1 Innleiing
Samferdselsdepartementet legg i denne proposisjonen fram forslag om utbygging og finansiering av ny E6 på strekninga Vindåsliene – Korporalsbrua i Midtre Gauldal kommune i Sør-Trøndelag.
E6 Oppland grense – Trondheim er ein viktig del av det nasjonale vegnettet og den viktigaste hovudvegen for Midt-Norge. På E6 mellom Ulsberg og Melhus er det i dag fleire flaskehalsar. Ein av desse er strekninga Vindåsliene – Korporalsbrua der dagens veg er smal og svingete og med låg standard.
Prosjektet E6 Vindåsliene – Korporalsbrua er mellom anna omtalt i Meld. St. 26 (2012–2013) Nasjonal transportplan2014–2023, Prop. 1 S (2014–2015), side 112, og Prop. 1 S (2015–2016), side 117 og Meld. St. 33 (2016–2017) Nasjonal transportplan 2018–2029, side 303.
I Prop. 1 S (2014–2015) var det lagt opp til anleggsstart på prosjektet i 2015. I samband med Stortingets handsaming blei Samferdselsdepartementet bedt om å vurdere tunnel mellom Sokna og Korporalsbrua, dvs. den nordlegaste delen av strekninga. Anleggsstart på prosjektet måtte derfor utsetjast.
Som omtalt i Prop. 1 S (2015–2016), er E6 på strekninga Ulsberg – Melhus ein del av startporteføljen til Nye Veier AS. Sidan det var føresett anleggsstart for prosjektet E6 Vindåsliene – Korporalsbrua før Nye Veier AS formelt blei etablert, blei det bestemt at prosjektet likevel ikkje skulle takast inn i porteføljen til Nye Veier AS. Prosjektet skal derfor byggjast ut i regi av Statens vegvesen.
Det blir lagt opp til anleggsstart i løpet av 2017, med opning for trafikk våren 2020. Finansieringa er basert på statlege midlar og bompengar.