3 Gjeldande rett
3.1 Lov 29. juni 2007 nr. 87 om registrering av innsamlinger (innsamlingsregistreringslova)
Formålet med innsamlingsregistreringslova er å medverke til at midlar løyvde til innsamlingar i størst mogleg grad gir overskot til beste for det formålet som er oppgitt med innsamlinga. Med innsamling er meint all frivillig innsamling av pengar eller gåver retta mot offentlegheita til inntekt for samfunnsnyttige formål.
Registrering av innsamlingar er frivillig og skjer etter skriftleg melding til registreringsorganet, som sidan Innsamlingsregisteret blei etablert, har vore Stiftelsen Innsamlingskontrollen. I tråd med lova fastset registreringsorganet nærare føresegner for registrering av innsamlingar (§ 2), innsamlingsmerke (§ 3), avgift (§ 4), rekneskap (§ 5) og berekninga av ein minste prosentdel til det oppgitte formålet med innsamlinga (§ 6). Registreringsorganet kan slette eller nekte registrering av ei innsamling og skal ved mistanke om bedrageri, utruskap, underslag eller liknande vurdere om forholdet skal meldast til politiet, jf. §§ 7 og 8 i lova.
Formålet med forslaget om ei lovfesta registreringsordning for innsamlingar var å bidra til større openheit om gjennomføring av, og pengeforvaltning ved, pengeinnsamling. Målet var at flest mogleg av både dei små og dei store innsamlingane skulle sjå nytten av å vere registrert i registeret. Det blei på denne bakgrunnen ikkje vedteke registreringsplikt.
For å bidra til å bevare eller auke tilliten mellom givarar og innsamlingsaksjonar blei det vedteke at minst 65 % av innsamla beløp skulle gå til det oppgitte formålet med innsamlinga. Stiftelsen Innsamlingskontrollens merke (IK-merket) blei ført vidare som innsamlingsmerke for innsamlingar registrerte i Innsamlingsregisteret.
Drifta av Innsamlingsregisteret, sekretariatet og funksjonar/roller i tilknyting til dette blir dekt gjennom registreringsavgift og årsavgift fasett av registreringsorganet, jf. § 4 i lova. Innsamlingskontrollen har fastsett registreringsavgifta til kr 4 000, mens årsavgifta blir berekna ut frå inntektene til organisasjonane med eit minimumsbeløp på kr 2 000 og eit maksimumsbeløp på kr 40 000. I 2013 henta Innsamlingskontrollen inn avgifter på til saman 1,6 mill. kroner frå registrerte innsamlingar/organisasjonar. Siden 2013 har Stiftelsen Innsamlingskontrollen fått eit tilskot frå Kulturdepartementet løyvd til Innsamlingsregisteret under kap. 315 Frivillighetsformål, post 78 Ymse faste tiltak. I 2015 er denne løyvinga på kr 826 000, jf. Prop. 1 S (2014–2015) frå Kulturdepartementet.