6 Økonomiske og administrative følgjer
Forslaget om endringar i våpenlova §§ 38 og 41 nr. 32 vil ikkje ha nemneverdige økonomiske konsekvensar. Departementet legg til grunn at bruk av heilautomatiserte avgjerder over tid vil føre til at politiet sparer pengar gjennom at ressursane i våpenforvaltinga vert betre utnytta. Heilautomatisert handsaming vil frigjere personellressursar til andre saker og oppgåver som krev manuell handsaming. Samstundes vil ei slik handsaming kunne føre med seg nye arbeidsoppgåver og tilhøyrande kostnader. For publikum vil bruk av heilautomatiserte avgjerder venteleg gje betre tenester med kortare sakshandsamingstid. Prosjektet med ei ny digital våpenforvalting blir dekt av dagens gebyrnivå, jf. supplerande tildelingsbrev nr. 7 frå Justis- og beredskapsdepartementet datert 23. april 2021. Eventuelle meirkostnader for politiet vert dekte innanfor gjeldande budsjettrammer. Med endringa vil politiet kunne ta i bruk heilautomatisert handsaming i fleire avgjerder, noko som kan gje innsparingar i form av reduserte lønnskostnader.
Forslaget om endring i våpenlova § 37 har ikkje i seg sjølv økonomiske konsekvensar, men vil venteleg føre til endringar i gebyrføresegnene i våpenforskrifta. Med endringa vert det opna for å fastsetje at publikum må betale gebyr sjølv om søknaden vert avslått. Storleiken på gebyra vil verte vurdert når den nye berekningsmodellen er ferdig utvikla og forslaget til nye gebyrsatsar er vurdert i den ordinære budsjettprosessen, og etter at forslag til endring av føresegnene om gebyr i forskrifta har vore på høyring.