3 Høyring
3.1 Høyringsnotat
Departementet sende 8. oktober 2019 ut eit høyringsnotat med forslag til endringar i deltakarlova og havressurslova – oppfølging av Meld. St. 32 (2018–2019) Et kvotesystem for økt verdiskaping. Departementet sette ein frist for høyringsfråsegner til 3. desember 2019.
Hovudtemaet i høyringsnotatet var å foreslå lovendringar som er formålstenlege for å følgje opp dei tiltaka som regjeringa då allereie hadde gjort framlegg om i kvotemeldinga.
Høyringsnotatet vart sendt til følgjande høyringsinstansar:
Fiskeridirektoratet
Fjordfiskenemnda
Miljødirektoratet
Regelrådet
Sametinget
Akershus fylkeskommune
Aust-Agder fylkeskommune
Finnmark fylkeskommune
Hordaland fylkeskommune
Møre og Romsdal fylkeskommune
Nordland fylkeskommune
Rogaland fylkeskommune
Sogn og Fjordane fylkeskommune
Telemark fylkeskommune
Troms fylkeskommune
Trøndelag fylkeskommune
Vest-Agder fylkeskommune
Vestfold fylkeskommune
Østfold fylkeskommune
Innovasjon Norge
Det norske maskinistforbund
Finans Norge
Fiskekjøpernes forening
Fiskeri- og havbruksnæringens forskningsfond
Hovedorganisasjonen Virke
Kommunesektorens organisasjon
Landsorganisasjonen i Norge
Norges Fiskarlag
Norges Kystfiskarlag
Norges Råfisklag
Norges Sildesalgslag
Norsk Industri
Norsk nærings- og nytelsesmiddelarbeiderforbund
Norsk Sjømannsforbund
Norsk Sjøoffisersforbund
Næringslivets hovedorganisasjon
Pelagisk Forening
Rogaland Fiskesalgslag
Sjømat Norge
Sjømatbedriftene
Sunnmøre og Romsdal Fiskesalslag
Vest-Norges Fiskesalslag
3.2 Høyringsfråsegner
Departementet har motteke fråsegner frå følgjande høyringsinstansar:
Fiskeridirektoratet
Regelrådet
Sametinget
Lofotrådet
Finnmark fylkeskommune
Møre og Romsdal fylkeskommune
Troms fylkeskommune
Vestland fylkeskommune
Viken fylkeskommune
Hammerfest kommune
Lebesby kommune
Vadsø kommune
Vardø kommune
Advokatforeningen
Det norske maskinistforbund
Ervik kystfiske
Fiskarlaget Nord
Fiskebåt
Fiskekjøpernes forening
Hasvik Arbeiderparti
Landsorganisasjonen i Norge
Møre og Romsdal Fiskarlag
Nordland Fylkes Fiskarlag
Norges Fiskarlag
Norges Kystfiskarlag
Norges Råfisklag
Pelagisk Forening
Sjømat Norge
Sjømatbedriftene
Følgjande høyringsinstansar har svart at dei ikkje har merknader:
Fiskeri- og havbruksnæringens forskningsfond
3.3 Generelt om høyringsfråsegnene og prosessen
Departementet har teke imot høyringsfråsegner frå totalt 28 høyringsinstansar.
Fleire av høyringsinstansane har nytta høvet til å ta oppatt tidlegare fråsegner om kvotemeldinga. Departementet har berre i avgrensa grad vurdert høyringsfråsegner om tiltaka i kvotemeldinga, dersom dei har interesse for utforminga av lovteksten.
Ei rekke høyringsinstansar har i ulik grad kritisert tidspunktet for høyringa av lovforslaga. Fleire gjev uttrykk for at høyringa burde vente til etter at Stortinget har handsama kvotemeldinga, og at det er vanskeleg å vurdere dei ulike lovforslaga før ein kjenner utfallet av handsaminga i Stortinget. Mellom dei høyringsinstansane som i ulik grad gjev uttrykk for skepsis til prosessen, finn vi Sametinget, Norges Fiskarlag, Norges Kystfiskarlag, Sjømat Norge, Pelagisk Forening, Fiskekjøpernes forening, Landsorganisasjonen i Norge, Det norske maskinistforbund, Vestland fylkeskommune, Møre og Romsdal fylkeskommune, Vardø kommune og Lebesby kommune. Enkelte høyringsinstansar ønskte dessutan å utsetje lovarbeidet til etter at Riksrevisjonen har lagt fram konklusjonane frå si undersøking av kvotesystemet i kyst- og havfisket.
Departementet har ikkje funne grunn til å utsetje høyringa av lovendringane til etter Stortinget si handsaming av kvotemeldinga eller no ha ei ny høyring av dei endringane det her vert gjort framlegg om. Ein viser til at lovforslaga er ei teknisk oppfølging av forslag til tiltak som er presenterte i kvotemeldinga, og som allereie har vore gjenstand for alminneleg høyring gjennom departementet si høyring 16. desember 2016 av NOU 2016: 26 Et fremtidsrettet kvotesystem og departementet sitt høyringsnotat 23. mars 2018 om rolla til sjarkflåten i eit framtidsretta kvotesystem.
Departementet har likevel funne grunn til å vente med å leggje fram lovproposisjonen til etter Stortinget si handsaming av kvotemeldinga, slik at ein kan utelate frå proposisjonen dei tiltaka i kvotemeldinga som Stortinget ikkje har slutta seg til. Ein praktisk konsekvens av dette er dessutan at lovforslaget vert lagt fram etter at Riksrevisjonen 28. april 2020 offentleggjorde konklusjonane frå si undersøking av kvotesystemet i kyst- og havfisket.
3.4 Sametinget si rolle
Sametinget har i brev 21. februar 2020 gjeve ei forsinka høyringsfråsegn der dei føreset at saka vert følgd opp med konsultasjonar.
Departementet har gjennomført konsultasjonar med Sametinget i forkant av at framlegginga av kvotemeldinga. Dette er omtala nærare i kvotemeldinga kapittel 7.6. Departementet har derimot ikkje funne grunnlag for å gjennomføre konsultasjonar med Sametinget om sjølve lovforslaget då dette etter vår vurdering openbert fell utanfor konsultasjonsplikta. Lovforslaget er ei teknisk oppfølging av dei tiltaka i kvotemeldinga som krev lovendring, og som Stortinget har sluttet seg til. I og med at vi konsulterte om tiltaka i meldinga, kan vi ikkje sjå at lovforslaget i seg sjølv rører ved samiske interesser på ein slik måte at det oppstår ei konsultasjonsplikt. Departementet har informert Sametinget om dette i eit eige brev.