6 Departementet sitt forslag til endring i svalbardmiljøloven kap. VI. Arealplanlegging i planområdene – § 51
6.1 Gjeldande rett
På fastlandet kan det takast gebyr for behandling av private planforslag, med heimel i plan- og bygningsloven § 33-1. Det er berre arbeidet til kommunane fram til det blir avgjort om forslaget skal fremmast som kan takast gebyr for. Forslaget blir fremma når det blir lagt ut til offentleg ettersyn og blir sendt på høyring.
Forvaltningsloven § 27 a gjer nødvendig heimel til å fastsetja forskrifter om gebyr for saksbehandling, men slike forskrifter må fremmast ved kongeleg resolusjon av vedkommande fagdepartement.
Klima- og miljødepartementet kan etter svalbardmiljøloven § 92 gje forskrift om gebyr for behandling av løyve og dispensasjonar som miljøvernstyresmaktene utfører etter svalbardmiljøloven, eller forskrift fastsett i medhald av loven. Det følgjer av svalbardmiljøloven § 4 at miljøvernstyresmaktene for Svalbard er Kongen, departementet, direktoratet etter den nærare avgjerda til departementet og Sysselmannen. Klima- og miljødepartementet kan derfor ikkje delegera forskriftskompetansen sin etter svalbardmiljøloven § 92 til Longyearbyen lokalstyre.
6.2 Departementet sitt forslag på høyring
Departementet foreslo ein ny forskriftsheimel i eit nytt andre ledd i svalbardmiljøloven § 51 for å kunne ta gebyr for behandling av private planforslag. Heimelen skal gje Longyearbyen lokalstyre moglegheit til å ta gebyr for behandling av private planforslag, etter sjølvkostprinsippet. Forslaget gjekk ut på at det berre er lokalstyret sitt arbeid frem til det blir avgjort om forslaget skal fremmast, som det skal kunne bli tatt gebyr for. Forslaget skal vurderast å vere fremma når det leggast ut til offentleg ettersyn og sendes på høyring.
6.3 Synet til høyringsinstansane
Sysselmannen støttar forslaget om heimel for å gje forskrift om gebyr for behandling av private planforslag.
Longyearbyen lokalstyre (LL) støttar forslaget, og grunngjev dette med at Longyearbyen de siste årene gjennomgått store endringar med stor byggeaktivitet og mange planer under arbeid. LL erfarer at behandling av planer krev meir og meir ressursar og at man har behov for å finansiere dette med å ta gebyr for denne oppgåva. LL legger til grunn at det gjev anledning til å gebyrlegge etter sjølvkostprinsippet slik kommunar på fastlandet kan etter plan- og bygningslovens § 33-1.
6.4 Departementet sine vurderingar
Departementet ser behovet Longyearbyen lokalstyre har for å ta gebyr for behandling av private planforslag etter sjølvkostprinsippet, då omfanget av private planforslag aukar. Departementet ønsker ikkje å endra på svalbardmiljøloven § 92 fordi avgjerda òg inneheld andre typar saksbehandling det kan takast gebyr for. Departementet ser det derfor som formålstenleg og mest naturleg at svalbardmiljøloven § 51 som omtaler private planforslag, får eit nytt anna ledd.