5 Vurderingar frå departementet
Departementet ønskjer å leggje til rette for at frivillige organisasjonar òg i framtida skal kunne skaffe seg inntekter gjennom pengeinnsamlingar. Offentlege pengeinnsamlingar er eit sentralt verkemiddel som blir nytta både av små og store organisasjonar på ulike nivå for å finansiere ei rad ulike aktivitetar og formål. Å leggje til rette for innsamlingar i regi av frivillige organisasjonar er på denne bakgrunnen eit viktig bidrag for å auke inntektsmoglegheitene til organisasjonane. Dette bidreg samtidig til å styrkje den sjølvstendige og uavhengige rolla til dei frivillige organisasjonane og gir større legitimitet til det arbeidet organisasjonane gjer.
Intensjonen med ei lovfesta registreringsordning for innsamlingar var å bidra til større openheit om gjennomføring av, og pengeforvaltning ved, pengeinnsamling. I forarbeida heiter det mellom anna:
«I hvilken grad det gis penger til innsamlingsaksjoner vil være avhengig av innsamlingens appell og troverdighet. Giverens vurdering av dette kan i begrenset grad lovreguleres (…) Hovedmålsettingen med en lovregulering må derfor være at den skal kunne bidra til å opprettholde eller øke tilliten mellom givere og innsamlingsaksjoner på en bedre måte enn om området forblir uregulert. Dette kan blant annet skje ved å sikre bedre at giverens penger i så stor grad som mulig går til det oppgitte formål.»
Formålet med innsamlingsregistreringslova er på denne bakgrunnen å medverke til at midlar som blir gitt til innsamlingar, i størst mogleg grad gir overskot til beste for det formålet som er oppgitt for innsamlinga.
Det er brei semje om at Innsamlingsregisteret ikkje har bidrege vesentleg til formålet i tråd med intensjonane i forarbeida. Lova har verken hatt ein positiv effekt for å styrkje tilliten til dei seriøse innsamlingsorganisasjonane eller hatt noka rolle i å hindre useriøse innsamlingsaktørar. Departementet står på denne bakgrunnen fast ved forslaget om oppheving av innsamlingsregistreringslova.
Oppheving av lova vil innebere at pengeinnsamlingar i regi av frivillige organisasjonar ikkje blir regulerte av ei særskild lov. Departementet meiner at det at organisasjonane er avhengige av innsamla midlar, er ein god nok grunn til at organisasjonane på eige grunnlag vil setje i verk tiltak for å sikre interessene til givarane og bevare eller styrkje tilliten mellom givarar og innsamlingsaksjonar. Den private Stiftelsen Innsamlingskontrollen er oppretta av humanitære organisasjonar som frivillig organ for sjølvjustis i innsamlingsbransjen for å sikre interessene til publikum. Fire av dei sju styremedlemmene skal vere personar som verken direkte eller indirekte har noka tilknyting til innsamlingsverksemd, jf. § 4 i vedtektene til Innsamlingskontrollen. Innsamlingskontrollen har sidan 1991 arbeidd for å sikre forsvarleg gjennomføring av innsamlingar og forsvarleg forvaltning av innsamla midlar, og vil stå fritt til å føre vidare ei ordning for kontroll av innsamlingar ved oppheving av innsamlingsregistreringslova.
Departementet vil vurdere nærare forslaget om å leggje til rette for registrering av innsamlingar i Frivilligregisteret og sjå dette i samanheng med det arbeidet regjeringa gjer for å bidra til meir bruk av Frivilligregisteret. Bakgrunnen er mellom anna spørsmåla som har blitt reiste om kva opplysningar som skal registrerast om innsamlingar i Frivilligregisteret, korleis og av kven desse opplysningane skal kontrollerast, og om det bør vere ei pliktig registrering av innsamlingar og/eller rekneskapsopplysningar.
Det er brei politisk semje om at Frivilligregisteret skal takast i bruk av offentlege myndigheiter. Departementet arbeider aktivt for å auke bruken av Frivilligregisteret som eit verktøy for samordning og forenkling. Sentralt i samband med dette er gjenbruk av opplysningar som frivillige organisasjonar rapporterer inn som vilkår for å få offentleg støtte, mellom dei vedtekter, årsrekneskap og årsmeldingar. Departementet meiner det er formålstenleg å sjå forslaget om registrering av innsamlingar i samanheng med det pågåande arbeidet for å auke bruken av Frivilligregisteret.
Innvendingane mot forslaget til lovendringar frå departementet kjem primært frå offentlege instansar som meiner det er nødvendig med ei pliktig registrering av innsamlingar med høve til offentleg kontroll og/eller tilsyn. Det er særleg nødvendig å identifisere tiltak for å møte truslane som er identifiserte gjennom at pengeinnsamlingar kan nyttast til finansiering av terror. Givarar kan bli misleidde til å tru at pengane går til humanitære formål, mens dei i realiteten kan misbrukast mellom anna til finansiering av terrorisme. Frivillige organisasjonar er eigna og attraktive for misbruk då sektoren er underlagd vesentleg mindre kontroll enn institusjonar som er rapporteringspliktige etter lov om tiltak mot hvitvasking og terrorfinansiering. Denne typen alvorleg kriminalitet skil seg også vesentleg frå andre typar innsamlingsrelatert kriminalitet, ettersom det er særleg viktig å avdekkje handlingane på eit tidleg tidspunkt for å kunne avverje dei. På bakgrunn av dei trusselvurderingane som ligg føre, og Noregs internasjonale forpliktingar, vil regjeringa vurdere målretta tiltak for å motverke misbruk av frivillige organisasjonar til terrorfinansiering.