7 Samferdselsdepartementet si vurdering
Samferdselsdepartementet viser til at E39 Rogfast er eit av dei største samferdselsprosjekta i landet nokon gong, og vil innebere eit tidsskilje i kommunikasjonane på Sør-Vestlandet. Reisetida mellom Nord-Jæren og Haugalandet blir redusert med om lag 40 minuttar, og strekninga kan trafikkerast heile døgnet. E39 er den viktigaste transportruta nord-sør på Vestlandet, og reisetida mellom Stavanger/Sandnes, Haugesund og Bergen blir tilsvarande redusert. Prosjektet vil medverke til ein utvida felles bu- og arbeidsmarknad på Sør-Vestlandet. Prosjektet E39 Rogfast er det første ferjeavløysingsprosjektet i ambisjonen om ferjefri E39 mellom Kristiansand og Trondheim. Ferjesambanda Mortavika – Arsvågen og Mekjarvik – Kvitsøy vil bli lagt ned når E39 Rogfast blir opna for trafikk, etter planen i 2024/2025.
E39 Rogfast er eit omfattande prosjekt med bygging av verdas lengste og djupaste undersjøiske tunnel. I tillegg er byggjeperioden lang. Det er derfor knytt større uvisse til kostnadene ved dette prosjektet enn det som er vanleg. I tillegg er takstnivået vesentleg høgare enn det vi har erfaring med frå andre bompengeprosjekt. Det er derfor også knytt større uvisse til trafikktala og nivået på bompengeinntektene enn det som er vanleg.
Eventuell kostnadsauke ut over prisstiging skal i utgangspunktet dekkjast i samsvar med gjeldande retningsliner for bompengeprosjekt. Dette inneber at kostnadsauke opp til kostnadsramma skal dekkjast med statlege midlar og bompengar etter same prosentvise fordeling som innanfor styringsramma. På grunn av den uvissa som er knytt til finansieringsplanen, er det lagt opp til at den statlege ramma kan aukast med inntil 1 300 mill. kr dersom økonomien i prosjektet sviktar. Samferdselsdepartementet vil komme tilbake til Stortinget med forslag om auka statleg ramme dersom økonomien i prosjektet sviktar. Første vurdering av behovet for ev. auka statleg bidrag skal gjennomførast om lag eitt år etter trafikkopning. Det er først aktuelt å auke takstane og/eller forlengje innkrevjingsperioden etter at det statlege bidraget er auka med inntil 1 300 mill. kr. Dette vil mellom anna redusere risikoen knytt til den fylkeskommunale garantien.
Gjennom handsaminga av Prop. 1 S (2016–2017)/Innst. 13 S (2016–2017) har Stortinget slutta seg til innføring av ei ny tilskotsordning for å redusere bompengetakstane utanfor byområda. Tilskotet skal gi ein reduksjon i takstane for det enkelte prosjekt på minst 10 pst. Ordninga gjeld for prosjekt som knyter seg til dei nye regionale bompengeselskapa, og som legg om til ny takst- og rabattstruktur. Ordninga omfattar berre prosjekt som er lagt fram for Stortinget innan utgangen av 2016. Prosjektet E39 Rogfast skulle etter planen vore lagt fram for Stortinget innan utgangen av 2016, men framlegginga vart forseinka. Samferdselsdepartementet legg derfor opp til at det likevel kan søkjast om tilskot for å redusere bompengetakstane for E39 Rogfast i tråd med intensjonen i bompengeordninga og i høve til det som er lagt til grunn i denne proposisjonen.