1 Innleiing
Samferdselsdepartementet legg i denne proposisjonen fram forslag om utbygging og finansiering av prosjektet E39 Rogfast i Randaberg, Kvitsøy og Bokn kommunar i Rogaland.
E39 Rogfast er det første ferjeavløysingsprosjektet i ambisjonen om ferjefri E39 mellom Kristiansand og Trondheim, jf. nærare omtale i Meld. St. 26 (2012–2013) Nasjonal transportplan 2014–2023. Prosjektet som skal erstatte ferjesambanda Mortavika – Arsvågen og Mekjarvik – Kvitsøy i Boknafjorden, omfattar bygging av ein 26,7 km lang undersjøisk tunnel i to løp mellom Harestad i Randaberg kommune og Arsvågen i Bokn kommune og ein 3,7 km lang tunnelarm til Kvitsøy. Tunnelen blir den lengste og djupaste undersjøiske vegtunnelen i verda, med lågaste punkt 392 m under havoverflata.
Eit ferjefritt vegsamband mellom Nord–Jæren og Haugalandet gir auka tilgjenge og stor innsparing av reisetid. Reisetida blir redusert med om lag 40 minuttar, slik at ei reise mellom Stavanger og Bergen vil kunne gjennomførast på om lag 3,5 timar. Prosjektet legg til rette for ein utvida felles bu- og arbeidsmarknad.
Prosjektet E39 Rogfast er mellom anna omtalt i Meld. St. 26 (2012–2013) Nasjonal transportplan 2014–2023, Prop. 117 S (2012–2013) E39 Rogfast i Rogaland – førehandsinnkrevjing av bompengar, Prop. 126 S (2015–2016) Nokre saker om luftfart, veg, særskilde transporttiltak og jernbane og Prop. 1 S (2016–2017).
Finansieringa er basert på bompengar og statlege midlar.