2 Programkategori 21.10 Administrasjon m.m.
Kap. 1300 Samferdselsdepartementet
Post 30 Miljø-/oljevernbase i Lofoten/Vesterålen
For 2017 er det løyvd 17 mill. kr til arbeidet med å etablere eit oljevern- og miljøsenter i Lofoten/Vesterålen. Behovet for kjøp av tenester har vist seg å bli lågare enn rekna med. Departementet foreslår derfor å redusere løyvinga på kap. 1300, post 30 Miljø-/oljevernbase i Lofoten/Vesterålen, med 10 mill. kr.
Kap. 5577 Sektoravgifter under Samferdselsdepartementet
Post 74 Sektoravgifter Kystverket
I samband med lønnsoppgjeret for 2017 blei Kystverket tildelt 3,9 mill. kr over kap. 1360, post 01 Driftsutgifter, for den delen av verksemda som er avgiftsfinansiert. Kap. 5577, post 74 Sektoravgifter Kystverket, må derfor aukast tilsvarande. Departementet foreslår å auke løyvinga på kap. 5577, post 74 Sektoravgifter Kystverket, med 3,9 mill. kr.
Post 75 Sektoravgifter Nasjonal kommunikasjonsmyndigheit
I samband med lønnsoppgjeret for 2017 blei Nasjonal kommunikasjonsmyndigheit tildelt 1,095 mill. kr over kap. 1380, post 01 Driftsutgifter. Etaten er i hovudsak sjølvfinansiert. Kap. 5577, post 75 Sektoravgifter Nasjonal kommunikasjonsmyndigheit, må derfor aukast tilsvarande. Departementet foreslår å auke løyvinga på kap. 5577, post 75 Sektoravgifter Nasjonal kommunikasjonsmyndigheit, med 1,095 mill. kr.