3 Eingongsavgift
3.1 Innleiing
Regjeringa foreslår å innføre meir nøytrale reglar for tilbakeføring av frådragsført meirverdiavgift, sjå kapittel 2. Innføring av meir nøytrale meirverdiavgiftsreglar skal ikkje gje auka inntekter for staten. Regjeringa foreslår å bruke meirprovenyet til å redusere den nye vektkomponenten i eingongsavgifta som gjeld alle personbilar og fjerne eingongsavgifta for rullestoldrosjar.
3.2 Eingongsavgift for personbilar
For personbilar (avgiftsgruppe a) vert eingongsavgifta rekna ut frå vekt og utslepp av CO2 og NOX. I 2023 vart det innført ein ny vektkomponent som gjeld for alle personbilar.
Regjeringa foreslår å redusere den nye vektkomponenten med 90 øre. Det vil gje redusert avgift på om lag 1 400 kroner for ein vanleg elbil på om lag 2 000 kg. For lettare bilar vil reduksjonen i avgifta verte noko lågare, medan tyngre bilar vil få noko større reduksjon. Til dømes vil ein hybridbil på 1 200 kg få redusert eingongsavgifta med vel 600 kroner.
Departementet anslår at framlegget vil redusere staten sine inntekter med om lag 200 mill. kroner årleg, med påløpt verknad på om lag 100 mill. kroner i 2024 og bokført verknad på om lag 80 mill. kroner i 2024.
Departementet syner til framlegg om endring av vedtak om engangsavgift § 2.
3.3 Eingongsavgift for rullestoldrosjar
I eingongsavgifta er dei avgiftspliktige køyretøya delte inn i sju grupper med ulik avgift og berekningsgrunnlag. Det er ei eiga avgiftsgruppe for personbilar som er tilpassa for og vert nytta til transport av rullestolbrukarar (avgiftsgruppe k).
Regjeringa foreslår å innføre fritak for eingongsavgift for køyretøy i avgiftsgruppe k. Framlegget inneber 350 000 kroner i redusert avgift i gjennomsnitt for rullestoldrosjane.
Departementet anslår at framlegget vil redusere staten sine inntekter med om lag 50 mill. kroner årleg, med påløpt verknad på om lag 25 mill. kroner i 2024 og bokført verknad på om lag 20 mill. kroner i 2024.
Departementet syner til framlegg om endring av vedtak om engangsavgift §§ 3 og 8.