Forslag
Under Klima- og miljødepartementet blir i Prop. 1 S (2021–2022) statsbudsjettet for budsjettåret 2022 dei forslag til vedtak som følgjer, førde opp:
Kapitla 1400–1482, 4400–4481 og 5578
I
Utgifter:
Kap. | Post | Kroner | Kroner | ||
---|---|---|---|---|---|
Fellesoppgåver, forsking, internasjonalt arbeid m.m. | |||||
1400 | Klima- og miljødepartementet | ||||
01 | Driftsutgifter | 292 111 000 | |||
21 | Spesielle driftsutgifter | 75 973 000 | |||
50 | Heilskapleg profilering, grøne løysingar | 10 757 000 | |||
51 | Den naturlege skulesekken | 5 000 000 | |||
70 | Frivillige klima- og miljøorganisasjonar samt klima- og miljøstiftelsar | 53 907 000 | |||
71 | Internasjonale organisasjonar | 88 814 000 | |||
74 | Tilskot til AMAP, kan overførast | 5 296 000 | |||
76 | Støtte til nasjonale og internasjonale miljøtiltak, kan overførast | 143 122 000 | 674 980 000 | ||
1410 | Kunnskap om klima og miljø | ||||
21 | Miljødata | 414 306 000 | |||
23 | MAREANO, kan overførast | 47 730 000 | |||
50 | Grunnløyvingar under Noregs forskingsråd til miljøforskingsinstitutta | 221 190 000 | |||
51 | Forskingsprogram under Noregs forskingsråd | 385 690 000 | |||
53 | Internasjonalt samarbeid om miljøforsking | 7 419 000 | |||
70 | Nasjonale oppgåver ved miljøforskingsinstitutta | 40 756 000 | |||
72 | Tilskot til NORCE - Senter for biotryggleik | 5 448 000 | 1 122 539 000 | ||
1411 | Artsdatabanken | ||||
01 | Driftsutgifter | 32 658 000 | |||
21 | Spesielle driftsutgifter, kan overførast, kan nyttast under post 70 | 10 656 000 | |||
70 | Tilskot til artar og naturtypar, kan overførast, kan nyttast under post 21 | 27 159 000 | 70 473 000 | ||
1412 | Meteorologiformål | ||||
50 | Meteorologisk institutt | 360 612 000 | |||
70 | Internasjonale samarbeidsprosjekt | 129 100 000 | 489 712 000 | ||
Sum Fellesoppgåver, forsking, internasjonalt arbeid m.m. | 2 357 704 000 | ||||
Klima, naturmangfald og forureining | |||||
1420 | Miljødirektoratet | ||||
01 | Driftsutgifter | 725 138 000 | |||
21 | Spesielle driftsutgifter | 317 333 000 | |||
22 | Statlege vassmiljøtiltak | 274 449 000 | |||
23 | Oppdrags- og gebyrrelatert verksemd, kan overførast | 149 508 000 | |||
30 | Statlege tileigningar, bevaring av viktige friluftslivsområde, kan overførast | 30 891 000 | |||
31 | Tiltak i verneområde, kan overførast | 93 419 000 | |||
32 | Statlege tileigningar, fylkesvise verneplanar, kan overførast | 1 025 000 | |||
33 | Statlege tileigningar, nytt landbasert vern, kan overførast | 6 700 000 | |||
34 | Statlege tileigningar, nasjonalparkar, kan overførast | 2 256 000 | |||
35 | Statlege tileigningar, skogvern, kan overførast | 435 727 000 | |||
36 | Statlege tileigningar, marint vern, kan overførast | 1 231 000 | |||
37 | Skogplanting, vidareføring av pilotprosjekt for stadeigne treslag, kan overførast | 5 120 000 | |||
38 | Restaurering av myr og anna våtmark, kan overførast | 21 090 000 | |||
39 | Oppryddingstiltak, kan overførast, kan nyttast under postane 69 og 79 | 12 483 000 | |||
60 | Tilskot for å vareta naturmangfald i kommuneplanlegging | 3 026 000 | |||
61 | Tilskot til klimatiltak og klimatilpassing, kan overførast | 222 838 000 | |||
62 | Tilskot til grøn skipsfart, kan overførast | 87 157 000 | |||
63 | Returordning for kasserte fritidsbåtar | 700 000 | |||
64 | Skrantesjukeprøver frå fallvilt | 1 200 000 | |||
65 | Tiltak i kommunar med ulverevir i Hedmark, Akershus og Østfold | 20 560 000 | |||
66 | Tilskot til kommunar for å betre tilgangen til strandsona langs Oslofjorden | 3 000 000 | |||
69 | Oppryddingstiltak, kan overførast, kan nyttast under postane 39 og 79 | 125 962 000 | |||
70 | Tilskot til vassmiljøtiltak, kan overførast | 47 905 000 | |||
71 | Marin forsøpling, kan overførast | 50 290 000 | |||
72 | Erstatning for beitedyr tekne av rovvilt, overslagsløyving | 144 548 000 | |||
73 | Tilskot til rovvilttiltak, kan overførast | 79 575 000 | |||
74 | CO2-kompensasjonsordning for industrien | 2 800 000 000 | |||
75 | Utbetaling for vrakpant og tilskot til kjøretøy og fritidsbåtar, overslagsløyving | 528 000 000 | |||
76 | Refusjonsordningar, overslagsløyving | 175 500 000 | |||
77 | Ymse organisasjonar og stiftelsar m.m. | 16 843 000 | |||
78 | Friluftsformål, kan overførast | 181 798 000 | |||
79 | Oppryddingstiltak, kan overførast, kan nyttast under postane 39 og 69 | 450 000 | |||
81 | Naturarv og kulturlandskap, kan overførast | 69 527 000 | |||
82 | Tilskot til trua artar og naturtypar, kan overførast | 43 919 000 | |||
83 | Tilskot til tiltak mot framande artar, kan overførast | 4 104 000 | |||
84 | Internasjonalt samarbeid | 5 651 000 | |||
85 | Naturinformasjonssenter, kan overførast | 82 801 000 | 6 771 724 000 | ||
1422 | Miljøvennleg skipsfart | ||||
21 | Spesielle driftsutgifter | 8 268 000 | |||
70 | Tilskot til private, kan nyttast under post 21 | 33 025 000 | 41 293 000 | ||
1423 | Radioaktiv forureining i det ytre miljø | ||||
01 | Driftsutgifter | 36 907 000 | 36 907 000 | ||
1424 | Senter mot marin forsøpling | ||||
01 | Driftsutgifter | 23 643 000 | |||
21 | Spesielle driftsutgifter | 1 000 000 | 24 643 000 | ||
1425 | Fisketiltak | ||||
21 | Spesielle driftsutgifter | 300 000 | |||
70 | Tilskot til fiskeformål, kan overførast | 16 743 000 | 17 043 000 | ||
1428 | Enova SF | ||||
50 | Overføring til Klima- og energifondet | 3 384 013 000 | 3 384 013 000 | ||
Sum Klima, naturmangfald og forureining | 10 275 623 000 | ||||
Kulturminne og kulturmiljø | |||||
1429 | Riksantikvaren | ||||
01 | Driftsutgifter | 151 693 000 | |||
21 | Spesielle driftsutgifter | 31 155 000 | |||
22 | Fleirårige prosjekt kulturminneforvaltning, kan overførast | 23 734 000 | |||
60 | Kulturminnearbeid i kommunane | 8 824 000 | |||
70 | Tilskot til automatisk freda og andre arkeologiske kulturminne, kan overførast | 39 026 000 | |||
71 | Tilskot til freda kulturminne i privat eige, kulturmiljø og kulturlandskap, kan overførast | 142 759 000 | |||
72 | Tilskot til tekniske og industrielle kulturminne, kan overførast | 58 554 000 | |||
73 | Tilskot til bygningar og anlegg frå mellomalderen og brannsikring, kan overførast | 59 072 000 | |||
74 | Tilskot til fartøyvern, kan overførast | 70 605 000 | |||
75 | Tilskot til fartøyvernsenter, kan overførast | 15 557 000 | |||
77 | Tilskot til verdiskapingsarbeid på kulturminneområde, kan overførast | 8 446 000 | |||
79 | Tilskot til verdsarven, kan overførast | 59 372 000 | 668 797 000 | ||
1432 | Norsk kulturminnefond | ||||
50 | Til disposisjon for kulturminnetiltak | 121 340 000 | 121 340 000 | ||
Sum Kulturminne og kulturmiljø | 790 137 000 | ||||
Nord- og polarområda | |||||
1471 | Norsk Polarinstitutt | ||||
01 | Driftsutgifter | 242 578 000 | |||
21 | Spesielle driftsutgifter, kan overførast | 102 364 000 | |||
50 | Stipend | 546 000 | 345 488 000 | ||
1472 | Svalbards miljøvernfond | ||||
50 | Overføringar til Svalbards miljøvernfond | 10 329 000 | 10 329 000 | ||
1473 | Kings Bay AS | ||||
70 | Tilskot | 36 946 000 | 36 946 000 | ||
1474 | Fram - Nordområdesenter for klima- og miljøforsking | ||||
01 | Driftsutgifter, kan nyttast under postane 50 og 70 | 247 000 | |||
50 | Tilskot til statlege mottakarar, kan overførast, kan nyttast under post 70 | 25 020 000 | |||
70 | Tilskot til private mottakarar, kan overførast, kan nyttast under post 50 | 29 001 000 | 54 268 000 | ||
Sum Nord- og polarområda | 447 031 000 | ||||
Internasjonalt klimaarbeid | |||||
1481 | Klimakvotar | ||||
01 | Driftsutgifter, kan overførast | 2 611 000 | |||
22 | Internasjonalt samarbeid om utsleppsreduksjonar, kan overførast | 100 000 000 | 102 611 000 | ||
1482 | Internasjonale klima- og utviklingstiltak | ||||
01 | Driftsutgifter | 100 311 000 | |||
73 | Klima- og skogsatsinga, kan overførast | 2 981 543 000 | 3 081 854 000 | ||
Sum Internasjonalt klimaarbeid | 3 184 465 000 | ||||
Sum departementets utgifter | 17 054 960 000 |
Inntekter:
Kap. | Post | Kroner | Kroner | ||
---|---|---|---|---|---|
Fellesoppgåver, forsking, internasjonalt arbeid m.m. | |||||
4400 | Klima- og miljødepartementet | ||||
02 | Ymse inntekter | 482 000 | |||
03 | Refusjon frå Utanriksdepartementet | 29 585 000 | 30 067 000 | ||
4411 | Artsdatabanken | ||||
02 | Ymse inntekter | 429 000 | 429 000 | ||
Sum Fellesoppgåver, forsking, internasjonalt arbeid m.m. | 30 496 000 | ||||
Klima, naturmangfald og forureining | |||||
4420 | Miljødirektoratet | ||||
01 | Oppdrag og andre ymse inntekter | 8 028 000 | |||
04 | Gebyr, forureiningsområdet | 49 270 000 | |||
06 | Gebyr, statsforvalterembetas miljøvernavdelingar | 37 595 000 | |||
07 | Gebyr, kvotesystemet | 5 980 000 | |||
09 | Internasjonale oppdrag | 47 878 000 | 148 751 000 | ||
4423 | Radioaktiv forureining i det ytre miljø | ||||
01 | Gebyr, radioaktiv forureining | 1 048 000 | 1 048 000 | ||
Sum Klima, naturmangfald og forureining | 149 799 000 | ||||
Kulturminne og kulturmiljø | |||||
4429 | Riksantikvaren | ||||
02 | Refusjonar og ymse inntekter | 2 721 000 | |||
09 | Internasjonale oppdrag | 3 420 000 | 6 141 000 | ||
Sum Kulturminne og kulturmiljø | 6 141 000 | ||||
Nord- og polarområda | |||||
4471 | Norsk Polarinstitutt | ||||
01 | Sals- og utleigeinntekter | 6 814 000 | |||
03 | Inntekter frå ymse tenesteyting | 66 804 000 | |||
21 | Inntekter, Antarktis | 14 924 000 | 88 542 000 | ||
Sum Nord- og polarområda | 88 542 000 | ||||
Klimakvotar | |||||
4481 | Sal av klimakvotar | ||||
01 | Salsinntekter | 1 642 921 000 | 1 642 921 000 | ||
Sum Klimakvotar | 1 642 921 000 | ||||
Skattar og avgifter | |||||
5578 | Sektoravgifter under Klima- og miljødepartementet | ||||
70 | Sektoravgifter under Svalbards miljøvernfond | 10 341 000 | |||
72 | Fiskaravgifter | 18 264 000 | |||
73 | Påslag på nettariffen til Klima- og energifondet | 690 000 000 | 718 605 000 | ||
Sum Skattar og avgifter | 718 605 000 | ||||
Sum departementets inntekter | 2 636 504 000 |
Fullmakter til å overskride gjevne løyvingar
II
Meirinntektsfullmakter
Stortinget samtykkjer i at Klima- og miljødepartementet i 2022 kan:
overskride løyvinga under | mot tilsvarande meirinntekter under |
---|---|
kap. 1400 post 01 | kap. 4400 post 02 |
kap. 1411 post 21 | kap. 4411 post 02 |
kap. 1420 post 01 | kap. 4420 post 01 |
kap. 1420 post 23 | kap. 4420 postane 04, 06 og 09 |
kap. 1423 post 01 | kap. 4423 post 01 |
kap. 1424 post 01 | kap. 4424 post 01 |
kap. 1429 post 01 | kap. 4429 postane 02 og 09 |
kap. 1471 post 01 | kap. 4471 postane 01 og 03 |
kap. 1471 post 21 | kap. 4471 post 21 |
kap. 1472 post 50 | kap. 5578 post 70 |
Meirinntekt som gjev grunnlag for overskriding, skal også dekkje meirverdiavgift knytt til overskridinga, og påverkar difor også kap. 1633, post 01 for dei statlege forvaltningsorgana som inngår i nettoordninga for meirverdiavgift.
Meirinntekter og eventuelle mindreinntekter blir tekne med i berekninga av overføring av ubrukt løyving til neste år.
III
Fullmakt til overskridingar
Stortinget samtykkjer i at Klima- og miljødepartementet i 2022 kan:
1. overskride løyvinga på kap. 1481 Klimakvotar, post 01 Driftsutgifter, til dekning av honorar, transaksjonskostnader og utgifter til fagleg bistand i samband med sal av klimakvotar.
2. overskride løyvinga på kap. 1481 Klimakvotar, post 22 Internasjonalt samarbeid om utsleppsreduksjonar, med eit beløp som svarer til inntekter frå sal av klimakvotar under statens kvotekjøpsprogram som er rekneskapsført på kap. 4481 Sal av klimakvotar, post 01 Salsinntekter.
Fullmakter til å pådra staten forpliktingar utover løyvingar som er gjevne
IV
Kjøp av klimakvotar
Stortinget samtykkjer i at Klima- og miljødepartementet i 2022 kan inngå avtalar om kjøp av klimakvotar innanfor ei samla ramme på 1 150 mill. kroner for gamle og nye forpliktingar under kap. 1481 Klimakvotar, post 22 Internasjonalt samarbeid om utsleppsreduksjonar. I tillegg blir fullmakta om at Klima- og miljødepartementet kan gje tilsegn om 16 mill. kroner i kjernestønad til Global Green Institute (GGGI) frå kvotekjøpsprogrammet fordelte på åra 2022 og 2023 vidareført.
V
Bestillingsfullmakter
Stortinget samtykkjer i at Klima- og miljødepartementet i 2022 kan gjere bestillingar utover gjevne løyvingar, men slik at samla ramme for nye bestillingar og gammalt ansvar ikkje overstig følgjande beløp:
Kap. | Post | Nemning | Samla ramme |
---|---|---|---|
1411 | Artsdatabanken | ||
21 | Spesielle driftsutgifter | 11,3 mill. kroner | |
1420 | Miljødirektoratet | ||
31 | Tiltak i verneområde | 8 mill. kroner | |
32 | Statlege tileigningar, fylkesvise verneplaner | 0,4 mill. kroner | |
33 | Statlege tileigningar, nytt landbasert vern | 5 mill. kroner | |
35 | Statlege tileigningar, skogvern | 351,3 mill. kroner | |
36 | Statlege tileigningar, marint vern | 2,8 mill. kroner | |
38 | Restaurering av myr og anna våtmark | 0,9 mill. kroner |
VI
Tilsegnsfullmakter
Stortinget samtykkjer i at Klima- og miljødepartementet i 2022 kan gje tilsegn om tilskot utover løyvingar som er gjevne, men slik at samla ramme for nye tilsegner og gammalt ansvar ikkje overstig følgjande beløp:
Kap. | Post | Nemning | Samla ramme |
---|---|---|---|
1411 | Artsdatabanken | ||
70 | Tilskot til artar og naturtypar | 10,6 mill. kroner | |
1420 | Miljødirektoratet | ||
30 | Statlege tileigningar, bevaring av viktige friluftslivsområde | 55 mill. kroner | |
61 | Tilskot til klimatiltak og klimatilpassing | 400,5 mill. kroner | |
62 | Tilskot til grøn skipsfart | 117 mill. kroner | |
71 | Marin forsøpling | 15 mill. kroner | |
78 | Friluftsformål | 3 mill. kroner | |
1428 | Enova SF | ||
50 | Overføring til Klima- og energifondet | 400 mill. kroner | |
1429 | Riksantikvaren | ||
70 | Tilskot til automatisk freda og andre arkeologiske kulturminne | 61 mill. kroner | |
71 | Tilskot til freda kulturminne i privat eige, kulturmiljø og kulturlandskap | 60 mill. kroner | |
72 | Tilskot til tekniske og industrielle kulturminne | 10 mill. kroner | |
73 | Tilskot til bygningar og anlegg frå mellomalderen og brannsikring | 10 mill. kroner | |
74 | Tilskot til fartøyvern | 15 mill. kroner | |
75 | Tilskot til fartøyvernsenter | 1,5 mill. kroner | |
77 | Tilskot til verdiskapingsarbeid på kulturminneområde | 4 mill. kroner | |
79 | Tilskot til verdsarven | 21 mill. kroner | |
1482 | Internasjonale klima- og utviklingstiltak | ||
73 | Klima- og skogsatsinga | 2 320 mill. kroner |
VII
Fullmakt til å inngå forpliktingar
Stortinget samtykkjer i at Klima- og miljødepartementet i 2022 kan pådra forpliktingar for framtidige år til å kjøpe inn materiell og til å gje tilsegn om tilskot utover gjevne løyvingar under kap. 1420 Miljødirektoratet, postane 39, 69 og 79 Oppryddingstiltak, men slik at samla ramme for nye forpliktingar og gammalt ansvar ikkje overstig 113,3 mill. kroner.
Andre fullmakter
VIII
Utbetaling av tilskot
Stortinget samtykkjer i at Klima- og miljødepartementet i 2022 får unntak frå føresegnene i stortingsvedtak av 8. november 1984 om utbetalingar av gjevne løyvingar på følgjande måte:
1. Utbetalingar av tilskot til utviklingsformål kan gjerast éin gong i året for FNs klima- og skogprogram, FNs kontor for narkotika og kriminalitet (UNODC), Verdsbankens Forest Carbon Partnership Facility, Forest Investment Program, BioCarbon Fund plus og Kreditanstalt für Wiederaufbau (KfW).
2. Utbetalingar av kjernebidrag til Global Green Growth Institute kan gjerast i medhald av regelverket til organisasjonen.
3. Utbetalingar av tilskot til Det grøne klimafondet (GCF) og til fond forvalta av FNs Multi Partner Trust Fund og Inter-American Development Bank (IDB) kan skje i medhald av regelverket for det enkelte fondet.
IX
Utbetaling for framtidige utsleppsreduksjonar
Stortinget samtykkjer i at Klima- og miljødepartementet i 2022 får unntak frå føresetnadene i stortingsvedtak av 8. november 1984 om utbetalingar av gjevne løyvingar gjennom at tilskot til Emergent Forest Financing Accelerator kan utbetalast med det formål å betale for framtidige verifiserte utsleppsreduksjonar.
X
Utbetaling av tilskot til offentleg-privat samarbeid
Stortinget samtykkjer i at Klima- og miljødepartementet i 2022 får unntak frå føresetnadene i stortingsvedtak av 8. november 1984 om at utbetaling av gjevne løyvingar berre skal skje ved behov, slik at det kan utbetalast tilskot til risikoreduksjon for investeringar i avskogingsfri og berekraftig råvareproduksjon i tråd med kriteria for kap. 1482 Internasjonale klima- og utviklingstiltak, post 73 Klima- og skogsatsinga.
XI
Utbetaling av renter på tilskot
Stortinget samtykkjer i at opptente renter på tilskot som er utbetalte frå Noreg under Klima- og skogsatsinga på kap. 1482, post 73, kan nyttast til tiltak etter avtale mellom Klima- og miljødepartementet og den enkelte mottakaren.
XII
Omgjering av lån på vilkår til tilskot
Stortinget samtykkjer i at Klima- og miljødepartementet i 2022 kan gje Enova SF fullmakt til å omgjere lån på vilkår frå Klima- og energifondet til tilskot etter førehandsdefinerte og føreseielege kriterium.
Andre vedtak
XIII
Oppheving av oppmodingsvedtak
Vedtak 1007, 27. mai 2021 blir oppheva.