Prop. 119 L (2020–2021)

Endringar i svalbardmiljøloven (tungoljeforbod m.m.)

Til innhaldsliste

2 Bakgrunnen for forslagene

2.1 Innleiing

Svalbard er i hovudsak eit stort, samanhengande villmarksområde. Dei tilnærma urørte naturområda har stor eigenverdi, og er viktige for bevaring av det sårbare biologiske mangfaldet som finst der. Bevaring av Svalbard si særeigne villmarksnatur er eit av hovudmåla for norsk svalbardpolitikk, og det er norsk politikk at miljøomsyn skal vege tyngst ved konflikt med andre interesser. Dette er understreka i stortingsmeldinga om Svalbard frå 2016. Svalbardmiljøloven og anna miljøregelverk er det viktigaste verkemiddelet for å sikra at nærvær og aktivitet skjer innanfor dei rammar omsynet til Svalbards særeigne natur set. Svalbardmiljøloven er i stor grad ei rammelov som trekkjer opp hovudprinsipp for forvaltninga av miljøet, og det er gjeve ei rekke forskrifter som utfyller ho.

I alt er 65 prosent av Svalbards landområde og 87 prosent av territorialfarvatnet freda som naturreservat og nasjonalparkar. Dei tilnærma urørte naturområda har stor eigenverdi, og er viktige for bevaring av det sårbare biologiske mangfaldet som finst her. Samtidig har områda stor verdi som kjelde til kunnskap og naturoppleving. Urørt natur har vorte sjeldnare i verdssamanheng, og den globale oppvarminga gjer svalbardnaturen meir sårbar. Den urørte naturen på Svalbard har vorte endå viktigare som eit referanseområde og kjelde til viktig kunnskap om klimaendringar og miljø. Forsking, utdanning og reiseliv utgjer i dag ein stor og aukande del av både Noregs og andre nasjonar si verksemd på Svalbard.

Ein ser i dag fleire utviklingstrekk som stiller miljøvernet på Svalbard overfor store utfordringar. Dette gjeld mellom anna klimaendringar, aukande ferdsel og moglegheiter for endringar i aktivitetsbilete som følgje av varmare klima og at dei arktiske havområda blir meir tilgjengelege. Ettersom temperaturaukinga og klimaendringane er større på Svalbard enn noko annan stad, er og dei sårbare miljøverdiane enda meir utsetje.

Etter at svalbardmiljøloven tok til å gjelda i 2002, har det skjedd ei utvikling i lokalsamfunna på Svalbard. Lokalsamfunna har svært ulik karakter, men særleg Longyearbyen har vakse betydeleg dei seinare år. Som administrativt senter og knutepunktet for det meste av aktiviteten på øygruppa, er Longyearbyen den største staden på Svalbard. Pr. 24. september 2020 er det ifølgje befolkningsregisteret registrert 2417 busette i dei norske busetjingane i Longyearbyen og Ny-Ålesund. Det bur om lag 460 personar i lokalsamfunnet Barentsburg inkludert Pyramiden. I Hornsund, sør på Spitsbergen, ligg ein polsk forskingsstasjon, bemanna med ca. 12 personar. I 2009 var det registrert busett til saman 2500 menneske på øygruppa (jf. St.meld. nr. 22 (2008–2009). Den samla fastbuande befolkninga er derfor frå 2009 til i dag auka med ca. 20 %. Samtidig er talet på tilreisande auka. I 2008 var talet på overnattingar på hotell og gjestehus i Longyearbyen 92 000. I 2019 var dette talet auka til 162 949. Dette talet er naturleg nok betydeleg lågare i 2020 grunna Covid-19, men blir antatt å ta seg opp igjen etter pandemien. Auka aktivitet og befolkning førar til meir aktivitet og ferdsel, auka energibruk og meir vare- og persontransport til sjøs.

2.2 Tungoljeforbod

Utslepp av olje frå skip ved ulykker blir rekna som ein av dei største truslane mot økosystema i Arktis frå lokal aktivitet. Utslepp av tungolje i Arktis er spesielt problematisk på grunn av dei sårbare økosystema og korleis tungolje opptrer ved låge temperaturar og is. I tillegg gjer store avstandar, krevjande vêr-, is- og temperaturforhold, og avgrensa tilgang på oljevernressursar at beredskap og opprydding er spesielt vanskeleg på Svalbard. Svalbard har også unike miljøverdiar som er sårbare for akutte oljeutslepp, og høge miljømål som tilseier at risikoaksepten for skade skal vere låg.

Tungolje har større konsekvensar ved utslepp til sjø i Arktis enn lettare drivstofftypar fordi dei blir verande i miljøet lengre. Utslepp av tungolje kan føra til at marine pattedyr og fuglar døyr fordi den viskøse olja klistrar seg fast til pelsen og fjørdrakta og øydelegg den varmeisolerande effekten. Opprydding og strandreinsking blir også langt meir krevjande ved utslepp av tungolje enn for lettare drivstofftypar.

I forskriftene om verneområda på Svalbard er det innført forbod mot bruk av tungolje i verneområda. Dette er likevel ikkje tilstrekkeleg. Eit oljesøl utanfor verneområda vil lett gå inn i verneområda. Og miljøet på Svalbard er særleg sårbart over det heile, både i og utanfor verneområda. Det er derfor behov for at tungoljeforbodet dekker 100 % av territorialfarvatnet ved Svalbard, og ikkje berre dei 87 % av territorialfarvatnet som ligg innanfor verneområda, som i dag.

Å innføra eit forbod mot å bruke eller ha om bord petroleumsbasert drivstoff med høgare tettheit, viskositet eller stivnepunkt enn det som er tillat for marin gassolje, minskar i betydeleg grad miljørisikoen. Dette er nødvendig for å styrke vernet av miljøet på Svalbard mot oljesølskade.

2.3 Gebyr for private planforslag

Omfanget av private planforslag aukar i Longyearbyen, og det krev mykje administrative ressursar hos lokalstyret. Longyearbyen planområde skil seg frå dei andre planområda, ved at dei har mange profesjonelle aktørar som gjer framlegg, og store utbyggjarar. På fastlandet kan det takast gebyr for behandling av private planforslag med heimel i plan- og bygningsloven § 33-1.

På denne bakgrunnen ser Klima- og miljødepartementet det formålstenleg å gjera nokre endringar og justeringar i loven og delar av forskriftene.

2.4 Høyringa

Departementet sende den 6. november 2020 på høyring forslag til endringar i svalbardmiljøloven. Forslaget vart sendt på høyring til følgjande instansar:

  • Arbeids- og sosialdepartementet

  • Barne- og familiedepartementet

  • Finansdepartementet

  • Forsvarsdepartementet

  • Helse- og omsorgsdepartementet

  • Justis- og beredskapsdepartementet

  • Kommunal- og moderniseringsdepartementet

  • Kulturdepartementet

  • Kunnskapsdepartementet

  • Landbruks- og matdepartementet

  • Nærings- og fiskeridepartementet

  • Olje- og energidepartementet

  • Samferdselsdepartementet

  • Utenriksdepartementet

  • Artsdatabanken

  • Det Norske Meteorologiske institutt

  • Direktoratet for mineralforvaltning med Bergmesteren på Svalbard

  • Direktoratet for samfunnssikkerhet og beredskap

  • Direktoratet for strålevern og atomsikkerhet

  • Fiskeridirektoratet

  • Folkehelseinstituttet

  • Havforskningsinstituttet

  • Kartverket

  • Klagenemnda for miljøinformasjon

  • Kystvakten

  • Kystverket

  • Longyearbyen Lokalstyre

  • Luftfartstilsynet

  • Meteorologisk institutt

  • Miljødirektoratet

  • Norges forskningsråd

  • Norges geologiske undersøkelse

  • Norges vassdrags- og energidirektorat

  • Norsk kulturarv

  • Norsk kulturminnefond

  • Norsk polarinstitutt

  • Oljedirektoratet

  • Petroleumstilsynet

  • Riksantikvaren

  • Sjøfartsdirektoratet

  • Sysselmannen på Svalbard

  • A/S Norske Shell

  • Airlift AS

  • Assuranceforeningen Gard

  • Assuranceforeningen Skuld

  • Arkeologisk museum, Universitetet i Stavanger

  • Asplan Viak

  • Avinor AS

  • Basecamp Spitsbergen AS

  • Bergenhus Shipping Service

  • Bjerknessenteret for klimaforskning

  • Bergshav Management

  • Cefor – The Nordic Association of Marine Insurers

  • CICERO Senter for klimaforskning

  • Den Norske Turistforening

  • Enova SF

  • Esso Norge AS

  • European Cruise Service

  • Fellesforbundet

  • Finans Norge

  • Fiskebåt

  • Forskningsstiftelsen Fafo

  • Fortidsminneforeningen

  • Fortum Oslo Varme AS

  • Forum for miljøteknologi

  • Forum for natur og friluftsliv

  • Forum for utvikling og miljø

  • Fridtjof Nansens Institutt

  • Friluftsrådenes landsforbund

  • Greenpeace

  • Grieg Logistics

  • Henningsen transport & guiding

  • Hovedorganisasjonen Virke

  • Hurtigruten AS

  • Innovasjon Norge

  • Kulturhistorisk museum

  • Kystrederiene

  • Landsorganisasjonen i Norge

  • Longyearbyen Arbeiderforening

  • Longyearbyen Jeger- og fiskeforening

  • Miljøstiftelsen Bellona

  • Natur og ungdom

  • Naturvernforbundet

  • NHO Logistikk og Transport

  • NHO Luftfart

  • NHO Mat og drikke

  • NHO Reiseliv

  • NHO Sjøfart

  • NHO Transport

  • Nord universitet

  • Norges fiskarlag

  • Norges jeger- og fiskerforbund

  • Norges kulturvernforbund

  • Norges kystfiskarlag

  • Norges miljø- og biovitenskapelige universitet

  • Norges miljøvernforbund

  • Norges rederiforbund

  • Norges teknisk-naturvitenskapelige universitet

  • Norsk friluftsliv

  • Norsk gjenvinning AS

  • Norsk Hydro ASA

  • Norsk industri

  • Norsk institutt for luftforskning

  • Norsk institutt for bioøkonomi

  • Norsk institutt for kulturminneforskning

  • Norsk institutt for naturforskning

  • Norsk institutt for vannforskning

  • Norsk maritimt museum

  • Norsk olje og gass

  • Norsk transportarbeiderforbund

  • Norske havner

  • Norske sjømatbedrifters landsforening

  • NTNU Vitenskapsmuseet

  • Ny-Ålesund Science Managers Committee

  • Næringslivets hovedorganisasjon

  • Næringslivets NOx-fond

  • Pole Position Logistics

  • Polish Polar Station, Hornsund

  • Spitsbergen Travel AS

  • Svalbard adventures

  • Svalbard Explorer

  • SINTEF

  • Statoil ASA

  • Stavanger maritime museum

  • Stiftelsen Bergens sjøfartsmuseum

  • Store Norske Spitsbergen Kulkompani

  • Store Norskes pensjonistforening

  • Svalbard Næringsforening

  • Svalbard Reiselivsråd

  • Svalbard Science Forum

  • Svalbard Wildlife Expedition

  • Telenor Svalbard AS

  • Transportøkonomisk institutt

  • Trust Arktikugol Barentsburg

  • Universitetssenteret på Svalbard

  • Unio

  • Universitetet i Agder

  • Universitetet i Bergen

  • Universitetet i Oslo

  • Universitetet i Stavanger

  • Universitetet i Tromsø

  • Universitetsmuseet i Bergen

  • Visit Svalbard AS

  • WWF-Norge

Departementet har motteke høyringssvar frå 34 høyringsinstansar. Av høyringsinstansane hadde 16 ingen merknader, og 18 hadde kommentarar. Følgande høyringsinstansar hadde kommentarar:

  • Fiskebåt

  • Havforskningsinstituttet

  • Hurtigruten AS

  • Innovasjon Norge

  • Kystverket

  • Longyearbyen Lokalstyre

  • Miljødirektoratet

  • Miljøstiftelsen Bellona

  • Naturvernforbundet

  • NHO Reiseliv

  • Norges miljøvernforbund

  • Norsk polarinstitutt

  • Russiske Føderasjons Generalkonsulat på Spitsbergen.

  • SINTEF

  • Sjøfartsdirektoratet

  • Svalbard Næringsforening

  • Sysselmannen på Svalbard

  • Trust Arktikugol Barentsburg

Til forsida