Del 1
Innleiing
1 Oversikt
1.1 Område
I denne proposisjonen kjem departementet med framlegg om utgifter og inntekter under programområde 00 Konstitusjonelle institusjonar, programområde 23 Finansadministrasjon, medrekna skatte- og avgiftsadministrasjonen, og programområde 24 Statleg gjeld og krav, renter og avdrag m.m. Ansvaret for løyvingane, medrekna rekneskapsavlegging, under programkategoriane 00.30 Regjeringa og 00.40 Stortinget og tilknytte organ ligg til høvesvis Statsministerens kontor og Stortingets eigne institusjonar. Av praktiske grunnar vert desse programkategoriane førte opp i Finansdepartementets proposisjon, og beløpa er tekne med i oversikt over løyvingar på Finansdepartementets område. Framlegg under programkategori 00.40 er i samsvar med framlegget frå stortingsadministrasjonen.
1.2 Hovudoppgåver og organisering
Finansdepartementet med underliggjande etatar har ansvar for m.a. å
medverke til eit høveleg grunnlag for vedtak i den økonomiske politikken og i budsjettarbeidet
sikre finansieringa av den offentlege verksemda gjennom skattar og avgifter
samordne arbeidet med statsbudsjettet og økonomistyringa i staten
forvalte statleg formue og gjeld
medverke til eit offisielt statistikk- og datagrunnlag til bruk i offentleg og privat verksemd
medverke til velfungerande finansmarknader
Politikken på dei ovannemnde områda er omtalt i Meld. St. 1 (2022–2023) Nasjonalbudsjettet 2023, Prop. 1 S (2022–2023) Statsbudsjettet for budsjettåret 2023 og Prop. 1 LS (2022–2023) Skatter, avgifter og toll 2023. Proposisjonen her omfattar i fyrste rekkje forvaltninga og administrasjonen på desse områda.
Nedanfor er ei oversikt over verksemder på Finansdepartementets område.
1.3 Oversikt over budsjettframlegget for Finansdepartementet
Programområde under departementet
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Nemning | Rekneskap 2021 | Saldert budsjett 2022 | Forslag 2023 | Endring i pst. |
Programområde 00 Konstitusjonelle institusjonar | 2 406 099 | 2 568 025 | 2 654 550 | 3,4 |
Programområde 23 Finansadministrasjon | 51 147 378 | 53 312 764 | 55 202 586 | 3,5 |
Programområde 24 Statleg gjeld og krav, renter og avdrag m.m. | 83 765 398 | 10 250 600 | 89 986 700 | 777,9 |
Sum utgifter | 137 318 875 | 66 131 389 | 147 843 836 | 123,6 |
Programområde 00 Konstitusjonelle institusjonar | 41 665 | 31 000 | 31 600 | 1,9 |
Programområde 23 Finansadministrasjon | 4 221 280 | 3 568 254 | 3 820 176 | 7,1 |
Programområde 24 Statleg gjeld og krav, renter og avdrag m.m. | 22 400 097 | 11 641 350 | 23 184 400 | 99,2 |
Sum inntekter | 26 663 042 | 15 240 604 | 27 036 176 | 77,4 |
Programområde 00 Konstitusjonelle institusjonar
Programområde 00 Konstitusjonelle institusjonar omfattar regjeringa og Stortinget med underliggjande institusjonar. Framlegg til løyving for 2023 under dette programområdet utgjer 2 654,6 mill. kroner som reelt er om lag det same som i saldert budsjett 2022. Under programkategori 00.30 Regjeringa, er det ein auke med vel 2,1 mill. kroner. Utgiftene til løn m.m. auker her med om lag 12 mill. kroner, medan arbeidet til koronakommisjonen med ei 2022-løyving på 5 mill. kroner er avslutta. Budsjettansvar for ein del sikkerheitstiltak vert overført til Politiet, og dette òg utgjer 5 mill. kroner.
Under programkategori 00.40 Stortinget og tilknytte organ, gjer ein framlegg om å auke løyvingane med nærmare 84,4 mill. kroner eller 3,9 pst. Endringane gjeld stort sett løns- og prisjusteringar. Framlegget under denne programkategorien er utarbeidd og fremja av stortingsadministrasjonen.
Programområde 23 Finansadministrasjon
Programområde 23 Finansadministrasjon omfattar skatte- og avgiftsadministrasjon, offisiell statistikk, finansadministrasjon og nokre andre føremål. Det samla framlegget til løyving for 2023 under dette programområdet utgjer nærmare 55 202,6 mill. kroner. Det er ein auke med vel 1 889,8 mill. kroner eller 3,5 pst. frå saldert budsjett 2022. Det meste av auken – 1 520,0 mill. kroner – gjeld kompensasjon for meirverdiavgift til kommunar m.fl.
Programområde 24 Statleg gjeld og krav, renter og avdrag m.m.
Programområdet omfattar utgifter til renter og avdrag på den innanlandske statsgjelda og på statskassa sine krav. Departementet sine renter og avdrag på statsgjeld er budsjetterte til 89 986,7 mill. kroner. Hovudgrunnen til auken her med 79 781,1 mill. kroner frå saldert budsjett 2022 er forfall av eit obligasjonslån som per 31. august 2022 stod til rest med 78 457 mill. kroner etter nedbetalingar i juni og august. Det er òg rekna med 1 279,1 mill. kroner høgare utgifter til renter m.m. enn i saldert budsjett 2022.
Inntekter
Samla inntekter, utanom skattar og avgifter, utgjer 26 527,9 mill. kroner. Av det er 17 183,7 mill. kroner utbyte og renteinntekter, m.a. 8 600,0 mill. kroner i overføring frå overføringsfondet i Noregs Bank og 5 879,3 i renter frå statskassas foliokonto i Noregs Bank. Statens renteinntekter av foliokontoen og andre krav i 2023 er omtalte i kap. 5605 Renter av kontantar i statskassa og andre fordringar. Det er gjort greie for skattar og avgifter i ein særskild proposisjon – Prop. 1 LS (2022–2023) Skatter, avgifter og toll 2023.
Utgifter fordelte på postgrupper
(i 1 000 kr) | |||||
---|---|---|---|---|---|
Post-gr. | Nemning | Rekneskap 2021 | Saldert budsjett 2022 | Forslag 2023 | Endring i pst. |
01–29 | Statens egne driftsutgifter | 22 817 515 | 23 893 956 | 24 354 636 | 1,9 |
30–49 | Nybygg, anlegg o.a. | 393 104 | 513 900 | 493 700 | -3,9 |
50–89 | Overføringar til andre | 40 103 256 | 41 723 533 | 44 538 500 | 6,7 |
90–99 | Utlån, statsgjeld o.a. | 74 005 000 | 78 457 000 | – | |
Sum under departementet | 137 318 875 | 66 131 389 | 147 843 836 | 123,6 |
2 Nokre viktige oppgåver i 2023
Nedanfor er det gjort greie for nokre av dei viktige oppgåvene Finansdepartementet skal utføre i 2023, i tillegg til å samordne den økonomiske politikken.
2.1 Statens pensjonsfond
Stortinget har i lov 21. desember 2005 nr. 123 om Statens pensjonsfond gjeve Finansdepartementet ansvaret for forvaltinga av fondet. Den operasjonelle forvaltinga av Statens pensjonsfond utland (SPU) og Statens pensjonsfond Noreg (SPN) er det høvesvis Noregs Bank og Folketrygdfondet som tek hand om, jf. § 2 i lova. Departementet har fastsett føresegner for forvaltinga i særskilde mandat for Noregs Bank og Folketrygdfondet. Her er det gjort greie for referanseindeksar og rammer for forvaltinga, og ein finn føresegner om risikostyring, rapportering og ansvarleg investeringspraksis. Mandata er i hovudsak prinsippbaserte, og dei føreset at Noregs Bank og Folketrygdfondet fastset meir detaljerte interne reglar.
Den samla marknadsverdien av Statens pensjonsfond var 11 972 mrd. kroner ved inngangen til andre halvår 2022. Av dette var 11 657 mrd. kroner i SPU og 315 mrd. kroner i SPN. Langsiktig og god forvalting av denne fellesformuen er ei viktig oppgåve.
Målet med investeringane i Statens pensjonsfond er høgast mogleg avkasting innafor akseptabel risiko. Fondet skal vere ein ansvarleg investor innafor den overordna finansielle målsettinga.
Finansdepartementet fastset investeringsstrategien for fondet og følgjer opp forvaltinga.
Arbeidet med Statens pensjonsfond er nærare omtalt i Meld. St. 9 (2021–2022) Statens pensjonsfond 2022 og i Meld. St. 1 (2022–2023) Nasjonalbudsjettet 2023.
2.2 Regelverksarbeid på finansmarknadsområdet
På finansmarknadsområdet har det gjennom mange år vore arbeidd mykje med å utvikle og tilpasse rammevilkåra for finansnæringa gjennom føremålstenlege lover og forskrifter. Regelverket skal medverke til at finansmarknadene og finansføretaka er effektive. Samstundes skal regelverket fremje tryggleik, soliditet og stabilitet i finansmarknaden. Det er lagt stor vekt på at den samla reguleringa skjer på ein konsistent måte for ulike typar finansføretak, med lik regulering av lik type risiko, uavhengig av kva slag finansføretak som tek risikoen. Interessene til kundane skal òg takast vare på. Regelverksarbeidet speglar i stor mon arbeidet med nye reglar i EU/EØS, i tillegg til enkelte nasjonalt initierte prosessar. Rapporteringa av gjennomførte regelverksoppgåver og gjennomgang av prioriterte regelverksoppgåver er omtalt i del II av proposisjonen under kap. 1600 Finansdepartementet.
Arbeidet med finansiell stabilitet er delt mellom Finansdepartementet, Finanstilsynet og Noregs Bank. Ein omtale av dette arbeidet og stoda i dei internasjonale finansmarknadene er gjeven i Meld. St. 1 (2022–2023) Nasjonalbudsjettet 2023 og i den årlege finansmarknadsmeldinga som har meir utførleg omtale av utviklinga i finansmarknadene, utsiktene for finansiell stabilitet og finansmarknadsreguleringa. Meld. St. 12 (2021–2022) Finansmarkedsmeldingen 2022 vart lagd fram i april 2022 og drøfta då Stortinget behandla Innst. 445 S (2021–2022).
2.3 Forenklings- og fornyingsarbeid
Skatte- og avgiftsområdet
Skatteetaten består no av eit direktorat og seks divisjonar med landsdekkjande ansvar for kvar sine fagområde. Etaten har 57 skattekontor fordelt rundt i landet.
Skatteetaten moderniserer systemporteføljen sin. Moderniseringa effektiviserer etatens interne prosessar, men gjev òg enklare tenester for innbyggjarane og forenkling for næringslivet. Ny skattemelding for lønstakarar og pensjonistar vart ferdig utvikla i 2022 inkludert løysing for papirbrukarar. Det er ein del av Sirius-prosjektet. For inntektsåret 2020 dekte løysinga 4,2 mill. skattepliktige. Førebelse røynsler og vurderingar er at den nye skattemeldinga gjev forventa gevinstar, mellom anna betre støtte til dei skattepliktige si eigenfastsetjing, meir korrekte eigenfastsette skattemeldingar og redusert manuelt saksbehandlingsbehov. I 2021 lanserte prosjektet òg ein pilot for enkeltpersonføretak. Denne vart nytta av 4 500 enkeltpersonføretak for inntektsåret 2020, og som rapporterte frå eit sluttbrukarsystem, fordelt på seks ulike leverandørar. I tillegg vart det utvikla ein pilot for upersonlege skattepliktige (selskap) og som vart lansert i mars 2022. I 2023 skal prosjektet levere skattemelding for inntektsår 2022 for alle lønstakarar, pensjonistar og enkeltpersonføretak. For upersonleg skattepliktige (selskap) skal det leverast ei storskalaløysing, inkludert førehandsfastsetjing for inntektsår 2023. Når dette er lansert i mars 2023, skal prosjektet utvikle ei løysing for alle skattepliktige for inntektsår 2023, og som vil verte lansert i mars 2024. Dei gamle løysingane vil berre verte haldne opne for endringar for tidlegare år.
Etaten utviklar òg eit nytt IT-system for meirverdiavgift. Ei ny løysing for meirverdiavgiftregistrering vart lansert i 2020, med tilhøyrande ny saksbehandlarløysing. Den nye løysinga har gradvis vorte innført frå september 2020 til juni 2021. I tillegg har etaten arbeidd med ny mva-melding som vart innført frå 2022. Innrapportering vil anten skje direkte frå sluttbrukarsystem eller via portalen «Mi meirverdiavgift». Målet er at flest mogleg skal levere via sluttbrukarsystemet. I 2023 skal prosjektet fullføre moderniseringa av mva.-fastsetjing og overlevere løysinga til vidare utvikling og forvaltning. Skatteetaten vil då ha eit moderne IT-system som kan ta imot mva-meldingar rett frå rekneskapssystem, og som legg til rette for maskinell og risikobasert saksbehandling og ein digital dialog med brukarane. Prosjektet vil òg i 2023 leggje til rette for at det gamle systemet med tida kan fasast ut.
I 2022 starta programmet Fremtidens innkreving, som er planlagt ferdig i 2028. Skatteetaten skal, i samarbeid med Nav, Brønnøysundregistera, politiet, Lånekassa og fleire andre etatar, modernisere statleg innkrevjing ved å harmonisere og koordinere tenester, lovverk, prosessar, IT-system og brukarflater. Innkrevjing av skattar, avgifter og andre pengekrav skal effektiviserast gjennom datadeling og moderniserte og integrerte løysingar med brukar i sentrum. Programmet er planlagt gjennomført i tre steg. Fyrste steg (2022–2024) er særleg innrette mot forbetringar for næringslivet. Fyrste halvår 2022 var prega av oppstartsaktivitetar, og i andre halvår skal dei fyrste, mindre leveransane ligge føre. For 2023 er det venta auka progresjon. Året vil i tillegg verte prega av to større anskaffingar; ny økonomikjerne (ERP) og saksbehandlingsløysing (CRM).
Finansdepartementet og Skatteetaten samarbeider om eit framlegg til ny lov om innkrevjing av statlege krav m.m. Målet er å få ei samordna, systematisk og moderne lov, som gjev eit oversiktleg og brukarvenleg regelverk. Ved utforminga av lova vil det òg verte lagt stor vekt på at lova er godt tilpassa ei digital forvaltning. Ei ny innkrevjingslov er ein naudsynt føresetnad for å realisere delar av gevinstane av programmet Fremtidens innkreving, jf. omtala ovanfor. Ein tek sikte på å sende eit framlegg til ny lov på høyring våren 2023.
Skatteetaten har omfattande digitale prosessar og ein stor og kompleks IT-systemportefølje. Velfungerande og sikre IT-system i etaten er avgjerande for verksemda. Etaten vil difor òg i 2023 styrkje arbeidet med informasjonstryggleiken i eiga system for å oppretthalde stabile og tilstrekkeleg sikre system.
Tiltaka er omtalte under kap. 1618 Skatteetaten òg.
Tolletaten
Tolletaten arbeider med eit nytt hovudlaup for innførsel av varer til Noreg (digital tollbehandling – «Digitoll»). I det nye hovudlaupet skal informasjon om varer og transport sendast til Tolletaten digitalt seinast ved grensepassering. Føremålet er mellom anna å effektivisere oppgåveløysinga for både næringslivet og Tolletaten. For aktørar som fortollar på grensa, betyr dette at ein, i normalsituasjonen, slepp å stanse for å få behandla papira sine i ekspedisjonen. Prøveprosjektet med digital informasjonsinnhenting og automatisert grensepassering (ekspressfortolling) ved tollstadene Ørje og Svinesund har vorte evaluert. Løysinga er god, men kan betrast slik at næringslivet i større grad tek ho i bruk. Etaten arbeider med å forbetre løysinga. Tolletaten vil i 2023 samarbeide med næringslivet for at digital tollbehandling skal kunne takast i bruk i stor skala.
Svalbard vart etablert som eige tollområde i mai 2022. Dagens ordning for kontroll vart etablert på svært kort tid og er basert på ei minimumsløysing. Ei viktig oppgåve for etaten vert å gradvis utvikle kontrollen med vareførselen. Etaten må mellom anna vurdere behov for regelverksutvikling, samt etablere naudsynt systemstøtte til kontroll.
Tiltaka er òg omtalte under kap. 1610 Tolletaten.
Direktoratet for forvaltning og økonomistyring
Direktoratet for forvaltning og økonomistyring (DFØ) legg til rette for effektiv ressursbruk i staten gjennom å levere standardiserte og effektive tenester til statlege verksemder. Gjentekne, regelbaserte oppgåver med store volum gjer slike tenester godt eigna for digitalisering og automatisering, og DFØ har arbeidd målretta med dette i fleire år. Den stendige utviklinga av tenestene bidreg både til effektivisering av arbeidet og auka kvalitet på prosessane.
Direktoratet bidreg òg til at staten får lågare investerings- og driftskostnader ved å kjøpe løysingar som mange kundar kan nytte. Fleire store og komplekse verksemder skal verte kundar av DFØ. Universiteta i Bergen, Oslo og Tromsø vart kundar av DFØ i 2021 og 2022, medan Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet (NTNU) vert etter planen løns- og rekneskapskunde av DFØ frå 2023. Dei store verksemdene er sterkt delaktige i utviklinga av nye løysingar som òg resten av staten kan nytte.
Regjeringa arbeider òg med å utvikle DFØ til eit kompetansesenter for offentleg ressursbruk for å styrkje merksemda og kompetansen på effektiv ressursbruk i forvaltninga. DFØ leverer fleire tenester knytt til organisering, leiing, styring og gode avgjerdsgrunnlag i staten.
Finansområdet
I 2021 vart det sett ned eit utval som går gjennom verksemda til Finanstilsynet og skal utarbeide utkast til ein ny finanstilsynslov, som betre reflekterer utviklinga i regelverk og i tilsynsomfang og -metodikk.
Elles ventar tilsynet ytterlegare oppgåveauke. Særleg gjer omfattande regelverksutvikling i EU at tilsynet må bruke betydelege ressursar på å utvikle tilsvarande norsk regelverk. For å gjere Finanstilsynet betre i stand til å møte desse krava er det innarbeid ei styrking av budsjettet. Vidare auke i Finanstilsynets oppgåver skjerpar likevel òg kravet til effektiv utnytting av tilsynet sine ressursar og til prioritering av innsatsen på dei ulike tilsynsområda. Redusert saksbehandlingstid gjennom systematisk forbetring av interne arbeidsprosessar, samstundes som eksterne og interne kvalitetskrav skal møtast, er sentralt.
Frå og med 2022 har Finanstilsynet trappa opp digitaliseringsarbeidet i eit eige digitaliseringsprosjekt. Satsinga som er føresett å vare i fem år, vert retta inn mot automatisering av forvaltningsoppgåver, digitalisering av tilsynsprosessar, meir effektiv rapportering og datafangst, betre analyseløysingar og auka deling av data. Tilsynet vil mellom anna ta i bruk kunstig intelligens på innsamla data for å avdekkje mønster og ulovleg aktivitet i verdipapirmarknaden. Det vil òg auke den maskinelle behandlinga og kontrollen med dokument og lydfiler. Prosjektet kjem i tillegg til anna laupande digitaliseringsarbeid i verksemda, og tilsynet er dessutan i ferd med å revidere sin digitaliseringsstrategi.
Modernisering av statistikkproduksjonen
Det er vedteke eit nasjonalt program for offisiell statistikk for 2021 til 2023. Fyrste program gjeld ein kort periode, og SSB må i 2022 starte arbeidet med å utarbeide framlegg til program som skal dekkje behovet for statistikk i neste periode. SSB må i 2023 rekne med å bidra i regjeringa sitt arbeid med handsaming og vedtak av nytt program som skal gjelde frå 2024. Framlegget skal fremjast etter samråd med Utvalet for offisiell statistikk, og utvalet bør òg involverast i oppfølginga av regjeringas handsaming i 2023.
SSB skal utvikle og fremje tiltak for kvalitetssikring og kompetansebygging innan det norske statistikksystemet i samråd med Utvalet for offisiell statistikk. Eit system for kvalitetssikring er etablert, og årlege rapportar om kvaliteten i den norske offisielle statistikken skal publiserast. Desse rapportane gir grunnlag for å vurdere tiltak for betre kvalitet i offisiell statistikk og endringar i systemet for kvalitetssikring.
Teknologiske endringar gjev tilgang på meir data og nye datakjelder. Det skapar nye høve til statistikkutvikling, men fører òg til auka etterspurnad etter statistikk og analysar frå SSB. SSB må bruke stordata og nye metodar for å utvikle ny statistikk og nytte ressursane sine betre. Det er naudsynt å effektivisere og fornye, og ikkje minst å frigjere ressursar som kan gje rom for utvikling. SSB må heile tida utvikle statistikkproduksjonen for å møte auka krav frå brukarane, samstundes som verksemda skal effektiviserast. I det daglege arbeidet er det naudsynt at verksemda veg effektivitet opp mot andre kvalitetsindikatorar.
SSB held fram arbeidet med å etablere ei moderne IT-plattform. Utviklingsarbeidet inneber mellom anna nye løysingar for datalagring og datafangst og prosessforbetringar i dei statistikkproduserande avdelingane. Rutineprosessar som i dag krev mykje arbeidsinnsats, kan i større grad standardiserast og automatiserast, og slik skape rom for å nytte fleire nye datakjelder og lage meir statistikk, analyse og formidling som er godt tilpassa ulike brukaromsyn. I tillegg til at forenkla produksjonsprosessar kan gje rom for vidare kontinuerleg utvikling, vil auka bruk av nye datakjelder òg medverke til å redusere oppgåvebøra for oppgåvegjevarar.
Transaksjonsdata, kvitteringsdata frå daglegvarekjedene og andre stordata kan gjere at arbeidet med statistikk vert meir effektivt, at oppgåvebøra vert mindre tung og at statistikken vert meir rettvisande eller kan dekkje nye område. SSB har allereie stødd seg på aggregerte transaksjonsdata for å betre kvaliteten på førebels nasjonalrekneskap i 2020, og arbeider no med å kunne nytte same data for å lage betre indeksar for omsetjing i detaljhandelen og nokre av tenestenæringane. Bruken av desse data kan òg lette oppgåvebøra for næringslivet og gje moglegheit for auka aktualitet.
I 2022 gjennomfører SSB ei ny forbruksundersøking og utforskar å nytte meir detaljerte transaksjonsdata. Erfaringane så langt er at transaksjonsdata og kvitteringsdata er gode kjelder til å betre kvaliteten på undersøkinga. Kanskje kan dei òg minske oppgåvebøra for privatpersonar og gje grunnlag for hyppigare statistikk om forbruket i dei norske hushalda.
Budsjettgevinstar frå endra jobbreisevanar
Pandemien har ført til endra jobbreisevanar. Redusert reiseaktivitet vil både redusere reiseutgifter i verksemdene og spare reisetid for dei tilsette. Sjølv om reiseaktiviteten er høgare no enn under pandemien, vil nivået på reiseaktiviteten truleg vere varig redusert. I Saldert budsjett 2022 vart det lagt til grunn eit gevinstuttak på om lag 7 pst. av reiseutgiftene før pandemien. Ved budsjettrevisjonen våren 2022 vart gevinstuttaket auka til om lag 14 pst. i andre halvår 2022. Regjeringa foreslår å auke gevinstuttaket i 2023 til om lag 20 pst. av reiseutgiftene før pandemien. Dette inneber eit auka gevinstuttak under Finansdepartementet, herunder òg programkategori 00.30 Regjeringa, på 28 mill. kroner samanlikna med Saldert budsjett 2022.
Namngjeving av mottakarar av tilskot
Direktoratet for forvaltning og økonomistyring (DFØ) har vurdert praksis for namngjeving i statsbudsjettet av mottakarar av tilskot. Slik namngjeving utgjer unntak frå føresegnene i økonomiregelverket. I somme tilfelle kan namngjeving vere føremålstenleg, til dømes der føremålet er viktig og det berre finst ein aktuell tilbydar. Namngjeving kan likevel òg gje mindre effektiv måloppnåing sidan mottakar vert skjerma frå konkurranse.
Tilskot vert som regel løyvd over postar i 70-serien i kontoplanen for statsbudsjettet. Finansdepartementet har i 2022 to slike postar – kap. 1600 Finansdepartementet, post 70 Forsking og allmennopplysning om finansmarknaden og kap. 1618 Skatteetaten, post 70 Tilskot.
Finansmarknadsfondet som vert administrert av Forskingsrådet, kunngjer utdeling av midlar frå kap. 1600, post 70. Fordeling skjer etter konkurranse mellom søkjarar.
Over Skatteetatens post 70 er det gjeve midlar til forsking og utdanning på skatte- og avgiftsområdet ved fleire universitet. Det er her funne betre i samsvar med kontoplanen å flytte midlane til ein ny post 50 med nemninga Skatte- og avgiftsforsking.
Kompensasjonsutrekningar i samband med innføring av ny premiemodell for statlege verksemder frå 2022
Statens pensjonskasse (SPK) innførte frå og med 2022 ein ny hendingsbasert og verksemdsspesifikk premiemodell for statlege verksemder. Det vart lagt opp til at omlegginga skulle vere om lag budsjettnøytral på innføringstidspunktet, ved at dei verksemdene dette gjeld, fekk ein reduksjon eller auke i løyvinga i tråd med endra premie, samanlikna med kva som ville følgt av gammalt premiesystem. Saka var omtalt i Prop. 1 S (2021–2022) Arbeids- og sosialdepartementet, s. 28–29.
Etter at ein gjennomførte utrekningane av kompensasjonen er det registrert forhold som gjer at verksemdene samla er noko overkompenserte. Dette kjem av at utrekningane i saldert budsjett 2022 av pensjonspremiar etter gammal premiemodell var baserte på estimert pensjonsgrunnlag per 1. januar 2022. Grunnlaget vart ved ein feil ikkje oppjustert med lønsveksten gjennom året. Det inneber at premieanslaga etter gammal modell skulle vore noko høgare, og at kompensasjonen skulle vore noko lågare. Under programkategori 00.30 Regjeringa utgjer dette vel 0,45 mill. kroner, under programkategori 00.40 Stortinget og tilknytte organ vel 1,85 mill. kroner og under programområde 23 Finansadministrasjon nærmare 16,5 mill. kroner. Desse beløpa er innarbeidd i budsjettframlegget.
3 Oppfølging av oppmodingsvedtak
Nedanfor er det gjeve ei oversikt over oppfølging av oppmodingsvedtak under Finansdepartementet. Oversikta omfattar alle vedtak frå stortingssesjonen 2021–2022 og alle vedtak frå tidlegare sesjonar der rapporteringa ikkje vart varsla avslutta i Prop. 1 S (2021–2022) eller som kontroll- og konstitusjonskomiteen i Innst. 144 S om Anmodnings- og utredningsvedtak i stortingssesjonen 2020–2021 meinte at ikkje var utkvitterte. I nokre tilfelle er det samstundes med rapporteringa her gjeve ei meir omfattande framstilling av oppfølginga i Prop. 1 LS (2022–2023) Skatter, avgifter og toll 2023 eller i Meld. St. 1 (2022–2023) Nasjonalbudsjettet 2023. I slike tilfelle er det vist til kor denne framstillinga finst i desse dokumenta.
Sjølv om det i tabellen nedanfor er oppgitt at rapporteringa vert avslutta, vil det stundom vere slik at oppfølging av alle sider av vedtaket ikkje er sluttført. Dette kan t.d. gjelde oppmoding om å vareta særlege omsyn i politikkutforminga på eit område, og der oppfølginga vil kunne gå over fleire år. I slike tilfelle vert Stortinget orientert om oppfølginga slik som elles gjennom omtale av det relevante politikkområdet i andre dokument til Stortinget.
Tabell 3.1 Oversikt over oppmodingsvedtak
Sesjon | Vedtak nr. | Stikkord | Rapportering vert avslutta (Ja/Nei) |
---|---|---|---|
2021–2022 | 35-9 | Fritak for vegbruksavgift for avansert biodrivstoff | Ja |
2021–2022 | 35-13 | Tiltak for auka elbildel i leasing- og varebilmarknaden | Ja |
2021–2022 | 35-17 | Utgreiing av ein klimaavtale med petroleumsbransjen | Ja |
2021–2022 | 35-30 | Differensiert elavgift | Ja |
2021–2022 | 35-31 | Evaluering av NOKUS-reglane | Nei |
2021–2022 | 35-32 | Rapportering på ulikskap | Ja |
2021–2022 | 35-33 | Rapportering på ulikskap i formuar | Ja |
2021–2022 | 35-34 | Verdsetjingsmetode for bustader | Nei |
2021–2022 | 35-36 | Utvida land-for-land-rapportering (LLR) etter rekneskapslova | Nei |
2021–2022 | 35-37 | Intensivere internasjonalt arbeid mot skattetilpassingar | Ja |
2021–2022 | 35-38 | Tiltak mot skattetilpassingar | Ja |
2021–2022 | 35-39 | Eigedomsskatt | Ja |
2021–2022 | 35-40 | Kompensasjonsordning for auka miljøavgifter | Ja |
2021–2022 | 36 | Straumprisar | Ja |
2021–2022 | 411 | Fritak for uttaksmeirverdiavgift ved utdeling til veldedig formål | Ja |
2021–2022 | 782 | Vurdere kven som bør vere ekskludert frå å sitje i Noregs Banks styrande organ | Nei |
2021–2022 | 829 | Innføre mva på prisar over 500 000 kroner for elbilar | Ja |
2020–2021 | 104 | Vurdere den kommunale handlefridomen i formuesskatten | Nei |
2020–2021 | 176 | Forslag til ei ordning med differensiert tvangsmulkt | Ja |
2020–2021 | 849 | Endring av meirverdiavgiftsreglane ved omtvista krav i entreprisar | Ja |
2020–2021 | 1174 | Utval om kontantane si rolle i samfunnet | Nei |
2020–2021 | 1176 | Samarbeidsløysingar for sparebankar | Ja |
2020–2021 | 1177 | Kapitalkrav for norske sparebankar | Ja |
2020–2021 | 1250 | Eigedomsskatt – utgreiing og vurdering av eit tak for bustader og fritidsbustader | Nei |
2019–2020 | 707 | Kulturmiljømeldinga – vedlikehald av privateide kulturminne og kulturmiljø | Nei |
2019–2020 | 784 | Reiarlagskatteordninga | Nei |
2018–2019 | 188 | Skattefrie satsar ved kostgodtgjering på reiser | Ja |
2016–2017 | 48 | Land-for-land rapportering | Nei |
2016–2017 | 1040 | Sikre behovet hos bustadkjøparar for meir tid i bustadhandelen | Nei |
3.1 Stortingssesjon 2021–2022
Fritak for vegbruksavgift for avansert biodrivstoff
Vedtak nr. 35-9, 2. desember 2021
«Stortinget ber regjeringen utarbeide forslag om fritak for veibruksavgift for drivstoffblandinger med 100 prosent avansert biodrivstoff og melde tilbake til Stortinget i forbindelse med revidert nasjonalbudsjett 2022.»
Vedtaket vart gjort ved behandlinga av nasjonalbudsjettet for 2022 og framlegg til statsbudsjett for 2022, jf. Innst. 2 S (2021–2022). Saka vart omtalt i Meld. St. 2 (2021–2022) Revidert nasjonalbudsjett 2022. Der viste regjeringa til at det verken vil vere formålstenleg eller praktisk mogleg å frita reint, avansert biodrivstoff dersom dagens omsetningskrav til biodrivstoff skal vidareførast. Det vart òg peikt på at eit slikt tiltak truleg er i strid med EØS-avtala. På denne bakgrunn meinte regjeringa at det ikkje bør fremjast framlegg om fritak for vegbruksavgift for reint, avansert biodrivstoff. Regjeringa skriv i omtalen at «Anmodningsvedtak nr. 35 punkt 9 (2021–2022) anses med dette som fulgt opp». I Innst. 450 S (2021–2022) tok finanskomiteen omtalen til orientering.
Tiltak for auka elbildel i leasing- og varebilmarknaden
Vedtak nr. 35-13, 2. desember 2021
«Stortinget ber regjeringen, i revidert nasjonalbudsjett 2022, foreslå tiltak for å øke elbilandelen i leasingmarkedet og innenfor varebilmarkedet, herunder konkrete forslag som vil ha umiddelbar effekt i 2022, for å hindre at disse markedene blir en barriere for å nå målet om at alle nye personbiler og lette varebiler i 2025 skal være nullutslippsbiler. Utredningen skal se på fjerning av skattefordeler til biler med utslipp i leasingmarkedet, støtteordninger til elvarebiler, og CO2-komponenten i engangsavgiften for nyttekjøretøyer med forbrenningsmotor, den skal videre se på om det kan gjøres grep i støtteordningene til elbil som kan gi næringsdrivende styrkede og mer like fordeler som privatpersoner.»
Vedtaket vart gjort ved behandlinga av nasjonalbudsjettet for 2022 og framlegg til statsbudsjett for 2022, jf. Innst. 2 S (2021–2022). I Meld. St. 2 (2021–2022) Revidert nasjonalbudsjett 2022 varsla regjeringa at den vil «utrede nøytral merverdiavgift for leasing mv., og et forslag til regelendringer vil bli sendt på høring. Siktemålet er å fjerne skattefordelen som det er vist til i anmodningsvedtaket.» Vidare viste regjeringa til at eingongsavgifta vart auka i statsbudsjettet og at ytterlegare innstrammingar i eingongsavgifta for varebilar kunne ha uheldige konsekvensar for transportnæringa. Regjeringa vurderte òg auka Enova-stønad til varebilane som lite aktuelt. Regjeringa skriv i omtalen i revidert nasjonalbudsjett at «Anmodningsvedtak nr. 35-13 (2021–2022) anses med dette som fulgt opp.» I Innst. 450 S (2021–2022) tok finanskomitéen omtalen til orientering. Saka er òg omtalt i Prop. 1 LS (2022–2023), kapittel 16.
Utgreiing av ein klimaavtale med petroleumsbransjen
Vedtak nr. 35-17, 2. desember 2021
«Stortinget ber regjeringen utrede en klimaavtale med petroleumsbransjen for å redusere klimagassutslippene fra norsk olje- og gassproduksjon, herunder egnede virkemidler for å framskynde omstillingen på norsk sokkel. Denne avtalen skal sørge for at CO2-utslippene fra oljeproduksjonen på sokkelen ikke skal overskride et fastsatt utslippstak.»
Vedtaket vart gjort ved behandlinga av Meld. St. 1 (2021–2022) Nasjonalbudsjettet 2022, jf. Innst. 2 S (2021–2022). Departementet legg til grunn at oppmodingsvedtaket er følgt opp gjennom vurderinga i Prop. 1 LS (2022–2023), kapittel 17.
Differensiert elavgift
Vedtak nr. 35-30, 2. desember 2021
«Stortinget ber regjeringen utrede et bunnfradrag i elavgiften slik at det er mulig å skjerme de som har et lavt forbruk fra høye strømpriser.»
Vedtaket vart gjort ved behandlinga av Prop. 1 LS (2021–2022), jf. Innst. 2 S (2021–2022). I Prop. 1 LS (2022–2023), kapittel 8, har regjeringa greidd ut eit botnfrådrag i elavgifta. Eit botnfrådrag er ikkje eigna til å skjerme dei som har eit lågt elektrisitetsforbruk frå høge straumprisar. Regjeringa vil difor ikkje arbeide vidare med ei differensiert elavgift. Departementet ser det slik at oppmodingsvedtaket er følgt opp gjennom dette.
Evaluering av NOKUS-reglane
Vedtak nr. 35-31, 2. desember 2021
«Stortinget ber regjeringen om i løpet av 2022 å gjennomføre en grundig evaluering av dagens skatteordning for NOKUS-selskap, herunder også vurdere hvordan denne ordningen samvirker med kildeskatt.»
Vedtaket vart gjort ved behandlinga av Prop. 1 LS (2021–2022), jf. Innst. 2 S (2021–2022). Det vil ikkje vere hensiktsmessig å gjennomføre ei grundig evaluering av NOKUS-reglane i 2022. Årsaka til det er at ein bør avvente den internasjonale utviklinga på området og særleg innføringa av ei to-pilarløysing for skattleggjing av store multinasjonale konsern i Noreg. Regjeringa følgjer difor i fyrste omgang opp oppmodingsvedtaket ved i Prop. 1 LS (2022–2023), kapittel 18, å gje ein kort omtale av forholdet mellom NOKUS-reglane og reglane om kjeldeskatt på renter og royalty, og vidare varsle at Finansdepartementet vil kome nærare tilbake til ei vurdering av NOKUS-reglane når to-pilarløysinga for skattleggjing av store multinasjonale konsern er innført i norsk rett.
Rapportering på ulikskap
Vedtak nr. 35-32, 2. desember 2021
«Stortinget ber regjeringen fra og med statsbudsjettet 2023 rapportere om fordeling og ulikhet på grunnlag av flere parametere enn i dag. Eierinntekter skal inngå i rapporteringen så snart det er praktisk mulig. Rapporteringen skal bidra til å nå målet om å redusere økonomisk ulikhet.»
Vedtaket vart gjort ved behandlinga av nasjonalbudsjettet for 2022 og framlegg til statsbudsjett for 2022, jf. Innst. 2 S (2021–2022).
Vedtaket er følgt opp i Meld. St. 1 (2022–2023) Nasjonalbudsjettet 2023, kapittel 6.
Rapportering på ulikskap i formuar
Vedtak nr. 35-33, 2. desember 2021
«Stortinget ber regjeringen fra og med statsbudsjettet 2023 legge fram beregninger for formuesulikheten i Norge, hvor det også tilstrebes at formuesobjekter som i dag undervurderes i formuesstatistikken inngår med sin reelle markedsverdi.»
Vedtaket vart gjort ved behandlinga av nasjonalbudsjettet for 2022 og framlegg til statsbudsjett for 2022, jf. Innst. 2 S (2021–2022). Vedtaket er følgt opp i Meld. St. 1 (2022–2023) Nasjonalbudsjettet 2023, kapittel 6.
Verdsetjingsmetode for bustader
Vedtak nr. 35-34, 2. desember 2021
«Stortinget ber regjeringen endre metoden for verdsetting av dyre boliger slik at verdsettingen bedre samsvarer med eiendommenes reelle markedsverdi.»
Vedtaket vart gjort ved behandlinga av nasjonalbudsjettet for 2022 og framlegg til statsbudsjett for 2022, jf. Innst. 2 S (2021–2022). Departementet vil kome tilbake til Stortinget ved eit passande høve.
Utvida land-for-land-rapportering (LLR) etter rekneskapslova
Vedtak nr. 35-36, 2. desember 2021
«Stortinget ber regjeringen om at en forskrift om utvidet land-for-land-rapportering blir utformet slik at selskaper blir pliktige til å opplyse om regnskapsstørrelser for alle land, inkludert støtteland hvor skatt ikke betales.»
Vedtaket vart gjort ved behandlinga av nasjonalbudsjettet for 2022 og framlegg til statsbudsjett for 2022, jf. Innst. 2 S (2021–2022). I Prop. 1 S (2021–2022) opplyste Finansdepartementet, i samband med oppmodingsvedtak nr. 48 av 15. november 2016, at det på EU-nivå vart oppnådd semje om nye reglar på området som oppmodingsvedtaket gjeld, og at det tok sikte på å utarbeide og høyre framlegg til lovendringar, basert på forventa EØS-rettslege skyldnader, der òg oppmodingsvedtaket vil verte følgt opp. EU-reglane vart offentleggjorde i november 2021. Direktivet er per no ikkje innlemma i EØS-avtalen. Finansdepartementet tek sikte på å utarbeide og høyre framlegg til lovendringar, baserte på nye EU-reglar.
Intensivere internasjonalt arbeid mot skattetilpassingar
Vedtak nr. 35-37, 2. desember 2021
«Stortinget ber regjeringen intensivere arbeidet mot internasjonale skattetilpasninger og skatteflukt gjennom å aktivt arbeide for effektive multilaterale løsninger i internasjonale fora, og implementere nødvendige løsninger og tiltak i det norske skattesystemet.»
Vedtaket vart gjort ved behandlinga av Prop. 1 LS (2021–2022), jf. Innst. 2 S (2021–2022). Departementet legg til grunn at oppmodingsvedtaket er følgt opp gjennom omtala i Prop. 1 LS (2022–2023), kapittel 19.
Tiltak mot skattetilpassingar
Vedtak nr. 35-38, 2. desember 2021
«Stortinget ber regjeringen utrede muligheter for ytterligere tiltak mot skattetilpasning, utover OECDs/Inclusive Frameworks konsensusløsning om endringer i fordeling av beskatningsrett og minimumsskatt (to-pilarløsningen).»
Vedtaket vart gjort ved behandlinga av Prop. 1 LS (2021–2022), jf. Innst. 2 S (2021–2022). Departementet legg til grunn at oppmodingsvedtaket er følgt opp gjennom omtala i Prop. 1 LS (2022–2023), kapittel 19.
Eigedomsskatt
Vedtak nr. 35-39, 2. desember 2021
«Stortinget ber regjeringen, i samarbeid med kommunesektoren, utrede endringer i regelverket for eiendomsskatt slik at aktører med stor eiendomsmasse ikke kommer uforholdsmessig gunstig ut sammenlignet med vanlige boligeiere.»
Vedtaket vart gjort ved behandlinga av nasjonalbudsjettet for 2022 og framlegg til statsbudsjett for 2022, jf. Innst. 2 S (2021–2022). Departementet legg til grunn at oppmodingsvedtaket er følgt opp gjennom vurderinga i Prop. 1 LS (2022–2023), kapittel 20.
Kompensasjonsordning for auka miljøavgifter
Vedtak nr. 35-40, 2. desember 2021
«Stortinget ber regjeringen utrede en modell for omfordelende kompensasjon for økte miljøavgifter innen statsbudsjettet for 2023.»
Vedtaket vart gjort ved behandlinga av Prop. 1 LS Tillegg 1 (2021–2022) Endring av Prop. 1 LS (2021–2022) Skatter, avgifter og toll 2022. Departementet legg til grunn at oppmodingsvedtaket er følgt opp gjennom vurderinga i Prop. 1 LS (2022–2023), kapittel 21.
Straumprisar
Vedtak nr. 36, 2. desember 2022
«Stortinget ber regjeringen raskt komme tilbake til Stortinget med mulige tiltak som kan redusere den økonomiske belastningen for husholdningene på kort sikt og spesielt se på tiltak som kan avhjelpe grupper som rammes spesielt hardt av ekstraordinære høye strømpriser.»
Vedtaket vart gjort ved behandlinga av Meld. St. 1 (2021–2022) Nasjonalbudsjettet 2022, jf. Innst. 2 S (2021–2022).
Regjeringa har foreslått og Stortinget har vedteke ei rekkje mellombelse tiltak for å handtere dei høge straumprisane, jf. Prop. 77 S (2021–2022) og Innst. 251 S (2021–2022), Prop. 58 S (2021–2022) og Innst. 151 S (2021–2022), Prop. 51 S (2021–2022) og Innst. 119 S (2021–2022) og Prop. 115 S (2021–2022) og Innst. 450 S (2021–2022). Stortinget har fatta vedtak om:
Straumstønadsordning for hushaldningar og burettslag
Stønad til energieffektivisering
Auka bustønad
Auka rammetilskot til kommunane
Straumstipend til studentar
Tilskot til idrettslag og frivillige organisasjonar
Tilskot til jordbruks- og veksthusnæringa.
I tillegg er elavgifta redusert, jf. Prop. 1 S Tillegg 1 (2021–2022) og Innst. 2 S (2021–2022).
Departementet legg til grunn at oppmodingsvedtaket er følgt opp gjennom dette.
Fritak for uttaksmeirverdiavgift ved utdeling til veldedig formål
Vedtak nr. 411, 3. mars 2022
«Stortinget ber regjeringen vurdere om dagens merverdiavgiftsregler for varer til frivillig sektor er for rigide eller skaper barrierer mot sirkulære verdikjeder, og komme tilbake til Stortinget på egnet måte.»
Vedtaket vart gjort ved behandlinga av dokument 8:41 S (2021–2022) Representantforslag frå stortingsrepresentantane Olaug Vervik Bollestad, Dag-Inge Ulstein og Kjell Ingolf Robstad om å innføre fritak for merverdiavgift for varer som gis til veldedige formål, for å redusere kasting og destruering av brukbare varer, jf. Innst 172 S.
I Prop. 1 LS (2022–2023), kapittel 22, er det mellom anna omtalt at Skattedirektoratet er gjeve i oppdrag å gjere greie for meirverdiavgift for varer som vert gjevne bort, i staden for å bli kasta. Oppdraget omfattar òg å vurdere endring av føresegna, for at slike varer skal kunne verte gjevne til velgjerande føremål utan meirverdiavgiftskostnader for gjevaren. Regjeringa har vidare omtalt at det i fyrste rekkje er unntak frå avgiftsplikt med ordinær sats som skapar moglege barrierar mot sirkulære verdikjeder. Eventuell økonomisk støtte til sirkulære verdikjeder bør verte gjevne i form av tilskot.
Departementet ser det slik at oppmodingsvedtaket er følgt opp gjennom dette.
Vurdere kven som bør vere ekskludert frå å sitje i Noregs Banks styrande organ
Vedtak nr. 782, 13. juni 2022
«Stortinget ber regjeringen på egnet måte komme tilbake til Stortinget med en vurdering av hvem som bør være utelukket fra å sitte i Norges Banks styrende organer, jf. sentralbankloven § 2-3 fjerde ledd og § 2-6 tredje ledd.»
Vedtaket vart gjort ved behandlinga av eit representantforslag frå stortingsrepresentantane Guri Melby, Sveinung Rotevatn og Sofie Høgestøl om å flytte Noregs Bank Investment Management (NBIM) ut av Noregs Bank og innføre strengare habilitetsreglar rundt utnemningar i banken, jf. Dokument 8:149 S (2021–2022) og Innst. 353 S (2021–2022). Departementet vil kome tilbake til Stortinget med ei vurdering.
Innføre mva på prisar over 500 000 kroner for elbiler
Vedtak nr. 829, 17. juni 2022
«Stortinget ber regjeringen i statsbudsjettet for 2023 innføre moms på kjøpsbeløpet for elbiler over 500 000 kroner. Momsfritaket skal holdes uendret frem til 2025. I forbindelse med innføring av kjøpsavgifter for elbil skal det sikres at konkurransefordelen til elbiler i alle personbilsegment opprettholdes.»
Vedtaket vart gjort ved behandlinga av Meld. St. 2 (2021–2022) Revidert nasjonalbudsjett 2022. Departementet legg til grunn at oppmodingsvedtaket er følgt opp gjennom vurderinga i Prop. 1 LS (2022–2023), kapittel 7.
3.2 Stortingssesjon 2020–2021
Vurdere den kommunale handlefridomen i formuesskatten
Vedtak nr. 104, 26. november 2020
«Stortinget ber regjeringen komme tilbake til Stortinget med en vurdering av det framtidige mulighetsrommet for endring av formuesskatten, der både statens inntekter og kommunenes handlingsrom for konkurranse om skattebetingelser mellom kommuner belyses.»
Vedtaket vart gjort ved behandlinga av Meld. St. 5 (2019–2020), Levende lokalsamfunn for fremtiden – Distriktsmeldingen, jf. Innst. 88 S (2020–2021). Oppmodingsvedtaket vart kort omtalt i Prop. 1 LS (2021–2022). Der kjem det fram at svaret frå departementet på oppmodingsvedtaket vil vente til etter at Inntektssystemutvalget har kome med innstillinga si. Utvalet la 29. august 2022 fram NOU 2022: 10 Inntektssystemet for kommunene. Rapporten skal no på høyring. I lys av dette vil regjeringa kome tilbake med svar på oppmodingsvedtaket i forbindelse med dei årlege budsjetta.
Forslag til ei ordning med differensiert tvangsmulkt
Vedtak nr. 176, 3. desember 2020
«Stortinget ber regjeringen utarbeide forslag til en ordning med differensiert tvangsmulkt, og komme tilbake med en vurdering av et slikt forslag til Stortinget på en egnet måte.»
Vedtaket vart gjort ved behandlinga av Prop. 1 S (2020–2021), jf. Innst. 2 S (2020–2021).
Saka er omtalt i Prop. 114 LS (2021–2022) Endringar i skatte-, avgifts- og tollovgivninga m.m. og folketrygdloven (arbeidsavklaringspengar m.m.) punkt 9.2. Departementet orienterte her om at det er vurdert ulike ordningar med differensiering av tvangsmulkt etter kjenneteikn ved verksemdene, men ingen av desse vert vurderte som eigna. I staden er det grunn til å differensiere mellom dei ulike meldingstypane. Dei siste åra har Skattedirektoratet på fleire område sett ned talet på dagar ei tvangsmulkt lauper. Direktoratet følgjer med på verknaden av desse endringane og vurderer å setje ned talet på laupedagar for fleire typar av meldingar. Det vert òg vurdert å setje ned satsen for tvangsmulkt for enkelte meldingar. Det er naudsynt med forskriftsendringar, og Skattedirektoratet vil sende framlegg om slike endringar på allmenn høyring. I Innst. 450 S (2021–2022) punkt 4.12.2 tok finanskomiteen omtalen til orientering. Departementet ser det slik at oppmodingsvedtaket er følgt opp gjennom dette.
Endring av meirverdiavgiftsreglane ved omtvista krav i entreprisar
Vedtak nr. 849, 27. april 2021
«Stortinget ber regjeringen foreta nødvendige forskrifts- og/eller regelendringer slik at innberetning og betaling av merverdiavgift ved bygge- og anleggsvirksomhet suspenderes inntil omtvistede krav er avklart, og komme tilbake med nødvendig budsjettmessig oppfølging snarest og senest i forbindelse med statsbudsjettet for 2022.»
Vedtaket vart gjort ved behandlinga av Dokument 8:116 S (2020–2021), jf. Innst. 348 S (2020–2021). Vedtaket må sjåast i samenheng med oppmodingsvedtak nr. 163 (2020–2021).
I Prop. 1 LS (2021–2022), punkt 22, har regjeringa omtalt saka. Regjeringa har opplyst at saka reiser statsstøtterettslege problemstillingar som bør verte avklarte med EFTAs overvakingsorgan (ESA) før ein eventuelt vedtek ei regelendring, og at ein slik prosess vil kunne ta inntil 18 månader. Regjeringa har difor ikkje gjort eit framlegg i tråd med Stortingets vedtak. Regjeringa har likevel skissert eit framlegg i tråd med det Stortinget har bede om, slik at Stortinget kan vedta ei regelendring dersom Stortinget ynskjer det. Ved Innst. 3 S (2021–2022) tok Stortinget omtalen til orientering.
Etter dialog med ESA vil regjeringa leggje opp til ei litt anna innretning på ei ordning med utsett tidfesting, og som ikkje vil utfordre statsstøtteregelverket. Regjeringa omtaler i Prop. 1 LS (2022–2023), kapittel 7, eit framlegg om ei ordning med utsett iverksetjing av omtvista krav med grunnlag i tilverknadskontraktar. Etter planen vert saka sendt på høyring hausten 2022, med sikte på at ordninga kan tre i kraft frå 1. januar 2023. Departementet ser det slik at oppmodingsvedtaket er følgt opp gjennom dette.
Utval om kontantane si rolle i samfunnet
Vedtak nr. 1174, 9. juni 2021
«Stortinget ber regjeringen nedsette et offentlig utvalg som skal vurdere kontantenes rolle i samfunnet fremover.»
Vedtaket vart gjort ved behandlinga av Meld. St. 31 (2020–2021) Finansmarkedsmeldingen 2020, jf. Innst. 582 S (2020–2021). Regjeringa vil følgje opp vedtaket og tek sikte på å setje ned eit utval innan utlaupet av 2022.
Samarbeidsløysingar for sparebankar
Vedtak nr. 1176, 9. juni 2021
«Stortinget ber regjeringen sikre sparebankene fleksibilitet til å benytte fellesløsninger i samarbeid med andre sparebanker innenfor forsvarlige rammer.»
Vedtaket vart gjort ved behandlinga av Dokument 8:250 S (2020–2021), jf. Innst. 539 S (2020–2021). Oppfølginga av vedtaket er drøfta i Meld. St. 12 (2021–2022), Finansmarkedsmeldingen 2022, kapittel 2.5.1. I Innst. 445 S (2021–2022) tok finanskomiteen omtalen til orientering. Departementet ser det slik at oppmodingsvedtaket er følgt opp gjennom dette.
Kapitalkrav for norske sparebankar
Vedtak nr. 1177, 9. juni 2021
«Stortinget ber regjeringen aktivt bruke handlingsrommet som finnes overfor EU, for å sikre at kapitalkravene til norske sparebanker ikke blir vesentlig strengere enn kravene til konkurrentene deres.»
Vedtaket vart gjort ved behandlinga av Dokument 8:250 S (2020–2021), jf. Innst. 539 S (2020–2021). Oppfølginga av vedtaket er drøfta i Meld. St. 12 (2021–2022) Finansmarkedsmeldingen 2022, kapittel 2.5.2. I Innst. 445 S (2021–2022) tok finanskomiteen omtalen til orientering. Departementet ser det slik at oppmodingsvedtaket er følgt opp gjennom dette.
Eigedomsskatt – utgreiing og vurdering av eit tak for bustader og fritidsbustader
Vedtak nr. 1250, 16. juni 2021
«Stortinget ber regjeringen legge fram en helhetlig utredning om eiendomsskatten og herunder utrede et tak for eiendomsskatt på ordinære boliger og hytter, og komme tilbake til Stortinget på eigna måte.»
Vedtaket vart gjort ved behandlinga Prop. 192 S (2020–2021) Kommuneproposisjonen for 2022, jf. Innst. 660 S (2020–2021). Regjeringa vil vurdere korleis vedtaket skal følgjast opp og vil kome tilbake til Stortinget om saka.
3.3 Stortingssesjon 2019–2020
Kulturmiljømeldinga – vedlikehald av privateide kulturminne og kulturmiljø
Vedtak nr. 707, 16. juni 2020
«Stortinget ber regjeringen i samband med bevaringsstrategiene, fremme forslag om hvordan staten kan stimulere private eiere av kulturminner og kulturmiljøer til jevnt, godt vedlikehold gjennom skatte- og avgiftsinsentiver.
Vedtaket vart gjort ved behandlinga av Meld. St. 16 (2019–2020) – Nye mål i kulturmiljøpolitikken – Engasjement, bærekraft og mangfold, jf. Innst. 379 S (2019–2020). Oppmodingsvedtaket vil verte følgt opp i samråd med Klima- og miljødepartementet og i samsvar med nye bevaringsstrategiar som Klima- og miljødepartementet førebur. Finansdepartementet vil kome tilbake til Stortinget om saka.
Reiarlagskatteordninga
Vedtak nr. 784, 19. juni 2020
«Stortinget ber regjeringen utrede og vurdere endringer i rederiskatteordningen slik at selskaper innenfor ordningen i tillegg til virksomhet som kvalifiserer for rederibeskatning kan drive virksomhet som ikke er støtteberettiget, og som skal beskattes ordinært. Status for saken skal omtales i forbindelse med statsbudsjettet for 2021.»
Vedtaket vart gjort ved behandlinga av Meld. St. 2 (2019–2020), jf. Innst. 360 S (2019–2020). Finansdepartementet arbeider med oppfølging av vedtaket og vil kome tilbake til Stortinget om saka. Saka er nærare omtalt i Prop. 1 LS (2022–2023), kapittel 15.
3.4 Stortingssesjon 2018–2019
Skattefrie satsar ved kostgodtgjering på reiser
Vedtak nr. 188, 12. desember 2018
«Stortinget ber regjeringen sørge for at det i 2019 settes like skattefrie satser ved kostgodtgjørelse for tjenestereiser og pendleropphold utenlands som innenlands.»
Vedtaket vart gjort ved behandlinga av Prop. 1 LS (2018–2019), jf. Innst. 3 S (2018–2019). Ved ein inkurie vart vedtaket ikkje sendt frå Stortinget før i oktober 2021. I Prop. 1 LS (2022–2023), kapittel 14, opplyser ein at dei skattefrie satsane for kostgodtgjering vart endra i samsvar med oppmodingsvedtaket frå 1. januar 2019. Like satsar følgjer av forskrift om takseringsreglar 2019 §§ 1-2-2 og 1-2-4 og av satsforskriften 2020 §§ 3 og 4. Departementet ser det slik at oppmodingsvedtaket er følgt opp.
3.5 Stortingssesjon 2016–2017
Land-for-land rapportering
Vedtak nr. 48, 15. november 2016
«Stortinget ber regjeringen sørge for at selskap som etter forslagene i land-for-land-rapportering til skattemyndighetene, også blir pliktige til å rapportere etter regnskaps- og verdipapirloven, og at selskapene skal rapportere betalt inntektsskatt og påløpt inntektsskatt, antall ansatte, akkumulert fortjeneste, resultat før skattekostnad, summen av inntekter fra transaksjoner med nærstående/ikke nærstående foretak og bokført egenkapital.»
Vedtaket vart gjort ved behandlinga av Prop. 120 L (2015–2016) Endringer i ligningsloven (land-for-land-rapportering til skattemyndighetene) og tilhøyrande Innst. 42 L (2016–2017). I Prop. 1 S (2021–2022) opplyste Finansdepartementet at det på EU-nivå vart oppnådd semje om nye reglar på området som oppmodingsvedtaket gjeld, og at det tok sikte på å utarbeide og høyre framlegg til lovendringar basert på forventa EØS-rettslege skyldnader, der òg oppmodingsvedtaket vil verte følgt opp. I Innst. 141 S (2021–2022) opplyste kontroll- og konstitusjonskomiteen at regjeringa si omtale vert teken til etterretning. EU-reglane vart offentleggjorde i november 2021. Direktivet er per no ikkje innlemma i EØS-avtalen. Finansdepartementet tek sikte på å utarbeide og høyre framlegg til lovendringar, basert på nye EU-reglar.
Sikre behovet hos bustadkjøparar for meir tid i bustadhandelen
Vedtak nr. 1040, 20. juni 2017
«Stortinget ber regjeringen sikre boligkjøpernes behov for mer tid i bolighandelen gjennom forskriftene til eiendomsmeglingsloven eller ved å fremme forslag for Stortinget om endringer i avhendingsloven.»
Vedtaket vart gjort ved behandlinga av Dokument 8:123 S (2016–2017) Representantforslag fra stortingsrepresentantene Hans Olav Syversen, Line Henriette Hjemdal, Hans Fredrik Grøvan, Kjell Ingolf Ropstad og Geir Sigbjørn Toskedal om tiltak for å styrke forbrukernes rettigheter i handel med bolig, jf. Innst. 477 S (2016–2017).
Eit utval vart sett ned 11. oktober 2019 for å revidere eigedomsmeklingslova. Utvalet overleverte si utgreiing, NOU 2021: 7 Trygg og enkel eiendomsmegling — Evaluering av eiendomsmeglingsloven og forslag til en fremtidsrettet regulering, 4. juni 2021. Utgreiinga inneheld mellom anna framlegg til endringar som skal sikre forbrukarar meir tid i bustadhandelen. Utgreiinga har vore på høyring til oktober 2021 og ligg no til vurdering i departementet.
4 Oversiktstabeller for budsjettet
Utgifter fordelte på kapittel
(i 1 000 kr) | |||||
---|---|---|---|---|---|
Kap. | Nemning | Rekneskap 2021 | Saldert budsjett 2022 | Forslag 2023 | Endring i pst. |
Regjeringa | |||||
20 | Statsministerens kontor | 109 662 | 100 181 | 97 084 | -3,1 |
21 | Statsrådet | 167 119 | 173 969 | 176 589 | 1,5 |
24 | Regjeringsadvokaten | 120 476 | 125 815 | 128 428 | 2,1 |
Sum kategori 00.30 | 397 257 | 399 965 | 402 101 | 0,5 | |
Stortinget og tilknytte organ | |||||
41 | Stortinget | 1 287 983 | 1 412 285 | 1 471 778 | 4,2 |
42 | Stortingets ombodsnemnd for Forsvaret | 7 721 | 7 766 | 7 991 | 2,9 |
43 | Stortingets ombod for kontroll med forvaltninga | 95 667 | 94 287 | 99 038 | 5,0 |
44 | Stortingets kontrollutval for etterretnings-, overvakings- og tryggingsteneste | 35 843 | 35 105 | 41 265 | 17,5 |
45 | Noregs institusjon for menneskerettar | 25 956 | 26 040 | 26 857 | 3,1 |
51 | Riksrevisjonen | 555 672 | 592 577 | 605 520 | 2,2 |
Sum kategori 00.40 | 2 008 842 | 2 168 060 | 2 252 449 | 3,9 | |
Sum programområde 00 | 2 406 099 | 2 568 025 | 2 654 550 | 3,4 | |
Finansadministrasjon | |||||
1600 | Finansdepartementet | 505 748 | 531 121 | 534 219 | 0,6 |
1602 | Finanstilsynet | 450 563 | 475 260 | 500 518 | 5,3 |
1605 | Direktoratet for forvaltning og økonomistyring | 976 488 | 926 057 | 938 984 | 1,4 |
Sum kategori 23.10 | 1 932 799 | 1 932 438 | 1 973 721 | 2,1 | |
Skatte-, avgifts- og tolladministrasjon | |||||
1610 | Tolletaten | 1 766 766 | 1 789 007 | 1 832 195 | 2,4 |
1618 | Skatteetaten | 7 929 947 | 8 339 682 | 8 404 436 | 0,8 |
1619 | Skatteklagenemnda | 73 831 | 72 090 | 73 803 | 2,4 |
Sum kategori 23.20 | 9 770 544 | 10 200 779 | 10 310 434 | 1,1 | |
Offisiell statistikk | |||||
1620 | Statistisk sentralbyrå | 864 982 | 895 547 | 914 431 | 2,1 |
Sum kategori 23.30 | 864 982 | 895 547 | 914 431 | 2,1 | |
Andre føremål | |||||
1632 | Kompensasjon for meirverdiavgift | 29 750 763 | 31 180 000 | 32 700 000 | 4,9 |
1633 | Nettoordning, statleg betalt meirverdiavgift | 8 395 984 | 9 100 000 | 9 300 000 | 2,2 |
1634 | Kompensasjon for inntektssvikt som følgje av koronaviruset | 429 306 | 0,0 | ||
1645 | Statleg garantiordning for lån til små og mellomstore føretak | 3 000 | 4 000 | 4 000 | 0,0 |
Sum kategori 23.40 | 38 579 053 | 40 284 000 | 42 004 000 | 4,3 | |
Sum programområde 23 | 51 147 378 | 53 312 764 | 55 202 586 | 3,5 | |
Statsgjeld, renter og avdrag m.m. | |||||
1650 | Statsgjeld, renter m.m. | 9 760 398 | 10 250 600 | 11 529 700 | 12,5 |
1651 | Statsgjeld, avdrag og innløysing | 74 005 000 | 78 457 000 | 100,0 | |
Sum kategori 24.10 | 83 765 398 | 10 250 600 | 89 986 700 | 777,9 | |
Sum programområde 24 | 83 765 398 | 10 250 600 | 89 986 700 | 777,9 | |
Sum utgifter | 137 318 875 | 66 131 389 | 147 843 836 | 123,6 |
Inntekter fordelte på kapittel
(i 1 000 kr) | |||||
---|---|---|---|---|---|
Kap. | Nemning | Rekneskap 2021 | Saldert budsjett 2022 | Forslag 2023 | Endring i pst. |
Regjeringa | |||||
3024 | Regjeringsadvokaten | 33 451 | 20 700 | 21 300 | 2,9 |
Sum kategori 00.30 | 33 451 | 20 700 | 21 300 | 2,9 | |
Stortinget og tilknytte organ | |||||
3041 | Stortinget | 5 420 | 8 000 | 8 000 | 0,0 |
3051 | Riksrevisjonen | 2 794 | 2 300 | 2 300 | 0,0 |
Sum kategori 00.40 | 8 214 | 10 300 | 10 300 | 0,0 | |
Sum programområde 00 | 41 665 | 31 000 | 31 600 | 1,9 | |
Finansadministrasjon | |||||
4600 | Finansdepartementet | 124 | 200 | 50 | -75,0 |
4602 | Finanstilsynet | 442 094 | 13 300 | 13 700 | 3,0 |
4605 | Direktoratet for forvaltning og økonomistyring | 238 306 | 198 100 | 183 600 | -7,3 |
5580 | Sektoravgifter under Finansdepartementet | 454 510 | 485 260 | 508 318 | 4,8 |
Sum kategori 23.10 | 1 135 034 | 696 860 | 705 668 | 1,3 | |
Skatte-, avgifts- og tolladministrasjon | |||||
4610 | Tolletaten | 40 100 | 60 200 | 61 100 | 1,5 |
4618 | Skatteetaten | 2 328 842 | 2 548 000 | 2 818 600 | 10,6 |
Sum kategori 23.20 | 2 368 942 | 2 608 200 | 2 879 700 | 10,4 | |
Offisiell statistikk | |||||
4620 | Statistisk sentralbyrå | 235 509 | 263 194 | 232 808 | -11,5 |
Sum kategori 23.30 | 235 509 | 263 194 | 232 808 | -11,5 | |
Andre føremål | |||||
4634 | Kompensasjon for inntektssvikt som følgje av virusutbrotet | 481 795 | 2 000 | 100,0 | |
Sum kategori 23.40 | 481 795 | 2 000 | 100,0 | ||
Sum programområde 23 | 4 221 280 | 3 568 254 | 3 820 176 | 7,1 | |
Statlege fordringar, avsetningar m.m. | |||||
5341 | Avdrag på uteståande fordringar | 6 000 786 | 700 | 6 000 700 | 857142,9 |
5351 | Overføring frå Noregs Bank | 15 169 207 | 10 113 000 | 8 600 000 | -15,0 |
5605 | Renter av kontantar i statskassa og av andre fordringar | 1 229 334 | 1 423 250 | 8 496 600 | 497,0 |
5692 | Utbyte av statens kapital i Den nordiske investeringsbanken | 104 100 | 86 400 | -17,0 | |
5693 | Utbyte av aksjar i ymse selskap m.m. | 770 | 300 | 700 | 133,3 |
Sum kategori 24.20 | 22 400 097 | 11 641 350 | 23 184 400 | 99,2 | |
Sum programområde 24 | 22 400 097 | 11 641 350 | 23 184 400 | 99,2 | |
Sum inntekter | 26 663 042 | 15 240 604 | 27 036 176 | 77,4 |
4.1 Bruk av stikkordet «kan overførast»
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Kap. | Post | Nemning | Overført til 2022 | Forslag 2023 |
20 | 21 | Spesielle driftsutgifter, Koronakommisjonen | 4 728 | - |
41 | 21 | Spesielle driftsutgifter | 2 750 | 4 200 |
1600 | 21 | Spesielle driftsutgifter | 41 440 | 96 382 |
1618 | 22 | Større IT-prosjekt | 58 400 | 549 400 |
1620 | 21 | Spesielle driftsutgifter | 2 233 | 219 308 |