6 Programkategori 21.50 Jernbaneformål
Kap. 1352 Jernbanedirektoratet
Post 01 Driftsutgifter
Overføring av oppgåver frå Statens vegvesen
Staten har no samla alle sine initiativ knytt til tenester innan rutedata, reiseplanlegging og elektronisk billettering i det statleg eigde selskapet Entur AS. Ansvaret for direktoratsoppgåvene er lagt til Jernbanedirektoratet frå og med 1. april 2017, jf. omtale under kap. 1320 Statens vegvesen, post 23 Drift og vedlikehald av riksvegar, trafikant- og køyretøytilsyn m.m. Samferdselsdepartementet foreslår derfor å auke løyvinga på kap. 1352, post 01 Driftsutgifter, med 1,1 mill. kr mot ein tilsvarande reduksjon av kap. 1320 Statens vegvesen, post 23, jf. omtale under kap. 1320, post 23.
Realistisk budsjettering av utgifter
På grunn av endra inntektsoverslag på kap. 4352, post 01 Innbetalingar til Norsk jernbaneskole og Norsk jernbanemuseum, foreslår departementet å auke løyvinga på kap. 1352, post 01, med 64,8 mill. kr, jf. omtale under kap. 4352, post 01.
Oppsummering
Samferdselsdepartementet foreslår å auke løyvinga på kap. 1352, post 01 Driftsutgifter, med i alt 65,9 mill. kr.
Post 71 Kjøp av infrastrukturtenester – drift og vedlikehald
Auka pensjonsutgifter for Bane NOR SF
I samband med statsbudsjettet for 2018 har Statens pensjonskasse rekna på nytt Bane NOR SFs pensjonsutgifter i 2017 og 2018, jf. side 158 i Prop. 1 S (2017–2018) for Samferdselsdepartementet. Desse utgiftene går inn i grunnlaget for Jernbanedirektoratets kjøp av infrastrukturtenester innan drift og vedlikehald frå Bane NOR og er budsjettert på kap. 1352, post 71.
I saldert budsjett for 2017 er det sett av 255 mill. kr til pensjonsutgifter. Dei nye berekningane viser at samla pensjonspremie for Bane NOR SF, eksklusive ROM eiendom og medlemsdelen som ikkje reknast med, er 261,7 mill. kr. Jernbanedirektoratet skal òg dekke arbeidsgivaravgift på arbeidsgivardelen av pensjonspremien, eksklusive ROM eiendom, som er rekna til 36,9 mill. kr i 2017. Det er ikkje sett av noko til denne arbeidsgivaravgifta på budsjettet for 2017. Samferdselsdepartementet foreslår derfor å auke løyvinga på kap. 1352, post 71 Kjøp av infrastrukturtenester – drift og vedlikehald, med 43,6 mill. kr.
Omdisponering til investeringar
I 2016 blei fornying av jernbanen auka med om lag 750 mill. kr frå det som opphavleg var planlagt ved starten av året. Fleire investeringsprosjekt hadde lågare framdrift enn føresett. For m.a. å dekke inn utgiftene til den auka fornyinga blei det ved behandlinga av Prop. 31 S (2016–2017) Endringar i statsbudsjettet 2016 under Samferdselsdepartementet, jf. Innst. 129 S (2016–2017) omdisponert 592 mill. kr frå kap. 1350 Jernbaneverket, post 30 Investeringar i linja, til post 23 Drift og vedlikehald. Av dette skulle 475 mill. kr dekke utgiftene til den auka fornyinga.
Utgiftene til dei investeringsprosjekta som var forseinka i 2016, og som frå 2017 blir budsjettert på kap. 1352, post 73 Kjøp av infrastrukturtenester – investeringar, skal betalast i samsvar med framdrifta. I 2017 vil desse utgiftene utgjere 216 mill. kr, jf. òg side 161 i Prop. 1 S (2017–2018). Samferdselsdepartementet foreslår å redusere løyvinga på kap. 1352, post 71 med 216 mill. kr, og auke løyvinga på post 73 Kjøp av infrastrukturtenester – investeringar, tilsvarande.
Oppsummering
Departementet foreslår å redusere løyvinga på kap. 1352, post 71 Kjøp av infrastrukturtenester – Drift og vedlikehald, med i alt 172,4 mill. kr.
Post 73 Kjøp av infrastrukturtenester – investeringar
Omdisponering frå drift og vedlikehald
Samferdselsdepartementet foreslår å auke løyvinga på kap. 1352, post 73 Kjøp av infrastrukturtenester – investeringar, med 216 mill. kr, og redusere løyvinga på post 71 tilsvarande, for å dekke utgifter i 2017 for investeringsprosjekt som blei forseinka i 2016, jf. omtale under kap. 1352, post 71.
Kostnadsramme for IC-prosjektet Sandbukta-Moss-Såstad på Østfoldbanen
I Prop. 1 S (2017–2018) foreslår regjeringa å sette av 745 mill. kr til eventuell oppstart av prosjektet Sandbukta-Moss-Såstad på Østfoldbanen i 2018, jf. side 169. Samferdselsdepartementet varsla samstundes at departementet ville komme tilbake til Stortinget med forslag om kostnadsramme før oppstart.
Prosjektet omfattar vel 10 km dobbeltspora jernbane, av dette om lag 5 km i tunnel og kulvert, dagsoner, ny stasjon i Moss, anlegg for vending av tog, og arbeid for å legge til rette for å kople til nytt hamnespor. Prosjektet går gjennom sentrum av Moss. Nye Moss stasjon skal ligge i dagen sør for noverande stasjon og dimensjonerast for ni tog i timen (lokal-, region- og godstog). Utbygginga er ein vesentleg føresetnad for å kunne auke tilbodet på Østfoldbanen sør for Ski og er såleis ein premiss for å realisere potensialet for tilbodsforbetringar som det pågåande Follobaneprosjektet gir.
Prosjektet har vore til ekstern kvalitetssikring i regi av Bane NORs eiga ordning med kvalitetssikring. Ekstern kvalitetssikrar tilrår ei kostnadsramme på 9 956 mill. kr, med ei styringsramme på 9 130 mill. kr. I etterkant av den eksterne kvalitetssikringa har Jernbanedirektoratet og Bane NOR gått gjennom prosjektet for å identifisere ytterlegare innsparingar. Jernbanedirektoratet har foreslått at inntekter knytt til sal av eigedom og lågare kostnader knytt til støyskjerming på grunn av at ein legg til grunn meir støysvake godstog mv. kommer til fråtrekk frå kostnadsoverslaget for prosjektet. Vidare foreslår Jernbanedirektoratet at utgifter til buss for tog ikkje inngår i styrings- og kostnadsrammene, da dette er ein del av avtalen om drift og vedlikehald mellom Jernbanedirektoratet og Bane NOR. Samla er da styrings- og kostnadsramma redusert med 454 mill. kr. Regjeringa foreslår derfor at prosjektet startar opp i 2018 innanfor ei styringsramme på 8 676 mill. kr og ei kostnadsramme på 9 502 mill. kr, jf. forslag til romartalsvedtak.
Reguleringsplanen blei lagt ut for offentleg ettersyn våren 2016 og blei vedteke i Rygge og Moss kommunar i høvesvis september 2016 og november 2016. Reguleringsplanen i Moss blei endeleg fastsett i februar 2017.
I 2018 blir det gjennomført førebuande anleggsarbeid og grunnerverv i tillegg til at det blir inngått kontraktar for hovudarbeida. Hovudarbeidet startar etter planen tidleg i 2019, med sikte på at nye spor kan takast i bruk i desember 2024.
Kostnadsramme for IC-prosjektet Venjar-Eidsvoll-Langset på Dovrebanen
I Prop. 1 S (2017–2018) foreslo regjeringa å sette av 350 mill. kr til eventuell anleggsstart for prosjektet Venjar-Eidsvoll-Langset på Dovrebanen i 2018, jf. side 168. Samferdselsdepartementet varsla samstundes at departementet ville komme tilbake til Stortinget med forslag om kostnadsramme før oppstart.
Prosjektet omfattar bygging til dobbeltspor gjennom å etablere eit nytt enkeltspor langs det eksisterande enkeltsporet på Gardermobanen mellom Venjar og Eidsvoll, jernbanetekniske tilpassingar på Eidsvoll stasjon og etablere nytt dobbeltspor på Dovrebanen mellom Eidsvoll og Langset. Ved Langset vil dobbeltsporet bli knytt saman med dobbeltsporstrekninga Langset-Kleverud. Prosjektet omfattar ein tunnel ved Eidsvoll prestegard, ei lengre bru over Minnevika og ordinære dagstrekningar på fylling eller i skjering. I tillegg inkluderer prosjektet fleire over- og undergangskonstruksjonar og vegar. Samla strekningslengd for prosjektet er om lag 13 km, og dimensjonerande fart er 200 km/t.
Prosjektet har vore til ekstern kvalitetssikring i regi av Bane NORs eiga ordning med kvalitetssikring. Ekstern kvalitetssikrar tilrår ei kostnadsramme på 6 700 mill.kr, med ei styringsramme på 5 610 mill.kr. I etterkant av den eksterne kvalitetssikringa har Jernbanedirektoratet og Bane NOR gått gjennom prosjektet for å identifisere ytterlegare innsparingar. Dei har funne moglege innsparingar knytt til forsikring på om lag 30 mill. kr som er trekt frå kostnadsramma og ytterlegare andre mindre innsparingar på 13 mill. kr som er trekt frå styringsramma. Jernbanedirektoratet har foreslått at utgifter på 100 mill. kr til buss for tog ikkje inngår i styrings- og kostnadsrammene fordi dette er ein del av avtalen om drift og vedlikehald mellom Jernbanedirektoratet og Bane NOR. Samla er da styringsramma redusert med 143 mill. kr og kostnadsramma med 130 mill. kr. Regjeringa foreslår derfor at prosjektet startar opp i 2018 innanfor ei styringsramme på 5 467 mill. kr og ei kostnadsramme på 6 570 mill. kr, jf. forslag til romartalsvedtak.
Reguleringsplan for strekninga Venjar-Eidsvoll blei vedteke i september 2016 og for strekninga Eidsvoll-Langset i oktober 2016.
I 2018 blir førebuande arbeid og grunnerverv vidareført. Kontrahering av leverandørar for hovudarbeida er planlagt gjennomført i 2018. Anleggsarbeidet for hovudarbeida startar etter planen ved årsskiftet 2018/2019. Departementet legg til grunn at strekninga kan takast i bruk i desember 2023. Alle arbeid er venta avslutta i 2024.
Post 76 Meirverdiavgift på kjøp av infrastrukturtenester
Etter vurdering frå Sentralskattekontoret for storbedrifter er det avklart at Jernbanedirektoratets kjøp av infrastrukturtenester frå Bane NOR ikkje er meirverdiavgiftspliktig omsetning, jf. òg omtale i Prop. 1 S (2017–2018) for Samferdselsdepartementet. Samferdselsdepartementet foreslår derfor at løyvinga i 2017 utgår, dvs. redusere løyvinga på kap. 1352, post 76 Meirverdiavgift på kjøp av infrastrukturtenester, med 4 406,3 mill. kr.
Kap. 4352 Jernbanedirektoratet
Post 01 Innbetalingar til Norsk jernbaneskole og Norsk jernbanemuseum
Frå og med 2017 skal Bane NOR SF betale Jernbanedirektoratet for kurs som blir halde ved Norsk jernbaneskole. Før gjennomføringa av jernbanereforma var dette interne aktivitetar i Jernbaneverket. I saldert budsjett 2017 er det løyvd 31 mill. kr. Siste prognose viser at inntektene vil bli 95,8 mill. kr i 2018. Inntektene har ei tilsvarande utgiftsside.
Samferdselsdepartementet foreslår å auke løyvinga på kap. 4352, post 01 Innbetalingar til Norsk jernbaneskole og Norsk jernbanemuseum, med 64,8 mill. kr, jf. kap. 1352, post 01 Driftsutgifter.
Kap. 1356 Bane NOR SF
Post 86 Driftskreditt
Jernbanereforma legg opp til at Bane NOR SF skal kunne drive effektivt innanfor rammene som er sette av Stortinget. I Meld. St. 27 (2014–2015) På rett spor blei det vist til behovet for ei driftskredittordning for rask og fleksibel tilgang på ekstra likviditet ved ekstraordinære situasjonar som t.d. ulykker, skred og flaum. Bane NOR SF har òg ei omfattande verksemd der tidsforskuvingar i inn- og utbetalingar kan gi variasjonar i likviditet. Tilgjengeleg likviditet blir lågare enn tidlegare lagt til grunn, fordi statens kjøp av infrastrukturtenester frå Bane NOR SF likevel ikkje er meirverdiavgiftspliktige, jf. omtale under kap. 1352, post 76 Meirverdiavgift på kjøp av infrastrukturtenester. Ei ordning med driftskreditt legg til rette for at føretaket har betre føresetnader til å drive den samla verksemda si effektivt utan at likviditeten hindrar rasjonelle eller akutte tiltak.
Driftskreditten er eit kortsiktig lån med løpetid på inntil 12 månader som skal gi føretaket likviditet til å handtere tidsforskuvingar i inn- og utbetalingar og uføreseielege utgifter. Driftskredittordninga er utforma etter den lånemodellen som er nytta for dei regionale helseføretaka. Driftskreditten blir sett på ein ikkje-renteberande konto i Noregs Bank til det er bruk for den. Samferdselsdepartementet utarbeider nærmare retningslinjer for forvaltninga av kreditten, m.a. låneavtalar og låne-/rentevilkår.
Departementet foreslår på denne bakgrunn å løyve 500 mill. kr til ei driftskredittordning for Bane NOR SF på kap. 1356, post 86.
Andre saker
Oppgjer av Jernbaneverkets mellomvere med statskassa
Jernbaneverkets verksemd blei frå 1. januar 2017 overført til Bane NOR SF og Jernbanedirektoratet. I samband med denne overføringa og avviklinga av forvaltningsorganet skulle Jernbaneverkets mellomvere med statskassa gjerast opp, m.a. betalt meirverdiavgift for varer og tenester for siste termin i 2016 og som ved årsskiftet enno ikkje var refundert frå skattestyresmaktene. Refusjonen på om lag 997,8 mill. kr blei i 2017 utbetalt til Bane NOR SF. Føretaket blei sett opp med for mykje eigenkapital. Jernbaneverkets mellomvere med statskassa (gjeld) er gjort opp i 2017 ved å halde tilbake 997,8 mill. kr av løyvingane i 2017 til Bane NOR SF. Føretaket kan bruke av eigenkapitalen for å dekke aktivitet som svarar til dette beløpet, slik at aktivitetsnivået i jernbanesektoren ikkje blir påverka av denne løysinga. Feilen vil formelt bli korrigert i 2018 ved å sette ned kapitalen i samband med føretaksmøtet i Bane NOR SF.