1 Innleiing
I denne proposisjonen legg regjeringa fram forslag til auke i løyvingane til kommunar, fylkeskommunar og statsforvaltarar samanlikna med forslaget i Prop. 1 S (2024–2025). Bakgrunnen er den aktuelle situasjonen i kommuneøkonomien, jf. nærare omtale i pkt. 2 og 3.
Det blir òg foreslått å rette opp ein feil i forslaget i Prop. 1 S (2024–2025) om løyving av rammetilskot til kommunane, sjå pkt. 4.