1 Innleiing
Samferdselsdepartementet legg i denne proposisjonen fram forslag om utbygging og finansiering av to delstrekningar på rv 36 mellom Bø og Seljord i Seljord kommune i Telemark.
Rv 36 er ei viktig transportåre for lokal- og regionaltrafikken mellom Grenlandsområdet og Midt-Telemark og knyter saman hovudferdselsårene E18 og E134. Mellom Bø og Seljord har strekninga langs Seljordsvatnet låg standard med krappe kurvar og delvis mykje stigning. Lokale styresmakter ønskjer å forsere ei utbetring av dei to delstrekningane Stodi og Bukti gjennom bompengefinansiering.
Det er lagt opp til at utbetringa kan starte i 2019, med fullføring i løpet av 2021.