3 Lokalpolitisk handsaming
Eit forslag til bompengeopplegg for rv 36 Bø – Seljord blei handsama av lokale styresmakter i siste del av 2017.
Seljord kommune handsama saka i møte i kommunestyret 9. november 2017, og gjorde følgjande vedtak:
Seljord kommune ynskjer primært at Rv 36 Bø-Seljord byggjast med 100% statlig finansiering utan bompengar eller med lågast mulig bompengedel. Dersom dette ikkje er mulig innafor planlagt framdrift, støtter Seljord kommune punkta i saka om finansiering med bompengar.
Seljord kommune rår til at utbetring av Rv36 Bø-Seljord i Seljord kommune finansierast med bompengar slik Statens vegvesen forslår i «Rv.36 Bø-Seljord Faglig grunnlag for behandling av bompengesak», datert 07.09.2017.
Det leggjast til grunn 15 års innkrevjing på etterskot i begge retningar i ein automatisk bom-stasjon på parsellen Stodi.
Gjennomsnittlege bompengetakstar setjast til inntil kr. 29,92 (2017-kr.). Med dei føresetnader som elles er lagt til grunn og trippel takst for takstgruppe 2, svarar dette til takstar på kr. 31,- for takstgruppe 1 og kr. 93,- for taksgruppe 2.
Det er ein føresetnad at bompengetakstane skal regulerast i takt med prisstigninga.
Ordninga med bompengar er basert på eit rabattsystem som inneber at alle trafikantar i takstgrupe 1 med gyldig elektronisk brikke får 20% rabatt.
Kjøretøy i takstgruppe 1 betalar for maks. 40 passeringar per kalendermånad ved bruk av brikke
Kjøretøy i takstgruppe 1 betalar for maks. 40 passeringar per kalendermånad ved bruk av brikke
Etter at innkrevjing av bompengar har starta skal Statens vegvesen i samråd med lokale mynde gjere ei vurdering av trafikksituasjonen på avlasta vegnett, både av omsyn til miljø og trafikktryggleik. Ved uønska auke i trafikken skal det i første omgang vurdere tiltak som seinkar farten som t.d. skilting og fartsdumper. Om nødvendig vurderas også innkrevjing av bompengar på avlasta vegnett.
Prosjekt Rv36 Bø-Seljord leggjast inn under Vegfinans Rv.36 Telemark AS, eit dotterselskap til Vegfinans AS som er eit regionalt bompengeselskap.
Sidan dette prosjektet er 100% bompengefinansiert rettar Seljord kommune ei sterkt oppmoding til Statens vegvesen som byggherre å leggje «Telemarksmodellen» til grunn for ambodsutlysinga. Dette for å motverke sosial dumping, svart arbeid og kvitvasking av pengar.
Bø kommune handsama saka i møte i kommunestyret 16. oktober 2017 og gjorde følgjande vedtak:
Bø kommune ønskjer primært at Rv 36 Bø-Seljord byggjast med 100% statleg finansiering utan bompengar eller med lågast mogleg bompengedel. Dersom dette ikkje er mogleg innanfor planlagt framdrift, støtter kommunen punkta i saka om finansiering med bompengar.
Bø kommune rår til at utbetring av Rv36 Bø-Seljord i Seljord kommune finansierast med bompengar som foreslått i «Rv.36 Bø-Seljord Faglig grunnlag for behandling av bompengesak», datert 07.09.2017.
Det leggjast til grunn 15 års innkrevjing på etterskot i begge retningar i ein automatisk bomstasjon på parsellen Stodi.
Gjennomsnittlege bompengetakstar setjast til inntil kr. 29,92 (2017-kr.). Med dei føresetnader som elles er lagt til grunn og trippel takst for takstgruppe 2, svarar dette til takstar på kr. 31,- for takstgruppe 1 og kr. 93,- for taksgruppe 2.
Det er ein føresetnad at bompengetakstane skal regulerast i takt med prisstigninga.
Ordninga med bompengar er basert på eit rabattsystem som inneber at trafikantar i takstgrupe 1 med gyldig elektronisk brikke får 20% rabatt.
Kjørety i takstgruppe 1 betalar for maks. 40 passeringar per kalendermånad ved bruk av brikke
Det leggjast opp til betaling for låg- og nullutsleppsbilar når nasjonale takstreglar for dette er gjeldande. Opplegget for innkrevjing av bompengar vil bli justert i takstvedtak etter avtale mellom Statens vegvesen og Telemark fylkeskommune. Gjennomsnittstakst skal vere førande for takstvedtaket.
Etter at innkrevjing av bompengar har starta, skal Statens vegvesen i samråd med lokale mynde gjere ei vurdering av trafikksituasjonen på avlasta vegnett, både av omsyn til miljø og trafikktryggleik. Ved uønska auke i trafikken, skal det i første omgang vurderast tiltak som seinkar farta som t.d. skilting og fartsdumper. Om naudsynt, vurderast og innkrevjing av bompengar på avlasta vegnett.
Prosjekt Rv36 Bø-Seljord leggjast inn under Vegfinans Rv.36 Telemark AS, eit dotterselskap til Vegfinans AS som er eit regionalt bompengeselskap.
Sidan dette prosjektet er 100% bompengefinansiert rettar Bø kommune ei sterkt oppmoding til Statens vegvesen som byggherre å leggje «Telemarksmodellen» til grunn for anbodsutlysinga. Dette for å motverke sosial dumping, svart arbeid og kvitvasking av pengar.
Sauherad kommune handsama saka i møte i kommunestyret 19. oktober 2017 og gjorde følgjande vedtak:
Sauherad kommune ønskjer primært at Rv 36 Bø-Seljord byggjast med 100% statlig finansiering utan bompengar eller med lågast mulig bompengedel. Dersom dette ikkje er mulig innafor planlagt framdrift støtter Sauherad kommune punkta i saka om finansiering med bompengar.
Sauherad kommune rår til at utbetring av Rv36 Bø-Seljord i Seljord kommune finansierast med bompengar slik Statens vegvesen forslår i «Rv.36 Bø-Seljord Faglig grunnlag for behandling av bompengesak», datert 07.09.2017.
Det leggjast til grunn 15 års innkrevjing på etterskot i begge retningar i ein automatisk bom-stasjon på parsellen Stodi.
Gjennomsnittlege bompengetakstar setjast til inntil kr. 92,92 (2017-kr.). Med dei føresetnader som elles er lagt til grunn og trippel takst for takstgruppe 2, svarar dette til takstar på kr. 31,- for takstgruppe 1 og kr. 93,- for taksgruppe 2.
Det er ein føresetnad at bompengetakstane skal regulerast i takt med prisstigninga.
Ordninga med bompengar er basert på eit rabattsystem som inneber at alle trafikantar i takstgrupe 1 med gyldig elektronisk br1kke får 20 % rabatt.
Kjøretøy i takstgruppe 1 betalar for maks. 40 passeringar per kalendermånad ved bruk av brikke
Det leggjast opp til betaling for lav- og nullutslippsbilar når nasjonale takstreglar for dette er gjeldande. Opplegget for innkrevjing av bompengar vil da bli justert i takstvedtak etter avtale mellom Statens vegvesen og Telemark fylkeskommune. Gjennomsnittstakst skal være førande for takstvedtaket.
Etter at innkrevjing av bompengar har starta skal Statens vegvesen i samråd med lokale mynde gjere ei vurdering av trafikksituasjonen på avlasta vegnett, både av omsyn til miljø og trafikktryggleik. Ved uønska auke i trafikken skal det i første omgang vurdere tiltak som seinkar farten som t.d. skilting og fartsdumper. Om nødvendig vurderas også innkrevjing av bompengar på avlasta vegnett.
Prosjekt Rv36 Bø-Seljord leggjast inn under Vegfinans Rv.36 Telemark AS, eit dotterselskap til Vegfinans AS som er eit regionalt bompengeselskap.
Sidan dette prosjektet er 100 % bompengefinansiert rettar Sauherad kommune ei sterk oppmoding til Statens vegvesen som byggherre å leggje «Telemarksmodellen» til grunn for ambodsutlysinga. Dette for å motverke sosial dumping, svart arbeid og kvitvasking av pengar.
Nome kommune handsama saka i møte i kommunestyret 19. oktober 2017 og gjorde følgjande vedtak:
Nome kommune ønsker primært at Rv 36 Bø-Seljord bygges med 100% statlig finansiering uten bompenger eller med lavest mulig bompengeandel. Dersom dette ikke er mulig innenfor planlagt framdrift støtter Nome kommune at strekningen bygges med bompengefinansiering.
Nome kommune tilrår at utbedring av Rv36 Bø-Seljord i Seljord kommune finansieres med bompenger slik Statens vegvesen forslår i «Rv.36 Bø-Seljord Faglig grunnlag for behandling av bompengesak», datert 07.09.2017.
Det legges til grunn 15 års innkreving på etterskudd i begge retninger i en automatisk bomstasjon på parsellen Stodi.
Gjennomsnittlige bompengetakster settes til inntil kr. 92,92 (2017-kr.). Med de forutsetninger som ellers er lagt til grunn og trippel takst for takstgruppe 2, tilsvarer dette takster på kr. 31,- for takstgruppe 1 og kr. 93,- for taksgruppe 2.
Det er en forutsetning at bompengetakstene skal reguleres i takt med prisstigningen.
Ordningen med bompenger er basert på et rabattsystem som innebærer at alle trafikanter i takstgrupe 1 med gyldig elektronisk brikke får 20% rabatt.
Kjøretøy i takstgruppe 1 betalar for maks. 40 passeringar per kalendermånad ved bruk av brikke.
Det legges opp til betaling for lav- og nullutslippsbiler når nasjonale takstreglar for dette er gjeldende. Opplegget for innkreving av bompenger vil da bli justert i takstvedtak etter avtale mellom Statens vegvesen og Telemark fylkeskommune. Gjennomsnittstakst skal være førende for takstvedtaket.
Etter at innkreving av bompenger har starta skal Statens vegvesen i samråd med lokale myndigheter gjøre en vurdering av trafikksituasjonen på avlasta vegnett, både av hensyn til miljø og trafikksikkerhet. Ved uønska økning i trafikken skal det i første omgang vurderes tiltak som senker farten som for eksempel skilting og fartsdumper. Om nødvendig vurderes også innkreving av bompenger på avlasta vegnett.
Prosjekt Rv36 Bø-Seljord legges inn under Vegfinans Rv36 Telemark AS, et datterselskap til Vegfinans AS som er et regionalt bompengeselskap.
Siden dette prosjektet er 100% bompengefinansiert rettar Nome kommune en sterkt henstilling til Statens vegvesen som byggherre å legge «Telemarksmodellen» til grunn for ambudsutlysinga. Dette for å motvirke sosial dumping, svart arbeid og hvitvasking av pengar ved gjennomføringen av vegprosjektet.
Telemark fylkeskommune handsama saka i møte i fylkestinget 6. desember 2017 og gjorde følgjande vedtak:
Telemark fylkeskommune ønsker primært at Rv 36 Bø-Seljord byggjast med 100% statleg finansiering utan bompengar eller med lågast mogleg bompenge-del. Dersom dette ikkje er mogleg innafor planlagt framdrift støtter Telemark fylkeskommune punkta i saka om finansiering med bompengar.
Telemark fylkeskommune rår til at utbetring av Rv36 Bø-Seljord i Seljord kommune finansierast med bompengar slik Statens vegvesen forslår i «Rv.36 Bø-Seljord Faglig grunnlag for behandling av bompengesak», datert 07.09.2017.
Det leggjast til grunn 15 års innkrevjing på etterskot i begge retningar i ein automatisk bom-stasjon på parsellen Stodi.
Gjennomsnittlege bompengetakstar setjast til inntil kr. 92,92 (2017-kr.). Med dei føresetnader som elles er lagt til grunn og trippel takst for takstgruppe 2, svarar dette til takstar på kr. 31,- for takstgruppe 1 og kr. 93,- for taksgruppe 2.
Det er ein føresetnad at bompengetakstane skal regulerast i takt med prisstigninga.
Ordninga med bompengar er basert på eit rabattsystem som inneber at alle trafikantar i takstgrupe 1 med gyldig elektronisk brikke får 20% rabatt.
Kjøretøy i takstgruppe 1 betalar for maks. 40 passeringar per kalendermånad ved bruk av brikke.
Det leggjast opp til betaling for lav- og nullutslippsbilar når nasjonale takstreglar for dette er gjeldande. Opplegget for innkrevjing av bompengar vil da bli justert i takstvedtak etter avtale mellom Statens vegvesen og Telemark fylkeskommune. Gjennomsnittstakst skal vere førande for takstvedtaket.
Etter at innkrevjing av bompengar har starta skal Statens vegvesen i samråd med lokale mynde gjere ei vurdering av trafikksituasjonen på avlasta vegnett, både av omsyn til miljø og trafikktryggleik. Ved uønska auke i trafikken skal det i første omgang vurdere tiltak som senkar farten som t.d. skilting og fartshumer. Om nødvendig vurderas også innkrevjing av bompengar på avlasta vegnett.
Prosjekt Rv36 Bø-Seljord leggjast inn under Vegfinans Rv.36 Telemark AS, eit dotterselskap til Vegfinans AS som er eit regionalt bompengeselskap.
Sidan dette prosjektet er 100% bompengefinansiert rettar Telemark fylkeskommune ei sterkt oppmoding til Statens vegvesen som byggherre å leggje «Telemarksmodellen» til grunn for anbodsutlysinga. Dette for å motverke sosial dumping, svart arbeid og kvitvasking av pengar.
Under føresetnad av godkjenning frå Kommunal- og moderniseringsdepartementet, garanterer Telemark fylkeskommune ved sjølvskyldnarkausjon for bompengeselskapet Vegfinans Rv36 Telemark AS sin gjeld, med pant i bompengeselskapet sine rettar til å krevje inn bompengar.
Det samla garantibeløpet (som svarer til bompengeselskapet si samla gjeld rekna ut frå pessimistiske føresetnader) avgrensas oppover til 400 mill. 2017-kr. med tillegg av 10% av til einkvar tid gjeldande hovedstol til dekning av eventuelle påløpne renter og omkostninger.
Garantien gjeld frå første opptrekk på finansiering i samband med rekvisisjonar frå Statens vegvesen i byggeperioden, og gjennom innkrevjingsperioden på 15 år. Innkrevjingsperioden kan i særlege tilfelle forlengas med inntil 5 år. I tillegg skal garantien gjelde inntil to år, jf. Garantiforskriftens §3. Samla garantitid blir, inkludert byggeperioden på 4 år, på inntil 26 år frå første opptrekk på finansieringa i samband med rekvisisjonar frå Statens Vegvesen.
Under føresetnad om godkjenning av Stortinget, vil den fylkeskommunale garantien først kome til utbetaling dersom gjelda ikkje blir mulig å handtere etter at gjennomsnittstaksten er auka med 20% utover prisstigninga, og bompengeperioden er forlenga med inntil 5 år.
Garantien gjeld inntil bompengeselskapet si gjeld er nedbetalt og reduserast i takt med nedbetalinga av lånet. Det er ein føresetnad at garantien vert sikra med 1. prioritet i retten til å krevje inn bompengar.
Ved ein inkurie blei gjennomsnittstaksten oppgitt til å vere på om lag same nivå som taksten for køyretøy i takstgruppe 2 i saksframlegget til Sauherad og Nome kommunar og Telemark fylkeskommune. Gjennomsnittstaksten er imidlertid vurdert til å bli på om lag same nivå som taksten for køyretøy i takstgruppe 1. Dermed er det lagt til grunn feil gjennomsnittstakst i desse vedtaka. Dei venta basistakstane er korrekt omtala i alle vedtaka.