7 Økonomiske og administrative konsekvensar
Endringane i organisering, roller og ansvar skal gjennomførast innanfor ei uendra samla budsjettramme. I det ligg det at verksemdene inntil vidare blir i noverande lokale og at utgifter relatert til konsernmodellen blir flytte mellom verksemdene, men innanfor ei uendra total ramme. Departementet vil vurdere lokalisering etter kvart som leigekontraktar går ut. Som det går fram av revidert nasjonalbudsjett (Prop. 118 S (2022–2023)) er formålet med omorganiseringa ikkje å redusere den samla ressursbruken, men å oppnå gevinstar i form av mellom anna betre støtte til kommunane, betre utnytting av helsedata og større forsyningstryggleik for legemiddel og medisinsk utstyr.
Personalmessige konsekvensar som følge av organisatoriske endringar i helseforvaltninga skal ivaretakast etter lov og avtalar i statleg tariffområde, og i tråd med retningslinene for personalpolitikk ved omstillingsprosessar i staten.