4 Redusert stønadsperiode for kontantstøtte
I statsbudsjettet for 2024 vart det lagt til grunn at ein reduksjon i stønadsperioden for kontantstøtte frå 1. august 2024 ville føre til auka etterspørsel etter barnehageplass. Som kompensasjon for dette vart rammetilskotet til kommunane auka med 119,7 mill. kroner i 2024-budsjettet, jf. omtale av endringa i Prop. 1 S (2023–2024) for Barne- og familiedepartementet. Ved ein feil er ikkje heilårsverknaden av dette tiltaket kompensert i forslaget til statsbudsjett for 2025. Det blir derfor foreslått å auke rammetilskotet til kommunane med 198,1 mill. kroner. Auken blir foreslått fordelt etter delkostnadsnøkkelen for barnehage. I tillegg kjem ein auke på 50 000 kroner til Svalbardbudsjettet på kap. 480, post 50, jf. Prop. 1 S Tillegg 2 (2024–2025).