Prop. 11 S (2017–2018)

Finansiering av Bypakke Bergen i Hordaland

Til innhaldsliste

8 Finansieringsopplegg

Finansieringa av byvekstavtalen er basert på innkrevjing av bompengar gjennom den nye bypakka, samt statlege og fylkeskommunale midlar.

Bompengar

Som det går fram av kapittel 6, er det rekna med at det føreslåtte bompengeopplegget vil gi eit samla bompengebidrag på om lag 11 mrd. kr i perioden 2018–2037.

Statlege midlar

I byvekstavtalen er det lagt til grunn 1,4 mrd. kr i belønningsmidlar og 1,5 mrd. 2017-kr til programområdetiltak langs riksveg i løpet av avtaleperioden 2017–2023. Dei statlege bidraga vil bli vurderte på nytt ved reforhandling av byvekstavtalen, og vil bli fastsette i dei årlege statsbudsjetta. I avtalen vil staten ikkje bidra til å dekke driftsutgifter til kollektivtransport utover eventuelt tilskot av belønningsmidlar.

I tillegg er det føresett at staten skal bidra med halvparten av kostnadene til fjerde trinn av Bybanen til Fyllingsdalen slik prosjektet er avgrensa i byvekstavtalen. I avtalen er det lagt til grunn ein førebels prosjektkostnad på 6,2 mrd. 2016-kr og eit statleg bidrag på 3,1 mrd. kr. Staten sitt endelege bidrag blir fastsett av Stortinget i dei ordinære budsjettprosessane, på bakgrunn av styringsramme etter gjennomført KS2 og endeleg finansieringsplan.

Prioritering av store riksvegprosjekt skjer på bakgrunn av Nasjonal transportplan og eventuell igangsetting må vurderast i dei årlege statsbudsjetta. I Meld. St. 33 (2016–2017) Nasjonal transportplan 2018–2029 er det lagt til grunn 2,2 mrd. kr i statlege midlar til prosjektet E16 Arna – Vågsbotn i siste seksårsperiode. I tillegg er det lagt til grunn 200 mill. kr til anleggsstart på prosjektet E39 Vågsbotn – Klauvaneset.

Fylkeskommunale midlar

I byvekstavtalen er det lagt til grunn at Hordaland fylkeskommune skal løyve 255 mill. 2017-kr per år i avtaleperioden. Det fylkeskommunale bidraget skal i hovudsak gå til finansiering av programområdetiltak, men skal også kunne omfatte investeringar i bybanevogner, infrastruktur for låg- og nullutsleppsteknologi i kollektivtrafikken, tiltak i kollektivtrafikken sin driftsinfrastruktur og vedlikehaldstiltak med investeringskarakter på fylkesvegnettet i Bergen. Det fylkeskommunale bidraget vil bli vurdert på nytt ved reforhandling av byvekstavtalen.