Del 4
Rapportering etter Lov om klimamål (klimaloven)
12 Innleiing
12.1 Klimautfordringa
Dei menneskeskapte klimaendringane vil føre til alvorlege og irreversible konsekvensar for dyr, natur og menneske over heile kloden. Endringane skjer allereie, og dei skjer raskt. Dei er synlege i Noreg. Vi må førebu samfunnet og tilpasse oss eit klima i endring. Kampen mot klimaendringane krev at vi saman handlar kraftfullt for å kutte utsleppa av klimagassar i ein global dugnad. Våre handlingar no blir avgjerande for framtida.
Klimautfordringa er global, men utsleppa skjer gjennom handlingar og prosessar lokalt. Noreg har, saman med nesten alle landa i verda, forplikta seg gjennom Parisavtalen til å kutte i utsleppa av klimagassar. Parisavtalen var eit vendepunkt for verdssamarbeidet på klimaområdet og representerer, saman med FNs klimakonvensjon, eit solid rammeverk for den framtidige globale klimainnsatsen. Målet i Parisavtalen er å halde auken i den globale gjennomsnittstemperaturen godt under 2 gradar samanlikna med førindustrielt nivå og arbeide for å avgrense temperaturauken til 1,5 gradar. Evna til å handtere skadeverknadene av klimaendringane skal styrkjast i landa, og finansstraumar skal stå meir i samsvar med ei klimarobust lågutsleppsutvikling.
Med Parisavtalen tek alle statar på seg å utarbeide, melde inn, halde ved lag og rapportere på suksessive nasjonalt fastsette bidrag og å setje i verk nasjonale tiltak med sikte på å nå dei nasjonalt fastsette bidraga sine. Samstundes vil måla i Parisavtalen ikkje kunne nåast utan at dei samla nasjonalt fastsette bidraga til landa blir heva samanlikna med det som er meldt inn. Parisavtalen er strukturert slik at land skal melde inn nye eller forsterke dei nasjonalt fastsette bidraga sine kvart femte år. Dette skal medverke til at den globale innsatsen blir styrkt over tid. Dei nye eller oppdaterte nasjonalt fastsette bidraga skal representere dei høgaste moglege ambisjonane i landa og utgjere ein progresjon frå førre målet.
12.2 Noregs klimalov og rapporteringa etter lova
Klimalova tok til å gjelde 1. januar 2018 og skal fremje gjennomføring av Noregs klimamål som ledd i omstillinga til eit lågutsleppssamfunn i Noreg i 2050. Klimamåla for 2030 og 2050 er lovfesta i lova. I juni 2021 vedtok Stortinget å endre klimamåla for 2030 og 2050 i klimalova. Både klimamålet for 2030 og 2050 vart forsterka. Endringane i klimalova inneber at målet for 2030 er at klimagassutsleppa skal reduserast med minst 50 pst. og opp mot 55 pst. Vidare vart klimamålet for 2050 endra slik at utsleppa skal reduserast med 90–95 pst.
Klimalova innfører ein syklus med ein gjennomgang av klimamåla kvart femte år etter same prinsippet som Parisavtalen. For å fremje omstillinga til eit lågutsleppssamfunn skal regjeringa kvart femte år leggje fram for Stortinget oppdaterte klimamål. Dette vart gjort for første gongen i 2020.
Lova skal styrkje openheit og brei demokratisk forankring av norsk klimapolitikk, da det er lovfesta at Stortinget regelmessig skal få informasjon om status og framdrift i arbeidet med Noregs klimamål. Ifølgje § 6 i klimalova skal det gjerast greie for desse punkta:
Korleis Noreg kan nå klimamåla sine
Utviklinga i utslepp og opptak, framskrivingar og gjennomføring av klimamåla
Sektorvise utsleppsbanar for ikkje-kvotepliktige utslepp og kva for type tiltak som vil vere nødvendig for å realisere desse
Status for Noregs utsleppsbudsjett
Klimaeffekten av framlagt budsjett
Korleis Noreg førebur seg på og tilpassar seg klimaendringane
Del IV i Prop. 1 S (2021–2022) er den årlege rapporteringa frå regjeringa i tråd med § 6 i klimalova.
Form og innhald ved rapportering etter § 6 i klimalova vil bli utvikla vidare over tid. Det tekniske berekningsutvalet for klima vil mellom anna gje råd om forbetringar av metodane for tiltaks- og verkemiddelanalysar og foreslå metodar for utrekning av klimaeffektar av budsjettet. Det bør medverke til å forbetre metodane og rapporteringa på sikt. Utvalet la fram sin tredje rapport i juli 2021. Sjå boks 12.1 for meir om dette.
Boks 12.1 Teknisk berekningsutval for klima
Teknisk berekningsutval for klima vart nedsett i juni 2018, og i 2020 vart det vedteke å føre vidare utvalet for perioden 23. juni 2020 til 23. juni 2023. Utvalet har i oppgåve å foreslå metodar for berekning av klimaeffekt av statsbudsjettet og gje råd om forbetringar i metodane for tiltaks- og verkemiddelanalysar. Utvalet har levert tre rapportar. I den første rapporten som vart levert sommaren 2019, såg utvalet først og fremst på metoden for tiltaksanalysar. Den andre rapporten som vart levert sommaren 2020, ser nærmare på metodar for verkemiddelanalysar på klimaområdet og metodar for å berekne klimaeffekten av statsbudsjettet. Den tredje rapporten som vart lagt fram sommaren 2021, samanfattar aktiviteten og råda frå den tredje perioden frå utvalet. I den tredje perioden har utvalet jobba med ein rapport om makroøkonomiske modellar som skal publiserast hausten 2021, ei vidareføring av arbeidet med metodar for utrekning av klimaeffekt av statsbudsjettet og etablert kontakt med relevante modellmiljø i Sverige, Danmark og Finland.
12.3 Kva har skjedd det siste året?
Det siste året har vi sett korleis klimaendringar påverkar oss, både i Noreg og i verda. Sommaren 2021 har vore prega av ekstremvêr. Vi har opplevd styrtregn, flaum og tørke. Skogbrannar har herja fleire stader i verda. I august kom FNs klimapanel med ein ny rapport som slår fast at klimaet endrar seg på ein måte vi ikkje har sett maken til på fleire tusen år. Får vi ikkje redusert utsleppa frå verda raskt og kraftig, vil vi sjå meir av ekstremvêr, korte vintrar og smeltande isbrear.
Året med ekstremvêr og den tydelege rapporten frå FNs klimapanel understrekar alvoret og viktigheita av at alle landa i verda bidreg med raske og omfattande utsleppskutt. Heldigvis skjer det også mykje positivt arbeid både globalt og i Noreg for å kutte utslepp av klimagassar.
Fleire store økonomiar har forsterka måla sine under Parisavtalen. I desember 2020 forsterka EU klimamålet sitt for 2030. Dei vil redusere netto utslepp med minst 55 pst. USA, Canada, Japan og Storbritannia har også auka måla sine vesentleg.
EU-kommisjonen har også lagt fram ein ambisiøs klimapakke («Fit for 55») med forslag til regelverk som skal hjelpe EU å nå klimamålet for 2030. Denne inneheld konkrete og nyskapande forslag til korleis Europa skal oppfylle Parisavtalen. Noreg har eit tett klimasamarbeid med EU. Det er positivt at EUs vedtak om å forsterke klimamålet no blir følgt opp med forslag til korleis målet skal gjennomførast.
Nasjonalt har vi fått ein ambisiøs klimaplan som viser korleis Noreg skal oppfylle klimamålet, omstille heile samfunnet fram mot 2030 og samstundes skape grøn vekst. Klimaplanen legg hovudvekta på dei ikkje-kvotepliktige utsleppa. Det vil seie utslepp frå transport, avfall, jordbruk, bygg og delar av utsleppa frå industri og olje- og gassverksemd. Planen omhandlar også EUs kvotesystem der det meste av utsleppa frå industrien og frå olje- og gassverksemda inngår. Planen tek i tillegg for seg CO2-opptak og klimagassutslepp frå skog- og arealbruk.
Sidan planen vart lagt fram, har det skjedd nokre endringar i utsleppstala som vil ha konsekvensar for korleis vi ligg an til å nå mål for 2030. I samband med SSBs framlegging av statistikken for utslepp til luft retta dei tala for salet av marine gassoljar og autodiesel tilbake til 2012. Utsleppa frå innanriks sjøfart vart seinare retta ein gong til, da tilbake til 1990. Rettingane inneber at utsleppa frå innanriks sjøfart og fiske og vegtrafikk er høgare enn tidlegare rapportert og høgare enn det som vart lagt til grunn i klimaplanen. Dette er nærmare forklart i kapittel 13.
Ifølgje førebelse tal frå Statistisk sentralbyrå som vart lagde fram 8. juni 2021 (retta 30. juni), var utsleppa i 2020 på 49,3 mill. tonn. Utsleppa er på sitt lågaste nivå sidan 1993. Vi har sidan 2015 sett ein nedgåande trend i utsleppa.
Pandemien har gjeve lågare utslepp frå vegtrafikk og luftfart, og det er ein stor bidragsytar til nedgangen i utslepp i 2020. Klimapolitikken har òg bidrege til utsleppskutt. I 2020 var det fleire elbilar enn nokon gong på norske vegar. Det bidreg til at utsleppa per kilometer vi køyrer, blir mindre. Utslepp frå oppvarming i andre næringar og hushald har gått ned som følgje av forbodet mot bruk av fyringsolje til oppvarming av bygg som regjeringa innførte frå og med 2020. Sjølv om oljeproduksjonen i 2020 var høgare enn i 2019, gjekk utsleppa ned med litt over 4 pst. Nedgangen kjem av lengre opphald i produksjonen og av mindre brenning av gass på sokkelen.
I planen varsla regjeringa at ho i dei årlege klimalovrapporteringane vil gjere greie for gjennomføringa av klimaplanen og framdrift mot klimamålet 2030. Dei årlege klimalovrapporteringane vil framover gje eit bilete av om det er behov for å justere kursen. Klimaplanen gjeld for åra 2021–2030, og med andre ord er vi i heilt i starten av perioden. Planen til regjeringa vart behandla i Stortinget i mai. Rapporteringa frå korleis planen blir følgd opp, vil innehalde meir informasjon om framgang jo lenger ut i perioden ein kjem, og etter kvart som verkemidla i planen blir implementerte og vi ser effekten av desse.
13 Klimamål for 2030 og 2050
13.1 Innleiing
Ifølgje klimalova § 6 skal det gjerast greie for korleis Noreg kan nå klimamåla, og gjennomføringa av dei, som nemnt i §§ 3–5, også innanfor eit klimasamarbeid med EU om felles oppfylling av klimamål. Det skal òg ifølgje klimalova gjerast greie for Noregs karbonbudsjett. Med samarbeid med EU får Noreg eit utsleppsbudsjett for ikkje-kvotepliktige utslepp i perioden 2021–2030. I dette kapittelet er det gjort greie for dette.
13.2 2030-målet
13.2.1 Innleiing
Noregs forsterka klimamål for 2030 under Paris-avtalen er å redusere utsleppa av klimagassar med minst 50 pst. og opp mot 55 pst. i 2030 samanlikna med nivået i 1990. Regjeringa ønskjer å oppfylle det forsterka målet saman med EU. Gjennom klimaavtalen med EU har Noreg allereie forplikta seg til å samarbeide med EU om å redusere utsleppa med minst 40 pst. innan 2030 samanlikna med 1990-nivået (sjå nærmare omtale av klimaavtalen i kapittel 13.2.3 under).
I april la regjeringa fram forslag om å endre klimalova i Prop. 182 L (2020–2021) Endringar i klimaloven (klimamål 2030 og 2050). I juni 2021 vedtok Stortinget å endre det lovfesta klimamålet for 2030 i tråd med målet Noreg har meldt inn under Parisavtalen.
13.2.2 EUs forsterka klimamål for 2030
EU vedtok 11. desember 2020 eit forsterka klimamål for 2030. Det oppdaterte målet vart meldt inn under Parisavtalen 18. desember 2020. Målet er å redusere nettoutsleppet med minst 55 pst. innan 2030 samanlikna med referanseåret 1990. EU har også vedteke eit mål om å vere klimanøytrale i 2050. EUs klimanøytralitetsmål inneber at det skal vere balanse mellom utslepp og opptak av klimagassar frå EUs territorium seinast i 2050. Det vil seie at utsleppet skal vere netto null. Som ein konsekvens av klimanøytralitetsmålet for 2050 har EU også innretta det nye klimamålet sitt for 2030 som eit mål der alt utslepp og opptak blir rekna inn i referanseåret 1990, og målet om 55 pst. reduksjon i 2030 blir rekna ut frå dette grunnlaget. I EUs førre klimamål var ikkje skog- og arealbruk inkludert i referanseåret 1990, og bidrag frå CO2-opptak frå skog- og arealbruk vart sett til null i målåret 2030.
EUs nye mål der CO2-opptak i skog og andre areal blir inkludert, inneber i praksis at EU kan kutte mindre enn 55 pst. utslepp utanom skog- og arealbrukssektoren. Berekningar frå Kommisjonen viser at EU ligg an til å måtte kutte utsleppa utanom skog- og arealbrukssektoren med mellom 52 og 53 pst. innan 2030 med det målet som no er vedteke.
Noregs forsterka klimamål under Parisavtalen inkluderer ikkje CO2-opptak frå skog- og arealbruk i referanseåret 1990, og det set i utgangspunktet bidraget frå CO2-opptak i målåret 2030 til null. Eit norsk mål om å redusere nettoutslepp med minst 55 pst. i 2030 samanlikna med 1990 ville med EUs reknemåte i det forsterka målet sannsynlegvis innebere at vi berre måtte kutte utslepp utanom skog- og arealbruk med om lag 25 pst. samanlikna med 1990-nivå. Det ville med andre ord halvert ambisjonsnivået for utsleppsreduksjonar i målet vårt om vi hadde eit nettomål til liks med EU. Grunnen er at vi har eit stort forventa nettoopptak av CO2 samanlikna med dei samla norske utsleppa, og opptaket er aukande samanlikna med 1990.
13.2.3 Klimaavtalen med EU
I mars 2020 tok klimaavtalen mellom EU, Island og Noreg til å gjelde. Klimaavtalen inneber at Noreg tek del i EUs klimaregelverk frå 2021 til 2030. Stortinget har gjeve samtykke til å slutte seg til ein avtale som innlemmar dei relevante klimaregelverka i EØS-avtalens protokoll 31. Å innlemme regelverka i protokoll 31 betyr i praksis at vi ikkje er bundne av regelverka etter 2030. Det vanlege systemet i EØS-avtalen for overvaking, domstolskontroll og tvisteløysing vil gjelde for klimaavtalen. Det inneber at overvaking og domstolskontroll blir utøvde av EFTAs overvakingsorgan (ESA) og EFTA-domstolen.
EUs klimaregelverk for 2030 består av tre pilarar, sjå figur 13.1. EU-Kommisjonen har foreslått å forsterke dei ulike delane av klimaregelverket, og forslaga skal no behandlast i EU. I det følgjande blir gjeldande EU-regelverket beskrive. Sjå kap. 13.2.4 og boks 13.2 for ei nærmare beskriving av Kommisjonens forslag til forsterka regelverk.
Den første pilaren omhandlar ikkje-kvotepliktige utslepp, som i hovudsak er utslepp frå transport, jordbruk, bygg og avfall, men også energiproduksjon, luftfart, industri og petroleumsverksemda har utslepp som ikkje er kvotepliktige. Målet som Noreg har for ikkje-kvotepliktige utslepp, er på 40 pst. utsleppsreduksjon innan 2030 samanlikna med 2005-nivå. Klimaavtalen med EU gjev eigne reknereglar for korleis utsleppsbudsjettet under innsatsfordelingsforordninga skal fastsetjast. Utsleppsbudsjettet vart i juli 2021 formelt fastsett av EFTAs overvakingsorgan (ESA) og er eit resultat av ein omfattande revisjon av utsleppstala for ikkje-kvotepliktige utslepp frå 2005, 2016, 2017 og 2018. Budsjettet er rettsleg bindande, og etterlevinga blir overvaka og handheva av ESA og EFTA-domstolen. For å rekne om dei ulike klimagassane til CO2-ekvivalentar, blir det brukt ei måleeining som heiter globalt oppvarmingspotensial. Det formelle utsleppsbudsjettet som vart fastsett av EFTAs overvakingsorgan (ESA) i juli 2021, er basert på vektingsfaktorar frå FN klimapanels femte hovudrapport (AR5). I klimameldinga (Meld. St. 13) og i årets klimalovrapportering er det framleis vektingsfaktorar henta frå FN klimapanels fjerde hovudrapport (AR4) som blir brukte. Frå og med 2022 er det dei nye vektingsfaktorane som vil nyttast. For meir informasjon, sjå boks 13.1.
Boks 13.1 Endring av vektingsfaktorar for å vekte klimagassar
Partane har under FNs klimaforhandlingar bestemt kva gassar som skal rapporterast under Kyotoprotokollen og Klimakonvensjonen. Dette er karbondioksid (CO2), metan (CH4), lystgass (N2O), hydrofluorkarbon (HFK-ar), perfluorkarbon (PFK-ar), svovelheksafluorid (SF6) og trinitrogenfluorid (NF3). Partane har også bestemt vektingsfaktorane som skal brukast for å aggregere eller rekne om klimagassar til CO2-ekvivalentar. Vektingsfaktorane som blir brukte, er ei måleining som heiter globalt oppvarmingspotensial (Global Warming Potential, GWP) og angjev akkumulert oppvarmingseffekt i forhold til CO2 over 100 år. Vektingsfaktorane er henta frå FN klimapanels fjerde hovudrapport (AR4) og er dei same som EU-landa no bruker når dei rapporterer utsleppa sine til EU.
Vektingsfaktorane frå den fjerde hovudrapporten vil brukast i Statistisk sentralbyrås (SSB) publiseringar av utsleppsstatistikk til og med 2022 for utslepp 1990–2020. Dei same vektingsfaktorane vil brukast i Miljødirektoratets utsleppsrapportering til FN i 2021 (utslepp 1990–2019) og 2022 (utslepp 1990–2020). Det same gjeld for rapportering frå EU-land under EUs system. Dette vil sikre konsistent rapportering av utslepp under Kyotoprotokollens andre forpliktingsperiode.
Partsmøtet i Katowice i 2018 bestemte regelverket for utsleppsrapporteringa som vil skje under Parisavtalen. Dette gjeld alle land, og det er vektingsfaktorane frå FN klimapanels femte hovudrapport (AR5) som skal brukast. Når gassar har fått lågare GWP-verdiar, betyr det at oppvarmingseffekten av gassane er svakare enn ein tidlegare trudde. GWP-verdien for lystgass (N2O) blir redusert med 12 pst., medan for CF4 og C2F6 (PFK-gassar frå aluminiumsproduksjon) blir verdiane reduserte med høvesvis 10 og 9 pst. Når gassar har fått høgare GWP-verdiar, betyr det at oppvarmingseffekten av gassane er sterkare enn ein først trudde. GWP-verdien for metan (CH4) aukar med 12 pst., medan han aukar med 3 pst. for SF6. I Noreg blir HFK-gassar brukte i kuldeanlegg, luftkondisjonering og varmepumper. Blant dei viktigaste HFK-ane som Noreg slepper ut, aukar GWP-verdien for HFK-143a med 7 pst., medan han blir redusert med 9 pst. for både HFK-125 og HFK-134a. Noreg har ikkje utslepp av NF3, så den reduserte GWP-verdien for denne gassen får ingen konsekvensar for Noreg.
Rapporteringa under Parisavtalen med vektingsfaktorar frå AR5 vil starte seinast i 2024. For å innfri rapporteringsforpliktingane om årleg rapportering under Klimakonvensjonen vil Noreg rapportere utsleppsregnskap til FN i 2023 med vektingsfaktorane frå AR5. Når SSB i 2022 publiserer utsleppsstatistikk som inkluderer utslepp i 2021, vil tidsserien for 1990–2021 bli berekna med vektingsfaktorar frå AR5.
EU har bestemt at vektingsfaktorane frå AR5 skal brukast til å rapportere utslepp innanfor EUs system. EFTAs overvakingsorgan (ESA) har berekna og fastsett det norske utsleppsbudsjettet under innsatsfordelingsforordninga. Avgjerda til ESA er i samsvar med det budsjettet regjeringa har lagt til grunn i klimaplanen, Meld. St. 13 (2020–2021). Tala i avgjerda til ESA er likevel litt annleis enn i klimaplanen. Grunnen til dette er at ESAs utsleppsbudsjett er fastsett i dei nyaste verdiane for globalt oppvarmingspotensial (AR5), medan det i Klimameldinga vart brukt dagens verdiar for globalt oppvarmingspotensial (AR4). Som eit resultat blir det samla utsleppsgapet mellom framskrivingane og utsleppsbudsjettet ved eit mål om 40 pst. utsleppsreduksjon redusert med 0,3 mill. tonn CO2.
Målet har blitt gjort om til eit bindande utsleppsbudsjett som fortel kor høge utslepp Noreg kan ha i kvart av åra i perioden 2021–2030. Regelverket opnar for at utsleppsbudsjettet frå kvart av landa kan oppfyllast gjennom utsleppsreduksjonar i heimlandet og gjennom overføring av utsleppseiningar frå andre europeiske land. Regjeringa har eit mål som er meir ambisiøst enn forpliktinga vi har med EU: å kutte dei ikkje-kvotepliktige utsleppa innanlands med 45 pst. Sjå nærmare om Noregs utsleppsbudsjett for ikkje-kvotepliktige utslepp i kapittel 14.2.1.
Den andre pilaren omhandlar kvotepliktige utslepp frå industri, petroleum, energiforsyning og luftfart. Kvotemengda blir gradvis redusert til ein reduksjon på 43 pst. i 2030 samanlikna med 2005. Reduksjonen skjer samla for alle verksemder i Europa som deltek i kvotesystemet.
Boks 13.2 Korleis fungerer kvotesystemet i kort
EUs kvotesystem (EU ETS) er eit «cap and trade»-system. Det blir sett eit tak på den totale mengda klimagassar som kan sleppast ut, for verksemdene som er ein del av systemet. Taket blir redusert over tid slik at dei totale utsleppa går ned.
Innanfor taket får eller kjøper bedrifter utsleppskvotar, som dei kan handle med kvarandre etter behov. Grensa på det totale talet på tilgjengelege kvotar sikrar at dei har ein verdi.
Etter kvart år må selskapa overgje nok kvotar for å dekkje alle utsleppa sine, elles blir dei pålagde store bøter. Dersom eit selskap reduserer utsleppa, kan dei behalde overskytande kvotar for å dekkje framtidige behov eller selje dei til eit anna selskap som manglar kvotar.
Kvotane blir omsette på ein marknad. Handel av kvotar gjev fleksibilitet som sikrar at utsleppa blir kutta der det kostar minst. Ein robust pris på utsleppa fremjar i tillegg forsking, innovasjon og investeringar i låg- og nullutsleppsteknologiar og -løysingar.
Kvotesystemet opnar òg for at den som ønskjer det, kan kjøpe og frivillig slette kvotar. Sletting av kvotar fører til at utsleppa innanfor kvotesystemet blir reduserte.
Kjelde: EU-kommisjonen
Om lag halvparten av norske utslepp er inkluderte i kvotesystemet. Norske kvotepliktige verksemder bidreg på linje med kvotepliktige verksemder i dei andre europeiske landa til at målet blir nådde, og utsleppsreduksjonane innanfor kvotesystemet blir vurderte samla for EU, Island og Noreg.
Sjå òg nærmare omtale av kvotesystemet som verkemiddel for å nå klimamåla i kapittel 14.2 og kapittel 15.
Den tredje pilaren i samarbeidet med EU omfattar menneskeskapte opptak og utslepp av klimagassar frå skog og annan arealbruk. Dagens EU-regelverk for skog og annan arealbruk (LULUCF) gjev landa ei forplikting om at utsleppa ikkje skal overskride opptaka frå sektoren (den såkalla netto-null-forpliktinga), som vil gjelde over perioden 2021–2030, ut frå dei reknereglane som gjeld. Det er særleg hogstnivå (relativt til nivået i referansebanen) og arealbruksendringar som avskoging, planting av skog og naturleg attgroing som påverkar opptaket og utsleppa.
Regelverka opnar for ulike former for fleksibel gjennomføring både innanfor ein pilar og mellom pilarar. Om utsleppa blir kutta eller opptaket aukar meir enn forpliktinga, kan overskotet seljast. Til dømes kan EU-landa, Noreg og Island overføre utsleppseiningar for ikkje-kvotepliktige utslepp seg imellom. Ved eit utsleppsgap i skog- og arealbrukssektoren kan landa òg oppfylle forpliktinga ved ytterlegare kutt i utsleppa i sitt eige land innanfor ikkje-kvotepliktige sektorar eller ved å handle utsleppseiningar frå andre land som har overskot innanfor ikkje-kvotepliktige sektorar eller skog- og arealbrukssektoren. Noreg og åtte andre land kan òg bruke ei avgrensa mengd kvotar frå EUs kvotehandelssystem til å oppfylle målet innanfor innsatsfordelingsforordninga og dermed indirekte skog- og arealbrukssektoren.
Gjeldande klimaregelverk og klimaavtalen med EU er nærmare omtalte i Prop. 94 S (2018–2019).
13.2.4 Forsterka klimaregelverk i EU
Som følgje av at EU har forsterka klimamålet sitt for 2030, vil dei også revidere klimaregelverket som skal sikre at dei når det nye klimamålet.
Noreg deltek i EUs klimaregelverk som følgje av klimaavtalen med EU. Ved å etterleve EUs forsterka klimaregelverk vil Noreg mest sannsynleg nå eit klimamål om å redusere utsleppa med minst 50 og opp mot 55 pst. Europakommisjonen la i juli 2021 fram ein klimapakke med forslag til endringar i klimaregelverket. Forslaga til regelverk skal no diskuterast internt i EU før regelverket blir vedteke. Noreg vil involvere seg i diskusjonen rundt forslaga og utforme posisjonar for å medverke til utforminga av regelverket.
Etter at regelverket er vedteke i EU, må Noreg vurdere om og eventuelt korleis det reviderte regelverket skal gjelde her. Det vil også vere behov for tekniske førebuingar etter at regelverket er vedteke. Det vil dermed ta fleire år før EUs forsterka klimaregelverk vil kunne setjast i verk.
Kvotesystemet er innlemma i vedlegg 20 til EØS-avtalen på vanleg måte. Det gjer at Noreg normalt sett må delta i nye versjonar av klimakvoteregelverket. Dei to andre pilarane av EUs gjeldande klimaregelverk er inkluderte i EØS-avtalen protokoll 31. Protokoll 31 gjeld frivillig samarbeid utanfor dei fire fridommane. Det betyr at Noreg ikkje er forplikta til delta i nye versjonar av innsatsfordelingsforordninga og regelverket for bokføring av skog- og arealbruk.
Boks 13.3 Hovudinnhald i Kommisjonens forslag til klimaregelverk («Fit for 55»)
Kvotesystemet:
Kommisjonen foreslår eit auka ambisjonsnivå der samla utslepp skal kuttast med 61 pst. frå 2005 til 2030. Kommisjonen foreslår òg å utvide systemet. Utslepp frå skipsfart blir inkludert i det vanlege kvotesystemet, medan utslepp frå vegtrafikk og bygg blir kvotepliktige i eit eige lukka kvotesystem der alle kvotar blir auksjonerte. Kommisjonen foreslår òg å opprette eit klimafond, delvis finansiert over EUs budsjett, som skal brukast til å kompensere utsette grupper som følgje av det nye kvotesystemet for vegtrafikk og bygg.
Innsatsfordelinga:
Kommisjonen foreslår eit auka ambisjonsnivå der samla utslepp skal kuttast med 40 pst. frå 2005 til 2030. Kvart land må bidra meir til oppfyllinga gjennom auka nasjonale mål. Måla blir fordelte etter den same fordelingsmekanismen som tidlegare (BNP og kostnadseffektivitet), men no i spennet 10 til 50 pst. Noreg er ikkje omtalt i forslaget, men ut frå måla som er foreslått for samanliknbare land, ville vi truleg fått eit mål om å kutte utsleppa med 50 pst. Målet blir rekna om til eit utsleppsbudsjett for kvart av åra i perioden 2021 til 2030. I samband med framlegginga av «Fit for 55» foreslår Kommisjonen auka mål for kvart land og ein ny, tredelt metodikk for å berekne dei nasjonale utsleppsbudsjetta. Dagens utsleppsbudsjett for 2021 og 2022 blir ikkje endra, men Kommisjonen skal berekne nye utsleppsbudsjett for åra 2023 til 2030. Sluttpunktet i 2030 skal svare til landet sine 2005-utslepp under innsatsfordelinga, redusert med ein viss prosentsats i spennet 10 til 50 pst. For 2023 til 2025 skal utsleppsbudsjettet bli definert av ein rett strek frå utsleppsbudsjettet i 2022 til det nye sluttpunktet i 2030. Utsleppsbudsjettet for åra 2026 til 2029 skal bli justert på grunnlag av utslepp i 2021 til 2023 og svare til ein rett strek frå startpunktet i 2024 gjeve ved gjennomsnittlege utslepp for perioden 2021 til 2023 til sluttpunktet i 2030.
Omfanget av innsatsfordelinga blir ikkje endra. Samstundes foreslår Kommisjonen å inkludere delar av utsleppa frå skipsfart i kvotesystemet og dessutan å etablere eit nytt, frittståande kvotesystem for vegtrafikk og bygg. Ein del utslepp vil dermed vere ein del av enkeltlanda sine nasjonale utsleppsforpliktingar (innsatsfordelinga) og av fellesforpliktingar i form av kvotesystem med felles utsleppstak.
Skog- og arealbruksregelverket:
Kommisjonen ser behov for auka bidrag frå skog- og arealbruk og foreslår nye mål i tre trinn. Dagens regelverk med eit mål om netto nullutslepp blir vidareført med minimale endringar fram til 2025. Frå 2026 til 2030 foreslår Kommisjonen nye mål på to nivå. På EU-nivå vil dei auke EUs samla CO2-opptak til 310 mill. tonn i 2030. Målet skal fordelast mellom dei einskilde landa i form av utsleppsbudsjett for åra 2026–2030 slik vi kjenner dei frå innsatsfordelinga. Frå 2031 blir jordbruk inkludert i skog- og arealbruksregelverket i tillegg til dei sektorane som er inne frå før, og med eit mål om at desse sektorane samla sett skal vere klimanøytrale på EU-nivå frå 2035.
Andre regelverk:
Kommisjonen har òg foreslått endringar i energiregelverket (OED), nye CO2-standarder for personbilar og varebilar (SD), reglar om alternative drivstoff (fleire departement), endringar i energiskattedirektivet og ein karbongrensejusteringsmekanisme (FIN).
Meir om regelverka: https://www.regjeringen.no/no/aktuelt/ambisios-klimapakke-fra-eu-kommisjonen/id2866218/
13.3 2050-målet
Noreg har lovfesta eit mål om å bli eit lågutsleppssamfunn i 2050. Formålet med å lovfeste målet om lågutsleppssamfunnet er å leggje til rette for ei langsiktig omstilling i klimavennleg retning i Noreg. Med lågutsleppssamfunn er det meint eit samfunn der klimagassutsleppa, ut frå beste vitskaplege grunnlag, utsleppsutviklinga globalt og nasjonale omstende, er reduserte for å motverke skadelege verknader av global oppvarming som beskrive i Parisavtalen.
I april sende regjeringa forslag om å endre klimaloven i Prop. 182 L (2020–2021) Endringar i klimaloven (klimamål 2030 og 2050). Stortinget behandla endringsforslaget, og i juni 2021 vedtok Stortinget å endre det lovfesta klimamålet for 2050 i tråd med forslaget. Utsleppsreduksjonsintervallet i det lovfesta målet vart skjerpt frå 80–95 pst. til 90–95 pst. frå utsleppsnivået i referanseåret i 1990. Andre delar av målet vart ikkje endra. Det vil seie at føresetnadene for målet og korleis målet skal forståast, går fram av Prop. 77 L (2016–2017) Lov om klimamål (klimaloven).
Det følgjer av § 4 i klimalova at det ved vurdering av måloppnåing av klimamålet for 2050 skal takast omsyn til effekten av norsk deltaking i det europeiske klimakvotesystemet for verksemder.
Klimalova er ikkje til hinder for at Noreg kan gjennomføre målet om å bli eit lågutsleppssamfunn saman med EU. Eit klimasamarbeid med EU kan gje eit viktig bidrag til utsleppsreduksjonar nasjonalt og til den langsiktige omstillinga av det norske samfunnet som klimalova fremjar.
Fleire land, inkludert EU, har sett mål om netto nullutslepp eller karbonnøytralitet i 2050. Dette er forskjellig frå Noreg som har eit mål om å bli eit lågutsleppssamfunn og redusere utsleppa med 90–95 pst. Eit mål om netto nullutslepp ville for Noreg resultert i eit lågare ambisjonsnivå enn det eksisterande 2050-målet. Grunnen er at Noreg har eit stort CO2-opptak i ståande skog som ville blitt rekna med i vurderinga av måloppnåinga. Framskrivingar for skog- og arealbrukssektoren indikerer at nettoopptaket frå skog- og arealbrukssektoren vil halde seg høgt framover og over attverande utslepp i 2050.
Sjå nærmare omtale av oppfølginga av klimamålet for 2050 i kapittel 16.
14 Utslepp og opptak av klimagassar
Ifølgje klimalova skal det gjerast greie for utviklinga i utslepp og opptak av klimagassar og for framskrivingar av utslepp og opptak. I dette kapittelet blir det gjort greie for dette.
Dei norske utsleppa av klimagassar var i 2020 på 49,3 mill. tonn CO2-ekvivalentar utanom skog- og arealbrukssektoren viser førebelse tal frå SSB. Dette er ein nedgang på 1,7 mill. tonn CO2-ekvivalentar, eller 3,4 pst., samanlikna med 2019. Ein del av reduksjonen kjem av koronapandemien, mellom anna er utsleppa frå luftfarten reduserte.
SSB legg kvart år fram utsleppstal to gonger. Førebelse tal for føregåande år blir publiserte i mai, og endelege tal kjem i november. Utsleppsrekneskapen blir stadig forbetra, og historiske tal for tidlegare år blir endra når metodane blir forbetra eller det kjem ny informasjon. Oppdatering av heile tidsserien er viktig for å gjere det mogleg å bruke utsleppsrekneskapen til å følgje utviklinga over tid. Vanlegvis blir utsleppstal for tidlegare år berre endra når endelege tal kjem. I år gjorde SSB endringar da dei førebelse tala vart publiserte, fordi det vart oppdaga at det mangla vesentlege volum autodiesel og marine gassoljar i salsstatistikken for petroleumsprodukt. Det vart òg funne ein feil i produksjonssystemet for energibruk i utsleppsstatistikken. Desse feilrettingane har ført til at heile tidsserien tilbake til 1990 er endra, samanlikna med talgrunnlaget som vart brukt i klimameldinga.
Utsleppa har gått ned i fem år på rad og var i 2020 på det lågaste sidan 1993. Ein del av nedgangen i 2020 kjem av lågare reiseaktivitet som følgje av pandemien. Utsleppa har mellom anna blitt reduserte på grunn av stadig fleire elbilar og utfasing av bruk av fyringsolje på grunn av forbodet mot bruk av fyringsolje til oppvarming av bygg. Utsleppa i 1990 var på 51,2 mill. tonn CO2-ekvivalentar. Utsleppa i 2020 ligg 3,9 pst. under 1990-nivået. I same perioden har befolkninga auka med i underkant av 30 pst. (1 mill. personar), og BNP er dobla. Dermed er utsleppsintensiteten (utslepp per produksjon i kroner) blitt om lag halvert sidan 1990. Norsk økonomi er òg blitt mindre energiintensiv i og med at energiforbruket har auka med 20 pst. sidan 1990.
I Nasjonalbudsjettet 2021 (Meld. St. 1 (2020–2021)) la regjeringa fram oppdaterte framskrivingar av norske klimagassutslepp. Denne framskrivinga er no justert med utgangspunkt i dei justerte historiske utsleppstala. Det er tala for transportutsleppa som er justerte, den største endringa er for sjøfart og fiske, men tala for vegtrafikken er òg justerte. Framskrivingane byggjer på vurderingar av underliggjande utviklingstrekk i norsk og internasjonal økonomi, mellom anna forhold knytte til teknologi og befolkning. I tråd med internasjonale retningslinjer er framskrivingane baserte på ei vidareføring av innretninga av klimapolitikken i dag, både i Noreg og internasjonalt.
Figur 14.1 viser utslepp frå 1990 fordelte på sektorar og framskrivne utslepp til 2030. I den justerte framskrivinga frå nasjonalbudsjettet 2021 ligg anslaget for utsleppa av klimagassar om lag 8 mill. tonn CO2-ekvivalentar lågare i 2030 enn i 2020. Om lag 60 pst. av utsleppsreduksjonen er anslått å komme i ikkje-kvotepliktige utslepp, der utsleppa er anslått å gå ned med i underkant av 5 mill. tonn frå 2020 til 2030. Kvotepliktige utslepp er anslått å gå ned med i overkant av 3 mill. tonn i den same perioden.
Utslepp av CO2 utgjorde 84 pst. av dei samla utsleppa i 2020, medan resten kjem av utslepp av metan (CH4), lystgass (N2O) og fluorhaldige klimagassar (HFK-ar, PFK-ar og SF6). Medan utsleppa av CO2 er vurderte i framskrivinga å gå ned med i underkant av 20 pst. frå 2020 til 2030, anslår ein at nedgangen blir mindre for andre klimagassar. Utsleppa av andre klimagassar enn CO2 blir samla forventa å minke frå 8,0 mill. tonn CO2-ekvivalentar i 2020 til i 7,4 mill. tonn CO2-ekvivalentar i 2030.
Figur 14.2 viser kvotepliktig og ikkje-kvotepliktig utslepp fordelte på sektor. Omtrent halvparten av dei norske utsleppa av klimagassar er kvotepliktige, som inneber at dei er omfatta av EUs kvotesystem (EU ETS), sjå nærmare omtale i kapittel 12.2. Dei kvotepliktige utsleppa er størsteparten av utsleppa frå olje- og gassutvinning og industri, større anlegg i energiforsyning og størstedelen av luftfarten. Dei kvotepliktige utsleppa var i 2020 på 24,5 mill. tonn CO2-ekvivalentar. Dei ikkje-kvotepliktige utsleppa er mellom anna utslepp frå vegtrafikk og annan transport utanom luftfarten, jordbruk og ein del andre kjelder.
Skog tek opp store mengder CO2. I 2019 var nettoopptaket på 18,6 mill. tonn CO2-ekvivalentar i sektoren for skog og annan arealbruk ved bruk av Klimakonvensjonens reknereglar. Sjå kapittel 14.3 for nærmare beskriving.
14.1 Ikkje-kvotepliktige utslepp
Dei ikkje-kvotepliktige utsleppa var i 2020 på 24,8 mill. tonn CO2-ekvivalentar, som svarer til ein nedgang på 2 pst. frå 2019. Nedgangen kjem i stor grad av nedgang i utsleppa frå vegtrafikk og annan transport. Transport stod for 60 pst. av dei ikkje-kvotepliktige utsleppa i 2020, medan jordbruk og dei andre ikkje-kvotepliktige utsleppa sto for 18 pst. og 22 pst.
Utsleppa frå ikkje-kvotepliktig transport auka dei fleste åra frå 1990 til 2014 da dei var på det høgste nivået. Sidan har dei blitt reduserte, og det er forventa at denne reduksjonen vil halde fram. Utsleppa i 2030 er i framskrivinga 9 pst. under nivået i 1990. Utsleppa frå jordbruk er redusert med 7 pst. sidan 1990 og er i 2030 5 pst. under nivået i 1990. Dei ikkje-kvotepliktige utsleppa frå industrien har hatt ein kraftig nedgang frå 1990, og i 2030 er utsleppa i framskrivinga meir enn 80 pst. under nivået i 1990. Også utslepp frå oppvarming av bygg har gått kraftig ned, mellom anna på grunn av forbod mot bruk av mineralolje til oppvarminga av bygg.
14.1.1 Transport
Transport omfattar i utsleppsrekneskapen vegtransport, innanriks sjøtransport og fiske, luftfart og annan transport. Annan transport er til dømes utslepp frå anleggsmaskiner og traktorar. Mesteparten av utsleppa i transportsektoren er ikkje kvotepliktig. Unntaket er utslepp frå luftfart innanfor EØS-området, også innanriks i Noreg, som i all hovudsak er underlagde kvoteplikt.
Førebelse tal viser at dei ikkje-kvotepliktige utsleppa frå transportsektoren i 2020 var på 15,0 mill. tonn CO2-ekvivalentar, noko som svarer til rundt 30 pst. av dei totale norske klimagassutsleppa. Kvotepliktig luftfart er ikkje inkludert i tala. Dei ikkje-kvotepliktige utsleppa frå transportsektoren gjekk ned med om lag 0,35 mill. tonn CO2-ekvivalentar frå 2019. Samanlikna med 1990 har transportutsleppa auka med 25 pst. Utsleppa er i dag om lag på nivå med utsleppa i 2005. Utsleppa er i framskrivinga forventa å gå ned fram mot 2030, hovudsakeleg på grunn av auka innfasing av null- og lågutsleppsteknologi både i vegtrafikk og i annan transport.
14.1.1.1 Vegtrafikk
I 2020 var utsleppa frå vegtrafikk 8,4 mill. tonn CO2-ekvivalentar, noko som inneber ein auke på 13 pst. samanlikna med 1990. Utsleppa auka fram til midten av førre tiåret, med ein topp i 2015 på 10,3 mill. tonn CO2-ekvivalentar. Etter det er utsleppa reduserte hovudsakeleg som følgje av auka bruk av biodrivstoff og aukande del elbilar. Figur 14.5 viser korleis utsleppa frå vegtrafikken har utvikla seg sidan 1990, og korleis dei er forventa å utvikle seg fram mot 2030.
Personbilar står for den største delen av utsleppa frå vegtrafikken. I 2019 var utsleppa frå personbilar 4,4 mill. tonn CO2-ekvivalentar, altså om lag halvparten av utsleppa frå vegtrafikken. Tunge køyretøy og varebilar står for 48 pst., medan motorsyklar og mopedar berre står for ein liten del av utsleppa. I dei førebelse tala for 2020 er ikkje utsleppa fordelte på ulike kategoriar køyretøy.
Med gjeldande politikk er utsleppa frå vegtransporten vurderte å minke frå 8,4 mill. tonn i 2020 til 5,5 mill. tonn i 2030. Nedgangen skriv seg først og fremst frå at det er lagt til grunn at innfasinga av låg- og nullutsleppskøyretøy vil auke ytterlegare framover. Delen elbilar av nybilsalet for personbilar har auka med opp mot 10 prosentdelar årleg dei siste par åra og er dei første åtte månadene i 2021 komme opp i 60 pst. I framskrivinga i nasjonalbudsjettet for 2021 vart det lagt til grunn at delen kjem opp i 90 pst. i 2025 og 95 pst. i 2030 med dagens politikk. Også for varebilar er det venta at elbildelen av nysalet vil auke betydeleg framover. Det er vidare lagt til grunn at teknologiutviklinga for tunge køyretøy etter kvart styrkjer seg, men at denne kjem seinare og meir sakte enn for lettare bilar. Teknologien per i dag er umoden for nokre segment, og den vidare utviklinga er usikker. I framskrivingane er det lagt til grunn at innblandinga av biodrivstoff i vegtrafikk frå og med 1. januar 2021 vil vere på 15,5 pst. reell volumprosent i tråd med omsetningskravet. Framskrivinga for vegtrafikk er noko oppjustert på grunn av feilretting av historiske salstal for autodiesel i SSBs salsstatistikk for petroleumsprodukt.
14.1.1.2 Innanriks sjøfart og fiske
Utsleppa frå innanriks sjøfart og fiske var i 20191 på 3,7 mill. tonn CO2-ekvivalentar og utgjorde i overkant av 7 pst. av dei totale klimagassutsleppa. Tidlegare viste utsleppsstatistikken for dei seinaste åra ein markant nedgang i utsleppa frå innanriks sjøfart og fiske. Utsleppstala for sjøfart og fiske er no vesentleg endra samanlikna med tidlegare fordi det har blitt avdekt ein underrapportering av sal av marine gassoljar til salsstatistikken for petroleumsprodukt. Ein feil i produksjonssystemet for energibruk i utsleppsstatistikken har òg påverka utsleppstala for innanriks sjøfart. Statistikken viser no at utsleppa frå innanriks sjøfart og fiske har auka med 45 pst. frå 1990 til 2019, og at det ikkje har vore nokon tydeleg trend i utsleppsutviklinga dei siste åra.
På grunn av endringa i dei historiske utsleppa er framskrivinga for innanriks sjøfart og fiske òg justert.
14.1.1.3 Annan transport
Vi har valt å gruppere ikkje-kvotepliktig innanriks luftfart, ikkje-veggåande køyretøy, motorreiskap og jernbane som «annan transport». Utsleppa frå annan transport var i 2019 i underkant av 3 mill. tonn CO2-ekvivalentar, svarande til rundt 6 pst. av totalutsleppa av klimagassar i 2019. Utsleppa frå annan transport har auka med over 40 pst. sidan 1990. Auken kjem mellom anna av ein auke i utslepp frå anleggsmaskiner på grunn av høg aktivitet.
14.1.2 Jordbruk
I 2020 var utsleppa frå jordbrukssektoren på 4,4 mill. tonn CO2-ekvivalentar. Dette er cirka 9 pst. av dei totale norske utsleppa av klimagassar og rundt 18 pst. av dei ikkje-kvotepliktige utsleppa.
Sidan 1990 har utsleppa frå jordbruket gått ned med i underkant av 7 pst., men dei har vore relativt stabile sidan 2000. Viktige årsaker er mindre bruk av nitrogenhaldig mineralgjødsel, bruk av kraftfôr og færre storfe som følgje av redusert og meir effektiv mjølkeproduksjon. Noreg har husdyrhelse i verdstoppen, og friske dyr med god fruktbarheit er meir klimavennlege enn dyr med dårlegare helse. Avlsarbeid har ført til at klimagassutsleppa frå mjølkeproduksjonen er redusert med 10 pst. per produserte eining frå 1980 til i dag. Utsleppa som er rekna inn under jordbrukssektoren, er i hovudsak metan (CH4) frå husdyrtarmgass og gjødsellager og lystgass (N2O) frå gjødsellager, gjødsla mark og organisk jord. Berekna utslepp heng difor tett saman med mengda husdyr, gjødsel og organisk jord. Utsleppet av metan frå jordbruket er redusert med 5,4 pst. frå 1990 til 2020, medan utsleppet av lystgass frå jordbruket er redusert med 1,6 pst. På grunn av kompliserte prosessar og diffuse utslepp frå jord er det stor uvisse rundt storleiken på utsleppa frå bruken av mineral- og husdyrgjødsel.
Utsleppa frå jordbruket utgjorde i 2020 omtrent 57 pst. av dei totale norske utsleppa av metan og 76 pst. av lystgassutsleppa. Trass auka produksjon har endringar i jordbruket medverka til at utslepp frå energiforbruk i 2019 i jordbruket er 9 pst. lågare enn i 1990.
Framskrivingane presenterte i Nasjonalbudsjettet 2021 av dei utsleppa som i utsleppsrekneskapen høyrer til i jordbrukssektoren, gjev eit utslepp på cirka 4,5 mill. tonn CO2-ekvivalentar per år fram til 2030, med andre ord om lag på nivået i dag. Reknar vi med både utslepp som blir bokførte i jordbrukssektoren, og utslepp frå jordbruksaktivitet som blir bokførte i sektorane transport, oppvarming av bygg og arealbruk, gjev framskrivingane totale utslepp frå jordbruksaktivitet på drygt 7 mill. tonn CO2-ekvivalentar i 2030.
14.1.3 Andre ikkje-kvotepliktige utslepp
14.1.3.1 Industri og petroleum
I 2020 var dei samla utsleppa frå industri og bergverk og olje- og gassutvinning 24,7 mill. tonn CO2-ekvivalentar, noko som svarer til om lag halvparten av dei totale norske utsleppa. Godt over 90 pst. av utsleppa er kvotepliktige og ein del av det europeiske kvotesystemet.
Dei verksemdene som ikkje har kvoteplikt i industrien, er mindre verksemder eller verksemder med låge utslepp, som næringsmiddelindustri, vareproduksjon, asfaltverk og liknande. I tillegg har ein del kvotepliktige verksemder utslepp av klimagassar som ikkje er omfatta av kvoteplikt. Dette gjeld mellom anna diffuse utslepp av metan og CO2 omdanna frå nmVOC2, frå raffineri og lystgass frå fullgjødselproduksjon. Ikkje-kvotepliktige utslepp i industrien var i 2020 på omkring 0,9 mill. tonn CO2-ekvivalentar, som svarer til rundt 4 pst. av dei totale ikkje-kvotepliktige utsleppa.
Dei ikkje-kvotepliktige utsleppa frå petroleumssektoren er rekna til omkring 0,7 mill. tonn CO2-ekvivalentar, eller om lag 3 pst. av dei totale ikkje-kvotepliktige utsleppa i 2020. Det er hovudsakleg utslepp av metan og CO2 omdanna frå nmVOC, frå kaldventilering og diffuse utslepp og fordamping ved lasting og lagring av råolje og andre petroleumsprodukt.
14.1.3.2 Energiforsyning og oppvarming
Energiforsyning og energi til oppvarming i Noreg er i stor grad basert på elektrisitet frå fornybare energikjelder som vasskraft og vindkraft og har difor låge utslepp. Utslepp frå energiforsyning og oppvarming var til saman rundt 2,2 mill. tonn CO2- ekvivalentar i 2020. Av dei totale utsleppa frå energiforsyning og oppvarming utgjorde dei ikkje-kvotepliktige utsleppa rundt 1,6 mill. tonn CO2- ekvivalentar, eller rundt 6 pst. av dei totale ikkje-kvotepliktige utsleppa. Dei ikkje-kvotepliktige utsleppa i energiforsyning kjem hovudsakleg frå brenning av avfall der spillvarmen blir nytta i fjernvarme. Dei totale utsleppa frå avfallsforbrenning har auka frå om lag 200 000 tonn CO2-ekvivalentar i 1990 til om lag 920 000 tonn CO2-ekvivalentar i 2019. Dette kjem mellom anna av at innføringa av deponiforbodet førte til at meir avfall har gått til forbrenning.
Utslepp frå oppvarming i andre næringar og bustader er i hovudsak CO2 frå forbrenning av fyringsolje og gass. Utsleppa frå denne kjelda er redusert med om lag 80 pst. sidan 1990. Utsleppa gjekk ned rundt 20 pst. frå 2019 til 2020, ifølgje førebelse tal frå SSB. Utsleppa frå bruken av mineralolje til oppvarming i næringar og hushald var i 2019 redusert med 95 pst. samanlikna med 1990. Forbodet mot å bruke mineralolje til oppvarming av bygg, som tredde i kraft i 2020, inneber at oppvarming av bygg framover i svært liten grad vil ha utslepp frå bruk av mineralolje. Det vil likevel framleis vere utslepp frå bruken av gass og frå metanutslepp frå vedfyring. I 2030 er utsleppa frå oppvarming av bygg forventa å vere 0,28 mill. tonn CO2-ekvivalentar.
14.1.3.3 Fluorgassar og andre kjelder
Utslepp frå produkt med fluorgassar (f-gassar) og andre ikkje-kvotepliktige kjelder ikkje allereie nemnde utgjorde i 20193 2,3 mill. tonn CO2-ekvivalentar, rundt 4 pst. av dei totale utsleppa eller rundt 9 pst. av dei ikkje-kvotepliktige utsleppa. Utsleppa vart reduserte med om lag 5 pst. frå 2018 til 2019, og framskrivne utslepp viser ein reduksjon på 26 pst. til 2030.
F-gassane er delte inn i SF6 (svovelheksafluorid), PFK (perfluorkarbon) og HFK (hydrofluorkarbon). HFK-gassar er industrielt framstilte gassar som er nytta mellom anna i kuldeanlegg, varmepumper og luftkondisjonering, og er den største kjelda til utslepp av f-gassar. Utsleppa har auka frå eit ubetydeleg nivå i 1990 etter at gassane vart fasa inn som erstatning for ozonreduserande gassar. Utslepp av HFK var i 2019 på 0,9 mill. tonn CO2-ekvivalentar og utgjorde om lag 2 pst. av dei totale utsleppa av klimagassar og rundt 4 pst. av dei ikkje-kvotepliktige utsleppa. Utslepp frå SF6 var i 2019 på 57 000 tonn CO2-ekvivalentar og stod for 0,2 pst. av dei ikkje-kvotepliktige utsleppa. Utsleppa er reduserte med om lag 97 pst. sidan 1990.
Metanutsleppa frå avfallsfyllingar stod for 3,4 pst. av dei ikkje-kvotepliktige utsleppa i 2019. Desse utsleppa er reduserte med nesten 60 pst. sidan 1990 på grunn av forbod mot å deponere våtorganisk avfall frå 2002 (utvida til alt nedbryteleg avfall i 2009) og oppsamling av gass frå eldre fyllingar.
Kjelder som løysemiddel, avløp og avløpsreinsing, kompostering og biogassanlegg og bensin- og gassdistribusjon står for dei resterande 1,7 pst. av dei ikkje-kvotepliktige utsleppa. Utslepp frå avløp, primært lysgass, har blitt reduserte sidan 1990 trass i ein betydeleg folkeauke. Kompostering og biogassanlegg aukar, men er framleis ei lita kjelde til metanutslepp.
14.2 Kvotepliktige utslepp
For industrien, petroleumsnæringa og luftfarten er den største delen av utsleppa kvotepliktig (sjå figur 14.2 om kvotepliktige og ikkje-kvotepliktige utslepp). I energisektoren er under halvparten av utsleppa kvotepliktig. Figur 14.11 viser fordelinga av dei norske kvotepliktige utsleppa etter sektor i 2020.
Frå 2019 til 2020 gjekk dei kvotepliktige utsleppa ned med 5 pst, frå 25,7 mill. tonn CO2-ekvivalentar til 24,5 mill. tonn CO2-ekvivalentar. I 2020 låg utsleppa av klimagassar frå kvotepliktig industri på 10,5 mill. tonn CO2-ekvivalentar, svarande til om lag ein femtedel av dei samla norske klimagassutsleppa. Dei største kvotepliktige utsleppa frå industrien kjem frå ferrolegeringsindustri, aluminiumsindustri, sementindustri, mineralgjødselindustri, treforedlingsindustri og kjemisk industri. Store kjelder til klimagassutslepp er frå bruken av kol som reduksjonsmiddel i metallindustrien, frå bruken av fossile innsatsar i kjemisk industri og frå sementindustrien. Sementindustrien har punktutslepp både frå energiproduksjon og frå prosess, der utsleppa frå fjerning av CO2 frå kalkstein er dei største.
Dei siste tiåra har klimagassutsleppa gått ned i kvotepliktig industri, særleg gjeld dette utsleppa av fluorgassar frå aluminiumproduksjonen og lystgass frå mineralgjødselindustrien. Dette er ei følgje av at verksemdene har utvikla og teke i bruk ny teknologi og innført betre styringssystem.
I framskrivingane er det forventa ein nedgang i dei kvotepliktige utsleppa med om lag 3,1 mill. tonn CO2-ekvivalentar, eller om lag 13 pst. frå 2020 til 2030. Samanlikna med 2005 svarer det til ein nedgang på 6,4 mill. tonn, eller om lag 23 pst. Dei største kutta framover er venta i olje- og gassproduksjonen.
Figur 14.12 syner utviklinga i kvotepliktige utslepp 1990–2030 for ulike sektorar. I 2020 svarte utsleppa av klimagassar frå kvotepliktig petroleumsverksemd til 12,6 mill. tonn CO2-ekvivalentar. Utsleppa frå petroleumsverksemda utgjer om lag ein firedel av dei samla norske klimagassutsleppa. Frå 2020 til 2030 er desse utsleppa venta å gå ned til 9,7 mill. tonn. Nedgangen har særleg samanheng med auka elektrifisering av petroleumsinnretningane. Mesteparten av utsleppa kjem frå gassturbinar som anten genererer elektrisitet eller driv pumper og kompressorar på plattformene. Framskrivingane av utslepp frå olje- og gassproduksjon byggjer på rapportering frå oljeselskapa. Desse er supplerte med tal for utslepp frå landanlegga knytte til vidare transport av petroleumsprodukt.
I 2020 var utsleppa av klimagassar frå kvotepliktig energiforsyning 0,6 mill. tonn CO2-ekvivalentar. Det utgjer i underkant av 40 pst. av dei samla utsleppa frå energiproduksjonen. Store energianlegg som hovudsakleg leverer energi til verksemder, er kvotepliktige.
I 2020 svarte utsleppa av klimagassar frå kvotepliktig luftfart til 0,7 mill. tonn CO2-ekvivalentar. Noko over 90 pst. av innanriks luftfart er dekt av kvotesystemet. Kvoteplikta gjeld flygingar innan EØS-området. Små kommersielle aktørar med få flygingar og låge utslepp er ikkje omfatta av kvotesystemet. Det same gjeld politi- og redningsflygingar
14.3 Skog og annan arealbruk (LULUCF)
Sektoren skog og annan arealbruk (Land use, land-use change, and forestry – LULUCF) skil seg frå dei andre sektorane i klimagassrekneskapen ved at han har både opptak og utslepp av klimagassar. Det blir òg berekna opptak og utslepp ved endringar i bruken av areala ved overgang mellom dei ulike arealkategoriane. Figur 14.13 viser korleis utslepp og opptak i perioden 1990–2019 har fordelt seg på dei ulike arealkategoriane i klimagassrekneskapen.
Frå 1990 til 2019 har det vore ein auke i både opptak og utslepp av klimagassar innan sektoren, sjå figur 14.13. Netto opptak totalt i sektoren utgjorde i 2019 18,6 mill. tonn CO2-ekvivalentar slik det blir rapportert i rekneskapen under Klimakonvensjonen. Dette svarer til om lag ein tredel av dei samla norske utsleppa av klimagassar. Skog står for størstedelen av karbonopptaket i sektoren. I 2019 var det eit netto opptak i skog på 23,6 mill. tonn CO2 mot 15,3 mill. tonn CO2 i 1990. I tillegg hadde karbon i treprodukt eit lite opptak i 2019. Det høge nettoopptaket er mellom anna eit resultat av at det vart planta mykje skog i Noreg i etterkrigstida, som no er i den mest vekstkraftige fasen sin. I tillegg har årleg avverking vore relativt stabil. Utsleppa har også auka sidan 1990, og dei andre arealbrukskategoriane hadde eit netto utslepp som svarer til 5,1 mill. tonn CO2-ekvivalentar i 2019. Avskoging (omdisponering av skog til utbygging, jordbruk og andre formål) stod for 3,1 mill. tonn mot 1,8 mill. tonn CO2-ekvivalentar i 1990.
NIBIO utarbeidde framskrivingar for skog- og arealbrukssektoren i 2019. Informasjonen som følgjer, er basert på framskrivingane frå 2019 og vil endre seg grunna metodeforbetringar i klimagassrekneskapen. Figur 14.14 viser forventa utvikling i arealkategoriane under FNs klimakonvensjon. Det er venta ein nedgåande trend i netto opptak i sektoren dei neste to tiåra, før opptaket stabiliserer seg og aukar noko mot andre halvdelen av hundreåret. Dette er først og fremst knytt til endringar i netto-opptak i skog. Framskrivingane er baserte på historisk aktivitet i ein referanseperiode (2010–2017).
I samarbeidet med EU er det eigne reknereglar for bokføring av opptak og utslepp i skog- og arealbrukssektoren. Sjå delkapittel 15.3.2 for omtale av utsleppsgap samanlikna med forpliktinga om netto nullutslepp for perioden 2021–2030 i skog- og arealbrukssektoren.
15 Oppfølging av Noregs klimamål for 2030
15.1 Korleis ligg vi an til å nå klimamålet for 2030?
Noregs klimamål for 2030 under Parisavtalen er å redusere utsleppa av klimagassar med minst 50 pst. og opp mot 55 pst. i 2030 samanlikna med nivået i 1990. Regjeringa ønskjer å oppfylle det forsterka målet saman med EU.
Regjeringa la i januar 2021 fram Meld. St. 13 Klimaplan for 2021–2030. Verkemidla i denne planen vil bidra til å nå klimamålet for 2030. Fleira av verkemidla vil verke over tid og trappast opp utover i perioden. Uvisse knytt til utsleppsutvikling, effekten av klimapolitikken, den teknologiske utviklinga og kostnadene ved utsleppsreduksjonar og auka opptak er betydeleg. Det er på noverande tidspunkt for tidleg å vurdere om vi når det overordna klimamålet for 2030.
Det går likevel an å seie noko om korleis Noreg ligg an til å nå forpliktingane vi har gjennom den gjeldande klimaavtalen med EU som vil sørgje for utsleppsreduksjonar på minst 40 pst. innan 2030. For detaljert informasjon om klimaavtalen, sjå kapittel 13.2.3. Noreg deltek i EUs klimaregelverk for perioden 2021–2030, som deler utsleppa inn i tre pilarar med kvar si målsetjing.
Den første pilaren omhandlar ikkje-kvotepliktige utslepp4. Her har Noreg gjennom klimaavtalen med EU ei juridisk bindande forplikting om å redusere dei ikkje-kvotepliktige utsleppa med 40 pst. innan 2030, samanlikna med 2005-nivå. Regjeringa har eit mål om overoppfylle denne forpliktinga og kutte utsleppa med 45 pst. I klimaplanen la regjeringa fram nye verkemiddel som var forventa å sikre ei overoppfylling av både EU-forpliktinga og det forsterka målet frå regjeringa. I ettertid har utsleppsrekneskapen og utsleppsframskrivingane blitt oppdaterte som følgje av feil i berekningane av norske klimagassutslepp. Som eit resultat har det samla utsleppsgapet over perioden auka. Fordi klimaplanen frå regjeringa la opp til større kutt enn forpliktinga til EU tilseier, ligg vi framleis an til å innfri forpliktinga om kutt på 40 pst. For å nå regjeringas mål om 45 pst. reduksjon i utsleppa tyder anslag på at det vil være nødvendig med ytterlegare verkemiddelbruk utover det som kvantifiserast i klimaplanen. Regjeringas mål ligg fast. Sjå nærmare omtale av ikkje-kvotepliktig sektor i kapittel 15.2.
Den andre pilaren er utslepp omfatta av det europeiske kvotesystemet (EU ETS). Her er målet ein samla europeisk reduksjon på 43 pst. i utslepp i 2030 samanlikna med 2005. Norske kvotepliktige verksemder bidreg i kvotesystemet på lik linje med kvotepliktige verksemder i dei andre europeiske landa. Noregs bidrag inn i kvotesystemet blir vurdert samla for EU og Noreg og rekna inn i vurderinga av Noregs måloppnåing. Europeiske utslepp omfatta av kvotesystemet har blitt redusert med omtrent 35 pst. mellom 2005 og 2019. Sjå nærmare omtale av kvotesystemet i kap. 15.4.
Den tredje pilaren i EUs regelverk regulerer utslepp og opptak for skog og annan arealbruk. Noreg er gjennom klimaavtalen med EU forplikta til at utslepp ikkje skal overskride opptaket innanfor skog- og arealbrukssektoren i sum for perioden 2021–2030.
Framskrivingane til NIBIO indikerer at Noreg ligg an til å få eit gjennomsnittleg årleg berekna samla netto utslepp på om lag 1,8 mill. tonn CO2-ekvivalentar frå skog og annan arealbruk i perioden 2021–2025 viss Noreg nyttar ein kompensasjonsmekanisme i EU-regelverket. Viss Noreg ikkje gjer bruk av kompensasjonsmekanismen, kan det samla utsleppsgapet frå heile skog- og arealbrukssektoren bli om lag 2,7 mill. tonn CO2-ekvivalentar årleg. Sjå nærmare omtale i kapittel 15.3 om tiltaka for å redusere dette gapet til netto-null-forpliktinga.
EU vedtok desember 2020 eit forsterka klimamål for 2030. Det nye målet er å redusere nettoutslepp med minst 55 pst. innan 2030 samanlikna med 1990. Innstrammingar i EUs klimaregelverk som følgje av at EU har forsterka 2030-målet sitt, kan føre til at Noreg får strengare forpliktingar under desse regelverka, sjå nærmare forklaring i kapittel 13.2.4. Strengare forpliktingar vil påverke utsleppsutviklinga og vere med på å bidra til at Noreg når det overordna klimamålet for 2030. Fram til eit nytt og forsterka EU-regelverk er avklart, ligg det gjeldande regelverket til grunn. Ved å etterleve EUs forsterka klimaregelverk vil Noreg mest sannsynleg nå eit klimamål om å redusere utsleppa med minst 50 og opp mot 55 pst. Uansett korleis det framtidige klimaregelverket til EU blir, må vi halde fram med å kutte norske utslepp.
Vidare i kapittel 15 blir det gjort greie for dei viktigaste verkemidla regjeringa har i klimaplanen, og kva som er forventa effekt og oppfølginga av dei. Utover i perioden vil vi få meir informasjon om effekten til dei ulike verkemidla og dermed også korleis vi ligg an til å nå klimamålet for 2030. Over tid vil rapporteringa bidra til å gje eit bilde av om det er behov for å justere kursen for å nå klimamålet.
15.2 Rapportering for ikkje-kvotepliktig sektor
15.2.1 Klimamål og utsleppsbudsjett
Som omtalt i kapittel 13 har regjeringa eit mål om å kutte dei ikkje-kvotepliktige utsleppa med 45 pst. innan 2030, altså meir enn forpliktinga vi har med EU om reduksjon på 40 pst. Regjeringa har som mål at reduksjonen skjer gjennom innanlandske tiltak og planlegg for dette. Om det er strengt nødvendig, kan fleksibiliteten i EUs rammeverk bli nytta. Målet om 45 pst. reduksjon er den politiske målsetjinga til regjeringa og er ikkje juridisk bindande.
Ifølgje klimalova skal regjeringa rapportere om status for Noregs karbonbudsjett, også innanfor eit samarbeid med EU. Utsleppsbudsjettet set ei grense for kva utsleppa kan vere over tiårsperioden 2021–2030, og ei grense for kva utsleppa kan vere kvart år. Basert på vektingsfaktorar henta frå FN klimapanels fjerde hovudrapport (AR4) vil budsjettet vere på 210 mill. tonn over perioden 2021–20305. Utsleppsbudsjettet til Noreg er illustrert i figur 15.1. Vi er enno ikkje ferdige med det første året i utsleppsbudsjettet, og vi har ikkje utsleppstal for 2021. I denne rapporteringa blir det difor ikkje gjort greie for status for utsleppsbudsjettet. Først i 2023 vil vi ha endelege og godkjende utsleppstal for 2021, og det vil da gjerast opp ein status for om vi oppfylte utsleppsbudsjettet for året 2021. Vi vil likevel gjere greie for korleis vi førebels ligg an, korleis oppdateringa av utsleppsrekneskapen og utsleppsframskrivinga påverkar behovet for verkemiddel for å nå måla, og status for gjennomføring av sentrale verkemiddel som er omtalte i klimaplanen.
Utsleppsbudsjettet Noreg har basert på målet om 40 prosent utsleppsreduksjon er på 210 millionar tonn over perioden 2021–2030. Framskrivinga viser at utsleppa over dei ti åra er på i overkant av 225 millionar tonn CO2-ekvivalentar. Om ein reknar målet regjeringa har sett om å redusere dei ikkje-kvotepliktige utsleppa med 45 prosent som eit budsjettmål på same viset, blir utsleppsbudsjettet redusert til 202 millionar CO2-ekvivalentar.
Framskrivinga (jf. omtale i kap. 14) syner at politikken vi har i dag, vil halde fram med å gje insentiv til kraftige utsleppskutt fram mot 2030. Etter framlegging av klimaplanen har utsleppsframskrivinga blitt oppjustert som eit resultat av ei oppdatering i utsleppsrekneskapen. Da klimaplanen vart lagt fram, var det samla gapet til forpliktinga med avtalen i EU på 8,4 mill. tonn CO2-ekvivalentar, medan det samla gapet til 45 pst.-målet i Granavolden-plattforma var på 16,6 mill. tonn CO2-ekvivalentar. Regjeringa presenterte difor i klimaplanen verkemiddel berekna til å kutte utsleppa med 20 mill. tonn CO2-ekvivalentar. Etter at det vart oppdaga feil i utsleppsrekneskapen, har det samla gapet til begge måla auka med 6,7 mill. tonn. For å nå regjeringas mål om 45 pst. reduksjon i utslepp tyder anslag på at det vil være nødvendig med ytterlegare verkemiddelbruk utover det som kvantifiserast i klimaplanen. Målet til regjeringa står fast.
Anslaga er uvisse og heng saman med ei rekkje faktorar, til dømes kor raskt teknologiutviklinga går framover, og effekten av dei ulike verkemidla. Uvissa kan trekkje i både positiv og negativ retning. I tillegg kjem utsleppsreduksjonar av dei verkemidla som ikkje er effektberekna.
15.2.2 Forventa effekt og oppfølging av regjeringa sin klimaplan for 2021–2030
Dei effektberekna verkemidla i klimaplanen er forventa å redusere utsleppa med 20,5 mill. tonn CO2-ekvivalentar over perioden 2021–2030. Tabell 15.1 syner korleis utsleppskutta er forventa fordelte på dei ulike verkemidla frå klimaplanen før og etter oppdateringa av utsleppsframskrivingane. Som følgje av oppdateringa auka utsleppsgapet med 6,7 mill. tonn CO2-ekvivalenter over perioden. Auken i utsleppsframskrivinga gjer også at den forventa effekten av klimaavgiftene aukar med 0,5 mill. tonn CO2-ekvivalentar over perioden.
Tabell 15.1 Utsleppsgap og anslått effekt av verkemiddel (millionar tonn CO2-ekvivalentar)1
Per dags dato | I Meld. St. 13 | |
---|---|---|
Utsleppsgap 40 pst. | 15,1 | 8,4 |
Utsleppsgap 45 pst. | 23,3 | 16,6 |
Utsleppsreduksjon som følgje av krav og offentlege innkjøp | 3 | 3 |
Utsleppsreduksjon som følgje av auke i klimagassavgifta | 8 | 7,5 |
Utsleppsreduksjon kreditert jordbrukssektoren i utsleppsrekneskapen | 4 | 4 |
Utsleppsreduksjon som følgje av endra krav om biodrivstoff | 5,5 | 5,5 |
Samla anslåtte utsleppsreduksjonar | 20,5 | 20 |
Moglege tilleggseffektar | ||
Effekt av å nå måltala frå NTP 2018–2029 | 1 | 1 |
Ny NTP, ny avtale med Enova, byvekstavtalar og andre verkemiddel som har betydning for klimagassutsleppa, jf. 3.1.2.3 | Ikkje effektberekna | Ikkje effektberekna |
1 Tala, med unntak av tala for utsleppsgap, er runda av til nærmaste halve million tonn CO2-ekvivalentar.
Kjelde: SSB, Miljødirektoratet, Finansdepartementet, Klima- og miljødepartementet
Figur 15.2 syner korleis utsleppskutta er forventa fordelte på dei ulike verkemidla, og korleis dei bidrar til å fylle utsleppsgapet. Til samanlikning viser figur 15.3 dei forventa utsleppskutta og utsleppsgapet før oppdateringa i utsleppsrekneskapen og utsleppsframskrivinga.
Prising av utslepp gjennom avgift er hovudverkemiddelet i klimapolitikken, men dersom dette skulle vore det einaste verkemiddelet for å nå klimamåla våre, ville avgifta blitt svært høg. Regjeringa meiner det er nødvendig å finne ein god balanse mellom avgiftsauke og andre verkemiddel. Regjeringa la i klimameldinga opp til ei gradvis opptrapping av CO2-avgifta frå nivået i dag på om lag 591 kroner til 2 000 2020-kroner per tonn CO2 i 2030. I tråd med den gradvise opptrappinga av klimagassavgifta foreslår regjeringa i budsjettet 2022 at klimagassavgifta blir auka frå 591 kroner til 766 kroner. I tillegg foreslår regjeringa ei oppheving av fritaket i CO2-avgifta for naturgass og LPG til veksthusnæringa, og ei gradvis opptrapping av avgiftssatsen.
Det er rekna med at ein gradvis avgiftsauke til 2 000 2020-kroner i 2030 kan redusere utsleppa frå transport med om lag 4 mill. tonn CO2-ekvivalentar og utsleppa i dei andre ikkje-kvotepliktige sektorane med 4 mill. tonn CO2-ekvivalentar. Regjeringa foreslår ikkje å kompensera auka i CO2-avgifta med redusert vegbruksavgift i statsbudsjettet for 2022. Anslag frå Meld. St. 13 tyder på at dersom ein auke i CO2-avgifta fram mot 2030 skal bli kompensert fullt ut gjennom vegbruksavgifta, vil reduksjonen i klimagassutslepp isolert sett bli om lag 3,5 millionar tonn CO2-ekvivalentar lågare enn utan kompensasjon.
Vurderingane er baserte på underlag frå SSB og resultat frå SNOW-modellen, Miljødirektoratet og Klimakur 2030. Som ein berekningsteknisk føresetnad ligg det til grunn at utsleppseffekten aukar jamt gjennom perioden 2021–2030.
Utsleppsreduksjonar som følgje av statlege låg- og nullutsleppskrav og offentleg innkjøp innanfor transport er på om lag 3 mill. tonn CO2-ekvivalentar. For meir om dette, sjå kapittel 15.2.4. Regjeringa vil halde ved lag dagens nivå på omsetninga av biodrivstoff gjennom å auke omsetningskravet til vegtrafikk og tek sikte på å innføre eit omsetningskrav for anleggsdiesel frå 2022 som fram mot 2030 blir auka til same nivået som i vegtrafikken. Samla kan det gje ein utsleppsreduksjon på opp mot 5,5 mill. tonn CO2-ekvivalentar. Det blir òg teke sikte på å innføre omsetningskrav for biodrivstoff i skipsfarten, men dette er ikkje effektberekna. Regjeringa og jordbruksorganisasjonane har ein intensjonsavtale om utsleppskutt og auka opptak, på bakgrunn av denne blir det lagt til grunn ein reduksjon bokført i jordbrukssektoren på 4 mill. CO2-ekvivalentar over perioden 2021–2030. For meir om dette, sjå kapittel 15.2.5.
Tabell 15.1 og figur 15.2 gjer ikkje fullstendig uttrykk for den venta effekten av klimapolitikken til regjeringa. Ikkje all klimapolitikk er like lett å effektvurdere, og det er ei rekkje viktige verkemiddel og tiltak som ikkje er effektberekna utover dei som er nemnde ovanfor. Nye verkemiddel utover det som er effektberekna, kan òg utløyse ytterlegare utsleppsreduksjonar. Regjeringa vil fortsetje med arbeidet for ny teknologi og omstilling i norsk næringsliv gjennom stønad til Forskingsrådet, Innovasjon Noreg, Siva og Enova. Det blir òg satsa på CO2-fangst. I budsjettet for 2021 vart det løyvd 2 275 mill. kroner til demonstrasjonsprosjektet Langskip. Hovudformålet med Langskip er å demonstrere at CO2-handtering er trygt og mogleg, og dessutan leggje til rette for læring og kostnadsreduksjonar for etterfølgjande prosjekt. Langskip vil samstundes føre til nasjonale utsleppsreduksjonar, men dette er ikkje rekna inn i tabell 15.1. Betring av kollektivtilbodet og byvekstavtalane bidreg til å redusere trafikkveksten og klimagassutsleppa i dei store byområda. I budsjett for 2022 foreslår regjeringa ei vidareføring av Hurtigbåtordninga under Miljødirektoratet som støttar fylkeskommunar med låg- og nullutsleppsløysingar på hurtigbåtar. Vidare foreslår regjeringa ei ny satsing på utvikling av nullutsleppsteknologi for dei store fartøysegmenta som går både i nasjonal og internasjonal fart, og som per i dag ikkje har reelle nullutsleppsalternativ. Ordninga vil vere ei øyremerkt satsing under MAROFF-programmet i Forskingsrådet. I tillegg kjem mellom anna pengar til pilotprosjekt for fossilfrie anleggsplassar i transportsektoren. Det er også sett av pengar til ei ny tilskotsordning for mindre byar, som skal gå til kollektiv-, gang- og sykkeltiltak, på Samferdselsdepartementet sitt budsjett.
15.2.3 Sektorvise utsleppsbanar
Ifølgje klimalova skal ein i denne rapporteringa gje ei oversikt som synleggjer sektorvise utsleppsbanar innanfor ikkje-kvotepliktig sektor og kva typar tiltak som vil vere nødvendige for å realisere desse. Figur 15.4 viser forventa utsleppsreduksjon i ulike sektorar med klimaplanen frå regjeringa. Regjeringa har ein ambisjon om å halvere utsleppa frå transport innan 2030 samanlikna med 2005. Sjå kapittel 15.2.5 for meir om dette.
Intensjonsavtalen mellom regjeringa og organisasjonane i jordbruket dannar grunnlaget for ambisjonane i jordbrukssektoren. Partane har forplikta seg til å redusere utsleppa og auke opptaket av klimagassar tilsvarande 5 mill. tonn CO2-ekvivalentar samla i tiårsperioden. I Meld. St. 13 (2020–2021) Klimaplan 2021–2030 har regjeringa teke utgangspunkt i at om lag 1 mill. tonn CO2-ekvivalentar av avtalemålet blir oppnådd gjennom å fase ut fossile utslepp i jordbruket og eit forbod mot nydyrking av myr. Dette er utslepp som i utsleppsrekneskapen blir bokførte i andre sektorar enn jordbruket. Difor har ein i klimaplanen vurdert at det er ein rest på 4 mill. tonn som skal oppnåast gjennom reduksjon i utslepp som blir bokførte i jordbrukssektoren, sjå nærmare kapittel 15.2.6.
For dei andre ikkje-kvotepliktige utsleppa vurderer regjeringa at samla utsleppsreduksjon vil vere i området 4 mill. tonn CO2-ekvivalentar. Regjeringa har ikkje sett sektorvise ambisjonar for andre ikkje-kvotepliktige utslepp. Fordi desse utsleppa kjem frå svært ulike kjelder, slik som hushald, industri og fluorgassar i produkt, der kvar av kjeldene utgjer ein liten del av dei totale ikkje-kvotepliktige utsleppa, vurderer regjeringa at det ikkje er formålstenleg å setje ein sektorvis ambisjon. Sjå kapittel 15.2.7 for meir omtale av dette.
15.2.4 Transport
15.2.4.1 Mål og ambisjonar for transportsektoren
Regjeringa har ein ambisjon om at klimagassutsleppa i transportsektoren skal halverast i 2030 samanlikna med 2005. Målet blir rekna som eit punktmål for 2030.
Ambisjonen føreset forbetringar av teknologisk modning i ulike delar av transportsektoren.
Regjeringa har òg sett ei rekkje måltal for nye nullutsleppskøyretøy6:
Nye personbilar og lette varebilar skal vere nullutsleppskøyretøy i 2025.
Nye bybussar skal vere nullutsleppskøyretøy eller bruke biogass i 2025.
Innan 2030 skal nye tyngre varebilar, 75 pst. av nye langdistansebussar og 50 pst. av nye lastebilar vere nullutsleppskøyretøy.
Innan 2030 skal varedistribusjonen i dei største bysentruma tilnærma vere nullutslepp.
Ein føresetnad for å nå måltala for nullutsleppskøyretøy er forbetringar av teknologisk modning i ulike delar av transportsektoren, slik at nullutsleppsløysingar blir konkurransedyktige med konvensjonelle løysingar.
For innanriks sjøfart og fiske har regjeringa ein eigen ambisjon om å halvere klimagassutsleppa innan 2030, samanlikna med 2005.
15.2.4.2 Status for transportsektoren – når vi målet
Totalt var utsleppa av klimagassar frå transportsektoren på om lag 15,7 mill. tonn CO2-ekvivalentar i 2020. Av det er 15,0 mill. tonn ikkje-kvotepliktige utslepp.
Personbilane er framleis den største kjelda til utslepp i transportsektoren, men desse utsleppa er på veg ned. Dette kjem av auka bruk av biodrivstoff og ein betydeleg auke i bruken av elbilar. Det vil ta tid før vi ser dei fulle klimaeffektane av elbilane på utsleppsrekneskapen. Omstillinga til låg- og nullutslepp i innanriks sjøfart og fiske har begynt. Særleg innan ferjesektoren er det komme fleire låg- og nullutsleppsferjer i drift. Det vil òg her ta tid før vi ser den fulle klimaeffekten av politikken til regjeringa på utsleppsrekneskapen.
Den justerte framskrivinga syner at ikkje-kvotepliktige utslepp frå transport baserte på vedteken politikk er venta å gå ned, frå 15,0 mill. tonn CO2-ekvivalentar i 2020 til 10,9 i 2030, ein reduksjon på 27 pst. Framskrivinga inkluderer ikkje dei nye verkemidla som vart presenterte i klimaplanen.
Ei halvering av transportutsleppa frå 2005 til 2030 inneber at utsleppa i 2030 må liggje på om lag 7,5 mill. tonn. Ei gradvis utvikling mot ei halvering av transportutsleppa i 2030 vil vere avgjerande for å nå 45-prosentmålet til regjeringa. Den justerte framskrivinga i Nasjonalbudsjettet 2022 syner at dei ikkje-kvotepliktige utsleppa frå transportsektoren er forventa å bli reduserte til 10,9 mill. tonn CO2-ekvivalentar i 2030. Dette gjev eit utsleppsgap i 2030 til halveringsmålet på om lag 3,4 mill. tonn CO2-ekvivalentar. Det er knytt stor uvisse til korleis utsleppsutviklinga vil vere ti år fram i tid. Dei forventa utsleppsreduksjonane som er skisserte i klimaplanen, vil samla sett bidra til at vi ligg an til å om lag halvere utsleppa i 2030 samanlikna med 2005.
15.2.4.3 Forventa effekt av klimaplanen for 2021–2030
Regjeringa foreslo i klimaplanen verkemiddel som vil bidra til å halvere dei ikkje-kvotepliktige utsleppa frå transportsektoren innan 2030. Verkemidla skal i tillegg bidra til å innfri måltala for nye nullutsleppskøyretøy frå NTP 2018–2029. Det vart også lagt fram ein handlingsplan for biogass og ein handlingsplan for fossilfrie anleggsplassar i transportsektoren. Grøn omstilling av skipsfarten er ein særskild prioritet for regjeringa. Klimaplanen og Meld. St. 10 (2020–2021) Grønnere og smartere – morgendagens maritime næring (maritim melding) byggjer vidare på handlingsplanen for grøn skipsfart (2019) og ei vidareutvikling av verkemiddelbruken. Ved behov vil ein greie ut nye verkemiddel for å nå ambisjonen om halvering av utsleppa frå innanriks skipsfart.
Forventa utsleppsleppskutt av framtidig politikk i klimaplanen viser at verkemidla regjeringa har lagt fram i klimaplanen, kan kutte utsleppa i transport med 12 mill. tonn over perioden 2021–2030, samanlikna med referansebanen. Figur 15.5 viser utsleppsbanen for ikkje-kvotepliktige utslepp i transportsektoren med klimaplanen frå regjeringa.
I klimaplanen vart det slått fast at regjeringa vil trappe opp CO2-avgifta til 2 000 kroner i 2030, noko som kan redusere utsleppa frå transportsektoren med om lag 4 mill. tonn CO2-ekvivalentar i perioden 2021–2030. Regjeringa foreslår ikkje å kompensera auka i CO2-avgifta med redusert vegbruksavgift i statsbudsjettet for 2022. Regjeringa signaliserte òg at ein tek sikte på å stille krav om at alle nye bybussar skal vere nullutslepp i 2025 ved å gjere det til eit statleg krav i alle offentlege innkjøp frå 2025. Korleis kravet òg kan gjelde biogass, skal greiast ut. Det kan gje utsleppskutt på om lag 1 mill. tonn CO2-ekvivalentar i perioden 2025–2030. Det blir òg varsla krav som sikrar nullutslepp frå personbilar og mindre varebilar frå 2022. Regjeringa tek i tillegg sikte på å innføre nasjonale låg- og nullutsleppskriterium i nye anbod for ferjer og hurtigbåtar, høvesvis i løpet av 2023 og 2025, der det ligg til rette for det. Det er òg varsla krav om låg- og nullutsleppsløysingar for servicefartøy i havbruksnæringa trinnvis frå 2024, der det ligg til rette for det. Vidare vil regjeringa komme tilbake til Stortinget med ein plan for korleis vedtaket som ber regjeringa leggje fram forslag som sikrar null- og lågutsleppslysingar for offshorefartøy i petroleumsproduksjon, blir følgt opp. Dette inkluderer å vurdere nye krav og innfasing av desse frå 2022. Samla kan det gje ein utsleppsreduksjon på opp mot 2 mill. tonn CO2-ekvivalentar i perioden 2021–2030.
Planen til regjeringa er å halde ved lag dagens nivå på omsetninga av biodrivstoff gjennom å auke omsetningskravet til vegtrafikk. Det kan gje ein utsleppsreduksjon på om lag 2,7 mill. tonn CO2-ekvivalentar i perioden 2021 til 2030, samanlikna med om nivået på omsetningskravet i prosent hadde blitt halde fast på eit fallande drivstoffvolum. Regjeringa vil òg ta sikte på å innføre eit omsetningskrav for anleggsdiesel frå 2022, som fram mot 2030 blir auka til same nivået som i vegtrafikken. Dette kan gje ein ytterlegare utsleppsreduksjon på 2,8 mill. tonn CO2-ekvivalentar i perioden 2021–2030. Regjeringa vil i tillegg ta sikte på å innføre eit omsetningskrav for skipsfart frå 2022.
Klimaplanen slo fast at måltala frå NTP 2018–2029, jf. punkt 15.2.5.1, ligg fast og innretta verkemidla i planen for å innfri desse. Det å nå måltala vil gje utsleppsreduksjonar ut over det som er effektberekna. Fordi det ikkje er mogleg å talfeste nøyaktig avgiftsinnretting eller nivå på stønadsordningar for kvart år framover, er det heller ikkje mogleg å direkte vurdere utsleppseffekt som følgje av verkemidla. Vidare vil òg byvekstavtalane, regjeringa sin handlingsplan for fossilfrie anleggsplassar i transportsektoren og andre verkemiddel som har betydning for klimagassutsleppa, gje ein utsleppseffekt ut over det som er effektberekna i planen.
15.2.4.4 Rapportering på gjennomføringa av klimaplanen
Sidan klimaplanen for 2021–2030 vart lagd fram i januar i år, har regjeringa halde fram arbeidet med å styrkje insentiva for å redusere utsleppa. Figur 15.6 viser verkemidla som blir brukte for å redusere transportutsleppa, medan figur 15.7 viser ei oversikt over korleis dei ulike verkemidla treffer dei ulike køyretøy- og fartøykategoriane (ikkje uttømmande).
Regjeringa jobbar langs fleire spor for å redusere utsleppa frå transportsektoren: Fleire køyretøy og fartøy med låge eller ingen utslepp blir fasa inn, meir klimavennleg drivstoff i fossile køyretøy og fartøy blir tekne i bruk, det totale transportbehovet blir redusert og det blir lagt til rette for meir bruk av miljøvennleg transport både til person- og godstransport.
I klimaplanen foreslo regjeringa ulike grep for å få auka fart på utsleppsreduksjonane i tråd med måla som er sette. Desse består av vidareførte, endra og i nokre tilfelle nye verkemiddel. Verkemiddelapparatet kombinerer høgare avgift med støttande verkemiddel. Klimaplanen legg opp til å vurdere nivået og utforminga på dei ulike verkemidla undervegs i perioden i lys av utviklinga i dei faktiske utsleppa og teknologiutviklinga. Under følgjer rapporteringa på utviklinga i verkemiddelbruken.
CO2-avgifta på mineralske produkt er det viktigaste verkemiddelet for å redusere utsleppa av klimagassar frå transportsektoren. Avgifta bidreg til å auke prisen på fossilt drivstoff og på den måten gjere det meir attraktivt å velje nullutsleppsteknologi eller å reise med kollektivtransport, sykle eller gå. I tråd med klimaplanen foreslår regjeringa at CO2-avgifta blir trappa opp til 766 kr/tonn frå 1. januar 2022. Forslaget er nærmare omtalt i Prop. 1 LS (2021–2022).
I tillegg bidreg måten bilavgiftene er innretta på, til at folk vel nullutsleppskøyretøy. Regjeringa har foreslått endringar i bilavgifter for 2022 som følgjer opp regjeringa sine prinsipp for eit berekraftig bilavgiftsystem. Forslaget er nærmare omtalt i Prop. 1 LS (2021–2022).
Enova er det mest sentrale verkemiddelet regjeringa har for stønad til teknologiutvikling og tidleg marknadsintroduksjon av null- og lågutsleppsteknologi, og er ei viktig brikke i Klimaplanen. Regjeringa vil halde fram med den betydelege satsinga gjennom Enova og har spissa Enova som klimaverkemiddel i samband med den fireårige styringsavtalen for 2021–2024. Enova er eit sentralt verkemiddel i arbeidet med å fremje innovasjon og utvikling av nye klima- og energiløysingar og i oppfølginga av klimaplanen for 2021–2030.
Enova har støtta prosjekt i transportsektoren med til saman om lag 5,2 mrd. kroner sidan 2016. I maritim sektor støttar Enova infrastruktur for utsleppsfrie drivstoff, elektrifisering av sjøtransport og teknologiutvikling innan til dømes hydrogen. Når det gjeld køyretøy, støttar Enova teknologiutvikling for tyngre køyretøy, infrastruktur for utsleppsfrie drivstoff og produksjon av biogass og biodrivstoff. Gjennom Nullutsleppsfondet for næringstransport er Enova med på å auke bruken av batteri-, hydrogen- og biogassløysingar både på land og på sjø gjennom tidleg marknadsintroduksjon. Enova har gjeve tilsegn om støtte til om lag 24 600 elvarebilar sidan ordninga vart etablert i 2019. Etter kvart som teknologien modnar på stadig fleire område, vil dette vere viktig for mellom anna å medverke til den tidlege marknadsintroduksjonen av tyngre nullutsleppskøyretøy.
Gjennom støtteordninga Klimasats blir det mellom anna gjeve tilskot til klimavennleg transport og klimavennleg areal- og transportplanlegging i kommunane. Totalt er det sidan etableringa i 2016 gjeve tilsegner om 900 mill. kroner til rundt 1 300 prosjekt i kommunar i alle delar av landet gjennom ordninga. Døme på prosjekt som har fått støtte, er arbeidet fylkeskommunane har gjort med låg- og nullutsleppsanbod for hurtigbåtar, etablering av sykkelparkering i kollektivknutepunkt, elektriske varebilar og ladeinfrastruktur til drosjer. Det blir òg gjeve tilskot til planlegging og utgreiing av klimatiltak og til kompetanseheving i nettverk. Klimasats var opphavleg femårig, men vart i budsjettet for 2021 vidareført med 100 mill. kroner for eitt år. Regjeringa er oppteken av å styrkje det lokale og regionale klimaarbeidet og foreslår å føre vidare tilskotsordninga Klimasats også i 2022 med ei ramme for nye tilsegner på 200 mill. kroner.
Regjeringa slår i klimaplanen fast at kommunane skal bruke gjeldande verkemiddel etter plan- og bygningslova for å kutte utslepp. Det blir lagt ned eit omfattande arbeid i norske kommunar for å redusere utslepp gjennom planlegging etter plan- og bygningslova. Staten legg til rette for arbeidet gjennom regelverk, rettleiing, utvikling av verktøy og ved å gje økonomisk støtte. Kommunal- og moderniseringsdepartementet har i 2021 kunngjort eit forprosjekt om eit verktøy for kartlegging av utsleppsinformasjon i kommunal planlegging.
Som ledd i oppfølginga av punktet i klimaplanen om omsetningskrav til biodrivstoff har Miljødirektoratet fått i oppdrag å greie ut mogleg innretning, moglege nivå og konsekvensar av krava. Fristen for oppdraga er 1. oktober når det gjeld vegtrafikk og anleggsdiesel, og 30. november når det gjeld skipsfart. Deretter kan forslaga bli sende på høyring. I tillegg vil det med to års intervall med start frå 2022 bli gjort ei vurdering, og eventuelt ei justering av omsetningskrava for biodrivstoff. Behovet for utsleppskutt må vegast mot pris, kor tilgjengeleg biodrivstoff er, risiko for avskoging, Noregs folkerettslege forpliktingar og handelspolitiske interesser.
Innkjøpsregelverket gjev i dag gode moglegheiter for å stille klima- og miljøkrav i offentlege innkjøp. Krav i anskaffingar har vore viktige for omstillinga til miljøvennleg transport. For å ytterlegare styrkje offentlege innkjøp som verkemiddel varsla regjeringa i stortingsmeldinga om offentlege innkjøp frå 2019 at den ville utarbeide ein handlingsplan for å auke andelen klima- og miljøvenlege offentlege anskaffingar og grøn innovasjon. Handlingsplanen vart fremma 9. september 2021 og er utvikla og skal forvaltast av Direktoratet for forvaltning og økonomistyring, DFØ, som er fagdirektorat for offentlege innkjøp. Målet er at planen skal hjelpe dei offentlege etatane med å forenkle, effektivisere, profesjonalisere og målrette sine klima- og miljøvennlege offentlege innkjøp.
Der teknologien ligg til rette for det, tek regjeringa sikte på å innføre krav til null- og lågutslepp. For å innføre krav vart eit forslag til endringar i forskrift om energi- og miljøkrav ved anskaffelse av kjøretøy til vegtransport sendt på høyring 13. august 2021. Forslaget inneber innføring av nullutsleppskrav for offentlege anskaffingar av personbilar, lette varebilar og bybussar, med enkelte unntaksreglar. Dei foreslåtte endringane er planlagde å tre i kraft 1. januar 2022 for personbilar og lette varebilar og i 2025 for bybussar.
Teknologien er framleis ikkje kommen langt nok til at krav til nullutslepp for større varebilar, lastebilar eller langdistansebussar kan tidfestast. Regjeringa vil setje i gang ei utgreiing for å få eit betre grunnlag for å vurdere krav og vil som del av arbeidet mellom anna sjå på erfaringane med kravet til personbilar og lette varebilar.
Innan grøn skipsfart foreslo regjeringa auka bruk av krav og kriterium om låg- og nullutsleppsløysingar for fleire fartøykategoriar og eit framhald av satsinga på grøn flåtefornying innan lastefartøysegmentet. Det er sett i gang oppfølgingsarbeid knytt til utgreiing og utforming av låg- og nullutsleppskrav og -kriterium, og i samband med budsjett for 2022 foreslår regjeringa ei eiga pilotordning under Forskingsrådets MAROFF-ordning for utvikling og demonstrering av nullutsleppsløysingar for større skip som går i både nasjonal og internasjonal fart. Regjeringa foreslår også ei vidareføring av Hurtigbåtordninga under Miljødirektoratet i budsjett for 2022. Ordninga støttar fylkeskommunar i prosjekt knytte til låg- og nullutsleppsløysingar på hurtigbåtar.
Regjeringa legg opp til at utbygginga av offentleg tilgjengeleg ladeinfrastruktur skal vere marknadsbasert, men at staten gjennom Enova skal bidra der det ikkje er kommersielt lønnsamt å byggje ut. Enova har dei siste åra bidrege til utbygging av hurtigladarar i område med få eller ingen hurtigladarar og har støtta utbygginga med om lag 150 mill. kroner. Dei siste åra har Enova hatt fokus på områdeutbygging av ladeinfrastruktur i utvalde område der det framleis er behov for offentleg støtte. Dette har resultert i betre dekning i både Troms og Finnmark, Nordland og Namdalen.
Transportverksemdene ser planlegging og utbygging av veg og ladeinfrastruktur i samanheng, jf. mellom anna ny strategi for rasteplassar langs riksveg lansert i desember 2020, der det går fram at det skal leggjast til rette for etablering av ladestasjonar på hovudrasteplassar og døgnkvileplassar langs riksvegnettet.
Som eit ledd i oppfølginga av Stortingets oppmodingsvedtak om å etablere ein nasjonal ladestrategi har Statens vegvesen og Miljødirektoratet fått eit felles oppdrag om å lage eit kunnskapsgrunnlag om ladeinfrastruktur for vegtransport i Noreg. Oppdraget inneber mellom anna å vurdere behovet for offentleg tilgjengelege ladestasjonar og å vurdere om det eksisterer marknadssvikter og andre barrierar for å oppnå ei ønskt utbygging.
I tråd med Klimaplanen vart det 28. april 2021 gjort endringar i byggteknisk forskrift, slik at det no blir stilt krav om at nye bygg, og bygg det blir gjort større ombyggingar på, skal oppførast som ladeklare. Det vil seie at det er klargjort føringsvegar for elektrisk infrastruktur for ladeanlegg for elbilar, og at det er sett av tilstrekkeleg plass til installasjonar som er nødvendige ved montering av det elektriske anlegget for lading. Endringa tok til å gjelde 1. juli 2021.
For å følgje opp klimaplanen har Samferdselsdepartementet gjeve Statens vegvesen i oppdrag å vurdere og komme med konkret forslag til lemping av vilkåra for oppretting av lågutsleppssoner av omsyn til klima og gjere ei brei vurdering av rettslege, tekniske og praktiske problemstillingar knytte til gjennomføring av eventuelle pilotprosjekt med nullutsleppssoner i Bergen og Oslo.
Ny Nasjonal Transportplan (NTP) for perioden 2022–2033 vart fremja av regjeringa 19. mars 2021. NTP 2022–2033 følgjer opp klimaplanen 2021–2030 og byggjer opp om halveringsambisjonen. Føringane frå klimaplanen blir lagt til grunn. Det blir mellom anna sett av 75 mill. kroner årleg til å pilotere fossilfrie anleggsplassar i første seksårsperiode. Regjeringa foreslår no å setje av 50 mill. kroner til å setje i gang pilotprosjekt for fossilfrie anleggsplassar i transportsektoren i statsbudsjettet for 2022. Det totale arealbeslaget frå samferdselsprosjekt skal reduserast gjennom til dømes gjenbruk og optimalisering av vegstrekningar, og det skal arbeidast for å redusere utsleppa frå drift og vedlikehald. Effektiv bruk av ny teknologi skal i tillegg bidra til grøn omstilling av transportsektoren.
15.2.5 Jordbruk
15.2.5.1 Sektorambisjon for klima: Intensjonsavtalen mellom regjeringa og jordbruket
Regjeringa signerte i 2019 ein intensjonsavtale med organisasjonane i jordbruket. Avtalen er delt opp i tre delar:
a. Bidraget frå jordbruket til reduksjonar i klimagassutslepp og opptak i perioden 2021–2030
b. Arbeidet regjeringa gjer med forbruksendringar som indirekte kan medføre reduksjonar i klimagassutslepp frå jordbrukssektoren i perioden 2021–2030
c. Reglar om korleis avtalen skal følgjast opp, og korleis tiltak skal rekneskapsførast
Jordbruket er berre ansvarleg for tiltaka i del A. Regjeringa er ansvarleg for tiltaka i del B. Effekten av tiltaka i del A og B skal samla gje ein klimagassreduksjon på 5 mill. tonn CO2-ekvivalentar, der ein vesentleg del blir teken i del A. Det er etablert ei gruppe som skal føre rekneskap, i tråd med del C. Gruppa skal gjere opp status for progresjonen og utviklinga i arbeidet. Rapportane frå gruppa vil liggje til grunn for å vurdere om progresjonen og utviklinga er som føresette i avtalen. Klimaavtalen skal ikkje gje bindingar for den framtidige verkemiddelbruken eller jordbruksforhandlingane, og klimaavtalen kan heller ikkje føresetje auka subsidiar.
Ikkje alle utslepp frå jordbruksaktivitetar blir bokførte som utslepp i jordbruket: Til dømes blir utslepp frå traktorar og maskiner bokførte i transportsektoren, medan opptak og utslepp av CO2 frå jordbruksareal blir bokførte i arealbrukssektoren. Intensjonsavtalen med jordbruket omfattar utslepp som kan tilskrivast all jordbruksaktivitet innanfor sektorane jordbruk, transport, oppvarming av bygg og arealbruk (unnateke skog) i den offisielle klimagassrekneskapen.
Regjeringa har i Meld. St. 13 (2020–2021) Klimaplan for 2021–2030 lagt til grunn at utsleppa som blir bokførte som jordbruksutslepp, skal ned med 4 mill. tonn. Tala baserer seg på målet i intensjonsavtalen og analysar frå Klimakur 2030 av det potensialet jordbruksnæringa har til å redusere utsleppa sine i andre sektorar. Anslaga frå Klimakur 2030 viser eit potensial for jordbruksnæringa til å redusere utsleppa sine i andre sektorar på om lag 1,1 mill. tonn CO2-ekvivalentar. Dette er berre basert på tiltak som i dag blir bokførte i utsleppsrekneskapen.
Dei jordbrukspolitiske måla i Meld. St. 11 (2016–2017) ligg til grunn for landbrukspolitikken: 1) matsikkerheit og beredskap, 2) landbruk over heile landet, 3) auka verdiskaping og 4) eit berekraftig landbruk med lågare utslepp av klimagassar.
Hovudoppgåva jordbruket har, er å produsere mat, og utsleppa frå jordbruket kan ikkje fullt ut fjernast. Regjeringa meiner difor det er rimeleg at jordbruket reduserer klimagassutsleppa sine i mindre grad enn andre sektorar. I lågutsleppssamfunnet Noreg i 2050 vil utsleppa frå jordbruket vere av dei siste utsleppa som er att.
15.2.5.2 Status for bidraget frå jordbruket
Sidan intensjonsavtalen med jordbruket omfattar klimatiltak som kan tilskrivast all jordbruksaktivitet innanfor sektorane jordbruk, transport, oppvarming av bygg og arealbruk (unnateke skog) i den offisielle klimagassrekneskapen, kan utsleppsreduksjonar som bidreg til å nå målet i avtalen komme i fleire sektorar. Sjå figur 15.9 for korleis utsleppa frå jordbruket er fordelte på ulike kjelder, og deira del av samla ikkje-kvotepliktige utslepp. I 2019 var utsleppa frå all jordbruksaktivitet i dei nemnde sektorane på 7,1 mill. tonn CO2-ekvivalentar (sjå figur 15.9). Utsleppa frå dei utsleppa som i utsleppsrekneskapen høyrer til i jordbrukssektoren, var i 2019 på 4,4 mill. tonn CO2-ekvivalentar (sjå grøn del i figur 15.9).
Framskrivingane presenterte i Nasjonalbudsjettet 2021 av dei utsleppa som i utsleppsrekneskapen høyrer til i jordbrukssektoren, gjev eit utslepp på cirka 4,5 mill. tonn CO2-ekvivalentar per år fram til 2030, med andre ord om lag på dagens nivå. Reknar vi med både utslepp som blir bokførte i jordbrukssektoren, og utslepp frå jordbruksaktivitet som blir bokførte i sektorane transport, oppvarming av bygg og arealbruk, gjev framskrivingane totale utslepp frå jordbruksaktivitet på drygt 7 mill. tonn CO2-ekvivalentar i 2030. Framskrivinga viser berre verknaden av allereie vedtekne tiltak og verkemiddel, med andre ord er ikkje effekten av intensjonsavtalen rekna inn. Som tidlegare omtalt har intensjonsavtalen eit mål om å redusere utsleppa og auke opptaka av klimagassar med 5 mill. tonn CO2-ekvivalentar. For utsleppa som blir rekna i jordbrukssektoren, er bidraget frå intensjonsavtalen berekna til å vere 4 mill. tonn over perioden 2021–2030. I figur 15.10 viser linja framskrivinga av utsleppa frå jordbruket. Det skraverte feltet viser dei reduksjonane i utslepp vi må gjere i jordbrukssektoren for å innfri intensjonsavtalen.
Del C i avtalen mellom regjeringa og organisasjonane i jordbruket handlar om reglar om korleis avtalen skal følgjast opp, og korleis tiltaka skal rekneskapsførast. Som ei oppfølging av dette er det etablert ei rekneskapsgruppe som skal skaffe eit faggrunnlag som skal informere partane (Norges Bondelag, Norsk Bonde- og Småbrukarlag og staten) om progresjonen og utviklinga i arbeidet med utsleppsreduksjonar og opptaket av karbon i jordbruket.
Det ligg ikkje til Regnskapsgruppa sitt mandat å ta avgjerder knytte til den nasjonale klimagassrekneskapen. Rekneskapsgruppa kan likevel leggje til rette for implementering av ny metodikk eller oppdatering av gjeldande metodikk gjennom å skaffe nødvendig kunnskapsgrunnlag, dokumentasjon eller aktivitetsdata gjennom utgreiingar bestilte av Regnskapsgruppa.
Rekneskapsgruppa gav sin første delrapport i mars 2021. Første hovudrapport blir levert hausten 2021. I 2021 prioriterer gruppa arbeidet med å rigge eit transparent og robust system for rapportering. På bakgrunn av dette arbeidet vil omtalen av jordbrukssektoren vidareutviklast i dei årlege klimalovrapporteringane framover. Underlaget frå rekneskapsgruppa vil brukast til å rapportere på framdrift i gjennomføringa av del A og B i avtalen.
15.2.5.3 Rapportering på gjennomføringa av intensjonsavtalen
15.2.5.3.1 Klima- og miljøprofilen i jordbruksavtalen for året
Utviklinga av norsk landbrukspolitikk byggjer på eit samarbeid mellom staten og landbruksnæringa for å nå politisk fastsette mål for landbruket. Verkemidla for å nå desse måla blir fastsette i dei årlege jordbruksoppgjera. Jordbruksavtalen er dermed hovudverkemiddelet for å utforme og implementere verkemiddel i jordbrukssektoren, inkludert målet om lågare utslepp av klimagassar og auka opptak av karbon.
I årets jordbruksavtale (Prop. 200 S (2020–2021) Endringer i statsbudsjettet 2021 under Landbruks- og matdepartementet (Jordbruksoppgjøret 2021 m.m.)) er avsetjinga med klima- og miljøeffekt auka med 238 mill. kronar frå 2021 til 2022. Til dømes er Landbrukets utviklingsfond auka med totalt 48 mill. kroner til fornybar energi, investeringar i gjødseltiltak, biogass og hydrotekniske tiltak. I tillegg er Regionalt miljøprogram auka med 50 mill. kroner.
Klimaeffekten av jordbruksoppgjeret skal synleggjerast i dei årlege proposisjonane som omhandlar jordbruksavtalen, jf. Meld. St. 13 (2020–2021) Klimaplan for 2021–2030. Ei slik årleg berekning vil gje eit kunnskapsgrunnlag som kan hjelpe til med å sikre at dreiinga av avtalen i ei meir klimavennleg retning er eit tilstrekkeleg bidrag til å nå målet om reduserte klimagassutslepp frå jordbruket i 2030. Det skal utarbeidast forslag til ein modell som kan brukast til å synleggjere klimaeffekt av jordbruksoppgjeret. Det er sett av 0,3 mill. kroner til arbeidet over post 21 i Landbruks- og matdepartementets budsjett. Arbeidet skal avsluttast innan 15. februar 2022.
15.2.5.3.2 Klimatiltak på gardsnivå
Eit særtrekk med jordbrukssektoren er at ein del av utsleppa frå jordbruksaktivitetar ikkje blir bokførte som utslepp i jordbruket: Til dømes blir utslepp frå traktorar og maskiner bokførte i transportsektoren, medan utslepp og opptak av CO2 frå jordbruksareal blir bokførte i arealbrukssektoren. Klimaavtalen med jordbruket omfattar klimatiltak som kan tilskrivast all jordbruksaktivitet innanfor sektorane jordbruk, transport, oppvarming av bygg og arealbruk (unnateke skog) i den offisielle klimagassrekneskapen. Sjå kapittel 15.2.4 (transport), 15.2.6 (andre ikkje-kvotepliktige utslepp) og 15.3 (Skog- og arealbrukssektoren) for nærmare omtale av desse sektorane.
15.2.5.3.3 Kosthald og matsvinn
Om vi reduserer matsvinnet, treng vi ikkje å produsere like mykje mat. Om befolkninga i større grad følgjer kostråda frå Helsedirektoratet, inneber det at etterspurnaden etter raudt kjøt og foredla kjøtvarer blir lågare. Jordbruket produserer det forbrukarane spør etter. Klimagassutsleppa frå jordbruket blir da lågare. Desse endringane er omfatta av del B i intensjonsavtalen med jordbruket.
Endringar i kosthaldet til befolkninga er avhengig av at fleire tiltak verkar saman på tvers av sektorar, og av eit godt samarbeid mellom offentlege, private og frivillige aktørar. Effekten av enkelttiltak er utfordrande å måle og vanskelege å vurdere isolert frå alt anna som skjer samstundes. Ifølgje rapportar frå Verdshelseorganisasjonen og Helsedirektoratet er ein samansett og brei innsats nødvendig for å oppnå resultat.
Regjeringa vil halde ved lag og vidareutvikle arbeidet som allereie er i gang og forankra i Nasjonal handlingsplan for betre kosthald (2017–2021/2023) og Folkehelsemeldinga – Gode liv i eit trygt samfunn (Meld. St. 19 (2018–2019)). Framover skal særleg eigarskapen til kosthaldsplanen i departementa, forankringa i kommunane og involveringa av frivillig sektor bli betra. I oppfølginga skal berekraft gjerast meir tydeleg i kosthaldsarbeidet.
Arbeidet for å redusere matsvinn er viktig for regjeringa. I bransjeavtalen for reduksjon av matsvinn har fem departement og tolv bransjeorganisasjonar gått saman for å halvere matsvinnet i Noreg innan 2030, samstundes er det fasett delmål for 2020 og 2025. Avtalen er Noregs fremste verkemiddel i matsvinnarbeidet, og ei rekkje verksemder har slutte seg til avtalen. Gjennomføring av avtalen krev samarbeid på tvers av alle bransjar og at moglegheitene innanfor offentleg-privat samarbeid blir utnytta. Sidan opprettinga av avtalen i 2017 er det innført mange ulike tiltak mot matsvinn, mellom anna forbetra merking og tiltak som skal sikre betre haldbarheit og meir kunnskap om haldbarheita til produkta. Første hovudrapportering under avtalen blir lagd fram hausten 2021. Regjeringa arbeider vidare for å utvikle samarbeidet under bransjeavtalen og vil mellom anna styrkje rolla offentleg sektor har i arbeidet. I «Nasjonal strategi for ein grøn, sirkulær økonomi» , som vart lagd fram i juni i år, varsla regjeringa i tillegg at ho vil styrkje kunnskaps- og formidlingsarbeidet om førebygging av matsvinn i Noreg. God og målretta kommunikasjon til forbrukarane om kvar dei sjølve kan bidra, er svært viktig for å redusere matsvinnet. I DFØ sin handlingsplan for auka klima- og miljøvennlege offentlege anskaffingar er matsvinn òg eit prioritert område.
Regjeringa har i Meld. St. 13 (2020–2021) Klimaplan for 2021–2030 lagt til grunn at staten skal trappe opp innsatsen for å redusere matsvinn i offentlege verksemder, medrekna kartleggje og rapportere matsvinn i offentleg sektor. Framover vil departementa som har signert bransjeavtalen, arbeide for å auke oppslutninga til avtalen. Regjeringa vil i tillegg gå i dialog med blant andre opplysningskontora i landbruket og Sjømatrådet om å styrkje arbeidet deira for redusert matsvinn.
15.2.6 Reduksjonar i dei andre ikkje-kvotepliktige utsleppa
15.2.6.1 Ambisjonar for utsleppsreduksjonar
Regjeringa har ikkje sett sektorvise ambisjonar for ikkje-kvotepliktige utslepp frå andre sektorar enn transport og jordbruk, men vil leggje til rette for å redusere andre ikkje-kvotepliktige utslepp frå industri, petroleum, energi, avfall, bygg og F-gassar i tråd med målet om å kutte dei ikkje-kvotepliktige utsleppa med 45 pst. Regjeringa legg til grunn ei gradvis utfasing av bruken av naturgass til mellombels byggvarme fram mot 2025 og ei gradvis utfasing av bruken av fossile brensel til energiformål i industrien utanfor kvotesystemet fram mot 2030.
15.2.6.2 Forventa effekt av klimaplanen
Om lag 22 pst. av dei ikkje-kvotepliktige utsleppa kom i 2020 frå industrien, petroleumsverksemda, energiforsyning, oppvarming av bygg, handsaming av avfall, bruk av fluorhaldige gassar i produkt og enkelte andre kjelder. Framskrivingane med eksisterande politikk tilseier at utsleppa frå desse kjeldene vil halde fram med å falle og vil vere om lag 41 pst. lågare i 2030 enn i 2005, viss verkemidla vi har i dag, blir førte vidare. Det er særleg utsleppa frå oppvarminga av bygg som har falle mykje. Fram mot 2030 viser framskrivingane ein liten reduksjon i industrien, medan utsleppa frå petroleumsverksemda er tilnærma stabile.
Regjeringa vurderer at verkemidla foreslått i Klimaplan for 2021–2030 kan kutte utsleppa med om lag 4 mill. tonn over perioden 2021–2030, samanlikna med referansebanen. Figur 15.11 viser utsleppsbanen for andre ikkje-kvotepliktige utslepp med klimaplanen frå regjeringa.
15.2.6.3 Rapportering på gjennomføringa av klimaplanen
Det er allereie etablert verkemiddel som bidreg til å redusere utsleppa frå industri, petroleum, energiforsyning, oppvarming, F-gassar og behandling av avfall. Klimaplanfor 2021–2030 legg til rette for å redusere utsleppa i desse sektorane i tråd med målet om å kutte dei ikkje-kvotepliktige utsleppa med 45 pst. Auken i klimaavgiftene er det viktigaste regjeringa gjer for å oppnå dette.
Figur 15.12 viser ei oversikt over sektorvise og sektorovergripande verkemiddel for å redusere dei ikkje-kvotepliktige utsleppa frå industri, petroleum, energiforsyning, behandling av avfall, oppvarming av bygg og bruk av F-gassar. Figur 15.13 viser ei oversikt over korleis dei ulike verkemidla treffer sektorane (ikkje uttømmande).
I klimaplanen slo regjeringa fast at ein vil auke avgiftene på ikkje-kvotepliktige utslepp av klimagassar til 2 000 2020-kroner per tonn CO2 i 2030. I budsjettforslaget for 2022 blir dette følgt opp gjennom ein foreslått auke til 766 kroner per tonn CO2 i 2022. Dette vil verke inn på utsleppa frå industrien, petroleumsverksemda, oppvarming av bygg og bruk og behandling av F-gassar. Regjeringa foreslår å føre vidare dagens 0-sats for naturgass og LPG nytta i kjemisk industri, prosessindustri mv., men vil starte ein prosess for å notifisere fritaket for kvotepliktige verksemder til ESA. Regjeringa foreslår òg å innføre ei avgift på forbrenning av avfall. Forslaga er nærmare omtalte i Prop. 1 LS (2021–2022).
Våren 2021 har regjeringa hatt på høyring krav til utsortering og materialattvinning av bio- og plastavfall frå hushaldsavfall og liknande avfall frå næringslivet, alle krav til materialattvinning av emballasjeavfall. Dette kan føre til at mindre avfall blir sendt til energiattvinning.
Stønad, mellom anna gjennom Enova, reduserer meirkostnadene for aktørar som vil investere i tiltak som kan redusere utsleppa. I ikkje-kvotepliktig industri støttar Enova mellom anna auka utnytting av spillvarme, utfasing av fossil varme og elektrifisering av fossilt drivne mekaniske prosessar gjennom regelmessige utlysingar innan tematiske område. Løyvinga til Enova i samband med grøn omstillingspakke i 2020 forsterka denne satsinga.
Det vart òg varsla i klimaplanen at regjeringa vil auke informasjonen og tilsynet med regelverket for dei fluorhaldige gassane HFK. Klima- og miljødepartementet har i supplerande tildelingsbrev for 2021 bede Miljødirektoratet følgje opp dette tiltaket.
Regjering varsla òg i klimaplanen at ho vil greie ut verkemiddel for å redusere bruken og utsleppa av den fluorhaldige gassen SF6.
15.3 Rapportering skog- og arealbrukssektoren
15.3.1 Sektorforplikting for auka opptak og redusert utslepp frå skog- og arealbrukssektoren
Skog og annan arealbruk er ein av dei tre pilarane i klimasamarbeidet med EU. Denne inkluderer forvalta skog, avskoging, påskoging, dyrka mark, beitemark og våtmark, i tillegg til karbon i treprodukt. Endringar i arealbruken frå ein av desse kategoriane til ein annan av kategoriane blir rekna med, like eins endringar i lageret av karbon i treprodukt. I klimaavtalen med EU har vi ei forplikting om at samla utslepp frå skog- og arealbrukssektoren ikkje skal vere større enn samla opptak i sektoren over perioden 2021–2030, med bruk av reknereglane i EU-regelverket (ofte kalla «netto-null-forpliktinga»). Kommisjonen har frå 2026 til 2030 foreslått endringar i skog- og arealbruksregelverket, sjå nærmare i kap. 12.5.4.
15.3.2 Status for forpliktinga om «netto nullutslepp» i skog- og arealbrukssektoren
Dersom utviklinga i skog- og arealbrukssektoren følgjer framskrivingane til NIBIO, ligg Noreg an til å få eit gjennomsnittleg årleg berekna samla netto utslepp på om lag 1,8 mill. tonn CO2-ekvivalentar frå skog og annan arealbruk i perioden 2021–2025 viss Noreg nyttar ein kompensasjonsmekanisme i EU-regelverket. Viss Noreg ikkje gjer bruk av kompensasjonsmekanismen, kan det samla utsleppsgapet frå heile skog- og arealbrukssektoren bli om lag 2,7 mill. tonn CO2-ekvivalentar årleg. Mykje kjem av store årlege utslepp frå avskoging. Føresetnadene for bruken av kompensasjonsmekanismen er at netto-null-forpliktinga er innfridd i EU samla sett, og at landa har planlagt eller sett i verk nye tiltak for å ta vare på eller auke karbonlagera i skog og anna areal. Kompensasjonsmekanismen gjeld berre for berekna utslepp frå forvalta skog og kan ikkje bli nytta til å nøytralisere utslepp frå avskoging, dyrka mark, beitemark eller vatn og myr. Eit eventuelt bokført utslepp i skog- og arealbrukssektoren vil måtte bli dekt opp anten ved å gjere meir i nasjonal ikkje-kvotepliktig sektor eller ved å nytte andre fleksibilitetsmekanismar.
Figur 15.14 viser korleis utslepp og opptak i Noreg fordeler seg på dei ulike arealkategoriane i EUs regelverk, dersom utviklinga følgjer framskrivingane frå NIBIO. Forvalta skog er område som er skog i dag, og som held fram med å vere skog. Avskoging og påskoging inneber som regel varige endringar av arealbruken: Påskoging er område som går frå ikkje å vere skog til å bli definerte som skog anten som følgje av planting av skog eller naturleg attgroing. Avskoging på si side skjer når skogareal blir tekne i bruk til andre formål, til dømes dyrka mark, vegar eller busetnader. CO2-utslepp frå dyrka mark og beite blir bokførte i sektoren for skog og arealbruk, medan metan og lystgass frå dyrka mark og beite blir førte som utslepp frå jordbruk og dermed i ikkje-kvotepliktig sektor. I det gjeldande skog- og arealbruksregelverket inngår våtmark, som torv, vatn og myr, i berekningane for perioden 2026–2030, men er ikkje tekne med i figuren sidan tala gjev små utslag.
Vidare viser figuren forventa opptak og utslepp frå dei ulike arealbrukskategoriane og totale utslepp for sektoren både utan og med kompensasjonsmekanismen. Avskoging er forventa å gje det største samla årlege utsleppet på om lag 2,4 mill. tonn CO2. Forvalta skog er berekna til å gje eit årleg netto utslepp på om lag 0,9 mill. tonn CO2-ekvivalentar. CO2-opptak i forvalta skog i perioden 2021 til 2025 blir rekna mot ein referansebane. Om faktisk opptak i forvalta skog blir lågare enn referansebanen, får vi bokført eit utslepp. Om faktisk opptak blir høgare enn i referansebanen, får vi bokført eit opptak. Hogstnivå relativt til nivået i referansebanen har mykje å seie for det bokførte opptaket i forvalta skog. Årsaka til det berekna utsleppet på 0,9 mill. tonn er at referansebanen er knytt til historisk forvaltningspraksis i referanseåra 2000–2009, og at hogsten har auka etter den tida, slik at netto opptak i skogen etter framskrivingane er berekna til å bli lågare enn i referansebanen. Eventuelle utslepp frå forvalta skog vil kunne bli nøytraliserte av kompensasjonsmekanismen. Påskoging vil kunne gje eit årleg nettoopptak på 0,6 mill. tonn CO2 over perioden 2021–2025. Utslepp frå beitemark og dyrka mark er forventa å utgjere høvesvis 0,03 og 0,01 mill. tonn CO2-ekvivalentar årleg. EU-kommisjonen har foreslått å endre reknereglar for skog- og arealbrukssektoren i samband med forsterkinga av EUs klimamål for 2030. Reknereglar for netto-null-forpliktinga vil kunne bli endra for perioden 2026–2030. Korleis desse reknereglane blir, er førebels ikkje bestemt.
Skogen leverer råstoff som kan foredlast til materiale, fiber, fôr og energi til mange sektorar. Til dømes kan tre erstatte byggjematerialar med høgare utslepp, og restar frå skogindustrien kan bli til biodrivstoff og dermed bidra til å få ned utsleppa frå transport. Utslepp frå hogst av skog blir bokførte i skog- og arealsektoren, medan vinsten av det reduserte utsleppet ved bruk blir synleg i ikkje-kvotepliktig eller kvotepliktig sektor.
Berekningane er førebelse og svært usikre, mellom anna fordi faktisk utvikling i hogsten har mykje å seie for opptaket i forvalta skog, og fordi det er vanskeleg å anslå noko sikkert om omfanget av framtidige arealbruksendringar. I tillegg har det blitt gjennomført betydelege metodeforbetringar i klimagassrekneskapen for skog- og arealbruk som vart send til FN i april 2021, noko som gjer at berekningane vil endre seg.
Utsleppstala i klimagassrekneskapen for arealbrukssektoren endrar seg alltid noko frå eit år til neste fordi det kontinuerleg blir jobba med forbetring av metodikk og datagrunnlag. I tillegg til metodeforbetringane blir berekningane oppdaterte rutinemessig for dei fem siste åra ettersom meir informasjon blir tilgjengeleg frå Landsskogtakseringa. Endringane som er gjorde i klimagassrekneskapen for året, er mellombels meir omfattande enn vanleg. Det er òg forventa at tala vil endre seg betrakteleg også i rapporteringa for neste år, ettersom utviklingsarbeidet framleis er i gang. Endringane kjem som følgje av tilrådingar frå revisjonar gjennomførte i regi av FN. Når det gjeld betydning for netto opptak rapportert for sektoren, er det for tidleg å seie om dei igangsette forbetringsprosjekta i sum vil auke eller redusere dette.
Metodeforbetringane som er i gang, styrkjer kvaliteten på rekneskapen betydeleg og ligg no nærmare dei faktiske biologiske prosessane i jord, skog og andre grøne areal. Framskrivingane på dette området er difor noko utdaterte, men det er planlagt å lage nye framskrivingar i 2022 når forbetringsarbeidet er avslutta.
I Klimaplanen og framskrivingane for 2021–2030 vart den tidlegare metodikken frå klimagassrekneskapen 2019 lagd til grunn. Det er difor venta at utsleppsgapet og framskrivingane vil bli endra.
15.3.3 Forventa effekt av klimaplanen
I klimaplanen for 2021–2030 la regjeringa frem ei rekkje punkt for å auke opptaket og redusere utsleppa frå sektoren. Det er ikkje mogleg å gje eit nøyaktig svar på kor langt planen vil bringe oss i retning av netto-null-forpliktinga for skog- og arealbrukssektoren, som mest sannsynleg vil gjelde til og med 2025. Det er særleg vanskeleg å talfeste effekten av arbeidet for å redusere utslepp frå nedbygginga av skog og andre grøne areal. I tillegg vil referansebanen for forvalta skog og referansenivåa for dei andre bokføringskategoriane bli endra som følgje av metodeforbetringane i klimagassrekneskapen. Enda vanskelegare er det å gje svar på korleis sektoren vil komme ut i 2030 sidan reknereglane for EUs forsterka klimamål for perioden 2026–2030 er foreslått endra. I alle høve blir det viktig å styrkje opptak og redusere utslepp frå sektoren. Nedanfor følgjer ein omtale av arbeidet med å følgje opp planen gjennom å auke CO2-opptaket og karbonlageret i skogen, kutte utslepp frå nedbygging av grøne areal og kutte utslepp frå annan arealbruk.
15.3.4 Rapportering på arbeidet med å auke CO2-opptaket og karbonlageret i skogen
I budsjettproposisjonen for 2022 har regjeringa lagt opp til å føre vidare og styrkje eksisterande klimatiltak i skog for å auke opptaket. Det inkluderer tilskot til tettare planting ved forynging etter hogst, skogplanteforedling, styrkt ungskogpleie, stubbebehandling mot rotròte og målretta gjødsling av skog som klimatiltak, med tilhøyrande miljøkriterium. Sistnemnde ordning ligg til vurdering hos Miljødirektoratet, Landbruksdirektoratet og NIBIO og skal ferdigstillast i løpet av året.
Når det gjeld forskriftsfesting av riktig treslag etter hogst og minstealder for hogst, så vil det krevje revisjon av høvesvis forskrift om berekraftig skogbruk og lov om skogbruk. Endringar av berekraftforskrifta er sende på høyring, medan arbeidet med lovendring ventar på ei «Kartlegging av årsaker til kvifor skogeigaren vel å avverke skog før hogstmoden alder», som NIBIO gjennomfører hausten 2021.
Regjeringa har òg iverksett fleire utgreiingar for å følgje opp Klimaplanen. For skogplanting på nye areal med klare miljøkriterium har Klima- og miljødepartementet og Landbruks- og matdepartementet sett ut eit oppdrag til Miljødirektoratet og Landbruksdirektoratet om å utarbeide eit forslag til ferdigstilling av ordninga med ei tilhøyrande rettleiing. I tillegg ser Landbruks- og matdepartementet og Klima- og miljødepartementet behov for ei utgreiing der ein ser nærmare på klimatilpassinga i skogbruket. Utgreiinga skal danne grunnlaget for eventuelle forvaltningsråd som òg vurderer effektar på næringa, naturmangfaldet, friluftsliv og andre interesser.
15.3.5 Rapportering på arbeidet med å kutte utslepp frå nedbygging av grøne areal
Rettleiing til kommunar om god arealplanlegging som tek omsyn til karbonrike areal
Regjeringa har i Nasjonale forventninger til regional og kommunal planlegging 2019–2023 omtalt nedbygging av karbonrike areal. Regjeringa forventar at fylkeskommunar og kommunar legg vekt på arbeidet med å redusere utslepp av klimagassar, irekna utslepp frå arealbruksendringar. Miljødirektoratet rettleier kommunar om korleis dei kan ta omsyn til skog og andre grøne areal i arealplanlegginga, både for å kutte klimagassutslepp og for å ta vare på naturmangfald og andre miljøverdiar. Kommunane kan kutte utslepp frå nedbygging ved å satse på ei kompakt by- og tettstadsutvikling med god utnytting av område som allereie er utbygde, framfor å leggje beslag på nye grøne areal, og ved å unngå utbygging på dei mest karbonrike areala, slik som myr og torvmark. Miljødirektoratet har utvikla eit verktøy som gjer kommunane i stand til å berekne omtrentleg klimaeffekt av planlagde arealbruksendringar.
Statlege samferdselprosjekt
Regjeringa har lagt fram Nasjonal transportplan 2022–2033 (NTP). Omsynet til karbonrike areal har her fått ein større plass enn i tidlegare planar. I planen går det fram at regjeringa vil søkje å redusere det samla arealbeslaget i prosjekta gjennom ombruk og optimalisering og ved å ta omsyn til dei mest karbonrike areala. Regjeringa vil vidareutvikle ein metode for å inkludere utslepp frå arealbeslag i dei samfunnsøkonomiske analysane i konsekvensutgreiingar, konseptvalutgreiingar og andre avgjerdsgrunnlag for samferdselsprosjekt.
Statlege byggje- og eigedomsforvaltning
Regjeringa har laga ein strategi for bygg og eigedom i statleg sivil sektor («En bærekraftig, kostnadseffektiv og samordnet bygge- og eiendomsforvaltning»). Strategien inneheld tiltak og prinsipp som vil bidra til å redusere nedbygging av karbonrike areal: Staten skal i hovudsak løyse lokalbehova sine ved å bruke eksisterande bygningar framfor å bygge nytt. Staten må vurdere potensialet for å effektivisere, utvikle og oppgradere funksjonaliteten i eksisterande bygningar. Når det må byggast nytt, skal staten søke etablering i bebygde område, og begrense arealbeslaget så mykje som mogleg. Det skal være ei høg terskel for å bygge ned karbonrike areal (likeins med dyrkbar jord og areal som er viktig for naturmangfold, kulturmiljø, grønnstruktur eller friluftsinteresser). Staten bør heilt unngå utbygging på myr og torvmark.
Fritidsbustader
Utbygging av nye fritidsbustader står for ein stor del av avskoginga i Noreg. Regjeringa arbeider med ei ny rettleiing for fritidsbustader. Rettleiinga vil tilrå at fritidsbustader bør lokaliserast innanfor eller i nærleiken av eksisterande byggjeområde, at det må takast omsyn til grønstruktur, og at myrområde må bli unngått.
Avgift
Miljødirektoratet har fått i oppdrag å utarbeide eit faktagrunnlag og ei fagleg vurdering av ei mogleg avgift på klimagassutslepp frå nedbygging og andre arealbruksendringar. Regjeringa vil vurdere om det er grunnlag for å arbeide vidare med ei slik avgift når Miljødirektoratet har gjeve sin rapport.
Strategi for å hindre utbygging på myr og anna våtmark
Myr lagrar store mengder karbon, og nedbygging av myr gjev difor store klimagassutslepp. Som varsla i klimameldinga vil regjeringa lage ein strategi for å hindre nedbygging av myr. Miljødirektoratet har fått i oppdrag å lage eit fagleg grunnlag for ein slik strategi.
Regjeringa la i juni 2021 fram ein naturstrategi for våtmark. Myr inngår her som den største naturtypen innanfor våtmark. Eitt av to hovudmål i naturstrategien for våtmark er å bremse nedbyggingstakta vi har i dag for våtmark. For å oppnå det vil regjeringa mellom anna vurdere å tydeleggjere og skjerpe nasjonale forventningar og føringar for arealplanlegginga til kommunane og fylkeskommunane knytt til våtmarker. Regjeringa vil òg vurdere å innføre ei ordning som sikrar arealnøytralitet ved nedbygging av særleg viktige våtmarkstypar.
Stortinget har vedteke ei endring i jordlova § 11. Etter lovendringa kan søknad om nedbygging av myr berre skje «der omsynet til klima natur- og kulturlandskap ivaretas gjennom ein helhetlig plan godkjend av den enkelte kommune». Lovendringa trer i kraft frå den tid Kongen bestemmer. Regjeringa vil greie ut konsekvensane av lovendringa før ho blir sett i kraft.
15.3.6 Rapportering på arbeidet med å kutte utslepp frå annan arealbruk
Vurdering av avgift på torvuttak
Regjeringa tek sikte på å innføre ei avgift på uttak av torv frå 2023. Innrettinga på avgifta vil avklarast nærare etter høyring.
Vurdering av forbod mot nye torvuttak. Innfasing av torvfrie produkt
Miljødirektoratet har fått i oppdrag å greie ut konsekvensane av eit forbod mot å opne nye torvuttak. Regjeringa vil vurdere innføring av eit slikt forbod etter ei grundig utgreiing. I mellomtida blir det sett på som ei nasjonal og vesentleg regional interesse å forhindre utnytting av nye myrområde til torvuttak. Nye arealplanar som bryt med denne føringa, kan gje grunnlag for statleg motsegn (presisert i rundskriv T-2/16).
Miljødirektoratet arbeider med innfasing av nye torvfrie produkt i samarbeid med næringsaktørane.
Restaurering av myr
Løyvinga til restaurering av myr og anna våtmark vart auka i RNB og er for 2022 samla på om lag 29 mill. kroner. Miljødirektoratet leier arbeidet etter ein oppdatert plan for perioden 2021–2030. Meir erfaring gjer at ein får ei stadig meir kostnadseffektiv restaurering. Restaureringa skjer mellom anna i samarbeid med Statsskog på deira areal. Fleire kommunar er òg involverte.
Nydyrking av myr
I 2019 behandla Stortinget endringar i jordlova der omsynet til klimaet ved nydyrking var ein del av endringane. Den 2. juni 2020 fastsette Landbruks- og matdepartementet endringar i forskrifta om nydyrking. Utgangspunktet er at nydyrking av myr ikkje er tillaten. Kommunane er gjevne fullmakt til i særlege tilfelle å kunne gje dispensasjon frå forbodet. Stortinget vedtok den 28. mai 2021 å endre jordlova § 11 andre ledd på nytt, slik at søknad om nydyrking eller nedbygging av myr berre kan skje der omsynet til klima, natur- og kulturlandskap blir teke i vare gjennom ein heilskapleg plan godkjend av den enkelte kommunen. Kva konsekvensar den nye endringa får for klimagassutsleppa, er førebels uvisst. Endringa trer i kraft frå den tid Kongen bestemmer. Regjeringa vil greie ut konsekvensane av lovendringa før ho blir sett i kraft.
Omdisponering av skog til beite
Omdisponering av skog til beite har stått for 19 pst. av avskoginga og 8 pst. av utsleppa frå avskoginga i Noreg i perioden 1990–2017. Regelverket knytt til slik omdisponering er litt uklart, og det er difor nødvendig å vurdere korleis ein kan sikre at omlegging frå skog til beite er tufta på reelle behov. Landbruks- og matdepartementet vil i samråd med Landbruksdirektoratet greie ut ei regelendring for å sikre dette.
15.4 Rapportering kvotepliktig sektor
15.4.1 Om deltaking i kvotesystemet og utvikling av kvotepris
Gjennom EØS-avtalen har Noreg delteke i EUs kvotesystem (EU ETS) sidan 2008. I Noreg omfattar kvotesystemet om lag 140 verksemder i industri, olje og gass og energianlegg. I luftfarten er det seks kvotepliktige operatørar som rapporterer til Noreg. Frå og med 2012 har luftfarten innanfor EØS vore inkludert i kvotesystemet. Bedrifter som deltek i kvotesystemet, blir stilte overfor valet om å redusere eigne utslepp eller kjøpe kvotar. Der utsleppsreduksjonar er kostbare, vil bedriftene velje å kjøpe kvotar, medan dei minst kostbare utsleppsreduksjonane blir gjennomførte. Kvotesystemet vil dermed bidra til vesentleg å redusere utsleppa for dei deltakande landa sett under eitt. Om utsleppsreduksjonane skjer i bedrifter lokaliserte i Noreg eller i EU, påverkar ikkje måloppnåinga til Noreg.
Det er ikkje fastsett nasjonale utsleppsmål for dei kvotepliktige utsleppa. Regjeringa ønskjer likevel å støtte opp under utsleppskutt og utvikling av nye grøne næringar i kvotepliktig sektor, gjennom mellom anna støtte til forsking og innovasjon og generelle rammevilkår som skatt og avgift, for at industri og næringsliv skal ha låge utslepp, høg verdiskaping og produsere produkt som trengst i eit lågutsleppssamfunn.
Inntektene frå auksjon med minst 450 mill. kvotar skal brukast til å støtte CO2-handtering (CCS), innovativ fornybar energi og lågutsleppsteknologiar og -prosessar i industrien. Norske verksemder kan søkje om støtte til utsleppsreduserande tiltak innanfor relevante sektorar. CO2-handteringsanlegget ved Oslo Fortum Varme er med i konkurransen om å få støtte frå EUs Innovasjonsfond i 2021.
EU er oppteke av at industrien ikkje skal velje å flytte til andre land utanfor Europa på grunn av kvotesystemet. Industri med risiko for utflytting får difor ein del kvotar gratis, og nokre sektorar kan òg få kompensasjon for auke i kraftprisen som følgje av kvotesystemet – såkalla CO2-kompensasjon. I 2022-budsjettet er det løyvd 2 800 mill. kroner til CO2-kompensasjonsordninga. Utbetalingane i 2022 gjeld for støtteåret 2021. EU-kommisjonen har revidert retningslinjene for CO2-kompensasjon for perioden 2021–2030. Regjeringa vil føre vidare den norske CO2-kompensasjonsordninga for perioden 2021–2030 og arbeider no med å vurdere korleis ei ny forskrift om CO2-kompensasjon for industrien kan innrettast i Noreg.
Kvoteprisen vil ha stor innverknad på kor store utsleppskutt som vil skje i kvotepliktig sektor i Europa. Prisen i den europeiske kvotemarknaden (EU ETS) har variert mellom 0 og noko over 60 euro per tonn sidan marknaden vart etablert i 2005. Ein av dei viktigaste drivarane for kvoteprisen er forventingar om kva ambisjonar EU har for reduksjonen i utsleppa, og korleis dette blir reflektert i tilgangen på kvotar i EU ETS. EUs ambisjon om klimanøytralitet i 2050 og eit meir ambisiøst mål for 2030 er døme på det. Det siste året har kvoteprisen auka til over 60 euro/tonn. I 2021 har snittprisen vore om lag 48 euro/tonn (per september 2021). Til samanlikning var snittprisen 25 euro/tonn i 2020. Scenarioanslaga for åra 2022–2030 indikerer at marknaden trur på ei jamn stiging av prisene fram mot 2030, og ein mogleg kvotepris på opp mot 90 euro/tonn i 2030. Slike anslag er sjølvsagt hefta med stor uvisse. Om kvoteprisen vil utløyse tiltak i Noreg, kjem an på om det finst tiltak som er billegare enn kvoteprisen.
Figur 15.15 inneheld historiske data for perioden 2008 til september 2021, forward-prisane for åra 2022–2025 og medianen frå ulike scenario med anslag for kvotepris mot 2030 frå ei rekkje analysebyrå og finansielle aktørar. Anslaga er baserte på ulike føresetnader knytte til dei ulike drivarane i marknaden. Figuren inkluderer også analysen til Refinitiv frå juli 2021. Forward-prisane er rentejusterte marknadsprisar (kjelde: ICE-ECX).
Tabell 15.2 Historiske kvoteprisar, årleg snitt, euro per tonn.
2008 | 2009 | 2010 | 2011 | 2012 | 2013 | 2014 | 2015 | 2016 | 2017 | 2018 | 2019 | 2020 | 2021 | |
---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
Historisk pris euro/tonn | 22,4 | 13,4 | 14,5 | 13,3 | 7,5 | 4,5 | 6,0 | 7,7 | 5,4 | 5,8 | 15,9 | 24,9 | 24,5 | 47,6 |
Kjelde: Refinitiv (ThomsonReuters)
15.4.2 Rapportering på oppfølging av klimaplanen
Det er i hovudsak prismekanismane knytte til kvoteordninga som skal sørgje for å løyse ut tiltak i kvotepliktig sektor. Tiltak baserte på tilgjengelege teknologiar der kostnadene er lågare enn kvoteprisen, vil vere lønnsame for selskapa å gjennomføre. Vidare har selskapa i kvotepliktig sektor høve til å søkje støtte for å ta i bruk innovativ klimateknologi gjennom EUs innovasjonsfond.
Petroleumsverksemda, størstedelen av innanriks luftfart og bruken av naturgass i industrien har CO2-avgift i tillegg til kvoteplikt. All innanriks luftfart er òg pålagd flypassasjeravgift og krav om omsetning av avansert biodrivstoff.
Kvotepliktig sektor var ikkje ein del av mandatet for utgreiinga Klimakur 2030, slik at det ikkje ligg føre noka tilsvarande oversikt over tiltak og tiltakskostnader for tiltaka i kvotepliktig industri og petroleumsverksemda som det gjer for ikkje-kvotepliktig sektor. Ein har difor ikkje eit samla kunnskapsgrunnlag som kan seie noko om kva for tiltak som kan løysast ut med aukande kvotepris.
15.4.2.1 Styrkje Enova som klimaverkemiddel for innovasjon
Enova er det mest sentrale verkemiddelet regjeringa har for stønad til seinfase teknologiutvikling og tidleg marknadsintroduksjon av null- og lågutsleppsteknologi. Enova er styrt av Klima- og miljødepartementet på overordna nivå gjennom fireårige styringsavtalar. Regjeringa har spissa Enova som klimaverkemiddel i den nye avtalen for 2021–2024 gjennom auka vekt på utsleppsreduksjonar fram mot 2030 og på teknologiutvikling og innovasjon som bidreg til utsleppsreduksjonar fram mot lågutsleppssamfunnet i 2050. Enovas aktivitet innan teknologiutvikling og innovasjon er særleg relevant i samband med dei kvotepliktige utsleppa ettersom offentleg stønad til teknologiutvikling er eit viktig supplement til kvotesystemet. Enova skal også hjelpe norske verksemder til å søkje støtte gjennom EUs innovasjonsfond.
15.4.2.2 Kutte utsleppa i olje- og gassverksemda
Regjeringa har gjennom klimaplanen varsla ein auke i CO2-avgifta på kvotepliktige utslepp frå petroleum i takt med auken i avgifta for ikkje-kvotepliktige utslepp, slik at den samla karbonprisen (avgift + kvotepris) i 2030 er om lag 2 000 kroner per tonn CO2. Den totale karbonprisen skal ikkje overstige 2 000 kroner i perioden 2021–2030. Det gjer det meir lønnsamt å kutte utslepp og gjer det enklare for næringane å planleggje utsleppsreduksjonar. I 2022 foreslår regjeringa å auke CO2-avgifta i petroleumsverksemda på kontinentalsokkelen med 15 pst., til eit felles avgiftsnivå for kvotepliktige utslepp frå luftfart og petroleum på om lag 631 kroner per tonn CO2. Forslaget er nærmare omtalt i Prop. 1 LS (2021–2022).
Stortinget har i vedtak 684 bede regjeringa om «… sammen med bransjen legge fram en plan for hvordan utslippene fra olje- og gassproduksjonen på norsk sokkel reduseres med 50 pst. innen 2030, sammenlignet med 2005, innenfor dagens virkemiddelbruk».
I stortingsmeldinga Energi til arbeid (Meld. St. 36 (2020–2021)) har Olje- og energidepartementet følgt opp Stortingets vedtak. Olje- og energidepartementet vil i samråd med næringa utarbeide ein plan for å måle og synleggjere framdrifta i arbeidet til selskapa med å redusere utsleppa. Planen skal gjelde frå utgangen av 2021. For å sikre eit godt og felles faktagrunnlag vil departementet gje ein status for utviklinga i dei årlege budsjettproposisjonane, i tillegg til å gje ein breiare gjennomgang kvart tredje år, første gongen i 2024.
15.4.2.3 Kutte utslepp og omstille industrien
Industrien treng gode rammevilkår, tilgang til fornybar energi og støtte til forsking og utvikling i Noreg og tilgang til internasjonalt forskings- og innovasjonssamarbeid for å kunne lykkast i omstillinga si til låge utslepp.
Enova bidreg til teknologiutvikling og innovasjon i industrien og fekk som del av ein grøn omstillingspakke i 2020 ei eingongsløyving på 2 mrd. kroner for å forsterke nettopp satsinga på teknologiutvikling i industrien og bidra til grøn omstilling på vegen ut av krisa. Løyvinga har hatt ein mobiliserande effekt på industrien ved at det gjev potensielle søkjarar tryggleik om at Enova har midlar til å støtte gode prosjekt i det prosjekta er klare. Dette aukar insentiva bedriftene har til å setje i gang arbeidet med å utforme prosjekt. Midlane har gjort det mogleg for Enova å auke innsatsen gjennom støtteprogrammet Klima- og energisatsinger i industrien.
15.4.2.4 Kutte utsleppa i luftfart
CO2-avgifta og kvoteplikta er dei viktigaste verkemidla for å redusere klimagassutsleppa frå luftfarten. CO2-avgifta på innanriks kvotepliktig luftfart vart i Klimaplanen varsla å auke i takt med avgifta på ikkje-kvotepliktige utslepp, slik at den samla karbonprisen (avgift + kvotepris) i 2030 er om lag 2 000 kroner per tonn CO2. Den totale karbonprisen skal ikkje overstige 2 000 kroner i perioden 2021–2030. I 2022 foreslår regjeringa å auke CO2-avgifta for kvotepliktig luftfart med om lag 5 pst., til eit felles avgiftsnivå for kvotepliktige utslepp frå luftfart og petroleum på om lag 631 kroner per tonn CO2. Forslaget er nærmare omtalt i Prop. 1 LS (2021–2022).
Regjeringa aukar satsinga på innfasing av låg- og nullutsleppsfly og fører vidare samarbeidet mellom EASA (European Aviation Safety Agency) og Luftfartstilsynet om tidleg introduksjon av låg- og nullutsleppsfly. Regjeringa har bede Luftfartstilsynet og Avinor om å bidra til at bakkebasert infrastruktur og luftrom blir tilgjengelege for testing av låg- og nullutsleppsteknologi. I forslag til statsbudsjettet for 2021 vart det fremja fritak for flypassasjeravgifta for reiser med låg- og nullutsleppsfly, med atterhald om ESAs godkjenning, for å forsere innfasinga av slike fly. Luftfartstilsynet, Avinor og Miljødirektoratet har nyleg utgreidd, på oppdrag frå SD og KLD, kva som kan inngå i definisjonen av låg- og nullutsleppsfly, slik at Skattedirektoratet kan begynne å praktisere avgiftsfritaket når slike løysingar kjem på marknaden. Flypassasjeravgifta er mellombels oppheva for 2020 og 2021. Regjeringa foreslår å gjeninnføre flypassasjeravgifta i 2022, sjå omtale i Prop. 1 LS (2021–2022).
Internasjonalt samarbeid betyr òg svært mykje for å omstille luftfarten, og regjeringa vil halde fram med arbeidet sitt for eit høgare ambisjonsnivå både for EU ETS og CORSIA. Regjeringa har i tillegg ein ambisjon om å saman med andre nordiske land vurdere korleis utsleppa frå internasjonal luftfart kan reduserast fram mot 2030, mellom anna vurdere å fjerne avgrensinga på skattlegginga av drivstoff levert til internasjonal luftfart i den fellesskandinaviske standard luftfartsavtalen.
15.5 Rapportering på omstilling og grøn konkurransekraft for norske verksemder
15.5.1 Innleiing
Dette kapittelet omhandlar dei meir tverrgåande verkemidla og tiltaka i klimaplanen som skal syte for ei grøn omstilling og konkurransekraft for norske verksemder. Dette gjeld utvikling av ny teknologi og nye løysingar, men òg utvikling av regelverk og rammevilkår for auka produksjon og bruk av fornybar energi, finansiering av grøne løysingar, og produksjon, bruk og ombruk av bygg og infrastruktur. 2030 er ein viktig milepåle for ei langsiktig omstilling som er nødvendig for å nå dei ambisiøse klimamåla i 2050.
15.5.2 Ekspertutval for klimavennlege investeringar
Klimaplanen varsla at det skulle setjast ned eit ekspertutval for klimavennlege investeringar. Ekspertutvalet vart oppretta i august 2021 og skal levere rapporten sin innan utgangen av juni 2022. Ekspertutvalet har fått i mandat å vurdere rammevilkåra og marknaden for klimavennlege investeringar og lange verdikjeder basert på bruk av fornybare ressursar i Noreg. Den overordna føringa for utvalet er å fremje størst mogleg samla verdiskaping innanfor berekraftige rammer og å bidra til at vi når klimamåla våre på ein mest mogleg effektiv måte.
Utvalet skal mellom anna vurdere om dagens samla rammevilkår bidreg til ein velfungerande marknad med tilstrekkeleg tilgang til kapital for samfunnsøkonomisk lønnsame klimavennlege investeringar og verdikjeder basert på fornybare ressursar over heile landet. Utvalet skal også samanlikne rammevilkåra for klimavennlege investeringar og verdikjeder basert på fornybare ressursar i Noreg med rammevilkåra i nabolanda våre og EU. Ekspertutvalet skal byggje vidare på eksisterande arbeid om problemstillingane som mandatet tek opp, og skal sjå arbeidet sitt i samanheng med utvalet som skal utgreie perspektiv for skatte- og avgiftssystemet framover.
Ekspertutvalet består av medlemmer frå både næringsliv, finans og akademia. Det vil i tillegg bli sett ned ei referansegruppe beståande av ytterlegare ekspertise med erfaring frå både industri og finans.
15.5.3 Forsking, utvikling og innovasjon for ei langsiktig omstilling
15.5.3.1 Norsk deltaking i internasjonal forsking og innovasjonssamarbeid
Forsking og innovasjon bidreg til å nå klimamåla. Regjeringa vil auke norsk deltaking i internasjonalt forskings- og innovasjonssamarbeid og satse på klimasamarbeidet med EU som eit av hovudverktøya for grøn omstilling.
Europas grøne giv er EUs vekststrategi og ein sektorovergripande plan for å gjere Europa til den første klimanøytrale regionen i verda innan 2050. Forskings- og innovasjonssamarbeid er sentralt for å nå måla i Europas grøne giv.
Norsk deltaking i Horisont 2020 (2014–2020) har auka kvaliteten i norsk innovasjons- og konkurranseevne (SA rapport 6/2020). Norske aktørar har blitt tildelt 2,9 mrd. kroner av midlane frå Horisont 2020 til programma for klima, miljø og energi. Samla sett utgjer det litt over ein femdel av dei totale tildelingane til norske aktørar (11,2 mrd. kroner).
Horisont Europa er EUs forskings- og innovasjonsprogram for perioden 2021–2027. Noreg deltek i Horisont Europa på grunnlag av EØS-avtalen. I Horisont Europa er det eit mål om at minst 35 pst. av tildelte midlar skal bidra til klimarelatert forsking og innovasjon. Programmet skal bidra til å nå måla i Europas grøne giv. Strategien regjeringa har for norsk deltaking i Horisont Europa og Det europeiske forskingsområdet frå juni 2021, gjev føringar for norske prioriteringar7.
InvestEU er eit finansieringsprogram der lånegaranti- og eigenkapitalverkemiddel frå 13 tidlegare EU-program blir vidareførte. Noreg deltek i delar av InvestEU på grunnlag av EØS-avtalen. Programmet er eit sentralt verkemiddel for ny grøn industri og sikring av eigne verdikjeder.
Noreg har slutta seg til IPCEI (Important Projects of Common European Interest) for Hydrogen. Enova forvaltar ordninga nasjonalt. Ved å kople oss på Europas hydrogensatsing kan vi både setje fart på utviklinga og gje norske bedrifter ei god mogelegheit til å auke kvaliteten på prosjekta sine gjennom breitt samarbeid med europeiske aktørar. Enova melder om stor interesse blant norske bedrifter for deltaking i IPCEI Hydrogen. I vår valde Enova ut fem aktørar som går vidare etter første evalueringsrunde i den norske interessekartlegginga. No er arbeidet i gang med å modne prosjekta og kople dei saman med relevante prosjekt frå dei 22 andre europeiske deltakarlanda. Regjeringa vil også vurdere mogelegheitene for og vurdere om det vil vere nyttig å knyte seg til eksisterande IPCEI-prosjekt innan batteri.
Panoramastrategien (2021–2027) er regjeringa sin plan for korleis Noreg skal auke samarbeidet om forsking, høgare utdanning og innovasjon med land utanfor EU/EØS på ein heilskapleg og langsiktig måte8. Den omfattar ni land – Brasil, Canada, India, Japan, Kina, Russland, Sør-Afrika, Sør-Korea og USA. Langtidsplanen for forsking og høgare utdanning og FNs berekraftsmål er dei viktigaste tematiske prioriteringane i strategien. Noreg deltek i dei internasjonale samarbeidsplattformane Mission Innovation (MI) og Clean Energy Ministerial (CEM) der land samarbeider om høvesvis utvikling av klimavennleg teknologi og innovasjon og raskare overgang til rein energi. I år vart ein ny femårsperiode for Mission Innovation lansert (MI 2.0). Noreg prioriterer i første runde å vere med i satsinga på utsleppsfri skipsfart og rein hydrogen.
Havet speler ei sentral rolle i den globale klimareguleringa, men forståinga av dei grunnleggjande funksjonane i havet er enno ufullstendig. Etablering av denne kunnskapen har heilt avgjerande betydning for klimapolitikken, og ho må baserast på eit breitt og omfattande internasjonalt forskingssamarbeid. Dette har vore ei viktig grunngjeving for etableringa av FNs internasjonale havforskingstiår 2021–2030 for berekraftig utvikling. Noreg har vore ein pådrivar for denne satsinga.
15.5.3.2 Grøn plattform-samarbeidet og rapportering
Regjeringa satsar på Grøn plattform-samarbeidet mellom Forskingsrådet, Innovasjon Noreg og Siva som eit av hovudverktøya for å styrkje omstillinga til lågutsleppssamfunnet. Enova er også involvert i dette samarbeidet.
Plattforma vart etablert som ein del av den grøne omstillingspakken for å bidra til innovasjon og utvikling trass i dei økonomiske konsekvensane av koronapandemien. Grøn plattform har så langt i 2021 tildelt 27,8 mill. kroner til 93 forprosjekt og om lag 1 mrd. kroner til 11 hovudprosjekt.
Regjeringa vil også at verkemiddelapparatet kartlegg løyvingar og rapporterer på ein samanliknbar måte om korleis løyvingane innan forsking og innovasjon bidreg til lågutsleppssamfunnet. Kartlegginga skal byggje på arbeidet med rapportering som er sett i gang innanfor Grøn plattform. For utvikling av ein samla rapportering så er det sett ut eit oppdrag til verkemiddelaktørane om å komme med forslag om korleis rapporteringa på grøne forskings- og innovasjonsprosjekt kan bli meir samanliknbar. Nærings- og fiskeridepartementet har teke imot eit notat frå Innovasjon Noreg, Forskingsrådet og Siva med tilrådingar for rapportering på prosjekt med klima- og miljøinnhald.
15.5.4 Satse på fangst og lagring av CO2
Regjeringa gjennomfører prosjektet Langskip, eit prosjekt for fangst, transport og lagring av CO2. Langskip skal medverke til å utvikle CO2-handtering som eit effektivt klimatiltak og gje teknologiutvikling i eit internasjonalt perspektiv.
Olje- og energidepartementet fekk gjennom behandlinga av Prop. 1 S (2020–2021) fullmakt frå Stortinget til å inngå tilskotsavtalar med Northern Lights JV DA og fangstaktørane Norcem og Fortum Oslo Varme. Tilskotsavtalane er signerte, og arbeidet med prosjektgjennomføringa går som planlagt. Regjeringa støttar Norcem som første fangstprosjekt og Northern Lights som er ansvarleg for transport og lager. Forum Oslo Varme kan òg få støtte, under føresetnad av at dei finn tilstrekkeleg eigenfinansiering frå EU eller andre kjelder. Northern Lights og Norcem har byrja arbeidet på anlegga sine, medan Fortum Oslo Varme har kvalifisert seg til siste søknadsrunde om støtte frå EUs Innovasjonsfond. Fortum Oslo Varme er no eit steg nærmare å sikre seg nødvendig finansiering frå EU eller andre kjelder.
Avgjerda om å gjennomføre Langskip har medført auka interesse for CO2-handtering i Noreg og Europa. Med atterhald om styresmaktprosessar har Northern Lights, som skal operere transport- og lagerløysinga i Langskip, søkt løyve til å bore ein brønn nummer to allereie i 2022 for å kunne tilby ein årleg kapasitet på 1,5 mill. tonn CO2 ved oppstart av lageret. Ein brønn nummer to har på visse vilkår rett på tilskot etter tilskotsavtalen og er allereie inkludert i styrings- og kostnadsrammene for Langskip.
Northern Lights opplever eit voksande kundegrunnlag og har starta planlegging med sikte på å framskunde fase to av prosjektet. Ei eventuell gjennomføring av fase 2 vil utvide lagringskapasiteten til om lag 5 mill. tonn CO2 per år. Northern Lights er i aktiv forhandling med aktørar som samla representerer utslepp på mellom 8 og 10 mill. tonn CO2 per år. Aktørane er i stor grad avhengige av støtte frå nasjonale styresmakter og/eller EUs innovasjonsfond for å kunne gjennomføre prosjekta sine. Heidelberg Cement, som eig Norcem, arbeider no med åtte ulike CO2-handteringsprosjekt der Norcem Brevik er det mest modne. Nyleg kunngjorde Heidelberg Cement, som også eig svenske Cementa, at dei har til hensikt å utvikle det første klimanøytrale sementanlegget i verda i Slite på Gotland i Sverige. Langskip og prosjektet hos Norcem i Brevik har vore avgjerande for denne satsinga.
15.5.5 Klima- og miljøambisjonar for statlege bygg
Byggsektoren bidreg med klimagassutslepp frå oppvarming av bygg, frå anleggsplassar og frå produksjon av byggjematerialar. Klima- og miljøpåverknad frå statlege lokale og statlege byggjeprosjekt må ned. Tydelege krav til klima og miljø vil hjelpe med å skape ein større marknad for grøne innovative løysingar. Regjeringa la i klimaplanen for 2021-2030 fram klimaambisjonar for statlege bygg og eigedom i statleg sivil sektor. Ambisjonane skal gjelde for staten som byggherre, eigedomsforvaltar og leietakar. Regjeringa vil òg i samarbeid med bransjen, legge til rette for at byggje- og anleggsplassar skal være fossilfrie innan 2025, og har lagt fram ein Handlingsplan for fossilfrie anleggsplassar i transportsektoren. Fossilfrie anleggsplassar er omtalte i kapittel 15.2.5.
Regjeringa har laga ein heilskapleg strategi for bygg og eigedom i statleg sivil sektor. Strategien vil presentere nye ambisjonar og tiltak på fleire område, mellom anna klima, miljø, energi, lokalisering og utvikling av byggje- og eigedomsnæringa. Desse vil bygge på mellom anna Meld. St. 13 (2020–2021) Klimaplan for 2021–2030 og Nasjonal strategi for ein grøn, sirkulær økonomi. Strategien vil gjelde for leie av lokaler i markedet, eiendomsforvaltning og byggeprosjekter.
15.5.6 Grøn finans
Finansnæringa har ei viktig rolle i det grøne skiftet gjennom å kanalisere kapital til berekraftige prosjekt og løysingar. Europakommisjonen lanserte i 2018 ein handlingsplan for berekraftig finans, der dei varsla ei rekkje tiltak, irekna konkret regelverksutvikling. Det mest sentrale tiltaket i arbeidet Kommisjonen gjer med berekraftig finans, er etableringa av eit rammeverk som definerer berekraftige økonomiske aktivitetar, den såkalla taksonomien. Regjeringa følgjer regelverksutviklinga i EU tett.
For å leggje til rette for tettare dialog og informasjonsutveksling mellom styresmakter, næringsliv, akademia og andre partar dette vedkjem, har Finansdepartementet etablert ei referansegruppe for berekraftig finans. Referansegruppa skal vere eit forum for informasjonsutveksling om aktuelle regelverksprosessar, identifisering av forhold av særleg betydning for norske interesser, og for å nyttiggjere seg av kunnskap og innsikt hos akademia og andre. Etableringa av referansegruppa er ledd i oppfølginga av klimameldinga der regjeringa varsla at ho vil ha dialog med næringslivet om korleis det kan leggjast til rette for betre avgjerdsrelevant selskapsrapportering om klima- og miljørelaterte tilhøve.
I Klimameldinga vart det òg varsla at regjeringa vil sjå på behovet for endringar i rekneskapslova, slik at investorar og andre aktørar kan få relevant og samanliknbar klima- og miljøinformasjon. Regjeringa fremja 4. juni 2021 forslag om ei ny lov om berekraftig finans for Stortinget. Lovforslaget gjennomfører to EU-forordningar på berekraftig-finans-området, irekna forordning om ein taksonomi for berekraftig økonomisk aktivitet og ei forordning om krav om offentleggjering i finanssektoren9.
15.5.7 Fornybar energi gjer det mogleg med endring
For å nå klimamåla våre og greie omstillinga til lågutsleppssamfunnet må energipolitikken byggje opp under det overordna målet til regjeringa om å skape fleire lønnsame arbeidsplassar og å kutte utsleppa, ikkje utviklinga. Regjeringa la fredag 11. juni fram stortingsmeldinga Energi til arbeid om langsiktig verdiskaping frå norske energiressursar (Meld. St. 36 (2020–2021)). Meldinga byggjer vidare på klimaplanen frå regjeringa og peiker ut fire hovudmål for å vidareutvikle Noreg som energinasjon. Fornybare energiressursar skal nyttast og foredlast i Noreg. Regjeringa vil hegne om konkurransekrafta til den etablerte industrien og leggje til rette for nye lønnsame arbeidsplassar. Elektrifisering skal gjere Noreg grønare og betre. Vi skal nytte energiressursane til nye næringar som bidreg til å omstille Noreg til eit lågutsleppssamfunn. Nokre døme er produksjon og bruk av hydrogen, vindkraft til havs, karbonfangst og -lagring og batteriproduksjon. Regjeringa har i denne samanhengen lagt fram eit vegkart for hydrogen og ei rettleiing for havvind. Noreg skal også vidareutvikle ei framtidsretta petroleumsverksemd.
Regjeringa la også fram ein elektrifiseringsstrategi i stortingsmeldinga. Strategien skal på kort sikt medverke til å oppfylle Meld. St. 13 (2020–2021) Klimaplan for 2021–2030 og leggje til rette for gjennomføring av modne prosjekt for kraft frå land til norsk sokkel. Hovudutfordringa i åra framover er knytt til behovet for auka kapasitet i kraftnettet og evna kraftsystemet har til å møte eit aukande effektbehov. Elektrifiseringsstrategien frå regjeringa består av tiltak som skal medverke til ei balansert utvikling i kraftforsyninga, og som skal stimulere til å erstatte fossil energi med fornybare alternativ.
16 Oppfølginga av Noregs klimamål for 2050
16.1 Innleiing
Noreg har eit mål om å bli eit lågutsleppssamfunn i 2050. Eit ambisiøst langsiktig klimamål er viktig for å sende eit tydeleg signal om kvar utsleppsutviklinga skal på lengre sikt. Styresmaktene skal føre ein truverdig klimapolitikk som gjev tydelege og føreseielege signal til privat sektor om kostnadene framover ved å sleppe ut klimagassar. Regjeringa sin klimaplan for 2030 og verkemidla vi har i dag, legg difor eit viktig grunnlag for å gjere Noreg til eit lågutsleppssamfunn i 2050.
Klimaplanen for 2030 skal ikkje berre innfri klimamåla vi har for 2030, men må samstundes ta oss det nødvendige stykket på vegen til lågutsleppssamfunnet i 2050. Ifølgje lågutsleppsstrategien frå regjeringa er Noreg i 2050, som andre land, eit samfunn med låge utslepp i alle sektorar. Energi- og ressurseffektiviteten er høg, og sirkulære krinsløp pregar produksjonen og forbruket. Å lykkast med denne omstillinga er viktig for konkurransekrafta i norsk økonomi. Klimaplanen for 2030 gjev difor eit viktig grunnlag for oppfølginga av klimamålet for 2050. Samstundes er det fleire av verkemidla til regjeringa som har eit langsiktig perspektiv og vil bidra å redusere utslepp fram mot 2050.
Regjeringa sette 13. august ned eit offentleg utval som skal gjere ei heilskapleg utgreiing av dei vegvala Noreg står overfor for å nå klimamålet i 2050. Eit godt kunnskapsgrunnlag vil vere avgjerande for å styrkje og tilpasse politikken over tid for å omstille Noreg til eit lågutsleppssamfunn i 2050.
16.2 Noregs lågutsleppsstrategi for 2050
16.2.1 Korleis ser lågutsleppssamfunnet ut?
Parisavtalen seier at alle land bør søkje å formulere og melde inn langsiktige strategiar for lågutslepp av klimagassar i lys av dei langsiktige målsetjingane i Parisavtalen. I Paris-vedtaket er landa inviterte til å kommunisere slike strategiar innan 2020. Å leggje fram ein slik strategi er frivillig, vil ikkje innebere nye internasjonale forpliktingar og har ingen rapporterings- eller bokføringskrav.
Regjeringa la hausten 2019 fram ein lågutsleppsstrategi, sjå Klima- og miljødepartementets budsjettproposisjon 2019–2020 vedlegg I.
I lågutsleppsstrategien blir Noreg beskrive som lågutsleppssamfunn i 2050 med følgjande overordna karakteristikkar:
Lågutsleppssamfunnet er eit samfunn med låge utslepp i alle sektorar.
Areal, skog og ressursar blir forvalta på ein berekraftig måte som legg til rette for høgt opptak og låge utslepp. Areala våre lagrar karbon og forsyner oss med materialar, mat og energi.
Eit grønt næringsliv med låge utslepp av klimagassar.
Byar og lokalsamfunn legg til rette for låge klimagassutslepp og gode levevilkår for innbyggjarane.
Noreg må ta kloke val på vegen til eit lågutsleppssamfunn, der det er rom for eit mangfald av løysingar innanfor langsiktige og stabile rammevilkår. Regjeringa vil styrkje grunnlaget for klimapolitikken og medverke til langsiktige og føreseielege rammer, slik at alle aktørar kan dra i riktig retning. Med lågutsleppsstrategien la regjeringa fram dei overordna prioriteringane og viktige omsyna for vegen til lågutsleppssamfunnet fram mot 2050.
16.2.2 Overordna prioriteringar for vegen til lågutsleppssamfunnet
Noreg fører og vil halde fram med å føre ein ambisiøs klimapolitikk. Regjeringa har eit langsiktig mål om at Noreg skal bli eit lågutsleppssamfunn med effektiv ressursbruk og eit konkurransedyktig næringsliv.
Regjeringa har i Granavolden-plattforma sagt at ho vil omstille norsk økonomi og medverke til at Noreg blir eit lågutsleppssamfunn før midten av hundreåret. Denne omstillinga må òg medverke til ei utvikling som sikrar det biologiske mangfaldet og eit berekraftig velferdssamfunn.
Klima- og miljøpolitikken skal medverke til at Noreg når klimamåla og andre miljømål. For å skape minst mogleg konflikt mellom klima- og miljømåla og andre samfunnsmål blir det kravd god koordinering i bruken av verkemiddel. Det inneber at klimapolitikken nasjonalt er basert på følgjande prinsipp:
Forureinaren skal betale. Verkemiddel bør veljast ut frå kriteriet om at den som forureinar eller skader miljøet, skal betale for skaden som skjer.
Effektive verkemiddel. Miljøavgifter, omsetjelege kvotar, direkte reguleringar, avtalar, informasjon og subsidiar må kombinerast mest mogleg effektivt.
Støtte til teknologiutvikling. Å utvikle og ta i bruk miljøteknologi og klima- og miljøvennlege energiteknologiar er viktig for å møte klima- og miljøutfordringane og kan òg gje norsk næringsliv nye marknadsmoglegheiter.
Globale effektar er avgjerande. Verkemidla i klimapolitikken må medverke til at globale utslepp går ned.
Eit lågutsleppssamfunn, ikkje eit låginntektssamfunn. Verkemidla bør innrettast slik at miljømåla blir oppnådde med størst mogleg sikkerheit og til lågast moglege kostnader for samfunnet. Vi må utnytte høva som ligg i det grøne skiftet.
I tillegg er det viktig at arealplanlegging, utviklinga av infrastruktur og offentlege investeringar tek omsyn til målet om at Noreg skal bli eit lågutsleppssamfunn innan 2050.
Med utgangspunkt i prinsippa for klimapolitikken og at denne blir styrkt over tid, vil regjeringa gjennom måloppfølging, prising av utslepp og andre rammevilkår for lågutsleppsutvikling i næringsliv, kommunar og for kvar og ein av oss leggje til rette for at Noreg blir eit lågutsleppssamfunn i 2050.
Politikken for å nå klimamålet i 2050 må styrkjast og tilpassast over tid. Dette vil skje i tråd med dynamikken i klimalova og Parisavtalen om at alle land kvart femte år skal leggje fram eit bidrag som utgjer ein progresjon samanlikna med førre bidraget, og vere uttrykk for høgast mogleg ambisjonsnivå.
16.3 Langsiktige verkemiddel for å redusere utslepp fram mot 2050
16.3.1 En pris på utslepp – avgift og kvotesystem
Å setje ein pris på utslepp er eit hovudverkemiddel i den langsiktige klimapolitikken for å stimulere til å ta i bruk nye løysingar. Både CO2-avgifta og kvotesystemet er døme på slike verkemiddel. Som oppfølging av klimaplan for 2030 er auka CO2-avgift eit sentralt verkemiddel for alle sektorar. Ei auka CO2-avgift fram mot 2030 vil også vere eit viktig verkemiddel for omstillinga til eit lågutsleppssamfunn.
Kvotesystemet vil også ha stor betydning fram mot 2050. Årlege reduksjonar i talet på utferda kvotar gjer at kvotesystemet vil medverke til vesentleg reduksjon av utsleppa. Etter 2020 vil dei årlege totale kutta i kvotemengda utgjere nesten 50 mill. tonn, og med dagens nedskalering vil kvotemengda i 2050 vere om lag 84 pst. lågare enn dei kvotepliktige utsleppa var i 2005. Kommisjonen har i forslag til forsterka kvoteregelverk fram mot 2030 foreslått ei raskare årleg nedtrapping av kvotemengda (4,2 pst. per år) pluss ei eingongssletting av klimakvotar. Med eit slik forslag blir kvotemengda 61 pst. lågare i 2030 enn utsleppa var i 2005. EU har eit mål om å vere klimanøytrale i 2050, og dersom ein held fram med ein reduksjon av kvotemengda etter 2030 i tråd med banen mot 2030, vil det vere svært få utslepp igjen i kvotesystemet i 2050.
Kvotesystemet vil difor medverke til å tvinge fram betydelege utsleppsreduksjonar på felleseuropeisk nivå, samstundes som utsleppskostnaden må ventast å auke. Det betyr at norske kvotepliktige verksemder må omstille seg til produksjon med betydeleg lågare utslepp enn i dag. Prising av utslepp i samanheng med målet om å bli eit lågutsleppssamfunn gjev eit tidleg og tydeleg signal til industrien og andre avgjerdstakarar om at ei betydeleg satsing på teknologiutvikling og omstilling er nødvendig. Det er etablert fleire ordningar for å støtte langsiktig teknologiutvikling, sjå mellom anna avsnitt 15.5.
16.3.2 Grøn omstilling i alle sektorar
Mange verkemiddel er på plass for å medverke til den langsiktige teknologiomstillinga som må til for å bli eit lågutsleppssamfunn. Teknologiutvikling er ein føresetnad for å nå klimamåla. Utvikling og implementering av lågutsleppsteknologi krev ofte svært lange tidsløp. Satsingar som startar no, vil få effekt først om mange år når teknologane er blitt modne og effektive. Mot 2050 må ny teknologi og løysingar bli tekne i bruk i alle sektorar.
EUs grøne giv vil vere ein viktig drivar for grøn omstilling i Europa med mål om klimanøytralitet i 2050. Regjeringa signaliserer i posisjonane sine til EUs grøne giv at vi ønskjer å bidra aktivt til å sikre at produkt, materiale og ressursar blir brukte så effektivt som mogleg, så lenge som mogleg. Regjeringa vil vere ein aktiv medspelar i dette arbeidet og samarbeide med EU om rammevilkår som fremjar sirkularitet både i EU og Noreg. Regjeringa framhevar at Noreg kan vere ein viktig bidragsytar til omstilling som leverandør av produkt produserte med låge utslepp og som vertsland for berekraftige produksjonsforhold som oppfyller høge berekraftsstandardar.
Regjeringa sin nasjonale strategi for ein grøn sirkulær økonomi peiker på at å omstille til ein meir sirkulær økonomi kan bidra til lettare å nå internasjonale, regionale og nasjonale mål for berekraft. Dei langsiktige klimagassreduksjonane knytte til auka ressursutnytting gjennom ein meir sirkulær økonomi i Noreg og Europa kan bli betydelege. Strategien peiker på ei rekkje tiltak som aukar ressursutnyttinga av produkt, som auka levetid, ombruk og attvinning, og som vil minske utsleppa av klimagassar både i Noreg og i andre land.
God samfunnsplanlegging og arealforvaltning er viktig for samfunnsutviklinga generelt og for utviklinga av lågutsleppssamfunnet spesielt. Avgjerder om lokalisering, byggjemåte og utforming av busetnad, infrastruktur og tenester påverkar arealbruk, utslepp og energiforbruk i lang tid framover. Difor må vi alt no ta omsyn til målet om eit lågutsleppssamfunn i 2050.
16.4 Klimautvalet 2050
Som varsla i lågutsleppsstrategien vil ein del av den vidare oppfølginga av arbeidet for 2050 vere å setje i gang eit arbeid med ei utgreiing om lågutsleppsutvikling. Den 13. august sette regjeringa ned eit offentleg utval som skal gjere ei utgreiing av vegvala Noreg står overfor for å nå klimamålet for 2050 (Klimautvalet 2050). Utvalet består av 14 medlemmer, i hovudsak ekspertar, og skal levere ei samla utgreiing og tilråding i form av ein NOU innan 1. november 2023.
Hovudformålet til Klimautvalet 2050 er å gjere ei heilskapleg utgreiing av dei vegvala Noreg står overfor for å nå klimamålet i 2050, og vise korleis Noreg kan bli eit lågutsleppssamfunn i 2050, på ein mest mogleg kostnadseffektiv måte, med effektiv ressursbruk og eit konkurransedyktig næringsliv. Denne omstillinga må også medverke til ei utvikling som sikrar naturmangfaldet og eit berekraftig velferdssamfunn. Utvalet skal vurdere måloppnåing og nytte i høve til den samfunnsøkonomiske kostnaden.
Utvalet skal innhente innspel og involvere relevante aktørar i arbeidet, irekna næringslivet, sivilsamfunn og partane i arbeidslivet. Utvalet skal også sørgje for ein inkluderande prosess og leggje til rette for brei offentleg debatt om lågutsleppsutviklinga fram mot 2050.
17 Klimaeffekten av framlagt budsjett
17.1 Innleiing
Ifølgje klimalova § 6 skal det gjerast greie for klimaeffekten av framlagt budsjett i statsbudsjettet for kvart år. Eit sentralt formål med klimalova er å fremje gjennomføringa av Noregs klimamål og å styrkje openheit og offentleg debatt gjennom at Stortinget regelmessig får informasjon om status og framdrift i arbeidet med Noregs klimamål.
Det er fagleg krevjande å anslå effekten av ny og etablert politikk på utviklinga i klimagassutsleppa. Regjeringa sette i 2018 ned teknisk berekningsutval for klima (TBU Klima) for å bidra til ny kunnskap og nye metodar for tiltaks- og verkemiddelanalysar på klimaområdet. Teknisk berekningsutval for klima skal i tråd med klimalova foreslå metodar for berekning av klimaeffekten av statsbudsjettet. I samband med TBU Klimas andre utvalsrapport, som vart lagt fram i juni 2020, vart det utvikla ein metode for å kategorisere statsbudsjettet etter klimaeffekt. Alle departementa har i løpet av 2020–2021 vore igjennom ein runde med uttesting av ulike kategoriseringsmetodar. Metoden benytta i årets rapportering er basert på denne uttestinga.
Det er nytt av årets klimalovrapportering at vi følgjer denne metoden om å kategorisere budsjettpostar. Metoden inneber nybrotsarbeid med lite internasjonal praksis på området. Det er viktig å presisere at det er metodisk krevjande å anslå klimaeffekten av statsbudsjettet, og dette må utviklast vidare over tid. Sjå boks 17.1 for ein nærmare omtale av arbeidet til TBU Klima med klimaeffekt av statsbudsjettet.
Alle departementa har kategorisert budsjettpostane ut frå om dei har eller ikkje har ein effekt på klimagassutslepp. Budsjettpostane som har effekt på klima, er kategoriserte etter om ei endring i tildelinga vil gje ein auke, reduksjon eller usikker effekt på klimagassutslepp. Utsleppseffekten er definert som effekten på utslepp av klimagassar av endring i tildelingar, skattar og avgifter frå føregåande år. Hovudformålet med kategoriseringa er å sjå på budsjettpostar som påverkar klimagassutslepp i Noreg. Kategoriseringa gjev ei meir konsistent tilnærming til å vurdere klimaeffekt av budsjettpostar enn tidlegare. Formålet med det nye oppsettet er å følgje med på klimaeffekten av framlagt budsjett over tid slik at ein kan samanlikne utviklinga over ein lengre periode. Heilskapen i utviklinga vil bli meir tydeleg etter at det blir rapportert fleire gonger på den same måten. Det vil i tida framover framleis vere behov for å vidareutvikle den faglege metodikken for å gjere greie for klimaeffekten av framlagt budsjett på ein god måte.
I arbeidet med å definere kva budsjettpostar som har klimaeffekt, har vi sett opp eit rammeverk for å vise budsjettpostar med klimaeffekt der endring i budsjettposten frå føregåande år er over 0,5 mill. kroner. Det er relevant å samanlikne med budsjettpostane frå føregåande år for å seie noko om utviklinga i klimaeffekt på kort sikt, og det mest relevante samanlikningsgrunnlaget er difor føregåande budsjett. Når det gjeld berekningar av utslepp på lang sikt, bruker vi utsleppsframskrivingane, men dette kan ikkje knytast direkte opp mot dei kortsiktige endringane vi ser på her.
Oversikta over klimaeffekten av framlagt budsjett er oppstilt i ein tabell under omtalen av kvart departement.
Ein kan ikkje bruke kategoriseringa til å seie noko om den samle klimaeffekten av budsjettet. Til dømes vil ein post som er definert til å auke klimagassutslepp med ei større endring i løyvinga, kunne ha beskjeden effekt på auken i klimagassutslepp. Tilsvarande vil gjelde for postar som vil redusere klimagassutsleppa. Det er difor viktig å presisere at oversikta over postar og tilhøyrande endring i tildeling ikkje kan nyttast for å vurdere korleis vi ligg an til å nå Noregs klimamål, eller utviklinga på utsleppssida. Sjå kap. 13–15 for nærmare omtale av Noregs klimamål og status for utviklinga.
Vidare i dette kapittelet følgjer innleiingsvis ein overordna omtale av budsjetta i dei respektive departementa. Denne omtalen av budsjettet til kvart departement som heilskap er i tråd med tidlegare klimalovrapporteringar. I tillegg er det inkludert ei beskriving av einskilde budsjettpostar og satsingar som har vesentleg effekt på klimagassutsleppa. Dersom ein budsjettpost som er definert til å redusere klimagassar, får ein reduksjon i løyvinga, vil dette altså medverke til auka utslepp. Det blir presisert at med «usikker effekt» er det meint det at posten er definert til å ha ein klimaeffekt, men det er usikkert om klimaeffekten er positiv eller negativ.
Boks 17.1 Teknisk berekningsutval for klima (TBU) og arbeidet deira med klimaeffekt av statsbudsjettet: Resultat frå uttesting av metode for kategorisering
I andre rapport frå TBU Klima frå 2020 vart det vurdert ulike tilnærmingar til korleis tildelingar på inntekts- og utgiftssida i statsbudsjettet kan kategoriserast, som eit første steg i arbeidet med å foreslå metodar for å vurdere verknader på klimagassutslepp av endringar i statsbudsjettet (Teknisk berekningsutval for klima, 2020). Utvalet vurderte at det vil vere nødvendig å kategorisere statsbudsjettet for å kunne foreslå slike metodar. På oppdrag frå utvalet utvikla Menon Economics og CICERO Senter for klimaforsking eit forslag til ein metode for å kategorisere postane på statsbudsjettet etter klimaeffekt. Utvalet tilrådde i den andre rapporten at metoden vart testa ut på KLD, FIN og SD sitt budsjett. Formålet var å avdekkje forbetringsmoglegheiter, samstundes som ressursbruk bør kartleggjast og vegast mot kvaliteten på informasjonsgrunnlaget ein sit igjen med.
Hausten 2020 vart ei avgrensa kategorisering gjennomført av KLD, SD og FIN. Departementa vart bedne om å kategorisere budsjettpostane ut frå om dei påverkar utslepp eller opptak av klimagassar, har usikker effekt eller nøytral effekt. Kategoriseringa så i hovudsak på budsjettpostar som påverkar klimagassutslepp i Noreg. Departementa vart i tillegg bedne om å identifisere budsjettpostar som har som intensjon å påverke klimagassutslepp i andre land, og andre postar som dei meiner kan påverke utslepp i andre land i vesentleg grad (positivt eller negativt). Budsjettpostar med klimaeffekt vart i tillegg sorterte etter type verkemiddel. Dei tre kategoriane for verkemiddel var økonomiske verkemiddel, direkte styring og informasjon.
Våren 2021 vart alle dei tolv resterande departementa bedne om å gjennomføre ei tilsvarande kategorisering. Departementa vart bedne om å skilje mellom budsjettpostar som har utsleppseffekt og postar kor effekten er usikker eller nøytral. I staden for å kategorisere budsjettpostar med klimaeffekt etter verkemiddel vart departementa bedne om å kategorisere budsjettpostar med klimaeffekt ut frå effekt (positiv/negativ), verkemåte og utsleppskjelde.
Uttestinga er omtalt i TBU Klima sin tredje rapport publisert i juni 2021. Gjennom uttestinga av kategorisering vart det avdekt fleire utfordringar. Fleire av departementa gav tilbakemelding om at det er vanskeleg å vite kor langt inn i verknadskjeda ein skal gå når det kjem til indirekte effektar, og at det difor er utfordrande å vite kvar grensa går for om budsjettposten har ein utsleppseffekt. Vidare vart det peikt på at det for fleire budsjettpostar er avgrensa informasjon om kva tildelingane går til. Mange budsjettpostar er samleløyvingar som går til ulike ikkje-statlege aktørar. Nokre budsjettpostar har fleire formål. Ein post kan finansiere mange ulike aktivitetar med motstridande klimaeffekt. Utsleppseffekten kan òg vere ulik på kort og lang sikt. For einskilde budsjettpostar knytte til investering, drift og vedlikehald er det uklart om det er investeringa eller drifta som utløyser utsleppseffekten. For større utstyrskjøp er det også vanskeleg å vite korleis utstyret blir brukt på lang sikt. Kategoriseringa ber til ein viss grad preg av ulik tolking av retningslinjene. Som eit resultat har einskilde, relativt like budsjettpostar blitt kategoriserte ulikt.
Den førebelse vurderinga til utvalet er at metoden for kategorisering legg grunnlag for ei meir konsistent tilnærming til å vurdere klimaeffekt av budsjettpostar enn tilnærminga tidlegare rapportering av klimaeffekt av budsjett i Klima- og miljødepartementet sin budsjettproposisjon. Samstundes fastheld utvalet at ei kategorisering av budsjettpostar i seg sjølv ikkje gjev informasjon om klimaeffekten av statsbudsjettet. Metoden kan berre brukast til å sortere ut postar som eit grunnlag for å identifisere enkeltpostar eller grupper av postar det bør gjerast nærmare utsleppsberekning av. TBU Klima meiner at det bør undersøkjast om informasjon frå kategoriseringsarbeidet gjev relevante inngangsdata til makromodellar, slik at det kan bereknast eit anslag for samla klimaeffekt av budsjettet. For å følgje opp dette har SSB fått i oppdrag å teste bruk av den makroøkonomiske modellen deira, SNOW, til å berekne klimaeffekt av einskilde budsjettpostar. Mandatet til TBU Klima gjeld til 2023, og dei arbeider vidare med problemstillinga.
17.2 Oversikt over postane i statsbudsjettet med klimaeffekt
Nærmare om metoden for å kategorisere klimaeffekt av statsbudsjettet
Den overordna omtalen av budsjettet til kvart departement som heilskap inneheld følgjande moment:
Ein overordna omtale av budsjettet, inkludert ein omtale av budsjettet til kvart departement som heilskap (følgjer tidlegare rapportering av klimaeffekten av framlagt budsjett)
Ein tabell som viser budsjettpostar med klimaeffekt der endring i budsjettposten frå føregåande år er over 0,5 mill. kroner, og kva utsleppseffekt endringa i budsjettposten har
Overordna omtale av dei ulike postane i tabellen, kva postane går til, og kvifor endring i utgift eller inntekt gjev utsleppseffekten i tabellen. I dei tilfella der departementa har overslag på utsleppseffekten, er dette også skildra.
I arbeidet med å definere ulike budsjettpostar med klimaeffekt har departementa teke utgangspunkt i tidlegare kategorisering som er gjennomført gjennom TBU Klima. Det er berre postar der endringar er over 0,5 mill. kroner, som er inkluderte i tabellane. Postar som departementa meiner har nøytral verknad på klimautslepp, er hovudsakleg haldne utanom. Tabellen viser postar med klimaeffekt og seier om endring i løyvinga på posten gjev auka utslepp, reduserte utslepp eller har usikker effekt. Med «usikker effekt» er det meint det at posten er definert til å ha ein klimaeffekt, men det er usikkert om klimaeffekten er positiv eller negativ. Desse punkta er nye i klimalovrapporteringa for året.
Ved å følgje denne metoden gjev det oss ei moglegheit til å i større grad nytte eit generelt verktøy som er samanliknbart på tvers av departementa. Det er ein betydeleg forbetra metode samanlikna med rapporteringa tidlegare år. Metoden for kategorisering legg grunnlag for ei meir konsistent tilnærming til å vurdere klimaeffekt av budsjettpostar enn tilnærminga brukt i tidlegare klimalovrapportering. Samstundes vil kategoriseringa av budsjettpostar som følgjer her, ikkje gje informasjon om ein heilskapleg klimaeffekt av statsbudsjettet, og det står att arbeid for at tala skal vere samanliknbare på tvers av departement.
Kategorisering for budsjettet for 2022
Totalt har departementa innrapportert 122 budsjettpostar på statsbudsjettet som er kategoriserte til å ha ein effekt på utslepp av klimagassar, der endringa i løyvinga er over 0,5 mill. kroner samanlikna med budsjettet frå i fjor. Postane er delt inn etter om dei bidreg til auka, reduserte eller har usikker effekt på klimagassutslepp.
Klima- og miljødepartementet har kategorisert alle budsjettpostane på statsbudsjettet som er definert til å ha ein effekt på klimagassutslepp med større endringar etter inndelinga til Staten kontoplan for å få ei heilskapleg oversikt over postane. Kontoplanen til staten gjev ei standardisert inndeling av statsbudsjettet og statsrekneskapen i utgifter, inntekter, eigedelar, gjeld og eigenkapital, sjå tabell 17.1. Etter Statens kontoplan skal utgifts- og inntektspostane inndelast i fire ulike avdelingsnummer.
Tabell 17.1 Statens kontoplan
Avdelingsnummer | Postnummer | Utgifter | Inntekter |
---|---|---|---|
1 | 01 – 29 | Statens eigne driftsutgifter | Sal av varer og tenester |
2 | 30 – 49 | Nybygg, anlegg mv. | Inntekter i forbindelse med nybygg, anlegg mv. |
3 | 50 – 89 | Overføringar til andre | Overføringar frå andre |
4 | 90 – 99 | Utlån, statsgjeld mv. | Tilbakebetalingar mv. |
Denne inndelinga gir ei oversikt over kvar budsjettpostar med utsleppseffekt med større endringar høyrer heime på statsbudsjettet. Det er flest postar som gjeld overføringar. For mange av desse postane vil det vere avgrensa informasjon om kva dei konkrete midlane går til. Her er ikkje nødvendigvis formålet til løyvinga avgrensa til kva aktivitet som skal finansierast. Dette kan til dømes gjelde tilskotspostar eller sekkepostar der forvaltninga har stor fridom til å fastsetje aktivitet. Vidare er fleire postar knytte til driftsutgifter eller sal av varer og tenester. Driftsutgifter blir i utgangspunktet rekna som å vere nøytrale, men likevel blir fleire driftsutgifter rekna å vere knytte til postar som påverkar utslepp. Det gjeld til dømes utgifter til drift og vedlikehald av veg, kjøp av klimakvotar, kunnskapsinnhenting om klima, miljøvennleg skipsfart og liknande.
Vidare i dette kapittelet følgjer ei overordna omtale av budsjetta i dei respektive departementa, inkludert ei beskriving av budsjettpostar som visast i tabellar. Det er dei respektive departementa som har utarbeida si eigen omtale. Storleiken på endringar i løyving gjev ikkje ein indikasjon på kor stor utsleppseffekten er.
17.3 Arbeids- og sosialdepartementet
Totalbudsjettet for Arbeids- og sosialdepartementet i 2022 er på 529,6 mrd. kroner ekskludert lånetransaksjonar. Grovt sett går om lag 93 pst. av det samla budsjettet til ytingar frå Folketrygda, der dei største utgiftene er til alderspensjon, uføretrygd, sjukepengar, arbeidsavklaringspengar og dagpengar. Vurderinga er at dette er i hovudsak er nøytrale budsjettpostar som ikkje påverkar klimagassutslepp eller -opptak i større eller mindre grad. Om lag 2 pst. går til andre rammestyrte ordningar som arbeidsmarknadstiltak, tilskot til sosiale tenester mv. Rundt 3 pst. går til direktorat og andre underliggjande forvaltningsorgan, under dette Arbeids- og velferdsetaten. Arbeids- og sosialdepartementets eige budsjett utgjer om lag 0,04 pst. Resterande går til diverse andre mindre tilskotsordningar. Budsjettpostane omfattar komplekse samanhengar som det vil vere krevjande å anslå klimaeffektar av.
Arbeids- og sosialdepartementet har ingen budsjettpostar med klimaeffekt der endringa i budsjettposten frå føregåande år er over 0,5 mill. kroner.
17.4 Barne- og familiedepartementet
Totalbudsjettet på området til Barne- og familiedepartementet i 2022 er på om lag 57,5 mrd. kroner på utgiftssida. 40,3 pst. av dette er stønadsordningar ved fødsel og adopsjon, 38,9 pst. går til familie og oppvekst, der størsteparten er barnetrygd og kontantstøtte, 14,7 pst. går til barnevernet, 6,1 pst. er tilskot til Den norske kyrkja og trus- og livssynssamfunn, og 0,5 pst. går til forvaltning av forbrukarpolitikken. Drift av Barne- og familiedepartementet utgjer 0,3 pst. Det er krevjande å berekne klimaeffekten av desse løyvingane.
På budsjettet til Barne- og familiedepartementet er tilskota til arbeidet med miljømerking, arbeidet med å redusere matsvinn og samarbeidet med Høgskulen i Innlandet og Ungt Entreprenørskap om forbrukarundervisning relevante for arbeidet med å redusere utslepp. Andre budsjettpostar er vurderte som nøytrale. Barne- og familiedepartementet har ingen budsjettpostar med klimaeffekt der endringa i budsjettposten frå føregåande år er over 0,5 mill. kroner.
17.5 Finansdepartementet
Over Finansdepartementets budsjett (utanom løyvingar til konstitusjonelle institusjonar) er det for 2022 foreslått å løyve 63,5 mrd. kroner. Betening av statsgjeld, renter og avdrag med meir utgjer 10,3 mrd. kroner. Kompensasjon for meirverdiavgift og nettoordning for statleg betalt meirverdiavgift utgjer 40,3 mrd. kroner. 12,9 mrd. kroner går til drift av departementet, Finanstilsynet, Direktoratet for forvaltning og økonomistyring, Tolletaten, Skatteetaten og Statistisk sentralbyrå. Det er krevjande å lage anslag på klimaeffekten av desse løyvingane.
Finansdepartementet har det overordna ansvaret for korleis særavgifter blir innretta i miljøpolitikken. Miljøavgifter gjer at marknadsprisane i større grad inkluderer kostnadene for samfunnet ved miljøskadelege aktivitetar. Det medverkar til å redusere dei miljøskadelege utsleppa. Fleire avgifter er direkte retta inn mot utslepp av klimagassar. Dette gjeld først og fremst CO2-avgifta på mineralske produkt, avgifta på utslepp av CO2 i petroleumsverksemda på kontinentalsokkelen og avgiftene på hydrofluorkarbon (HFK) og perfluorkarbon (PFK). Eingongsavgifta på motorvogner inneheld òg ein CO2-komponent. Denne skal påverke forbrukarane til å ta meir klima- og miljøvennlege val ved bilkjøp.
I tillegg er det avgifter som ikkje er direkte retta inn mot utslepp av klimagassar, men som likevel medverkar til reduserte utslepp. Dette gjeld først og fremst vegbruksavgifta og grunnavgifta på mineralolje. Det finst òg einskilde fritak frå generelle avgifter som bidreg til reduserte utslepp av klimagassar, til dømes mva.-fritaket for elbilar.
I budsjettet for 2022 foreslår regjeringa fleire endringar som forsterkar klima- og miljøinnretninga av avgiftssystemet. Regjeringa foreslår å fjerne fritak i CO2-avgifta samstundes som den generelle satsen blir auka med 28 pst. Dette gjev ei meir lik prising av CO2-utslepp og ein meir kostnadseffektiv klimapolitikk. Vidare aukar også CO2-avgifta for petroleumsverksemda med 15 pst. og innanriks kvotepliktig luftfart med 5 pst. Regjeringa fremjar òg forslag om å innføre ei ny avgift på forbrenning av avfall, med ein sats på 172 kroner per tonn CO2 i 2022. Avgifta skal mellom anna ha som formål å redusere utslepp av klimagassar frå avfallsforbrenningsanlegg.
For 2022 foreslår regjeringa ein pakke med aukar i bilavgiftene som bremsar nedgangen i provenyet, samstundes som insentiva til å kjøpe nullutsleppsbilar blir styrkte. Fordelane i eingongsavgifta for ladbare hybridbilar blir redusert, og eingongsavgifta for fossilbilane blir auka for å stimulere til auka del elbilar. Samstundes blir særfordelane avvikla for elbilar i trafikkforsikringsavgifta og omregistreringsavgifta. Regjeringa foreslår òg å redusere trafikkforsikringsavgifta for å motvirke noko av kostnadane auka CO2-avgift medfører for bilistane.
Regjeringa fremjar òg forslag om å gjeninnføre flypassasjeravgifta i 2022. Avgifta blir oppheva for 2020 og 2021 som ein mellombels lette for flyselskapa i samband med pandemien. Formålet med flypassasjeravgifta er å gje staten inntekter, men ho kan òg ha verknad for miljøet ved at ho reduserer etterspurnaden etter flyreiser.
Særavgiftene er nærmare omtalte i Prop. 1 LS (2021–2022) Skatter, avgifter og toll 2022.
Tabell 17.2 Oversikt over endring i løyving på over 0,5 mill. kroner for postar over budsjettet til Finansdepartementet som har ein klimaeffekt (frå saldert budsjett 2021 til budsjettforslaget for 2022)
Kap. | Post | Nemning | Foreslått endring i mill. kronar | Utsleppseffekt |
---|---|---|---|---|
5508 | 70 | Avgift på utslepp av CO2 i petroleumsverksemda på kontinentalsokkelen | 01 | Reduserte utslepp2 |
5543 | 70 | Miljøavgift på mineralske produkt mv., CO2-avgift | 2 124 | Reduserte utslepp2 |
5546 | 70 | Avgift på forbrenning av avfall | 155 | Reduserte utslepp2 |
5548 | 70 | Avgift på hydrofluorkarbon (HFK) og perfluorkarbon (PFK) | 50 | Reduserte utslepp |
5561 | 70 | Flypassasjeravgift | 1 750 | Reduserte utslepp3 |
5536 | 71 | Eingongsavgift | 1 060 | Reduserte utslepp |
5536 | 72 | Trafikkforsikringsavgift | 30 | Ingen/svakt auka utslepp |
5536 | 75 | Omregistreringsavgift | 300 | Ingen/svakt auka utslepp |
1 Endringa er anslått å gje eit brutto meirproveny på 980 mill. kroner påkomme og 490 mill. kroner bokført. Netto meirproveny, det vil seie etter skatt (78 pst.) og SDØE, er anslått til 160 mill. kroner påkomme og 80 mill. kroner bokført. Skattar og avgifter frå petroleumsverksemda blir overførte til Statens pensjonsfond utland.
2 Ein del av desse utsleppa vil vere kvotepliktige, og ev. reduksjonar av desse vil i stor grad bli motsvarte av auka utslepp elles i kvotesystemet.
3 Dei fleste utsleppa som dette vil gjelde, vil vere kvotepliktige og/eller følgje av internasjonal trafikk som ikkje blir registrert i den norske utsleppsrekneskapen.
Kapittel 5508 Avgift på utslepp av CO2 i petroleumsverksemda på kontinentalsokkelen, post 70
Regjeringa foreslår å auke avgiftene på utslepp frå petroleumssektoren med 15 pst. Dette vil auke lønnsemda for prosjekt og tiltak som reduserer utslepp i petroleumsverksemda. Ein stor del av utsleppa frå petroleumsverksemda er òg underlagd EUs kvotesystem.
Kapittel 5536 Avgift på motorvogner mv., post 71 Eingongsavgift
Regjeringa foreslår å stramme inn CO2-komponenten i eingongsavgifta for personbilar ved å auke dei to lågaste positive satsane. Vidare blir særfordelen for ladbare hybridbilar i eingongsavgifta foreslått stramma inn. Forslaga vil styrkje insentiva til å velje elbil og gjev eit samla bokført meirproveny på 1 060 mill. kroner i 2022.
Kapittel 5536 Avgift på motorvogner mv., post 72 Trafikkforsikringsavgift
Regjeringa foreslår å redusere satsane som gjeld for personbilar i trafikkforsikringsavgifta med 95 kroner på årsbasis og å innføre full sats for elbilar i trafikkforsikringsavgifta. Forslaget svekkjer insentivet til å velje elbil noko, men verknaden på etterspurnaden etter elbilar er venta å vere avgrensa.
Kapittel 5536 Avgift på motorvogner mv., post 75 Omregistreringsavgift
Regjeringa foreslår å innføre omregistreringsavgift for elbilar. Forslaget svekkjer insentivet til å velje elbil noko, men verknaden på etterspurnaden etter elbilar er venta å vere avgrensa.
Kapittel 5543 Miljøavgift på mineralske produkt mv., post 70 CO2-avgift
Regjeringa foreslår å auke avgiftene på ikkje-kvotepliktige utslepp av klimagassar frå bruk av mineralske produkt med 15 pst. Dette gjev eit samla proveny på 2 200 mill. kroner påløpt i 2022. Vidare blir det foreslått å auke avgifta på mineralolje til bruk i kvotepliktig luftfart med 5 pst. og å fjerne fritaket for bruk av naturgass og LPG i veksthusnæringa.
Kapittel 5546 Avgift på forbrenning av avfall, post 70
Regjeringa foreslår å innføre ei avgift på forbrenning av avfall. Avgifta vil auke lønnsemda av tiltak og prosjekt som reduserer mengda fossile materiale som blir sende til forbrenning i norske avfallsanlegg, og slik reduserer utsleppa av klimagassar frå desse. Ein del av desse utsleppa er òg underlagde EUs kvotesystem.
Kapittel 5548 Avgift på hydrofluorkarbon (HFK) og perfluorkarbon (PFK), post 70
Regjeringa foreslår å auke avgiftene på utslepp av klimagassane HFK og PFK med 28 pst.
Kapittel 5561 Flypassasjeravgift, post 70
Regjeringa foreslår å gjeninnføre flypassasjeravgifta. Ein del av utsleppa som dette vil gjelde, vil vere kvotepliktige, medan andre utslepp vil stamme frå internasjonal luftfart som ikkje blir registrerte i den norske utsleppsrekneskapen.
17.6 Forsvarsdepartementet
Regjeringa sitt forslag til forsvarsbudsjettet for 2022 er på om lag 69 mrd. kroner. Denne summen er fordelt på om lag 20 budsjettpostar. Grovt sett går om lag 1,5 pst. til Forsvarsdepartementets eige budsjett, nesten 51 pst. til Forsvaret, i overkant av 34 pst. til Forsvarsmateriell og i overkant av 12,5 pst. til Forsvarsbygg (FB) og om lag 1 pst. til Forsvarets forskingsinstitutt (FFI) og ulike tilskotsordningar. Det er krevjande å lage anslag på klimaeffekten av desse løyvingane, da enkelte av postane er større driftspostar med ei blanding av utgiftspostar som har ein klimaeffekt, og utgiftspostar som er klimanøytrale. Oversikt over utgiftspostar med endring i løyving i budsjettet til Forsvarsdepartementet som har ein klimaeffekt, følgjer i tabellen under.
Tabell 17.3 Oversikt over endring i løyving på over 0,5 mill. kroner for postar over budsjettet til Forsvarsdepartementet som har ein klimaeffekt (frå saldert budsjett 2021 til budsjettforslaget for 2022)
Kap. | Post | Nemning | Foreslått endring i mill. kroner | Utsleppseffekt |
---|---|---|---|---|
1700 | 73 | Forskning og utvikling | 13,8 | Usikker |
1700 | 78 | Norges tilskudd til NATOs og internasjonale driftsbudsjetter | 60,3 | Auka utslepp utland |
1710 | 1 | Driftsutgifter Forsvarsbygg | 272,1 | Auka utslepp |
1710 | 47 | Nybygg og nyanlegg | 402,1 | Auka utslepp |
1716 | 51 | Tilskudd FFI | 4,9 | Usikker |
1720 | 1 | Driftsutgifter Forsvaret | 1260,9 | Auka utslepp |
1720 | 70 | Tilskot Afghan National Army drifts fund | -60,0 | Reduserte utslepp |
1720 | 71 | Overføring til andre | 17,0 | Usikker |
1735 | 21 | Spesielle driftsutgifter | 208,0 | Auka utslepp |
1760 | 1 | Driftsutgifter Forsvarsmateriell | 136,3 | Auka utslepp |
1760 | 44 | Fellesfinaniserte investeringer, nasjonalfinansiert andel | 39,6 | Auka utslepp |
1760 | 45 | Større utstyrsanskaffelser og vedlikehold | 2001,3 | Auka utslepp |
1760 | 75 | Fellesfinansierte investeringer, tilskudd til NATO | 2,8 | Auka utslepp utland |
1791 | 1 | Driftsutgifter redningstenesta | -167,6 | Auka utslepp |
Forsvarsdepartementet har frå og med 2012 utarbeidd årlege miljø- og klimarekneskap for forsvarssektoren. Trass i at dette ikkje er direkte kopla til utsleppeffekt av budsjett, er det ei klar kopling, og det er difor relevant med ei beskriving av hovudtrekka. Klimarekneskapen i sektoren er under kontinuerleg utvikling for å forbetre presisjonen og omfanget av rekneskapen. Rekneskapen er gjeven ut som rapport frå FFI i FFI-rapport 20/00812. Rapporten gjev mellom anna oversikt over resultat og utviklinga for sentrale miljøaspekt over tid, mellom anna avfall, energi, drivstoff, ammunisjon og kjemikaliar.
Forsvarsbudsjetta har auka kvart år sidan 2017. Gjennom behandlinga av langtidsplanen for forsvarssektoren for perioden 2021–2024 vart det lagt til grunn ein ytterlegare auke i budsjetta. Forsvaret har difor over ein periode auka bemanninga, auka materiellmengda i forsvarsstrukturen og auka trenings- og øvingsverksemda si for å betre den totale nasjonale forsvarsevna i tråd med langtidsplanane i sektoren. Denne utviklinga vil halde fram dei kommande åra. Ein auka struktur med meir aktivitet set press på evna sektoren har til å redusere samla klimautslepp og miljøavtrykket frå verksemda. Ein årleg auke i budsjetta med tilhøyrande auka aktivitet vil såleis redusere effekten av dei tiltaka sektoren gjennomfører for å redusere klimautslepp frå verksemda til sektoren. Klimarekneskapen for 2020 vil difor gje eit bilete på evna forsvarssektoren har til å unngå at den auka aktiviteten, i samsvar med føresetnadene frå Stortinget i langtidsplanen for forsvarssektoren, ikkje fører til auke i klimautsleppa.
Nedanfor er det gjort greie for nokre særlege område i driftspostane til sektoren som har effekt på klimaavtrykket. Forsvarsdepartementet vil difor konsentrere seg om på negative utsleppseffektar frå budsjettpostane 1710/01, 1720/01 og 1791/01. Andre postar som kan ha tilsvarande utsleppseffektar, er 1710/47, 1735/01, 1760/01, 1760/44, 1760/45 og 1760/48. Når det gjeld dei tre utgiftspostane knytte til aktivitetar utanlands, er klimapåverknaden vanskeleg å talfesta. Ein av dei største utsleppspostane er knytt til direkte utslepp frå materiell som verksemda eig eller kontrollerer sjølv. For forsvarssektoren er dette mellom anna fartøy, luftfartøy og køyretøy i Forsvaret og bruk av fossil energi til oppvarming av bygningsmassen forvalta over driftsbudsjett til FB. I tillegg kjem indirekte utslepp knytte til forbruk av elektrisitet og fjernvarme frå eksterne leverandørar i bygningane sektoren har.
Næringsavfall blir rapportert direkte til Miljødatabasen (MDB) frå avfallselskapa i dei ulike regionane i FB. Det vart generert totalt 18 935 tonn næringsavfall i 2020, som utgjer ein marginal auke frå 2019. Sorteringsgraden for næringsavfall var 66,9 pst. i 2020, ein reduksjon på 1,6 prosentpoeng samanlikna med året før. 35,3 pst. av avfallet vart materialattvunne, og 59,9 pst. vart energiattvunne.
Energiforbruk knytt til bygg og anlegg i forsvarssektoren i Noreg i 2019 er henta frå FB via statistikk frå leverandørar. Samla energiforbruk knytt til bygg og anlegg i 2020 er rekna til 696 GWh. Dette er ein reduksjon på 4 pst. frå 2019. FB er den største offentlege eigedomsforvaltaren i Noreg og forvaltar over 13 000 bygg og anlegg med bruttoareal på om lag 4,1 mill. kvadratmeter. Redusert energibruk er ein sentral ambisjon for forsvarssektoren. FB har sidan tidleg på 2000-talet jobba med å redusere bruk av olje til fyring. Frå 2020 er det ikkje kjøpt inn fyringsolje til drift av etablissementa, og fossilt brensel blir no berre nytta for bygg med mellombels dispensasjon. Elektrisitet utgjer om lag 78 pst. av det samla forbruket i 2020, bioenergi utgjer 17 pst., medan fjernvarme og fyringsolje/gass utgjer kvar 4 pst. og 1 pst. av totalmengda. Samla fornybar del for energibruk i forsvarssektoren er for 2020 berekna til 95 pst., ein auke på cirka 4 prosentpoeng frå året før.
Forbruk av drivstoff knytt til køyretøy, luftfartøy og fartøy var 88 938 kubikkmeter i 2020. Dette er ein reduksjon på 3 pst. samanlikna med 2019. Forbruk på fartøy og luftfartøy står for 91 pst. av det samla forbruket av drivstoff i sektoren.
Det vart i 2020 rapportert inn eit forbruk på 16 748 819 einingar med ammunisjon, som er ein reduksjon på 8 pst. samanlikna med 2019. Rapporteringsgraden, forholdet mellom utlevert og innrapportert ammunisjon, er berekna til 74 pst. for 2020. Dette er ein nedgang på 10 prosentpoeng samanlikna med 2019. Forbruket av blyhaldig handvåpenammunisjon har auka med 330 000 innrapporterte skot, eller 29 pst., frå 2019 til 2020. Estimert utslepp av bly frå alt ammunisjonsforbruk er 6,8 tonn i 2020 mot 5,2 tonn i 2019, ein auke som svarer til 30 pst. Det er viktig å halde greie på mengda av forureining som blir deponert på skytebanar. Dette er viktig i samband med tiltak for opprydding.
Det samla forbruket av vatn i sektoren i 2020 var 2,23 mill. kubikkmeter vatn, ein auke på 8,8 pst. samanlikna med 2019. Om lag halvparten av auken kjem av eit brot i ein leidning. Forsvaret vil setje i gang tiltak for å redusere og effektivisere forbruket av vatn i sektoren.
Forbruk av kjemikaliar blir rapportert frå anlegg i sektoren der det blir nytta store mengder kjemikaliar, men er med unntak av kjemikaliar for å fjerne is frå fly og rullebaner rapportert inn med relativt store manglar. Frå Forsvarets flystasjonar vart det innrapportert eit forbruk på 44 358 kg flyavisingskjemikaliar og 299 742 kg baneavisingskjemikaliar i 2020. Delen urea til avising av banar relativt til det totale forbruket av baneavisingskjemikaliar var 71 pst. i 2020, det same som i 2019.
Minimumskrava for registreringar som er gjevne i retningslinjene for miljøstyringa av sektoren er i stor grad tilfredsstilt i 2019. Registreringa av forbruk av helse- og miljøfarlege kjemikaliar har framleis manglar, men nye rutinar for innkjøp vil betre grunnlaget for slik rapportering. Arbeidet med miljødatabasen inneber etablering og forankring av rutinar for rapportering av data, kvalitetssikring av tal i samarbeid med etatane og samarbeidspartnarar og vedlikehald og utvikling av miljødatabasen som verktøy i arbeidet med miljøleiing.
Den samla verksemda i forsvarssektoren er svært variert og har brei påverknad på miljøet. Miljø-klimarekneskapen samanfattar statistikk over miljøaspekt som blir sett som særskilde utfordringar for sektoren, og som blir organiserte i Miljødatabasen i sektoren. Klimarekneskapen blir berekna ut frå innrapportert drivstoff- og energibruk ved hjelp av utsleppsfaktorar knytte til dei ulike materielltypane og energivarene. I 2020 vart det berekna eit utslepp av 246 714 tonn CO2-ekvivalentar, og 316 527 tonn CO2-ekvivalentar når dei indirekte utsleppa òg vart inkluderte. Dei direkte utsleppa utgjer i 2020 ein reduksjon på 4 pst. samanlikna med 2019. Reduksjonen heng saman med redusert forbruk av drivstoff på luftfartøy og militære køyretøy, utfasing av fyringsolje og lågare del importert kraft. Redusert reiseaktivitet og kansellerte øvingar på grunn av covid-19-pandemien har òg hatt betydning for reduksjonen. Talet på flyreiser i forsvarssektoren gjekk ned frå om lag 435 000 i 2019 til 224 000 i 2020, ein reduksjon på 48 pst. Flyreisene inkluderer tenestereiser, pendlarreiser, permisjonsreiser og utanlandsreiser i alle etatane i sektoren. For innanlandsreiser og utanlandsreiser er reduksjonen i utslepp høvesvis 35 pst. og 70 pst. Samla utslepp er redusert med 42 pst. Reduksjonen i utslepp er noko mindre enn kva nedgangen i talet på flyreiser isolert skulle tilseie, og skriv seg i stor grad frå lågare fyllingsgrad hos flyselskapa. Reiseaktivitet med bil er lik tidlegare år. Korleis reiseaktiviteten vil utvikle seg inn i 2022, er enno for tidleg å seie.
Det er som tidlegare nemnt nær samanheng mellom dei krav og føresetnader til aktivitetsmønsteret til sektoren og den samla miljøpåverknaden. Det blir difor relevant å vurdere miljøpåverknaden i lys av oppgåvene som forsvarssektoren skal løyse innanfor dynamiske forsvarspolitiske rammer og den ønskjelege operative evna. Klimarekneskapet gjev såleis eit godt bilete på dei klimaeffektane verksemda til forsvarssektoren påfører miljøet.
17.7 Helse- og omsorgsdepartementet
Helsedirektoratet og Folkehelseinstituttet, og statsforvaltarane, er rådgjevarar for sentrale og lokale helsestyresmakter, greier ut og tek del i overvaking av miljøforureining. Etter folkehelselova har kommunane ansvar for å sikre befolkninga mot skadelege faktorar i miljøet.
Direktoratet for strålevern og atomtryggleik (DSA) varetek direktoratsoppgåver for Klima- og miljødepartementet innanfor området radioaktiv forureining og anna stråling i det ytre miljøet. DSA har vidare ansvar for fagleg utgreiingsarbeid, tilsyn med radioaktiv forureining og for å koordinere nasjonal overvaking av radioaktiv forureining i det ytre miljøet, og internasjonale oppgåver.
Mattilsynet arbeider for ein miljøvennleg produksjon av trygge næringsmiddel og trygt drikkevatn. For å få størst mogleg samfunnsmessig verdiskaping ut av avgrensa ressursar er det vesentleg å leggje vekt på kvalitet, plante- og dyrehelse og omsynet til miljøet.
Helse- og omsorgsdepartementet forvaltar staten sin eigarskap av dei regionale helseføretaka, som igjen er eigar av helseføretaket i landet. Som det står i Meld. St. 8 (2019–2020) Statensdirekte eigarskap iselskap — Berekraftig verdiskaping, er staten oppteken av at arbeidet til selskapa er ansvarleg. Det inneber å identifisere og handtere risikoen selskapet påfører menneske, samfunn og miljø. Omsynet til berekraft og ansvarleg verksemd er reflektert i forventningane staten har til selskapa, og korleis staten følgjer opp selskapa.
Departementet har i styringsbodskapen sin til dei regionale helseføretaka bede om at spesialisthelsetenesta utfører ei heilskapleg tilnærming til klima- og miljøutfordringane. Miljøarbeidet i spesialisthelsetenesta blir koordinert gjennom eit samarbeidsutval mellom dei fire helseregionane. Alle dei regionale helseføretaka er representerte med ein medlem i samarbeidsutvalet. I tillegg har Sjukehusbygg HF og Sjukehusinnkjøp HF og vernetenesta og tillitsvalde ein representant kvar. Dei fire regionane har også kvar si miljøfaggruppe der alle helseføretaka er representerte.
Det er generelt krevjande å vurdere konsekvensar av digitalisering for klima. Det manglar kunnskap om kva IT-næringa innan helse bidreg til av klimagassutslepp. For å redusere klimagassutslepp vert det fyrst og fremst viktig å kartlegge næringa sitt avtrykk.
Trass i at det er krevjande å vurdere konsekvensar for klima, kan vi sjå at digitalisering i helsevesenet kan bidra til lågare klimautslepp. Det mest openberre potensialet er reduksjon av CO2-utslepp som følgje av redusert reiseverksemd for tilsette og pasientar, samt mindre bruk av papir.
Nasjonale løysingar som kjernejournal, e-resept, helsenorge.no, grunndata og helse-ID bidreg til mindre bruk av papir ved at pasientar mottek digital post og at reseptar er digitale.
Ifølgje Perspektivmeldinga frå 2021 auka konsultasjonar gjennomført på video hjå fastlege frå 3 pst. i 2019 til 60 pst. i mars 2020. Mindre transport som følgje av ei auke i videokonsultasjonar trekkast fram som eit tiltak som har store positive konsekvensar for klima- og miljø i Spesialisthelsetenestenes rapport for samfunnsansvar i 2020. Koronapandemien har bidrege til ei generell auke i bruken av digitale løysingar for kontakt med helse- og omsorgstenesta. Fastlegar gjennomfører ein stor del av sine konsultasjonar digitalt. Dette kan ha positive vedvarande følgje for klima også etter at samfunnet normaliserast.
Rapport for 2020
Det blir årleg utarbeidd ein felles årsrapport for samfunnsansvar i spesialisthelsetenesta, «Spesialisthelsetjenestens rapport for samfunnsansvar». Rapporten omhandlar klima og miljø, menneskerettar, arbeidstakarrettar og antikorrupsjon. Rapporten er utarbeidd av interregionalt samarbeidsutval for klima og miljø i spesialisthelsetenesta og omfattar helseføretaka i dei fire regionane og dei felleseigde selskapa (Sjukehusbygg HF, Sjukehusinnkjøp HF, Luftambulansetenesta HF, Helsetenestas driftsorganisasjon for nødnett HF og Pasientreiser HF).
Alle helseføretak i landet er miljøsertifiserte etter ISO 14001. Det inneber at ei samla spesialisthelseteneste arbeider systematisk med å forbetre eigen miljøprestasjon. Gjennom rapporten for samfunnsansvar blir det også framstilt ein felles klimarekneskap for helseføretaka i landet. Klimarekneskapen hjelper til med å setje søkjelyset på å redusere forbruk av ressursar.
Omtale av spesifikke satsingar og budsjettpostar: Klimaeffekt av budsjettet for spesialisthelsetenesta
Budsjettet for spesialisthelsetenesta i 2022 er på om lag 182 mrd. kroner. Løyvinga dekkjer i hovudsak pasientbehandling og drift av sjukehusa i tillegg til vedlikehald og investeringar.
2020 er det tredje året det blir framstilt ein felles klimarekneskap for spesialisthelsetenesta. Klimarekneskapen omfattar helseføretak i Helse Nord, Helse Midt-Noreg, Helse Sør-Aust, Helse Vest og dei fem felleseigde helseføretaka. Det er utvikla ein felles webportal for klimarekneskapen der kvart enkelt helseføretak registrerer sitt eige forbruk. Dei regionale helseføretaka er ansvarlege for å kontrollere rapporteringa. Klimarekneskapen til spesialisthelsetenesta omfattar fire hovudkategoriar: energiforbruk, transport av tilsette, transport av pasientar og forbruk av gassar.
Pandemien har i 2020 gjeve nokre positive konsekvensar for klima og miljø. Det mest sjølvsagde er reduksjonen av CO2-utslepp som ei følgje av redusert reiseverksemd for tilsette og pasientar. Totalt utslepp på grunn av ikkje-utførte flyreiser blant tilsette vart redusert med 10 000 tonn CO2 frå 2019 til 2020. Klimarekneskapen for 2020 viser ein samla reduksjon på 37 273,84 tonn CO2-utslepp frå 2019 til 2020. Til samanlikning er det årlege utsleppet frå St. Olavs hospital 30 475 tonn CO2.
Gammal bygningsmasse, ventilasjonsanlegg og energisystem er ei utfordring fleire stader. I åra som kjem, vil det byggjast fleire nye sjukehus som vil hjelpe til betre energisystem i helseføretaka.
17.8 Justis- og beredskapsdepartementet
Totalbudsjettet for Justis- og beredskapsdepartementet i 2022 utgjer 45,5 mrd. kroner fordelt på 21 verksemder. Justissektoren er driftstung med mange verksemder og tilsette og har betydelege utgifter til leige av lokale. Hovuddelen av budsjettet er dermed knytt til lønn og husleige.
Justis- og beredskapssektoren er ikkje ein særleg utsleppsintensiv sektor. Kva klimaeffekt som følgjer av kvart budsjettområde, har vi ikkje oversikt over. Justis- og beredskapsdepartementet har ingen budsjettpostar med klimaeffekt der endringa i budsjettposten frå føregåande år er over 0,5 mill. kroner.
17.9 Klima- og miljødepartementet
Totalbudsjettet for Klima- og miljødepartementet (KLD) i 2022 er på 17,1 mrd. kroner fordelt på om lag hundre budsjettpostar. Grovt sett går rundt 4 pst. av dette til Klima- og miljødepartementets eigne budsjett. Rundt 50 pst. går til Miljødirektoratet, Riksantikvaren og Polarinstituttet og dei andre etatane under departementet. Dessutan går rundt 20 pst. til klima- og energifondet (Enova) og i overkant av 18 pst. til internasjonalt klimaarbeid. Resten, om lag 8 pst., går til andre formål, som forsking og overvaking.
Utgiftene under Klima- og miljødepartementet gjev ikkje eit fullstendig uttrykk for regjeringa sitt arbeid med å redusere klimagassutsleppa. Viktige klimapolitiske satsingar ligg òg under budsjetta for andre departement. Klima- og miljøpolitikken blir i stor grad ført ved hjelp av skattar, avgifter og regulering.
Dei postane på departementet sitt budsjett som særleg kan gje ei endring i utsleppa, kan delast i tre kategoriar: nasjonale støtteordningar, forsking og kunnskapsformidling og middel som påverkar utslepp internasjonalt. Klima- og miljødepartementets budsjett går òg til ei rekkje andre formål, som drift og informasjonskampanjar, overvaking og kartlegging, tilskot til ulike miljø- og klimatiltak og støtte til frivillige organisasjonar. Under følgjer ei oversikt og ein kort omtale av løyvingane som kjem inn under dei tre kategoriane.
Tabell 17.4 Oversikt over endring i løyving på over 0,5 mill. kroner for poster over Klima- og miljødepartementet sitt budsjett som har ein klimaeffekt (frå saldert budsjett 2021 til budsjettforslaget for 2022)
Kap. | Post | Nemning | Foreslått endring i mill. kroner | Utsleppseffekt |
---|---|---|---|---|
1400 | 51 | Den naturlege skulesekken | 5,4 | Auka klimagassutslepp |
1400 | 70 | Frivillige klima- og miljøorganisasjonar og klima- og miljøstiftelsar | 1,4 | Redusert klimagassutslepp |
1410 | 50 og 51 | Noregs forskingsråd | 6,8 | Redusert klimagassutslepp |
1420 | 21 | Spesielle driftsutgifter, Miljødirektoratet | -8,7 | Auka klimagassutslepp / Nøytral |
1420 | 30, 33 og 60 | Naturmangfald | 8,5 | Redusert klimagassutslepp / Usikker |
1420 | 38 | Restaurering av myr og anna våtmark | 4 | Auka klimagassutslepp |
1420 | 22, 66 og 85 | Heilskapleg plan for Oslofjorden | 10 | Usikker |
1420 | 74 | CO2-kompensasjonsordning for industrien | 233 | Usikker |
1420 | 76 | HFK/PFK refusjonsordningar | 34,5 | Redusert klimagassutslepp |
1422 | 70 og 1420.62 | Grønt Skipsfartsprogram | 74,2 | Redusert klimagassutslepp |
1428 | 50 | Overføring til Klima- og energifondet, Enova SF | 68 | Redusert klimagassutslepp |
Internasjonalt klimaarbeid | ||||
1481 | 01, 22 og 23 | Kvotekjøp | -180 | Nøytral |
4481 | 1 | Inntekter sal av klimakvoter | 817 | Nøytral |
17.9.1 Nasjonale støtteordningar
1400.51 Den naturlege skulesekken
Post 1400.51 viser ei nedskalert vidareføring av Den naturlege skulesekken på budsjettet for 2022. Målet med ordninga er å medverke til at elevane får kunnskap og medvit om berekraftig utvikling og klima- og miljøutfordringane på kloden og blir i stand til å forstå og utvikle løysingar på miljøproblema i dag og i framtida. Den naturlege skulesekken (DNS) har vore eit samarbeidstiltak mellom Kunnskapsdepartementet og Klima- og miljødepartementet. Frå og med 2022 er tiltaket berre i regi av Klima- og miljødepartementet. Ein auka kunnskap om klima- og miljøutfordringane og moglege løysingar kan påverke etterspurnad/åtferd som reduserer utslepp. Reduksjonen i budsjettposten vil kunne føre til auka klimagassutslepp.
1400.70 Frivillige klima- og miljøorganisasjonar og klima- og miljøstiftelsa
Målet med tilskotsordninga under post 1400.70 er å leggje til rette for eit breitt folkeleg engasjement for miljøsaker og stimulere til miljøaktivitetar lokalt, regionalt og nasjonalt. Organisasjonane styrkjer engasjement og kunnskap om klima i befolkninga. Det kan påverke etterspurnad/åtferd som reduserer utslepp. Auka tildeling til denne posten kan ha positiv effekt litt avhengig av korleis midlane blir fordelte. For 2022 er Besteforeldrenes klimaaksjon (BKA) lagt til i ordningen.
1420.30, 33 og 60 Naturmangfald
Post 1420.30, 33 og 60 gjeld statleg sikring av nye friluftslivsområde, skogvern, erstatning av økonomiske tap for eigarane som følgje av vern og tilskot til å ta i vare naturmangfald i kommuneplanlegging. Naturmangfald og vern kan ha ein positiv klimaeffekt og vil over tid bidra til reduserte klimagassutslepp. 1420.60 er oppretta som følgje av Meld. St. 14 (2015–2016) Natur for livet – norsk handlingsplan for naturmangfald. Meldinga legg grunnlaget for arbeidet med å ta vare på norsk natur, der regjeringa vil leggje til rette for at kommunane betrar kompetansen om naturmangfald. Kommunane har ei særleg viktig rolle i arealplanlegginga, og auken i løyvinga på 2 mill. samanlikna med 2021 går til tilskotsordninga der kommunar kan søkje om midlar til å lage kommunedelplanar for natur.
Løyvinga over posten 1420.35 dekkjer utgifter til erstatning av dei økonomiske tapa eigarar og rettshavarar har ved skogvern etter naturmangfaldlova og markalova. Løyvinga kan bidra til å auke klimagassopptaket i naturen, og ein nedgang i løyvinga kan i isolasjon gje redusert opptak av klimagassar på lang sikt.
1420.38 Myr og våtmark
Løyvinga er på 21,1 mill. kroner, med ein auke på 4 mill. kroner for 2022. Ein auke i løyvinga til restaurering av myr og anna våtmark kan bidra til redusert klimagassutslepp. Auken skal gå til restaurering av natur i andre økosystem enn myr og anna våtmark, slik som skog, fjell og ope lågland, for å møte Stortingets oppmodingsvedtak frå 2016 om å restaurere minst 15 pst. av forringa økosystem før 2025. Oppbygging av myr har ein positiv effekt på klima, og posten gjev ein auke i løyvinga til restaurering av natur. Den totale effekten på klimagassutslepp vil vere usikker og avheng av kva som blir restaurert, og korleis innretninga blir.
1420.61 Tilskot til klimatiltak og klimatilpassing
1420.61 omfattar dei to tilskotsordningane Klimasats og tilskot til klimatilpassing i kommunane. Tilskotsordninga Klimasats skal fremje klimatiltak i kommunar, fylkeskommunar og Longyearbyens lokalstyre ved å støtte prosjekt som medverkar til reduksjon i utslepp av klimagassar og omstilling til lågutsleppssamfunnet. Regjeringa foreslår å føre vidare tilskotsordninga Klimasats i 2022 med ei løyving på 10 mill. kroner og ei fullmakt for nye tilsegner på 190 mill. kroner.
Delmåla til tilskotsordninga er å bidra til integrerte klimaomsyn i aktiviteten deira og at kommunen, fylkeskommunen og Longyearbyens lokalstyre styrkjer rolla som samfunnsutviklar og pådrivar som legg til rette for samarbeid på klimaområdet mellom ulike aktørar.
Utsleppseffekten er ikkje kvantifisert, men ei evaluering av ordninga viser at ho medverkar til utsleppskutt, meir bruk av klimavennleg teknologi, samarbeid om klimatiltak og nyttig kunnskap i kommunane.
1420.22, 66 og 85 Tiltakspakke for Oslofjorden
Desse postane gjeld miljøtiltak i Oslofjorden. Postane er ein del av den heilskaplege tiltaksplanen for Oslofjorden, som totalt bidreg til sikring av friluftslivsområde. Post 1420.66 Miljøtiltak i Oslofjorden er ei ny post som går mellom anna til juridisk bistand for å betre tilgangen til strandsona til kommunane langs Oslofjorden og er på 3 mill. kroner. Post 1420.22 Statlege vassmiljøtiltak gjev ei løyving på 8,5 mill. kroner og går til betra vasskvalitet og biomangfald i fjorden. Tiltaka kan ha ei positiv klimaeffekt.
1420.74 CO2-kompensasjonsordning
Regjeringa har i 2021 bestemt å føre vidare CO2-kompensasjonsordninga for kraftkrevjande industri for perioden 2021–2030 i Noreg. Formålet med ordninga er å motverke karbonlekkasje, det vil seie at norske verksemder flyttar produksjonen sin eller investeringane sine til land utanfor Europa med mindre streng klimapolitikk. CO2-kompensasjonsordninga blir forvalta av Miljødirektoratet og er på 2,8 mrd. kroner i 2022-budsjettet.
Det er viktig å unngå auka globale utslepp ved å forhindre at norske verksemder flyttar ut av Europa på grunn av høge straumkostnader. Samstundes er klimaeffekten av CO2-kompensasjonsordninga uklar: Det er uvisst kor høg kvoteprisen må bli for at det skal oppstå ein reell risiko for karbonlekkasje, og i kva grad ordninga bidreg til å motverke karbonlekkasje i Noreg. Thema Consulting Group har greidd ut betydninga av ordninga. Dei meiner at det er tilstrekkeleg godtgjort at ordninga har motverka karbonlekkasje i perioden 2013–2020, men kunne ikkje kvantifisere verknadene av ordninga.
Det er venta at kvoteprisane vil auke i perioden 2021-2030, og at ordninga difor vil ha større betydning for støtterettkomne verksemder i komande periode. Ordninga kan på den andre sida betre konkurranseevna til norsk industri og dermed medverke til auka aktivitet nasjonalt med tilhøyrande auka klimagassutslepp i Noreg.
1420.76 HFK
Lekkasjar av HFK-gassar frå kuldeanlegg, luftkondisjonering og varmepumper er den desidert største kjelda til utslepp av fluorhaldige gassar. For klimagassane HFK og PFK er det fastsett avgift, men refusjonsordninga gjev insentiv for aktørane til å samle inn og returnere brukt HFK og PFK. Summen som er løyvd til refusjonsordningar, er ei overslagsløyving. Tilbakebetalingssatsen i refusjonsordninga er lik avgifta, og når avgifta blir auka, gjev det eit sterkare insentiv til å levere inn brukt HFK og PFK.
1428.50 Enova
Tilskota til Enova utgjer brorparten av støtta til direkte klimatiltak i Noreg, og i budsjettframlegget er løyvinga på i underkant av 3,4 mrd. kroner. Auka på 68 mill. kroner, eller 2,1 pst., frå året før følgjer av priskompensasjon. Regjeringa har spissa Enova som klimaverkemiddel i ny fireårig styringsavtale for 2021–2024. Enova er eit sentralt verkemiddel i arbeidet med å fremje innovasjon og utvikling av nye klima- og energiløysingar og i oppfølginga av klimaplanen for 2021–2030. Enova skal rette aktiviteten mot seinfase teknologiutvikling og tidleg marknadsintroduksjon, med sikte på å oppnå varige marknadsendringar slik at løysingar tilpassa lågutsleppssamfunnet på sikt blir føretrekte utan stønad.
Spissa avtale som klimaverkemidel og auka løyvingar over fleire år set Enova i stand til å halde fram med å støtte omstilling til lågutsleppsteknologi i alle sektorar. Over dei neste fire åra vil Enova mellom anna medverke til fleire nullutsleppslastebilar, ei vidare utvikling innan utsleppsfri sjøfart og innovasjon i industrien.
Direkte utsleppsreduksjonar knytte til støtteprosjekt i 2020 er på 279 000 tonn CO2-ekvivalentar årleg i ikkje-kvotepliktig sektor. Dei faktiske reduksjonane vil truleg vere større, sidan anslaga ovanfor ikkje inkluderer dei positive langsiktige effektane av marknadsendringar og spreiing av teknologi.
17.9.2 Forsking og kunnskapsformidling
Midlar til forsking og overvaking utgjer om lag 7 pst. av KLDs totalbudsjett. Brorparten av midlane til forsking blir kanaliserte gjennom Forskingsrådet, der hovudvekta er lagd på forsking på klimaendringar og klimaomstilling. Desse har ikkje nødvendigvis ein direkte klimaeffekt, men kan medverke indirekte til reduksjonar av klimagassutslepp på sikt. Støtte til forsking driv utviklinga av neste generasjons klimaløysingar som kan vere sentrale for Noregs omstilling til eit lågutsleppssamfunn.
1410.50 og 51 Noregs forskingsråd
Post 1410.50 og 51 viser ein auke i forsking og innovasjon for grøn omstilling. Denne auken i løyvinga er knytt til satsingsforslaget grøn skipsfart – teknologiutvikling for hurtigbåtar og lasteskip, der satsinga har ein auke på budsjettet for 2022 på 40 mill. kroner. Basisløyvingar til miljøforskingsinstitutta aukar med om lag 0,6 mill. kroner.
1410.51 og 1420.62 Grøn skipsfart – hurtigbåtordninga og utvikling av nullutsleppsteknologi for dei store fartøysegmenta
Frå 2021 vart det oppretta ein eigen post øyremerkt tilskot til innføring av hurtigbåtar med null- og lågutsleppsløysingar i fylkeskommunale samband, som er vidareført for 2022-budsjettet med ei løyving på 25 mill. kroner og ei tilsagnsfullmakt på 15 mill. kroner. Tilskotet skal bidra til at fylkeskommunane kan velje låg- og nullutsleppsløysingar på hurtigbåtar. Regjeringa føreslår og ei øyremerka løyving til utvikling av nullutsleppsløysingar for større skip som opererer over lengre strekningar på 40 mill. kroner.
1420.21 Miljødirektoratet
Posten gjev kunnskap som kan nyttast til å redusere utslepp og gjere gjennomføringa av tiltak meir effektiv. Ei reduksjon i løyvinga til slike postar kan difor føre til auka klimagassutslepp. Reduksjonen inneber flytting av midlar til andre postar på budsjettet, og den totale effekten på klimagassutslepp er difor nøytral.
17.9.3 Internasjonale utslepp
Omtrent 18 pst. av midlane i Klima- og miljødepartementets 2022-budsjett går til Klima- og skoginitiativet og statens kjøpsprogram for kvotar.
1481.01, 22 og 4481.1 Klimakvoter
Kvotekjøp og sal gjeld i 2022-budsjettet tre postar på Klima- og miljødepartementets budsjett. Kvoteprisen har auka mykje det siste året, men prisane kan svinge sterkt i denne marknaden, og anslaget for budsjettpostane som gjeld kvotesal er difor usikkert. Ein av postane er utgifter til utvikling av nye program under artikkel 6 i Parisavtala og til betaling for kjøp av klimakvoter og andre utsleppsreduksjonar. Slike kvotekjøp er vurderte ikkje å erstatte innanlandske utsleppskutt. Den siste posten gjeld inntekter overførte frå EUs inntekter frå kvoteauksjonar. Dette gjev heller ikkje effekt på innanlandske utslepp.
17.10 Kommunal- og moderniseringsdepartementet
Kommunal- og moderniseringsdepartementet har ansvar for fornying av offentleg sektor, IT-politikk, elektronisk kommunikasjon, bustad- og bygningspolitikk, regional- og distriktspolitikk, økonomiske og juridiske rammevilkår for kommunesektoren, gjennomføring av val, planlegging og kart- og geodata, samar og nasjonale minoritetar, oppfølging av berekraftsmål, personvern, statleg arbeidsgjevarpolitikk, tryggleik og fellestenester for departementa, overordna ansvar for statlege bygg, statsforvaltarane og dessutan budsjettet for Kongehuset.
Totalt utgjer budsjettforslaget til departementet for 2022 om lag 255 mrd. kroner. Av dette utgjer om lag 74 pst. rammetilskot til kommunar og fylkeskommunar. Grovt sett går om lag 8 pst. til Husbanken, 5 pst. til ressurskrevjande tenester, 3,4 pst. til statlege byggjeprosjekt og eigedomsforvaltning, og knapt 1 pst. til statsforvaltaren. Ein stor del av budsjettet gjeld rammeoverføringar og tilskot der det er vanskeleg for departementet å anslå om det er utsleppseffektar.
17.10.1 Byggkvalitet
God byggkvalitet handlar først og fremst om at bustader og bygg er sikre og miljøvennlege. Bygningsregelverket skal sørgje for at bustader og bygg er sikre, energieffektive og miljøvennlege. Lån frå Husbanken medverkar til fleire bustader og bygg med kvalitetar utover krava i byggteknisk forskrift. Lån til bustadkvalitet skal fremje miljø og tilgjengelegheit i nye bustader. Det kan ytast lån til oppføring av bustader med godt inneklima, miljøvennlege materialar og byggjemetodar. For eksisterande bustader kan det ytast lån til å fremje viktige bustadkvalitetar som energieffektivitet og tilgjengelegheit.
17.10.2 Eigedomsforvaltning
Miljøtiltak i samband med statlege byggjeprosjekt kan omhandle redusert energibruk, redusert lokal forureining ved sanering, redusert bruk av miljøskadelege materialar, men også lokalisering, gjenbruk og godt vedlikehald. Statsbygg gjennomfører ei rekkje klima- og miljøtiltak. Klimakorrigert og driftsnormert kWh per m2 er redusert frå 2017. Dette er oppnådd gjennom betydeleg satsing på ENØK, god energileiing og systematisk oppfølging i eigedomsforvaltninga. Statsbygg arbeider med å redusere behovet for nye bygg, mellom anna gjennom arealeffektivisering og optimalisering av løysingar i eksisterande bygningsmasse. Lokalisering har stor påverknad på den totale klimagassrekneskapen i eit bygg, og transport, lokalklima og grunnforhold på tomta er viktige faktorar i denne samanhengen. Statsbygg skal leggje statlege planretningslinjer til grunn for lokaliserings- og tomteanalysane sine og søkje etter tomter som vil gje minst mogleg miljøbelastning. I tillegg har departementet gjeve Statsbygg mandat til å bidra til innovasjon og utvikling av bruk av tre og andre lågutsleppsmaterialar til bruk i statlege byggjeprosjekt, om det er konkurransedyktig og materialbruken tek vare på den nødvendige sikkerheita.
Når det gjeld Kommunal- og moderniseringsdepartementet sine postar som påverkar utslepp, er dette i stor grad postar som omfattar prosjektering og oppføring av bygg. Investeringane vil gå til auka etterspurnad etter materialar til oppføring av bygningar og til teknisk utstyr som skal inngå i bygningsmassen. Produksjon av byggjevarer kan gje klimagassutslepp både i kvotepliktig og i ikkje-kvotepliktig sektor. Tabellen skal vise budsjettpostar med klimaeffekt der endring i løyving frå 2021 er over 0,5 mill. kroner, og kva utsleppseffekt endringa i budsjettposten har.
Tabell 17.5 Oversikt over endring i løyving på over 0,5 mill. kroner for poster over Kommunal- og moderniseringsdepartementet sitt budsjett som har ein klimaeffekt (frå saldert budsjett 2021 til budsjettforslaget for 2022)
Kap. | Post. | Nemning | Foreslått endring (i mill. kr) | Utsleppseffekt |
---|---|---|---|---|
530 | 30 | Prosjektering av bygg | 163,0 | Aukar klimagassutslepp |
530 | 33 | Vidareføring av byggjeprosjekt | -487,9 | Aukar klimagassutslepp |
530 | 45 | Større utstyrsanskaffingar og vedlikehald | 35,1 | Aukar klimagassutslepp |
533 | 45 | Større utstyrsanskaffingar og vedlikehald | -121,5 | Aukar klimagassutslepp |
2445 | 24.2 | Driftsutgifter | -14,0 | Aukar klimagassutslepp |
2445 | 30 | Prosjektering av bygg | 51,2 | Aukar klimagassutslepp |
2445 | 31 | Igangsetjing av ordinære byggjeprosjekt | -959,4 | Aukar klimagassutslepp |
2445 | 33 | Vidareføring av ordinære byggjeprosjekt | 3427 | Aukar klimagassutslepp |
530 30 Prosjektering av bygg
530 33 Vidareføring av byggeprosjekt
2445 30 Prosjektering av bygg
2445 31 Igangsetjing av ordinære byggeprosjekt
2445 33 Vidareføring av ordinære byggeprosjekt
Postane omfattar prosjektering og oppføring av bygg og vil gi auka utslepp av klimagassar. Investeringane vil bidra til auka etterspurnad etter materialar til oppføring av bygningar og til teknisk utstyr som skal inngå i bygningsmassen. Produksjon av byggjevarer kan gje klimagassutslepp både i kvotepliktig og i ikkje-kvotepliktig sektor. Dei største utsleppsbidraga for mange byggjevarer vil vere innanfor kvotepliktig sektor gjennom produksjon av dei sentrale råvarene slik som sement, jarn og stål, aluminium. Andre, men mindre utsleppsintensive, råvarer gjev primært utslepp utanfor kvotepliktig sektor, slik som trevarer. Byggjeprosjekt krev også maskiner og utstyr på byggjeplassane som gjev klimagassutslepp i bruk inntil byggjeplassdrifta eventuelt blir heilt utsleppsfri.
530 45 Større utstyrsanskaffingar og vedlikehald – aukar utslepp av klimagassar
Posten omfattar anskaffing av utstyr. Alle investeringar som inneber anskaffing av fysiske varer, vil i nokon grad medverke til klimagassutslepp. Samstundes kan vedlikehaldet også bidra til å unngå investeringar i ny bygningsmasse seinare – noko som kan bidra til at ein unngår framtidige utslepp.
533 45 Større utstyrsanskaffingar og vedlikehald – aukar utslepp av klimagassar
Posten omfattar anskaffing av utstyr og vedlikehald på kulturhistoriske eigedommar. Alle investeringar som inneber anskaffing av fysiske varer, vil i nokon grad bidra til klimagassutslepp. Samstundes kan vedlikehaldet også bidra til å unngå investeringar i ny bygningsmasse seinare – noko som kan bidra til at ein unngår framtidige utslepp.
2445 24.2 Driftsutgifter – aukar utslepp av klimagassar
Posten omfattar drift, forvaltning og vedlikehald av eigedommar. Drift av bygningsmasse krev energi, elektrisk energi og i mange tilfelle fjernvarme. Utsleppsbidraget for bruk av elektrisitet kan vurderast på fleire måtar avhengig av kva tilnærming ein legg til grunn. Uansett tilnærming vil bruk av elektrisitet i nokon grad bidra til klimagassutslepp. Alle postar som inneber bruk av energi og elektrisitet, vil difor bidra til auka utslepp av klimagassar – primært innanfor kvotepliktig sektor.
17.11 Kunnskapsdepartementet
Kunnskapsdepartementet har ansvar for barnehage, grunnskule, høgare utdanning, forsking, kompetansepolitikk og integrering. Dei samla utgiftene i budsjettforslaget for Kunnskapsdepartementet i 2022 er på 95,2 mrd. kroner eksklusive lånetransaksjonar og andre kapitaltransaksjonar. Denne summen er fordelt på rundt 200 budsjettpostar. Grovt sett går i underkant av 1 pst. til Kunnskapsdepartementets eige budsjett, rundt 44 pst. til statlege og private universitet og høgskular, rundt 17 pst. til utdanningsstøtte, rundt 15 pst. til barnehage og grunnskule, 8 pst. til integrering og mangfald, 5 pst. til Noregs forskingsråd og 2 pst. til kompetansepolitikk og livslang læring. Resterande går til diverse andre mindre tilskotsordningar. Kva slags klimaeffekt som følgjer av kvart budsjettområde, har vi ikkje oversikt over. Under følgjer ein gjennomgang av nokre element i budsjettet som er særleg relevante med omsyn til effekten dei har på klimagassutsleppa.
Dei samla løyvingane til forsking og utviklingsarbeid (FoU) frå alle departement er nærmare omtalte i kapittel 5 i Prop. 1 S (2021–2022) frå Kunnskapsdepartementet. Under følgjer ein gjennomgang av nokre element i budsjettet som er særleg relevante med omsyn til effekten dei har på klimagassutsleppa.
17.11.1 Forsking
Langtidsplanen for forsking og høgare utdanning 2019–2028, jf. Meld. St. 4 (2018–2019), gjev dei politiske føringane for regjeringa si satsing på dette området. Langtidsplanen har tiårige mål og prioriteringar, men meir konkrete mål for innsatsen i den første fireårsperioden, der regjeringa legg fram satsingar dei ønskjer å prioritere i dei årlege statsbudsjetta. Utdanning, forsking og innovasjon som kan hjelpe oss å nå klimamåla, er prioritert vidare framover. I den reviderte langtidsplanen er difor klima, miljø og miljøvennleg energi ein av dei fem langsiktige prioriteringane. Eit anna prioritert område i planen er at universitets- og høgskulebygg skal vere kostnadseffektive og medverke til innovative og klima- og miljøvennlege løysingar.
Den målretta innsatsen på klima og miljø var om lag 1,7 mrd. kroner i 2020. Kunnskapsdepartementet bidreg gjennom fleire av Forskingsrådets verkemiddel, som til dømes store program slik som KLIMAFORSK, ENERGIX og til Senter for Klimadynamikk ved Bjerknessenteret i Bergen. Klima og miljø er sentrale tema i norsk polarforsking. Kunnskapsdepartementet finansierer programmet POLARPROG, i tillegg til forskingsinfrastruktur for polarforsking, der forsking på klima og miljø inngår. Det meste av norsk polarforsking skjer i Arktis og særleg på Svalbard og i Barentshavet. Raske klima- og miljøendringar i dei polare områda aukar behovet for kunnskap. Prosjektet «Arven etter Nansen» blir òg finansiert over Forskingsrådets budsjett, med tokt i sentrale og nordlege delar av Barentshavet. Dette er eit samarbeidsprosjekt mellom dei sentrale norske forskingsinstitusjonane på feltet og er venta å gje kartlegging og forsking av høg kvalitet. «Arven etter Nansen» er Noregs største marine forskingsprosjekt med eit totalbudsjett på 740 mill. kroner. KDs årlege bidrag er 60 mill. kroner.
Bidrag til EUs rammeprogram for forsking og innovasjon Horisont 2020 er òg viktig, der klima og berekraftig utvikling er eit gjennomgangstema. 35 pst. av budsjettet i Horisont 2020 skal gå til klimatiltak, og minst 60 pst. av budsjettet er forventa å medverke til berekraftig utvikling. Noreg skal fortsetje å delta i det nye rammeprogrammet frå 2021, Horisont Europa. Det er eit mål at over 35 pst. av budsjettet er sett av til å møte klimautfordringar. I programmet blir det òg lansert tverrfaglege og tverrsektorielle samfunnsoppdrag med klare mål for mellom anna tilpassing til klimaendringar inkludert samfunnsendring, Klimanøytrale og smarte byar, og sunne hav, kystar og sjøar. Samfunnsoppdraga skal bidra til å møte globale utfordringar innan 2030 og til å nå dei politiske målsetjingane i strategiar som mellom anna EUs grøn giv.
17.11.2 Universitets- og høgskulebygg
Universitets- og høgskulesektoren er ein stor eigedomsaktør i statleg sivil sektor og disponerer eit areal på om lag 3,5 mill. kvadratmeter. Samla løyving over programkategori 07.60 Høgare utdanning og forsking utgjorde 52,6 mrd. kroner i saldert budsjett 2021. Av dette vart 40,7 mrd. kroner løyvde over kap. 260 Universitet og høgskular. Om lag ein tredel av statlege universitets- og høgskulebudsjett går til drift, forvaltning av og tilskot til bygg og eigedom.
Byggrelatert vedlikehald har eit relativt lågt utslepp. Det er lite samanliknbare tal for klimagassutsleppa for universitets- og høgskulesektoren, men utsleppa frå flyreiser, elektrisitet og fjernvarme står for ein stor del av klimagassutsleppa frå sektoren. For å stimulere til betre bruk av eksisterande bygg har Kunnskapsdepartementet gjennom ei søknadsordning for universitet og statlege høgskular tildelt til saman 871 mill. kroner i perioden 2015–2021 til oppgraderingar av eksisterande bygg. Regjeringa foreslår å avvikle ordninga frå og med 2022 for å finne rom for andre prioriteringar. Dei fleste statlege universitet og høgskular har miljøstrategiar med tilhøyrande handlingsplanar for å redusere utsleppa sine på campus. Ein aukande del har også eigne utsleppsrekneskapar, men med ulik metodikk.
17.11.3 Studentbustader
Studentsamskipnadene fekk i 2021 tilsegn til å byggje 1 650 nye studenthyblar, og alle søknadene om å byggje nye studentbustader vart innvilga. Ein stor del av bustadene samskipnadene har, er frå mellom 1950 og 1980. Sjølv om samskipnadene har ei plikt til og bidreg med jamleg vedlikehald, er det delar av bygningsmassen som ikkje held mål etter gjeldande krav til funksjonalitet, standard, klima og miljø. Ifølgje gjeldande forskrift om tilskot til bygging av studentbustadar § 3 c) kan samskipnadene få tilskot til oppgradering i særskilde tilfelle.
Tabell 17.6 Oversikt over endring i løyving på over 0,5 mill. kroner for postar over budsjettet til Kunnskapsdepartementet som har ein klimaeffekt (frå saldert budsjett 2021 til budsjettforslaget for 2022)
Kap. | Post. | Nemning | Foreslått endring (i mill. kr) | Utsleppseffekt |
---|---|---|---|---|
285 | 53 | Sektoroverskridande og strategiske satsingar | 0,3 | Usikker effekt |
288 | 73 | EUs rammeprogram for forsking og innovasjon | 780,4 | Usikker effekt |
Kap. 285, post 53 Sektorovergripande og strategiske satsingar
Posten finansierer sektorovergripande og strategiske satsingar gjennom Noregs forskingsråd. Nokre av midlane som ligg på posten, går direkte til klimaforsking, men mesteparten av midlane på posten går til forsking innanfor andre område. Klima er ikkje hovudformålet på posten. Posten kan seiast å påverke gjennom skalaeffektar ved endra omfang av forsking og utvikling som påverkar utslepp, og endra spreiing av kunnskapar om utsleppsreduserande løysingar.
Kap. 288, post 73 EUs rammeprogram for forsking og innovasjon
Posten finansierer Noregs kontingent til EUs rammeprogram for forsking og innovasjon, både Horisont 2020 og Horisont Europa. Det er eit mål at over 35 pst. av budsjettet til Horisont Europa skal setjast av til å møte klimautfordringar. Auken på posten skriv seg frå auka kontingentforpliktingar.
17.12 Kulturdepartementet
Kulturdepartementet har ansvar for den statlege politikken og forvaltninga på områda kultur, likestilling og diskriminering, opphavsrett, medium, idrett, frivillig verksemder og pengespel og lotteri.
Totalt utgjer Kulturdepartementets budsjettforslag for 2022 om lag 21,9 mrd. kroner. Tilskotsløyvingar utgjer den klart største delen av Kulturdepartementet sitt budsjett. Om lag 90 pst. av tilskotsløyvingane på Kulturdepartementets budsjett er tilskot. Meir enn halvparten av budsjettet er fordelt på ulike enkelttilskot (øyremerkte tilskot), medan dei andre tilskotsløyvingane er fordelte på ulike ordningar som kan søkjast på. Både enkelttilskot og ordningar det kan søkjast på, blir i hovudsak forvalta av underliggande verksemder.
Ein stor del av oppgåveløysinga på ansvarsområdet til Kulturdepartementet skjer av ikkje-statlege aktørar. Statens verkemiddel inngår difor som ein del av ein større samanheng.
Måloppnåinga er avhengig av innsats frå staten, dei private aktørane og kommunesektoren. Rolla til staten er ofte indirekte gjennom å sikre rammevilkår for aktørane. Dette skjer gjennom utforming av regelverk og økonomiske verkemiddel (i hovudsak driftsmiddlar). Løyvingar over Kulturdepartementet sitt budsjett blir sett på som nøytrale i klimasamanheng.
Kulturdepartementet har ingen budsjettpostar med klimaeffekt der endringa i budsjettposten frå føregåande år er over 0,5 mill. kroner.
17.13 Landbruks- og matdepartementet
Over Landbruks- og matdepartementet sitt budsjett er det for 2022 gjort framlegg om å løyve 22,6 mrd. kroner. 78 pst av dette er til gjennomføring av jordbruksavtalen og reindriftsavtalen, 8 pst. går til drift av departementet, Mattilsynet og Landbruksdirektoratet, 2 pst. til direkte finansiering av Norsk institutt for bioøkonomi og Veterinærinstituttet, 3 pst. til forsking og utvikling via Noregs forskingsråd (inkludert grunnløyving til instituttsektoren). Resterande del av budsjettframlegget er til avvikling av pelsdyrhald i Noreg og andre tilskot utanom næringsavtalane m.m. Hovudprioriteringar i budsjettframlegget for Landbruks- og matdepartementet er landbruk over heile landet, kompensasjon ved avvikling av pelsdyrhald (7 pst. av budsjettet) og digitalisering.
Verkemidla over jordbruksavtalen skal leggje til rette for dei fire landbrukspolitiske måla; berekraftig landbruk med lågare utslepp av klimagassar, matsikkerheit og beredskap, auka verdiskaping og landbruk over heile landet. Som følgje av jordbruksoppgjeret i 2021 blir det gjort framlegg om endringar i tilskot tilsvarande 490 mill. kroner i auka budsjettstøtte, i tillegg til auka målprisar tilsvarande 400 mill. kroner. Det blei lagt til grunn at dette vil gi ein gjennomsnittleg netto inntektsvekst frå 2021, før oppgjer, til 2022 på om lag 4,5 pst. (18 700 kroner). Oppgjeret inneber at avsetjingar med klima- og miljøverknad blir auka med 238 mill. kroner. Sektorar med marknadspotensial er prioritert.
Tabell 17.7 Oversikt over endring i løyving på over 0,5 mill. kroner for postar over budsjettet til Landbruks- og matdepartementet som har ein klimaeffekt (frå saldert budsjett 2021 til budsjettforslaget for 2022)
Kap. | Post. | Nemning | Foreslått endring (i mill. kr) | Utsleppseffekt |
---|---|---|---|---|
1137 | 50 | Forskingsaktivitet, Noregs forskingsråd | -14,9 | Usikker effekt |
1137 | 51 | Grunnløyvingar m.m., Noregs forskingsråd | 1,7 | Kan bidra til redusert utslepp |
1137 | 54 | Næringsretta matforsking m.m. | 5,2 | Kan bidra til redusert utslepp |
1149 | 71 | Tilskot til verdiskapingstiltak i skogbruket | -10 | Kan bidra til redusere opptak |
1149 | 73 | Tilskot til skog-, klima- og energitiltak | 1,2 | Kan auke opptak |
1150 | 50 | Tilskot til Landbrukets utviklingsfond | 83 | Reduserte utslepp |
1150 | 70 | Marknadstiltak | 5,3 | Kan bidra til reduserte utslepp |
1150 | 74 | Direkte tilskot | 324,5 | Usikker effekt |
1150 | 77 | Utviklingstiltak | -3 | Kan bidra til at utsleppsutviklinga ikkje går som ønskt |
1151 | 51 | Tilskot til Utviklings- og investeringsfondet | 13,1 | Kan bidra til reduserte utslepp |
1151 | 75 | Kostnadssenkande og direkte tilskot | 1,9 | Kan bidra til reduserte utslepp |
1137 50, Forskingsaktivitet, Noregs forskingsråd
Posten skal bidra til å nå dei fire landbruks- og matpolitiske hovudmåla der auka verdiskaping og berekraftig landbruk med lågare utslepp av klimagassar er to av desse. Løyvinga blir tildelt Noregs forskingsråd fordelt på ulike porteføljar. Midlane går til dømes til porteføljen Landbasert mat, miljø og bioressursar som dekkjer programma BIONÆR og MILJØFORSK, og Energi, transport og lågutslepp som dekkjer programmet ENERGIX. Samla følgjer desse opp ulike prioriterte område innan klima, fornybar energi og miljø. Posten vil difor i stort bidra positivt til å redusere klimagassutslepp. Den foreslåtte reduksjonen i løyvinga kan føre til redusert forskingsaktivitet på tema som også gjeld utsleppsrelaterte problemstillingar.
1137 51, Grunnløyvingar m.m., Noregs forskingsråd
Landbruks- og matdepartementet har ansvaret for grunnfinansieringa av NIBIO, Veterinærinstituttet og Ruralis. Grunnløyvinga (tidl. basisløyvinga) blir nytta til langsiktig kunnskaps- og kompetansebygging og stimulerer til høg vitskapleg kvalitet, internasjonalisering og samarbeid innan heile breidda av dei faglege aktivitetane til institutta. Midlane finansierer i første rekkje strategisk kompetansebygging i institutta på fagområde som vil bli viktige framover for verksemda. Prosjekta har ofte ei direkte eller indirekte tilknyting til klimautslepp og omhandlar tema som dyrehelse eller klimatilpassa jord-, skog- eller arealbruk. Den foreslåtte auken i løyvinga kan føre til ny kunnskap som på sikt kan bidra til lågare utslepp.
1137 54, Næringsretta matforsking m.m.
Posten finansierer Fondet for forskningsavgift på landbruksprodukter (FFL). FFL dekkjer mange fagområde som samla sett skal bidra til å nå dei landbruks- og matpolitiske måla. Viktige fagområde er mellom anna klima, miljø og berekraft. Delar av løyvinga skal gå til matforskingsinstituttet Nofima AS, som er eit næringsretta institutt innanfor utvikling av mat- og næringsmiddelproduksjon i grøn og blå sektor. Løyvinga blir motsvart av inntekter frå forskingsavgifta på landbruksprodukt, jf. kap. 5576, post 70 Forskingsavgift på landbruksprodukt.
Den foreslåtte auken i løyvinga kan føre til ny kunnskap som på sikt kan bidra til lågare utslepp.
1149 71, Tilskot til verdiskapingstiltak i skogbruket
Posten omfattar midlar til infrastruktur i skogbruket, irekna bygging/ombygging av tømmerkaier og skogsvegar. Delar av tilskotsmidlane til skogsvegar går til nybygging av skogsvegar, som kan føre til avskoging og gje ein utsleppseffekt i utsleppsrekneskapen. Samstundes er infrastruktur ein viktig føresetnad for eit berekraftig skogbruk med forynging, skjøtsel og drift av skog, noko som gjev auka skogproduksjon og auka langsiktig CO2-opptak. Nye vegar og tømmerkaier gjev auka tilgang til fornybart råstoff som kan fortrengje fossile utslepp. Dei ulike effektane av nybygging av skogsvegar må bli vurdert opp mot kvarandre og gjer det vanskeleg å konkludere eintydeg om samla utsleppseffekt. Andre delar av midlane går til ombygging av skogsvegar i eksisterande vegtrasé og bidreg ikkje til avskoging.
1149 73, Tilskot til skog-, klima- og energitiltak
Midlane på posten skal leggje til rette for å styrkje opptak av CO2 og lagring av karbon i skog, mellom anna slik at meir bruk av fornybart skogråstoff kan erstatte fossile utslepp i andre sektorar. Det blir også gjeve tilskot til Det norske Skogfrøverk over posten. Arbeidet her bidreg til betre klimatilpassing ved bruk av frø og plantar i skogbruket, og foredlingsgevinstar som kan bidra til å auke opptaket av CO2 i skog. Posten bidreg til auka opptak av CO2 og lagring av karbon, og den foreslåtte auken vil ha positiv effekt på klimagassutslepp.
1150 50, Tilskot til Landbrukets utviklingsfond
Landbrukets utviklingsfond (LUF) er eit fond som har som formål å støtte tiltak som fremjar landbruksnæringa i samsvar med formålsparagrafen i jordlova og skogbrukslova. Rammene for tildeling blir fastsette i jordbruksavtalen og statsbudsjettet. Posten femner ei rekkje tiltak, der fleire har eit tydeleg klima- og miljøformål, til dømes tilskot til bygging av gjødsellager, gjennom investerings- og bedriftsutveklingsmidlane i landbruket (IBU), drenering, tilskot til levering av husdyrgjødsel til biogassanlegg, utredninger og informasjonstiltak, bygg i tre, skogtiltak m.m. Posten må difor, i sin heilskap, reknast som å ha ein positiv effekt på klimagassutslepp. Det er foreslått ei auka løyving på 83 mill. kroner til fondet for 2022, samstundes blir den totale tilskotsramma frå fondet redusert med 17 mill. kroner – dette for å styrkje eigenkapitalen til fondet. Når det gjeld prioriteringar i tilskotsramma til fondet, vart det lagt til rette for ei spissa satsing på ordningar som har klima- og miljøformål, irekna tilskot til bygging av gjødsellager gjennom investerings- og bedriftsutviklingsmidlane i landbruket (IBU), Verdiskapingsprogrammet for fornybar energi og teknologiutvikling i landbruket, spesielle miljøtiltak i landbruket, tilskot til tiltak i beiteområde og tilskot til biogass. For desse ordningane auka avsetninga med 51 mill. kroner. Av den grunn vil denne prioriteringa bidra til reduserte klimagassutslepp i 2022.
Det er lagt opp til ei redusert løyving på 36 mill. kroner til skogbrukstiltak over LUF. Løyvinga over ordninga går mellom anna til skogkulturtiltak som skogplanting og ungskogpleie, samt til skogsvegar, skogbruksplanlegging og kompetansetiltak i skogbruket. Redusert løyving til enkelte skogstiltak som skogplanting og ungskotpleie kan gi mindre opptak av CO2 i skog.
1150 70, Marknadstilskot
Midlane går til opplysningsverksemd for frukt- og grønt og bidreg gjennom det til eit kosthald som reduserer klimautslepp. Midlane går også til «avrensordninga» for potet som bidreg til å utnytte ein ressurs der alternativ bruk er rotning på jordet (produktsvinn). Midlane blir også brukte til råvareprisutjamningsordninga (RÅK) som bidreg til ein høgare del norsk produksjon og gjennom det lokal foredling og mindre transport av mat. Den foreslåtte auken er marginal, men kan truleg å ha ei positiv verknad på klimagassutslepp (reduserte utslepp).
1150 74, Direkte tilskot
Posten omfattar både tilskot til husdyrproduksjon, beitetilskot, areal- og kulturlandskapstilskot, tilskot til regionale miljøprogram og tilskot til økologisk jordbruk. Isolert sett vil auka husdyrproduksjon bidra til auka utslepp i Noreg, men så lenge produksjonen blir tilpassa forbruket i Noreg vil det sannsynlegvis ha liten effekt på dei samla globale utsleppa. Posten omfattar også ordningar som kan bidra til miljø- og klimavennleg produksjon og reduserte utslepp per produserte eining. Marknadstilpassinga legg til rette for at vi produserer den maten som blir etterspurd i Noreg, og reduserer faren for karbonlekkasje. Det er kompliserte samanhenger mellom dei ulike tilskotsordningane innanfor posten, og klimaeffekten er uviss.
1150 77, Utviklingstiltak
Posten går til planteavl, dyreavl, dyrevelferd og til rådgjeving. Dette skal bidra til betre dyre- og plantehelse, og meir effektiv matproduksjon med lågare klimautslepp per produsert eining og til klimatilpassing. Den foreslåtte reduksjonen i løyvinga er kun ein strukturell tilpassing av løyvinga og har ingen effekt på klimagassutsleppa.
1151 51, Tilskot til Utviklings- og investeringsfondet
Posten gjeld Reindriftens utviklingsfond. Over Reindriftens utviklingsfond blir det gjeve tilskot til ulike tiltak som bidreg til ei berekraftig reindrift. Tiltaka bidreg til meir effektiv matproduksjon med lågare klimautslepp per produsert eining. Den foreslåtte auken kan bidra til reduserte utslepp.
1151 75, Kostnadssenkande og direkte tilskot
Posten gjeld direkte tilskot til siidadelar og tamreinlag og tilskot til reinbeitedistrikt. Dei direkte tilskota omfattar produksjonspremie og kalveslaktetilskot i tillegg til nokre mindre ordningar for å sikre rekruttering og likestilling. Dei direkte og kostnadssenkande tilskota bidreg til meir effektiv matproduksjon med lågare klimautslepp per produsert eining. Den føreslåtte auka kan bidra til reduserte utslepp.
17.14 Nærings- og fiskeridepartementet
Totalbudsjettet for Nærings- og fiskeridepartementet i 2022 er på om lag 43 mrd. kroner eksklusiv lånetransaksjonar og andre kapitaltransaksjonar. Denne summen er fordelt på rundt 100 postar i budsjettet. Grovt sett går cirka 1,3 pst. til Nærings- og fiskeridepartementets eige budsjett, i underkant av 11 pst. til 17 direktorat og andre underliggjande forvaltningsorgan, rundt 5 pst. til Noregs forskingsråd, 6 pst. til Innovasjon Noregs innovasjonsverkemiddel, i underkant av 5 pst. til tilskotsordninga for sysselsetjing av sjøfolk, 3 pst. til romverksemd, 2 pst. til sikring av atomanlegg og trygg handtering av atomavfall og om lag 62 pst. til oljeverksemda til staten, som er foreslått overført frå Olje- og energidepartementet sitt budsjett. Resterande går til diverse andre mindre tilskotsordningar. Kva klimaeffekt som følgjer av kvart budsjettområde, har vi ikkje samla oversikt over. Nedanfor tek vi for oss nokre endringar i budsjettet frå 2021 til 2022 som kan ha effekt på klimaet.
Tabell 17.8 Oversikt over endring i løyving på over 0,5 mill. kroner for postar over budsjettet til Nærings- og fiskeridepartementet som har ein klimaeffekt (frå saldert budsjett 2021 til budsjettforslaget for 2022)
Kap. | Post | Nemning | Foreslått endring i mill. kroner | Utsleppseffekt |
---|---|---|---|---|
Forsking og innovasjon | ||||
920 | 50 | Tilskot til næringsretta forsking | 116,5 | Usikker effekt på klimagassutslepp |
920 | 51 | Tilskot til marin forsking | 54,8 | Reduserte klimagassutslepp |
922 | 50 | Norsk Romsenter | 2,8 | Usikker effekt på klimagassutslepp |
923 | 22 | Fiskeriforsking og -overvaking, kan overførast | -3,6 | Usikker effekt på klimagassutslepp |
924 | 70 | Internasjonalt samarbeid og utviklingsprogram | 200,4 | Reduserte klimagassutslepp |
928 | 21 | Spesielle driftsutgifter | -6,6 | Usikker effekt på klimagassutslepp |
2421 | 50 | Innovasjon – prosjekt, fond | -38,4 | Usikker effekt på klimagassutslepp |
2421 | 71 | Innovative næringsmiljø, kan overførast | 90,5 | Usikker effekt på klimagassutslepp |
2421 | 75 | Grøn plattform, kan nyttast under post 50, 71, 72 og 76 | 127,7 | Usikker effekt på klimagassutslepp |
2421 | 76 | Miljøteknologi, kan overførast | -50 | Usikker effekt på klimagassutslepp |
2426 | 71 | Tilskot til testfasilitetar | -55 | Usikker effekt på klimagassutslepp |
Nysnø | ||||
950 | 52 | Nysnø Klimainvesteringer AS – risikokapital | 70 | Reduserte klimagassutslepp |
950 | 90 | Nysnø Klimainvesteringer AS – kapitalinnskot | 130 | Reduserte klimagassutslepp |
Løyvingar til eksportfremjing | ||||
941 | 21 | Eksportstrategirådet, spesielle driftsutgifter | 47 | Usikker effekt på klimagassutslepp |
2429 | 90 | Eksportkredittordninga under Eksportfinansiering Noreg, Utlån | 1 000 | Usikker effekt på klimagassutslepp |
Tilskot til fiskeria | ||||
919 | 75 | Diverse fiskeriformål, Tilskot til næringstiltak i fiskeria, kan overførast | -3 | Usikker effekt på klimagassutslepp |
17.14.1 Løyvingar til forsking og innovasjon
Over budsjettet til Nærings- og fiskeridepartementet skjer tildeling til miljø- og klimarelevantforsking i hovudsak gjennom tilskot til næringsretta forsking (920.50), marin forsking (920.51) og nukleære aktivitetar. Tiltaka gjeld teknologiar som reduserer forureining ved hjelp av reinsing, meir miljøvennlege produkt og produksjonsprosessar, meir effektiv ressurshandtering og ressursutnytting og teknologiske system som reduserer miljøpåverknaden. Når Noregs forskingsråd vel ut prosjekt, blir det gjort ei vurdering av miljøverknadene av prosjekta. I porteføljen til Forskingsrådet utgjorde forsking som kan føre til reduserte klima- og miljøavtrykk, i alt 3 mrd. kroner i 2020. Dette er på omtrent same nivået som i 2019 og ein auke frå 2,5 mrd. kroner i 2018.
Regjeringa foreslår å auke tilskot til næringsretta forsking (920.50) med om lag 116,54 mill. kroner og tilskot til marin forsking (920.51) med om lag 54,8 mill. kroner i 2022. Hovudårsaka til auken er at det i 2021 var ein eittårig reduksjon i tilskotet for å redusere dei likvide avsetningane til Forskingsrådet. Regjeringa foreslår også å styrkje Grøn plattform med 252,7 mill. kroner i 2022, fordelt på Forskingsrådet (920.50), Innovasjon Noreg (2421.75) og Siva (2426.71). Grøn plattform er omtalt ytterlegare under (2421.75) og i Nærings- og fiskeridepartementets budsjettproposisjon. Innanfor tilskotet til marin forsking (920.51) blir det sett av 10 mill. kroner til oppfølging av FNs havforskingstiår, der klimarelevant forsking er ei prioritering.
Norsk Romsenter (922.50) er sekretariat for Noregs deltaking i EUs romprogram og arbeider for norske industriinteresser i alle programkomponentar. Norsk Romsenter forvaltar ordninga med nasjonale følgjemidlar (922.72) og midlar til infrastrukturutvikling (922.74). Regjeringa foreslår å auke løyvinga med om lag 2,8 mill. kroner for 2022. Auken inkluderer midlar til utgreiing av tilsyn og løyvingar for romaktivitetar og midlar for å kompensere for prisstiging. Norsk Romsenter vurderer sjølv korleis løyvinga skal fordelast for å oppnå måla som er fastsette i tildelingsbrevet, og det er usikkert i kva grad arbeidet påverkar utslepp.
Regjeringa foreslår å redusere løyvinga til fiskeriforsking og -overvaking (923.22) med om lag 3,6 mill. kroner som følgje av endra anslag for inntektene frå fiskeriforskingsavgifta. Posten finansierer i stor grad tokt for overvaking av marine ressursar, og mindre toktaktivitet kan isolert sett gje reduserte utslepp. På den andre sida bidreg overvakinga til kunnskapen om effektar av klimaendringar. Det er difor usikkert i kva grad endringa påverkar ressursar til klimarelevant forsking.
Løyvinga til internasjonalt samarbeid og utviklingsprogram (924.70) går til å dekkje medlemskontingent for deltaking i fleire EU-program. Regjeringa foreslår å auke løyvinga med 200,44 mill. kroner, mellom anna for å sikre norsk deltaking i delar av det nye investeringsprogrammet InvestEU. Programmet er eit sentralt verkemiddel for ny grøn industri og sikring av egne verdikjeder. Programmet skal bidra til at EU når klima- og miljømåla sine.
Regjeringa foreslår å redusere løyvinga til Mareano-programmet (928.21) med 6,6 mill. kroner. Redusert kartleggingsverksemd kan isolert føre til lågare klimagassutslepp, samstundes bidreg Mareano-programmet med kunnskap om effektar av klimaendringar. Samla blir utsleppseffekten ved reduksjonen i løyving på posten vurdert som usikker.
Løyvinga til innovasjonsprosjekt, fond (2421.50) går hovudsakleg til etablerartilskot og tapsavsetning for innovasjonslån under Innovasjon Noreg. Innovasjonslån kan nyttast til innovative prosjekt innan alle bransjar. Etablerartilskot støttar gründerar som har idear med potensial for vekst. I statsbudsjettet for 2022 foreslår regjeringa å redusere løyvinga til posten med 38,4 mill. kroner. Utsleppseffekten ved ein reduksjon av løyvinga er usikker. Endringane i løyvinga til innovasjonsprosjekt er omtalt ytterlegare i Nærings- og fiskeridepartementets budsjettproposisjon.
Innovative næringsmiljø (2421.71) under Innovasjon Noreg støttar innovasjon og fornying i regionale næringsklyngjer, gjennom auka samarbeid og nettverk. I statsbudsjettet for 2022 foreslår regjeringa å auke løyvinga til innovative næringsmiljø med 90,5 mill. kroner. Hovudårsaka til auken er at regjeringa foreslår å overføre Siva sin programverksemd til Innovasjon Noreg. Endringa i løyvinga kan difor ikkje ventast å ha ein utsleppseffekt. Endringane i Siva og Innovasjon Noreg er omtalt ytterlegare i Nærings- og fiskeridepartementets budsjettproposisjon.
Grøn plattform (2421.75) kan medverke til at grøne prosessar eller nye klima- og miljøvennlege løysingar blir utvikla raskare. Regjeringa foreslår å styrkje plattforma med 252,7 mill. kroner i 2022, fordelt på Forskingsrådet (920.50), Innovasjon Noreg (2421.75) og Siva (2426.71). Grøn plattform-initiativet er framleis nytt. Det er difor for tidleg å seie noko sikkert om effekten på utslepp, men det er grunn til å tru at ein auke i løyvinga til plattforma kan føre til reduserte utslepp. Grøn plattform er omtalt ytterlegare i Nærings- og fiskeridepartementets budsjettproposisjon.
Miljøteknologiordninga (2421.76) støttar pilot- og demonstrasjonsprosjekt som utviklar innovative løysingar med meir miljøvennleg teknologi. Det er ikkje eit direkte krav at prosjekta vil gje lågare klimagassutslepp, men prosjekta vil medverke til at produkt og prosessar som vil ha positiv miljøpåverknad, blir tekne i bruk. I statsbudsjettet for 2022 foreslår regjeringa å redusere løyvinga til miljøteknologiordninga med 50 mill. kroner. Utsleppseffekten ved ein reduksjon i løyvinga er usikker.
Tilskot til testfasilitetar (2426.71) under Siva blir nytta til å støtte investeringar til pilot- og demonstrasjonssenter som fleire bedrifter kan nytte på deling (katapult-senter). Regjeringa foreslår å redusere løyvinga med om lag 55 mill. kroner som følgja av forslaget om å overføre Siva sin programverksemd til Innovasjon Noreg. Budsjettposten inkluderer og løyvinga til Siva frå Grøn plattform-satsinga. Regjeringa foreslår å styrkje plattforma med 252,7 mill. kroner i 2022, fordelt på Forskingsrådet (920.50), Innovasjon Noreg (2421.75) og Siva (2426.71). Desse endringane er omtalt ytterlegare over (2421.75) og i Nærings- og fiskeridepartementets budsjettproposisjon. Løyvingar til administrasjon og oppfølging av SDØE-portefølja.
17.14.2 Løyving til Nysnø Klimainvesteringer AS
Kapittel 950 post 52 Risikokapital, Nysnø Klimainvesteringer AS (315 mill. kroner)
Grunngjevinga til staten for eigarskapen i Nysnø Klimainvesteringer AS (Nysnø) er å bidra til reduserte klimagassutslepp gjennom lønnsame investeringar. Målet til staten som eigar er høgast mogleg avkastning over tid. Formålet til selskapet er å bidra til reduserte klimagassutslepp gjennom investeringar som direkte eller indirekte bidreg til dette.
Ny teknologi er viktig for omstillinga til lågutsleppssamfunnet. Kapitaltilgang er ein viktig føresetnad for utvikling av ny teknologi. Investeringane skal i hovudsak rettast mot ny teknologi i overgangen frå teknologiutvikling til kommersialisering. Investeringsfokus for selskapet skal vere bedrifter i tidlege fasar. Løyvinga til risikokapital til Nysnø er auka frå 245 mill. kroner i statsbudsjettet for 2021 til 315 mill. kroner i statsbudsjettet for 2022. Auken har truleg positiv effekt på klimagassutslepp (dvs. reduksjon i utslepp).
Det er krevjande å kvantifisere effekten på klimagassutslepp, da Nysnø investerer i teknologi og selskap i tidlege fasar. Særleg ny teknologi kan ha ein stor effekt i framtida som er vanskeleg å estimere no. Nysnø gjennomfører difor så langt i hovudsak kvalitative vurderingar av bidraget til klimagassreduksjonar.
Nysnø har per utgangen av 2020 investert i ti selskap og fire fond. Per utgangen av 2020 har det vore ei positiv verdiutvikling i tre av selskapa i porteføljen. Eitt av desse er Otovo. Otovo er eit solenergiselskap som tilbyr huseigarar skreddarsydde prisløysingar på takmonterte solpanel. Nysnø investerte i Otovo i oktober 2018. I februar 2021 vart Otovo notert på Euronext Growth til nærmare tre gongar kostpris for Nysnø. Det kan tyde på at selskapet har/vil lykkast med å kommersialisera solenergi som energikjelde til huseigarar og slik sett bidreg til reduserte klimagassutslepp. Nysnø viser til at dei forventar at Otovos vidare vekst vil bidra til globale klimagassreduksjonar og vere ei viktig brikke i elektrifiseringa når marknadsdelane og salsvoluma aukar.
Kapittel 950 Post 90 Kapitalinnskot, Nysnø Klimainvesteringer AS (585 mill. kroner)
Løyvinga til kapitalinnskot til Nysnø er auka frå 455 mill. kroner i statsbudsjettet for 2021 til 585 mill. kroner i statsbudsjettet for 2022. Auken har truleg positiv effekt på klimagassutslepp (dvs. reduksjon i utslepp). Sjå omtale under kapittel 950, post 52 over.
Kapital til Nysnø er løyvd med 35 pst. risikokapital «over streken» (post 52) og 65 pst. anna kapitalinnskot «under streken» (post 90). Denne budsjetteringspraksisen er grunngjeven i Prop. 1 S (2017–2018). 10
17.14.3 Løyvingar til eksportfremjing
Post 21 og 70 på kap. 941 går til utgifter for nokre utvalde strategiske satsingar på eksport-fremjing med mål om å auke potensialet for norsk eksport. Eksportstrategirådet er ein nyoppretta etat som starta opp 1. juli 2021. Ein auke i norsk eksport vil kunne medføre auka utslepp i Noreg og i utlandet grunna auka produksjon og transport. Dei ulike satsingane kan også føre til meir reising. Samstundes er etaten i ein oppstartsfase, og det blir vurdert at aktivitetane som blir sette i gang i 2022, vil vere planlegging og analysar.
Medan ein auke i eksport på sikt kan føre med seg ein auke i utslepp i Noreg og utlandet i samband med produksjon og transport, kan denne eksporten også bidra til å redusere klimagassar, til dømes ved eksport av klimavennleg teknologi. Den samla effekten på klimaet er dermed uviss.
Gjennom eksportfinansiering tilbyr Noreg, som mange andre land, finansiering til kjøpar av varer og tenester med ein tilbakebetalingstid på over to år, ofte fysiske investeringar. Eksportfinansieringa Noreg tilbyr, i hovudsak saman med private bankar og finansinstitusjonar, eksportlån og -garantiar til selskap og land som kjøper frå norske eksportørar. Prosjekta som blir finansierte, kan ha både positive og negative effektar på klima og miljø, avhengig av kva slags type prosjekt det er. Historisk sett har norsk eksportfinansiering i stor grad gått til olje- og gassrelaterte næringar. Trenden har snudd dei siste åra, og i 2020 gjekk heile 43 pst. av nye garantiar til prosjekt innanfor fornybar energi. I budsjettet for 2022 har regjeringa foreslått å føre vidare garantirammene, men samstundes ein teknisk auke i løyvinga til utlån under eksportkredittordninga frå 5 til 6 mrd. kroner, basert på ein forventa auke i nye lån.
17.14.4 Tilskot til fiskeria
Posten tilskot til næringstiltak i fiskeria skal dekkje utgifter til ordningar som skal bidra til ut vikling og auka lønnsemd for fiskeri- og fangstnæringa. For 2022 blir det teke sikte på å finansiere føringstilskot, desimeringsfangst av kongekrabbe utanfor området for kommersiell fangst, tilskot til selfangst og mottak av selskinn og -kjøtt og ordninga med garantilott. Tilskot til selfangstnæringa og andre ordningar med tilskot kan truleg ha ein negativ klimaeffekt, da dei er med på å bidra til at det blir meir aktivitet enn det ville ha vore utan tilskotet.
17.14.5 Skipsfart
Låneordninga for skip i nærskipsfart og fiskefartøy (2421.50) har eit formål om å bidra til investeringar i meir miljø- og klimavennleg tonnasje i eit skipsfartssegment prega av finansielle utfordringar. Ordninga vart løyvd 300 mill. kroner i tapsavsetning med tilhøyrande låneramme på 600 mill. kroner i 2020. I 2021 vart budsjettposten tilført resterande tapsavsetning med uendra låneramme. I 2022 er det foreslått ei låneramme på om lag 400 mill. kroner, som blir dekt av uteståande tapsavsetningsmidlar ved utgangen av 2021.
Tabell 17.9 Postar overført frå Olje og energidepartementet til Nærings- og fiskeridepartementet frå 2022
Kap. | Post | Nemning | Foreslått endring i mill. kroner | Utsleppseffekt |
---|---|---|---|---|
950 | 73 | Administrasjon | 5,4 | Ingen |
2440 | 30 | Investeringar | 2 700 | Auka utslepp /usikker |
5440 | 24 | Driftsresultat | 23 800 | Auka utslepp /usikker |
17.14.6 Løyvingar til administrasjon og oppfølging av SDØE-porteføljen
Løyvinga over 950.73 går til Petoros administrasjon og oppfølging av oppdraga frå staten. Petoros overordna mål for ivaretakinga av SDØE-porteføljen er å skape størst mogleg verdi og oppnå høgast mogleg inntekt til staten. Petoro skal mellom anna bidra til ei optimal utvinning av ressursane innan kvar enkelt utvinningsløyving, arbeide for auka utvinning frå modne felt og oppfølging av utbyggingsprosjekt. Administrasjonstilskotet er knytt opp mot postar med utsleppseffekt, jf. omtale under kap. 2440/5440. Ei endring under posten vil isolert sett ikkje påverke klimagassutslepp.
SDØE-ordninga inneber at staten, på lik linje med andre aktørar på norsk sokkel, betaler ein del av alle investeringar og driftskostnader i prosjekt tilsvarande statens deltakardel. Staten får ein tilsvarande del av inntektene frå salet av produksjonen og andre inntekter. SDØE-porteføljen er samansett av utvinningsløyve i leitefasen, felt under utbygging og felt i drift. Den norske stat har delar i ei rekkje olje- og gassfelt, røyrleidningar og landanlegg knytte til norsk kontinentalsokkel gjennom SDØE. Investeringar (2440.30) og drift (5440.24) knytte til SDØEs eigardelar kan både ha ein negativ og positiv effekt på klimagassutslepp. Til dømes vil investeringa i klimagassreduserande teknologiar kunne gje lågare utslepp, medan investeringar i utbygging av nye felt på sikt vil kunne gi auka klimagassutslepp.
17.15 Olje- og energidepartementet
Totalbudsjettet for Olje- og energidepartementet i 2022 er på om lag 6,8 mrd. kroner fordelte på 28 budsjettpostar. Grovt sett går rundt 3 pst. av dette til Olje- og energidepartementets eige budsjett. Rundt 26 pst. går til Oljedirektoratet og Noregs vassdrags- og energidirektorat. Vidare går rundt 14 pst. til forsking og næringsutvikling og 57 pst. til CO2-handtering. Dei delane av budsjettet som særleg kan gje ei endring i utsleppa, kan i hovudsak delast i overføringar og tilskot, forsking og utvikling og CO2-handtering.
Tabell 17.10 Oversikt over endring i løyving på over 0,5 mill. kroner for postar over budsjettet til Olje- og energidepartementet som har ein klimaeffekt (frå saldert budsjett 2021 til budsjettforslaget for 2022)
Kap. | Post | Nemning | Foreslått endring i mill. kroner | Utsleppseffekt |
---|---|---|---|---|
1800 | 70 | Tilskot til internasjonale organisasjonar mv. | -1 | Ingen |
1800 | 72 | Tilskot til petroleums- og energiformål | -0,5 | Usikker |
1830 | 50 | Noregs forskingsråd | 56,8 | Redusert utslepp |
1840 | 71 | Teknologisenter Mongstad | -5 | Ingen |
1840 | 72 | Langskip – fangst og lagring av CO2 | 1 175 | Ingen |
Tilskot og overføringar
Løyvinga over posten «Tilskot til internasjonale organisasjonar mv.» (1800.70) omfattar tilskot og kontingentar til ulike internasjonale organisasjonar, der enkelte har som intensjon å påverke klimagassutslepp i andre land eller kan påverke utslepp i andre land vesentleg. Tilskot til deltaking i ACER utgjer hovuddelen av løyvinga. Endringa i løyvinga i 2022 er knytt til endra valutakursføresetnader og vil ikkje påverke klimagassutslepp.
Løyvinga over posten «Tilskot til petroleums- og energiformål» (1800.72) omfattar eit øyremerkt tilskot til Standard Noreg knytt til revisjon og oppdateringar av NORSOK-standardar. Standard Noreg har mellom anna vore involvert i prosjekt knytt til energieffektivisering/-optimalisering, lågast mogleg karbonavtrykk, miljøovervaking for å minske utslepp, krav til lukka gassfakling på plattformer, bruk av miljøvennlege material mv. Vidare kan reviderte standardar gje skalaeffektar ved endra kostnader for bruk av og alternativ til utsleppsintensive material, prosessar mv. Løyvinga er redusert med 1 mill. kroner i 2022, til 3 mill. kroner. Den relativt låge nedgangen i løyvinga påverkar ikkje utslepp av klimagassar i nemneverdig grad.
Vidare omfattar posten løyving til tilskotsordning til samarbeids- og utviklingstiltak på energiområdet. Under tilskotsordninga blir det lagt vekt på å støtte prosjekt og prosessar der forholda ligg godt til rette for å oppnå resultat gjennom ulike samarbeids- og fellesfinansieringar eller prosjekt som bidreg til auka kunnskap og informasjonsspreiing om viktige tema innanfor ansvarsområdet til departementet. Det vil også vere aktuelt å yte tilskot til aktivitetar som bidreg til auka kunnskap og informasjonsspreiing om CO2-handtering som klimatiltak. Løyvinga er auka med 0,4 mill. kroner i 2022, til 1,4 mill. kroner. Løyvinga kan bidra til reduksjon av klimagassutslepp. Den relativt låge auken i løyvinga påverkar ikkje utslepp av klimagassar i nemneverdig grad.
Løyving til Noregs forskingsråd (1830.50) omfattar forskingsprogram innanfor energi og petroleum. Satsinga på forsking og utvikling og raskare bruk av ny teknologi i energi- og petroleumsverksemda skal medverke til meir effektiv og miljøvennleg utnytting av norske energiressursar. Vidare skal satsinga medverke til reduksjon av nasjonale og globale utslepp utover det ein kan forvente med eksisterande teknologiar og løysingar. I budsjettframlegget er det foreslått ei løyving på 787,5 mill. kroner. Ein auke i løyvinga kan bidra til ein reduksjon i klimagassutslepp på sikt. Den auka løyvinga i 2022 heng blant anna saman med løyving til nytt forskingssenter for miljøvennleg energi innanfor hydrogen og ammoniakk som startar opp i 2022.
Teknologisenter Mongstad (TCM) (1840.71) har som mål å skape ein arena for langsiktig og målretta utvikling, testing og kvalifisering av teknologi for CO2-fangst. Hovudformålet med TCM er å bidra til teknologiutvikling for auka utbreiing av CO2-fangst globalt. Gjennom teknologisenteret skal det vinnast praktisk erfaring med design, oppskalering og drift av store CO2-fangstanlegg. Det er vidare eit mål å bidra til internasjonal spreiing av desse erfaringane, slik at kostnader og risiko for fullskala CO2-fangst kan bli reduserte. Løyvinga kan bidra til ein reduksjon i klimagassutslepp på sikt. Ein mindre reduksjon av løyvinga i 2022 vil ikkje påverke drifta ved anlegget og vil difor ikkje påverke klimagassutslepp.
Langskip (1840.72) er eit norsk demonstrasjonsprosjekt for fullskala CO2-handtering som omfattar fangst, transport og lagring av CO2. Løyvinga omfattar tilskot til etablering av CO2-fangst ved Norcems sementfabrikk i Brevik og til Northern Lights for etablering av transport- og lagerløysing for prosjektet. Prosjektet vil etter planen vere i drift frå hausten 2024 og vil i første omgang redusere klimagassutsleppa frå sementfabrikken i Brevik med om lag 400 000 tonn CO2 årleg. Langskip har ei transport- og lagringsløysing med overkapasitet og har eit mål om å bidra til å redusere risiko og kostnader for etterfølgjande prosjekt. På sikt vil løyvinga difor kunne bidra til betydeleg større reduksjonar i klimagassutslepp. Den årlege løyvinga til prosjektet er knytt til framdrifta i prosjektet, slik at ei endring i løyvinga frå år til år ikkje vil medføre endra opptak av klimagassar på lang sikt.
17.16 Samferdselsdepartementet
Samferdselsdepartementets budsjettforslag er på om lag 84,6 mrd. kroner. Desse utgiftene er fordelte på om lag 60 ulike budsjettpostar av veldig ulik karakter. Om lag 10 pst. av utgiftene går til drift av departement og underliggjande etatar (01-postar), mens resten er fordelt på ulike postar som omfattar alt frå investeringar i infrastruktur, drift og vedlikehald, til forsking og tilsynsoppgåver m.m. I mange tilfelle vil det òg variere frå år til år kva som inngår i dei ulike postane.
Løyvingar over Samferdselsdepartementets budsjett kan påverke utslepp på fleire måter. Dei fleste løyvingane som medfører endring i direkte utslepp i 2022 gjer det gjennom aktivitetar som auker bruk av fossilt drivstoff. Eksemplar på dette er løyvingar til bygging, drift og vedlikehald av infrastruktur der ein brukar køyretøy og maskiner som bruker fossile drivstoff. Bygging av infrastruktur vil også påverke utsleppa gjennom beslaglegging av areal, men vi manglar gode tal for desse utsleppa. Regjeringa varsla i Nasjonal transportplan 2022-2033 at dei ønskjer at det blir utvikla meir treffsikre og samanliknbare modellar som også inkluderer direkte byggjeutslepp og utslepp frå arealbeslag. Vidare varsla regjeringa at ho derfor vil at transportverksemdene vurderer moglegheitene for å inkludere direkte byggjeutslepp og utslepp frå arealbeslag gjennom å vidareutvikle dei samfunnsøkonomiske analysane i konseptvalutgreiingar, konsekvensutgreiingar og andre vedtaksgrunnlag for samferdsleprosjekt, og i den samanhengen vurdere korleis dette kan tas omsyn til i porteføljestyringa.
Andre løyvingar påverkar trafikkomfanget eller konkurranseforholdet mellom ulike transportformer. Eksemplar på slike løyvingar kan vere statleg bidrag til byvekstavtaler som mellom anna går til gang-, sykkel- og kollektivtiltak og tilskot til overføring av gods frå veg til sjø. Overgang til null- og lågutsleppsteknologi påverkar utsleppseffekten av løyvingar, noko som gjer det meir utfordrande å regne på utsleppseffektane.
Tabell 17.11 Oversikt over endring i løyving på over 0,5 mill. kroner for postar over Samferdselsdepartement sitt budsjett som kan ha ein klimaeffekt (frå saldert budsjett 2021 til budsjettforslaget for 2022)
Kap. | Post | Nemning | Foreslått endring i mill. kroner | Utsleppseffekt |
---|---|---|---|---|
1300 | 71 | Tilskot til trafikksikkerheitsformål | 8,0 | Usikker |
1301 | 50 | Samferdselsforsking | 27,8 | Usikker |
1301 | 70 | Pilotprosjekta for fossilfrie anleggsplassar i transportsektoren | 50 | Redusert utslepp |
1310 | 70 | Kjøp av innanlandske flyruter | -1 248 | Usikker |
1320 | 22 | Drift og vedlikehald av riksveier | 534,2 | Usikker |
1320 | 29 | OPS-prosjekter | 897,4 | Auka utslepp |
1320 | 65 | Tilskot til fylkesveier | 204,6 | Auka utslepp |
1320 | 73 | Tilskot til reduserte bompengetakstar utanfor byområdane | -1 063,5 | Usikker |
1321 | 71 | Tilskot til særskilde infrastrukturprosjekter (ny) | 500 | Auka utslepp |
1330 | 70 | Kjøp av sjøtransporttenester på strekningen Bergen-Kirkenes | -52,8 | Usikker |
1332 | 63 | Særskild tilskot til store kollektivprosjekter | -429,6 | Usikker |
1352 | 70 | Kjøp av persontransport med tog | -305 | Usikker |
1352 | 71 | Kjøp av infrastrukturtenester – drift og vedlikehald | -1 581,6 | Reduserast |
1352 | 73 | Kjøp av infrastrukturtenester – investeringar | 3 005,8 | Auka utslepp |
1352 | 75 | Tilskot til godsoverføring frå veg til jernbane | -8 | Auka utslepp |
1360 | 01 | Driftsutgifter | 182,6 | Usikker |
1360 | 21 | Spesielle driftsutgifter | 5,8 | Usikker |
1360 | 30 | Nyanlegg og større vedlikehald | 537,4 | Auka utslepp |
1360 | 45 | Større utstyrsskaffingar og vedlikehald | 3,0 | Auka utslepp |
1360 | 73 | Tilskot til effektive og miljøvennlege hamner | 2,6 | Usikker |
1370 | 70 | Kjøp av posttenester | 205,4 | Usikker |
17.16.1 Investeringar i infrastruktur, drift og vedlikehald
Løyvingar til investeringsprosjekt og til drift og vedlikehald av infrastruktur fører til utslepp ved at det blir nytta maskiner og køyretøy som forbrenner fossilt drivstoff. Dette avheng av kva slags teknologi/drivstoff som blir brukt. I SD sin budsjettproposisjon er dei føreslått auka løyvingane på ei rekkje postar i denne kategorien. For 2022 gjeld dei postane: Kap. 1320 post 22 ‘Drift og vedlikehald av riksvegar’, kap. 1320 post 29 Statens vegstell OPS-prosjekt, kap. 1320 post 65 ‘Tilskot til fylkesvegar, kan overførast’, kap. 1321 post 71 ‘Tilskot til særskilde infrastrukturprosjekt’, kap. 1352 post 73 ‘Kjøp av infrastrukturtenester – investeringar’, Kap. 1360 post 30 ‘Nyanlegg og større vedlikehald’ og kap. 1370 post 70 ‘Kjøp av posttenester. Aukinga på kap. 1360 post 01 ‘Driftsutgifter’ (Kystverket) er knytt til ei tilpassing til faktisk forbruk når det gjeld los, i tillegg til og pris- og lønnsjusteringar. Aukinga påverkar ikkje aktiviteten, og er derfor satt som usikker. For kap. 1352 post 71 Kjøp av infrastrukturtenester – drift og vedlikehald’ er det foreslått eit redusert løyve i 2022, men det påverkar truleg ikkje utsleppa i 2022 då løyvinga aukar fordi brevmengda går ned. Også på kap. 1332 post 63 ‘Særskilt tilskot til store kollektivprosjekt’ er løyvinga foreslått redusert i 2022, men det blir likevel truleg ikkje mindre byggjeaktivitet i 2022 enn i 2021. Vi kan derfor ikkje seie at utsleppa reduserast, og utsleppseffekten er satt som usikker.
Løyvingane til bygging og vedlikehald av infrastruktur og installasjonar som bl.a. er nemnt over kan også påverke utslepp på lengre sikt ved endra trafikk. Dersom ei investering bidrar til å flytte trafikk frå ein meir utsleppsintensiv transportform til ein mindre utsleppsintensiv transportform, så vil utsleppa på sikt reduserast. Utsleppseffekten på lengre sikt av investeringar avhenger også av korleis den totale trafikkmengda påverkast når prosjektet er ferdig. Overgangen frå fossile køyretøy til nullutsleppskøyretøy vil gjere at denne effekten på sikt blir mindre. Løyvingane til byvekstavtaler (underkategori på kap. 1320 Statens vegvesen post 30 Riksveiinvesteringer og kap. 1332 Tilskot til byområder mv., post 66) og til store kollektivprosjekt (kap 1332 post 63) vil på sikt auke tilbodet av kollektivtransport og bidra til å redusere veksten i persontransport med bil.
17.16.2 Kjøp av transporttenester
Staten sine kjøp av transporttenester kan påverke utslepp ved at tilbodet av transporttenester aukar, og ved at fordelinga av reiser mellom ulike transportformer blir endra. Felles for dei transporttenestene som staten kjøper er at 2021 har vore eit spesielt år pga. korona. Dette har medført auka kostnader og reduserte inntekter for ei rekkje av tenestetilbydarane, og staten har hjelpt til å dekkje inn noko av dette gjennom relativt store løyvingar i år. Reduserte løyvingar neste år er dermed ikkje synonymt med at reiseaktiviteten blir redusert. Tvert imot kan vi forvente auka reiseaktivitet neste år sjølv om løyvingane på postane blir redusert.
Følgande løyvingar på SD sitt budsjett blir foreslått redusert i 2022
Kap. 1330 post 70 ‘Kjøp av sjøtransporttenester på strekninga Bergen-Kirkenes’, Samferdselsdepartementet har i kontrakten med leverandørane Hurtigruten Cruise AS og Havila Kystruten AS krav om maksimale årlege CO2-utslepp. Vederlaget til leverandørane prisomregnes årleg i samsvar med Statistisk sentralbyrås kostnadsindeks for innanriks sjøfart – delindeks for ferjedrift, og utgjer grunnlaget for løyvinga. Utslepp av klimagassar frå kystrutedrifta blir ikkje påverka av endringar i løyvinga, men må vere i samanheng med aktivitetsnivået på kystruta. Pandemien har påverka talet på skip i drift på Kystruta og vil gjere det også i 2022.
Kap. 1310 post 70 ‘Flytransport Kjøp av innanlandske flyruter’. Endringa har truleg liten effekt ettersom flyrutetilbodet omfatta av ordninga med offentleg kjøp av flyruter ikkje endrar seg mykje samla sett mellom utgangen av 2021 og gjennom 2022.
Kap. 1352 post 70 ‘Kjøp av persontransport med tog’. Kjøp av persontransport medfører utslepp frå dieselstrekningane. På den andre sida bidreg dei til reduserte utslepp ved at togtrafikk erstattar bil-, buss- og flytransport.
17.16.3 FoU og tilskot
Felles for ei rekkje av FOU-postane er at eventuelle utsleppseffektar gjerne kjem litt fram i tid, og ikkje nødvendigvis i 2022. I SD sin budsjettproposisjon for 2022 er det ein FOU-post som får auka løyving på meir enn 0,5 mill. kroner, og det er kap. 1301 post 50 ‘Forskning og utvikling mv. Samferdselsforsking’. I 2022 blir det lagt opp til ein auke på posten frå 2021 på 27,8 mill. kroner. Av desse går 25 mill. kroner til Pilot-T og forskingssenter for berekraftig transport. Den auka løyvinga til Pilot-T og finansiering av forskingssenter for berekraftig transport er ein del av oppfølginga av Nasjonal transportplan 2022-2033. Der varsla regjeringa ei satsing på tverrsektoriell forsking, utvikling og pilotering som byggjer vidare på satsinga på auka pilotering og mobilisering av næringslivet frå Nasjonal transportplan 2018-2029. Satsinga vil vere eit bidrag for å nå måla i Nasjonal transportplan 2022-2033, som blant anna inneber å hjelpe til oppfylling av Noregs klima- og miljømål. Posten har truleg ingen utsleppseffekt i 2022, men den kan ha ein effekt på sikt. Denne effekten er likevel usikker.
Den nye satsinga på forskingssenter for berekraftig transport tek sikte på å byggje kraftsenter for forsking på nye ider og teknologiar innan transportsektoren, samle fragmenterte FOU-miljø og gi ei meir samla retning innan mobilitetsforskinga i Noreg. På sikt vil forskingssenter for berekraftig transport kunne hjelpe til at vi får meir transport for pengane ved at store utbyggingsprosjekt blir meir lønnsame eller at det blir skapt innovative og kostnadseffektive alternativ til store utbyggingsprosjekt. Vidare kan ei senterordning bidra til reduserte klimagassutslepp, auka trafikktryggleik og auka verdiskaping for næringslivet.
Pilot-T skal bidra til at nye løysingar raskare blir tekne i bruk innan transportsektoren, og for at norske aktørar kan vere med i konkurransen om å levere nye mobilitetsløysingar for denne sektoren.
Ei rekkje av tilskotspostane i SD sitt budsjettforslag kan redusere utsleppa ved at dei bidreg til utvikling og auka bruk av null- og lågutsleppsteknologi. Ei av regjeringa sine satsingar i 2022 er den nye posten Kap 1301 post 70 ‘Pilotprosjekter for fossilfrie anleggsplassar’, der regjeringa foreslår ei løyving på 50 mill. kroner. Denne posten kan ha ein positiv klimaeffekt, men det er usikkert om den vil ha ein effekt allereie i 2022. Det vil avhenge av kor tidleg ein kjem i gang med pilotprosjekta.
I SDs budsjettproposisjon for 2022 er det foreslått auka løyvingar for ei rekkje andre postar som kan redusere klimagassutslepp på sikt ved f.eks. auka bruk av klimateknologi, eller at attraktiviteten til sykling, gange eller andre null- eller lavutsleppstransportformer aukes. Eksempel på slike postar er kap 1352 post 21 ‘Spesielle driftsutgifter’, kap 1352 post 75 ‘Tilskot til godsoverføring frå vei til Jernbane’, kap 1360 post 73 ‘Tilskot til effektive og miljøvennlege hamner’ og kap 1300 post 71 ‘Tilskot til trafikksikkerhetsformål’.
I SDs budsjettforslag for 2022 er det også løyvingar til formål som ikkje påverkar utsleppa i 2022 i vesentleg grad, men som kan ha ein utsleppseffekt på sikt. Døme på dette er løyvingar til FoU og ulike tilskot, som tilskot til Syklistenes landsforening og Norsk elbilforening.
17.17 Utanriksdepartementet
Totalbudsjettet for Utanriksdepartementet i 2022 er på 48,4 mrd. kroner (utgifter med lånetransaksjonar), fordelt med 9,7 mrd. kroner til utanriksforvaltning og 38,7 mrd. kroner til internasjonal bistand. Utanriksdepartementets underliggjande etatar Norad og Norec forvaltar delar av bistanden, i tillegg til Norfund. Delar av bistanden blir òg forvalta på utvalde utanriksstasjonar og av statlege etatar i Noreg. Løyvingar til EØS-avtalen utgjer 10,7 pst. av budsjettet til departementet, og bistand utgjer 80 pst. av det samla budsjettet til departementet for 2022. Tiltak til klima over programområde 03 er for 2022 anslått til om lag 5 mrd. kroner. Dette beløpet inkluderer ikkje Klima- og skogsatsinga.
Fleire av budsjettpostane, spesielt dei som går til drift, vil mellom anna kunne finansiere transport med fly, båt og bil og dermed bidra direkte til utslepp av klimagassar. Kva klimaeffekt som følgjer av kvart budsjettområde, er det derimot ikkje oversikt over.
Det er ei rekkje klimatiltak i utviklingsland som får støtte over bistandsbudsjettet. For tilskot med reduserte klimautslepp som formål og fornybar energi rapporterer stadig fleire tilskotsmottakarar om oppnådde eller forventa utsleppsreduksjonar. Fleire forhold gjer det likevel metodisk utfordrande å berekne og særleg aggregere utsleppsreduksjonar. I tillegg til ulik berekningsmetodikk er det ein stor risiko for dobbeltteljing. Ofte støttar fleire gjevarar same tiltak. Prosjekt som medverkar til utsleppsreduksjonar er i mange tilfelle realiserte som følgje av fleire gjevartiltak, ofte over ein lang tidsperiode.
Norad arbeider i tett samarbeid med Miljødirektoratet på oppdrag frå Utanriksdepartementet og Klima- og miljødepartementet med å gjennomgå og vurdere metodikk og rutinar som blir brukte for å estimere oppnådde utsleppsreduksjonar gjennom norskfinansierte utviklingstiltak. Det er gjort ei kartlegging av metodar brukte til berekning og opplegg for rapportering av utsleppsreduksjonar for heile utviklingsporteføljen og ei vurdering av styrkar og svakheiter ved dei ulike metodane. Norad har førebels vurdert FAOs EX-ACT, IFIs metodikk for nett-tilkopla fornybar kraftproduksjon, ART/TREES og Biokarbonfond (IPCC). Norad har lagt fram førebelse tilrådingar til forbetra metodikk og rutinar for den bilaterale og multilaterale bistandsporteføljen.
Norad er i gang med å lage opplegg for å rapportere utsleppsreduksjonar frå den bilaterale energiporteføljen og klimainnsatsar støtta gjennom Norads bedriftsstøtteordning. I det vidare vil Norad sjå nærmare på attribusjon av resultata og dobbeltrapporteringsproblematikk (for prosjekt finansierte gjennom ulike kanalar). Dette arbeidet vil skje i tett dialog med samarbeidspartnarar og internasjonale organisasjonar.
Norsk støtte til tiltak i utviklingsland over Utanriksdepartementets budsjett retta mot reduksjon av klimagassar kan i hovudsak delast i to. For det første gjeld det energiproduksjon eller forbruk, utsleppsreduserande tiltak eller karbonlagring. Den andre kategorien vil ha utsleppsreduksjon som ein indirekte verknad eller sekundær konsekvens. Slike innsatsar inkluderer kapasitetsbygging, opplæring, støtte til utvikling av regelverk og finansieringsmekanismar. Bidrag frå sekundære intervensjonsprosjekt vil vere avgjerande for å realisere ein lågkarbonøkonomi som kan sameinast med temperaturmåla i Parisavtalen, men er utfordrande å måle. Regjeringa understrekar at det er viktig å halde ved lag støtte også til denne typen intervensjonar sjølv om effektane er meir utfordrande å måle.
I tillegg til effektane av tiltak over bistandsbudsjettet retta mot reduksjon av klimagassar har også resten av bistandsbudsjettet effektar – positive eller negative – for klimagassutslepp og klimatilpassing i mottakarlanda. Døme på dette er støtte til infrastrukturtiltak, helse, og anna. Slike effektar er krevjande å måle, og dei er ikkje inkluderte i denne oversikta.
Gjennom Klima- og skoginitiativet og eit stort engasjement for fornybar energi har Noreg vist veg og er ein viktig aktør i arbeidet for globale utsleppsreduksjonar. Det er likevel ei målsetjing innanfor klimakonvensjonen at støtta skal vere balansert mellom utsleppsreduserande tiltak på den eine sida og tilpassing og førebygging på den andre. Regjeringa lanserte i april ein strategi for styrking av støtta til klimatilpassing, førebygging og kamp mot svolt. Implementeringa av denne strategien skaper ein betre balanse i klimaporteføljen vår.
Tabell 17.12 Oversikt over endring i løyving på over 0,5 mill. kroner for postar over budsjettet til Utanriksdepartementet som har klimaeffekt på internasjonale utslepp1 (frå saldert budsjett 2021 til budsjettforslaget for 2022)
Kap. | Post | Nemning | Foreslått endring i mill. kroner | Utsleppseffekt |
---|---|---|---|---|
162 | 71 | Matsikkerhet, fisk og landbruk | 136 | Reduserer klimagassutslepp |
163 | 70 | Miljø og klima | 356,2 | Reduserer klimagassutslepp |
172 | 71 | Regionale banker og fond, kan overførast | 98,5 | Reduserer klimagassutslepp |
162 | 76/96 | Klimainvesteringsfond | 1 000 | Reduserer klimagassutslepp |
118 | 73 | Klima, miljøtiltak og hav | -9,7 | Usikker effekt |
1 Alle tiltak medrekna i denne tabellen har klimaeffekt. Fordelinga mellom utsleppsreduksjonar og klimatilpassing varierar og er vanskelege å tallfeste heilt presist. Postar uten endring i løyve vil også ha klimaeffekt, til døme fornybar energi, men desse er ikkje synliggjort i tabellen.
17.17.1 Klimainvesteringsfond
Regjeringa har vedteke å skipe eit nytt fond som skal investere i fornybar energi i utviklingsland med mål om å bidra til reduserte klimagassutslepp i disse landa. Fondet skal bidra til å auke investeringar i fornybar energi, særleg i land med store utslepp frå kolkraftverk. Klimainvesteringsfondet vil bli tilført 10 mrd. kroner i kapital over fem år, fordelt med 5 mrd. kroner over statsbudsjettet og 5 mrd. kroner frå Norfund sin overskotskapital. Over tid vil fondet kunne bidra med større midlar etter kvart som andre investorar/ anna kommersiell kapital kjem til. Norfund vil forvalte fondet.
17.17.2 Matsikkerheit, fisk og landbruk
Fleire av tiltaka på posten 162.71 «Matsikkerhet, fisk og landbruk» bidreg til omlegging til klimatilpassa matproduksjon. Nokre av desse tiltaka bidreg mellom anna til å minske utsleppa frå landbrukssektoren. Når det gjeld aukinga på posten i 2022, går dette i all hovudsak til berekraftig havforvaltning som ein grunnleggjande føresetnad for auka matsikkerheit frå havet. Her er klimaeffekten usikker. 16 mill. kroner av aukinga er øremerka lokal klimatilpassa produksjon av skulemat.
17.17.3 Miljø og klima
Det er store bidrag over posten til multilaterale fond som støttar tiltak for utsleppsreduksjonar i utviklingsland, mellom anna innan fornybar energi, landbruk og skog. Det grøne klimafondet (GCF) er den viktigaste samarbeidspartnaren for norsk multilateral klimafinansiering av utsleppsreduksjonar og klimatilpassing i utviklingsland. Utslippsreduksjonar av prosjekt godkjende i perioden 2015 – 2020 er forventa å bli 1,8 gigatonn CO2-ekvivalentar over prosjektenes levetid. Noreg vil i perioden 2020–2030 bidra med 3,2 mrd. kroner til GCF. Auken på posten skal gå til gjennomføringa av strategien for klimatilpassing, førebygging og innsats mot svolt. Dette skal bidra til å minske klimasårbarheita og svolt i utviklingsland.
17.17.4 Regionale bankar
Løyvinga gjeld Noregs kjernebidrag til følgjande regionale utviklingsbankar og fond: Afrikabanken, Asiabanken, Den asiatiske investeringsbanken for infrastruktur, Den interamerikanske utviklingsbanken og Nordisk utviklingsfond. Dei regionale bankane er viktige for å nå berekraftsmåla, levere på det internasjonale klimaforpliktingane og for å fremje større midlar frå fleire kjelder for å finansiere viktige utviklings- og klimatiltak. Kapitalpåfyllinga i Nordisk utviklingsfond (NDF) vil føre med seg ein auke i støtta til klimatiltak, særleg til klimatilpassing, i Afrika. Dette vil bidra til reduserte klimagassutslepp.
17.17.5 Klima, miljøtiltak og hav
Løyvinga gjeld støtte til klima- og miljøinnsatsar, mellom anna tiltak som bidreg til gjennomføringa av Parisavtalen, berekraftsmåla, Konvensjonen for biologisk mangfald og andre internasjonale miljøavtalar og prosessar og Sendai-rammeverket for førebygging av klima- og naturkatastrofar. Ordninga støttar også eit globalt partnarskap for å redusere fakling og utslepp av gass i samband med oljeproduksjon. Ein nedgang på denne posten kan tenkjast å ha ein svak, indirekte negativ klimaeffekt på lengre sikt, da mindre støtte til det normative arbeidet knytt til gjennomføringa av internasjonale klima- og miljøavtalar kan føre til lågare kapasitet til å gjennomføre klimatiltak. Denne effekten er usikker og vanskeleg å måle.
18 Noreg førebur seg på og tilpassar seg klimaendringane
18.1 Innleiing
Ifølgje klimalova skal det gjerast greie for korleis Noreg førebur seg på og tilpassar seg klimaendringane.
Fram mot år 2100 vil Noreg få eit varmare klima, med meir nedbør, kortare snøsesong, minkande isbrear, fleire og større regnflaumar og stigande havnivå. Meld. St. 33 (2012–2013) Klimatilpasning i Norge, vedteke av Stortinget gjennom Innst. 47 S (2012–2013), er gjeldande nasjonale strategi og gjev føringar for arbeidet med klimatilpassing i Noreg.
Dei siste åra har stortingsmeldingar og andre policydokument, både sektorspesifikke og sektorovergripande, teke opp kva klimaendringane inneber for Noreg, og behovet for klimatilpassing. FNs klimapanels femte hovudrapport frå 2014 og 2015, og spesialrapportane frå 2018 og 2019, viser korleis klimaendringane i aukande grad påverkar natur og samfunn og forsterkar eksisterande utfordringar. Klimapanelets sjette hovudrapport blir ferdigstilt i 2021 og 2022, og delrapporten om verknader, tilpassing og sårbarheit er venta i 2022. Sjå IPCC11 og Miljøstatus12 for meir informasjon om klimaendringar i Noreg.
18.2 Organisering av det nasjonale klimatilpassingsarbeidet
Alle har eit ansvar for å tilpasse seg klimaendringane, både enkeltindivid, næringsliv og styresmakter. I tråd med sektorprinsippet har alle departement ansvar for å ta i vare omsynet til klimaendringar innanfor eigen sektor. Klima- og miljødepartementet (KLD) legg til rette for det heilskaplege arbeidet regjeringa gjer på området. Miljødirektoratet koordinerer det nasjonale klimatilpassingsarbeidet på vegne av KLD. Midlane til klimatilpassing på KLDs budsjett i 2021 på 5 mill. kroner er overførte til Miljødirektoratets koordinerande arbeid med klimatilpassing. Midlane blir nytta til kunnskapsutvikling og kapasitetsbygging på lokalt og regionalt nivå og til støtte til Norsk klimaservicesenter (KSS). KSS er eit samarbeid mellom Meteorologisk institutt (MET), Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE), NORCE og Bjerknessenteret. Miljødirektoratet bruker også eigne midlar til klimatilpassingsarbeidet. Direktoratet sit i styret i KSS og gjev oppdragsbrev og økonomisk støtte til senteret.
Miljødirektoratet stiller i styringsdialogen sin forventningar til at statsforvaltaren og sysselmesteren arbeider med klimatilpassing. Statsforvaltaren skal spesielt følgje opp at kommunane tek i vare klimatilpassing i planarbeidet sitt.
Tilskotsordninga for klimatilpassing vart vidareført med 6,4 mill. kroner i 2021.13 I perioden frå 2015 til 2021 er om lag 38 mill. kroner fordelte på om lag 120 ulike prosjekt.
18.3 Oppfølging av arbeidet med klimatilpassing i Noreg
KSS har utarbeidd klimaframskrivingar for Noreg fram mot 2100 og fylkesvise klimaprofilar for alle fylka i landet. Dei fylkesvise klimaprofilane for Fastlands-Noreg vart oppdaterte i 2020, mellom anna med nye tilrådingar om klimapåslag på ekstrem kortidsnedbør. I 2021 startar arbeidet med nye klimaframskrivingar for Noreg basert på IPCCs sjette hovudrapport. Arbeidet vil inkludere oppdatert kunnskap om klimaendringar i norske hav- og kystområde. For å støtte oppdateringa av kunnskapsgrunnlaget for havnivåstiging og bidra til erfaringsutveksling har Miljødirektoratet oppretta ei referansegruppe for forvaltninga innan havnivå.
Plan- og bygningslova er det overordna verktøyet for samfunnsplanlegging og arealforvaltning. Lova er sentral i arbeidet kommunane gjer med klimatilpassing. Det er i all hovudsak kommunane som avgjer arealbruken i landet, gjennom arealplanane sine. Plan- og bygningslova gjev kommunar mykje ansvar og eit stort handlingsrom i samfunns- og arealplanlegginga. Klimaendringane inneber at kommunar må ta omsyn til mellom anna auka nedbør, større risiko for skred og flaum og endra føresetnader for lokalt næringsliv og samfunn når dei lagar planane sine. Kommunane må ta omsyn til klimaendringane både i samfunnsplanlegginga og arealplanlegginga.
Det ligg eit nasjonalt ansvar på fagstyresmakter og departement når det gjeld å rettleie kommunane i å ta gode avgjerder om klimavennleg arealbruk. For å formidle nasjonale omsyn og politikk knytt til arealbruk, utarbeider Kommunal- og moderniseringsdepartementet (KMD) nasjonale forventningar til kommunal og regional planlegging kvart fjerde år. Regjeringa vedtok dei gjeldande Nasjonale forventningene til regional og kommunal planlegging 2019–2023 ved kongeleg resolusjon 14. mai 2019. Statlege planretningslinjer (SPR) for klima- og energiplanlegging og klimatilpassing vart fastsette hausten 2018. Rettleiinga til delen som omhandlar klimatilpassing, vart utarbeidd i 2019.14 Rettleiinga er digital og ligg på Klimatilpasning.no. På oppdrag frå KLD har Miljødirektoratet våren 2021 utarbeidd eit forslag til oppdatert rundskriv om motsegnpraksisen til miljøforvaltninga (T-2/16) i tråd med nye nasjonale føringar på området. KMD har oppdatert rettleiinga til arealdelen i kommuneplanen med endringane i plan- og bygningslova som tredde i kraft i mars 2019. Lovendringa har framheva at planlegginga skal ta omsyn til forventa klimaendringar, og at planar skal leggje til rette for ei heilskapleg forvaltning av krinsløpet til vatnet. Kommunane har fått betre verkemiddel til å handtere overvatn i samfunns- og arealplanlegginga si, mellom anna ved å kunne stille krav om meir detaljerte overvassløysingar i kommuneplanen. Formålet har vore å sikre ei heilskapleg forvaltning av vatn, på tvers av plannivåa i kommunen.
Våren 2020 sende KMD ut på høyring forslag til endringar i plan- og bygningslova. Miljødirektoratet sende på høyring forslag til endringar i forureiningslova og vass- og avløpsanleggslova, og Direktoratet for byggkvalitet sende på høyring forslag til justeringar i byggjesaksforskrifta og byggteknisk forskrift. Formålet med endringane er å hindre skadar og ulemper frå overvatn.
I februar 2021 la EU-kommisjonen fram ein oppdatert klimatilpassingsstrategi, der dei løftar ambisjonen for EUs tilpassingsarbeid og legg opp til smartare, raskare og meir systemisk klimatilpassing og auka internasjonal innsats. Miljødirektoratet har på oppdrag frå KLD vurdert innhaldet i strategien og betydninga av strategien for Noreg. Klimatilpassing er teken inn i EUs taksonomi, eit klassifiseringssystem for berekraftig økonomisk aktivitet, som eitt av seks miljømål. EU-kommisjonen publiserte dei tekniske screeningkriteria for klimatilpassing i april 2021. Finansdepartementet har hatt på høyring eit forslag frå Finanstilsynet om å gjennomføre forordninga i norsk rett i ei ny lov om opplysningar om berekraft.
Kunnskapen om klimaendringane i Noreg og konsekvensane av dei er styrkte dei siste åra. Likevel er det framleis kunnskapsbehov. Mellom anna er det behov for ei betre heilskapsforståing av påverknaden klimaendringane har på Noreg på tvers av sektorar og aktørar. I 2020 utarbeidde Miljødirektoratet ei oppsummering av status, utvikling og kunnskapsbehov og vurderte moglege grep for å styrkje feltet på oppdrag frå KLD. På oppdrag frå KLD og KMD har Miljødirektoratet også sett nærmare på kva klimarisiko betyr for norske kommunar, og vurdert kva slags klimarisiko kommunane er eksponerte for, korleis kommunane kan handtere slik risiko, og korleis dette arbeidet kan styrkjast.15 Arbeidet bidreg til oppfølginga regjeringa gjer av Klimarisikoutvalets rapport (NOU 2018: 17).16 I 2021 arbeider Miljødirektoratet særleg med å styrkje kunnskapen om barrierar for klimatilpassing, påverknaden klimaendringane har på verdikjeder med vekt på matsystemet, klimarisiko og naturbaserte løysingar for klimatilpassing. Arbeidet blir gjort i lag med relevante direktorat.
Naturbaserte løysingar har dei seinaste åra fått auka merksemd i Noreg og internasjonalt. I 2020 fekk Miljødirektoratet utført ei kartlegging av behovet forvaltninga har for kunnskap og rettleiing om naturbaserte løysingar og moglege barrierar.17 Direktoratet arbeider vidare med å vurdere korleis kunnskapen og rettleiinga kan vidareutviklast. Som ein del av dette har Miljødirektoratet teke initiativ til eit statleg sektorsamarbeid som startar opp hausten 2021. Nordisk ministerråd har løyvd 26 mill. DKK til eit fireårig prosjekt om naturbaserte løysingar, der Miljødirektoratet bidreg i ei referansegruppe.
18.4 Informasjon og kapasitetsbygging
Miljødirektoratet arrangerer jamleg seminar og webinar for kommunar18 i samarbeid med andre aktørar. Klimatilpasning.no skal bidra til å spreie kunnskap og rettleie om klimaendringar og klimatilpassing. Direktorata bidreg med innhald på nettsida innanfor ansvarsområda sine. Norsk klimaservicesenter lanserte nye nettsider i februar 2021.
Introduksjonskurset i klimatilpassing, Vær Smart, for kommunane skal gjennomførast i Nordland og Møre og Romsdal i 2021. Samlinga i Nordland integrerer Svalbard med Sysselmesteren og lokalstyret i Longyearbyen. I løpet av året vil difor alle fylka ha blitt tilbydd Vær Smart-kurset til sine kommunar.
18.5 Nettverk og samarbeid
Klimatilpassingsnettverket I front blir koordinert av Miljødirektoratet. Nettverket består av 13 bykommunar frå alle fylka i landet. Kommunesektorens organisasjon (KS) startar hausten 2021 opp det fjerde kommunenettverket for å styrkje lokalt arbeid med klimatilpassing. Statsforvaltaren i Trøndelag driftar i samarbeid med mellom anna fylkeskommunen og Trondheim kommune eit klimatilpassingsnettverk for kommunane i fylket. Prosjektet har vore støtta av Miljødirektoratet som ein pilot for å sjå på korleis nettverk kan styrkje arbeidet kommunane gjer med klimatilpassing.
Nettverket Naturfareforum, med representantar frå ei rekkje direktorat og etatar og frå KS, skal styrkje samarbeidet mellom nasjonale, regionale og lokale aktørar for å gjere Noreg mindre sårbar for uønskte naturhendingar. Naturfareforum har som oppfølging av NOU 2019: 4 Organisering av norsknaturskadeforsikring send ei utgreiing om finansiering av førebygging til Justis- og beredskapsdepartementet. Utgreiinga tilrår at det blir etablert eit fond for førebyggjande tiltak mot naturskade og fysisk klimarisiko på eksisterande busetnad og infrastruktur, og at eit slikt fond blir tilført kapital ved å auke premieraten av brannforsikringa.
Miljødirektoratet leier ei gruppe beståande av 16 direktorat og statlege selskap.19 Gruppa deler informasjon om status på klimatilpassingsarbeidet på nasjonalt nivå og er ein arena for å vidareutvikle det nasjonale arbeidet med klimatilpassing.
18.6 Forsking
Forskningsrådet støttar ei rekkje forskingsprosjekt knytte til klimaendringar og tilpassing.
I samsvar med Langtidsplan for forskning og høyere utdanning har Forskingsrådet «Klima, miljø og miljøvennlig energi» (KMME) som eit av dei prioriterte områda sine. Det omfattar utvikling av miljøvennleg energi og lågutsleppsløysingar, forsking på klima- og klimatilpassing, bioøkonomi og landbasert miljøforsking, transport, berekraftige byar og sirkulær økonomi. Den målretta prosjektinnsatsen på dette var på om lag 1,7 mrd. kroner i 2020. Tyngdepunktet er innanfor miljøvennleg energi og lågutsleppsløysingar.
Våren 2020 vart det lyst ut 70 mill. kroner til forsking på effektar av klimaendringar på natur og samfunn som resulterte i seks nye prosjekt. Det vart også lyst ut inntil 75 mill. kroner til forsking på effektar av endringar i Arktis for Forskerprosjekt for fornyelse.
Klima 2050, eit senter for forskingsdriven innovasjon, starta i 2015 og skal skaffe fram kunnskap om klimatilpassing av bygningar og infrastruktur.
Climate Futures, eit senter for forskingsdriven innovasjon (SFI), starta i 2020, har som mål å lage nye løysingar for å føresjå og handtere klimarisiko frå ti dagar til ti år fram i tid, i samarbeid med klima- og vêrutsette sektorar.
Noradapt – Norsk senter for berekraftig klimatilpassing opna i 2018 og skal få fram og samle kunnskap om korleis vi kan førebu oss på klimaendringane på tvers av sektorar og fagfelt. Senteret får støtte over statsbudsjettet.
I tillegg vart det i 2021 prioritert 20 mill. kroner til forsking på klimatilpassa og berekraftig matproduksjon over Landbruks- og matdepartementets budsjett.
Eit hovudmål for Horisont Europa, EUs rammeprogram for forsking og innovasjon, er å leggje til rette for forsking og innovasjon for å møte klimautfordringane. Det grøne skiftet er ei sentral prioritering for Europakommisjonen. Våren 2021 lanserte Europakommisjonen tiltakspakken «Europas grønne giv» (European Green Deal) med mål om å gjere Europa til eit klimanøytralt kontinent innan 2050. Europakommisjonen har også lansert eit nytt verkemiddel i Horisont Europa der forsking og innovasjon blir retta inn spesifikt mot å løyse store samfunnsutfordringar. Gjennom tematiske oppdrag («missions») skal ein setje politisk dagsorden og skape folkeleg engasjement. Klimatilpassing er eitt av fem område.
Forskingsrådet har gjennomført ei evaluering av det store klimaforskingsprogrammet, KLIMAFORSK, som konkluderte med at det overordna målet – å føre til framifrå forsking og kunnskap om klima til beste for samfunnet – er oppnådd. Evalueringa tilrår at FNs 2030 agenda og berekraftsmål skal vere styrande for vidare satsing på klimaforsking, og understrekar betydninga av tverr- og transfagleg forsking. Evalueringa peiker vidare på eit behov for å styrkje forskinga på effektar av klimaendringar på samfunnet, klimatilpassing, inkludert koplinga mellom tilpassing og utsleppsreduksjon.
Havet speler ei sentral rolle i den globale klimareguleringa, men forståinga av dei grunnleggjande funksjonane i havet er enda ufullstendig. Etablering av denne kunnskapen har heilt avgjerande betydning for klimapolitikken, og han må baserast på eit breitt og omfattande internasjonalt forskingssamarbeid. Dette har vore ei viktig grunngjeving for etableringa av FNs internasjonale havforskingstiår 2021–2030 for berekraftig utvikling. Noreg har vore ein pådrivar for denne satsinga.
Eit viktig element i tiårssatsinga er utvikling av kunnskap for varsling av havrelaterte ekstremhendingar på kort og lang sikt som underlag for politikkutvikling, beredskap og strakstiltak. Noregs forskingsråd har utarbeidd tilrådingar for kva norske forskingsmiljø best kan bidra med. Tilrådingane vart overleverte til regjeringa i oktober 2020. Noreg har allereie meldt inn fleire store oppstartsaktivitetar til tiåret og vil støtte aktivt opp under den vidare gjennomføringa av tiåret. Unesco ved Den mellomstatlige oseanografiske kommisjonen (IOC) har ansvaret for FNs koordinering av forskingstiåret. IOC har allereie etablert eit rapporterings- og evalueringsverktøy (Global Ocean Science Report – GOS) som gjer det mogleg å følgje utvikling, måloppnåing og resultat av det globale havforskingssamarbeidet over tid.
18.7 Klimatilpassing i og på tvers av sektorar
18.7.1 Samfunnstryggleik og naturfarar
Direktoratet for for samfunnssikkerhet og beredskap (DSB) utviklar digitale verktøy for bruk i kommunane innanfor samfunnstryggleik. Kunnskapsbanken gjev kommunane i landet tilgang til detaljert informasjon om natur- og vasskadar, basert på data frå private forsikringsselskap. I tillegg vil DSB frå hausten 2021 starte utviklinga av ei digital løysing for enklare utarbeiding av ROS-analysar til arealplanlegginga. Begge løysingane vil bidra til at omsynet til klimaendringar blir teke i vare i kommunane.
DSB utarbeidde i 2019 ein analyse av skogbrannberedskapen. Denne blir følgd opp gjennom ulike prosjekt for å bidra til betre samfunnsmessige vurderingar, til dømes knytt til skogbrannar i verneområde. Andre prosjekt, som Circumpolar Wildland Fire i regi av Arktisk råd, vil bidra til betre kunnskap, tilpassing og handtering av skogbrannhendingar.
DSB har i 2020 delteke i eit arbeid med vurdering av beredskapen mot stormskadar i Indre Oslofjord i samarbeid med relevante beredskapsaktørar. Vurderinga byggjer på tre scenario over vindstyrkar og trefall, som NIBIO har utvikla for Landbruks- og matdepartementet. Ifølgje Klimapanelet sin sjette hovudrapport vil kommande stormar – «med middels fagleg sikkerheit» - bli meir intense på grunn av klimaendringar. Som følgje av ekstremvêr blir skogen også meir skadeutsett, til dømes gjer manglande tele og mykje nedbør skogen meir ustabil for sterk vind.
Sivilforsvaret er ein viktig beredskapsressurs ved naturrelaterte hendingar og jobbar aktivt med å utvikle kapasitetar og operativ evne. Nødnett er også over tid betre rusta mot ekstremvêr, mellom anna er reservestraumkapasiteten på utvalde basestasjonar auka, effekt på radiolinjer blir auka automatisk ved mykje nedbør, og overspenningsvern som beskyttar ved lynnedslag, er montert.
Internasjonalt har DSB hjelpt NVE i utarbeidinga av nytt klimaprogram i Ungarn under EØS-midlane. DSB har også bidrege med innspel til arbeidet med Warszawa-mekanismen og FNs rammeverk for katastrofeforebygging (Sendai-rammeverket).
Energi- og vassressursane i Noreg blir forvalta av NVE. I tillegg har NVE statlege forvaltningsoppgåver innanfor skredførebygging. Konsekvensane av klimaendringane har stor betydning for ansvarsområdet til direktoratet. Direktoratet utfører forsking for å auke kunnskapsgrunnlaget om effekten klimaendringar har på vassressursar. Generelt er klimatilpassing godt integrert i NVEs forvaltning.
NVE har god oversikt over kor sårbar kraftinfrastrukturen er for klimaendringar, og analyserer kva klimaendringar betyr for energiforbruk og fornybar kraftproduksjon. NVE har for fjerde gongen kartlagt klimatilpassing og klimamedvitet i kraftsektoren og rapporterer at kraftsektoren har fått auka medvit om klima dei siste ti åra.20
NVE hjelper kommunane med å førebyggje flaum- og skredskadar gjennom kartlegging, arealplanlegging, sikringstiltak, overvaking, varsling og beredskap. NVE sluttførte 36 sikringstiltak i 2020. Gjennom ei eiga tilskotsordning har NVE i 2020/2021 også medverka til at åtte kommunar har kartlagt bekker med kritiske punkt. Det vil i 2021 bli gjeve ut ei rettleiing for å hjelpe kommunane med å førebyggje skade frå overvatn ved å bidra med kunnskap om avrenning i tettbygde strøk (urbanhydrologi) og rettleiing til kommunal arealplanlegging. To digitale rettleiingar for utgreiing av høvesvis flaumfare og trygging mot skred i bratt terreng er gjevne ut i 2021. I tillegg er det gjeve ut ei rettleiing til vassressurslova og NVEs behandling av vassdrags- og grunnvasstiltak.
Klimaendringar er òg integrerte i NVEs arbeid med forskrifter, retningslinjer og rettleiingar der det er relevant, og i eit kost–nytte-verktøy for vurdering og prioritering mellom tiltak som skal beskytte mot flaum og skred. Effekten av klimaendringar på flaum blir mellom anna gjord synleg i NVEs flaumsonekart. I 2020 og 2021 har direktoratet vurdert kva betydning klimatilpassingsdelen av SPR for klima- og energiplanlegging og klimatilpassing får for NVEs forvaltningsområde.
Prosjektet Nasjonal detaljert høgdemodell gjer nøyaktige høgdemålingar i heile landet og er det største landkartleggingsprosjektet som er gjennomført i Noreg nokosinne. Kartverket leier arbeidet, og det er eit spleiselag mellom åtte departement. Detaljert høgdemodell er eit betydeleg bidrag i møte med klimaendringar og styrkjer beredskapsarbeidet ved at ein kan berekne stormflod- og flaumsoner og skredfare meir nøyaktig enn tidlegare. Innsamla data blir fortløpande gjort gratis tilgjengeleg for næringsliv, kommunar, offentlege verksemder, utviklarar og andre, og prosjektet blir ferdigstilt i 2022. I samarbeid med kommunar blir det utvikla eit meir detaljert elvenettverk der stikkrenner og røyr i grunnen blir inkluderte, noko som sikrar at flaumberekning og overvassanalysar kan utførast betre. Kartverket driftar det nasjonale observasjonssystemet for havnivå og vasstand og startar i 2021 opp eit prosjekt for å vidareutvikle observasjonssystemet i tråd med behova som finst i samfunnet. Relevante data, frå observasjonar til prognosar for havnivåendring, blir tilbydde på Se havnivå21 og Se havnivå i kart.22 Kartverket deltek aktivt i arbeidet for å oppdatere kunnskapsgrunnlaget for havnivåstiging i samband med FNs klimapanels sjette hovudrapport, inkludert stormflodnivå og bølgjepåverknad, som Miljødirektoratet har igangsett.
Kartverket etablerer, forvaltar og formidlar data av betydning for klimatilpassing, følgjer opp regjeringa sin geodatastrategi frå 2018 der ei rekkje tiltak relevante for klimatilpassing er under utvikling, og driftar Geonorge23 – den nasjonale noden for geografisk informasjon. Kartverket, som nasjonal geodatakoordinator, samordnar digital tilgang til geografiske data, ein vesentleg funksjon for å sikre tilgang til kunnskapsgrunnlag i nye fulldigitale plan- og byggjesaksprosessar der samfunnstryggleik og klimatilpassing skal behandlast. Frå 2021 blir mottak av miljø- og samfunnsdata som oppstår i konsekvensutgreiingar, planarbeidet til kommunane, konsesjonsprosessar mv., samordna, slik at data blir tekne vare på og tilbydde for gjenbruk i klimatilpassingsarbeidet. Kartverket koordinerer arbeid med digitalisering av kommune- og reguleringsplanar og arbeid med det offentlege kartgrunnlaget (DOK) for bruk i arealplanlegging og byggjesaker. Kartverket vil vidare inngå samarbeid med kommunar om Smarte byer-initiativ og etableringa av digitale tvillingar, for å få optimalisert bruk og nytte av geografisk informasjon i klimatilpassingsarbeid.
18.7.2 Natur, miljø, landbruk og økosystem
Ein viktig del av klimatilpassinga er å bevare dei naturlege funksjonane i natur og økosystem og ta i vare klimatilpassingsomsyn i areal- og ressursbaserte næringar, noko som også er omtalt i berekraftsmeldinga (Meld. St. 40 (2020–2021)). Naturen er også viktig for å avgrense skadeverknadene av klimaendringane, som skogen som tek opp og lagrar CO2, og våtmarker og innsjøar som kan dempe flaumar.
Miljødirektoratet vedtok i 2018 ein klimatilpassingsstrategi.24 Direktoratet evaluerte i 2020 korleis strategien er følgd opp, og omsynet til klimaendringar er integrert i alle direktoratets ansvarsområde. Gjennom satsinga på klima, areal og naturmangfald arbeider direktoratet med å sikre ei meir heilskapleg tilnærming til klima og naturmangfald, både innan kunnskapsgrunnlag og intern tilrettelegging. I 2020 lanserte Miljødirektoratet ei rettleiing om konsekvensutgreiingar for klima- og miljøtema som inkluderer kor sårbare miljøtema er for klimaendringar og ei rettleiing om klimatilpassing av naturmiljø. Denne har hovudvekt på korleis kommunen kan bidra til å ta vare på naturtypar som blir påverka av klimaendringane i planarbeidet. Klimatilpassing er inkludert i revidert plan for restaurering av våtmarker og i arbeidet som er i gang med strategi for restaurering av vassdrag. Miljødirektoratet arbeider med å styrkje kunnskapsgrunnlaget om hav og klima og har dei siste åra auka innsatsen for å tette kunnskapshòl om verknadene av klimaendringar og havforsuring i norske hav- og kystområde. Som nemnt i berekraftsmeldinga (Meld. St. 40 (2020–2021)) meiner regjeringa det er viktig at byar og tettstader satsar på klimatilpassing med naturbaserte løysingar, til dømes ved å opne bekker og elvar med plass og vegetasjon rundt seg så dei kan stige ved mykje regn. I Nasjonal strategi for urbant landbruk legg regjeringa vekt på blågrøn infrastruktur som gagnar naturmangfald, klimatilpassing og urbant landbruk.
Miljødirektoratet arbeider med å utvikle ei rettleiing for klimarobust tilrettelegging og opparbeiding av stiar i friluftsområde. Rettleiinga om planlegging av by- og tettstadnære naturområde er revidert, og omsynet til klimatilpassing er teke inn som ein integrert del. Direktoratets operative feltapparat, Statens naturoppsyn (SNO), utfører fleire løpande feltoppgåver i arbeidet med klimatilpassing, som restaureringstiltak i våtmark og skjøtsel av verneområde. Programmet direktoratet har for miljøovervaking er vurdert med omsyn til om dei fangar opp effektar av klimaendringar. Som ei oppfølging er det i 2021 sett i gang ei satsing som skal gje meir kunnskap om effekten klimaendringane har på akvatiske økosystem.
I malen for løyve til verksemd etter forureiningslova er klimatilpassing teken inn som eit omsyn som skal vurderast i miljørisikovurderingar. Klimatilpassing har vore eit prioritert tilsynstema i 2020 og 2021, der Miljødirektoratet og statsforvaltaren på tilsyn med industribedrifter vurderer om bedriftene tek tilstrekkeleg omsyn til klimaendringane i arbeid med miljørisikovurderingar og i beredskapsplanar.
Direktoratet har koordinert innspel til FNs klimapanels sjette hovudrapport, der delrapport to om verknader, tilpassing og sårbarheit er særleg relevant for klimatilpassing.
Riksantikvaren utarbeider ny strategi og handlingsplan for klimarelatert arbeid. Direktoratet har delteke i prosjekt Adapt Northern Heritage, eit samarbeid med Sverige, Skottland og Island om utvikling av rettleiing for risikovurdering og planlegging av tiltak for å sikre kulturminne og kulturmiljø i eit endra klima. Aurland kommune var med som assosiert partnar. Prosjektet vart avslutta medio 2020. Rettleiinga er omsett og tilrettelagd for bruk i Noreg og kan brukast av kommunar så vel som private og offentlege eigarar av kulturminne.
Kirkens Arbeidsgiverorganisasjon og Riksantikvaren samarbeider om bruk av tilskot for oppgradering av klimaskalet på verneverdige kyrkjer. Det er utarbeidd ei rettleiing for risikovurdering for eigarar av kyrkjebygg. Riksantikvaren har fleire miljøovervakingsprogram som kartlegg korleis klimaendringar påverkar kulturminne, kulturmiljø og landskap.
Klimatilpassing i landbrukssektoren omfattar areal- og ressursforvaltning generelt, og tilpassingar i jord- og skogbruket og reindrifta. Produsentane sjølve tilpassar seg kontinuerleg, til dømes ved valet av vekstar og driftsmetodar som er betre tilpassa eit endra nedbørsmønster og høgare temperatur. Næringa er igjen avhengig av relevant FoU, rettleiing og økonomiske insentiv. Prioriteringar i matproduksjonen er å bevare genetisk mangfald, fremje planteforedling og husdyravl og beskytte matjorda.
Landbruksdirektoratet forvaltar fleire tilskotsordningar som kan bidra til at jordbruket står betre rusta, mellom anna til drenering av jordbruksareal, etablering og utbetring av hydrotekniske anlegg, bygging av landbruksvegar, utvikling og produksjon av klimatilpassa plantemateriale og til bevaring av genetiske ressursar. Det finst også ordningar som stimulerer til bruk av driftsmetodar som forhindrar erosjon og avrenning. I 2020 greidde Landbruksdirektoratet ut ei tilskotsordning for klimarådgjeving, der bonden mellom anna skal få kunnskap om korleis gjere klimatilpassingstiltak på eigen gard. Ordninga blir iverksett i 2021. Klima- og miljøprogrammet gjev økonomisk støtte til fleire prosjekt innanfor klimatilpassing i landbruket. Prosjekta knyter seg både til førebygging av skadar på jord og avlingar og til moglegheiter for å halde ved lag og auke avlingane med endra klima. Forsking på klimatilpassa matproduksjon er prioritert over Landbruks- og matdepartementets budsjett.
Landbruks- og matdepartementet vil òg gjennomgå beredskapen for å unngå auka førekomstar av skadegjerarar i jord- og skogbruksproduksjonen. Beredskapen innanfor klimarelaterte skogskadar, med hovudvekt på skogbrann og stormfelling, for å sikre god samhandling mellom dei departement det gjeld, og mellom skogbruket og dei operative beredskapsetatane, vil bli vurdert. Landbruks- og matdepartementet har finansiert ein NIBIO-analyse over påreknelege trefall som vil komme på ved stormar av ulik vindstyrke. Analysen dannar grunnlag for ein beredskapsanalyse for storm tilsvarande beredskapsanalysen for skogbrann som DSB publiserte i 2019.
Ved planlegging og bygging av landbruksveg blir det no lagt større vekt på tiltak som reduserer risiko for ras og flaumskadar. Linjeføring, stikkrennedimensjon og vassfordeling ved flaum er meir i fokus.
Landbruks- og matdepartementet og Klima- og miljødepartementet ser behov for ei utgreiing der ein ser nærmare på klimatilpassinga i skogbruket. Utgreiinga skal danne grunnlaget for eventuelle forvaltningsråd som òg vurderer effektar på næringa, naturmangfaldet, friluftsliv og andre interesser.
Landbruks- og matdepartementet ser på verneskogforskriftene under skogbrukslova som ledd i klimatilpassing av skogbruket. Landbruksdirektoratet i samarbeid med NVE er i gang med eit arbeid om naturfare og vernskog med ei målsetjing om å utarbeide ein forvaltningspraksis som best mogleg tek i vare omsynet til både samfunnstryggleiken og god forvaltning av skogressursen. Eit delprosjekt med NIBIO skal bidra til å skaffe fram kunnskap og utarbeide metodar for hogst- og driftsmetodar for optimalisering av skogtilstand.
Erstatningsordningane ved avlingssvikt og svikt i honningproduksjon bidreg til å redusere økonomisk tap ved klimabunden produksjonssvikt. For skadeåret 2020 er det per 29. april 2021 utbetalt omtrent 99 mill. kroner. Til samanlikning vart det som følgje av tørkesommaren i 2018 utbetalt nærmare 2 mrd. kroner i erstatning for avlingssvikt. Landbruksdirektoratets overvaking av internasjonale marknader og importregulering er viktige element i norsk matvareberedskap i lys av moglege globale forsyningsflaskehalsar som følgje av klimaendringar. Landbruksdirektoratet forvaltar også kriseberedskapsordninga for reindrifta, som sist vart teken i bruk i 2020 da det var beitekrise som følgje av store snømengder og låste beite i store delar av Reindrifts-Noreg. Totalt vart det løyvd 42,5 mill. kroner til kriseberedskapsfondet under beitekrisa. Det er avgjerande å vidareutvikle strategiar og tiltak for klimatilpassing i reindrifta. NIBIO har difor fått i oppdrag å kartleggje moglege tiltak.
Mattilsynet har ansvar for tryggleiken i heile matkjeda frå jord/fjord til bord og for trygt drikkevatn. Endra klima vil mellom anna endre sjukdomspanoramaet hos plantar, dyr, fisk og menneske og gje utfordringar for dyrevelferda. Endra nedbørforhold kan true drikkevassforsyninga. Veterinærinstituttet, Havforskingsinstituttet, NIBIO og Folkehelseinstituttet bidreg med overvaking av tilstanden for om mogleg å førebyggje skadar. Dei gjev også råd ved handtering av hendingar og behov for endring av regelverk.
18.7.3 Infrastruktur og samferdsel
Kraftig nedbør, svingingar i temperatur og auka fare for regnflaum, skred og stormflod gjev utfordringar for transport og samferdsel. I mars la regjeringa fram Nasjonal transportplan 2022–2033 (NTP). Planen presenterer transportpolitikken til regjeringa for dei tolv neste åra og gjev føringar for integrering av klimatilpassingsomsyn i planlegging og prioritering innan samferdselssektoren. Klimatilpassing er også ein integrert del av Samferdselsdepartementets strategi for samfunnstryggleik i transportsektoren. Ein revidert strategi vart lansert desember 2020. Strategien blir følgd opp av underliggjande etatar.
Kystverket samarbeider med relevante aktørar i arbeidet med klimatilpassing, både ved utarbeiding av kunnskapsgrunnlag og i samband med førebygging, varsling og handtering av hendingar. Vidare tek Kystverket høgd for klimaendringar ved planlegging, dimensjonering og drift av eigen infrastruktur og system. Det blir arbeidd med å integrere klimaomsyn i relevante planprosessar, utgreiingar og analysar. Kystverket speler i planlegging etter plan- og bygningslova inn viktigheita av at maritim infrastruktur blir tilpassa forventa klimaendringar. Det er etablert eit tettare samarbeid med Meteorologisk institutt for framskriving av miljølaster for planlegging og dimensjonering av installasjonar og navigasjonsinfrastruktur.
Statens vegvesen fekk ny organisasjon i 2020. Klimatilpassingsarbeidet blir koordinert frå Vegdirektoratet, men utført i alle divisjonar, spesielt Utbygging og Drift og vedlikehald. Det er også oppretta eit fagleg kommunikasjonsnettverk med Nye veier AS og fylkeskommunane.
Etaten jobbar med å oppdatere strategien sin for samfunnstryggleik av 2017 i tråd med ny strategi for samfunnstryggleik i transportsektoren. Statens vegvesen jobbar med nærmare oppfølging av klimatilpassingsarbeid på vegprosjekt, gjennom «Klimatilpasningspiloter», og med justeringar av dagens verktøy for kost–nytte-analysar til å betre inkludere effekten av klimaendringar. Saman med Nye vegar AS og tre partnarar (Vestlandsforskning, NGI, Menon Economics) har etaten søkt og fått løyvd Forskingsrådets støtte til eit treårig FoU-prosjektet «Klimatilpasning og veitransport» (KLIMAVEI). Målet er å etablere eit kunnskapsgrunnlag for samfunnsøkonomiske analysar på prosjekt- og systemnivå som tek omsyn til klimaendringar, endringar i klimapolitikk og som støttar under mål om tryggleik, berekraft og effektivitet i vegsektoren. Prosjektet starta arbeidet sitt våren 2021.
Implementering av kunnskap om effekten av klimaendringar i normalar og retningslinjer er eit av dei viktigaste verkemidla til etaten. Mange av oppgåvene til Statens vegvesen støttar opp under klimatilpassing, slik som skredsikring og skredvarsling, som blir gjort i samarbeid med NVE og MET på varsom.no.
I jernbanesektoren tek Bane NOR i vare det operative arbeidet med klimatilpassing. Omsynet til klimatilpassing er integrert i Bane NORs arbeid gjennom fortløpande oppdatering av handbøker, retningslinjer og standardar. Bane NOR har handlingsplan for klimatilpassing som skal sikre risikobaserte og kostnadseffektive klimatilpassingstiltak. I 2021–2022 skal det arbeidast vidare med systematisk skredfarekartlegging som grunnlag for heilskapleg, risikobasert tiltaksgjennomføring. Jernbanedirektoratet er partnar i Klima 2050.
Luftfart blir påverka på ulike måtar av klimaendringar. Døme kan vere havnivåstiging, som kan få betydning for enkelte lågtliggjande lufthamner, isingsforhold som påverkar alle typar luftfartøy i større eller mindre grad, og endringar i vindretning og styrke.
Luftfartstilsynet er den nasjonale luftfartsstyresmakta i Noreg og arbeider mellom anna for å byggje eit forbetra kunnskapsgrunnlag om klimatilpassing for luftfartsaktørane. Luftfartstilsynet samlar erfaring og informasjon for luftfartsbransjen for å kunne gje kvalifiserte vurderingar om klimatilpassing, irekna kva tiltak som kan vere mest relevante for å redusere risiko for hendingar grunna klima med konsekvens for luftfarten. Luftfartstilsynet følgjer også arbeidet med klimatilpassing internasjonalt, mellom anna gjennom deltaking i FNs luftfartsorganisasjon ICAO.
Klimatilpassing i Avinor blir følgd opp strategisk som ein del av det overordna klimaprogrammet til konsernet og er ein del av arbeidet innan trygging og risikoførebygging. Avinor har jobba systematisk med klimarisiko og klimatilpassing sidan starten på 2000-talet, mellom anna gjennom NTP, Eurocontrol, ACI (Airport Council International) og fleire andre forum. Avinor deltek også som partnar i forskingssenteret Klima 2050 og er involvert i pilotprosjekt som er i gang. Dei integrerer omsynet til klimaendringar i den daglege drifta og i framtidige byggjeprosjekt gjennom Avinors styringssystem (prosedyrar og rutinar), Avinors standardar for bygg og masterplanutviklinga for kvar enkelt lufthamn. I 2021 gjennomfører dei ei oppdatering av klimarisiko- og sårbarheitsrapporten til konsernet frå 2014, som i større grad er vinkla mot tiltak. Det blir gjort førebuande arbeid for å møte krava i EUs taksonomi.
Direktoratet for byggkvalitet (DiBK) skal fremje byggkvalitet også utover minimumskrava i byggteknisk forskrift. Klimatilpassing er ein del av DiBKs strategi for betre byggkvalitet i eksisterande bustader for perioden 2019–2023. I tillegg er energi, miljø og tilgjengelegheit sentrale tema. Med bakgrunn i strategien har DiBK utvikla oppussingsråd retta mot bustadeigarar. Dette skal gjere det lettare for bustadeigarar å ta val som gjev betre byggkvalitet når dei held ved like, pussar opp eller byggjer om bustaden. Råda vart lanserte i mars 2021. Oppussingsråda er innretta for at bustader skal tole klimaet i framtida, vere meir tilrettelagde slik at vi kan bu lenger heime, og samstundes vere meir berekraftige.
I 2020 har DiBK igangsett revidering av temarettleiinga om utbygging i fareområde. DiBK har i dette arbeidet fått innspel frå direktoratsgruppa for klimatilpassing. Rettleiinga blir ferdigstilt hausten 2021.
Statsbygg jobbar systematisk med å sørgje for at verksemda tek omsyn til klimatilpassing i alle delar av verksemda der det er relevant. For forvaltning og drift av eksisterande eigedom har Statsbygg jobba med å kartleggje klimarisiko på eigedommane Statsbygg forvaltar. Klimarisiko på eigedommane blir samanstilte i ein rapport som vil publiserast internt i verksemda i 2021. Rapporten vil vere eit viktig verktøy for eigedomsforvaltninga til å setje i verk tiltak som vil redusere risiko for naturskade.
I konseptvalutgreiingar og lokaliseringsvurderingar gjev Statsbygg faglege råd som får konsekvensar for arealdisponering og val av lokalisering for statleg verksemd. Statsbygg vurderer risiko for naturfare og behov for eventuelle klimatilpassingstiltak på tomtene som er til vurdering, som eit av mange aspekt som belyste. Statsbygg jobbar med å utvikle tydelege kriterium og sjekklister som systematisk adresserer behovet for klimatilpassing. Kriterium for klimatilpassing vil også vere viktig seinare i prosjektforløpet når eit konsept er teke vidare til eit faktisk byggjeprosjekt. I prosjekteringsfasen er det avgjerande at vala av materialar og konstruksjonsmetode blir gjorde på grunnlag av oppdaterte og representative klimadata for klimaet bygget skal oppførast og stå i. Uteområda utanfor bygga er også ein viktig del av planlegginga for å sikre best mogleg handtering av overvatn ved styrtregn. I fleire prosjekt har ein no lagt til rette for opne flaumvegar i staden for lukka løysingar under bakken. Statsbygg deltek i sentrale initiativ innanfor klimatilpassing slik som Klima 2050.
18.7.4 Industri og næringsliv
Nærings- og fiskeridepartementet følgjer opp forventningane knytte til klima og miljø i Meld. St. 8 (2019–2020) Statens direkte eierskap i selskaper – Bærekraftig verdiskaping, i eigardialogen med selskap med statleg eigardel. Det følgjer av eigarskapsmeldinga at staten forventar at selskap med statleg eigardel har ein overordna plan for berekraftig verdiskaping, og at dei arbeider for å redusere klima- og miljøfotavtrykket sitt. Eit berekraftig selskap balanserer økonomiske, sosiale og miljømessige forhold på ein måte som bidreg til langsiktig verdiskaping og slik at dagens behov blir møtt utan å øydeleggje utsiktene for at kommande generasjonar kan få dekt behova sine. Klimaendringar er omtalte i eigarskapsmeldinga som døme på ein verdidrivar som vil medføre risiko og moglegheiter for selskap. Som kunnskapsgrunnlag i eigardialogen blir det mellom anna brukt rapportering som selskapa sjølve lagar, tilgjengelege eksterne selskapsanalysar og ein rapport om klimarelatert risiko for selskap med statleg eigardel som Nærings- og fiskeridepartementet fekk utarbeidd i 2017 i samarbeid med andre departement som forvaltar eigarskap i selskap, i tillegg til Klimarisikoutvalets rapport, NOU 2018: 17 Klimarisiko og norsk økonomi. Statens eigarrapport 2020 inneheld ei oversikt over klimagassutsleppa til selskapa og oversikt over rapporteringsstandardar og retningslinjer som selskapa følgjer, irekna Task Force on Climate-related Financial Disclosure (TCFD) og Greenhouse Gas Protocol.
Det næringsretta verkemiddelapparatet har fleire ordningar og program som støttar forsking på og utvikling av nye grøne løysingar. Vi ser at dei breie, opne ordningane i verkemiddelapparatet i stor grad treffer prosjekt med positiv klima- og miljøeffekt. Innovasjon Noreg rapporterer om delen prosjekt med miljøeffekt. Rapportering til Nærings- og fiskeridepartementet viser mellom anna at 41 pst. av prosjekta som fekk innvilga etablerartilskot i 2020 hadde kryss for miljøeffekt. Innovasjon Noreg forvaltar også Miljøteknologiordningen, som skal bidra til å finansiere utprøving av ny, meir miljøvennleg teknologi innanfor ulike sektorar. Ordninga kompenserer for manglande etterspurnad etter miljøteknologi i marknaden og bidreg til å redusere den høge risikoen knytt til denne typen investeringar.
Fiskeri- og havbruksforvaltninga må tilpasse seg nye naturgjevne føresetnader. Både i program finansiert av Noregs forskingsråd og ved Havforskingsinstituttet blir det lagt ned ein omfattande forskingsinnsats for å skaffe fram kunnskap om rolla havet har i klimasystemet, og konsekvensane klimaendringane har for marine økosystem og ressursar.
Som følgje av klimaendringar og stadig større isfrie område er det store endringar i utbreiinga av bestandar og i dynamikken i havøkosystema. Difor har både kompleksiteten i og arealet for ressurs- og miljøovervaking auka vesentleg dei siste åra. I Meld. St. 10 (2020–2021) Grønnere og smartere – morgendagens maritime næring og Meld. St. 13 (2020–2021) Klimaplan for 2021–2030 varsla regjeringa framtidige låg- og nullutsleppskriterium for fleire fartøysegment for å nå ambisjonen om å halvere utsleppa frå innanriks sjøfart og fiske innan 2030.
18.7.5 Helse
Folkehelselova pålegg kommunar og fylkeskommunar å ha nødvendig oversikt over helsetilstanden i befolkninga og dei faktorane som kan verke inn på denne, irekna forhold relaterte til klimaendringar, som auka ulykkes‐ og sjukdomsrisiko knytt til mellom anna ekstreme temperaturendringar, flaum‐ og skredfare, dårleg vedlikehalde leidningsnett for vassforsyning, mogleg auke av vektorborne smitteberarar, nye sjukdommar og utvida pollensesong. Temperaturauken som følgje av klimaendringar er venta å gje behov for temperaturregulerande tiltak i sjukehus og andre helseinstitusjonar. Lokalt må ein også ha beredskap med tanke på moglege posttraumatiske lidingar, depresjon og angstlidingar i etterkant av ekstremvêr og naturkatastrofar.
Helsedirektoratet skal bidra til at ulike sektorar og forvaltningsnivå har nødvendig kunnskap for å ta i vare ansvaret sitt for å førebyggje sjukdom og fremje helse. Dette inneber å vere pådrivar for kunnskapsbasert arbeid og ha ansvar for å følgje med på utvikling som påverkar helsa til befolkninga og helsetenesta i Noreg.25 Helsedirektoratet følgjer med på kunnskapsutviklinga internasjonalt om effektar klimaendringane har på folkehelse og helsesystem som igjen kan ha betydning for utforminga av kunnskapsbasert politikk i Noreg, mellom anna i samarbeid med Folkehelseinstituttet (FHI).
FHI deltek i EURO Climate, leidd av WHO, som har årlege møte om helse og klima. FHI deltek også i EU-prosjekt som ser på korleis klimaparametrar og forureining kvar for seg og saman påverkar helsa til folk i Noreg. Desse prosjekta utviklar nye metodar for å forstå klimarelaterte sjukdomsbyrder og modellere framtidige helse- og økonomiske konsekvensar. Vidare er FHI med i eit forskingsprosjekt finansiert av Belmont Forum som undersøkjer adaptasjonsmekanismar innan klima, miljø og helse i lokalsamfunnsgrupper i Alaska og Vest-India (CCCEHN: Community Collective Action to respond to Climate Change influencing the Environment-Health Nexus). FHI deltek i Arctic Monitoring and Assessment Program (AMAP), International Nitrogen Assessment (INMS) og andre internasjonale ekspertgrupper som jobbar med klimarelaterte helseeffektar. Instituttet er vidare oppteke av førekomsten og utbreiinga av zoonosar og eventuelle endringar som følgje av miljø- og klimaendringar som skjer no, som på sikt kan innebere human eksponering for «nye» zoonosar og/eller endring i eksisterande human eksponering for desse sjukdommane. FHI deltek også i eit EU-prosjekt der instituttet mellom anna er med på forsking på zoonosar, utvikling av nye metodar og verktøy for infeksjonsovervaking, slik at matborne sjukdomsutbrot kan oppdagast tidlegare.
18.7.6 Utanriks- og tryggingspolitikk
I Meld. St. 36 (2016–2017) Veivalg i norsk utenriks- og sikkerhetspolitikk er det påpeikt at klimaendringar er ein aukande del av risikobiletet i mange land. Klimaendringar kan påverke underliggjande årsaker til konfliktar, bidra til å forsterke konfliktar som er i gang, og kan bli ein trussel mot eksistensen til enkelte land. Det er viktig å utvikle ei systematisk tilnærming til å forstå, oppdage og handtere auka risiko for ustabilitet, utryggleik og konflikt som følgje av klimaendringar og korleis dette kan svekkje evna til å førebyggje, handtere og løyse konfliktar. Klima og tryggleik er eitt av fire prioriterte tema for den norske medlemskapen i FNs tryggingsråd 2021–22. Ei sentral målsetjing er å styrkje evna rådet har til å førebyggje, handtere og løyse klimarelaterte truslar mot internasjonal fred og tryggleik. For å bidra til nødvendige analyser om samanhengane mellom klima og tryggleik som kan brukast av alle medlemsland og sivilt samfunn, er det innleidd samarbeid med mellom anna Norsk Utanrikspolitisk Institutt (NUPI) og Stockholm International Peace Research Institute (SIPRI).
Klimaendringane skjer spesielt raskt i Arktis. Arbeidsgruppene i Arktisk råd legg jamleg fram rapportar om klimaendringane og miljøtilstanden i Arktis. Rapportane er viktige bidrag til kunnskapsgrunnlaget som ligg til grunn for klimatilpassing, og for IPCCs arbeid med spesialrapportar og hovudrapportar. Arktisk råd har styrkt samarbeidet sitt innan klima og meteorologi for å gje betre kunnskapsgrunnlag for tilpassing og risikohandtering i nord. Det er også retta meir merksemd mot kunnskapsinnhenting og forsking på klimaendringane i Antarktis. Det internasjonale forskingssamarbeidet innanfor Antarktistraktatsystemet gjev viktige bidrag til IPCC og sikrar at ein har kunnskapsgrunnlag for begge polområda.
For samarbeid med utviklingsland har regjeringa vedteke ein ny strategi for å bidra til klimarobuste samfunn: «Klima, sult og sårbarhet, Strategi for klimatilpasning, forebygging av klimarelaterte katastrofer og sultbekjempelse».
Fotnotar
Dei førebelse utsleppstala for 2020 deler ikkje transportutsleppa inn i underkategoriar.
Flyktige organiske sambindingar unnateke metan blir forkorta til nmVOC (non-methane volatile organic compounds).
For fleire av desse kjeldene blir det ikkje lagt fram førebelse utsleppstal, utsleppstal for 2020 vil difor ikkje vere tilgjengelege før SSB legg fram endelege utsleppstal i november 2021.
Dette er utslepp frå transport, jordbruk, bygg og avfall, men også energiproduksjon, luftfart, industri og petroleumsverksemda har utslepp som ikkje er kvotepliktige.
For å rekne om dei ulike klimagassar til CO2-ekvivalentar, blir det brukt ei måleeining som heiter globalt oppvarmingspotensial. Det formelle utsleppsbudsjettet som vart fastsett av EFTAs overvakingsorgan (ESA) i juli 2021, er basert på vektingsfaktorar frå FN klimapanels femte hovudrapport (AR5). I klimameldinga (Meld. St. 13) og i klimalovrapporteringa for året blir framleis vektingsfaktorar henta frå FN klimapanels fjerde hovudrapport (AR4). Frå og med 2022 vil dei nye vektingsfaktorane bli brukte. For meir informasjon, sjå boks 13.1 i kapittel 13.2.2.
Nasjonal transportplan 2018–2029, kap. 11 Klima og miljø
Strategi: Regjeringa sin Strategi for norsk deltakelse i Horisont Europa og Det europeiske forskningsområdet. Juni 2021.
Panorama (regjeringen.no)
Sjå meir informasjon her: Ny lov om bærekraftig finans – regjeringen.no. Sjå nærmare omtale av regjeringa sitt arbeid med berekraftig finans i Meld. St. 31 (2020–2021) Finansmarkedsmeldingen 2021.
«Regjeringen er opptatt av at «Fornybar AS» [nå Nysnø Klimainvesteringer AS] skal være et virkemiddel som bidrar til reduserte klimagassutslipp og at selskapet ikke skal fortrenge privat kapital. Da er det nødvendig at selskapet gis anledning til å ta risiko og på den måten utløse investeringer som ellers ikke ville blitt gjennomført. Regjeringen vil ta høyde for at selskapet kan ta slik risiko gjennom at 35 pst. av kapitalen som skal tilføres selskapet bevilges som risikokapital og ikke føres i statens kapitalregnskap.»
https://www.ipcc.ch/
https://www.miljostatus.no/
https://soknadssenter.miljodirektoratet.no/Soknader/Info.aspx?id=32&Menyvalg=SOKNADSSENTER /
https://www.miljodirektoratet.no/myndigheter/klimaarbeid/klimatilpasning/veiledning-til-statlige-planretningslinjer-for-klimatilpasning/
https://www.miljodirektoratet.no/publikasjoner/2021/mars-2021/klimarisiko-i-kommunene/
https://www.regjeringen.no/no/dokumenter/nou-2018-17/id2622043/?ch=1
https://www.miljodirektoratet.no/publikasjoner/2021/januar-2021/losningen-er-naturbasert/
https://www.miljodirektoratet.no/aktuelt/arrangementer/webinar
Avinor, Bane NOR, Direktoratet for byggkvalitet, Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap, Fiskeridirektoratet, Helsedirektoratet, Jernbanedirektoratet, Kartverket, Kystverket, Landbruksdirektoratet, Luftfartstilsynet, Mattilsynet, Miljødirektoratet, Norges vassdrags- og energidirektorat, Riksantikvaren og Statens vegvesen
https://publikasjoner.nve.no/rapport/2021/rapport2021_11.pdf
https://www.kartverket.no/sehavniva/
https://www.kartverket.no/til-sjos/se-havniva/kart
https://www.geonorge.no/
https://www.miljodirektoratet.no/globalassets/publikasjoner/M1018/M1018.pdf
Tildelingsbrevet til Helsedirektoratet 2021