9 Auka sektoravgift under Nasjonal kommunikasjonsmyndigheit
Nasjonal kommunikasjonsmyndigheit (Nkom) er ei utøvande tilsyns- og forvaltningsmyndigheit underlagd Digitaliserings- og forvaltningsdepartementet. Nkom har som overordna mål å leggje til rette for eit likeverdig og sikkert tilbod av post- og ekomtenester over heile landet. Tilbodet skal vere robust, med tilstrekkeleg kapasitet og funksjonalitet, framtidsretta, av høg kvalitet og til rimelege prisar. For å dekke kostnader til kontingent for norsk deltaking i BEREC (Body of European Regulators for Electronic Communications) og auke Nkom sin kapasitet på datasenterområdet vert det foreslått å auke sektoravgifta under Nkom med 5,05 mill. kroner. Det vert synt til omtale i Prop. 104 S (2023–2024) Tilleggsbevilgninger og omprioriteringer i statsbudsjettet 2024.