4 Trafikkgrunnlag
Statens vegvesen har gjennomført ein transportanalyse for heile strekninga E6 Ulsberg – Melhus. Regional transportmodell for Region midt (RTM) er nytta, i kombinasjon med manuelle vurderingar for å få betre tilpassing til eksisterande trafikk.
Det er utarbeidd trafikkprognosar både utan og med bompengar for åra 2013 og 2018. Med utgangspunkt i planlagde bompengetakstar har transportmodellen rekna ut forventa trafikkreduksjon. Trafikktala er deretter kalibrerte mot trafikkregistreringar og erfarte avvisingsprosentar i andre bompengeprosjekt.
I bomstasjonen er det lagt til grunn ein årsdøgntrafikk utan bompengeinnkrevjing på 5 700 køyretøy i 2018. Med bompengeinnkrevjing er årsdøgntrafikken venta redusert med om lag 700 køyretøy, dvs. ein nedgang på om lag 12 pst.
Det er rekna med ein gjennomsnittleg årleg trafikkvekst på 1,5 pst. fram til 2018, 1,3 pst. i perioden 2018–2029 og 1,0 pst. frå 2030. Dette i tråd med prognosane for Sør-Trøndelag i inneverande planperiode.
Alternative vegruter ved bomstasjonane er vurderte, og det er konkludert med at desse er lite attraktive. Skulle det likevel vise seg å bli stor trafikklekkasje frå ny E6, opnar dei lokalpolitiske vedtaka for å setje opp bomstasjon på lokalt vegnett, jf. kapittel 3.