9 Styringsmodell for byvekstavtalen
Prosjekt og tiltak i Bypakke Bergen er ein del av byvekstavtalen, og blir prioriterte gjennom porteføljestyring. Det inneber at tiltaka blir prioriterte på grunnlag av ei samla vurdering basert på bidrag til måloppnåing, disponible midlar, samfunnsøkonomisk lønsemd, planstatus og kapasitet på planlegging og gjennomføring. Det kan bli gjort endringar innafor pakka for å sikre rasjonell framdrift og økonomistyring.
Samferdselsdepartementet legg til grunn at omfanget på utbygginga må tilpassast den økonomiske ramma og dei føringane om gjeld som blir fastsette for Bypakke Bergen. Departementet understrekar behovet for sterk kostnadskontroll. Kostnadsauke må derfor handterast innafor den økonomiske ramma. Dersom kostnadene for eitt eller fleire prosjekt aukar, inneber dette at andre prosjekt ikkje kan gjennomførast. Dersom enkelte prosjekt blir rimelegare enn føresett, kan det derimot bli rom for å gjennomføre fleire prosjekt.
Arbeidet med porteføljestyringa skal skje gjennom årleg rullering av eit fireårig handlingsprogram med hovudvekt på mål- og resultatstyring. Prioriteringar og rapportering vil bli lagt fram for Stortinget i samband med dei årlege budsjetta.
Styringsgruppa for byvektsavtalen blir leia av vegdirektøren etter mal frå Oslopakke 3 og Bypakke Nord-Jæren. I Meld. St. 33 (2016–2017) Nasjonal transportplan 2018–2029 er det lagt fram ein ny styringsmodell for byvekstavtalane. Samferdselsdepartementet legg til grunn at ein slik ny modell for styring av byvekstavtalen for Bergen vil bli implementert i samband med den planlagte reforhandlinga.