Prop. 103 LS (2023–2024)

Endringar i skatte- og avgiftslovgivinga

Til innhaldsliste

4 Teknisk tilpassing til ny AFP i offentleg sektor

Stortinget har vedteke ei ny ordning for avtalefesta pensjon (AFP) i offentleg sektor. Ny AFP i offentleg sektor er utforma etter mønster av AFP-ordninga i privat sektor. I samråd med Arbeids- og inkluderingsdepartementet foreslår Finansdepartementet tekniske tilpassingar i skatteloven, slik at skattereglane òg får same innretting som i privat sektor.

Forslaget til lovendringar om avtalefesta pensjon i offentleg sektor vart lagt fram av Arbeids- og inkluderingsdepartementet i Prop. 35 L (2023–2024) Endringer i lov om avtalefestet pensjon for medlemmer av Statens pensjonskasse og enkelte andre lover (ny avtalefestet pensjon). Det bygde på avtale mellom partane i offentleg sektor i 2018. Lovendringane vart vedtekne av Stortinget i mars 2024.

Den nye ordninga er utforma etter mønster av AFP-ordninga i privat sektor. Det betyr mellom anna at ny AFP vert eit livsvarig påslag (tillegg) til alderspensjonen frå folketrygda. Dagens AFP i offentleg sektor utgjer derimot ei sjølvstendig yting i alderen 62–66 år, før ein går over til alderspensjon frå folketrygda (og tenestepensjon) ved 67 år. Omlegginga inneber òg at ny AFP kan kombinerast med arbeidsinntekt utan at pensjonen vert redusert, mens dagens AFP vert redusert mot arbeidsinntekt når inntekta overstig eit toleransebeløp, jf. forskrift om kombinasjon av AFP og arbeidsinntekt § 2 fyrste ledd.

Dei nye reglane skal gjelde frå og med 1963-kullet, som kan ta ut pensjon frå 2025 når dei fyller 62 år. Dette krev tekniske tilpassingar i skattereglane for offentleg AFP frå 2025, slik at innrettinga av skattereglane òg blir den same som for privat AFP frå og med 1963-kullet. Departementet meiner det er formålstenleg å vedta endringane i samband med revidert budsjett, slik at dei er på plass i god tid før krav om å motta pensjon frå januar 2025 må setjast fram.

Den tekniske tilpassinga gjeld det særskilde skattefrådraget for pensjonsinntekt som AFP- og alderspensjonistar får etter skatteloven § 16-1 (pensjonsskattefrådraget). Maksimalt frådrag vert gradert i tråd med uttaksgraden for pensjonen. Det same gjeld innslagspunkta for nedtrapping av frådraget. Fordi offentleg AFP i dag er ei sjølvstendig yting, er storleiken på pensjonsskattefrådraget knytt til graderinga av AFP. Med offentleg AFP som påslag til alderspensjonen, vert ikkje AFP-påslaget gradert, og storleiken på pensjonsskattefrådraget må framover graderast ut frå uttaksgraden for alderspensjonen frå folketrygda. Desse reglane har gjeldt for AFP i privat sektor frå 2011, då privat AFP vart eit påslag til alderspensjon. På same måte vil det, som i privat sektor, formelt vere alderspensjonen frå folketrygda som gjev rett til pensjonsskattefrådraget.

Lovteknisk foreslår departementet at skatteloven § 16-1 fyrste ledd bokstav b om pensjonsskattefrådrag for pensjon etter lov om AFP for medlemmer av Statens pensjonskasse eller tilsvarande avtaler/ordningar, vert avgrensa til AFP etter kapittel 1 i den lova (og tilsvarande avtaler/ordningar). Det samsvarar med at den gamle ordninga for AFP i offentleg sektor vil vere regulert i kapittel 1 etter dei vedtekne lovendringane, mens den nye ordninga vert regulert i kapittel 2. Personar som mottek ny AFP i offentleg sektor, får dermed i staden pensjonsskattefrådrag etter skatteloven § 16-1 fyrste ledd bokstav a ved å ta ut alderspensjon frå folketrygda, som for privat AFP. Tilsvarande skal frådraget for desse då graderast ut frå pensjonsgraden i folketrygda, etter skatteloven § 16-1 andre ledd bokstav a. Det same gjeld innslagspunkta for nedtrapping, jf. tredje ledd.

Endringa i lov om AFP for medlemmer av Statens pensjonskasse tek til å gjelde 1. januar 2025, jf. res. 12. april 2024 nr. 614. Før denne endringa er ikkje lova delt inn i kapittel. Departementet foreslår difor at endringa i skatteloven som viser til kapittel 1, òg tek til å gjelde frå 1. januar 2025. Endringa får verknad frå inntektsåret 2025.

Endringa gjeld for pensjonsuttak frå og med 2025 og gjev ingen provenyverknader i 2024. Departementet legg til grunn at endringa heller ikkje gjev vesentlege provenyverknader i 2025.

Til forsida