7 Samferdselsdepartementet si vurdering
Rv 36 er ei viktig transportåre for lokal- og regionaltrafikken mellom Grenlandsområdet og Midt-Telemark og knyter saman hovudferdselsårene E18 og E134. Delstrekningane Stodi og Bukti har låg standard, er ulykkeutsette og har behov for utbetring. Utbetringa vil gje betre horisontal- og vertikal kurvatur, betre bereevne og tryggare avkøyringar. Den auka vegstandarden vil bidra til betre trafikktryggleik og framkomst, særleg for næringstransporten.
Samferdselsdepartementet har merka seg lokale styresmakter sin vilje til å forsere ei utbetring gjennom bompengefinansiering. Både Telemark fylkeskommune og fire kommunar har slutta seg til bompengefinansiering av utbygginga. Samferdselsdepartementet meiner at dei økonomiske føresetnadene som er lagt til grunn, er realistiske og tilrår derfor det framlagte forslaget til utbyggings- og finansieringsplan for rv 36 mellom Bø og Seljord.
Som det går fram av pkt. 7 i dei lokalpolitiske vedtaka, blir Statens vegvesen som byggherre oppmoda om å leggje «Telemarksmodellen» til grunn for anbodsutlysinga. «Telemarksmodellen» er Telemark fylkeskommune sine retningslinjer for å motverke sosial dumping, svart arbeid og kvitvasking av pengar. Desse samsvarer godt med dei krava som Statens vegvesen har innført for si byggherreverksemd. Som ledd i innsatsen mot arbeidsmarknadskriminalitet har Statens vegvesen dessutan inngått ein samarbeidsavtale med Skattedirektoratet om utveksling av opplysningar om aktuelle leverandørar og underleverandørar.
Departementet har merka seg at lokale styresmakter ønskjer å vurdere tiltak på avlasta vegnett dersom overføring av trafikk frå rv 36 blir høgre enn rekna med.