Prop. 105 S (2016–2017)

Utbygging og finansiering av E39 Rogfast i Rogaland

Til innhaldsliste

5 Utbyggings- og finansieringsopplegg

Finansieringsopplegget for E39 Rogfast omfattar statlege midlar og bompengar. Den statlege delen utgjer i utgangspunktet 21,4 pst., jf. forslag til finansieringsplan som vist i tabell 5.1. I finansieringsplanen er det lagt til grunn anleggsstart ved årsskiftet 2017–2018, evt. tidleg i 2018, og trafikkopning i 2025/2026. Endeleg tidspunkt for anleggsstart er avhengig av tidspunktet for avklaringar på klagene på ekspropriasjonsvedtaket for massedeponiet i Mekjarvik og klagen på nokre av vilkåra i løyvet til utfylling av massar i sjøen i Mekjarvik.

Tabell 5.1 Finansieringsplan for E39 Rogfast

Mill. 2017-kr

2013–2017

2018–2023

2024–2029

Sum

Statlege midlar

100

3 050

450

3 600

Bompengar

390

10 300

2 520

13 210

Sum

490

13 350

2 970

16 810

Ved utgangen av 2016 hadde bompengeselskapet stilt til disposisjon om lag 270 mill. kr frå førehandsinnkrevjinga av bompengar i ferjesambandet E39 Mortavika – Arsvågen. Midlane er nytta til planlegging og prosjektering, inkl. grunnundersøkingar, arkeologiske utgravingar, grunnerverv, m.m. I Prop. 1 S (2016–2017) er det gitt ei statleg løyving til prosjektet på 100 mill. kr i 2017. I tillegg bli det føresett at bompengeselskapet stiller til disposisjon om lag 120 mill. kr i 2017.

Statlege midlar

I tråd med Meld. St. 33 (2016–2017) Nasjonal transportplan 2018–2029 er det i utgangspunktet lagt til grunn eit statleg bidrag til prosjektet på til saman 3 600 mill. 2017-kr. Dette bidraget er føresett fordelt med 100 mill. kr i 2017, 3 050 mill. kr i perioden 2018–2023 og 450 mill. kr etter 2023.

Som tidlegare omtalt, er E39 Rogfast eit omfattande prosjekt med høge kostnader og lang byggjeperiode. Følgjeleg er det knytt større uvisse til kostnadene ved dette prosjektet enn det som er vanleg. Ekstern kvalitetssikrar har dessutan vurdert uvissa i kostnadsoverslaget som større enn det som er lagt til grunn i denne proposisjonen. I tillegg er takstnivået vesentleg høgare enn det vi har erfaring med frå andre bompengeprosjekt. Det er derfor også knytt større uvisse til trafikktala og nivået på bompengeinntektene enn det som er vanleg.

På grunn av den uvissa som er knytt til finansieringsplanen, er det lagt opp til at den statlege ramma kan aukast med inntil 1 300 mill. kr dersom økonomien i prosjektet blir dårlegare enn rekna med. Den statlege løyvinga kan aukast dersom det etter ei samla vurdering av kostnader og trafikkutvikling/bompengeinntekter blir konkludert med at det elles vil vere naudsynt å auke takstane og/eller forlengje innkrevjingsperioden. Første vurdering av behovet for ev. auka statleg ramme skal gjennomførast om lag eitt år etter trafikkopning. Då vil både utbyggingskostnader, faktisk lånerente og trafikktal vere kjent. Det er først aktuelt å auke takstane og/eller forlengje innkrevjingsperioden etter at det statlege bidraget er auka med 1 300 mill. kr.

Bompengar og bompengeopplegg

Gjennom handsaminga av Prop. 117 S (2012–2013)/Innst. 282 (2012–2013) ga Stortinget i 2013 si tilslutning til førehandsinnkrevjing av bompengar i ferjesambandet E39 Mortavika – Arsvågen. Midlane skulle nyttast til å finansiere vidare planlegging og prosjektering av E39 Rogfast i inntil tre år før eventuelt vedtak om bygging var klart. Førehandsinnkrevjinga starta i september 2013. Gjennom handsaminga av Prop. 126 S (2015–2016)/Innst. 406 S (2015–2016) blei førehandsinnkrevjinga forlenga til endeleg bompengeopplegg for E39 Rogfast er handsama av Stortinget, men avgrensa til utgangen av 2017.

Som omtalt i Prop. 126 S (2015–2016), utgjer bompengepåslaget skilnaden mellom takstsone 17 og takstsone 9, dvs. 8 takstsoner, utan rabatt på bompengepåslaget. For ein personbil opp til 6 m er påslaget i dag om lag 50 kr. Summen av ferjebillett utan rabatt og bompengar for ein personbil opp til 6 m inkl. førar er følgjeleg 231 kr. Brutto bompengeinntekter frå førehandsinnkrevjinga er på om lag 95 mill. kr pr. år.

For ferjeavløysingsprosjekt har det vore praksis med bompengebetaling på ferje så lenge sambandet er i drift. I utbyggingsperioden for E39 Rogfast er det føresett parallellinnkrevjing av bompengar i ferjesambandet, dvs. ein periode på 7–8 år. Det er lagt til grunn eit samla brutto bompengebidrag frå førehands- og parallellinkrevjinga på ferje på om lag 1 200 mill. kr.

I St.meld. nr. 32 (1988–89) Norsk veg- og vegtrafikkplan 1990–93 og St.meld. nr. 46 (1990–91) Om endring i rammebetingelser for bompengeprosjekter er bompengeperioden avgrensa til 15 år. Det blir likevel opna for at 20 år kan vurderast i spesielle tilfelle, utan at det er gitt nærare føringar for når dette er aktuelt. Bakgrunnen for å avgrense lengda på innkrevjingsperioden er omsynet til trafikantane og at uvissa knytt til ulike føresetnader aukar framover i tid. For ferjeavløysingsprosjekt er alternativet i realiteten å betale bompengar i form av ferjebillett så lenge sambandet blir oppretthalde. For fleire ferjeavløysingsprosjekt er det derfor lagt til grunn ein bompengeperiode på om lag 20 år. Statens vegvesen tilrår at det blir lagt til grunn 20 års etterskotsinnkrevjing for E39 Rogfast. Førehands- og parallellinnkrevjing i ferjesambandet E39 Mortavika – Arsvågen fram til trafikkopning kjem i tillegg.

Etterskotsinnkrevjinga av bompengar vil føregå i to automatiske bomstasjonar i begge endar av prosjektet, for sørgåande trafikk på Laupland i Bokn og for nordgåande trafikk på Harestad i Randaberg, jf. figur 2.1. Trafikantar som skal krysse Boknafjorden, vil betale i ein av bomstasjonane avhengig av kva retning dei skal. Trafikantar som skal til Kvitsøy, vil betale ved innkøyring i tunnelen enten på Harestad eller i Bokn. Det vil ikkje bli sett opp bomstasjon på Kvitsøy, og desse trafikantane vil dermed betale berre i ei retning. Trafikantane til og frå Kvitsøy vil nytte om lag halve tunnelen når dei skal til eller frå Kvitsøy, noko som gjer det rimeleg at desse dermed betalar halv pris tur/retur samanlikna med dei som reiser heile strekninga Randaberg – Bokn.

Gjennom Stortinget si handsaming av Prop. 1 S Tillegg 2 (2015–2016) blei det gitt nye retningsliner for takstgrupper og bruk av rabattordningar. Vidare er det i Prop. 1 S (2016–2017) lagt opp til nye rutinar for fastsetjing av takstar. Takst- og rabattopplegget for dette prosjektet er i tråd med dei nye retningslinene.

For at prosjektet skal vere nedbetalt i løpet av 20 år etter trafikkopning, er det rekna ut at gjennomsnittleg inntekt pr. passering må vere på 374 kr med dei føresetnadene som elles er lagt til grunn. Basert på dette er det førebels lagt til grunn følgjande grunntakstar for etterskotsinnkrevjinga i 2017-prisnivå:

  • Takstgruppe 1 (lette køyretøy med tillatt totalvekt til og med 3 500 kg og køyretøy i køyretøygruppe M1): 350 kr

  • Takstgruppe 2 (tunge køyretøy ekskl. køyretøy i køyretøygruppe M1): 1 050 kr

Som hovudregel skal taksten for takstgruppe 2 vere det dobbelte av takstgruppe 1, jf. Prop. 1 S Tillegg nr. 2 (2015–2016). Det er mogeleg med lokale tilpassingar. For E39 Rogfast er det i tråd med lokalpolitiske vedtak lagt til grunn tredobbel takst for køyretøy i takstgruppe 2. Dette er mest i samsvar med dagens ferjetakststruktur, og næringstransporten har stor nytte av eit ferjefritt samband.

I tråd med Prop. 1 S Tillegg 2 (2015–2016) er det lagt opp til 20 pst. rabatt ved bruk av gyldig brikke og brikkeavtale for køyretøy i takstgruppe 1. Køyretøy i takstgruppe 2 får ikkje rabatt.

Gjennom handsaminga av Meld. St. 1 (2016–2017)/Innst. 2 S (2016–2017) er det opna for at fritak for bompengar for elbilar kan avgjerast lokalt. Stortinget har bedt regjeringa etablere ein nasjonal bindande regel om at nullutsleppskøyretøy ikkje skal betale meir enn maksimum 50 pst. av takstane for konvensjonelle køyretøy. Som omtalt i Meld. St. 33 (2016–2017) Nasjonal transportplan 2018–2029, vil Samferdselsdepartementet komme tilbake til Stortinget med dette som eiga sak. Med føresett trafikkopning for E39 Rogfast i 2025/2026 og framleis vekst i talet på elbilar, er det vanskeleg å sjå føre seg at eit fullstendig fritak for elbilar let seg kombinere med det føresette bompengebidraget til prosjektet. Samferdselsdepartementet føreset derfor at eventuelle endringar i takstretningslinene om bompengebetaling for elbilar blir lagt til grunn.

Det er føresett at takstane blir justerte i samsvar med prisutviklinga. I tråd med føresetnadene i Prop. 1 S (2016–2017) vil rekna gjennomsnittstakst bli nytta som grunnlag for justering av takstane. Før start på etterskotsinnkrevjinga vil gjennomsnittstaksten bli vurdert ut frå kjende faktorar som låneopptak, faktisk lånerente som er oppnådd og utbyggingskostnad. Forslag til justeringar av takstane som følgje av dette føreset tilslutning frå fylkeskommunen som garantist.

Elles gjeld dei til ei kvar tid gjeldande takstretningsliner for bompengeprosjekt.

Det er etablert bompengeselskap for prosjektet, Rogfast AS. Prosjektet er vedteke å inngå i dei nye regionale bompengeselskapa når desse er etablert.

Andre føresetnader for finansieringsplanen

Eventuell kostnadsauke ut over prisstiging skal dekkjast i samsvar med gjeldande retningsliner for bompengeprosjekt. Dette inneber at kostnadsauke opp til kostnadsramma skal dekkjast med statlege midlar og bompengar etter same prosentvise fordeling som innanfor styringsramma. Eventuelle overskridingar ut over kostnadsramma er staten sitt ansvar og blir dekte med statlege midlar.

Eventuelle kostnadsreduksjonar på inntil 10 pst. blir fordelt mellom staten og bompengeselskapet i forhold til partane sin del av finansieringa innafor styringsramma. Eventuelle reduksjonar på meir enn 10 pst. tilkjem staten.

Dersom økonomien i prosjektet sviktar, kan det statlege bidraget til prosjektet auke med inntil 1 300 mill. kr. Ev. auke av det statlege bidraget skal vurderast jamleg, og første gong om lag eitt år etter trafikkopning. Etter at det statlige bidraget er auka med 1 300 mill. kr, kan bompengeselskapet etter avtale med Vegdirektoratet auke gjennomsnittstaksten med inntil 20 pst. og forlengje innkrevjingsperioden med inntil 5 år.

Følgjande basisføresetnader er elles lagt til grunn for finansieringsplanen:

  • Lånerente 5,5 pst.

  • Innskotsrente 2,5 pst.

  • Årleg prisvekst og takstauke på 2,5 pst.

  • Årlege innkrevjings- og driftskostnader: vel 12 mill. kr.

Med desse føresetnadene er perioden med etterskotsinnkrevjing rekna til om lag 20 år. Brutto bompengeinntekter i 2017-kroner er rekna til om lag 19,2 mrd. kr inkl. inntektene frå førehands- og parallellinnkrevjinga. Av dette er om lag 13,2 mrd. kr føresett nytta til å dekkje delar av investeringskostnadene, om lag 5,8 mrd. kr til å dekkje finansieringskostnader og om lag 250 mill. kr til å dekkje innkrevjingskostnader og kostnader til drift av bompengeselskapet.

Det er rekna på eit optimistisk alternativ med følgjande føresetnader:

  • Årsdøgntrafikken i opningsåret aukar med 5 pst.

  • Lånerenta blir redusert frå 5,5 pst. til 4,5 pst.

  • Elles er dei same føresetnadene som i basisalternativet lagde til grunn.

Med desse føresetnadene er perioden med etterskotsinnkrevjing rekna til om lag 16,5 år, dvs. ein reduksjon på om lag 3,5 år. Alternativt kan taksten for takstgruppe 1 reduserast frå om lag 350 kr til om lag 290 kr, medan taksten for takstgruppe 2 kan reduserast frå om lag 1 050 kr til om lag 870 kr.

Det er også rekna på eit pessimistisk alternativ med følgjande føresetnader:

  • Kostnadsauke opp til kostnadsramma.

  • Årleg trafikkvekst blir redusert til 0,75 pst. etter innkrevjingsstart.

  • ÅDT i opningsåret blir redusert med 5 pst.

  • Lånerenta blir auka frå 5,5 pst. til 6,5 pst.

  • Takstauke på 20 pst. ut over prisstiging etter to år.

Med desse føresetnadene er perioden med etterskotsinnkrevjing rekna til om lag 25 år, dvs. ein auke på om lag 5 år.