6 Merknader til lovforslaget
I den språklege utforminga av lovforslaget har departementet teke omsyn til merknaden frå Justis- og beredskapsdepartementet, sjå pkt. 3.3.
Det er avviklinga av tenestebustad- og bupliktordninga for prestane, slik denne har vore sidan eldre tid, som er grunnen til avtalen om lønnskompensasjon til prestane og tilhøyrande løyvingar til Den norske kyrkja. Forslaga til lovformuleringar skal gjere dette klårare. Departementet har ikkje andre særskilde merknader, men viser til vurderingane under pkt. 4.