Prop. 103 S (2016–2017)

Samtykke til ratifikasjon av endringer av 15. oktober 2016 i Montrealprotokollen om stoff som reduserer ozonlaget av 16. september 1987

Til innholdsfortegnelse

2 Endring i Montrealprotokollen om stoff som reduserer ozonlaget

Norsk oversettelse av vedlegg 1

Artikkel I: Endring

Artikkel 1 nr. 4

I artikkel 1 nr. 4 i protokollen skal orda:

«vedlegg C eller vedlegg E»

bytast ut med:

«vedlegg C, vedlegg E eller vedlegg F»

Artikkel 2 nr. 5

I artikkel 2 nr. 5 i protokollen skal orda:

«og artikkel 2H»

bytast ut med:

«artikkel 2H og 2J»

Artikkel 2 nr. 8 a), 9 a) og 11

I artikkel 2 nr. 8 a) og 11 i protokollen skal orda:

«artikkel 2A til 2I»

bytast ut med:

«artikkel 2A til 2J»

Desse orda skal leggjast til på slutten av artikkel 2 nr. 8 a) i protokollen:

«Kvar slik avtale kan utvidast til å omfatte forpliktingar om forbruk og produksjon under artikkel 2J dersom partane det gjeld, til saman har eit kalkulert forbruks- eller produksjonsnivå som ikkje overstig dei nivåa artikkel 2J krev.»

I artikkel 2 nr. 9 bokstav a) i) i protokollen skal etter orda:

«ville gå ut på;»

«og» slettast.

Artikkel 2 nr. 9 bokstav a) ii) i protokollen skal omnummererast til bokstav a) iii).

Dette skal leggjast til som bokstav a) ii) etter artikkel 2 nr. 9 bokstav a) i) i protokollen:

«Dei globale oppvarmingspotensiala som er spesifiserte i gruppe I i vedlegg A, vedlegg C og vedlegg F, burde justerast, og eventuelt kva justeringane ville gå ut på; og»

Artikkel 2J

Denne artikkelen skal setjast inn etter artikkel 2I i protokollen:

«Artikkel 2J: Hydrofluorkarbon

  • 1. Kvar part skal sørgje for at det kalkulerte forbruksnivået hans av dei kontrollerte stoffa i vedlegg F, uttrykt i CO2-ekvivalentar, i tolvmånadersperioden som tek til 1. januar 2019, og i kvar etterfølgjande tolvmånadersperiode, ikkje overstig prosentdelen som er fastsett for vedkommande årsintervall, oppført i bokstav a) til e) nedanfor, av årsgjennomsnittet for dei kalkulerte forbruksnivåa hans av kontrollerte stoff i vedlegg F for åra 2011, 2012 og 2013, pluss 15 prosent av det kalkulerte forbruksnivået hans av kontrollerte stoff i vedlegg C, gruppe I, som fastsett i artikkel 2F nr. 1, uttrykt i CO2-ekvivalentar:

    • (a) 2019 til 2023: 90 prosent

    • (b) 2024 til 2028: 60 prosent

    • (c) 2029 til 2033: 30 prosent

    • (d) 2034 til 2035: 20 prosent

    • (e) 2036 og deretter: 15 prosent

  • 2. Trass i nr. 1 i denne artikkelen kan partane vedta at ein part skal sørgje for at det kalkulerte forbruksnivået hans av dei kontrollerte stoffa i vedlegg F, uttrykt i CO2-ekvivalentar, i tolvmånadersperioden som tek til 1. januar 2020, og i kvar etterfølgjande tolvmånadersperiode, ikkje overstig prosentdelen som er fastsett for vedkommande årsintervall, oppført i bokstav a) til e) nedanfor, av årsgjennomsnittet for dei kalkulerte forbruksnivåa hans av kontrollerte stoff i vedlegg F for åra 2011, 2012 og 2013, pluss 25 prosent av dei kalkulerte forbruksnivåa hans av kontrollerte stoff i vedlegg C, gruppe I, som fastsett i artikkel 2F nr. 1, uttrykt i CO2-ekvivalentar:

    • (a) 2020 til 2024: 95 prosent

    • (b) 2025 til 2028: 65 prosent

    • (c) 2029 til 2033: 30 prosent

    • (d) 2034 til 2035: 20 prosent

    • (e) 2036 og deretter: 15 prosent

  • 3. Kvar part som produserer dei kontrollerte stoffa i vedlegg F, skal sørgje for at det kalkulerte produksjonsnivået hans av dei kontrollerte stoffa i vedlegg F, uttrykt i CO2-ekvivalentar, i tolvmånadersperioden som tek til 1. januar 2019, og i kvar etterfølgjande tolvmånadersperiode, ikkje overstig prosentdelen som er fastsett for vedkommande årsintervall, oppført i bokstav a) til e) nedanfor, av årsgjennomsnittet for dei kalkulerte produksjonsnivåa hans av kontrollerte stoff i vedlegg F for åra 2011, 2012 og 2013, pluss 15 prosent av det kalkulerte produksjonsnivået hans av kontrollerte stoff i vedlegg C, gruppe I, som fastsett i artikkel 2F nr. 2, uttrykt i CO2-ekvivalentar:

    • (a) 2019 til 2023: 90 prosent

    • (b) 2024 til 2028: 60 prosent

    • (c) 2029 til 2033: 30 prosent

    • (d) 2034 til 2035: 20 prosent

    • (e) 2036 og deretter: 15 prosent

  • 4. Trass i nr. 3 i denne artikkelen kan partane vedta at ein part som produserer dei kontrollerte stoffa i vedlegg F, skal sørgje for at det kalkulerte produksjonsnivået hans av dei kontrollerte stoffa i vedlegg F, uttrykt i CO2-ekvivalentar, i tolvmånadersperioden som tek til 1. januar 2020, og i kvar etterfølgjande tolvmånadersperiode, ikkje overstig prosentdelen som er fastsett for vedkommande årsintervall, oppført i bokstav a) til e) nedanfor, av årsgjennomsnittet for dei kalkulerte produksjonsnivåa hans av kontrollerte stoff i vedlegg F for åra 2011, 2012 og 2013, pluss 25 prosent av det kalkulerte produksjonsnivået hans av kontrollerte stoff i vedlegg C, gruppe I, som fastsett i artikkel 2F nr. 2, uttrykt i CO2-ekvivalentar:

    • (a) 2020 til 2024: 95 prosent

    • (b) 2025 til 2028: 65 prosent

    • (c) 2029 til 2033: 30 prosent

    • (d) 2034 til 2035: 20 prosent

    • (e) 2036 og deretter: 15 prosent

  • 5. Nr. 1 til 4 i denne artikkelen gjeld med unntak av det produksjons- eller forbruksnivået partane vedtek å tillate fordi det er nødvendig for å tilfredsstille bruksområde som partane er samde om å halde utanfor.

  • 6. Kvar part som produserer stoff i vedlegg C, gruppe I, eller stoff i vedlegg F, skal sørgje for at utsleppa hans av stoff i vedlegg F, gruppe II, som blir genererte i kvart produksjonsanlegg som produserer stoff i vedlegg C, gruppe I, eller stoff i vedlegg F, i tolvmånadersperioden som tek til 1. januar 2020, og i kvar etterfølgjande tolvmånadersperiode, så langt det lèt seg gjere blir destruerte ved hjelp av teknologi godkjend av partane i same tolvmånadersperiode.

  • 7. Kvar part skal sørgje for at destruering av stoff i vedlegg F, gruppe II, som blir genererte av anlegg som produserer stoff i vedlegg C, gruppe I, eller stoff i vedlegg F, berre skal utførast ved hjelp av teknologi godkjend av partane.

Artikkel 3

Innleiinga til artikkel 3 i protokollen bør erstattast med:

«1. Med omsyn til artiklane 2, 2A til 2J og 5 skal kvar part for kvar gruppe stoff i vedlegg A, vedlegg B, vedlegg C, vedlegg E eller vedlegg F fastsetje sine kalkulerte nivå av:»

Siste semikolon i artikkel 3 bokstav a) i) i protokollen skal bytast ut med:

«, med dei unntak som er fastsette i nr. 2;»

Følgjande tekst skal leggjast til på slutten av artikkel 3 i protokollen:

«; og

(d) Utslepp av stoff i vedlegg F, gruppe II, som blir genererte i kvart anlegg som genererer stoff i vedlegg C, gruppe I, eller vedlegg F, ved å rekne med mellom anna mengder som blir sleppte ut via utstyrslekkasjar, prosesslufting og destruksjonsinnretningar, men halde utanfor mengder som blir fanga for bruk, destruksjon eller lagring.

2. I utrekninga av produksjons-, forbruks-, import,- eksport- og utsleppsnivå, uttrykt i CO2-ekvivalentar, av stoff i vedlegg F og vedlegg C, gruppe I, med tanke på artikkel 2J nr. 5 bis i artikkel 2 og nr. 1 d) i artikkel 3, skal kvar part bruke dei globale oppvarmingspotensiala for dei stoffa som er spesifiserte i gruppe I i vedlegg A, vedlegg C og vedlegg F.»

Artikkel 4 nr. 1 sept

Følgjande nr. skal setjast inn etter nr. 1 sex i artikkel 4 i protokollen:

«1 sept. Når dette nr. trer i kraft, skal kvar part forby import av dei kontrollerte stoffa i vedlegg F frå nokon stat som ikkje er part i denne protokollen.»

Artikkel 4 nr. 2 sept

Dette nr. skal setjast inn etter nr. 2 sex i artikkel 4 i protokollen:

«2 sept. Når dette nr. trer i kraft, skal kvar part forby eksport av dei kontrollerte stoffa i vedlegg F til nokon stat som ikkje er part i denne protokollen.»

Artikkel 4 nr. 5, 6 og 7

I artikkel 4 nr. 5, 6 and 7 i protokollen skal orda:

«vedlegg A, B, C og E»

bytast ut med:

«vedlegg A, B, C, E og F»

Artikkel 4 nr. 8

I artikkel 4 nr. 8 i protokollen skal orda:

«artikkel 2A til 2I»

bytast ut med:

«Artikkel 2A til 2J»

Artikkel 4B

Følgjande nr. skal setjast inn etter artikkel 4B nr. 2 i protokollen:

«2 bis. Kvar part skal innan 1. januar 2019, eller innan tre månader etter datoen då dette nr. trer i kraft for han, alt etter kva som kjem sist, etablere og gjennomføre eit system for å lisensiere import og eksport av nye, brukte, resirkulerte og gjenvunne kontrollerte stoff i vedlegg F. Ein part som kjem inn under artikkel 5 nr. 1, og som slår fast at han ikkje er i stand til å etablere og implementerte eit slikt system innan 1. januar 2019, kan vente med å gjennomføre desse tiltaka til 1. januar 2021.»

Artikkel 5

I artikkel 5 nr. 4 i protokollen skal ordet:

«2I»

bytast ut med:

«2J»

I artikkel 5 nr. 5 og 6 i protokollen skal orda:

«artikkel 2I»

bytast ut med:

«artikkel 2I og 2J»

I artikkel 5 nr. 5 i protokollen skal det før orda:

«eventuelle kontrolltiltak»

setjast inn:

«med»

Følgjande nr. skal setjast inn etter artikkel 5 nr. 8 ter i protokollen:

«8 qua

  • (a) Ein part som kjem inn under nr. 1 i denne artikkelen, skal, med atterhald om eventuelle justeringar i kontrolltiltaka i artikkel 2J som blir gjorde i samsvar med artikkel 2 nr. 9, ha rett til å vente med å oppfylle kontrolltiltaka i artikkel 2J nr. 1 bokstav a) til e) og artikkel 2J nr. 3 bokstav a) til e) og modifisere desse tiltaka slik:

    • (i) 2024 til 2028: 100 prosent

    • (ii) 2029 til 2034: 90 prosent

    • (iii) 2035 til 2039: 70 prosent

    • (iv) 2040 til 2044: 50 prosent

    • (v) 2045 og deretter: 20 prosent

  • (b) Trass i bokstav a) ovanfor kan partane vedta at ein part som kjem inn under nr. 1 i denne artikkelen, med atterhald om eventuelle justeringar i kontrolltiltaka i artikkel 2J som blir gjorde i samsvar med artikkel 2 nr. 9, har rett til å vente med å oppfylle kontrolltiltaka i artikkel 2J nr. 1 bokstav a) til e) og artikkel 2J nr. 3 bokstav a) til e) og modifisere desse tiltaka slik:

    • (i) 2028 til 2031: 100 prosent

    • (ii) 2032 til 2036: 90 prosent

    • (iii) 2037 til 2041: 80 prosent

    • (iv) 2042 til 2046: 70 prosent

    • (v) 2047 og deretter: 15 prosent

  • (c) Kvar part som kjem inn under nr. 1 i denne artikkelen, skal som grunnlag for å rekne ut eige basisnivå for forbruk etter artikkel 2J ha rett til å bruke gjennomsnittet av eigne kalkulerte forbruksnivå av kontrollerte stoff i vedlegg F for åra 2020, 2021 og 2022, pluss 65 prosent av eige basisforbruk av kontrollerte stoff i vedlegg C, gruppe I, som fastsett i nr. 8 ter i denne artikkelen.

  • (d) Trass i bokstav c) ovanfor kan partane vedta at ein part som kjem inn under nr. 1 i denne artikkelen, som grunnlag for å rekne ut eige basisnivå for forbruk etter artikkel 2J skal ha rett til å bruke gjennomsnittet av eigne kalkulerte forbruksnivå av kontrollerte stoff i vedlegg F for åra 2024, 2025 og 2026, pluss 65 prosent av eige basisforbruk av kontrollerte stoff i vedlegg C, gruppe I, som fastsett i nr. 8 ter i denne artikkelen.

  • (e) Kvar part som kjem inn under nr. 1 i denne artikkelen, og som produserer dei kontrollerte stoffa i vedlegg F, skal som grunnlag for å rekne ut eige basisnivå for produksjon etter artikkel 2J ha rett til å bruke gjennomsnittet av eigne kalkulerte produksjonsnivå av kontrollerte stoff i vedlegg F for åra 2020, 2021 og 2022, pluss 65 prosent av eigen basisproduksjon av kontrollerte stoff i vedlegg C, gruppe I, som fastsett i nr. 8 ter i denne artikkelen.

  • (f) Trass i bokstav e) ovanfor kan partane vedta at ein part som kjem inn under nr. 1 i denne artikkelen, og som produserer dei kontrollerte stoffa i vedlegg F, som grunnlag for å rekne ut eige basisnivå får produksjon etter artikkel 2J skal ha rett til å bruke gjennomsnittet av eigne kalkulerte produksjonsnivå av kontrollerte stoff i vedlegg F for åra 2024, 2025 og 2026, pluss 65 prosent av eigen basisproduksjon av kontrollerte stoff i vedlegg C, gruppe I, som fastsett i nr. 8 ter i denne artikkelen.

  • (g) Bokstav a) til f) i dette nr. gjeld for kalkulerte produksjons- og forbruksnivå så langt det ikkje er sett i verk unntak som følgje av høg omgivnadstemperatur på grunnlag av kriterium som partane vedtek.»

Artikkel 6

I artikkel 6 i protokollen skal orda:

«artikkel 2A til 2I»

bytast ut med:

«artikkel 2A til 2J»

Artikkel 7 nr. 2, 3 og 3 ter

Denne linja skal setjast inn etter linja der det står «– i vedlegg E for året 1991,» i artikkel 7 nr. 2 i protokollen:

«– i vedlegg F for åra 2011 til 2013, med det unntaket at partar som kjem inn under artikkel 5 nr. 1, skal leggje fram slike data for åra 2020 til 2022, men dei partane som kjem inn under artikkel 5 nr. 1, og som artikkel 5 nr. 8 qua bokstav d) og f) gjeld for, skal leggje fram slike data for åra 2024 til 2026;»

I artikkel 7 nr. 2 og 3 i protokollen skal orda:

«C og E»

bytast ut med:

«C, E og F»

Dette nr. skal leggjast til artikkel 7 etter nr. 3 bis i protokollen:

«3 ter. Kvar part skal leggje fram for sekretariatet statistiske data om dei årlege utsleppa sine av kontrollerte stoff i vedlegg F, gruppe II, per anlegg i samsvar med artikkel 3 nr. 1 d) i protokollen.»

Artikkel 7 nr. 4

I artikkel 7 nr. 4 etter orda:

«statistiske data om» og «legg fram data om»

skal det føyast til:

«produksjon,»

Artikkel 10 nr. 1

I artikkel 10 nr. 1 i protokollen skal orda:

«og artikkel 2I»

bytast ut med:

«, artikkel 2I og Artikkel 2J»

Følgjande skal setjast inn på slutten av artikkel 10 nr. 1 i protokollen:

«Dersom ein part som kjem inn under artikkel 5 nr. 1, vel å gjere bruk av finansiering frå ein annan finansiell mekanisme og som følgje av det vil kunne oppfylle ein del av dei avtalte ekstrakostnadene sine, skal den delen ikkje dekkjast av den finansielle mekanismen etter artikkel 10 i denne protokollen.»

Artikkel 17

I artikkel 17 i protokollen skal orda:

«artikkel 2A til 2I»

bytast ut med:

«artikkel 2A til 2J»

Vedlegg A

Denne tabellen kjem i staden for tabellen for gruppe I i vedlegg A til protokollen:

Gruppe

Stoff

Ozonreduserande potensial (ODP)*

100-års globalt oppvarmingspotensial (GWP)

Gruppe I

CFCl3

(KFK-11)

1,0

4 750

CF2Cl2

(KFK-12)

1,0

10 900

C2F3Cl3

(KFK-113)

0,8

6 130

C2F4Cl2

(KFK-114)

1,0

10 000

C2F5Cl

(KFK-115)

0,6

7 370

Vedlegg C og Vedlegg F

Denne tabellen kjem i staden for tabellen for gruppe I i vedlegg C til protokollen:

Gruppe

Stoff

Isomertal

Ozonreduserande

potensial (ODP)*

100-års

globalt oppvarmings- potensial (GWP) ***

Gruppe I

CHFCl2

(HKFK-21)**

1

0,04

151

CHF2Cl

(HKFK-22)**

1

0,055

1810

CH2FCl

(HKFK-31)

1

0,02

C2HFCl4

(HKFK-121)

2

0,01–0,04

C2HF2Cl3

(HKFK-122)

3

0,02–0,08

C2HF3Cl2

(HKFK-123)

3

0,02–0,06

77

CHCl2CF3

(HKFK-123)**

0,02

C2HF4Cl

(HKFK-124)

2

0,02–0,04

609

CHFClCF3

(HKFK-124)**

0,022

C2H2FCl3

(HKFK-131)

3

0,007–0,05

C2H2F2Cl2

(HKFK-132)

4

0,008–0,05

C2H2F3Cl

(HKFK-133)

3

0,02–0,06

C2H3FCl2

(HKFK-141)

3

0,005–0,07

CH3CFCl2

(HKFK-141b)**

0,11

725

C2H3F2Cl

(HKFK-142)

3

0,008–0,07

CH3CF2Cl

(HKFK-142b)**

0,065

2310

C2H4FCl

(HKFK-151)

2

0,003–0,005

C3HFCl6

(HKFK-221)

5

0,015–0,07

C3HF2Cl5

(HKFK-222)

9

0,01–0,09

C3HF3Cl4

(HKFK-223)

12

0,01–0,08

C3HF4Cl3

(HKFK-224)

12

0,01–0,09

C3HF5Cl2

(HKFK-225)

9

0,02–0,07

CF3CF2CHCl2

(HKFK-225ca)**

0,025

122

CF2ClCF2CHClF

(HKFK-225cb)**

0,033

595

C3HF6Cl

(HKFK-226)

5

0,02–0,10

C3H2FCl5

(HKFK-231)

9

0,05–0,09

C3H2F2Cl4

(HKFK-232)

16

0,008–0,10

C3H2F3Cl3

(HKFK-233)

18

0,007–0,23

C3H2F4Cl2

(HKFK-234)

16

0,01–0,28

C3H2F5Cl

(HKFK-235)

9

0,03–0,52

C3H3FCl4

(HKFK-241)

12

0,004–0,09

C3H3F2Cl3

(HKFK-242)

18

0,005–0,13

C3H3F3Cl2

(HKFK-243)

18

0,007–0,12

C3H3F4Cl

(HKFK-244)

12

0,009–0,14

C3H4FCl3

(HKFK-251)

12

0,001–0,01

C3H4F2Cl2

(HKFK-252)

16

0,005–0,04

C3H4F3Cl

(HKFK-253)

12

0,003–0,03

C3H5FCl2

(HKFK-261)

9

0,002–0,02

C3H5F2Cl

(HKFK-262)

9

0,002–0,02

C3H6FCl

(HKFK-271)

5

0,001–0,03

* Når det er ført opp eit intervall for ozonreduserande potensial (ODP-intervall), skal den høgaste verdien i intervallet brukast i samband med protokollen. ODP-ar som er oppførte som éin verdi, er fastlagde ut frå utrekningar på grunnlag av laboratoriemålingar. Dei som er oppførte som eit intervall, er baserte på estimat og er mindre sikre. Intervallet gjeld ei isomergruppe. Den øvre verdien er ODP-estimatet for isomeren med høgast ODP, og den nedre verdien er ODP-estimatet for isomeren med lågast ODP.

** Identifiserer dei kommersielt mest veleigna stoffa med tilknytte ODP-verdiar for bruk i samband med protokollen.

*** For stoff som det ikkje er sett opp GWP for, gjeld standardverdien 0 til ein GWP-verdi blir inkludert ved hjelp av prosedyren som er fastsett i artikkel 2 nr. 9 a) ii).

Dette vedlegget skal føyast til protokollen etter vedlegg E:

«Vedlegg F: Kontrollerte stoff

Gruppe

Stoff

100-års globalt

oppvarmingspotensial

Gruppe I

CHF2CHF2

HFK-134

1 100

CH2FCF3

HFK-134a

1 430

CH2FCHF2

HFK-143

353

CHF2CH2CF3

HF-245fa

1 030

CF3CH2CF2CH3

HFK-365mfc

794

CF3CHFCF3

HFK-227ea

3 220

CH2FCF2CF3

HFK-236cb

1 340

CHF2CHFCF3

HFK-236ea

1 370

CF3CH2CF3

HFK-236fa

9 810

CH2FCF2CHF2

HFK-245ca

693

CF3CHFCHFCF2CF3

HFK-43-10mee

1 640

CH2F2

HFK-32

675

CHF2CF3

HFK-125

3 500

CH3CF3

HFK-143a

4 470

CH3F

HFK-41

92

CH2FCH2F

HFK-152

53

CH3CHF2

HFK-152a

124

Gruppe II

CHF3

HFK-23

14 800

Artikkel II: Forhold til endringa frå 1999

Ingen stat eller regional organisasjon for økonomisk integrasjon kan deponere eit ratifikasjons-, godtakings-, godkjennings- eller tiltredingsdokument for denne endringa utan at han tidlegare eller samtidig har deponert eit slikt dokument til endringa som blei vedteken på det ellevte møtet mellom partane i Beijing 3. desember 1999.

Artikkel III: Forhold til FNs rammekonvensjon om klimaendring og Kyoto-protokollen til den same

Det er ikkje tanken at denne endringa skal frita hydrofluorkarbon frå verkeområdet til forpliktingane som inngår i artikkel 4 og 12 i FNs rammekonvensjon om klimaendring eller i artikkel 2, 5, 7 og 10 i Kyotoprotokollen til den same.

Artikkel IV: Ikraftsetjing

  • 1. Med dei unntaka som er nemnde i nr. 2 nedanfor, trer denne endringa i kraft 1. januar 2019 så sant minst tjue ratifikasjons-, godtakings- eller godkjenningsdokument for endringa er deponerte av statar eller regionale organisasjonar for økonomisk integrasjon som er partar i Montrealprotokollen om stoff som reduserer ozonlaget. Dersom dette vilkåret ikkje er oppfylt innan den datoen, trer endringa i kraft den nittiande dagen etter datoen då det er oppfylt.

  • 2. Endringane i artikkel 4 i protokollen, Kontroll av handel med ikkje-partar, som går fram av artikkel 1 i denne endringa, trer i kraft 1. januar 2033 så sant minst sytti ratifikasjons-, godtakings- eller godkjenningsdokument for endringa er deponerte av statar eller regionale organisasjonar for økonomisk integrasjon som er partar i Montrealprotokollen om stoff som reduserer ozonlaget. Dersom dette vilkåret ikkje er oppfylt innan den datoen, trer endringa i kraft den nittiande dagen etter datoen då det er oppfylt.

  • 3. Med omsyn til nr. 1 og 2 skal eit slikt dokument, når det er deponert av ein regional organisasjon for økonomisk integrasjon, ikkje teljast i tillegg til dei som er deponerte av medlemsstatane i organisasjonen.

  • 4. Etter at denne endringa har tredd i kraft i samsvar med nr. 1 og 2, trer ho i kraft for andre partar i protokollen den nittiande dagen etter datoen då vedkommande part har deponert ratifikasjons-, godtakings- eller godkjenningsdokumentet sitt.

Artikkel V: Mellombels bruk

Før denne endringa trer i kraft for ein part, kan parten når som helst erklære at han mellombels vil bruke kontrolltiltak fastsette i artikkel 2J, og dei tilsvarande rapporteringspliktene i artikkel 7, til endringa trer i kraft for han.