Prop. 11 S (2017–2018)

Finansiering av Bypakke Bergen i Hordaland

Til innhaldsliste

6 Bompengar og bompengeopplegg

Plassering av bomstasjonar

I dagens bompengeordning passerer om lag 60 pst. av bilturane i Bergen gjennom ein eller fleire bomstasjonar på ein vanleg kvardag. Det er lokalpolitisk semje om at dagens bompengesystem skal utvidast med nye bomstasjonar i bydelar som i dag ikkje har bompengeinnkrevjing, både for å fordele bompengebetalinga på fleire trafikantar og for å bidra til at veksten i persontransporten skal takast med kollektivtrafikk, sykling og gåing. Ved at fleire trafikantar bidreg til finansieringa, vil systemet vil bli oppfatta som meir rettferdig.

Det er vidare lokalpolitisk ønskje om å redusere trafikken i Bergen sentrum for å betre bymiljøet og for å betre tilhøva for miljøvenlege transportalternativ. Det er derfor lagt opp til at trafikken over Torget i Bergen sentrum skal betale bompengar. Det er vanskeleg å finne fram til plassering av ein bomstasjon i dette området, og det er derfor valt å etablere to bomstasjonar som vil registrere den same trafikkstraumen. Den eine bomstasjonen er føresett plassert på fv 585 i Småstrandgaten, medan den andre bomstasjonen er føresett plassert på fv 555 ved Strandkaien. For å hindre uønskt omkøyring vil det også bli etablert bomstasjonar på omkøyringsvegar.

Til saman skal det etablerast 15 nye bomstasjonar i tillegg til dei 14 eksisterande stasjonane, jf. tabell 6.1. Figur 6.1 gir ei samla oversikt over plasseringa av eksisterande og nye bomstasjonar.

Tabell 6.1 Bypakke Bergen – eksisterande og nye bomstasjonar

Nr

Bomstasjonsplassering

1

E39 Sandviken

Eksisterande

2

F85 Kalfaret

Eksisterande

3

Fv 256 Florida

Eksisterande

4

E39 Nyebroen

Eksisterande

5

Fv 582 Michael Krohns gate

Eksisterande

6

Rv 555 Gyldenpris

Eksisterande

7

Kv Damsgårsvegen

Eksisterande

8

Rv 555 Gravdal

Eksisterande

9

Fv 540 Fyllingen

Eksisterande

10

E39 Fjøsanger

Eksisterande

11

Fv 582 Storetveitvegen

Eksisterande

12

Fv 585 Natlandsveien

Eksisterande

13

Fv 556 Straume

Eksisterande

14

Fv 557 Dolviken

Eksisterande

15

E39 Åsanevegen

Ny

16

Fv 243 Tellevikvegen

Ny

17

Fv 267 Åsamyrane

Ny

18

Rv 555 Sotravegen

Ny

19

Fv 558 Lyderhornsvegen

Ny

20

Fv 556 Straumeveien

Ny

21

Rv 580 Flyplassvegen

Ny

22

Fv 179 Steinsvikvegen

Ny

23

Fv 172 Skagevegen

Ny

24

Rv 580 Fritz C. Riebers veg

Ny

25

Fv 582 Fanavegen

Ny

26

E16 Arnavegen

Ny

27

Fv 580 Hardangervegen

Ny

28

Fv 555 Strandkaien

Ny

29

Fv 585 Småstrandgaten

Ny

Figur 6.1 Bypakke Bergen – plassering av eksisterande og nye bomstasjonar

Figur 6.1 Bypakke Bergen – plassering av eksisterande og nye bomstasjonar

Samferdselsdepartementet legg til grunn at bomstasjonsplasseringa kan endrast på eit seinare tidspunkt, under føresetnad av at det er lokal semje om dette og endringane ikkje svekkjer økonomien i bypakka.

Dagens innkrevjingsutstyr i Bergen er av eldre dato. Det er derfor behov for å erstatte det med nytt utstyr for å sikre effektiv innkrevjing. Opprusting av dagens bomstasjonar er venta å gi reduserte innkrevjingskostnader.

Dei nye bomstasjonane får einvegs innkrevjing i retning mot sentrum, slik som i eksisterande bomstasjonar.

Takst- og rabattsystem

Tidsdifferensierte takstar har så langt ført til mindre kø og reduserte utslepp, i tråd med føresetnadene for innføring av ordninga. Ordninga blir vidareført i eksisterande bomstasjonar, men det blir ikkje innført tidsdifferensierte takstar i dei nye bomstasjonane.

Det blir innført miljødifferensierte takstar både i eksisterande og nye bomstasjonar. Det er lagt til grunn frå lokalt hald at innføringa av miljødifferensierte takstar i eksisterande bomstasjonar skal skje så snart som råd etter Stortinget si behandling av saka.

Det er lagt opp til ei ordning med felles timesregel for alle bomstasjonane. Ordninga med timesregel skal gjelde for både takstgruppe 1 og takstgruppe 2. Lokalpolitisk er det føresett at den høgaste passeringstaksten som blir registrert i løpet av ein time, er den taksten som skal belastast trafikanten. Dette er ein funksjonalitet som ikkje er mogeleg med dagens systemløysing for bompengeinnkrevjing. Det er sett i gang arbeid for å løyse dette, men det er enno uvisst når ein slik funksjonalitet kan vere på plass og i kva grad det vil vere mogeleg å lage ei brukarvenleg løysing. Det vil tidlegast kunne skje i siste del av 2019, og på det tidspunktet innkrevjinga tar til vil denne funksjonaliteten uansett ikkje vere på plass.

Rabattsystemet er føresett lagt om i tråd med ny struktur, jf. Prop. 1 S Tillegg 2 (2015–2016). Dette inneber at forskotsbetaling mot rabatt fell bort, og det blir innført 20 pst. rabatt for takstgruppe 1 (køyretøy med totalvekt til og med 3 500 kg og alle køyretøy i kategori M1). Det vil ikkje bli gitt rabatt til køyretøy i takstgruppe 2 (køyretøy over 3 500 kg unntatt køyretøy i kategori M1). Ordninga med passeringstak på 60 passeringar per kalendermånad blir vidareført for begge takstgruppene.

I tråd med takstretningslinjene for bompengar er nullutsleppskøyretøy i dag gitt fritak frå å betale bompengar. Gjennom behandlinga av Meld. St. 1 (2016–2017) Nasjonalbudsjettet 2017, jf. Innst. 2 S (2016–2017), er det opna for at fritak for bompengar for nullutsleppskøyretøy kan avgjerast lokalt. Stortinget har bedt regjeringa etablere ein nasjonal bindande regel om at nullutsleppskøyretøy ikkje skal betale meir enn maksimum 50 pst. av takstane for konvensjonelle køyretøy. Samferdselsdepartementet vil komme tilbake til Stortinget med dette som eiga sak.

Partane i byvekstavtalen har avtalt at batterielektriske køyretøy skal betale bomavgift når nullutsleppskøyretøy utgjer meir enn 20 pst. av køyretøya som passerer i bomringen i Bergen. Det er rekna med at dette vil skje i 2019. Det er då lagt til grunn takstar på 10 kr utanfor rushtida og 20 kr i rushtida. Inntil vidare er det føresett at nullutsleppskøyretøy som blir drivne av hydrogen, framleis skal ha fritak.

Ladbare hybridar i takstgruppe 1 skal betale same takst som køyretøy med normaltakst, medan ladbare hybridar i takstgruppe 2 skal betale same takst som Euro VI. For køyretøy der miljøeigenskapen ikkje kan identifiserast, skal høgste miljøtakst innafor den takstgruppa som køyretøyet tilhøyrer, leggjast til grunn.

I perioden fram til dei nye bomstasjonane blir sette i drift er det rekna med ei gjennomsnittleg inntekt per passering på om lag 17,6 kr i 2017-prisnivå. Som følgje av at dei nye bomstasjonane ikkje vil ha tidsdifferensierte takstar, blir gjennomsnittleg inntekt per passering redusert når dei nye bomstasjonane er etablerte. Dei totale inntektene i pakka vil likevel auke sidan ein større del av trafikken vil betale bompengar.

For å oppnå bompengeinntekter i tråd med føresetnadane i byvekstavtalen, er det lagt til grunn ei gjennomsnittleg inntekt per passering på omlag 11,5 kr i 2017-prisnivå etter at dei nye bomstasjonane er sette i drift. Med utgangspunkt i den nye takst- og rabattstrukturen og ei gjennomsnittleg inntekt på 11,5 kr per passering, er det førebels lagt opp til grunntakstar utan rabatt som vist i tabell 6.2.

Tabell 6.2 Forslag til takstar for Bypakke Bergen

2017-kr

Takstgruppe 1

Takstgruppe 2

Diesel

Normaltakst

Null- utslepp

Euro V og eldre

Euro VI

Null- utslepp

Utanfor rushtid

29

24

0

67

36

0

Rushtid (0630–0900 og 1500–1700) 1

54

49

0

118

72

0

1 Rushtidsavgift skal berre betalast i eksisterande bomstasjonar.

Det er elles lagt til grunn at rabattar og fritak for betaling skal følgje gjeldande takstretningslinjer for bompengeprosjekt.

Gjennomsnittstakst er gjennomsnittleg inntekt per passering. Bruk av gjennomsnittstakst er omtalt i Prop. 1 S (2016–2017), der det er lagt til grunn at bompengetakstane kan justerast slik at gjennomsnittstaksten blir som føresett. Samferdselsdepartementet legg til grunn at takstane kan justerast i tråd med konsumprisindeksen.

Det er knytt uvisse til korleis det nye takstopplegget vil påverke mellom anna trafikkutviklinga og samansettinga av bilparken som passerer bomringen. Departementet vil komme nærare tilbake med eiga sak med presiseringar av prinsipp for takstjusteringar i bypakker som inngår i bymiljøavtaler eller byvekstavtalar, som også vil gjelde for Bypakke Bergen.

Andre føresetnader

Følgjande føresetnader er elles lagt til grunn for vurdering av bompengepotensialet:

  • Lånerente: 4,5 pst. 2018–2022, 5,5 pst. 2023–2026 og 6,5 pst. frå 2027 .

  • Årleg prisvekst og takstauke: 2,5 pst.

  • Årlege innkrevjings- og driftskostnader: 86 mill. kr når dei nye bomstasjonane blir sette i drift, etter planen tidleg i 2019.

Basert på føresetnadene i denne proposisjonen er det rekna med at årlege brutto bompengeinntekter vil auke frå om lag 680 mill. kr i dag til vel 1 mrd. kr som følgje av utviding av bompengesystemet med nye bomstasjonar og innføring av miljødifferensierte takstar. Dette gir brutto bompengeinntekter på om lag 20 mrd. kr for perioden 2018–2037. Av dette er om lag 11 mrd. kr føresett nytta til gjennomføring av prosjekt og tiltak innafor byvekstavtalen, om lag 5,3 mrd. kr til å nedbetale eksisterande lån knytt til Bergensprogrammet, om lag 2,6 mrd. kr til å dekke finansieringskostnader og om lag 1,7 mrd. kr til å dekke innkrevjingskostnader og kostnader til drift av bompengeselskapet.