1 Tilsetjingsvilkåra for leiarane i heileigde statlege føretak
1.1 Noregs Bank
Sentralbanksjef Øystein Olsen var tilsett på eit åremål med varigheit frå 1. januar 2017 og ut 2022. Han melde 28. august 2021 til Finansdepartementet at han ynskte å fråtre stillinga i februar 2022. Ida Wolden Bache er ny sentralbanksjef frå 1. mars 2022. Sentralbanksjefen leier òg hovedstyret i Noregs Bank og komiteen for pengepolitikk og finansiell stabilitet.
Løna til sentralbanksjefen utgjorde 2 592 843 kroner i 2021. Verdien av andre føremoner utgjorde same året 178 529 kroner. Sentralbanksjefens pensjon er regulert gjennom ei eiga pensjonsordning. Maksimalt pensjonsgrunnlag er 12 ganger Folketrygdens grunnbeløp (12 G). Årsløna til den nye sentralbanksjefen – Ida Wolden Bache – er i 2022 avtalt til 2 416 000 kroner med regulering kvart år framover. Den nye sentralbanksjefen er medlem i Noregs Banks eiga pensjonsordning med m.a. maksimalt pensjonsgrunnlag 12 ganger Folketrygdens grunnbeløp (12 G). Den eiga pensjonsordninga for sentralbanksjef og visesentralbanksjef tek no ikkje opp nye medlemar.
1.2 Folketrygdfondet
Folketrygdfondet er eit særlovselskap, jf. lov 29. juni 2007 nr. 44 om Folketrygdfondet.
Løna til administrerande direktør utgjorde 3 910 000 kroner i 2021 og anna godtgjersle 85 000 kroner.
Administrerande direktør må fråtre si stilling seinast ved fylte 70 år. Oppseiingstida er seks månader. Administrerande direktør har rett til etterløn tilsvarande seks månaders løn, rekna frå utgangen av oppseiingstida, dersom han vert oppsagd eller sjølv seier opp etter avtale med styret. Det er ikkje knytt rett til feriepengar eller pensjon til etterløna.
Folketrygdfondet har ein avtale om innskottsbasert pensjonsordning for dei tilsette. Dersom administrerande direktør i perioden frå han er 65 til 67 år tek imot yting knytt til sjukdom eller arbeidsuførleik, frå Nav og/eller tenestepensjonsordningar, vil desse ytingane kome til frådrag i pensjonen frå Folketrygdfondet i denne perioden. Pensjon for administrerande direktør vil verte samordna med alderspensjon frå folketrygda, oppsett rettighet i Statens pensjonskasse og innskottspensjon frå 67 år.