Del 2
Budsjettframlegget for 2023
5 Nærare omtale av løyvingsframlegga m.m.
Programområde 00 Konstitusjonelle institusjonar
Programkategori 00.30 Regjeringa
Utgifter under programkategori 00.30 fordelte på kapittel
(i 1 000 kr) | |||||
---|---|---|---|---|---|
Kap. | Nemning | Rekneskap 2021 | Saldert budsjett 2022 | Forslag 2023 | Endring i pst. |
20 | Statsministerens kontor | 109 662 | 100 181 | 97 084 | -3,1 |
21 | Statsrådet | 167 119 | 173 969 | 176 589 | 1,5 |
24 | Regjeringsadvokaten | 120 476 | 125 815 | 128 428 | 2,1 |
Sum kategori 00.30 | 397 257 | 399 965 | 402 101 | 0,5 |
Statsministerens kontor og Statsrådet
Statsministerens kontor støttar statsministeren i arbeidet med å leie og samordne arbeidet i regjeringa, m.a. ved å førebu, gjennomføre og følgje opp regjeringskonferansane.
Visse saker vert behandla i Statsrådet under Kongen si leiing. Det gjeld til dømes framlegg til nye lover, budsjettframlegg og andre framlegg til vedtak i Stortinget. Statsministerens kontor har saman med fagdepartementa ansvar for å førebu, gjennomføre og følgje opp Statsrådet sine møte hos Kongen. Vidare samordnar kontoret regjeringsmedlemmane si deltaking i enkelte debattar og munnlege spørjetimar på Stortinget. Kontoret skal òg støtte statsministeren i internasjonalt arbeid. Dessutan har kontoret arbeidsgjevarfunksjonar for regjeringsmedlemmane og andre politikarar i departementa.
Statsministerens kontor har tre avdelingar (administrativ og konstitusjonell avdeling, innanriksavdelinga og internasjonal avdeling) og ein kommunikasjonsseksjon.
Regjeringsadvokaten
Hovudoppgåvene til Regjeringsadvokaten er å føre sivile rettssaker på vegner av staten og gje fråsegner om rettslege spørsmål. Regjeringsadvokaten har som mål at staten får dekt behovet sitt for advokattenester på ein god måte, og slik at dei tildelte ressursane vert utnytta best mogleg sett under eitt. Brukarane skal oppfatte embetet som serviceinnstilt, målretta og effektivt. Saksbehandlinga skal vere rask og god.
Brukarane til Regjeringsadvokaten er dei statlege organa, dvs. regjeringa, departementa og verksemdene under departementa. Saksfeltet omfattar alle område av staten si verksemd. Viktige område er domstolskontroll av offentlege styresmakter (skatt, trygd, konsesjonar, ekspropriasjon m.m.), skadebotsaker, eigedomssaker, saker om arbeids- og tenestetilhøve m.m. I tillegg fører Regjeringsadvokaten saker for internasjonale domstolar, t.d. Menneskerettsdomstolen i Strasbourg og domstolane i EU og EØS.
Kap. 20 Statsministerens kontor
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2021 | Saldert budsjett 2022 | Forslag 2023 |
01 | Driftsutgifter | 92 389 | 95 181 | 97 084 |
21 | Spesielle driftsutgifter, Koronakommisjonen, kan overførast | 17 273 | 5 000 | |
Sum kap. 20 | 109 662 | 100 181 | 97 084 |
Rapport 2021
Post 01 Driftsutgifter
Statsministerens kontor har støtta statsministeren i å leie og samordne arbeidet til regjeringa, m.a. med å førebu, gjennomføre og følgje opp regjeringskonferansane. Om lag 80 pst. av utgiftene i 2021 var løn og godtgjersler til tilsette. Andre større utgifter var husleige og reiseutgifter.
Budsjett 2023
Post 01 Driftsutgifter
Løyvinga under kap. 20 Statsministerens kontor dekkjer vanlege driftsutgifter for kontoret. Framlegget inneber ei budsjettramme på 97,1 mill. kroner.
Implementeringa av ny sikkerheitslov
Lov om nasjonal sikkerhet (sikkerhetsloven) tok til å gjelde 1. januar 2019, og alle sektorar arbeider med å implementere lova. Føremålet med lova er å tryggje dei nasjonale sikkerheitsinteressene og å førebyggje, avdekkje og motverke sikkerheitstrugande verksemd. Dei nasjonale sikkerheitsinteressene blir tryggja ved at departementa identifiserer grunnleggjande nasjonale funksjonar (GNF) innanfor sine ansvarsområde, verksemder av avgjerande betydning for GNF vert underlagde sikkerheitslova, og naudsynte sikringstiltak for skjermingsverdige verdiar vert gjennomførte. For å ivareta føremålet med lova, vil GNF-prosessen vere ein kontinuerleg prosess. Denne prosessen kan føre til endringar når det gjeld identifiserte funksjonar og skjermingsverdige verdiar, kva for verksemder som er av vesentleg og avgjerande betyding, og i kva grad ei verksemd er avhengig av eksterne ressursar (andre verksemder). Kva som vil krevjast for å oppnå eit forsvarleg sikkerheitsnivå, kan òg bli endra.
Statsministerens kontor har identifisert følgjande grunnleggjande nasjonale funksjonar i eigen sektor: SMK GNF 1: Statsministerens kontors virksomhet, handlefrihet og beslutningsdyktighet omfattar kontoret si rolle som fagleg sekretariat for politisk leiing, utøving av myndigheit og styring og oppfølging av underliggjande verksemder.
Statsministerens kontor har kartlagt avhengigheiter og varsla ansvarlege verksemder. Vi har ikkje verksemder i eigen sektor som er av vesentleg eller avgjerande betydning for GNF. Identifisert GNF er innmeld til tryggingsorganet.
Post 21 Spesielle driftsutgifter, Koronakommisjonen, kan overførast
I statsråd 24. april 2020 vart det oppretta ein uavhengig kommisjon som skal gjennomgå og trekkje lærdom frå covid 19-utbrotet i Noreg (Koronakommisjonen). Kommisjonen leverte sin andre og siste rapport 26. april 2022.
Kommisjonen er dermed ferdig med sitt arbeid, og det er ikkje lenger behov for posten.
Kap. 21 Statsrådet
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2021 | Saldert budsjett 2022 | Forslag 2023 |
01 | Driftsutgifter | 167 119 | 173 969 | 176 589 |
Sum kap. 21 | 167 119 | 173 969 | 176 589 |
Rapport 2021
Post 01 Driftsutgifter
Større utgifter i 2021 har vore godtgjersle til regjeringa og dei politisk tilsette i departementa, investeringar i Regjeringa si bilteneste, reiseutgifter og husleige for pendlarbustader.
Budsjett 2023
Post 01 Driftsutgifter
Løyvinga under kap. 21 Statsrådet skal dekkje godtgjersle til regjeringsmedlemmane, statssekretærane og dei politiske rådgjevarane, og ein del andre utgifter knytt til den politiske leiinga ved Statsministerens kontor og i departementa. Det gjeld m.a. utgifter til bustad for pendlarar, heimreiser, besøksreiser for familie og tenestereiser.
Nærare reglar om kva for ytingar den politiske leiinga kan få dekt, finst i «Reglement om arbeidsvilkår for departementenes politiske ledelse», fastsett ved kongeleg resolusjon 28. mars 2003. Reglementet er supplert og utfylt i «Håndbok for politisk ledelse», som vert gjeve ut av Statsministerens kontor.
Framlegget inneber ein budsjettramme på 176,6 mill. kroner. Frå 2023 tek politiet over ansvaret for kostnader i samband med tryggingstiltak for regjeringa. I framlegget er det difor innarbeidd ein reduksjon på 5 mill. kroner mot tilsvarande auke på kap. 440 Politiet, post 01 Driftsutgifter.
Kap. 24 Regjeringsadvokaten
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2021 | Saldert budsjett 2022 | Forslag 2023 |
01 | Driftsutgifter | 110 218 | 110 715 | 112 828 |
21 | Spesielle driftsutgifter | 10 258 | 15 100 | 15 600 |
Sum kap. 24 | 120 476 | 125 815 | 128 428 |
Rapport 2021
I 2021 kom det inn 1 189 nye saker til Regjeringsadvokaten, ein nedgang på 8 pst. i høve til 2020.
Utviklinga går i retning av at både fråsegnssaker og rettssaker vert større og meir kompliserte. Det har særleg samanheng med at rettskjeldematerialet er meir omfattande og samansett, og at sakene oftare har eit internasjonalt tilsnitt. Difor aukar behovet for spesialkompetanse innan menneskerettar, EØS-rett og allmenn folkerett.
Av dei nemnde sakene er 864 rettssaker (892 i 2020), 157 rådgjevande fråsegner (208 i 2020) og 158 høyringar (176 i 2020). Blant rettssakene utgjer områda trygd, psykisk helsevern og utlendingssaker framleis ein stor del.
Utlendingssakene viser ein nedgang til 75 saker (91 saker i 2020). Talet på psykisk helsevernsaker var 366 i 2021, ein auke frå 364 saker i 2020. Talet på trygdesaker hadde ein nedgang frå 101 saker i 2020 til 89 i 2021.
Arbeidsmengda for dei tilsette hos Regjeringsadvokaten er høg. Noko vert løyst ved å setje ut saker til private advokatar og ved noko eigenprosedyre i etatane. Sakene som vert sett ut til private advokatar, er helst slike som det er mange relativt like av. Viktige saker må behandlast av Regjeringsadvokaten.
Budsjett 2023
Post 01 Driftsutgifter
Framlegget inneber ei budsjettramme på 112,8 mill. kroner for 2023. Løyvinga skal fyrst og fremst dekkje løns- og driftsutgifter hos Regjeringsadvokaten. Regjeringsadvokaten si budsjettramme har blitt styrka over fleire år, blant anna for å auke kapasiteten på område som er særleg viktige og som det er pågang på frå regjering og forvaltning.
Post 21 Spesielle driftsutgifter
Løyvinga skal dekkje prosessutgifter og utgifter til leige av advokatar. Nokre sakstypar, til dømes utlendings- og trygdesaker, er tyngjande fordi det er så mange einskildsaker. Talet på nye rettssaker er uvisst.
Framlegget inneber ei budsjettramme på 15,6 mill. kroner.
Kap. 3024 Regjeringsadvokaten
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2021 | Saldert budsjett 2022 | Forslag 2023 |
01 | Vederlag for utgifter i rettssaker | 33 451 | 20 700 | 21 300 |
Sum kap. 3024 | 33 451 | 20 700 | 21 300 |
Post 01 Vederlag for utgifter i rettssaker
Inntektsframlegget dekkjer inntekter som følgjer av at staten vert tilkjend sakskostnader i sivile saker der Regjeringsadvokaten er prosessfullmektig. Inntektene er vanskeleg å anslå, og der vert difor gjort framlegg om ei ramme for 2023 på 21,3 mill. kroner.
Programkategori 00.40 Stortinget og tilknytte organ
Utgifter under programkategori 00.40 fordelte på kapittel
(i 1 000 kr) | |||||
---|---|---|---|---|---|
Kap. | Nemning | Rekneskap 2021 | Saldert budsjett 2022 | Forslag 2023 | Endring i pst. |
41 | Stortinget | 1 287 983 | 1 412 285 | 1 471 778 | 4,2 |
42 | Stortingets ombodsnemnd for Forsvaret | 7 721 | 7 766 | 7 991 | 2,9 |
43 | Stortingets ombod for kontroll med forvaltninga | 95 667 | 94 287 | 99 038 | 5,0 |
44 | Stortingets kontrollutval for etterretnings-, overvakings- og tryggingsteneste | 35 843 | 35 105 | 41 265 | 17,5 |
45 | Noregs institusjon for menneskerettar | 25 956 | 26 040 | 26 857 | 3,1 |
51 | Riksrevisjonen | 555 672 | 592 577 | 605 520 | 2,2 |
Sum kategori 00.40 | 2 008 842 | 2 168 060 | 2 252 449 | 3,9 |
Kap. 41 Stortinget
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2021 | Saldert budsjett 2022 | Forslag 2023 |
01 | Driftsutgifter | 943 515 | 1 018 485 | 1 053 178 |
21 | Spesielle driftsutgifter, kan overførast | 1 592 | 2 400 | 4 200 |
45 | Større utstyrskjøp og vedlikehald, kan overførast | 107 320 | 147 400 | 155 000 |
50 | Sannings- og forsoningskommisjonen | 10 000 | 10 000 | 2 900 |
70 | Tilskot til partigruppene | 209 493 | 210 600 | 232 600 |
72 | Tilskot til Det Norske Nobelinstitutts bibliotek | 1 500 | 1 500 | 1 500 |
73 | Kontingentar, internasjonale delegasjonar | 14 366 | 16 500 | 17 000 |
74 | Reisetilskot til skular | 197 | 5 400 | 5 400 |
Sum kap. 41 | 1 287 983 | 1 412 285 | 1 471 778 |
Samfunnsoppdrag, hovudoppgåver og organisering
Oppgåvene og arbeidsordninga til Stortinget som konstitusjonelt organ er nedfelte i Grunnlova, lover, stortingsvedtak og konstitusjonell praksis. Stortingets konstitusjonelle hovudoppgåver er å vedta lover, løyve pengar til rådvelde for regjeringa og føre kontroll med regjering og forvaltning.
Eit folkestyre skal både bevare og fornye. Bevare fordi det dannar ramma for fellesskapet vårt. Fornye fordi det aldri må miste aktualiteten sin. Men først og fremst må eit folkestyre vere levande. Eit levande folkestyre er visjonen vår.
Samfunnsoppdraget for Stortingets administrasjon er å organisere og utvikle det parlamentariske arbeidet og leggje til rette for at stortingsrepresentantane kan vareta verva sine. Samfunnsoppdraget er vidare å formidle kunnskap om folkestyret og Stortingets verksemd. Administrasjonen skal òg ta vare på Stortingets bygningar, historiske verdiar og kunst.
Det administrative arbeidet skal utførast effektivt og med god kvalitet. Administrasjonen skal opplevast som relevant, profesjonell og samfunnsmedviten av stortingsrepresentantane og andre målgrupper.
Resultat i 2021
Koronapandemien har påverka drifta i administrasjonen også i 2021. Hovudfokuset har vore å sikre at den parlamentariske kjerneverksemda blir halden ved lag samstundes med at ein til kvar tid overheld dei gjeldande smittevernkrava frå helsemyndigheitene. Administrasjonen har overvaka smittesituasjonen og har gjennom pandemien vurdert behov for å justere tiltaka.
Stortinget har i 2021 vore utsett for alvorlege dataangrep. Handteringa av desse har vore ressurskrevjande, og Stortingets administrasjon har i etterkant av hendingane gjennomført uavhengige evalueringar med tanke på læring og forbetring. Fleire viktige bemanningstiltak blei sette i gang på hausten, og organisatoriske tiltak blir vidareførte i 2022.
Hausten 2021 sette media søkjelys på dei økonomiske ordningane til representantane, særleg knytt til pendlarbustadordninga. På bakgrunn av det som kom fram, blei det starta ei rekkje gjennomgangar av ordningane til representantane. Representantordningsutvalet blei nedsett av presidentskapet og skal vurdere innretninga framover for alle økonomiske ordningar for representantane. Presidentskapet har i tillegg gjeve ei innstilling der Riksrevisjonen skal gjere særlege undersøkingar av dei økonomiske ordningane for representantane. Administrasjonen engasjerte advokatfirmaet Grette for å gjennomføre ein ekstern skatterevisjon i 2021. Rapporten frå dette arbeidet blei levert i desember.
Utover handtering av pandemi og dataangrep og oppfølging av gjennomgangane av ordningane til representantane, som nemnd over, har administrasjonen i 2021 hatt dei følgjande overordna prioriteringane i arbeidet sitt:
levere på samfunnsoppdraget (formålet) med høg kvalitet og effektivitet
vere i gang med å hente ut effektar frå strategiske tiltak som skal gje ei betre samla brukaroppleving med mindre ressursbruk (program for modernisering og effektivisering)
heilskapleg stortingstorg
digitalisering av den parlamentariske saksbehandlinga
kompetanse- og samhandlingsplan i den parlamentariske saksbehandlinga
tale-til-tekst
leggje praktisk til rette på ein god måte og utnytte moglegheitene i formidlingsarbeidet i samanheng med stortingsvalet i 2021
Vidare rapportering på resultat frå 2021 følgjer under og er innretta etter formåla i strategien til Stortingets administrasjon.
Formål 1: Organisere og utvikle det parlamentariske arbeidet
Stortingets administrasjon har vareteke funksjonar knytte til verksemda Stortinget utøver som konstitusjonelt organ, medrekna Stortingets saksbehandling og arbeidsordning, forretningsorden, løyvingsreglement, komitéreiser og formelle spørsmål i tilknyting til verksemda i komiteane og det internasjonale arbeidet. Administrasjonen har dessutan henta inn og lagt til rette for faktagrunnlag til arbeidet i Stortinget, og dokumentert verksemda i Stortinget.
Eitt av dei prioriterte tiltaka i 2021 retta seg mot digitalisering av den parlamentariske saksbehandlinga. Basert på konseptvurdering og planlegging våren 2021 blei gjennomføringsprosjektet StorSak sett i gang hausten 2021. Hovudoppgåva til prosjektet er å få på plass ei moderne, fleksibel og framtidsretta IT-plattform som varetek krav til informasjons- og dokumentasjonsforvaltning. Prosjektet er eit stort og viktig digitaliseringsinitiativ, og er forventa å vere ferdigstilt ved årsskiftet 2023/24.
Eit anna prioritert tiltak i 2021 var å etablere eit samarbeid for kompetanseutvikling og betre samhandling for alle medarbeidarar i den parlamentariske dokumentproduksjonen. Hausten 2021 blei ei rekkje felles kurs i dokumenthandtering og parlamentarisk saksbehandling starta. Det blei også etablert eit samarbeid med digitaliseringsprosjektet StorSak. Målet er at medarbeidarar skal få moglegheit til å bidra til å utnytte potensialet som ligg i ny teknologi.
I 2021 blei digitale høyringar vidareførte og vidareutvikla. Ingen komitéreiser blei gjennomførte våren 2021. Det blei gjennomført nokre få komitéreiser innanlands hausten 2021. Enkelte komitear har valt å erstatte fysiske reiser med digitale møte.
Administrasjonen har gjennom året lagt til rette for det internasjonale arbeidet til stortingspresidenten, presidentskapet, utanriks- og forsvarskomiteen, internasjonale delegasjonar og stortingsrepresentantane. Dette omfattar også deltaking på valobservasjonar.
Formål 2: Leggje til rette for at representantane kan vareta verva sine
Administrasjonen har levert tenester for å gje stortingsrepresentantane gode føresetnader for å vareta vervet sitt. Tenestene er tilpassa aktivitetsnivået i Stortinget, slik at dei framstår som relevante og tilgjengelege for brukarane, samstundes som ressursbruken er effektiv.
Det blei levert ei rekkje praktiske tenester, og administrasjonen leverte også relevante fakta, analysar og drøftingar til stortingsrepresentantane, slik at dei hadde eit fagleg grunnlag for dei politiske vurderingane sine. Administrasjonen har også gjeve opplæring i informasjonssøk til representantar og politiske rådgjevarar og sørgt for at stortingsrepresentantane har kunnskapsressursar lett tilgjengeleg.
Administrasjonen har ytt administrative tenester til stortingsrepresentantane når det gjeld løn, godtgjersler, reiser, bustader, pensjonar, forsikringar, arbeidsforhold og velferdsordningar. Arbeidsprosessar knytte til tenestetilbodet er blitt kontinuerleg forbetra for på ein effektiv måte å kunne levere gode og relevante tenester til brukarane. Dette gjeld eksempelvis reinhald, kafeteria og intern eigedomsdrift.
Stortingets administrasjon har arbeidd systematisk med tydeleg og rettidig kommunikasjon til representantar og tilsette i gruppesekretariata. I 2021 blei dette arbeidet ytterlegare profesjonalisert. Administrasjonen utvikla og vidareførte fleire interne informasjonskampanjar gjennom året, blant anna relatert til IT-sikkerheit og koronapandemien. Det har i tillegg vore gjennomført fleire ulike former for sikkerheitsorienteringar.
Eit av dei prioriterte prosjekta, Heilskapleg stortingstorg, har som mål å betre brukaropplevinga for representantar og tilsette i partigruppesekretariata. Hausten 2021 etablerte prosjektet eit nytt felles bemanna kontaktpunkt, forenkla bestillingsløysningane og gav brukarane betre oversikt over tenestane. Samstundes blei det sett i gang et arbeid med å innføre ein ny tenesteleveransemodell og nye arbeidsformer for tenesteleveransar frå administrasjonen. Dette arbeidet held fram i 2022.
I 2020 inngjekk administrasjonen avtale om innkjøp av ei teknologisk løysing for bruk av taleattkjenning i produksjonen av stortingsreferatet. Løysinga blei levert i 2021 og er sett i drift våren 2022.
Knytt til stortingsvalet har administrasjonen levert mange tenester for å sikre best mogleg støtte til representantane. For å sikre ein smidig og verdig avgang for avtroppande representantar og samstundes gje informasjon og støtte og leggje til rette for nye representantar, slik at dei så raskt som mogleg skulle kunne utføre vervet sitt, blei alle arbeidsoppgåver knytte til valet organiserte i eit prosjekt. Prosjektet fokuserte på effektiv ressursforvaltning og på å skape ei god brukaroppleving for representantane. Stortingstorget og medarbeidarar frå prosjektet Val 2021 har handtert mottak av 67 nye representantar, med praktisk støtte og vidareformidling av informasjon.
Administrasjonen har jobba med heilskapleg tilnærming til samhandling om oppgåver, saksbehandling og bevaring av tilhøyrande dokumentasjon. Dette gjev betre digital samhandling og moderne dokumentasjonsforvaltning, som igjen bidreg til auka effektivitet og betre dokumentasjonsfangst og attfinning. Arbeidet er organisert som et prosjekt, SIDA, og ved slutten av året 2021 var konseptfasen i ferd med å sluttførast. Arbeidet i prosjektet skal gjennomførast i perioden 2022–2024.
Formål 3: Formidle kunnskap om folkestyret og verksemda til Stortinget
Som i 2020 var Stortinget i store delar av 2021 stengt for besøkjande, grunna smittevern under koronapandemien. For at institusjonen skulle kunne oppfylle oppdraget sitt om formidling av folkestyret uavhengig av fysiske besøk, blei det digitale formidlingstilbodet utvida.
Stortingsvalet 2021 fall saman med at det var 100 år sidan Karen Platou som første kvinne blei vald til fast plass på Stortinget. På denne bakgrunnen initierte Stortingets administrasjon to større formidlingssatsingar i 2021: Val 2021 og Kvinner på Stortinget 1921–2021.
Som ein del av satsinga på formidling ved stortingsvalet blei to heildigitale læringsspel lanserte for bruk i klasserommet. Valet er ditt for ungdomsskulen blei gjort tilgjengeleg to veker før valet, og Regjeringskabalen for den vidaregåande skulen kom under regjeringsforhandlingane i oktober. I løpet av fire knappe månader, frå september til skuleslutt før jul, hadde om lag 18 000 elevar gjennomført eitt av spela i sitt eige klasserom.
Hundreårsmarkeringa Kvinner på Stortinget 1921–2021 skapte merksemd om demokratispørsmål, framveksten av eit likestilt folkestyre og Stortinget som institusjon. Av formidlingstiltak kan nemnast plakatutstilling på Eidsvolls plass, artiklar, filmar og postar til sosiale media.
Av anna formidling blei blant anna plakatutstillinga Politikkens kunst sett opp på Eidsvolls plass, og hundreårsjubileet for det norske flagget blei markert gjennom heile 2021.
Stortinget.no, Stortingets viktigaste kanal for informasjon om arbeidet dei folkevalde gjer og sakene dei behandlar, hadde totalt over 4 millionar besøk i 2021, det høgste talet nokosinne. Nettinnhald knytt til stortingsvalet fekk svært mykje trafikk. Gjennom året blei også dei skreddarsydde undervisningssidene på stortinget.no oppdaterte.
Talet på følgjarar på Stortingets sosiale medium auka jamt gjennom året for alle kanalar. Ei av dei viktigaste satsingane i 2021 var den nye Instagram-kanalen Stortinget Ung, som blei lansert hausten 2020.
Talet for pressemøte og pressekonferansar var i 2021 på same nivå som tidlegare år, men med større behov for tilrettelegging frå administrasjonen si side på grunn av koronasituasjonen. Media har retta mykje merksemd mot Stortingets administrasjon i 2021, både om dataangrepet og om dei økonomiske ordningane for representantane. Dette har ført til mange mediehendingar og eit stort tal krav om innsyn i dokument.
Formål 4: Ta vare på Stortingets bygningar, historiske verdiar og kunst
Administrasjonen har forvalta, drifta og halde ved like Stortingets bygningsmasse for å gje gode og trygge rammer for det parlamentariske arbeidet. Det er i 2021 blant anna gjennomført tilstandsanalysar for bygningsmassen som underlag for langsiktige planar og prioritering av tiltak. Verneplan for stortingsbygningen er fullført i 2021 og blir lagd fram for godkjenning i 2022.
Som oppfølging av «Rapport om evaluering av Stortingets byggeprosjekt Prinsens gate 26 mv.» har administrasjonen arbeidd med å tilpasse arbeidsformer på eigedomsområdet. Det er også utarbeidd ein prosjektmodell for eigedomsprosjekt, som blir implementert i 2022. Tiltaka skal bidra til å sikre gode grunnlag for vedtak i forkant av og under gjennomføring av eigedomsprosjekt.
Statsbygg er engasjert for gjennomføring av ein konseptfase for tekniske og bygningsmessige oppgraderingar av stortingsbygninga sitt tilbygg mot Akersgata. Arbeid med oppgradering av Akersgata 21 (2.–5. etasje) blei også sett i gang i 2021. Dei bygningsmessige tiltaka skal bidra til ytterlegare arealeffektivisering og moglegheit for betre fysisk samhandling i administrasjonen. Tiltaka vil også bidra til å gje Stortinget auka fleksibilitet i arealdisponering ved framtidige bygningsmessige tiltak av større og mindre omfang.
Stortingets administrasjon har peika ut tre miljøføringar som skal prioriterast. Desse føringane er:
Vi gjennomfører miljøvenleg eigedomsforvaltning, byggutvikling og eigedomsdrift.
Innkjøpa våre bidreg til miljø- og klimavenlege løysingar.
Vi legg til rette for miljøvenlege val hos representantar, tilsette og andre brukarar av Stortinget.
Administrasjonen jobba med operasjonalisering av dei overordna miljøføringane samstundes som det blei arbeidd med utgreiing og innføring av eit miljøleiingssystem. Det er sett i gang oppdatering av Stortingets styrande dokument for miljøarbeid, og arbeidet har som mål å bidra til eit meir systematisk og heilskapleg miljøarbeid.
I 2021 har administrasjonen arbeidd vidare med forvaltning av Stortingets kunstsamling og historiske gjenstandar. Administrasjonen har utvikla eit planverk for forvaltning av Stortingets samling av kunstverk, historiske og spesielt verdifulle gjenstandar. Evakueringsplanar, som ein øver på i samarbeid med Oslo brann- og redningsetat, inngår i planverket.
I løpet av 2021 er nivået på dei fysiske sikringstiltaka for Stortingets bygningsmasse blitt kartlagde. Dette vil inngå som eit element i den heilskaplege sikkerheitsstyringa. Administrasjonen har utarbeidd eit prinsippdokument for sikkerheit og beredskap med tilhøyrande dokumentstruktur, som ledd i etablering av eit leiingssystem for sikkerheit og beredskap. I tillegg er det etablert og implementert eit beredskapsplanverk med ulike delplanar.
Viktige utfordringar
Stortingets administrasjon søkjer å prioritere gode og effektive leveransar på samfunnsoppdraget. Administrasjonen har ein strategi som gjev retning for vidare utviklingsarbeid og legg føringar for verksemdsplanlegginga for åra framover. Dei følgjande tre satsingsområda er prioriterte i strategien:
Moderne arbeidsplass: Vi er éin administrasjon som står saman om leveransane, feila og suksessane våre.
Brukarorientert oppgåveløysing: Saman jobbar vi effektivt og profesjonelt for å skape gode brukaropplevingar.
Ansvarleg institusjonsforvaltar: Vi bidreg til å fornye og bevare folkestyret og tilliten til Stortinget.
Som nemnd over blei det hausten 2021 starta fleire eksterne gjennomgangar av representantordningane. Gjennomgangane vil halde fram gjennom 2022 og dels 2023.
Representantordningsutvalet skal levere rapporten sin i 2023. Gjennomgang og behandling av innhaldet i rapportane er viktig for å sikre tillit til både Stortinget som institusjon og til stortingsrepresentantane. Dei pågåande gjennomgangane vil venteleg avklare framtidige ordningar, behov og vilkår for stortingsrepresentantar og spørsmål knytte til kontroll og rapportering. Gjennomgangane vil få konsekvensar for korleis administrasjonen innrettar det vidare arbeidet sitt i 2023 og i tida framover.
Administrasjonen etablerte i 2022 ein internrevisjonsfunksjon og har sett i gang eit arbeid for å styrkje internkontrollen. Administrasjonen ser fram til å få dei ulike rapportane, konklusjonane og anbefalingane og vil bidra til å avklare framtidige ordningar for Stortinget og representantane.
Dataangrepet og evaluering og gjennomgang av dette vil også danne grunnlag for sikringsarbeid i 2023. Stortinget vil fokusere på å samstemme forslag til beredskapsplanverk og -tiltak mot det til kvar tid gjeldande trussel- og risikobiletet. Auka grad av digitalisering og betre og meir moderne teknologiske løysingar, både i den parlamentariske og den administrative saksbehandlinga, vil bidra til sikrare og meir effektive løysingar og auka og sikrare dokumentasjonsfangst.
Mål og prioriteringar i 2023
Stortingets administrasjon jobbar etter dei følgjande overordna prioriteringane for 2023:
levere på samfunnsoppdraget (formålet) med høg kvalitet og effektivitet
følgje opp gjennomgangane av Stortingets ordningar
prioritere sikkerheits- og beredskapsarbeidet
gjennomføre strategiske utviklingstiltak
planleggje for meir kostnadseffektive og berekraftige lokale
vidareutvikle formidlingsaktivitetane om folkestyret på digitale plattformer, og gjennom stadlege tilbod i Stortingets lokale
Formål 1: Organisere og utvikle det parlamentariske arbeidet
Stortingets administrasjon skal vareta alle funksjonar som knyter seg til verksemda Stortinget utøver som konstitusjonelt organ, medrekna Stortingets saksbehandling og arbeidsordning, forretningsorden, løyvingsreglement, komitéreiser og formelle spørsmål i tilknyting til verksemda i komiteane og det internasjonale arbeidet. Administrasjonen skal hente inn og leggje til rette for faktagrunnlag til arbeidet i Stortinget, og dokumentere verksemda i Stortinget.
Arbeidet med løysing for digitalisering av den parlamentariske saksbehandlinga, StorSak, held fram ut året 2023. Målet er at Stortinget skal utveksle, behandle, offentleggjere og bevare parlamentarisk informasjon digitalt og effektivt, med god kvalitet. Det skal leggjast til rette for meir effektiv utveksling av informasjon ved bruk av felles strukturar og standardar, eksternt og internt. Ei felles arbeidsflate for informasjon og oppgåver knytte til parlamentarisk saksbehandling skal bidra til ein open og smidig oppgåveflyt. Saksbehandlinga vil skje i ei heilskapleg, digital verdikjede, og manuelle, rutinemessige oppgåver skal automatiserast der det er formålstenleg.
Ei framtidig løysing skal leggje til rette for ei heilskapleg forvalting av parlamentarisk informasjon og sørgje for at parlamentarisk dokumentasjon blir gjord digitalt tilgjengeleg for allmenta. Dokumentfangsten til arkiv skal i størst mogleg grad automatiserast. Prosjektet vil i 2023 bruke tid på å forbetre, kvalitetssikre og stabilisere dei nye løysingane som er utvikla, i tillegg til opplæring og andre førebuande aktivitetar for å kunne ta det nye saksbehandlingssystemet i bruk på ein god måte i januar 2024.
Stortinget har under pandemien opparbeidd seg god erfaring med bruk av digitale verktøy i det parlamentariske arbeidet. I komitéarbeidet har dette gjeve auka fleksibilitet, ved at komitémøte og høyringar kan avviklast digitalt når det er formålstenleg. Tilbakemeldingane frå deltakarane på digitale høyringar (høyringsinstansane) er gjennomgåande positive. Auka bruk av digitale verktøy krev god digital kompetanse, noko administrasjonen vil arbeide for å styrkje i tida framover. Stortinget vil også jobbe vidare for å styrkje sikkerheita i dei digitale løysingane i lys av det gjeldande trussel- og risikobiletet.
Formål 2: Leggje til rette for at representantane kan vareta verva sine
Administrasjonen skal levere gode tenester, slik at stortingsrepresentantane har dei beste føresetnadene for å vareta verva sine. I 2023 vil arbeidet med å betre tenestene til stortingsrepresentantane, med meir effektiv ressursbruk i administrasjonen, halde fram. Heilskaplege tenesteleveransar vil saman med digitale sjølvhjelpsløysingar gje stortingsrepresentantane tilgang til tenestene frå administrasjonen på ein meir effektiv måte. Forenkling for stortingsrepresentantane står, saman med større grad av digitalisering, sentralt i arbeidet på dette området i åra som kjem.
I 2023 vil administrasjonen halde fram arbeidet med å greie ut om dei faglege spørsmåla Stortinget ønsker klargjorde. Administrasjonen vil levere relevante fakta, analysar og drøftingar til stortingsrepresentantane som eit fagleg grunnlag for dei politiske vurderingane deira. Informasjonskjelder som blir stilte til rådvelde, skal i størst mogleg grad vere tilgjengelege på digitale einingar, uavhengig av kvar stortingsrepresentantane oppheld seg.
EØS-avtalen og andre internasjonale avtalar påverkar norsk politikk. Arbeidet administrasjonen gjer med kunnskapstenester på det internasjonale området, må vere robust og fleksibelt nok til å møte framtidige behov. Administrasjonen går i 2022 gjennom tenestene på dette området, og tenestene vil i 2023 bli justerte i samsvar med framtidige behov.
Administrasjonen skal arbeide vidare med å forbetre kommunikasjonen om tenestene administrasjonen har som er retta mot representantar og tilsette. Riktig og målretta kanalbruk skal sørgje for at relevant informasjon er lett tilgjengeleg, og det skal vere enkelt å halde seg oppdatert på endringar og hendingar.
Nedstenging og reiserestriksjonar har gjort det tydeleg at interparlamentarisk kontakt gjennom fysiske møte har ein verdi som digitale møte berre delvis kan erstatte. Ein vil difor streve etter å vende tilbake til ein normalitet på dette punktet, samstundes som ein utnyttar dei moglegheitene som digitale møte gjev, der denne forma for samhandling er formålstenleg. I samband med reiser vil ein fokusere ytterlegare på sikkerheit, som person-, helse- og informasjonssikkerheit. Den endra sikkerheitspolitiske situasjonen i Europa har allereie påverka og vil også vidare påverke internasjonalt parlamentarisk samarbeid. I 2023 har Noreg presidentskapen for Nordisk råd, og dermed vertskapsansvaret for den årlege hovudsesjonen med inntil 1 000 deltakarar.
Administrasjonen har behov for ei heilskapleg tilnærming til samhandling om oppgåver, saksbehandling og bevaring av tilhøyrande dokumentasjon. Behovet inneber å understøtte vegen mot ein moderne arbeidsplass, der det blir lagt til rette for betre samhandling og moderne dokumentasjonsforvaltning som bidreg til auka effektivitet og betre dokumentasjonsfangst og attfinning. I arbeidet inngår å erstatte dagens teknologiske løysingar for dokumentlager og bevaring. Det er sett i gang eit prosjekt for å utvikle ei ny løysing for administrativ saksbehandling, samhandling og dokumentasjonsforvaltning. Planen er at gjennomføringsfasen for prosjektet skal starte hausten 2022. Prosjektet blir gjennomført i perioden 2022–2024.
Administrasjonen skal levere ei rekkje praktiske tenester innanfor områda vakthald, resepsjonsdrift, møterom/digitale tenester, reinhald og kantine m.m. Arbeidet med vidareutvikling av tenester held fram i 2023 gjennom standardisering, auka samhandling og styrking av fagmiljø gjennom auka grad av automatisering og digitalisering. Tenester skal være relevante for brukarane, i takt med digital endring og forventingar frå innbyggjarane.
Ei av dei prioriterte miljøføringane til administrasjonen er å leggje til rette for at representantar, tilsette og andre kan ta miljøvenlege val. Innan serviceområdet blei reinhaldstenesta i 2022 sertifisert i medhald av nordisk miljømerking, og arbeidet skal vidareførast for å kome i møte nye revisjonskrav i 2023. Miljøarbeidet skal framleis stå i fokus i 2023, blant anna med ytterlegare reduksjon av ikkje-miljøsertifiserte tekstilar, plastforbruk og matsvinn, og med auka gjenbruk og kjeldesortering.
Stortingets administrasjon vil arbeide vidare med sikkerheit og beredskap for endå betre å samstemme forslag til beredskapsplanverk og -tiltak mot det til kvar tid gjeldande trussel- og risikobiletet. Leiingssystem for sikkerheit og beredskap skal vidareutviklast som ein del av arbeidet med styring og kontroll på dette området. Arbeidet har ein heilskapleg tilnærming, og det skal arbeidast systematisk på tvers av dei ulike fagavdelingane.
Formål 3: Formidle kunnskap om folkestyret og verksemda til Stortinget
Stortingets kommunikasjons- og formidlingsarbeid skal bidra til å bygge tillit til, forståing for og oppslutning om Stortingets rolle i demokratiet. Kommunikasjonen med omverda skal vere aktiv og relevant og opne for samhandling mellom folket og dei folkevalde og vere særleg retta mot barn og unge, vaksne med låg demokratisk deltaking og personar som i sitt profesjonelle virke er i kontakt med Stortinget. I tillegg er det eit viktig oppdrag å kommunisere til allmenta det løpande parlamentariske arbeidet i Stortinget, og å formidle den historiske utviklinga av folkestyret vårt.
Nettstaden www.stortinget.no gjev brukarane tilgang til all informasjon om sakene som blir behandla i Stortinget, møte og høyringar, og utgjer kjerneinformasjonen om det parlamentariske arbeidet. Administrasjonen vil arbeide med å vidareutvikle tenester som gjer det enkelt å halde seg oppdatert på det som skjer i Stortinget.
For å bidra til større openheit og ei brei offentlegheit om det som skjer i Stortinget, jobbar Stortinget kontinuerleg med å leggje til rette for at pressa kan vareta samfunnsoppdraget sitt på best mogleg måte.
Gjennom sosiale medium, filmar og arrangement kan alle setje seg inn i og lære om kva oppgåver Stortinget har, og arbeidet som blir utført.
I 2023 skal formidlingsaktivitetane utviklast vidare. Det vil skje både gjennom fysisk formidling i form av omvisingar, utstillingar og interaktive læringsspel i Stortinget, og gjennom arbeidet med å utvikle tilbodet og breidda i den digitale formidlinga.
Eidsvolls plass er ein av Noregs viktigaste arenaer for ytringsfridom og engasjement. Stortingets administrasjon forvaltar bruken av plassen og legg til rette for at det kan haldast demonstrasjonar og markeringar. Administrasjonen jobbar vidare med å forenkle bestillinga av Eidsvolls plass.
For å nå alle målgruppene i formidlingsarbeidet vil administrasjonen arbeide med universell utforming i samsvar med generelle retningslinjer og krav. I digitaliseringa av den parlamentariske saksbehandlinga er dette aktuelt på fleire område. Sentrale kjelder i stortingsarkivet, som digitaliserte stortingsforhandlingar og avgraderte referat frå møte for stengde dører og den utvida utanriks- og forsvarskomiteen, er digitalt tilgjengelege, men ikkje universelt utforma. Arbeidet med universell utforming vil starte i 2022 og halde fram i 2023.
Ei taleattkjenningsløysing som automatisk skriv ut ein første versjon av talarinnlegga frå stortingssalen, basert på lydfil, blei sett i drift våren 2022. Som del av arbeidet med universell utforming vil vi vurdere om løysinga kan brukast til andre formål, som til dømes teksting av video.
Ved internasjonale besøk og møte på Stortinget er omvising ofte sentralt, med formidling av Stortingets rolle i demokratibygging. Pressa har ei viktig rolle for å sikre eit velfungerande demokrati. Dette er ein dimensjon som også blir framheva når parlamentarikarar frå andre land besøkjer Stortinget.
I 2023 skal Stortinget gje ut Norges Lover for andre gang etter at Lovsamlingsfondet bestemde at 2018-utgåva skulle være den siste utgåva deira på grunn av manglande lønsemd. Første gang Stortinget stod som ansvarleg utgjevar, var i 2021, og det er bestemt at ny utgåve av Norges Lover skal gjevast ut annakvart år framover.
Formål 4: Ta vare på Stortingets bygningar, historiske verdiar og kunst
Stortingets administrasjon skal arbeide med god og sikker forvaltning, drift og vedlikehald av bygningsmassen for å sikre gode og trygge rammer for det parlamentariske arbeidet. Gjennomførte kartleggingar og analysar gjev god oversikt over tilstanden til bygningsmassen og behova til brukarane. Revidert plan for strategiske avgjerder på eigedomsområdet vil frå 2023 danne grunnlaget for langtidsplanlegging av arealbruk og investeringar i eigedom, bygg og anlegg.
I 2022 blir ombygging av Akersgata 21 ferdigstilt. Ombygginga legg til rette for nye arbeidsformer og ei effektiv arealutnytting. Det blir i 2023 også planlagt for meir kostnadseffektive og berekraftige lokale, blant anna gjennom planlegging av oppgradering av tilbygget mot Akersgata og utgreiing av framtidig arealbehov for komitéarbeid og høyringar. Statsbygg er engasjert som rådgjevar i utgreiing i tidleg fase for moglege framtidige byggeprosjekt som blir gjennomførte i tråd med reglementet for Stortingets bygge- og leigesaker. Administrasjonen skal også fokusere på å sikre at innkjøp som skal gjerast, bidreg til miljø- og klimavenlege løysingar.
For å vareta Stortingets arkitektoniske og kulturhistoriske verdiar er det utarbeidd verneplaner ved framtidige endringar og ombyggingar. Administrasjonen har også utvikla forvaltningsplan og evakueringsplan for kunst og historiske gjenstandar. Vidareutvikling og forvaltning av desse områda held fram i 2023.
Det skal utformast ein skulptur av Anna Rogstad til oppføring på Eidsvolls plass. Anna Rogstad var den første kvinna som møtte på Stortinget, som vararepresentant i 1911.
Budsjett for 2023
Stortingets administrasjon jobbar aktivt med effektivisering og auka kostnadskontroll, og dette vil prege budsjettet og ressursbruken òg i 2023. Løyvinga skal brukast i samsvar med dei måla og prioriteringane som er omtalte ovanfor, jf. mål og prioriteringar i 2023. Løyvinga blir fordelt på følgjande postar:
Post 01 Driftsutgifter
Posten omfattar godtgjersler for stortingsrepresentantar og løn for tilsette, og utgifter til Stortingets kjøp av varer og tenester. Stortingets administrasjon har lagt til grunn ein vekst i løn og godtgjersle på 3,4 prosent i 2023.
For 2023 ber ein om fullmakt til å overskride løyvinga under kap. 41, post 01 Driftsutgifter, mot tilsvarande meirinntekter under kap. 3041, post 01 Salsinntekter, jf. framlegg til romartalsvedtak II.1.
Post 21 Spesielle driftsutgifter, kan overførast
I Innst. 271 S (2018–2019) blei det varsla at det skulle setjast ned eit utval som skulle evaluere lov om Riksrevisjonen og verksemda til Riksrevisjonen. Til utvalsarbeidet blei det foreslått ei løyving på 3,6 millionar kroner for 2021. Nedsetjinga av utvalet blei utsett til etter framlegginga av rapporten frå utvalet for å greie ut Stortingets kontrollfunksjon, og utvalet blei først oppnemnt våren 2021, jf. Innst. 341 S (2020–2021). Utvalet starta arbeidet hausten 2021 og skal levere rapport innan 1. september 2023. Den ubrukte løyvinga for 2021 blei overført til 2022. Det blir budsjettert med 4 000 000 kroner i 2023.
For representantordningsutvalet blir det budsjettert med 200 000 kroner. Budsjettforslaget er basert på at utvalet leverer rapporten sin i januar 2023. Sekretariatet blir i hovudsak bemanna av Stortingets administrasjonen, men med innlån av ein medarbeidar frå Finansdepartementet i 50 prosent stilling. For utvalsgodtgjersle er det lagt opp til å følgje statens satsar og regelverk.
Post 45 Større utstyrskjøp og vedlikehald, kan overførast
Tildeling på post 45 skal nyttast til å gjennomføre vedlikehalds- og utviklingstiltak i Stortingets bygningsmasse. Langtidsplan for arealbruk og investeringar i eigedom, bygg og anlegg vil danne grunnlag for prioritering av bygningsmessige tiltak innanfor årleg budsjettramme.
På IT-området er investeringane delte inn i basisaktivitetar som blir utførte årleg, og større aktivitetar som blir utførte med sykliske mellomrom. Av større aktivitetar er det viktig å gjennomføre ytterlegare tiltak for å styrkje sikkerheita.
Posten vil òg bli brukt til å finansiere to store prosjekt: digitalisering av den parlamentariske saksbehandlinga og ny løysing for administrativ saksbehandling, samhandling og dokumentfangst. I tillegg blir posten også nytta til andre, mindre kjøp av investeringsmessig karakter, og til utvikling av digital formidling.
Post 50 Sannings- og forsoningskommisjonen
Kommisjonen som skal granske fornorskingspolitikken og uretten overfor samar, kvenar og norskfinnar (sannings- og forsoningskommisjonen), blei nemnd opp ved eit stortingsvedtak 14. juni 2018. Kommisjonen skal vere ferdig med arbeidet sitt innan 1. juni 2023 og overlevere rapporten til Stortingets presidentskap. Kommisjonen er sett saman av tolv medlemmer og har eit fagleg kompetent sekretariat som for tida består av fire årsverk. Sekretariatet fekk ytterlegare to årsverk i 2020.
Det er ein føresetnad at kommisjonen innhentar personlege erfaringar ved at dei oppsøkjer samiske og kvenske/norsk-finske miljø i dei aktuelle distrikta. Kostnadane i samband med verksemda til kommisjonen i 2023 er berekna til 2,87 millionar kroner. Sekretariatet for kommisjonen er lokalisert ved UiT (Noregs arktiske universitet i Tromsø), og medarbeidarane er tilsette ved UiT. Midlar til drift av kommisjonen og sekretariatet vil bli tildelte UiT, med rekneskaps- og rapporteringsplikt til Stortinget.
Post 70 Tilskot til partigruppene
Posten omfattar tilskot frå Stortinget til gruppesekretariata i partia og uavhengige representantar. Tilskotet til kvar av stortingsgruppene er avhengig av representasjonen til partiet på Stortinget.
Post 72 Tilskot til Det Norske Nobelinstitutts bibliotek
Posten omfattar tilskot til biblioteket ved Nobelinstituttet.
Post 73 Kontingentar til internasjonale delegasjonar
Posten omfattar kontingentane til Nordisk råd, OSSE PA og IPU.
Post 74 Reisetilskot til skolar
Posten omfattar støtte til søkjarar frå skolar som besøkjer Stortinget.
Kap. 3041 Stortinget
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2021 | Saldert budsjett 2022 | Forslag 2023 |
01 | Salsinntekter | 3 046 | 5 700 | 5 700 |
03 | Leigeinntekter | 2 374 | 2 300 | 2 300 |
Sum kap. 3041 | 5 420 | 8 000 | 8 000 |
Post 01 omfattar salsinntekter, og post 03 omfattar leigeinntekter.
Kap. 42 Stortingets ombodsnemnd for Forsvaret
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2021 | Saldert budsjett 2022 | Forslag 2023 |
01 | Driftsutgifter | 7 721 | 7 766 | 7 991 |
Sum kap. 42 | 7 721 | 7 766 | 7 991 |
Hovudoppgåver og organisering
Den 1. oktober 2021 tredde lov om Stortingets ombudsnemnd for Forsvaret i kraft. Den nye lova avløyste instruksen om Ombodsmannen og Ombodsmannsnemnda som med få endringar hadde verka sidan 21. april 1952.
Den nye lova er i det vesentlege ei modernisert vidareføring av instruksen ho avløyser. På enkelte punkt er det skjedd ei utvikling. Ombodsnemnda skal ikkje lenger ta stilling til om det ligg føre brot på rettar eller plikter i enkeltsaker. Denne funksjonen er no overført til Sivilombodet. Nemnda skal vere eit pådrivar- og interesseombod, som skal verke for å ta opp systemskeivskapar, feil og manglar ved regelverk og elles kritikkverdige forhold på gruppenivå. Lova inneber dessutan eit oppdrag om å delta i internasjonalt samarbeid, og gjev òg ei avklaring og styrking av mandatet overfor Forsvarets veteranar.
Den nye lova gjer ingen inngrep i innretninga av ombodsnemnda. Ho har ein leiar – som har endra tittel frå «ombodsmann» til «forsvarsombod» – ein nestleiar og fem medlemer. Kontoret til nemnda består av 3,8 årsverk fordelte på fire personar. Her er forsvarsombodet, som har full stilling, medrekna.
Under den gamle ordninga var det ei hovudoppgåve for ombodsnemnda – i praksis for ombodsmannen og kontoret – å behandle enkeltsaker. Den nye lova legg opp til at nemnda skal behandle større, generelle problemstillingar, med tilhøyrande behov for større grad av sjølvstendig utgreiingsarbeid og saksførebuing frå kontoret enn tidlegare.
Dei nemnde nytilførte eller presiserte oppgåvene i form av internasjonalt samarbeid og Forsvarets veteranar krev innsats over tid. Det same gjeld kjende problemstillingar som Forsvarets EBA (eigedom, bygg og anlegg), PBU (personleg klednad og utrusting) og personellstrukturen.
Ombodsnemnda forventar at dei nye arbeidsoppgåvene og den nye arbeidsforma som følgjer av det nye rettsgrunnlaget, vil gjere det nødvendig å styrkje kontoret med ei fagstilling. Nemnda vil i tida framover vere særleg merksam på dette. Det same gjeld i kva grad det bør opprettast ein egen konto for budsjettering av internasjonalt samarbeid, til dømes på post 75 for Internasjonale organisasjoner og nettverk, mellom anna sett hen til løyvingsreglementet. Utgiftene vil omfatte deltaking på og sponsorbidrag til akademiske prosjekt og møte-, kurs- og konferanseverksemd, særleg aktivitet som blir halden i regi av Geneva Centre for Security Sector Governance (DCAF).
Melding til Stortinget
Ombodsnemnda sender årleg melding om verksemda si til Stortinget – Dokument 5. Gjenpart av meldinga blir send til Forsvarsdepartementet og til Forsvarets organ og avdelingar. Nemnda kan òg, når det er behov, sende særskilt melding til Stortinget.
Mål og prioriteringar for 2023
Ombodsnemnda oppfattar Forsvarets EBA (eigedom, bygg og anlegg) og personellstruktur som betydelege utfordringar for Forsvaret, som både knyter an til mandatet for nemnda og formålet om å «fremme og beskytte rettighetene og interessene» til personellet og samtidig «ved sitt arbeid også søke å medvirke til å effektivisere Forsvaret», jf. lov om Stortingets ombudsnemnd for Forsvaret § 1.
Når det gjeld rettsstillinga for veteranane, ønskjer ombodsnemnda i løpet av 2023 å gjere ei sjølvstendig vurdering av i kva grad erstatningsordningane for dei skadde veteranane fungerer i tråd med Stortingets vilje.
I 2023 vil ombodsnemnda halde fram med å delta aktivt i internasjonalt samarbeid i regi av den internasjonale organisasjonen DCAF (Democratic Control of Armed Forces), ikkje minst gjennom den årlege internasjonale konferansen for militære ombodsordningar, ICOAF (International Conference Ombudsman for Armed Forces), som blir driven av DCAF. På vegner av nemnda har forsvarsombodet i 2022 skrive under på ein intensjonsavtale som skal gjere det lettare for ombodsordningane i dei ulike landa å kome saman og utveksle erfaringar. Ein viktig del av denne verksemda er å bidra til utviklinga av demokratisk kontroll med væpna styrkar i land som ikkje har tradisjon for det. Nemnda ønskjer òg å bidra til utviklinga av og styrkje undervisninga i krigens folkerett, det vil seie reglane om krig. Det er eit fagfelt som er uløyseleg bunde til rettsstillinga for soldatane og til rettane og interessene deira.
Post 01 Driftsutgifter
Posten inneheld lønsutgifter og utgifter til kjøp av varer og tenester.
Kap. 43 Stortingets ombod for kontroll med forvaltninga
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2021 | Saldert budsjett 2022 | Forslag 2023 |
01 | Driftsutgifter | 95 667 | 94 287 | 99 038 |
Sum kap. 43 | 95 667 | 94 287 | 99 038 |
Hovudoppgåver og organisering
Sivilombodets formål og oppgåver følgjer av lov om Stortingets ombud for kontroll med forvaltningen av 18. juni 2021. Sivilombodet er valt av Stortinget for ein periode på fire år.
Som tillitsvald for Stortinget skal Sivilombodet føre kontroll med at det i den offentlege forvaltninga ikkje blir gjort urett eller feil mot den enkelte borgaren. Ombodet skal òg bidra til at forvaltninga respekterer og sikrar menneskerettane. Desse oppgåvene blir først og fremst varetekne gjennom undersøkingar og behandling av klager frå enkeltpersonar, organisasjonar og selskap. Ombodet står fritt til å ta opp dei spørsmåla han eller ho meiner er av interesse, og kan setje i verk saker av eige tiltak. Slike undersøkingar er i hovudsak baserte på kjennskap til forhold i forvaltninga det kan vere grunn til å ta opp særskilt. Sivilombodet er òg nasjonal førebyggjande mekanisme for førebygging av tortur og anna grufull, umenneskeleg eller nedverdigande behandling eller straff. Vidare søkjer ombodet å hindre urett gjennom ulike kommunikasjonstiltak, slik som føredragsverksemd. Gjennom meldingane sine til Stortinget gjev Sivilombodet informasjon om korleis Grunnlova, lover og Stortingets vedtak i praksis blir brukte i forvaltninga, og om verksemda som følgjer av førebyggingsmandatet.
Kontora til ombodet er organiserte i tre avdelingar som behandlar klagesaker innanfor ulike rettsområde: ei allmenn avdeling, ei eining for førebygging av tortur og ei admistrasjonsavdeling.
Rapport for 2021
Lov om Stortingets ombud for kontroll med forvaltningen (sivilombodslova) tredde i kraft 1. juli 2021. Med dette fekk Sivilombodet eit kortare, enklare og kjønnsnøytralt namn.
Pandemien medførte òg i 2021 ei noko endra arbeidsform. Sivilombodet har likevel jobba med å hindre urett både ved å behandle klager og ved å vareta førebyggingsmandatet på andre måtar.
Årsmeldingane for 2021 blei overleverte Stortinget i mars 2022. Sivilombodets årsmelding i Dokument 4 (2021–2022) gjer greie for hovudinntrykk frå klagesaksbehandlinga i 2021. I dokumentet omtaler ombodet òg enkelte utviklingstrekk i forvaltninga, baserte på meir generelle erfaringar, og orienterer om drifta av verksemda. Årsmeldinga for Sivilombodets førebyggingseining, Dokument 4:1 (2021–2022), gjev ein nærare omtale av førebyggingsarbeidet i 2021.
Klagesaksbehandling
Det kom inn 4 032 saker til Sivilombodet i 2021. Det er ein liten auke samanlikna med føregåande år, og det høgste talet på klager nokosinne. I tillegg er 22 saker tekne opp på eige initiativ. Desse sakene er ressurskrevjande, men viktige. Den auka saksmengda fører til stabilt høg saksavvikling, både for realitetsbehandla og avviste saker. Ombodet jobbar målbevisst med å auke talet på rettkomne klager.
Det blei avslutta 4 103 saker i 2021. Av desse blei 33 prosent rekna som realitetsbehandla. Dei aller fleste av desse er vurderte på bakgrunn av dei tilsende dokumenta, og ordna eller avslutta utan at ombodet fann grunn til å gå vidare med dei. For mange av sakene blir utfallet likevel positivt for klagaren, ved at ei sak løyser seg mens ho er til behandling hos Sivilombodet. Dette skjer ofte etter ein telefonførespurnad eller brev til det aktuelle forvaltningsorganet. 108 saker blei avslutta med kritikk eller oppmoding om å sjå på saka på nytt.
19 prosent av sakene valde ombodet ikkje å gå vidare med, mens 48 prosent ikkje kunne behandlast av formelle grunnar. Andelen saker som ikkje er realitetsbehandla, har auka samanlikna med tidlegare år.
Det er eit mål å bruke så kort tid som mogleg på saker som må avvisast. I 2021 har Sivilombodet halde fram med nedgangen i saksbehandlingstida for saker som er avslutta etter å ha vore tekne opp med forvaltninga. Slik kan tida utnyttast betre på saker som krev undersøkingar i forvaltninga. Saksbehandlingstida må sest i samanheng med saksinngangen.
Sivilombodets førebyggingsarbeid
Førebyggingseininga mot tortur og umenneskeleg behandling ved fridomskrenking blei oppretta hos Sivilombodsmannen i 2014, i tråd med tilleggsprotokollen til FNs torturkonvensjon (OPCAT). Førebyggingseininga har tilgang til å besøkje alle stader der personar har fått fridomen sin teken frå seg, for å førebyggje tortur og anna grufull, umenneskeleg eller nedverdigande behandling eller straff.
I 2021 har førebyggingseininga gjennomført ti besøk til ulike stader for fridomskrenking: ni besøk til bustader for menneske med utviklingshemming i høvesvis Hamar og Kristiansand kommune og eitt besøk til politiarresten i Oslo politidistrikt. I tillegg har eininga publisert tre rapportar baserte på besøk som blei gjennomførte i 2020: to av desse frå besøk til sjukeheimar i høvesvis Nordre Follo og Åsgårdstrand kommune og ein frå besøket deira til bustader for personar med utviklingshemming i Drammen kommune. Koronapandemien reduserte moglegheitene deira til å gjennomføre fysiske besøk, spesielt i den første halvdelen av 2021. Ombodet prioriterte difor òg å gjennomføre ei overordna nasjonal kartlegging av barn i arrest. I løpet av 2021 har dei òg hatt dialog med sju stader som dei besøkte i perioden 2018–2020, for å følgje opp korleis tilrådingane deira er blitt gjennomførte.
Førebyggingseininga har òg gjennomført regelmessige møte med det rådgjevande utvalet sitt. I tillegg har dei halde ei rekkje presentasjonar om funna og tilrådingane sine i ulike forum som til dømes konferansar og fagutdanningar. Dei har halde oppe samarbeidet med relevante fagmiljø internasjonalt, mellom anna som paneldeltakar på eit arrangement som blei halde i det danske Folketinget om bruk av isolasjon som straff.
Menneskerettsarbeid
Sivilombodets generelle arbeid på menneskerettsfeltet har òg i 2021 blitt prega av pandemien. Aktivitetar som delegasjonsbesøk og internasjonalt samarbeid har vore avgrensa til digital kontakt.
I 2021 har Sivilombodets arbeid med menneskerettane primært skjedd gjennom behandlinga av klagesaker som vedkjem Noregs menneskerettslege forpliktingar. Ombodet avslutta òg ei sak som blei teken opp av eige tiltak. Saka gjaldt spørsmålet om i kva grad kontrollen kriminalomsorga gjer med telefonsamtalane til innsette, oppfyller vilkåra for lovlege inngrep i rettane etter EMK artikkel 8 og Grunnlova § 102.
Mål og budsjett for 2023
Sivilombodets to mandat er fastsette i lov, og verksemda har difor stabile føringar for kva hovudmål som skal nåast kvart år. Ein stor del av verksemda til ombodet går årleg ut på å gjennomføre undersøkingar og gjere rettslege vurderingar av utvalde spørsmål. I fleire år har det vore eit mål at ombodet skal prioritere arbeidsinnsatsen der han får størst betyding. Dette vil òg vere av vesentleg betyding framover, og er reflektert i strategi- og plandokument.
Den store auken i talet på klager dei seinare åra er venta å vare ved. Det blir viktig, men krevjande, å kunne handtere denne veksten òg i 2023.
Målet om å bli betre kjende har vore følgt opp gjennom fleire år. Dette er eit mål òg for 2023. Det er spesielt ønskjeleg å rette innsatsen mot grupper av klagarar ombodet i større grad burde få inn klager frå.
Leggje til rette for klager frå barn
I Innst. 409 L (2020–2021) og Dokument 21 (2020–2021) er det gjeve føringar om at Sivilombodet skal leggje betre til rette for å ta imot klager frå barn, og at saksbehandlinga til ombodet skal tilpassast barn sine behov. I 2021 har ombodet sett i gang eit prosjekt for å greie ut korleis desse føringane skal realiserast i verksemda, og teke omsyn til dei særlege rettane barn har etter menneskerettslova og Grunnlova. Prosjektgruppa held fram med arbeidet sitt i inneverande år og i åra som kjem.
For å tilpasse arbeidet og rutinane til ombodet slik at dei betre skal kunne behandle klager frå barn, krevst det at det blir sett av ressursar til dette føremålet. For å oppfylle føringane frå Stortinget blir budsjettet konsekvensjustert for dette føremålet.
Førebyggingsmandatet
I 2023 vil Sivilombodet vidareføre besøka sine til stader der menneske har fått fridomen teken frå seg. Avgjerd om kor mange og kva stader som skal besøkjast, vil bli basert på ei risikovurdering av aktuelle sektorar og stader og ei vurdering av tilgjengeleg kapasitet. Etter snart ni års drift og 88 gjennomførte besøk til nesten alle sektorar som fell inn under mandatet deira, sit Sivilombodet på unik og omfattande innsikt i kva som utgjer risikofaktorar for krenkingar og umenneskeleg behandling for fridomskrenka i Noreg. Denne kunnskapen forpliktar ombodet til å jobbe ikkje berre med å gjennomføre nye besøk, men med systematisk oppfølging av overordna funn og tilrådingar som dei har gjort sidan førebyggingseininga blei etablert.
Sivilombodet ser at dagens bemanningssituasjon diverre avgrensar kva moglegheiter dei har til å sikre systematisk oppfølging av tilrådingane deira på nasjonalt nivå. Dette gjeld mellom anna tilrådingane som gjeld psykisk helsevern og barnevernet, og dei store utfordringane som dei beskriv i særskild melding til Stortinget om isolasjon i norske fengsel (Dokument 4:3 (2018–2019)).
Post 01 Driftsutgifter
Budsjettveksten er i hovudsak knytt til styrking av utgifter til bemanning, for betre å kunne vareta oppgåvene til ombodet.
Posten omfattar lønsutgifter og utgifter til Sivilombodets kjøp av varer og tenester.
Kap. 44 Stortingets kontrollutval for etterretnings-, overvakings- og tryggingsteneste
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2021 | Saldert budsjett 2022 | Forslag 2023 |
01 | Driftsutgifter | 33 612 | 35 105 | 41 265 |
45 | Større utstyrskjøp og vedlikehald, kan overførast | 2 231 | ||
Sum kap. 44 | 35 843 | 35 105 | 41 265 |
Stortingets kontrollutval for etterretnings-, overvakings- og tryggingsteneste (EOS-utvalet) er eit permanent utval, oppretta av Stortinget i 1996. Utvalet har sju medlemer. Medlemene blir valde for eit tidsrom på inntil fem år av Stortinget i plenum. Medlemene kan nemnast opp att etter innstilling av Stortingets presidentskap éin gong.
Hovudoppgåver
EOS-utvalet skal føre regelmessig tilsyn med etterretnings-, overvakings- og tryggingsteneste (EOS-teneste) som blir utført i den sivile og militære forvaltninga. Oppgåvene til kontrollutvalet er å gjennomføre inspeksjonar, undersøkje klager og ta opp saker av eige tiltak som utvalet ut frå formålet finn det rett å behandle. Hovudformålet er å vareta rettstryggleiken til den enkelte og sjå til at tenestene respekterer menneskerettane.
Det blir årleg gjeve ei ugradert melding til Stortinget om verksemda til utvalet, og ugraderte særskilde meldingar ved behov.
Rapport for 2021
Utvalet har i 2021 gjennomført 18 inspeksjonar, fordelte på alle EOS-tenestene. Flest inspeksjonar har vore gjennomført i PST og E-tenesta. I tillegg undersøkte utvalet 13 saker av eige tiltak i 2021, mot 16 saker i 2020. Sakene utvalet har undersøkt av eige tiltak, er hovudsakeleg funn frå inspeksjonane.
Utvalet undersøkjer klager frå enkeltpersonar og organisasjonar. Det kom inn 25 klager til utvalet i 2021, mot 29 klager i 2020. Klager og førespurnader som fell innanfor kontrollområdet til utvalet, blir undersøkte i den eller dei tenestene klaga rettar seg mot. Utvalet praktiserer generelt sett ein låg terskel for å behandle klagesaker.
Utvalet meiner at ressursbruken har vore effektiv i 2021. Samla sett er utvalet fornøgd med resultat og måloppnåing i 2021. Koronapandemien og vakansar har medført at EOS-utvalet òg i 2021 har hatt lågare kostnader enn det som er tilfelle i eit normalår. Utvalet vedtok på forsommaren 2021 å utvide kontorkapasiteten i lokala sine i tråd med langtidsplanen for styrking av sekretariatet som blei presentert for presidentskapet i april 2021. Innanfor den tildelte ramma for flytting til Kriposbygget på Bryn i Oslo, saman med det ovannemnde budsjettmessige handlingsrommet, har utvalet utvida kontorkapasiteten sin med ytterlegare tolv kontorplassar. Denne utvidinga har skjedd utan at det har gått ut over ordinær drift. Dei resterande kostnadene for utvidinga blir i sin heilskap dekte gjennom mindreforbruket som blir overført frå 2021 til 2022.
Nærmare opplysningar om verksemda er gjevne i årsmeldinga for utvalet for 2021 (Dokument 7:1 (2021–2022)).
Mål for 2023
Den faglege verksemda i utvalet blir i hovudsak styrt av kva som kjem fram gjennom inspeksjonsverksemda og klagesaker, og av dei signala Stortinget gjev ved behandlinga av årsmeldingane for utvalet og særskilde meldingar. I tillegg tek utvalet opp saker på bakgrunn av opplysningar som kjem fram i offentlegheita.
Rammene for verksemda til utvalet er fastsette i lov om kontroll med etterretnings-, overvåkings- og sikkerhetstjeneste (EOS-kontrollova). I medhald av EOS-kontrollova § 7 andre ledd skal den årlege tilsynsverksemda til utvalet bli gjennomført ut frå behov og minst omfatte fleire inspeksjonar årleg av E-tenesta sentralt, NSM, PST sentralt og Forsvarets tryggingsavdeling. I tillegg skal utvalet foreta ein årleg inspeksjon av PST-einingar i minst to politidistrikt, og av minst éin av E-tenesta sine stasjonar eller etterretnings-/tryggingsteneste ved militære stabar og avdelingar. Vidare er utvalet pålagt å ha minst éin årleg inspeksjon hos høvesvis Etterretningsbataljonen og Forsvarets spesialstyrkar. Utvalet kan òg undersøkje bistanden politiet gjev til PST, eller andre delar av forvaltninga om det er nødvendig ut frå kontrolloppgåva. Overordna påtalemyndigheit, det vil seie statsadvokatane og Riksadvokaten, er fritekne frå kontrollområdet.
Utvalet vil òg i 2023 gjennomføre inspeksjonar i tråd med krava, i tillegg til å behandle innkomne klagesaker og undersøkje saker av eige tiltak i EOS-tenestene. Utvalet undersøkjer òg saker innanfor kontrollområdet som har vore gjenstand for offentleg kritikk.
Ny lov om Etterretningstjenesten tredde i kraft 1. januar 2021. Dei etterfølgjande kontrolloppgåvene utvalet i dag har med verksemda til E-tenesta blir vidareførte, og den nye lova gjev utvalet fleire kontrollpunkt i E-tenesta. I ny lov om Etterretningstjenesten er tenesta gjeve heimlar til å gjere bruk av ein ny metode kalla «tilrettelagt innhenting av grenseoverskridende elektronisk kommunikasjon» (tilrettelagd innhenting). EOS-utvalet er pålagt å føre løpande kontroll med denne metoden, noko som inneber ein betydeleg auke i omfanget av oppgåvene til utvalet.
Post 01 Driftsutgifter
Posten omfattar godtgjersle til medlemene i utvalet og løn til dei tilsette i sekretariatet, og utgifter til det utvalet kjøper av varer og tenester.
Kap. 45 Noregs institusjon for menneskerettar
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2021 | Saldert budsjett 2022 | Forslag 2023 |
01 | Driftsutgifter | 25 956 | 26 040 | 26 857 |
Sum kap. 45 | 25 956 | 26 040 | 26 857 |
Hovudoppgåver og organisering
Noregs institusjon for menneskerettar (NIM) blei oppretta 1. juli 2015 som eit organ organisatorisk lagt under Stortinget. Føremålet og oppgåvene til institusjonen følgjer av lov om Norges nasjonale institusjon for menneskerettigheter av 22. mai 2015 nr. 33 (NIM-lova), og instruks om Norges nasjonale institusjon for menneskerettigheter, som blei vedteken av Stortinget 30. april 2016.
NIM blir leia av eit styre og ein direktør. Styret har det overordna ansvaret for den faglege verksemda, økonomien og drifta til den nasjonale institusjonen. Stortinget vel både styre og direktør. Styret er vald for ein periode på fire år, mens direktøren er vald for ein periode på seks år. Stortinget utnemnde i mars 2019 Adele Matheson Mestad som direktør for perioden 2019–2025.
NIM skal bidra til å styrkje gjennomføringa av menneskerettane, særleg ved å overvake og rapportere om menneskerettane si stilling i Noreg, medrekna å leggje fram tilrådingar for å sikre at Noreg oppfyller dei menneskerettslege forpliktingane sine, gje råd til Stortinget, regjeringa, Sametinget og andre offentlege organ og private aktørar om gjennomføringa av menneskerettane, informere om menneskerettane, medrekna å rettleie enkeltpersonar om nasjonale og internasjonale klageordningar, fremje opplæring, utdanning og forsking på menneskerettane, leggje til rette for samarbeid med relevante offentlege organ og andre aktørar som arbeider med menneskerettane, og delta i internasjonalt samarbeid for å fremje og beskytte menneskerettane. NIM skal ikkje prøve enkeltsaker om krenking av menneskerettar. Stortinget har føresett at institusjonen skal vere samlokalisert med, og administrativt knytt til, Sivilombodet.
Rapport for 2021
Det følgjer av § 11 i NIM-lova at NIM årleg skal gje ei årsmelding til Stortinget om institusjonen si verksemd og utviklinga av menneskerettssituasjonen i Noreg. Årsmeldinga, Dokument 6 (2020–2021), blei levert Stortinget 29. mars 2022. Årsmeldinga dekkjer eit breitt spekter av område, men er ikkje uttømmande. I meldinga gjev NIM tilrådingar på nokre område der dei meiner norsk lovgjeving eller praksis anten bryt med menneskerettane, det er rom for forbetring eller det er særlege utfordringar som myndigheitene bør vere merksame på.
Mål og budsjett for 2023
NIM har eit særs breitt mandat, då menneskerettane har betyding for nær sagt alle rettsområde. Institusjonen byggjer arbeidet sitt på 27 ulike område av rettar. Desse områda dannar grunnlag både for den systematiske overvakinga institusjonen gjer av menneskerettssituasjonen og for den interne arbeidsdelinga innanfor den juridiske analyseavdelinga. Det breie mandatet gjev NIM eit unikt høve til å følgje det store biletet og skape dialog med dei ulike menneskerettsaktørane. NIMs visjon er eit sterkt og heilskapleg menneskerettsvern for alle. Det betyr at NIM må jobbe breitt innanfor ei heil rekkje felt og ha tilsvarande brei kunnskap i organisasjonen. I NIMs strategi for 2022–2024 er det sett overordna mål om å vere ein sterk fagleg rådgjevar, brubyggjar, vaktbikkje og formidlar. Ut frå breidda i NIMs mandat krev dette ei tydeleg prioritering av arbeidsinnsatsen, og ein stab som må ha god ekspertise på svært mange rettsområde. Ein stor grad av spesialisering er nødvendig.
Institusjonen vil framleis arbeide internt for å ha ei tydeleg leiing og sikre at arbeidsprosessane er effektive og gode. Måla som blir følgde opp i 2023, er å:
bidra til at staten gjer best mogleg menneskerettslege vurderingar
førebyggje og hindre menneskerettsbrot
lage undervisningsopplegg om menneskerettane til ungdomsskular og vidaregåande skular
bidra til å styrkje kommunane sitt arbeid med menneskerettsansvaret sitt
bidra til å styrkje bevisstheita om dei menneskerettslege aspekta knytt til utviklinga av informasjonsteknologi
bidra til informasjonsflyt og samarbeid på menneskerettsfeltet, både i sivilsamfunnet og mellom sivilsamfunnet og myndigheitene
delta aktivt i internasjonalt samarbeid og bidra til å styrkje dei nasjonale institusjonane i land der menneskerettane er under press
Post 01 Driftsutgifter
Posten omfattar lønsutgifter og utgifter til kjøp av varer og tenester.
Kap. 51 Riksrevisjonen
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2021 | Saldert budsjett 2022 | Forslag 2023 |
01 | Driftsutgifter | 527 772 | 563 977 | 576 820 |
75 | Internasjonale organisasjonar og nettverk | 27 900 | 28 600 | 28 700 |
Sum kap. 51 | 555 672 | 592 577 | 605 520 |
Hovudoppgåver og organisering
Riksrevisjonen blir leia av eit kollegium som består av fem riksrevisorar. Stortinget vel riksrevisorar til kollegiet for fire år om gongen. Formålet, oppgåvene og rammevilkåra til Riksrevisjonen følgjer av lov om Riksrevisjonen av 7. mai 2004 nr. 21 og instruks om Riksrevisjonens virksomhet av 11. mars 2004. Riksrevisjonen skal gjennom revisjon, kontroll og rettleiing bidra til at staten sine inntekter blir betalte inn som føresett, og at midlane og verdiane til staten blir brukte og forvalta på ein økonomisk forsvarleg måte, og i samsvar med Stortingets vedtak og føresetnader, jf. riksrevisjonslova § 1.
Riksrevisjonen gjennomfører tre hovudkategoriar av undersøkingar:
årleg pålagde, faste revisjonsoppgåver som finansiell revisjon og innan selskapskontrollen
revisjonsoppgåver Riksrevisjonen vel sjølv, ut frå si vurdering av kva som er aktuelt og relevant for Stortinget og for allmenta
undersøkingar som Stortinget pålegg Riksrevisjonen å gjennomføre
Riksrevisjonen består av sju avdelingar og av seksjonar for internasjonalt arbeid og stab. Av dei sju avdelingane er det fem avdelingar som driv med revisjon, ei avdeling for metodestøtte og utvikling og ei administrasjonsavdeling. Hovudkontoret ligg i Oslo. Riksrevisjonen har òg regionalt nærvær med kontor i Tromsø, Bodø, Trondheim, Bergen og Kristiansand og på Hamar.
Riksrevisjonens visjon for planperioden 2018–2024 er «Revisjon til nytte for morgendagens samfunn». Det er definert tre hovudmål:
Riksrevisjonen skal vere den fremste leverandøren samfunnet har av aktuell og relevant offentleg revisjon.
Riksrevisjonen skal gjennomføre revisjon og kontroll av høg kvalitet.
Riksrevisjonen skal vere ein effektiv organisasjon.
Rapport 2021
Riksrevisjonen rapporterer årleg til Stortinget om revisjonen av statsrekneskapen og alle verksemdsrekneskapar som inngår i statsrekneskapen. For rekneskapsåret 2020 har Riksrevisjonen revidert 233 verksemder. Resultatet av dette arbeidet blei overlevert Stortinget 9. november 2021 i Dokument 1 (2021–2022). Denne rapporten inneheld òg sju etterlevingsrevisjonar.
Den årlege selskapskontrollen er gjennomført i 2021 òg. Resultatet av dette arbeidet er rapportert til Stortinget 12. desember 2021 i Dokument 3:2 (2021–2022). Riksrevisjonen har òg rapportert 13 forvaltningsrevisjonar til Stortinget i 2021. Ved inngangen til 2022 er det sett i gang ytterlegare 20 forvaltningsrevisjonar og åtte etterlevingsrevisjonar.
Trass i pandemien som òg prega 2021, har Riksrevisjonen gjennomført hovuddelen av undersøkingane i tråd med planane. Ved bruk av digitale løysingar og med god dialog med forvaltninga har ein kunna gjennomføre undersøkingane frå heimekontor. På Forsvarsdepartementets område blir sikkerheitsgradert informasjon behandla, noko som gjer det vanskeleg å gjennomføre undersøkingar frå heimekontor. Dette fekk konsekvensar for Forsvaret og Forsvarsmateriell, der det ikkje var mogleg å revidere heile årsrekneskapen. Det er òg andre undersøkingar på forsvarsområdet som blei påverka av pandemien.
I tråd med den vedtekne strategien skal Riksrevisjonen levere kontroll og revisjon av høg kvalitet og på ein effektiv måte. Digitalisering og automatisering står sentralt. I 2019 starta eit arbeid med å leggje til rette for meir effektiv innhenting av data til Riksrevisjonens undersøkingar, kor ein kan gjere fleire og betre analysar og dermed auke kvaliteten i arbeidet. Tiltaka har gjeve betre undersøkingar samtidig som ressursane blir brukte betre. Talet på årsverk er redusert gjennom fleire år, utan at det har påverka talet på undersøkingar som blir leverte.
Riksrevisjonen er medlem i organisasjonen for riksrevisjonar, INTOSAI (International Organization of Supreme Audit Institutions). Som medlem i INTOSAI har Riksrevisjonen teke ansvar for å vere vertskap for INTOSAI Development Initiative (IDI), som har som mål å styrkje riksrevisjonar i utviklingsland. Her er IDI det viktigaste verkemiddelet. I tillegg til arbeidet i IDI har Riksrevisjonen i 2021 samarbeidd med riksrevisjonane i Zambia, Sierra Leone og Uganda, og den regionale organisasjonen for riksrevisjonar i det sørlege Afrika, AFROSAI-E. Det fleirårige samarbeidet med Myanmars riksrevisjon blei avslutta som ein konsekvens av militærkuppet i 2021. I 2021 brukte Riksrevisjonen nærare 8,2 millionar kroner på utviklingsarbeid, mot 8,3 millionar kroner i 2020. Tala blir rapporterte årleg til Development Assistant Committee (DAC) i OECD.
Riksrevisjonen har orientert Stortinget om verksemda i 2021 i Dokument 2 (2021–2022).
Mål og budsjett for 2023
For 2023 vil Riksrevisjonen vidareføre arbeidet med digitalisering og automatisering og samtidig levere undersøkingar med same kvalitet og i same omfang som i 2021. Arbeidet med digitalisering og automatisering er organisert i form av eit program. Moderniseringsprogrammet blei etablert i 2017 og skal vare heile planperioden. Programmet skal sikre at Riksrevisjonen har ei systematisk styring av utviklingsarbeidet i strategiperioden og leggje til rette for at dei realiserer gevinstar frå utviklingstiltaka. Det blir òg drive utviklingsarbeid i revisjonen gjennom å bruke innovative metodar og teknologi. Utviklingsarbeidet er venta å gje gevinstar i form av høgare kvalitet, økonomiske innsparingar, redusert tids- og ressursbruk og frigjering av tid og ressursar til andre prioriterte oppgåver.
Riksrevisjonen har etablert eit eige utviklingsprogram for informasjonsforvaltning. Det handlar mellom anna om prosessane med å hente inn, arbeide med, lagre, finne att, bruke om att og dele informasjon. Programmet består av tiltak for å byggje ein ny, framtidsretta grunnmur for informasjonsforvaltning. Det vil påverke alle arbeidsprosessar i Riksrevisjonen og bidra til å styrkje dei strategiske satsingsområda for verksemda. For 2022 og framover gjeld desse tiltaka:
implementering av nye digitale kommunikasjonsløysingar til bruk internt og til møte med reviderte verksemder og andre eksterne aktørar
utvikling av ei framtidig dataplattform for Riksrevisjonen, som både omhandlar sikker utveksling og mottak av data, lagring og vidare arbeid med dataa
metodeutvikling og kartlegging av moglegheitene for ei meir automatisert gjennomføring av den finansielle revisjonen (forprosjekt)
Riksrevisjonen har sett i gang eit arbeid med å auke kapasiteten til å behandle sikkerheitsgradert informasjon. Ein ventar at arbeidet blir ferdig i 2022, og at Riksrevisjonen i åra som kjem, kan behandle sikkerheitsgradert informasjon i undersøkingane sine på ein meir effektiv måte.
Riksrevisjonen har som mål å redusere reiseverksemda si for å redusere klimaavtrykket. Gjennom pandemien er det utvikla rutinar og skaffa nytt utstyr som gjer verksemda i stand til å reise mindre, samtidig som god kommunikasjon mellom hovudkontoret og regionskontora og mellom revisor og revidert etat blir halden oppe. Dette arbeidet vil bli vidareført i åra framover. Målet er at reiseutgiftene skal reduserast med 35 prosent for perioden 2017–2024.
Riksrevisjonen vil vidareføre vertskapet for IDI og halde fram med dette samarbeidet i 2023. Òg utviklingssamarbeidet med riksrevisjonane i andre land vil bli vidareførte på nokolunde same nivå som i 2021. Riksrevisjonen startar opp aktivitetar i eit prøveprosjekt i Albania der moglegheitene for eit breiare samarbeid i åra som kjem, blir vurderte. Det vil òg bli gjennomført sonderingar og nokre oppstartsaktivitetar i fleire andre land.
Post 01 Driftsutgifter
Posten omfattar lønsutgifter og utgifter til Riksrevisjonens kjøp av varer og tenester og dekkjer drifta til verksemda ved hovudkontoret og dei seks regionskontora.
For 2023 ber ein om fullmakt til å overskride løyvinga under kap. 51, post 01 Driftsutgifter, mot tilsvarande meirinntekt under kap. 3051, post 02 Refusjon utland, jf. framlegg til romartalsvedtak II.1.
Post 75 Internasjonale organisasjonar og nettverk
Budsjettposten gjeld tilskot til drifta av INTOSAI Development Initiative (IDI). IDI er organisert som ei stifting med eit styre og eit sekretariat. IDI har som mål å styrkje offentleg revisjon i utviklingsland, og gjennom dette bidra til godt styresett, utvikling og kamp mot fattigdom. Som vertskap for IDI har riksrevisor i rolla som dagleg leiar oppgåva som styreleiar i IDI.
IDIs utviklingsprogram får finansiering frå fleire land og organisasjonar. Fleire riksrevisjonar gjev òg støtte til IDI gjennom å låne ut tilsette og å tilby tenestene sine. Tilskotet frå Riksrevisjonen finansierer drifta for IDI i tråd med intensjonen i Innst. S. nr. 8 (1998–99).
Kap. 3051 Riksrevisjonen
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2021 | Saldert budsjett 2022 | Forslag 2023 |
01 | Refusjon innland | 1 948 | 2 000 | 2 000 |
02 | Refusjon utland | 846 | 300 | 300 |
Sum kap. 3051 | 2 794 | 2 300 | 2 300 |
Riksrevisjonen vil få refusjonar i samband med inngått leigeavtale med IDI-sekretariatet og internasjonale revisjonsoppdrag. For post 02 Refusjon utland ber ein om meirinntektsfullmakt – sjå forslag ovanfor under post 01 Driftsutgifter.
Programområde 23 Finansadministrasjon
Programkategori 23.10 Finansadministrasjon
Utgifter under programkategori 23.10 fordelte på kapittel
(i 1 000 kr) | |||||
---|---|---|---|---|---|
Kap. | Nemning | Rekneskap 2021 | Saldert budsjett 2022 | Forslag 2023 | Endring i pst. |
1600 | Finansdepartementet | 505 748 | 531 121 | 534 219 | 0,6 |
1602 | Finanstilsynet | 450 563 | 475 260 | 500 518 | 5,3 |
1605 | Direktoratet for forvaltning og økonomistyring | 976 488 | 926 057 | 938 984 | 1,4 |
Sum kategori 23.10 | 1 932 799 | 1 932 438 | 1 973 721 | 2,1 |
Kap. 1600 Finansdepartementet
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2021 | Saldert budsjett 2022 | Forslag 2023 |
01 | Driftsutgifter | 400 169 | 415 521 | 423 537 |
21 | Spesielle driftsutgifter, kan overførast | 92 079 | 101 700 | 96 382 |
70 | Forsking på og allmennopplysning om finansmarknaden | 13 500 | 13 900 | 14 300 |
Sum kap. 1600 | 505 748 | 531 121 | 534 219 |
Hovudoppgåver
Arbeidsoppgåvene til Finansdepartementet kan delast inn i fem hovudområde:
Samordning av den økonomiske politikken, som omfattar
overvaking og analyse av den økonomiske utviklinga
finanspolitikk
pengepolitikk
inntekts- og fordelingspolitikk
strukturpolitikk, mellom anna verkemåten til arbeidsmarknaden og produktmarknadene
samordning av regjeringa sitt arbeid med berekraftig utvikling
internasjonalt økonomisk samarbeid
offisiell statistikk, irekna overordna styring av Statistisk sentralbyrå
Arbeidet med formues- og gjeldsforvalting, som omfattar
investeringsstrategien til Statens pensjonsfond utland og Statens pensjonsfond Noreg, irekna rammeverk for ansvarleg forvalting
oppfølging av forvaltinga av rammeverket for Statens pensjonsfond
statleg gjeldsforvalting
Arbeidet med statsbudsjettet, som omfattar
avgjersler om utgifter og inntekter på statsbudsjettet under dei einskilde fagdepartementa
tiltak som legg til rette for effektivitet og god offentleg ressursbruk
utgreiing av økonomiske og administrative verknader av offentlege tiltak
forvalting av prosjektmodellen til staten med kvalitetssikring av større statlege investeringsprosjekt, forvalting og utvikling av regelverket for økonomistyring i statsforvaltinga, tiltak for å leggje til rette for økonomistyringa i verksemdene og overordna styring av Direktoratet for forvaltning og økonomistyring
saker frå fagdepartementa med økonomiske og administrative følgjer
Arbeidet på skatte- og avgiftsområdet, som omfattar
skatte- og avgiftsframlegg som ledd i den samla finanspolitikken
utvikling av regelverk for skattar, avgifter og toll
fordelingsverknadene av skatte- og avgiftssystema og verknader på inntektene til det offentlege og ressursutnyttinga i økonomien
overordna styring av Skatteetaten og Tolletaten
internasjonalt samarbeid på skatte-, avgifts- og tollområdet
Arbeidet med finansmarknadsspørsmål, som omfattar overordna styring av Finanstilsynet og utforming av regelverk for og overvaking av
finansføretaka (bankar, andre kredittinstitusjonar, forsikringsselskap, m.m.)
verdipapirmarknaden og infrastrukturføretaka for verdipapirmarknaden (autoriserte marknadsplassar, verdipapirregister m.m.)
eigedomsmeklarar, rekneskapsførarar og revisorar
struktur- og konkurransepolitikk for finansmarknaden
finansiell stabilitet
Rapport
Økonomisk politikk og forvalting av statsgjelda
Arbeidet med å utforme og samordne den økonomiske politikken til regjeringa er ei av hovudoppgåvene til Finansdepartementet, jf. nasjonalbudsjettet og revidert nasjonalbudsjett. Sjå nærare i Meld. St. 1 (2022–2023) Nasjonalbudsjettet 2023 for ein nærare omtale av stoda i landets økonomi og utsiktene framover. Departementet si vurdering av korleis pengepolitikken vert utøvt går fram av den årlege finansmarknadsmeldinga.
For 2023 ber Finansdepartementet om fullmakter for statleg opplåning i Prop. 1 S (2022–2023) Statsbudsjettet for budsjettåret 2023 (Gul bok), medan Meld. St. 1 (2022–2023) Nasjonalbudsjettet 2023 inneheld ein generell omtale av gjeldsforvaltinga.
Finansdepartementet overførte i 2015 alle operative oppgåver på statsgjeldområdet til Noregs Bank. Banken utfører oppgåvene etter eit mandat frå Finansdepartementet. Mandatet gjev banken i oppdrag å dekkje statens lånebehov slik dette er definert av departementet, samt forvalte uteståande statsgjeld.
Formuesforvalting
Departementet rapporterte om forvaltinga av Statens pensjonsfond i 2021 i Meld. St. 9 (2021–2022) Statens pensjonsfond 2022.
Meldinga drøfta mellom anna fleire sider ved strategien for Statens pensjonsfond og gjorde greie for resultata i forvaltinga og arbeidet med ansvarleg forvalting. For Statens pensjonsfond utland vart det i meldinga mellom anna gjort greie for ein gjennomgang av den aktive forvaltinga i fondet og for handsaminga av klimarisikoen fondet tar på seg.
Departementet gjorde òg greie for oppnevninga av eit utval som skal vurdere dei langsiktige perspektiva for SPU. For Statens pensjonsfond Noreg (SPN) vart varsla ei ny, brei vurdering av kva ein skal gjere med aksjeporteføljen si storleik på Oslo Børs. Meldinga inneheld òg analysar av resultata i forvaltinga av SPU og SPN i 2021 og ein brei omtale av arbeidet med ansvarleg forvalting.
Sjå elles omtale i del I, pkt. 2.2 Statens pensjonsfond.
Arbeidet med statsbudsjettet og økonomistyring i staten
Finansdepartementet forvaltar ordninga med ekstern kvalitetssikring av statlege investeringsprosjekt med anslått kostnadsramme over ein fastsett terskelverdi. Ordninga skal bidra til betre avgjerdsgrunnlag før vedtak i store investeringsprosjekt vert fatta.
Finansdepartementet samla krav som gjeld utgreiing, planlegging og kvalitetssikring av store investeringsprosjekt i eit eige rundskriv, R-108/19, som trådde i kraft 21. september 2019. Det er fastsett ein terskelverdi på 300 mill. kroner for digitaliseringsprosjekt og 1 mrd. kroner for prosjekt elles. Kvalitetssikringa skal utførast av særleg kvalifiserte private verksemder som etter konkurranse har fått ein rammeavtale med Finansdepartementet. I september 2019 inngjekk Finansdepartementet avtale med sju ulike føretakskonstellasjonar. Rammeavtala gjeld i 2 år med opsjon på forlenging i 2 år. Finansdepartementet har nytta opsjonen til å forlenge rammeavtalen fram til september 2023. I løpet av dei to fyrste avtaleåra er det gjennomført 18 eksterne kvalitetssikringar (KS1) av utgreiingar av konseptval. Det er òg gjort 21 eksterne kvalitetssikringar (KS2) av kostnadsestimat og styringsunderlag for planlagde investeringsprosjekt før desse er lagde fram for Stortinget. Finansdepartementet arbeidar vidare med fagleg utvikling av metodikk for utgreiing og god prosjektstyring i staten som ein del av ordninga.
Finansdepartementet har sidan 2002 finansiert eit eige tverrfagleg forskingsprogram – Concept-programmet. Dette skal utvikle ny kunnskap om tilrettelegging, kvalitetssikring og styring av store statlege investeringsprosjekt. Målet er å sikre gode konseptval, ressursutnytting og effekt av investeringane. Programmet skal vektleggje tidlegfasen i prosjekta, frå den fyrste ideen oppstår til endeleg finansiering av gjennomføringa er vedteken. Programmet er organisatorisk forankra ved NTNU, og tilhøvet mellom institusjonen og Finansdepartementet er formalisert i ein samarbeidsavtale.
Etter kvart som tidlegare kvalitetssikra prosjekt vert fullførte, samlar Concept røynsledata som kan samanliknast på tvers av prosjekt og sektorar for å gje kunnskap og råd til dei som skal ta avgjerder og stå for kvalitetssikring av statens investeringsprosjekt. Concept-programmet har utvikla evalueringsformatet og prøvd det ut slik at ein kan evaluere verknadene etter kvart som prosjekta vert ferdige og har vore i drift ei stund. I 2020 vart det levert 2 evalueringar av ferdige prosjekt og igangsett fire nye evalueringar. Programmet driv i tillegg metodeutvikling, følgjeforskning og formidling av kompetanse til statleg sektor. Forskingsresultata og publikasjonane til Concept-programmet er fritt tilgjengelege frå nettsidene til programmet.
Finansdepartementet har sidan 2016 gjort djupare analyse av utvalde område for effektivisering og betre målretting av ressursbruken over statsbudsjettet (områdegjennomgangar). Målet med arbeidet er å identifisere og leggje til rette for budsjettinnsparingar, moglegheit for betre måloppnåing med uendra ressursbruk eller å finne nye måtar å løyse oppgåver på som kan gje redusert kostnadsvekst på sikt. I 2021 er det gjort slike analysar av bustadsløysingar og helse- og omsorgstenester for eldre og utanrikstenesta. I 2022 er det sette igang analysar om namngjevne tilskotsmottagere, innovasjon og meir effektive løysingar – læring av koronapandemien og arbeidsmarknadstiltak. Finansdepartementet held òg fram arbeidet med å utvikle rammeverket for analysane og leggje til rette for betre produksjon og bruk av data i fleire delar av forvaltninga. DFØ understøtter Finansdepartementet i arbeidet.
Skatte- og avgiftsområdet
Ei av hovudoppgåvene på skatte- og avgiftsområdet er arbeidet med skatte- og avgiftsopplegget i statsbudsjettet. Departementet har greidd ut og utarbeida dei skatte-, avgifts- og tollforslaga som vert fremja i Prop. 1 LS (2022–2023) Skatter, avgifter og toll 2023.
EØS og skatt
EØS-retten pregar i stor mon arbeidet med skattar og avgifter. Dette gjeld sjølv om EUs arbeid med og reglar for harmonisering av skattar og avgifter ikkje er omfatta av EØS-avtalen. Årsaka er at EØS-avtalen inneber at òg skattar og avgifter må være i samsvar med dei fire fridomane. I tillegg vert det norske skatte- og avgiftssystemet i stor grad nytta til å gje statsstøtte. Slik støtte må utformast innafor dei rammene som EØS-avtalen gjer. Om lag 80 pst. av statsstøtta i Noreg vert gitt i form av ulike skatte- og avgiftsfordelar.
Departementet arbeider for å sikre at skatte- og avgiftsreglane er utforma i tråd med dei forpliktingane som følgjer av EØS-avtalen, og at utviklinga av EU-/EØS-retten skjer på eit høve som tener norske interesser. Mellom anna vert det arbeidd med å klarleggje handlingsrommet for å gjere skatte- og avgiftssystemet best mogleg, og å aktivt påverke EU-/EØS-retten slik at den i endå større grad tener norske interesser. Sentrale mål er til dømes å få meir tenlege reglar for å avgjere om ei verksemd er i økonomiske vanskar, og difor ikkje kan få statsstøtte. Eit anna døme er å verne det norske skattefundamentet. Dette arbeidet har òg ei side mot arbeidet som skjer i OECD.
Skattlegging av store fleirnasjonale konsern
Skattlegging av fleirnasjonale konsern reiser problemstillingar som omfattar mange land og krev internasjonale løysingar. Gjennom OECD/G20 sitt BEPS-prosjekt (Base Erosion and Profit Shifting Project) er det oppnådd semje om ei rekkje tiltak mot flytting av overskot og utholing av skattegrunnlag. Den digitale økonomien forsterkar utfordringane med skattlegging av fleirnasjonale konsern, samstundes som nye problemstillingar oppstår. Inclusive Framework (IF) er eit samarbeidsorgan med 141 medlemsland som vert oppretta for å følgje opp BEPS-prosjektet. Den 8. oktober 2021 vart medlemslanda i IF samde om hovudelementa i ein internasjonal reform for skattlegging av store multinasjonale konsern. 137 av medlemslanda har per i dag slutta seg til denne semja. Løysinga består av to hovuddelar omtalt som pilarar (to-pilarløysinga). Noreg deltek i arbeidsgrupper under IF som arbeider vidare med dei detaljerte løysingane og ein plan for gjennomføring av dei to pilarane. OECD har sidan februar 2022 fortløpande sendt ut utkast til modellreglar for dei ulike elementa i pilar 1 på høyring. Det vert òg arbeidd med ein multilateral konvensjon. For pilar 2 er det utforma modellreglar som vart ferdige og offentleggjorde i desember 2021.
Grunnrenteskattar
Særskatten for petroleumsselskap vart lagt om til ein kontantstraumskatt frå inntektsåret 2022, jf. Prop. 88 LS (2021–2022), Innst. 440 L og Innst. 441 S. Omlegginga gjev eit meir nøytralt skattesystem, men fører til mellombels auka arbeid for styresmaktene og for skattytarane.
Departementet har greidd ut forbetringar av skattlegginga av næringar der det er særleg høg avkastning på grunn av stadbunden grunnrente. Mellom anna har det vore høyring av eit framlegg om endringar i grunnrenteskatten for betre å leggje til rette for fastprisavtalar på straum.
Verdsetjing av fritidseigedom
Til 2010-budsjettet vart det utvikla eit nytt verdsetjingssystem for bustader i formuesskatten. Dette omfatta ikkje fritidseigedom. I samband med behandlinga av Meld. St. 4 (2015–2016) Bedre skatt – En skattereform for omstilling og vekst, fatta Stortinget 31. mai 2016 vedtak 738 nr. 15 som del av forliket om skattereform:
«Regjeringen bes gjennomgå og forbedre systemet for verdivurdering av fritidseiendom.»
Framlegg til eit nytt verdsetjingssystem for fritidsbustader i formuesskatten var på høyring frå Finansdepartementet fram til 7. januar 2022. Dagens regelverk for å fastsetje formuesverdiar av fritidsbustader er lite treffsikkert og kan gje vilkårlege utslag. Framlegget vil betre formuesgrunnlaga av fritidsbustader vesentleg. Det vil òg auke likebehandlinga av skattytarane. Å innføre ein ny verdsetjingsmodell krev administrative førebuingar og tilpassingar. Departementet tek sikte på at det skal vere mogleg å innførte nytt verdsetjingssystem frå 2026. Sjå nærare omtale av saka under kap. 1618 Skatteetaten.
Samordning av reglane for innkrevjing av offentlege krav
Finansdepartementet arbeider med å samordne og modernisere reglane for Skatteetatens innkrevjingsoppgåver (skattebetalingslova, SI-lova og bidragsinnkrevingslova), i samarbeid med Skatteetaten. Prosjektet vil i hovudsak samordne dei tre lovene som i dag gjeld for Skatteetatens innkrevingsoppgåver. Føremålet er eit moderne og meir brukarvennleg regelverk som legg til rette for å gjere Skatteetatens innkrevjingsoppgåver meir effektive.
Finansmarknadsområdet
Regelverksarbeidet på finansmarknadsområdet har i stortingssesjonen 2021–2022 resultert i desse lovendringane og lovframlegga:
Stortinget vedtok 17. desember 2021, etter framlegg i Prop. 223 L (2020–2021), Lov om endringer i pensjonslovgivningen mv. (pensjon fra første krone og dag, garanterte pensjonsprodukter).
Stortinget vedtok 17. desember 2021, etter framlegg i Prop. 233 LS (2020–2021), Lov om forsikringsformidling (forsikringsformidlingsloven).
Stortinget vedtok 17. desember 2021, etter framlegg i Prop. 235 LS (2020–2021), Lov om endringer i verdipapirhandelloven (EU-gjenopprettingsprospekt mv.).
Stortinget vedtok 29. mars 2022, etter framlegg i Prop. 43 LS (2021–2022), Lov om endringer i finansforetaksloven mv. (gjennomføring av EØS-rett, egen pensjonskonto).
Stortinget vedtok 29. mars 2022, etter framlegg i Prop. 42 LS (2021–2022), Lov om endringer i finansforetaksloven mv. (obligasjoner med fortrinnsrett).
Stortinget vedtok 13. juni 2022, etter framlegg i Prop. 84 LS (2021–2022) Lov om endringer i verdipapirhandelloven mv. (samleproposisjon).
Stortinget vedtok 13. juni 2022, etter framlegg i Prop. 83 LS (2021–2022) Lov om endringer i verdipapirhandelloven (flagging).
Finansdepartementet la 17. juni 2022 fram Prop. 130 L (2021–2022) Lov om regnskapsførere (regnskapsførerloven).
Budsjett 2023
I kap. 2 i del I av denne proposisjonen er det omtalt nokre viktige oppgåver for Finansdepartementet i 2023. Dessutan går det fram av rapportdelen ovanfor at fleire av dei sakene som er omtalte der, krev oppfølging i seinare år.
Formuesforvalting
Departementet sitt arbeid med Statens pensjonsfond går ut på å utvikle den langsiktige investeringsstrategien til fondet, fastsetje og følgje opp retningsliner for forvaltinga, irekna fondet si rolle som ansvarleg investor. I tillegg til eigne ressursar nyttar departementet eksterne fagmiljø i inn- og utland.
Arbeidet med å utvikle investeringsstrategien for fondet i 2023 tek utgangspunkt i dei måla som er skildra i Meld. St. 9 (2021–2022) Statens pensjonsfond 2022. Sjå nærare omtale i del I, pkt. 2.1 Statens pensjonsfond, i proposisjonen her og i Meld. St. 1 (2022–2023) Nasjonalbudsjettet 2023.
Skatte- og avgiftsområdet
Prop. 1 LS Skatter, avgifter og toll
Departementet bruker kvart år betydelege ressursar på utgreiing og utarbeiding av skatte-, avgifts- og tollforslag som vert fremja i statsbudsjettet. Førebuing av skatte- og avgiftsopplegget i statsbudsjettet for 2024 vil vere ei viktig oppgåve i 2023.
EØS og skatt
Arbeidet for å sikre at skatte- og avgiftsreglane er best mogleg, innanfor rammene av forpliktingane som følgjer av EØS-avtalen, held fram i 2023. Alle skatte- og avgiftsforslag som departementet arbeider med må vurderast i lys av dette.
Skattlegging av store, fleirnasjonale konsern
Arbeidet med globale løysingar for meir effektiv og rettferdig skattlegging av store, fleirnasjonale konsern held fram i 2023. Noreg deltek i arbeidsgrupper under Inclusive Framework som arbeider vidare med dei detaljerte løysingane og ein plan for gjennomføring av dei to pilarane i to-pilarløysinga. Sjå nærare omtale av dette arbeidet og framdrifta i Meld. St. 2 (2021–2022) Revidert nasjonalbudsjett 2022, pkt. 4.2.
Verdsetjing av fritidseigedom
Arbeidet med eit nytt verdsetjingssystem for fritidseigedom held fram i 2023. Sjå nærare omtale av saka under kap. 1618 Skatteetaten. Departementet vil kome tilbake til Stortinget på eigna måte.
Samordning av reglane for innkrevjing av offentlege krav
Arbeidet med å samordne og modernisere reglane for Skatteetatens innkrevjingsoppgåver held fram i 2023. Sjå òg omtale av saka under rapport for 2021. Finansdepartementet tek sikte på å sende eit framlegg til ny lov på høyring i 2023. Prosjektet er ein naudsynt føresetnad for å modernisere innkrevjingsområdet gjennom programmet Fremtidens innkreving. Programmet er ei tverrsektoriell satsing som starta i 2022. Programmet vil leggje til rette for å samordne og modernisere IT-systemporteføljen, prosessane og regelverket på innkrevjingsområdet. Programmet er leia av Skatteetaten. I tillegg skal Skatteetaten samarbeide med politiet, Nav, Lånekassa og Brønnøysundregistrane om å utvikle samanhengande tenester.
Finansmarknadsområdet
I 2023 vil m.a. desse lovsakene og utgreiingane krevje særleg innsats på finansmarknadsområdet:
Finansdepartementet har hatt på høyring eit høyringsnotat, utarbeidd av Finanstilsynet, med utkast til føresegner om gjennomføring i norsk lov og forskrift av den såkalla PRIIPS-forordninga. Utkastet skal sikre gjennomføring i norsk rett av EØS-reglar som svarer til Europaparlaments- og rådsforordning (EU) 1286/2014 om nøkkelinformasjonsdokument om samansette og forsikringsbaserte investeringsprodukt (PRIIPS-forordninga). Finansdepartementet vil følgje opp framlegget.
Finansdepartementet har hatt på høyring eit høyringsnotat, utarbeidd av Finanstilsynet, med utkast til gjennomføring av regelverk om kapitaldekning for verdipapirforetak. Utkastet skal sikre gjennomføring i norsk rett av EØS-reglar som svarer til forordning (EU) 2019/2033 om krav til verdipapirforetak og direktiv (EU) 2019/2034 om tilsyn med verdipapirforetak. Finansdepartementet vil følgje opp framlegget.
Finansdepartementet har hatt på høyring eit høyringsnotat, utarbeidd av Finanstilsynet, med utkast til gjennomføring av den såkalla SMB-forordninga. Utkastet skal sikre gjennomføring i norsk rett av EØS-reglar som svarer til forordning (EU) 2019/2115 om fremjinga av SMB-vekstmarknader. Finansdepartementet vil følgje opp framlegget.
Finansdepartementet har hatt på høyring NOU 2019: 1 frå Verdipapirlovutvalget. Utgreiinga inneheld framlegg til revisjon av føresegna om overtakingstilbod i verdipapirhandelloven kapittel 6 med tilhøyrande forskrifter. Finansdepartementet vil vurdere framlegga frå utvalet i lys av høyringsfråsegnene.
Finansdepartementet har hatt på høyring NOU 2021: 1 frå Verdipapirlovutvalget, med utkast til endringar i føresegna i verdipapirhandelloven om tilsynsmyndigheit, sanksjonskompetanse og klageordning. Utvalet foreslår mellom anna at marknadsoperatørane ikkje lenger skal utføre myndigheitsoppgåver. Finansdepartementet vil vurdere framlegga frå utvalet i lys av høyringsfråsegnene.
Finansdepartementet har hatt på høyring eit høyringsnotat, utarbeidd av Finanstilsynet, med utkast til gjennomføring av regelverk om sentrale motpartar. Utkastet skal sikre gjennomføring i norsk rett av EØS-reglar som svarer til forordning (EU) 2019/834 (EMIR-Refit) og venta EØS-reglar som svarer til forordning (EU) 2019/2099 (EMIR 2.2). Finansdepartementet vil følgje opp framlegget.
Finansdepartementet har hatt på høyring eit høyringsnotat, utarbeidd av Finanstilsynet, med utkast til føresegner om gjennomføring av EØS-reglar som svarer til den såkalla SFTR-forordninga, forordning (EU) 2015/2365. Styresmaktene skal gjennom krav til transaksjonsregister få informasjon om risiko ved verdipapirfinansieringstransaksjonar. Finansdepartementet vil følgje opp framlegget.
Finansdepartementet har hatt på høyring eit høyringsnotat, utarbeidd av Finanstilsynet, med utkast til føresegner om lovbrotsgebyr og leiingskarantene, mellom anna i finansføretakslova. Finansdepartementet vil følgje opp framlegget.
Finansdepartementet har hatt på høyring eit høyringsnotat med utkast til føresegner som gjennomfører dei offentlegrettslege delane av direktivet om bustadlån (direktiv 2014/17/EU) i norsk lov og forskrift. Finansdepartementet vil følgje opp framlegget.
Finansdepartementet har hatt på høyring NOU 2021: 10 frå Verdipapirlovutvalget, med utkast til føresegner om gjennomføring i norsk lov og forskrift av den såkalla folkefinansieringsforordninga. Utkastet skal sikre gjennomføring i norsk rett av venta EØS-reglar som svarer til Europaparlaments- og rådsforordning (EU) nr. 1503/2020 om europeiske tilbydarar av folkefinanseringstenester til næringsverksemd. Finansdepartementet vil følgje opp framlegget.
Finansdepartementet har hatt på høyring eit høyringsnotat med utkast til føresegner om gjennomføring av reglar som svarer til forordning (EU) 2019/518 og forordning (EU) 2021/1230 om betalingar over landegrensene i norsk lov. Finansdepartementet vil følgje opp framlegget.
Finansdepartementet har hatt på høyring NOU 2021: 7 frå Eiendomsmeglingsutvalget, med utkast til føresegner om endringar i eigedomsmeklingslova. Finansdepartementet vil vurdere framlegga frå utvalet i lys av høyringsfråsegnene.
Finansdepartementet har sendt på høyring eit framlegg frå Finanstilsynet om forskriftsregler om forbod mot returprovisjonar. Høyringa har frist 18. november 2022. Finansdepartementet vil følgje opp framlegget.
Regjeringa sette 3. september 2021 ned eit utval som skal gjennomgå og vurdere finanstilsynslova og Finanstilsynets verksemd. Utvalet skal utarbeide utkast til ny finanstilsynslov som reflekterer utviklinga både i regelverket og i tilsynsomfang og -metodikk, og som legg til rette for gode rammer for Finanstilsynets verksemd framover. Finansdepartementet vil i 2023 sende utgreiinga på høyring og vurdere framlegga frå utvalet i lys av høyringsfråsegnene.
På oppdrag frå Finansdepartementet greier Verdipapirlovutvalet ut norsk gjennomføring av nye EU-regler om berekraftsrapportering frå føretak. Framlegga frå utvalet vil verte sende på høyring, og Finansdepartementet vil vurdere framlegga frå utvalet i lys av høyringsfråsegnene.
Finanstilsynet greier på oppdrag frå Finansdepartementet ut norsk gjennomføring av forventa EØS-reglar om grøne obligasjonar. Framlegga vil verte sende på høyring, og Finansdepartementet vil vurdere framlegga frå Finanstilsynet i lys av høyringsfråsegnene.
Det er venta at EU vil forhandle ferdig ei pakke med rettsakter på kvitvaskingsområdet i løpet av 2023. Desse rettsakta vil, dersom dei er akseptable for Noreg, gjere det naudsynt med utgreiing før det er mogleg å gjennomføre dei i norsk rett.
Finansdepartementet tek sikte på å setje ned eit offentleg utval som skal vurdere kontantane si rolle i samfunnet framover, i tråd med Stortingets oppmodingsvedtak nr. 1174 (2020–2021).
Rettsakter frå EU
Arbeidet med å utvikle det norske regelverket for finansmarknadsområdet hengjer nært saman med arbeidet med å tilpasse og ta inn nye EU-rettsakter i EØS-avtalen. Finansdepartementet vil prioritere dette innlemmingsarbeidet i 2023 òg.
I tråd med den internasjonale utviklinga mot styrka regulering av og tilsyn med finansmarknadene har EU utarbeidd særs mykje regelverk for
finansføretak (bankar og andre kredittinstitusjonar, forsikringsføretak, m.m.),
verdipapirføretak, verdipapirfond, infrastrukturføretak for verdipapirmarknaden m.m.,
rekneskap, rekneskapsførarar og revisorar, og
tiltak mot kvitvasking og finansiering av terror.
Dette er dels direktiv, med krav til utforminga av regelverket i dei einskilde medlemslanda, og dels forordningar, som gjeld direkte i heile EU. Det aller meste av regelverket i EU på desse områda er EØS-relevant og skal difor takast inn i EØS-avtalen og gjennomførast i norsk rett. Direktiv som er teke inn i EØS-avtalen, skal gjennomførast med eigen norsk regeltekst i lov eller forskrift. Forordningar skal gjennomførast ved tilvising, enten i lov eller forskrift, til EUs regeltekst, slik denne er tilpassa i EØS-avtalen.
Dei tre EØS/EFTA-landa Liechtenstein, Island og Noreg klarlegg seg imellom kva ein treng av tilpassing til EU-rettsaktene og diskuterer dette med representantar for EU. Når partane er einige, kan rettsaktene takast inn i EØS-avtalen ved vedtak i EØS-komiteen.
Vedtaka i EØS-komiteen trer normalt i kraft med ein gong, med mindre EU-rettsakta enno ikkje er i kraft. Dersom det krevst stortingsvedtak, til dømes ny lovgjeving, er det vanleg å ta såkalla konstitusjonelt atterhald, slik at vedtaket i EØS-komiteen ikkje trer i kraft før det er gjeve melding om at konstitusjonelle krav er oppfylte. I slike tilfelle vert det normalt gjort framlegg om at Stortinget gjev samtykkje til innlemming, enten i særskild proposisjon eller saman med eit lovforslag.
EØS-arbeidet på finansmarknadsområdet er òg drøfta i kap. 3 i Meld. St. 1 (2022–2023) Nasjonalbudsjettet 2023.
Arbeidet med statsbudsjett og økonomistyring i staten
Finansdepartementet vil vidareføre finansieringa av forskingsprogrammet Concept ved NTNU for å utvikle ny kunnskap om tilrettelegging, kvalitetssikring og styring av store statlege investeringsprosjekt. Hovudlinene i Concept-programmet vert vidareførte i 2023. Programmet skal evaluere store statlege investeringsprosjekt som no er komne i driftsfasen og vektleggje forsking på tidlegfasen i prosjekta, frå den fyrste ideen oppstår til endeleg finansiering av gjennomføringa er vedteken. I tillegg driv programmet med metodeutvikling, følgjeforsking og kompetansebygging. Forskinga skal vere fritt tilgjengeleg for alle som søkjer kunnskap om prosjektstyring i staten.
Samfunnstryggleik og beredskap
På Finansdepartementets ansvarsområde skal det arbeidast systematisk med samfunnstryggleik. Beredskapen for å kunne handtere ekstraordinære hendingar skal vere god. Departementet og dei underliggjande etatane har beredskapsplanverk for å kunne handtere uynskte hendingar, og desse vert jamleg oppdaterte. Finansdepartementet samarbeider òg mellom anna med Nasjonalt tryggingsorgan og Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap. Fleire etatar under Finansdepartementet forvaltar omfattande produksjonssystem som behandlar store informasjonsmengder. Informasjonstryggleik er ein viktig del av Finansdepartementets styringsdialog med underlagde etatar.
Ei sentral utfordring i finanssektoren er å halde betalingsformidlinga og andre deler av den finansielle infrastrukturen ved lag slik at samfunnet får dekt behovet for mellom anna betalingstenester. Dette er av Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap identifisert som ein samfunnskritisk funksjon, kalt Finansielle tenester. Finansdepartementet har det overordna ansvaret for varetakelsen av denne funksjonen. Departementet har òg ansvar for viktige samfunnsfunksjonar som handtering av statens inntekter (proveny), Folkeregisteret og Tolletatens kontroll med den grensekryssande vareførsla. Kontroll av vareførselen over grensa har mellom anna som føremål å motverke ulovleg inn- og utførsel av farlege og ulovlege varer. Tolletaten byggjer i stor grad kontrollen på risikoanalysar og etterretning, og etaten vil i 2023 arbeide vidare med å gjere val av kontrollobjekt meir effektivt. I denne samanhengen starta etaten i 2019 ei satsing (Treff-satsinga) som mellom anna inneber å utvikle ny digitalisert systemstøtte for oppgåver i alle ledd av kontrollprosessane til etaten, jf. eigen omtale under kap. 1610 Tolletaten.
Finansdepartementet arbeider òg med beredskapen for Statens pensjonsfond utland.
Departementet deltek òg jamleg i sektorvise og nasjonale øvingar innan sikkerheit og beredskap. Til dømes deltok departementet i 2022 på øvinga Cyber 22, ei større øving for finanssektoren.
Særleg om arbeidet med ny lov om nasjonal sikkerheit
Lov om nasjonal sikkerheit (tryggingslova) tok til å gjelde 1. januar 2019, og alle sektorar arbeider med å gjennomføre føresegnene i lova. Føremålet med lova er å tryggje nasjonale sikkerheits-interesser og å førebyggje, avdekkje og motverke sikkerheitstrugande verksemd. Dei nasjonale sikkerheitsinteressene skal tryggjast ved at kvart departement identifiserer grunnleggjande nasjonale funksjonar (GNF-ar) innanfor sitt ansvarsområde, slik at verksemder av avgjerande betyding for GNF-ar kan underleggjast sikkerheitslova, og ein kan setje i verk naudsynte sikringstiltak for dei skjermingsverdige verdiane i verksemdene. For å vareta føremålet med lova, vil GNF-arbeidet i departementa vere ein kontinuerleg prosess. Arbeidet kan gje endringar i dei identifiserte GNF-ane og skjermingsverdige verdiar, kva for verksemder som er av vesentleg og avgjerande betyding, og i kva grad ei verksemd er avhengig av eksterne ressursar (til dømes andre verksemder). Kva som krevst for å oppnå eit forsvarleg sikkerheitsnivå, kan òg verte endra undervegs.
I tråd med føresegna i tryggingslova, har Finansdepartementet tidlegare identifisert og innmeldt departementet sine GNF-ar til Nasjonalt tryggingsorgan.
Statlege verksemder som Finansdepartementets underliggjande etatar og Noregs Bank, er allereie underlagt tryggingslova. Finansdepartementet har i 2021–2022 arbeidd med å identifisere andre verksemder med vesentleg eller avgjerande viktigheit for GNF-ane, samt med å underleggje desse lova der det er naudsynt. Arbeidet vil halde fram i 2023. For verksemder som vert underlagde lova, vil departementet i samråd med verksemda òg vurdere om verksemda eig eller forvaltar skjermingsverdige verdiar. Utpeiking av eventuelle skjermingsverdige verdiar vil gjerast av departementet i samråd med verksemdene og meldes inn til tryggingsorganet. Departementet vil så setje fristar for gjennomføring av sikringstiltak.
Post 01 Driftsutgifter
Driftsløyvinga dekkjer lønsutgifter og andre utgifter til drift av departementet. For 2021 vart talet på årsverk rekna til 290. Lønsrelaterte utgifter utgjer nær 80 pst. av løyvinga. Av andre driftsutgifter utgjer lokalleige den største einskildposten. For 2023 foreslår departementet ei løyving på 423,5 mill. kroner.
Post 21 Spesielle driftsutgifter, kan overførast
Posten omfattar hovudsakleg utgifter til forskingsoppdrag, utgreiingsarbeid og ein del særlege innkjøp.
Forskingsmidlane vert m.a. brukte til program om skatteøkonomi i regi av Noregs forskingsråd. Vidare er det frå 2021, i kjølvatnet av virusutbrotet, sett i verk eit program som ser nærare på den økonomiske behandlinga av krisa som følgje av utbrotet, der det òg vert samanlikna med tidlegare krisar som finanskrisa og oljeprisfallet i 2014–2015. Til dette programmet er det sett av 15 mill. kroner for 2023.
Kostnader som er knytte til Concept-programmet, eit forskingsarbeid for å utvikle ny kunnskap om tilrettelegging, kvalitetssikring og styring av store statlege investeringsprosjekt, vert belasta kap. 1600, post 21. Hovudlinene i Concept-programmet vert vidareførte. Programmet skal evaluere store statlege investeringsprosjekt som no er komne i driftsfasen og vektleggje forsking på tidlegfasen i prosjekta, frå den fyrste ideen oppstår til endeleg finansiering av gjennomføringa er vedteken.
Tidlegare vart utgifter til kjøp av tenester frå Statistisk sentralbyrå (SSB) for å halde ved like det økonomiske modellapparatet finansiert her. Frå 2022 vert dette modellarbeidet i sin heilskap finansiert over grunnløyvinga til SSB på kap. 1620.
Midlane på posten vert òg brukte til ei rekkje særskilte utgreiingsoppgåver. Det kan vere kostnader til utgreiingsutval som regjeringa har sett ned på departementet sitt ansvarsområde, eller kjøp av eksterne konsulenttenester, m.a. i samband med departementet si oppfølging av Statens pensjonsfond. Etikkrådet er administrativt ein del av Finansdepartementet. Det gjev råd til Noregs Bank om utelukking og observasjon av verksemder.
Departementet held fram med å gjere djupare analyse av utvalde område for å skape effektivisering og betre handlingsrom i budsjettet. I 2022 har det vore arbeidd med analysar om bustadløysingar og helse- og omsorgstenester for eldre, tilskotsmottakarar som er namngjevne, innovasjon og læring av koronapandemien og arbeidsmarknadstiltak. For å styrkje merksemda og kompetansen om offentleg ressursbruk, har regjeringa starta med å utvikle DFØ til eit kompetansesenter for offentleg ressursbruk. Departementet styrkjer satsinga på DFØ i 2023 og vil nyttiggjere seg av DFØ i arbeidet med områdegjennomgangar og andre analysar av offentleg ressursbruk.
For 2023 foreslår departementet ei løyving på 96,4 mill. kroner.
Post 70 Forsking og allmennopplysning om finansmarknaden
Føremålet med Finansmarknadsfondet er å medverke til auka kunnskap om og forståing for verkemåten til finansmarknadene, gjennom forsking og allmennopplysning. Fondet vart skipa i 2002 med ei avsetjing etter omdanning og sal av Oslo Børs og Verdipapirsentralen. Fondet vart erstatta med vanlege utgiftsløyvingar over statsbudsjettet i 2013, sjå Prop. 1 S (2012–2013) Finansdepartementet. Løyvingsmodellen skal halde dei reelle tildelingane om lag like store som dei var med fondet. For 2022 vart det løyvd 13,9 mill. kroner, og for 2023 foreslår Finansdepartementet ei løyving til Finansmarknadsfondet på 14,3 mill. kroner. Kostnader til administrative tenester er budsjetterte under Forskingsrådets budsjettkapittel, kap. 285, post 55. Forskingsrådet tek hand om tildelingane og rekneskapsførselen på vegner av Finansdepartementet.
Finansmarknadsfondet kan òg dele ut gåvemidlar og fekk i 2021 ein større donasjon frå ein bank.
Fullmakt til å rette opp uoppklåra differansar og feilføringar i statsrekneskapar frå tidlegare år
Frå tid til anna oppstår det differansar i rekneskapen hos rekneskapsførarane i staten. Nokre av differansane vert ikkje oppklåra endå det er gjort mykje for å finne ut kva dei kjem av. Det hender òg at beløp vert tilviste og posterte feil i statsrekneskapen, og at feilen fyrst vert funnen etter at årsrekneskapen er avslutta.
På grunn av eittårsprinsippet vil retting av slike feil, med motsett postering i rekneskapen for eit seinare år, medføre at den rekneskapen òg vert galen. Slik Finansdepartementet ser det, er det mest korrekt at uoppklåra differansar og andre feil vert retta opp i statsrekneskapen med posteringar over kontoen for forskuvingar i balansen. Då vil desse posteringane ikkje påverke løyvingsrekneskapen det året rettinga vert gjord. Rettinga må skje etter ei posteringsoppmoding frå vedkomande departement og i) etter at ein har gjort det ein kan for å oppklåre differansen og ii) berre når feilposteringa ikkje kan rettast på nokon annan måte.
Det må hentast heimel frå Stortinget i kvar sak før posteringsoppmoding kan sendast til Finansdepartementet. For mindre beløp bør Finansdepartementet ha fullmakt.
Stortinget vedtok ved behandling av Innst. S. nr. 252 (1997–98), jf. St.prp. nr. 65 (1997–98), å gje Finansdepartementet ei fullmakt for budsjett- og rekneskapsåret 1998. Denne fullmakta er teken opp att i budsjettdokumenta kvart år sidan. Departementet gjer framlegg om same fullmakt for budsjett- og rekneskapsåret 2023, jf. framlegg til romartalsvedtak VII.
Fullmakt til postering mot mellomværet med statskassen
I Gul bok 2020 orienterte Finansdepartementet om endringar i føresegnene om økonomistyring i staten med verknad frå 2020, mellom anna om mellomværet med statskassa, jf. òg rundskriv R-101 frå Finansdepartementet. Mellomværet syner om ei statleg verksemd eller rekneskapsførande statleg ordning har pengar til gode frå statskassa eller skyldar pengar til ho. Verksemder med mellomvære vil ha eit unntak frå kontantprinsippet. Som for 2022 vert det òg for 2023 gjort framlegg om tre fullmakter som heimlar slike unntak for Skatteetaten – sjå framlegg til romartallsvedtak IX.
Kap. 4600 Finansdepartementet
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2021 | Saldert budsjett 2022 | Forslag 2023 |
02 | Ymse refusjonar | 124 | 200 | 50 |
Sum kap. 4600 | 124 | 200 | 50 |
Post 02 Ymse refusjonar
Posten omfattar refusjonar frå andre offentlege verksemder som Finansdepartementet samarbeider med. Sidan det er uvisst kor store refusjonane vert, ber Finansdepartementet om fullmakt til å overskride løyvingane under kap. 1600, post 01 Driftsutgifter og post 21 Spesielle driftsutgifter, med eit beløp tilsvarande meirinntekter under kap. 4600, post 02 Ymse refusjonar, jf. framlegg til romartalsvedtak II.1.
Kap. 1602 Finanstilsynet
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2021 | Saldert budsjett 2022 | Forslag 2023 |
01 | Driftsutgifter | 429 655 | 439 960 | 464 518 |
45 | Større utstyrskjøp og vedlikehald, kan overførast | 20 908 | 35 300 | 36 000 |
Sum kap. 1602 | 450 563 | 475 260 | 500 518 |
Samfunnsoppdrag og organisering
Samfunnsoppdraget til Finanstilsynet er å bidra til finansiell stabilitet og velfungerande marknader. Dette er naudsynte vilkår for tillit til det finansielle systemet, ei stabil økonomisk utvikling og vern av forbrukarar og andre brukarar av finansielle tenester.
Finanstilsynet skal sjå til at føretaka under tilsyn etterlever lover og reglar. I dette arbeidet nyttar tilsynet ei rekkje verkemiddel, anten kvar for seg eller i kombinasjon. Verkemidla er tilsyn, overvaking og kontroll, forvaltning, regelverksutvikling samt informasjon og kommunikasjon. Finanstilsynet har tilsyn med mellom anna bankar, finansieringsføretak, kredittføretak, betalingsføretak, forsikringsføretak, pensjonsføretak, forsikringsformidlarar, verdipapirføretak, fondsforvaltarar, eigedomsmeklingsføretak, inkassoføretak, rekneskapsførarar og revisorar. I tillegg har tilsynet kontroll med prospekt og finansiell rapportering frå noterte føretak og følgjer opp åtferda i verdipapirmarknaden.
Finanstilsynets styre har eit overordna ansvar for verksemda. Styret har fem medlemar og er supplert med to representantar frå dei tilsette ved behandling av administrative saker. Medlemane og varamedlemane vert peikte ut av Finansdepartementet for ein periode på fire år. Sitjande styre vart oppnemnd vinteren 2022. Finanstilsynsdirektøren har ansvaret for den daglege leiinga av Finanstilsynet og vert tilsett av Kongen for eit åremål på seks år.
Finanstilsynet hadde ei bemanning tilsvarande 294 utførte årsverk i 2021.
Resultat i 2021
Nedanfor følgjer ein nærare omtale av arbeidet i Finanstilsynet i 2021. Sjå òg nærare omtale av tilsynet sine aktivitetar i Meld. St. 12 (2021–2022) Finansmarkedsmeldingen 2022.
Solide og likvide finansføretak
Finanstilsynet vurderer laupande soliditeten, risikoen og risikohandteringa i finansføretaka. Soliditeten i føretaka er følgd opp gjennom ein kombinasjon av stadlege tilsyn, pilar 2-vurderingar (krav til kapital ut over minstekrava for finansføretak), dokumentbasert tilsyn, makroøkonomisk overvaking og stresstestar. Utviklinga i norsk og internasjonal økonomi vert følgd laupande, og det er utarbeidd analysar og vurderingar av utsiktene for finansiell stabilitet. Med bakgrunn i den store uvissa under koronapandemien oppmoda mellom anna Det europeiske råd for systemrisiko (ESRB) om å avgrense eller avstå frå utbyte. Finanstilsynet følgde opp dette i eigne oppmodingar til føretaka og i råd til Finansdepartementet i 2020 og 2021.
Dei finans- og pengepolitiske tiltaka har bidrege til å avgrense den negative verknaden pandemien har hatt på norsk økonomi i 2020 og 2021, og dermed utlånstapa for bankane.
På grunn av pandemien vart det òg i 2021 gjennomført færre tilsyn enn planlagt, og ein god del av dei stadlege tilsyna vart gjennomførte digitalt. Finanstilsynet gjekk gjennom og vurderte modellane til seks bankar som har eigne modellar for å berekne kapitalkrav (IRB), basert på bankane sine eigne estimat for risikoparameterar. Tilsynet har i 2021 gjennomført 26 soliditets- og likviditetsvurderingar (SREP) og fatta pilar 2-vedtak for to føretak. Pilar-2-vedtak er krav til kapital i føretak ut over minstekravet og bufferkravet for risikoane, som føretaka er utsette for.
I 2021 var berekraftsrisiko tema under alle dei vanlege tilsyna med bankar, forsikringsføretak og pensjonskassar.
Robust infrastruktur
Robust finansiell infrastruktur er ein avgjerande føresetnad for sikre betalingssystem, handel, prissetjing og oppgjer i finansmarknaden. Låg risiko for systemsvikt og god beredskap for raskt å kunne rette opp svikt er difor avgjerande. Gjennom konsesjonskrav og tilsyn med mellom anna finansføretak, betalingsføretak og infrastrukturføretak bidreg Finanstilsynet til at føretaka har tilfredsstillande styring og kontroll av IKT-risiko og annan operasjonell risiko. Det er mellom anna gjennomført tilsyn med den multilaterale handelsplattforma til Oslo Børs, og det er gjeve løyve til Verdipapirsentralen etter ny verdipapirsentrallov.
Under koronapandemien har Finanstilsynet hatt meir merksemd på infrastrukturen i marknaden og på den auka risikoen pandemien har ført til for både infrastrukturen og føretaka i finansmarknaden. Etter kvart som situasjonen stabiliserte seg, normaliserte Finanstilsynet overvakinga si. Så langt tilseier erfaringa at infrastrukturføretaka på verdipapirmarknadsområdet var robuste nok til å handtere stressituasjonen, som koronapandemien utløyste.
Overvaking av potensielle trugslar mot IT-systema til verksemder har vore ei prioritert oppgåve, og det har vore laupande samarbeid med ulike styresmakter i Noreg for å ta vare på tryggleiken i den finansielle infrastrukturen. Det vart rapportert fleire IKT-hendingar i 2021 enn i 2020, men det vart ikkje observert spesielle avvik i drifta av betalingssystema på grunn av krisa.
Finanstilsynet leier Beredskapsutvalet for finansiell infrastruktur (BFI). I tillegg til dei faste møta i BFI vart det under koronapandemien halde ei rekkje møte for informasjonsutveksling om tiltak i føretaka og forhold som kunne forstyrre den finansielle infrastrukturen eller påverke den finansielle stabiliteten. Ein har vore særleg merksam på samfunnskritiske verksemder og funksjonar.
Finanstilsynet gjennomførte i 2021 regelmessige møte med Nordic Financial CERT (NFCERT) om trugselbiletet og samhandling i samband med at Finanstilsynet har rolla som sektorvist responsmiljø (SRM). Tilsynet har òg gjennom tilsyn, overvaking og kontroll følgt opp den operasjonelle risikoen i betalingssystema, oppgjerssystema og IKT-systema til føretaka innanfor alle tilsynsområda. Tilsynet registrerte 299 uynskte IKT-hendingar i 2021. Tilsynet har òg hatt beredskap for å handtere digital sårbarheit og tryggleikshendingar, og dessutan følgt utviklinga av digital kriminalitet.
Finanstilsynet publiserer ei årleg risiko- og sårbarheitsanalyse (ROS-analyse), som oppsummerer arbeidet med IKT-tryggleik i finanssektoren og korleis bransjen og einskildføretak etterlever regelverket.
Finanstilsynet har i 2021 òg følgt utviklinga av ny finansiell teknologi i finansmarknaden og gjeve rettleiing til nye, teknologibaserte aktørar i finansmarknadene. Tilsynet har òg følgt opp arbeid i Finanstilsynets regulatoriske sandkasse, der tre prosjekt har levert sluttrapport sidan oppstarten i 2020. Finanstilsynet heldt elles fram samarbeidet med dei regulatoriske sandkassene i Arkivverket og Datatilsynet i 2021.
Investorvern
Påliteleg og tilstrekkeleg informasjon er naudsynt for å sikre at verdipapirmarknadene kan bidra til god allokering og prising av kapital. Finanstilsynet bidrar til at laupande og periodisk informasjon frå noterte føretak er rettvisande og rettidig, og at prospekt er i tråd med krav i verdipapirhandelloven. Finanstilsynets tilsyn med revisorar for mellom anna børsnoterte føretak, bidrar til at årsrekneskap held god kvalitet. Gjennom tilsyn med verdipapirføretak og effektiv og rask handheving av åtferdsreglane i verdipapirmarknaden, bidreg Finanstilsynet til marknadsdisiplin og til å ivareta interessene til investorar og noterte føretak.
Kapitalmarknaden var òg i 2021 prega av usikkerheit omkring koronapandemien. Likevel var det svært sterk emisjonsaktivitet på dei regulerte marknadene Oslo Børs og Euronext Expand. I 2021 utførte Finanstilsynet eit tematilsyn med fleire verdipapirføretak og deira rådgjeving og innhenting av kapital for utvalde utferdarføretak, som er tekne opp på den multilaterale handelsfasiliteten Euronext Growth Oslo.
Finanstilsynet har i 2021 oppretthalde eit godt tilsyn med verdipapirmarknaden og informasjonstiltak for å tryggje investorvernet, trass i ekstraordinære oppgåver under pandemien. Finanstilsynet utførte mellom anna tilsyn med 40 rekneskapsførarar og 31 revisjonsføretak. Tilsynet følgde opp 34 brot på rapportering av kortsal (shortsale) og 52 brot på meldeplikta ved verdipapirhandel i 2021, noko som er ei auke frå 2020.
Forbrukarvern
Godt forbrukarvern er viktig for den einskilde forbrukaren og for tilliten til aktørane i finansmarknaden. Tenestetilbydarane skal ta vare på interessene til kundane og ta omsyn til at kundane skal kunne forstå eigenskapane til produkta. Finanstilsynet følgjer opp forbrukarvernet gjennom tilsyn med at føretaka tilbyr og formidlar lån, forsikrings- og pensjonsprodukt, fondsprodukt og andre finansielle instrument og dessutan eigedom på ein forsvarleg måte. Tilsynet med inkassoføretaka styrkjer òg forbrukarvernet. Oppfølging av soliditets- og tryggleikskrav bidreg til tryggleik for at produktleverandørane kan overhalde pliktene overfor kundane.
I 2021 har Finanstilsynet bidrege til forbrukarvernet ved mellom anna å utføre 17 tilsyn med verdipapirføretak, 15 med eigedomsmeklingsføretak, 6 med inkassoføretak og 3 tilsyn med gjeldsinformasjonsføretak. På alle desse fire føretaksområda vart det gjennomført fleire tilsyn enn i 2020. Elles har Finanstilsynet i 2021 delteke i ei felleseuropeisk tilsynsundersøking av verdipapirføretaka si etterleving av EØS-regelverket for produkthandtering. Tilsynet har òg delteke i ei anna felleseuropeisk tilsynsundersøking om kostnader i UCITS-fond, som er ein type fond som tilfredsstiller felleseuropeiske reglar. Føremålet med denne undersøkinga var å kartleggje om investordokumentasjonen opplyser klårt om kostnadene og om fondet vert belasta med unødige kostnader.
Forbrukarane er avhengige av god informasjon, og Finanstilsynet svarte på mange førespurnader frå forbrukarane i 2021.
Effektiv krisehandtering
Beredskap for å kunne handtere kritiske situasjonar er viktig for tilliten til det finansielle systemet. Finanstilsynet har beredskap for å behandle kriser i så vel enkeltføretak som marknader, for å redusere risikoen for omfattande og varige skadeverknader for finanssektoren og kundar. Krav til at bankar og verdipapirføretak utarbeider gjenopprettingsplanar og at Finanstilsynet utarbeider krisehandteringsplanar, vil bidra til at kritiske forhold vert behandla tilfredsstillande. Beredskap for å kunne gje rask og relevant informasjon til allmenta, er ein sentral del av kriseberedskapen. Det laupande tilsynsarbeidet gjev Finanstilsynet god kjennskap til verksemda i føretaka og bidreg til effektiv krisehandtering.
Finanstilsynet har utarbeidd 13 krisetiltaksplanar og fastsett minstekrav til summen av ansvarleg kapital og konvertibel gjeld (MREL) for 15 bankar. I 2021 har Finanstilsynet òg vurdert gjenopprettingsplanane til 19 bankar. I 2021 vidareutvikla tilsynet metodikk og malverk for å utarbeide krisetiltaksplanar og fastsetje MREL.
Gjennom 2021 heldt Finanstilsynet fram med å samarbeide tett med dei europeiske tilsynsstyresmaktene, både om å handtere konsekvensane av pandemien og om å følgje opp den generelle kriseberedskapen i føretaka. Tilsynet samarbeidde òg med Noregs Bank og hadde tett kontakt med Finansdepartementet om kriseberedskapen.
I 2021 brukte Finanstilsynet mykje ressursar på å førebu og behandle offentleg administrasjon av Optin Bank ASA, som vart den tredje norske banken eller bankfilialen sett under offentleg administrasjon sidan 1989.
Finanstilsynet deltok i 2021 i ei felles kriseøving i samarbeid mellom Bankenes sikringsfond, Finansdepartementet og Norges Bank. Temaet for øvinga var handtering av ein bank som kom i alvorlege problem og som etter kvart måtte gjennom krisehandtering.
Innsats mot økonomisk kriminalitet
Finanssektoren skal sjølv førebyggje at finansføretak og andre aktørar vert utnytta i kriminelle aktivitetar. Finanstilsynet fører tilsyn med at føretaka etterlever pliktene i regelverket for nedkjemping av kvitvasking og terrorfinansiering. Finanstilsynet fører òg tilsyn med at aktørane i verdipapirmarknaden overheld reglane mot innsidehandel og marknadsmisbruk. Ulovleg verksemd svekkjer tilliten til finansmarknadene og undergrev verksemda for føretak som driv innanfor regelverket. Tilsynsverksemda bidrar til å førebyggje kriminalitet i føretak under tilsyn. Ved mistanke om alvorleg økonomisk kriminalitet, vert forholdet meldt til politiet.
Fleire bankar har dei siste år auka innsatsen mot kvitvasking og terrorfinansiering. Samstundes har tilsyn avdekt mange tilfelle av svak etterleving av regelverket. Finanstilsynet har, til liks med tilsynsstyresmakter i andre land, trappa opp aktiviteten på dette området.
I 2021 har Finanstilsynet mellom anna gjennomført stadleg kvitvaskingstilsyn i 5 bankar og avslutta 2 dokumentbaserte kvitvaskingstilsyn med 54 bankar, i tillegg til kvitvaskingstilsyn med 80 andre typar rapporteringspliktige føretak. I 2021 fekk 3 bankar, 10 revisjonsføretak, 9 rekneskapsførarar og 4 eigedomsmeklingsføretak lovbrotsgebyr for manglande etterleving av regelverket mot kvitvasking
Tilsynsrøynsle syner at fleire føretak har auka innsatsen mot kvitvasking og terrorfinansiering betydeleg. Samstundes har tilsyn òg avdekt at etterlevinga av regelverket framleis er mangelfull i mange tilfelle. Finanstilsynet har i 2021 samarbeidd med andre styresmakter, slik som Kripos, fleire politidistrikt, Skatteetaten, Tolletaten og Økokrim, om fleire einskildsaker.
Samla resultatvurdering
Koronapandemien prega framleis Finanstilsynets oppgåver og aktivitetar i 2021. Smittverntiltak førte ved fleire høve til at det ikkje var mogleg å gjennomføre stadlege tilsyn som planlagt, og trass i digitale verktøy, vart aktiviteten noko redusert.
Etter kvart som pandemien drog ut i tid, måtte Finanstilsynet justere planar og omprioritere aktivitetar for å kunne følgje opp konsekvensane for finanssektoren og tilsynets eiga verksemd, samstundes som planlagde aktivitetar vart gjennomførte i størst mogleg grad.
Trass i påverkinga frå pandemien har Finanstilsynet samla sett oppretthalde eit godt aktivitetsnivå, og departementet meiner resultata for 2021 er tilfredsstillande. Departementet er mellom anna godt nøgd med Finanstilsynets arbeid med soliditeten i bankane og digitalisering i 2021.
Auka digitalisering av tilsynet sine prosessar har bidrege til å effektivisere arbeidsprosessar i ei tid då Finanstilsynet framleis må vente stramme budsjett. Det er viktig at Finanstilsynet held fram med å ha merksemd på digitaliseringsarbeidet, både i digitaliseringsprosjektet og i arbeidet gjennom digitaliseringsstrategien for Finanstilsynet. Etter kvart som nye prosessar vert digitaliserte, skal det leggjast vekt på gevinstrealisering. Sjå òg nærare omtale under Mål og prioriteringar i 2023.
Viktige utfordringar framover
Finansmarknadsreguleringa utgjer eit viktig grunnlag for Finanstilsynets arbeid med samfunnsoppdraget, og gjennom regelverksutvikling kan rammeverket betrast. Det meste av arbeidet med regelverksutvikling vil framleis verte gjeve som oppdrag frå Finansdepartementet, men òg deltakinga i dei europeiske tilsynsstyresmaktene EBA, ESMA og EIOPA utgjer ein sentral del av regelverksarbeidet. Trass i omfattande reguleringsreformar sidan den internasjonale finanskrisa, må Finanstilsynet framleis rekne med betydeleg arbeid med gjennomføring av EØS-reglar og anna regelverk. Dette mellom anna for å tilpasse reglane til den teknologiske og marknadsmessige utviklinga. Finanstilsynet må i dette arbeidet ta omsyn til heilskapen i det norske finansielle systemet og koplingane til realøkonomien.
Tilsynsaktiviteten i Finanstilsynet skal ha høg kvalitet, vere risikobasert og byggje på beste praksis internasjonalt. I det europeiske tilsynssamarbeidet vert det arbeidd både med meir harmoniserte tilsynsmetodar og fleire fellestilsyn i medlemslanda. Finanstilsynet må innrette tilsynsaktivitetane og rettleiinga av føretaka etter dette.
Finanstilsynets arbeid med omfattande regelverksutvikling og fleire oppgåver skjerpar kravet til effektiv ressursutnytting og til prioritering av innsatsen, slik at samla måloppnåing vert høgast mogleg.
Digitalisering set nye krav til Finanstilsynet. Generelt fører digitalisering til hyppige endringar i prosessar og produkt på finansområdet. Innovasjon i prosessar og produkt kan reise nye regulatoriske spørsmål og bidra til auka kompleksitet og risiko for føretaka som Finanstilsynet må følgje opp. Nye digitale tenester stiller mellom anna nye krav til forsvarleg forbrukarvern og informasjonstryggleik. Samstundes som ein må innrette regelverksutviklinga for å kunne dekkje nye teknologiar og marknader, bør ein leggje vekt på at regelverket ikkje utilsikta skal vere til hinder for bruk av ny teknologi og nye forretningsmodellar. Frå 2022 er Finanstilsynet inne i eit femårig digitaliseringsprosjekt, som trappar opp digitaliseringa i tempo og omfang. Prosjektet skal medverke til effektivisering, forenkling og betre kvalitet i tilsynsarbeidet. For næringslivet skal prosjektet etter kvart bidra til lågare rapporteringskostnader.
Utvalet som gjennomgår finanstilsynsloven frå 1956 og verksemda til Finanstilsynet, legg tidleg i 2023 fram si tilråding til ny lov. Tilsynet må deretter rekne med å bidra i det vidare lovarbeidet.
Både på forsikringsområdet og verdipapirområdet må Finanstilsynet sjå til at føretaka rettar seg etter god forretningsskikk i sals- og rådgjevingsverksemda. Endringane i fondsmarknaden, med innføring av ny produktregulering og nye kategoriar av fond, må følgjast opp. Oppfølging av krisehandteringsreglane vil framleis krevje ressursar i Finanstilsynet. Mellom anna må tilsynet følgje opp bankane sine gjenopprettingsplanar, medan tilsynet sjølv skal fastsetje krisetiltaksplanar for kvar bank.
Finanstilsynets ansvarsområde er dei siste åra vorte utvida. Tilsynet vil òg få nye oppgåver i tida framover. Tilsynet har mellom anna fått fleire tilsynsoppgåver retta mot investorar, noterte føretak og på kvitvaskingsområdet mot tenestetilbydarar innan virtuell valuta.
Korleis klima- og berekraftsrisiko verkar inn på aktørar i finansmarknadene, har fått monaleg meir merksemd dei seinare åra. Finansføretaka må identifisere og følgje opp risikoane dei er eksponert mot, medan overvaking og tiltak mot systemverknader er ei viktig oppgåve for styremaktene.
Mål og prioriteringar i 2023
Finanstilsynets samfunnsoppdrag og hovudmål er utdjupa i seks delmål. Det er fastsett følgjande delmål for Finanstilsynet for 2023:
Solide og likvide finansføretak
Robust infrastruktur
Vern av investorar
Forbrukarvern
Effektiv krisehandtering
Innsats mot kriminalitet
Resultata for 2021 var prega av koronapandemien. Departementet ventar at resultata i 2023 samla sett minst skal vere på same nivå som før pandemien. I resultatvurderinga vil departementet leggje vekt på heilskapen i verksemda. I oppfølginga av etaten tar departementet omsyn til at dette er mål der oppfyllinga vert påverka av mange forhold, som Finanstilsynet ikkje direkte kan styre, men der Finanstilsynet kan bidra til at måla vert nådde.
Viktige prioriteringar i 2023 vert:
Makrotilsyn
Finanstilsynet skal leggje vekt på makrotilsyn og utviklinga i makroøkonomiske forhold. Røynsler har vist at risiko i makroøkonomien kan skape finansielle kriser, og makrotilsyn må difor vere ein viktig del av grunnlaget for eit effektivt tilsyn. Makrotilsynet skal vere særleg retta mot den gjensidige påverknaden innanfor det finansielle systemet og mellom det finansielle systemet og realøkonomien. Dette arbeidet har òg stor betydning for Finanstilsynets føresetnader for å gje råd til Finansdepartementet om makroregulering, inkludert reguleringa av utlånspraksis i bankane og krav til soliditet og likviditet.
Arbeid med soliditet og likviditet i finansføretaka
Gjennom stadlege tilsyn, oppfølging av dei interne modellane som dei største føretaka bruker og anna laupande tilsynsverksemd, skal Finanstilsynet bidra til at føretaka har god soliditet, er likvide, har robust finansiering, eigna leiing og ei forsvarleg risiko- og verksemdstyring. Finanstilsynet skal òg medverke til dette overfor utanlandske føretak i Noreg, mellom anna i samarbeidet med andre tilsynsstyresmakter og i val av tiltak, som Finanstilsynet set i verk eller tilrår av omsyn til risikotilhøva på den norske marknaden. Solide og likvide finansføretak og god verksemdstyring er ein føresetnad for finansiell stabilitet, der norske og utanlandske føretak i Noreg er i stand til å oppfylle sine skyldnader overfor kundane og kan ta hand om sine samfunnsfunksjonar. Klimarisiko skal òg inngå i tilsyn med risiko og risikostyring i føretaka, medan nye reglar om verdipapirisering mellom anna føreset at Finanstilsynet kontrollerer at kredittrisiko vert overført til investorane.
Tilsyn med distribusjon av utlån, pensjons- og fondsprodukt samt andre finansielle instrument
Pensjonsprodukt med investeringsval og sparing i fondsprodukt inneber at kundane sjølv ber avkastningsrisikoen, og gjennom låneopptak pådreg kundane seg gjeld. Gjennom tilsyn skal Finanstilsynet medverke til at føretaka tilbyr og formidlar produkta på ein forsvarleg måte, der dei tek vare på interessa til kundane og tek omsyn til føresetnadene deira for å forstå eigenskapane til produkta og konsekvensar av sine avgjerder. Finanstilsynets oppgåver er utvida gjennom strengare krav til distributørar av forsikringsprodukt og vil verte ytterlegare utvida gjennom nye krav til distributørar av utlån til forbrukarar.
Tilsyn med aktørane i betalings-, handels- og oppgjerssystema og annan finansiell infrastruktur
Alvorleg svikt eller samanbrot i den finansielle infrastrukturen kan ramme finanssektoren og vitale samfunnsfunksjonar hardt. Nye og avanserte digitale løysingar og nye aktørar og leverandørar kan medverke til auka effektivitet, men kan òg auke risikoen i det finansielle systemet. Finanstilsynet skal bidra til at aktørane har tilfredsstillande styring og kontroll av IKT-risiko, cyberrisiko og annan operasjonell risiko.
Tilsyn med etterleving av kvitvaskings- og terrorfinansieringsregelverket
Manglande etterleving av kvitvaskings- og terrorfinansieringsregelverket aukar risikoen for at føretaka vert brukte til kriminalitet, og det aukar risikoen for omdømetap for føretaka og sviktande tillit til det finansielle systemet. Tilsynsverksemda har avdekt vesentlege svakheiter i etterleving av kvitvaskingsregelverket hos finansføretaka og andre rapporteringspliktige, og arbeidet må framleis ha prioritet. Arbeidet på dette området skal leggjast opp slik at ein unngår unødvendige byrder, særleg for privatpersonar og små og mellomstore verksemder.
Tilsyn med verdipapirmarknaden
Finanstilsynet må mellom anna følgje opp utvida rapporterings- og meldeplikter for aktørane etter dei nye reglane om marknadsåtferd, nye tilsynsoppgåver etter den nye lova om verdipapirsentralar og innføring av nye fondstypar. Vidare er det framlegg frå eit offentleg utval om at dei offentlege oppgåvene som i dag er delegerte til Oslo Børs og som gjeld oppfølging av pliktige tilbod og laupande informasjonsplikt, skal overførast til Finanstilsynet. Dersom oppgåvene vert flytta, må dei integrerast med verksemda elles. Departementet behandlar desse framlegga.
Overvaking av nye teknologiar og marknadar
Teknologiske endringar i korleis finansielle transaksjonar kan gjennomførast og kva for eigedelar som kan omsetjast i digitale marknader, kan skape eit uoversiktleg bilete for styresmakter og forbrukarar. Mellom anna inneber utviklinga innan tenester og eigedelar basert på desentraliserte løysingar, både moglegheiter og utfordringar av betydelege dimensjonar. Aktivitetar i nye marknader som i avgrensa grad er regulerte, kan påverke stabiliteten i finanssystemet og gjere det meir krevjande å ta i vare eit godt forbrukarvern. Finanstilsynet må følgje med på utviklinga og vurdere kva risiko ho utgjer for den norske finansmarknaden og norske forbrukarar.
Regelverksutvikling
Finanstilsynet må delta i internasjonal regelverksutvikling og løyse oppdrag frå Finansdepartementet. Dette mellom anna for å tilpasse reglane til nye EØS-reglar, den teknologiske og marknadsmessige utviklinga i Europa og Noreg, samt til endringar i mål og forventningar hos ålmenta om kva for problem finansmarknadsreguleringa skal løyse.
Digitalisering og effektiv tilsynsverksemd
Vidare auke i Finanstilsynets oppgåver skjerpar kravet til effektiv utnytting av ressursane til tilsynet og til prioritering av innsatsen, slik at samla måloppfylling vert høgast mogleg. Det er viktig at Finanstilsynet følgjer beste praksis for tilsynsarbeid og tek i bruk tilgjengeleg teknologi for å betre verksemda internt og tenestene mot føretak og tilsynsobjekta. Finanstilsynet må kontinuerleg arbeide med å effektivisere arbeidsprosessar.
Frå 2022 har Finanstilsynet trappa opp digitaliseringsarbeidet gjennom eit femårig digitaliseringsprosjekt. Prosjektet kjem i tillegg til anna digitaliseringsarbeidet i tilsynet, og skal rettast mot automatisering av forvaltningsoppgåver, digitalisering av tilsynsprosessar, meir effektiv rapportering og datafangst, betre analyseløysingar og auka deling av data. Tilsynet vil mellom anna søkje å ta i bruk kunstig intelligens på innsamla data for å avdekkje mønster og ulovleg aktivitet i verdipapirmarknaden. Det vil òg auke den maskinelle behandlinga og kontrollen med dokument og lydfiler.
Tiltaka skal medverke til effektivisering, forenkling og betre kvalitet i tilsynsarbeidet. For næringslivet skal satsinga på sikt gje lågare kostnader i form av enklare rapportering, mindre dobbeltrapportering, lettare tilgang til tal og effektiv samhandling med Finanstilsynet. For 2023 er det sett av 21,5 mill. kroner til dette arbeidet. Etter planen skal tiltaka gje gevinstar frå 2023, som gradvis vil auke i åra etter.
Styrking av Finanstilsynet
Løyvinga til Finanstilsynet er for 2023 styrkt. Styrkinga heng saman med at Finanstilsynet dei seinare åra har fått nye tilsynsområde og fleire oppgåver innan til dømes regelverksutvikling, forvaltning og rettleiing. Deltakinga i dei europeiske tilsynsorgana er ei viktig årsak til veksten i oppgåver og behovet for auka kapasitet.
Budsjett for 2023
Departementet foreslår å setje budsjettramma til Finanstilsynet for 2023 til 500,5 mill. kroner. Nominelt er dette drygt 25,2 mill. kroner høgare enn saldert budsjett 2022. Løyvinga skal brukast i samsvar med dei mål og prioriteringar som er omtalte ovanfor, jf. Mål og prioriteringar i 2023.
Post 01 Driftsutgifter
Posten omfattar lønsutgifter og andre driftsutgifter. For 2023 foreslår departementet ei løyving på 464,5 mill. kroner som nominelt er cirka 24,5 mill. kroner høgare enn Saldert budsjett 2022. Finanstilsynet må framleis leggje stor vekt på å sikre rasjonell og effektiv drift.
Post 45 Større utstyrskjøp og vedlikehald, kan overførast
Posten omfattar utviklingstiltak for IKT-systema i Finanstilsynet og effektivisering av tilsynsprosessar. Nye krav til tilsyn og tilsynsmetodar stiller omfattande krav til tilpassingar og utvikling av IKT-system som støtte for tilsynsarbeidet. For 2023 gjeld det mellom anna vidare arbeid med å tilfredsstille nye og endra europeiske rapporteringskrav og leggje til rette for naudsynt analyse. Arbeid med å modernisere Finanstilsynets IKT-plattform, samt følgje opp tiltaka i digitaliseringsstrategien, vil verte prioritert og ligg til grunn for den klåre auken på denne posten frå 2022 av. For 2023 gjer departementet framlegg om å løyve 36 mill. kroner, som er 700 000 kroner meir enn i Saldert budsjett 2022.
Kap. 4602 Finanstilsynet
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2021 | Saldert budsjett 2022 | Forslag 2023 |
03 | Sakshandsamingsgebyr | 14 326 | 12 800 | 13 200 |
86 | Vinningsavståing og gebyr for regelbrot m.m. | 427 768 | 500 | 500 |
Sum kap. 4602 | 442 094 | 13 300 | 13 700 |
Post 03 Sakshandsamingsgebyr
Posten omfattar hovudsakleg gebyr frå den operative prospektkontrollen for omsetjelege verdipapir. Vidare inngår gebyr for behandling av søknader om å drive verksemd som betalingsføretak og e-pengeføretak, om inkassoløyve og om løyve til å opptre som opplysningsfullmektig.
Finanstilsynet skal sjå til at gebyra i størst mogleg utstrekning reflekterer dei reelle kostnadene ved saksbehandlinga. Eventuelle avvik mellom dei pålagde gebyra og kostnadene Finanstilsynet har ved prospektkontroll, vert fordelte året etter på dei noterte føretaka, anten som ei tilleggsutlikning eller som ei nedsetjing av utlikninga til andre tilsynsutgifter.
Slike etterutrekningar vert av praktiske årsaker førde på kap. 5580 Sektoravgifter under Finansdepartementet, post 70 Finanstilsynet, tilsynsavgift.
Gebyr ved tildeling av inkassoløyve er fire gonger rettsgebyret. Betalte gebyr vert trekte frå i berekning av tilsynsavgifta for inkassoføretaka. Saksbehandlingsgebyr for betalingsføretak og e-pengeføretak, samt opplysningsfullmektig, er fastsett i forskrift til kr 30 000. Betalte gebyr vert trekte frå i berekning av tilsynsavgifta for betalingsføretak og e-pengeføretak og opplysningsfullmektig.
Post 86 Vinningsavståing og gebyr for regelbrot m.m.
Vinningsavståing og gebyr for regelbrot m.m. vert rekneskapsførte under Finanstilsynet sitt inntektskapittel. Desse er ikkje ein del av grunnlaget for utlikning av tilsynsavgift. Det er vanskeleg å anslå storleiken på inntektene då dei heng saman med om Finanstilsynet avdekkjer forhold som gir grunnlag for reaksjonar. Budsjettet vert difor sett til kr 500 000 ved inngangen av året.
Kap. 5580 Sektoravgifter under Finansdepartementet
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2021 | Saldert budsjett 2022 | Forslag 2023 |
70 | Finanstilsynet, bidrag frå tilsynseiningane | 454 510 | 485 260 | 508 318 |
Sum kap. 5580 | 454 510 | 485 260 | 508 318 |
Utgiftene til Finanstilsynet vert fullt ut dekte av føretaka som er under tilsyn etter finanstilsynslova § 1 eller annan lovheimel. Finansieringa av utgiftene er heimla i finanstilsynslova § 9. Lovreglane er supplerte med forskrifter. Brukarbetalinga er ein funksjon av budsjetterte tilsynsutgifter same året. I tillegg til utgiftene på kap. 1602 kjem posteringar på kap. 1633 Nettordning, statleg betalt meirverdiavgift, og til frådrag kjem inntektene på kap. 4602 Finanstilsynet, post 03 Sakshandsamingsgebyr. Dessutan kan utlikningsgrunnlaget i 2023 korrigerast med verknader av løyvingsendringar etter saldert budsjett 2022, mellom anna i samband med lønsoppgjeret.
Betalinga frå tilsynseiningane i 2023 er budsjettert til 508,3 mill. kroner. I tillegg kjem inntektene frå sakshandsamingsgebyr, jf. omtale ovanfor.
Kap. 1605 Direktoratet for forvaltning og økonomistyring
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2021 | Saldert budsjett 2022 | Forslag 2023 |
01 | Driftsutgifter | 953 517 | 899 309 | 909 884 |
22 | Opplæringskontoret OK stat | 10 361 | 9 248 | 11 200 |
45 | Større utstyrskjøp og vedlikehald, kan overførast | 12 610 | 17 500 | 17 900 |
Sum kap. 1605 | 976 488 | 926 057 | 938 984 |
Samfunnsoppdrag, hovudoppgåver og organisering
Direktoratet for forvaltning og økonomistyring (DFØ) har som samfunnsoppdrag å bidra til effektiv ressursbruk i staten og til at staten når sine mål gjennom god styring, organisering, leiing og gode avgjerdsgrunnlag. DFØ er statens fagorgan for økonomistyring, gode avgjerdsgrunnlag for statlege tiltak, organisering og leiing i staten, og for innkjøp i offentleg sektor, samt ansvarleg for å støtte statlege verksemder i arbeidsgjevarrolla. DFØ er òg leverandør av fellestenester til forvaltinga innanfor løn og rekneskap. DFØ skal sørgje for ei heilskapleg tilnærming og utvikling av områda det har ansvar for.
DFØ leverer fellestenester på løn og rekneskap og forvaltar konsernsystema for statsrekneskapen og statens konsernkontoordning. DFØ inngår og forvaltar felles innkjøpsavtalar på vegner av statlege verksemder. DFØ forvaltar utgreiingsinstruksen, reglement for økonomistyring og føresegner om økonomistyring (økonomiregelverket i staten). DFØ formidlar kunnskap om korleis statlege verksemder skal etterleve utgreiingsinstruksen og økonomiregelverket. DFØ gjer analysar av organisering og verkemåte i forvaltninga, gjev faglege råd og rettleiing om mellom anna mål- og resultatstyring, samfunnsøkonomiske analysar, leiing, arbeidsgjevarrolla, tilskot og offentlege innkjøp. DFØ utarbeider og tilbyr verktøy for å utvikle statleg styring og leiing. DFØ gjev leiarar og tilsette i statlege verksemder tilbod om kompetanseutvikling på sine fagområde. Innanfor fagområda sine undersøkjer og analyserer DFØ tilstand, utvikling og endringsbehov i norsk forvaltning.
DFØ er lokalisert på fire stader – i Stavanger, Trondheim, Oslo og Harstad – og hadde per 31. desember 2021 ei bemanning tilsvarande 658 utførte årsverk.
Resultat i 2021
Finansdepartementet fastsette nye hovudmål for DFØ frå 2021. Målstrukturen uttrykker dei ynskte effektane av DFØs samla verkemiddelbruk og består av fire hovudmål og 23 styringsparametrar med tilhøyrande resultatmål.
Hovudmål 1: DFØs kundar har effektiv økonomistyring
DFØ leverer løns- og rekneskapstenester internt i staten. Per 31. desember 2021 fekk 91 prosent av statlege verksemder levert lønstenester frå DFØ, medan 81 prosent fekk levert rekneskapstenester. Ved å tilby standardiserte løns- og rekneskapstenester med eit stort volum, oppnår staten stordriftsfordelar. DFØ tenestemodell vart endra i 2020 og består av ein grunnpakke med standardtenester innanfor kvart område. Grunnpakken kan utvidast med fleire tilleggstenester som kundane sjølv vel. 70 prosent av lønns- og rekneskapskundane nyttar seg av den nye tenestemodellen.
DFØ deltek i det nordiske Finance Benchmarking-programmet til EY AS. I undersøkinga vert DFØ samanlikna med andre offentlege verksemder som tilbyr fellestenester, og med resultat frå internasjonale undersøkingar. DFØ oppnår gode resultat, sjølv om kostnadseffektiviteten no er i ferd med å flata ut. Utflatinga kjem av at DFØ alt har effektivisert mange av prosessane over fleire år. Undersøkinga viser òg at DFØ samla sett har auka sin digitale modenskap for alle prosessar. Samanlikna med dei andre verksemdene i undersøkinga oppnår DFØ best skår i fem av seks prosessar. I DFØs kunde- og brukarundersøking i 2021 svarte 84 prosent av lønskundane og 83 prosent av rekneskapskundane at DFØs økonomitenester medverkar til effektivitet og gevinstar for verksemda. Nærare 90 prosent av kundane synest DFØs tenester gjev god støtte i styringa av verksemda og at DFØs økonomiske data er lett tilgjengelege. Dei fleste rekneskapskundane har tilgang til tenesta Økonomiinfo. I kunde- og brukarundersøkinga svarer over 85 prosent av respondentane at dei synest informasjonen her gjev grunnlag for god styring. På økonomitenesteområdet tilbyr DFØ no ei ny standardpakke som inneber at prosessar som ein del av kundane tidlegare har utført manuelt, vert gjorde digitalt av DFØ. DFØ tilbyr òg fleire tilleggstenester til kundane. Jo meir funksjonalitet og tenester kundane tar i bruk, jo større effekt har løysingane. November månad i 2021 var ein milepæl med over 1 million innloggingar på DFØs app.
Hovudmål 2: Offentleg sektor gjer effektive og berekraftige innkjøp
Området offentlege innkjøp er stort, og i 2021 vart om lag 650 mrd. kroner nytta til innkjøp over offentlege budsjett. DFØ er statens fagorgan på området offentlege innkjøp. Ansvaret inneber mellom anna å gje råd, rettleie og formidle kunnskap om innkjøp i offentleg sektor. DFØ arbeider òg for å effektivisere offentlege innkjøp, samt betre etterlevinga av regelverket for offentlege innkjøp. I tillegg til fagansvaret for offentlege innkjøp i stort, har DFØ ansvar for Statens innkjøpssenter, som blant anna inneber å leggje til rette for at staten oppnår effektiviseringsgevinstar gjennom felles innkjøpsavtaler.
I 2021 vart fagområdet for offentlege innkjøp for fyrste gong ein del av DFØs kunde- og brukarundersøking. Undersøkinga viser mellom anna at 76 prosent av brukarane er nøgde med tilrettelegging for auka bruk av digitale verktøy i heile innkjøpsprosessen. Eit fleirtal av dei som har nytta tenester som Doffin, kriterievegvisaren for berekraftige innkjøp, eBevis og marknadsplassen for skytenester, oppgjer at dei er nøgde. Dessutan svarar 57 prosent av brukarane at dei er samde i at DFØs tenester på innkjøp skaper auka effektivitet i eiga verksemd.
Hovudmål 3: Statsforvaltninga bygger på kunnskap, er utviklingsorientert og har god styring, organisering og leiing
Gjennom forvaltinga av reglement og føresegnene om økonomistyring i staten samt forvaltinga av utgreiingsinstruksen, bidrar DFØ til at statleg styring er tilpassa eigenart, risiko og vesentlegheit, og at ho er retta mot overordna mål og effektiv ressursbruk. DFØ utviklar rettleiingar, verktøy og metodar, og bidrar i utgreiingsarbeid på området.
DFØs tenestetilbod omfattar mellom anna utgreiingsinstruksen, samfunnsøkonomiske analysar, arbeidsgjevarstøtte, leiing, mål- og resultatstyring, etatsstyring, verksemdstyring, risikostyring, internkontroll, evalueringar og tilskot. Kompetansetenestene på området skal gjere det tydeleg for departementa og statlege verksemder kva krav regelverket set og kva som er god praksis for utøving av statleg arbeidsgjevarrolle, styring, gode avgjerdsgrunnlag og leiing. DFØs kunde- og brukarundersøking i 2021 syner at 87 prosent av brukarane meiner at DFØs regelverksforvalting er tydeleg og kunnskapsbasert.
Vidare oppgjer 92 prosent at dei er nøgde med DFØs tenester knytte til utgreiingsinstruksen. Tilsvarande del i 2020 var 93 prosent.
DFØ fekk i 2021 eit utvida mandat til å stø Finansdepartementet i arbeidet med betre ressursbruk. Det inkluderer mellom anna å arbeide med områdegjennomgangar og hjelpe til med auka kunnskap og merksemd om effektiv ressursbruk i forvaltninga. DFØ deltok i områdegjennomgangen om bustadløysingar og helse- og omsorgstenester for eldre og i Finansdepartementets arbeid med å utvikle rammeverk for områdegjennomgangar.
DFØ har dei seinaste åra gjort fleire analysar og utgreiingar som aukar kunnskapen om statleg styring og statleg forvaltning. Evalueringar og tilbakemeldingar frå brukarane syner at DFØs analysar vert oppfatta som nyttige. Sentrale tema i 2021 har mellom anna vore nye veger til ein kunnskapsbasert forvaltningsutvikling, nye organisasjonsformer i staten, dokumentasjons- og arkivfunksjonen i staten, utviklinga i talet på arbeidsforhold i stats- og sentralforvaltninga samt følgjeevalueringa av Nærpolitireforma og erfaringar frå statlege reformer. I tillegg har DFØ levert fleire analysar innanfor temaet innovasjon og samordning. Oppdragsgjevarane gjev analysane ein gjennomsnittleg skår på 5, på ein skala frå 1–6.
Kunde- og brukarundersøkinga i 2021 viser at 89 prosent av brukarane jamt over er nøgde med DFØs betalingsformidlingstenester. DFØ forvaltar og vidareutviklar den obligatoriske ordninga for statsrekneskapen. Kunde- og brukarundersøkinga viser at brukarane jamt over er nøgde med DFØs tenester for rapportering til statsrekneskapen, inkludert rådgjeving. Delen nøgde var uendra frå 2020.
I 2021 gjennomførte DFØ opp mot 40 digitale kompetansetiltak innanfor fagområda styring, leiing, arbeidsgjevarstøtte, utgreiingsinstruksen, samfunnsøkonomisk analyse, tilskot og statleg rekneskap. I evalueringane gav deltakarane ein gjennomsnittleg skår på 5,2 på ein skala frå 1–6 ved vurderinga om digitale arrangement fungerer godt.
DFØ har i 2021 registrert ei endring i bruk av tenestene for støtte til arbeidsgjevarar. Bruken gjeld meir komplekse problem, og Statens arbeidsgjevarportal vart i aukande grad nytta for å finne arbeidsgjevarpolitisk fagstoff, verktøy, maler og røynsler frå andre verksemder. Samstundes ser ein at brukarane er meir nøgde. Brukarane gav ein skår på 4,8 på ein skala frå 1–6 i 2021, marginalt opp frå 4,7 i 2020. Statens arbeidsgjevarstøtte er eit tilbod til alle verksemder i det statlege tariffområdet, òg dei som ikkje er kundar av DFØ. Brukarane kan både spørje skriftleg og drøfte problemstillingar munnleg. Denne tenesta vart stadig meir brukt i 2021.
Opplæringskontoret for statlege verksemder (OK stat) har vidareført arbeidet med å få statlege verksemder til å verte lærebedrift, og for å auka talet på lærlingar i staten, især i Nord-Noreg. OK stat har i 2021 medlemar med lærlingar frå alle fylkeskommunar. Ved utgangen av 2021 var det registrert 207 lærlingar, ein auke frå 179 i 2020.
Traineeprogrammet i staten for personar med høgare utdanning og hol i CV-en eller nedsett funksjonsevne har vore eit viktig tilbod til statlege verksemder for å bidra til større mangfald og inkludering.
I 2021 og 2022 har DFØ utvikla og levert fleire tilbod til leiarar i staten. Direktoratet har mellom anna utvikla eit eittårig heilskapleg leiarutviklingsprogram for om lag 260 leiarar i alle embeta hos Statsforvaltaren. Programmet inneheld faglege tema som berekraft, digital transformasjon og tillitsbasert styring og leiing. Eit anna tilbod er ulike digitale kompetansetiltak om tema som digital transformasjon for leiargrupper, leiaropplæring i arbeidsgjevarrolla og medråderett.
Program for toppleiargrupper i staten har vore ein viktig leveranse til toppleiarane i forvaltninga sidan piloten i 2015. Programmet vert avslutta i 2022. Totalt vil 62 toppleiargrupper og nesten 500 leiarar ha gjennomført programmet.
Hovudmål 4: Offentlegheita kan enkelt ta i bruk informasjon om resultat og ressursbruk i forvaltninga
Gjennom forvalting av statsrekneskapen og produksjon av statistikk og rapportar, bidrar DFØ til å gje offentlegheita informasjon om statleg ressursbruk. DFØs ansvar for forvalting av statsrekneskapen inkluderer mellom anna å levere månadlege løyvings- og kapitalrekneskap til departementa og årleg å setje opp desse to rekneskapane til den årlege stortingsmeldinga om statsrekneskapen.
Portalen statsregnskapet.no som vart lansert i 2017, gjer rekneskapsinformasjon frå statlege verksemder tilgjengeleg og gjer det mogleg å samanlikne på ein enkel måte. Portalen gjev allmenta enklare og betre tilgang til informasjon om statleg ressursbruk.
DFØs nettsider for rapportar og statistikk vert hyppig brukte og inneheld ei rekkje produkt som får mykje merksemd. Mellom anna publiserer DFØ årleg ein rapport og statistikk om utvikling i talet på tilsette i statsforvaltninga.
Gjennom nettportalen for kunnskapsdokument i offentleg sektor (KUDOS) får offentlegheita tilgang til evalueringsrapportar og liknande dokument som belyser måloppnåing, resultat og effektivitet i statsforvaltinga på éin stad. Døme på slike dokument er riksrevisjonsrapportar, områdegjennomgangar, utgreiingar, NOU-er og årsrapportar. Løysinga erstattar Evalueringsportalen, og ein førebels nettportal vart tilgjengeleg frå desember 2021.
Samla resultatvurdering
Finansdepartementet meiner DFØs resultat i 2021 syner at brukarane og kundane jamt over er nøgde og at enkeltoppdrag i hovudsak er leverte i tråd med departementet sine forventningar. DFØ har i fleire år hatt gode resultat i benchmarking-program der direktoratets økonomitenester vert samanlikna med andre offentlege verksemder som tilbyr fellestenester, og med resultat frå internasjonale undersøkingar. Ut i frå hovudmåla som vart sette for etaten, vurderer departementet resultata samla sett som gode.
Viktige utfordringar framover
DFØ vart omorganisert i 2020. Fagområda til avdeling leiing, avdeling for utgreiing og analyse og avdeling for offentlege innkjøp i Digitaliseringsdirektoratet vart flytta til DFØ. Samlinga av fagmiljø gjev DFØ nye moglegheiter i arbeidet med å leggje til rette for effektiv ressursbruk og bidra til ei kunnskapsbasert og utviklingsorientert forvaltning. Arbeidet med å tilpasse verksemda til endringane og hente ut synergieffektar på tvers av fagområda, må halde fram i 2023.
På økonomiområdet leverer DFØ fellestenester som gjev synergiar og stordriftsfordelar for staten. For å kunne gjere dette må direktoratet vege omsynet til direkte gevinstar frå standardiserte fellesløysingar, mot behovet for spesialtilpassingar for einskildverksemder eller grupper av verksemder.
Oppfølging av tilrådingane i Riksrevisjonens Dokument 3:5 (2021–2022) om grøne offentlege innkjøp vil vere ei viktig oppgåve for DFØ i 2023.
Mål og prioriteringar i 2023
Finansdepartementet fastsett desse hovudmåla for DFØ for 2023:
DFØs kundar har effektiv økonomistyring
Offentleg sektor gjer effektive og berekraftige innkjøp som bidrar til å fremje innovasjon
Statsforvaltninga byggjer på kunnskap, er utviklingsorientert og har god styring, organisering og leiing
Offentlegheita kan enkelt ta i bruk informasjon om resultat og bruk av ressursar i forvaltninga
Departementet venter at resultata i 2023 samla sett skal vere minst like gode som i 2021. I resultatvurderinga vil departementet leggje vekt på heilskapen i verksemda. I det daglege arbeidet er det naudsynt at etaten veg kvalitet opp mot effektivitet.
Viktige prioriteringar i 2023
Heilskapleg utvikling
Omorganiseringa av DFØ i 2020 har lagt til rette for meir samordna utvikling av fleire fagområde. Koronapandemien har bidratt til å forseinka arbeidet. Arbeidet med å tilpasse verksemda til endringane og hente ut synergieffektar, må halde fram i 2023.
Innføring av sams rekneskapsstandardar i statlege verksemder
Finansdepartementet har fastsett at dei statlege rekneskapsstandardane (SRS) skal vere obligatorisk for alle statlege verksemder, med ein innføringsperiode på fem år frå 1. januar 2022 for dei verksemdene som ikkje nyttar SRS, jf. omtale i Gul bok 2022. Sams rekneskapsstandardar vil bidra til å gjere det enklare å analysere og samanlikne ressursbruken i staten. Standardiseringa vil òg forenkle tenester og forvalting i DFØ.
DFØ vil stø verksemder som skal ta i bruk obligatorisk SRS i innføringsperioden, mellom anna med rettleiing og tilpassa kompetansetiltak. DFØ vil i dialog med departementa etablere ein plan for puljevis gjennomføring for verksemder der DFØ er tenesteytar. Første pulje er etablert og skal etter planen ta i bruk SRS frå januar 2023. I samarbeid med dei aktuelle verksemdene vil DFØ òg avklare behandling av pensjonar og stønader i rekneskapen.
Offentleg ressursbruk
Det er ein ambisjon å utvikle direktoratet til eit kompetansesenter for offentleg ressursbruk. Departementet styrkjer difor DFØs innsats på området ytterlegare frå 2023 og tek sikte på at DFØ skal hjelpe til i arbeidet med områdegjennomgangar og andre analysar av offentleg ressursbruk. DFØ skal gjennomføre deler eller heile områdegjennomgangar og hjelpe til med metodeutvikling med meir.
Direktoratet skal òg leggje til rette for betre produksjon og bruk av data for effektiv ressursbruk. Føremålet er at forvaltninga skal kunne forbetre eigen ressursbruk og måloppnåing og å lette arbeid med analysar på tvers av verksemder og område. Dette arbeidet krev ei heilskapleg tilnærming på tvers av fagområda i direktoratet.
Stabil teneste og drift av økonomitenestene
Talet på kundar av DFØs økonomitenester har dei siste åra auka raskt, og direktoratet har teke opp fleire store verksemder som kundar. Universiteta i Bergen, Oslo og Tromsø er eksempel på nye løns- og rekneskapskundar av DFØ. Etter planen vil òg Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet (NTNU) verte kunde i 2023. DFØ skal utvikle fleire nye løysingar for både dei store universiteta og andre kundar.
Ein innovativ offentleg sektor
DFØ skal følgje opp tiltaka frå Meld. St. 30 (2019–2020) En innovativ offentlig sektor – Kultur, ledelse og kompetanse, på sine fagområde. Det gjeld særleg arbeidet med rammevilkår som å utforske nye modellar for styring, organisering, arbeidsprosessar og finansiering, samt å utvikle kompetanse og kultur for innovasjon i offentleg sektor.
Som ein del av arbeidet med tillitsreforma skal det setjast i gang forsøksordningar. DFØ må i samarbeid med dei andre virkemiddelaktørane for innovasjon i offentleg sektor, vere ressursar inn i dette arbeidet med sikte på å bidra til kunnskapsutvikling og deling av erfaringar frå innovasjonsarbeid i staten.
Meir effektive og berekraftige offentlege innkjøp som bidrar til eit seriøst arbeidsliv
For å kunne gjere effektive og profesjonelle offentlege innkjøp har oppdragsgjevarar behov for god rettleiing om planlegging av innkjøp og oppfølging av kontraktar. DFØ skal arbeide for at rettleiingsmateriellet skal vere brukartilpassa og gje offentlege oppdragsgjevarar kompetanse i å organisere, styre og leie sin innkjøpsverksemd på ei effektiv og profesjonell måte. Direktoratet skal òg gjennom si rettleiing bidra i arbeidet til regjeringa med å gjere offentlege innkjøp meir berekraftige og motvirke arbeidslivskriminalitet og sosial dumping. DFØ skal fortsetje arbeidet med å betre innkjøpsprosessen gjennom digitalisering.
Marknadsplassen for skytenester i offentleg sektor gjev offentlege verksemder hjelp til å finne fram til og nytte kostnadseffektive og sikre skytenester. DFØ lanserte marknadsplassen som ei prøveordning i 2021 og vil i 2022 fortsetje arbeidet med å leggje til ny funksjonalitet.
I tråd med tilrådingane i Riksrevisjonens Dokument 3:5 (2021–2022) skal DFØ gjere sitt rettleiingsmateriell om grøne offentlege innkjøp meir brukarvenleg og betre kjente for oppdragsgjevarar, og bidra til å byggje kompetanse om grøne innkjøp.
Leiing og arbeidsgjevarrolla
Den statlege arbeidsgjevarstrategien (2020–2023), med temaområda kompetanse, omstilling og endring, og arbeidsgjevarrolla, skal vere førande for DFØs tenester på leiings- og arbeidsgjevarområdet. Tillitsreforma er eit viktig felles arbeid for regjeringa, og DFØ skal stø Kommunal- og distriktsdepartementet i arbeidet med denne. Det er naudsynt med betre kunnskap om avtalar og ordningar for medbestemming og partssamarbeid. Det skal leggjast til rette for at leiarar i staten har opplæring i den norske arbeidslivsmodellen, medbestemming og partssamarbeid. DFØ skal samordne kompetansetilbodet til heile statsforvaltninga i samsvar med prioritering av tverrgåande og strategiske kompetansebehov for leiarar og medarbeidarar.
Budsjett for 2023
Departementet gjer framlegg om å setje budsjettramma til DFØ for 2023 til 939,0 mill. kroner. Løyvinga skal brukast i samsvar med dei mål og prioriteringar som er omtalte ovanfor, jf. mål og prioriteringar i 2023.
Post 01 Driftsutgifter
Posten omfattar lønsutgifter, utgifter til opplæring, utgifter til leige og drift av kontorlokale, reiser, drift og innkjøp av kontorutstyr og IKT-utstyr med meir. Beløpet omfattar dessutan direkte utgifter til lønskøyring for andre statlege verksemder hos ekstern leverandør, i tillegg til utgifter til vidareutvikling av tenestene. Løyvinga inkluderer òg løyving til drift av OK stat som vert auka med 0,8 mill. kroner, og DFØs arbeid med områdegjennomgangar og andre analysar av offentleg ressursbruk som aukar med 5 mill. kroner i 2023.
Til marknadsplassen for skytenester er det sett av vel 20 mill. kroner.
DFØ har inntekter mellom anna frå tenester som direktoratet utfører for andre statlege verksemder. DFØs kundemasse og korleis kvar einskild kunde betalar for tenestene, kan endre seg gjennom året. Sidan det er uvisst kor store inntektene vert, ber Finansdepartementet om fullmakt til å overskride løyvinga under kap. 1605, post 01 Driftsutgifter, med eit beløp tilsvarande meirinntekter under kap. 4605, post 01 Økonomitenester, jf. framlegg til romartalsvedtak II.1.
I 2022 vert store nettobudsjetterte statlege verksemder kundar av DFØ. Desse vert fakturert for utgifter i samband med kundeopptaket og tenesteleveransane. Bortfall av desse aktivitetane i 2023 gjev isolert sett ein reduksjon i både utgifts- og inntektsløyvinga med om lag 20,3 mill. kroner.
Det vert gjort framlegg om å løyve 909,9 mill. kroner under post 01.
Post 22 Opplæringskontoret OK stat
OK stat er eit opplæringskontor for verksemder i staten. OK stat er eit ledd i satsinga for fleire lærlingar og eit bidrag til at fleire lærlingar skal fullføre og bestå.
Løyvinga på posten omfattar utbetaling av lærlingstilskot til statlege verksemder som bruker OK stat, og som er knytte til OK stat.
Det vert gjort framlegg om å løyve 11,2 mill. kroner under post 22.
Post 45 Større utstyrskjøp og vedlikehald, kan overførast
Posten omfattar særleg utviklingstiltak for DFØs system og infrastruktur på IKT-området, medrekna naudsynte endringar og vidareutvikling av systemløysingar.
Det vert gjort framlegg om å løyve 17,9 mill. kroner under post 45.
Kap. 4605 Direktoratet for forvaltning og økonomistyring
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2021 | Saldert budsjett 2022 | Forslag 2023 |
01 | Økonomitenester | 222 977 | 183 800 | 166 400 |
02 | Opplæringskontoret OK stat | 15 329 | 14 300 | 17 200 |
Sum kap. 4605 | 238 306 | 198 100 | 183 600 |
Post 01 Økonomitenester m.m.
Posten omfattar i hovudsak betaling frå kundar når DFØ vidarefakturerer visse utgifter i samband med elektronisk fakturabehandling, programvarevedlikehald og teknisk drift av lønssystemet. Posten inneheld òg inntekter som gjeld betaling for løns- og rekneskapstenester frå kundar som har fått unntak frå rammeoverføring som finansieringsform, eller som av andre årsaker ikkje kan overføre løyving til DFØ.
Ein del særskilde tiltak i 2022 i samband med at nokre store verksemder vert kundar, fell bort i 2023 og gjev isolert sett ein reduksjon av post 01 med om lag 20,4 mill. kroner.
Det vert vist til framlegg til fullmakt til å overskride løyvinga under kap. 1605, post 01 Driftsutgifter, med eit beløp tilsvarande meirinntekter under kap. 4605, post 01 Økonomitenester, jf. framlegg til romartalsvedtak II.1.
Det vert gjort framlegg om å løyve 166,4 mill. kroner under post 01.
Post 02 Opplæringskontoret OK stat
Posten omfattar innbetalingar av lærlingstilskot frå fylkeskommunane.
Det vert vist til framlegg til fullmakt til å overskride løyvinga under kap. 1605, post 22 Opplæringskontoret OK stat, med eit beløp tilsvarande meirinntekter under kap. 4605, post 02 Opplæringskontoret OK stat, jf. framlegg til romartalsvedtak II.1.
Det vert gjort framlegg om å løyve 17,2 mill. kroner under post 02.
Programkategori 23.20 Skatte-, avgifts- og tolladministrasjon
Utgifter under programkategori 23.20 fordelte på kapittel
(i 1 000 kr) | |||||
---|---|---|---|---|---|
Kap. | Nemning | Rekneskap 2021 | Saldert budsjett 2022 | Forslag 2023 | Endring i pst. |
1610 | Tolletaten | 1 766 766 | 1 789 007 | 1 832 195 | 2,4 |
1618 | Skatteetaten | 7 929 947 | 8 339 682 | 8 404 436 | 0,8 |
1619 | Skatteklagenemnda | 73 831 | 72 090 | 73 803 | 2,4 |
Sum kategori 23.20 | 9 770 544 | 10 200 779 | 10 310 434 | 1,1 |
Kap. 1610 Tolletaten
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2021 | Saldert budsjett 2022 | Forslag 2023 |
01 | Driftsutgifter | 1 604 747 | 1 622 307 | 1 697 395 |
45 | Større utstyrskjøp og vedlikehald, kan overførast | 162 019 | 166 700 | 134 800 |
Sum kap. 1610 | 1 766 766 | 1 789 007 | 1 832 195 |
Samfunnsoppdrag, hovudoppgåver og organisering
Tolletatens samfunnsoppdrag er å sikre at lover og reglar for tollavgift og grensekryssande vareførsel vert etterlevde. Dette inneber at Tolletaten skal forvalte regelverket og medverke til at det vert etterlevd, mellom anna ved å informere og rettleie aktørane. Etaten skal leggje til rette for at varer som vert førte inn i eller ut av landet, som hovudregel vert registrerte og klassifiserte etter tolltariffen, oppgjevne med riktig opphavsland og verdsette med riktig verdi, samt kontrollere at aktørane etterlever regelverket ellers. Varer som er underlagde restriksjonar, skal kontrollerast for gyldige løyve ved inn- og utførsel. Smugling av varer skal motverkast. Samstundes skal Tolletaten leggje til rette for effektiv handel og vareførsel.
Tolletatens verksemd har fleire positive effektar på samfunnsnivå.
Ved å motverke ulovleg inn- og utførsel av varer i strid med forbod eller restriksjonar, bidrar Tolletaten til eit trygt og berekraftig samfunn.
Ved å sikre riktige og fullstendige opplysningar om grensekryssande varer som grunnlag for å fastsetje skattar og avgifter, og ved å fastsetje riktig tollavgift, bidrar Tolletaten til finansiering av offentlege tenester.
Ved å motverke ulovleg vareførsel bidreg Tolletaten til rettferdige konkurransevilkår for lovlydige aktørar.
Ved å samarbeide med internasjonale partnarar og handelsorganisasjonar bidreg Tolletaten til at Noreg oppfyller internasjonale forpliktingar og til utvikling av internasjonalt regelverk og praksis ved vareførsel.
Ved å registrere vareførselen inn og ut av Noreg medverkar Tolletaten til korrekt handelsstatistikk.
Etaten består av eit direktorat med fire fagdivisjonar (divisjonar for administrering, etterretning, IT og juss) og to fagdivisjonar (grensedivisjonen og vareførselsdivisjonen). Direktoratet og begge fagdivisjonane har ansvar og oppgåver for heile landet. Per 31. desember 2021 var etaten lokalisert 38 stader med fast frammøte, der tre var i Sverige og Finland. Tolletaten hadde ei samla bemanning som svarar til 1 391 utførte årsverk. I tillegg utfører norske, svenske og finske tollstyresmakter oppgåver for kvarandre med tilvising til grensetollsamarbeidsavtalane landa imellom.
Resultat i 2021
Tolletatens resultat vert vurderte ut ifrå tre hovudmål, jf. nedanfor. Hovudmåla skal leggje til rette for ei styring av Tolletaten som i større grad legg vekt på dei samla effektane av verkemidla etaten brukar, og i mindre grad på aktivitetar.
Hovudmål 1: Det er enkelt og effektivt å etterleve lover og reglar for grensekryssande vareførsel
Tolletaten skal leggje til rette for korrekt og effektiv inn- og utførsel av varer, både for næringslivet og privatpersonar. Aktørane i vareførselen skal få tilbod om enkle løysingar for tollbehandling, slik at varer kan krysse grensa raskt og enkelt – samstundes som lover og reglar vert etterlevde. For å nå dette målet har Tolletaten òg eit formalisert og tett samarbeid med tollstyresmaktene i andre land. Til dømes er samarbeid over landegrenser om systemløysingar viktig for å leggje til rette for enkle og effektive løysingar.
Etaten gjorde i 2021 brukarundersøkingar, retta mot næringsdrivande og reisande. 53 pst. av dei næringsdrivande opplevde regelverket som forståeleg, noko som var ein oppgang frå 2020. Blant reisande var det i 2021 om lag halvparten av dei spurde som opplevde regelverket som forståeleg, noko som er marginalt høgare enn i 2020. Sjølv om etaten ser ei betring, tyder resultata på at regelverka vert oppfatta som kompliserte. Systematisk arbeid med forenkling og brukardialog er satsningsområde i etaten og er forventa å gje verknad over tid.
Det er vedteke to nye lover, vareførselslova og tollavgiftslova, som skal erstatte tollova. Dei nye lovene skal tre i kraft 1. januar 2023. Deling i to lover legg til rette for at reglane på tollområdet får ein betre struktur og vert meir oversiktlege. Departementet forventar at dette på sikt vil gjere reglane meir tilgjengelege for brukarane.
Etaten handsamar og kontrollerer straumen av varer over grensa, med tilhøyrande vareinformasjon og inn- og utførselsdeklarasjonar. Talet på deklarasjonar aukar år for år. I 2021 tok Tolletaten imot om lag 8,5 mill. inn- og utførselsdeklarasjonar, mot 8 mill. i 2020. Deklarasjonane er grunnlaget for det meste av statsinntektene som kjem frå innførsel av varer til Noreg. Deklarasjonane vert òg brukte av Statistisk sentralbyrå i statistikken for norsk utanrikshandel, og dei utgjer handsamings- og avgjerdsgrunnlag for andre etatar som Mattilsynet, Landbruksdirektoratet og Miljødirektoratet.
I dag er det slik at brorparten av varene som kryssar grensa, fyrst vert fortolla etter at dei har vore i landet ein periode. For å sikre effektiv vareførsel – samstundes som kontrollen med vareførselen er tilfredsstillande – er det på sikt ein ambisjonen at ingen varer skal krysse grensa utan at Tolletaten har naudsynt informasjon om varen. Det er difor ynskjeleg at delen varer som vert fristilt ved grensepassering inn til Noreg, aukar. I 2021 var delen varer fristilt ved grensepassering 13,4 pst. av alle fortollingar. Tolletaten arbeidde i 2021 for at næringsliv i større grad skal ta i bruk ekspressfortolling, sjå nærare omtale av Treff-satsinga.
Hovudmål 2: Aktørane i vareførselen oppfattar risikoen ved ikkje å etterleve lover og reglar som høg
Kontroll av vareførselen over grensa har òg som føremål å motverke ulovleg inn- og utførsel, mellom anna av varer som er farlege og restriksjonslagde. Dette gjer Tolletaten gjennom synleg nærvær som førebyggjer manglande etterleving, og ved å så langt som mogleg identifisere og stoppe dei som ikkje etterlever lover og regelverk for tollavgift og vareførsel.
Tolletaten medverkar til at aktørane i vareførselen oppfattar risikoen ved ikkje å etterleve lover og reglar som høg. Dette skjer mellom anna gjennom etatens bruk av etterretningsinformasjon for målretta kontrollinnsats, synleg og fysisk nærvær på grensa, elektronisk nærvær gjennom utstyr med kamera og skiltattkjenning (ANPR), å vere synleg i media og kontroll av dokumentasjon før og etter grensepassering. I 2021 har Tolletaten særleg prioritert auka synleg nærvær på grensa.
Tolletaten byggjer i stor grad kontrollen på risikoanalysar og etterretning for å avdekkje alvorlege lovbrot og vinningsmotivert ulovleg inn- og utførsel. Kampen mot den organiserte kriminaliteten innan grensekryssande vareførsel har høg prioritet. Beslaga varierer frå år til år, og einskilde beslag kan gjere store utslag på årsresultatet.
Etaten har ikkje fullt ut oppfylt ambisjonsnivåa for talet på avdekte brot. Resultatet må sjåast i lys av pandemien som blant anna førte til redusert grensekryssande persontrafikk i 2021 og at aktørane som aktivt bryt regelverk, truleg har endra åtferd som følgje av det store uniformerte nærværet langs grensa. Tolletaten har òg hatt behov for å gjere interne omprioriteringer, blant anna for å stø politiet i grensekontrollen.
For å måle oppfatta risiko for oppdaging gjorde Tolletaten i 2021 brukarundersøkingar mellom næringsdrivande og reisande. Resultata syner at både næringsdrivande og reisande jamt over opplever risikoen for å verte oppdaga som høg. Tolletaten har i 2021 prioritert å vere synleg til stades på hamner, småflyplassar, laste-/lossestadar og grenseovergangar utan fast bemanning. Brukarundersøkinga mellom reisande syner mellom anna at 68 pst. opplevde at Tolletaten er synleg til stades, mot 63 pst. i 2020. Tolletaten har òg gjort kontrollaktiviteten mindre føreseieleg, blant anna gjennom mobil innsats. Det er òg grunn til å tru at desse endringane heng saman med at Tolletaten og politiet har vore meir synleg til stades på grensa under koronapandemien, og at dekkinga av dette i media òg har påverka opplevd oppdagelsesrisiko.
Tolletaten har sidan 2012 nytta elektronisk utstyr med kamera og skiltattkjenning (ANPR). Systemet syner og registrerer køyretøy som passerer grensa, og det varslar mellom anna når køyretøy mistenkt brukt til smugling, passerer ein grenseovergang. Tolletaten har i 2021 arbeidd med å vidareutvikle og ytterlegare betre ANPR-løysninga.
Tabell 5.1 Tolletaten – nøkkeltal frå grensekontrollen
År | 2019 | 2020 | 2021 |
---|---|---|---|
Kontrollerte objekt | 225 169 | 137 384 | 129 427 |
Tal på beslag | 36 669 | 19 316 | 20 492 |
Tal på treff i kontroll av reisande | 16 006 | 6 382 | 5 546 |
Tal på treff i kontroll av gods og kurér | 631 | 622 | 737 |
Tal på treff i kontroll av transportmiddel | 7 541 | 3 951 | 3 901 |
Tal på treff i kontroll av post | 9 193 | 12 158 | 10 878 |
Tal på lovbrot melde til politiet1 | 6 214 | 4 754 | 4 539 |
Tal på avdekte, alvorlege lovbrot | 637 | 406 | 341 |
1 Lovbrot melde til politiet, vert vurdert som alvorleg dersom det overstig ein fast definert terskelverdi for mengde varer.
Det samla talet på kontrollar og talet på beslag var lågare i 2021 enn i 2020 og 2019. Talet på treff er òg lågare enn i 2020, utanom tal på treff i kontroll av gods og kurér som hadde ein auke i 2021.
Tabell 5.2 Tolletaten – grensekontroll – beslagsstatistikk
År | 2019 | 2020 | 2021 |
---|---|---|---|
Tal på narkotikabeslag | 3 736 | 2 897 | 2 532 |
Dopingmiddel (einingar) | 106 943 | 80 762 | 168 860 |
Farmasøytiske preparat (einingar) | 972 720 | 49 242 | 155 762 |
Brennevin1 (i liter) | 35 927 | 31 365 | 62 000 |
Sprit2 (i liter) | 562 | 1 625 | 18 |
Vin (i liter) | 29 183 | 15 024 | 7 555 |
Øl (i liter) | 229 440 | 161 839 | 90 206 |
Sigarettar (stk.) | 8,9 mill. | 10,5 mill. | 7,2 mill. |
Valuta NOK3 | 6,0 mill | 6,3 mill. | 7,5 mill |
1 Alkoholvarer med alkoholprosent over 22 pst. t.o.m. 60 pst.
2 Brennevin med meir enn 60 pst. alkohol
3 Valuta som er beslaglagd pga. mistanke om straffbare tilhøve
I 2021 gjorde Tolletaten om lag 20 500 beslag. Av desse galdt om lag 2 500 narkotika. Talet på narkotikabeslag var lågare enn i 2020. I 2021 gjekk talet på beslag av brennevin, vin og øl noko opp frå 2020. Desse beslaga utgjer i stor grad beslag av mindre mengder alkohol frå reisande med fly, personbil eller ferje. Færre beslag er ei naturleg følgje av at den grensekryssande persontrafikken til Noreg var svært låg i store delar av 2021.
Hovudmål 3: Tolletaten støttar opp under verksemda til andre styresmakter
Tolletatens nærvær på grensa inneber samarbeid med andre styresmakter og aktørar, og etaten varetek interessene deira i den grensekryssande vareførselen. I tillegg til eige regelverk, handhevar Tolletaten regelverket til om lag 20 statlege styresmakter i samband med den grensekryssande vareførselen.
Tolletaten har i 2021 hatt høg merksemd på samarbeid med andre styresmaktar. Særleg samarbeid med politiet har vore prioritert. Tolletaten vurderer samarbeid med andre styresmakter og aktørar i 2021 samla sett som tilfredsstillande, men med potensial til å verte betre på fleire område. Tolletaten har fortsatt arbeidd med å vidareutvikle og forsterke samhandlinga med regelverkseigarar, kontrollstyresmakter og andre aktørar etaten samarbeider med. Etaten har identifisert utviklingsområde for betre samhandling med andre aktørar.
Tolletatens rolle som samfunnskritisk verksemd vart meir tydeleg då grensa vart stengt som følgje av koronapandemien, særleg på området forsyningstryggleik. Etaten har òg hatt ei sentral rolle i samband med innførsel av smittevernutstyr, samt levert data om trafikk- og varestraumar på oppdrag frå Nærings- og fiskeridepartementet. Under pandemien har Tolletaten samarbeidd med politiet i samband med innføringa av personkontroll på riksgrense (indre Schengengrense).
Samla resultatvurdering
Finansdepartementet vurderer resultata i 2021 samla sett som tilfredsstillende. Pandemien har medført løpande justeringar og omprioriteringar som har påverka delar av Tolletaten sitt resultat. Etaten har i 2021 vist god evne til omstilling og høg fleksibilitet. Pandemien har medverka til at samhandlinga mellom Tolletaten og fleire samarbeidande etatar vart særleg viktig i 2021. Departementet er særleg nøgd med etatens samarbeid med og bistand til politiet i samband med kontrollen på indre Schengen-grense.
Pandemien førte til auka nærvær av uniformert personell på grenseovergangane, blant anna på grunn av politiet sin grensekontroll, noko som truleg har ført til at kriminelle aktørar kan ha endra åtferd og søkjer nye måtar for å omgå regelverk. Dette utfordrar i kva grad etaten kan gjennomføre målretta kontrollar. Saman med smitteverntiltak og færre utanlandsreisande, er dette nokre av forklaringane på at etaten leverer under ambisjonsnivå for avdekte lovbrot.
Departementet er nøgd med at etaten i 2021 har arbeidd med ei rekkje tiltak for å gjere Tolletaten meir effektiv og utviklingsorientert. Etaten har blant anna arbeidd med kompetanseheving og rekruttering, og etaten har i 2021 sett i verk fleire tiltak for å sikre at han har tilstrekkeleg kompetanse til å løyse samfunnsoppdraget. Hausten 2021 starta det fyrste kullet med studentar på det nye bachelorstudiet i toll, vareførsel og grensekontroll ved Universitetet i Stavanger. Studiet var blant dei mest populære studia i 2021 med over 5 000 søkjarar som vart tildelt 43 studieplassar. Departementet er òg nøgd med korleis etaten har arbeidd med den nye organiseringa, og då særleg arbeidet med styrande dokumentar og fordeling av roller, ansvar, myndigheit og oppgåvar på lågare nivå i etaten.
Departementet er òg nøgd med korleis etaten har arbeidd med digitalisering. Tolletaten arbeidde i 2021 med Treff-satsinga. Etaten har tatt i bruk den komplette systemløysinga for fyrste fase av ICS2 (EUs importkontrollsystem). Etterfølgjande drift har òg gått som planlagt. Etaten har òg gjennomført ei samla evaluering av prøveordningane for ekspressfortolling på Ørje og Svinesund. På bakgrunn av denne er utarbeidd ein strategi og handlingsplan for auka bruk av ekspressfortolling. Gjennom Treff-satsinga tok etaten i 2021 i bruk ei ny systemløysing for kontroll og intern etterretningsrapportering, samt ei ny nettverksanalyseløysing innanfor etterretningsområdet.
Viktige utfordringar framover
Tolletatens evne til å løyse samfunnsoppdraget vert utfordra av stadig større volum og meir samansette varestraumar som skal kontrollerast. Dette inneber krevjande prioriteringar i Tolletaten. Etaten må arbeide systematisk for å nytte tildelte ressursar og tilgjengelege verkemiddel slik at etaten vert mest mogleg effektiv.
Tolletaten vil prioritere å digitalisere verksemda og å utvikle eit nytt hovudlaup for næringslivet for innførsel av varer. Mellom anna er ANPR-ordninga og Treff-satsinga viktige for å lukkast med dette. Etaten må framleis arbeide med å nytte IKT som verkemiddel for å gjere det enklare for reisande og næringslivet, samt å effektivisere interne prosessar.
Tolletaten har over tid hatt eit stort behov for endring og utvikling og har dei siste åra hatt høg aktivitet med mellom anna omorganisering og digitaliseringsprogram. I tida framover vil det fortsatt vere behov for å få dei gjennomførte endringane til å fungere godt.
Tolletaten vart omorganisert i 2020. Departementet meiner det er vesentleg at etaten framover utnyttar dei gevinstane som ny organisering gjev, mellom anna ved å tryggje god samhandling i organisasjonen. Den nye organiseringa er viktig for at etaten skal kunne tilpasse seg endringar i varestraumane, samt utvikle seg vidare innan automatisering og digitalisering. I tillegg er ny organisering viktig for innretning av kontrollarbeidet og effektivisering av prosessar i tråd med dei måla og samfunnseffektane etaten skal nå.
Kompetanse er viktig for utvikling av etaten. Etatsutdanninga er evaluert og endra til eit bachelorstudium i toll, vareførsel og grensekontroll. Vidare er det i 2022 etablert ein ny etter- og vidareutdanningsbachelorgrad for tilsette i etaten. Dette, saman med, andre iverksatte etter- og videreutdanningstiltak, skal bidra til å dekkje større delar av etaten sitt framtidige kompetansebehov. Dette for å løyse eit stadig meir komplekst samfunnsoppdrag, og desssutan gje tilsette i Tolletaten betre moglegheiter for kompetanse- og karriereutvikling.
Etaten opplever utfordringar med å rekruttere personell innanfor fleire tekniske kompetanseområde. Dette gjeld spesielt innanfor IT-området og dessutan juridisk spisskompetanse. For IT-området har det vore igangsett eksterne aktivitetar for å gjere etaten meir konkurransedyktig i høve til kvalifiserte søkjarar til ledige stillingar og dei ressursutfordringane ein har ved digitaliseringa av etaten.
Internasjonal utvikling innanfor tryggleikspolitikk vert ei viktig utfordring for Tolletaten. Blant anna vil utvida sanksjonar mot Russland og Belarus påverke etatens kontrollverksemd ved inn- og utførsel av varer.
Internasjonale løysingar på globale utmaningar krev samarbeid over landegrensene. Tolletaten skal lære av internasjonale samarbeidspartnarar og fange opp idear og røynsler for betre å møte utfordringar som digital omstilling, auke i e-handel og auka behov for kommunikasjon mellom dei ulike landa sine tollsystem og -prosessar. I tillegg til vidareutvikling av internasjonale pliktar og standardar for grensekryssande vareførsel, skal etaten delta i internasjonalt arbeid mot svindel, terrorisme, organisert kriminalitet og miljøkriminalitet.
Mål og prioriteringar i 2023
Finansdepartementet har fastsett desse hovudmåla for Tolletaten for 2023:
Det er enkelt og effektivt å etterleve lover og reglar for grensekryssande vareførsel.
Aktørane i vareførselen oppfattar risikoen ved ikkje å etterleve som høg.
Tolletaten støttar opp under verksemda til andre styresmakter.
Hovudmåla skal leggje til rette for ei styring av Tolletaten som legg vekt på dei samla effektane av verkemidla etaten bruker. Resultata i 2020 og 2021 var prega av korona-pandemien. Departementet venter at resultata i 2023 samla sett minst skal vere på same nivå som før pandemien. I resultatvurderinga vil departementet leggje vekt på heilskapen i verksemda.
I det daglege arbeidet er det naudsynt at etaten veg kvalitet opp mot effektivitet. Etaten må nytte kontrollressursane på best mogleg måte og prioritere på grunnlag av risikovurderingar. Departementet ventar at etaten prioriterer betre utnytting av teknologi og arbeider for at etaten har rett kompetanse til dei ulike oppgåvene han skal løyse.
Viktige prioriteringar i 2023 vert:
Digitalisert systemstøtte på kontrollområdet og ekspressfortolling
I 2019 samla Tolletaten prosjektet for å digitalisere systemstøtta på kontrollområdet og prosjektet for ekspressfortolling i ei satsing – Treff-satsinga. Sjå omtale i Prop. 1 S (2018–2019). Satsinga inneber å etablere både ny og forbetra systemstønad for oppgåver i alle ledd av Tolletatens kontrollprosessar og ei ny løysing for deklarering og automatisk fortolling av varer på grensa (ekspressfortolling).
Samstundes vart det arbeidd med å revidere tryggleiksavtalen mellom Noreg og EU (EØS-avtalen, protokoll 10, kapittel IIa) frå 2009. Tryggleiksavtalen knyter Noreg til EUs tryggleiksområde og inneber at Noreg må innføre tiltak på lik line med dei tiltaka EU vil innføre for medlemslanda sine, sjå omtale i Prop. 1 S (2020–2021).
Den reviderte avtalen vart sett i verk i februar 2021, og fyrste fase av ICS2 (EUs importkontrollsystem) som omhandlar ekspressfrakt og post, vart sett i verk 15. mars 2021. Andre fase av ICS2 vil verte sett i verk i mars 2023 og tredje fase i mars 2024.
Gjennom Treff-satsinga vert det òg utvikla nye analyse- og etterretningsverktøy for støtte til alle kontrollprosessar i Tolletaten. I laupet av 2021 er det arbeidd med å lage ny løysing for kontroll og intern etterretningsrapportering, og Tolletaten har starta med utfasing av dei gamle kontrollsystema. Dei gamle systema vil i laupet av 2022 tas ut av drift. I 2021 er det òg etablert ei nettverksanalyseløysing for etterretningsområdet, og i 2022 vert det arbeidd med etablering av løysing for sentral risikovurdering og fyrste versjon av ei løysing for melding og framlegging ved innførsel av varer. I 2023 skal etaten etablere og innføre støtte for fase 2 av ICS2, samstundes med vidare arbeid med digitalisering av melde- og opplysningsplikta og digital tollbehandling.
Innanfor Treff-satsinga er det vidare gjennomført eit prøveprosjekt med digital informasjonsinnhenting og automatisert grensepassering (ekspressfortolling) ved tollstadene Ørje og Svinesund. Ei evaluering i fyrste halvår 2021 viste at konseptet er godt, men at det er eigenskapar ved løysinga som kan betrast slik at dei næringsdrivande i større grad tek ho i bruk. Den forbetra løysinga vert klar i laupet av 2022 og vil utgjere grunnlaget for det nye hovudlaupet for innførsel av varer til Noreg. Det nye hovudlaupet (digital tollbehandling – «Digitoll») betyr at informasjon om varer og transport skal sendast til Tolletaten digitalt seinast ved grensepassering, slik at tollbehandlinga og grensepasseringa vert effektiviserte. Digital tollbehandling vil spare tid for både næringslivet og Tolletaten og gjev eit betre informasjonsgrunnlag for å sikre god etterleving av lover og regler ved innførsel av varer. Tolletaten vil gjennom 2023 samarbeide med næringslivet for at digital tollbehandling skal kunne takast i bruk i stor skala, samt laupende forbetre IT-løysingene ut frå erfaringane hos næringslivet og Tolletaten.
Kostnadsramma for Treff-satsinga er 843,5 mill. kroner (2023-kroner), der 184,7 mill. kroner er Tolletatens eigenfinansiering. Gjennomføringsperioden er frå 2019 til 2024. For 2023 er det sett av 77,4 mill. kroner til Treff-satsinga. I tillegg er det sett av 74,8 mill. kroner til driftskostnadar for dei delane av systema som er sette i drift.
For Treff-prosjektet kan det verte bruk for avtalar som går utover budsjettåret, mot dekning av seinare løyvingar. Departementet ber difor om at Tolletaten får fullmakt til å inngå slike avtalar innanfor kostnadsramma som er gjeve ovanfor, jf. framlegg til romartalsvedtak IV.
Evaluering av elektronisk utstyr med kamera og skiltattkjenning (ANPR)
ANPR-løysinga er no etablert ved alle landevegs grenseovergangar og ferjeterminalar med utanlandstrafikk. Røynsla med ANPR er god, og bruk av data frå systemet legg til rette for at etaten i større grad kan målrette kontrollen av vareførselen. Etaten skal innan utgangen av 2022 levere ei fullstendig evaluering av ordninga. Eit viktig arbeid for etaten i 2023 vil vere å følgje opp resultata frå evalueringa.
Kontroll med vareførsel til og frå Svalbard
Svalbard vart etablert som eiga tollområde i mai 2022. Sjå omtale i Prop. 70 L (2021–2022) og Innst. 250 L (2021–2022). Kontroll med vareførsel på Svalbard vart etablert på særs kort tid, slik at Svalbard ikkje skulle verte nytta til omgåing av sanksjons- og eksportkontroll-regelverket. Dagens kontroll med vareførselen på Svalbard er difor basert på ei minimumsløysing utan mellom anna de varslings-, melde- og opplysningsplikter som gjeld på fastlands-Noreg. Etter kvart er det naudsynt at tollmyndigheitene får etablert oversikt over aktørane som fører varer inn til og ut frå Svalbard, og får etablert ordningar som sikrer at Tolletaten får tilgang til desse opplysningane. Ei viktig oppgåve for etaten i 2023 vert å vidareutvikle kontrollen med vareførselen på Svalbard, herunder vurdere behov for regelverksutvikling. Det legges opp til at kontrollen med tida, med enkelte moglege tilpasningar til dei lokale forholda på Svalbard, i størst mogleg grad bør tilsvare kontrollen på fastlandet, med dei plikter det inneber for aktørane i vareførselen. Eventuelle framlegg til endringar i regelverk vil verte sende på høyring. Løyvinga legg til rette for at Tolletaten kan handsame moglege endringar i regelverket. Etaten må òg etablere naudsynt systemstøtte til kontroll. For 2023 er det sett av 26 mill. kroner til vidareføring av vareførselkontrollen på Svalbard, irekna arbeidet med naudsynte IT-tilpasningar. Beløpet er fordelt likt mellom postane 01 Driftsutgifter og 45 Større utstyrskjøp og vedlikehald.
Endra åtferd hos kriminelle aktørar
Endra åtferd hos aktørar som aktivt bryt regelverk, er ei kontinuerleg utfordring for Tolletaten. Ettersom reise- og trafikkmønstre vert normalisert etter pandemien har tradisjonelle metodar for smugling igjen vorte aktuelle. Samstundes har kriminelle aktørar lært seg og teke i bruk nye metodar for smugling. Tolletaten må difor arbeide for å utvikle kontrolvirksemda til å verte endå meir målretta og tilpassa endra atferd hos kriminelle.
Budsjett for 2023
Departementet foreslår å setje utgiftsramma for Tolletaten til 1 832,2 mill. kroner. Dette er 2,4 pst. høgare enn Saldert budsjett 2022. Løyvinga skal brukast i samsvar med dei mål og prioriteringar som er omtalte ovanfor.
Post 01 Driftsutgifter
Posten omfattar lønsutgifter og andre driftsutgifter og er budsjettert til 1 697,4 mill. kroner. Det er ein auke med 4,6 pst. frå Saldert budsjett 2022. Nærmare halvparten av auken gjeld drifts- og forvaltningsutgifter i samband med ekspressfortolling og digitalisert systemstøtte på kontrollområdet.
Finansdepartementet ber om fullmakt til å overskride løyvinga under kap. 1610, post 01 Driftsutgifter, mot tilsvarande meirinntekter under kap. 4610, postane 01 Særskilt vederlag for tolltenester, 04 Ymse refusjonar og 05 Refusjonar frå Avinor AS, jf. nærare omtale nedanfor.
Post 45 Større utstyrskjøp og vedlikehald, kan overførast
Posten omfattar større vedlikehald, utskiftingar og kjøp av utstyr til grensekontrollen og IT-føremål. Posten er budsjettert med 134,8 mill. kroner. Det er 31,9 mill. kroner lågare enn Saldert budsjett 2022. Ein stor del av 2023-framlegget gjeld vidareføring av prosjekta for digitalisert systemstøtte på kontrollområdet og ekspressfortolling, jf. nærare omtale foran.
I samband med visse kjøp og prosjekt kan det vere behov for å bestille for meir enn det som er løyvt, mot dekning av seinare løyvingar. Departementet ber difor om ei bestillingsfullmakt på 40 mill. kroner, jf. framlegg til romartalsvedtak III.
Kap. 4610 Tolletaten
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2021 | Saldert budsjett 2022 | Forslag 2023 |
01 | Særskilt vederlag for tolltenester | 5 033 | 7 600 | 7 900 |
02 | Andre inntekter | 942 | 2 200 | 2 300 |
04 | Ymse refusjonar | 693 | 1 100 | 1 100 |
05 | Refusjon frå Avinor AS | 25 829 | 26 300 | 26 800 |
85 | Tvangsmulkt og gebyr for regelbrot | 7 603 | 23 000 | 23 000 |
Sum kap. 4610 | 40 100 | 60 200 | 61 100 |
Post 01 Særskilt vederlag for tolltenester
Posten omfattar gebyr for privatrekvirert tollbehandling og ekspedisjonsgebyr for utført tollforretning utanfor kontorstad og ekspedisjonstid. For å dekkje dei meirkostnadane som denne behandlinga og ekspederinga fører med seg ved høgare aktivitetsnivå enn det som er føresett, ber Finansdepartementet om fullmakt til å overskride løyvinga under kap. 1610, post 01 Driftsutgifter, mot tilsvarande meirinntekter under kap. 4610, post 01 Særskilt vederlag for tolltenester, jf. framlegg til romartalsvedtak II.1.
Satsane for privatrekvirert tollbehandling skal i 2023 vere 500 kroner for 50 pst. overtid og 640 kroner for 100 pst. overtid. Ekspedisjonsgebyret skal vere på 250 kroner per påbyrja halvtime. Gebyrheimel er vareførselsloven § 7-9 andre ledd.
Post 02 Andre inntekter
Posten omfattar fleire typar inntekter, som til dømes inntekter frå auksjonssal av varer som er forsøkt smugla inn i landet eller varer på tollager som ikkje har vorte tollbehandla, innkravde sakskostnadar og agio.
Tolletaten har ein del direkte utgifter i samband med auksjonssal, særleg til kunngjeringar, provisjon til nettauksjonsstaden og til taksering av særskilde varer, til dømes tepper og smykke. Slike utgifter er med på å gje høgare salsinntekter. For å få eit meir korrekt uttrykk for salsresultatet foreslår departementet at slike direkte utgifter kan trekkjast frå brutto salsbeløp (nettoposterast), jf. framlegg til romartalsvedtak VII.
Post 04 Ymse refusjonar
Posten vert brukt til inntekter som er ei direkte følgje av, og av same slag som, den tilsvarande utgifta. Det gjeld mellom anna bestemte prosjekt etter oppdrag og med tilskot frå andre statlege etatar, kompetansetiltak m.m. og inntekter frå kursverksemd for næringslivet.
Det er nær samanheng mellom desse inntektene og dei tilhøyrande utgiftene på kap. 1610, post 01 Driftsutgifter, og inntektene varierer ein del frå år til år. Finansdepartementet ber difor om fullmakt til å overskride løyvinga under kap. 1610, post 01 Driftsutgifter, mot tilsvarande meirinntekter under kap. 4610, post 04 Ymse refusjonar, jf. framlegg til romartalsvedtak II.1.
Post 05 Refusjon frå Avinor AS
Avinor AS skal dekkje Tolletatens meirkostnader til ordninga med enklare prosedyrar ved flybytte på Oslo lufthamn (forenkla transfer). Refusjonar frå Avinor AS vert førte på denne posten. Fordi meirkostnadane og dermed òg refusjonsbeløp er noko usikre, ber Finansdepartementet om fullmakt til å overskride løyvinga under kap. 1610, post 01 Driftsutgifter, mot tilsvarande meirinntekter under kap. 4610, post 05 Refusjon frå Avinor AS, jf. framlegg til romartalsvedtak II.1.
Post 85 Tvangsmulkt og gebyr for regelbrot
Det er vedteke to nye lover, vareførselslova og tollavgiftslova, som skal erstatte tollova. Dei nye lovene skal tre i kraft 1. januar 2023. Reglane om gebyr for regelbrot og tvangsmulkt vert i hovudsak vidareførte i dei nye lovene.
Posten omfattar inntekter frå gebyr som vert ilagde ved ulovleg ut- og innførsel av valuta, og gebyr og tvangsmulkt for brot på nærare oppgitte føresegner i dei nye lovene.
Inntektene på post 85 er vanskelege å budsjettere sidan dei i stor mon avheng av åtferda hos reisande og transportørar. Pandemien kan ha medverka til varig, lågare reiseaktivitet. Inntektene så langt i 2022 var høgare enn på same tid i 2021. Framlegget for 2023 ligg om lag 15 pst. lågare enn rekneskapen for siste normalår før pandemien – 2019.
Kap. 1618 Skatteetaten
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2021 | Saldert budsjett 2022 | Forslag 2023 |
01 | Driftsutgifter | 7 220 870 | 7 210 611 | 7 379 848 |
21 | Spesielle driftsutgifter | 216 630 | 264 800 | 222 400 |
22 | Større IT-prosjekt, kan overførast | 313 019 | 616 800 | 549 400 |
23 | Spesielle driftsutgifter, a-ordninga | 95 474 | 97 638 | 100 088 |
45 | Større utstyrskjøp og vedlikehald, kan overførast | 77 960 | 143 400 | 146 300 |
50 | Skatte- og avgiftsforsking | 6 400 | ||
70 | Tilskot | 5 994 | 6 433 | |
Sum kap. 1618 | 7 929 947 | 8 339 682 | 8 404 436 |
Samfunnsoppdrag og organisering
Skatteetaten skal sikre eit finansielt hovudgrunnlag for offentleg verksemd.
Skatteetaten består av eit direktorat og seks divisjonar med landsdekkjande ansvar for kvar sine fagområde. Etaten har 57 skattekontor fordelt rundt i landet. Skatteetaten har eit heilskapleg ansvar for fastsetjing, innkrevjing og kontroll av skattar og avgifter. Etaten hadde per 31. desember 2021 ei bemanning tilsvarande 6 638 utførte årsverk.
Resultat i 2021
Fastsetjing og innkrevjing av skattar og avgifter er krevjande prosessar. Desse prosessane byggjer på prinsippet om eigenfastsetjing og føreset omfattande bruk av tredjepartsopplysningar, registerinformasjon av god kvalitet, velfungerande og effektive IT-system og god dialog med dei skattepliktige. Figuren under gjev ei forenkla framstilling av denne prosessen.
Skatteetatens resultat vert vurderte ut ifrå tre hovudmål. Hovudmåla skal leggje til rette for ei styring av Skatteetaten som i større grad legg vekt på dei samla effektane av verkemidla etaten bruker, og i mindre grad på aktivitetar.
Hovudmål 1: Dei skatte- og opplysningspliktige etterlever skatte- og avgiftsreglane
Dei skatte- og opplysningspliktige skal oppleve at ordningane til etaten legg til rette for enkel og riktig registrering, rapportering og innbetaling. Skatteetaten skal likebehandle dei skattepliktige og avdekkje og korrigere uriktige og manglande opplysningar.
Tabell 5.3 syner fastsett proveny for dei viktigaste skatteartane. Skatteetaten bidrog i 2021 til eit proveny på til saman 1 467,3 mrd. kroner frå direkte og indirekte skattar. Samla proveny var 291,9 mrd. kroner høgare enn i 2020. For personlege skattytarar auka provenyet med 42 mrd. kroner. Provenyet for upersonlege skattepliktige (aksjeselskap m.m.) vart redusert med 20,3 mrd. kroner. Samla arbeidsgjevaravgift auka med 18,3 mrd. kroner. Auken kom i hovudsak frå forskotstrekk. Petroleumsskatt auka med 225,8 mrd. kroner. Auka petroleumsskatt kjem mellom anna av auka utskriven terminskatt og meirinnbetalingar for 2. termin 2021. (I 2020 var utskriven terminskatt negativ som følgje av dei mellombelse skatteendringane som vart vedtekne våren 2020.) Nærare omtale finst i Prop. 1 LS (2022–2023) Skatter, avgifter og toll 2023.
Tabell 5.3 Skatte- og avgiftsproveny (i mrd. kroner)
2019 | 2020 | 2021 | |
---|---|---|---|
Personleg skattepliktige1 | 473,6 | 550,7 | 592,7 |
Upersonleg skattepliktige | 86,4 | 100,2 | 79,9 |
Meirverdiavgift | 306,9 | 310,3 | 332,3 |
Særavgift | 93,5 | 93,3 | 92,1 |
Kjeldeskatt2 | 4,9 | 2,4 | 7,2 |
Tvangsmulkt (skatt) | 0,5 | 0,1 | 0,4 |
Finansskatt | 2,0 | 2,0 | 2,2 |
Skatt og avgift på utvinning av petroleum | 123,9 | -60,9 | 164,9 |
Avgift på arv og gåver3 | 0,0 | 0,0 | 0,0 |
Arbeidsgjevaravgift | 184,2 | 177,3 | 195,6 |
Totalt skatte- og avgiftsproveny | 1 275,9 | 1 175,4 | 1 467,3 |
1 Kommune, fylke, stat og folketrygd samla.
2 Artistskatt og kjeldeskatt på utbyte til utanlandske aksjonærar.
3 Beløp mellom 0,0 og 0,1 mrd. kroner.
Dei store fastsetjings- og innkrevjingsprosessane har i 2021 vore gjennomførte med tilfredsstillande kvalitet og utan vesentlege avvik. Kvaliteten på tredjepartsopplysningane som er grunnlag for både skattekort og den førehandsutfylte skattemeldinga, har vore god.
Analysar av etterleving
Skatteetaten analyserer etterlevinga hos dei skattepliktige og utviklinga over tid. Ein effektindikator gjev eit kvalitativt eller kvantitativt uttrykk for høvet mellom innsats eller aktivitet og det resultatet eller den samla effekten som Skatteetatens verkemiddel gjev.
For 2021 hadde etaten fire effektindikatorar under hovudmål 1, knytte til etterleving: riktig registrering i pliktige register, korrekte og fullstendige opplysingar vert leverte til rett tid, betaling til rett tid og del verksemder som opplev lite eller svært lite sannsyn for å verte oppdaga.
Til dei pliktige registera vert rekna Folkeregisteret, meirverdiavgiftsregisteret og aksjonærregisteret. Ei samla vurdering viser at det i hovudsak er ei positiv utvikling når det gjeld riktig registrering i desse registera.
Kvaliteten på innrapporterte grunnlagsdata som vert leverte som grunnlag for den førehandsutfylte skattemeldinga, har vore god. Det er ein positiv utvikling i kvaliteten og rettidig levering frå tredjepart. Heile 99,6 prosent av grunnlagsdata for inntektsåret 2020 vert leverte med god kvalitet til riktig tid. Den nye grunnlagsdataordninga for rapportering for formidlingstenester av utleige av eigedom hadde fyrste rapportering i 2021. For inntektsåret 2020 var det 57 opplysningspliktige som rapporterte totalt 44 268 utleigarar med ein samla utleigesum på 5,3 mrd. kroner.
Tiltak som dulting, rettleiing og førehandsutfylling i skattemeldinga har gjort det enklare for skattepliktige å rapportere riktig. Dultinga i skattemeldinga er bruk av tekstboksar med rettleiande informasjon som kjem fram, basert på ulike kriterium. Det kan for eksempel vere at ein person har fylt inn ein sum som verkar unaturleg høg eller låg, at vedkomande kan ha krav på eit frådrag eller at det er opplysningar etaten kan ha behov for å få frå den skattepliktige. Føremålet med «informasjonsboksane» er å sikre at opplysningane frå den skattepliktige vert riktige med ein gong, framfor at det må rettast i etterkant. Eigenrettingar innanfor kryptovalutaområdet har auka, truleg som følgje av kontroll- og rettleiingstiltak og betre forståing av regelverket.
Del rettidig leverte skattemeldingar frå næringsdrivande personar og selskap var høgare i 2021 enn i 2020, men framleis noko lågare enn før koronapandemien. Del rettidig leverte mva-meldingar vart òg høgare enn i 2020.
Delen rettidig betaling av skatt og avgift var 91,1 pst. ved utgangen av 2021. Dette er ein nedgang på 0,5 prosentpoeng frå 2019 (før koronapandemien). Del rettidig betaling på skatt- og meirverdiavgiftsområdet viser ei god etterleving. Som tidlegare år er det noko variasjon mellom dei ulike kravtypane. For meirverdiavgift er rettidig del uendra sidan 2019. For restskatt person, forskotsskatt upersonlege, forskotstrekk og arbeidsgjevaravgift har rettidig del gått noko ned, mens den har auka for restskatt upersonlege og forskotsskatt person. Skatteetaten har innvilga ei rekkje utsette betalingar i 2020 og 2021 på grunn av pandemien. Per 31. desember 2021 var det til saman 2,4 mrd. kroner i uteståande skattar og avgifter som følgje av innvilga utsette betalingar. Delen rettidige innbetalingar vil difor verte noko lågare enn før koronapandemien. Det er òg grunn til å tru at talet på konkursar vil auke noko når dei mellombelse betalingsutsetjingane forfell. Etaten har sett i verk tiltak for å handtere innkrevjinga av utsette skattar og avgifter framover. Næringsdrivande med eldre restansar (med forfall før 29. februar 2020) kunne ikkje nytte ordninga med mellombels betalingsutsetjing. Det er grunn til å tru at det òg innanfor dette segmentet har vore fleire som har fått påverka betalingsevna som følgje av pandemien, og at dette òg har påverka etterlevinga.
Opplevd oppdagingsrisiko
Skatteetaten gjennomfører kvar vår ei spørjeundersøking (Sero) som mellom anna måler opplevd oppdagingsrisiko hos eit utval verksemder. Delen som opplever liten eller svært liten oppdagingsrisiko ved å ikkje rapportere alle skattar og avgifter, var 26 pst. i 2021. Dette er om lag same resultat som 2020.
I Sero-undersøkingane vert òg opplevd oppdagingsrisiko i ulike bransjar målt. Ein analyse av Sero-undersøkinga mellom 2019 og 2021 viser at særleg bygg- og anleggsbransjen og til dels bransjane transport, frisering, reingjering og servering, opplever det som mindre sannsynleg å verte oppdaga enn andre bransjar.
Skatteetaten har i 2021 arbeidd mykje med oppfølging av strategi mot arbeidslivskriminalitet. Måla for dette arbeidet er å redusere sentrale trugselaktørar si kapasitet og intensjon, setje utanlandske arbeidstakarar i stand til å vareta sine rettar og oppfylle sine plikter, samt sikre at oppdragsgjevarar og forbrukarar ikkje bidreg til a-krim ved kjøp av varer og tenester. Etaten samarbeider med relevante etatar gjennom dei sju a-krimsentra og i Nasjonalt tverretatleg analysesenter (NTAES). I tillegg deltek etaten i internasjonale samarbeid.
Tredjepartsopplysningar
Kvaliteten på tredjepartsopplysningar som vert nytta i den førehandsutfylte skattemeldinga, vert vurdert som gjennomgåande høg og utan vesentlege avvik. Heile 99,6 pst. av tredjepartsopplysningane for inntektsåret 2020 vert leverte med riktig kvalitet til riktig tid. Den formelle datakvaliteten i a-ordninga er god og utvikla seg positivt i 2021 med færre feil enn tidlegare. For inntektsopplysningar er datakvaliteten svært god.
Ny skattemelding for formue og inntekt
Ny skattemelding for lønstakarar og pensjonistar vart ferdig utvikla i 2022 inkludert løysing for papirbrukarar. Det er ein del av Sirius-prosjektet. For inntektsåret 2020 dekte løysinga 4,2 mill. skattepliktige. Førebelse røynsler og vurderingar er at den nye skattemeldinga gjev forventa gevinstar. Ho gjev betre støtte til eigenfastsetjinga hos dei skattepliktige og dermed riktigare skattemeldingar og mindre behov for manuell saksbehandling. I 2021 lanserte prosjektet òg ein pilot for enkeltpersonføretak. Piloten vart nytta av 4 500 enkeltpersonføretak for inntektsåret 2020, og som rapporterte frå eit sluttbrukarsystem, fordelt på seks ulike leverandørar. I tillegg vart det utvikla ein pilot for upersonlege skattepliktige (selskap) og som vart lansert i mars 2022.
Ny løysing for meirverdiavgiftsregistrering
Som ein del av Memo-prosjektet, vart ei ny løysing for meirverdiavgiftregistrering lansert i 2020, med tilhøyrande ny saksbehandlarløysing. Den nye løysinga har gradvis vorte innførd frå september 2020 til juni 2021. I tillegg har etaten arbeidd med ny mva-melding som vart innført frå 2022. Innrapportering vil anten skje direkte frå sluttbrukarsystem eller via portalen «Mi meirverdiavgift». Målet er at flest mogleg skal levere via sluttbrukarsystemet.
Bruk av opplysningar frå a-ordninga om obligatorisk tenestepensjon (OTP)
I januar 2021 vart ein ny versjon av a-meldinga teke i bruk. Denne inneheld nytt krav til innrapportering av pensjonsinnretning frå OTP-pliktige arbeidsgjevarar. Nye tenester for deling av opplysningar frå a-meldinga med pensjonsinnretningane vart òg sette i drift. Nye delingstenester for pensjonsinnretningane er òg utvikla. Etaten har òg overteke ansvaret for tilsyn med arbeidsgjevarane si plikt til å opprette OTP-ordning.
Saksbehandlingstid for klager
I 2021 vart 80,2 pst. av sakene på skattekontora behandla innan tre månader. Ved utgangen av 2021 var det ein auke i restansane ved skattekontora, samanlikna med 2020. I saker der skattekontoret ikkje finn å gje klagar medhald, vert klaga hovudsakleg sendt til Skatteklagenemnda for avgjerd. Av sakene som vart sende til nemnda for avgjerd, hadde 84,7 pst. ei samla saksbehandlingstid på under åtte månader, noko som var betre enn året før. Klager i saker med lav provenyeffekt eller av særskilte sakstyper, vert avgjort av Skattedirektoratet.
Restansane i Skatteklagenemndas sekretariat vart færre i 2021. Frå 2018 til 2021 er det totale talet på ubehandla saker redusert frå 2 550 til 1 672. Samla saksbehandlingstid for sakene som vert sende til nemnda, er framleis for lang. Saksproduksjonen i sekretariatet har òg i 2021 vore negativt påverka av koronapandemien sidan heimekontor har gjort saksbehandlinga meir krevjande. Skattedirektoratet er i jamleg dialog med sekretariatet om restansesituasjonen. Sjå nærare omtale under kap. 1619 Skatteklagenemnda.
Hovudmål 2: Skatteetaten sikrar brukarane tilgang til registerdata og informasjon med god kvalitet
Det offentlege og andre brukarar har behov for registerdata og informasjon frå Skatteetaten i sitt arbeid. Skatteetaten skal ha ei effektiv og sikker innsamling, gjennomarbeiding og tilgjengeliggjering av slik informasjon nasjonalt og internasjonalt. Registera er òg eit viktig grunnlag for Skatteetatens evne til å fastsetje skattane riktig og til rett tid.
For 2021 hadde etaten to effektindikatorar under hovudmål 2: tilgang på føremålstenleg informasjon for brukarane og registerdata og informasjon frå Skatteetaten av god kvalitet.
Tilgang til registerdata og informasjon har i all hovudsak vore god. Overgangen til ny modernisert løysing for Folkeregisteret har i periodar gjeve nokre mindre utfordringar i form av lang saksbehandlingstid på nokre meldingstypar. I periodar har det òg vore lang ventetid for å få time til ID-kontroll for å få d-nummer. Dette kom av heilt eller delvis stengde skattekontor grunna smitteverntiltak. For eigedomsregisteret har etaten sett i verk tiltak for å betre datakvaliteten. Tenestene som vert brukte av eksterne, har vore tilgjengelege mellom 99 og 100 pst. av tida. Kvaliteten på registerdata og informasjon vert vurdert av Skatteetaten som god.
Hovudmål 3: Samfunnet har tillit til Skatteetaten
Skatteetaten skal forvalte regelverk og tilby brukartenester for å vareta dei rettar og plikter som dei skatte- og avgiftspliktige har. Dei skatte- og opplysingspliktige skal møte profesjonell og effektiv saksbehandling, få god informasjon og oppleve at informasjonen deira vert forvalta på ein god og trygg måte.
For 2021 hadde etaten fire effektindikatorar under hovudmål 3: at dei skattepliktige har tillit til Skatteetatens utøving av mynde, at dei skattepliktige opplever at rettar og plikter vert tekne vare på, at dei skatte- og opplysningspliktige opplever at informasjon vert forvalta på ein trygg måte, og at dei skatte- og opplysningspliktige opplever profesjonell og effektiv saksbehandling og at dei får god informasjon.
Skatteetaten gjennomfører årlege undersøkingar hos privatpersonar og verksemder for å kartleggje deira inntrykk av etaten. Undersøkingane frå 2021 syner at ein stor del av brukarane har høg tillit til korleis Skatteetaten utøver mynde, og til at deira rettar vert tekne vare på. Heile 84 pst. av dei spurde verksemdene i 2021 har høg tillit til at Skatteetaten forvaltar informasjon på ein trygg måte. Dette er same resultat som 2020. Framleis er det noko låg tillit til at skattemyndigheitene sikrar at andre verksemder betalar riktig skatt, sidan berre 46 pst. har svart at dei har «stor» eller «svært stor» tillit. Kontakten befolkninga har med Skatteetaten (via Altinn, telefon, brev, chat, sosiale medium og personleg oppmøte på skattekontor), har auka. Heile 85 pst. av dei spurde personane og 81 pst. av verksemdene har vore i kontakt med etaten (82 pst. og 68 pst. i 2020). Auka kontakt kan truleg ha noko samanheng med at etaten har forvalta ei rekkje koronaordningar, og at kommunale skatteoppkrevjaroppgåver vart overførte til Skatteetaten. Befolkningsundersøkinga viser at det har vore ein nedgang i kor nøgde personar er med Skatteetatens saksbehandling, samt kor nøgde personar og verksemder er med Skatteetatens nettsider og kontakt per telefon. Etaten arbeider med tiltak for at fleire brukarar får løyst problemet sitt ved fyrste kontakt med Skatteetaten.
Arbeid med koronatiltak
Skatteetaten har i 2021 forvalta fleire mellombelse koronatiltak, både innafor og utanfor skatteområdet: mellombels tilskotsordning for føretak med stor reduksjon i omsetnaden (kompensasjonsordninga for næringslivet), mellombels tilskotsordning for arbeidsgjevarar i tiltakssona og på Svalbard, mellombels tilskotsordning ved avbroten permittering (lønsstøtteordninga), den forenkla ordninga for mellombelse betalingsutsetjingar etter skattebetalingslova § 15-4 (utsetjingsordninga), og dei materielle skatteordningane. I lønsstøtteordninga for perioden 15. mars–31. august 2021 har etaten innvilga 1 099 søknadar, og samla utbetalt støtte var 190 mill. kroner per 31. desember 2021. Lønsstøtteordninga vart vedtatt vidareført for perioden desember 2021–februar 2022. Vidare var det per 31. desember 2021 til saman 2,4 mrd. kroner i uteståande skattar og avgifter som følgje av innvilga, utsette betalingar. I 2021 har etaten òg arbeidd med kontroll av endringssøknader, etterkontroll og klagar i samband med kompensasjonsordninga for næringslivet og lønsstøtteordninga. Det er gjennomført 901 etterkontrollar med endring som gjeld kompensasjonsordninga for næringslivet i 2021. I tillegg har etaten gjennomført mange kontrollhandlingar både manuelt og maskinelt før avgjerd om etterkontroll. Etaten har òg arbeidd med tilrettelegging, informasjon og handtering av stadfesting frå revisorar og autoriserte rekneskapsførarar. Uteståande tilbakebetalingskrav etter kompensasjonsordninga for næringslivet og lønsstøtteordninga utgjorde til saman 126 mill. kroner per 31. desember 2021. Om lag 860 aktørar hadde forfalne krav, og om lag 420 aktørar hadde krav som var komne til tvangsinnkrevjingsstadiet per 31. desember 2021.
Samla resultatvurdering
Finansdepartementet vurderer Skatteetatens resultat i 2021 samla sett som tilfredsstillande, sett i lys av enda eit krevjande år med koronapandemi. Kjerneoppgåvene og arbeidet med koronatiltak har hatt høgaste prioritet. Departementet meiner etaten har gjort gode og heilskaplege prioriteringar.
Dei store fastsetjings- og innkrevjingsprosessane har vore gjennomførte utan vesentlege avvik og med tilfredsstillande kvalitet. Etaten har i hovudsak gode resultat på styringsparametrane.
Analysar og evalueringar peiker i retning av at etatens aktivitetar og bruk av verkemiddel på områda arbeidslivskriminalitet, frivillig retting og rettidig levering har effekt på etterlevinga. Det er positivt at del rettidig leverte skattemeldingar frå næringsdrivande personar og selskap har vore høgare i 2021 enn 2020. Samstundes er resultata framleis noko lågare enn før koronapandemien, noko som underbyggjer at etaten framleis må vektleggje arbeid med auka etterleving på dette området. Departementet ventar òg at innvilga betalingsutsetjingar truleg vil gjere innkrevjingsarbeidet meir krevjande framover.
Brukarundersøkingar tyder på at befolkninga og verksemdene har høg tillit til Skatteetaten. Dette er ein viktig føresetnad for etterleving av skatte- og avgiftsreglane. Samstundes viser undersøkinga frå 2021 en lågare tilfredsheit med rettleiing på telefon og med Skatteetatens nettsider. Det er positivt at Skatteetaten har innført tiltak, då desse resultata er viktig å følgje opp framover.
Utviklinga i klagesaksbehandlingstida i etaten var positiv i 2021. Meir effektiv saksbehandling i etaten bidreg til at samla saksbehandlingstid vert redusert. Samstundes er samla saksbehandlingstid for sakene som vert sende til Skatteklagenemnda, framleis for lang. Restansane i sekretariatet for Skatteklagenemnda må reduserast.
Skatteetaten har ein stor og kompleks utviklingsportefølje. Departementet meiner etaten har arbeidd godt med utviklingsprosjekta i 2021, sjølv under krevjande forhold med stor bruk av heimekontor. I 2021 har etaten teke i bruk ny dialogbasert skattemelding for 4,2 mill. skattepliktige og lansert ein pilot for modernisert skattemelding for 4 500 enkeltpersonføretak. Ny versjon av a-meldinga varetek innrapportering av pensjonsinnretning frå OTP-pliktige arbeidsgjevarar. I tillegg har etaten overteke ansvaret for tilsyn med arbeidsgjevarane si plikt til å opprette OTP-ordning. Etaten har òg arbeidd med ny mva-melding som skal innførast frå 2022. Utviklingsprosjekta gjev moderniserte og meir effektive løysingar som igjen gjev Skatteetaten og brukarane gevinstar.
Viktige utfordringar framover
Finansdepartementets styring av Skatteetaten har eit fleirårig perspektiv. Evna etaten har til å oppfylle samfunnsoppdraget og nå måla sine, avheng både av utanforliggjande forhold og dei interne prosessane og oppgåveløysinga i etaten.
Framover vil det framleis vere viktig at etaten vektlegg arbeidet for auka etterleving. Skatteetaten må arbeide systematisk for at kontrollnivået skal vere tilstrekkeleg høgt og at kontrollar vert gjennomførte på ein planmessig og heilskapleg måte, basert på gode risikovurderingar. Skatteetaten må til ei kvar tid vege kontrollnivået opp mot andre aktivitetar som kan betre etterlevinga.
Skatteetaten har ein stor og kompleks IT-systemportefølje. Velfungerande og sikre IT-system er avgjerande for etatens evne til å løyse sitt samfunnsoppdrag. Etaten må difor fortlaupande vurdere informasjonstryggleiken i eiga system.
Skatteetaten har ei rekkje pågåande utviklingsprosjekt. I januar 2022 starta programmet Fremtidens innkreving. Programmet vil gå over sju år og inneber ei modernisering av statleg innkrevjing. Skatteetaten forvaltar no ein omfattande IT-portefølje på innkrevjingsområdet med sju parallelle hovudsystem som er noko ulike. Fleire av systema er vorte overførte frå andre verksemder. Innkrevjing av dei ulike kravtypane skjer i stor grad i parallelle prosessar. Systema er òg bygde på utdatert teknologi som framover ikkje vil innfri krav til effektiv drift og forvaltning, endringsevne og tryggleik. Vidare er dagens regelverk på innkrevjingsområdet spreidd i fleire lover, tilpassa tidlegare organisatoriske einingar slik situasjonen var før oppgåvene vart flytta til etaten. Finansdepartementet og Skatteetaten samarbeider om eit framlegg til ny lov om innkrevjing av statlege krav m.m. for å harmonisere dette regelverket. Skattetaten samarbeider med Nav, Brønnøysundregistera, politiet og Lånekassen om å utvikle samanhengande tenester. IT-system, tenester, lovverk, prosessar og brukarflatar skal harmoniserast. Programmet vert det største som Skatteetaten har leia, og vil krevje store ressursar i åra framover. Det er viktig at etaten arbeider for å sikre rett kompetanse og tilstrekkeleg med kapasitet til pågåande utviklingsprosjekt. Tilstrekkeleg tilgang på utviklingsressursar kan verte spesielt krevjande framover grunna høg etterspørsel etter IT-kompetanse. Generelt vil etaten truleg difor vere pressa på utviklingskapasitet framover, og gode prioriteringar vil difor vere viktig. God portefølje- og prosjektstyring vil vere viktig for å sikre at prosjekta leverer i tråd med planlagt framdrift, kostnader og kvalitet.
Samla saksbehandlingstid for klagesakene som vert sende til Skatteklagenemnda, er framleis for lang. Skattedirektoratet må framleis følgje opp skattekontora og sekretariatet for Skatteklagenemndas arbeid med å redusere restansane.
Departementet ventar at utsette fristar for innbetaling av skattar og avgifter som følgje av koronapandemien, framleis vil kunne gjere innkrevjingsarbeidet til etaten noko meir krevjande. Den samla restansen for skatte- og avgiftskrav er fallande, men framleis noko høgare enn før 2020 då restansane auka.
Etaten skal i 2023 òg handtere krav til effektivisering, innsparingar og gevinstrealiseringar. God økonomistyring, bemanningsplanlegging og prioriteringar vil difor vere viktig framover. Samla sett må etaten gjere krevjande prioriteringar i 2023.
Mål og prioriteringar i 2023
Finansdepartementet fastset desse hovudmåla for Skatteetaten for 2023:
Dei skatte- og opplysningspliktige etterlever skatte- og avgiftsreglane
Skatteetaten sikrar brukarane tilgang til registerdata og informasjon med god kvalitet
Samfunnet har tillit til Skatteetaten
Resultata i 2020 og 2021 var prega av koronapandemien. Departementet ventar at resultata i 2023 samla sett minst skal vere på same nivå som før pandemien. I resultatvurderinga vil departementet leggje vekt på heilskapen i verksemda. I det daglege arbeidet er det naudsynt at etaten veg kvalitet opp mot effektivitet.
Viktige prioriteringar i 2023 vert:
Etterleving og kontroll
Skatteetaten arbeider etter OECDs etterlevingsmetodikk. Den er risikobasert, og årsaksanalysar og kunnskap om framferd legg grunnlag for tiltak for auka etterleving. Ulike verkemiddel som skal auke etterlevinga, vert sette i samanheng. Innsats i forkant, til dømes å utnytte digitaliseringa som skjer i samfunnet (compliance by design), tilrettelegging av gode digitale tenester, forenklingar, regelverksendringar og god rettleiing, vil kunne hindre at feil oppstår og kan òg vere ressurseffektive verkemedel. Skatteetaten arbeider kontinuerleg for å få skattepliktige til å handle riktig og for at dei som omgår regelverket, skal oppleve høgt sannsyn for å verte oppdaga, korrigert og sanksjonert. Kontroll er eit avgjerande verkemedel for å avdekkje uriktige og manglande opplysningar og for å byggje tillit i samfunnet. Skatteetaten må arbeide systematisk for at kontrollnivået skal vere tilstrekkeleg høgt og at kontrollar vert gjennomførte på ein planmessig og heilskapleg måte, basert på gode risikovurderingar.
Det er òg viktig å sikre at skatteytarar som treng rettleiing til å etterleve, kan få dette via Skatteetatens kanalar.
Arbeidet mot arbeidslivskriminalitet og økonomisk kriminalitet
Regjeringa vil styrkje arbeidet mot arbeidslivskriminalitet og økonomisk kriminalitet, og arbeidet vert følgt opp i to spor. Hausten 2022 la regjeringa fram ein handlingsplan mot sosial dumping og arbeidslivskriminalitet, og som Skatteetaten vil bidra aktivt i gjennomføringa av. Handlingsplanen er meir spissa mot arbeidstakarrelaterte og sosiale forhold enn det strategi mot arbeidslivskriminalitet var.
Skatteetaten vil i 2023 òg verte involvert i arbeidet med ei stortingsmelding om økonomisk kriminalitet, særleg den organiserte delen, og som skal bidra til å utvikle ny politikk på dette området.
Det organiserte tverretatlege samarbeidet mellom Arbeidstilsynet, Arbeids- og velferdsetaten, Skatteetaten, Tolletaten og politiet er ein viktig del av det operative arbeidet mot arbeidslivskriminalitet og økonomisk kriminalitet. Ein føresetnad for eit effektiv samarbeid er høve til å dele opplysningar. Den nye forskrifta om informasjonsdeling mellom etatane i akrim-samarbeidet som tredde i kraft i juni 2022, er venta å få positiv påverknad på samhandlinga og motarbeidinga av slik kriminalitet. På oppdrag frå Arbeids- og inkluderingsdepartementet, Finansdepartementet og Justis- og beredskapsdepartementet utfører KPMG ei forskningsbasert evaluering av det tverretatlege akrim-samarbeidet. Ein rapport vil liggje føre mot slutten av 2022 og vil vere ein del av grunnlaget for å vurdere tiltak i vidareutviklinga av samarbeidet.
Internasjonalt arbeid for å sikre skattegrunnlaget
Skatteetaten skal leggje til rette for god etterleving og riktig skatt frå utanlandske aktørar i Noreg, herunder òg norske aktørar med utanlandsk aktivitet. Etaten skal fortsette arbeidet med å avdekkje skjulte inntekter og formuar i utlandet og sikre skattegrunnlaget i multinasjonale konsern.
Informasjonsutveksling mellom land er viktig, og Skatteetaten skal vidareføre arbeidet med å leggje til rette for effektiv bruk av opplysningar etaten mottek frå andre land, og arbeid for å auke kvaliteten på desse opplysningane. Etaten skal følgje med på utviklinga av nye internasjonale standardar og bidra i dette arbeidet.
Skatteetaten skal delta på internasjonale arenaer for å sikre god og effektiv førebygging og nedkjemping av skattekriminalitet, mellom anna gjennom deling av erfaring og informasjon.
Internasjonalt arbeid med skattlegging av store fleirnasjonale selskap
Etaten må òg i 2023 bidra i arbeidet med å forberede innføring av nye skattereglar for store fleirnasjonale selskap. For 2023 er det sett av 50 mill. kroner til regelverksarbeid og arbeid med saksbehandlingsløysingar. Sjå nærare omtale om regelverksarbeidet i Prop. 1 LS (2022–2023) Skatter, avgifter og toll 2023.
Arbeid med store konsern, petroleumsskattlegging og internprising
Store konsern og selskap som er underlagt petroleumsskatteregimet, står for det vesentlege av skattegrunnlaget frå etterskotspliktige selskap. Innsatsen for auka etterleving, herunder kontroll, er difor sentral. Vurdering av internprising, både i grenseoverskridande transaksjonar og transaksjonar mellom nasjonale skatteregime, er ein viktig del av arbeidet med slike føretak og må fortsette i 2023.
Særskatten for petroleumsverksemder er frå inntektsåret 2022 erstatta med ein kontantstraumskatt. I overgangen til ein kontantstraumskatt må skjema, datasystem, kontroll m.m. verte endra for å passe til dei nye reglane. Samstundes vil dei mellombelse endringane i petroleumsskattelova som vart vedtekne i 2020, ha effekt i mange år framover. I ein periode må Skatteetaten handheve tre ulike regelsett (gamle ordinære reglar, mellombelse reglar og ny kontantstraumskatt). Det er planlagt store investeringar i nye petroleumsprosjekt dei komande åra. Om investeringane er omfatta av dei mellombelse reglane eller ikkje, har stor økonomisk betydning fordi dei mellombelse reglane er mykje gunstigare for selskapa enn dei ordinære reglane. Skatteetaten må kontrollere at investeringane kjem inn under riktig regelverk.
Dialogbasert skattemelding for formue og inntekt (Sirius)
Sirius er eit prosjekt for utvikling og innføring av ei ny dialogbasert støtte til skattepliktige si eigenfastsetjing. Det skal utviklast ei ny, dialogbasert skattemelding for inntekt og formue for næringsdrivande, lønstakarar og pensjonistar, og som vil gjere fleire opplysningar tilgjengelege for dei skattepliktige ved utfylling av skattemeldinga. Prosjektet skal bidra til ein heilskapleg prosess for skattlegging, med samanhengande og einsarta prosessar for forskot, fastsetjing og skatteoppgjer. For næringsdrivande skal prosjektet gje grunnlag for betre og enklare integrasjon mellom bokførings- og rekneskapssystema deira og system i etaten for behandling av næringsoppgåver.
I 2023 skal prosjektet levere skattemelding for inntektsår 2022 for alle lønstakarar og pensjonistar og alle enkeltpersonføretak. For upersonleg skattepliktige (selskap) skal det leverast ei storskalaløysing, inkludert førehandsfastsetjing for inntektsår 2023. I tillegg skal det leverast ei ny løysing for upersonleg skattepliktige. Når dette er lansert i mars 2023, skal prosjektet utvikle ei løysing for alle skattepliktige for inntektsår 2023. Den vil verte lansert i mars 2024. Dei gamle løysingane vil berre verte haldne opne for endringar for tidlegare år.
Prosjektet starta i 2018 og er planlagt ferdig i 2024. Prosjektet har ei kostnadsramme (P85) på 777,6 mill. 2023-kroner. For 2023 er det sett av 92,3 mill. kroner til prosjektet.
Nytt IT-system for meirverdiavgift (Memo)
Memo er eit prosjekt for utvikling av eit nytt IT-system for meirverdiavgift for å auke kvaliteten på meirverdiavgiftsforvaltninga. Tiltaket vil gje ei modernisert IT-plattform for registrering i meirverdiavgiftsregisteret, mottak og behandling av skattemeldinga for mva., dialog med dei skattepliktige og anna saksbehandling i samband med meirverdiavgift. Målet er auka etterleving av regelverket, sikring av meirverdiavgiftsprovenyet og meir effektive løysingar og arbeidsprosessar for næringslivet og Skatteetaten.
I 2023 skal prosjektet fullføre moderniseringa av mva.-fastsetjing og overlevere løysinga til vidare utvikling og forvaltning. Skatteetaten vil då ha eit moderne IT-system som kan ta imot mva-meldingar rett frå rekneskapssystem, og som legg til rette for maskinell og risikobasert saksbehandling og ein digital dialog med brukarane. Prosjektet vil òg i 2023 leggje til rette for at det gamle systemet på sikt kan fasast ut.
I Prop. 1 S (2018–2019) går det fram at det parallelt med systemutviklinga i Memo vert vurdert moglege regelendringar som kunne effektivisere forvaltninga av meirverdiavgifta og auke etterlevinga ytterlegare. Slike reglar vil eventuelt fyrst vere aktuelle på noko lengre sikt, og det er ikkje aktuelt å gjere systemtilpassingar for slike reglar i Memo-prosjektet. Kostnadsramma til prosjektet er redusert med 85 mill. kroner som følgje av at det no er valt å ikkje utvikle ei løysing for rapportering av sals- og kjøpsmeldingar.
Prosjektet starta i 2019 og er planlagt ferdig i 2023. Prosjektet har ei kostnadsramme på 564,6 mill. 2023-kroner. For 2023 er det sett av 61,8 mill. kroner til prosjektet.
Betre identitetsforvalting
Fleire etatar har oppgåver som påverkar identitetsforvaltinga i Noreg. Skatteetaten skal i 2023 halde fram arbeidet i den rådgjevande gruppa for betre identitetsforvalting (KoID). Hovudmålet med gruppa er å bidra til ei styrkt identitetsforvalting i Noreg og at dei fem etatane sin innsats på området vert meir heilskapleg og koordinert. KoID har ein felles, overordna visjon som partane arbeider målretta etter. Gruppa vil òg samarbeide med andre sentrale aktørar som Nav, Finans Noreg, Nasjonalt ID-senter og Brønnøysundregistera. Skatteetatens innsats held fram i 2023.
Personopplysningane i Folkeregisteret vert nytta når andre instansar skal utferde dokument som pass, bankkort og førarkort, og når verksemder yter tenester til personar registrert i Folkeregisteret. Folkeregisteret viser om identiteten til personen er kontrollert eller ikkje. Slik kan brukarar av Folkeregisteret avgjere om identiteten er trygg nok for deira bruk. Skatteetaten skal framleis arbeide med å bevisstgjere brukarane av Folkeregisteret om at dei sjølve må vurdere om dei har behov for å nytte slike opplysningar på deira ansvarsområde.
Etablering av UNIK i Folkeregisteret
Skatteetaten har etter lov om folkeregistrering høve til å registrere om ein identitet er unik. Fødsels- og d-nummer vert nytta i nær sagt alle digitale prosessar i samfunnet for å identifisere ein innbyggjar og skilje ein person frå ein annan. Det å sikre at ein person har ein identitet i Noreg, som tenesta og autentiseringsmekanismar kan byggje vidare på, er ein grunnstein i identitetsforvaltninga. Tilliten til Folkeregisteret avheng av at samfunnet kan stole på at ein person har eit fødselsnummer eller d-nummer. Det er behov for at personar som er tildelt eitt fødsels- eller d-nummer, kan dokumentere at vedkommande er rettmessig innehavar av sitt tildelte fødsels- eller d-nummer. ID-bevis som viser fødsels- eller d-nummer, vil vere ein slik dokumentasjon.
For å sikre at ein person kan ha ein unik identitet i Folkeregisteret, er det naudsynt å nytte informasjon om biometriske data frå register i justissektoren. Etaten skal i 2023 i samarbeid med den rådgjevande gruppa for betre identitetsforvalting (KoID) og relevante verksemder, følgje opp aktivitetar i justissektoren som legg til rette for å etablere unik identitet i Folkeregisteret. Skatteetaten skal halde fram arbeidet med å bidra til å utvikle det juridiske rammeverket som må etablerast for å ta i bruk biometri som grunnlag for etablering av status «unik» i Folkeregisteret.
Modernisering av innkrevjing
Programmet Fremtidens innkreving starta i 2022 og er planlagt ferdig i 2028. Skatteetaten skal, i samarbeid med Nav, Brønnøysundregistera, politiet, Lånekassa og fleire andre etatar, modernisere statleg innkrevjing ved å harmonisere og koordinere tenester, lovverk, prosessar, IT-system og brukarflater. Innkrevjing av skattar, avgifter og andre pengekrav skal effektiviserast gjennom datadeling og moderniserte og integrerte løysingar med brukar i sentrum.
Programmet er planlagt gjennomført i tre steg. Fyrste steg (2022–2024) er særleg innrette mot forbetringar for næringslivet. Fyrste halvår 2022 var prega av oppstartsaktivitetar, og i andre halvår skal dei fyrste mindre leveransane ligg føre. For 2023 er det venta auka progresjon. Året vil i tillegg verte prega av to større anskaffingar; ny økonomikjerne (ERP) og saksbehandlingsløysing (CRM).
Programmet har ei Design to cost (DTC)-ramme for heile programmet (steg 1–3) lik P65 på 4 471 mill. 2023-kroner inkl. mva. For steg 1 har programmet ei kostnadsramme på 1 920 mill. 2023-kroner inkl. mva. For 2023 er det sett av 485 mill. kroner til prosjektet, fordelt på Skatteetaten (421,6 mill. kroner), politiet (24,0 mill. kroner), Nav (26,1 mill. kroner) og Brønnøysundregistera (13,3 mill. kroner). Midlane til Skatteetaten er fordelte med 26,3 mill. kroner på post 01 Driftsutgifter og 395,3 mill. kroner på post 22 Større IT-prosjekt.
Ny innkrevjingslov
Finansdepartementet og Skatteetaten samarbeider om eit framlegg til ny lov om innkrevjing av statlege krav m.m. Målet er å få ei samordna, systematisk og moderne lov, som gjev eit oversiktleg og brukarvenleg regelverk. Ved utforminga av lova vil det òg verte lagt stor vekt på at lova er godt tilpassa ei digital forvaltning. Ei ny innkrevjingslov er ein naudsynt føresetnad for å realisere delar av gevinstane av programmet Fremtidens innkreving, jf. omtala ovanfor. Ein tar sikte på å sende eit framlegg til ny lov på høyring våren 2023.
Nytt verdsetjingssystem for fritidsbustader
Framlegg til eit nytt verdsetjingssystem for fritidsbustader i formuesskatten var på høyring frå Finansdepartementet fram til 7. januar 2022. Dagens regelverk for å fastsetje formuesverdiar av fritidsbustader er lite treffsikkert og kan gje vilkårlege utslag. Framlegget har bakgrunn i desse utfordringane og eit oppmodingsvedtak frå Stortinget (vedtak 738 nr. 15, 31. mai 2016), som eit breitt stortingsfleirtal stilte seg bak. Framlegget vil betre formuesgrunnlaga av fritidsbustader vesentleg. Det vil òg auke likebehandlinga av skattytarane.
Å innføre ein ny verdsetjingsmodell for fritidsbustader krev administrative førebuingar og tilpassingar, mellom anna av IT-system. Til matrikkelen må det hentast inn opplysningar om blant anna byggjeår og areal, og som manglar for mange fritidsbustader. Departementet tek sikte på at det skal vere mogleg å innføre nytt verdsetjingssystem frå 2026. Dei samla eingongskostnadene for Kartverket og Skatteetaten er rekna til 236,0 mill. kroner i åra 2023–2025. For 2023 er det sett av 30 mill. kroner til oppstart av arbeidet, fordelte på 20 mill. kroner til Kartverket og 10 mill. kroner til Skatteetaten. Midlane til Skatteetaten er avsette på post 01 Driftsutgifter.
Departementet viser òg til omtale i Prop. 1 S (2022–2023) for Kommunal- og distriktsdepartementet under Kartverket.
Klagesaksbehandling
Samla behandlingstid for klagesakene som vert sende til Skatteklagenemnda for avgjerd, er i dag for lang. Skattedirektoratet må følgje opp både skattekontora og sekretariatet for Skatteklagenemndas arbeid med å redusere restansane. Sjå nærare omtale om prioriterte tiltak for Skatteklagenemnda under kap. 1619 Skatteklagenemnda.
Informasjonstryggleik
Skatteetaten har omfattande digitale prosesser og ein stor og kompleks IT-systemportefølje. Velfungerande og sikre IT-system i etaten er avgjerande for verksemda. Ifølgje Norsk tryggleiksmyndigheit (NSM) er den digitale risikoen auka, og Skatteetaten syner i si eigne trusselvurderingar fleire scenario innanfor området digitale trugsmål, der kriminelle retter innsats mot system, prosessar og menneske på jakt etter sårbarheiter som kan utnyttast. Etaten må fortlaupande vurdere informasjonstryggleiken i eigne system på en god og systematisk måte, og setje i verk tiltak ved behov. Tiltaka skal ta omsyn til både kortsiktig og langsiktig risikobilete.
Budsjett for 2023
Budsjettramma for Skatteetaten er for 2023 sett til 8 404,4 mill. kroner som er 64,7 mill. kroner høgare enn i Saldert budsjett 2022. I framlegget ligg inne ei reversering av fjoråret si mellombelse styrking på 50 mill. kroner til å handtere pandemietterslep (post 01) og skjerpa krav til effektivisering, innsparingar og gevinstrealiseringar på grovt rekna 80 mill. kroner. I tillegg kjem lågare anslag for post 21 Spesielle driftsutgifter (-42,4 mill. kroner) og lågare aktivitet over post 22 Større IT-prosjekt (-67,4 mill. kroner). Samla justering for pris- og lønsvekst utgjer om lag 180 mill. kroner (inkludert justering for ny premieordning i Statens pensjonskasse). Kapittelet er òg auka med 50 mill. kroner til vidare internasjonalt arbeid med skattlegging av store, fleirnasjonale selskap og 10 mill. kroner til arbeid med nytt verdsetjingssystem for fritidsbustader i formuesskatten. Løyvinga skal brukast i samsvar med dei mål og prioriteringar som er omtalte ovanfor.
Post 01 Driftsutgifter
Posten omfattar mellom anna lønsutgifter, utgifter til opplæring, utgifter til leige og drift av kontorlokale, reiser og kontorutstyr.
For 2023 er det gjort framlegg om å løyve 7 379,8 mill. kroner under post 01. Dette er ein nominell auking frå saldert budsjett 2022 med 169,2 mill. kroner. Reversering av den mellombelse styrkinga for 2022 til å handtere pandemietterslep inneber ein reduksjon med 50,0 mill. kroner. Posten er òg auka med 89,8 mill. kroner for å dekkje auka driftsutgifter i samband med nye investeringar (jf. post 22), med 10 mill. kroner til arbeid med nytt verdsetjingssystem for fritidsbustader i formuesskatten og med 50 mill. kroner til vidare internasjonalt arbeid med skattlegging av store fleirnasjonale selskap. Framlegget inneber òg skjerpa krav til effektivisering, innsparingar og gevinstrealiseringar på grovt rekna 80 mill. kroner, medan justering for løns- og prisvekst utgjer vel 168 mill. kroner.
Post 21 Spesielle driftsutgifter
Posten omfattar utgifter til innkrevjing av arbeidsgjevaravgift, skatt, trygdeavgift, meirverdiavgift, særavgifter og petroleumsskatt m.m. Posten omfattar òg kostnader med tvangsforretning, tinglysing, garantistilling og innkrevjing av barnebidrag. Vidare omfattar posten sakskostnader i rettssaker som gjeld meirverdiavgift, petroleumsskatt, særavgifter, krav frå statlege oppdragsgjevarar og bidrag og tilbakebetaling. For 2023 er det gjort framlegg om å løyve 222,4 mill. kroner under post 21.
Post 22 Større IT-prosjekt, kan overførast
Posten omfattar løyvingar til arbeid med øyremerkte investeringsprosjekt – dialogbasert skattemelding (Sirius), eit nytt IT-system for meirverdiavgift (Memo) og modernisering av innkrevjing (Fremtidens innkreving). Prosjekta er nærare omtalte ovanfor. For 2023 er det gjort framlegg om å løyve 549,4 mill. kroner under post 22.
For desse investeringsprosjekta kan det verte bruk for avtalar som går utover budsjettåret, mot dekning av seinare løyvingar. Departementet ber difor om at Skatteetaten får fullmakt til å inngå slike avtalar innanfor dei kostnadsrammene som er gjevne ovanfor, jf. framlegg til romartalsvedtak IV.
Post 23 Spesielle driftsutgifter, a-ordninga
Skatteetaten tek hand om interessene til dei tre samarbeidande etatane (Skatteetaten, Arbeids- og velferdsetaten og Statistisk sentralbyrå) og til dei opplysningspliktige i den vidare forvaltinga og utviklinga av a-ordninga. For 2023 er det gjort framlegg om å løyve 100,1 mill. kroner til forvaltinga av a-ordninga.
Post 45 Større utstyrskjøp og vedlikehald, kan overførast
Posten omfattar utviklingstiltak for Skatteetatens system og infrastruktur på IKT-området, medrekna meir omfattande oppgraderingar, vidareutvikling av systemløysingar med meir. For 2023 er det gjort framlegg om å løyve 146,3 mill. kroner under post 45. Auken frå 2022 – med nominelt 2,9 mill. kroner – er justering for pris- og lønsvekst.
I samband med visse kjøp og prosjekt kan det vere behov for å bestille for meir enn det som er løyvt. Difor ber departementet om ei tingingsfullmakt på 40 mill. kroner, jf. framlegg til romartalsvedtak III.
Post 50 Skatte- og avgiftsforsking
Eit effektivt og føremålstenleg skatte- og avgiftssystem krev framhaldande arbeid. Dette føreset mellom anna forsking på området, gode fagmiljø og vidare utvikling av miljøa, og tilfredsstillande tilgang av kompetente personar til å arbeide med skatte- og avgiftsspørsmål. Til dette føremålet har Skatteetaten og Finansdepartementet mellom anna nytta avtaler med universitet om å prioritere forsking og utdanning på skatte- og avgiftsområdet, samstundes som Finansdepartementet har finansiert skatteøkonomisk forsking gjennom Noregs forskingsråd. Bidrag til avtalane har tidlegare kome frå post 70 Tilskot, men det er betre i tråd med staten sin kontoplan å nytte ein 50-post. Samstundes er nemninga av posten gjort meir presis.
For 2023 tek ein sikte på å nytte løyvinga på posten til:
Vidareføring av ein samarbeidsavtale frå 2019 mellom Skatteetaten og Universitetet i Bergen. Føremålet med den avtalen er «oppbygging(en) av et fagmiljø i skatterett som skal sikre rekruttering av høyt kvalifiserte forskere til toppstillinger i skatterett ved universitetene og forskingsbasert undervisning og formidling av høy kvalitet i sentrale skatterettsfag.»
Vidareføring av ein avtale frå 2020 mellom Finansdepartementet og Universitetet i Oslo. Dette er ein av fire avtalar med ulike aktørar om prosjektet «Skatterett@JUS, UiO» der føremålet er å «dels etablere plattform for forsking og undervisning innen skatte- og avgiftsrett, dels å skape en arena for samarbeid mellom Det juridiske fakultet, det offentlige og private aktører innen skatte- og avgiftsrett.»
Ei ny, fleirårig satsing på skatteøkonomisk forsking som Noregs forskingsråd set i gang hausten 2022. Satsinga skal vere med på «å utvikle kunnskapen om skatt og økonomi og å bidra til et sterkt faglig miljø for skatteøkonomisk forskning i Norge.»
Kap. 4618 Skatteetaten
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2021 | Saldert budsjett 2022 | Forslag 2023 |
01 | Refunderte utleggs- og tinglysingsgebyr | 41 640 | 37 300 | 42 000 |
03 | Andre inntekter | 9 839 | 6 300 | 6 500 |
05 | Gebyr for utleggsforretningar | 110 173 | 107 800 | 109 000 |
07 | Gebyr for bindande førehandsfråsegner | 5 211 | 4 500 | 5 000 |
11 | Gebyr på kredittdeklarasjonar | 2 807 | 3 000 | 3 100 |
85 | Inngått på tapsførte lån m.m. | 265 741 | 240 000 | 240 000 |
86 | Bøter, inndragingar m.m. | 1 578 570 | 1 853 000 | 2 118 000 |
87 | Trafikantsanksjonar | 66 353 | 60 000 | 60 000 |
88 | Forseinkingsgebyr, Rekneskapsregisteret | 243 959 | 230 000 | 230 000 |
89 | Gebyr for regelbrot | 4 549 | 6 100 | 5 000 |
Sum kap. 4618 | 2 328 842 | 2 548 000 | 2 818 600 |
Inntektene på kap. 4618, postane 85–88, er jamt over vanskelege å budsjettere. Hovudgrunnen er at krava vert ilagde av andre. Også inntektene på nokre av dei andre postane på kapitelet vert monaleg påverka av forhold utanfor etaten.
Post 01 Refunderte utleggs- og tinglysingsgebyr
Posten omfattar refusjon av gebyr ved utleggsforretningar som vert utførte av Skatteetaten og dei alminnelege namsmennene, jf. kap. 1618, post 21. Inntektene framover på denne posten gjeld innfordringar som vart sette i gang før 1.11.2020. Kor mange slike som står att etter 2022, er svært usikkert.
Post 03 Andre inntekter
Dei fleste inntektene etaten har, gjeld refusjonar for datatenester som vart utførte for andre statlege verksemder, gebyr for folkeregisteropplysningar og nokre andre refusjonar. Etter eit unntak frå bruttoprinsippet i statsbudsjettet, vert slike refusjonar posterte på ein utgiftspost – her kap. 1618, post 01. Post 03 vert nytta til inntekter som ikkje kan reknast som refusjonar. Dette gjeld mellom anna nokre salsinntekter og tilskot. For 2023 reknar ein med 6,5 mill. kroner i slike inntekter.
Post 05 Gebyr for utleggsforretningar
Posten omfattar gebyrinntekter frå utleggsforretningar som Skatteetaten utfører sjølve.
Post 07 Gebyr for bindande førehandsfråsegner
Posten omfattar inntekter frå gebyr for bindande førehandsfråsegner frå Skatteetaten.
Post 11 Gebyr på kredittdeklarasjonar
Ved innførsel er hovudregelen at toll og avgifter skal betalast ved grensepasseringa. Etter tollkredittordninga kan godkjende importørar få kreditt slik at deklarasjonar for ein kalendermånad kan samlast og betalast den 18. i månaden etter. I månader der ein importør har brukt tollkredittordninga, vil han få eit gebyr på 100 kroner. Samla gebyrinntekter svarer til dei kostnadane som Skatteetaten har med tollkredittordninga. Kostnadsgrunnlaget vart gjennomgått i 2020 og vurdert å samsvare bra med gebyrnivået.
Post 85 Inngått på tapsførte lån m.m.
Posten omfattar inntekter frå innkrevjing av misleghaldne lån som er tapsførte i Statens lånekasse for utdanning og i Husbanken.
Post 86 Bøter, inndragingar m.m.
Posten omfattar inntekter frå bøter (forenkla førelegg, vanlege førelegg og bøter som er ilagde ved dom), inndragingar og sakskostnadar. At framlegget for 2023 er vel 265 mill. høgare enn saldert budsjett 2022, heng mellom anna saman med planar om nivå- og prisjusteringar av ein del forenkla førelegg.
Post 87 Trafikantsanksjonar
Posten omfattar inntekter frå trafikkgebyr, parkeringsgebyr og overlastgebyr, utferda av politiet og Statens vegvesen.
Post 88 Forseinkingsgebyr, Rekneskapsregisteret
Posten omfattar innbetaling av forseinkingsgebyr, ilagde av Rekneskapsregisteret.
Post 89 Gebyr for regelbrot
Posten omfattar inntekter frå gebyr for regelbrot som kan ileggjast arbeidsgjevarar som ikkje kan leggje fram ei oppdatert personalliste.
Tilsegnsordninga ved oppfølging av konkursbu
For å sikre og følgje opp krav i konkursbu som ledd i det offentlege innkrevjingsarbeidet, vert Skatteetaten kvart år gjeve fullmakt til å gje nye, vilkårsbundne tilsegner om dekking av kostnadar ved vidare bubehandling. Ved utgangen av 2021 låg det føre slike tilsegner for vel 13,7 mill. kroner. Tilsegnsfullmakta er knytt til kap. 1618 Skatteetaten, post 21 Spesielle driftsutgifter.
Vanlegvis vert det gjeve tilsegn når ein reknar med at vidare bubehandling kan tilføre eit konkursbu aktiva, men buet ikkje har evne til å bere risikoen for kostnadane. I særlege tilfelle er tilsegna grunngjevne med preventive omsyn. Det gjeld mellom anna når mistanke om økonomisk kriminalitet tilseier at konkursbuet forfølgjer saka privatrettsleg eller overfører saka til påtalemakta. Ordninga medverkar dessutan til å avsløre brot på skatte-, avgifts- og rekneskapslovgjevinga og motverkar økonomisk tapping av verksemder.
Føremålet med tilsegnsordninga er å tilføre skatte- og avgiftskreditorane verdiar som gjev betre dekking av skatte- og avgiftskrav som er melde i buet. Skatteetaten opplyser at skatte- og avgiftskreditorane får ei meirdekking i konkursbu der det er gjeve tilsegn om midlar til vidare bubehandling.
Finansdepartementet ser på tilsegnsordninga som viktig med tanke på både innkrevjing og allmennprevensjon. Ansvaret for å gje nye tilsegner er delegert til Skattedirektoratet. Departementet gjer framlegg om å vidareføre ordninga i 2023 ved å gje Skattedirektoratet fullmakt til å gje nye vilkårsbundne tilsegner om dekking av kostnadar ved vidare bubehandling for opp til 16 mill. kroner innanfor ei samla fullmakt for nye og gamle tilsegner på 45,8 mill. kroner, jf. framlegg til romartalsvedtak VI.
Tabell 5.4 Tilsegnsordninga ved oppfølging av konkursbu
(i 1 000 kr) | |
---|---|
Tilsegner | |
Samla ansvar per 1. januar 2021 | 10 932 |
Nye tilsegner i 2021 | 9 329 |
Tilsegnsreduksjonar som følgje av utbetalingar i ikkje-avslutta bu | - 180 |
Differanse mellom tilsegner og utbetalingar i avslutta bu | - 6 359 |
Ansvar per 31. desember 2021 | 13 722 |
Fullmakt til nye tilsegner i 2022 | 16 000 |
Framlegg til fullmakt til nye tilsegner i 2023 | 16 000 |
Framlegg til samla fullmakt i 2023 for nye og gamle tilsegner | 45 722 |
Kap. 1619 Skatteklagenemnda
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2021 | Saldert budsjett 2022 | Forslag 2023 |
01 | Driftsutgifter | 73 831 | 72 090 | 73 803 |
Sum kap. 1619 | 73 831 | 72 090 | 73 803 |
Samfunnsoppdrag og organisering
Skatteklagenemnda behandlar klager som gjeld skatt og meirverdiavgift. Ordninga skal bidra til rettstryggleik for dei skattepliktige ved at klager der vedtaka ikkje vert omgjorte i fyrste instans ved skattekontora, får ei ny og uavhengig behandling.
Eit eige sekretariat førebur sakene for nemnda. Sekretariatet er lokalisert i Stavanger og hadde per 31. desember 2021 totalt 58 tilsette. Sekretariatet er administrativt underlagt Skattedirektoratet, men er fagleg sjølvstendig. Det er lovfesta at Skatteklagenemnda og sekretariatet ikkje skal kunne instruerast i faglege spørsmål.
Kjernen i det faglege sjølvstendet er at overordna myndigheit ikkje kan instruere organet om utfallet av enkeltsaker eller sakstypar. Det administrative ansvaret gjer at det ansvarlege organet kan gå langt i å setje rammer for saksbehandlinga utan at det faglege sjølvstendet stenger for dette, jf. Prop. 1 S (2019–2020) for Finansdepartementet. Organisering av oppgåveløysinga, saksbehandlingstid og måloppnåing er eksempel på kva overordna organ kan gje føringar om.
Løyvingane til Skatteklagenemnda og sekretariatet vert frå og med 2020 gjort på eit eige budsjettkapitel. Utgiftene til nemnda og sekretariatet vart tidlegare løyvt på kap. 1618 Skatteetaten, post 01 Driftsutgifter.
Resultat i 2021
Saksproduksjonen i Skatteklagenemndas sekretariatet har i 2021 vore negativt påverka av koronapandemien, sidan heimekontor har gjort saksbehandlinga meir krevjande. Restansane ved sekretariatet vart likevel redusert med om lag 400 saker i 2021. Totalt har 1 157 klagesaker vorte behandla i 2021. Frå 2018 til 2021 er det totale talet på ubehandla saker redusert frå 2 550 til 1 672. Sekretariatet har i 2021 fortsett å prioritere arbeid med å redusere dei eldste restansane. Delen ubehandla saker som er eldre enn eit år er lågare enn i 2020, men framleis for høg. Samla saksbehandlingstid for sakene som vert sende til nemnda, er framleis for lang.
Mål og prioriteringar i 2023
Finansdepartementet fastset følgjande hovudmål for Skatteklagenemndas sekretariat for 2023:
Saksførebuinga for Skatteklagenemnda skal vere effektiv og ha god kvalitet.
Viktige prioriteringar i 2023 vert:
Talet på ubehandla saker ved Skatteklagenemndas sekretariat er framleis for høgt. Skatteklagenemndas sekretariat må i 2023 halde fram arbeidet for å effektivisere saksbehandlinga. Det er viktig å redusere talet på ubehandla saker og eldre restansar vesentleg. For å få ei meir effektiv saksbehandling, må Skatteklagenemndas sekretariat gjere systematiske vurderingar av organiseringa av dei interne arbeidsprosessane og korleis fagkompetansen i sekretariatet kan verte utnytta best mogleg.
Departementet vil framleis følgje opp arbeidet med å redusere saksbehandlingstida i Skatteklagenemndas sekretariat.
Budsjett for 2023
Budsjettramma for Skatteklagenemnda er for 2023 sett til 73,8 mill. kroner.
Post 01 Driftsutgifter
Posten omfattar løn til tilsette i Skatteklagenemndas sekretariat, godtgjering til nemndmedlemane, arbeidsgjevaravgift, pensjon og andre personalutgifter samt enkelte andre driftsutgifter. Fordi det er Skatteetaten som har inngått dagens leigeforhold og Skatteklagenemnda bruker etatens IT-system, vert utgifter til eigedom, inventar, IT-utstyr mv. dekte over kap. 1618.
Programkategori 23.30 Offisiell statistikk
Utgifter under programkategori 23.30
(i 1 000 kr) | |||||
---|---|---|---|---|---|
Kap. | Nemning | Rekneskap 2021 | Saldert budsjett 2022 | Forslag 2023 | Endring i pst. |
1620 | Statistisk sentralbyrå | 864 982 | 895 547 | 914 431 | 2,1 |
Sum kategori 23.30 | 864 982 | 895 547 | 914 431 | 2,1 |
Kap. 1620 Statistisk sentralbyrå
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2021 | Saldert budsjett 2022 | Forslag 2023 |
01 | Driftsutgifter | 621 669 | 647 753 | 691 423 |
21 | Spesielle driftsutgifter, kan overførast | 233 257 | 244 194 | 219 308 |
45 | Større utstyrskjøp og vedlikehald, kan overførast | 10 056 | 3 600 | 3 700 |
Sum kap. 1620 | 864 982 | 895 547 | 914 431 |
Samfunnsoppdrag og organisering
I statistikklova heiter det at Statistisk sentralbyrå (SSB) «er den sentrale myndigheten for utvikling, utarbeiding og formidling av offisiell statistikk i Norge». Offisiell statistikk gjev viktig kunnskap om korleis samfunnet er bygd opp, korleis det verkar og korleis det utviklar seg. Statistikk medverkar til allmenn folkeopplysing, er grunnlag for analyse, forsking, planlegging og styring både for private og for styresmaktene, og legg til rette for eit opplyst offentleg ordskifte. Lova gjev SSB eit todelt samfunnsoppdrag. I tillegg til statistikk skal SSB «drive med forsking og analyse», retta mot regjeringa og sentralforvaltninga, Stortinget og partane i arbeidslivet.
Statistikklova slår fast at SSB er fagleg sjølvstendig i utføringa av oppgåvene verksemda er tillagt gjennom lova. Dette er avgjerande for den tillita og autoriteten offisiell statistikk må ha.
Lova gjev SSB ei sentral rolle i å samordne og kvalitetssikre den offisielle statistikkproduksjonen på tvers av offentlege statistikkprodusentar, mellom anna gjennom si leiing av Utvalet for offisiell statistikk.
Ved utgangen av 2021 hadde verksemda ein arbeidsstokk tilsvarande 762 utførte årsverk, ein moderat auke frå eit år tidlegare. I tillegg utgjorde intervjuarar 40 årsverk.
Talet på tilsette i SSB er redusert frå over 1 000 til om lag 830 dei seinaste ti åra. Krav til vidare effektivisering kan tilseie at talet på tilsette vert redusert ytterlegare.
SSB har kompetansemiljø både på Kongsvinger og i Oslo. Om lag 64 pst. av dei tilsette i 2021 arbeidde i Oslo og 36 pst. på Kongsvinger.
Finansdepartementet har oppnemnt Utvalet for offisiell statistikk. Utvalet er i hovudsak sett saman av statistikkprodusentar og eigarar av sentrale offentlege register som vert nytta til offisiell statistikk. Regjeringa vedtek periodiske nasjonale statistikkprogram som skal ramme inn den offisielle statistikken i Noreg. SSB leiar arbeidet med programforslaga, i samråd med Utvalet for offisiell statistikk. Framlegg til nasjonalt statistikkprogram for neste periode skal sendast departementet innan 1. november 2022.
Med heimel i statistikklova oppnemner Regjeringa representantar til Rådet for SSB for periodar av fire år. Rådet skal medverke til at dei oppgåvene som vert lagde til SSB, vert utførte på best mogleg måte. Rådet skriv årleg ein rapport om SSBs verksemd. SSB har òg rådgjevande utval og andre brukarforum for ei rekkje statistikkområde og kjem der i dialog med viktige brukarar av statistikken.
SSB har hovudansvaret for Noregs deltaking i internasjonalt statistisk samarbeid. Dette samarbeidet er med på å heve kvaliteten på norsk statistikk og legg til rette for å samanlikne norsk og internasjonal statistikk. Samstundes legg særleg EØS-avtalen sterke føringar på den norske statistikkproduksjonen. Forordning (EU) nr. 223/2009 om europeisk statistikk («Den europeiske statistikklova») inneheld retningsliner for å utvikle, utarbeide og formidle europeisk statistikk og er gjort gjeldande i norsk rett. Saman med Dei Sameinte Nasjonane sine grunnleggjande prinsipp for offisiell statistikk, utgjer desse retningslinene eit internasjonalt rammeverk for verksemda til SSB.
Resultat i 2021
Statistikk av høg kvalitet som dekkjer viktige sider av samfunnet, er eit hovudmål for SSB. Det er sett kvantitative mål for viktige indikatorar som skal underbyggje SSBs arbeid med å levere relevant statistikk av høg kvalitet. Indikatorane er òg forankra i dei europeiske retningslinene for statistikk.
Nedanfor følgjer ein omtale av resultata for sentrale resultatindikatorar for statistikkproduksjonen i 2021.
Aktualitet
Som mål på aktualitet i statistikken nyttar ein talet på veker frå referanseperioden går ut til statistikken vert publisert. Den gjennomsnittlege produksjonstida for statistikkane var betre enn målet sett av Finansdepartementet i 2021, og for månadsstatistikkane har produksjonstida avteke vidare frå 2020, mens kvartalsstatistikkane har same produksjonstid som i 2020. Årsstatistikkane har hatt ein liten auke frå 2020. SSB har over fleire år arbeidd målretta med effektivisering av statistikkproduksjonen.
Tabell 5.5 Aktualiteten til statistikken – veker frå utgangen av referanseperioden til publisering
2017 | 2018 | 2019 | 2020 | 2021 | |
---|---|---|---|---|---|
Månadsstatistikk | 3,6 | 3,6 | 3,7 | 3,5 | 3,3 |
Kvartalsstatistikk | 8,1 | 8,0 | 7,7 | 7,3 | 7,3 |
Årsstatistikk | 33,1 | 33,2 | 32,5 | 29,9 | 30,6 |
Svarrespons
For at statistikken skal halde høg kvalitet, er det viktig at ein så stor del av dei statistiske einingane som mogleg tek del i undersøkingane. Statistikklova gjev SSB heimel til å bruke opplysningsplikt ved innsamling av data og eventuelt tvangsmulkt ved manglande levering. SSB har arbeidd målretta med å halde svarprosentane høge under koronapandemien, gjennom mellom anna tett samarbeid med bransjeorganisasjonane. Svarresponsen for både undersøkingar med oppgåveplikt og frivillige undersøkingar avtok difor berre moderat i 2020, og for undersøkingar med oppgåveplikt har den auka igjen i 2021.
Tabell 5.6 Svarrespons i undersøkingar frå SSB. Prosent
Undersøkingar: | 2017 | 2018 | 2019 | 2020 | 2021 |
---|---|---|---|---|---|
Med oppgåveplikt | 96 | 96 | 96 | 94 | 96 |
Frivillige | 54 | 61 | 58 | 56 | 55 |
Oppgåvebør
Det er eit viktig mål å minke oppgåvebøra til næringslivet. Tilrettelegging for elektronisk rapportering er eit viktig verktøy for å halde oppgåvebøra låg. Nær all rapportering til SSB skjedde elektronisk i 2021. Om lag eit av ti føretak i privat sektor rapporterer til SSB i ei eller fleire undersøkingar, og større verksemder ber ei større del av børa. Oppgåvebøra har minka over tid, sjølv om større, periodevise undersøkingar kan gje store svingingar frå eit år til det neste. SSB arbeider med å utvikle og ta i bruk nye kjelder og har i 2021 særleg arbeidd med stordata.
Tabell 5.7 Oppgåvebør ved rapportering til SSB. Årsverk
2017 | 2018 | 2019 | 2020 | 2021 | |
---|---|---|---|---|---|
Næringslivet i alt | 81 | 75 | 73 | 69 | 65 |
Personar og offentlege institusjonar | 15 | 12 | 16 | 17 | 15 |
Aktive statistikkar
I 2021 hadde SSB 294 aktive statistikkar, ei forsiktig nedgang frå året før, sjå tabellen nedanfor. Nedgangen her gjennom fleire år kjem i stor grad av at ein har slått saman statistikkar for å gje meir heilskaplege bilete av tema. Regjeringa har vedteke eit nasjonalt statistikkprogram som i stor grad vil avgjere kva for statistikk som vert publisert framover.
Tabell 5.8 Statistikkpubliseringar
2019 | 2020 | 2021 | |
---|---|---|---|
Antall aktive statistikkar | 307 | 303 | 294 |
SSB måler òg feil i statistikkane sine. Det vart i 2021 avdekt to feil i SSB sine tal for utslepp til luft. SSB føretek regelmessige områdegjennomgangar av statistikkane sine for å avdekkje feil og finne moglegheiter for utvikling eller effektivisering av eige arbeid.
Samla resultatvurderine
SSBs samfunnsoppdrag er å levere statistikk, analysar og forsking av høg kvalitet til nytte for det norske samfunnet. SSB har gjennomført dette oppdraget på ein god måte i 2021, trass i dei utfordringane koronapandemien har gjeve. SSB har jamt over hatt eit resultat på line med både 2019 og 2020, sjølv med mykje ekstra arbeid i samband med at ny statistikklov har vorte implementert. Verksemda må heile tida arbeide vidare med å betre måloppnåinga.
Viktige utfordringar framover
Moderne demokratiske samfunn må understøttast av truverdig offisiell statistikk. Det vert stadig viktigare med fakta som er både uavhengige og kvalitetssikra. Statistikk, forsking og analyse skal medverke til innsikt i samfunnsutviklinga, gje grunnlag for det offentlege ordskiftet og gjere det mogleg å ta avgjerder på informert grunnlag. Dette stiller krav til at SSB utviklar statistikken og analysane, til høg aktualitet og ikkje minst til evna til å formidle resultat. På denne måten bidreg SSB òg til å motverke spreiing av falske nyhende.
Koronapandemien har vore ei særskild utfordring for statistikkproduksjonen, og SSB har lagt ned mykje arbeid i å redusere konsekvensane av utsett eller manglande innrapportering som følgje av pandemien. Også i krisetid er det viktig at SSB har grunnlag for å lage god og oppdatert statistikk som klargjer viktige samfunnsspørsmål.
Eit nasjonalt program for offisiell statistikk vart vedteke av regjeringa i 2020. SSB skal framleis vere den sentrale produsenten av offisiell statistikk og må òg ta ei større rolle som samordnar og kvalitetssikrar av statistikk frå alle myndigheiter som etter programmet er ansvarlege for offisiell statistikk. Statistikk som vert omfatta av programmet, må møte krava til kvalitet som er felte ned i både norsk og europeisk regelverk, og ein rapport om kvaliteten på offisiell statistikk skal produserast årleg.
Den offisielle statistikken i Europa skal ha høg kvalitet og tillit hos brukarane. For å sikre dette, vert det jamleg gjennomført fagfellevurderingar av statistikkproduksjonen i dei europeiske landa. I perioden 2021–2023 skal alle medlemslanda i det europeiske statistikksystemet gjennom ei slik fagfellevurdering.
Fagfellevurderinga av det norske statistikksystemet vart gjennomført av eit europeisk ekspertteam hausten 2021. Teamet hadde tett kontakt med SSB, Fiskeridirektoratet, Folkehelseinstituttet, Norsk institutt for bioøkonomi og Utlendingsdirektoratet, som alle rapporterer til den europeiske statistikkmyndigheita Eurostat. Ekspertane fekk òg innspel i møte med brukarar av offisiell statistikk frå offentlege myndigheiter, interesseorganisasjonar, forskingsinstitutt og norske media. Rapporten vart publisert i juni 2022 på Eurostat og SSB sine nettsider.
Teamet si hovudoppfatning er at det er gjort godt arbeid med å utvikle det norske statistikksystemet sida fagfellevurderinga i 2014. Evalueringa trekk særleg fram det nye rammeverket for offisiell statistikk, med ny statistikklov, nytt nasjonalt program for offisiell statistikk og etableringa av Utvalet for offisiell statistikk, som framsteg. Rapporten legg òg vekt på den høge tilliten som SSB og offisiell statistikk har i den norske offentlegheita.
Ekspertteamet fann inga forhold som er i strid med retningslinene for europeisk statistikk. Rapporten inneheld derimot 15 oppmodingar på område der teamet meiner SSB og dei andre statistikkprodusentane kan verte betre. Mellom anna vart det oppmoda om å vidareutvikle det nasjonale programmet for offisiell statistikk og lage ein tiltaksplan for å forbetre kvaliteten i det norske statistikksystemet.
Forventingane til digitale tenester vert stadig større, endringar skjer raskare og det er krav til at data vert gjort tilgjengeleg raskt og er betre tilpassa brukarane. Veksten i datamengda vil truleg gå endå raskare framover og gjer det mogleg å skape ny innsikt. Nye teknologiske løysingar vil kunne gje SSB meir avanserte analysemetodar som òg er betre eigna for bruk når SSB tek i bruk fleire datakjelder. Vidare vil løysingar baserte på maskinlæring, kunne medverke til meir automatisering, effektivisering og standardisering av statistiske produksjonsprosessar og betre formidling. Slik effektivisering vil vere viktig i møte med venta strammare økonomiske rammer i offentleg sektor framover. Samstundes inneber desse omveltingane store utfordringar, og verksemda må prioritere investeringar i mellom anna kompetanse, datalager, nye løysingar og auka sikkerheit.
Det er ei føresetnad for utviklingsprosjekta i SSB at mykje data skal flyttast over til sky. Det største utviklingsprosjektet byggjer på dei same elementa som vert utvikla i samband med Skatteetatens prosjekt Sirius. SSB vil leggje til rette for at desse løysingane òg kan nyttast i annan statistikkproduksjon.
Datamaterialet som SSB samlar inn, skal vere vårt felles faktagrunnlag og bør kome alle til gode. Ny statistikklov gjev forvaltinga enklare tilgang på mikrodata for statistiske og analytiske føremål. Det er etablert nye retningsliner for deling og prising av data frå byrået. Desse skal betre transparens og bidra til at både produksjonstid og kostnad vert meir forutsigbart for brukarar. Det er høg etterspurnad etter mikrodata frå SSB. SSB må arbeide kontinuerleg med å gjere det enklare og raskare for forskarar og styresmakter å få tilgang til slike data, samstundes som datatryggleik og personvern er høgt prioritert.
Microdata.no-portalen skal gje forskarar og studentar lettare og betre tilgang til registerdata, og han skal òg frigjere ressursar hos SSB. SSB har i samarbeid med SIKT (Kunnskapssektorens tenesteleverandør), fått innvilga midlar til ein fase 2 av prosjektet frå Noregs forskningsråd. Fase 2 vil opne for klårt fleire variablar. Prioriteringa av variablane vert i stor grad basert på etterspurnaden frå brukarane og vil òg gje høve til å kople data frå SSB med eigne tredjepartsdata hos forskarane. SSB vektlegg kompatibilitet med andre, offentlege dataplattformer. Det er nedsett eit brukarråd for ordninga slik at ho skal møte behova hos brukarane og avlaste arbeidet med anna tilgjengeleggjering av data.
SSB må prioritere å gjere data tilgjengeleg både gjennom microdata.no-løysinga og samstundes vareta gode og sikre tenester for tradisjonell tilgjengeleggjering.
Statistikk er omfattande regulert i EØS-avtalen. Nasjonale statistikkrav må sjåast i samanheng med og tilpassast krava frå EU, mellom anna dei nye krava til Arbeidskraftundersøkinga (AKU) og undersøkinga om levekår som utgjer ein del av ei ny rammeverksforordning om sosialstatistikk. SSB må òg innarbeide nye krav frå den europeiske rammeverksforordninga for næringsstatistikk. Forordninga gjev nye føringar om statistikk for fleire næringar, mellom anna undervisning, helse- og sosialtenester, kulturell verksemd, underhaldning og fritidsaktivitetar, finanstenester og anna tenesteyting, samt for hyppigare statistikk om tenestenæringar.
Mål og prioriteringar i 2023
SSBs samfunnsoppdrag, hovudmål og oppgåver er fastsette i statistikklova § 17 og skal liggje til grunn for verksemda i 2023:
Statistisk sentralbyrå er den sentrale myndigheten for utvikling, utarbeiding og formidling av offisiell statistikk i Norge.
Statistisk sentralbyrå skal også drive med forskning og analyse.
Statistisk sentralbyrå kan påta seg andre oppgaver i den grad disse understøtter virksomheten som nevnt i første og annet ledd.
I tillegg skal SSB leie Utvalet for offisiell statistikk som skal bidra til samordning og utvikling av offisiell statistikk og gje råd om utarbeiding og formidling av statistikken. I 2023 skal SSB bidra i arbeidet med regjeringas vedtak av den kommande programperioden for det nasjonale statistikkprogrammet.
Måla som skal ligge til grunn for SSBs verksemd dei neste åra, er at SSB skal:
vere den fremste leverandøren av fakta om norske samfunnsforhold
sikre samarbeid, heilskap og kvalitet i det norske statistikksystemet
samle inn, bruke og dele data til beste for samfunnet
Måla skal bidra til at SSB har naudsynt tillit, truverd og leverer produkt og tenester i tråd med brukarbehov, samt til at statistikk, forsking og analyse held god kvalitet. SSB skal òg vareta fagleg sjølvstende, kvalitet og kontinuitet i heile det norske offisielle statistikksystemet. Vidare skal verksemda medverke til kvalitet og kontinuitet i grunnlagsdata og utnytte veksten i nye datakjelder. Innhenting, bruk og deling av data skal gjerast effektivt, og folk skal ha tillit til at SSB handsamar data og informasjon konfidensielt og sikkert.
Departementet venter at resultata i 2023 samla sett skal vere minst like gode som i 2021. I resultatvurderinga vil departementet leggje vekt på heilskapen i verksemda. I det daglege arbeidet er det naudsynt at SSB veg kvalitet opp mot effektivitet.
Viktige prioriteringar i 2023
Heilskap og kvalitet i statistikksystemet
Statistikklova seier at SSB er den sentrale myndigheita for utarbeiding, utvikling og formidling av offisiell statistikk, og skal ha rolla som samordnar og kvalitetssikrar av statistikk frå alle produsentane i det norske statistikksystemet. Dette vil vere ei viktig oppgåve framover.
Det er vedteke eit nasjonalt program for offisiell statistikk for 2021 til 2023. Fyrste program gjeld ein kort periode, og SSB skal hausten 2022 oversende framlegg til program som skal dekkje behovet for statistikk i neste periode. SSB må i 2023 rekne med å bidra i regjeringa sitt arbeid med handsaming og vedtak av nytt program som skal gjelde frå 2024. Framlegget skal fremjast etter samråd med Utvalet for offisiell statistikk, og utvalet bør òg involverast i oppfølginga av regjeringas handsaming i 2023.
SSB skal utvikle og fremje tiltak for kvalitetssikring og kompetansebygging innan det norske statistikksystemet i samråd med Utvalet for offisiell statistikk. Eit system for kvalitetssikring er etablert, og årlege rapportar om kvaliteten i den norske offisielle statistikken skal publiserast. Desse rapportane vil gje grunnlag for å vurdere tiltak for betre kvalitet i offisiell statistikk og endringar i systemet for kvalitetssikring.
Offisiell statistikk skal være lett tilgjengeleg for brukarane. SSB skal utvikle ei plattform for offisiell statistikk som er integrert med ssb.no. Nettsida gjev informasjon om det norske statistikksystemet og har inngangar til offisiell statistikk hos andre produsentar. Plattforma skal gradvis byggjast ut i samarbeid med produsentane og etter samråd med Utvalet for offisiell statistikk.
SSB er ein viktig premissgjevar som skal vere til stades i offentlegheita, bidra med statistikk om heile samfunnet, sjå statistikkar i samanheng og gjere analysar av aktuelle saker. Verda vert meir komplisert, og det er viktig å nytte data frå fleire og nye kjelder for å belyse samanhengane. SSB må difor fange opp og utvikle relevante statistikkar og statistikkområde og gode formidlingsmetodar innanfor tilgjengelege ressursar. Gjennom å leie Utvalet for offisiell statistikk og ha eit utvida ansvar for samordning, skal SSB òg kunne følgje opp at alle dei offisielle produsentane i statistikksystemet bidrar til dette.
Leiande miljø for anvendt forsking på norsk økonomi
SSB skal drive forsking og analyse i den grad det krevst for å kunne utvikle, utarbeide og formidle offisiell statistikk på ein god måte. Det vil stadig vere naudsynt å forske på statistiske metodar. Aukande tilfang av nye datakjelder gjer at nye problemstillingar vil dukke opp.
Statistikklova § 17 slår òg fast at SSB skal drive forsking og analyse på norsk økonomi ut over det som krevst i samband med statistikkproduksjonen. Det er lange tradisjonar for slik forsking i SSB. Saman med statistikken har dette arbeidet lagt til rette for ei god forståing av samfunnet og samfunnsutviklinga. Modellane er sentrale for både verksemda sitt eige arbeid med mellom anna prognosar og til dømes som grunnlag for avgjerder, analysar og politikkutvikling i sentraladministrasjonen, Stortinget og hos partane i arbeidslivet.
Betre produkt og tenester
Offisiell statistikk skal vere til allmenn nytte. Folk hentar informasjon om samfunnet og samfunnsutviklinga frå mange kjelder. For at SSB skal vere ei relevant og aktuell kjelde som vert brukt, må vidare utvikling av SSB òg skje i dialog med brukarar, registereigarar og andre dataforvaltarar. Brukarbehova vil vere viktige for utvikling, produksjon og formidling av statistikk, analysar og forsking.
Eit godt samarbeid med registereigarane og andre dataeigarar kan òg medverke til å redusere oppgåvebøra for næringslivet og andre, gje registerdata med betre kvalitet og sikre tilgang til nye datakjelder. For næringslivet vil betre skjema for sjølvadministrerte undersøkingar, auka bruk av data direkte frå næringane sine eigne system og auka bruk av ukonvensjonelle datakjelder vere viktig.
SSB skal òg fortsetje arbeidet med å betre tenesta for tilgjengeleggjering av mikrodata. Mikrodata skal gjerast tilgjengeleg for forskarar og styresmakter på ein effektiv og føreseieleg måte, både ved tradisjonell tilgjengeleggjering og ved å vidareutvikle dei nye tekniske løysingane for datatilgang, lansert gjennom microdata.no. SSB må ha god dialog med brukarane og finne praktiske løysingar for forskarar og forvaltninga. SSB skal arbeide for å utvide bruken av microdata.no og utvikle løysingar for deling av data til sikre analyserom.
Utvikling og effektivisering
Teknologiske endringar gjev tilgang på meir data og nye datakjelder. Det skapar nye høve til statistikkutvikling, men fører òg til auka etterspurnad etter statistikk og analysar frå SSB. SSB må bruke stordata og nye metodar for å utvikle ny statistikk og nytte ressursane sine betre. Det er naudsynt å effektivisere og fornye, og ikkje minst å frigjere ressursar som kan gje rom for utvikling. SSB må heile tida utvikle statistikkproduksjonen for å møte auka krav frå brukarane, samstundes som verksemda skal effektiviserast. I det daglege arbeidet er det naudsynt at verksemda veg effektivitet opp mot andre kvalitetsindikatorar.
Arbeidet med dei fyrste utviklingsprosjekta for å etablere ei moderne IT-plattform starta i 2018. Utviklingsarbeidet inneber mellom anna nye løysingar for datalagring og datafangst og prosessforbetringar i dei statistikkproduserande avdelingane. Rutineprosessar som i dag krev mykje arbeidsinnsats, kan i større grad standardiserast og automatiserast, og slik skape rom for å nytte fleire nye datakjelder og lage meir statistikk, analyse og formidling som er godt tilpassa ulike brukaromsyn. I tillegg til at forenkla produksjonsprosessar kan gje rom for vidare kontinuerleg utvikling, vil auka bruk av nye datakjelder òg medverke til å redusere oppgåvebøra for oppgåvegjevarar.
Det største utviklingsprosjektet byggjer på dei same elementa som vert utvikla i samband med Skatteetatens prosjekt Sirius. SSB vil leggje til rette for at desse løysingane òg kan nyttast i annan statistikkproduksjon.
Transaksjonsdata, kvitteringsdata frå daglegvarekjedene og andre stordata kan gjere at arbeidet med statistikk vert meir effektivt, at oppgåvebøra vert mindre tung og at statistikken vert meir rettvisande eller kan dekkje nye område. SSB har allereie stødd seg på aggregerte transaksjonsdata for å betre kvaliteten på førebels nasjonalrekneskap i 2020, og arbeider no med å kunne nytte same data for å lage betre indeksar for omsetjing i detaljhandelen og nokre av tenestenæringane. Bruken av desse data kan òg lette oppgåvebøra for næringslivet og gje moglegheit for auka aktualitet. I 2022 gjennomfører SSB ei ny forbruksundersøking og utforskar å nytte meir detaljerte transaksjonsdata. Erfaringane så langt er at transaksjonsdata og kvitteringsdata er gode kjelder til å betre kvaliteten på undersøkinga. Kanskje kan dei òg minske oppgåvebøra for privatpersonar og gje grunnlag for hyppigare statistikk om forbruket i dei norske hushalda.
Informasjonstryggleik
SSB forvaltar store mengde data om personar og verksemder, og folk skal ha tillit til at SSB handsamar data og informasjon konfidensielt og sikkert. Det er difor særs viktig at SSB har god informasjonstryggleik. Det digitale risikobiletet er prega av at både framande makter og kriminelle aktørar bruker store ressursar og avanserte metodar for å tileigne seg data. SSB må jamleg gjennomføre testar for å forsikre seg om at tryggleiken er god nok, og dersom det vert avdekt svakheiter, skal det straks setjast i gang tiltak.
Kompetente og motiverte leiarar og medarbeidarar
Tilsette med rett kompetanse er avgjerande for at SSB skal levere gode resultat. Behovet for kompetanse endrar seg i takt med den teknologiske utviklinga og etterspurnaden etter ny statistikk.
Med dei store endringane verksemda har vore i og skal gjennom, er det særskild viktig å halde på og utvikle kjernekompetansen, og å behalde eit godt arbeidsmiljø.
Modernisering av SSBs produksjonssystem vil gje store endringar i arbeidsprosessane. SSB vil difor utvikle kompetansen slik at verksemda kan meistre endringane som moderniseringa gjev, og slik at dei tilsette har grunnlag for å meistre nye oppgåver.
Internasjonalt samarbeid
SSB skal delta aktivt i internasjonalt samarbeid på statistikkområdet med samordning, til informasjonsdeling og kompetanseutvikling. Det internasjonale samarbeidet inneber at det vert sett særskilde krav til innhald, omfang og kvalitet i statistikkane. I stor grad samsvarer slike internasjonale krav med SSBs prioriteringar og gjev føringar for utvikling av nye statistikkområde.
Eurostat har gjennomført ei fagfellevurdering av det norske statistikksystemet. SSB vil vurdere og følgje opp tilrådingar frå rapporten i 2022 og 2023.
SSBs utviklingssamarbeid vert gjennomført i samarbeid med Utanriksdepartementet og Norad og er i tråd med norsk utviklingspolitikk.
Budsjett for 2023
Departementet gjer framlegg om å setje budsjettramma til SSB for 2023 til 914 mill. kroner. Løyvinga skal brukast i samsvar med dei mål og prioriteringar som er omtalte ovanfor.
Post 01 Driftsutgifter
Posten omfattar utgifter til løn, opplæring, leige og drift av kontorlokale, reiser, kontorutstyr o.a. For 2023 gjer departementet framlegg om ei løyving på 691,4 mill. kroner som er 6,7 pst. meir enn Saldert budsjett 2022. Auka gjeld i hovudsak ei flytting av midlar mellom grunnløyvinga og marknadsoppdrag.
I samband med førebuingane til komande statistikkprogram, har regjeringa vedteke å samle statsforvaltinga si direkte finansiering av offisiell statistikk på grunnløyvinga til offisielle statistikkprodusentar. For SSB inneber dette samla ei overføring på 30,85 mill. kroner, fordelt på fleire departement og statlege verksemder. Overføringane skal ikkje ha netto verknad på budsjettet til SSB, ettersom midlane tidlegare vart omfatta av marknadsoppdraget til SSB. I praksis er midla derfor omdisponert frå post 21 til post 01.
Sjå tabellen nedanfor.
Offisiell statistikk – rammeoverføringar frå departement og etatar
Kap. | Post | Nemning | Beløp i 1 000 kr |
---|---|---|---|
141 | 01 | Norad, Driftsutgifter | 200 |
326 | 01 | Språk- og bibliotekformål | 170 |
335 | 73 | Medieformål, Medietiltak | 2 370 |
351 | 21 | Likestilling og ikke-diskriminering, Spesielle driftsutgifter | 130 |
352 | 21 | Nedsatt funksjonsevne, Spesielle driftsutgifter | 770 |
400 | 23 | Spesielle driftsutgifter, forsking, evaluering og kunnskapsinnhenting | 1 110 |
480 | 50 | Svalbardbudsjettet, Tilskudd | 60 |
577 | 01 | Tilskudd til de politiske partier, Driftsutgifter | 2 520 |
601 | 01 | Arbeids- og inkluderingsdepartementet, Spesielle driftsutgifter | 4 730 |
605 | 01 | Arbeids- og velferdsetaten, Driftsutgifter | 3 030 |
671 | 21 | Bosetting av flyktninger og tiltak for innvandrere, Spesielle driftsutgifter | 1 480 |
840 | 21 | Tiltak mot vold og overgrep, Spesielle driftsutgifter | 240 |
846 | 21 | Familie- og oppveksttiltak, Spesielle driftsutgifter | 120 |
858 | 01 | Barne-, ungdoms- og famlieetaten, Driftsutgifter | 780 |
881 | 21 | Tilskudd til trossamfunn m.m., Spesielle driftsutgifter | 630 |
900 | 21 | Nærings- og fiskeridepartementet, Spesielle driftsutgifter | 1 070 |
1100 | 21 | Landbruks- og matdepartementet, Spesielle driftsutgifter | 170 |
1140 | 01 | Høstbare viltressurser – forvaltning og tilskudd til viltformål (Viltfondet) m.m., Driftsutgiftter | 2 700 |
1142 | 01 | Landbruksdirektoratet, Driftsutgifter | 40 |
1300 | 01 | Samferdselsdepartementet, Driftsutgifter | 340 |
1301 | 21 | Forskning og utvikling mv., Utredninger vedrørende miljø, trafikksikkerhet mv. | 1 220 |
1410 | 21 | Kunnskap om klima og miljø, Miljødata | 1 980 |
1420 | 21 | Miljødirektoratet, Spesielle driftsutgifter | 650 |
1428 | 50 | Enova SF, Overføring til Klima- og energifondet | 850 |
1600 | 21 | Finansdepartementet, Spesielle driftsutgifter | 2 800 |
1800 | 21 | Olje- og energidepartementet, Spesielle driftsutgifter | 400 |
1820 | 01 | Norges vassdrags- og energidirektorat, Driftsutgifter | 400 |
2421 | 50 | Innovasjon Norge, Tilskudd til etablerere og bedrifter, inkl. tapsavsetninger | 250 |
Offisiell statistikk som vert direkte finansiert av Kunnskapsdepartementet og Kunnskapsdepartementets verksemder, er førebels ikkje rammeoverført, men vil verte overførte etter eigen avtale i eit seinare budsjettframlegg.
Post 21 Spesielle driftsutgifter, kan overførast
Spesielle driftsutgifter er knytte til brukarfinansierte oppdrag. For 2023 gjer departementet framlegg om ei løyving på 219,3 mill. kroner, 10,2 pst. lågare enn for 2022. Reduksjonen må sjåast i samanheng med overføring av midlar frå 21-posten til grunnløyvinga til SSB, i førebuing til nytt statistikkprogram.
Ved brukarfinansierte oppdrag vert utgiftene posterte på kap. 1620 Statistisk sentralbyrå, post 21 Spesielle driftsutgifter. Inntekta frå slike oppdrag skal dekkje utgiftene og vert postert på kap. 4620 Statistisk sentralbyrå, post 02 Oppdragsinntekter.
SSB kan overskride løyvinga til oppdragsverksemda på kap. 1620, post 21 Spesielle driftsutgifter, med eit beløp som svarer til meirinntektene på kap. 4620, post 02 Oppdragsinntekter. Eventuelle unytta meirinntekter kan reknast med ved utrekning av beløp som kan overførast på post 21, jf. framlegg til romartalsvedtak II.2.
Post 45 Større utstyrskjøp og vedlikehald, kan overførast
Framlegget gjev om lag uendra løyving frå 2022.
Kap. 4620 Statistisk sentralbyrå
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2021 | Saldert budsjett 2022 | Forslag 2023 |
02 | Oppdragsinntekter | 220 141 | 253 194 | 222 808 |
85 | Tvangsmulkt | 15 368 | 10 000 | 10 000 |
Sum kap. 4620 | 235 509 | 263 194 | 232 808 |
Post 02 Oppdragsinntekter
Sjå omtale under kap. 1620, post 21.
Oppdragsinntektene er førte opp med 3,5 mill. kroner meir enn utgiftene på kap. 1620, post 21. Inntektene skal overstige utgiftene med meirverdiavgifta i samband med brukarfinansierte oppdrag, og som vert å belaste kap. 1633 Nettoordning, statleg betalt meirverdiavgift. Desse utgiftene er vurderte til 3,5 mill. kroner.
Post 85 Tvangsmulkt
SSB har med heimel i statistikklova høve til å ileggje tvangsmulkt. Mulktene vert som hovudregel utmålte med utgangspunkt i rettsgebyret.
Programkategori 23.40 Andre føremål
Utgifter under programkategori 23.40 fordelte på kapittel
(i 1 000 kr) | |||||
---|---|---|---|---|---|
Kap. | Nemning | Rekneskap 2021 | Saldert budsjett 2022 | Forslag 2023 | Endring i pst. |
1632 | Kompensasjon for meirverdiavgift | 29 750 763 | 31 180 000 | 32 700 000 | 4,9 |
1633 | Nettoordning, statleg betalt meirverdiavgift | 8 395 984 | 9 100 000 | 9 300 000 | 2,2 |
1634 | Kompensasjon for inntektssvikt som følgje av koronaviruset | 429 306 | 0,0 | ||
1645 | Statleg garantiordning for lån til små og mellomstore føretak | 3 000 | 4 000 | 4 000 | 0,0 |
Sum kategori 23.40 | 38 579 053 | 40 284 000 | 42 004 000 | 4,3 |
Kap. 1632 Kompensasjon for meirverdiavgift
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2021 | Saldert budsjett 2022 | Forslag 2023 |
61 | Tilskot til kommunar og fylkeskommunar, overslagsløyving | 27 469 462 | 28 900 000 | 30 200 000 |
72 | Tilskot til private og ideelle verksemder, overslagsløyving | 2 281 301 | 2 280 000 | 2 500 000 |
Sum kap. 1632 | 29 750 763 | 31 180 000 | 32 700 000 |
Post 61 Tilskot til kommunar og fylkeskommunar, overslagsløyving
Med verknad frå 1. januar 2004 vart det innført ei allmenn ordning der kommunar og fylkeskommunar vert kompenserte for meirverdiavgift på kjøp av varer og tenester. Føremålet med ordninga er at meirverdiavgifta i minst mogleg mon skal påverke avgjerdene som kommunane tek om anten å levere avgiftspliktige tenester gjennom eigne tilsette eller å kjøpe dei frå private. Ordninga vart finansiert med ein reduksjon i dei frie inntektene til kommunane. Den allmenne kompensasjonsordninga kom i staden for ei avgrensa kompensasjonsordning som vart innført i 1995.
Samla momskompensasjon til kommunar og fylkeskommunar i 2023 er talfesta til 30 200 mill. kroner.
Kommunane sender inn oppgåver over meirverdiavgiftskompensasjon til avgiftsstyresmaktene annankvar månad slik som i det ordinære meirverdiavgiftssystemet, men det er òg mogleg å levere årsoppgåver. Utbetalingane skjer etter kvart og innan tre veker etter innsending. Dokumentasjonskrava i samband med innsending av kompensasjonskrav er forenkla ved at krava berre skal ha stadfesting frå revisor. Kompensasjonskrav frå private tenesteprodusentar kan sendast direkte til avgiftsstyresmaktene. Det er ei minstegrense på 20 000 kroner for kompensasjonsbeløp per år for at verksemder skal kome inn under ordninga. Ordninga gjeld nokre private og ideelle verksemder òg. Det er ein eigen tilskotspost for desse, jf. post 72.
Post 72 Tilskot til private og ideelle verksemder, overslagsløyving
For ikkje å medverke til konkurransevriding mellom kommunal og privat produksjon av sentrale velferdstenester er private og ideelle verksemder òg omfatta av ordninga. Det gjeld private og ideelle verksemder som utfører slike sosiale tenester og helse- og undervisningstenester som kommunane ved lov er pålagde å utføre. Det er på desse områda ein reknar med at kompensasjonsordninga i størst mon vil kunne gje kommunane ein konkurranseføremon framfor private verksemder utan avgiftsplikt. Dei private og ideelle verksemdene som er omfatta av ordninga, skal sende krav etter dei same kriteria som kommunane.
Departementet gjer framlegg om ei løyving på 2 500 mill. kroner under denne posten for 2023.
Kap. 1633 Nettoordning, statleg betalt meirverdiavgift
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2021 | Saldert budsjett 2022 | Forslag 2023 |
01 | Driftsutgifter, overslagsløyving | 8 395 984 | 9 100 000 | 9 300 000 |
Sum kap. 1633 | 8 395 984 | 9 100 000 | 9 300 000 |
Post 01 Driftsutgifter, overslagsløyving
Med verknad frå 1. januar 2015 vart det innført ei ordning med nettoføring av meirverdiavgift i ordinære statlege forvaltningsorgan. Nettoføringsordninga inneber at forvaltningsorgana som er inkluderte i ordninga, ikkje vert belasta meirverdiavgift for utgifter på postane 01–49 i budsjetta og rekneskapane sine, men fører utgiftene til meirverdiavgift på eit sentralt kapittel for meirverdiavgift under Finansdepartementet (kap. 1633, post 01). Det vil vere uvisse om løyvingsbehovet til ordninga i 2023 òg. Regjeringa foreslår ei løyving på 9 300 mill. kroner.
Kap. 1634 Kompensasjon for inntektssvikt som følgje av koronaviruset
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2021 | Saldert budsjett 2022 | Forslag 2023 |
21 | Spesielle driftsutgifter | 120 161 | ||
70 | Tilskott til verksemder med rett til stønad | 86 127 | ||
71 | Kompensasjonsordning for arbeidsgjevare i tiltakssona og på Svalbard | 1 457 | ||
72 | Stønad for å ta permitterte tilbake i jobb, overslagsløyving | 221 561 | ||
Sum kap. 1634 | 429 306 |
Post 21 Spesielle driftsutgifter
Våren 2020 vart det etablert ei mellombels tilskotsordning for føretak med stort omsetningsfall. Føremålet var å hindre at elles levedyktige føretak gjekk konkurs som følgje av virusutbrotet og dei smitteverntiltaka som vart innførte. Seinare kom det òg ei kompensasjonsordning for arbeidsgjevarar i tiltakssona og på Svalbard og ei ny, søknadsbasert ordning for å stimulere verksemder til å ta permitterte tilbake i jobb. Tidleg i 2022 kom det dessutan til ei særskilt lønsstønadsordning for føretak som vart ramma av smitteverntiltak. Samstundes vart det vedteke å løyve 105 mill. kroner på post 21.
Skatteetaten har fått ansvar for å administrere alle ordningane ved rettleiing, søknadsbehandling, vedtak, registrering av vedtak, utbetaling og tilbakebetaling av tilskot, oppfølging og kontroll. Ordningane innebar vesentlege ressursbehov i Skatteetaten i åra 2020–2022, med tida særleg med etterkontroll og innkrevjing av for mykje utbetalt stønad. Kontrollarbeidet vil truleg verte ferdig i 2022. Kostnader til innkrevjing vert dekte over kap. 1618 Skatteetaten, post 21 Spesielle driftsutgifter.
Avslutta stønadsordningar
Kompensasjonsordninga for føretak med stort omsetningsfall, med løyving over post 70, og tilskotsordninga for å ta permitterte tilbake i jobb, med løyving over post 71, vart båe avslutta i 2020. Tilskotsordninga for å ta permitterte tilbake i jobb, med løyving over post 72, vart avslutta i 2020, men så seint at ein stor del av utbetalingane kom i 2021.
Det har òg i 2022 vore nokre mindre utbetalingar på alle desse postane. For 2023 er utbetalingar her lite truleg.
Post 73 Lønsstønad til verksemder som er ramma av smittverntiltak, overslagsløyving
I januar 2022 vart det løyvd 4 300 mill. kroner på ny post 73 Lønsstønad til verksemder som er ramma av smitteverntiltak. Ved budsjettrevisjonen våren 2022 vart løyvinga redusert til 1 000 mill. kroner. Det vert ikkje gjort framlegg om løyving for 2023.
Kap. 1645 Statleg garantiordning for lån til små og mellomstore føretak
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2021 | Saldert budsjett 2022 | Forslag 2023 |
23 | Spesielle driftsutgifter til administrering av statleg garantiordning for små og mellomstore føretak | 3 000 | 4 000 | 4 000 |
Sum kap. 1645 | 3 000 | 4 000 | 4 000 |
Post 23 Spesielle driftsutgifter til administrering av statleg garantiordning for små og mellomstore føretak
Våren 2020 vart det som eit av tiltaka for å avhjelpe verknader av koronapandemien etablert ei garantiordning for lån til små og mellomstore føretak og gjeve tilskot til tapsavsetjing under ordninga. Garantiinstituttet for eksportkreditt (GIEK) vart engasjert til å administrere ordninga. Til denne oppgåva vart det samstundes løyvd midlar post 23 Spesielle driftsutgifter til administrering av statleg garantiordning for små og mellomstore føretak.
Både i 2021 og 2022 har det vore trong for å følgje opp tilskotsordninga, etter kvart særleg med behandling av krav på grunnlag av stilte garantiar. Oppfølginga skjer ved Eksportfinansiering Noreg som GIEK no er ein del av. Sjølv om behovet i 2023 er uvisst, er det gjort framlegg om å løyve 4 mill. kroner for det året òg.
Kap. 4634 Kompensasjon for inntektssvikt som følgje av virusutbrotet
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2021 | Saldert budsjett 2022 | Forslag 2023 |
85 | Tilskot til verksemder med rett til stønad – tilbakebetaling | 481 795 | 1 000 | |
86 | Lønsstønad til verksemder som er ramma av smitteverntiltak – tilbakebetaling | 1 000 | ||
Sum kap. 4634 | 481 795 | 2 000 |
Per august 2022 var det inntektsført 77,0 mill. kroner på post 85 Tilskot til verksemder med rett til stønad – tilbakebetaling.
På post 86 Lønsstønad til verksemder som er ramma av smitteverntiltak – tilbakebetaling, var det per august 2022 inntektsført 2,1 mill. kroner.
For 2023 ligg det truleg an til heller små inntekter på desse postane.
Programområde 24 Statleg gjeld og krav, renter og avdrag m.m.
Programkategori 24.10 Statsgjeld, renter og avdrag m.m.
Utgifter under programkategori 24.10 fordelte på kapittel
(i 1 000 kr) | |||||
---|---|---|---|---|---|
Kap. | Nemning | Rekneskap 2021 | Saldert budsjett 2022 | Forslag 2023 | Endring i pst. |
1650 | Statsgjeld, renter m.m. | 9 760 398 | 10 250 600 | 11 529 700 | 12,5 |
1651 | Statsgjeld, avdrag og innløysing | 74 005 000 | 78 457 000 | – | |
Sum kategori 24.10 | 83 765 398 | 10 250 600 | 89 986 700 | 777,9 |
Det oljekorrigerte underskotet på statsbudsjettet, slik det er rekna ut ved nysalderinga av budsjettet, vert finansiert med overføring frå Statens pensjonsfond utland. Finansieringsbehovet i statsbudsjettet, m.a. avdrag på statsgjelda, netto utlån og kapitalinnskot til statsbankane, vert dekt med låneopptak i marknaden og/eller ved trekk på staten sine kontantar.
Det er lagt opp til at finansieringsbehovet til staten skal dekkjast ved å ta opp nye langsiktige lån innanlands. Av omsyn til statspapirmarknaden vert det vanlegvis lagt opp til å glatte ut den langsiktige opplåninga over fleire år. Den kortsiktige opplåninga er m.a. for å fange opp behovet i marknaden for kortsiktige verdipapir. Finansdepartementets fullmakt til å låne i marknaden vart fram til 2015 fastsett av Stortinget på grunnlag av ein årleg proposisjon om lånefullmakter. For 2023 ber Finansdepartementet om fullmakter for statleg opplåning i Prop. 1 S (2022–2023) Statsbudsjettet for budsjettåret 2023 (Gul bok).
Tabell 5.9 syner den innanlandske statsgjelda per 31. desember 2021, medrekna kontolån frå ordinære fond i statskassa.
Tabell 5.9 Innanlandsk statsgjeld per 31. desember 2021
Type lån | Beløp (mill. kr) |
---|---|
Faste innanlandske lån | 466 000 |
Statskassevekslar | 56 000 |
Kortsiktige kontolån | 130 533 |
Kontolån frå ordinære fond1 | 171 512 |
Sum | 824 045 |
1 Gruppe 81 i Statsrekneskapen. Er ikkje omfatta av dei ordinære lånefullmaktene.
Kap. 1650 Statsgjeld, renter m.m.
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2021 | Saldert budsjett 2022 | Forslag 2023 |
89 | Renter og provisjon m.m. på innanlandsk statsgjeld, overslagsløyving | 9 760 398 | 10 250 600 | 11 529 700 |
Sum kap. 1650 | 9 760 398 | 10 250 600 | 11 529 700 |
Post 89 Renter og provisjon m.m. på innanlandsk statsgjeld, overslagsløyving
(mill. kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Underpost | Underpostnamn | Rekneskap 20211 | Saldert budsjett 2022 | Forslag 2023 |
89.11 | Faste lån | 8 259 | 6 902 | 7 376 |
89.12 | Gjenkjøps- og rentebyteavtalar | -667 | -55 | 278 |
89.13 | Kontolån | 1 | 26 | 261 |
89.14 | Kontolån frå ordinære fond | 2 057 | 2 240 | 540 |
89.15 | Statskassevekslar | 110 | 168 | 1 261 |
89.17 | Nye faste lån | 971 | 1 814 | |
Sum kap. 1650, post 89 | 9 760 | 10 251 | 11 530 |
1 I rekneskapen vert faste lån og nye faste lån ført samla.
Til grunn for overslaget for renteutgiftene under kap. 1650, post 89, ligg dels eksisterande lån og dels overslag over behovet for låneopptak i 2023. Renteutgiftene vert påverka av omfanget av ny opplåning, førtidig innfriing og endringar i statens portefølje av rentebyteavtalar. Renteutgiftene vert òg påverka av utviklinga i marknadsrentene. Overslaget over renteutgifter er usikkert.
Underpost 89.11 Faste lån
Under denne posten vert det budsjettert renteutgifter på obligasjonslån som er tekne opp før 1. januar 2022. Ved opptak av statsobligasjonslån kan det på grunn av skilnad mellom kupongrenta på det aktuelle lånet og marknadsrenta på lånetidspunktet oppstå ein over- eller underkurs. For å gje eit meir korrekt bilete av dei årlege finansieringskostnadene for staten, vert ein slik over- eller underkurs ikkje inntekts- eller utgiftsført på lånetidspunktet, men avrekna mot ein balansekonto i statsrekneskapen (gruppe 77) og inntekts- eller utgiftsført på post 89.11 over den løpetida som står att for lånet. Renteutgiftene på faste lån i 2023 kjem dermed fram som kupongrenta, justert for den delen av over- eller underkursen som vert inntekts- eller utgiftsført i 2023.
Renteutgiftene på faste lån er estimert til 7 376 mill. kroner i 2023.
Underpost 89.12 Gjenkjøps- og rentebyteavtalar
Posten omfattar dels renteutgifter i samband med utlån av statspapir til primærmeklarane (gjenkjøpsavtalar). Staten betaler rente på kontantinnskotet som primærmeklarane stiller som sikkerheit i utlånsperioden. I tillegg vert nettoeffekten på renteutgiftene frå rentebyteavtalar i norske kroner ført på denne posten. Staten mottek ei fast langsiktig rente og betaler ei kortsiktig pengemarknadsrente i rentebyteavtalane. I 2022 hadde staten ei netto inntekt på denne posten. Ettersom pengemarknadsrentene no er høgare, reknar ein med ei netto utgift på denne posten på 278 mill. kroner i 2023.
Underpost 89.13 Kontolån
Statsinstitusjonar og statlege fond skal etter avtale plassere ledige midlar som innskot (kontolån) i statskassa. For dei fleste av desse innskota betaler staten rente. Kontolånsplasseringar som kjem frå overskotslikviditet i samband med skatte- og avgiftsbetalingar, vert ikkje forrenta. Renteutgiftene på kontolån er anslått til 261 mill. kroner i 2023.
Underpost 89.14 Kontolån frå ordinære fond
Inneståande kontolån frå ordinære fond (gruppe 81 i Statsrekneskapen) var ved utgangen av 2021 på 172 mrd. kroner (medrekna kapitaliserte renter). Det er foreslått at Infrastrukturfondet skal avviklast for 2023. Innskota i dette fondet er på om lag 100 mrd. kroner, og renteutgiftene her utgjer en stor del av denne posten. Avvikling av fondet vil difor føre til ei stor nedgang i utgiftene på posten. For 2023 vert rentene på kontolån frå ordinære fond anslått til 540 mill. kroner.
Underpost 89.15 Statskassevekslar
Den ordinære kortsiktige opplåninga i marknaden skjer gjennom auksjon av statskassevekslar. Dette er renteberande papir utan kupongrente, der rentekostnaden følgjer av underkursen som papira vert lagde ut til. Den effektive renta på statskassevekslane er såleis avhengig av kursen som staten oppnår i auksjonane.
Dei samla renteutgiftene til staten under denne posten er anslått til 1 261 mill. kroner i 2023.
Underpost 89.17 Nye faste lån
Underposten omfattar renteutgifter på innanlandske obligasjonslån med faste rente- og avdragsterminar, tekne opp etter 1. januar 2022. Over- eller underkurs er budsjettert som omtalt under post 89.11. For 2023 er renteutgiftene på nye faste lån anslått til 1 814 mill. kroner.
Kap. 1651 Statsgjeld, avdrag og innløysing
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2021 | Saldert budsjett 2022 | Forslag 2023 |
98 | Avdrag på innanlandsk statsgjeld, overslagsløyving | 74 005 000 | 78 457 000 | |
Sum kap. 1651 | 74 005 000 | 78 457 000 |
Post 98 Avdrag på innanlandsk statsgjeld, overslagsløyving
Posten omfattar avdrag på langsiktige statsobligasjonslån. I 2022 er det ikkje forfall av langsiktige statsobligasjonslån. Noregs Bank har per august 2022 arrangert to tilbakekjøpsauksjonar i marknaden i lånet som forfell i 2023 og vil kunne velje ytterlegare tilbakekjøp i 2022. Kjøpte beløp vert då å rekne som avdrag i 2022 og vil samstundes redusere forfallet i 2023. Det er ikkje mogleg å gje gode overslag for omfanget av tilbakekjøp, og slike er difor ikkje teke omsyn til i budsjettframlegget. Det er heller ikkje ynskjeleg å gå ut med overslag her, sidan dette kan gje staten mindre handlefridom i marknaden.
Programkategori 24.20 Statlege krav, avsetningar m.m.
Inntekter fordelte på kapittel
(i 1 000 kr) | |||||
---|---|---|---|---|---|
Kap. | Nemning | Rekneskap 2021 | Saldert budsjett 2022 | Forslag 2023 | Endring i pst. |
Statlege fordringar, avsetningar m.m. | |||||
5341 | Avdrag på uteståande fordringar | 6 000 786 | 700 | 6 000 700 | – |
5351 | Overføring frå Noregs Bank | 15 169 207 | 10 113 000 | 8 600 000 | -15,0 |
5605 | Renter av kontantar i statskassa og av andre fordringar | 1 229 334 | 1 423 250 | 8 496 600 | 497,0 |
5692 | Utbyte av statens kapital i Den nordiske investeringsbanken | 104 100 | 86 400 | -17,0 | |
5693 | Utbyte av aksjar i ymse selskap m.m. | 770 | 300 | 700 | 133,3 |
Sum kategori 24.20 | 22 400 097 | 11 641 350 | 23 184 400 | 99,2 | |
Sum programområde 24 | 22 400 097 | 11 641 350 | 23 184 400 | 99,2 |
Den nordiske investeringsbanken (NIB)
Den nordiske investeringsbanken (NIB), som har hovudsete i Helsingfors, Finland, vart skipa i 1975 etter avtale mellom regjeringane i dei nordiske landa. Avtalen er seinare revidert etter semje 23. oktober 1998. Frå 1. januar 2005 vart Estland, Latvia og Litauen medlemar av banken.
Avtalen om NIB vart endra igjen frå 29. juli 2020, mellom anna for å betre risikostyringa for banken si verksemd. Endringane innebar mellom anna at ordningane med lån til prosjektinvesteringar utanfor Norden (PIL) og miljøinvesteringslån i nærområda til medlemslanda (MIL) vart avvikla. Vidare vart det gjort fleire endringar i avtalen og statuttane for NIB. Sjå nærmare i Prop. 1 S (2019–2020) frå Finansdepartementet, s. 107.
Låne- og garantiordninga i NIB
Etter endringane i avtalen om NIB i 2020 utgjer hovudtyngda av verksemda til banken vanlege investeringsutlån og garantiar til aktivitetar i eigarlanda. Det aller meste av utlåna går med til fremje av miljø og/eller produktivitet. Utlåna vert finansierte med grunnkapitalen til banken.
Grunnkapitalen
Grunnkapitalen er dels innbetalt kapital og dels garantikapital frå medlemslanda. Den norske kapitalen utgjer 21,5 prosent av den samla kapitalen i NIB. Noregs innbetalte kapital utgjer no 181 832 487 euro, medan garantikapitalen fråtrekt innbetalt kapital er 1 617 872 454,48 euro. Dette er uendra frå 2022-framlegget.
I tråd med ovannemnde tilrår departementet at Stortinget gjev Finansdepartementet fullmakt til å gje garantiar i 2023 for Noregs del av grunnkapitalen til NIB, fråtrekt innbetalt kapital, innanfor ei samla ramme for nye tilsegner og gammalt ansvar på 1 617 872 454,48 euro, jf. framlegg til romartalsvedtak V. Med eurokursen per 1. juni 2022 (10,0438) utgjer ansvaret om lag 16 250 mill. kroner.
Kap. 5341 Avdrag på uteståande fordringar
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2021 | Saldert budsjett 2022 | Forslag 2023 |
91 | Vanlege fordringar | 57 | ||
95 | Avdrag på lån til andre statar | 729 | 700 | 700 |
98 | Avdrag på eigenbehaldning statsobligasjonar | 6 000 000 | 6 000 000 | |
Sum kap. 5341 | 6 000 786 | 700 | 6 000 700 |
Post 91 Vanlege fordringar
På denne posten vert det ført eventuelle avdrag på lån, m.a. til næringsverksemd.
Post 95 Avdrag på lån til andre statar
Posten gjeld avdrag på eit lån som vart gjeve til Jugoslavia i 1983. Den delen av lånet som står att, vert no betalt av statane Serbia og Montenegro. Sjå nærare omtale i Prop. 1 S (2015–2016) frå Finansdepartementet.
Post 98 Avdrag på eigenbehaldning statsobligasjonar
Posten omfattar avdrag som staten får innbetalt på eigenbehaldning av statsobligasjonar som vert nytta til marknadspleie. I 2023 er det forfall av eit langsiktig statsobligasjonslån der staten eig papir for 6 mrd. kroner.
Kap. 5351 Overføring frå Noregs Bank
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2021 | Saldert budsjett 2022 | Forslag 2023 |
85 | Overføring | 15 169 207 | 10 113 000 | 8 600 000 |
Sum kap. 5351 | 15 169 207 | 10 113 000 | 8 600 000 |
Etter retningslinene for Noregs Banks årsoppgjersdisposisjonar, fastsette ved kgl. res. 21. desember 2000, skal eit eventuelt overskot setjast av til bankens kursreguleringsfond inntil fondet utgjer ein bestemt del av dei innanlandske og utanlandske aktiva som inneber ein kursrisiko for banken. Eventuelt overskot etter avsetjingar til kursreguleringsfondet skal setjast av i eit overføringsfond. Ved kvart årsoppgjer skal eit beløp svarande til ein tredel av inneståande beløp i overføringsfondet overførast til statskassa.
Basert på vurderingar av risikoen for svingingar i resultatet til Noregs Bank i åra framover, er storleiken på kursreguleringsfondet sett til 40 pst. av bankens netto internasjonale fordringar og 5 pst. av bankens behaldning av innanlandske verdipapir. Retningslinene er nærare omtalte i St.prp. nr. 40 (2002–2003). Kursreguleringsfondet var i fleire år lågare enn minstekravet i retningslinene, og det vart difor ikkje sett av midlar til overføringsfondet. Dette endra seg frå 2015 av. I 2021 vart det overført 15,2 mrd. kroner til statskassa og i 2022 var overføringa 11,1 mrd. kroner. Ein reknar førebels med at det vil vere grunnlag for overføringar til staten i 2023 på 8,6 mrd. kroner. Endeleg beløp vert fastlagt ved Noregs Banks avslutning av rekneskapen for 2022.
Kap. 5605 Renter av kontantar i statskassa og av andre fordringar
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2021 | Saldert budsjett 2022 | Forslag 2023 |
80 | Av statskassas foliokonto i Noregs Bank | 16 | 5 879 300 | |
81 | Av verdipapir og bankinnskot i utanlandsk valuta | 19 | 200 | 200 |
82 | Av innanlandske verdipapir | 1 032 918 | 925 000 | 1 710 800 |
83 | Av alminnelege fordringar | 17 733 | 120 000 | 120 000 |
84 | Av driftskreditt til statsverksemder | 114 593 | 334 450 | 746 200 |
86 | Renter av lån til andre statar | 26 | 100 | 100 |
89 | Garantiprovisjon | 64 029 | 43 500 | 40 000 |
Sum kap. 5605 | 1 229 334 | 1 423 250 | 8 496 600 |
Post 80 Av statskassas foliokonto i Noregs Bank
Ved utgangen av 2021 var staten si kontantbehaldning i Noregs Bank om lag 344 mrd. kroner, som er 31 mrd. kroner høgare enn ved utgangen av 2020.
Alle betalingar til og frå staten vert avrekna mot staten sin foliokonto i Noregs Bank. Det er store daglege svingingar på kontoane til staten, m.a. som følgje av skatteinnbetalingar og overføringar til Statens pensjonsfond utland.
Renta av det inneståande på foliokontoen vert rekna ut på bakgrunn av den renta som Noregs Bank får på sine utanlandske krav, avrunda til næraste ¼ prosenteining, og vert endra kvartalsvis. Anslaget for dei samla renteinntektene i 2023 under denne posten er rekna til 5 879,3 kroner.
Post 81 Av verdipapir og bankinnskot i utanlandsk valuta
Posten omfattar m.a. renter på staten sine bankinnskot til bruk på utanriksstasjonane. For 2023 er renteinntektene under denne posten rekna til 0,2 mill. kroner.
Post 82 Av innanlandske verdipapir
Posten omfattar for det meste renteinntekter som staten får på eigenbehaldninga av statspapir som vert nytta til marknadspleieføremål.
For å gje eit meir korrekt bilete av dei årlege renteinntektene på eigenbehaldninga og dermed av dei årlege netto finansieringskostnadene til staten, vert over- eller underkurs ført etter dei same prinsippa som for statsgjelda, jf. omtale under kap. 1650, post 89. For 2023 er renteinntektene under denne posten rekna til 1 710,8 mill. kroner.
Post 83 Av alminnelege fordringar
Posten omfattar renteinntekter av innskot frå statens rekneskapsførarar i bankar utanom konsernkontoordninga, utlån som vert forvalta av Finansdepartementet og andre departement, og andre renteinntekter av alminnelege krav. Posten omfattar òg tidvis negative renter av innskot.
Inntektene på denne posten er vanskeleg å føreseie. På usikkert grunnlag er det for 2023 ført opp inntekter på 120 mill. kroner.
Post 84 Av driftskreditt til statsverksemder
Dei regionale helseføretaka kan ta opp lån i statskassa til investeringsføremål. Føretaka skal ikkje betale renter i opptrekksperioden. Rentene i denne perioden skal i staden kapitaliserast og leggjast til låna gjennom ei særskild låneløyving for opptrekksrenter under Helse- og omsorgsdepartementet, jf. kap. 732, post 83. Post 84 her er den motsvarande inntektsposten. Etter opptrekksperioden skal rentene på låna innbetalast av føretaka og inntektsførast på særskilde postar under fagdepartementet.
I 2009 vart dei regionale helseføretaka sine driftskredittar i private bankar omgjorde til driftskredittar i staten, jf. kap. 732, post 86 under Helse- og omsorgsdepartementet. Føretaka betaler renter av trekka på driftskredittramma, og desse rentene vert òg inntektsførte under post 84.
For 2023 er renteinntektene under denne posten rekna til 746,2 mill. kroner.
Post 89 Garantiprovisjon
Garantiordninga for lån frå finansforetak til små og mellomstore føretak vart etablert i mars 2020 for å styrkje tilgangen på lån til verksemder som vert ramma av virusutbrotet. Føretaka som får garanterte lån, skal betale ein årleg garantiprovisjon til staten, i tillegg til at bankane skal betale ei årleg garantiavgift. Eksportfinansiering Norge som forvaltar ordninga på vegner av staten, har bedømt at dette kan gje inntekter på 40 mill. kroner i 2023. Overslaget er usikkert og kviler på usikre føresetnader om kor mykje av utlånsvolumet som vil verte innfridd eller misleghalde.
Kap. 5692 Utbyte av statens kapital i Den nordiske investeringsbanken
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2021 | Saldert budsjett 2022 | Forslag 2023 |
85 | Utbyte | 104 100 | 86 400 | |
Sum kap. 5692 | 104 100 | 86 400 |
Den nordiske investeringsbanken betaler utbyte til medlemslanda i høve til den innskotne kapitalen. Storleiken på utbytet vert vedteken av årsmøtet (guvernørrådet) i banken, etter tilråding frå styret, på grunnlag av resultatet av verksemda året før. For 2021 har banken i 2022 betalt utbyte til den norske stat med vel 8,6 mill. euro eller vel 88,5 mill. kroner.
Basert på same utbyte i 2023 som i 2022 og eurokursen per 1. juni 2022, gjer departement framlegg om for 2023 å føre opp eit utbyte på 86,4 mill. kroner. Departementet understrekjer at dette beløpet ikkje vil vere førande for Noregs stemmegiving i årsmøte i 2023.
Kap. 5693 Utbyte av aksjar i ymse selskap m.m.
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2021 | Saldert budsjett 2022 | Forslag 2023 |
85 | Utbyte frå Folketrygdfondet | 770 | 300 | 700 |
Sum kap. 5693 | 770 | 300 | 700 |
Det er tidlegare lagt til grunn at staten skal ha normalt utbyte av den innskotne ansvarlege kapitalen i Folketrygdfondet, jf. Prop. 1 S (2009–2010) for Finansdepartementet. I tråd med dette er det for 2022 fastsett eit utbytekrav på 677 000 kroner. Utbytekravet er fastsett med utgangspunkt i ei femårig statsobligasjonsrente. For 2023 er det difor budsjettert med eit utbyte på 0,7 mill. kroner.