Prop. 124 S (2016–2017)

Utbygging og finansiering av prosjektet E6 Vindåsliene – Korporalsbrua i Sør-Trøndelag

Til innhaldsliste

5 Utbyggings- og finansieringsopplegg

Utbygginga av E6 Vindåsliene – Korporalsbrua er føresett finansiert med statlege midlar og bompengar. Den statlege delen utgjer 54,2 pst. Forslag til finansieringsplan er vist i tabell 5.1.

Tabell 0.1 Finansieringsplan for E6 Vindåsliene – Korporalsbrua

Mill. 2017-kr

2014–2017

2018–2020

Sum

Statlege midlar

155

755

910

Bompengar

770

770

Sum

155

1 525

1 680

Statlege midlar

I Meld. St. 26 (2012–2013) Nasjonal transportplan 2014–2023 er det lagt til grunn 620 mill. kr til prosjektet, rekna om til 2017-prisnivå. Kostnadsoverslaget har auka med om lag 810 mill. kr etter framlegging av Meld. St. 26 (2012–2013). Samferdselsdepartementet går derfor inn for å auke den statlege ramma til prosjektet. I tråd med Meld. St. 33 (2016–2017) Nasjonal transportplan 2018–2029 er det lagt til grunn 910 mill. 2017-kr i statlege midlar.

I perioden 2014–2017 er det løyvd til saman 155 mill. 2017-kr til prosjektet. Av desse er om lag 70 mill. kr brukt til planlegging og forarbeid.

Bompengar og bompengeopplegg

Finansieringa av prosjektet E6 Vindåsliene – Korporalsbrua er basert på delvis bompengeinnkrevjing i ein bomstasjon ved Fossum bru i Midtre Gauldal kommune. Det er lagt opp til etterskotsinnkrevjing med innkrevjing i begge køyreretningar.

Gjennom Stortinget si handsaming av Prop. 1 S Tillegg 2 (2015–2016) blei det gitt nye retningslinjer for inndeling i takstgrupper og bruk av rabattordningar. Vidare er det i Prop. 1 S (2016–2017) lagt opp til nye rutinar for fastsetjing av takstar. Takst- og rabattopplegget for dette prosjektet er i tråd med dei nye retningslinjene.

For at prosjektet skal vere nedbetalt i løpet av 15 år etter trafikkopning, er det rekna ut at gjennomsnittleg inntekt pr. passering må vere på om lag 38 kr med dei føresetnadene som elles er lagt til grunn for dette framlegget. Basert på dette er det førebels lagt til grunn følgjande grunntakstar for etterskotsinnkrevjinga i 2017-prisnivå:

  • Takstgruppe 1 (lette køyretøy med tillatt totalvekt til og med 3 500 kg og køyretøy i køyretøygruppe M1): 40 kr

  • Takstgruppe 2 (tunge køyretøy ekskl. køyretøy i køyretøygruppe M1): 80 kr

I tråd med Prop. 1 S Tillegg 2 (2015–2016) er det lagt opp til 20 pst. rabatt ved bruk av gyldig brikke og brikkeavtale for køyretøy i takstgruppe 1. Køyretøy i takstgruppe 2 får ikkje rabatt.

Det er føresett at takstane blir justerte i samsvar med prisutviklinga. I tråd med føresetnadene i Prop. 1 S (2016–2017) vil rekna gjennomsnittstakst bli nytta som grunnlag for justering av takstane. Før start på innkrevjinga vil gjennomsnittstaksten bli vurdert ut frå kjende faktorar som låneopptak, lånerente og utbyggingskostnad. Forslag til justeringar av takstane føreset tilslutning frå fylkeskommunen.

Elles gjeld dei til ei kvar tid gjeldande takstretningslinjer for bompengeprosjekt.

Andre føresetnader for finansieringsplanen

Eventuell kostnadsauke ut over prisstiging skal dekkjast i samsvar med gjeldande retningslinjer for bompengeprosjekt. Dette inneber at kostnadsauke opp til kostnadsramma skal dekkjast med statlege midlar og bompengar etter same prosentvise fordeling som innanfor styringsramma. Eventuelle overskridingar ut over kostnadsramma er staten sitt ansvar og blir dekte med statlege midlar.

Eventuelle kostnadsreduksjonar på inntil 10 pst. blir fordelt mellom staten og bompengeselskapet i høve til partane sin del av finansieringa innanfor styringsramma. Eventuelle reduksjonar på meir enn 10 pst. tilkjem staten.

Dersom økonomien i prosjektet blir svakare enn venta, kan bompengeselskapet etter avtale med Vegdirektoratet auke gjennomsnittstaksten med inntil 20 pst. og forlengje innkrevjingsperioden med inntil 5 år.

Følgjande basisføresetnader er elles lagde til grunn for finansieringsplanen (2017-kr):

  • Lånerente: 5,5 pst. dei første 10 åra, deretter 6,5 pst.

  • Innskotsrente: 2,5 pst.

  • Årleg prisvekst og takstauke: 2,5 pst.

  • Årlege innkrevjings- og driftskostnader: 4 mill. kr.

Med desse føresetnadene er perioden med etterskotsinnkrevjing rekna til om lag 15 år. Brutto bompengeinntekter er rekna til om lag 1 090 mill. kr. Av dette er om lag 770 mill. kr føresett nytta til å dekkje delar av investeringskostnadene, om lag 260 mill. kr til å dekkje finansieringskostnader og om lag 60 mill. kr til å dekkje innkrevjingskostnader og kostnader til drift av bompengeselskapet.

Det er rekna på eit optimistisk alternativ med følgjande føresetnader:

  • Årsdøgntrafikken i opningsåret aukar med 5 pst.

  • Lånerenta blir redusert frå 5,5 pst. til 4,5 pst.

  • Elles er dei same føresetnadene som i basisalternativet lagde til grunn.

Med desse føresetnadene er perioden med etterskotsinnkrevjing rekna til om lag 13 år, dvs. ein reduksjon på om lag to år. Alternativt kan gjennomsnittleg inntekt pr. passering reduserast frå om lag 38 kr til om lag 33 kr.

Det er også rekna på eit pessimistisk alternativ med følgjande føresetnader:

  • Kostnadsauke opp til kostnadsramma.

  • Årleg trafikkvekst blir redusert til 0 pst. etter innkrevjingsstart.

  • ÅDT i opningsåret blir redusert med 5 pst.

  • Lånerenta blir auka frå 5,5 pst. til 6,5 pst.

  • Takstauke på 20 pst. ut over prisstiging etter to år.

Med desse føresetnadene er perioden med etterskotsinnkrevjing rekna til om lag 17 1/2 år, dvs. ein auke på om lag to og eitt halvt år. Resultatet viser at finansieringsopplegget må vurderast som robust.