5 Endra heimel for gebyr for løyve og godkjenningar
5.1 Våpenlova § 37
Våpenlova § 37 har reglar om gebyr og utgifter for løyve og godkjenningar som er gjevne i medhald av lova. Første punktum fastset at politiet kan krevje gebyr «for å dekke våpenforvaltinga sine utgifter til å utferde løyve eller godkjenningar som er gjevne i eller i medhald av denne lova». Andre punktum fastset at gebyret også kan omfatte «naudsynte utgifter til sakkunnig bistand når sakshandsaminga krev særskild fagdugleik».
Etter ordlyden i første punktum er gebyrheimelen knytt til å «utferde» løyve eller godkjenningar. Berre søknader som vert innvilga, ikkje dei som vert avslått, resulterer i at politiet utferdar eit løyve eller anna tillating. Det kan såleis ikkje krevjast gebyr for søknader som vert avslått.
Våpenlova krev løyve eller godkjenning for dei fleste former for omgang med løyvepliktige skytevåpen, våpendelar og ammunisjon. I merknaden til føresegna er det presisert at gebyr kan krevjast for utferding av alle typar løyve eller godkjenningar etter lova, jf. Prop. 165 L (2016–2017) side 90.
Nærare føresegner om gebyr er gjevne i forskrift i medhald av våpenlova § 41 nr. 31. Våpenforskrifta § 12-2 fastset kva løyve og godkjenningar som er gebyrbelagde, medan § 12-3 angjev når det ikkje skal krevjast gebyr for utferding av løyve.
5.2 Statlege retningslinjer for gebyr- og avgiftsfinansiering
Utgiftene til det offentlege vert normalt finansierte ved løyvingar over statsbudsjettet. Dekning av utgifter til tenesteproduksjon og utøving av myndigheit krev heimel i lov.
Finansdepartementet har gjeve føringar for fastsetjing av gebyr for offentlege tenester i sitt rundskriv om statleg gebyr- og avgiftsfinansiering (R-112/15). Rundskrivet gjeld for alle gebyr og sektoravgifter som inngår i finansieringa av statleg fastsette tenester, som til dømes løyve, registreringar, kontroll, tilsyn og rettsprosessar. Hovudregelen er at gebyret fullt ut skal dekke, men ikkje overstige, kostnadene ved å produsere og levere tenesta basert på kostnadseffektiv drift, jf. rundskrivet punkt 3.2.2 nr. 2.
Gebyret må som nemnt ha heimel i lov, medan utfyllande føresegner kan gis i forskrift. Det går fram av rundskrivet at lovheimelen bør fastsetje kva teneste det kan krevjast gebyr for, kven som kan fastsetje og endre satsane, inntektskrav til ordninga og korleis inntektene skal brukast. Loven bør også innehalde fullmakter til å gje utfyllande føresegner i forskrift om kva som er gjenstand for betalingsplikta og kva som er berekningsgrunnlaget, og kven som er ansvarleg for regelverk, innkreving og kontroll, jf. rundskrivet punkt 3.1.1 nr. 3.
5.3 Forslaget i høyringsnotatet
I høyringsnotatet foreslo departementet å endre våpenlova § 37 første punktum slik at gebyr skulle kunne krevjast for å dekke utgiftene som våpenforvaltinga har til handsaming av søknader om og kontroll av løyve eller godkjenningar etter lova. Føremålet var å gje ein gebyrheimel tilpassa ei digital våpenforvalting som reflekterer dei ressursane som politiet faktisk bruker til handsaming av løyve og godkjenningar.
Lovforslaget opna for å krevje gebyr allereie for søknaden om løyve eller godkjenning. Om søknaden vart innvilga eller avslått, skulle ikkje lenger avgjere høvet til å krevje gebyr. Forslaget la opp til at gebyret som krevst ved innsending av søknad, også skulle kunne dekke kostnadene som våpenforvaltinga har til jamleg kontroll med løyve eller godkjenningar. Departementet viste til at automatiseringa påverkar kva slags kostnader våpenforvaltinga vil innebere framover, og til at krava til kontroll har vorte strengare dei siste åra.
Departementet uttalte at Politidirektoratet skulle utvikle ein ny gebyrmodell ut frå gebyrheimelen i tråd med føringane i Finansdepartementet sitt rundskriv (R-112/15). Departementet la opp til at gebyrsatsane ville verte fastsette i budsjettprosessen når alle kostnadene var berekna, og til at utfyllande føresegner ville verte gjevne i våpenforskrifta.
5.4 Høyringsinstansane sitt syn
Dei fleste høyringsinstansane som har uttalt seg, har ikkje innvendingar mot forslaget om at det skal kunne krevjast gebyr for søknader som vert avslått. Dette gjeld instansar som Politidirektoratet, Dynamisk Sportsskyting Norge og Norges Jeger- og Fiskerforbund.
Nokre av høyringsinstansane har innvendingar, mellom anna Norsk Våpeneierforbund og Schedsmoe Civile Skydeselskab. Scandinavian Western Shooters viser til at det vil kunne redusere tilliten til våpenforvaltinga og vere uheldig for framtidig samarbeid, dersom det vert økonomisk gunstig å avslå søknader.
Politidirektoratet og politidistrikta som har uttalt seg støttar forslaget om at gebyret skal kunne dekke utgiftene som våpenforvaltinga har til handsaming av søknader og kontroll med løyve eller godkjenningar. Dei viser i hovudsak til at politiet har mange oppgåver innanfor våpenforvaltinga, og at dei lovpålagde kontrolloppgåvene er viktige for å førebyggje uønskte hendingar med våpen og fremje ein trygg våpenbruk. Dei viser også til at politiet har ein tilsvarande gebyrheimel for pass og ID-kort.
Dei andre høyringsinstansane som har uttalt seg, har ulike innvendingar mot at andre utgifter enn handsaming av søknader skal kunne dekkast av gebyret. Det vert fremheva at endringar i gebyrføresegnene må vera føreseielege for våpeneigarar. Det vert også framheva at digitaliseringa må kome publikum til gode og må speglast att i dei nye gebyrsatsane.
Fleire trekkjer fram at kontroll med løyve og godkjenningar ikkje bør dekkast av gebyr. Blant desse er Norsk Våpeneierforbund, Dynamisk Sportsskyting Norge, Scandinavian Western Shooters, Norsk Våpenhistorisk Selskap og Schedsmoe Civile Skydeselskab. Dei viser i hovudsak til at våpenforvalting bør vere ei samfunnsoppgåve, og at dekning av kostnader til kontroll kan få karakter av eit årleg gebyr for å ha våpen.
Dynamisk Sportsskyting Norge mfl. viser til at det er ulike former for kontroll etter våpenregelverket, og at det ikkje er rimeleg at alle kontrolltiltak vert belasta med gebyr.
Det frivillige Skyttervesen mfl. viser til at skyting kan verte ein aktivitet som berre personar med god økonomi kan drive med, dersom det vert slik at publikum skal dekke alle kostnadene til våpenforvaltinga.
5.5 Departementet si vurdering
Departementet held fast ved at heimelen for gebyr i våpenlova § 37 bør utvidast, men er i etterkant av høyringa kome til at lovheimelen kan og bør utformast noko annleis enn det som var foreslått i høyringsnotatet. Heimelen bør etter departementet si vurdering berre seie kva som er gebyrbelagd, medan nærare føresegner bør gjevast i våpenforskrifta i medhald av heimelen i § 41 nr. 31.
Departementet tilrår difor at gebyrheimelen i § 37 første punktum fastset at politiet kan krevje gebyr for søknad om løyve og godkjenningar for å dekke dei utgiftene som våpenforvaltinga har. Forslaget opnar for at det kan krevjast gebyr frå publikum når dei sender inn søknader om løyve eller godkjenningar til våpenforvaltinga. Ei slik regulering gjer det tydeleg når det kan krevjast gebyr frå publikum.
Det varierer kor mykje tid og ressursar som går med til våpenforvaltinga si handsaming av dei einskilde søknadene om løyve og godkjenningar. Det kan krevje meir ressursar å avgjere søknader som endar med avslag, og skilnaden i ressursbruk mellom kurante saker som kan avgjerast med heilautomatisert handsaming, og saker som krev manuell handsaming vil venteleg verte større. Etter departementet si vurdering er det rimeleg at søkarar må betale eit gebyr sjølv om den einskilde søknaden vert avslått. Departementet kan ikkje sjå at saker etter lova skil seg ut på ein slik måte at gebyrheimelen ikkje bør opne for å kunne dekke desse kostnadene på vanleg måte.
Våpenforvaltinga har utgifter til handsaming av søknader om og kontroll av løyve eller godkjenningar etter lova. Som framheva av Dynamisk Sportsskyting Norge har politiet ulike oppgåver som er ein del av kontrollverksemda i våpenforvaltinga. Departementet viser til at kva som skal kunne dekkast av dei ulike gebyra, må vurderast mellom anna ut frå kva som krevst for å få og ha løyvet eller godkjenninga.
Kva konkrete kostnader som bør dekkast av den einskilde søknaden vil verte vurdert på bakgrunn av ein ny berekningsmodell for gebyr. Endringar i gebyrføresegnene i våpenforskrifta vil verte sende på høyring på vanleg måte.