Prop. 1 S (2021–2022)

FOR BUDSJETTÅRET 2022 — Utgiftskapittel: 1400–1482 Inntektskapittel: 4400–4481 og 5578

Til innhaldsliste

Del 3
Omtale av særlege tema

9 Omtale av sektorovergripande klima- og miljøsaker

9.1 Klima- og miljøpolitikk i departementa

For å nå dei nasjonale klima- og miljømåla må alle sektorar i samfunnet medverke. Regjeringa fører ein brei klima- og miljøpolitikk som omfattar verkemiddel på resultatområda omtalte i kapittel 2 og verkemiddel innanfor ansvarsområda til andre departement.

Dette kapittelet handlar om regjeringa si klima- og miljøinnsats, tiltak og prioriteringar i andre departement.

Klima- og miljøpolitikk er ikkje først og fremst løyvingar og budsjettpostar. Arbeid for eit betre miljø omfattar i stor grad avgjerder som ikkje har direkte konsekvensar for statsbudsjettet. Til dømes vil planlegging av arealbruk vere viktig, det same er regulering av tillatne grenseverdiar for forureining. Samstundes er statsbudsjettet eit viktig og betydeleg verkemiddel for å nå klima- og miljømåla.

9.1.1 Arbeids- og sosialdepartementet

Miljøområde, miljømål og miljøutfordringar

Eit sikkert og seriøst arbeidsliv er eit av hovudmåla for ansvarsområda til Arbeids- og sosialdepartementet, under dette å redusere risiko for storulykker i petroleumssektoren. Dei same faktorane som førebyggjer og reduserer risiko for storulykker, vil ofte òg kunne bidra til å førebyggje forureining. Det er dei enkelte petroleumsselskapa som sjølve er ansvarlege for at helse, miljø, sikkerheit og sikring er tekne vare på. Petroleumsverksemda er strengt regulert når det gjeld helse, miljø, sikkerheit og sikring. I regelverket er det stilt krav til robust utforming av utstyr og anlegg, som mellom anna inneber krav til barrierar mot ulykker og uønskte hendingar som kan føre til akutt forureining. Det er dessutan stilt strenge krav til HMS-styring for å sikre at tiltak for å førebyggje og stanse ulykker er tilpassa den enkelte verksemda sin eigenart, stadlege forhold og operasjonelle føresetnader. Arbeidsmiljø- og sikkerheitsstyresmaktene sitt tilsyn med petroleumsverksemda på norsk kontinentalsokkel og på enkelte landanlegg blir utført av Petroleumstilsynet. Oppfølginga frå Petroleumstilsynet medverkar til sikkerheit og førebygging mot ulykker for å forhindre, avgrense og stanse ulykker, inkludert akutt forureining. Dette bidreg til å førebyggje akutt forureining til sjø og til luft og samstundes byggje opp om dei nasjonale målsetjingane i klima- og miljøpolitikken.

Rapport 2020

Petroleumstilsynet gjev årleg ut Risikonivå i norsk petroleumsverksemd, Akutte utslepp (RNNP-AU). Gjennom dette arbeidet overvaker Petroleumstilsynet trendar for uønskte hendingar og ulykker i petroleumsverksemda som har, eller kunne ha, ført til akutt forureining. Dette arbeidet gjev viktig informasjon for å kunne betre effekten av sikkerheitsarbeid og dermed kunne førebyggje hendingar som kan gje akutt forureining på norsk sokkel. Rapporten for 2020 blir publisert i oktober 2021. Med bakgrunn i totalbiletet frå RNNP-rapportar kombinert med erfaringar frå tilsyn har Petroleumstilsynet dei siste åra retta merksemda si særleg mot tre område: førebygging av brønnkontrollhendingar, førebygging av akutte utslepp av kjemikaliar og førebygging av akutt forureining frå innretningar på havbotnen. I 2020 vart desse prioriteringane lagde til grunn i oppfølginga Petroleumstilsynet gjorde av petroleumsselskapa, og i styresmaktsamarbeidet om tilsyn, regelverksutvikling og forvaltningsplan for Barentshavet. RNNP-AU viser at det samla sett ikkje er noka tydeleg betring når det gjeld førebygging av brønnkontrollhendingar med potensial for forureining på norsk sokkel dei seinare åra. Læring frå brønnkontrollhendingar med potensial for forureining er viktig fordi det gjev kunnskap om barrierar som har innverknad på førebygging av alle typar brønnkontrollhendingar, både dei med potensial for personskadar og dei med potensial for forureining.

Det har vore ei positiv utvikling og ein nedgang i talet på hendingar med kjemikalieutslepp i åra 2015 til 2020. Utviklinga for hendingar som gjev kjemikalieutslepp over ein kubikkmeter, er òg positiv. Akutte kjemikalieutslepp er den typen utslepp som er mest dominerande, både når det gjeld talet på utslepp og årleg utsleppsmengd. Oppfølginga Petroleumstilsynet gjer av selskapa, bidreg mellom anna til ei meir effektiv førebygging av akutte utslepp av kjemikaliar. Det er ofte dei same faktorane som reduserer risiko for menneske, som òg førebyggjer forureining. Det er generelt framleis behov for merksemd på førebygging av akutt forureining i arbeidet med sikkerheit i norsk petroleumsverksemd.

Plan for vidare arbeid

Petroleumstilsynet vil arbeide vidare med å utvikle og forvalte tryggleiksregelverket slik at krav til teknologi, operasjonar og styring av verksemdene i petroleumssektoren underbyggjer nasjonale og regionale miljømål og klimapolitikken. Førebygging av akutt forureining er slik eit positivt miljøbidrag som blir følgt opp i tilsyn, i trepartsforum og i samarbeid med andre styresmakter. Petroleumstilsynet vil òg føre vidare eit aktivt samarbeid med andre etatar i samanheng med utvikling og oppfølging av heilskaplege forvaltningsplanar for dei norske havområda.

9.1.2 Barne- og familiedepartementet

Omtale av miljøområde, miljømål og miljøutfordringar

Alt forbruk har direkte eller indirekte konsekvensar for miljø og klima. Dei siste tiåra har det samla forbruket til norske hushald auka betydeleg.

Det er eit mål at forbrukarane skal kunne gjere medvitne val i dei marknadene dei handlar i. Informasjon om miljømessige og sosiale aspekt ved varer og tenester kan gjere det enklare for forbrukarane å velje produkt som gjev mindre belastning på miljøet og ressursane. Gjennom etterspurnad av slike produkt kan forbrukarane påverke næringsdrivande til i større grad å ta omsyn til berekraft ved avgjerder om investeringar og produksjon.

Barne- og familiedepartementet (BFD) arbeider for å leggje til rette, forenkle og standardisere informasjon om miljømessige og etiske aspekt ved forbruket. Verkemidla er dei offisielle miljømerka den nordiske Svana og EU-miljømerket (EU Ecolabel), som blir forvalta av Stiftelsen Miljømerking i Noreg.

Rapport for 2020/2021

Frå utgangen av 2019 til utgangen av 2020 auka talet på svanemerkte produkt på det norske marknaden med 3 pst. til 28 245. Miljømerking medverka gjennom arbeidet sitt til at fleire produkt og tenester blir produserte etter strenge miljøkrav. Utvalet av svanemerkte produkt auka i 2020 innanfor fleire produktgrupper. Størst auke var det for tekstilar, møblar, inventar og utemøblar.

Sidan over halvparten av matsvinnet som er kartlagt, kjem frå private hushald, er det viktig for BFD å støtte matsvinnarbeid som er retta mot korleis forbrukarane sjølve kan redusere svinnet sitt. Resultata i forbrukarleddet blir betre dersom alle ledda i verdikjeda for mat samarbeider om å redusere matsvinnet.

I 2017 vart det inngått ein bransjeavtale om matsvinn mellom styresmaktene, mellom anna det daverande Barne- og likestillingsdepartementet, og dei største organisasjonane i matbransjen. Per november 2020 hadde 103 bedrifter skrivne under på ein eigen tilslutningsavtale til bransjeavtalen.

BFD har i 2020 og 2021 støtta organisasjonen Matvett AS, som har som formål å redusere matsvinnet i samfunnet. Støtta frå BFD har gått til tiltak som skal redusere matsvinnet blant forbrukarane. I 2020 og 2021 har Matvett utvikla og lansert eit undervisningsopplegg om matsvinn. Utviklinga av undervisningsopplegget skjedde i samarbeid med Senter for Samarbeids-læring/Høgskulen i Innlandet (INN) og LOOP Miljøskole.

Skulen er ein arena for å skape forståing for ressurs- og klimaproblem og reflekterte haldningar til forbruk. BFD førte i 2020 vidare arbeidet med å fremje undervisning i forbrukaremne som også tok opp spørsmål knytte til nemnde tema. BFD samarbeidde mellom anna med Ungt Entreprenørskap (UE) om eit undervisningsopplegg som skal fremje forståing for berekraftig forbruk. Rundt 3 200 elevar frå ulike delar av landet deltok i opplegget.

Plan for vidare arbeid

BFD vil i 2022 føre vidare arbeidet med å gjere det enkelt for forbrukarane å ta miljømedvitne val. Miljømerka Svana og EU Ecolabel vil framleis vere dei sentrale verkemidla for å formidle standardisert og kvalitetssikra informasjon om varer og tenester som er blant dei minst miljøskadelege på marknaden. Miljømerking, som forvaltar desse ordningane i Noreg, skal arbeide for at talet på miljømerkte produkt på den norske marknaden held fram med å stige.

BFD vil i 2022 arbeide vidare med å redusere matsvinnet i samfunnet gjennom bransjeavtalen for matsvinn. Bransjeavtalen gjeld fram til 2030 og byggjer på ein felles definisjon av matsvinn og eigne grunnlagsrapportar om statistikk og tiltak. Med utgangspunkt i FNs berekraftsmål 12.3 om matsvinn, som Noreg har forplikta seg til å arbeide for å nå, er det i bransjeavtalen sett eit overordna mål om å redusere matsvinnet i Noreg med 50 pst. innan 2030. BFD vil halde fram med å støtte tiltak som kan leggje til rette for at forbrukarane blir meir medvitne om å redusere sitt eige matsvinn.

Departementet vil i 2022 også arbeide vidare med å fremje undervisning i forbrukaremne, medrekna undervisning om berekraftig forbruk og berekraftig utvikling.

Regjeringa lanserte i juni 2021 strategien for ein grøn, sirkulær økonomi. Sentralt i strategien er å gje forbrukarane betre moglegheiter til å gjere val som sikrar gjenbruk av materiale og ressursar. BFD vil i 2022 bidra i arbeidet med å realisere strategien.

9.1.3 Finansdepartementet

Hovudverkemidla i norsk klimapolitikk er, og skal vere, sektorovergripande verkemiddel i form av klimagassavgifter og omsettelege utsleppskvotar. Om lag 85 pst. av Noregs samla utslepp av klimagassar er allereie ilagt avgift eller kvoteplikt. Det generelle avgiftsnivået på ikkje-kvotepliktige utslepp av klimagassar er 591 kroner per tonn CO2 i 2021, og kvoteprisen er på rundt 600 kroner per tonn CO2. Både delen utslepp som er prisa, og den karbonprisen forureinarane står overfor er høg samanlikna med andre land.

I Meld. St. 13 (2020-2021) Klimaplan for 2021-2030 signaliserte regjeringa ei auke i avgiftene på ikkje-kvotepliktige utslepp av klimagassar til om lag 2 000 2020-kroner per tonn CO2 i 2030. Samla auke og konkret nivå kvart år vil ein ta stilling til i dei vanlege budsjettprosessane. Sjå nærare omtale av forslag om endringar i avgiftene på utslepp av klimagassar i Prop. 1 LS (2021–2022).

9.1.4 Forsvarsdepartementet

Miljøområde, miljømål og miljøutfordringar

Klima- og miljøutfordringane i forsvarssektoren er spesielt knytte til bruken av materiell, i hovudsak fartøy og fly, for trening, øving og operativ verksemd for å halde i hevd den nasjonale forsvarsevna. Verksemda til Forsvaret kan påføre omgjevnadene både støyplager, skadar på natur og miljø og utslepp av klimagassar. Den omfattande bygningsmassen som forsvarssektoren har, medfører dessutan forbruk av energi til drift og oppvarming, som direkte og indirekte medfører utslepp av klimagassar. Samstundes forvaltar sektoren naturområde og kulturminne og kulturmiljø som gjev grunnlag for kunnskap, oppleving og verdiskaping.

Det er eit overordna mål for Forsvarsdepartementet (FD) at verksemda til forsvarssektoren ikkje skal føre til vesentleg skade på miljøet. Etatane i forsvarssektoren arbeider mellom anna med opprydding i forureina sjøbotn og skytefelt, avfallshandtering og tiltak for å redusere ulemper av støy og klimagassutslepp frå sektoren. Etatane arbeider òg med å ta vare på naturmangfald, kulturminne og kulturmiljø i område som sektoren eig og bruker. Kystvakta har ei viktig oppgåve med miljø- og ressursoppsyn.

All militær aktivitet vil påverke miljøet i større eller mindre grad. Ei generell opptrapping i Forsvarets aktivitet kan òg ha klima- og miljømessige konsekvensar. Det er ein ambisjon å skape eit godt øvingsutbytte samstundes som ein unngår store, negative konsekvensar for miljøet. Tiltak er baserte på fagleg kunnskapsgrunnlag og vurdering av effekt og kostnadseffektivitet.

Rapport for 2020/2021

Forsvarsdepartement har retningslinjer for miljøstyring som gjev ansvar, oppgåver og føringar til etatane i forsvarssektoren for å sikre at miljøpolitikken til regjeringa blir følgd i samsvar med sektoransvaret, og at den nasjonale og internasjonale miljølovgjevinga blir overhalden.

Forsvarssektoren er ein betydeleg eigedoms- og investeringsaktør og har jobba systematisk med å finne kostnadseffektive løysingar som tek i vare behova til sektoren, og som samstundes sparer energi og ressursar og spør etter klima- og miljøvennlege varer og tenester. For å ta i vare samfunnsansvaret for klima og miljø skal forsvarssektoren ha eit miljøleiingssystem som samsvarer med den internasjonale standarden ISO 14001.

I løpet av året har Forsvarsbygg innført krav om å bruke miljøoppfølgingsplanar i alle utbyggingsprosjekt og starta eit innovasjonsprosjekt for å kunne byggje meir fleksibelt, berekraftig og ressurseffektivt framover. Prosjektet er støtta av Innovasjon Noreg og Næringslivets hovedorganisasjons (NHO) program for leverandørutvikling. I 2020 oppretta Forsvarsmateriell eit dedikert miljøkontor for å støtte oppfølginga etaten gjer av berekraft og miljø. Forsvarsmateriell har også i 2020 arbeidd med å utvikle nye digitale verktøy for godkjenning og forvaltning av kjemikaliar. Når verktøyet er på plass, kan overvakinga av kjemikaliar som blir brukte i ulike materiellsystem i Forsvaret, gjennomførast meir effektivt. Samstundes vil innføringa forbetre substitusjonsarbeidet i heile sektoren og på sikt bidra ytterlegare i arbeidet regjeringa og EU gjer for eit giftfritt miljø.

Forsvarsbygg ferdigstilte det største naturrestaureringsprosjektet i noregshistoria på Hjerkinn i 2020. Målsetjinga med å tilbakeføre 165 kvadratkilometer skytefelt til villmark er nådd, og området er innlemma i Dovrefjells verneområde. Sektoren fullførte også prosjektet Ren indre havn i Horten, der Forsvarsbygg har delteke både fagleg og finansielt saman med Horten kommune og Horten industripark. Forsvarssektoren har også fornya avtalane våre om samarbeid med Riksantikvaren om ansvar for kulturvern.

Forureining ved Forsvaret sine brannøvingsfelt på flystasjonane er kartlagd, og kartlegginga viser forureining etter tidlegare bruk av brannskum som inneheld perfluorerte stoff (PFOS/PFAS) på alle felta. Det er i gang arbeid med å rydde opp i forureining på fleire flystasjonar. Mellom anna vart arbeidet med opprydding av det gamle brannøvingsfeltet ved Ørland flystasjon ferdigstilt i 2020.

Utfasing av fossilt brensel til oppvarming av Forsvarets bygningar er gjennomført med unntak av for Bodø flystasjon, der det er gjeve dispensasjon i samband med at dagens flyplass skal leggjast ned. Bruk av mineralolje utgjorde cirka 0,3 pst. av total energibruk til eigedom, bygg og anlegg i 2020. Vidare har arbeidet med tiltak for energiøkonomisering bygningane til Forsvaret halde fram i 2020 og 2021.

Sektoren gjev vidare eit viktig bidrag til samfunnet ved å ta vare på kulturminne og kulturmiljø og leggje til rette for bruk og formidle verdiar til allmenta. Forsvarssektoren har også gjennomført kartlegging og sikring av kulturminne og naturverdiar i område som er i bruk av Forsvaret, irekna godkjent ein landsverneplan del II for etablissement bygde etter 1945.

Plan for vidare arbeid

Klima- og miljøtiltak i forsvarssektoren er inkluderte i løyvingar til drift og investeringar. I Forsvarsdepartementets budsjett for 2022 er det foreslått å nytte 23,3 mill. kroner til vedlikehald av festningane og 83,5 mill. kroner til tiltak knytte til miljøopprydding. Det er på nokolunde same nivået som i 2021. I tillegg kjem mellom anna investeringstiltak på Ørland og Evenes for å følgje opp støykrav i reguleringsplanar og andre miljøkrav.

Utsleppa er forventa å auke svakt dei kommande fem åra på grunn av styrkinga av Forsvarets kapasitet med meir materiell i bruk (særleg fly og fartøy) og målsetjingar om auka aktivitetsnivå. Det er difor særleg viktig å sjå nærmare på korleis sektoren på best mogleg måte kan redusere både direkte og indirekte utslepp framover.

Den nye langtidsplanen for forsvarssektoren (Prop. 14 S (2020–2021)) gjev føringar for bidraget frå sektoren til nasjonale målsetjingar for klima og miljø. Offentlege anskaffingar utgjer ein vesentleg del av Noregs totale klima- og miljøfotavtrykk. Anskaffingane forsvarssektoren gjer, skal difor støtte eit grønt skifte, FNs berekraftsmål og implementeringa av sirkulær økonomi. Gjennom å stille relevante miljøkrav til leverandørar, materiell og tenester skal sektoren bidra til meir effektiv og berekraftig bruk av samfunnet sine midlar.

I løpet 2021 blir det utarbeidd ein handlingsplan for klima og miljø i forsvarssektoren. Implementering av handlingsplanen blir eit viktig tiltak for sektoren i 2022. Forsvaret står for over 95 pst. av dei direkte utsleppa frå forsvarssektoren. Forsvaret skal bidra til kutt i klimautslepp samstundes som den nasjonale operative forsvarsevna blir halden i hevd. Vidare er det viktig med eit tett integrert samarbeid mellom Forsvaret og dei andre etatane i forsvarssektoren på klima- og miljøfeltet: Forsvarsmateriell i anskaffing av nye materiellsystem, Forsvarsbygg for klimavennlege bygg og anlegg i tillegg til Forsvarets forskingsinstitutt for å vurdere innovative løysingar og kunne utnytte data frå miljødatabasen til forsvarssektoren. Forsvarssektoren skal i enda større grad nytte moglegheita som ligg i å oppnå klima- og miljøgevinstar gjennom anskaffingar og krav til leverandørar.

Vidare vil sektoren føre vidare tiltak for å følgje opp dei store utbyggingane av Ørland flystasjon og Harstad / Narvik lufthavn Evenes / Evenes flystasjon i tråd med dei vedtekne reguleringsplanane og miljøkrav.

9.1.5 Helse- og omsorgsdepartementet

Miljøområde, miljømål og miljøutfordringar

Helsedirektoratet, Folkehelseinstituttet og statsforvaltarane er rådgjevarar for sentrale og lokale helsestyresmakter, greier ut og tek del i overvaking av miljøforureining. Etter folkehelselova har kommunane ansvar for å sikre befolkninga mot skadelege faktorar i miljøet.

Direktoratet for strålevern og atomtryggleik (DSA) har direktoratsoppgåver for Klima- og miljødepartementet innanfor området radioaktiv forureining og anna stråling i det ytre miljøet. DSA har vidare ansvar for fagleg utgreiingsarbeid, for tilsyn med radioaktiv forureining og for å koordinere nasjonal overvaking av radioaktiv forureining i det ytre miljøet, i tillegg til internasjonale oppgåver.

Mattilsynet arbeider for miljøvennleg produksjon av trygge næringsmiddel og trygt drikkevatn. For å få størst mogleg samfunnsmessig verdiskaping ut av avgrensa ressursar er det vesentleg å leggje vekt på kvalitet, plante- og dyrehelse og omsynet til miljøet.

Helse- og omsorgsdepartementet forvaltar staten sin eigarskap av dei regionale helseføretaka, som igjen er eigar av helseføretaka i landet. Som det blir uttrykt i Meld. St. 8 (2019–2020) Statens direkte eierskap i selskaper – Bærekraftig verdiskaping, er staten oppteken av at verksemda til selskapa er ansvarleg. Det inneber å identifisere og handtere risikoen selskapet påfører menneske, samfunn og miljø. Omsynet til berekraft og ansvarleg verksemd er reflektert i forventingane staten har til selskapa, og korleis staten følgjer opp selskapa.

Departementet har i styringsbodskapen til dei regionale helseføretaka bede om at spesialisthelsetenesta har ei heilskapleg tilnærming til klima- og miljøutfordringane. Miljøarbeidet i spesialisthelsetenesta blir koordinert gjennom eit samarbeidsutval mellom dei fire helseregionane. Alle dei regionale helseføretaka er representerte med ein medlem i samarbeidsutvalet. I tillegg har Sjukehusbygg HF, Sjukehusinnkjøp HF, vernetenesta og tillitsvalde ein representant kvar. Dei fire regionane har også kvar si miljøfaggruppe der alle helseføretak er representerte.

Rapport for 2020

Det blir årleg utarbeidd ein felles årsrapport for samfunnsansvar i spesialisthelsetenesta, «Spesialisthelsetjenestens rapport for samfunnsansvar». Rapporten handlar om klima og miljø, menneskerettar, arbeidstakarrettar og antikorrupsjon. Rapporten er utarbeidd av interregionalt samarbeidsutval for klima og miljø i spesialisthelsetenesta og omfattar helseføretaka i dei fire regionane i tillegg til dei felleseigde selskapa (Sjukehusbygg HF, Sjukehusinnkjøp HF, Luftambulansetenesta HF, Nasjonal IKT HF, Helsetenestas driftsorganisasjon for nødnett HF og Pasientreiser HF).

Alle helseføretak i landet er miljøsertifiserte i samsvar med NS-EN ISO 14001. Det inneber at ei samla spesialisthelseteneste arbeider systematisk med å forbetre eigen miljøprestasjon. Gjennom rapporten for samfunnsansvar blir det òg lagt fram ein felles klimarekneskap for helseføretaka i landet. Klimarekneskapen medverkar til å setje søkjelyset på å redusere forbruk av ressursar.

Ifølgje perspektivmeldinga 2021 auka delen videokonsultasjonar hos fastlege frå 3 pst. i 2019 til 60 pst. i mars 2020. Redusert transport som følgje av ein auke i videokonsultasjonar blir trekt fram som eit tiltak som har store positive klima- og miljøkonsekvensar i Spesialisthelsetenestenes rapport for samfunnsansvar i 2018. Covid-19-pandemien har bidrege til ein generell auke i bruken av digitale løysingar for kontakt med helse- og omsorgstenesta. Fastlegar gjennomfører ein stor del av konsultasjonane sine digitalt. Dette kan ha positive vedvarande klimaeffektar også etter at samfunnet normaliserer seg.

9.1.6 Justis- og beredskapsdepartementet

Svalbard

Regjeringas mål om å bevare Svalbards særeigne villmarksnatur ligg til grunn for miljøvernpolitikken på Svalbard. Svalbardmiljølova av 15. juni 2001 med tilhøyrande føresegner tek vare på denne målsetjinga. Ein stor del av verksemda til Sysselmeisteren på Svalbard er knytt til miljøvernrelatert arbeid. I Sysselmeisterens organisasjon er det samla både politifagleg og miljøvernfagleg ekspertise. Dette legg til rette for ei effektiv etterforsking av miljøkriminalitet og for eit godt fagleg informasjonsarbeid. Lokalt er svalbardmiljølova med føresegn viktige verktøy for å ta vare på miljømåla.

Ei viktig oppgåve for Sysselmeisteren er å halde oppsyn med og avdekkje eventuelle brot på føresegnene om vern av Svalbards natur- og kulturmiljø. Dokumentasjon av utviklinga innan ferdsel og anna verksemd er viktig for å målrette tiltak. Sysselmeisteren legg vekt på rask og effektiv etterforsking og oppklaring av moglege straffbare forhold. Svalbard og Longyearbyen vil på grunn av auka aktivitet få større betydning som base for beredskap mot forureining.

Kystverket har ansvaret for oljevernberedskapen i området, med Sysselmeisteren som lokal ressurs. Lange avstandar og arktisk klima gjer det vanskeleg å handtere oljeutslepp i området. Førebyggjande tiltak for å unngå slike hendingar er derfor svært viktige, blant annet det innførte forbodet mot bruk av tungolje som drivstoff i territorialfarvatnet. For å redusere risikoen for hendingar med miljøskade til følgje er det ei statleg losteneste for all skipsfart i farvatna på Svalbard på same måte som på fastlandet.

Regjeringa har avgjort at kolkraftverket i Longyearbyen skal bli fasa ut til fordel for eit nytt kraftvarmeverk med ei gradvis og forsvarleg innfasing av meir fornybar energi. Avgjerda er basert på utgreiingar av ulike grunnlastløysingar gjennomført av NVE og Thema/Multiconsult.

Regjeringa sitt forslag til rammer for ein Energiplan i Longyearbyen legg grunnlaget for at kolkraftverket blir avvikla til fordel for ei sikrare og meir klimavenleg energiløysing. Løysninga skal vere basert på eit nytt kraftvarmeverk i kombinasjon med fornybar energi og auka satsing på energieffektivisering.

Ei energiløysning basert på fornybare energikjelder og diesel/multifuelteknologi er etter regjeringa si meining den løysinga som gir høgast forsyningstryggleik, lågaste kostnader og muliggjør ein trinnvis oppbygging av ein langsiktig, fornybar energiløysing for Longyearbyen. Utprøving av energilagringsmoglegheiter lokalt bør inngå i dette.

Regjeringa har bedt Longyearbyen lokalstyre utarbeide ein konkret energiplan i løpet av 2022. Premissane for planen er at innfasing av fornybar energi skal skje raskast mogleg, med mål om at fornybare løysingar skal utgjere hovudforsyninga. Energiforsyninga skal vere i tråd med og støtte opp under Noreg sine klimamål for 2030 og 2050.

Politi- og lensmannsetaten

Dei viktigaste oppgåvene politiet har innanfor miljøvern, er å kjempe mot miljøkriminalitet gjennom førebyggjande verksemd, etterforsking med høg kvalitet og adekvat reaksjon. Som det kjem fram i stortingsmeldinga om miljøkriminalitet (Meld. St. 19 (2019–2020)), inneber førebygging på miljøområdet særleg gjensidig informasjonsdeling med relevante samarbeidsaktørar, slik at alle kan setjast i stand til å setje i verk nødvendige tiltak på eige ansvarsområde. Politiets samarbeidspartnarar i miljøforvaltninga må difor involverast både lokalt og sentralt.

Når det gjeld avdekking av miljøkriminalitet, vil regjeringa føre vidare felles aksjonar mellom politi og miljøstyresmakter og vurdere bruk av slike aksjonar på fleire miljøkriminalitetsområde enn i dag. Tolletaten vil også måtte inngå i eit slikt samarbeid ved grensekryssande kriminalitet.

9.1.7 Kommunal- og moderniseringsdepartementet

Beskriving av miljøområde, miljømål og miljøutfordringar

Målet med distrikts- og regionalpolitikken til regjeringa er regional balanse gjennom vekstkraft, likeverdige levekår og berekraftige regionar i heile landet. Ein berekraftig region har ei balansert befolkningssamansetjing og forvaltar menneskelege ressursar og naturressursar for utvikling og verdiskaping no og i framtida. Næringsliv og samfunnet elles skal kunne tilpasse seg endra føresetnader i økonomiske, sosiale, klima- og miljømessige rammevilkår. Måla for Kommunal- og moderniseringsdepartementets distrikts- og regionalpolitiske tilskot legg vekt på eit vekstkraftig næringsliv og verdiskaping i attraktive arbeidsmarknader over heile landet, regional utvikling over landegrensene og i nordområda og styrkt utviklingskapasitet og velfungerande tenestetilbod i distrikta.

Kommunal- og moderniseringsdepartementet har ansvar for byggje- og eigedomspolitikken i statleg sivil sektor. Statsbyggs nye strategiske mål for 2021–2025 vil vere førande for korleis Statsbygg løyser samfunnsoppdraget sitt i åra framover. Dei strategiske måla er å skape meirverdi for brukarar og samfunn, gje staten kostnadseffektive lokale, levere berekraftige løysingar, utvikle byggje- og eigedomsnæringa og byggje kompetanse for framtida. For å kunne realisere måla vil Statsbygg samarbeide med næringa, brukarar, leigetakarar og oppdragsgjevarar.

Regjeringa har i Meld. St. 13 (2020–2021) Klimaplan for 2021–2030 utarbeidd felles klima- og miljøambisjonar for statlege bygg og eigedommar i sivil sektor. Statsbygg arbeider med revitalisering og optimalisering av funksjonar og løysingar i eksisterande bygningsmasse for å kunne utvikle og tilpasse bygga framfor å byggje nytt. Statsbygg har i 2020 utvikla konsept for å løyse nye behov hos brukarane med enkle grep, til dømes å leggje til rette for miljøvennleg transport og tiltak som fremjar biologisk mangfald og sirkulærøkonomi. Statsbyggs gigantiske telt frå regjeringskvartalsprosjektet skal brukast på nytt og bli Noregs største sentral for ombruk av materialar. Dette er mogleggjort gjennom samarbeid med Resirqel, Oslo kommune og Pådriv, nettverk for berekraftig byutvikling.

Lokalisering og arealbruk er vesentleg for klimapåverknaden av bygg. Statsbygg gjev råd til oppdragsgjevarane om desse forholda både i statlege byggjeprosjekt og når staten skal leige.

Bygningsregelverket skal sørgje for at bustader og bygg er sikre, energieffektive og miljøvennlege.

Statsforvaltarane er viktige for iverksetjinga av nasjonal klima- og miljøpolitikk. Midlane til arbeidet statsforvaltarane gjer med klima og miljø, blir finansierte i hovudsak gjennom Kommunal- og moderniseringsdepartementet (KMD) sitt kap. 525 Statsforvaltarane, jf. KMDs Prop. 1 S (2021–2022).

Rapport for 2020/2021

Berekraft er omtalt i dei overordna planane og strategiane til fylkeskommunane, til dømes regional plan, som styrer verksemda til fylkeskommunane. Fylkeskommunane og kommunane har gjeve tilsegn for om lag 82 mill. kroner til ulike typar miljøfremjande tiltak frå dei distrikts- og regionalpolitiske tilskota over programkategori 13.50 Distrikts- og regionalpolitikk i 2020.

Innovasjon Noreg (IN) forvaltar bedriftsretta låne- og tilskotsordningar i distrikta på oppdrag av fylkeskommunane. I strategien til selskapet er berekraft spesielt vektlagd. Prosjekt som skal få finansiering frå IN, blir vurderte etter tre berekraftsdimensjonar: økonomi, miljø og samfunnseffektar av prosjektet. IN har laga ei rettleiing for heilskapleg vurdering av berekraft i finansieringssaker. Dersom eit prosjekt er vurdert å ha negativ miljø- eller samfunnseffekt, får ikkje prosjektet finansiering. 49 pst. av innvilga beløp gjekk til prosjekt med positiv miljøeffekt for oppdraga finansierte i 2020. Bioøkonomiordninga i IN skal bidra til auka verdiskaping og berekraftig omstilling av norsk næringsliv ved å utnytte det marknadspotensialet som bionæringane representerer basert på ressursar frå hav, jord og skog. Ordninga er ei oppfølging av bioøkonomistrategien til regjeringa. IN rapporterer at det er høg etterspurnad etter verkemiddel innanfor bioøkonomi, og at programmet har resultert i fleire prosjekt som utnyttar biologiske ressursar betre.

Noreg deltek i EUs grenseoverskridande samarbeid gjennom Interreg-programma. Alle Interreg-programma Noreg deltek i, har smart, berekraftig og inkluderande vekst som overordna mål. Cirka 40 pst. av dei norske Interreg-midlane vart i 2020 nytta til innsatsområde knytte til lågkarbonøkonomi, risikohandtering ved klimaendringar, beskyttelse av miljø og berekraftig transport.

Klimagassutsleppa for byggjeprosjekt gjennomførte av Statsbygg vart i 2020 reduserte med 36 pst. målt mot minstekrav i byggteknisk forskrift. Utslepp frå materialar til prosjekta og frå energi i drift over det normerte livsløpet til bygga på 60 år er inkludert i berekninga. Etter gjennomføring av utsleppsreduserande tiltak låg det samla klimagassutsleppet for byggjeprosjekt i byggjefase i 2020 på 15,4 kg CO2-ekvivalentar per m2 per år.

Som ein konsekvens av pandemien løyvde Stortinget i 2020 ein tiltakspakke på Statsbyggs område. Formålet var å stimulere til produksjon og sysselsetjing i bygg- og eigedomsbransjen. Tiltakspakken har også bidrege til grøne investeringar gjennom til dømes etablering av solceller ved Halden fengsel, Telemark fengsel og Høgskulen i Østfold og etablering av fleire elbil-ladepunkt ved ulike eigedommar.

I 2019 og 2020 har Statsbygg kartlagt potensielle ENØK-tiltak for totalt 500 000 m2 av eigedomsmassen. Vidare er potensialet for produksjon av solenergi på takflater i bygningsporteføljen kartlagt.

Kommunal- og moderniseringsdepartementets krav til energibruk på 204 kWh/ m2 i 2020 vart innfridd, med eit resultat på 189 kWh/m2. I tillegg er det oppnådd ein reduksjon i CO2-utslepp frå eigedommane på 23 pst. samanlikna med 2019, som i stor grad blir forklart av redusert aktivitetsnivå, i hovudsak på grunn av pandemien. Delen lokalprodusert fornybar energi er aukande og utgjer 2,5 pst. av samla forbruk i 2020.

Ny forskrift om lån frå Husbanken tredde i kraft 1. januar 2020. Kapittel 2 i forskrifta, Lån til boligkvalitet, skal fremje miljø og tilgjenge i nye bustader. Det kan gjevast lån til oppføring av bustader med godt inneklima og miljøvennlege materialar og byggjemetodar. For eksisterande bustader blir det gjeve lån til å fremje bustadkvalitetar som energieffektivitet og tilgjenge.

Forslag om klimabaserte energikrav i byggteknisk forskrift vart sendt på høyring i juli. Energikrava blir utvikla frå passivhusnivå til nesten nullenerginivå ved å supplere dagens krav med krav som bidreg til reduserte klimagassutslepp frå materialar og betre ressursutnytting. Forslaget inneber mellom anna krav om å utarbeide klimagassrekneskap for bustadblokker og yrkesbygg. Når det er blitt hausta erfaringar med krav om klimagassrekneskap for slike bygg, tek regjeringa sikte på å innføre krav til utsleppsnivået for desse bygga og at krav om klimagassrekneskap blir utvida til andre bygningskategoriar, mellom anna i lys av at kostnadene ved å lage slike rekneskap vil minke.

Regjeringa arbeider for å kutte avfallsmengda og klimagassutsleppa knytte til byggjeverksemd. Å leggje til rette for ombruk av byggjevarer bidreg til dette. Direktoratet for byggkvalitet har laga ei rettleiing med informasjon om kva krav som blir stilte med omsetning og bruk av brukte byggjevarer. Regjeringa vil i tillegg gå gjennom dokumentasjonskrava for byggjevarer slik at desse er betre tilpassa ombruk.

Regjeringa har, i samarbeid med næringa, teke initiativ til å opprette eit samordningsråd for digitalisering. Rådet skal leggje til rette for betre flyt av digitale produktdata, mellom anna gjennom pilotprosjekt for utvalde byggjevarer med særleg potensial for ombruk. Gjennom å leggje til rette for at digitale produktdata flyt godt, frå produsent til sluttbrukar, gjer regjeringa det lettare for næringa å vite kva byggjevarer som kan brukast om igjen.

Midlane til statsforvaltarane i 2020 vart brukte til oppgåver innan naturforvaltning, forureining og klima (legge inn fotnote her: Klima- og miljødepartementets del av kap. 525 post 01 var 346,931 mill. kroner i 2020). Statsforvaltaren har bidrege i arbeidet med bevaring av naturmangfald og utført oppgåver mellom anna knytte til trua natur, rovvilt, laks, forvaltning av verneområde og vassforvaltning. I samarbeid med andre statlege aktørar har statsforvaltarane i 2020 bidrege til arbeid i kommunar og næringsliv med å redusere klimagassutslepp og den samla sårbarheita i samfunnet for klimaendringar. Statsforvaltarane har følgt opp arbeidet til kommunane med klima- og energiplanar, og statsforvaltarane i Oslo og Viken, Vestfold og Telemark, Trøndelag og Troms og Finnmark har hatt ansvar for pilotprosjekt knytte til klimatilpassing. Statsforvaltarane har i 2020 medverka til at kommunane tek klima- og miljøomsyn i plansaker. Dei har halde fram med å levere resultat knytte til marin forsøpling og opprydding i forureina grunn og sjøbotn i prioriterte område. Embeta har halde fram arbeidet med vern av norsk skog og fremja forslag til vern av marine område. Statsforvaltarane har følgt opp bedrifter og verksemder innanfor område der dei er forureiningsstyresmakt.

Plan for vidare arbeid

Interreg-programma er ein arena for å styrkje grenseregionalt samarbeid. I neste programperiode for Interreg VI 2021–2027 er måla a) eit smartare Europa, b) eit grønare Europa, c) eit Europa som er tettare samanknytt, d) eit meir sosialt Europa og e) eit Europa nærmare borgarane. Noreg har prioritert mål a, b og c.

Kommunal- og moderniseringsdepartementet skal følgje opp klimaplanen og sirkulærstrategien innanfor byggje- og eigedomspolitikken i statleg sivil sektor.

Ein heilskapleg strategi for bygg og eigedom i statleg sivil sektor skal leggjast fram i 2021. Strategien byggjer mellom anna vidare på klimaplanen og sirkulærstrategien. Den vil gjelde for alle departement i sivil sektor og alle delar av byggje- og eigedomsforvaltninga. Klima, miljø og energi er eit av tema.

9.1.8 Kulturdepartementet

Beskriving av miljøområde, miljømål og miljøutfordringar

Mange museum forvaltar handlingsboren kunnskap og immateriell kulturarv. Interessa for slik kunnskap er aukande i vår tid, no som berekraft og samspel mellom natur og kultur er sett på dagsordenen for alvor. Musea har ei viktig rolle i dette arbeidet framover, ikkje minst sett i lys av berekraftsmåla. Berekraftsmåla krev felles innsats frå styresmakter, sivilsamfunn, privat sektor og akademia i alle land.

Med tilvising til Kulturmiljømeldinga blir det sagt i museumsmeldinga at musea kan spele ei viktig rolle i arbeidet med å nå målet om å ta vare på eit mangfald av kulturmiljø som grunnlag for kunnskap, opplevingar og bruk. Undersøkinga om bygningane ved musea som er gjennomført i samband med museumsmeldinga, vil vere del av kunnskapsgrunnlaget for å sikre eit godt samarbeid i forvaltninga om den musealt forvalta bygningsarven. Vidare viser undersøkinga at det er eit stort etterslep på istandsetjing og restaurering av kulturhistoriske bygningar som musea forvaltar.

Rapport for 2020/2021

Meld. St. 23 (2020–2021) Musea i samfunnet. Tillit, ting og tid, som vart lagd fram i mars 2021, jf. Innst. 573 S (2020–2021), beskriv museumspolitikken til regjeringa i eit generasjonsperspektiv fram mot 2050. I meldinga inngår oppfølgingspunkt 5.6.4. «styrke museets arbeid med handlingsbåren kunnskap og annen immateriell kulturarv» og 8.7.4: «Innrette ei særleg satsing for heilskapleg ivaretaking av bygningsarven.»

Planar for det vidare arbeidet innanfor sektoren

Regjeringa meiner at kunnskapen til musea innan materialbruk, tradisjonshandverk og tradisjonelle former for samspel mellom kultur og natur bør utviklast vidare for å komme storsamfunnet til gode på fleire måtar. Musea har eit viktig samfunnsansvar i dette arbeidet. Tradisjonskunnskap knytt både til kultur- og naturarv er kunnskap om fortida, men regjeringa meiner at det ikkje minst er kunnskap til nytte i samtida, i utviklinga mot ei meir berekraftig framtid. Kunnskapen om arbeidet til musea med den immaterielle kulturarven er fragmentert og lite systematisk, og Kulturdepartementet ønskjer at det framover blir lagt til rette for auka kunnskapsutvikling på dette området.

Regjeringa vil vidare innrette ei særleg satsing for ivaretaking av bygningsarven. Som ein del av dette arbeidet må det gjerast grundige prioriteringar på tvers av musea og gjennom regional og nasjonal samordning. Dette må også sjåast i samanheng med klimaendringar og konsekvensen av desse på bygningsmassane.

9.1.9 Kunnskapsdepartementet

Målet for Kunnskapsdepartementet (KD) sitt arbeid på klima- og miljøområdet er at utdanning og forsking skal medverke til berekraftig utvikling og omstilling til lågutsleppssamfunnet gjennom utvikling og formidling av kunnskap som bidreg til ny innsikt, gode løysingar og folk med gode dugleikar.

Formidling av kunnskap og gode haldningar til miljøet er ein integrert del av det pedagogiske opplegget i barnehagane og skulane. Grunnlaget for gode haldningar blir skapt i oppveksten, og det er difor viktig at natur og miljø også er ein naturleg del av barnehagane og skulane.

I planen til regjeringa for universitets- og høgskulebygg i Meld. St. 4 (2018–2019) Langtidsplan forforskning og høyere utdanning 2019–2028 blir det teke sikte på å oppnå høgare arealeffektivitet og lågare klimagassutslepp. For å stimulere til betre bruk av eksisterande bygg har Kunnskapsdepartementet ei søkbar ordning for midlar til oppgraderingar. I 2021 vart det tildelt 119,1 mill. kroner over ordninga.

Miljøforsking er støtta gjennom ulike satsingar og program i Forskingsrådet. I tillegg finansierer universiteta og høgskulane mykje miljø- og klimarelevant forsking over grunnløyvinga si.

Rapport for 2020/2021

Den naturlege skulesekken skal bidra til at skular får auka kompetanse for å undervise for berekraftig utvikling. Skular som deltek, får eit økonomisk tilskot og fagleg rettleiing i arbeidet med å utvikle og teste undervisningsopplegg for berekraftig utvikling. I 2020 vart det brukt 3 mill. kroner til Den naturlege skulesekken over Kunnskapsdepartementets budsjett.

Den målretta forskingsinnsatsen på klima og miljø var om lag 1,7 mrd. kroner i 2020. KD bidreg gjennom fleire av Forskingsrådets verkemiddel, irekna til store program som KLIMAFORSK, ENERGIX og til Senter for Klimadynamikk ved Bjerknessenteret i Bergen.

Oppfølginga av Langtidsplanen for forsking og høgare utdanning er i 2020 prega av koronapandemien. Krisemidlane har mellom anna vore retta inn mot å bidra til ei raskare grøn omstilling for å komme seg ut av den økonomiske krisa som pandemien har ført til i mange bransjar. Dette inneber at oppfølginga av Langtidsplanen i 2020 i særleg grad er vridd mot målområdet Styrkt konkurransekraft og innovasjonsevne og dei to langsiktige prioriteringane Hav og Klima, miljø og miljøvennleg energi.

Klima og miljø er sentrale tema i norsk polarforsking. KD finansierer programmet POLARPROG, i tillegg til forskingsinfrastruktur for polarforsking, der forsking på klima og miljø inngår. Det meste av norsk polarforsking skjer i Arktis og særleg på Svalbard og i Barentshavet. Raske klima- og miljøendringar i dei polare områda aukar behovet for kunnskap. Prosjektet «Arven etter Nansen» blir også finansiert over Forskingsrådets budsjett, med tokt i sentrale og nordlege delar av Barentshavet. Dette er eit samarbeidsprosjekt mellom dei sentrale norske forskingsinstitusjonane på feltet og er venta å gje kartlegging og forsking av høg kvalitet. «Arven etter Nansen» er Noregs største marine forskingsprosjekt med eit totalbudsjett på 740 mill. kroner. KDs årlege bidrag er 60 mill. kroner.

Bidrag til EUs rammeprogram for forsking og innovasjon Horisont 2020 er også viktig, der klima og berekraftig utvikling er eit gjennomgangstema. 35 pst. av budsjettet i Horisont 2020 skal gå til klimatiltak, og minst 60 pst. av budsjettet er forventa å medverke til berekraftig utvikling. Noreg skal halde fram med å delta i det nye rammeprogrammet frå 2021, Horisont Europa. Det er eit mål at over 35 pst. av budsjettet er sett av til å møte klimautfordringar. I programmet blir det også lansert tverrfaglege og tverrsektorielle samfunnsoppdrag med klare mål for mellom anna tilpasning til klimaendringer inkludert samfunnsendring, klimanøytrale og smarte byer og sunne hav, kyster og sjøer. Samfunnsoppdraga skal bidra til å møte globale utfordringar innan 2030 og til å nå dei politiske målsetjingane i strategiar som mellom anna EUs grønne giv.

Plan for vidare arbeid

Langtidsplanen for forsking og høgare utdanning 2015–2024 gjev dei politiske føringane for Kunnskapsdepartementets satsing på dette området. Langtidsplanen har tiårige mål og prioriteringar, men meir konkrete mål for innsatsen i den første fireårsperioden, der regjeringa forpliktar seg til å følgje opp prioriteringane i dei årlege statsbudsjetta. I langtidsplanen er klima, miljø og miljøvennleg energi ei av dei fem langsiktige prioriteringane. Utdanning, forsking og innovasjon som kan hjelpe oss å nå klimamåla, er med dette ei viktig prioritering. KD arbeider no med ny revidert langtidsplan som skal leggjast fram i 2022.

9.1.10 Landbruks- og matdepartementet

Beskriving av miljøområde, miljømål og miljøutfordringar

Norsk landbruk tilbyr forbrukarane mat som er produsert på ein helse- og miljøvennleg måte, forvaltar store innmarks- og utmarksområde med tilhøyrande natur-, kultur- og friluftsverdiar og forsyner samfunnet med fornybare byggjemateriale og energi. Berekraftig landbruk er eit av hovudmåla i politikken til Landbruks- og matdepartementet (LMD). Miljøsatsinga i jordbruket skal medverke til å redusere miljøbelastninga frå jordbruket og til å betre miljøtilstanden og auka skjøtsel og istandsetjing av kulturlandskapet frå jordbruket.

Berre 3 pst. av arealet i Noreg er jordbruksareal, medan over 40 pst av landarealet er rekna som godt utmarksbeite. Det er viktig å ta vare på gode jordbruksareal og matjorda. Samstundes må jordvernet balanserast mot behova til storsamfunnet. Regjeringa la i samband med jordbruksoppgjeret 2021 fram ein revidert nasjonal jordvernstrategi for å redusere omdisponeringa av dyrka jord. Omdisponeringa har gått ned dei siste åra. Aktiv drift i landbruket er den viktigaste føresetnaden for å ta vare på kulturlandskapet. Kulturlandskap forma av landbruket er viktige for identitet og tilknyting. Kulturlandskapet gjev ei ramme for satsingar på kultur, lokal mat, friluftsliv, busetjing og turisme og er leveområde for mange artar av plantar og dyr.

Mangfaldet til og kombinasjonen av natur- og kulturverdiar i jordbrukslandskapet er ein karakteristisk og viktig del av landskapet i Noreg. Variasjonen i kulturlandskapet må haldast ved like, og ei målretta forvaltning kan bidra til å nå målet om å stoppe tapet av biologisk mangfald og ta vare på kulturminne. Dei kommunale miljøverkemidla og dei regionale miljøprogramma over jordbruksavtalen skal bidra til å nå dei nasjonale måla for det biologiske mangfaldet og kulturminna i kulturlandskapet. I tillegg er det viktig at kommunane forvaltar landskapsverdiane i den kommunale planlegginga og lagar planar som kan liggje til grunn for god forvaltning.

Reduksjon av vassforureining frå mellom anna avrenning av jord, næringsstoff og plantevernmiddel er ein viktig del av miljøarbeidet i landbruket. Vassforskrifta sett mål for god tilstand i vatna og vassdraga våre. I regelverket finst det heimlar som gjev kommunen og statsforvaltaren moglegheita til å stille strengare krav til miljøtiltak i særleg utsette område. Samla gjennomføring av ulike jordarbeidingstiltak, grasdekte areal m.m. i kornområda har redusert erosjonsrisikoen på dei dyrka areala, men ikkje tilsvarande det som har vore den venta verknaden av tiltaka. Konklusjonane frå analyse av 25 år med overvakingsdata i JOVA-programmet til NIBIO er at nedbør og temperatur er dei viktigaste faktorane som bestemmer jord- og fosfortap, og at det er effekt av jordarbeiding på fosfortap og fosforkonsentrasjonar. Effekten er størst når det er mykje nedbør, stor avrenning og store jordtap. Undersøkingar frå NIBIO viser at meir nedbør og ustabile vintrar har gjeve auka avrenning som reduserer verknaden av tiltaka.

All matproduksjon startar med fotosyntesen. I utgangspunktet baserer difor all jordbruksproduksjon seg på omløp av CO2, vatn og næringsstoff. Jordbruksaktivitetar, særleg husdyrhald, er opphav til utslepp av klimagassar, hovudsakleg i form av metan (CH4) og lystgass (N2O). Det meste av metanutsleppa kjem frå dyra si fordøying, særleg drøvtyggjarane. Resten kjem frå lagring og spreiing av husdyrgjødsel.

Skogbruket gjev grunnlag for næring og arbeidsplassar over heile Noreg, samstundes som skogen er ein del av løysinga på klimautfordringane. Skogen tek opp omtrent halvparten av dei samla norske klimautsleppa. Tilveksten i skogen er mykje større enn hogsten, noko som både gjev karbonbinding og auka høve til bruk av ein miljøvennleg og fornybar ressurs.

Mange raudlista artar lever i skog og kulturlandskap. God kunnskap og oversikt over det biologiske mangfaldet er nødvendig, og skog- og miljøkunnskapen gjennom skogbruksplanlegging med miljøregistreringar er hovudplattforma for eit langsiktig og miljøvennleg skogbruk.

Rapport for 2020/2021

Miljøsatsinga i jordbruket er organisert under Nasjonalt miljøprogram, med nasjonale, regionale og lokale verkemiddel for å redusere erosjon og avrenning av næringsstoff, redusere utslepp til luft, hindre attgroing og ta vare på verdifulle kulturlandskap og naturtypar.

I 2020 vart det gjennomført tiltak på 20 558 føretak for 552 mill. kroner innanfor dei regionale miljøprogramma. Om lag 48 pst. av dei lokale midlane (Spesielle miljøtiltak i jordbruket) vart innvilga til tiltak for å fremje verdiar i kulturlandskapet, kulturmiljøet, naturmangfaldet og friluftslivet i jordbruket i 2020, medan 52 pst. av midlane gjekk til tiltak for å redusere forureining til vatn og luft. I tillegg samfinansierer landbrukssektoren og miljøsektoren ordninga Tilskudd til utvalgte kulturlandskap i jordbruket. 46 område som er eit representativt utval av verdifulle jordbrukslandskap som inneheld særskilde verdiar knytte til naturmangfald og kulturmiljø, er valde ut. Liknande samfinansiering er det for verdsarvområda Vestnorsk fjordlandskap og Vegaøyan, der verdiane i områda mellom anna er knytte til kulturlandskapet frå jordbruket og er avhengige av aktiv jordbruksdrift og skjøtsel. Skjøtsel av utvalde naturtypar som kystlynghei og slåttemark blir finansiert både gjennom miljøordningane i jordbruket og tilskota frå miljøforvaltninga til trua natur.

Utslepp av klimagassar frå jordbruket var i 20201 på 4,4 mill. tonn CO2-ekvivalentar og utgjorde om lag 8,8 pst. av dei samla norske utsleppa. Utslepp frå jordbruket har blitt redusert med 6,6 pst. frå 1990 til 2020. Redusert bruk av gjødsel og færre storfe grunna auka effektivitet i mjølkeproduksjonen er hovudårsakene til nedgangen i utsleppa frå jordbruket. I 2019 signerte regjeringa og organisasjonane i jordbruket ein intensjonsavtale om kutt i klimagassutsleppa og auka opptak av karbon frå jordbruket. Det er sett ned ei rekneskapsgruppe som skal følgje opp intensjonsavtalen. Stortinget fastsette i 2015 målet om at den årlege omdisponeringa av dyrka jord skal vere under 4 000 dekar, og bad om at målet blir nådd gradvis innan 2020. For 2020 viser KOSTRA-tala frå Statistisk sentralbyrå (SSB) at det vart omdisponert 4 676 dekar dyrka jord til andre formål enn landbruk. Dette er ein auke frå dei tre føregåande åra da ein var under jordvernmålet tre år på rad (ca. 3 900, 3 600 og 3 900 dekar). I 2021 vart det fastsett eit nytt jordvernmål, som seier at den årlege omdisponeringa av dyrka jord skal vere under 3 000 dekar innan 2025. KOSTRA-tala viser ein betydeleg reduksjon i godkjent areal for nydyrking i 2020, men frå eit høgt nivå dei siste åra. I 2020 vart det gjeve løyve til å nydyrke cirka 21 600 dekar, mot 28 100 dekar i 2019 og 24 900 dekar i 2018. Frå og med 2014 har i gjennomsnitt om lag 22 200 dekar blitt godkjende nydyrka årleg.

Arbeid for å redusere både bruken og risikoen ved bruk av plantevernmiddel er ein viktig del av miljøarbeidet i landbruket. Handlingsplan for berekraftig bruk av plantevernmiddel (2016–2020) er ein viktig reiskap i dette arbeidet. For 2020 vart det avsett 12 mill. kroner til å følgje opp handlingsplanen.

Som oppfølging av Nasjonal pollinatorstrategi er det utarbeidd ein tiltaksplan for ville pollinerande insekt (2021–2028). Tiltaksplanen beskriv tiltak som er igangsette og nye, for sektorar dette vedkjem.

Ein nasjonal strategi for urbant landbruk, utarbeidd av Landbruks- og matdepartementet i samarbeid med relevante sektorar, vart lagd fram februar 2021.

Bevaring og berekraftig bruk av genetiske ressursar er nødvendige for å sikre variasjon og unngå tap av sortar, artar og rasar. Svalbard globale frøkvelv er etablert av den norske regjeringa for sikker lagring av sikringskopiar av frøa i genbankane i verda. Etter ferdigstillinga av den tekniske oppgraderinga i 2019 som samla gjer frøkvelven betre rusta mot klimaendringar på lang sikt, ønskte statsministeren 35 genbankar velkomne da dei deponerte frø i februar 2020. Erna Solberg og Ghanas president John Dramani Mahama som saman leier FNs pådrivargruppe for berekraftsmåla, signerte samstundes oppropet «Arctic Call to Action for Food Security and Climate Change». I 2020 vart totalt 82 501 nye frøprøvar sikra i frøkvelven, og på slutten av 2020 rommar frøkvelven totalt 1 074 533 frøprøvar frå 87 genbankar.

Den nasjonale strategien for bevaring og berekraftig bruk av genetiske ressursar for mat og landbruk som vart fastsett hausten 2019, er lagd til grunn for arbeidet med bevaring og berekraftig bruk av genetiske ressursar. Det vart i 2020 innvilga 6,8 mill. kroner til 63 prosjekt til tiltak som skal styrkje arbeidet med bevaring og berekraftig bruk av genetiske ressursar i jord- og skogbruket. Det blir også innvilga særskilt tilskot til bevaringsverdige husdyrrasar. Tal frå 2020 viser at det er ein auke i talet på avlsdyr av dei bevaringsverdige husdyrrasane innan storfe, sau, hest og geit.

Landbruks- og matdepartementet gav også i 2020 støtte til vidare forsking og utgreiing i prosjektet Miljøregistreringer i Skog (MiS), som har utvikla eit standardisert og godt dokumentert opplegg for registrering av areal som er spesielt viktige for biologisk mangfald i skog. Det vart innvilga 4,550 mill. kroner til dette arbeidet for 2020. Registreringane gjev grunnlag for miljøomsyn i skogbruket.

Stortinget har vedteke at inndelings- og beskrivingssystemet Natur i Norge (NiN), som Artsdatabanken har ansvaret for, skal brukast ved offentleg kartlegging av natur. NiN er eit verktøy for å gjere greie for variasjon i naturen og sikrar mellom anna eit kunnskapsgrunnlag som er både dokumentert og mogleg å etterprøve, til bruk i vurderingar av bruk og vern. NiN er teke i bruk i skogbruksplanlegginga.

Areal i økologisk drift utgjorde i 2020 om lag 4,2 pst. av det totale jordbruksarealet i Noreg. Landbruksdirektoratet har for åra 2019 og 2020 ikkje utarbeidd fullverdig statistikk for omsetning av økologiske varer i daglegvarekjedene. Arbeidet for å få på plass ein slik statistikk blir vidareført, og det er forhåpningar om ei løysing som gjer at ein har statistikk for 2021. Koronapandemien påverka omsetninga av økologisk mat og drikke gjennom dei ulike salskanalane ulikt i 2020. Omsetninga gjennom serveringsmarknaden og Bondens marked gjekk ned, medan omsetninga gjennom spesialbutikkar, Vinmonopolet og REKO-ringar auka.

Plan for vidare arbeid

Jordbrukspolitikken skal leggjast om i meir miljø- og klimavennleg retning. I jordbruksoppgjeret 2021 vart det gjort ei omfattande styrking av klima- og miljøsatsinga i jordbruksavtalen, spesielt vart det prioritert å styrkje investeringar i klimatiltak som skal bidra til utsleppsreduksjonar. Denne satsinga følgjer opp intensjonsavtalen mellom regjeringa og organisasjonane i jordbruket og arbeidet med å nå andre miljømål, til dømes innan kulturlandskap og vassmiljø. Vidare vart areal- og kulturlandskapstilskot og beitetilskota prioriterte. Desse ordningane fører til at vi held ved lag eit variert og levande kulturlandskap og naturmangfald i heile landet. Totalt blir avsetninga til ordningar med klima- og miljøverknad auka med 238 mill. kroner frå 2021 til 2022. Vi viser til Prop. 200S (2020–2021) for detaljar. Intensjonsavtalen mellom regjeringa og organisasjonane i jordbruket skal leggjast til grunn for klimaarbeidet i jordbruket framover, også jf. Meld. St. 13 Klimaplan (2020–2021) Klimaplan for 2021–2030.

Departementet vil følgje opp arbeidet med genetiske ressursar, Svalbard globale frøkvelv og delta aktivt i dei aktuelle internasjonale prosessane under FNs organisasjon for mat og landbruk, FAO (Food and Agriculture Organization) og den Internasjonale traktaten for plantegenetiske ressurser for mat og jordbruk.

Det er tverrpolitisk einigheit i Noreg om å arbeide for å redusere matsvinnet. LMD fører vidare arbeidet med å førebyggje og redusere matsvinn, mellom anna gjennom bransjeavtalen om reduksjon av matsvinn med fire andre departement og matbransjen. Statistikk for matsvinn i landbrukssektoren blir rapportert inn for første gongen i 2020 til den første hovudrapporteringa frå bransjeavtalen. Denne skal leggjast fram i løpet av 2021.

Det blir arbeidd med å revidere Handlingsplan for berekraftig bruk av plantevernmiddel. Revidert handlingsplan vil gjelde for ein ny periode på fem år.

LMD har vidareført tilskotsordninga med midlar til verdsarvsatsinga Vegaøyan og Vestnorsk fjordlandskap og utvalde kulturlandskap i jordbruket. Innanfor ramma av gjeldande finansiering har underliggjande direktorat vurdert at det er mogleg å auke talet på område med tre til fem innan 2025. Det skal også vurderast om Cirkumferensen ved Røros bergstad kan innlemmast i ordninga om tilskot til skjøtsel i verdsarvområda.

Departementet følgjer opp Nasjonal pollinatorstrategi på fleire måtar i verkemiddelsystemet i jordbruket. Frå 2019 er det tilrettelagt for tilskot til tilsåing og skjøtsel av soner med pollinatorvennlege blomar på jordbruksareal gjennom dei regionale miljøprogramma. Frå 2022 blir det innført tilskot til pollinatorvennlege frøblandingar gjennom å utvide forskrift om tilskudd til frøavl m.m. Det er sett av 2 mill. kroner til formålet i 2022. Element frå strategien blir følgde opp gjennom ordningane Utvalgte kulturlandskap i landbruket, Handlingsplan for plantevernmidler, regionale miljøprogram, SMIL-ordninga og Klima- og miljøprogrammet. Norsk Landbruksrådgiving formidlar kunnskap om gode tiltak for pollinerande insekt til bønder i heile landet.

Nasjonal strategi for urbant landbruk blir følgd opp med tiltak innanfor dei tre innsatsområda berekraftig by- og stadsutvikling, auka kunnskap om berekraftig matproduksjon og auka berekraftig verdiskaping og næringsutvikling.

Kunnskapsoppbygging gjennom forsking i MiS-prosjektet om biologisk mangfald og miljøregistreringar i skogbruksplanlegginga held fram i 2022. Dette er avgjerande for å få ny kunnskap til bruk i registrering, overvaking og forvaltning av naturmangfaldet. LMD vil halde fram med satsinga på Landsskogtakseringa. Statistikk frå Landsskogtakseringa viser aukande volum av tre i alle dimensjonar og aldersklassar for både granskog, furuskog og lauvskog. Mengda død ved aukar òg.

Regjeringa vil føre vidare aktive miljøomsyn i skogpolitikken – tilskotsordningar, miljøregistreringar, miljøtiltak i skog og forsking og kunnskapsoppbygging. Saman med skognæringa si miljøsatsing, ikkje minst Norsk PEFC Skogstandard, og verkemidla i naturmangfaldlova gjev dette eit godt grunnlag for at uttaket av biomasse frå skog kan aukast samstundes som det biologiske mangfaldet blir teke vare på.

9.1.11 Nærings- og fiskeridepartementet

Næringsverksemd kan ha miljøkonsekvensar som naturinngrep, tap av naturmangfald, forureining av jord, luft og vatn og utslepp av klimagassar til atmosfæren. Ein god nærings- og miljøpolitikk vil søkje å avgrense miljøkonsekvensane av næringsverksemda innanfor rammene av ei berekraftig utvikling der også omsynet til langsiktig verdiskaping blir teke vare på.

Nærings- og fiskeridepartementet (NFD) arbeider for at norsk næringsliv kan utnytte moglegheitene som ligg i auka vektlegging av klima- og miljømål i politikkutforming og marknader. Ein aktiv innovasjonspolitikk for å fremje utvikling og kommersialisering av meir miljøvennlege teknologiar og tenester er ein viktig del av dette arbeidet. Utfordringa med å utvikle og ta i bruk meir miljøvennleg teknologi er hovudsakleg ei oppgåve for næringslivet. Oppgåva til styresmaktene er først og fremst å utforme riktige rammevilkår.

Hovuddelen av klima- og miljøinnsatsen innanfor NFDs ansvarsområde går til miljørelatert ressurs- og næringsforsking, tiltak for å stimulere til utvikling av klima- og miljøteknologi, opprydding etter gruvedrift og industri, stimulering til fornying av den norske skipsflåten slik at vi får meir miljøvennlege skip, tiltak for berekraftig forvaltning av fiskeressursar og berekraftig havbruk, tiltak for sunn og trygg sjømat og til oppbygging av kunnskap om marine ressursar.

Rapport for 2020

I 2020 gjekk 49 pst. av Innovasjon Noregs tilsegner om lån og tilskot, om lag 6,1 mrd. kroner, til miljøretta prosjekt. Tilsvarande tal for 2019 var 51 pst. og 3,4 mrd. kroner.

Det store volumet i 2020 grunna krisepakkar for pandemisituasjonen er ei årsak til at prosenten av samla tilsegn har gått noko ned. Døme på miljøretta prosjekt er kommersialisering av miljøteknologi, betring av miljøkvaliteten på produkt eller at prosjektet fører til at verksemda blir miljøsertifisert.

I tillegg til å gje finansiell stønad til prosjekt med ein miljøprofil medverkar Innovasjon Noreg òg med nettverksaktivitetar og kompetansetenester i prosjekt som først og fremst er innretta mot miljø. Berekraftig utvikling er eit viktig mål for fleire av næringsklyngjene i Innovasjon Noregs klyngjeprogram.

Klima- og miljøspørsmål og kunnskap om årsaker og verknader til problema og løysing av dei er sektorovergripande. Forskingsbasert kunnskapsutvikling på feltet er avhengig av fagleg samarbeid. Klima- og miljørelevant forsking er difor utbreidd i satsingar som har andre hovudformål, og inngår dermed i mange av programma og ordningane som blir finansierte over Nærings- og fiskeridepartement sitt budsjett. Miljøretta forsking innanfor marin og maritim sektor inkluderer forsking både på miljøkonsekvensar av påverknader i marine økosystem og korleis verksemder innanfor desse sektorane kan drivast meir miljøvennleg.

Når Noregs forskingsråd vel ut prosjekt, blir det gjort ei vurdering av miljøverknadene av prosjekta. I porteføljen til Forskingsrådet utgjorde forsking som kan føre til reduserte klima- og miljøavtrykk, i alt 3 mrd. kroner i 2020. Dette er på same nivået som i 2019.

Over Nærings- og fiskeridepartementet sitt budsjett skjer tildeling til miljø- og klimarelevant forsking i hovudsak gjennom innovasjonsprosjekt i næringslivet og gjennom kompetanse- og samarbeidsprosjekt, i tillegg til løyvingar til institutta og nukleære aktivitetar. Tiltaka gjeld teknologiar som fortrengjer forureinande produkt og prosessar, reduserer forureining ved hjelp av reinsing, meir effektiv ressurshandtering og ressursutnytting og ved utvikling av styringssystem som reduserer miljøpåverknaden.

Fiskeri- og havbruksnæringens forskningsfinansiering AS finansierer FoU-prosjekt som skal bidra til nyskaping, auka verdiskaping og berekraft i sjømatnæringa.

Regjeringa si satsing på grøne jobbar og ein meir berekraftig framtid er mellom anna vidareført gjennom tiltaket Grøn plattform. Plattforma er ein felles konkurransearena i regi av Noregs forskingsråd, Innovasjon Noreg og Siva. Føremålet med plattforma er å skape samfunnsøkonomisk lønnsamt og berekraftig næringsliv som bidreg til grøn omstilling. Plattforma skal fremja grøn omstilling frå grunnleggande forsking til kommersialisering og innovasjon.

I 2020 blei det utvikla eit konsept for korleis Grøn plattform skal fungere, og det blei føretatt ei utlysing av forprosjekt som blei godt mottatt. Grøn plattform har so langt i 2021 innvilga totalt 27,8 mill. kroner til 93 føreprosjekt og om lag 1 mrd. kroner til 11 hovudprosjekt.

Reiselivspolitikken til regjeringa har auka verdiskaping og berekraftig utvikling som sentrale mål. I 2020 var 178 mill. kroner av løyvingane til Innovasjon Noreg øyremerkte til reiselivsformål. Sidan reiselivsnæringa er særskilt hardt ramma av koronapandemien, vart det i tillegg oppretta ei tilskotsordning for reiseliv med ei ramme på 250 mill. kroner. Målet med ordninga er å bidra til at reiselivsnæringa gjennomfører omstillingstiltak som gjer det mogleg å halde ved lag eit kundegrunnlag og å tilpasse seg smitteverntiltak og endringar i reiselivsmarknaden. Ordninga er forvalta av Innovasjon Noreg. I vurderinga av søknadene vart det lagt vekt på at verksemdene opererer i tråd med dei ti prinsippa for berekraftig reiseliv.

Regjeringa har ambisiøse klima- og miljømål for den maritime næringa. Regjeringa vil stimulere til grøn vekst ved å leggje til rette for auka utvikling og bruk av låg- og nullutsleppsteknologiar, mellom anna energieffektiviseringstiltak og meir miljøvennleg drivstoff. I 2020 vart det oppretta ei kondemneringsordning for skip i nærskipsfart og ei eiga låneordning for skip i nærskipsfart og fiskeflåten. I budsjettet for 2021 er det oppretta ei kondemneringsordning for offshoreskip. Formålet med ordningane er å stimulere til ei flåtefornying og utsleppsreduksjonar i maritim næring.

Investeringsselskapet Nysnø Klimainvesteringer AS fekk tilført 1,0 mrd. kroner i eigenkapital i 2020 og har i 2021 fått tilført 700 mill. kroner. Sidan oppstart er selskapet tilført drøyt 2,4 mrd. kroner. Selskapet skal medverke til reduserte klimagassutslepp gjennom investeringane sine, som i hovudsak er retta mot ny teknologi i overgangen frå teknologiutvikling til kommersialisering. Nysnø hadde per september 2021 investert i elleve selskap og fem fond. Det er krevjande å kvantifisere den endelege effekten på klimagassutslepp, da Nysnø investerer i teknologi og selskap i tidlege fasar. Særleg ny teknologi som får stor utbreiing, kan ha stor effekt i framtida, men det er vanskeleg å talfeste no.

Direktoratet for mineralforvaltning arbeider med tiltak for å avgrense forureininga og overvaking av gjennomførte tiltak etter tidlegare gruvedrift på Løkken, Røros, i Folldal og Sulitjelma. NFD finansierer òg miljøtiltak i Raufoss Industripark, og opprydding etter verksemda ved statsaksjeselskapet AS Norske Bergverk i Søve i Telemark i perioden 1953–1965 er under planlegging.

Gjennom eksportfinansiering tilbyr Noreg, som mange andre land, finansiering til kjøper av varer og tenester med ei tilbakebetalingstid på over to år, ofte til fysiske investeringar. Eksportfinansiering Noreg tilbyr, i hovudsak saman med private bankar og finansinstitusjonar, eksportlån og -garantiar til selskap og land som kjøper frå norske eksportørar. Prosjekta som blir finansierte, kan ha både positive og negative effektar på klima og miljø, avhengig av kva slags type prosjekt det er. Historisk sett har norsk eksportfinansiering i stor grad gått til olje- og gassrelaterte næringar. Trenden har snudd dei siste åra, og i 2020 gjekk heile 43 pst. av nye garantiar til prosjekt innanfor fornybar energi.

I samband med behandlinga av statsbudsjettet for 2018 vedtok Stortinget å avvikle verksemda til Store Norske Spitsbergen Kulkompani AS (SNSK) knytt til kol i Svea og Lunckefjell. Staten v/Nærings- og fiskeridepartementet eig 100 pst. av aksjane i selskapet. Samstundes vart det bestemt å setje i gang opprydding i området med dotterselskapet Store Norske Spitsbergen Grubekompani AS (SNSG) som ansvarleg byggherre og ved hjelp av underleverandørar. Oppryddinga i Svea og Lunckefjell blir i all hovudsak finansiert av staten. Nærings- og fiskeridepartementet sender årleg eit oppdragsbrev til selskapet som omhandlar mål, rammer og føringar for oppryddingsarbeidet.

Staten har teke ansvar for opprydding etter den norske nukleære verksemda gjennom finansiering av oppryddingsprosjekta og oppretta Norsk nukleær dekommisjonering som eit nasjonalt organ for oppryddinga. Utgreiingar bereknar at oppryddinga kan koste meir enn 25 mrd. kroner over fleire tiår. Regjeringa la i november 2020 fram Meld. St. 8 (2020–2021) Trygg nedbygging av norske atomanlegg og håndtering av atomavfall som gjer greie for problemstillingar og prosessar. Det er løyvd 691 mill. kroner til opprydding og drift av atomanlegga i statsbudsjettet for 2021.

Plan for vidare arbeid

NFD vil medverke til at næringslivet utviklar meir miljøvennlege varer og tenester og tek i bruk miljøteknologi i produksjonsprosessane, mellom anna gjennom miljøteknologiordning til Innovasjon Noreg og Grøn plattform. Tiltaka skal fremje omstilling ved å gje støtte til prosjekt gjennom fleire stadium, frå grunnleggjande forsking til innovasjon og kommersialisering. I perioden mellom 2020 og 2022 er det sett av totalt 1 mrd. kroner til Grøn plattform. I revidert nasjonalbudsjett for 2021 ble plattforma styrkt med 125 mill. kroner. Regjeringa foreslår å styrkje Grøn plattform med ytterlegare 252,7 mill. kroner i 2022. Dette gir ei samla ramme på 585,7 mill. kroner til plattforma i 2022. Grøn plattform er omtalt ytterlegare i Nærings- og fiskeridepartementets budsjettproposisjon.

Innan løyvingane til Noregs forskingsråd vil prosjekt som er venta å ha positiv effekt for klima og miljø, få støtte. Regjeringa gjer framlegg om at forskinga på konsekvensar av klimaendringar for marine økosystem og ressursar blir ført vidare. Det same gjeld den systematiske overvakinga av hav- og kystområde for å kartleggje eventuelle uønskte stoff. Det er òg lagt vekt på å styrkje kunnskapsgrunnlaget om forureining med plast og mikroplast i havet.

Nysnø Klimainvesteringer AS («Nysnø») skal gjennom investeringane sine finansiere ny teknologi som medverkar til det grøne skiftet og til å byggje lågutsleppssamfunna i framtida. Nysnø har i 2021 fått tilført 700 mill. kroner i kapital. For 2022 gjer regjeringa framlegg om at selskapet blir tilført ytterlegare 900 mill. kroner i kapitalinnskot.

Berekraftig utvikling er eit sentralt mål i reiselivspolitikken til regjeringa. Det vil bli lagt særleg vekt på berekraft i samband med restarten av reiselivet etter koronapandemien. I store delar av 2020 og i første halvdelen av 2021 har den utanlandske marknaden vore fråverande for reiselivsverksemdene, og dei har innretta seg mot den norske marknaden. Store delar (75 pst.) av klimaavtrykket frå reiseliv er knytt til transport. I samband med gjenopninga vil det mellom anna av omsyn til klimapåverknaden bli lagt vekt på å trekkje til seg kundar frå nærmarknadene. Den nasjonale reiselivsstrategien som vart lansert i juni 2021, peiker ut retninga for reiselivsutviklinga framover. Strategien byggjer på premissen om at posisjonen til norsk reiseliv internasjonalt må bli bygd på målgrupper med høg (økonomisk) verdi og lågt klimaavtrykk. Reiselivsnæringa må vurdere kva for klimapåverknad som er akseptabel på lang sikt.

Aukande besøk til norske reisemål har utfordra berekrafta til fleire norske kommunar dei siste tiåra. Regjeringa har difor sett ned eit offentleg utval (NOU) som skal sjå nærmare på problemstillingar knytte til reisemålsutvikling. Målet med utgreiinga er å vurdere rammevilkåra for reiselivsaktivitet lokalt. Utvalet skal mellom anna vurdere om reisemåla har tilstrekkeleg eller for mykje handlingsrom til å handtere lokale utfordringar og ta i bruk dei moglegheitene som finst for reiselivet. Det kan til dømes gjelde i samanheng med cruisetrafikk og finansiering av fellesgode.

Miljø er eit av dei prioriterte områda i den maritime strategien til regjeringa. Handlingsplanen for grøn skipsfart som vart lagt fram i 2019, er eit sentralt verktøy for å nå målet regjeringa har sett om å halvere utsleppa frå sjøfart og fiske innan 2030. Det er gjort framlegg om at den særskilde ordninga med innovasjonslån for nærskipsfart og fiskefartøy blir vidareført i 2022 med ei ramme på 400 mill. kroner. Sjøfartsdirektoratet samarbeider med næringa i prosjekt for å utvikle ny miljøvennleg teknologi og er ein pådrivar for strengare internasjonalt klima- og miljøregelverk i FNs maritime organisasjon IMO.

Direktoratet for mineralforvaltning skal arbeide for at Noregs mineralressursar blir forvalta og utnytta til det beste for samfunnet. Dette omfattar òg å syte for forsvarleg og berekraftig forvaltning av mineralressursar og redusere miljømessige konsekvensar av tidlegare mineraluttak. Det er gjort framlegg om å auke løyvinga frå direktoratet til sikrings- og miljøtiltak i 2022.

Nærings- og fiskeridepartementet vil prioritere å leggje til rette for miljømessig berekraftig vekst i havbruk. Det nye regimet for produksjonsregulering i havbruksnæringa skal sikre at den ønskte auken i havbruksproduksjonen skjer innanfor miljømessig akseptable rammer. Det vil bli prioritert å sikre eit godt kunnskapsgrunnlag for estimat av fiskebestandar, og det må sikrast ein tilstrekkeleg kontroll med bestandsuttaket. Det er viktig å utvikle og ta i bruk fiskemetodar som reduserer utkast av fisk og bifangst og gjer mindre skade på botnhabitat. Innsatsen mot ulovleg, urapportert og uregulert fiske (UUU fiske) er særleg viktig for å sikre ei berekraftig hausting av fiskeressursane. Det er òg sentralt kontinuerleg å overvake innhaldet av uønskt stoff og næringsstoff for å sikre at sjømaten er trygg og sunn, og sikre oppdatert kunnskap om samanhengen mellom inntak av sjømat og helse.

I budsjettet for 2022 har regjeringa ei forventing om at utlån under eksportkredittordninga vil auke frå om lag 5 til 6 mrd. kroner. Som nemnt over kan prosjekt der kjøpar tek imot eksportfinansiering, både ha positive og negative effektar på klima og miljø, og dei siste åra har ein sett ei dreiing bort frå prosjekt relaterte til olje og gass over til andre næringar. Eksportkredittordninga er ei ordning basert på rett, slik at alle prosjekt som kvalifiserer, får finansiering.

9.1.12 Olje- og energidepartementet

Klima- og miljøutfordringar ved olje- og gassutvinning er knytte til utslepp til luft og til sjø. Vassdragsutbyggingar og andre energirelaterte utbyggingar som vindkraft gjev inngrep i natur og kulturmiljø. Omsynet til miljø og berekraftig utvikling er ein integrert del av den norske petroleums- og energiverksemda. Ei rekkje reguleringar medverkar til at det blir teke omsyn til miljøet i alle fasar av petroleumsverksemda og ved utbygging og produksjon av fornybar energi. Olje- og energidepartementet vil i 2022 følgje opp innsatsområda i klimapolitikken og halde fram med arbeidet for å følgje opp klima- og miljøpolitikk til regjeringa gjennom satsing på forsking og teknologiutvikling, uttesting og energiomlegging på petroleums- og energiområdet.

Rapport for 2020/2021

Departementet medverka i 2020 til effektiv og miljøvennleg forvaltning av energiressursane, ein effektiv og velfungerande kraftmarknad og ei betring av evna samfunnet har til å handtere risiko for flaum og skred. Førebygging av flaum- og skredskadar er gode klimatilpassingstiltak. Arbeidet skjedde i eit nært samarbeid med Noregs vassdrags- og energidirektorat og statsføretaket Statnett.

I 2020 har departementet følgt opp regjeringa sin strategi for arbeidet med CO2-handtering slik han er presentert i Prop. 1 S (2016–2017) frå departementet. Dette inkluderer forsking, utvikling og demonstrasjon og internasjonalt arbeid for å fremje CO2-handtering.

Departementet har teke i vare eigaroppfølginga av Gassnova SF, under dette forvaltning føretaket har gjort av staten sine eigarinteresser i teknologisenteret for CO2-fangst på Mongstad (TCM). Anlegget har vore ein arena for å teste teknologiar for CO2-fangst sidan 2012. Den nye driftsavtalen mellom staten og dei industrielle partnarane Equinor, Shell og Total varer frå august 2020 og ut 2023. Dei tre industrielle eigarane aukar eigardelen sin frå 7,5 til 8,7 pst. Avtalen set eit tak på driftskostnadene for alle partar og føreset ytterlegare tiltak for kostnadsreduksjonar.

Arbeidet med å realisere fullskala CO2-handtering er gjort i samarbeid med Gassnova. Grunnlaget for forslaget frå regjeringa om eit fullskala demonstrasjonsprosjekt for CO2-handtering vart ferdig i 2020, og Meld. St. 33 (2019–2020) Langskip – fangst og lagringavCO2 vart lagd fram. Prosjektet fekk namnet Langskip. Stortinget vedtok 14. desember 2020 å gje statsstøtte til gjennomføringa av Langskip. Prosjektet skal først realisere fangst av CO2 ved sementfabrikken til Norcem i Brevik. Fangst av CO2 ved avfallshandteringsanlegget til Fortum Oslo Varme i Oslo vil òg kunne få støtte, men prosjektet må først få tilstrekkeleg eigenfinansiering og finansiering frå EU eller andre kjelder. Langskip omfattar òg støtte til transport- og lagringsprosjektet Northern Lights, eit samarbeid mellom Equinor, Shell og Total. Northern Lights skal frakte flytande CO2 med skip frå fangstanlegga til ein mottaksterminal i Øygarden i Vestland. Derifrå vil CO2 bli pumpa gjennom røyr til eit lager under havbotnen. Tilskotsavtalane med Northern Lights og Norcem tredde i kraft i første halvår 2021, og bygginga er i gang. Fortum Oslo Varme sitt prosjekt gjekk vidare til andre runde av tildelingsprosessen til Innovasjonsfondet til EU. Avgjerda til fondet er venta i andre halvår 2021.

Regjeringa vil fremje effektiv, klima- og miljøvennleg og sikker energiproduksjon og samstundes sikre ei berekraftig forvaltning av naturen. Det er viktig at utbygginga av fornybar energi skjer utan at store verdiar knytte til mellom anna naturmangfald eller landskap går tapt.

I 2020 la regjeringa fram Meld. St. 28 (2019–2020) Vindkraft på land – Endringer i konsesjonsbehandlingen. I meldinga foreslo regjeringa fleire tiltak for å stramme inn behandlinga av vindkraftkonsesjonar framover, mellom anna å leggje meir vekt på miljø- og landskapsomsyn ved utbygging av vindkraft.

Ved kongeleg resolusjon vart det i juni 2020 bestemt at områda Utsira Nord og Sørlege Nordsjø II er opne for søknader om vindkraft til havs med verknad frå 1. januar 2021. Olje- og energidepartementet har sidan da arbeidd med å vidareutvikle rammeverket for vindkraft til havs i norske havområde. Departementet har foreslått endringar i havenergilova og havenergilovforskrifta og laga eit utkast til rettleiing for arealtildeling, konsesjonsprosess og søknader for vindkraft til havs. Forslaga var på offentleg høyring sommaren 2021.

Satsinga frå regjeringa på forsking og utvikling i energi- og petroleumssektoren er avgjerande for at Noreg skal vere ein føregangsnasjon innan miljøvennleg energibruk og -produksjon.

Departementet har delteke som observatør i dei porteføljestyra i Noregs forskingsråd som har ansvar for programma PETROMAKS 2, DEMO 2000, ENERGIX og CLIMIT. I tillegg har departementet følgt utviklinga i dei tre forskingssentera for petroleum (PETROSENTER), og aktiviteten i dei elleve forskingssentera for miljøvennleg energi (FME). Dei åtte teknologiske FME-sentera var i 2020 i sitt fjerde driftsår og har alle etablert sterke miljø innan områda sine. I desember 2020 vart det utnemnt eit nytt FME på området vindkraft, med hovudvekt på eksportretta havvind. Olje- og energidepartementet vil løyve til saman 120 mill. kroner over åtte år til senteret gjennom Noregs forskingsråd. 2020 var første fulle driftsår til dei to nye samfunnsvitskaplege FME-ane INCLUDE og NTRANS. INCLUDE skal arbeide med ei sosialt inkluderande energiomstilling, medan NTRANS skal forske på rolla til energisystemet i omstillinga til nullutsleppssamfunnet.

Eit av petroleumsentera er etablert for å utvikla lågutsleppsteknologi for petroleumsverksemda på norsk sokkel. Målet med senteret er å utvikle låg- eller nullutsleppsteknologi som gjer det mogleg at framtidig utbygging og drift av petroleumsførekomstar kan skje med lågast mogleg utslepp av klimagassar. Senteret skal òg utvikle teknologi som kan medverke til ein betydeleg reduksjon av utslepp frå eksisterande installasjonar.

ENERGIX hadde i 2020 sitt åttande driftsår og er godt etablert som eit sentralt verkemiddel for omstillinga til lågutsleppssamfunnet. Olje- og energidepartementet finansierte programmet med 395 mill. kroner (om lag 70 pst. av budsjettet) i 2020, og 52 nye prosjekt fekk tildeling. Den femte tematisk spissa runden av PILOT-E vart gjennomført i 2020. Tre prosjekt fekk tildeling for å utvikle nye utsleppsfrie havgåande transportløysingar.

Det vart tildelt om lag 88 mill. kroner i støtte til 26 nye prosjekt gjennom CLIMIT-programmet. Lanseringa av Langskip har gjeve ei aukande interesse frå industriaktørar som ønskjer å undersøke moglegheita for å fange CO2 og ta i bruk transport- og lagerinfrastrukturen som blir etablerte som ein del av Langskip. I 2020 støtta CLIMIT tolv idé- og moglegheitsstudiar knytte til sluttbrukarprosjekt. Prosjekta har til saman 50 partnarar frå både Noreg og Sverige, og interessa kjem frå ulike næringar som smelteverk, avfallshandtering, oljeproduksjon og petrokjemi.

I 2020 la regjeringa fram sin hydrogenstrategi og styrkte satsinga på hydrogenrelatert forsking og teknologiutvikling i samanheng med det. Noreg har slutta seg til arbeidet med Important Project of Common European Interest (IPCEI) for hydrogen, som skal medverka til at Europa blir leiande på utvikling av teknologi på hydrogenområdet. Noreg, ved Olje- og energidepartementet, har også meldt seg inn i Den europeiske hydrogenalliansen for utvikling av verdikjeder for reint hydrogen i EU.

Plan for vidare arbeid

Regjeringa la i Meld. St. 36 (2020–2021) Energi til arbeid – Langsiktig verdiskaping fra norske energiressurser fram sin plan for norske energiressursar gjennom satsingar på nye næringar, som hydrogen og havvind, styrking av straumnettet og ei framtidsretta olje- og gassnæring med låge utslepp.

Departementet vil bidra til ei heilskapleg og miljøvennleg forvaltning av dei fornybare energiressursane. Dette gjeld miljøomsyn ved utbygging av vind- og vasskraftanlegg og ved nettutbygging. Departementet vil òg leggje til rette for miljøforbetring i allereie regulerte vassdrag. Arbeidet med revisjon av konsesjonsvilkår er òg prioritert i 2021.

Regjeringa la i Meld. St. 36 (2020–2021) Energi til arbeid – Langsiktig verdiskaping fra norske energiressurser fram ein strategi for smart og effektiv elektrifisering som skal sikre at Noreg sitt gode utgangspunkt i kraftforsyninga blir vidareført. Strategien har tiltak som på kort og lang sikt skal bidra til ei balansert utvikling i kraftforsyninga. Dette avheng av tilgangen på ny fornybar kraft og eit godt utbygd overføringsnett, som må avpassast mot omsynet til å avgrensa tapet av natur. På kort sikt skal strategien bidra til å oppfylle Meld. St. 13 (2020– 2021) Klimaplan for 2021–2030 og leggje til rette for gjennomføring av modne prosjekt for kraft frå land til norsk sokkel.

Departementet vil følgje opp forslaga i Meld. St. 28 (2019–2020) Vindkraft på land – Endringer i konsesjonsbehandlingen i lys av Stortinget si behandling, jf. Innst. 101 S (2020–2021).

Områda Utsira Nord og Sørlege Nordsjø II er opna for søknader om fornybar energiproduksjon til havs frå 1. januar 2021. Departementet vil leggje til rette for utvikling av vindkraft til havs og opne for at interesserte selskap så snart som mogleg kan søkje konsesjon for å utvikle havvind i dei opna områda Utsira Nord og Sørlege Nordsjø II.

Departementet vil følgje opp arbeidet Noregs vassdrags- og energidirektorat gjer med å betre evna samfunnet har til å handtere risiko for flaum og skred.

Regjeringa vil leggje til rette for at norsk petroleumsindustri skal fortsetje å vere leiande på helse, miljø og sikkerheit. Kvoteplikt og CO2-avgift er hovudverkemiddel i klimapolitikken, og regjeringa vil samstundes halde ved lag strenge miljøkrav til norsk oljeproduksjon. Regjeringa har følgt opp oppmodingsvedtak nr. 684 ved å etablere ein plan der vi måler og synleggjer framdrifta i arbeidet til selskapa med å redusere utsleppa frå norsk olje- og gassproduksjon over tid, og vil gje ein status for utsleppsutviklinga i dei årlege budsjettproposisjonane og gje ein breiare gjennomgang kvart tredje år, første gang i 2024. Dersom utsleppsutviklinga viser vesentlege avvik frå 2021-planen, vil regjeringa komme tilbake i 2024 med ei vurdering av behovet for tiltak i samband med prosessen knytt til innmelding av forsterka klimamål og ny klimamelding. Departementet vil stille krav til at selskapa synleggjer klimarisiko i utbyggingsplanane sine.

Regjeringa vil halde fram med å bidra til utvikling av teknologi for fangst, transport og lagring av CO2. Det vidare arbeidet vil byggje på etablerte verkemiddel og ordningar. Regjeringa vil medverke i utforming av politikk og verkemiddel på europeisk nivå for å leggje til rette for CO2-fangst og -lagring i Europa, føre vidare CLIMIT og Teknologisenter Mongstad som sentrale verkemiddel i CO2-handteringsarbeidet, følgje opp gevinstrealiseringa frå Langskip i tett samarbeid med industriselskapa og leggje til rette for at kunnskap, læring og effektivisering frå prosjektet bidreg positivt til utviklinga av CO2-handtering i Europa og verda. Gjennom auka samarbeid med relevante land i Europa vil regjeringa bidra til at infrastrukturen i CO2-lageret kan nyttast av andre prosjekt. Regjeringa legg til grunn at eventuelle framtidige CO2-fangst og -lagringsprosjekt i Noreg må konkurrere om investerings- og driftsstøtte frå generelle støtteordningar som Enova og EUs Innovasjonsfond. Staten vil ikkje gå inn i direkte forhandlingar om statsstøtte med enkeltaktørar.

Regjeringa vil følgje opp den nye hydrogenstrategien gjennom det nye vegkartet for hydrogen og samarbeide med EU og andre land for å leggje til rette for utvikling og bruk av hydrogen i Europa.

Satsinga til regjeringa på miljøvennleg energiforsking vil byggje vidare på FME-ordninga, ENERGIX og CLIMIT. FoU-strategien Energi21 gjev styresmaktene og industrien råd om korleis satsinga bør vere innretta. Styret for Energi21 har starta opp arbeid med å revidere strategien. Den nye strategien skal etter planen leggjast fram våren 2022. Offentleg støtte til energiforsking skal medverke til ei effektiv og berekraftig utnytting av nasjonale energiressursar og til ei effektiv, robust og miljøvennleg kraft- og energiforsyning i Noreg. Satsinga skal vere med på å utvikle miljøvennlege produkt, tenester og prosessar, mellom anna nye teknologiar for fornybar energi, energieffektivisering og CO2-handtering. Den offentlege satsinga på energiforsking skal òg medverke til næringsutvikling og til å byggje opp samfunnsfagleg kunnskap, til dømes om effektar av klimaendringar på energiområdet (auka nedbør, flaum, redusert oppvarmingsbehov osv.).

Offentleg støtte til FoU og kompetansebygging i petroleumssektoren er viktig for å sikre ei effektiv og miljøvennleg utnytting av petroleumsressursane og samstundes medverke til utvikling av den norske petroleumsnæringa. Redusert miljøpåverknad og lågare klimagassutslepp er viktige mål for forskingsprogramma PETROMAKS 2 og DEMO 2000. Dei tre sentera for petroleumsforsking (PETROSENTER), ikkje minst lågutsleppssenteret, står òg sentralt i satsinga.

9.1.13 Samferdselsdepartementet

Eitt av hovudmåla i Nasjonal transportplan 2022–2033 er å bidra til å oppfylle Noregs klima- og miljømål. Ei styrking av klimasatsinga tek utgangspunkt i Klimaplan for 2021–2030 og byggjer opp om halveringsambisjonen. Føringane frå klimaplanen blir lagde til grunn og består difor i verkemidla regjeringa foreslo vidareførte, endra, og i nokre tilfelle nye verkemiddel. Klimaplanen legg opp til å vurdere nivået og utforminga på dei ulike verkemidla undervegs i perioden i lys av utviklinga i dei faktiske utsleppa og teknologiutviklinga, og arbeidet med mellom anna byvekstavtalane blir vidareført og styrkt. Mellom anna er auka CO2-avgift i klimaplanen lagd fram som hovudverkemiddelet for å kutte utslepp i tråd med Noregs klimamål og -plikter.

Samferdselssektoren påverkar naturmangfaldet gjennom å vere utbyggjar og forvaltar av infrastruktur med tilhøyrande aktivitet. Det totale arealbeslaget frå samferdselsprosjekt blir redusert gjennom til dømes gjenbruk og optimalisering av vegstrekningar, og det skal arbeidast for å redusere klimautsleppa frå drift og vedlikehald. Støy og redusert luftkvalitet er lokale miljøproblem som kan påverke helsa til folk negativt.

Rapport for 2020

Utsleppa frå transportsektoren har auka med 23,5 pst. i perioden 1990–2019, mot 19,0 pst. før korreksjon. Klimagassutsleppa går nedover, og året 2019 hadde dei lågaste utsleppa sidan 1995.

Førebelse tal frå Statistisk sentralbyrå for 2020 viser at utsleppa frå transportsektoren samla var på omtrent 15,7 mill. tonn CO2-ekvivalentar. Utsleppa frå vegtrafikken gjekk ned med 3,9 pst. frå 2019 til 2020 og var totalt 8,4 mill. tonn CO2-ekvivalentar i 2020. Utviklinga kjem mellom anna av at transportsektoren har blitt hardt påverka av pandemien. Vi har køyrt mindre bil og reist mindre med fly enn i normale år, men klimapolitikken til regjeringa har også medverka til nedgangen. Innblanding av biodrivstoff gjekk ned frå 2019 til 2020, men i 2020 var det 6,1 pst. mindre trafikk på vegane samla sett enn i 2019, og innfasinga av elektriske køyretøy auka med nær 12 prosentpoeng. Gjennomsnittleg CO2utslepp for alle nye personbilar registrerte i 2020 var 45 g/km, som er 15 g/km lågare enn i 2019.

Klimagassutsleppa frå fiske og innanriks sjøfart var i 2019 på høvesvis 0,795 og 2,9 mill. tonn CO2-ekvivalentar. Jernbanetransporten slepper årleg ut om lag 0,05 mill. tonn CO2, meir enn 80 pst. av togtrafikken i Noreg skjer med elektriske tog.

Innanriks luftfart i Noreg sleppte i 2019 ut om lag 1,2 mill. tonn CO2-ekvivalentar. Utsleppa har vore relativt stabile sidan 2005. Klimagassutsleppa frå utanrikstrafikken, det vil seie frå norske flyplassar til første destinasjon i utlandet, var i 2019 på 1,7 mill. tonn CO2-ekvivalentar. Frå mars 2020 gjekk utsleppa drastisk ned som følgje av covid-19-pandemien, og den framtidige utviklinga er usikker.

I Nasjonal transportplan 2018–2029 la regjeringa fram måltala sine for låg- og nullutsleppskøyretøy. Klimaplanen slo fast at desse måltala ligg fast, og verkemidla i planen var innretta for å innfri desse. Det er føresett at dei ulike køyretøysegmenta vil ha ei teknologisk modning slik at nullutsleppskøyretøy blir meir konkurransedyktige samanlikna med konvensjonelle løysingar. I 2020 var 53 pst. (72 788) av salet av nye bilar nullutsleppskøyretøy, medan delen i 2019 var 41,3 pst. (60 270). Totalt vart det førstegongsregistrert (nye og bruktimporterte) 82 166 personbilar med nullutslepp i 2020, ein auke på 22,5 pst. frå 2019. I 2020 vart det bygd om lag 300 nye ladestasjonar og 922 hurtigladepunkt i Noreg. Det er ein auke på 29 pst. frå året før. Per 31. august 2021 var det i overkant av 400 000 nullutsleppspersonbilar i Noreg (om lag 14 pst.), delen av nye personbilar som er nullutslepp, er 58,3 pst., og i august var delen 70 pst. 30 pst. av alle nyregistrerte personbilar i 2020 var hybrid. Av alle selde nye elektriske varebilar var 14 pst. elektriske i køyretøygruppa varebil under 3 500 kg. Dette er tre prosentpoeng høgare enn i 2019. Sjå kap. 14.2.4.4 «Rapportering på gjennomføringa av klimaplanen» for oversikt over og omtale av korleis dei ulike verkemidla treffer dei ulike køyretøy- og fartøykategoriane, og Samferdselsdepartementets Prop. 1 S (2021–2022), del II, for vidare rapportering av desse måltala.

Auka bruk og utvikling av null- og lågutsleppsteknologi er ein viktig faktor for å redusere klimagassutsleppa frå transportsektoren. Transportverksemdene finansierer og deltek i ei rekkje FoU-prosjekt som ser på nullutsleppskjøretøy/fartøy, lade-/fylleinfrastruktur og bruksområde. Samferdselsdepartementet har utarbeidd fleire handlingsplanar om auka bruk av låg- og nullutsleppsteknologi og biodrivstoff, seinast handlingsplan for fossilfrie anleggsplassar. Transportetatane har stilt krav til låg- og nullutsleppsteknologi i alle anbod når det ligg til rette for dette, mellom anna i alle anbod for riksvegferjedrift. Dette har gjort at det no skjer ei rask utvikling med bruk av elektrisitet, hydrogen og andre teknologiar i maritim sektor. Samferdselsdepartementet har og sendt på høyring forslag til nye krav til nullutslepp i offentlege anskaffingar av personbilar, lette varebilar og bybussar. Krav til personbilar og lette varebilar skal etter planen gjelde frå 2022, mens krav til bybussar er planlagt frå 2025.

Førebelse målingar av luftkvaliteten syner at grenseverdien som er sett i forureiningsforskrifta for svevestøv av storleiken PM10, vart broten ved tre målestasjonar i 2020. Det er ikkje registrert brot for nitrogendioksid (NO2) eller finkorna svevestøv (PM2,5) ved nokon stasjonar. Naturleg meteorologisk variasjon, den veksande delen elektriske køyretøy og lågare utslepp frå nye køyretøy bidreg til å halde nivåa nede. Reinhald av vegane og redusert piggdekkdel er viktige bidrag til lågare nivå av svevestøv.

I 2019 var rundt 2 mill. nordmenn utsette for betydeleg vegtrafikkstøy (over 55 dB(A)), mot 1,2 mill. i 1999. For jernbane og luftfart var tala for støyutsette om lag 61 900 og 43 800 (SSB, 2021). Det er difor eit særleg behov for tiltak innanfor denne sektoren og spesielt retta mot vegtrafikken. Fleire var utsette for innandørs støy frå vegtrafikk i 2020 enn i 2005. Veksten følgjer den generelle auken i trafikk og av fleire busette i dei mest støyutsette områda. I 2020 gjennomførte Statens vegvesen tiltak for 196 personar som var utsette for støy over 38 dB innandørs. Noreg har delteke i internasjonalt arbeidet med å redusere støybelastninga frå fly og helikopter.

Bygging av transportinfrastruktur inneber i mange tilfelle arealendring og fragmentering som fører til reduksjon av biologisk mangfald og tap av dyrka mark. Konfliktar mellom eksisterande infrastruktur og naturmangfald er mellom anna knytte til barriereeffektar spreiing av framande artar og bruk av plantevernmiddel. Dei viktigaste tiltaka er kontroll og etterleving av miljøkrav og kontroll med utsleppspunkt.

Transportstyresmaktene bidreg og følgjer opp tverrsektorielt arbeid om mellom anna framande skadelege artar og ville pollinatorar.

Regionale planar for vassforvaltning er det viktigaste planverktøyet for betre vassmiljø i Noreg. Transportverksemdene tek del i arbeidet med å rullere regionale planar og tiltaksprogram etter vassforskrifta. Bane NOR har fullført fleire års opprydding av forureina grunn og sjøbotn etter impregneringsverket i Hommelvika. For å redusere bruken av salt har Statens vegvesen sett i verk fleire tiltak dei siste åra, særskilt i driftskontraktar. I sesongen 2020/2021 var saltforbruket på riksvegar som Statens vegvesen har ansvaret for, på 81 000 tonn. Dette er ein ytterlegare nedgang på 15 pst. frå sesongen 2019/2020.

Plan for vidare arbeid

Regjeringa har ein ambisjon om å halvere utsleppa frå transportsektoren innan 2030 samanlikna med 2005. Potensial for klimagassreduksjonar innan transportsektoren er i hovudsak innan utvikling og bruk av nullutsleppsteknologi og biodrivstoff og ei samordna areal- og transportplanlegging. Verkemidla ligg i hovudsak i andre departement. Vi søkjer å få størst mogleg klimagassreduksjonar til lågast mogleg kostnad.

CO2-avgifta, omsetningskrav for biodrivstoff, støtte til utviklinga av klimavennlege teknologiar og offentlege anskaffingar er viktige verkemiddel for å redusere utsleppa i transportsektoren i åra som kjem. Ho gjer det meir attraktivt å velje nullutsleppsteknologi eller å reise med kollektivtransport, sykle eller gå. CO2-avgifta blir foreslått auka med 28 pst. utover prisjustering neste år.

I budsjettforslaget for 2022 foreslår regjeringa å styrkje klimasatsinga gjennom Samferdselsdepartementets budsjett med mellom anna

  • 50 mill. kroner til igangsetjing av pilotprosjekt for fossilfrie anleggsplassar i transportsektoren

  • 30 mill. kroner til oppretting av ei ny tilskottsordning for mindre byområde utanfor byvekstavtalane

  • 25 mill. kroner til pilotering og mobilisering av næringslivet gjennom ei opptrapping av satsinga på Pilot-T og opprettinga av Forskingssenter for berekraftig transport

  • 82 mill. kroner til vidareføring av støtteordninga for godsoverføring frå veg til bane

Regjeringa vil setje av 50 mill. kroner i statsbudsjettet for 2022 til igangsetjinga av pilotprosjekt for fossilfrie anleggsplassar i transportsektoren. Det er krevjande å kutte utslepp på anleggsplassar i transportsektoren. Pilotprosjekt kan bidra til raskare utvikling, utprøving av nullutsleppsløysingar til bruk i transportsektoren og lågare kostnad for denne teknologien.

Bymiljø- og byvekstavtalane og påskjøningsavtalane vil vere blant dei viktige verktøya for å oppnå at fleire reiser kollektivt, syklar og går i dei største byområda. Konkret foreslår regjeringa i budsjettet for 2022 ei ny tilskottsordning for mindre byområde utanfor byvekstavtalane. Midlane skal gå til investeringar i gang- og sykkelvegar og til kollektivtiltak. Dei skal leggje til rette for ei klima- og miljøvennleg byutvikling og god framkomst gjennom å styrkje satsinga på kollektivtransport, sykling og gonge i fem mindre byområde.

Samferdselsdepartementet og transportetatane held fram med å nytte innkjøpsregelverket meir for å auke tilbodet av meir miljø- og klimavennleg transport. I NTP 2022–2033 varslar regjeringa ei satsing på pilotering og mobilisering av næringslivet gjennom ei opptrapping av satsinga på Pilot-T (den viktigaste innovasjonssatsinga i inneverande NTP) og opprettinga av Forskingssenter for berekraftig transport. Transportverksemdene arbeider med å redusere utsleppa frå bygging, drift og vedlikehald.

Regjeringa foreslår å føre vidare støtteordninga for godsoverføring frå veg til bane med 82 mill. i 2022 for nå ambisjonen om ei omlegging av transporten frå veg til sjø og bane og styrkjer konkurransekrafta til klimavennleg godstransport med jernbane. Forsøksordninga har ført til oppretting av godstilbod som elles ikkje ville blitt realiserte. Godsoverføring frå veg til bane kan føre til reduserte utslepp.

Regjeringa varslar i klimaplanen krav til nullutslepp i offentlege kjøp av personbilar og lette varebilar frå 2022 og krav til nullutslepp eller bruk av biogass i bybussar frå 2025. For å gjennomføre kravene har Samferdselsdepartement gitt Statens vegvesen i oppdrag å sende et forslag til ny forskrift om energi- og miljøkrav ved kjøp av kjøretøy til vegtransport på offentleg høyring.

Regjeringa har i dei siste åra satsa på null- og lågutsleppsferjer og hurtigbåtar gjennom auka rammetilskott til fylkeskommunane. I statsbudsjettet for 2018 vart 100 mill. kroner av veksten i dei frie inntektene til fylkeskommunane grunngjevne med mellom anna innfasing av null- og lågutsleppsferjer og hurtigbåtar. I budsjettet for 2021 vart denne satsinga auka med ytterlegare 100 mill. kroner. Begge desse aukane er vidareførte i budsjettforslaget for 2022.

Alle infrastrukturprosjekt vil kunne påverke naturmangfaldet. På same måten som det er vanskeleg å reversere klimapåverknaden, kan det vere vanskeleg å reversere negativ påverknad på naturmangfaldet. For å følgje opp måla i Nasjonal transportplan 2022–2033 på naturområdet har det blitt utvikla ein indikator for påverknaden transportsektoren har på naturmangfald, som i 2022 skal testast ut i samarbeid med relevante styresmakter: Netto tal på dekar inngrep i naturområde med nasjonal eller vesentleg regional verdi.

Transportetatane og -verksemdene skal prøve å unngå inngrep i verna naturområde, tyngre inngrep i større samanhengande naturområde, sårbare naturtypar og verdifulle kulturområde. Det skal òg takast omsyn til naturmangfald og økologisk og kjemisk vasskvalitet i planleggingsfasen, byggjefasen og gjennom drift og vedlikehald, slik at god økologisk tilstand blir halden ved lag.

Regionale planar for vassforvaltning er det viktigaste planverktøyet for betre vassmiljø i Noreg. Etatane og selskapa tek del i arbeidet med rullering av regionale planar og tiltaksprogram etter vassforskrifta. Det skal arbeidast vidare for å fase ut og erstatte miljøskadelege kjemikaliar med mindre miljøskadelege kjemikaliar og/eller metodar i tråd med substitusjonsplikta og føre-var-prinsippet.

Statens vegvesen og Nye Veier AS jobbar med å byggje opp kunnskap om å redusere utslepp av mikroplast for å unngå at dette blir spreidd til naturen og spesielt til vassførekomstar ute i natur- og vassmiljø, og med å avgrense utslepp av plast frå anlegg, drift og vedlikehald.

9.1.14 Utanriksdepartementet

Klimatilpassing, førebygging av klimarelaterte katastrofar og anna klimabistand

Klimaendringane er ein av dei største truslane mot menneskja og har øydeleggjande konsekvensar for menneske, miljø og økonomisk utvikling. Utviklingslanda og dei mest sårbare landa blir ramma særleg hardt. Dei fleste landa i Afrika sør for Sahara er låginntektsland, eller blant dei minst utvikla landa i verda, og har lite ressursar til å møte klimaendringane med. Desse landa ligg svært høgt på den globale indeksen for svolt, samstundes som ein stor del av befolkninga livnærer seg frå jordbruket. Hyppigare tørke- og flaumkatastrofar fører til sviktande avlingar og øydelagd infrastruktur. Klimaendringane kan bidra til å undergrave det som hittil er oppnådd i kampen mot fattigdom og for å nå berekraftsmåla.

Regjeringa la difor fram ein strategi i april 2021, Klima, sult og sårbarhet, som legger føringane for ein forsterka norsk innsats for at samfunn som er sårbare for klimaendringar, kan tilpasse seg. Innsatsen på området skal trappast opp i åra framover. Samstundes vil arbeidet med reduksjon av klimagassutslepp halde fram. Slik vil regjeringa styrkje det norske bidraget til gjennomføringa av Parisavtalen, arbeidet for å nå berekraftsmåla og gjennomføringa av det globale Sendai-rammeverket for katastrofeførebygging.

Den norske støtta til klimatiltak i utviklingsland i 2020 vart gjeven på nasjonalt, regionalt og globalt nivå. Det grøne klimafondet (GCF) under FNs klimakonvensjon fekk 1 mrd. kroner i 2020 og er med det den største mottakaren av norsk klimafinansiering. Halvparten av investeringane til fondet går til utsleppsreduksjonar, og den andre halvparten skal gå til klimatilpassing. Det vart også gjeve betydeleg klimabistand gjennom kjernebidrag og øyremerkte tilskot til dei multilaterale utviklingsbankane.

I 2022 vil arbeidet med klimatilpassing og førebygging av klimarelaterte katastrofar intensiverast i tråd med den nye strategien.

Miljø

Friske økosystem er ein føresetnad for å nå berekraftsmåla. Eit nytt globalt rammeverk for naturmangfald med mål for perioden 2021–2030 er planlagt vedteke under Konvensjonen om biodiversitet på COP15. Regjeringa har auka innsatsen for globale miljøtiltak og vil støtte tiltak i utviklingsland for gjennomføring av det nye globale rammeverket i tillegg til andre globale avtalar på miljøområdet, avfallshandtering og kompetansebygging. Nokre hovudkanalar for dette er Den globale miljøfasiliteten (GEF) og FNs miljøprogram (UNEP). Noreg bidreg også til å fremje samanhengane mellom miljø og helse gjennom samarbeid med mellom anna Verdas helseorganisasjon (WHO).

Hav

Klima, miljø, mat frå havet, jobbskaping og utviklinga av berekraftige havnæringar står sentralt i havpolitikken til regjeringa. Regjeringa har styrkt det internasjonale samarbeidet om havpolitiske spørsmål og bidrege til å skape auka internasjonal forståing for samanhengen mellom den økonomiske betydninga havet har, og miljøtilstanden til havet.

Høgnivåpanelet for ein berekraftig havøkonomi (Havpanelet) lanserte hovudkonklusjonen sin i desember 2020. Målet er at alle hav- og kyststatar skal etablere heilskaplege forvaltningsplanar innan 2030. Havpanelets arbeid viser at det hastar med å utvikle god havforvaltning globalt for å oppnå dei miljømessige, økonomiske og sosiale måla i 2030-agendaen om berekraftig utvikling. FNs havforskingstiår (2021–2030) skal bli eit globalt løft for å heve kunnskapen om hava. Noreg er no ein av dei største bidragsytarane til havforskingstiåret. Tiåret skal stimulere og koordinere forskingsinnsatsen nasjonalt og globalt, slik at berekraftsmåla blir nådde.

Marin forsøpling

Noreg bidreg aktivt til den globale innsatsen mot marin forsøpling og plastforureining. Plastforureining i havet er høgt på den internasjonale dagsordenen. Regjeringa arbeider for å få på plass ein global avtale for å kjempe mot marin forsøpling og plastforureining. Vidare har regjeringa oppretta eit bistandsprogram som skal bidra til å forhindre og redusere marin forsøpling i utviklingsland. I 2020 vart om lag 238 mill. kroner utbetalt til 32 prosjekt. Dei som har fått støtte, er mellom anna multilaterale organisasjonar som FN og Verdsbanken, ikkje-statlege organisasjonar og forskingsinstitutt. Dei fleste av desse samarbeider med styresmakter, privat næringsliv, sivilsamfunnsorganisasjonar og/eller lokalbefolkninga. I perioden 2019–2024 har regjeringa sett av 1,6 mrd. kroner til programmet.

Fornybar energi

Tilgang til energi er ein føresetnad for økonomisk og sosial utvikling. Stabil forsyning av elektrisitet er viktig for næringsutvikling og jobbskaping, men energisektoren er også den største kjelda til utslepp av karbondioksid. Det er difor avgjerande at eksisterande energiproduksjon går frå fossil energi til energiproduksjon basert på fornybare kjelder som vasskraft, sol og vind, og at innsatsen på energieffektivisering blir styrkt.

Regjeringa har sett av 10 mrd. kroner over 5 år til eit nytt klimainvesteringsfond som skal investere i fornybar energi med mål om å bidra til reduserte klimagassutslepp særleg i utviklingsland med store utslepp frå kolkraftverk. Finansieringa vil komme frå statsbudsjettet og Norfund, statens investeringsfond for næringsverksemd i utviklingsland. Norfund får ansvaret for å forvalte fondet.

Talet på personar utan tilgang til elektrisitet har sidan år 2000 blitt redusert frå 1,7 mrd. til 759 mill. i 2019. Vellykka program i fleire land har ført til at fleire menneske får tilgang til elektrisitet, men innsatsen må aukast for å nå berekraftsmål 7 – «Sikre tilgang til påliteleg, berekraftig og moderne energi til ein overkomeleg pris». Nesten all auke i tilgangen til elektrisitet sidan år 2000 gjeld tilkopling til det nasjonale straumnettet, men desentraliserte løysingar har auka betydeleg dei siste åra. Framleis manglar omtrent 2,6 mrd. menneske tilgang til gode kokeløysingar, med omfattande utviklingsmessige konsekvensar. Regjeringa vil halde fram med innsatsen for å skaffe tilgang til trygge og gode kokeløysingar.

Løyvinga over bistandsbudsjettet til fornybar energi bidreg til auka tilgang til elektrisitet, utbygging av fornybar energi og mobilisering av privat sektor til å delta i slik utbygging i utviklingsland. Dette skjer gjennom kapasitets- og institusjonsbygging, tiltak som reduserer risikoen i tidleg prosjektfase, utbygging av straumnettet og støtte til lokale straumløysingar. Løyvinga er særleg retta mot land i Afrika.

Vatn og sanitær

Mangel på tilgang til trygt drikkevatn og gode sanitærløysingar truar oppnåinga av berekraftsmåla og kampen mot fattigdom. Tre av ti menneske i verda manglar tilgang på reint vatn. Nesten halvparten av befolkninga i verda manglar tilgang til fungerande sanitæranlegg, og over 80 pst. av det sanitære avløpsvatnet i verda blir ikkje reinsa før det blir sleppt ut i vassdrag og hav. Tilgang til reint vatn og gode sanitærforhold er avgjerande for god folkehelse. Mangel på dette bidreg også til å halde barn, særleg jenter, borte frå skulen. Klimaendringane forsterkar problema med manglande tilgang til vatn og sanitær.

Noreg brukte i 2020 omtrent 100 mill. kroner til vass- og sanitærtiltak i utviklingsland. Det var primært innan humanitær bistand, mellom anna gjennom samarbeid med sivilt samfunn og næringsliv. Eit program for undersøking av djupt grunnvatn i Somalia vart støtta.

Kirkens Nødhjelp er den viktigaste samarbeidspartnaren for regjeringa innan vatn og sanitær og hygiene (WASH). Organisasjonen bidrog til at 1,4 mill. menneske fekk tilgang til vass- og sanitærtenester i 2020. Noreg har også vore ein viktig bidragsytar til FNs økonomiske kommisjon for Europa (UNECE) sine prosjekt for å fremje grenseoverskridande vassamarbeid i Aust-Europa, Sentral-Asia og Kaukasus-området.

I samband med UNECE/WHOs protokoll om vatn og helse har Noreg gjennom fleire år støtta prosjekt i Aust-Europa. Noreg bidrog særskilt med kapasitetsbygging til å overvake drikkevatn, vassborne sjukdommar og utbrot, i samarbeid med Kviterussland.

Matsikkerheit

Klimaendringar og landbruk påverkar kvarandre. Endringar i gjennomsnittleg temperatur, nedbørsnivå, ekstremvêr, havnivå, konsentrasjon av ozon og CO2 i atmosfæren er blant dei mange elementa som påverkar landbruket. 95 pst. av landbruksarealet i Afrika sør for Sahara er avhengig av naturleg nedbør og dermed svært sårbart for svingingar i vêr og endringar i klima.

Den nye strategien til regjeringa, Klima, sult og sårbarhet, ser på behovet for klimatilpassing også relatert til matsikkerheita av grunnane nemnde over. Klimatilpassing i landbruket vil bidra til gjere lokale samfunn meir robuste og styrkje kapasiteten dei har til å stå imot klimarelaterte kriser.

Strategien støttar opp om handlingsplanen til regjeringa, Mat, mennesker og miljø, for bærekraftige matsystemer i norsk utenriks- og utviklingspolitikk som vart lansert i 2019. Planen fremjar heilskapleg arbeid med fleire berekraftsmål samstundes. Noreg satsar med dette meir på matsikkerheit og koplingane mellom mat og andre utviklingspolitiske satsingar. Ein midtvegsgjennomgang av planen vart gjennomført i 2021.

EØS-midlane – Rapport 2020 på miljøforvaltning og biologisk mangfald og klimatilpassing og fornybar energi

Miljø, energi, klima og lågkarbonsamfunnet er blant prioriterte hovudsektorar under EØS-midlane for 2014–2021. Støtta til pilaren «Et grønt Europa» omfattar i alt 15 program med ei samla tildeling på om lag 411 mill. euro i tolv land.

Behovet for auka energieffektivisering, meir bruk av fornybar energi og kutt i klimagassutsleppa har bidrege til at karbonfangst og lagring (CCS) har blitt eit satsingsområde innan EØS-midlane. I 2020 vart sju prosjekt for karbonfangst og lagring tildelte til saman 100 mill. kroner i dei polsk-norske forskingsprogramma under EØS-midlane. Sintef, Noregs miljø- og biovitskaplege universitet (NMBU) og Universitetet i Stavanger er blant dei norske forskingsinstitusjonane som skal samarbeide med Polen. Også i Tsjekkia og Romania vil det bli finansiert forskingssamarbeidsprosjekt innan CCS med norske partnarar.

EØS-midlane: Plan for vidare arbeid

Dei neste åra er det forventa at mottakarlanda årleg skal produsere i underkant av 900 000 MWh med fornybar energi. CO2-utsleppet i landa er forventa å bli redusert med om lag 1,4 mill. tonn, og over 150 000 husstandar eller samvirke er forventa å få betra energiforsyning. Om lag 1,2 mill. menneske vil omfattast av ulike informasjonskampanjar for å ta i bruk fornybar energi.

9.2 FNs berekraftsmål

Noregs statsminister underteikna Agenda 2030 med universelle berekraftsmål i september 2015 og har med dette forplikta seg til gjennomføring og implementering av måla. Regjeringa stadfestar dette oppdraget i Granavolden-plattforma 2019 ved å slå fast at «[r]egjeringen anser FNs bærekraftmål som sentrale for å løse vår tids største globale utfordringer».

I 2016 la Noreg fram den første frivillige nasjonale rapporten til FN om framdrifta og rapporterte for andre gong sommaren 2021. Rapportane syner at politikk og regelverk i Noreg i stort er i samsvar med måla, men at det òg er mål som utfordrar oss til å gjere meir. Noregs modell for oppfølging av berekraftsmåla nyttar det årlege arbeidet med statsbudsjettet for nasjonal rapportering.

Behovet for ei meir integrert tilnærming til økonomiske, sosiale og miljømessige omsyn i politikkutforminga går klart fram av Agenda 2030. Regjeringa ser at berekraftsmåla kan fremje eit breiare samfunnsansvar hos alle aktørar, engasjere fagmiljø på nye vis og betre samarbeidet mellom dei. Regjeringa la i juni 2021 fram Meld. St. 40 (2020–2021) Mål med mening — Norges handlingsplan for å nå bærekraftsmålene innen 2030.

Berekraftsmåla framhevar miljø og klima både som eigne mål og prioriterte felt og som tverrgåande omsyn. Dei mest sentrale miljømåla er omtalte her. Meir omtale finst i proposisjonane til andre departement og i nasjonalbudsjettet. Styrkt koherens i oppfølginga av måla er eit hovudpoeng.

Mål 17 om finansiering og gjennomføringsmidlar er òg svært relevant for klima- og miljøpolitikken, men blir ikkje omtalt av Klima- og miljødepartementet.

Mål 1 Utrydde alle former for fattigdom i heile verda

Klima- og miljødepartementet medverkar til å nå delmål 1.5 om fattigdom og sårbarheit for klimarelaterte ekstremhendingar. Regjeringa trappar opp støtta til klimatilpassing og lanserte i april i år ein strategi for å styrkje innsatsen for klimatilpassing, førebygging og kampen mot svolt.

Mål 2 Utrydde svolt: Utrydde svolt, oppnå mattryggleik og betre ernæring, og fremje berekraftig landbruk

Klima- og miljødepartementet medverkar til fleire delmål under berekraftsmål 2. Det er fleire initiativ som bidreg til berekraftig jordbruk i Noreg for å nå delmål 2.4. Jordbruksavtalen blir dreidd i ei meir klima- og miljøvennleg retning. Regjeringa signerte i 2019 ein intensjonsavtale mellom organisasjonane i jordbruket med mål om å kutte 5 mill. tonn CO2- ekvivalentar innan 2030. Nasjonale føringar for betre vassmiljø og tilskotsordningar skal til dømes redusere tap av næringsstoff frå gjødsel til vatn. Tiltaksplanar for pollinerande insekt og framande artar med målretta tilskot skal betre leveområde for biologisk mangfald i kulturlandskapet. Ordninga for utvalde kulturlandskap i jordbruket (UKL) er meir enn dobla sidan 2016 til 46 område over heile landet. Skjøtsel i form av beite og slått av trua naturtypar som kystlynghei og slåttemark tek vare på artsrike areal som også bruker norske fôrressursar og kulturlandskapsverdiar.

Det norske Klima- og skoginitiativet har som hovudmål å medverke til eit stabilt klima, meir naturmangfald og ei berekraftig utvikling. For å nå målet blir innsatsen retta mot å skape reformer i tropiske skogland i retning av berekraftig arealbruk. Å skape ein berekraftig arealpolitikk er svært utfordrande, og det blir vanskelegare av at dei globale råvaremarknadene framleis spør etter produkt som er knytte til avskoging. Klima- og skoginitiativet jobbar for at råvaremarknadene og dei globale finansmarknadene skal stimulere til avskogingsfri råvareproduksjon, og medverkar slik til delmål 2.4 om å sikre berekraftige system for matproduksjon og delmål 2.5 om å ta vare på det genetiske mangfaldet av frø, kulturplanter, husdyr og ville artar som er i slekt med dei. Eit viktig verktøy for delmål 2.5 er Nagoya-protokollen, sjå nærmare omtale under delmål 15.6. Dei genetiske ressursane er ein vesentleg del av det biologiske grunnlaget for matsikkerheit og god ernæring i tillegg til klimatilpassing av matproduksjonen.

Mål 3 Sikre god helse og fremje livskvalitet for alle, uansett alder

Klima- og miljødepartementet bidreg til delmål 3.9 om å «[i]nnan 2030 redusere talet på dødsfall og sjukdomstilfelle på grunn av farlege kjemikaliar og forureina luft, vatn og jord vesentleg».

Menneske kan utsetjast for miljøgifter via produkt vi omgjev oss med, drikkevatn og mat eller frå byluft, støv og inneluft. Høge enkeltdosar av kjemiske stoff kan gje effektar akutt, som anten kan vere forbigåande eller varige. Det er bekymring for at eksponering også for låge dosar miljøgifter over lang tid kan gje langtidseffektar som kreft og reproduksjonsskadar, eller forstyrre hormonbalansen hos menneske og dyr.

Noreg er blant dei landa i Europa der det er lågast risiko for tidleg død på grunn av lokal luftforureining frå vegtrafikken og andre kjelder.2 Lokal luftforureining er redusert dei siste åra, men er framleis ei utfordring enkelte stader.

Ny kunnskap om helseeffektar av luftforureining gjev gode grunnar for å styrkje arbeidet med lokal luftforureining ytterlegare. Nasjonalt mål for årsmiddel for NO2 blir endra frå 1. januar 2022. Vidare er forslag til skjerpte grenseverdiar for svevestøv (PM10 og PM2,5) i forureiningsforskrifta sendt på høyring. Forslag til endringar i forureiningsforskrifta kapittel 7 om lokal luftforureining er også på høyring. Sjå nærmare omtale under delmål 11.6. Globalt, regionalt og i Europa er Noreg ein sentral aktør i arbeidet for å hindre helseskadeleg forureining av luft, vatn og jord og eksponering for helse- og miljøfarlege stoff. Sjå også omtale under delmål 12.4.

Mål 6 Sikre berekraftig vassforvaltning og tilgang til vatn og gode sanitærforhold for alle

Klima- og miljødepartementet bidreg til delmål 6.1–6.4 om trygt drikkevatn, tilstrekkelege sanitærforhold, betre vasskvalitet og betre utnytting av vatn i alle sektorar. Utslepp av kjemikaliar og materiale som kan påverke vasskvaliteten og drikkevatnet, er strengt regulerte. Det meste av det sanitære avløpsvatnet blir behandla. Majoriteten av befolkninga er knytt til kommunale reinseanlegg, og rundt 60 pst. av befolkninga er knytt til anlegg med biologisk eller mekanisk reinsing. Det blir arbeidd fortløpande med å redusere utslepp av ureinsa avløpsvatn og oppgradere reinseanlegg som ikkje oppfyller krava i EUs avløpsdirektiv. Det er også behov for å redusere avløpsvatn som følgje av lekkasjar og overløpssituasjonar.

Mykje av det kommunale leidningsnettet er gammalt, og låg fornyingstakt er ei utfordring for Noregs måloppnåing. Det er også nødvendig å tilpasse vass- og sanitærsystema til forventa klimaendringar. Kommunal – og moderniseringsdepartementet, Helse- og omsorgsdepartementet og Klima- og miljødepartementet har teke initiativ til ein moglegheitsstudie for å undersøkje og synleggjere potensialet for innovasjon og effektivisering i vass- og avløpssektoren. Studien skal mellom anna sjå nærmare på korleis kommunane kan fornye og renovere leidningsnettet raskare og meir kostnadseffektivt. Regjeringa arbeider også med oppfølging av forslaget frå overvassutvalet til verkemiddel i NOU 2015:16 Overvann i byer og tettsteder – som problem og ressurs.

Klima- og miljødepartementet bidreg til delmål 6.5 om integrert forvaltning av vassressursar på alle nivå. Regionale vassforvaltningsplanar legg til rette for beskyttelse og berekraftig bruk av elvar, innsjøar, grunnvatn og kystvatn i tråd med EU sitt vassdirektiv. Samordninga mellom ulike sektorstyresmakter og styresmaktnivå i vassplanarbeidet sikrar ei felles forståing av tilstanden på vassmiljøet og påverknader, rammer for miljømål, prioriteringar og tiltak. Gjennomføring av planane skal vareta evna vassmiljøet har til å levere økosystemtenester som reint drikkevatn, godt badevatn, trygg sjømat, fiske, rekreasjon og turisme, samstundes som det langsiktige grunnlaget for verdiskaping og næringsutvikling blir sikra. Vassforvaltningsplanane blir utarbeidde i tråd med vassforskrifta, som er heimla i plan- og bygningslova, naturmangfaldlova og vassressurslova og gjennomfører EUs vassdirektiv. I 2019 gav Klima- og miljødepartementet i samråd med andre departement nye, ambisiøse nasjonale føringar for arbeidet med oppdatering av dei regionale vassforvaltningsplanane. Planane blir oppdaterte kvart sjette år.

Klima- og miljødepartementet bidreg til delmål 6.6 om å innan 2020 verne og byggje opp att vassrelaterte økosystem, inkludert fjell, skogar, våtmarker, elvar, vassførande bergartar og innsjøar. Noreg har verna mange område som er viktige for vassrelaterte økosystem. Regjeringa legg fram ein naturstrategi for våtmark våren 2021, sjå nærmare omtale under berekraftsmål 15. Regjeringa har satsa på restaurering av myr og anna våtmark sidan 2015, med gode resultat. Svært mange våtmarker treng restaurering, og arbeidet fortset etter ein oppdatert restaureringsplan som Miljødirektoratet har laga for perioden 2021–2025. Restaurering av myr og anna våtmark er, saman med forbetring av tilstand i tråd med vassforvaltningsplanane, det viktigaste tiltaket til regjeringa for å følgje opp det internasjonale målet om å restaurere minst 15 pst. av forringa økosystem.

Mål 8 Fremje varig, inkluderande og berekraftig økonomisk vekst, full sysselsetjing og anstendig arbeid for alle

Delmål 8.4 handlar om å bryte koplinga mellom økonomisk vekst og miljøskadar. Utfordringa er å sørgje for at miljøbelastningane går ned til akseptable nivå, på same tida som vi har økonomisk vekst. Dei norske CO2-utsleppa er lågare enn for 30 år sidan, trass i sterk vekst i BNP. Målt i utslepp per innbyggjar ligg vi likevel høgt over det globale gjennomsnittet. Det er framleis eit stort potensial for å frikople veksten i økonomien frå veksten i klimagassutsleppa, og klimaplanen for 2021–2030 føreset eit temposkifte. I klimapolitikken er dei viktigaste verkemidla avgifter på utslepp og deltaking i EUs kvotehandelssystem. Mot andre typar av forureining, og i forvaltning og vern av naturmangfaldet, bruker Noreg i hovudsak direkte reguleringar.

Mål 11 Gjere byar og lokalsamfunn inkluderande, trygge, robuste og berekraftige

Klima- og miljødepartementet bidreg til å nå delmål 11.4 om å styrkje innsatsen for å verne om og sikre kultur- og naturarven i verda. Noreg har eit velfungerande forvaltningssystem for å ta vare på natur- og kulturarven, men endringar i arealbruk og klimaendringar legg press på desse ressursane.

Departementet la i 2020 fram Meld. St. 16 (2019–2020) Nye mål i kulturmiljøpolitikken – Engasjement, bærekraft og mangfold som tydeleggjer at kulturmiljø er ein integrert del av klima- og miljøpolitikken, og at regjeringa vil realisere potensialet kulturmiljøet har for å bidra til ei berekraftig utvikling. I meldinga lanserte regjeringa nye nasjonale mål for kulturmiljøpolitikken. Det er utarbeidd indikatorar for dei nya måla. Riksantikvaren har følgt opp meldinga mellom anna gjennom å revidere bystrategien og ved å utarbeide ein klimastrategi for kulturmiljøforvaltning.

Norske styresmakter har dei siste åra styrkt innsatsen for forvaltninga av dei åtte verdsarvområda i Noreg. Dei norske verdsarvområda skal vere fyrtårn for den beste praksisen innanfor natur- og kulturmiljøforvaltning når det gjeld tilstand, forvaltning og formelt vern. Samarbeid er difor viktig, og regjeringa har mellom anna oppretta eit verdsarvforum for å bidra til god samordning mellom departementa for den beste forvaltninga av verdsarvområda.

Noreg har vore medlem av Unescos verdsarvkomité i perioden 2017–2021. Ei av hovudprioriteringane for den norske innsatsen har vore å styrkje institusjonar, ekspertar og lokalsamfunn slik at dei kan ta vare på verdsarven, sikre verdsarven sine universelle verdiar og gjere landa betre i stand til å reagere og handle når verdsarven blir trua som følgje av krig, konflikt og naturkatastrofar. Arbeidet vil bli vidareført også etter at medlemsperioden går ut. Kapasitetsbygging under Verdsarvkonvensjonen er eit viktig innsatsområde både nasjonalt og internasjonalt. Noreg medverkar til denne satsinga gjennom kapasitetsbyggingsprogrammet «World Heritage Leadership Programme» i samarbeid med World Heritage Conservation of Nature (IUCN) og International Centre for the Study of the Preservation and Restoration of Cultural Property (ICCROM). I tillegg har Noreg over fleire år gjeve betydelege midlar til sikring av afrikansk verdsarv, med vekt på naturarv.

Noreg har 40 nasjonalparkar på fastlandet og 7 på Svalbard. Det vart oppretta to nasjonalparkar i 2016, og den førebels siste vart oppretta i 2018. Sidan 2013 er det oppretta 656 nye naturreservat i skog. Det er no i alt verna eit areal på om lag 62 000 kvadratkilometer på fastlandet i Noreg. Klima- og miljødepartementet har utarbeidd ein handlingsplan for å styrkje forvaltninga og ta vare på naturverdiane i nasjonalparkane og andre store verneområde. Bevaring av natur i byar og tettstader er òg viktig, da det har betydning for både økosystem og trivsel. Naturbaserte løysingar som er bra for både naturmangfald og klimatilpassing, er viktige, sjå omtale av mål 15.

Klima- og miljødepartementet bidreg til delmål 11.6 om å redusere den negative påverknaden på miljøet frå byane og lokalsamfunna, knytt til avfall og forureining. I Noreg blir om lag 40 pst. av det kommunale avfallet materialattvunne, resten blir i hovudsak energiutnytta. Klima- og miljødepartementet har sommaren 2021 lagt fram ein revidert og oppdatert plaststrategi som greier ut om breidda i politikken til regjeringa mot plastforureining nasjonalt og internasjonalt. Det er i budsjettet for 2021 vedteke eit nytt nasjonalt mål om at attvinning av avfall skal auke. I den nasjonale strategien for sirkulær økonomi frå sommaren 2021 blir avfallssektoren framheva som viktig for auka ressurseffektivitet. Lokal luftforureining er redusert dei siste åra, men er framleis ei utfordring enkelte stader. Regjeringa har i år sendt endringsforslag til forureiningsforskrifta kapittel 7 om lokal luftforureining på høyring, med frist 1. oktober 2021. Formålet med dei foreslåtte endringane og presiseringane er å auke gjennomføringsevna til aktørane og sikre etterleving av regelverket. Endringsforslaga tydeleggjer kva plikter og ansvar aktørane har, i større mon enn det som kan lesast ut av gjeldande forskriftstekst. Det er også foreslått å mellom anna utvide moglegheita kommunane har til å sikre at nødvendige tiltak blir gjennomførte for å sikre betre luftkvalitet. Forureiningsforskrifta fastset juridisk bindande grenseverdiar. Grenseverdiane for partiklar i luft (svevestøv, PM10 og PM2,5) vart først skjerpte frå 1. januar 2016. Regjeringa sende i september i år nye og ytterlegere skjerpte grenseverdiar for svevestøv på høyring. Høyringsforslaget er i tråd med tilrådinga frå eit samla fagmiljø. Regjeringa har også endra nasjonalt mål for årsmiddel for nitrogendioksid (NO2) frå 40 til 30 mikrogram per kubikkmeter utandørs luft, basert på ein oppdatert kunnskapsstatus. Det nye nasjonale målet gjeld frå 1. januar 2022.

Mål 12 Sikre berekraftige forbruks- og produksjonsmønster

Målet inneber at produsentar og forbrukarar må ta omsyn til kostnader for miljøet av produksjon og forbruk. Norske styresmakter bruker avgifter og andre reguleringar for å fremje berekraftig forvaltning og effektiv bruk av naturressursar. Det er ambisjonen til regjeringa at Noreg skal vere eit føregangsland i utviklinga av ein grøn, sirkulær økonomi som nyttar resursane betre. Regjeringa la sommaren 2021 fram ein nasjonal strategi for ein grøn sirkulær økonomi som skal medverke til å beskytte miljøet, redusere klimagassutslepp og sikre berekraftig produksjon, jf. indikator 12.1.1. Strategien omhandlar dei områda med størst potensial for grøn konkurransekraft i ein sirkulær økonomi. Regjeringa la òg fram ein revidert plaststrategi i 2021. Målet med strategien er å redusere miljøkonsekvensar av plastforureining og fremje meir berekraftige plastprodukt.

Regjeringa sin bioøkonomistrategi og oppfølginga av denne vil òg bidra til å utvikle ein grøn og sirkulær økonomi og måla for dette arbeidet. Fornybare, biologiske ressursar erstattar i aukande grad petroleumsbaserte ressursar. Gjennom auka satsing på forsking, utvikling og innovasjon er det utvikla prosessar for auka verdiskaping frå restråstoff som oppstår i matproduksjonen, til nye produkt innan mellom anna ernæring og medisin. Regjeringa har starta arbeidet med ein strategi for urbant landbruk. Urbant landbruk vil i framtida kunne medverke til at det er matproduksjon i byane òg.

Eit særleg viktig område for den nasjonale gjennomføringa av berekraftsmål 12 (i tillegg til mål 2 og 14) er å redusere matsvinn. Norske styresmakter underteikna i 2017 ein avtale med aktørane i matverdikjeda om å halvere matsvinn innan 2030, jf. mål 12.3. I perioden 2015–2018 vart matsvinnet redusert med 12 pst. Som ei oppfølging av avtalen blir det utvikla eit rapporteringssystem for betre statistikk som vil medverke til treffsikre tiltak for førebygging og reduksjon av matsvinn. Noreg ligg an til å nå FN-målet om 15 pst. reduksjon innan 2020.

Utslepp av helse- og miljøfarlege kjemikaliar og utslepp frå behandling av avfall er reduserte gjennom fleire tiår. Noreg arbeider aktivt i Europa og globalt for strengare regelverk for kjemikaliar i produkt og produksjonsprosessar. Nesten alt farleg avfall blir samla inn og behandla på godkjend måte. Mengda farleg avfall følgjer i store trekk den økonomiske aktiviteten. I 2019 produserte Noreg 301 kg farleg avfall per person, inkludert industriavfall, ein auke på 4 pst. frå 2018. 21 pst. vart materialattvunne, 21 pst. energiattvunne og 58 pst. sendt til deponering eller anna sluttbehandling jf. indikator 12.4.2.

Det er eit mål at materialattvinninga av avfall skal auke. Vidare er det eit mål å koble frå veksten i mengda avfall frå veksten i økonomien. Materialattvinninga av avfall (ikkje inkludert farleg avfall) har vore stabil dei siste 25 åra, medan delen materialattvunne hushaldningsavfall har auka dei siste 5 åra. Dette har medverka til å redusere miljøkonsekvensane av avfall. Når det gjeld indikator 12.5.1, var materialattvinningsgraden av kommunalt avfall i 2018 vel 40 pst.

Offentlege instansar skal leggje vekt på å minimere miljøbelastninga og fremje klimavennlege løysingar ved innkjøpa sine og skal stille klima- og miljøkrav der det er relevant, jf. lov om offentlige anskaffelser, jf. mål 12.7.1. Regjeringa vil utarbeide ein handlingsplan for å auke delen klima- og miljøvennlege offentlege innkjøp og grøn innovasjon.

Reisemål kan marknadsførast som berekraftige som følgje av merkeordninga Berekraftig Reisemål, jf. indikator 12.b.1. Ordninga er ikkje ei sertifisering i den forstand at dei reisemåla som blir tildelte merka, er berekraftige, men eit bevis for at reiselivsaktørane arbeider systematisk og målretta med betringar for at utviklinga skal gå i ei berekraftig retning. Det er stor interesse for ordninga. Merket vart delt ut for første gong i 2013. Etter tre år må dei merkte reisemåla dokumentere ei utvikling i berekraftig retning for å behalde merket. Standarden som ligg til grunn for ordninga, inneheld 42 kriterium og 108 indikatorar som er godkjende av Global Sustainable Tourism Council. Ein overvakingsdatabase knytt til merkeordninga blir regelmessig oppdatert av reisemåla.

Utdanning for globalt medborgarskap og berekraftig utvikling, inkludert klimaendringar, har vore ein del av undervisninga i Noreg i mange år, jf. indikator 12.8.1 om utdanning. Frå hausten 2020 skal berekraftig utvikling, demokrati og medborgarskap og folkehelse og livsmeistring vere tre tverrgåande tema i læreplanar der det er fagleg relevant i grunnopplæringa. Dei endelege læreplanane vart fastsette hausten 2019.

I eit internasjonalt perspektiv har Noreg høge avgifter på bruk av fossile brensel. Meir enn 80 pst. av norske klimagassutslepp er underlagt EUs kvotesystem og/eller nasjonal CO2-avgift. CO2-avgifta varierer noko avhengig av sektor, men forskjellane er reduserte dei siste åra. Avgifta er generelt høg i internasjonal samanheng.

Norge arbeider for ein ambisiøs ny global avtale mot plastforsøpling og plastforureining og ønskjer at eit styrkt produktrammeverk for plastprodukt skal vere eit sentralt element i ein ny avtale. Under regjeringa sitt bistandsprogram mot marin forsøpling tek ei rekkje ulike aktørar imot stønad til å styrkje avfallshandtering i utviklingsland. Noreg arbeider òg for høgare globale standardar for miljøforsvarleg handtering av plastavfall under Baselkonvensjonen. Globalt og i EU arbeider Noreg for å fase ut helse- og miljøfarlege stoff, for å sikre tryggare produkt som lettare kan vinnast att.

Mål 12 er krevjande for mange land og er samstundes det målet med flest koplingar til andre berekraftsmål. Framdrift på dette målet er difor viktig for andre mål.

Mål 13 Handle omgåande for å motarbeide klimaendringane og konsekvensane av dei

Oppfølginga av Parisavtalen dannar grunnlaget for oppfylling av FNs berekraftsmål 13. For ein kort omtale av korleis Noreg skal nå klimamåla sine, inkludert klimatilpassing, sjå programkategori 12.20. For ein breiare gjennomgang, sjå klimalovrapporteringa i del IV i Klima- og miljødepartementets Prop. 1 S (2020–2021). Sjå òg resultatområde og nasjonale mål i klima- og miljøpolitikken i del I.

Delmål 13.2 er å innarbeide tiltak mot klimaendringar i politikk, strategiar og planlegging på nasjonalt nivå. I februar 2020 melde Noreg inn eit forsterka klimamål under Parisavtalen. Noregs forsterka klimamål er å redusere utsleppa med minst 50 pst. og opp mot 55 pst. samanlikna med 1990-nivået i 2030. Noreg har allereie forplikta seg til å samarbeide med EU om å redusere utsleppa med minst 40 pst. innan 2030. Vi ønskjer også å oppfylle forsterkinga saman med EU som har auka sitt mål til 55 pst.

Vi har eit lovfesta mål om å bli eit lågutsleppssamfunn innan 2050. Regjeringa la i statsbudsjettet for 2020 fram ein lågutsleppsstrategi fram mot 2050. I mai 2021 vedtok Stortinget å forsterke det lovfesta klimamålet for 2050. Målet er at klimagassutsleppa blir reduserte i storleiksordenen 90–95 pst. frå utsleppsnivået i 1990.

I januar 2021 la regjeringa fram ei melding til Stortinget om korleis regjeringa vil redusere klimagassutsleppa i perioden 2021–2030 i tråd med Noregs klimamål og i samarbeid med EU. Stortingsbehandlinga viste at det er fleirtal for hovudgrepa i klimaplanen. Dei viktigaste verkemidla for å redusere utslepp av klimagassar i Noreg er avgifter på utslepp og deltaking i EUs kvotehandelssystem (EU ETS). Noreg er eit av landa med dei høgaste avgiftene på fossil energi. Over 80 pst. av norske utslepp er prisa, anten gjennom kvoteplikt eller gjennom avgift. Regjeringa vil gradvis auke CO2-avgifta for alle sektorar og trappe denne opp til 2 000 kroner fram mot 2030. I tillegg til prising blir også direkte reguleringar, standardar og tilskot nytta for å redusere utsleppa. Klimaplanen for 2021–2030 legg fram verkemiddel som vil kunne oppfylle målet regjeringa har sett om 45 pst. innanlands kutt i ikkje-kvotepliktige utslepp til 2030, det vil seie utslepp frå transport, avfall, jordbruk, bygg og delar av utsleppa frå industri og olje- og gassverksemd. Regjeringa sette i august 2021 ned eit offentleg utval som skal gjere ei utgreiing av vegvala Noreg står overfor for å nå klimamålet for 2050.

Noreg har eit nasjonalt mål om at samfunnet skal førebuast på og tilpassast klimaendringane, jf. delmål 13.1 og 13.3. Klimaendringane kan alt merkast i Noreg. Mykje av infrastrukturen er bygd for det klimaet vi har vore vane med. Vi må førebu oss og tilpasse oss klimaendringane i måten vi innrettar og byggjer samfunnet på. For å styrkje arbeidet i kommunane vart omsynet til klimatilpassing i 2018 innarbeidd i statlege planretningslinjer for klima- og energiplanlegging og klimatilpassing.

Norsk støtte til klimatiltak i utviklingsland (jf. delmål 13a og 13b) er sentralt for å kjempe mot fattigdom og å nå berekraftsmåla. Støtte til arbeidet utviklingslanda gjer med å nå innmelde klimaplanar (NDC), vil vere ei viktig føring for korleis klimafinansieringa blir innretta framover. Det grøne klimafondet er hovudkanalen for klimafinansiering under klimakonvensjonen. Regjeringa gjev eit bidrag til fondet på 800 mill. kroner årleg i perioden 2020–2023. Klima- og skoginitiativet er Noregs største internasjonale klimasatsing. Initiativet har gjort Noreg til eit føregangsland i langsiktig finansiering for å stanse tapet av naturskog og bidra til berekraftig arealforvaltning. Satsinga er forlengd til 2030. Regjeringa trappar opp støtta til klimatilpassing og lanserte i april i år ein strategi for å styrkje innsatsen for klimatilpassing, førebygging og kjempe mot svolt. Noreg bidreg også med betydeleg finansiering gjennom utviklingsbankane, som gjev ein vesentleg og aukande del av midlane sine til klimarelaterte tiltak. For å lykkast i arbeidet med å redusere klimagassutslepp, særleg i Asia, må vi få med annan kommersiell kapital. Regjeringa etablerer difor eit nytt klimafond. Fondet skal investere i fornybar energi i utviklingsland med mål om å bidra til reduserte klimagassutslepp i desse landa. Norfund får ansvaret for forvaltninga. Klimainvesteringsfondet vil bli tilført 2 mrd. kroner årleg over 5 år. Finansieringa vil komme frå statsbudsjettet og frå Norfund sjølv.

For meir informasjon om Noregs internasjonale klimainnsats, sjå programkategori 12.70 internasjonalt klimaarbeid og Prop. 1 S (2021–2022) for Utanriksdepartementet.

Mål 14 Bevare og bruke hav og marine ressursar på ein måte som fremjar berekraftig utvikling

Noregs omfattande bruk av havet og ressursane i havet fører med seg eit ansvar for å forvalte havområda på ein langsiktig og ansvarleg måte. Noreg baserer bruken av havet på berekraft og økosystembaserte tilnærmingar.

Forvaltningsplanane for havområda er verktøy for ei heilskapleg og økosystembasert forvaltning som fremjar både berekraftig bruk og bevaring av økosystema, og har eit heilskapleg perspektiv på miljøtilstand, verdiskaping, påverknader og samla belastning på havområda. Forvaltningsplanane for Barentshavet–Lofoten, Norskehavet og Nordsjøen–Skagerrak er nedfelte i Meld. St. 20 (2019–2020), med tiltak for berekraftig bruk og vern av økosystema. Framtidig verdiskaping basert på bruk av marine ressursar er avhengig av god miljøtilstand og eit rikt naturmangfald i havet, og å halde ved lag naturmangfald og produktivitet i økosystema er sentralt for at dei marine naturverdiane skal halde fram med å vere fornybare. Forvaltningsplanane for havområda er difor òg eit viktig verktøy for verdiskaping og matsikkerheit. Deling av erfaring og kunnskap frå systemet med forvaltningsplanar for havområda er eit viktig bidrag frå Noreg til integrert og økosystembasert forvaltning internasjonalt. Dei norske havforvaltningsplanane har vore ein modell for arbeidet i Høgnivåpanelet for ein berekraftig havøkonomi (Havpanelet). Samstundes skal forvaltningsplanane for dei norske havområda vidareutviklast fram mot neste oppdatering i 2024. Havpanelets forsking og konklusjonar legg viktige premissar i denne samanhengen.

Kystområda blir forvalta med mål om å oppnå god økologisk og kjemisk tilstand for alle vassførekomstar innan 2021. For dette formålet er elleve regionale vassforvaltningsplanar vedtekne. Overvaking av den økologiske og kjemiske tilstanden til kystfarvatn er styrkt.

Marine verneområde og andre arealbaserte bevaringstiltak er viktige verktøy for å ta vare på økosystem og naturverdiar, samstundes som det er mogleg å drive berekraftig næringsaktivitet. Det er etablert marine beskytta område og marine verneområde i norske farvatn. Arbeidet med å etablere nye marine verneområde held fram. Regjeringa la våren 2021 fram Meld. St. 29 (2020–2021) Heilskapleg nasjonal plan for bevaring av viktige område for marin natur og ser med denne meldinga framover mot vidareutvikling av den delen av havforvaltninga som handlar om bevaring av viktige område for marin natur.

Klimaendringar og havforsuring er vesentlege påverknadsfaktorar som aukar den samla belastinga på artar og økosystem og kan føre til betydelege endringar i grunnlaget for berekraftig bruk av havet og dei marine ressursane. Dette er ei utfordring for forvaltninga av aktivitet som kan påverke miljøverdiane. Noreg vil styrkje kunnskapen om korleis forvaltninga av havområda best kan ta vare på omsynet til å gjere marint naturmangfald og økosystem motstandsdyktige mot negative verknader av klimaendringar og havforsuring.

Forvaltninga får viktig kunnskap gjennom miljøovervaking, forsking og kartleggingsprogram for mellom anna havbotn (MAREANO-programmet) og sjøfugl (SEAPOP/SEATRACK). Desse programma har gjeve verdifull ny kunnskap om naturtypar og artar, så vel som påverknad frå menneskeleg aktivitet. Denne kunnskapen blir brukt til å forbetre forvaltninga av havområda. Regjeringa har i sin langtidsplan for forsking varsla at forsking som grunnlag for god forvaltning av økosystem og ressursar i hav- og kystområda vil prioriterast.

Noreg har eit strengt regelverk for regulering av forureining gjennom forureiningslova. Utsleppa av miljøgifter frå punktkjelder på land er reduserte, men det er framleis tilførslar av miljøfarlege stoff til havområda. Kunnskapen om samla effekt av dei ulike miljøgiftene er avgrensa. Nasjonalt blir det arbeidd med å redusere utslepp frå hav- og landbaserte kjelder.

Regjeringa held fram med å utvikle ytterlegare tiltak for å forhindre og redusere marin forsøpling og mikroplast frå identifiserte kjelder. Plastavfall i verdshava er eit globalt problem. Noreg har teke ein leiarrolle for å få på plass ein ny global avtale for å realisere visjonen om å stanse tilførselen av plastavfall til havet. Det norske bistandsprogrammet, oppretta i 2018, for å motverke marin forsøpling og mikroplast vart vidareført i 2020 med 400 mill. kroner. Sommaren 2021 la regjeringa fram ein revidert plaststrategi som stiller saman breidda av plastpolitikken til regjeringa, og vil vere eit viktig tiltak for å nå mål 14. l

Internasjonalt er det i gang viktige prosessar som vil vere avgjerande for dei havrettslege og institusjonelle rammene for implementeringa av berekraftsmål 14. Dette knyter seg til regelverk for å beskytte biodiversitet og fordeling av genressursar på ope hav, samspelet mellom globale og regionale mekanismar for implementering, globale mekanismar for tema som til dømes marin forsøpling og mikroplast. Med ei tradisjonelt leiande rolle i det internasjonale arbeidet innan havrett og miljø- og fiskeriforvaltning er det viktig at Noreg aktivt søkjer å påverke dei pågåande prosessane på ein mest mogleg einsarta og løysingsorientert måte. FNs sjøfartsorganisasjon utviklar internasjonale standardar for tryggleik og miljø i den globale skipsfarten, og Noreg er ein aktiv pådrivar også i dette arbeidet. Noreg legg vidare vekt på miljøsamarbeidet med andre land mellom anna gjennom arbeidet i OSPAR (konvensjonen for vern av det marine miljø i Nordaust-Atlanteren) og i Arktisk råd.

Mål 15 Verne, tilbakeføre og fremje berekraftig bruk av økosystem, sikre berekraftig skogforvaltning, motverke ørkenspreiing, stanse og reversere landforringing og stanse tap av artsmangfald

Nedbygging og andre arealbruksendringar medfører tap og fragmentering av leveområde og påverkar naturmangfald, jordvern og klima. Andre påverknader kjem frå forureining, framande arter og klimaendringar, som blir stadig viktigare.

Meld. St. 14 (2015–2016) Natur for livet – norsk handlingsplan for naturmangfold og Stortingets behandling av denne er Noregs viktigaste verkemiddel i arbeidet for å nå Aichimåla frå 2010 om å ta vare på naturmangfaldet. Berekraftsmål 15 er harmonisert med Aichimåla. Det er difor viktig å følgje opp naturmangfaldmeldinga for å oppfylle berekraftsmål 15. Dei tre nasjonale måla for naturmangfald handlar om god tilstand i økosystema, å ta vare på trua artar og naturtypar og om langsiktig vern av eit representativt utval norsk natur. I Noreg har vi gjort mykje for å ta vare på økosystema på land gjennom ei kunnskapsbasert forvaltning. I dag er 17,5 pst. av fastlandsarealet verna etter naturmangfaldlova.

Regjeringa er godt i gang med å følgje opp naturmangfaldmeldinga. Eit hovudgrep i meldinga er å setje tverrsektorielle, nasjonale mål for økologisk tilstand for økosystema og innrette forvaltninga etter desse måla. Regjeringa la mellom anna fram Naturstrategi for våtmark i 2021. Strategien omtaler tilstanden i våtmark, og det er vedteke eit mål om at noverande nedbyggingstakt for våtmark skal bremsast og den økologiske tilstanden i våtmark forbetrast. Det er nemnt fleire tiltak og verkemiddel som skal greiast ut vidare for å nå måla på ein måte som samla sett gjev best resultat. Det er òg gjort ekspertvurderingar etter det nye fagsystemet av den økologiske tilstanden i skog og arktisk tundra.

Noreg deltek aktivt i forhandlingane om eit nytt globalt rammeverk for bevaring av natur. Dette skal vedtakast av konvensjonen om biologisk mangfald på det femtande partsmøtet.

Nær 40 pst. av landarealet i Noreg er dekt av skog. Ifølgje Norsk raudliste for artar 2015 lever 1 122 trua artar i skog, og om lag 975 av desse er rekna å vere negativt påverka av tidlegare eller noverande arealendringar knytte til skogbruk. Regjeringa vil auke skogvernet til 10 pst. av skogen, i tråd med mål sette av Stortinget. Politikken til regjeringa for berekraftig forvaltning av skog vart presentert i ei melding til Stortinget i 2016, jf. delmål 15.1 og 15.2. Auka skogbruksaktivitet skal kombinerast med større vekt på miljøomsyn i skogbruket. Berekraftig skogbruk vil medverke til klimatilpassing og gje grunnlag for å fase ut fossile produkt og til å sikre område som er viktige for både naturmangfald, friluftsliv og kulturminne.

Noreg vil òg arbeide for eit styrkt internasjonalt samarbeid om grensekryssande utfordringar på skogområdet og for å sikre berekraftig forvaltning av skog internasjonalt, mellom anna i FN, jf. delmål 15a og 15b. FN-strategien for skog representerer ein milestolpe i dette arbeidet. Noreg støttar måla i planen.

Regjeringa har sett i gang ei rad tiltak for å redusere øydelegginga av habitat og stanse tap av naturmangfald, jf. delmål 15.5. Når det gjeld trua natur, er det utarbeidd ein oppfølgingsplan for korleis vi kan betre tilstanden for den mest trua naturen i Noreg. Arbeidet med planen er ei oppfølging av naturmangfaldmeldinga. I planen er det vurdert aktuelle tiltak for naturtypar og artar som oppfyller kriterium i naturmangfaldmeldinga. Planen inneheld òg prioriteringar av naturtypar og artar fram mot 2035. Regjeringa har som eit ledd i dette arbeidet vedteke ein ny prioritert art og to utvalde naturtypar i desember 2020. Miljødirektoratet skal vidare i 2021 levere ei vurdering og prioritering av arbeid med trua natur som ikkje inngår i oppfølgingsplanen. Det er òg vedteke ein nasjonal strategi for å ta vare på pollinerande insekt i 2018. Som ei oppfølging av strategien vart ein tiltaksplan for ville pollinerande insekt lansert i august 2021.

Regjeringa vil framleis prioritere arbeidet med skogvern og marint vern. For andre økosystem er det sett i gang arbeid med avgrensa supplerande vern. Eit representativt utval av økosystem til fjells er verna. Det er viktig å sikre verneverdiane framover, mellom anna i form av forvaltningsplanar for fjellområda.

Klima- og miljødepartementet bidreg til delmål 15.6 om å fremje tilgang til og rettferdig fordeling av gode ved bruk av genetiske ressursar. Tilgang til norske genetiske ressursar blir regulert av naturmangfaldlova og forskrift om tradisjonell kunnskap knytt til genetiske ressursar. Noreg bidreg årleg til plantetraktatens fond for fordelsdeling og gjev tilgang til plantegenetiske ressursar for mat og landbruk i tråd med føresegnene i traktaten.

Regjeringa la i april 2020 fram ei stortingsmelding om miljøkriminalitet. Meldinga presenterer ein heilskapleg politikk for å styrkje innsatsen mot miljøkriminalitet nasjonalt og internasjonalt og dermed redusere den negative påverknaden miljøkriminalitet har på klima og miljø, mellom anna tiltak for å stanse krypskyting og ulovleg handel, jf. delmål 15.7. Arbeidet med å følgje opp meldinga er i gang.

Det er ei utfordring å nå delmål 15.8 om å hindre innførsel og spreiing av framande artar. Framande artar er ein alvorleg trussel mot naturmangfaldet. Ifølgje Artsdatabanken er det registrert 1 473 skadelege framande artar i norsk natur (Fastlands-Noreg med havområde) som kan formeire seg under norske tilhøve. 16 pst. av desse utgjer høg eller svært høg risiko for naturmangfaldet. Totalt utgjer 70 pst. av dei framande artane ein økologisk risiko. Ein tverrsektoriell tiltaksplan for å hindre spreiing av og kjempe mot og kontrollere framande skadelege artar vart vedteken sommaren 2020.

I det internasjonale samarbeidet for naturmangfald, berekraftig skogforvaltning og miljøkriminalitet bidreg Noreg gjennom utviklingspolitikken, Klima- og skoginitiativet og deltaking i mellomstatleg samarbeid, mellom anna i FNs organisasjon for mat og landbruk (FAO). Sidan Klima- og skoginitiativet vart lansert i 2007, er det inngått ei rekkje partnarskapsavtalar, mellom anna med Indonesia, Brasil, Colombia, Guyana, Peru og Etiopia. Noreg betaler her for verifiserte reduksjonar av utslepp frå skog i løpet av avtaleperioden eller for investeringar som har slike utsleppsreduksjonar som mål. Sidan starten i 2008 har initiativet betalt til saman 10 mrd. kroner for meir enn 320 mill. tonn reduserte utslepp av CO2 og medverka til ei rekkje reformer for betre skogforvaltning i landa. Gjennom initiativet samarbeider Noreg også med næringslivsaktørar, sivilsamfunnsorganisasjonar og kunnskapsmiljø som medverkar i innsatsen for å bevare regnskogen. Gjennom Meld. St. 24 (2016–2017) Felles ansvar for felles framtid er det vedteke at Klima- og skoginitiativet skal førast vidare på eit høgt nivå fram til 2030.

Mål 16 Fremje fredelege og inkluderande samfunn for å sikre berekraftig utvikling, sørgje for tilgang til rettsvern for alle og byggje velfungerande, ansvarlege og inkluderande institusjonar på alle nivå

Klima- og miljødepartementet bidreg internasjonalt gjennom Klima- og skoginitiativet til å oppnå delmål 16.4 om å motarbeide organisert kriminalitet ved å støtte innsatsar mot ulovleg avskoging og ulovleg gruvedrift i tropiske skogland. Arbeidet til regjeringa med å følgje opp stortingsmeldinga om miljøkriminalitet, slik det er omtalt for delmål 15.7, er også i stor grad relevant for oppnå delmål 16.4.

9.3 Anna klima- og miljøarbeid i staten

Gode, enkle og effektive miljøleiingssystem, til dømes ISO 14001, EMAS (Eco Management and Audit Scheme) eller Miljøfyrtårn, sikrar at verksemda har oversikt over dei mest vesentlege miljøbelastingane og har målsetjingar og rutinar for kontinuerleg å redusere desse. For dei fleste statlege verksemdene vil tema som anskaffingar, energibruk i bygg, IKT, transport og avfallshandtering stå sentralt. Miljøleiingssystemet skal medverke til kontinuerleg forbetring av den totale klima- og miljøpåverknaden frå departementsfellesskapet. I tillegg til ei meir klima- og miljøvennleg departementsverksemd medverkar arbeidet òg til modernisering og effektivisering.

Departementsfellesskapet har eit miljøleiingssystem sertifisert etter EMAS-krava. Tryggings- og serviceorganisasjonen til departementa (DSS) koordinerer felles miljømål for departementsfellesskapet og har hovudansvaret for oppfølginga av styringssystemet, men departementa er sjølve ansvarlege for å nå måla i eiga verksemd.

Fleire underliggjande etatar og andre statlege verksemder har miljøleiingssystem og arbeider systematisk med å redusere miljøbelastingar gjennom anskaffingar og dagleg drift.

10 Samfunnstryggleik og beredskap

Dei måla og prioriteringane som er gjevne i Meld. St. 5 (2020–2021) Samfunnssikkerhet i en usikker verden, Meld. St. 21 (2012–2013) Terrorberedskap og Instruks for departementenes arbeid med samfunnssikkerhet, er utgangspunktet for Klima- og miljødepartementets arbeid med samfunnstryggleik og beredskap. Ei systematisk og heilskapleg tilnærming er sentralt for å vidareutvikle beredskapsarbeidet i sektoren. I denne samanhengen er evaluering av hendingar og øvingar eit viktig moment. Det medverkar til å avdekkje veikskapar og læringspunkt som er avgjerande for dei risiko- og sårbarheitsvurderingane departementet gjer. Resultatet av arbeidet dannar grunnlag for dei vala, prioriteringane og avgjerdene som blir tekne med omsyn til sikring av viktige verdiar og tryggleik i samfunnet.

10.1 Ansvarsområde

Klima- og miljødepartementet skal bidra til å førebyggje at det skjer uønskte hendingar, og redusere konsekvensar av uønskte hendingar innanfor klima- og miljøsektoren. Arbeidet med risiko- og sårbarheitsanalysar, overordna risikobilete for sektoren, beredskapsplanverk og øvingar er difor prioriterte oppgåver. Kvar enkelt etat medverkar i dette arbeidet ved mellom anna å gjennomføre eigne analysar over risiko og sårbarheit innanfor sitt område.

Det er ført tilsyn med departementet sitt arbeid med samfunnstryggleik og beredskap i 2020-2021. Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap (DSB) førte tilsynet på vegne av Justis- og beredskapsdepartementet. DSB sitt inntrykk er at Klima- og miljødepartementet har arbeidd målretta på fleire område for å ta hand om ansvaret sitt, men det er avdekt tre brot på krav. Brota dreier seg om å forklare effekten av tiltak, øvingar, og evaluering av øvingar. Klima- og miljødepartementet vil utarbeide ein oppfølgingsplan for å handtere og rette brota.

Meteorologiske tenester

Meteorologisk institutt (MET) har ei viktig rolle innanfor samfunnstryggleik og beredskap i Noreg. MET forvaltar kritisk infrastruktur, og meteorologiske tenester utgjer ein kapabilitet som inngår i den kritiske samfunnsfunksjonen Natur og miljø. Dei er ein aktiv del av totalforsvaret ved at dei leverer utvida meteorologisk støtte etter avtale med dei aktuelle einingane i Forsvaret ved krise og krig og under større militære øvingar. MET overvaker, varslar vêret og bereknar klimaet i notid og framtid for at styresmaktene, næringslivet, institusjonar og allmenta kan sikre liv og verdiar, planleggje og verne miljøet. METs tenester er forskingsbaserte. Dei operasjonelle tenestene tek i bruk resultata frå ny forsking, og instituttet driv forsking og utvikling på alle sine fagområde. Sjå omtale av MET i del II og i kap. 10.2 Den kritiske samfunnsfunksjonen Natur og miljø.

Akutt forureining- og atomberedskap

Det er nasjonale mål at forureining ikkje skal skade helse og miljø, og at utslepp av farlege stoff skal stansast. Dei nasjonale måla for forureining omfattar òg radioaktiv forureining.

Klima- og miljødepartementet har ansvar etter forureiningslova dersom eit uhell eller ei ulykke medfører radioaktive utslepp og avfall. Det operative ansvaret ligg hos Direktoratet for strålevern og atomtryggleik. Direktoratet gjer òg tiltak for utslepps- og avfallshandtering og bidreg med utvikling av planverk for miljøforvaltninga på atomberedskapsområdet. Eventuelle klager blir behandla av departementet. Miljødirektoratet kan hjelpe til med målingar og gje råd om konsekvensar som nedfall kan ha på det ytre miljøet. Norsk Polarinstitutt kan hjelpe til med avgjerdsgrunnlag som spreiingsmodellering og kunnskap om Arktis, mellom anna iskart.

Ved atomulykker har Helse- og omsorgsdepartementet det overordna ansvaret for beredskapen, medan Direktoratet for strålevern og atomtryggleik er fag- og forvaltningsstyresmakt. Den nasjonale atomberedskapen er organisert gjennom Kriseutvalet for atomulykkeberedskapen som er leidd av Direktoratet for strålevern og atomtryggleik.

Ansvaret for å stille krav til beredskapen kommunar og private verksemder har mot akutt forureining, og for å kontrollere at krava blir overhaldne, er lagt til miljøstyresmaktene. Miljødirektoratet stiller beredskapskrav og følgjer opp desse gjennom tilsyn. Miljødirektoratet har etablert ein plan for kriseberedskap og spesifikke rutinar for handtering av oppgåvene til etaten knytte til større tilfelle av akutt forureining.

Ansvaret for den statlege beredskapen mot akutt forureining er lagt til Samferdselsdepartementet med Kystverket som utøvande etat. Ved ein statleg aksjon mot akutt forureining har miljøforvaltninga ei rådgjevarrolle og ansvar for å skaffe fram informasjon om miljøverdiar og miljøkonsekvensar.

Norsk Polarinstitutt stiller krav om beredskap for akutt forureining og tiltak for å ta vare på tryggleiken for liv og helse ved gjennomføring av aktivitetar i Antarktis og om forsikring for å dekkje aktivitetane.

Beredskapsmessige utfordringar knytte til klimaendringar

Det er eit nasjonalt mål at samfunnet skal førebuast på og tilpassast klimaendringane. Kvart enkelt departement har ansvar for å ta vare på omsynet til klimaendringar innanfor eigen sektor. Klima- og miljødepartementet har eit spesielt ansvar for å leggje til rette det heilskaplege arbeidet til regjeringa med klimatilpassing. Miljødirektoratet støttar departementet i arbeidet med klimatilpassing. Miljødirektoratet har mellom anna eit ansvar for at departementet har tilgang til det naturvitskaplege kunnskapsgrunnlaget gjennom nasjonal og internasjonal klimaforsking. Dette kunnskapsgrunnlaget skal brukast i gjennomføringa av arbeidet til departementet med klimatilpassing, medrekna overvatn. Sjå del IV kap. 18 for ytterlegare omtale av klimatilpassing.

Beredskap mot skadar på kulturmiljø

Det er eit nasjonalt mål at eit mangfald av kulturmiljø skal bli teke vare på som grunnlag for kunnskap, oppleving og bruk. Klima- og miljødepartementet har det overordna ansvaret for forvaltninga av kulturmiljø i Noreg og samarbeider tett med Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap og kommunane om beredskap og sikring av kulturmiljø. Samarbeidet handlar mellom anna om branntryggleiken i verneverdig tett trehusbestand og stavkyrkjer. Auka førekomst av ekstremvêrhendingar som flaum, skred, storm og kraftige nedbørsmengder må òg takast omsyn til i samband med forhindring av skadar framover.

Beredskap mot utslepp av GMO

Genmodifiserte organismar er mikroorganismar, plantar og dyr der den genetiske samansetjinga er endra ved bruk av gen- eller celleteknologi. Klima- og miljødepartementet behandlar søknader om omsetjing og utsetjing av levande GMO i naturen. Miljødirektoratet har koordineringsansvar og ansvar for vurdering av miljørisiko. Mattilsynet har ansvaret for vurderingar knytte til helserisiko.

Etter føresegnene i genteknologilova skal verksemdene syte for nødvendige sikkerheitstiltak for å hindre helse- og miljømessige skadeverknader. Dersom utslepp skjer, skal verksemda straks setje i verk tiltak for å avgrense skadeverknadene. På grunn av rask teknologiutvikling kan det ventast at også privatpersonar på sikt kan genmodifisere og endre mikroorganismar på ein måte som gjer at samfunnet potensielt kan påførast ny helse- og miljørisiko. Kartlegging av omfanget av ein slik framtidig privat aktivitet er såleis eit viktig tiltak.

10.2 Den kritiske samfunnsfunksjonen Natur og miljø

Arbeidet med å sikre samfunnet mot alvorlege hendingar er eit ansvar som ligg til mange sektorar. I Meld. St. 10 (2016–2017) Risiko i et trygt samfunn blir det gjort greie for kva funksjonar som til kvar tid må haldast oppe for å sikre samfunnet, og kva departement som har ansvar for å koordinere og samordne funksjonane. Klima- og miljødepartementet har ansvaret for den kritiske samfunnsfunksjonen Natur og miljø. Rolla som hovudansvarleg departement inneber mellom anna å sikre nødvendig koordinering og samordning mellom aktuelle departement.

Som ei oppfølging av Meld. St. 10 (2016–2017) Risiko i et trygt samfunn rapporterte Klima- og miljødepartementet på Natur og miljø i Prop. 1 S (2019–2020). Tilstanden til den kritiske samfunnsfunksjonen vart vurdert som tilfredsstillande. Klima- og miljødepartementet vil følgje opp rolla som hovudansvarleg departement for Natur og miljø, inkludert i dette prioritere arbeidet med å sikre eit godt samarbeid mellom aktørane.

Bakgrunnen for den kritiske samfunnsfunksjonen Natur og miljø er behovet for vern av naturen mot påverknad frå menneskeleg aktivitet i form av akutt forureining (forureiningsberedskap) og vern av befolkninga mot naturfare (meteorologitenester og flaum- og skredvarsling). Innanfor samfunnsfunksjonen er det definert tre kapabilitetar for å ta vare på tryggleiken for befolkninga: forureiningsberedskap, meteorologitenester og overvaking av flaum- og skredfare.

I forureiningsberedskap inngår privat, kommunal/interkommunal og statleg beredskap mot akutt forureining til lands og i norske farvatn og på norsk kontinentalsokkel som kan skade naturen.

I meteorologitenester inngår METs tenester:

  • innsamling, behandling og tilgjengeleggjering av meteorologiske data

  • utarbeiding og distribusjon av varsel av betydning for liv og sikkerheit

  • utarbeiding av spesielle meteorologiske berekningar og tenester i samband med søk og redningsoperasjonar, kritiske operasjonar og sikkerheitstruande hendingar

  • utarbeiding og distribusjon av flymeteorologisk informasjon for sivil og militær luftfart

I Noreg er MET gjeve særskilde oppgåver knytte til meteorologiske tenester. I vedtektene til MET heiter det: «Meteorologisk institutt står for den offentlige meteorologiske tjenesten for sivile og militære formål. Instituttet skal arbeide for at myndigheter, næringslivet, institusjoner og allmennheten blir best mulig i stand til å sikre liv og verdier, planlegge framover og verne miljøet.» MET utviklar og leverer ei lang rekkje nyttige tenester og syter mellom anna for at beredskapsetatane er førebudde på ekstremvêr og anna farleg vêr.

Overvaking av flaum- og skredfare omfattar dei etablerte systema for overvaking og varsling av flaum i større og mindre vassdrag og av flaumskred og snø-, sørpe-, jord- og fjellskred. Noregs vassdrags- og energidirektorat har ansvaret for den nasjonale flaum- og skredvarslingstenesta og har òg ein døgnkontinuerleg beredskapstelefon for flaum- og skredsituasjonar. Noregs vassdrags- og energidirektorat utarbeider i tillegg vassføringsprognosar for heile landet. Nedbørsvarsel frå MET er òg ein viktig del av grunnlaget for overvaking og varsling av flaum og skredfare.

10.3 Informasjonstryggleik i miljøforvaltninga

I nasjonal strategi for informasjonstryggleik og handlingsplan er det slått fast at fagdepartementa har eit overordna ansvar for å ta vare på tryggleiken i IKT-infrastrukturen i sektoren. I arbeidet med å følgje opp strategien har departementet gjeve underliggjande etatar i oppdrag å få på plass eit styringssystem for informasjonstryggleik som oppfyller krava i ISO 27001-standarden. Meteorologisk institutt, Miljødirektoratet, Norsk Polarinstitutt og Riksantikvaren har alle etablert styringssystem for informasjonstryggleik og er no sertifiserte etter ISO-27001-standarden. Norsk kulturminnefond og Artsdatabanken har ikkje fått krav om sertifisering etter ISO 27001-standarden. Begge etatane skal likevel ha etablert eit styringssystem for informasjonstryggleik som er tilpassa storleiken og eigenarten til verksemdene.

10.4 Førebuande sikkerheitsteneste

Lov om nasjonal sikkerhet (tryggingslova) tok til å gjelde 1. januar 2019, og alle sektorar arbeider med å implementere lova. Formålet med lova er å tryggje dei nasjonale sikkerheitsinteressene våre og å førebyggje, avdekkje og motverke sikkerheitstruande verksemd. Dei nasjonale sikkerheitsinteressene blir tryggja ved at departementa identifiserer grunnleggjande nasjonale funksjonar (GNF) innanfor sine ansvarsområde, verksemder av avgjerande betydning for GNF blir underlagde tryggingslova, og nødvendige sikringstiltak for skjermingsverdige verdiar blir gjennomførte. For å vareta formålet med lova vil GNF-prosessen vere ein kontinuerleg prosess. Denne prosessen kan føre til endringar når det gjeld identifiserte funksjonar og skjermingsverdige verdiar, kva for verksemder som er av vesentleg og avgjerande betydning, og i kva grad ei verksemd er avhengig av eksterne ressursar (andre verksemder). Kva som vil krevjast for å oppnå eit forsvarleg sikkerheitsnivå, kan òg bli endra.

Klima- og miljødepartementet har identifisert følgjande grunnleggjande nasjonale funksjonar i eigen sektor. «KLD GNF 1: Klima- og miljødepartementets virksomhet, handlefrihet og beslutningsdyktighet» omfattar rolla departementet har som fagleg sekretariat for politisk leiing, utøving av mynde og styring og oppfølging av underliggjande verksemder.

Vi arbeider fortløpande med å kartlegge verksemder som er av vesentleg eller avgjerande betydning for GNF, og identifisere, vurdere, og rapportere mogelege avhengigheiter. Identifiserte GNF er innmelde til tryggingsorganet.

11 Fornye, forenkle og forbetre og likestilling og mangfald i miljøforvaltninga

11.1 Forenklingsarbeid, modernisering og betre gjennomføringskraft

Organisering

Klima- og miljødepartementet er overordna etats- og eigarstyrar for Miljødirektoratet, Riksantikvaren, Enova, Meteorologisk institutt, Norsk Polarinstitutt, Artsdatabanken, Norsk kulturminnefond, Svalbards miljøvernfond, Kings Bay AS og Bjørnøen AS.

Det statlege miljøarbeidet blir regionalt teke vare på av miljøvernavdelingane hos statsforvaltarane, fylkeskommunane og Sysselmeisteren på Svalbard. Etatar som NORAD, Sjøfartsdirektoratet, Direktoratet for strålevern og atomtryggleik og Folkehelseinstituttet har oppgåver innanfor miljøområdet som Klima- og miljødepartementet styrer.

Forenklingsarbeid, modernisering og betre gjennomføringskraft i departementet

Klima- og miljødepartementet arbeider kontinuerleg med å effektivisere eiga drift.

Regjeringa bestemte at det skulle gjennomførast ein områdegjennomgang av miljøforvaltninga i 2016. Områdegjennomgangen resulterte i 32 tilrådingar om korleis miljøforvaltninga kan bli betre og meir effektiv. Tilrådingane inkluderte òg Klima- og miljødepartementets sektorovergripande rolle.

Fleire av tilrådingane handla om dei administrative systema. Det vart identifisert fleire moglegheiter for å effektivisere dei administrative områda.

Klima- og miljødepartementet har samla IKT-driftsfunksjonane og etablert felles strategisk innkjøpsfunksjon for miljøforvaltninga. Arkivtenestene i miljøforvaltninga vil vere samordna i løpet av 2022. Vidare skal samvirket maksimerast innan andre administrative funksjonar for å auke kunnskapsgrunnlag for betre planlegging og avgjerder.

Det er i tillegg sett i gang eit strategiarbeid for betre og meir effektive administrative tenester på tvers av departementa der Klima- og miljødepartementet deltek aktivt i arbeidet.

Digitaliseringsstrategi for miljøforvaltninga

Krava til IKT-løysingar og IKT-tryggleik i offentleg forvaltning blir stadig viktigare og meir omfattande. Digitaliseringsstrategien for miljøforvaltninga legg føringar for korleis IKT skal driftast, sikrast og utviklast vidare i sektoren. Strategien gjeld for perioden 2020–2024 og rettar merksemda mot digitalisering, dataformidling, IKT-tryggleik og samordning og byggjer på nasjonale råd og standardar. Den etablerte felles driftseininga for miljøforvaltninga varetek IKT-driftstenester for Miljødirektoratet, Riksantikvaren, Norsk Polarinstitutt, Norsk kulturminnefond og Artsdatabanken. Arbeidet med å betre og vidareutvikle desse driftstenestene vil halde fram i tråd med Digitaliseringsstrategi for klima- og miljøsektoren 2020–2024.

Forenklingsarbeid, modernisering og betre gjennomføringskraft i etatane

Miljødirektoratet

Miljødirektoratet har i dag mange digitale løysingar som er utvikla og forbetra gjennom fleire år. Tenestene er på fleire område utvikla med bakgrunn i ambisjonen om å sikre ei effektiv og god brukaroppleving for eksterne brukarar, saman med ei påliteleg og effektiv intern saksbehandling.

Det er mellom anna utvikla heildigitale løysingar for betaling av jeger- og fiskeavgifter, for behandling av søknader for tildeling av fallvilt for preparantar og for lisensiering av ringmerke i Ringmerkbasen. Miljøvedtaksregisteret er ei digital innsynsløysing som gjev allmenta fri tilgang til enkeltvedtak og forskrifter på miljøområdet.

Miljødirektoratet arbeider kontinuerleg med å vidareutvikle og digitalisere arbeidsprosessane i tilskotsforvaltningssystemet Elektronisk søknadssenter (ESS), som har medverka til effektivisering både i forvaltninga og for søkjarane.

Medan Miljødirektoratet er i gevinstrealiseringsfasen for fleire etablerte løysingar, til dømes produktregisteret og grunnforureining, er dei i utviklingsfasen på andre område. Bruk av droneteknologi i overvaking og robotteknologi innanfor rekneskap er døme på ny teknologi som det blir arbeidd med framover.

Riksantikvaren

Riksantikvaren har i løpet av dei siste åra utvikla fleire digitale løysingar som vil bidra til ei einsarta og effektiv kulturmiljøforvaltning. Dette gjeld mellom anna Digisak, som er ein søknadsportal og ei saksbehandlingsløysing for innsending og behandling av tilskots- og dispensasjonssaker. Digisak skal sikre ei enklare og betre brukaroppleving for søkjarar og saksbehandlarar og gje ei effektiv saksbehandling i forvaltninga. Riksantikvaren arbeider kontinuerleg med å forbetre løysinga og utvide Digisak til å inkludere fleire tilskots- og dispensasjonsordningar.

Digitaliserte arkiv gjev god tilgang på informasjon for fylkeskommunar og kommunar. I 2021 har Riksantikvaren lansert ei ny søkjeteneste der kulturmiljøforvaltninga har tilgang til Riksantikvarens digitaliserte arkivmateriale, det vil seie digitaliserte historiske saksdokument, saksdokument frå Riksantikvarens digitale sakarkiv, teikningar og bilete.

Ei anna digital teneste, ADED (Archaeological Digital Excavation Documentation), er utvikla i samarbeid mellom universitetsmusea og Riksantikvaren. Tenesta skal bidra til å betre tilgangen til arkeologisk og vitskapleg dokumentasjon gjennom mellom anna utveksling av digital informasjon mellom musea og Riksantikvaren.

Kulturminnefondet

Kulturminneadministrasjonen har vidareutvikla og effektivisert arbeidsprosessane og har i samarbeid med Miljødirektoratet innført nye digitale løysingar i tilskotsforvaltninga. Søkjarane kan søkje og rapportere direkte i portalen. Arbeidet med å overføre Kulturminnefondet til IKT-plattforma til miljøforvaltninga held fram i 2022.

Nettstader og portalar

Den viktigaste vêrtenesta til Meteorologisk institutt (MET) er Yr, som er eit samarbeid mellom Meteorologisk institutt og NRK. I tillegg formidlar MET vêret på TV og i radio og i sosiale medium som Twitter og Facebook. For offentlege verksemder leverer instituttet vêrtenesta Halo, som er ei innloggingsteneste med spesialiserte produkt.

Meteorologisk institutts offisielle datagrunnlag og produkt er også fritt tilgjengelege for publikum for bruk, spreiing og vidare tilarbeiding. Data kan hentast frå instituttet sine nettstader eller programmeringsgrensesnitt, til dømes api.met.no, frost.met.no, threddsmet.no og klimaservicesenter.no.

Både instituttet og samfunnet har gevinst av dei opne dataa og tenestene til instituttet. At tenestene blir gjevne på opne og standardiserte format, gjer det enkelt for andre å integrere vêr- og klimainformasjon i eigne tenester, både bedriftsinterne og til publikum. Dette medverkar på sikt til å forenkle intern tenesteproduksjon ved instituttet.

Miljødirektoratet lanserte ny hovudnettstad – miljødirektoratet.no – i 2019. Den nye hovudnettstaden har medverka til å redusere mengda nettstader, og han støttar opp om målet om meir sjølvbetening gjennom å tilby rettleiing av brukarar.

Miljøforvaltninga har som mål å formidle påliteleg, aktuell og forståeleg miljøinformasjon. Hovudkanalen for informasjon om tilstanden i og utviklinga til miljøet er miljøstatus.no, som har ei målsetjing om å vere den viktigaste kjelda til kunnskap om tilstanden og utviklinga til miljøet. I tillegg driftar miljøforvaltninga nettstader for meir spesifikk informasjon og målgruppetilpassing. Døme på dette er askeladden.ra.no, miljokommune.no og klimatilpasning.no. Oversikt over kva mynde og plikter kommunane har, og hjelp til saksbehandling innan miljøtema vart i 2020 flytta frå nettstaden miljokommune.no til miljodirektoratet.no/myndigheter.

Askeladden.ra.no inneheld data om kulturminne og kulturmiljø som er freda etter kulturminnelova, verna etter plan- og bygningslova eller kulturminnefagleg vurdert som verneverdige. På klimatilpasning.no har ein samla aktuell kunnskap og informasjon om klimatilpassing på éin stad.

Klima- og miljødepartementet og fleire underliggjande etatar er til stades og kommuniserer aktivt i sosiale medium. På Facebook og Twitter treffer ein både gamle og nye brukarar på nye måtar.

11.2 Rapport om likestilling og mangfald i miljøforvaltninga

Miljøforvaltninga er pålagd å arbeide aktivt, målretta og planmessig for likestilling og mot diskriminering innanfor eiga verksemd. Tabellane 11.1, 11.2 og 11.3 viser kvinnedelen i verksemdene, totalt og på ulike stillingsnivå, samanlikning av månadleg gjennomsnittsløn for kvinner og menn på ulike stillingsnivå, statistikk for sjukefråværet til menn og kvinner, delen av menn og kvinner på deltid og i mellombels stilling for 2020. Norsk kulturminnefond og Artsdatabanken har svært få medarbeidarar og er difor ikkje med i oversiktene.

Tabell 11.1 Oversikt over del kvinner i pst. i miljøforvaltninga

Totalt

Topplei.1

Mellomlei.

Høgtlønte rådg.2

Saksbeh.

Kontor

Klima- og miljødepartementet (KLD)

61

50

48

62

64

Miljødirektoratet

55

50

59

53

66

25

Norsk Polarinstitutt (NP)

44

50

33

48

43

53

Riksantikvaren (RA)

63

88

78

61

64

0

Meteorologisk institutt (MET)3

38

25

32

-

-

-

1 Toppleiarar omfattar øvste leiar og leiarar av avdelingar (mellomleiarar er leiarar av seksjonar og einingar under avdelingsnivå).

2 Høgtlønte rådgjevarar omfattar seniorrådgjevarar, spesialrådgjevarar og tilsvarande stillingar. For KLD er spesialrådgjevarar, fagdirektørar, utgreiingsleiarar, avdelingsdirektørar utan personalansvar og seniorrådgjevarar klassifiserte som høgtlønte rådgjevarar. Rådgjevarar, førstekonsulentar og seniorkonsulentar er klassifiserte som saksbehandlarar.

3 Stillingskategoriane til MET lèt seg ikkje klassifisere til rådgjevar, saksbehandlar og kontor. Mellomleiarar er avdelingsleiarar.

Tabell 11.2 Prosentoversikt over gjennomsnittsløn for kvinner og menn i miljøforvaltninga

KLD

Miljødirektoratet

NP

RA

MET2

K

M

K

M

K

M

K

M

K

M

Totalt

92,3

100

99,9

100

95

100

100

97

93,1

100

Topplei.1

100

94,2

81

100

81

100

100

98

97,1

100

Mellomlei.

100

99,1

98

100

100

95

100

100

98,6

100

Høgtlønte rådg.

96,9

100

100

99,6

96

100

100

100

-

-

Saksbeh.

100

98,6

100

99,8

98

100

92

100

-

-

Kontor

0

0

100

54

98

100

100

-

-

1 Toppleiarar i KLD inkluderer berre dei som er på leiarlønnskontraktar unnateke departementsråd. For KLD er seniorrådgjevarar klassifiserte som høgtlønte rådgjevarar. Rådgjevarar er klassifiserte som saksbehandlarar.

2 Stillingskategoriene til MET lèt seg ikkje klassifisere til rådgjevar, saksbehandlar og kontor. Mellomleiarar er avdelingsleiarar.

Tabell 11.3 Prosentoversikt over deltid, mellombels tilsette, legemeldt sjukefråvær og foreldrepermisjon for kvinner og menn i miljøforvaltninga

KLD

Miljødirektoratet

NP

RA

MET

K

M

K

M

K

M

K

M

K

M

Deltid1

4,3

1,9

4,1

2,6

3,8

1,6

6,3

0

9,4

6,2

Mellombelse2

3,6

4,6

6,3

6,2

19,6

22,4

14,7

12,7

10,6

9,9

Legem. fråv. 2020

3,0

1,4

2,8

1,5

2,7

1,1

4,0

2,3

2,6

1,3

Prosentdel foreldreperm.

65,0

35,0

61

39

51

49

100

0

58,7

41,3

1 Prosentdel av kvinner/menn på deltid (av totalt tal kvinner og totalt tal menn) inkludert vikarar ekskludert permisjonar og tilsette på pensjonistvilkår.

2 Prosentdel av kvinner/menn i mellombels stilling (av totalt tal kvinner og totalt tal menn) inkludert tilsette på pensjonistvilkår, ekskludert vikarar.

I det følgjande er rapportert status og tiltak i dei enkelte verksemdene.

Klima- og miljødepartementet

Gjennomsnittleg lønnsforskjell mellom kvinner og menn har blitt mindre sidan 2019. Det er framleis ein forskjell, men grunnen til dette er at det er blitt tilsett fleire kvinner i rådgjevar- og førstekonsulentstillingar. Det er fleire kvinner enn menn i rådgjevar- og førstekonsulentstillingar, medan det er noko fleire mannlege avdelingsdirektørar og spesialrådgjevarar. Dette heng truleg saman med at det er ei klar overvekt av kvinnelege søkjarar til førstekonsulent-/rådgjevarstillingar, medan det er jamnare kjønnsfordeling blant søkjarar til andre stillingskategoriar. Men innan kvar stillingskategori er lønnsforskjellen mindre, og kvinner har til dømes høgare lønn enn menn på toppleiar- og mellomleiarnivå. Det er ingen indikasjonar på at det er ufrivillig deltid i departementet.

Rapportar og statistikk med likestillingsrelevante oversikter blir årleg presenterte for toppleiargruppa, arbeidsmiljøutval og tillitsvalde. Likestilling og inkludering vil framover tematiserast årleg i møte med tillitsvalde i departementet.

Oppfølginga av inkluderingsdugnaden til regjeringa er eit viktig innsatsområde for departementet. Klima- og miljødepartementet har justert stillingsannonsane, men arbeider framleis med å gjere tekstane enda betre. NAV gjev hjelp til utforming av stillingsannonsar og med å finne aktuelle kandidatar i målgruppa. Departementet og miljøetatane vart hausten 2019 einige om ein eigen oppfølgingsplan for inkluderingsdugnaden. Planen inneheld mellom anna tiltak som siktar mot betre synleggjering av moglegheitene til å kunne arbeide i miljøforvaltninga. Det er planlagt ein eigen karrieredag, og DFØs leiarkurs i mangfaldsrekruttering skal brukast av verksemdene i miljøforvaltninga. Det er også lagt opp til jamleg erfaringsutveksling mellom alle verksemdene for personalsjefane i miljøsektoren.

Alle stillingar i departementet blir no publiserte på https://www.jobbforalle.no/. I rekrutteringsprosessane er det sett søkjelys på måla frå inkluderingsdugnaden allereie ved behovsanalysen. Leiarar som rekrutterer, blir oppmoda til å ta kvalifiserte søkjarar inn på intervju som har kryssa av på nedsett funksjonsevne eller har hòl i CV-en.

Departementet har ført vidare ordninga med høve til åtte samanhengande eigenmeldingsdagar i IA-avtalen.

Meteorologisk institutt

Likestillingsarbeidet ved Meteorologisk institutt (MET) har som mål å sikre alle like moglegheiter i tilsetjingsforholdet.

MET praktiserer ein lønnspolitikk som ikkje diskriminerer, der alle medarbeidarane skal ha moglegheita til ei lønnsmessig utvikling ut frå føresetnadene den enkelte har. Det skal førast ein lønnspolitikk som sikrar reell likelønn mellom kvinner og menn. For å avdekkje skeivskapar blir dei ulike lønnsstatistikkane gjennomgåtte under førebuingane til lokale lønnsforhandlingar. MET har som mål å auke kvinnedelen i stillingsgrupper der kvinner er underrepresenterte. I 2020 var desse identifiserte til leiarstillingar, forskarar og ingeniørar.

Totalt på MET var kvinnelønn 91,3 pst. av mannslønn i 2020. Dette er ein reduksjon på 0,3 prosentpoeng frå 2019. Utviklinga har i hovudsak to årsaker. I samband med lønnsforhandlingane for året var det berre lokale forhandlingar for Akademikerforeningen, der lønnstillegga vart gjevne med lik prosent til alle. Det var ikkje lønnsforhandlingar etter andre føresegner i HTA i 2020. Forholdet kvinnelønn–mannslønn kan ha blitt forskyvd som eit resultat av nytilsetjingar. Instituttet har tidlegare kartlagt og samanlikna tilsette i same stillingskategori ut frå alder, kompetanse og ansiennitet og har ikkje funne systematiske lønnsforskjellar.

38,4 pst. av dei tilsette på Instituttet er kvinner. I tre av stillingskategoriane – ingeniørar (hovudsakleg IT-stillingar), leiarar, forskarar – er kvinnedelen under 40 pst. Det vart tilsett 46 medarbeidarar i 2020, av desse 30 kvinner (65 pst.). Cirka 57 pst. av søkjarane var kvinner (37 pst. i 2019). Før stillingar blir kunngjorde, skal utlysingsteksten vurderast med sikte på å unngå formuleringar og krav som kan føre til at kvinner ikkje søkjer stillinga. Kvinner skal spesielt oppfordrast til å søkje i stillingskategoriar der kvinnene er underrepresenterte. Instituttet praktiserer moderat kjønnskvotering. Der det er tilstrekkeleg tal på kvalifiserte kvinner blant søkjarane, skal minst to innkallast til intervju. Tilsetjingsråda og alle leiarane skal ha kompetanse på likestillingskrava tilknytte tilsetjingssaker. Nye leiarar og tillitsvalde får løpande gjennomgang av tema.

Det vart tilsett i tre leiarstillingar i 2020, av desse ei kvinne. Kvinner søkte i alle tre stillingane, og det vart innstilt kvinner i ei av desse stillingane. Det vart tilsett 13 forskarar i 2020, av desse 6 kvinner. Kvinnedelen i forskarstillingane er 37 pst., 1 prosentpoeng lågare enn i 2019. Det er overvekt av menn som søkjer desse stillingane, spesielt i stillingar som også blir utlyste internasjonalt. Det vart tilsett fem i ingeniør/IT-stillingar i 2020, av desse fire kvinner. Kvinnedelen er auka frå 13,1 pst. i 2019 til 14,5 pst. i 2020. Cirka 10 pst. av dei tilsette er mellombels tilsett. Talet har auka noko for både kvinner og menn og er rundt 10 pst. for begge kjønn. Dei mellombels tilsette er i hovudsak knytte til mellombels eksternt finansierte forskingsoppdrag. Instituttet har ikkje stillingar som er baserte på deltid med bakgrunn i behov som instituttet sjølv har. Alle deltidsstillingar er knytte til at medarbeidarar sjølv har behov for redusert stilling. Det er ikkje avdekt andre årsaker til ønsket om deltid.

MET har ingen indikasjonar på at dei nasjonale eller lokale covid-19-tiltaka har påverka likestillingssituasjonen. Rekruttering av nye medarbeidarar er ikkje påverka, og instituttet er svært oppteke av arbeidsmiljøet.

Instituttet har ein handlingsplan for likestilling. Handlingsplanen inneheld overordna mål for rekruttering, lønn, profilering, representasjon i råd og utval, kompetanseutvikling – irekna spesielt for forskarar, nulltoleranse for uønskt kjønnsmessig merksemd/trakassering. Alle avdelingar skal årleg ha HMS-møte der leiarar, tillitsvalde og verneombod deltek. Mobbing/trakassering og mogleg diskriminerande praksis skal vere tema på desse møta.

Miljødirektoratet

Kjønnsfordelinga på etatsnivå i Miljødirektoratet viser noko overvekt av kvinner – med 55 pst. kvinner og 45 pst. menn. Kjønnsfordelinga held seg på same nivået som i fjor. Stillingsgruppa med størst avvik i kjønnsbalansen i 2020 er saksbehandlarar, der det er 34 pst. menn og 66 pst. kvinner. Med unntak av toppleiinga har alle andre stillingsgrupper også noko overvekt av kvinner. Toppleiinga har 50/50 prosentdel av menn og kvinner. Kontorstillingar har overvekt av menn, men her er talet på tilsette svært lågt (n = 8), slik at all ubalanse vil gje ein tydeleg prosentvis skeivskap.

Totalt for verksemda er det nesten ingen lønnsmessig forskjell mellom kjønna, kvinner har berre 0,1 prosentpoeng lågare lønn enn menn. Tidlegare år hadde kvinner 1 pst. lågare lønn. Størst forskjell mellom kjønna er det i toppleiinga, der kvinner tener 81 pst. av lønna til menn. Det er også forskjell på mellomleiarnivå, der kvinner tener 98 pst. av lønna menn får. Når det gjeld kontorstillingar, tener kvinner 54 prosentpoeng mindre enn menn, men utvalet er svært lite og inkluderer dessutan lærlingar som får lønna si berekna på ein annan måte. Direktoratet har fortløpande merksemda rette mot arbeidet med å utlikne lønnsforskjellar mellom kjønna. Truleg er forskjellane i lønnsnivå mellom kjønna ikkje er eit resultat av ei systematisk forskjellsbehandling, men kjem av tilfeldig variasjon. Det er framleis ein større del kvinner enn menn som jobbar deltid, sjølv om forskjellen har blitt noko mindre sidan i fjor. 4,1 pst. av kvinnene jobbar deltid, medan det berre er 2,6 pst. menn som gjer det. Over halvparten (53 pst.) av kvinnene som jobbar deltid, jobbar 80 pst. eller meir. 6,3 pst. kvinner var mellombels tilsette i 2020, medan 6,2 pst. menn hadde mellombelse stillingar i 2020 i Miljødirektoratet. Når det gjeld legemeldt sjukefråvær, har kvinner høgare fråvær enn menn, 2,8 pst. mot 1,5 pst. Skilnaden mellom kjønna er redusert sidan 2019.

Miljødirektoratet har rutinar for å sikre likestilling og forhindre diskriminering ved rekruttering. Vi jobbar aktivt med fysisk tilrettelegging for personar med nedsett funksjonsevne, graviditet og sjukefråvær, og vi har eit tett samarbeid med bedriftshelsetenesta om dette. I begge byane held vi til i moderne lokale med gode moglegheiter for fysisk tilrettelegging. Miljødirektoratet legg til rette for foreldrefråvær og anna omsorgsfråvær og følgjer føresegnene i HTA med omsyn til seniorpolitikk. Tilpassingsavtalen tek i vare dei krava som likestillings- og diskrimineringslova stiller til verksemda.

Det løpande arbeidet med å fremje likestilling og forhindre diskriminering inngår i HR-, HMS- og internkontrollarbeidet til direktoratet. På intranett blir tilsette oppfordra til å seie ifrå dersom ein opplever/kjenner til til dømes diskriminering på arbeidsplassen. Miljødirektoratet har gode, oppdaterte og tilgjengelege rutinar og prosessbeskrivingar for varsling av kritikkverdige forhold. Rutinen vart oppdatert ved årsskiftet 2019/2020, og det var planlagt eit implementeringsløp for 2020. Delar av planen vart gjennomført i løpet av 2020, men enkelte aktivitetar er utsette som følgje av covid-19-pandemien.

Etter at IA-avtalen vart avslutta, er det vedteke nye rammer og prosedyrar for praksisplassar i Miljødirektoratet. Følgjande grupper er vedtekne prioriterte:

  • falle ut av arbeidslivet av ulike årsaker/hòl i CV på meir enn to år

  • nedsett funksjonsevne

  • behov for språktrening (med mål om å bestå Bergenstesten)

Inntak av praksisplasskandidatar skjer alltid via HR som også hjelper leiarar med introduksjonsplan og oppfølging/evaluering. Miljødirektoratet har inngått samarbeidsavtale med NAV St. Hanshaugen, NAV Lerkendal og NAV Falkenborg om å hjelpe i å nå 5 pst.-målet i inkluderingsdugnaden og ved behov for bruk av verkemiddel til arbeidssøkjarar.

I 2020 rekrutterte direktoratet éin tilsett med hòl i CV og/eller nedsett funksjonsevne. I 2020 har det vore to etterfølgjande personar inne på praksisplass gjennom NAV. For begge vart det inngått avtale om mellombels praksisstilling med delvis NAV-tilskott. Avtalane vart forlengde etter første avtaleperioden. Den siste personen inngår som ein av dei tilsette i direktoratet under inkluderingsdugnaden for personar med nedsett funksjonsevne eller hòl i CV-en i 2020.

Erfaringa er at svært få søkjarar opplyser at dei har nedsett funksjonsevne og/eller hòl i CV-en, i 2020 utgjorde dette berre 3 pst. av søkjarmassen. Av desse er det ein god del som faktisk ikkje tilfredsstiller definisjonane og må vurderast på lik linje med andre søkjarar. Enkelte søkjarar vel også å ikkje gje opp at dei tilhøyrer desse gruppene, når dei søkjer. Miljødirektoratet jobbar aktivt med måla i inkluderingsdugnaden, og vi viser til eigne rapporteringar frå dette arbeidet.

Riksantikvaren

I 2020 tener menn 97 pst. av lønna kvinner får hos Riksantikvaren. I 2019 var den prosentvise fordelinga for menn 96 pst. Innanfor kategorien toppleiing er det 12,5 pst. menn og 87,5 pst. kvinner. Gjennomsnittleg månadslønn for menn er 98 pst. av gjennomsnittleg månadslønn for kvinner. Tilsvarande tal for 2019 for menn var 85 pst. Endringa kjem av at vi fram til 1. februar 2020 var i omstilling og hadde fleire som fungerte mellombels i leiargruppa i 2019. Den prosentvise fordelinga på lønn for mellomleiarar i 2020 er lik mellom kvinner og menn. Denne endringa kjem også av omstillinga frå ein mellombels organisasjon i 2019 til fast frå 1. februar 2020. For høgare lønte rådgjevarar (prosjektleiarar, fagdirektørar og seniorrådgjevarar) er den prosentvise fordelinga på lønn lik mellom kvinner og menn. For saksbehandlarar (rådgjevarar og førstekonsulentar) er gjennomsnittleg månadslønn for kvinner på 92 pst. Tilsvarande tal for 2019 var 96 pst. Endringa frå 2019 skriv seg frå at det er færre mannlege førstekonsulentar enn i 2019 (1 mannleg og 6 kvinnelege). Ser vi berre på rådgjevar, så er snittlønna for kvinner 96 pst. av snittlønna for menn.

Den kvinnelege prosentdelen blant tilsette hos Riksantikvaren har auka frå 2016 til 2019. I 2020 ser vi likevel ein nedgang for kvinnelege tilsette til 63 pst. Tala for 2019 var 34 pst. menn og 66 pst. kvinner. På mellomleiarnivå er kjønnsfordelinga i 2020 på 22 pst. menn og 78 pst. kvinner. Tilsvarande tal for 2019 var 23 pst. menn og 77 pst. kvinner. Når det gjeld høgare lønte rådgjevarar, har det vore ein auke i talet på menn til høvesvis 39 pst. i 2020 samanlikna med 34 pst. i 2019. For lågare saksbehandlarar er det ein nedgang på menn frå 39 pst. i 2019 til 36 pst. i 2020. For kontorstillingar er det berre ei stilling, denne er det ein mann som har.

Det var berre kvinner i deltidsstillingar hos Riksantikvaren i 2020, eit omfang på 6,3 pst. Av desse var det 2 mellombels tilsette og 4 fast tilsette. Av dei fast tilsette var det to på delvis AFP og to med uføregrad. Talet med redusert stillingsdel i 2019 var 8. Dei to mellombelse stillingane var innanfor to ulike fagområde. Ingen av dei to personane har jobba meir enn 50 pst. i stillinga si. I 2020 var det ingen på deltid som er ufrivillig.

Tilrettelegging for tilsette blir iverksett etter behov og er ein del av sjukefråværsoppfølginga hos Riksantikvaren. Tilrettelegging skjer ved å tilpasse arbeidstid og arbeidsmengd, eller i form av ordningar via NAV-systemet.

Riksantikvaren har rutine for å gjennomgå søkjarlister med sikte på å vurdere kandidatar med ikkje-vestleg bakgrunn til eventuelt intervju dersom vedkommande er kvalifisert. Gjennom rekrutteringssystemet Webcruiter som Riksantikvaren nyttar, kan søkjaren sjølv varsle om ikkje-vestleg bakgrunn. Riksantikvaren legg til rette for at tilsette med minoritetsbakgrunn kan få fri til kulturelle og religiøse høgtidsdagar etter føresegnene i Statens personalhåndbok. I 2020 var det ein tilsett som nytta denne moglegheita.

Tilrettelegging blir gjord fortløpande og ved behov. Det blir lagt vekt på fleksible løysingar med mellom anna heimekontor ved behov, fysioterapi, tilpassing av arbeidsoppgåver m.m. Behovet blir vurdert i samarbeid mellom den tilsette, leiar og HR.

Avgangsalderen hos Riksantikvaren er, som i tidlegare år, høg. For 2020 var den 68 år. Riksantikvaren arrangerer, i samarbeid med Statens Pensjonskasse, årleg pensjonsseminar for alle tilsette. I tillegg blir det tilbydd eit eige kurs for dei over 57 år. Kurset inneheld oppdatert informasjon om pensjonsordninga, individuell rådgjeving og eventuell pensjonsberekning. Alle leiarane blir også inviterte på seminara, slik at dei får nyttig påfyll av kompetanse med seg inn i samtalar som alle seniorane blir tilbydde som ein del av medarbeidarsamtalen. Tidleg planlegging av kompetanseoverføring blir også teke i vare i medarbeidarsamtalar og kombinert med tilrettelegging av arbeidsoppgåver ved behov.

Det blir årleg rapportert frå likestillings- og diskrimineringsområdet i tillegg til andre område på HR hos Riksantikvaren. Desse rapportane blir behandla i leiinga. Riksantikvaren har tidlegare ikkje hatt ein eigen handlingsplan for likestillingsarbeidet. Dette blir utarbeidd og forankra i AMU frå og med 2021.

Dei tiltaka Riksantikvaren har iverksett under covid-19-pandemien, har ikkje påverka likestillingssituasjonen i direktoratet. Tiltak som har vore iverksette, har blitt tilbydd tilsette som har hatt behov, uavhengig av kjønn. Det har blitt informert om alle tiltaka i felles informasjon til alle dei tilsette.

Norsk Polarinstitutt

Utarbeidd lønnsstatistikk for 2020 viser ingen store endringar i forhold til tidlegare år. Ein av grunnane til dette var at det var lite i potten under lønnsoppgjeret i 2020. Ved lønnsoppgjeret hausten 2021 vil instituttet halde fram med arbeidet med likelønn og forsterke innsatsen på området.

Norsk Polarinstitutt har som overordna mål å vere ein arbeidsplass der likestillingsperspektivet er ein integrert del av verksemda på alle nivåa. Målet er å nyttiggjere seg erfaringa og kunnskapen til alle dei tilsette med det formålet å skape ein mest mogleg effektiv arbeidsplass. Plan for likestilling vart vedteken i leiargruppa den 29. november 2017 for perioden 2018–2021, og arbeidet med ny plan starta våren 2021. I arbeidet deltek likestillingskontakt og to tilsette frå administrasjonen. I den nye planen til instituttet er arbeidet med kjønnsbalanse både ved rekruttering og opprykk, kompetanseutvikling i kjønnsperspektiv, ansvar for mangfald, arbeid mot trakassering og diskriminering og informasjonsarbeid internt spesielt vektlagde. Det blir arbeidd med å revidere planen instituttet har for lokal lønnspolitikk, i samarbeid med tillitsvalde, og ny plan skal vere klar i august. Likestillingselementet er vektlagt i utforminga av planen. Eventuelle kjønnsbundne lønnsforskjellar på alle nivåa skal kartleggjast og søkjast jamna ut ved dei lokale lønnsforhandlingane.

Likestilling har ikkje vore tema på leiarsamlingar i 2020. Dette heng saman med pandemien og bruken av heimekontor mesteparten av året. Det har difor berre vore korte digitale leiarsamlingar. Instituttet har arrangert foredrag om Gruppedynamikk, samspill og kommunikasjon i februar 2020. Mellom anna var problemstillingar omkring likestilling og kommunikasjon tema. Her deltok leiarar, verneombod, tillitsvalde og likestillingskontakt. Bedriftshelsetenesta vår, Hemis, var ansvarleg for foredraget. Vidare har det vore ført aktiv reklame internt for alle digitale kurs i statleg regi der likestilling, mangfald, diskriminering og rekruttering har vore tema. Instituttet deltek også i regi av Klima- og miljødepartementet på eit nettmøte/webinar til hausten med formål om å fremje mangfald i miljøfamilien. Til dette webinaret har instituttet laga ein film som set ønsket om mangfald i tilsettegruppa i fokus.

Norsk polarinstitutt har utarbeidd plan for universell utforming i 2010 for lokala. Intensjonen med planen er at instituttet skal vere ein arbeidsplass som fremjar like moglegheiter og rettar til samfunnsdeltaking for alle, uavhengig av funksjonsevne, og hindre diskriminering på grunn av nedsett funksjonsevne. Ved alle innkjøp av nye møblar blir det lagt vekt på å skape eit godt og inkluderande fysisk arbeidsmiljø.

Norsk Polarinstitutt fører ein livsfasetilpassa personalpolitikk som gjer det mogleg med eit livslangt arbeidsliv for alle tilsette, og som sikrar ein god balanse mellom familie, fritid og arbeid. Norsk Polarinstitutt har i 2011 revidert handlingsplan mot seksuell trakassering ved Norsk Polarinstitutt. Det har blitt vurdert at det førebels ikkje er behov for revisjon av denne planen.

Norsk Polarinstitutt skal vore ein likestilt arbeidsplass der kvinner og menn har like moglegheiter til medbestemming, innverknad og avansement i alle delar av organisasjonen. Likestilling skal vere integrert i det daglege arbeidet. Eventuelle kjønnsbundne lønnsforskjellar på alle nivåa skal kartleggjast og søkjast jamna ut ved dei lokale lønnsforhandlingane. Vi jobbar no med å revidere planen vår for lokal lønnspolitikk i samarbeid med våre tillitsvalde, og ny plan skal vere klar i august. Likestillingselementet er vektlagt i utforminga av planen.

Likestillingskonsekvensar av covid-19-pandemien

Koronakrisa har sett preg på heile samfunnet. Pandemien og tiltaka som er sette i verk for å avgrense smitte og å halde oppe aktiviteten i næringslivet og samfunnet, kan få ulike konsekvensar for ulike personar avhengig av kjønn, alder, etnisitet, religion og livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet osv.

Som offentleg styresmakt er departementa forplikta til å vurdere likestillingskonsekvensar i alt arbeidet sitt, jf. likestillings- og diskrimineringslova § 24 første ledd. Stortinget har i vedtak nr. 537 (2019–2020) bede regjeringa kartleggje effekten av koronakrisa på likestillingsfeltet og komme tilbake til Stortinget med resultat og funn på eigna måte. Klima- og miljødepartementet har ikkje funne likestillingsmessige konsekvensar av koronakrisa så langt i 2020 og 2021 innanfor miljøsektoren.

Kap. 1425 post 70 Tilskot til fiskeformål

Grunnlaget for denne posten er inntekter frå fiskaravgifta og jegeravgifta. Tilskot blir tildelt lag og organisasjonar og kan ytast til tiltak som fremjar at fleire kvinner deltek i fiske. Midlar frå denne posten er mellom anna nytta til kurs og opplegg mynta spesielt på kvinner og ikkje minst familiar. Det er innført ei eiga fiskaravgift for familiar som er grunngjeven med at fiske er ein fin familieaktivitet.

Internasjonalt klimaarbeid

Noreg arbeider aktivt for å sikre at vedtak under Klimakonvensjonen fremjar likestilling og ikkje-diskriminering. Noreg fremjar i forhandlingane aktivt posisjonar som skal styrkje involveringa frå og deltakinga til kvinner og urfolk i klimaarbeidet, særleg knytt til klimatilpassing og skog.

I oppbygginga av den internasjonale institusjonelle arkitekturen for klimaarbeid arbeider Noreg for balansert representasjon av kvinner og menn.

Noregs store satsing på å redusere utslepp frå tropisk skog, Klima- og skoginitiativet, arbeider òg målretta med å leggje vekt på likestilling. Særleg viktig i Klima- og skoginitiativet er det å ha ei forståing av korleis likestilling kan inkorporerast i nasjonale utviklingsplanar, for slik å få ein effekt under implementeringa av tiltak. I samarbeid med partnarland, slik som Indonesia, er det søkt å inkludere likestilling både i avtaleverk og i utviklinga og i implementeringa av tiltak. Departementet har drive kompetanseheving og utviklingsarbeid innan likestilling og REDD+, mellom anna i samarbeid med Norad og partnarorganisasjonar som FN.

Kulturminne og kulturmiljø

Riksantikvaren legg vekt på mangfald og likestilling i forvaltninga si og legg vinn på å vere representativ når det gjeld å velje ut kva for kulturminne som blir verna. Intensjonen er å femne livet og historia til både kvinner, menn og minoritetar. Dei fleste kulturminna er kjønnsnøytrale, og likestillingsaspektet er difor knytt til kjønnsfunksjonar og roller i heimen og i samfunnet. På nokre område kan det arbeidet som Riksantikvaren gjer, medverke til at det blir sett sterkare søkjelys på mangfaldet i befolkninga. Eit døme er verdiskapingsprogrammet på kulturminneområdet. I verdiskapingsprogrammet har Riksantikvaren arbeidd for at aktørar av begge kjønn er involverte i gjennomføringa av tiltak og deltek i nettverket til programmet. Arbeidet med dei sektorvise landsverneplanane medverkar vesentleg til å redusere tapet av verdifulle kulturminne og til å bevare breidda av dei. Dette inneber òg at omsynet til likestilling blir betre teke vare på, til dømes gjennom bevaring av anlegg med tilknyting til kvinner sin innsats og profesjonalisering innanfor helse- og omsorgssektoren.

Freda bygningar og anlegg har hatt ulike funksjonar og speglar dermed mellom anna kjønnsrollene i familie og samfunn gjennom tidene. Våningshus, stabbur, seteranlegg og tekstilfabrikkar medverkar til å synleggjere typiske rammer for arbeidet som kvinner har gjort. Dette gjeld i stor grad òg bustader generelt.

11.3 Tilsetjingsvilkår for leiarar i heileigde statlege føretak under Klima- og miljødepartementet

Enova SF

Administrerande direktør Nils Kristian Nakstad hadde ei lønn på 2 248 423 kroner i 2020. I tillegg fekk han 31 374 kroner i anna godtgjersle. Kostnadsførte pensjonsforpliktingar var 157 488 kroner.

Pensjonsordninga til administrerande direktør er basert på Statens pensjonskasses til kvar tid gjeldande reglar for pensjonsalder og aldersgrense, og samla kompensasjonsgrad skal ikkje overstige 66 pst. av lønna, og da avgrensa til 12 G.

Gjensidig oppseiingstid er seks månader. Han har ingen avtale om etterlønn.

Kings Bay AS og Bjørnøen AS

Lars-Ole Saugnes er administrerande direktør for begge selskapa. Selskapet skifta administrerande direktør i løpet av året, samla fekk administrerande direktør 1 524 894 kroner i samla godtgjersle, av dette er 1 424 041 kroner i fastlønn for 2020. Anna godtgjersle utgjorde 100 853 kroner. Selskapet har avtale om innskotspensjon for alle tilsette ut frå minimumskrav i lov om obligatorisk tenestepensjon.

Fotnotar

1.

Førebelse tal: https://www.ssb.no/natur-og-miljo/forurensning-og-klima/statistikk/utslipp-til-luft

2.

Norges miljøstatus for 2020, Miljødirektoratet 2020.

Til forsida