Del 3
Andre saker
6 Likestilling og mangfald
Nedanfor kjem ei oversikt over stoda i arbeidet med likestilling og mangfald på Finansdepartementets område, jf. § 26 a i likestillings- og diskrimineringslova. Som nemnt i pkt. 1.1 i del I omfattar denne proposisjonen av praktiske grunnar òg programkategori 00.30 Regjering, som Statsministerens kontor har ansvaret for. Difor er likestillingsstoda for denne programkategorien òg teken med.
Budsjettkapitla på området til Finansdepartementet gjeld i hovudsak administrasjon og statens gjeld og krav. Disponeringa av desse løyvingane har lite å seie for kjønns- og likestillingstilhøve. Departementet sitt arbeid med til dømes skatte-, avgifts- og pensjonsspørsmål har i nokre tilfelle følgjer for likestillinga. Det same gjeld personalpolitikken til departementet.
6.1 Finansdepartementet
6.1.1 Om arbeidet med likestilling og mangfald
Departementet har gjennom årlege personalrapportar merksemd på alders- og kjønnssamansetnad, rekruttering og turnover i avdelingane og på stillingsgruppenivå. Rapporten gjev grunnlag for HR-analysar og vurdering av eventuelle utfordringar og vert drøfta på leiarnivå og i arbeidsmiljø- og samarbeidsutvalet eller møter etter Hovudavtalen. Lønsstatistikk vert brukt for å følgje med på lønsutviklinga for kvinner og menn. Det er òg merksemd på profileringsaktivitetar og tilrettelegging i vid forstand.
Finansdepartementet ynskjer å vere ein arbeidsplass som speglar befolkninga og oppfordrar kvalifiserte kandidatar til å søkje, uavhengig av alder, kjønn, funksjonsevne, «hòl i CV-en», nasjonal eller etnisk bakgrunn. Ledige stillingar vert kunngjorde på nettmedium som JobbNorge, JobbiFIN (på regjeringen.no), Finn, Nav, Jobbforalle, Linkedin og aktuelle universitet og høgskular.
6.1.2 Status for 2021
Kvinner utgjorde 47 pst. av dei tilsette ved utgangen av 2021. Delen kvinner er god på dei fleste nivå, sjå tabellen under. Gjennomsnittsalderen ved utgangen av 2021 var 42 år for kvinner og drygt 47 år for menn. I åra som kjem ventar ein at aldersforskjellane mellom kvinner og menn vert mindre.
Kvinner er i fleirtal i aldersgruppene under 50 år og i stillingar som lovrådgjevar, underdirektør, rådgjevar og førstekonsulent.
Det er rekruttert fleire kvinnelege leiarar dei seinare åra. Delen kvinnelege leiarar var 42,1 pst. ved utgangen av 2021.
Kvinner har noko høgare turnover enn menn (10,3 mot 9,2 pst.).
Departementet legg til rette for fleksibel arbeidstid og arbeidsstad som òg tek omsyn til delvis sjukmelding, nedsett funksjonsevne og omsorgsoppgåver. Ved utgangen av 2021 hadde 32 pst. av dei tilsette barn under 12 år, og halvdelen av dei var kvinner. Ein legg til rette for at tilsette kan stå lenge i arbeid. Gjennomsnittleg avgangsalder i 2021 var 67,8 år.
Ved utgangen av 2021 hadde 88 pst. av kvinnene og 98 pst. av mennene høgare utdanning. 51 pst. av juristane, 41 pst. av økonomane og 45 pst. av dei med anna høgare utdanning var kvinner. Tala har vore stabile over fleire år.
Deltid, mellombels tilsette og sjukefråvær, fordelt på kjønn og samla, per 31. desember 2021. Prosentdelar. Tal for 2020 i parentes.
Deltid | Mellombels tilsette | Samla sjukefråvær | ||||||||
---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
K | M | Båe | K | M | Båe | K | M | Båe | ||
6,5 (3,7) | 2,0 (0,7) | 4,1 (2,1) | 8,0 (6,6) | 9,2 (7,9) | 8,6 (7,3) | 5,0 (3,8) | 1,6 (1,0) | 3,2 (2,3) |
Departementet har ingen tilsette på ufrivillig deltid. 1,4 pst. av dei samla 4,1 pst. er ordinære, mellombelse og små deltidsstillingar, medan 2,7 pst. kjem av redusert arbeidstid grunna sjukdom eller omsorg. Mellombels tilsetjing vert berre nytta ved vikariat eller kortvarige engasjement.
Kvinner som starta i foreldrepermisjon i 2021, tok i gjennomsnitt ut 34 veker, medan menn tok ut 20 veker.
Ved utgangen av 2021 hadde om lag 3 pst. av dei tilsette innvandrarbakgrunn. Personar med innvandrarbakgrunn utgjorde 12,1 pst. av søkjarane til ledige stillingar. 4,3 pst. av dei vart vurdert som kvalifiserte og innkalla til intervju. Ein vart tilsett.
Regjeringa Solberg hadde som mål gjennom «inkluderingsdugnaden» at fem prosent av alle nytilsette i staten skulle vere personar med nedsett funksjonsevne eller «hòl i CV-en». Departementet oppnådde 3,7 pst. for 2021. Målgruppa utgjorde 3,9 pst. av søkjarane og 2,9 pst. av dei som vart innkalla til intervju. Ein vart tilsett. Det vert arbeidd vidare med planlagde tiltak, mellom anna i samarbeid med Nav i 2022. Det vert òg vurdert å rekruttere ein ny trainee i løpet av 2022 eller 2023. Departementet har ein samarbeidsavtale med Fontenehuset – for overgangsarbeid. Eit medlem frå Fontenehuset vart engasjert i eit ni-månaders overgangsarbeid 2021–2022. Ved utgangen av 2021 hadde departementet to lærlingar, det same som i 2020.
6.1.3 Lønskartlegging for 2021 – prosentdelar
Stillingsgruppe | Kjønnsbalanse antall | Del kvinner | Kvinner sin del av menns løn | |||
---|---|---|---|---|---|---|
Kvinner | Menn | Båe kjønn | Alle kontantytingar1 | Avtalt løn | ||
Leiarar på leiarløn2 | 2 | 7 | 9 | 22,2 | 86,3 | 86,3 |
Seksjonsleiarar3 | 14 | 15 | 29 | 48,3 | 94,2 | 103,5 |
Fagdirektør m.fl.4 | 8 | 32 | 40 | 20,0 | 97,5 | 102,6 |
Lovrådgjevar | 10 | 9 | 19 | 52,6 | 90,1 | 91,6 |
Underdirektør | 10 | 8 | 18 | 55.6 | 98,8 | 99,2 |
Fagsjef5 | 16 | 28 | 44 | 36,4 | 96,5 | 97,2 |
Senior(skattejurist)5 | 7 | 8 | 15 | 46,7 | 110,7 | 102,6 |
Seniorrådgjevar | 25 | 26 | 51 | 49,0 | 101,5 | 102,4 |
Rådgjevar | 26 | 12 | 38 | 68,4 | 97,6 | 105,3 |
Seniorkonsulent, førstekonsulent, konsulent | 19 | 7 | 26 | 73,1 | 102,1 | 104,2 |
Totalt i verksemda6 | 137 | 152 | 289 | 47,4 | 85,3 | 87,0 |
1 Summen av avtalt løn, overtidsgodgjering, helgetillegg, stedfortredergodtgjering, etterberekna løn, stipend, m.m.
2 Finansråd og ekspedisjonssjefar
3 Avdelingsdirektør med personalleiaransvar, kommunikasjonssjef, spesialrådgjevar med personalleiaransvar
4 Fagdirektør, avdelingsdirektør utan personalleiaransvar, spesialrådgjevar, investeringsdirektør
5 Arbeidstittel, kode som utredningsleiar
6 Alle unntatt 2 lærlingar
Kvinner har i snitt høgare fastløn enn menn i dei fleste stillingskategoriane. Kvinnelege lovrådgjevarar har ein del på knapt 92 pst. når det gjeld fastløn. Ein medverkande årsak er at mannlege lovrådgjevarar i snitt er 10 år eldre og har lengre erfaring.
Kvinner hadde i 2021 i snitt 99 timer overtid, medan menn hadde 130 timer. Fordelinga var om lag som dei seinare åra. Dette gjer eit stort utslag på samla løn, spesielt i stillingsgrupper på høgare nivå, men òg blant rådgjevarar.
6.2 Etatane under Finansdepartementet
6.2.1 Sjukefråvær
Tabellen nedanfor syner tal for samla sjukefråvær for 2021 for båe kjønn, kvinner og menn, med 2020-tal i parentes.
Tabell 6.1 Samla sjukefråvær i pst.
Skatteetaten | Tolletaten | SSB | DFØ | Finanstilsynet | |
---|---|---|---|---|---|
Båe kjønn | 4,8 (4,5) | 5,0 (5,5) | 3,1 (3,1) | 3,9 (4,2) | 3,1 (3,0) |
Kvinner | 5,8 (5,5) | 6,0 (6,3) | 3,9 (4,0) | 4,8 (3,3) | 4,7 (3,7) |
Menn | 3,1 (3,0) | 4,2 (4,7) | 2,5 (2,4) | 2,6 (0,9) | 1,6 (2,4) |
6.2.2 Etnisitet
Tabell 6.2 Tilsette med innvandrarbakgrunn
Prosentdelar | Skatteetaten | Tolletaten | SSB | DFØ | Finanstilsynet | Statleg tariffomr. |
---|---|---|---|---|---|---|
I alt | 9,1 (8,8) | 6,4 (5,9) | 15,8 (14,8) | 13,2 (12,0) | 9,6 (6,6) | 13,0 (12,4) |
– Frå landgruppe 11 | 3,0 (3,1) | 2,8 (2,7) | 4,6 (4,2) | 4,4 (3,9) | 3,1 (2,5) | 6,3 (6,2) |
– Frå landgruppe 22 | 6,1 (5,7) | 3,6 (3,1) | 13,3 (10,6) | 8,8 (8,1) | 6,5 (4,1) | 6,7 (6,3) |
1 EU/EFTA-land, Nord-Amerika, Australia og New Zealand
2 Resten av verda
Kjelde: SSB
Tabellen over syner prosentdelen tilsette med innvandrarbakgrunn i statleg tariffområde, departementsområdet og etatane. Tala er frå 2021, med 2020-tal i parentes. Alle etatane har ein større prosentdel tilsette med innvandrarbakgrunn enn i 2020.
Omtale av etatanes arbeid med likestilling og mangfald ligg i årsrapportane frå etatane.
6.3 Programkategori 00.30 Regjering
Statsministerens kontor
Tilstandsrapport kjønn
Tabellen under syner prosentdelen kvinner i verksemda, prosentdelen mellombels tilsette kvinner og menn og prosentdelen deltid kvinner og menn. Tabellen viser òg gjennomsnittleg uttak av foreldrepermisjon for kvinner og menn.
SMK | Kvinner sin del av menn si løn | |
---|---|---|
Prosentdelar | Prosentdelar | |
Kvinner: | ||
Totalt i verksemda | 62 (45) | 88 (98) |
Leiarstillingar | 44 (40) | 126 (127) |
Fagdirektørar og seniorrådgjevarar | 52 (54) | 89 (90) |
Andre saksbehandlarar og støttefunksjonar | 79 (72) | 102 (108) |
Mellombels/deltid: | ||
Mellombels tilsette kvinner | 0 (5,0) | |
Mellombels tilsette menn | 4,8 (4,1) | |
Deltid kvinner | 8,6 (10,0) | |
Deltid menn | 0 (0) | |
Foreldrepermisjon; uttak av veker: | ||
Kvinner | 32 (29) | |
Menn | 0 (16) |
Målet er ei jamn kjønnsfordeling blant dei tilsette ved kontoret. Kjønnsfordelinga kan verte betre i einskilde grupper, som til dømes i sekretærgruppa der det er ti kvinner og ein mann.
Samla sjukefråvær:
Prosentdelar | Båe kjønn | Kvinner | Menn |
---|---|---|---|
2,1 (1,8) | 2,7 (2,5) | 1,1 (1,4) |
Tiltak for å fremje likestilling og mangfald
Personar med nedsett funksjonsevne, personar med «hòl i CV-en» og personar med innvandrarbakgrunn vert oppmoda om å søkje ledige stillingar ved kontoret. Dersom det finst kvalifiserte søkjarar i desse gruppene, vert minst ein søkjar kalla inn til intervju.
Statsministerens kontor er IA-verksemd. Kontoret legg vekt på å tilpasse den fysiske arbeidsplassen, utstyr, arbeidsoppgåver og arbeidstid for medarbeidarar med nedsett funksjonsevne eller for andre med behov for særskild tilrettelegging, til dømes på grunn av sjukdom, graviditet eller omsorgsoppgåver.
Kontoret ynskjer å leggje til rette for gode arbeidsvilkår for ulike fasar i livet. For tilsette over 60 år vert det i medarbeidarsamtalen utført ein seniorsamtale for å kartlegge eventuelle ynskjer om endra arbeidsoppgåver, tilrettelegging av arbeidssituasjonen og andre tiltak som kan styrkje moglegheita for å stå lenge i stillinga.
Om arbeidet for likestilling og mot diskriminering
Statsministerens kontor har som mål å fremje likestilling og mangfald gjennom personalpolitikken. Kontoret legg vekt på å gje kvinner og menn same moglegheit til utvikling i oppgåver og kompetanse, og dermed same høve til lønsutvikling. Kontoret søkjer god kjønnsbalanse i alle stillingar og mangfald i etnisitet, alder, erfaring og fagleg bakgrunn.
Det vert med jamne mellomrom gjennomført undersøkingar av arbeidsmiljøet.
Eigne rutinar for varsling av kritikkverdige forhold ved kontoret gjeld òg forhold som diskriminering.
Kvart år blir det utarbeidd ein personalrapport om mellom anna løn, likestilling og sjukefråvær, og som vert behandla i Arbeidsmiljøutvalet.
Regjeringsadvokaten
Tilstandsrapport kjønn
Regjeringsadvokaten | Kvinner sin del av menn si løn | |
---|---|---|
Prosentdelar | Prosentdelar | |
Kvinner: | ||
Totalt i verksemda | 51 (55) | 83 (79) |
Leiarstillingar | 33 (33) | 95 (93) |
Fagleiar | 53 (36) | 100 (102) |
Andre advokatar og støttefunksjonar | 52 (61) | 83 (88) |
Mellombels/deltid: | ||
Mellombels tilsette kvinner | 5,4 (2,4) | |
Mellombels tilsette menn | 2,9 (2,9) | |
Deltid kvinner | 8,1 (4,8) | |
Deltid menn | 0 (0) | |
Foreldrepermisjon; uttak av veker: | ||
Kvinner | 22 (32) | |
Menn | 14 (18) |
Av dei 49 i advokatembetet var 41 pst. kvinner. Av dei 24 tilsette på administrativ side var 71 pst. kvinner. Regjeringsadvokaten har ein god kjønnsbalanse i alle stillingskategorier, med unntak av advokat-assistentane, der alle fast tilsette er kvinner.
På leiarnivå hadde menn høgare lønsnivå i gjennomsnitt enn kvinner. Dette har si årsak i at leiar av verksemda, som har høgast løn, er mann. For dei andre i leiargruppa var gjennomsnittsløna høgare for kvinner enn for menn. Gjennomsnittsløna for menn og kvinner i andre grupper varierte, avhengig av fagområde, kompetanse og arbeidserfaring. For advokatane gjeld eit rent ansiennitetsprinsipp ved fastsetjing av løn, noko som medfører at kvinner og menn har lik løn gitt same ansiennitet.
Hos Regjeringsadvokaten får advokatane eit relativt stort lønshopp når dei får møterett for Høgsterett. Tildeling av prøvesaker for Høgsterett følgjer i stor grad ansiennitet og vil såleis alltid skje på kjønnsnøytrale premiss.
Samla sjukefråvær:
Prosentdelar | Båe kjønn | Kvinner | Menn |
---|---|---|---|
2,2 (1,9) | 3,4 (2,6) | 1,2 (1,2) |
Ved utlysing av stillingar i grupper med skeiv kjønnsfordeling, vert det underrepresenterte kjønnet oppmoda til å søkje. Regjeringsadvokaten kallar som hovudregel inn minst ein søkjar, som regel fleire, med innvandrarbakgrunn til intervju. Tilsvarande gjeld dersom det er kvalifiserte søkjarar med nedsett funksjonsevne eller «hòl i CV-en».
Regjeringsadvokaten legg vekt på å tilpasse den fysiske arbeidsplassen, utstyr og arbeidsoppgåver for medarbeidarane i tillegg til arbeidsoppgåver og arbeidstid for dei med behov for særskilt tilpassing.
For dei som har minimum fem år til fyrste moglege avgangstidspunkt, vert det lagt opp til ein seniorsamtale. Føremålet er å diskutere framtidsutsikter og kva moglegheiter arbeidsgjevar har til å foreslå utfordrande oppgåver og kompetansehevande tiltak som kan gjere det attraktivt å stå lenger i stillinga. For at dei eldre skal stå lenger i stillinga, har embetet innført betre ordningar for seniorar.
Om arbeidet for likestilling og mot diskriminering
Regjeringsadvokaten har som mål å fremje likestilling og mangfald gjennom personalpolitikken. Embetet har ein likestillingsplan med mål som skal hindre at tilsette vert behandla ulikt på grunn av kjønn. Planen gjeld område som bemanning, leiing, faglege utfordringar, løn og å leggje til rette for omsorgsplikter m.m.
Det er etablert eigne rutinar for varsling.
Arbeidsmiljøutvalet har møter minimum fire gonger i året, der status på likestillingsarbeidet og sjukefråvær er tema. Utvalet gjennomfører òg årlege vernerundar.
7 Omtale av klima- og miljørelevante saker
7.1 Finansdepartementet
Berekraftig utvikling
Finansdepartementet har eit sektorovergripande ansvar for å leggje grunnlaget for effektiv forvalting av dei økonomiske ressursane. I arbeidet med den økonomiske politikken skal Finansdepartementet medverke til at den økonomiske utviklinga skjer på eit miljømessig forsvarleg grunnlag.
Oppfølginga av Dei Sameinte Nasjonanes 17 mål for berekraft er integrert i regjeringas ordinære politiske arbeid. Kommunal- og distriktsdepartementet koordinerer den nasjonale oppfølginga og Utanriksdepartementet koordinerer oppfølginga internasjonalt.
Sektorovergripande klima- og miljøverkemiddel
Finansdepartementet har det overordna ansvaret for innretting av avgifter i miljøpolitikken. Rett utforma miljøavgifter gjev tildriv til å minke utsleppa og sikrar òg at forureinarane betaler.
7.2 Statistisk sentralbyrå
Statistikk over utslepp til luft er eit prioritert område. Statistikken over utsleppa av klimagassar er mellom anna knytt til oppfølginga av Noregs klimamål slik dei mellom anna kjem fram i Parisavtala, i forordning om miljørekneskapar i Eurostat, samt rapportering som følgjer av klimalova. Norsk klimapolitikk er nært knytt til EU og inngjekk i 2019 eit samarbeid om klimaskyldnadene for 2030. Statistikken over langtransportert forureining gjeld for det meste oppfølginga av Gøteborg-protokollen.
Utviklinga av statistikk over verkemiddelbruk, m.a. avgifter og utsleppskvotar, skal halde fram. I 2019 vart statistikken utvida med tal for miljøsubsidiar. SSB starta opp eit arbeid med fossile subsidiar same år med blant anna to artiklar. Dette arbeidet fortset i 2022 med vidare utvikling av datagrunnlag og metode. Statistikken over reinsing og utslepp av kommunalt avløpsvatn vert utvikla vidare. SSB følgjer òg opp statistikkforordninga om materialrekneskapar; «Sirkulær økonomi» (materialstraumar og attvinning). SSB skal hjelpe Miljødirektoratet med å finne målepunkt som er tilpassa nytt direktiv, tilpasse innhentinga av data og avklare korleis statistikken skal kunne ta vare på nasjonale og internasjonale behov. SSB utreier nye kjelder om plastavfall og plastprodukt for ein mogleg statistikk om plast. SSB er med på å kartleggje matsvinn i primærleddet, altså hos jordbruksbedriftene. Det er Landbruksdirektoratet som finansierer arbeidet ved utviding av skjema i to avlingsundersøkingar. SSB skal oppdatere og publisere arealstatistikken for Noreg (arealbruk og arealressursar) og andre meir analyseprega temastatistikkar om areal. Statistikk og analysar er publiserte som planlagd.
Etterspurnaden etter miljøstatistikk til internasjonale publikasjonar og indikatorsystem, særleg i EU og OECD, er aukande.
Frå 2017 gav ei EU-forordning rapporteringsplikt på områda rekneskap for miljøvernutgifter (EPEA), statistikk for produksjon, bruttoprodukt, sysselsetjing og eksport av miljørelaterte varer og tenester (EGSS) og næringsfordelt energibruk. Alle desse områda vert utarbeidd etter den internasjonale standarden SEEA (System for Environmental Economic Accounting) og i tråd med prinsipp i nasjonalrekneskapen.
Som del av ny utviding av EU-forordninga på miljørekneskap vil tre nye statistikkar verte utvikla. Statistikk over miljøvennlege subsidiar og skogrekneskap vil i stor grad byggje på allereie eksisterande statistikkar, medan statistikk for økosystemrekeskap vil krevje betydeleg utvikling. Økosystemrekneskapet følgjer SNs statistiske rammeverk som vart godkjent i 2021 – SEEA EA (Ecosystem Accounting). Rekneskapen består av eit arealrekneskap over utbreiinga av ulike økosystem, samt deira tilstand og tilgang, og etterspørsel etter økosystemtenestar. Utviklinga vil krevje samarbeid med fleire andre statistikkprodusentar og dataleverandørar.
Innanfor forskingsverksemda i SSB på miljø- og klimafeltet er det fleire analyseprosjekt i gang om energimarknadstrendar, klimapolitisk utvikling og bruk av naturressursar. I desse nyttar ein økonomiske analysemodellar av norsk, europeisk og global økonomi. Ein modell av norsk økonomi (SNOW) er òg levert til Finansdepartementet for bruk der. Forskingsprosjekta nyttar norske data, i hovudsak frå SSB, og medverkar til statistikkarbeid på energi-, utslepps- og miljøfeltet. Prosjekta omfattar mellom anna omstilling av norsk økonomi og studiar av Noregs klimapolitiske mål og verkemiddel, løysingar for låge utslepp i transport, energi og industri, samt verdsetjing av naturressursar og tenester frå økosystema. Forskarane arrangerer og deltar i aktivitetar overfor norske brukarar i forvaltninga, nærings- og organisasjonslivet, allmenta, samt nasjonale og internasjonale samarbeidspartnarar.