6 Fylkeskommunal garanti
Sør-Trøndelag fylkeskommune vedtok i fylkesutvalet 24. juni 2016 å stille garanti ved sjølvskuldnarkausjon for låneopptaket til bompengeselskapet for finansiering av prosjektet, jf. kapittel 3. Ut frå planlagd framdrift for prosjektet er maksimal lånegjeld rekna til om lag 920 mill. kr. Den fylkeskommunale garantien må godkjennast av Kommunal- og moderniseringsdepartementet før anleggsstart.
Garantisten sitt utlegg kan dekkjast gjennom ein auke av realtakstane med inntil 20 pst. og ei forlenging av bompengeperioden med inntil 5 år.