5 Administrative og økonomiske konsekvensar
I forslaget til statsbudsjett for 2016 er innarbeid 77 mill. kroner som løyving til Den norske kyrkja for å dekkje utgiftene i 2016 av avtalen om lønnskompensasjon til prestane, sjå Prop. 1 S (2015–2016) Kulturdepartementet, kap. 340 Den norske kirke, post 01.
Til budsjetteringsformål reknar Kulturdepartementet med at statstilskottet til andre trus- og livssynssamfunn i 2016 svarer til om lag 17 pst. av statens budsjetterte utgifter til Den norske kyrkja. Statstilskottet er budsjettert under kap. 341 Tilskudd til trossamfunn m.m., post 70. I budsjettforslaget for 2016 har departementet rekna med at forslaget i denne lovproposisjonen kan setjast i verk frå 1. januar 2016.
Lovforslaga har ikkje administrative eller økonomiske konsekvensar utanom dei som direkte følgjer av forslaget.