3 Regjeringa sine vurderingar
To av dei sentrale prinsippa i den økonomiske styringa av kommunesektoren er rammestyring og balansekravet. Rammestyring inneber at Stortinget fastset inntektsramma, medan kommunar og fylkeskommunar må innrette utgiftene etter denne inntektsramma. Det betyr at kommunane og fylkeskommunane sjølve gjennom god økonomistyring er ansvarlege for å tilpasse aktiviteten til inntektene.
Oppdatert informasjon indikerer at utgiftene inneverande år ligg an til å bli betydeleg høgare enn inntektene. Endelege resultat for 2024 vil ikkje vere klare før rekneskapane ligg føre. Det er derfor uvisse kring kor svake resultata blir. Teikna på ein betydeleg ubalanse er likevel sterke.
Då statsbudsjettet vart lagt fram, varsla regjeringa at ein om kort tid ville kome attende til handteringa av den krevjande situasjonen i kommuneøkonomien inneverande år. Regjeringa vil i nysalderinga fremje forslag om ei tilleggsløyving i rammetilskota til kommunar og fylkeskommunar på 5 mrd. kroner i 2024, fordelt med 4,3 mrd. kroner til kommunane og 0,7 mrd. kroner til fylkeskommunane. Denne auken vil bli fordelt med eit likt beløp per innbyggar.
Tilleggsløyvingar i nysalderinga er eittårige, og blir i utgangspunktet ikkje ført vidare til 2025. Samstundes tar sektoren med seg mykje av ubalansen frå 2024 inn i 2025, og situasjonen ser som nemnt ut til å vere meir alvorleg enn då talgrunnlaget for statsbudsjettet for 2025 vart utarbeidd. Regjeringa har foreslått ein realvekst i dei frie inntektene til kommunesektoren i 2025 på 6,8 mrd. kroner i Prop. 1 S (2024–2025). Med dette er det anslått at sektoren vil få eit handlingsrom på 3,6 mrd. kroner utover anslåtte meirkostnader til demografi og pensjon. Kommunane og fylkeskommunane sitt arbeid med budsjetta for 2025 vil likevel bli krevjande. Disposisjonsfonda i sektoren er store, men ujamt fordelte. Kommunar og fylkeskommunar som har negative resultat, men tilstrekkelege disposisjonsfond, kan tære på desse, men aktivitetsnivået må uansett til slutt bli tilpassa inntektene. Viss det ikkje er tilstrekkelege fond å tære på, vil det oppstå eit meirforbruk, som i tråd med balansekravet i kommunelova må hentast inn i løpet av to år. Det må derfor påreknast at ein krevjande situasjon i 2024 kan ha ein betydeleg negativ verknad på tenestetilbodet i budsjetta til kommunane og fylkeskommunane for 2025.
Det er kommunane og fylkeskommunane sitt ansvar å tilpasse utgifter til inntekter gjennom å omstille og effektivisere for at drifta skal bli berekraftig over tid. Samstundes tar regjeringa situasjonen på alvor. Situasjonen i kommunesektoren ser ut til å vere ekstraordinær, og av omsyn til tenestetilbodet til innbyggarane vil regjeringa bidra. Regjeringa har tillit til at kommunane og fylkeskommunane gjennom god økonomistyring og gode prioriteringar vil handtere situasjonen på ein god måte innanfor dei samla rammene dei no får stilt til disposisjon.
Etter ei heilskapleg vurdering foreslår regjeringa å auke veksten i kommunesektoren sine frie inntekter i 2025 med 5 mrd. kroner samanlikna med forslaget i Prop. 1 S (2024–2025). Regjeringa foreslår å fordele auken med 4,3 mrd. kroner til kommunane og 700 mill. kroner til fylkeskommunane. Med dette forslaget og forslaget i Prop. 1 S (2024–2025) legg regjeringa opp til ein samla realvekst i frie inntekter i 2025 på 11,8 mrd. kroner. Dette gir eit handlingsrom på 8,6 mrd. kroner etter at meirkostnader til demografi og pensjon er dekte. Ut frå forholda i den enkelte kommune og fylkeskommune kan handlingsrommet bli brukt til å styrkje balansen og/eller til å utvikle tenestetilbodet.
Auken blir fordelt til kommunane og fylkeskommunane med eit likt kronebeløp per innbyggar.
Statsforvaltarane gjer ein viktig jobb med å følgje opp kommunar i ubalanse. I samband med den krevjande situasjonen vil det vere behov for tettare og hyppigare oppfølging frå embeta. Regjeringa foreslår 15 mill. kroner i auka løyving til statsforvaltarane i 2025.