4 Programkategori 21.30 Vegformål
Kap. 1320 Statens vegvesen
Post 23 Drift og vedlikehald av riksvegar, trafikant- og køyretøytilsyn m.m.
Flaum og ekstra kostnader til vinterdrift
Flaumen i Agder-fylka i haust førte til større skadar på riksvegane i Aust-Agder og Vest-Agder. Meirkostnadene i 2017 utgjer om lag 15 mill. kr, og departementet foreslår derfor å auke post 23 med 15 mill. kr.
Vinteren 2017 var prega av særleg mykje snø i fjellet, og det var ein uvanleg lang vinter. I Finnmark blei t.d. sesongen for brøyting avslutta først i starten av juni, og på grunn av sein snøsmelting blei det ståande mykje vatn langs vegane gjennom sommaren. Det har derfor blitt ekstra store kostnader for vinterdrifta. I tillegg har vatnet ført til skadar på vegnettet. Meirkostnadene utgjer om lag 20 mill. kr, og departementet foreslår derfor å auke post 23 med 20 mill. kr.
Overføring av oppgåver til Jernbanedirektoratet
Staten har no samla alle sine initiativ knytt til tenester innan rutedata, reiseplanlegging og elektronisk billettering i det statleg eigde selskapet Entur AS, jf. Prop. 122 S (2015–2016) Tilleggsbevilgninger og omprioriteringer i statsbudsjettet 2016 og Innst. 400 S (2015–2016) og Prop. 126 S (2015–2016) Nokre saker om luftfart, veg, særskilde transporttiltak og jernbane og Innst. 406 S (2015–2016). Samferdselsdepartementet har òg kome til at direktoratsoppgåvene i samband med denne verksemda bør løysast av eitt direktorat. Ansvaret for oppgåvene er lagt til Jernbanedirektoratet frå og med 1. april 2017. Dette inneber at dei oppgåvene som Statens vegvesen tidlegare har utført når det gjeld reiseplanlegging og elektronisk billettering for all kollektivtrafikk, er overført til Jernbanedirektoratet. I samband med dette skal to årsverk overførast frå Statens vegvesen til Jernbanedirektoratet. Samferdselsdepartementet foreslår derfor å redusere løyvinga på kap. 1320 Statens vegvesen, post 23 Drift og vedlikehald av riksvegar, trafikant- og køyretøytilsyn m.m., med 1,1 mill. kr mot ein tilsvarande auke av kap. 1352 Jernbanedirektoratet, post 01 Driftsutgifter, jf. omtale under kap. 1352, post 01.
Realistisk budsjettering av utgifter
På grunn av endra inntektsoverslag på kap. 4320, post 01 Salsinntekter m.m. og post 02 Diverse gebyr, foreslår departementet å auke løyvinga på kap. 1320, post 23, med 98,5 mill. kr, jf. omtale under kap. 4320, postane 01 og 02.
Oppsummering
Departementet foreslår å auke løyvinga på kap. 1320, post 23 Drift og vedlikehald av riksvegar, trafikant- og køyretøytilsyn m.m., med i alt 132,4 mill. kr.
Post 30 Riksveginvesteringar
Endra kostnadsramme for E6 Ekeberg- og Svartdalstunnelen
Prosjektet er omtalt på side 121 i Prop. 1 S (2017–2018) med ei førebels kostnadsramme på 880 mill. 2018-kr og prognose for sluttkostnad på 800 mill. 2018-kr. Det går fram av omtalen at Samferdselsdepartementet på grunn av storleiken på prosjektet ville komme tilbake til Stortinget med endeleg kostnadsramme i nysalderinga av statsbudsjettet for 2017. Prosjektet hadde eit kostnadsoverslag på 590 mill. 2017-kr da det blei starta opp i 2017. Prosjektet har hatt vesentleg kostnadsauke etter at det blei tatt opp til løyving. Kostnadsauken kjem i hovudsak av at overslaget som blei gjort i 2016, i for liten grad tok omsyn til den betydelege generelle uvissa som er knytt til å utbetre gamle tunnelar. Det er ikkje gjort endringar i prosjektet som isolert har auka kostnadene. Prosjektet har til no vore omfatta av fullmakta til å inngå forpliktingar for prosjekt under 500 mill. kr.
Det er inngått kontrakt for heile prosjektet. Uvissa i prosjektet er derfor lågare fordi marknadsuvissa er fjerna. Erfaringane viser at det framleis vil vere uvisse knytt til kostnadene på slike tunneltiltak.
Samferdselsdepartementet foreslår ei kostnadsramme på 860 mill. kr og ei styringsramme på 780 mill. kr, jf. forslag til romartalsvedtak.
Kap. 4320 Statens vegvesen
Post 01 Salsinntekter m.m.
I 2017 er det budsjettert med salsinntekter m.m. på post 01 med 188,4 mill. kr. Prognosen viser at inntektene vil bli høgare enn budsjettert, m.a. på grunn av sal av personlege bilskilt og innbetalingar frå deltakarar i samarbeidsprosjekt. Departementet foreslår derfor å auke løyvinga på kap. 4320, post 01 Salsinntekter m.m., med 21,6 mill. kr, jf. kap. 1320, post 23 Drift og vedlikehald av riksvegar, trafikant- og køyretøytilsyn, med forslag om tilsvarande auke av utgiftene.
Post 02 Diverse gebyr
I 2017 er det budsjettert med inntekter frå diverse gebyr på 423,1 mill. kr. Volum for tenestene med gebyr blir høgare enn det som var lagt til grunn i budsjettet for 2017, dvs. om lag på same nivå som i 2016. På denne bakgrunn foreslår departementet å auke løyvinga på kap. 4320, post 02 Diverse gebyr, med 76,9 mill. kr, jf. kap. 1320, post 23 Drift og vedlikehald av riksvegar, trafikant- og køyretøytilsyn m.m., med forslag om tilsvarande auke av utgiftene.
Kap. 1323 Vegtilsynet
Post 01 Driftsutgifter
Vegtilsynet blei oppretta som eigen etat i 2017. Det viser seg at tilsynet vil få lågare utgifter enn lagt til grunn, m.a. er det lågare lønsutgifter på grunn av permisjonar og ledige stillingar og mindre bruk av konsulenttenester. Departementet foreslår å redusere løysinga på kap. 1323, post 01 Driftsutgifter, med 1,5 mill. kr.
Kap. 4322 Svinesundsforbindelsen AS
Post 90 Avdrag på lån
I 2017 er det budsjettert med 190 mill. kr i avdrag på lånet til Svinesundsforbindelsen AS, men det er blitt betalt 195,9 mill. kr. Årsaka til auken er at det er meir innbetalt i bompengar enn budsjettert, og at renteutgiftene er blitt mykje lågare, jf. omtale under kap. 5624, post 80 Renter. Departementet foreslår derfor å auke løyvinga på kap. 4322, post 90 Avdrag på lån, med 6 mill. kr.
Kap. 5624 Renter av Svinesundsforbindelsen AS
Post 80 Renter
Det er i 2017 budsjettert med 20 mill. kr i renter på lånet til Svinesundsforbindelsen AS. Fastrenteavtalane for låna blei avslutta høvesvis 31. desember 2016 og 30. juni 2017. Innbetalte renter for første halvår utgjer 4,9 mill. kr. For andre halvår er det venta om lag 1,7 mill. kr i renter, med ei rente på om lag 1 pst. Dette vil gi ei samla betaling på om lag 6,7 mill. kr. Departementet foreslår derfor å redusere løyvinga på kap. 5624, post 80 Renter, med 13,3 mill. kr.