelte tilskotsbreva. Kontrollen av tilskotsmottakar skjer gjennom generell formalia- og sannsynskontroll av innsende rapportar og rekneskap. Oppfølging på staden kan vere særleg aktuelt og viktig for å sikre at arbeidet blir utført i samsvar med antikvariske retningslinjer. Regionalforvaltninga rapporterer til Riksantikvaren.
Rapport 2020
Per 31. desember 2020 har 10 av 15 prioriterte anlegg status som istandsette. «Istandsett» må i denne samanhengen ikkje forståast som «ferdig» eller «sluttført». Tekniske og industrielle kulturminne vil også etter at dei har nådd eit normalt vedlikehaldsnivå, ha behov for tilskot til løpande vedlikehald og istandsetjing. Dei fem anlegga som har status ikkje-istandsett, utgjer i stor grad dei siste anlegga som er komne med i bevaringsprogrammet etter 2010. Dette gjeld Bredalsholmen verft, Haldenkanalen, Odda smelteverk og Rjukanbanen. I tillegg har Riksantikvaren gjort om statusen til Klevfos Cellulose- og Papirfabrik frå istandsett til ikkje istandsett. Dette vart gjort i 2019 på bakgrunn av at fabrikkbygningen er i akselererande forfall som følgje av den tidlegare kjemikaliebaserte produksjonen ved anlegget. Det er sett i verk eit eige kunnskapsprosjekt som skal gjere tekniske vurderingar av tilstand, utarbeide strategiar for bremsing av nedbrytinga, sikre dokumentasjon av anlegget og fremje alternativ for langsiktig bevaring.
Framdrifta mot måloppnåing er noko svekt dei siste åra, som følgje av særs store kostnader ved både Rjukanbanen (istandsetjing av slippen på Tinnoset) og Odda (Omn 3) og igangsetjing av eit kunnskapsprosjekt for Klevfos. Slippen på Tinnoset vart ferdigstilt i 2020, medan det framleis står att store behov i samband med tømming av Omn 3 på Odda smelteverk og uavklarte behov på Klevfos Cellulose- og papirfabrik.
Arbeidet med eit kunnskapsgrunnlag og forarbeid for verneplan/bevaringsstrategi for teknisk-industrielle kulturminne vart starta opp i 2020.
Tabell 8.13 Oversikt over status for istandsetjing av teknisk-industrielle anlegg og fordeling av tilskot 2020
Anlegg | Innskrive | Status | Tilskot (i 1000 kr) |
---|---|---|---|
Odda smelteverk | 2013 | Ikkje istandsett | 9 736 |
Tyssedal kraftverk | 1997 | Istandsett | 805 |
Sjølingstad Uldvarefabrik | 1997 | Istandsett | 3 885 |
Salhus Tricotagefabrik | 1997 | Istandsett | 3 766 |
Bredalsholmen Dokk | 2015 | Ikkje istandsett | 4 307 |
Kistefos Træsliberi | 2002 | Istandsett | 2 356 |
Spillum Dampsag og Høvleri | 1997 | Istandsett | 5 595 |
Atlungstad Brenneri | 2013 | Istandsett | 2 200 |
Neptun Sildoljefabrikk | 1997 | Istandsett | 1 898 |
Rjukanbanen | 2011 | Ikkje istandsett | 5 189 |
Haldenkanalen | 2013 | Ikkje istandsett | 5 955 |
Næs jernverkmuseum | 1997 | Istandsett | 1 609 |
Folldal gruver | 2002 | Istandsett | 3 104 |
Klevfos Cellulose- og Papirfabrik | 1997 | Ikkje istandsett | 2 749 |
Fetsund Lenser | 1997 | Istandsett | 3 340 |
Tilskot
I 2020 var budsjettet for post 72 på 58 mill. kroner. 56,5 mill. kroner av desse vart gjeve til anlegga i bevaringsprogrammet.
Riksantikvaren har i 2020 gjeve ein mindre del av tilskotsposten til kulturminne utanfor bevaringsprogrammet. Sjå fordelinga av tilskot i tabell 8.14.
Tabell 8.14 Oversikt over fordeling av tilskot for anlegg utanfor bevaringsprogrammet
Kulturminne | Tilskot i 1000 kr |
---|---|
Fagerli kraftstasjon, Fauske, Nordland | 214 |
Hagevik tønnefabrik, Kinn, Vestland | 262 |
Nes gardssag, Kvam, Vestland | 89 |
Sellevåg treskofabrik, Gulen, Vestland | 259 |
Post 73 Tilskot til bygningar og anlegg frå mellomalderen og brannsikring, kan overførast
Det er foreslått ei løyving på 59,1 mill. kroner på posten for 2022.
Mål
Målet med tilskotsordninga er å sikre bevaring, istandsetjing og konservering av stavkyrkjer, kyrkjekunst og bygg, anlegg og ruinar frå mellomalderen som unike kjelder til bygningshistoria og kunsthistoria i Noreg og å bidra til brannsikring av bestemte tette trehusmiljø. Tilskotsordningane skal sikre kjeldematerialet og bidra til berekraftig bruk og formidling av historia desse kulturminna og kulturmiljøa fortel.
Tildelingskriterium
Tilskot kan gjevast til vedlikehald, konservering, dokumentasjon og sikring av stavkyrkjer; konservering av ruinar frå mellomalderen; istandsetjing av freda mellomalderhus frå før 1537; brannsikring av tette trehusområde av kulturhistorisk verdi og mellomalderkyrkjer i stein; konservering av kunst og interiør i kyrkjer.
Oppfølging og kontroll
Detaljert informasjon om rapporteringskrava blir gjevne i dei enkelte tilskotsbreva. Kontrollen av tilskotsmottakar skjer gjennom generell formalia- og sannsynskontroll av innsende rapportar og rekneskap. Oppfølging på staden kan vere særleg aktuelt og viktig for å sikre at arbeidet blir utført i samsvar med antikvariske retningslinjer. Regionalforvaltninga rapporterer til Riksantikvaren.
Rapport 2020
Post 73 omfattar totalt fem ulike tilskotsordningar. Dette er brannsikring og sikring av stavkyrkjer, brannsikring steinkyrkjer frå mellomalderen, istandsetjing av profanhus frå mellomalderen, konservering av mellomalderruinar og brannsikring av tette trehusmiljø.
Brannsikring stavkyrkjene
Tabell 8.15 Oversikt over brannsikringstiltak i stavkyrkjer 2020
Tiltak | Talet på stavkyrkjer |
---|---|
Utviding/ombygging sløkkjeanlegg | 2 |
Klargjering for videoanlegg | 3 |
Nytt videoanlegg | 5 |
Nytt sløkkjeanlegg inne og ute | 1 |
Passiv sikring | 1 |
Optimalisere utvendig innbrotsanlegg | 1 |
Utvendig deteksjon | 1 |
I 2020 vart det gjeve tilskot til 33 enkelttiltak. I sikringsarbeidet ligg mykje arbeid i å fremje og jobbe for gode organisatoriske tiltak. Dette kan vere lokalt ved stavkyrkjene og andre som har ansvar, irekna brannvesen, teknisk etat, politi med meir.
Av tekniske forbetringar er det først og fremst tilfredsstillande sløkkjeanlegg innvendig og utvendig som er i fokus. Det blir arbeidd med å optimalisere utvendig deteksjon og med klargjering og installering av nye videoanlegg.
Brannsikring av tett trehusbusetnad
Riksantikvaren gjev tilskot til kommunane til arbeidet med å brannsikre tette trehusmiljø. Tilskota har i hovudsak gått til tekniske sikringstiltak som alarm- og sløkkjeanlegg, til dømes loft- og fasadesprinklar og utvendige brannslangar. Det er også gjeve tilskot til å utarbeide brannsikringsplanar.
I 2020 vart det gjeve tilskot på til saman 9,65 mill. kroner til 30 trehusområde, fordelt over 20 kommunar i 9 fylke. I tillegg til brannsikringsplanar og deteksjon vart det også gjeve tilskot til sløkkjetiltak i område som ligg langt frå brannvesen.
Meir merksemd på brannsikringsplanar for tette trehusmiljø har gjeve ein auke frå ingen slike planar i år 2000 via 25 pst. dekning i 2014 til 60 pst. dekning i 2020. Brannsikringsplanane er eit nødvendig grunnlag for det vidare kontinuerlege brannsikringsarbeidet.
Ruinar
Målet med bevaringsprogrammet er å sikre eit utval av dei rundt 100 mellomalderruinane vi har i Noreg, og gjere dei tilgjengelege for publikum. 27 ruinar er konserverte. Dei ferdig konserverte ruinane er i stor grad mellomstore og mindre anlegg. Dei største anlegga, til dømes Selje, Steinvikholm, Tautra, Hovedøya og Lyse kloster, er framleis under arbeid. 25 pst. har eit ordinært vedlikehaldsnivå (TG 1), 22 pst. har moderat vedlikehaldsbehov (TG 2), 25 pst. har betydeleg vedlikehaldsbehov (TG3), og delen ruinar med ukjend tilstand (TG 9) er 28 pst.
Ved sida av dei ferdig konserverte ruinane er kompetansenettverket kanskje det mest verdifulle som har blitt oppnådd gjennom prosjektet.
Programperioden vart formelt avslutta 31. desember 2020, men arbeidet med sikring, tilrettelegging og formidling av mellomalderruinar held fram. Resultatet ser ein først og fremst i form av 27 ferdig konserverte ruinar (TG1) og ei markant heving av tilstanden på ikkje ferdig konserverte anlegg (TG2).
Post 74 Tilskot til fartøyvern, kan overførast
Det er foreslått ei løyving på 70,6 mill. kroner på posten for 2022. Av omsyn til det samla budsjettopplegget har regjeringa redusert posten med om lag 6 mill. kroner.
Mål
Målet med tilskotsordninga er å medverke til at verna og freda fartøy kan bli vedlikehaldne og sette i stand etter antikvariske retningslinjer og bli nytta som ressursar i ei berekraftig samfunnsutvikling. Tilskotsordninga skal medverke til å stimulere kompetansen til og innsatsen frå frivillige i verdiskaping lokalt og regionalt, og til å halde ved lag kunnskapen om eldre handverk og teknikkar i tilknyting til tre- og stålfartøy og fagmiljø med slik kunnskap.
Tildelingskriterium
Tilskot kan gjevast til sikring, vedlikehald, istandsetjing og restaurering av freda og verna fartøy. Eigarar og forvaltarar av freda eller verna fartøy kan få tilskot. Det same gjeld organisasjonar, foreiningar og prosjekt som opererer innanfor formålet med tilskotsordninga.
Oppfølging og kontroll
Detaljert informasjon om rapporteringskrava blir gjeven i dei enkelte tilskotsbreva. Kontrollen av tilskotsmottakar skjer gjennom generell formalia- og sannsynskontroll av innsende rapportar og rekneskap. Oppfølging på staden kan vere særleg aktuelt og viktig for å sikre at arbeidet blir utført i samsvar med antikvariske retningslinjer. Regionalforvaltninga rapporterer til Riksantikvaren.
Rapport 2020
For 2020 kom det søknader frå 127 fartøy, 7 SAVOS-fylke, 3 SAVOS-kommunar, Norsk Forening for Fartøyvern og Norsk Industriarbeidermuseum på nærmare 273 mill. kroner. Riksantikvaren hadde rundt 63 mill. kroner til fordeling. Dette dekkjer omtrent 23 pst. av den samla søknadssummen. Det gjer at 2020, som tidlegare år, har vore prega av arbeid med sikring og vidareføring av prosjekt som allereie er i gang framfor å prioritere oppstart av nye prosjekt eller prosjekt med drift og stor frivillig innsats.
Nasjonal verneplan for flytande kulturminne
Riksantikvaren har utarbeidd revidert nasjonal verneplan for flytande kulturminne for perioden 2019–2024. Verneplanen er ei vidareføring av 2010–2017-planen:
Å finne gode og langsiktige løysingar som gjer det mogleg å ta vare på eit representativt utval fartøy for framtida.
Som følgje av regionaliseringa av fartøyvernet er kompetanse om forvaltingsansvaret for verna og freda fartøy no etterspurd, og arbeidet med tilrettelegging, rettleiing og opplæring vil difor tilta dei nærmaste åra.
Post 75 Tilskot til fartøyvernsenter, kan overførast
Det er foreslått ei løyving på 15,6 mill. kroner på posten for 2022. Formålet blir også teke i vare av forslag til løyvingar på Kulturdepartementets budsjett.
Mål
Målet med tilskotsordninga er å vareta og føre vidare kunnskap om handverk knytte til antikvarisk istandsetjing og vedlikehald av verna og freda fartøy. Målet er vidare å medverke til å skape solide fagmiljø gjennom å stimulere til samarbeid mellom dei nasjonale fartøyvernsentera og andre aktørar.
Tildelingskriterium
Tilskot kan gjevast til dei nasjonale fartøyvernsentera og andre aktørar med relevant kompetanse. Tilskot kan gjevast til innsamling av kunnskap, forsking og dokumentasjon; rådgjeving og målretta kunnskapsdeling; nødhamn, mellombels sikring for fartøy som er freda eller verna; formidling av materiale og delar til antikvarisk istandsetjingsarbeid. I samsvar med Meld. St. 16 (2019–2020) Nye mål ikulturmiljøpolitikken er ikkje tilskotsmidlane støtte til drift. Tilskotet blir gjeve til fellestenester omkring dokumentasjon, kompetansebygging og andre tenester som det ikkje er venta at ordinære verft utøver.
Oppfølging og kontroll
Detaljert informasjon om rapporteringskrava blir gjevne i dei enkelte tilskotsbreva. Oppfølging på staden og i kvartalsvise samarbeidsforum med dei tre fartøyvernsentera er viktig. Kontrollen av tilskotsbruken skjer i samsvar med økonomireglementet, gjennom møte, generell formalia- og sannsynskontroll av revidert årsrekneskap og årsmelding frå fartøyvernsentera.
Rapport 2020
I 2020 er 15,9 mill. kroner fordelte til dei tre fartøyvernsentera Nordnorsk Fartøyvernsenter og Båtmuseum i Gratangen, Hardanger fartøyvernsenter i Nordheimsund og Bredalsholmen Dokk og Fartøyvernsenter.
Fellestenester i fartøyvernsentera er fagutviklingsaktivitetar som har som mål å samle inn, sikre og auke kunnskap om eldre handverk og teknikkar. Tilskota har finansiert arbeidstimar knytte til løysing av oppgåver under fellestenestene, under dette dokumentasjonsarbeid i samband med istandsetjing av fartøy som Riksantikvaren gjev tilskot til. Tilskota har vidare medverka til generell rådgjeving, opplæring og kompetansebygging ved sentera og overfor fartøyeigarar. Fartøyvernsentera har i tillegg motteke og utført oppdrag som til dømes produksjon og publisering av faktaark, synfaringar, og teknisk-historisk dokumentasjon av fartøy på vegner av Riksantikvaren.
Riksantikvaren har prioritert tett oppfølging av fartøyvernsentera i etterkant av evalueringa i 2017–2018. Forvaltningsarbeidet har vore retta mot å sikre god og målretta bruk av tilskot frå post 75. Resultatet av kompetansekartlegginga ved fartøyvernsentera i 2020 gav Riksantikvaren betre grunnlag for målretting og prioritering av tilskot. Kartlegginga gav også fartøyvernsentera eit betre grunnlag for utvikling av eiga rolle og kompetanse og samarbeid sentera imellom.
Post 77 Tilskot til verdiskapingsarbeid på kulturminneområdet, kan overførast
Det er foreslått ei løyving på 8,4 mill. kroner på posten for 2022.
Mål
Målet med tilskotsordninga er å medverke til at kulturmiljø blir tekne i bruk som ein ressurs, og medverke til at kulturmiljøfeltet får ei tydelegare rolle i lokal og regional utvikling.
Tildelingskriterium
Tilskot kan gjevast til prosjekt der offentlege og private aktørar inngår forpliktande samarbeid om formidling og tilrettelegging for berekraftig bevaring og bruk; kompetanseutvikling, nettverk og samarbeid; næring-, stads- og lokalsamfunnsutvikling.
Oppfølging og kontroll
Detaljert informasjon om rapporteringskrava blir gjevne i dei enkelte tilskotsbreva. Kontrollen av tilskotsmottakar skjer gjennom generell formalia- og sannsynskontroll av rapportar og rekneskap.
Rapport 2020
I 2020 er det gjeve tilskot til 17 større og mindre prosjekt som tek i bruk kulturmiljø som ressurs i samfunnsutviklinga. Totalt har det i 2020 vore aktivitet i 21 prosjekt med tilskot frå post 77. I åtte av dei er fylkeskommunane prosjekteigarar, ni blir leidde av kommunar, medan museum mv. er ansvarlege for dei fire siste prosjekta.
Prosjekta medverkar til at kulturmiljø blir tekne i bruk som ressurs for reiseliv og næringsutvikling, bu- og livskvalitet, friluftsliv, folkehelse, utdanning og kultur.
Nokre av prosjekta er større regionale, fleirårige fellessatsingar med koordinering av verkemiddel frå alle tre forvaltningsnivåa. Fylkeskommunane i nord har gått saman om å revitalisere Fotefarminna, til saman over 100 kulturmiljø, for å auke tilgjengelegheita, betre formidlinga og ta dei i bruk i lokal samfunnsutvikling.
Andre døme er Møre og Romsdals satsing på utvikling av historiske ferdselsårer i prosjektet Ein bit av historia for å stimulere til folkehelse, næring og gode lokalsamfunn langs desse historiske ferdselsårene. Program for kulturarvopplevingar i Buskerud med mål om å utvikle kommersielle reiselivsprodukt skal evaluerast i 2021. Rogaland og Vestland fylkeskommunar vil utvikle reiselivstilbod gjennom prosjektet Kraftturisme – Opplevingar i det vestnorske kraftlandskapet. Trøndelag fylkeskommune vil gjere helleristninga Bølareinen meir tilgjengeleg og utvikle lokal næring som ein del av den regionale Bergkunstreisa. Agder fylkeskommune og Kvinesdal kommune har partnarskap om gjenbruk og reiselivsutvikling i det gamle gruvesamfunnet Knaben. Innlandet fylkeskommune jobbar med kompetanseutvikling og mobilisering i lokalsamfunn med grunnlag i tre lokale prosjekt.
Stadutviklingsprosjekta i Levanger og Trondheim viser at kulturhistorie og kulturminne er ein faktor for attraktivitet, forretningstilbod og levande lokalsamfunn. Prosjektet Træna 365 viser korleis kulturmiljøarbeid kan takast i bruk i omstillingsarbeid. Fossil på Svalbard er eit prosjekt for gjenbruk av det gamle kraftverket, men har òg utvikla seg til eit prosjekt for næring og stadutvikling. Målet er i tråd med reiselivsstrategien for Svalbard å gjere Longyearbyen meir attraktiv for turistane.
Tabell 8.16 Tilskot til verdiskaping i 2020
Tiltak/område | Tilskot (i 1 000 kr) |
---|---|
Regionale samarbeidsprosjekt | 2 500 |
Andre prosjekt | 2 820 |
Sum | 5 320 |
Post 79 Tilskot til verdsarven, kan overførast
Det er foreslått ei løyving på om lag 59,4 mill. kroner på posten for 2022.
Mål
Målet med tilskotsordninga er å medverke til å oppfylle forpliktingar Noreg har etter Unescos verdsarvkonvensjon av 1972. Ordninga skal òg medverke til at verdsarvområda blir utvikla som fyrtårn for den beste praksisen innan natur- og kulturmiljøforvaltning når det gjeld tilstand, forvaltning og formell sikring.
Tildelingskriterium
Tilskot kan gjevast til fylkeskommunar, kommunar, museum, organisasjonar, bedrifter og privatpersonar. Tilskot kan gjevast til prosjekt og tiltak som er knytte til områda i Noreg som er innskrivne på Unescos verdsarvliste, med tilhøyrande buffersoner. I særlege tilfelle kan det gjevast tilskot til prosjekt og tiltak i område som er oppførte på Noregs tentative liste.
Oppfølging og kontroll
Detaljert informasjon om rapporteringskrava blir gjeven i dei enkelte tilskotsbreva. Kontrollen av tilskotsbruken skjer gjennom generell formalia- og sannsynskontroll av innsende rapportar og rekneskap. Oppfølging på staden kan vere særleg aktuelt og viktig for å sikre at arbeidet blir utført i samsvar med retningslinjer og vilkår. Regionalforvaltninga rapporterer til Riksantikvaren.
Rapport 2020
I 2020 vart det frå post 79 samla brukt 70,237 mill. kroner på verdsarv. Av dette vart 65,1 mill. kroner brukte på dei 8 norske verdsarvstadene.
I tillegg er det i enkelte tilfelle gitt støtte til tiltak i verdsarvområda også frå andre postar.
Tabell 8.17 Tilskot til verdsarvområda i 2020 frå post 79
Verdsarvområda | Tilskot (i 1 000 kr) |
---|---|
Bryggen i Bergen | 14 400 |
Røros bergstad og Circum- ferensen | 13 200 |
Bergkunsten i Alta | 4 200 |
Vegaøyan | 4 0001 |
Vestnorsk fjordlandskap | 5 0001 |
Urnes stavkyrkje | 1 850 |
Struves meridianboge | 1 565 |
Rjukan–Notodden industriarv | 18 200 |
Foreninga Norges Verdensarv | 1 1222 |
Sum | 63 537 |
1 I tillegg kjem tilskot frå Miljødirektoratet, kap. 1420 post 81, og tilskot gjennom verdsarvsatsinga over Landbrukets utviklingsfond (LUF).
2 Norges Verdensarv har fått tilskot til Verdensarvforum og arbeidet med Basisutstillinga
Kap. 4429 Riksantikvaren
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2020 | Saldert budsjett 2021 | Forslag 2022 |
02 | Refusjonar og ymse inntekter | 1 204 | 2 808 | 2 721 |
09 | Internasjonale oppdrag | 4 393 | 3 529 | 3 420 |
Sum kap. 4429 | 5 597 | 6 337 | 6 141 |
Post 02 Refusjonar og ymse inntekter
Posten gjeld refusjonar og innbetalte midlar frå oppdragsverksemd for andre institusjonar m.m., jf. omtale under kap. 1429 post 01. Under posten er det budsjettert inntekter ved sal av Riksantikvarens rapportar og andre produkt og driftsvederlag frå Kongsvoll fjellstove. Meirinntekter under posten gjev grunnlag for meirutgifter under kap. 1429 post 01, jf. forslag til vedtak II nr. 1.
Post 09 Internasjonale oppdrag
Midlane på posten skal finansiere dei tilsvarande utgiftene til internasjonale oppdrag. Meirinntekter under posten gjev grunnlag for meirutgifter under kap. 1429 post 01, jf. forslag til vedtak II nr. 1.
Kap. 1432 Norsk kulturminnefond
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2020 | Saldert budsjett 2021 | Forslag 2022 |
50 | Til disposisjon for kulturminnetiltak | 126 292 | 119 614 | 121 340 |
Sum kap. 1432 | 126 292 | 119 614 | 121 340 |
Post 50 Til disposisjon for kulturminnetiltak
Norsk kulturminnefond er eit forvaltningsorgan med særskilde fullmakter. Midlane skal nyttast til kulturminnetiltak og til drift av administrasjonen og styret.
Kulturminnefondet har i hovudsak ansvaret for verneverdige kulturminne og kulturmiljø.
Det er foreslått ei løyving på om lag 121,3 mill. kroner på posten for 2022.
Mål
Medverke til å styrkje arbeidet med å bevare verneverdige kulturminne og kulturmiljø og til at eit mangfald av kulturminne og kulturmiljø kan nyttast som grunnlag for framtidig oppleving, kunnskap, utvikling og verdiskaping.
Gjennom målretta og systematisk oppfølging legg Kulturminnefondet vekt på «vern gjennom bruk», da dette er den beste forvaltninga av kulturminna. Prosjekta medverkar til utvikling av lokalsamfunn og lokalt næringsliv. Satsing på kulturminne som ressurs medverkar til positiv utvikling av byar og stader.
Den siste brukarundersøkinga viser at 83 pst. av alle søkjarane er tilfredse med kontakten med kulturminnefondet og meiner den faglege oppfølginga av prosjekta som kulturminnefondet tilbyr, er svært viktig. Fire av fem prosjekt som har fått tilsegn om midlar, ville ikkje blitt realiserte utan støtta frå fondet. Ein kan etter dette grovt sett rekne med at 5 000 prosjekt over heile landet neppe hadde blitt sette i stand utan støtta frå Kulturminnefondet.
Tilskot frå Kulturminnefondet løyser ut stor privat innsats i bevaringsarbeidet. I eit gjennomsnittleg prosjekt kjem 28 pst. av midlane frå staten gjennom Kulturminnefondet. 72 pst. av kjem frå eigaren sjølv i form av eigne midlar eller eigen innsats i prosjektet. Menon Economics har i evalueringa «Kulturminnefondets samfunnsnytte» funne at for kvar krone som blir løyvd frå Kulturminnefondet, blir det brukt 3,5 kroner på istandsetjing av kulturminnet. Dei dokumenterer samstundes at dei fleste kulturminna som blir sette i stand, ofte får ein ny bruk, og at det dermed blir etablert både verdiskaping og næringsverksemd som følgje av istandsetjing av kulturminne.
I 2021 har styret i Kulturminnefondet vedteke eit prøveprosjekt med støtte til rullande og rørlege kulturminne, dette sett i lys av Meld. St. 16 (2019–2020) Nye mål i kulturmiljøpolitikken – Engasjement, bærekraft og mangfold. Ordninga vil bli evaluert.
Kriterium for måloppnåing
Opplysningar om tiltak retta mot verneverdige og freda kulturminne og kulturmiljø.
Tildelingskriterium
Tilskotsmidlane blir fordelte av styret i Kulturminnefondet etter søknad. Kulturminnefondet skal vere eit lågterskeltilbod til private eigarar av verneverdige kulturminne og kulturmiljø. Tilskota blir i hovudsak tildelte istandsetjings- og sikringsprosjekt. Tilskot til prosjekt som fremjar verdiskaping, handverk, næringsverksemd og aktivitet i lokalsamfunnet, er prioriterte. Dette gjeld òg prosjekt som gjev synergieffektar, og som løyser ut private midlar eller mykje eigeninnsats. Samarbeid med eigarane av kulturminne og kulturmiljø er den viktigaste strategien for arbeidet i Kulturminnefondet.
Oppfølging og kontroll
Oppfølging skjer overfor tilskotsmottakarane gjennom generell formalia- og sannsynskontroll av rekneskap og sluttrapport frå tilskotsmottakaren. I mange tilfelle er det aktuelt med kontroll på staden for å sikre at tiltaka er gjennomførte etter antikvariske retningslinjer og andre føresetnader for tilskotet.
Rapport 2020
Kulturminnefondet behandla 1236 søknader fortløpande gjennom året i 2020. Av desse var 31 søknader om tilskot til fag- og handverksseminar. Samla søknadssum frå private eigarar av verneverdige kulturminne var på 331 mill. kroner. Det er stabilt stor interesse for å søkje Kulturminnefondet om støtte til istandsetjing av verneverdige kulturminne og kulturmiljø.
Programkategori 12.60 Nord- og polarområda
Hovudinnhald og prioriteringar
Utgiftene under programkategori 12.60 høyrer inn under resultatområda Naturmangfald, Forureining, Klima og Polarområda. Programkategorien omfattar verksemda til Norsk Polarinstitutt, Svalbards Miljøvernfond, Kings Bay AS, Bjørnøen AS og Fram – nordområdesenter for klima- og miljøforsking.
Løyvingane vil gå til forvaltninga av miljøet på Svalbard, miljøsamarbeidet under Arktisk råd, til miljøforvaltninga i Antarktis, til forsking og miljøovervaking og til drift av den polare forskingsinfrastrukturen vår i både nord og sør.
Regjeringa har som eit av dei overordna måla for svalbardpolitikken å ta vare på den særeigne villmarksnaturen på Svalbard. Dei spesifikke miljømåla for Svalbard går fram av Meld. St. 32 (2015–2016) Svalbard. Der er det mellom anna slått fast at innanfor dei rammene traktats- og suverenitetsomsyn set, skal miljøomsyn vege tyngst ved konflikt mellom miljøvern og andre interesser.
Klimautfordringane får allereie konsekvensar, og vil få større konsekvensar, både for økosystema som blir meir sårbare for ferdsel, for kulturmiljø og for befolkninga på Svalbard. Hovudprioriteringane for miljøarbeidet på Svalbard i 2022 er å sjå til at ferdsel og anna aktivitet skjer innanfor rammene som sikrar at samla miljøbelastning ikkje blir for stor.
Forsking og høgare utdanning er eit av dei viktigaste satsingsområda for norsk aktivitet og nærvær på Svalbard. Norsk Polarinstitutt har den norske vertskapsrolla i Ny-Ålesund og ansvaret for å implementere og følgje opp forskingsstrategien for Ny-Ålesund i dialog med Forskingsrådet og relevante departement og aktørar. Kings Bay AS skal sørgje for ei mest mogleg effektiv drift, vedlikehald og utvikling av Kings Bay sin eigedom, bygningsmasse og infrastruktur, slik at Ny-Ålesund blir utnytta best mogleg som ei norsk plattform for internasjonal, naturvitskapleg forskingssamarbeid i verdsklasse.
Av Meld. St. 32 (2014–2015) Norske interesser og politikk i Antarktis går det fram at eit av dei overordna måla for norsk Antarktis-politikk er at Noreg skal vere ein pådrivar for å verne om miljøet og tryggje dette området som eit referanseområde for forsking. Noreg skal gjennom aktiv deltaking i arbeidet under Antarktis-traktaten med tilhøyrande miljøprotokoll og forskingsinnsats medverke til eit globalt samarbeid for vern av det sårbare miljøet i Antarktis både i havet og på land.
Aktivitetar i Antarktis skal vidare planleggjast og gjennomførast på ein sikker og sjølvforsynt måte, og Noreg har medverka til å setje den aukande flytrafikken i Antarktis på dagsordenen.
Noreg skal gjennom Norsk Polarinstitutts forsking medverke til den internasjonale kunnskapsutviklinga i og om Antarktis og om kor viktig Antarktis er for globale klimaspørsmål.
Noreg deltek òg aktivt i arbeidet med nye marine verneområde i Antarktis, og det er ei prioritert oppgåve å styrkje kunnskapen om økosystema i Weddelhavet / Kong Haakon VII hav utanfor Dronning Maud Land.
Den norske heilårlege forskingsstasjonen Troll i Dronning Maud Land er den sentrale plattforma for norsk forsking i Antarktis. Utgiftene til drifta aukar, mellom anna på grunn av internasjonale marknads- og valutaforhold. Ettersom stasjonen no er 15 år gammal, aukar også utgifter til drifta knytt til vedlikehald og utskifting av utstyr. Statsbygg, som er eigar av bygningane på stasjonen, har på oppdrag frå Klima- og miljødepartementet sett i gang ei konseptvalutgreiing for framtidig oppgradering, for at Trollstasjonen skal kunne vere ei effektiv, trygg og driftssikker plattform for heilårleg norsk nærvær i Antarktis også dei kommande åra.
Miljø og klima er sentrale samarbeidstema i Arktisk råd. Noreg er ein pådrivar for dette samarbeidet og deltek aktivt i prosjektsamarbeidet i alle arbeidsgruppene i rådet. Innanfor Arktisk råd er spesielt prioriterte tema for Noreg klimaendringar, tiltak mot utslepp av kortliva klimaforureiningar, bevaring av arktisk biodiversitet, heilskapleg havforvaltning, marin forsøpling, tiltak mot forureining og miljøovervaking i Arktis.
Miljøvernsamarbeidet med Russland vil bli ført vidare innanfor Den norsk-russiske miljøvernkommisjonen og Barentssamarbeidet. Bilateralt er samarbeidet om forvaltning av miljøet i Barentshavet og grenseområda prioritert. Innanfor havmiljøsamarbeidet er samarbeid om økosystembasert forvaltning av Barentshavet og samarbeid med Russland om kartlegging og reduksjon av marin forsøpling dei viktigaste sakene. Miljøovervaking i grenseområda vil halde fram, mellom anna for å avdekkje kva verknad nedlegginga av nikkelproduksjonen på russisk side vil ha for miljøet. Innan Barentssamarbeidet er bevaring av naturmangfaldet, forvaltning av grensevassdrag og samarbeid om klimaspørsmål sentrale oppgåver, i tillegg til løysinga av dei store og samansette miljøutfordringane i russisk del av Barentsregionen.
I 2020 vart det fastsett ny organisatorisk struktur og leiing for Framsenteret i Tromsø, for å leggje til rette for effektiv styring og dynamisk vidareutvikling av det faglege samarbeidet der. I 2022 blir oppfølginga av strategiske tema knytte til forskingssamarbeidet, dei fem forskingsområda og formidlinga ei viktig oppgåve.
Resultatområde
Tabell 8.18 Resultatområde under programkategori 12.60
Resultatområdet | Resultatområdet |
---|---|
Polarområda |
|
Politikk og verkemiddel for å nå dei nasjonale måla for polarområda
Svalbard
Miljøarbeidet på Svalbard skal leggje vekt på å beskytte villmarksområda på Svalbard med naturverdiar, biologisk mangfald og kulturminne i ein situasjon med raske endringar i klimaet, der både natur og kulturminne er meir sårbare for belastninga av ferdsel. Forvaltninga vil sjå til at ferdsel og anna lokal verksemd skjer innanfor rammer som sikrar at den samla miljøbelastninga ikkje blir for stor framover, og skjer i tråd med dei miljømåla som er sette i Meld. St. 32 (2015–2016) Svalbard. Mellom anna vil ei framleis utvikling av miljøregelverket og utarbeiding av forvaltningsplanar vere viktige oppgåver. Miljøstyresmaktene skal òg sikre at forvaltningsverktøy er tilpassa den nye kunnskapen vi har fått, effektar av klimaendringane og ei forvaltning av artane i eit økosystembasert forvaltningsperspektiv i tråd med miljømåla på Svalbard. Det visast blant anna til at det basert på tilstandsvurderingar presenterte i rapporten Norwegian Arctic tundra: a panel-based assessment of ecosystem condition og på rapporten Panel-based assessment of ecosystem condition (PAEC) as a knowledge platform for ecosystem-based management of Norwegian Arctic tundra blir tilrådd å utvikle overordna forvaltningsstrategiar som vurderer kva høve forvaltninga har til å påverke utviklinga til desse sårbare økosystema.
Oppryddingsarbeidet etter avviklinga av gruveaktivitetane i Svea er i siste fase, og miljøstyresmaktene vil følgje opp føresegner om opprydding i svalbardmiljølova og vilkår for opprydding frå miljøstyresmaktene.
Det er ei prioritert oppgåve for miljøstyresmaktene å redusere lokale kjelder til forureining og avfall på Svalbard. Sysselmeisteren vil rettleie og følgje opp krava i forskrift om forureining og avfall som tredde i kraft 1. januar 2021. Miljøforvaltninga jobbar med å auke kunnskap om moglegheit og utfordringar knytt til sirkulær økonomi på Svalbard og vil halde fram med dette i 2022.
Sysselmeisteren har i 2021 begynt å jobbe med ein strategi for å redusere marin forsøpling på Svalbard. Arbeidet knytt til marin forsøpling vil halde fram i 2022.
Naturverdiar og kulturminne som ligg nær lokalsamfunna, er særleg viktige for reiselivet og lokalbefolkninga. For å bevare dei verdiane som skaper opplevinga, må dei vernast om. Skjøre kulturminne må sikrast. Nokre kulturminne er solide tekniske konstruksjonar etter gruveverksemd, medan andre er skjøre og lause gjenstandar og leivningar som er utsette for ulovleg tråkk og plukk. Miljøstyresmaktene er i nær dialog med lokale aktørar om dette. Prioriterte kulturminne skal sikrast med utgangspunkt i kulturminneplanen for Svalbard for 2013–2023. Miljøstyresmaktene arbeider med å revidere kulturminneplanen for Svalbard, og det vart i 2021 utarbeidd indikatorar for rapportering, slik at ein kan rapportere på det nasjonale miljømålet for kulturminne på Svalbard.
Klimaendringane fører til auka fare for flaum og skred. Ei viktig oppgåve for miljøforvaltninga framover blir difor å sjå til at areal- og samfunnsplanlegging tek omsyn til klimaendringane og til natur- og kulturminne innanfor planområdet.
Antarktis
Noreg vil delta aktivt i arbeidet med oppfølging av Antarktistraktat-systemets klimahandlingsplan.
Det er aukande flytrafikk i Antarktis, og arbeidet med å vurdere nye reguleringar av flytrafikken av omsyn til miljø og tryggleik vil halde fram.
Områdebaserte tiltak, som marine verneområde, er eit viktig element for å ta vare på og sikre berekraftig bruk av marine ressursar og økosystem. Noreg deltek òg aktivt i arbeidet med nye marine verneområde i Antarktis. For å styrkje kunnskapen om økosystema i Weddelhavet / Kong Haakon VII hav utanfor Dronning Maud Land vart data innhenta under det omfattande toktet til Antarktis sørsommaren 2019 med det nye forskingsfartøyet «FF Kronprins Haakon». Norsk Polarinstitutt vil i 2022 arbeide vidare med kunnskapen basert på data frå toktet.
På grunn av covid-19 vart det konsultative møtet under Antarktistraktaten avlyst i 2020. Arbeidet under traktaten har likevel halde fram, og eit nettbasert møte vart gjennomført i juni 2021. Samarbeidet om vern og andre tiltak for å avgrense menneskeleg påverknad, drøftingar av konsekvensane av global oppvarming, auka forsking og overvaking av miljøet og sjøkartlegging, i tillegg til arbeidet med kunnskap om effektane av turismen og vidare utvikling av retningslinjer for besøkjande, vil halde fram i 2022.
Spesialrapporten om hav og is frå FNs klimapanel (Special Report on the Ocean and Cryosphere in a Changing Climate) frå september 2019 peiker på at vi treng meir kunnskap om Antarktis og kva endringane der vil ha å seie for det globale klimaet og havnivået i framtida. Det er mellom anna viktige kunnskapsutfordringar knytte til havsirkulasjon, havforsuring og marine og kryosfæriske økosystem.
Norsk Polarinstitutt har ei nøkkelrolle i norsk antarktisadministrasjon, og det har òg som viktig oppgåve å skaffe fram forskingsbasert kunnskap som medverkar til at Noreg på best mogleg måte oppfyller forpliktingane sine som traktatpart. Noreg skal òg gjennom Norsk Polarinstitutts forsking medverke til den internasjonale kunnskapsutviklinga i og om Antarktis. Det er ei prioritert forskingsoppgåve å få meir kunnskap om samspelet mellom isbremmane, innlandsisen og havet i Antarktis og kva dette inneber for framtidig havnivåstigning og andre globale klima- og miljøspørsmål. Mellom anna på grunn av klimaendringane og arbeidet med marine verneområde i Antarktis er denne oppgåva svært viktig.
Arktisk råd
Regionalt samarbeid er avgjerande for å handtere utfordringane i Arktis. Noreg vil framleis arbeide for at Arktisk råd skal vere den sentrale møteplassen for det regionale klima- og miljøsamarbeidet. Noreg vil halde fram med å spele ei aktiv rolle i Arktisk råd og i arbeidsgruppene i rådet, der samarbeid om klima og miljø står sentralt. Arktisk råd har ei viktig rolle i å setje saman og vurdere vitskapleg kunnskap om klimaendringane og miljøet i Arktis. Dette er viktig som grunnlag for samarbeid om forvaltning av miljøet i Arktis og for internasjonale avtaler som gjeld forureining og klima. Rådet har konkrete samarbeidsprosjekt som gjeld bevaring av naturmangfaldet og det marine miljøet i Arktis, og tiltak for å redusere kjelder til forureining. Tiltak for å redusere klimaendringane er det viktigaste vi kan gjere for å ta vare på det arktiske miljøet, og tiltak for å redusere utslepp av svart karbon (sot) vil ha særskilt stor betydning i Arktis. Arktisk råd har vedteke eit kollektivt reduksjonsmål for svart karbon, og landa skal rapportere resultat annakvart år (sjå omtale i programkategori 12.70). Rådet arbeider òg med å styrkje samarbeidet mellom dei arktiske landa om å ta vare på dei arktiske havområda og har utvikla ein regional handlingsplan mot marin forsøpling i Arktis. Noreg er ein pådrivar i rådet sitt arbeid for å redusere utslepp av svart karbon, styrkje havsamarbeidet og dokumentere effektane av klimaendringar på økosystema i Arktis. Vurderingar av klimaendringar og forureining i Arktis, bevaring av biologisk mangfald og heilskapleg forvaltning av det marine miljøet vil framleis stå sentralt for Noregs arbeid i Arktisk råd i 2022. Noreg vil medverke aktivt i Arktisk råds arbeid med prosjekt og oppfølgingsplanar på desse områda og leggje til rette for at kunnskap og tilrådingar som blir skaffa fram, blir tekne i bruk og implementerte i forvaltninga.
Miljøvernsamarbeidet med Russland
Samarbeidet innanfor Den norsk-russiske miljøvernkommisjonen og miljøvernsamarbeidet i Barentsregionen blir ført vidare.
I Den norsk-russiske miljøvernkommisjonen er samarbeid om eit fagleg grunnlag for forvaltningsplanar for Barentshavet høgt prioritert. Eit samordna norsk-russisk program med overvaking av miljøet i Barentshavet og presentasjon av felles resultat i miljødataportalen Barentsportal er viktige element i samarbeidet. Samarbeid med Russland om kartlegging og reduksjon av marin forsøpling i Barentshavet er òg ei høgt prioritert oppgåve.
Smelteverket i Nikel nær grensa til Noreg vart lagt ned i desember 2020. Det betyr at ei stor kjelde til lokal luftforureining i grenseområda er vekk. Miljøovervaking i grenseområda saman med russiske partnarar vil halde fram for å dokumentere effekten av reduserte utslepp og for å gje god miljøinformasjon til lokalbefolkninga. Andre viktige samarbeidsområde er tiltak for betre miljøtilstand i Pasvikvassdraget og Grense Jakobselv og samarbeid om forvaltning av verneområda ved grensa.
I miljøarbeidsgruppa under Barentsrådet står samarbeid om grensekryssande vassressursar og naturmangfaldet i regionen, reduksjon av forureining og klimaspørsmål sentralt. Ei høgt prioritert oppgåve er å medverke til å løyse dei store og samansette miljøutfordringane i russisk del av Barentsregionen, såkalla hot spots.
Forsking og miljøovervaking i nord- og polarområda
Situasjonen i polarområda gjev nye kunnskapsutfordringar knytte til miljø og klima. Å utvikle kunnskap og forståing av korleis miljø i Arktis og Antarktis blir påverka av klimaendringar, havforsuring, forureining og auka aktivitet, er difor ein særs viktig del av både det nasjonale arbeidet og det internasjonale samarbeidet i nord- og polarområda. Grunnlaget for Noregs bidrag til dette samarbeidet er den nasjonale satsinga på kunnskap om klima og miljø.
Sentrale verkemiddel med omsyn til polar kunnskapsproduksjon er Norsk Polarinstitutt, Fram – Nordområdesenter for klima- og miljøforsking og infrastrukturen vår for polarforsking, inkludert det isgåande forskingsfartøyet F/F «Kronprins Haakon» og forskingsstasjonane Ny-Ålesund og Troll.
Det blir arbeidd med å betre parametrar for miljøovervaking av kulturminna.
Svalbard er ei særs viktig plattform for internasjonalt samarbeid om naturvitskapleg forsking i Arktis. Polarinstituttet har ansvaret for å implementere og følgje opp forskingsstrategien for Ny-Ålesund i dialog med Forskingsrådet og relevante departement og aktørar.
Ein internasjonal evalueringskomité kom i 2019 med ei rapport som viser at Framsenteret har vore ei svært vellykka satsing i nord som har nådd måla med høg produksjon av tverrfagleg forvaltningsrelevant forsking på klima og miljø i nordområda. Den faglege satsinga i Framsenteret vil bli ført vidare, og arbeidet med strategisk vidareutvikling av forskingssamarbeidet ved senteret blir styrkt gjennom den nye styringsmodellen som vart innført i 2020.
Nærmare om budsjettforslaget
Foreslått løyving knytt til programkategorien for 2021 er på 447,0 mill. kroner. Dette er ein reduksjon på om lag 4,9 mill. kroner, eller 1,1 pst., samanlikna med saldert budsjett for 2021. Dette kjem av både inntekter og utgifter til Svalbards Miljøvernfond er redusert på grunn av innreiserestriksjonar på Svalbard som følgje av pandemien som vi også trur vil gjelde for delar av 2022.
Utgifter under programkategori 12.60 fordelte på kapittel
(i 1 000 kr) | |||||
---|---|---|---|---|---|
Kap. | Nemning | Rekneskap 2020 | Saldert budsjett 2021 | Forslag 2022 | Endring i pst. |
1471 | Norsk Polarinstitutt | 381 606 | 341 911 | 345 488 | 1,0 |
1472 | Svalbards miljøvernfond | 5 191 | 20 658 | 10 329 | -50,0 |
1473 | Kings Bay AS | 70 093 | 36 010 | 36 946 | 2,6 |
1474 | Fram – Nordområdesenter for klima- og miljøforsking | 51 768 | 53 321 | 54 268 | 1,8 |
Sum kategori 12.60 | 508 658 | 451 900 | 447 031 | -1,1 |
Kap. 1471 Norsk Polarinstitutt
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2020 | Saldert budsjett 2021 | Forslag 2022 |
01 | Driftsutgifter | 261 339 | 241 105 | 242 578 |
21 | Spesielle driftsutgifter, kan overførast | 119 745 | 100 271 | 102 364 |
50 | Stipend | 522 | 535 | 546 |
Sum kap. 1471 | 381 606 | 341 911 | 345 488 |
Rolle og oppgåver for Norsk Polarinstitutt:
Norsk Polarinstitutt er den sentrale statsinstitusjonen for kartlegging, miljøovervaking og forvaltningsretta forsking i Arktis og Antarktis, jf. Meld. St. 32 (2015–2016) Svalbard, Meld. St. 32 (2014–2015) Norske interesser og politikk i Antarktis, Meld. St. 33 (2014–2015) Norske interesser og politikk for Bouvetøya, fagleg og strategisk rådgjevar overfor den sentrale forvaltninga og fagleg rådgjevar for Miljødirektoratet og Sysselmeisteren i polarspørsmål.
Instituttet skal vidare
halde ved lag ein brei forskingsbasert kompetanse på område der miljøforvaltninga har eit direkte forvaltningsansvar i nord- og polarområda eller har ei heilt sentral pådrivarrolle både nasjonalt og i internasjonale prosessar. Det omfattar klimaprosessar og klimaendringar og effektane av desse på naturen og viltforvaltning, område- og habitatvern og miljøgift-/forureiningsproblematikk.
forvalte og formidle forskings- og miljødata frå polarområda
ha ansvar for topografisk og geologisk kartlegging av landområda på Svalbard og norske biland og territorialkrav i Antarktis
utvikle, revidere og leie overvakingsprogram og system for miljøovervaking av norsk Arktis
medverke til å stimulere og koordinere nasjonal og internasjonal forsking på Svalbard gjennom å samarbeide om forskingsprosjekt og gje tilgang til instituttets infrastruktur, så som forskingsstasjon, feltutstyr og transport, mot dekning av kostnadene instituttet får
følgje opp og gjennomføre norsk miljølovgjeving i Antarktis
medverke til å ta hand om kunnskapsbehovet forvaltninga har
fremje miljøforsking og forvaltningsrådgjeving innan det bilaterale norsk-russiske miljøsamarbeidet
utforske og overvake det marine miljøet i det nordlege Barentshavet
delta i Fagleg forum for økosystembasert forvaltning av norske havområde
representere Noreg i internasjonale samarbeidsforum og formidle kontakt mellom norske og internasjonale fagmiljø
medverke til å styrkje Framsenteret
utvikle samarbeidet med dei andre forskingsinstitusjonane og universitet
formidle utovervend informasjon om polarområda i alle relevante kanalar
vere vertskap og ha ansvaret for å setje i verk forskingsstrategien for Ny-Ålesund
Post 01 Driftsutgifter
Midlane under denne posten er retta mot resultatområda Naturmangfald, Forureining, Klima og Polarområda. Foreslått løyving er på om lag 239,9 mill. kroner på posten for 2022, som er ei auke på 1,5 mill. kroner samanlikna med 2021. Løyvinga under posten er redusert med 2,7 mill. kroner grunna ny premiemodell for betaling av pensjonspremie, 0,9. mill. kroner grunna gevinstuttak knytt til forventa lågare reiseutgifter, sjå nærmare omtale under del I kap 3, samt 1,2 mill. kroner grunna avbyråkratiserings- og effektivitetsreforma. Vidare er posten auka som følje av lønnsoppgjeret i staten i 2021 og prisjustering.
Posten dekkjer utgifter som Norsk Polarinstitutt har til lønn og godtgjersler for fast og mellombels tilsette. Vidare dekkjer posten ordinære driftsutgifter, drift av forskingsstasjon og luftmålestasjon i Ny-Ålesund og fartøy og utgifter knytte til den samla forskings- og ekspedisjonsverksemda til instituttet.
Posten dekkjer elles utgifter knytte til sals- og oppdragsverksemd. Dei tilhøyrande inntektene er førte under kap. 4471 postane 01 og 03. Løyvinga kan overskridast dersom det er tilsvarande meirinntekt under dei to nemnde postane, jf. forslag til vedtak II.
Rapport 2020
Polarinstituttet har i 2020 brukt om lag 37 pst. av løyvinga si til lønns- og driftsutgifter knytte til administrasjon, kommunikasjon, drift av bygningar på Svalbard og i Tromsø, drift av forskingsfartøyet F/F «Kronprins Haakon» og andre felleskostnader. Dei resterande 63 pst. er lønn og andre utgifter knytte til forskingsavdelinga og programområda Polhavet, Ny-Ålesund, Antarktis og Svalbard og miljø- og kartavdelinga.
Av forbruket på denne posten korresponderer om lag 87 mill. kroner med inntekter på kap. 4471. Dette er nesten alt saman knytt til ekstern finansiering av forskingsaktivitet frå mellom anna Forskingsrådet og EU.
Post 21 Spesielle driftsutgifter, kan overførast
Midlane under denne posten er retta mot resultatområdet Polarområda. Foreslått løyving er på om lag 102,4 mill. kroner på posten for 2022, ei auke på 2,0 mill. kroner samanlikna med 2021.
Posten dekkjer utgifter til vitskapleg samarbeid i Antarktis der midlane gjeld deltaking i det internasjonale Antarktis-samarbeidet og midlar til gjennomføring av dei norske Antarktis-ekspedisjonane.
I tillegg til forskingsaktivitet skal løyvinga dekkje drift av forskingsstasjonen Troll og det internasjonale DROMLAN-prosjektet (Dronning Maud land Air Network). Noregs forsking i Antarktis medverkar til det internasjonale arbeidet for å bevare Antarktis som det reinaste og minst påverka villmarksområdet i verda.
Posten dekkjer elles utgifter knytte til drift av TrollSat. Dei tilsvarande inntektene er førte under kap. 4471 post 21. Løyvinga kan overskridast dersom det er tilsvarande meirinntekt under den nemnde posten, jf. forslag til vedtak II.
Rapport 2020
Av midlane på denne posten vart om lag 95 pst. brukte til lønn til dei som arbeider på Troll-stasjonen og drift av bygningar i Antarktis, fartøyleige, helikopterleige og andre logistikkutgifter. Den resterande delen av løyvinga, cirka 5 pst., går til forsking. Av forbruket på denne posten korresponderer om lag 23 mill. kroner med inntekter på kap. 4471.
Post 50 Stipend
Midlane under denne posten er retta mot resultatområda Forureining, Klima og Polarområda. Foreslått løyving er på om lag 0,5 mill. kroner på posten for 2022.
Mål
Stipendmidlane skal auke rekrutteringa til og kompetansen innanfor den norske polarforskinga. Midlane er eit viktig og effektivt verkemiddel for å stimulere norsk polarforsking på Svalbard. Støtte blir primært gjeven til norske hovudfags- og doktorgradstudentar. Støtta skal dekkje ekstrautgifter ved opphald i felt.
Kriterium for måloppnåing
Talet på hovudfagsoppgåver og doktorgradar med polarforsking som emne.
Tildelingskriterium
Det blir lagt vekt på relevante polare problemstillingar, fagleg kvalitet og i kor stor grad temaet ligg til rette for forsking.
Oppfølging og kontroll
Kravet er rekneskapsoversikt og ein kort fagleg rapport om gjennomføringa.
Rapport 2020
Av 103 søknader vart 58 finansierte med totalt 3,7 mill. kroner. Av dette var 0,5 mill. kroner midlar frå Norsk Polarinstitutt.
Dei viktigaste norske institusjonane som fekk støtte, var Universitetssenteret på Svalbard (16), Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet (13), UiT Noregs arktiske universitet (7), Universitetet i Oslo (6) og Norsk Polarinstitutt (6).
Kap. 4471 Norsk Polarinstitutt
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2020 | Saldert budsjett 2021 | Forslag 2022 |
01 | Sals- og utleigeinntekter | 5 672 | 6 674 | 6 814 |
03 | Inntekter frå ymse tenesteyting | 82 934 | 65 438 | 66 804 |
21 | Inntekter, Antarktis | 23 024 | 14 619 | 14 924 |
Sum kap. 4471 | 111 630 | 86 731 | 88 542 |
Post 01 Sals- og utleigeinntekter
Salsinntektene gjeld sal av kart, flybilete og publikasjonar, medan utleigeinntektene gjeld utleige av feltutstyr, transportmiddel, mellom anna utleige av forskingsfartøy, og andre inntekter. Kap. 1471 post 01 kan overskridast tilsvarande eventuelle meirinntekter under denne posten, jf. forslag til vedtak II.
Post 03 Inntekter frå diverse tenesteyting
Oppdragsinntektene gjeld inntekter frå eksterne oppdrag for andre offentlege instansar og frå det private næringslivet. Meirinntekter under denne posten gjev grunnlag for tilsvarande meirutgifter under kap. 1471 post 01, jf. forslag til vedtak II.
Post 21 Inntekter, Antarktis
Posten gjeld refusjon av utgifter Norsk Polarinstitutt har for andre land og verksemder knytte til Antarktis-samarbeidet. I hovudsak gjeld dette refusjon av driftsutgiftene ved TrollSat i medhald av avtale med Kongsberg Satellite Services og inntekter frå flygingar knytte til DROMLAN-samarbeidet. Meirinntekter under denne posten gjev grunnlag for tilsvarande meirutgifter under kap. 1471 post 21, jf. forslag til vedtak II.
Kap. 1472 Svalbards miljøvernfond
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2020 | Saldert budsjett 2021 | Forslag 2022 |
50 | Overføringar til Svalbards miljøvernfond | 5 191 | 20 658 | 10 329 |
Sum kap. 1472 | 5 191 | 20 658 | 10 329 |
Svalbards miljøvernfond gjev tilskot til tiltak for å verne om naturmiljø og kulturminne på Svalbard, i samsvar med svalbardmiljølova, forskrift om tilskot frå Svalbards miljøvernfond, vedtekta til fondet og det årlege tildelingsbrevet. Fondet får i hovudsak inntekter frå ei miljøavgift på 150 kroner for reisande til Svalbard, jf. forskrift om miljøavgift for tilreisande til Svalbard. Sysselmeisteren er sekretariat for fondet. Vedtak om tildelingar blir gjorde av eit styre som er oppnemnt av Klima- og miljødepartementet. Både fondskapitalen og avkastninga blir nytta til skjøtsel, vedlikehald og gransking av kulturminne, informasjons- og opplæringstiltak og prosjekt med formål om å undersøkje eller gjenreise miljøtilstanden.
Fondet skal ikkje brukast til å dekkje forvaltninga sine ordinære administrative utgifter, oppgåver eller drift.
På grunn av situasjonen rundt virusutbrotet vil inntekta også i 2022 bli lågare enn i 2019, som følgje av færre tilreisande til Svalbard, men vil truleg bli noko høgare i 2022 enn prognosen for 2021. Regjeringa foreslår for 2022 ei løyving på kap. 1472, post 50 Svalbards miljøvernfond på 10,3 mill. kroner.
Rapport for 2020
I 2020 vart det gjeve 18 tilsegner til ulike prosjekt på til saman 2,467 mill. kroner. Informasjon om desse prosjekta finst på heimesida til fondet: https://www.miljovernfondet.no/. Sidan fondet vart operativt i 2007 og til og med 2020, er det gjeve støtte til over 710 prosjekt med ein samla sum på 172 mill. kroner.
Post 50 Overføringar til fondet
Posten skal berre nyttast til overføring av inntektene frå kap. 5578 post 70 Sektoravgifter under Svalbards miljøvernfond. Posten er redusert med om lag 10,3 mill. kroner fordi talet på besøkjande til Svalbard er minka sidan koronapandemien byrja.
Kap. 5578 Sektoravgifter under Klima- og miljødepartementet
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2020 | Saldert budsjett 2021 | Forslag 2022 |
70 | Sektoravgifter under Svalbards miljøvernfond | 6 197 | 20 670 | 10 341 |
Sum kap. 5578 | 6 197 | 20 670 | 10 341 |
Post 70 Sektoravgifter under Svalbards miljøvernfond
Denne posten blir nytta til avgifter som, i samsvar med svalbardmiljølova, skal overførast til Svalbards miljøvernfond. Miljøavgift for reisande til Svalbard er hovudinntektskjelda til fondet, men under denne posten blir det òg budsjettert med sal av jakt- og fiskekort med meir. Løyvinga på denne posten er òg redusert med om lag 10,3 mill. kroner, sjå også kap. 4472 post 50.
Meirinntekter under kap. 5578 post 70 gjev grunnlag for tilsvarande meirutgifter som er budsjetterte under kap. 1472 Svalbards miljøvernfond, jf. forslag til vedtak II.
Kap. 1473 Kings Bay AS
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2020 | Saldert budsjett 2021 | Forslag 2022 |
70 | Tilskot | 70 093 | 36 010 | 36 946 |
Sum kap. 1473 | 70 093 | 36 010 | 36 946 |
Midlane under denne posten er retta mot resultatområdet Polarområda. Tilskotet skal gå til investeringar og drift i Kings Bay AS og nødvendige utgifter til administrasjon av Bjørnøen AS. Posten er auka som følgje av prisjustering. Foreslått løyving på posten er på om lag 36,9 mill. kroner for 2022.
Kings Bay AS eig grunnen og dei fleste bygningane i Ny-Ålesund og har ansvar for drift og utvikling av infrastruktur på staden. Selskapet er 100 pst. eigd av staten, og Klima- og miljødepartementet utøver statens eigarinteresser. Målet med den statlege eigarskapen er å syte for mest mogleg effektiv drift, vedlikehald og utvikling av Kings Bay AS’ eigedom, bygningsmasse og infrastruktur, slik at Ny-Ålesund blir utnytta best mogleg i samsvar med forskingsstrategien for Ny-Ålesund. Driftskonseptet til selskapet er å leige ut fasilitetar til forskarar og tilby kost og losji i tillegg til ei rekkje andre tenester under opphaldet. Rundt 20 institusjonar har kvart år forskingsprosjekt i Ny-Ålesund. Selskapet er avhengig av tilskot over statsbudsjettet for å utføre dei samfunnsoppgåvene som det er pålagt. Tilskotet skal dekkje investeringar, eventuelt driftsunderskot i Kings Bay AS og nødvendige utgifter til administrasjon av Bjørnøen AS.
I mai 2018 la regjeringa fram ein strategi for forsking og høgare utdanning på Svalbard. Strategien legg vekt på at forskinga i Ny-Ålesund konsekvent utnyttar det særeigne ved staden som eit reint, naturvitskapleg laboratorium. Vidare fastset strategien at utvikling og forvaltning av bygningsmasse, infrastruktur og tenestetilbod i Ny-Ålesund skal byggje opp under prioriterte, heilskaplege satsingar. Noregs forskingsråd la i mai 2019 fram ein eigen forskingsstrategi for Ny-Ålesund.
I 2022 er vidareutvikling og tilrettelegging av selskapets bygningsmasse og infrastruktur i samsvar med forskingsstrategien for Ny-Ålesund ei viktig oppgåve for selskapet. Dette arbeidet skjer i nært samarbeid med Norsk Polarinstitutt, som har oppgåva med å gjennomføre forskingsstrategien for Ny-Ålesund.
Rapport 2020
Covid-19-pandemien førte til reduksjon av forskardøgn frå 15 115 i 2019 til 8 127 i 2020. Refundamentering av Service- og administrasjonsbygget på grunn av nedsigingsskadar har gått som planlagt, arbeidet er ferdig, og bygget vart offisielt opna av Klima- og miljøministeren i juni. Bygget er viktig for å fremje felles bruk av bygningar og infrastruktur blant forskarar. Selskapet har i arbeidet med klimavennleg energileveranse sett i verk tiltak som har redusert dieselforbruket betydeleg. Selskapet har, saman med Norsk Polarinstitutt, hatt dialog med fleire universitet for å fremje bruken av Ny-Ålesund forskingsstasjon.
På grunn av koronapandemien svikta inntektene frå besøkande forskarar i Kings Bay AS i 2020 og 2021, slik at selskapet ikkje kunne dekkje dei løpande kostnadene utan å få tilført ekstra midlar til drift. Både i revidert nasjonalbudsjett for 2020, ny saldering for 2020 og i ekstraordinær koronaproposisjon i 2021 fekk selskapet tilført ekstra midlar, men det er likevel eit etterslep i planlagde investeringar og vedlikehald.
I 2020 har Kings Bay samarbeidd med Norsk Polarinstitutt om ein ny kommunikasjons- og merkevarestrategi for Ny-Ålesund. Formålet er mellom anna å synleggjere plassen, aktivitetane og høvet til å drive forsking og miljøovervaking i Ny-Ålesund. Selskapet har òg eit målretta arbeid for å sikre at aktivitetane i Ny-Ålesund er i tråd med miljøregelverket og tek omsyn til sårbar natur og kulturminne på staden.
Kap. 1474 Fram – Nordområdesenter for klima- og miljøforsking
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2020 | Saldert budsjett 2021 | Forslag 2022 |
01 | Driftsutgifter, kan nyttast under postane 50 og 70 | 247 | ||
50 | Tilskot til statlege mottakarar, kan overførast, kan nyttast under post 70 | 26 627 | 24 509 | 25 020 |
70 | Tilskot til private mottakarar, kan overførast, kan nyttast under post 50 | 25 141 | 28 812 | 29 001 |
Sum kap. 1474 | 51 768 | 53 321 | 54 268 |
Midlane under dette kapittelet skal gå til å styrkje og skaffe framifrå ny kunnskap om klima og miljø og om miljøkonsekvensar av ny næringsverksemd i nord. Kunnskapen skal setje oss i stand til å forvalte hav- og landområda våre i nord og dei ressursane som finst der, på ein enda betre måte, og sikre at ny næringsverksemd på dette området skjer innanfor miljøforsvarlege rammer. Betre kunnskap om klima og miljø har avgjerande verdi for ressursforvaltning, klimatilpassing, samfunnsplanlegging og beredskap i nord.
Det vart etablert ein ny organisering for Framsentersamarbeidet i 2020 med ei styringsgruppe som det leiande organ. Styringsgruppa fastsette ein ny strategi for forskingssamarbeidet i Framsenteret i 2021, og den faglege aktiviteten vil frå 2022 gå føre seg innanfor fem forskingsområde.
Dei fem forskingsområda er:
Miljøendringar i Polhavet
Samla belastning og multi-stress i nordområdas økosystem
Areal under press og berekraftig utvikling
Klimaendringa og andre påverknader på koplinga mellom økosystem på land og vann
Nye verktøy for forskinga i nord
Post 01 Driftsutgifter, kan nyttast under postane 50 og 70
Foreslått løyving på posten er 0,2 mill. kroner og dekkjer lønns- og reiseutgifter til leiar av styringsgruppa for Framsenteret.
Post 50 Tilskot til statlege mottakarar, kan overførast, kan nyttast under post 70
Foreslått løyving på posten inklusiv prisjustering er på om lag 25 mill. kroner.
Mål
Midlane skal gå til dei statlege partnarane i Framsenteret, med mål om å gjennomføre forvaltningsrelevant klima- og miljøforsking av høg kvalitet i nasjonale og internasjonale nettverk og til å delta i og utvikle vidare både nasjonalt og internasjonalt tverrfagleg forskingssamarbeid. Midlane skal òg gå til aktiv formidling av forskingsresultat frå klima- og miljøforsking i nord til næringsliv, skuleverk, forvaltningsnivå og eit breitt publikum.
Kriterium for måloppnåing
skaffe fram og publisere ny kunnskap av framifrå kvalitet
medverke til etablering av forskarutdanning og mastergradutdanning gjennom samarbeid med relevante institusjonar innan høgare utdanning innanfor klima og miljø
etablere fagleg forskingssamarbeid mellom relevante nasjonale institusjonar, fylle «kunnskapshòl» og gje nasjonal meirverdi
etablere gode forskingsretta nettverk nasjonalt og internasjonalt og samarbeide med dei andre FoU-miljøa i landsdelen
fleirfaglege og tverrfaglege samarbeidsprosjekt mellom institusjonane og forskarar med naturvitskapleg, teknologisk og samfunnsvitskapleg kompetanse
formidle forskingsresultat til brukarane, til dømes forvaltninga, næringslivet, skuleverket, andre relevante brukarar og eit breitt publikum
Tildelingskriterium
Prosjekta må liggje innanfor dei vedtekne faglege satsingsområda, må vere tverrfaglege, forvaltningsrelevante for nordområda og vere eit samarbeid mellom medlemmene i senteret.
Oppfølging og kontroll
Leiarane for kvar av dei faglege satsingsområda er pålagde saman med dei andre deltakarane i forskingsområdet å rapportere årleg om forskingsaktivitet som er sett i gang, og oppnådde resultat innan 30. november.
Post 70 Tilskot til private mottakarar, kan overførast, kan nyttast under post 50
Midlane skal gå til dei ikkje-statlege partnarane i Framsenteret, til dei same formåla som for post 50, og kriterium for måloppnåing, rapportering og tildeling, oppfølging og kontroll er dei same. Foreslått løyving er på om lag 29 mill. kroner på posten for 2022. Sjå elles omtalen under post 50 ovanfor. Posten dekkjer òg driftstilskot til Framsenteret AS.
Rapport 2020
Framsenteret har vore involvert i stor nasjonal og internasjonal forskingsaktivitet i 2020. Det vart løyvd midlar til 68 forskingsprosjekt .
Forskingsresultat vart publisert gjennom 84 publikasjonar og artiklar i internasjonale tidsskrift. I tillegg vart forskingsresultat publiserte i Framsenterets eigen rapportserie og formidla på Framsenterets nettside og gjennom ei rekkje kanalar, inkludert sosiale medium. Årets utgåve av Fram Forum vart produsert og gjeve ut på engelsk i elektronisk utgåve med global distribusjon. Hausten 2020 gjennomførte Framsenteret ein serie webinarer med gode sjåartal.
Programkategori 12.70 Internasjonalt klimaarbeid
Hovudinnhald og prioriteringar
Utgiftene under programkategori 12.70 gjeld resultatområdet Klima. Kategorien omfattar verksemda til Klima- og miljødepartementet med kjøp og sal av kvotar og arbeidet departementet gjer med Klima- og skoginitiativet.
Klimautfordringa kan berre løysast gjennom eit globalt samarbeid. Noreg skal vere ein pådrivar i det internasjonale klimaarbeidet. Klima- og skoginitiativet er Noregs største internasjonale klimasatsing og saman med kjøp av klimakvotar det viktigaste bidraget vårt til å redusere utslepp i utviklingsland. Andre hovudinnsatsområde i det internasjonale klimaarbeidet – Parisavtalen, klimafinansiering, utviklinga av internasjonale karbonmarknader og utfasing av subsidiar til fossile brensel, utslepp frå internasjonal transport og kortliva klimaforureiningar – er også omtalte i dette kapittelet. Covid-19-pandemien har prega alle land i 2020 og vil òg gjere det i 2021. Det vil påverke det internasjonale samarbeidet særskilt. Den økonomiske nedgangen som følgjer av pandemien, saman med helseutfordringane han gjev, set utviklingslanda under eit særleg stort press.
Budsjettmidlar knytte til Parisavtalen og kortliva klimaforureiningar er omtalte under programkategori 12.10 Fellesoppgåver, forsking, internasjonalt arbeid m.m. Mykje av det internasjonale klimaarbeidet som er omtalt i dette kapittelet, er finansiert over Utanriksdepartementets budsjett.
Parisavtalen
Parisavtalen var eit vendepunkt for internasjonalt samarbeid på klimaområdet og representerer saman med klimakonvensjonen eit solid rammeverk for global klimainnsats. 191 partar har ratifisert avtalen. USA er tilbake i Parisavtalen etter at dei melde seg ut av Parisavtalen, det har i 2021 gjeve ein positiv stimulans til arbeidet under Parisavtalen.
Det overordna formålet med Parisavtalen er å styrkje den globale innsatsen mot klimaendringane. Målet er å halde den globale temperaturauken til godt under 2 gradar samanlikna med førindustrielt nivå og å søkje å halde oppvarminga til 1,5 gradar. Dessutan skal evna til å handtere skadeverknadene av klimaendringane styrkjast i landa. Det er òg eit formål at finansstraumar skal bli meir i samsvar med ei klimarobust lågutsleppsutvikling. Med Parisavtalen tek alle statar på seg å utarbeide, melde inn, halde ved lag og rapportere på suksessive nasjonalt fastsette bidrag (Nationally Determined Contributions) og å setje i verk nasjonale tiltak med sikte på å nå dei.
I 2020 skulle landa melde inn nye eller oppdaterte nasjonalt fastsette bidrag under Parisavtalen. Da COP 26 vart utsett, har arbeidet med forsterka mål halde fram inn i 2021, Noreg melde inn eit slikt forsterka mål den 7. februar 2020. Noreg var det tredje landet i verda som melde inn eit forsterka mål til FN. Målet er å redusere utsleppa med minst 50 pst. og opp mot 55 pst. innan 2030, samanlikna med 1990-nivået. Noreg har allereie forplikta seg til å samarbeide med EU om å redusere utsleppa med minst 40 pst. innan 2030. Vi ønskjer òg å oppfylle forsterkinga saman med EU. EU melde inn eit mål om å redusere netto utslepp med 55 pst. innan 2030 i desember 2020. USA har meldt inn eit nytt mål om å redusere utsleppa med 50–52 pst. innan 2030 samanlikna med utsleppa i 2005, og innan 2050 er målet at USA har netto null utslepp. Storbritannia, Japan og Canada har òg meldt inn ambisiøse forsterka klimamål under Parisavtalen. Mange andre land har òg forsterka måla sine. Forsterka utsleppsmål frå mange av dei store utviklingslanda har ikkje kome. Kina har sett eit mål om karbonnøytralitet i 2060, og det er eit positivt signal, men dei har ikkje forsterka målet sitt under Parisavtalen.
Dei nasjonalt fastsette bidraga som no ligg til grunn for Parisavtalen, er likevel langt unna den utviklingsbanen som er i tråd med temperaturmålet i avtalen. Det er difor stort behov for å auke ambisjonane. Ifølgje Parisavtalen vil dei suksessive nasjonalt fastsette bidraga frå landa utgjere ein progresjon ut over gjeldande nasjonale bidrag og vere uttrykk for den høgast moglege ambisjonen i landa. For å nå måla i Parisavtalen er det nødvendig at enda fleire land, særleg blant dei store utsleppslanda, forsterkar dei nasjonale måla sine under Parisavtalen.
Landa er blitt samde om eit utfyllande regelverk til Parisavtalen som vil medverke til å styrkje avtalen ved å gjere det lettare å samanlikne bidraga frå landa, summere bidraga og måle framgang. Dette var viktig for å gjere Parisavtalen operasjonell. Det er førebels ikkje semje om regelverket for marknadssamarbeid, det vil seie samarbeid der land kan kjøpe og selje utsleppsreduksjonar. Usemja gjeld mellom anna korleis føresegnene i Parisavtalen om at utsleppsreduksjonar som ikkje skal teljast dobbelt, skal handterast i den nye FN-mekanismen. Før det blir semje om det utfyllande regelverket for marknadssamarbeid, vil det ikkje vere mogleg for land å samarbeide under den felles FN-mekanismen, men det kan samarbeidast i ramma av det generelle høvet til slikt samarbeid.
Partsmøtet under britisk leiing i 2020 vart utsett til 2021 på grunn av covid-19. Arbeidet i klimaforhandlingane skjer gjennom virtuelle møte. I juni 2021 vart det arrangert formelle virtuelle møte i arbeidsgruppene under Klimakonvensjonen, Parisavtalen og Kyotoprotokollen, og dette var eit godt bidrag til å førebu partsmøtet COP 26, men mykje arbeid må gjerast for at COP 26 vil vere i stand til å levere til dei store forventingane verda har til klimatoppmøtet i november.
Klimafinansiering
Norsk klimafinansiering til utviklingsland, utover Klima- og skoginitiativet og kjøp av klimakvotar, blir betalt over Utanriksdepartementets budsjett. Klima- og miljødepartementet omtaler likevel klimafinansiering breitt i denne budsjettproposisjonen for å gje ei samla framstilling.
Norsk bistand til klima utgjorde i 2020 6,2 mrd. kroner og brorparten går til utsleppsreduksjonar. Klimafinansieringa vår blir rapportert til OECD og klimakonvensjonen basert på årlege tilskot bilateralt og multilateralt markert med Rio-markørane klimatilpassing eller utsleppsreduksjonar. Desse rapportane blir først laga etter at tilskotet er utbetalt, så difor kan ikkje totaltalet for norsk klimafinansiering lesast direkte ut av forslaget til statsbudsjett. Vi rapporterer òg den private klimafinansieringa vi utløyser gjennom offentleg stønad, sjølv om dette ikkje blir rekna med i totaltalet for norsk klimafinansiering.
Norsk bistand til klima blir styrkt med 1,9 mrd. kroner. Regjeringa etablerer eit nytt klimafond som skal investere i fornybar energi i utviklingsland med mål om å bidra til reduserte klimagassutslepp. Klimainvesteringsfondet vil bli tilført 1 mrd. kroner årleg over statsbudsjettet over 5 år. Norfund, statens investeringsfond for næringsverksemd, set i tillegg av 1 mrd. kroner årleg av sin eigen kapital til fondet. Norfund får ansvaret for å forvalte fondet. Ambisjonen er at fondet skal mobilisere betydeleg ytterlegare finansiering frå private kjelder. Det blir òg ei styrka satsing på klimatilpassing i 2022. Regjeringa lanserte i april i år ein strategi for å styrkje innsatsen for klimatilpassing, førebygging og kampen mot svolt. Satsinga på klimatilpassing framover skal bidra til å setje i verk innsatsområda i denne strategien, som er varslingssystem og klimatenester, naturbaserte løysingar, klimatilpassa matproduksjon, infrastruktur og innovative finansieringsordningar.
Norsk støtte til klimatiltak i utviklingsland er svært viktig for ei effektiv gjennomføring av Parisavtalen. Noreg har vore eit føregangsland i å innrette klimafinansieringa til utviklingsland på ein langsiktig og føreseieleg måte. Særleg gjeld dette Klima- og skoginitiativet (sjå eigen tekst etter tabell 8.19). Gjennomføring av Parisavtalen og støtte til å iverksette dei innmelde klimaplanane (NDC) frå utviklingsland vil vere ei viktig føring for norsk klimafinansiering framover. Det er sett i gang eit arbeid i regi av Utanriksdepartementet og Norad for å innrette meir av utviklingshjelpa slik at denne er klimarelevant, og for å sikre at støtta mest mogleg effektivt fører til gjennomføringa av måla i Parisavtalen. Klimafinansiering gjennom multilaterale kanalar som Det grøne klimafondet (GCF), Den globale miljøfasiliteten (GEF) og Verdsbanken er også viktig. Regjeringa gjev eit bidrag til Det grøne klimafondet på 800 mill. kroner årleg for perioden 2020–2023. Utanriksdepartementet betaler 700 mill. kroner over sitt budsjett, og 100 mill. kroner blir dekt over Klima- og miljødepartementet og budsjettet til Klima- og skoginitiativet.
Klima- og miljødepartementet har bilaterale miljøsamarbeid med Kina, India og Sør-Afrika og støttar internasjonale initiativ for grøn økonomi i utviklingsland. Noreg støtter òg arbeid for å redusere kortliva klimadrivarar gjennom Arktisk råd og Koalisjonen for klima og rein luft. I tillegg støttar Noreg klimatiltak og lågutsleppsutvikling i EU-landa med svakast økonomi gjennom EØS-midlane. Meir informasjon om dette finst under programkategori 12.10 Fellesoppgåver, forsking, internasjonalt samarbeid m.m.
Auka ambisjonar ved bruk av fleksible mekanismar
I Parisavtalen er det opna for at land kan samarbeide om tiltak for å redusere utslepp av globale klimagassar. Marknadssamarbeid inneber at utsleppsreduksjonar blir kjøpte og selde og blir overførte mellom utsleppsrekneskapane til forskjellige land og/eller private selskap. Slikt samarbeid opnar for at land kan auke ambisjonane sine, og kan såleis bli viktig for å realisere temperaturmålet i Parisavtalen, i tråd med prinsippet for berekraftig utvikling. Noreg har eit mål om å bli klimanøytralt frå og med 2030. Det inneber at frå 2030 skal norske utslepp av klimagassar motsvarast av klimatiltak i andre land gjennom EUs kvotemarknad, internasjonalt samarbeid om utsleppsreduksjonar, kvotehandel og prosjektbasert samarbeid. Noreg deltek difor i internasjonale karbonmarknader med eit mål om å auke farten og omfanget til dei globale utsleppskutta.
Noreg er ein aktiv pådrivar for å mogleggjere marknadsbasert samarbeid med høg miljøintegritet. For perioden etter 2020 er det Parisavtalens artikkel 6 som vil setje ramma for bruk av fleksible mekanismar mellom land. Arbeidet med å utvikle reglar og prosedyrar under artikkel 6 har vore krevjande og har teke tid. Det detaljerte regelverket for marknadsbasert samarbeid under Parisavtalen er enno ikkje vedteke.
Klima- og miljødepartementet deltek i Transformative Carbon Asset Facility (TCAF), som vart lansert i samband med klimakonferansen i Paris og erklært operativt i mars 2017. Fondet skal utvikle pilotar for samarbeidsformer tilpassa eit nytt regelverk under Parisavtalen. Formålet med slikt samarbeid er å medverke til varig omlegging i utviklingsland gjennom program som støttar utvikling av lågutsleppsløysingar. Fondet skal medverke til at utviklingslanda aukar ambisjonane sine.
Departementet inngjekk i 2019 ein avtale med Global Green Growth Institute (GGGI) om utvikling av program under artikkel 6 i Parisavtalen. Ein har så langt inngått intensjonsavtalar med Vietnam, Senegal, Indonesia og Marokko. Det kan også vere ønskjeleg å supplere TCAF og GGGI med utprøving av samarbeid gjennom andre kanalar, til dømes bilateralt samarbeid eller samarbeid gjennom ein annan institusjon.
Noreg deltek i Verdsbankprogrammet Partnership for Market Implementation (PMI). PMI arbeider med å hjelpe land med å utvikle og implementere karbonprising og operasjonalisere marknadssamarbeid mellom land innanfor ramma av Parisavtalens artikkel 6. Noreg bidreg med 7 mill. US dollar til PMI. Noreg er også partnar i The Carbon Pricing Leadership Coalition (CPLC), som er eit globalt initiativ leidd av Verdsbanken. Initiativet arbeider saman med styresmakter, akademia, privat sektor og sivilsamfunn for å støtte utviklinga av karbonprising internasjonalt.
Tidlegare bruk av ulike former for marknadssamarbeid har ført til store utsleppsreduksjonar og investeringar i mange utviklingsland. Den grøne utviklingsmekanismen (CDM), som låg til grunn for statens kvotekjøpsprogram i perioden 2008–2020, har ifølgje berekningar gjorde av FNs klimasekretariat (UNFCCC) så langt ført til om lag 2,2 mrd. tonn CO2-ekvivalentar i verifiserte utsleppsreduksjonar. Dei faktiske reduksjonane er av UNFCCC utrekna til å vere om lag fire gonger så høge. Bruken av fleksible mekanismar i utviklingsland har ført til store investeringar og grøn omstilling og har vist korleis ein kan gjennomføre tiltak som ikkje berre reduserer utslepp av drivhusgassar, men også har stor utviklingseffekt til dømes gjennom redusert lokal forureining og tilgang på rein energi.
Prising av utslepp og utfasing av subsidiar til fossile brensel
Noreg skal vere ein pådrivar i arbeidet for å setje ein pris på CO2 og for utvikling av effektive, fungerande internasjonale karbonmarknader. I innmeldingane av nasjonale mål (NDC) til FNs klimakonvensjon er det mange land som opplyser at dei har sett, eller vurderer å setje, ein pris på utslepp av klimagassar. Felles for dei fleste av dei landa som har ein pris på utslepp, er prisar som er for låge til å fremje teknologisk utvikling og omstilling. Ein ny og meir ambisiøs klimapolitikk globalt vil krevje høgare prisar.
Regjeringa arbeider òg for utfasing av subsidiar på fossilt brensel. Globalt har det dei seinare åra ifølgje OECD og IEA blitt brukt opp til 500 mrd. US dollar årleg på subsidiar til produksjon og forbruk. Utfasing av fossile subsidiar er eit viktig tiltak land kan gjennomføre for å medverke til at utsleppa av drivhusgassar går ned. Det er ein aukande tendens til at land i ulike verdsdelar set i gang reformarbeid for fossilsubsidiar. Noreg støttar reform av fossile subsidiar på landnivå mellom anna gjennom eit eige program i Verdsbanken og gjennom Global Subsidy Initative (GSI). Noreg arbeider òg for å fase ut fossile subsidiar gjennom andre kanalar, slike som Vennegruppa for reform av fossile subsidiar saman med dei andre nordiske landa og Costa Rica, Etiopia, New Zealand, Uruguay og Sveits. Noreg deltek også i forhandlingane om ein ny avtale om klima, handel og berekraft (ACCTS), der utfasing av fossile subsidiar er eit sentralt tema.
Utslepp frå internasjonal transport
Noreg arbeider innanfor FNs sjøfartsorganisasjon (IMO) og FNs organisasjon for sivil luftfart (ICAO) med å utvikle regelverk for å redusere klimagassutsleppa frå internasjonal transport. I IMO vedtok partsmøtet i 2018 ein strategi som stadfestar målsetjinga om 50 pst. reduksjon i internasjonale utslepp frå skipsfarten innan 2050 samanlikna med 2008. Juni 2021 vedtok IMO nye krav for utsleppsreduksjonar frå skipsfarten i tråd med 2030-målet. Videre vart forslag om forbod mot tungolje i Arktis fra 2024 vedtatt. Noreg har jobba aktivt for begge delar. I tråd med pådrivarmandatet, har Noreg no teke initiativ til vidare prosess for å utarbeide neste generasjons klimakrav til internasjonal skipsfart, som må sikre at utsleppa reduserast i tråd med IMOs mål mot 2050 og eventuelle auka ambisjonar som følgje av revisjonen av IMOs klimastrategi fram mot 2023.
Noreg har hatt og har framleis ei sentral rolle i regelverksutviklinga under IMO. I oktober 2016 vedtok generalforsamlinga i FNs luftfartsorganisasjon (ICAO) å innføre eit marknadsbasert verke-middel for å medverke til at vidare vekst i internasjonal luftfart etter 2020 ikkje aukar netto CO2-utslepp, såkalla karbonnøytral vekst. På engelsk blir dette verkemiddelet kalla Carbon Offsetting Reduction Scheme for International Aviation (CORSIA). ICAO har vedteke utfyllande føresegner i seinare rådsmøte, mellom anna i juni 2018, november 2018, mars 2019 og juni 2020. Noreg er eitt av over 80 land, inkludert 43 andre europeiske land, som så langt har meldt at vi ønskjer å delta i den frivillige fasen 2021–2026 for ICAO CORSIA. Andre fase, som er obligatorisk for dei fleste land, er frå 2027 til 2035. To norske luftfartøyoperatørar vil vere omfatta av ICAO CORSIA. ICAO CORSIA vart gjennomført i norsk rett i 2019 gjennom endringar i klimakvotelova og klimakvoteforskrifta, jf. Prop. 109 L (2018–2019).
Tabell 8.19 Nasjonale mål under programkategori 12.70
Resultatområde | Resultatområde |
---|---|
Klima | Medverke til at redusert og reversert tap av tropisk skog gjev eit meir stabilt klima, meir bevart naturmangfald og ein meir berekraftig utvikling |
Klima- og skoginitiativet
Klimaet i verda endrar seg. Å hindre øydelegging av regnskogen er heilt sentralt for å avgrense klimaendringane. FNs klimapanel har vist at for å oppnå måla i Parisavtalen krevst det stans i avskoginga nesten med det same, i tillegg til ei enorm restaurering av skog og andre økosystem. Stans i avskoging er eit av FNs berekraftsmål, og redusert avskoging er ein føresetnad for å nå ei rekkje andre berekraftsmål – mellom anna knytt til svolt, klimatilpassing, vasstilgang og fattigdom.
I 2020 justerte Klima- og skoginitiativet hovudmålet sitt til: medverke til at redusert og reversert tap av tropisk skog gjev eit meir stabilt klima, meir bevart naturmangfald og ei meir berekraftig utvikling. Innhaldet i målet er i stor grad det same som måla for initiativet i perioden 2008–2019. Men gjennom dei første tolv åra har initiativet gradvis utvida innsatsen til å inkludere dei globale drivkreftene bak avskoginga. Hovudmålet er delt inn i to delmål: (i) å medverke til berekraftig skog- og arealforvaltning i utviklingsland og (ii) å medverke til redusert press på tropiske skogareal frå globale marknader. Delmål (i) blir målt på nasjonalt nivå eller delstatsnivå i prioriterte land, medan delmål (ii) blir målt både i særskilde geografiar og globalt. Noreg, gjennom Klima- og skoginitiativet, vil sjølvsagt ikkje kunne oppnå desse globale måla aleine. Gjennom målretta og strategisk innsats skal initiativet medverke til at verda skal kunne nå måla. Innsats som mest effektivt medverkar til kostnadseffektive og målbare utsleppsreduksjonar, er prioritert.
Strategien til Klima- og skoginitiativet er laga ut frå at det til sjuande og sist er betre arealpolitikk i skoglanda som vil gjere det mogleg å redusere avskoginga. Dette skjer på nasjonalt nivå gjennom vedteken og gjennomført politikk i skoglanda. Styrkte rettar og betre levekår for urfolk er ein del av ein berekraftig arealpolitikk i landa. Det globale samfunnet kan leggje til rette for landa gjennom å skape effektive internasjonale insentiv for redusert avskoging, mellom anna gjennom internasjonal finansiering. Å skape ein berekraftig arealpolitikk er svært utfordrande, og det blir vanskelegare av at dei globale råvaremarknadene framleis spør etter produkt som er knytte til avskoging. Klima- og skoginitiativet jobbar for at råvaremarknadene og dei globale finansmarknadene skal stimulere til avskogingsfri råvareproduksjon. Mykje av avskoginga som skjer, er ulovleg, og handel med ulovlege råvarer aukar presset på skogen. Ein sentral del av innsatsen til klima- og skoginitiativet rettar seg mot skogkriminalitet. Ein føresetnad for innsatsen til styresmaktene på nasjonalt nivå, og næringslivet i marknaden, er tilgang til data om kvar og korleis skogen forsvinn. Difor satsar Klima- og skoginitiativet på å betre tilgangen til data om skogen og aktørane og finansstraumane som øydelegg han.
Ein meir utførleg omtale av måla, strategien og endringsteorien til Klima- og skoginitiativet finst i Prop. 1 S (2019–2020) for Klima- og miljødepartementet.
Prioriteringar
I 2021 lanserte Noreg, saman med Storbritannia, USA og ei rekkje store private selskap koalisjonen LEAF (Lowering Emissions by Accelerating Forest Finance). Koalisjonen lover i første omgang å bidra med minst 1 mrd. USD til å betale for utsleppsreduksjonar frå skog, og kan potensielt leggje til rette for ein karbonmarknad for skog som kan bidra med titals milliardar til skog i åra framover. Den norsk-støtta organisasjonen Emergent koordinerer koalisjonen, og utsleppsreduksjonane som blir kjøpte, skal vere sertifiserte av den uavhengige Architecture for REDD+ Transaction (ART). Dette sikrar at resultata har høg miljømessig og sosial integritet. LEAF-initiativet viser at privat næringsliv har ein vilje til å bidra i klimakampen med finansiering, og at det er eit ønske om å etablere ein karbonmarknad for utsleppsreduksjonar med høg miljøintegritet.
For transaksjonar gjennom Emergent stiller Noreg ein prisgaranti overfor skoglanda ved sal av utsleppsreduksjonar målt i tonn CO2. Det inneber at Noreg kjøper tonna av skogland dersom ikkje private selskap byr ein høgare pris. Norske forpliktingar som blir frigjevne når private selskap kjøper utsleppsreduksjonar, kan dermed brukast til å garantere ein ny kjøpsavtale eller til å betale for tonn utover dei som blir selde til private kjøparar. Oppsettet inneber ei juridisk forplikting om betaling for tonn – dersom dei blir leverte og Noregs prisgaranti slår inn. Dette er innarbeidd i tilsegnsfullmakta på posten, i Klima- og miljødepartementets romartalsvedtak VI.
Sjølv om den største auken i finansiering til skogbevaring framover venteleg kjem frå næringslivet, ser ein òg auka finansiering frå andre land. Storbritannia har lovd å bidra med meir enn 11 mrd. pund (om lag 130 mrd. kroner) i klimafinansiering fram til 2026, av desse skal 3 mrd. pund (om lag 35 mrd. kroner) brukast på natur. Også Tyskland har lovd auka klimafinansiering og gjev allereie meir enn Noreg til skogbevaring. Utover det tette samarbeidet med Storbritannia og Tyskland på skog er USA no ein viktig partnar for Klima- og skoginitiativet på fleire område. Toppmøta om klimaforhandlingane hausten 2021 og om biomangfald våren 2022 vil venteleg mobilisere meir finansiering frå gjevarland, privat sektor og filantropar.
Tilgang til data om skogen og kvar og kvifor han blir øydelagd, er ein føresetnad for at skoglanda skal kunne målrette innsatsen sin, og for å stille dei som står bak, til ansvar. Store delar av den globale avskoginga er ulovleg. Auka transparens kan endre den politiske viljen til å ta tak i dette. Også lovleg avskoging kan reduserast dersom forbrukarar blir klare over kva produktet dei kjøper, har medverka til. Klima- og skoginitiativet har i perioden 2019–2021 blitt styrkt med 200 mill. kroner årleg for å investere i infrastruktur for offentleg tilgjengelege data om skogen. Midlane har vore nytta til eit innkjøp for å gjere høgoppløyselege satellittbilete av den tropiske skogen gratis og offentleg tilgjengelege, og til å gjere skogland, organisasjonar og privat næringsliv i stand til å bruke dataa. Sjå omtale av den samla innsatsen for auka transparens i rapporteringa for 2020.
I Brasil har vi sett ein omfattande auke i avskoginga sidan Bolsonaro-regimet fekk makta i 2019. Brasils avgjerder gjorde det nødvendig å fryse Amazonasfondet i 2019. Fondet kan ikkje opne igjen før Brasil igjen tek grep for å redusere avskoginga. Betaling for utsleppsreduksjonar er ikkje aktuelt i nærmaste framtid. Likevel, og trass i tilbakegangen, er avskoginga framleis om lag 40 pst. lågare enn nivået før reformperioden vart innleidd. Verda er spart for fleire milliardar tonn utslepp, og resultata står seg også i dag. Fleire organisasjonar, urfolk og andre held fram innsatsen for å ta vare på regnskogen i landet. Klima- og skoginitiativet vil også i 2022 prioritere midlar til å støtte desse.
Covid-19-pandemien har prega alle land i 2020 og 2021. Ei særskilt utsett gruppe er urfolk. Dei er særleg sårbare for smitte og alvorlege konsekvensar av sjukdommen, og dei er utsette fordi vernet av urfolksområde i mange land blir svakare. Styresmaktene i skoglanda har svekt kapasitet på grunn av både nedgang i økonomien og nødvendige kutt i budsjett på grunn av omprioritering til helse og smittevern. Klima- og skoginitiativet har omprioritert midlar for å møte dei ekstra utfordringane som covid-19 har skapt, mellom anna gjennom særskild innsats mot urfolk i Brasil, Peru og Colombia.
Støtte til sivilsamfunnsaktørar er ein sentral del av Klima- og skoginitiativets innsats. Sivilsamfunnsorganisasjonar fungerer som «vaktbikkje» og som kunnskapsprodusentar- og formidlarar og aukar forankring på tvers av politiske skiljelinjer og regjeringar. I 2021 har Klima- og skoginitiativet inngått nær 40 nye avtalar om støtte til sivile samfunnsaktørar for perioden 2021–2025. Prioriterte innsatsområde for støtta er urfolk, avskogingsfrie forsyningskjeder og finansmarknader, innsats mot skogkriminalitet og auka transparens, i tillegg til høgare klimaambisjonar og skogvennleg arealpolitikk.
Klima- og skoginitiativet har bilaterale samarbeidsavtalar med dei viktigaste skoglanda der det er politisk vilje til å bevare skogen. I valet av samarbeidsland er det òg lagt vekt på potensial for utsleppskutt, høve til berekraftig arealforvaltning og testing av ulike tilnærmingar og involvering av privat næringsliv.
Risiko
Skogbevaring er heilt sentralt for å redusere risiko for klimaendringar med alvorlege konsekvensar for menneskeslekta. Risiko knytt til Klima- og skoginitiativet er størst ved å ikkje gjere noko. Risikoen som ligg i sjølve innsatsen, er i stor grad den same som han har vore i dei 13 første åra til initiativet, mellom anna låg kapasitet hos styresmakter i skogland, skiftande politisk vilje i skogland, korrupsjon, sterke økonomiske interesser, marknadssvikt og fattigdom. På nasjonalt nivå vil politiske skifte også framover kunne føre til forseinkingar eller endra strategi i samarbeida og korleis dei er innretta. Globalt er marknadskreftene som driv avskoging enorme. Sjølv om skoglanda skulle lykkast med å rasjonalisere arealforvaltninga, er presset sterkt.
Alle skoglanda som Klima- og skoginitiativet samarbeider med, har utfordringar når det gjeld styresett, som bidreg til avskoging. Fleire av satsingane inneber òg betydeleg risiko for økonomisk misleghald. Risikovurderingar og risikohandtering er difor ein sentral del av alle prosjekt initiativet arbeider med. Grundig kvalitetssikring før inngåing av tilskotsavtalar er eitt sentralt element i dette arbeidet. Som for alle bistandsprosjekt er nulltoleranseprinsippet lagt til grunn for økonomisk misleghald, sjå nærmare i omtale i Prop. 1 S (2021–2022) for Utanriksdepartementet.
Også i 2022 er det særleg risiko knytt til konsekvensane av covid-19-pandemien. Den bilaterale, politiske dialogen er òg svekt med fleire land, fordi ein ikkje kan reise og ikkje har kunna møte kvarandre fysisk sidan starten av 2020. Innsatsen til dei stadlege ambassadane er òg svekt – i mange tilfelle har dei òg måtta gjere all møteverksemda digitalt. Dette aukar risiko for komplikasjonar og gjer det i nokre tilfelle vanskelegare å finne gode løysingar som begge partar kan einast om. Pandemien og den økonomiske krisa har gjort arbeid mot avskoging utfordrande for skoglanda, både finansielt og praktisk. Framdrifta i ei rekkje prosjekt er svekt på grunn av reiserestriksjonar, andre prioriteringar og å verne om liv og helse til dei som deltek i prosjekta.
Kortliva klimaforureiningar
Noreg har i fleire år prioritert kunnskapsutvikling og internasjonalt engasjement for å redusere utslepp som gjev klimaeffekt på kort sikt, og som gjev tilleggseffektar som betre helse og auka matproduksjon. Dette blir gjort ved å redusere utslepp av kortliva klimadrivarar som metan, svart karbon (BC) og nokre hydrofluorkarbon (HFK) i tillegg til CO2. Desse har relativt kort levetid i atmosfæren samanlikna med CO2 og kan difor gje rask klimaeffekt og bremse farten på oppvarminga. Dette vil vere viktig for land som er særleg sårbare for konsekvensane av klimaendringane. Sidan ein del av tiltaka for å redusere desse utsleppa òg har ei rekkje andre fordelar, som betre luftkvalitet, helse og jordbruksproduktivitet, kan vi redusere skadeverknadene av klimaendringane og samstundes medverke til å nå fleire av berekraftsmåla.
Noreg arbeider difor internasjonalt for å redusere desse utsleppa, både gjennom Arktisk råd og Koalisjonen for klima og rein luft (CCAC). Noreg har sete i styringskomiteen til CCAC mellom 2014 og 2020. Koalisjonen vart oppretta i 2012 og har no over 140 land og organisasjonar som medlemmer. I koalisjonen har Noreg vore særleg engasjert i å utvikle metode for å vurdere tiltak som gjev klimaeffekt, både på kort og på lang sikt, og helsegevinstar.
Under Olje for utvikling-programmet er det innleidd eit samarbeid med CCAC og Global Methane Alliance for å oppmuntre samarbeidslanda til å inkludere reduksjon av metan i klimaplanane sine. Fleire av landa har betydeleg potensial for reduksjon av metan frå olje- og gassproduksjon.
Miljødirektoratet har sidan 2013 gjort fleire utgreiingar og medverka til viktig metodeutvikling nasjonalt og internasjonalt. Våren 2020 publiserte direktoratet ein rapport om klimaeffekt på kort sikt og tilleggsgevinstar av tiltaka som vart greidde ut i Klimakur 2030.
Utanriksministermøtet under Arktisk råd vedtok i 2017 eit kollektivt mål om å redusere dei samla utsleppa av svart karbon (sot) med mellom 25 og 33 pst. innan 2025 samanlikna med 2013. Det felles målet er ikkje juridisk bindande. Målet kan vurderast på nytt med sikte på å auke ambisjonane ytterlegare. Svart karbon har ein særskilt oppvarmande effekt når det blir sleppt ut i nærleiken til dei arktiske områda, sidan partiklane legg seg på is og snø og hindrar at solstrålane blir reflekterte tilbake til atmosfæren. Dei arktiske landa står for 10 pst. av dei globale utsleppa av svart karbon, men medverkar til 30 pst. av oppvarmingseffekten i Arktis. Arktisk råd samanstiller regelmessig tilgjengeleg kunnskap om utslepp og effektar og gjennomfører ei rekkje konkrete pilotprosjekt for å redusere kortliva klimadrivarar. Noreg har teke i bruk mange verkemiddel som reduserer utslepp av svart karbon. Noreg har hatt ei pådrivarrolle for å få landa med størst utslepp med på eit kollektivt mål for reduksjon av svart karbon.
I oktober 2016 vart det vedteke å fase ned produksjon og forbruk av hydrofluorkarbon (HFK) under Montrealprotokollen (Kigali-endringane). HFK-gassar blir nytta som erstatning for fleire av dei ozonreduserande gassane og er sterke klimagassar. Dei fleste HFK-gassane har kort levetid i atmosfæren samanlikna med CO2. Endringane gjeld frå 2019. Noreg ratifiserte Kigali-endringane i september 2017, og revidert norsk produktforskrift tok til å gjelde i desember 2018. For å oppfylle Noregs skyldnader vart eit system for lisensiering av import innført i 2019. Noreg arbeider bilateralt med India for å redusere utsleppa av HFK der.
Nærmare om budsjettforslaget
Foreslått løyving knytt til programkategorien for 2022 er på 3,082 mrd. kroner. Dette er ein reduksjon på om lag 280 mill. kroner eller om lag 8,4 pst. samanlikna med saldert budsjett for 2021.
Overslaget på inntekter frå kvotesal er sett til om lag 1,6 mrd. kroner. Budsjettmidlar knytte til Parisavtalen og kortliva klimaforureiningar er omtalte under programkategori 12.10 Fellesoppgåver, forsking, internasjonalt arbeid m.m.
Utgifter under programkategori 12.70 fordelte på kapittel
(i 1 000 kr) | |||||
---|---|---|---|---|---|
Kap. | Nemning | Rekneskap 2020 | Saldert budsjett 2021 | Forslag 2022 | Endring i pst. |
1481 | Klimakvotar | 206 963 | 283 369 | 102 611 | -63,8 |
1482 | Internasjonale klima- og utviklingstiltak | 3 150 682 | 3 080 765 | 3 081 854 | 0,0 |
Sum kategori 12.70 | 3 357 645 | 3 364 134 | 3 184 465 | -5,3 |
Kap. 1481 Klimakvotar
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2020 | Saldert budsjett 2021 | Forslag 2022 |
01 | Driftsutgifter, kan overførast | 377 | 3 059 | 2 611 |
22 | Internasjonalt samarbeid om utsleppsreduksjonar, kan overførast | 206 399 | 280 000 | 100 000 |
23 | Kvotekjøp, statstilsette sine flyreiser, kan overførast | 187 | 310 | |
Sum kap. 1481 | 206 963 | 283 369 | 102 611 |
Post 01 Driftsutgifter, kan overførast
Posten omfattar utgifter til kjøp av eksterne tenester som kommersiell og juridisk rådgjeving og andre driftsutgifter i samband med arbeidet med kjøp av utsleppsreduksjonar. Det blir foreslått ei løyving på om lag 2,6 mill. kroner på denne posten.
Post 22 Internasjonalt samarbeid om utsleppsreduksjonar, kan overførast
Posten omfattar utgifter til utvikling av nye kvoteprogram under Parisavtalen og kjøp av klimakvotar og andre utsleppsreduksjonar.
Klima- og miljødepartementet foreslår at det blir løyvd 100 mill. kroner til utvikling av nye program under artikkel 6 i Parisavtalen og til betaling for kvotar og andre utsleppsreduksjonar som blir leverte i 2022. Overslaget inkluderer mellom anna utbetalingar til fond under Verdsbanken (TCAF og CPF), GGGI og utbetalingar knytte til programutvikling for perioden etter 2021. Forvaltningskostnadene til TCAF og CPF blir også førte på denne posten. Posten omfattar òg bidrag til norsk deltaking i Partnership for Market Implementation, jf. omtale i Prop. 21 S (2019–2020).
I 2019 gav Klima- og miljødepartementet øyremerkte midlar til Global Green Growth Institute (GGGI) for å identifisere og utvikle program i utviklingsland som i sin tur kan gje grunnlag for kjøp av utsleppsreduksjonar i perioden 2022–2030. Programmet er no gjennom første fase, og departementet har inngått intensjonsavtale med Indonesia, Marokko, Senegal og Vietnam. For å sikre at GGGI har tilstrekkeleg kompetanse og kapasitet til å utvikle gode sektor- og policyprogram under Artikkel 6 i åra framover, blir det foreslått ei årleg løyving på 8 mill. kroner i kjernestøtte til GGGI i perioden i 2021–2023 som blir dekt over kapittel 1481, post 22, jf. omtale i Prop. 195 S (2020–2021). Ytterlegare omtale av arbeidet til GGGI finst under Post 73 Klima- og skogsatsinga.
I samsvar med praksis i 2021 og tidlegare år vil Klima- og miljødepartementet også for 2022 be om løyve til å kunne selje kvotar, mellom anna for å tilpasse volumet til oppdaterte overslag over levering og kjøpsbehov. I gjennomføringa av statens kvotekjøpsprogram er det lagt vekt på at Noreg skal overhalde dei internasjonale forpliktingane sine under Kyotoprotokollen. Noreg vil ha eit monaleg overskot av kvotar, men den endelege kvoterekneskapen vil ikkje vere klar før ein har endeleg oversikt over mellom anna utsleppsutviklinga i 2020 og over kor mange kvotar som faktisk blir leverte under allereie inngåtte avtalar.
Ved utgangen av august 2021 forvalta Klima- og miljødepartementet avtalar om levering av til saman 54 mill. kvotar (tonn CO2-ekvivalentar). Departementet reknar ikkje med å få levert avtalt volum fullt ut. Forventa levering frå dei inngåtte avtalane er anslått til om lag 42 mill. kvotar, men overslaget er usikkert. I tillegg til avtalar som er inngåtte for levering i perioden 2013–2020, vart det overført om lag 3 mill. kvotar som ikkje vart nytta i den første Kyoto-perioden (2008–2012). Ved utgangen av august 2021 stod det om lag 39 mill. kvotar på statens konto i det internasjonale kvoteregisteret.
Langsiktige avtalar om kjøp av utsleppsreduksjonar blir inngåtte etter fullmakter gjevne av Stortinget. I samsvar med innarbeidd praksis ber Klima- og miljødepartementet om at fullmakta blir fornya, slik at ho dekkjer framtidige skyldnader. Det kan vere seg ønskjeleg å supplere TCAF og GGGI med utprøving av samarbeid gjennom andre kanalar, til dømes bilateralt samarbeid eller samarbeid gjennom andre institusjonar. Dette vil kunne styrkje arbeidet med å utvikle program i utviklingsland og medverke til at vi kan dekkje eit behov for utsleppsreduksjonar når Noreg skal bli klimanøytralt frå og med 2030. På denne bakgrunn ber departementet om ei fullmakt på 820 mill. kroner for å dekkje utbetalingar som følgjer i åra etter 2021. I tillegg til avtalar knytte til TCAF, kjernestøtte til GGGI og nye samarbeidsavtalar om utsleppsreduksjonar etter 2021 vil denne ramma òg omfatte betalingar som knyter seg til avtalar inngåtte i tidlegare år som vil gje utbetalingar i 2022 og seinare år, jf. forslag til romartalsvedtak IV.
Post 23 Kvotekjøp, statstilsette sine flyreiser, kan overførast
Sidan 2013 har Noreg dekt utslepp frå statstilsette sine flyreiser utanfor EØS-området ved å kjøpe kvotar frå det ordinære kvotekjøpsprogrammet til staten og internavrekne mot flyreisene. Denne ordninga blir avslutta i 2022. Dette blir gjort på bakgrunn av at flyreiser utanfor Europa frå og med 2021 er omfatta av marknadsmekanismen til Den internasjonale organisasjonen for sivil luftfart (ICAO), CORSIA. Noreg deltek i pilotperioden (2021–2023) for CORSIA. Flyreiser innanfor EØS-området er allereie omfatta av EU-ETS, og innføringa av CORSIA fører dermed til at flyreiser både i og utanfor EØS blir dekte av marknadsbaserte verkemiddel for utsleppskutt.
Rapport 2020
Klima- og miljødepartementet har ikkje inngått nye avtalar om kjøp av klimakvotar etter 2017, da ein rekna med at dei allereie inngåtte avtalane ville vere tilstrekkelege for å oppfylle dei norske pliktene under Kyotoprotokollen. Til saman i den andre Kyoto-perioden (2013–2020) har Klima- og miljødepartementet inngått 17 bilaterale avtalar om levering av nær 21 mill. kvotar frå 24 prosjekt i utviklingsland. 2021 blir siste år med utbetalingar til bilaterale prosjekt for utsleppsreduksjonar under Kyoto.
I perioden 2013–2020 vart det òg inngått avtalar gjennom fond i Verdsbanken (Carbon Partnership Facility) og NEFCO (NEFCO Carbon Fund og Norwegian Carbon Procurement Facility) med forventa levering av 25 mill. kvotar. I 2020 vart det levert 5,5 mill. kvotar frå desse fonda. CPF vil fortsetje å levere eit mindre tal på kvotar til og med 2023, når Kyoto-rekneskapen skal gjerast opp. Ei meir detaljert oversikt over inngåtte avtalar ligg på www.carbonneutralnorway.no og på heimesidene til Klima- og miljødepartementet.
Kap. 4481 Sal av klimakvotar
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2020 | Saldert budsjett 2021 | Forslag 2022 |
01 | Salsinntekter | 8 018 409 | 1 022 183 | 1 642 921 |
Sum kap. 4481 | 8 018 409 | 1 022 183 | 1 642 921 |
Post 01 Salsinntekter
EUs reviderte kvotedirektiv, med underordna rettsakter, vart innlemma i EØS-avtalen i juli 2012. Reglane er harmoniserte på EU-nivå, og kvotar som ikkje blir tildelte gratis, skal seljast i den europeiske marknaden. Kommisjonen har fordelt mengda av kvotar som skal seljast, etter ein bestemt fordelingsnøkkel. Noregs del av totalt salsvolum er om lag 0,75 pst.
Å gjere kvotar tilgjengelege i marknaden gjennom auksjonar er eit sentralt element i EU ETS, og frå 2013 skal salet av klimakvotar skje på ei felleseuropeisk auksjonsplattform, for tida energibørsen European Energy Exchange (EEX) i Leipzig.
Basert på kvoteprisen i marknaden sommaren 2020 er inntekta frå sal av klimakvotane anslått til 1,6 mrd. kroner. Kvoteprisen har auka mykje det siste året, men prisane kan svinge sterkt i denne marknaden, og anslaget er difor usikkert.
Kap. 1482 Internasjonale klima- og utviklingstiltak
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2020 | Saldert budsjett 2021 | Forslag 2022 |
01 | Driftsutgifter | 102 030 | 99 222 | 100 311 |
73 | Klima- og skogsatsinga, kan overførast | 3 048 652 | 2 981 543 | 2 981 543 |
Sum kap. 1482 | 3 150 682 | 3 080 765 | 3 081 854 |
Post 01 Driftsutgifter
Posten omfattar driftsmidlane knytte til Klima- og skoginitiativet. Posten dekkjer alle driftskostnader til satsinga, under dette lønn, administrasjon, reiseutgifter, informasjonsverksemd, evalueringar m.m. i Klima- og miljødepartementet, Utanriksdepartementet (med ambassadane) og Norad. I tillegg dekkjer løyvinga kjøp av varer og tenester knytte til drift, slik som utgreiingar, konsulenttenester, seminar og internasjonale møte m.m.
For 2022 er det foreslått ei løyving på 100,3 mill. kroner på posten. I medhald av OECD/DACs direktiv kan visse utgifter godkjennast som offisiell utviklingshjelp (ODA-godkjende utgifter). Heile løyvinga på kap. 1482, post 01, er godkjend som utviklingshjelp.
Klima- og skoginitiativet er eit internasjonalt nybrotsarbeid. Å drive dette arbeidet framover er krevjande, både politisk og fagleg. Tilgang på variert og høg kompetanse og kapasitet gjennom målretta bruk av eksterne fagmiljø er avgjerande for å lykkast. Dette gjeld både for å drive det globale arbeidet med løysingsutvikling og klimapolitisk konsensusbygging vidare og for å kunne støtte arbeid som partnarland gjer med å utvikle og implementere klima- og skogstrategiane sine.
Rapport 2020
Kap. 1482 post 01 har blitt nytta til lønns- og driftsutgifter for Klima- og skoginitiativet. Midlane dekkjer lønns-, drifts- og reiseutgifter til satsinga i Klima- og miljødepartementet, Norad og ved norske utanriksstasjonar som forvaltar midlar for Klima- og skoginitiativet. Ein stor del av personellressursane i initiativet har vore nytta til å følgje opp dei bilaterale samarbeida og internasjonale prosessar som medverkar til å nå måla om utsleppsreduksjonar frå skog i utviklingsland.
Klima- og skoginitiativet har som mål å medverke til at redusert og reversert tap av tropisk skog gjev eit meir stabilt klima, meir bevart naturmangfald og meir berekraftig utvikling. Å nå målet krev kompetanse og deltaking i prosessar som ikkje kan dekkjast av norsk forvaltning. Klima- og miljødepartementet har ei rammeavtale for konsulenttenester som gjev tilgang til kompetanse og kapasitet som departementet ikkje kan dekkje. Dette medverkar til auka måloppnåing for Klima- og skoginitiativet.
Klima- og skoginitiativet samarbeider med ei rekkje partnarland og organisasjonar internasjonalt. Dette inneber å delta på og arrangere internasjonale møte og konferansar, og å medverke i prosessar, for å etablere internasjonalt samarbeid, ofte med fleire aktørar. Denne delen av drifta har blir redusert i 2020 som følgje av covid-19-pandemien. Midlar på posten har vore brukte til å dekkje utgifter knytte til konsensusbygging, utvikle analysar og løysingar m.m. Midlar har òg vore brukte til å innhente eksterne vurderingar av framdrifts- og utsleppsrapportar frå partnarland og til evalueringar av tilskotet.
Post 73 Klima- og skogsatsinga, kan overførast
For 2022 er det foreslått løyvd 2 981,5 mill. kroner på posten. Klima- og skoginitiativet har sidan lanseringa i 2007 inngått ei rekkje samarbeid og partnarskap, i hovudsak med sentrale tropiske skogland, der hovudvekta av finansieringa er sett av til å betale for verifiserte, reduserte utslepp frå skog i løpet av avtaleperioden. Utbetalingane på posten blir tilpassa budsjettramma.
Det er fremja forslag om ei tilsegnsfullmakt på 2 320 mill. kroner på posten, sjå romartalsvedtak VI. Klima- og skoginitiativet inngår langsiktige avtalar om betaling for resultat i skoglanda. Partnarskapa til Klima- og skoginitiativet inneber fleire juridiske forpliktingar om fleirårige utbetalingar. Skyldnader blir utløyste når partnarlandet leverer resultat som avtalt i form av verifiserte utsleppsreduksjonar eller når milestolpar i reformer for betra skogforvaltning og redusert avskoging. Fullmakta dekkjer òg Klima- og skoginitiativets juridiske forpliktingar til betalingsmekanismen Emergent for utsleppsreduksjonar frå skog, avtalar med organisasjonar som inneber utbetalingsforpliktingar over fleire år, og kontrakt om innkjøp av høgoppløyselege satellittbilete som inneber økonomisk forplikting i fleire år. Av fullmakta er 100 mill. kroner knytt til resten av Klima- og miljødepartementets del av den fireårige lovnaden (2020–2023) om norsk bidrag til Det grøne klimafondet (GCF).
I medhald av OECD/DACs direktiv kan visse utgifter godkjennast som offisiell utviklingshjelp (ODA-godkjende utgifter). Heile løyvinga på kap. 1482 post 73 er godkjend som utviklingshjelp.
Mål
Hovudmål for tilskotet er at det skal medverke til at redusert og reversert tap av tropisk skog gjev eit meir stabilt klima, meir bevart naturmangfald og meir berekraftig utvikling. Under hovudmålet er det to delmål:
1. å medverke til berekraftig arealforvaltning av tropisk skog i utviklingsland
2. å medverke til redusert press på skogen frå globale marknader
Desse måla skal vere styrande for ressursbruk og prioriteringar og for vedtak om støtte frå posten.
Tildelingskriterium
Tilskotet dekkjer tre kategoriar av tiltak: betaling for verifiserte utsleppsreduksjonar, finansiering av program- og prosjektporteføljar og fondsoppbygging. I tillegg skal tilskotet vere med på å utvikle og å spreie kunnskap som medverkar til å nå måla til Klima- og skoginitiativet. Nedanfor er det gjort greie for kriteria for utbetaling av tilskot i kvar kategori.
Betaling for verifiserte utsleppsreduksjonar
Det er eit hovudmål for Klima- og skoginitiativet å medverke til reduksjon av klimagassutslepp frå avskoging og degradering av skog. Kriteria for å utløyse tilskotsmidlar er verifiserte reduksjonar av klimagassutslepp frå avskoging og degradering av skog. I tråd med Stortingets føringar er det eit mål å auke delen av tilskotet som blir utbetalt for verifiserte utsleppsreduksjonar frå skog. Slike utbetalingar er avhengige av effektive og robuste system for å måle og verifisere resultat, og storleiken på utbetalinga må stå i eit rimeleg forhold til det oppnådde resultatet. Blir det ikkje levert dokumentasjon på reduserte utslepp eller auka klimagassopptak i skog, skal midlane ikkje utbetalast.
Finansiering av program- og prosjektporteføljar
For å nå målet om redusert og reversert tap av tropisk skog er det i mange land behov for førebuande innsats for å starte dei nødvendige prosessane, etablere strategiar og arenaer og støtte program for omlegging til nye forretningsmodellar og produksjonsmetodar i landbruk. Eit godt forvaltningsregime er ein føresetnad for å få resultat av satsinga og sikre framdrift i arbeidet. Klima- og skoginitiativet vil difor føre vidare arbeidet med å styrkje gjennomføringstakta og hindre forseinkingar ved å medverke til reformer og institusjonsbygging i mottakarlanda. Dette vil òg møte forventingar og behov i mottakarlanda og styrkje moglegheiter landa har til varig betra skogforvaltning.
Styresmakter, organisasjonar, næringslivsaktørar og andre aktørar som kan medverke til reformprosessar og til å nå måla til Klima- og skoginitiativet, kan få tilskot frå posten.
Midlane skal nyttast til prosjekt eller program som fremjar institusjonsbygging, planprosessar, kartleggingsarbeid, kompetansebygging, kunnskapsutvikling eller liknande som medverkar til å nå måla for tilskotsposten. Midlar kan nyttast til tiltak som fremjar samarbeid med privat sektor, og som styrkjer insentiva for privat sektor til å investere i berekraftig og avskogingsfri produksjon av råvarer. Det kan mellom anna gjevast tilskot til private aktørar for å direkte redusere risikoen for investorar knytt til investeringar i avskogingsfri og berekraftig råvareproduksjon. Sjå romartalsvedtak knytt til posten for unntak frå økonomireglementet i visse tilfelle.
For øyremerkte tilskot til utviklingsretta aktivitetar i regi av FN kan opptil 1 pst. av bidraget brukast til å finansiere FNs stadlege koordinatorsystem (jf. FN-res. 72/279 vedteken i 2019).
Fondsoppbygging for framtidige utbetalingar for verifiserte utsleppsreduksjonar
Varig skogbevaring i utviklingsland krev store investeringar for berekraftig utvikling. Tilgang til føreseieleg finansiering av REDD+-investeringar er dermed ein føresetnad for å nå måla til Klima- og skoginitiativet. Det kan difor utbetalast midlar frå posten til multilaterale satsingar for framtidig betaling for utsleppsreduksjonar, til dømes Forest Carbon Partnership Facility (FCPF) i Verdsbanken. I tråd med romartalsvedtak IX kan det òg betalast til finansieringsmekanismen Emergent for vidare betaling for verifiserte utsleppsreduksjonar frå tropisk skog i tråd med måla for Klima- og skoginitiativet.
Fondsoppbygging gjennom multilaterale satsingar skal vurderast separat for kvart enkelt tilfelle og berre når følgjande kriterium er oppfylte:
Betaling for resultat. Fondsoppbygging bør avgrensast til initiativ der Noreg medverkar til å byggje opp fond med eksplisitt formål å betale for framtidige verifiserte utsleppsreduksjonar frå skog.
Utfall av forhandlingar. Nye unntak skal berre vurderast for initiativ der Noreg må ta omsyn til ein eller fleire andre store bidragsytarar og/eller praksis og behov hos multilaterale samarbeidspartnarar. Noreg skal i forhandlingar først ha prøvd å få gjennomslag for at midlane blir utbetalte til fondet etter at utsleppsreduksjonane er oppnådde.
Forsvarleg forvaltning. Det må etablerast juridiske rammeverk og styringsstruktur knytte til fonda som sikrar god forvaltning av midlane. Dersom midlane er forvalta i felles fond med fleire bidragsytarar, skal Noreg prøve å etablere felles forvaltningskrav som sikrar effektiv forvaltning.
Utvikle og spreie kunnskap om måla til Klima- og skoginitiativet
Global oppslutning er ein premiss for å nå måla til Klima- og skoginitiativet. For å medverke til dette blir det støtta tiltak for å utvikle og spreie kunnskap som er relevant for målsetjingane til Klima- og skoginitiativet slik dei er beskrivne over. Det kan søkjast om tilskotsmidlar til kunnskapsformidling retta mot endringsaktørar og premissleverandørar globalt eller nasjonalt, mot marknadsaktørar og mot befolkning i skogland, gjevarland eller globalt. Tiltak med mål om å formidle kunnskap kan få tilskot. Opplæring og kunnskapsproduksjon kan inngå som ein del av prosjektet.
Oppfølging og kontroll
For kvar utbetaling skal det rapporterast på oppnådde resultat i samsvar med dei inngåtte avtalane og måla med tilskotet. Tilskotsmottakarar skal ha sikringsmekanismar mot korrupsjon og negative sosiale og økonomiske konsekvensar.
Betaling for verifiserte utsleppsreduksjonar skjer etterskotsvis. Utbetalingane vil skje til fond, der fondsforvaltaren er tilskotsmottakar. I visse høve vil det vere ønskjeleg å betale ein viss del vidare frå fondet på forskot, mellom anna ved deltaking i fond under Verdsbanken. Ved delegert samarbeid om betaling for verifiserte utsleppsreduksjonar kan forvaltninga delegerast til ein annan donor. Klima- og miljødepartementets oppfølging av midlane blir da teken vare på gjennom avtalen mellom Noreg og den forvaltninga er delegert til. Eit døme på eit slikt delegert samarbeid er REDD Early Movers (REM)-samarbeidet med det tyske KfW. For tilskot til FN-organisasjonar skal regelverket i den enkelte organisasjonen leggjast til grunn for oppfølgings- og kontrolltiltak.
Avtalar om utbetalingar til fond bør gje høve til kontroll og tilbakebetaling av tilskotet innanfor eit rimeleg tidsrom dersom det ikkje er forvalta i tråd med intensjonen. Ved utbetalingar til fond må det avtalast at fondet berre kan bruke norske midlar på tiltak som er godkjende som offisiell bistand (ODA). I tillegg skal avtalane slå fast at tilskotsmottakarar skal ha sikringsmekanismar mot korrupsjon og negative sosiale og økonomiske konsekvensar i dei vidare utbetalingane til ODA-godkjende aktivitetar, og at det blir rapportert på oppnådde resultat. Avtalane skal vidare medverke til måla til Klima- og skoginitiativet om reduserte klimagassutslepp, biologisk mangfald og berekraftig utvikling.
Rapport 2020
Meir informasjon om innsatsen under Klima- og skoginitiativet finst på www.nicfi.no.
Måla til Klima- og skoginitiativet er at redusert og reversert tap av tropisk skog medverkar til eit meir stabilt klima, meir bevart naturmangfald og meir berekraftig utvikling. Under hovudmålet er det to delmål: (i) berekraftig arealforvaltning av tropisk skog i utviklingsland og (ii) redusert press på skogen frå globale marknader. Klima- og skoginitiativet utvikla i 2019 eit strategisk rammeverk for innsatsen som viser samanhengen mellom desse måla og set resultatmål som styrer innsatsen til initiativet, sjå figur 8.2.
Rapporten for Klima- og skoginitiativet for 2020 er strukturert etter rammeverket:
Rapportdel 1: Resultat opp mot det overordna målet om redusert og reversert tap av tropisk skog
Rapportdel 2: Gjennomgang av resultat i land der initiativet har eit bilateralt samarbeid om redusert avskoging
Rapportdel 3: Rapportering på resultat i samsvar med resultatmåla, det nedste nivået i det strategiske rammeverket
Rapportdel 4: Tverrgåande innsats på tvers av resultatmåla i det strategiske rammeverket
Rapportdel 1: Overordna mål om redusert og reversert tap av skog
Trass i ei aukande erkjenning i verda av rolla skogen har i eit stabilt klima og for bevart naturmangfald, går utviklinga i feil retning. Uavhengige analysar av satellittdata gjorde av Global Forest Watch viser at 2020 var det tredje verste året for tropisk naturskog i dette tusenåret. Berre i åra 2016 og 2017 gjekk det tapt større areal med naturskog, ifølgje denne kjelda. I 2020 var tapet av naturskog 12 pst. høgare enn tapet i 2019, og eit område tropisk naturskog på storleik med Sveits vart øydelagt.
Også FNs mat- og jordbruksorganisasjon, FAO, viser at avskoginga held fram. I den femårige rapporten Forest Resource Assessment 2020 blir det slått fast at verda mista 10 mill. ha skog kvart år mellom 2015 og 2020. Det er særleg verdt å merke seg at det etter sterk auke dei siste åra no er Afrika som er verdsdelen med høgast netto avskoging. Ei aukande befolkning og fattigdomsdrive småskalajordbruk fører til meir intensiv bruk av skogen og ekspansjon inn i tidlegare urørt naturskog.
Klima- og skoginitiativet skal medverke til å redusere tapet av tropisk skog, sjå det strategiske rammeverket for initiativet i figur 8.2. Dette skjer gjennom fleire inngangsvinklar (jf. resultatmål i det strategiske rammeverket). I dei landa som har gjort mest framgang i arbeidet med å forvalte areala sine på ein berekraftig måte, betaler Klima- og skoginitiativet land etterskotsvis for dokumenterte reduserte utslepp frå skogen. Ein indikator på måloppnåing for Klima- og skoginitiativet er difor talet på tonn reduserte utslepp initiativet har betalt for. I tillegg støttar Klima- og skoginitiativet innsatsen og investeringane for å redusere utslepp i landa.
Frå Klima- og skoginitiativet starta i 2008 til 2020, har initiativet samla betalt 10 mrd. kroner for 320 mill. tonn reduserte utslepp frå tropisk skog i Brasil, Guyana, Colombia og Ecuador. Det gjev utsleppsreduksjonar tilsvarande meir enn seks års utslepp frå Noreg, til ein gjennomsnittleg pris på 31 kroner per tonn. Noreg har berre betalt for ein brøkdel av dei samla utsleppa landa har gjennomført i perioden, samla utsleppsreduksjonar frå skogen er på over 4 mrd. tonn CO2-ekvivalentar. Den største delen er frå brasiliansk Amazonas for resultat i åra 2007–2017. Reduksjonen her utgjer meir enn 70 gonger årlege norske utslepp. Samstundes har vi mekanismar som inneber at når land sluttar å levere utsleppsreduksjonar, slik tilfellet har vore i Brasil dei siste åra, stoppar betalingane opp òg. Likevel har støtta til reformer i Brasil hatt varig effekt: Trass i tilbakegang under Bolsonaro-regjeringa er avskoginga framleis om lag 40 pst. lågare enn nivået før reformperioden vart innleidd.
I 2020 leverte Indonesia og Gabon resultat i form av utsleppsreduksjonar (sjå meir under).
Rapportdel 2: Innsats i Klima- og skoginitiativets partnarland
Bakgrunn og utfyllande informasjon om dei enkelte landsamarbeida er å finne på www.nicfi.no.
Indonesia
Indonesia har hatt ein betydeleg nedgang i avskoginga sidan 2015. Resultata følgjer eit tiår med omfattande reformer og innsats for auka berekraft innan skog- og arealbruk. Noreg inngjekk eit klima- og skogpartnarskap med Indonesia i 2010, og sidan den gongen har dei indonesiske styresmaktene varig verna meir enn 650 000 km2 naturskog. Gjennom sanntidsovervaking og strengare regelverk har dei bremsa kraftig øydelegging av torvmyr og våtmarker, samt kutta utslepp frå skog- og myrbrannar. Dei har styrkt både nasjonal lovhandheving og lokal skogforvaltning, samstundes med at viktige regjeringsrøyster over tid har arbeidd for auka miljømedvit i næringsliv og folket. Innsatsen har verka. Førebelse tal syner ein klart fallande og monaleg årleg avskogingstrend med global relevans, og i 2020 synte den første sjølvstendige verifiseringa at skogresultata for 2016–2017 var på 17 mill. tonn CO2-ekvivalentar relativt til det førre tiåret. Ein bilateral protokoll med reglar for resultatbasert utbetaling syner at Indonesia kan få betalt for 11 mill. av desse tonna. Noreg avgjorde i juni 2020 å betale for heile det oppnådde resultatet og lova å betale 530 mill. kroner. Utbetalinga føreset at det nyoppretta miljøfondet Indonesia Environment Fund (IEF) blir operativt. Dette medverkar til å nå Klima- og skoginitiativets overordna mål i 2020 om reduserte og reverserte tap av tropisk skog.
Noreg og Indonesia markerte i 2020 ti års klima- og skogsamarbeid, men pandemien har ført til at fysiske møte med styresmakter og partnarar har blitt avlyste, feltbesøk ikkje vore mogleg og det norske nærværet i Jakarta tidvis redusert. Indonesia har vore hardt råka av pandemien, både helsemessig og økonomisk. Det er framleis uklart korleis gjenoppbygginga vil påverke avskoginga i åra framover.
Det norskstøtta fleirgjevarfondet Forest Carbon Partnership Facility (FCPF), som er drive av Verdsbanken, hadde i 2020 god framdrift i provinsen Aust-Kalimantan. Programmet dekkjer 127 000 km2 av provinsen og har mål om å redusere meir enn 86 mill. tonn CO2-ekvivalentar av brutto utslepp i perioden 2020–2024. Verdsbanken signerte i 2020 ein kjøpsavtale med indonesiske styresmaktar om kjøp av inntil 22 mill. tonn av desse utsleppsreduksjonane. Det var òg framdrift i fleirgjevarfondet Initiative for Sustainable Forest Landscapes (ISFL) i provinsen Jambi på Sumatra, der førebuingane til å inngå ein kjøpsavtale for klimaresultat held fram.
Klima- og skoginitiativet har i 2020 ført vidare støtta til skogrike provinsar med eigne planar om skogbevaring og grøn utvikling. Noreg har saman med andre gjevarar sidan 2018 støtta styresmaktene i provinsane Vest-Papua og Papua gjennom strategiske partnarskap med sivilsamfunnsorganisasjonar. Pandemien har òg forseinka arbeidet i stor grad, der særleg involvering av lokalsamfunn er krevjande med omfattande reiserestriksjonar. Dette gjeld ei rekkje av prosjekta Noreg støttar.
Indonesia har i dag verna permanent 650 000 km2 primærskog og innførte i 2018 eit treårig forbod mot nye palmeoljekonsesjonar. Samstundes utferda presidenten ein instruks om å gå gjennom dei eksisterande konsesjonane for å sjekke lovlegheita og forsvarleg drift. Så langt har regjeringa tilbakekalla fleire lisensar for planlagde nye plantasjar.
Noreg støttar ein lisensgjennomgang i regi av provinsstyresmaktene, lokale styresmakter og antikorrupsjonsbyrået (KPK) for Vest-Papua. I august 2020 vart den første palmeoljelisensen på 98 km2 tilbakekalla i Sorong-distriktet. 78 km2 av dette området var framleis intakt regnskog. Den indonesiske sivilsamfunnsorganisasjonen Econusa er sentral i arbeidet i samarbeid med Regnskogfondet.
Noreg har halde fram med å støtte opp om betre handheving av lover for å kjempe mot ulovleg hogst i Indonesia. Samarbeidet med antikorrupsjonsbyrået i Indonesia, KPK, vart vidareført gjennom 2020.
Noreg har sidan 2016 støtta arbeidet til det indonesiske torvmyrbyrået og har mellom anna medverka til skiping av eit eige overvakingssystem for torvmyr, skiping av landsbygrupper for brannførebygging og torvmyrutbetring og testing av nye næringsvegar for lokalsamfunn busett rundt desse våtmarkene. Overvakingssystemet gjer sanntidsovervaking over arealbruksendringar av all indonesisk torvmyr mogleg, medverkar til betre transparens i forvaltninga av torvmyr og gjer det mogleg å komme med rask respons ved brann eller anna form for øydelegging. I desember 2020 vart byråmandatet forlengt for fire nye år. Samstundes vart ansvaret for mangroverestaurering lagt til oppgåvene.
Medan 2019 var prega av tørke og skogbrannane i skog- og myrareal på 15 200 km2, gjekk desse tala synleg ned i 2020. Styresmaktene sine eigne tal syner at om lag 3 000 km2 var råka av brann i 2020, noko som utgjer ein reduksjon frå 2019 på cirka 81 pst. Fleire torvmyrrike provinsar på Sumatra og Kalimantan stod for mykje av denne nedgangen. Ser ein på enkeltår sidan 2015, er det store årlege variasjonar, medan trenden samla sett for perioden syner ein markant nedgang i utslepp frå brannar.
Eit betydeleg historisk bidrag til avskoginga i Indonesia er låg produktivitet i palmeoljesektoren. Årviss vekst har vore sikra gjennom tilrettelegging for auka plantasjeareal i naturskog og myr. Her har regjeringa endra politikk og praksis og krev at vekst må sikrast på eksisterande areal. Noreg har støtta eit prosjekt gjennom Nebraska-universitetet kalla Global Yield Gap Atlas, der det i samarbeid med Indonesias landbruksdepartement ser på korleis intensivering av palmeoljeproduksjon på eksisterande småbrukarplantasjar kan aukast utan å utvide plantasjearealet. Prosjektet har funne eit mogleg produktivitetsgap på inntil 42 pst. og vil fremje ulike metodar for å auke produktiviteten, inkludert replanting av gamle tre. Noreg bidreg til ei slik omstilling på fleire måtar. Eit prosjekt i regi av Nordic Microfinance Initiative og Norfund skal gje småbønder i provinsen Vest-Kalimantan tilgang på mikrofinans for å auke produktiviteten, mot at dei ikkje medverkar til avskoging. Framdrifta i prosjektet har i 2020 vore forseinka av pandemien. Noreg samarbeider med Indonesia og selskap i palmeoljesektoren om avskogingsfrie verdikjeder via den internasjonale Tropical Forest Alliance.
Det vart utbetalt 410 mill. kroner til innsatsen i Indonesia i 2020. I tillegg støtta Noreg ei rekkje sivilsamfunnsorganisasjonar med til saman 71,5 mill. kroner gjennom Klima- og skoginitiativets sivilsamfunnsportefølje.
Brasil
Brasil var lenge ei suksesshistorie. Partnarskapen med Noreg (frå 2008) medverka til ein reduksjon på nær 80 pst. i avskoginga i Amazonas i forhold til gjennomsnittet for åra 1996–2005. Dette gav utsleppsreduksjonar på fleire mrd. tonn CO2-ekvivalentar i åra fram mot 2015. Dei norske bidraga gjennom Amazonasfondet støtta mellom anna 100 verneområde, samla på storleik med Frankrike, miljøregistrering av areal i om lag same storleiken og innsats for å sløkke brannar. Bolsonaro-regjeringa har freista å snu denne framgangen og lagt til rette for avskoging og åtak på urfolk. Uheldig utvikling i nasjonal politikk er ein reell risiko i all bistand, men trass i krisa har støtta vår til reformer hatt varig effekt: Sjølv om det har vore tilbakegang under Bolsonaro-regjeringa, er avskoginga framleis om lag 40 pst. lågare enn nivået før reformperioden vart innleidd. Vi har frose ubrukte midlar i Amazonasfondet. For å opne fondet på ny må avskoginga ned, Brasil må ha ein truverdig skogpolitikk, og styret i fondet skal reetablerast. Nye utbetalingar til føderale styresmakter er neppe aktuelt under denne administrasjonen. Utbetalingar til Brasil vil dermed vere lågare i den nærmaste tida. Men dei store delstatane i Amazonas engasjerer seg i LEAF-koalisjonen (sjå nedanfor), og norsk støtte til urfolk, sivilt samfunn og delstatar er viktig for å demme opp for utviklinga. USA, Storbritannia og Tyskland er sterke allierte i arbeidet. Saman med desse landa arbeider vi også for å styrkje skoginnsatsen i andre land i Amazonas (40 pst. ligg utanfor Brasil).
Avskoginga i Brasil har auka etter 2015 og har særleg skote fart frå og med skogåret 2018–2019. Tal frå Brasils institutt for romforsking (INPE) syner ein avskoging på 11 088 km2 i 2019–2020, ein ytterlegare auke på 10 pst. frå skogåret 2018–2019.
Dei politiske forholda for skogsamarbeidet i Brasil endra seg drastisk med innsetjinga av Jair Bolsonaro som president 1. januar 2019. Dei siste par åra har miljø- og urfolksinstitusjonar blitt systematisk bygde ned og sivilsamfunn blitt marginaliserte. Det brasilianske miljøpolitiet IBAMA, Biomangfaldsinstituttet ICMBIO og Urfolksdirektoratet FUNAI har alle fått omfattande kutt i budsjetta. Talet på feltoperasjonar for å avdekkje skogkriminalitet har blitt kraftig avgrensa, og talet på bøter for ulovleg avskoging er kraftig redusert. Styresmaktene i Brasil har i 2020 òg foreslått å innføre reguleringar som legaliserer storskala landokkupasjon, og som delvis opphevar avgrensingane på jordbruksproduksjon i delar av Amazonas som nyleg er avskoga. Det ligg føre storstilte planar for nye infrastrukturprosjekt, og forslag om å opne urfolksområde for gruvedrift er fremja for den brasilianske kongressen. Totalbiletet er ei reversering av mange av dei viktigaste tiltaka Brasil har nytta for å få avskoginga ned, og dette trass i at Brasil har potensial til å auke landbruksproduksjonen dramatisk utan avskoging.
Utviklinga sidan januar 2019 viser kor politikkdriven avskoginga er. Når styresmaktene regulerer og overheld lova, går avskoginga ned, men byggjer dei ned overvaking og lovhandheving og signaliserer straffefridom, går avskoginga opp. Dei bilaterale samarbeida Noreg har, inkludert det med Brasil, er godt innretta for å støtte opp om politikk som fungerer, og redusere støtta når politikken går motsett veg. Noreg har – tett koordinert med EU, Tyskland, UK og USA – uttrykt tydeleg uro over utviklinga og parallelt med diskusjonar med styresmaktene også auka støtta til ikkje-statlege aktørar.
Sommaren 2019 kunngjorde Noreg at det ikkje ville vere mogleg å gje fleire bidrag til Amazonasfondet fordi brasilianske styresmakter hadde avvikla sentrale delar av styringsstrukturen i fondet. Midlar som ikkje allereie er fordelte til konkrete prosjekt, vart frosne fram til brasilianske styresmakter igjen set i verk tiltak som reverserer den auka avskoginga i Amazonas, utviklar ein ny strategi for korleis avskoginga skal vidare ned, og gjenreiser styringsstrukturen i fondet. Amazonasfondet har i 2020 halde fram med å betale ut kontraktsfesta midlar til den eksisterande prosjektporteføljen. Det har vore diskusjonar om ei mogleg gjenopning av fondet, utan at Brasil og Noreg så langt har komme fram til ei løysing.
Fram til og med 2020 har Amazonasfondet samla fordelt om lag 4,4 mrd. kroner til 103 ulike prosjekt i regi av eit breitt spekter av styresmaktinstitusjonar, universitet og forskingsinstitusjonar, frivillige organisasjonar og urfolksgrupper. Fondet har vore med på å støtte verneområde i Amazonas, registrering av eigedommar, støtte til produksjon og marknadsføring av berekraftige produkt og til å redusere inngrep i urfolksterritorium. Det er gjennomført fleire uavhengige evalueringar av Amazonasfondet. Den hittil siste vart gjennomført i desember 2019 og konkluderte mellom anna med at fondet har vore eit svært viktig instrument for å redusere avskoginga i Amazonas sidan opprettinga i 2008.
Brasil har gjennom heile samarbeidsperioden frå 2008 hatt eit godt utvikla system for måling, rapportering og verifisering av klimagassutslepp frå skog (MRV) i Amazonas-biomet. Noreg har lenge hatt dialog med Brasil om å utvide systemet til å dekkje heile landet, særleg den brasilianske savanneskogen Cerrado. Avskoginga i Cerrado-området låg vesentleg høgare enn i Amazonas i tiårsperioden fram til 2016. Dei siste åra har avskoginga i Cerradoen falle. Ifølgje det brasilianske rominstituttet (INPE) forsvann 7 340 km2 skog frå Cerradoen i 2020. 6 483 km2 forsvann i 2019. Allereie no er om lag halvparten av Cerradoen omgjord til jordbruksland.
Noreg har i 2020 ytterlegare styrkt innsatsen for å fremje urfolk sine rettar og sikre berekraftig utvikling i urfolksområde i Amazonas, gjennom støtte til 40 urfolksorganisasjonar og frivillige organisasjonar som støttar urfolk. Dette medverkar til betre styresett i skog- og arealforvaltninga og vil setje organisasjonane i stand til å på sikt kunne ta imot direkte støtte frå Amazonasfondet og andre finansieringskjelder. Noreg har òg medverka til å utvikle nye modellar for å finansiere at urfolk får kontroll over territoria sine, mellom anna gjennom skiping av spesielle urfolksfond. Eit nytt nettverk for urfolk vart i 2020 etablert i samarbeid med den nasjonale paraplyorganisasjon for brasilianske urfolk, APIB, og advokatorganisasjonen Pro Bono. Meir enn 850 000 sider med dokumentasjon om rettane til urfolk og avgrensingsprosessar er i tillegg blitt digitaliserte og katalogiserte. Desse dokumenta skal gjerest tilgjengelege for eit breiare publikum i første halvdelen av 2021. Ein treårig avtale vart underteikna med UN Women for å fremje kilombolakvinner (etterkommarar etter rømde slavar) sine rettar.
Utan ein landbruksøkonomi som legg til rette for private investeringar i avskogingsfrie forsyningskjeder, vil det truleg bli vanskeleg å nå Brasils klimamål. Noreg førte vidare og styrkte i 2020 satsinga på meir direkte kontakt med enkelte delstatar og private aktørar om utviklinga av ein grøn økonomi. Norskstøtta initiativ som legg vekt på privat-offentleg samarbeid er og ført vidare. Eitt av desse er det globale initiativet Tropical Forest Alliance (TFA). TFA støttar selskap som har lovd å fjerne tropisk avskoging i eigne forsyningskjeder knytt til viktige globale råvarer, mellom anna soya og kjøtt. Noreg støttar òg sekretariatet til eit nytt initiativ frå ei gruppe progressive investorar med mellom anna Storebrand i spissen, som har innleidd ein policydialog direkte med styresmaktene i Brasil. TFA er saman med det nederlandske berekraftinitiativet IDH særleg aktive i delstaten Mato Grosso. Noreg støttar implementering av berekraftstrategien Produce, Conserve, Include (PCI) i delstaten gjennom IDH og TFA. Mato Grosso kvalifiserte seg tidleg som mogleg mottakar av investeringar frå det norskfinansierte &Green Fund, som investerer i berekraftige forsyningskjeder. I 2020 vart det signert ein låneavtale med selskapet Roncador som vil leggje om til ei meir arealeffektiv drift der soya og kveg blir produserte vekselvis på det same landområdet. Fondet var også i forhandlingar med Marfriq, ein av dei største kjøttprodusentane i verda, om ein mogleg avtale om kjøttproduksjon utan avskoging.
Om lag ein tredel av Amazonasskogen er privateigd, og landeigarar har ofte lovleg rett til å avskoge (typisk opptil 20 pst. av eigedommen). Noreg held i 2020 fram arbeidet med å støtte det brasilianske sivilsamfunnet, akademia og privat sektor med å utvikle nye tilnærmingar for å implementere den brasilianske skoglova, redusere lovleg avskoging og oppnå berekraftige forsyningskjeder. Det er inngått avtale med sivilsamfunnsorganisasjonen IPAM om å føre vidare eit pilotprosjekt for å kompensere soyabønder for ikkje å hogge skogen dei har lov til å hogge på sine eigne eigedommar, CONSERV. Den same organisasjon tek òg imot midlar frå Noreg for arbeid for å gjere gjennomføringa av den brasilianske skoglova meir effektiv. Det er ført vidare ein avtale med Igarape Institute for å kartleggje og synleggjere miljøkriminalitet i Amazonasbassenget. Det er og gjeve midlar til Climate Policy Initiative i Brasil, som går til å forbetre styresmaktene si implementering av skoglova, til å innføre miljøkriterium for jordbrukssubsidiar og til å gjere infrastrukturutbygging meir berekraftig. Ein avtale med sivilsamfunnsorganisasjonen Imazon om å forbetre varslinga av avskoging og ulovleg hogst med sikte på å auke effektiviteten i lovhandhevinga, er vidareført i 2020.
Det vart i 2020 ikkje utbetalt midlar frå Noreg til Amazonasfondet. Det vart i 2020 utbetalt til saman 53 mill. kroner til urfolksgrupper og andre organisasjonar som er omtalte over. I tillegg vart sivilsamfunnsorganisasjonar støtta med til saman 53 mill. kroner i Brasil gjennom sivilsamfunnsporteføljen som blir forvalta av Norad.
Guyana
Guyana har lykkast med å halde avskoging svært låg sidan Noreg og Guyana inngjekk eit bilateralt klima- og skogsamarbeid i 2009. Pengane som Guyana har tent opp gjennom klima- og skogpartnarskapet, skal brukast til å gjennomføre Guyanas nasjonale strategi for grøn utvikling. Strategien legg vekt på framleis låg avskoging og behov for nye politiske reformer for å sikre auka involvering av mellom anna urfolka som forvaltar skogen. Styresettet i skogsektoren i Guyana er blitt betydeleg betra dei siste åra. Mellom anna har Guyana bygd eit robust skogovervakingssystem av svært god kvalitet.
Det vart i 2019 gjort ei utbetaling på 393 mill. kroner til Guyanas REDD+ Implementation Fund (GRIF). Utbetalinga er basert på resultat for perioden 2013–2016, tilsvarande 43 mill. tonn CO2-ekvivalentar. Utbetalinga utgjer dei resterande midlane under den bilaterale avtalen frå 2009, og det vart ikkje gjort noka utbetaling for resultat i 2020. Av totalt rundt 1,5 mrd. kroner utbetalt i avtaleperioden, er 1,3 mrd. kroner utbetalt for oppnådde resultat under avtalen. Dei resterande 200 mill. kronene har gått til førebuande tiltak. Dei utbetalte midlande har gått til å gjennomføre ei rekkje prosjekt knytte til dei ulike milepålane for samarbeidet, mellom anna oppbygging av eit skogovervakingssystem, forbetra skogforvaltning og sikring av landrettane til urfolk. Om lag 600 mill. kroner har vore administrativt plasserte i Den interamerikanske utviklingsbanken, i vente på ei avklaring om korleis midlane kan investerast i prosjekt for å utvikle fornybar energi.
I 2020 var avskoginga på 10 232 ha, ein avskogingsrate på 0,057 pst. I desember 2020 leverte Guyana eit konseptnotat for verifisering av utsleppsreduksjonar for åra 2016–2017 til Architecture for REDD+ Transactions (ART). 2020 var eit år prega av politisk uro i Guyana. Det tok lang tid å få på plass ein ny administrasjon etter presidentvalet i mars, og den nye presidenten Irfaan Ali tiltredde ikkje før i august. Dei siste åra har det vore funn i Guyana av nokre av dei største olje- og gassreservane i verda, og i desember 2019 starta ExxonMobil opp oljeproduksjon. Den nye presidenten og visepresidenten har erklært at det framleis er ønskjeleg med ei grøn økonomisk utvikling for Guyana, inklusive ei vidareføring av skogpartnarskapet med Noreg.
Landet har også vore hardt ramma av covid-19-pandemien. Dette har ført til forseinkingar i budsjettforhandlingane og også i implementeringa av nye prosjekt. Arbeidet med å styrkje landrettar for urfolk har også vore forseinka grunna regjeringsskifte og covid-19.
Avtaleinngåing med EU om ein handlingsplan mot ulovleg hogst og handel med tropisk tømmer (Forest Law Enforcement, Governance and Trade) i 2018 har ført til innstramming av lovverk innanfor skogbruket. Vidare har deltaking i Extractive Industries Transparency Inititiative (EITI) i 2017 ført til ein meir open prosess i konsesjonstildeling innanfor gruvesektoren, som er den største drivaren bak avskoging i Guyana.
Det vart i 2020 utbetalt om lag 10 mill. kroner til Guyana gjennom organisasjonen Conservation International til arbeid knytt til skogovervakingssystemet i landet. I tillegg vart det utbetalt 25,5 mill. kroner til sivile samfunnsorganisasjonar i Guyana gjennom Norads sivilsamfunnsportefølje.
Colombia
Under klimatoppmøtet i Madrid i desember 2019 vart klima- og skogsamarbeidet mellom Noreg, Colombia, Tyskland og Storbritannia forlengt fram til 2025. I den fornya avtalen set Colombia seg mål om å halvere avskoginga nasjonalt innan 2025. Noreg, Tyskland og Storbritannia har lovd å støtte opp om Colombias ambisiøse mål med opptil 3,3 mrd. kroner. Seint i 2020 vart det oppnådd einigheit om milepålar, indikatorar og styrings- og rapporteringsmekanismar for skogsamarbeidet.
Noreg lovar støtte til Colombia på opptil 400 mill. kroner årleg for reduserte klimautslepp fram til 2025, dersom Colombia lykkast med å redusere avskoginga nasjonalt. I tillegg vil Noreg medverke med opptil 470 mill. kroner fram til 2022 som betaling for gjennomførte reformer og tiltak som står i erklæringa.
Avskoginga auka frå 1 589 km2 i 2019 til 1 717 km2 i 2020, med andre ord ein auke på 124 km2. Amazonas-biomet vart hardast ramma, men også i Andesregionen vart det registrert ein betydeleg auke. Ein auke i avskoginga i 2020 representerer eit brot på den positive utviklinga i 2019 og 2018 da det vart registrert redusert avskoging både på landsbasis og i Amazonasbiomet.
Den auka avskoginga var knytt til endringar i dynamikkar som følgje av fredsprosessen. Illegale væpna grupperingar og organiserte kriminelle nettverk har klart å få seg større innpass i Amazonasbiomet. Dette har gjort det vanskelegare for sivile offentlege kontrollorgan og for miljø- og bistandsaktørar å operere i regionen. Spesielt alvorleg er situasjonen i enkelte urfolksterritorium i vestlege delar av Amazonas. Effekten vart forsterka av at fleire styresmaktsorgan reduserte feltaktivitetar for å verne eige personell mot koronasmitte og for å forhindre at smitta vart bringa inn til sårbare lokalsamfunn i rurale strøk.
Noreg hadde innan utgangen av 2020 betalt i alt 325 mill. kroner til Colombia for oppnådde reduksjonar i utslepp frå avskoging i colombiansk Amazonas gjennom REDD Early Movers-samarbeidet (REM), som er forvalta av den tyske utviklingsbanken (KFW). Utbetalingane gjeld ein del av Colombias reduserte avskoging i Amazonas i perioden 2013–2016, som til saman gav utsleppsreduksjonar berekna til 41,6 mill. tonn CO2-ekvivalentar. Den norske støtta til Amazonasvisjonen har skapt alternative inntektskjelder for lokalbefolkninga som tidlegare har levd av å hogge skogen for å skape beitemark eller dyrke koka. Støtta har også bidrege til å styrkje rettane til urfolk og forbetre styresettet og arealplanlegginga i skogsektoren.
Under den fornya skogavtalen er målet så snart som mogleg å kunne betale Colombia for utsleppsreduksjonar frå redusert avskoging på nasjonalt nivå.
Sjølv om pandemien sette grenser for full operasjonalisering av tiltak for å avgrense avskoginga, gjekk arbeidet vidare og leverte viktige resultat. I desember 2020 utvida Colombia to store urfolksterritorium med så mykje som 140 000 ha. Delvis takka vere støtte via Norads sivilsamfunnsportefølje har fire nye område blitt omfatta av Colombias lovgjeving knytt til etablering av urfolkskommunar.
Regjeringa Duque starta i 2020 utrullinga av ei storsatsing innan berekraftig bruk av ressursar i område som er omfatta av ulike typar verneregime og der staten har eigarskap til jorda. Under denne nye ordninga kan småbønder få bruksrett i desse områda – som ikkje omfattar nasjonalparkar – mot at dei underteiknar kontraktar der dei forpliktar seg til å beskytte skog og andre naturressursar i området.
Noreg inngjekk i 2020 eit samarbeid med UNODC for å styrkje riksadvokatkontoret med å etterforske, straffeforfølgje og løyse komplekse avskogingssaker. Riksadvokatkontoret har vist stor handlekraft. Dei har for første gong arrestert personar skulda for å finansiere avskogingsoperasjonar og tre tidlegare ordførarar som er mistenkte for avskogingsrelaterte aktivitetar.
Colombia presenterte i 2020 eit nytt og forbetra nasjonalt utsleppsmål (NDC) til FNs klimakonvensjon, der utslepp skal reduserast med 51 pst. innan 2030 samanlikna med framskrivingar. Dette er betydeleg meir enn målet om 20 pst. frå 2015. Utslepp frå avskoging, landbruk og andre typar endringar i bruken av areal står for over halvparten av utsleppa til landet.
Trass i positiv og progressiv politikk på fleire område relaterte til klima- og skogsatsinga i Colombia, så er det framleis ei negativ utvikling når det gjeld drap på og truslar mot miljøforkjemparar, urfolksleiarar og afrocolombianske leiarar. Ifølgje ein rapport frå organisasjonen Front Line Defenders vart over halvparten av alle registrerte drap på miljøforkjemparar i heile verda i 2020 gjorde i Colombia.
Noreg utbetalte til saman 87,7 mill. kroner til Colombia i 2020. Gjennom Norads sivilsamfunnsportefølje vart til saman 60 mill. kroner utbetalte til organisasjonar i Colombia.
Peru
Førebelse tal frå 2020 viser at avskoginga auka til over 203 000 ha, ein auke på omtrent 37 pst. Avskoginga er anteken å følgje trendar frå tidlegare år der migrasjon og småskala landbruk er årsakene, men der arbeidsløyse som følgje av pandemien førte til ekstra press på skogen. Peru har så langt klart å unngå vekst i avskoging frå storskala plantasjar.
Peru vart hardt råka av covid-19-pandemien i 2020. Landet hadde både høge smittetal og opplevde ein nedgang i økonomien. Budsjettkutt førte til mindre ressursar til å beskytte skogen mot truslar som ulovleg avskoging. På grunn av omsyn til smittevern har det også vore vanskeleg å arbeide med lokalbefolkninga som bur i regnskogen, for å gjennomføre tiltak for å stoppe avskoginga. Mange av desse er urfolk, som er særskilt sårbare. Noreg løyvde 15 mill. kroner i 2020 for særskilde tiltak retta mot situasjonen til urfolk under pandemien.
Peruanske styresmakter vidareførte likevel i 2020 ein storstilt aksjon mot ulovleg gruvedrift i Amazonas-fylket Madre de Dios. I dette fylket er gruvedrift hovudårsak til avskoging. Målet var å kjempe mot organisert kriminalitet og samstundes kunne medverke til nye inntektskjelder for lokalbefolkninga og restaurere store område som er blitt totalt raserte etter mange år med ulovleg mineralutvinning. Nye data estimerer at avskoginga i delar av området har gått ned med 78 pst.
Gjennom Interpol, Rhipto og UNODC har Noreg støtta opprettinga av ei ny spesialeining i politiet som etterforskar ulovleg avskoging. Eininga har i 2020 avdekt vidtrekkande korrupsjon og gjort ei rekkje pågripingar i delstatane Loreto og Madre de Dios. Til dømes er tenestemenn mistenkte for å ha utferda falske løyve for transport av ulovleg tømmer.
Peru lanserte i november 2018 ein handlingsplan for felleserklæringa dei har med Noreg og Tyskland. Sjølv om pandemien sette grenser for arbeidet, har denne blitt følgd opp i 2020. Handlingsplanen vart utarbeidd på tvers av fleire sektorar, mellom anna miljødepartementet, landbruksdepartementet og kulturdepartementet (urfolksspørsmål) og skal rette innsats mot viktige milepålar i felleserklæringa. Til dømes fekk urfolkssamfunn i 2020 landrettar til 500 km2, og sidan 2014 har nesten 20 000 km2 blitt tilknytte slike rettar. Andre viktige milepålar inkluderer lovhandheving og arealplanlegging.
Skogarealplanar er under utvikling, og gjennom felleserklæringa var San Martin i 2019 første delstat som fekk godkjent ein arealplan for skogen i sitt fylke, på over 45 000 km2. I 2020 har delstaten Ucayali følgt i fotspora til San Martin. Dei har gjennomført ulike analysar og utgreiingar som skal førebu delstaten sin eigen skogarealplan. Ein skogarealplan fører til at alle område dekte av skog blir knytte til ein kategori for verne- eller bruksformål med særskild ansvar. Forsking i Peru viser at areal som ikkje er knytta til slike kategoriar har større avskoging.
Peru leverte i 2020 inn eit samandrag til FNs klimakonvensjon for statusen på arbeidet deira med sikringsmekanismar knytte til skog. Det er ei viktig oppfølging av lovverket til klimakonvensjonen, og noko Peru også forplikta å gjere som del av samarbeidet med Noreg.
Noreg støttar gjennom amerikanske USAID eit sporingssystem for tømmer, som i 2020 vart utvida til delstaten Madre de Dios. I 2020 vart også arbeidet med å knyte ulike informasjonssystem saman vidareført, slik at ein enkelt kan følgje tømmeret via eit serienummer heilt frå hogstkonsesjon til sals- eller eksportpunkt.
Interfaith Rainforest Initiative bidrog i 2020 med mat og medisinar til avsidesliggjande urfolksgrupper og arbeidde for å skape medvit hos politikarane i Lima og i regionane om kor viktig det er at det fortset å vere urfolk i skogen.
Heilt på tampen av 2020 oppjusterte Peru utsleppsmålet sitt for 2030. Medan dei før hadde lovd å redusere utslepp med 30 pst., auka dei lovnaden til 40 pst.
Det vart utbetalt 35,6 mill. kroner til Peru i 2020, til prosjekt i regi av UNDP, GGGI og USAID. I tillegg vart det utbetalt 44 mill. kroner til peruanske organisasjonar gjennom sivilsamfunnsporteføljen i Klima- og skoginitiativet, forvalta av Norad. Blant desse er Amazon Conservation Association, som publiserer analysar av fersk avskoging avdekt av satellittbilete. Ein av analysane førte til at peruanske styresmakter raskt rykte inn for å slå ned på ulovleg avskoging i tre ulike område i Madre de Dios-regionen.
Sentral-Afrika og Central African Forest Initiative (CAFI)
Sentral-Afrika har den nest største tropiske skogen i verda. Den demokratiske republikken Kongo (DRK) har om lag 60 pst. av skogdekket i regionen, medan resten fordeler seg på Republikken Kongo, Gabon, Kamerun, Den sentral-afrikanske republikken og Ekvatorial-Guinea. Avskoginga i regionen har historisk vore relativt låg. Etter gradvis aukande avskoging det siste tiåret, tyder datamaterialet frå Global Forest Watch at avskoginga dei siste åra har stabilisert seg på eit høgt nivå. Avskoginga er størst i DRK. Den viktigaste årsaka til dette er svijordbruk, etterfølgt av produksjon av trekol rundt dei største byane. Sterk folkevekst (fordobling av folketalet på 20–25 år) og fattigdom er dei viktigaste underliggjande årsakene. Situasjonen i Kamerun har mange fellestrekk med DRK, medan Gabon, Republikken Kongo og Den sentral-afrikanske republikken har langt lågare befolkningspress og relativt låg avskoging. Ein større del av CO2-utsleppa i desse landa kjem av skogdegradering gjennom selektiv hogst.
I 2015 vart Central African Forest Initiative (CAFI) oppretta som eit regionalt fleirgjevarinitiativ mellom sju gjevarland (EU, Tyskland, Frankrike, Storbritannia, Nederland, Sør-Korea og Noreg) og alle dei seks skoglanda i Sentral-Afrika. CAFI har som formål å medverke til styrkt koordinering og større mobilisering av finansiell støtte til nødvendige tiltak for å redusere avskoginga i regionen innanfor ramma av forpliktande partnarskapsavtalar. CAFI er både ei plattform for koordinering og eit finansieringsinstrument (CAFI-fondet). Etter lanseringa i 2015 inngjekk Noreg ein avtale om inntil 2 080 mill. kroner i støtte til CAFI-fondet fram til 2020. I tillegg gav Noreg lovnad i 2019 om ekstra støtte til resultatbasert avtale med Gabon (sjå nedanfor). I 2020 tok Tyskland over presidentskapet i CAFI etter Frankrike.
Det vart i 2020 utbetalt 400 mill. kroner til CAFI. I 2020 var bidraget frå Tyskland for første gong større enn det norske bidraget til CAFI (67,5 mill. USD mot 44,3 mill. USD).
Det vart òg utbetalt om lag 12 mill. kroner til sivilsamfunnsorganisasjonar i regionen gjennom sivilsamfunnsporteføljen som blir forvalta av Norad.
DR Kongo
Dei norske tilskotsmidlane går gjennom CAFI og vidare til det nasjonale REDD+-fondet i DR Kongo (FONAREDD), som er forvalta av FN. Framgangen mot milepålane i intensjonsavtalen mellom CAFI og DRK vart verifisert for andre gong i 2020. For svært mange milepålar har det vore ei positiv utvikling samanlikna med året før. Framgangen har vore god innan fleire sektorar, inkludert arealplanlegging og nasjonal landreform, medan det står mykje att før handhevinga av gjeldande nasjonale lover og regelverk innan skogbruket er tilfredsstillande.
Etableringa av CAFI/FONAREDDs programportefølje i DRK har teke lengre tid enn planlagt. Dette har samanheng med fleire regjeringsskifte sidan signeringa av intensjonsavtalen og grundige, men tidvis tunge prosedyrar hos implementerande partnarar, delvis som følgje av høgt risikonivå i landet. Ved utgangen av 2020 hadde styret i FONAREDD godkjent totalt 17 program med ei samla CAFI-utbetaling på 171 mill. dollar. Av dette har FONAREDD allereie overført om lag 150 mill. dollar til dei implementerande organisasjonane.
I 2020 har DRK vidareutvikla den nasjonale arealplanleggingspolitikken, og ei arealplanleggingslov er oversend parlamentet. Landreforma finansiert av CAFI blir rekna som vellykka. I reformprosessen har det vore lagt til rette for brei deltaking frå sivilsamfunn, urfolk og kvinner. CAFI har finansiert kompetanse- og kapasitetsutvikling i både arealplanleggingsdepartementet og departementet for landrettar. Eit større program til støtte for reformer i skogsektoren er under oppstart.
Covid-19-pandemien har påverka framdrifta under dei såkalla integrerte provinsprogramma, som investerer i mange ulike sektorar i utvalde provinsar. Likevel har programma i 2020 i fleire provinsar utarbeidd arealplanar på provinsnivå, medverka til betre tilgang på innsatsfaktorar til jordbruket, etablert lokale utviklingskomitear som skal bidra med utvikling av lokale arealforvaltningsplanar, og revitalisert lokale jordbrukskomitear. Dette er nødvendige føresetnader for å auke jordbruksproduksjonen lokalt og har medverka til at det i 2020 er etablert fleire titusen ha med berekraftig matproduksjon, avskogingsfri palmeolje og berekraftige treplantasjar for produksjon av brensel til matlaging. Det er også aukande fokus på naturleg regenerering av skog, med 87 000 ha etablert berre i provinsen Maï Ndombe i 2020. Eit nytt, stort familieplanleggingsprogram finansiert av CAFI medverkar til betre tilgang til prevensjon, slik at kvinner i større grad kan bestemme når og kor mange barn dei ønskjer, og dermed medverka til ein demografisk overgang i retning færre barn per kvinne. Trass i dei store utfordringane i 2020 har programmet levert om lag 850 000 Couple Year Protection (dekking av prevensjonsbehovet til eit par i eit år), tilsvarande 56 pst. av det planlagde programresultatet. Samla sett har fleire av dei implementerande organisasjonane brukt til dels lang tid på å komme i gang med programaktivitetane. CAFI har sett i verk fleire tiltak for å bøte på dette (inkludert gradvis overgang til nye partnarar der dette er nødvendig).
Den første intensjonsavtalen mellom CAFI og DRK gjekk ut i 2020 og vil etter planen bli erstatta av ny avtale i 2021. Det er forventa ein del endringar i den nye avtalen. Dei fleste investeringsprogramma som er sette i gang under den første intensjonsavtalen, vil likevel bli vidareførte.
Gabon
I 2017 inngjekk CAFI ein intensjonsavtale med Gabon med ei investeringsramme på 150 mill. kroner, utvida med 100 mill. i 2019. I tråd med intensjonsavtalen har Gabon i 2020 vedteke nye retningslinjer for tildeling av palmeoljekonsesjonar for å kanalisere palmeoljeproduksjonen til område med lite skog og biologisk mangfald, medan arts- og karbonrik skog blir verna. CAFI har støtta Gabon i utviklinga av den første Safeguard Information System-rapporten til landet og av referansenivå for skog til klimakonvensjonen. Eit nytt program godkjent av CAFI i 2020 skal hjelpe Gabon i innføringa av obligatorisk, internasjonalt anerkjend hogstsertifisering.
Under den resultatbaserte avtalen inngått i 2019 innleverte Gabon i 2020 ein resultatrapport til CAFI for resultatåra 2016–2017. Rapporten dokumenterte utsleppsreduksjonar på om lag 5 mill. tonn CO2-ekvivalentar (3,4 mill. tonn etter fråtrekk av ein buffer), samanlikna med den historiske referanseperioden 2006–2015. Ved utgangen av 2020 var den uavhengige verifiseringa av resultata ikkje ferdigstilt.
Republikken Kongo
I 2019 inngjekk CAFI ein intensjonsavtale med Republikken Kongo med ramme på 65 mill. USD. Av dette har Noreg gjennom støtta til CAFI forplikta seg til eit bidrag på inntil 200 mill. kroner. Gjennom intensjonsavtalen forpliktar Republikken Kongo seg til vern om skogen og dei store torvmyrområda i landet. CAFI vil mellom anna gje støtte til arealplanlegging, avskogingsfritt jordbruk, berekraftig skogforvaltning og sterkare sivilsamfunnsdeltaking. Etter brei dialog med CAFI rundt oppsettet for samarbeidet har Republikken Kongo gjennom eit statsministerdekret etablert ein styringsstruktur for klima- og skogsektoren, som også inkluderer sivilsamfunnet. Arbeidet med utvikling og implementering av investeringsprogram er sett i gang.
Etiopia
Den største trusselen mot skogen i Etiopia er menneske som treng brensel og jordbruksland. Dette gjer generell utvikling, mellom anna utvikling av skogvennlege næringar som kan gje levebrød til fleire, saman med berekraftig arealforvaltning, særs viktig. I mars 2019 vart eit utkast til nasjonale retningslinjer for arealplanlegging utarbeidd og lagt fram for statsministerkontoret. Vidare arbeid med godkjenning og iverksetjing av desse blir særs viktig for å sikre heilskapleg forvaltning av land i Etiopia og at til dømes ein nødvendig auka jordbruksproduksjon ikkje har negativ effekt på skogen. Retningslinjene låg i 2020 framleis hos statsministerkontoret i vente på godkjenning frå regjeringa.
2020 har vore eit vanskeleg år for Etiopia. Grashoppesvermar har herja landet og jordbruksavlingar, covid-19-pandemien har hatt stor negativ effekt på økonomien, og på tampen av året braut det ut borgarkrig i Tigray. Like fullt har programma og prosjekta som Noreg støttar, hatt relativt god framgang. Det vart i 2020 gjennomført ei midtvegsevaluering av flaggskipprogrammet REDD+ Investment Programme (RIP). Sluttrapporten blir ferdigstilt først i 2021, men førebelse funn syner jamt over gode resultat.
I 2020 heldt etiopiske styresmakter fram arbeidet med skogbevaring. Gjennom RIP fekk 97 lokale kooperativ avgrensa til saman over 2000 km2 skog. Dette er eit viktig steg i prosessen fram til juridisk bindande avtalar med styresmaktene sikrar desse lokalsamfunna bruksrett til skogen, samstundes som dei forpliktar seg til å ta vare på han gjennom såkalla Participatory Forest Management-avtalar. Kooperativa arbeider òg med å utvikle inntektsgjevande aktivitetar for å betre levekåra til dei som bur i og rundt skogen.
Skogplantingsagendaen har fått fornya merksemd etter at statsminister Abiy i 2019 lanserte sin Green Legacy-plan med mål om å plante 20 mrd. tre i løpet av 5 år. I 2020 rapporterte prosjektet å ha planta 5 mrd. tre. Det vart planta til saman 129 km2 skog gjennom dei to norskstøtta programma RIP og Institutional Strengthening for the Forest Sector Development Programme i 2020. Dei same to programma sørgde for ulike aktivitetar for å rehabilitere om lag 2 400 km2 degraderte skogområde.
Ei skogtransformasjonseining, Forest Sector Transformation Unit (FSTU), plassert hos den etiopiske skogkommisjonen med mandat til å utvikle nye løysingar for skogsektoren, inkludert tilrettelegging for berekraftige investeringar, heldt fram med arbeidet sitt i 2020. Ei rekkje program- og prosjektforslag vart utvikla og lagde fram for ulike potensielle samarbeidspartnarar. Det vart i 2020 klart at den koreanske motparten til Norad, KOICA, vil støtte eit bambusprosjekt med budsjett på 7,7 mill. USD. FSTU jobba i 2020 også vidare med eit investeringsfond som tek sikte på å finansiere privatsektor- og lokalsamfunnsprosjekt innan kommersielt skogbruk, restaurering og treforedling. Retningslinjer og prinsipp for fondet vart utvikla og sende på eksperthøyring.
Styresmaktene brukte i 2020 mykje tid på å identifisere manglar i skogovervakingssystema sine og å foreslå tiltak for å operasjonalisere dei. Dette vil betre oversikta styresmaktene har over skogen og verknadene av politikken deira, hjelpe dei med å kunne rapportere skogdata til FNs klimakonvensjon og å kunne ta imot resultatbaserte utbetalingar frå REDD+. Arbeidet med måling, rapportering og verifisering (MRV) vil halde fram med å vere ein prioritet for styresmaktene og samarbeidet dei neste åra. I 2020 sende Etiopia inn eit samandrag av ein oppdatert NDC til Klimakonvensjonen. Det er eit noko auka ambisjonsnivå, som allereie låg høgt på 64 pst. reduksjon i klimagassutslepp innan 2030, samstundes som det er arbeidd med å betre datagrunnlaget.
Noreg gav i 2020 støtte til fem sivilsamfunnsorganisasjonar gjennom Klima- og skoginitiativet: World Agroforestry Center (ICRAF), Norwegian Forestry Group (NFG), Farm Africa, Wondo Genet College og Kirkens Nødhjelp. Tematisk støttar dei opp om arbeidet til styresmaktene beskrive ovanfor. Dei fleste avtalane gjekk opphavleg ut i 2020, men alle avtalane er forlengde ut 2021.
I 2020 har ICRAF arbeidd med å samle inn data for å ferdigstille både eit «klimaatlas for treslag i Etiopia» og ein interaktiv internettportal der ein kan få informasjon om kva for treslag ein bør velje for ulike geografiar og bruksområde, og der ein kan finne kvalitetsfrø av dei ulike artane. I samarbeid med Kirkens Nødhjelp fremjar den ortodokse kyrkja verdien av skogen i samtalen med kyrkjelydane sine. Den ortodokse kyrkja i Etiopia har over 32 mill. medlemmer. I 2020 har prosjektet mellom anna utarbeidd metodologi om kyrkjeskog og grøne korridorar for å skalere opp kyrkjeskogprogramma og anna læremateriale. Dette medverka til at den ortodokse kyrkja utarbeidde ei eiga klimaerklæring i to lokale språk til bruk i seremoniar, liturgi og offentlege samanhengar. I 2020 identifiserte og kartla NFG sitt prosjekt i Amhara meir enn 600 km2 med potensial for inngjerding og naturleg gjenvekst i Amhara-regionen. Det vart også utarbeidd lokale vedtekter for desse områda. Arbeidet til Farm Africa i Bale-regionen har ført til kontinuerleg lågare avskoging dei siste åra. Ein viktig del av dette er å skape skogvennlege inntektskjelder. I 2020 heldt Farm Africa fram med arbeidet med lokale kaffi-produserande bønder med mål om å auke kvantitet og kvalitet og med å kople kaffikooperativa til den internasjonale marknaden. I 2020 vart som eit resultat meir enn 9,5 tonn med avskogingsfri spesialkaffi av svært god kvalitet selde til marknader i Europa. Dette har i stor grad vore med på å auke gjennomsnittsinntektene til hushalda i området, som har stige frå 17 000 etiopiske birr i 2016 til over 32 000 birr i 2020.
Noreg støttar Verdsbankens program for berekraftige skoglandskap (BioCarbon Fund Initiative for Sustainable Forest Landscape), som samarbeider med Etiopia om å redusere utslepp og skape nye inntekter frå skogen i den største regionen i Etiopia, Oromia-regionen. Oromia er nesten på storleik med Noreg. Gjennom programmet er 18 mill. USD lovde fram til 2022 til førebuande aktivitetar. Samstundes har Etiopia over fleire år jobba med ein søknad som vil kunne gje Etiopia opptil 50 mill. USD dei neste 10 åra, dersom klimautsleppa i Oromia blir reduserte. Søknaden gjekk i 2020 gjennom ei ekstern vurdering av uavhengig tredjepart. Det er forventa at ein kjøpsavtale vil inngåast mellom Verdsbanken og etiopiske styresmakter for kjøp av utsleppsreduksjonar i 2021.
Trass i gode resultat ligg framgangen i klima- og skogsamarbeidet med Etiopia etter planen. I tida etter oppstarten av samarbeidet har det vore spent fleire stader over lengre periodar, i tillegg har landet den seinaste tida også vore sterkt påverka av borgarkrig, covid-19-pandemi, grashoppesvermar, tørke og flaum. Det må òg understrekast at det generelle utviklingsnivået i landet, kapasiteten til styresmaktene, sterk befolkningsvekst og stor arbeidsløyse mellom unge, gjer at det vil krevje langsiktig innsats for å oppnå klare resultat. Trass i utfordringane ser vi politisk vilje til å arbeide vidare med klima- og skogagendaen i landet.
Totalt vart det utbetalt cirka 201 mill. kroner til klima- og skogtiltak i Etiopia i 2020. I tillegg vart 6,7 mill. kroner utbetalte til sivilsamfunnsorganisasjonar i Etiopia gjennom Norads sivilsamfunnsportefølje.
Liberia
Omtrent halvparten av den attverande vestafrikanske regnskogen ligg i Liberia. Dette er ein unik og sterkt trua skogtype med global verneverdi. Noreg har hatt ein avtale om samarbeid for å betre forvaltninga i skogsektoren sidan 2014, med ei finansiell ramme på opptil 1 mrd., avhengig av framdrift og resultat.
Sjølv om Liberia har unike skogar og store naturressursar, er det eit av dei fattigaste landa i verda. Akutte økonomiske utfordringar har prega dagsordenen dei siste åra. Mot slutten av 2019 bidrog ein avtale med det Internasjonale Pengefondet (IMF) til håp om ein meir stabil økonomisk situasjon. Den globale pandemien har likevel medført at kortsiktig krisehandtering framleis blir prioritert føre langsiktig forvaltning. Trass i utfordringar har det vore framdrift mot Klima- og skoginitiativets mål om berekraftig arealforvaltning gjennom i) betre offentleg tilgang til prosessar og dokument knytte til hogstkonsesjonar og betre oppfølging av avvik, ii) styrkt kapasitet og praksis for lokalbasert arealplanlegging, formalisering av dei tradisjonelle rettane lokalbefolkninga har til skog, og forvaltning av denne, iii) oppretting og forvaltning av verneområde og betra levekår for lokalbefolkning nær verneområde. Liberia har også levert og fått «godkjent» sitt nasjonale referansenivå for utslepp knytt til avskoging (Forest Reference Emission Level, FREL) i 2020.
Det vart i 2020 utbetalt 105 mill. kroner til Verdsbanken for investeringar i skogssektoren i Liberia gjennom Liberia Forest Sector Project. Det vart i tillegg utbetalt 9,8 mill. kroner til Liberia gjennom Norads sivilsamfunnsportefølje.
Tanzania
Noreg heldt i 2020 fram med støtta til Tanzanias National Carbon Monitoring Centre (NCMC) og styresmaktene sitt REDD+ Readiness-prosjekt ved visepresidentkontoret.
Til saman utbetalte Noreg i underkant av 5 mill. kroner til Tanzania i 2020 frå kap. 1482 post 73.
Rapportdel 3: Rapportering på resultatmålnivå
Styrkte rettar og betre levekår for urfolk og lokalsamfunn
Urfolk forvaltar ein stor del av tropisk skog gjennom tradisjonell kunnskap opparbeidd gjennom tusenvis av år, men manglar ofte anerkjenning og sikre landrettar for å halde fram med å utøve denne rolla frå nasjonale skogstyresmakter. Det inneber høg risiko for at skogen blir utnytta for andre formål, til dømes gjennom tildeling av konsesjonar for hogst, gruvedrift eller plantasjar. Dette misforholdet ligg bak mykje av avskoginga som skjer i tropisk skog. Støtte til urfolk og lokalsamfunn skjer i hovudsak gjennom dei bilaterale samarbeida med skoglanda, gjennom støtta til sivilt samfunn og gjennom strategiske instrument som Tenure Facility. I dei fleste av partnarskapa til Klima- og skoginitiativet står urfolksinnsatsen sentralt.
Tenure Facility har som mål å styrkje landreformer og rettar for urfolk og lokalsamfunn i utviklingsland. Så langt har Tenure Facility medverka til å styrkje landrettane for urfolk og lokalsamfunn til over 14 mill. ha, irekna 4,4 mill. ha i form av offisielt anerkjende landrettar. Dei fleste av resultata er oppnådde i Klima- og skoginitiativets prioriterte land. I Peru har Tenure Facility bidrege til å sikre 3,5 mill. ha juridisk som urfolksterritorium. Gjennom anerkjenning i lokale reguleringar har over 400 000 ha med urfolksterritorium blitt sikra i fire distrikt i Indonesia. I Liberia har 24 lokalsamfunn gjennomført kartleggingar, eit viktig steg på vegen til formell anerkjenning som landeigarar. Lokalsamfunna dekkjer eit areal på over 500 000 ha.
Som del av skogavtalen med Noreg har Peru så langt sikra urfolkssamfunn juridisk eigedomsrett til område på over 12 000 km2. Colombia utvida i 2020 to sentrale urfolksterritorium med 1 400 km2. Colombia inkluderte i 2020 fire større nye urfolksområde i prosessen med å etablere urfolkskommunar. Urfolk busette her vil få styrkt rettane sine og meir råderett over landområda sine.
I Ecuador blir det gjeve støtte til urfolkssamfunn gjennom det nasjonale programmet Socio Bosque, der ein inngår avtalar med lokalsamfunn for vern av skogen. I 2020 vart det mellom anna inngått nye avtalar for vern av opp mot 370 km2, inkludert mangroveskog. Føresett at avtalane blir haldne, er desse samfunna sikra inntekter dei neste tjue åra. I DR Kongo vart ei lov om rettane til urfolk lagd fram for nasjonalforsamlinga for vedtak i 2021. I tillegg til å styrkje urfolk i Kongo sine kollektive landrettar til store naturskogsområde dei er avhengige av for levesettet sitt, styrkjer lova rettane til kvinner særskilt, ettersom dei opplever ei dobbel diskriminering som del av ein undertrykt minoritet. Lova skal òg sikre urfolk helsetenester, utdanning og rettshjelp, men iverksetjing utgjer ei stor utfordring på dette som på andre område i DRK.
I Indonesia held arbeidet fram med å kartleggje områda til urfolk over heile landet, slik at dei kan søkje om å få anerkjent landrettane sine. Det er mellom anna viktig for at dei skal få del i resultatbaserte utbetalingar, slik som for Karbonfondet sitt program på Aust-Kalimantan. Klima- og skoginitiativet har støtta urfolksorganisasjonen AMAN, som var sentral da distriktet Manggarai Timur i Indonesia vedtok ei lov som anerkjenner rettane til urfolk. AMAN har støtta 29 urfolkssamfunn slik at dei har kunna kartleggje landområda sine, som er første steget for å sikre rettar til desse områda. Walhi, Naturvernforbundet sin indonesiske søsterorganisasjon, fekk med seg indonesiske styresmakter på å trekkje tilbake ein palmeoljekonsesjon på 10 000 ha i Riau på Sumatra etter å ha lagt fram bevis på at det aktuelle selskapet braut vilkåra for konsesjonen. Walhi arbeidde så med styresmaktene for å fordele dette området til lokalsamfunn i samsvar med landbruksreforma til styresmaktene.
Arbeidet for å sikre rettane til urfolk i Brasil, som har utgjort ein viktig føresetnad for redusert avskoging, er sett langt tilbake dei siste åra. Dette er eit resultat av nedbygging av urfolks- og miljøforvaltning og handheving av miljølover, oppløysing av styringsstrukturen i Amazonasfondet, stans i anerkjenning av urfolksterritorium og opning for hogst, gruvedrift og etablering av plantasjar i urfolksterritorium og verneområde. Frå norsk side har denne utviklinga vore møtt med auka støtte til urfolksorganisasjonar, mellom anna i form av ei styrking av eit særskild urfolksprogram for kapasitetsbygging, forsterka diplomatisk arbeid og målretta innsats gjennom offentleg-private partnarskap med privat sektor og punktstøtte til særleg utsette delar av miljøforvaltninga.
Noreg søkjer også å motverke eventuelle ringverknader regionalt og globalt gjennom støtte til frivillige organisasjonar som arbeider i fleire land og globalt. Mellom anna har RAISG-konsortiet tilrettelagt for dialog mellom urfolksorganisasjonar og styresmakter frå Brasil, Colombia, Ecuador og Peru om kor viktige landområda til urfolk er for å ta vare på naturskog og evna skogen har til å binde karbon. Bodskapen er underbygd av forskinga RAISG har gjort på feltet. Gjennom Governors Climate and Forest Initiative blir det gjeve støtte til innsats for urfolksrettar på regionalt nivå i fleire sentrale skogland. Rights and Resources Institute (RRI) har medverka til å sikre urfolk og lokalsamfunn deltaking og landrettar i Indonesia, Peru, DR Kongo og Liberia. I Peru bidrog International Work Group for Indigenous Affairs (IWGIA) til at ti nye tiltak vart inkluderte i forskriftene til Framework Law on Climate Change (LMCC), inkludert opprettinga av den første nasjonale klimaplattforma for urfolk. Dette er ein viktig siger for urfolk i Peru og ei anerkjenning av rolla deira i klimaarbeidet. Global Witness’ arbeid medverka til at fleire donorar suspenderte finansiering til DR Kongo da det såg ut til at styresmaktene ville svekkje skoglovene i landet.
Klima- og skoginitiativet medverkar òg til at rettane til urfolk blir tekne vare på og styrkte i dei multilaterale kanalane som initiativet støttar, mellom anna gjennom sikringsmekanismar for bevaring av naturskog og deltaking frå urfolk og lokalsamfunn i arealplanar og nasjonale planar for reduserte utslepp frå skog. Strategiske instrument som Interfaith Rainforest Initiative og Rainforest Journalism Fund speler òg ei viktig rolle i å fremje rettane til urfolk og lokalsamfunn. Urfolk og lokalsamfunn utgjer vidare ein viktig del av dialogen med privat sektor om berekraftige forsyningskjeder, ikkje minst gjennom tiltak for å redusere risiko rundt investeringar i skog- og arealbruk. Dette heng saman med at mange konsesjonar for hogst eller etablering av plantasjar i utgangspunktet blir tildelte utan omsyn til landrettane urfolk har til dei same områda, noko som ofte fører til konflikt, både lokalt og i marknader som spør etter avskogingsfrie produkt. Ikkje minst ser det ut til at private selskap som investerer i karbonmarknader med høgare sosiale og miljømessige standardar, har aukande merksemd om styrking av rettane til urfolk og lokalsamfunn, med sikte på å tryggje investeringane og auke sjansane for at jurisdiksjonane dei investerer i, lykkast med å redusere utsleppa. Med sikre rettar til forvaltning av skog kan urfolk og lokalsamfunn bidra til måling og overvaking av utslepp frå skog, ei tilnærming som har vore nytta med gode resultat mellom anna i Vietnam og Guyana. Noregs oppkjøp og tilgjengeleggjering av høgoppløyselege satellittdata kan òg setje urfolk og lokalsamfunn i stand til å dokumentere landrettar og varsle ansvarlege styresmakter om ulovleg hogst, gruvedrift og avskoging. Noreg har òg stått sentralt i at det vart skipa ei eiga plattform for urfolk og lokalsamfunn i klimaforhandlingane. Her søkjer urfolk og lokalsamfunn mellom anna å påverke dei nasjonale utsleppslovnadene (Nationally Determined Contributions) som landa melder inn til Parisavtalen, og integrering av den tradisjonelle kunnskapen til urfolk og lokalsamfunn i kunnskapsgrunnlaget for Klimapanelet. Tilsvarande arbeid for å integrere den tradisjonelle kunnskapen til urfolk og lokalsamfunn skjer i Naturpanelet under konvensjonen for biologisk mangfald. Regnskogsfondet og Sametinget bidreg også aktivt i dette arbeidet.
Størstedelen av støtta til urfolk er kanalisert gjennom dei bilaterale avtalane til Klima- og skoginitiativet og gjennom multilaterale fond og organisasjonar. 60 mill. kroner vart utbetalte til Tenure Facility og ytterlegare 34 mill. kroner til innsatsen frå sivilsamfunnsorganisasjonar for urfolk frå Klima- og skoginitiativets sivilsamfunnsportefølje i 2020.
Effektive internasjonale insentivstrukturar
For å sikre høg sosial og miljømessig integritet for REDD+-utsleppsreduksjonar i den frivillige og regulerte karbonmarknaden har Noreg støtta arbeidet med utvikling av ein ny, uavhengig høgkvalitetsstandard for REDD+. I 2020 sende dei første fem landa og delstatane inn konseptnotat til Architecture for REDD+ Transactions (ART), som er det første steget for å kunne registrere seg som leverandørar av utsleppsreduksjonar under ART og TREES-standarden (The REDD+ Environmental Excellency Standard). Standarden har blitt godt kjent blant skogland og andre aktørar som er engasjerte i arbeidet med redusert avskoging, og det er tydeleg at aktørane legg merke til og blir påverka av arbeidet gjort i ART, mellom anna når det gjeld miljøintegritet. For å kunne skalere opp kjøpa privat næringsliv gjer av høgintegritetstonn, har Klima- og skoginitiativet støtta utviklinga av ein salsmekanisme for utsleppsreduksjonar frå skog, Emergent. Mekanismen skal medverke til at tilboda av tonn frå skoglanda blir kopla med etterspurnaden i næringslivet.
Noreg har over fleire år gjeve støtte til ulike multilaterale program gjennom FNs klima- og skogprogram (UN-REDD), Verdsbankens Forest Carbon Partnership Facility (FCPF) og Verdsbankens Bio Carbon Fund Initiative for Sustainable Forest Landscapes (BioCF ISFL). Noreg har medverka aktivt i utforminga av policy og gjennomføring av programma. Totalt har meir enn 60 skogland delteke i desse initiativa. Det er viktig for Noreg at innsats gjennom multilaterale kanalar har forankring i skoglanda og er retta mot å gje insentiv for varige nasjonale reformer i tråd med Klima- og skoginitiativets strategi, spesielt delmålet om berekraftig arealforvaltning. Den multilaterale satsinga skal hjelpe skogland å setje i verk inkluderande prosessar, å styrkje rettane til urfolk og andre skogfolk, å oppnå større likestilling, ta vare på biologisk mangfald og oppnå utviklingsmål. Multilateralt arbeid er òg viktig for å gje insentiv for tropiske skogland til å redusere avskoging og for auka global merksemd om kor viktig internasjonal innsats er for å bevare regnskogane i verda.
Noreg har støtta UN-REDD sidan 2008. Programmet blir implementert av FN-organisasjonane UNDP, FAO og UNEP, og er todelt. Den første komponenten tilbyr fagleg støtte til UN REDDs medlemsland som ønskjer å redusere utslepp. Den andre komponenten er ein global, tematisk kunnskapskomponent. Meir enn 60 land har fått støtte til ulike aktivitetar knytte til måling av endringar i skogen og betaling for reduserte utslepp av klimagassar frå skogareala. I 2020 har programmet rapportert om bidrag til mellom anna utforming av sosiale og miljømessige sikringsmekanismar i Peru, Myanmar, Elfenbenskysten og Zambia; utvikling/forbetring av nasjonale skogovervakingssystem (NFMS) i Republikken Kongo og Elfenbenskysten; berekning av referansebanar for utslepp (FREL/FRL) i Colombia, Ecuador, Kenya, Honduras og Mexico og til utforming av nasjonale REDD+-strategiar og arealbruksplanar i Myanmar og Peru. Frå og med 2020 vil UN-REDD ha ei særleg rolle i å støtte skogland og jurisdiksjonar med å kvalifisere seg for finansiering av reduserte utslepp frå skog med høg sosial og miljøintegritet, under ART og TREES-standarden nemnd over.
Readiness-fondet under Verdsbankens Forest Carbon Partnership Facility (FCPF) støttar kapasitetsbygging for å førebu land med nødvendige strukturar til å selje utsleppsreduksjonar gjennom REDD+-mekanismar, anten til FCPFs karbonfond eller andre interessentar. FCPF vedtok i 2019 å forlengje levetida til fondet med to år fram til og med 2022. Noreg har støtta fondet med til saman 787 mill. kroner frå 2008 til 2018. Fleire skogland i Readiness-fondet ønskte forlenginga for å få høve til å fullføre aktivitetane i sine land i regi av FCPF. 25 skogland har fått tilslutning til Readiness-planar og fått tilskot til å jobbe med dei fram mot slutten av levetida til fondet i 2022. Av desse 25 landa har 15 gått vidare til forhandlingar om kjøpe-kontraktar med Karbonfondet.
I FCPFs Karbonfond er Noreg nest største gjevar etter Tyskland, med rundt ein tredel av midlane i fondet. I 2019 gjennomførte Noreg siste utbetaling til fondet på 245 mill. kroner og har dermed innfridd den norske forpliktinga etter avtalen. Midlane som er sette av til resultatbaserte utbetalingar i fondet som heilskap, er på nesten 883 mill. USD, om lag 7,8 mrd. kroner.
I 2020 skreiv seks av landa i porteføljen under kjøpekontraktar med fondet for sal av utsleppsreduksjonar frå skogsektoren. Desse landa var Costa Rica, Elfenbenskysten, Fiji, Indonesia, Laos og Vietnam. Kjøpsvolumet i desse kontraktane er på 66,3 mill. tonn CO2 over dei neste fire åra, noko som svarer til over Noregs årlege utslepp i 2020 (som var på 49,3 mill. tonn CO2-ekvivalentar). Dersom skoglanda leverer utsleppsreduksjonar frå redusert avskoging i tråd med kontraktsfesta volum, vil dei få betalt til saman rundt 330 mill. USD, eller over 2,5 mrd. kroner. Midlar blir utbetalte frå Verdsbanken når landa har verifiserte utsleppsreduksjonar. Første utbetaling for resultat frå fondet er forventa i 2021.
Noreg har sidan 2013 støtta Initiative for Sustainable Forest Landscapes (ISFL) gjennom BioCarbonFund i Verdsbanken. Initiativet har som formål å prøve ut ei landskapstilnærming med vekt på klimasmart landbruk og bevaring av naturskog i tropiske skogland. ISFL har to finansieringsmekanismar: BioCF plus, som er tilskot for kapasitetsbygging og teknisk assistanse, og BioCF T3, som inneber resultatbaserte utbetalingar. BioCF ISFL dekkjer jurisdiksjonar i fem land: Etiopia, Indonesia, Mexico, Colombia og Zambia. Til saman dekkjer desse eit landareal på over 1,2 mill. km2. I 2020 var landa i fondet prega av covid-19-pandemien, som resulterte i noko forseinka leveransar, spesielt knytt til utvikling og ferdigstilling av programdokument. Programdokumenta beskriv korleis styresmaktene skal redusere avskoging og skogøydelegging og oppnå resultat under fondet. Det er forventa at utkast til alle programdokument blir leverte til fondet i løpet av 2021.
Til saman vart det utbetalt 457,5 mill. kroner til tiltak for effektive internasjonale insentivstrukturar for REDD+ i 2020. Det vart også utbetalt 32,4 mill. kroner frå Norad.
Auka transparens
Auka transparens kring avskoging er eit av hovudsatsingsområda for Klima- og skoginitiativet. Ny teknologi og raskt fallande kostnader for satellittar og satellittinformasjon gjer det mogleg å overvake avskoging i nær sanntid. Saman med informasjon om landrettar, hogstkonsesjonar og handels- og finansstraumar gjev dette styresmaktene nye verktøy for å betre arealpolitikken og handheve lover, for sivilsamfunnsorganisasjonar og urfolk til å drive kampanjar og for bedrifter til å overvake tilbydarane sine og levere på mål om avskogingsfrie forsyningskjeder. Teknologiske plattformer for transparens er òg svært nyttige for at sivilsamfunn og urfolksgrupper – under dette mange støtta av Klima- og skoginitiativet – kan halde styresmakter og selskap ansvarlege for avskoging.
Måling, rapportering og verifisering (MRV) av endringar i skogen og utslepp av klimagassar frå skogareala er ein føresetnad for å kunne få betaling for utsleppsreduksjonar. Betre satellittbilete som reduserer uvisse knytt til berekningane, styrkjer dette arbeidet og medverkar til å leggje til rette for internasjonale insentivstrukturar for redusert avskoging. Det mogleggjer òg meir effektiv lovhandheving.
I 2020 avslutta Klima- og skoginitiativet ein internasjonal anbodskonkurranse for å sikre allmenn tilgang til høgoppløyselege satellittbilete, jf. ein øyremerkt innsats på området på 200 mill. kroner årleg i perioden 2019–2021. Det vart inngått kontrakt med Kongsberg Satellite Services med underleverandørane Planet og Airbus i september 2020, og tenesta var operativ frå oktober 2020. Dette gjev gratis offentleg tilgang til høgoppløyselege optiske satellittbilete. Kvar månad blir oversiktsbilete over alle tropiske landområda gjorde offentlege, desse kan brukast til oppdage mindre endringar i skogen, til dømes frå ulovleg hogst eller for å spore gjenvekst. Tidlegare var slike bilete underlagde restriktive lisensar og kravde både kompetanse og kjøpekraft for å utnytte. Ved årsslutt 2020 var det 4 000 registrerte brukarar av tenesta frå 120 ulike land. Bileta var også tilgjengelege via tre offentleg tilgjengelege dataplattformer.
Det blir planlagt ytterlegare innsats for å støtte kompetanse og bruk av slike satellittdata. Det vil vere ein særleg innsats mot styresmakter i skogland, men òg mot sivilt samfunn. Prosessen har teke noko meir tid å gjennomføre enn først anteke, dette medfører at noko av investeringane blir skuva på.
Klima- og skoginitiativet arbeider også for auka transparens rundt skogtala landa har sjølve. I 2019 vart det inngått avtale med FAO om støtte til femårige globale oversikter over skogressursane i verda og tilstanden og utviklinga deira, Forest Resource Assessment 2020. Norad forvaltar avtalen. I 2020 vart det gjennomført 22 workshops for å lære opp 567 nasjonale ekspertar frå 79 land, irekna Brasil, Colombia, DR Kongo, Peru og Venezuela, i å bruke og analysere satellittdata om skogareal. Sidan oppstarten av prosjektet har 827 personar frå 125 land fått slik opplæring. FAO har som ein del av prosjektet utvikla ei nettbasert løysing for å dele skogdata frå alle land. I dei bilaterale samarbeida medverkar Klima- og skoginitiativets innsats til å utvikle system for måling, rapportering og verifisering, mellom anna i Indonesia, Guyana, Peru og Etiopia. I tillegg tek skoglanda imot støtte gjennom UN-REDD, spesielt for å møte krava i bokføringsstandarden ART, som beskriven over.
På globalt nivå er Noreg den største gjevaren til prosjektet Global Forest Watch, som gjer uavhengige analysar av skogar i verda gratis tilgjengelege via nettsidene sine. Global Forest Watch har òg vore ein sentral kanal for å gjere satellittbileta tilgjengelege for allmenta. Trafikken på nettsidene deira auka etter at dei høgoppløyselege bileta vart tekne i bruk. Analysar viser òg at område i Afrika som bruker varslingstenester frå Global Forest Watch, har redusert avskoginga med 18 pst. Ein veksande del av arbeidet til Global Forest Watch er konsentrert om å dekkje behova til kommersielle selskap for å analysere avskogingsrisiko i eigne porteføljar. Dette arbeidet påverkar selskapa til å offentleggjere tidlegare hemmeleg informasjon og gjer at dei ikkje lenger kan orsake seg med manglande informasjon.
Klima- og skoginitiativet støttar òg sekretariatet til Global Forest Observations Initiative, ei plattform for samarbeid og utvikling av støtte til skogland til måling, rapportering og verifisering. På grunn av pandemien vart arbeidet i initiativet lagt om i 2020, og GFOI gjennomførte fleire diskusjonsforum og webinar i 2020 i staden for fysiske møte. Dette har styrkt samhandlinga mellom gjevarane.
Plattforma Transparency for Sustainable Economies (Trase) medverkar til å auke tilgangen på informasjon om selskap som handlar med dei råvarene som er mest knytte til avskoging i verda. Plattforma dekte ved utgangen av 2020 om lag 60 pst. av global handel med slike råvarer, det vil seie soya, palmeolje, storfekjøtt, kakao m.m., og syner kva slags selskap som importerer frå område med mykje nyleg avskoging. Informasjonen er kopla med informasjon om konsesjonar og landregistreringer og er tilgjengeleg for alle interesserte. Ei tilsvarande plattform som inneheld informasjon om finansstraumar og eigedelar i dei same selskapa, er under utforming. Dialog med sentrale investorar viser at det er stor interesse for tilgang til standardiserte og truverdige data om avskogingsrisiko tilpassa porteføljeforvaltarar. Dette er eit arbeid Klima- og skoginitiativet vil intensivere. I 2020 publiserte Trase ei årbok med eit omfattande samandrag av statistikk og trendar i produksjon, handel og avskoging for sju av dei råvarene som er aller nærast knytt til avskoging.
Det vart i 2020 utbetalt cirka 258 mill. kroner til innsats for auka transparens og betre data om skogen. 180 av desse vart brukte på høgoppløyselege satellittbilete.
Råvaremarknader stimulerer til avskogingsfri produksjon
Meir enn halvparten av all avskoging i dag kjem av produksjon av mat og andre landbruksråvarer. Samstundes aukar mengda menneske på jorda svært raskt, og innan 2050 vil verda måtte dekkje matbehovet til 9–10 mrd. menneske, med høgare gjennomsnittleg levestandard enn i dag. Berekraftig landbruk er difor sentralt for å redusere avskoging i tropiske skogland. Dette kan gjerast mellom anna gjennom effektivisering av og innovasjon i landbruket, god skog- og arealforvaltning, restaurering av landareal med utarma jord, skifte i kosthald og innsats mot matsvinn.
Styresmaktene må leggje til rette gjennom regulering, til dømes gjennom arealplanar, stabile landrettar, lovverk som ikkje tillèt at skogar og torvmyrar blir øydelagde, og målretta insentivordningar. Selskapa som produserer og kjøper råvarer som soya, palmeolje, kjøtt og kakao, må ta ansvar for at produksjonen ikkje medverkar til avskoging. Sluttbrukarane må stille både styresmakter og selskap til ansvar for å få berekraftig produksjon.
Dei siste åra har mange store selskap engasjert seg i kampen mot avskoging. Om lag 500 selskap har teke på seg forpliktingar om å gjere forsyningskjedene sine avskogingsfrie. Det er svært positivt, men det er stor variasjon mellom selskapa når det gjeld gjennomføring. Nokre selskap er i front, medan andre held fram med å vise til komplekse forsyningskjeder og kompliserte forhold i produksjonsregionar. Fleire studiar viser at vi er langt unna å nå Consumer Goods Forums mål om avskogingsfrie verdikjeder innan 2020.
Klima- og skoginitiativet støttar innsats som medverkar til avskogingsfri råvarehandel mellom anna gjennom sivilsamfunnskampanjar, dialog og tilrettelegging globalt og lokalt og gjennom risikokapital (blended finance) til avskogingsfrie forretningsmodellar (sjå også rapportering på Finansmarknader stimulerer til avskogingsfri produksjon).
Klima- og skoginitiativet støtta i 2020 ei lang rekkje sivilsamfunnsorganisasjonar som fremjar strategiar for å få privat næringsliv til å arbeide mot avskoging i forsyningskjedene sine. Desse organisasjonane har medverka til gjennombrot ved å fremje No Deforestation, No Expoitation-policyar i gummiindustrien, avskogingsfri produksjon av soya og storfe i Latin-Amerika, avskogingsfri forsyning av palmeolje frå Indonesia og Malaysia, auka merksemd om ulovleg tømmerhogst på Papua Ny-Guinea og i DR Kongo, utfasing av avskogingsdrivande biodrivstoff i EU og selskapsrapportering på avskogingsrisiko. Dei siste åra har Indonesia lykkast med å redusere avskoginga frå palmeolje betydeleg.
Noreg er ein aktiv bidragsytar til og deltakar i Tropical Forest Alliance (TFA), som er eit privat-offentleg samarbeid for å bidra til avskogingsfrie verdikjeder for palmeolje, papirmasse, soya og storfekjøtt. Alliansen høyrer til under World Economic Forum-paraplyen og er samansett av deltakarar frå skogland, gjevarland, privat sektor og sivilsamfunn, inkludert urfolk. Fortrinnet til alliansen er at han samlar ulike aktørar til samarbeid på tvers av sektorar rundt felles målsetjingar. I 2020 har TFA jobba tett med Consumer Goods Forum for å heve ambisjonsnivået og betre korleis post 2020-strategien deira er innretta, spesielt den målretta «Coalitions of Actions» for å redusere avskoging i forsyningskjedene for nokre av dei største matråvarane. Mange av dei største og mest kjende matprodusentane og supermarknadkjedene har forplikta seg til konkrete tidfesta handlingar og milepålar gjennom Coalition of Action, men ein konsistent innsats er nødvendig for å få fleire aktørar med på dette. TFA har også etablert og styrkt samarbeidsplattformer retta mot meir konkrete lokale/regionale problem i både produsentland som Indonesia, Brasil og Peru og importlandet Kina. Plattformene bringar saman grupper med forskjellige interesser for å saman søkje konkrete tiltak for å redusere presset på skogane.
The Sustainable Trade Initiative (IDH) fremjar samarbeid mellom styresmakter, lokalt busette og privat sektor for utvikling av avskogingsfritt jordbruk i viktige område i Brasil, Indonesia og Liberia. Organisasjonen driv innovative program, mellom anna for meir berekraftig storfe- og soyaproduksjon, landsbybasert skogforvaltning og arealplanlegging i ei rekkje område. I 2020 har prosjektet mellom anna medverka til avtalar om berekraftig arealforvaltning på landskaps-/jurisdiksjonsnivå, formalisering av landrettane til småbønder i Liberia og meir effektiv landbruksproduksjon blant småbrukarar. Næringslivssamarbeidet i jurisdiksjonane blir utvikla med tanke på framtidige investeringar gjennom &Green-fondet (omtalt nedanfor). Dette har resultert i fleire konkrete bidrag til &Green-fondet si samling av prosjekt som kan investerast i. Dei to initiativa er komplementære, slik at offentlege reguleringar og private investeringar dreg i lag. Baserte på landskapsarbeidet lanserte IDH i 2020 «SourceUp» som ei plattform for å trekkje globale råvarehandlarar til landskap med program for berekraftig produksjon.
Samarbeid med andre marknader som står for ein stor del av etterspurnaden etter råvarer som fører til avskoging er viktig for å redusere presset på regnskogen. Noreg underteikna difor i 2016 Amsterdamerklæringane om berekraftig palmeolje og avskogingsfrie forsyningskjeder for landbruksvarer til Europa. I oppfølginga av desse erklæringane arbeider Noreg saman med åtte andre ambisiøse europeiske land om å stanse avskoginga som europeisk etterspurnad etter palmeolje, soya, kjøtt, lær og kakao medverkar til, og med å påverke EU til sterkare tiltak for å kutte klimagassutslepp frå skog. I 2019 la EU fram ei ambisiøs melding for å hindre avskoging knytt til import til EU og har varsla at det vil komme ei regulering med aktsemdskrav til selskap som importerer og omset råvarer og produkt på EU-marknaden. Også individuelle EU-land har sett i gang nye tiltak for å redusere bruken av råvarer og produkt med avskogingsrisiko og innfører reglar for dette i offentlege anbod. I lys av den store auken i avskoging i Brasil sende dei åtte europeiske landa eit felles brev til visepresidenten i landet og uttrykte sterk bekymring for auka avskoging, skogbrannar og brot på rettane til urfolk. Dette førte til fleire møte med brasilianske styresmakter. Fleire store kjøttprodusentar har komme med forpliktingar om å få både ulovleg og lovleg avskoging ut av den direkte og indirekte verdikjeda si.
Det vart i 2020 utbetalt til saman om lag 61 mill. kroner til IDH og 27 mill. kroner til TFA frå kap. 1482 post 73. I tillegg betalte Norad samla ut 51 mill. kroner til sivilsamfunnsorganisasjonar som jobbar for avskogingsfri råvareproduksjon.
Finansmarknader stimulerer til avskogingsfri produksjon
Den globale landbruksindustrien er årsak til størsteparten av tropisk avskoging. Andre industrielle drivkrefter for avskoging inkluderer gruvedrift og infrastrukturutbygging. Det meste av denne aktiviteten er avhengig av ei eller anna form for ekstern finansiering for både investeringar og drift. Finansaktørane har dermed moglegheit til å utøve avgjerande påverknad på kva for prosjekt som blir gjennomførte, og korleis dei blir gjennomførte. Dei siste åra har det blitt aukande merksemd om og sterkare krav til rapportering på klimarisiko. Likevel er det framleis berre dei mest progressive aktørane som trekkjer utsleppa frå indirekte avskoging gjennom forsyningskjeder inn i vurderingane sine.
Arbeidet til Klima- og skoginitiativet overfor finanssektoren er basert på ei forventing om at meir kompetanse om systemisk risiko knytt til avskoging, saman med kartlegging og offentleggjering av avskogingsrisiko, vil bidra til meir merksemd om problemstillingane og press på bransjen. I kombinasjon med høgare miljøstandardardar vil dette gje grunnlag for differensiert kapitalkostnad som kan bidra til å presse fram ei omlegging i berekraftig retning.
I 2020 støtta Klima- og skoginitiativet sivilsamfunnsprosjekt orienterte mot kompetansebygging i næringa, rapportering på avskogingsrisiko og ansvarleggjering av aktørar med høg eksponering. Det er mellom anna produsert informasjonsmateriell for sektoren (Ceres) og verktøy for å knytte avskogingsrisiko til selskap og finansaktørar (Trase). Aidenvironment har gjennom prosjektet sitt Chain Reaction Research bidrege til at finansinstitusjonar har vedteke retningslinjer for avskoging og engasjert seg i berekraftarbeidet til selskapa. Carbon Disclosure Project (CDP) har dokumentert korleis ei rekkje bedrifter handlar i møte med avskogingsrisiko, og gjort dataa tilgjengelege for investorar. I tillegg har Tropical Forest Allience (TFA) aukande aktivitet retta mot finansnæringa, som ein del av den breiare tilnærminga si til globale råvaremarknader. Noreg argumenterte i 2020 i dialog med partnarar for at indirekte avskogingsrisiko frå forsyningskjeder må gjerast obligatorisk i rapportering på klimarisiko gjennom Task Force for Climate Related Financial Disclosures (TCFD).
I juli 2017 vart &Green-fondet for avskogingsfritt landbruk i tropiske skogland etablert med Noreg som viktig pådrivar og investor. Gjennom å tilby subsidiert delfinansiering, eller risikoavlasting, har fondet som mål å mobilisere privat kapital til investeringar i avskogingsfrie forretningsmodellar. Fondet skal demonstrere at sosialt og miljømessig ansvarleg landbruk er økonomisk lønnsamt, og dermed medverke til å framskunde ei grøn omstilling i landbruksindustrien. Noreg har lovd å medverke med opptil 800 mill. kroner. I 2019 gjorde &Green si første investering i ein indonesisk gummiplantasje med ein ambisiøs landskapsplan for bevaring av naturskog på og rundt konsesjonen. I 2020 investerte fondet i eit brasiliansk selskap som kombinerer effektiv produksjon av soya og kveg vekselvis på same areal, og eit indonesisk palmeoljeselskap som skal inkludere lokale småbønder i avskogingsfri produksjon. Klima- og skoginitiativet har så langt utbetalt totalt 500 mill. kroner til &Green. Det var ingen utbetalingar i 2020. Frå sivilsamfunnsporteføljen til Norad vart det betalt om lag 34 mill. kroner til organisasjonar som stimulerer finansmarknaden til avskogingsfri råvareproduksjon.
Redusert skogkriminalitet
Internasjonal skogkriminalitet omfattar hogst og sal av tømmer og treprodukt, inkludert papirmasse, der det har skjedd kriminelle handlingar i heile eller delar av produksjonskjeda. Skogkriminalitet omfattar altså langt meir enn berre hogst av trua treslag eller hogst i verneområde. Det kan vere snakk om brot på nasjonale reguleringar om tømmermengd ein kan ta ut, underrapportering av uttak eller mangelfulle lisensar og løyve. Ofte ser vi at ulovleg og lovleg hogst skjer parallelt, der eit selskap driv noko lovleg verksemd ein stad, medan det driv ulovleg ein annan stad. Internasjonal skogkriminalitet kan omfatte korrupsjon, dokumentforfalsking i lisensutferdingsprosessen, påtvinga og ulovleg arbeid, manglande miljøkonsekvensanalysar og konsultasjonar med lokalsamfunn og urfolk, kvitvasking av pengar og tømmereksport som går utanom skattestyresmaktene.
Ulovleg hogst utgjer ein stor del av den hogsten som skjer i tropiske skogland, og i mange av Klima- og skoginitiativets samarbeidsland er det estimert at opp mot 80–90 pst. av den hogsten som skjer, er ulovleg. Ulovleg avskoging i tropiske skogland er ofte driven av jordbruksekspansjon. Ein nyleg publisert rapport viser at to tredelar av all tropisk avskoging er som følgje av jordbruksekspansjon, og nesten 70 pst. av denne er ulovleg. Størsteparten av tømmeret som blir hogge, går til den nasjonale marknaden, medan rundt ein tredel blir eksportert. Den økonomiske verdien av handelen med ulovleg tømmer er stor, og FN og Interpol reknar skogkriminalitet som den største forma for miljøkriminalitet når ein ser på den økonomiske verdien av handelen.
Å kjempe mot ulovleg hogst og handel med ulovleg tømmer er eit viktig tiltak for Klima- og skoginitiativets samarbeidsland som ønskjer å få kontroll over avskoginga si og slik oppfylle utsleppsforpliktingane sine etter Parisavtalen og dei bilaterale skogsamarbeida våre. Klima- og skoginitiativet jobba difor i 2020 med å hjelpe styresmaktene til samarbeidsland med å redusere den ulovlege hogsten og avskoginga og støtta ei rekkje sivilsamfunnsaktørar som også medverkar til dette, mellom anna med å eksponere selskap og individ som profitterer på skogkriminalitet. Initiativet medverka òg til utvikling av ny teknologi og nye verktøy for å spore og avdekkje ulovleg verksemd.
I 2018 lanserte Klima- og skoginitiativet støtte til programmet Law Enforcement Assistance Programme to Reduce Tropical Deforestation (LEAP) for å styrkje evna til politi-, toll- og påtalemakter til å kjempe mot ulovleg avskoging i sentrale samarbeidsland i Asia og Latin-Amerika. Det var sett av 145 mill. kroner over 2,5 år til dette samarbeidsprosjektet mellom i hovudsak Interpol og FNs kontor mot narkotika og kriminalitet – UNODC. Ved utgangen av 2020 fekk partnarane i konsortiumet forlengd avtalen med eitt år, til ut 2021.
Trass i utfordringar knytte til gjennomføringa av planlagde aktivitetar på grunn av covid-19-pandemien klarte LEAP-konsortiumet i 2020 å gjennomføre ei rekkje etterforskingar og operasjonar som medførte beslag, arrestasjonar og rettsforfølging av selskap og personar som var involverte i ulovleg hogstverksemd.
I Peru har LEAP oppretta ein nasjonal innsatsstyrke som består av ei eining frå det nasjonale politiet. I 2020 gjennomførte denne eininga ein serie politioperasjonar mot kriminelle nettverk som resulterte i arrestasjon av tre bakmenn, korrupte statstilsette, direktørar og tilsette i påtalemakta, for involveringa deira i ulovleg hogst og handel. Det er eit klart mål i LEAP-prosjektet å konsentrere seg om bakmennene, ikkje dei som utfører hogsten eller transporten av tømmeret.
I Papua Ny-Guinea (PNG) har det lenge vore i gang ulovleg hogst og eksport av dette tømmeret ut av landet. Til liks med i Peru har LEAP oppretta ein nasjonal innsatsstyrke som består av mellom anna den nasjonale eininga for etterforsking av økonomisk kriminalitet. I 2020 vart det gjennomført etterforsking av ei rekkje selskap som var mistenkte å drive med skattesvinn i mangemillionklassen og ulovleg hogst. Dette arbeidet resulterte i at to store hogstkonsesjonar vart dømde ugyldige av den nasjonale domstolen. Selskapa trekte seg da ut av området, og avskoginga er redusert betrakteleg i Sandaun-provinsen der konsesjonane var. Analysar av satellittbilete av den aktuelle provinsen tyder på ein 76 pst. reduksjon i avskoginga i Sandaun, som er på nesten 92 000 km2, eller eit område med same storleik som Finnmark fylke og Danmark samanlagde. Dette utgjer betydeleg reduserte utsleppsreduksjonar frå regnskogen i tillegg til dei positive konsekvensane dette har på biomangfald og for lokalfolk, dei fleste av dei urfolk, i denne provinsen.
Dei siste åra har tømmerhandelen mellom Kongobassenget og Mekongregionen, inkludert Kina, auka kraftig og knyter nokre av dei siste intakte skogane i verda til eit av dei raskast veksande asiatiske knutepunkta for tømmerforedling. Vietnam er no den nest største importøren av tømmer etter Kina og den femte største eksportøren av foredla produkt frå tømmer, som møblar. Thailand er òg ein viktig importør av tømmer og eksportør av foredla produkt. I 2005 stod Kongobassenget for 7 pst. av Vietnams tømmerimport. I 2019 hadde delen auka til 73 pst. Dette er blant utviklingstrekka eit nytt samarbeid mellom fem land i Mekongregionen skal ta tak i. Gjennom UN REDD, konvensjonen for handel med trua artar (CITES) og den regionale samarbeidsorganisasjonen ASEAN skal Kambodsja, Laos, Myanmar, Thailand og Vietnam samarbeide om betre styresett og meir effektiv handheving av lovverk i skogsektoren, landrettar for urfolk og lokalsamfunn og sporing og sertifisering av tømmer for å styrkje handelsavtalar landa har inngått med EU om stans i ulovleg hogst og handel med tømmer. Dei skal òg dele toll-, finansierings- og avskogingsdata med sikte på auka transparens omkring investeringar og handel med tømmer og skogsprodukt. Det er òg planar for å følgje opp forpliktingar om avskogingsfrie forsyningskjeder som kinesiske tømmerimportørar har teke på seg, i samarbeid med den internasjonale organisasjonen for tømmerhandel (ITTO). Dei viktigaste resultata så langt er gjennomføring av nasjonale og regionale konsultasjonar med styresmakter, privat sektor og sivilt samfunn. Plattformer for dialog og teknisk samarbeid har blitt etablerte, men det er ulikt kor opent det kan talast om lovbrot i skogsektoren i dei forskjellige landa. Det har også vore forseinkingar som følgje av covid-19-pandemien.
Klima- og skoginitiativet har gjeve økonomisk støtte til fleire sivilsamfunnsorganisasjonar som jobbar med å avdekkje og rapportere på lovbrot i skogsektoren eller på anna vis arbeider med å kjempe mot skogkriminalitet i tropiske land. Eitt døme på dette er Environmental Investigation Agency som i 2020, etter fleire års etterforsking av tømmerhandelen mellom Kongobassenget og Vietnam, publiserte ein rapport som dokumenterte denne handelen og eksponerte eit av dei aller største handelsnettverka for ulovleg tømmer mellom Kamerun og Vietnam. Ein annan bistandsmottakar, Global Witness, har gjennom kunnskapsproduksjonen og -formidlinga si bidrege til revidering av den kinesiske skoglova som tredde i kraft i 2020, og som forbyr kjøp, foredling og transport av ulovleg tømmer. Dette er eit viktig steg for å få bukt med importen av ulovleg tømmer til Kina, som er den største marknaden i verda for tropisk tømmer, og der mykje av det illegale tømmeret endar opp.
Det vart utbetalt 31, 3 mill. kroner til tiltak mot skogkriminalitet frå Klima- og skoginitiativet i 2020. I tillegg vart det utbetalt 6 mill. kroner gjennom sivilsamfunnsporteføljen forvalta av Norad.
Rapportdel 4: Resultat av tverrgåande innsats
Global oppslutning om skogbevaring
Global oppslutning om skogbevaring er eit tverrgåande innsatsområde for Klima- og skoginitiativet og er viktig for å få til resultat på tvers av alle resultatmåla. Mellom anna er kunnskap om skog og korleis skogen kan bevarast på ein berekraftig måte, som samstundes medverkar til utvikling, heilt sentralt. Den norske støtta til Food and Land Use Coalition (FOLU) bidrog i 2020 til utvikling av særskilde vegkart for berekraftig arealbruk og matsystem i ei rekkje av Noregs skogpartnarland. FOLUs «synteserapport» Growing Better frå 2019 synte korleis mat- og arealbrukssystema i verda gjennom ti transformative grep kan bli berekraftige også i ei tid med ei aukande verdsbefolkning. Bygd på kunnskapsutviklinga frå dette arbeidet vil koalisjonen dei neste åra støtte Indonesia, Colombia, Etiopia, India og Kina i arbeidet deira for berekraftige matsystem og samstundes auke merksemda, kunnskapen og oppslutninga om berekraftige matsystem i desse landa.
Rainforest Journalism Fund er eit journalistisk uavhengig fond drifta og forvalta av Pulitzer Center on Crisis Reporting, som fremjar journalistikk om betydninga av regnskogen og årsakene til avskoginga. Klima- og skoginitiativet har ein tilskotsavtale med fondet med ramme på 49 mill. kroner frå 2018 til 2023, og nedslagsfeltet er dei tre store skoggeografiane Amazonas, Sentral-Afrika og Søraust-Asia/Indonesia. Fondet er redaksjonelt og journalistisk uavhengig. Frå oppstarten i 2018, der Amazonas-regionen var pilot, har fondet til 2020 finansiert over 400 journalistiske saker fordelte på 130 mediehus lokalt og regionalt, og i leiande internasjonale medium. I 2019 utvida Rainforest Journalism Fund nedslagsfeltet til Asia og Sentral-Afrika med eigne regionale rådgjevande komitear og regionale, fleirspråklege koordinatorar. I tillegg til å styrkje den frie og uavhengige journalistikken arrangerer Pulitzer Center årlege journalistkonferansar i kvar skogregion der kunnskapsdeling og lokal kapasitetsbygging står sentralt. Fordi undersøkjande journalistikk kan vere svært farleg, arrangerer Pulitzer Center også omfattande tryggingskurs for journalistar. I 2020 inngjekk Klima- og skoginitiativet ytterlegare ein avtale med Pulitzer Center om etableringa av Rainforest Investigations Network (RIN). RIN er eit treårig prosjekt som skal drive grundig og langsiktig gravejournalistikk lokalt, regional og globalt. RIN skal også samarbeide med ei lang rekkje universitet i Amazonas, Kongobassenget og Søraust-Asia. RIN har ei totalramme på om lag 43 mill. kroner.
I september 2018 inngjekk Klima- og skoginitiativet ein tilskotsavtale med Climate and Land Use Alliance (CLUA). Formålet er å støtte CLUAs arbeid for reduserte klimagassutslepp gjennom forbetra arealbruk og realisert potensial for skog, på område som fremjar arbeidet og strategiane innanfor Klima- og skoginitiativets strategiske rammeverk. Partnarskapet legg til rette for viktige synergiar mellom sentrale aktørar innanfor den globale klima- og skoginnsatsen. Det er ein styrke for denne strategiske innsatsen at han er knytt tett opp til – og integrert i – andre norskstøtta innsatsar. Ein viktig del av innsatsen er strategiske kommunikasjonstiltak i skoglanda Indonesia og Brasil. Det kommunikasjonsstrategiske arbeidet i desse viktige skoglanda er nyvinnande på mange område, særskilt i sosiale medium. I 2020 vart arbeidet i stor grad vidareført som planlagt, med nokre endringar som følgje av covid-19-pandemien.
Det vart i 2017 inngått avtale om norsk støtte på 50 mill. kroner for perioden 2018–2020 til arbeidet med Interfaith Rainforest Initiative. FNs miljøprogram (UNEP) har forvalta midlane og koordinert arbeidet. Formålet med initiativet har vore å mobilisera trussamfunn, religiøse institusjonar og religiøse leiarar i kampen for vern av tropisk skog i Indonesia, DR Kongo, Peru, Colombia og Brasil. Interfaith Rainforest Initiative er i dag ei brei internasjonal satsing som mobiliserer trussamfunn, religiøse leiarar og urfolk i kampen for vern av regnskogen i dei viktigaste regnskoglanda i verda, med operative nasjonale nettverk i alle dei fem innsatslanda. Initiativet når ut til nye aktørar og til geografiske område som er vanskeleg tilgjengelege, og har etablert seg som ein viktig kanal for formidling og kommunikasjon. I 2020 har initiativet halde fram med å medverke til å spreie kunnskap om klima, naturmangfald og berekraftig utvikling i dei fem partnarlanda og formidla forskingsbasert kunnskap og kor viktig tropisk skog er for å nå berekraftsmåla og oppfylle Parisavtalen.
Sidan 2013 har Noreg støtta FNs Partnership Action for Green Economy (PAGE). PAGE har i denne perioden støtta utvikling av nye nasjonale tverrsektorielle strategiar for grøn vekst, inkludert Guyanas strategi for grøn utvikling. PAGE er ein del av FNs generalsekretærs tiltakspakke for covid-19, med særleg vekt på grøn gjenoppbygging etter pandemien. PAGE har vore aktive i arbeidet med å lage «Economic Transformation. Cooperation Framework Piece», som gjev retningslinjer og råd til FNs landkontor for korleis dei kan arbeide med økonomisk endring. PAGE har lansert eit «Green Recovery Fund», med godkjende søknader frå Senegal, Argentina, Sør-Afrika, Brasil og Thailand. Fleire andre søknader ligg også til vurdering. Samarbeidet blir avslutta i 2020.
Global Green Growth Institute (GGGI) hjelper styresmakter med å utvikle planar og strategiar for utsleppsreduksjonar og betre klimatilpassing innanfor energi, byutvikling, vassressursforvaltning og skog- og arealforvaltning. I 2020 gjennomførte GGGI totalt 148 enkeltprosjekt i 38 land. I skog- og arealsektoren rettar GGGI særleg merksemda si mot å arbeide saman med nasjonale styresmakter for å fremje breie sektortilnærmingar og å leggje til rette for berekraftige og sosialt inkluderande investeringar frå privat sektor. Innsatsen er kopla til det arbeidet landa driv med for å gjennomføre nasjonalt fastsette forpliktingar under Parisavtalen, og til arbeidet med berekraftsmåla (SDG). GGGI samarbeider tett med privat sektor for å redusere finansiell risiko for private aktørar ved investeringar i grøne prosjekt og medverkar på denne måten til at fleire land har etablert finansieringsmekanismar for klimatiltak som inkluderer REDD+.
Det vart utbetalt 249,6 mill. kroner til tiltak for å fremje global oppslutning om skogbevaring frå Klima- og skoginitiativet i 2020. I tillegg fekk sivile samfunnsorganisasjonar til saman 47 mill. kroner til innsats for global oppslutning og til konsensusarbeid gjennom Klima- og skoginitiativets sivilsamfunnsportefølje.
Fotnotar
Ei oversikt over stoffa og stoffgruppene på prioritetslista og status for utslepp og utsleppsreduksjonar finst på http://www.miljostatus.no/prioritetslisten og lenkjer vidare derifrå.
Utviklingsnett er Riksantikvaren sitt kompetansetilbod/seminarrekkje som tek opp aktuelle kulturminnefaglege tema. Tilbodet er gratis og opent for alle interesserte. Seminara er òg ein viktig møteplass for kulturmiljøforvaltninga på alle nivå og andre fagmiljø og sektorar.