6 Fylkeskommunal garanti
Som det går fram av kapittel 3, har Telemark fylkeskommune vedteke å stille garanti ved sjølvskuldnarkausjon for eit maksimalt låneopptak på 400 mill. kr i 2017-prisnivå, med tillegg av 10 pst. Basert på føresetnadene i denne proposisjonen er maksimal lånegjeld rekna til vel 400 mill. kr. Den fylkeskommunale garantien må godkjennast av Kommunal- og moderniseringsdepartementet.
Garantisten sine utlegg kan dekkjast gjennom ein auke av gjennomsnittstaksten med 20 pst. ut over prisstiginga og ei forlenging av bompengeperioden med inntil 5 år, jf. kap. 5.