2 Bakgrunnen for lovforslaget
Våpenlova har til føremål å trygge samfunnet mot uønskte vilje- og vådehandlingar med våpen og å fremje ein trygg våpenbruk, jf. våpenlova § 1. Våpenforvaltinga bidrar til dette ved å mellom anna kontrollere at personar som får eller har løyve og godkjenningar, oppfyller vilkåra i lova. Våpenforvaltinga skal også sikre innbyggjarane gode tenester.
Politiet er i hovudinstruksen for etaten gjeve pålegg om å nytte teknologi som hever kvaliteten og effektiviserer arbeidsprosessane, mellom anna i form av digitale publikumsløysingar. Det er viktig at verksemdene nyttar seg av moglegheitene som den teknologiske utviklinga gjev til å auke kvaliteten og effektiviteten i oppgåveløysinga, jf. Prop. 1 S (2023–2024) frå Justis- og beredskapsdepartementet side 93.
Politidirektoratet har fått i oppdrag å etablere ei ny digital våpenforvalting. Føremålet er å utvikle ei betre og meir effektiv våpenforvalting som skal møte publikum sine behov, jf. supplerande tildelingsbrev nr. 7 Ny digital våpenforvaltning frå Justis- og beredskapsdepartementet datert 23. april 2021. Oppdraget til direktoratet har vore å utvikle og gjere bruk av digitale publikumsløysingar og vidare digitalisering og automatisering av våpenforvaltinga. Digitalisering av verksemda er framheva som ei prioritert oppgåve også i tildelingsbrevet til politiet for 2024.
Så langt er det etablert ei digital løysing for å sende inn søknad om våpenløyve og eit sakshandsamingssystem for digital handsaming av våpensøknader. Løysinga er teken i bruk for søknader om jaktvåpen og sportsvåpen og skal i tida framover utviklast for andre typar søknader. Søknader som tidlegare vart handsama manuelt, vert i aukande grad handsama maskinelt. Automatisert handsaming vert i dag nytta for å støtte sakshandsamaren si handsaming av søknader om løyve og godkjenningar gjevne i medhald av våpenlova. Høve til heilautomatisert handsaming i eigna saker vil gje ei endå meir effektiv søknadshandsaming og oppgåveløysing i våpenforvaltinga.
I det supplerande tildelingsbrevet nemnt ovanfor er det lagt til grunn at våpenforvaltinga skal vere gebyrfinansiert, og at gebyret skal svare til kostnadene. Politidirektoratet har overfor departementet peika på at det siste ikkje er tilfellet i dag. Direktoratet har vist til at ein stor del av kostnadene som våpenforvaltinga har, går med til å handsame søknader om løyve eller godkjenningar som vert avslått, og til å utføre kontroll som krevst etter våpenlova for at løyve som er utferda, skal kunne behaldast.