2 Bakgrunnen for forslaget
Innsamlingsregistreringslova tredde i kraft 1. juli 2009. Stiftelsen Innsamlingskontrollen i Noreg fekk oppdraget med å etablere og drifte Innsamlingsregisteret, og er peikt ut av departementet som registreringsorgan. Stiftelsen Innsamlingskontrollen i Noreg er ein alminneleg stiftelse som blei etablert i 1991 med formålet å sikre interessene til publikum i at innsamlingar til ideelle og allmennyttige formål blir organiserte og gjennomførte på ein forsvarleg måte, og at forvaltninga av midlane er forsvarleg. Hovudmålet med ei lovregulering var å bidra til å føre vidare eller auke tilliten mellom givarar og innsamlingsaksjonar på ein betre måte enn om området blei verande uregulert, jf. Ot.prp. nr. 47 (2006–2007) Om lov om registrering av innsamlinger. Føresegnene i lova skil seg ikkje vesentleg frå den verksemda Stiftelsen Innsamlingskontrollen dreiv før lova tredde i kraft. Visse tiltak går igjen som verkemiddel for oppbygginga av tillit til innsamlingsaksjonar, mellom anna registrering av innsamlingsaksjonar, kontroll av pengestraumar og merking av personar og materiell i innsamlingar.
I 2013 blei det gjennomført ei evaluering av korleis innsamlingsregistreringslova verka sedd i forhold til dei ønskte måla. Evalueringa gir ingen indikasjon på at lova har fungert i tråd med intensjonen. Snarare tvert imot kan det hevdast at lova har verka motsett av formålet, i form av at lova har hatt uheldige og uintenderte konsekvensar for dei seriøse organisasjonane som har valt registrering, mens useriøse organisasjonar har kunna operere meir eller mindre fritt utan offentleg merksemd. For å sikre interessene til givarane og at det meste av innsamla midlar går til det oppgitte formålet, tilrår ein i evalueringa at det blir innført gradert registreringsplikt for innsamlingar, og at staten får rolla som kontrollorgan.
I ein høyringsrunde om evalueringsrapporten uttrykte frivillig sektor skepsis til forslaget om registreringsplikt, mellom anna fordi dette vil påføre frivillige organisasjonar meir rapportering og byråkrati samtidig som det er usikkert om ei registreringsplikt vil forhindre useriøse aktørar som vil søkje å unngå registrering. I tråd med tilrådingane i evalueringa og innspel frå høyringsinstansane bestemte departementet seg for å setje ned ei arbeidsgruppe som fekk i oppgåve å vurdere problema med useriøse innsamlingsaktørar og foreslå tiltak for å skilje useriøse aktørar frå seriøse, og gjere det vanskelegare for useriøse aktørar å drive innsamlingsaktivitet. Deltakarane i gruppa var både frå frivillig sektor og offentlege instansar, inkludert Forbrukarombodet, Skattedirektoratet, Økokrim og Politiets tryggingsteneste (PST). Gruppa fekk i mandat å sjå på andre tiltak enn registreringsplikt og auka statleg kontroll av innsamlingar som vil kunne styrkje tilliten til givarane. Arbeidsgruppa har ikkje gjort noka realitetsvurdering av i kva grad tiltaka kan gjennomførast og av moglege konsekvensar av dei foreslåtte tiltaka.
På bakgrunn av den manglande merksemda overfor moglege useriøse innsamlingar og organisasjonar etablerte Stiftelsen Innsamlingskontrollen i mars 2014 ei OBS-liste, heilt uavhengig av innsamlingsregistreringslova. Formålet med OBS-lista er å varsle publikum om organisasjonar der det har komme fram negative opplysningar av ulik art. Dette gjeld både med omsyn til økonomi og det organisatoriske/styringsmessige. Pr. 1. april 2015 er 34 organisasjonar førte opp på Innsamlingskontrollens OBS-liste, mens 116 organisasjonar er registrerte i Innsamlingsregisteret.
Stiftelsen Innsamlingskontrollen har varsla at dei vil halde fram arbeidet som frivillig organ for sjølvjustis for innsamlingsbransjen. Norges Innsamlingsråd støttar opp under Innsamlingskontrollen og meiner stiftelsen kan sikre interessene til givarane på ein forsvarleg måte også etter ei eventuell oppheving av lova. Norges Innsamlingsråd blei stifta i 1994 og har rundt 60 medlemmer som utgjer hovudtyngda av ideelle, humanitære og kulturelle organisasjonar på innsamlingsmarknaden i Noreg.