Prop. 12 L (2015–2016)

Endringar i lov om trudomssamfunn og ymist anna og lov om tilskott til livssynssamfunn (endring i tilskottsreglane ved avviklinga av buplikta for prestane i Den norske kyrkja)

Til innhaldsliste

Forslag
til lov om endringar i lov om trudomssamfunn og ymist anna og lov om tilskott til livssynssamfunn (endring i tilskottsreglane ved avviklinga av buplikta for prestane i Den norske kyrkja)

I

I lov 13. juni 1969 nr. 25 om trudomssamfunn og ymist anna skal § 19 første leddet nytt tredje punktum lyde:

Løyvingar som kjem som ei følgje av at tenestebustad- og bupliktordninga for prestane i Den norske kyrkja har falle bort, skal ikkje reknast med i tilskotsgrunnlaget etter første leddet.

II

I lov 12. juni 1981 nr. 64 om tilskott til livssynssamfunn skal § 2 nytt andre ledd lyde:

Løyvingar som kjem som ei følgje av at tenestebustad- og bupliktordninga for prestane i Den norske kyrkja har falle bort, skal ikkje reknast med i tilskotsgrunnlaget etter første leddet.

III

Lova gjeld frå 1. januar 2016.