3 Programkategori 21.20 Luftfartsformål
Kap. 1310 Flytransport
Post 70 Kjøp av innanlandske flyruter
Løyvinga går til å finansiere drift av regionale flyruter innanlands. Departementet inngår fleirårige kontraktar for drift av rutene som blir tildelte etter konkurranse. I 2015 og 2016 gjennomførte departementet nye konkurransar der utgiftene til kjøp av flyruter blei reduserte. Det har samstundes vore noko uvisse knytt til reforhandlingar av kontraktane med flyselskapa etter innføringa av flypassasjeravgifta og endringar i andre avgifter. Departementet har no vurdert utgiftene til reforhandlingane å bli lågare enn først lagt til grunn.
Samferdselsdepartementet foreslår å redusere løyvinga på kap. 1310, post 70 Kjøp av innanlandske flyruter, med 75 mill. kr.
Kap. 1314 Statens havarikommisjon for transport
Post 01 Driftsutgifter
Departementet foreslår å auke løyvinga til Statens havarikommisjon for transport for å dekke ekstraordinære utgifter i samband med undersøkinga av helikopterulykka nordaust for Kapp Heer ved Barentsburg på Svalbard 26. oktober 2017. Utgiftene til å berge helikopteret opp frå djupt vatn i arktisk strøk er høgare enn det som kan dekkast innanfor resterande del av løyvinga for 2017.
Samferdselsdepartementet foreslår derfor å auke løyvinga på kap. 1314, post 01 Driftsutgifter, med 3,15 mill. kr.