7 Merknader til lovforslaga
7.1 Deltakarlova § 5 a – krav til bustad
Denne føresegna regulerer krav til bustad for mannskap på fiskefartøy. Føresegna har ein referanse til lov 17. juni 1966 nt. 19 om forbud mot at utlendinger driver fiske m.v. i Norges territorialfarvann § 4. Denne lova er no oppheva, og den nemnde føresegna er erstatta av havressurslova § 23 b fjerde ledd. Departementet legg på denne bakgrunnen opp til å oppdatere referansen.
7.2 Deltakarlova § 12 – fiskeriløyve
Denne føresegna regulerer den nye ordninga med felles fiskeriløyve og følgjer opp tiltaket i kvotemeldinga kapittel 3.1.1 om å erstatte årlege deltakarrettar og spesielle løyve (konsesjonar) med eit slikt felles fiskeriløyve. Føresegna kjem i staden for føresegnene i gjeldande deltakarlov §§ 12–15 om spesielle løyve og føresegnene i gjeldande deltakarlov § 21 om årlege deltakaravgrensingar i den utstrekning dei er relevante for deltakarrettar (deltaking i lukka fiskeri).
Første ledd gjev departementet kompetanse til å gje forskrift om krav om fiskeriløyve for å delta i enkeltfiskeri. Lovteksten gjev ikkje føringar på kva for fiskeri som skal vere underlagde krav om ervervsløyve, i motsetning til gjeldande deltakarlov § 12 der utgangspunktet er at det berre skal gjelde eit krav om konsesjon for havfiskefartøy. Første ledd legg såleis til rette for at både fiskeria som i dag er konsesjonsregulerte (i hovudsak havfiskeri), og fiskeria som i dag er lukka og underlagde årlege deltakaravgrensingar (i hovudsak kystfiskeri), kan verte regulerte med fiskeriløyve i tråd med det som kvotemeldinga legg opp til. Departementet kan stille krav om fiskeriløyve i opne fiskeri i tillegg til lukka fiskeri, på same måte som vi i dag kan stille krav om konsesjon uavhengig av om fiskeriet er lukka eller ikkje. Til dømes gjeld det i dag krav om konsesjon for å delta i fangst av snøkrabbe og i fangst av raudåte utanfor dybdekoten på 1000 meter, sjølv om desse fiskeria i dag ikkje er regulerte med lukka gruppe.
Når kravet om konsesjon i utgangspunktet ikkje lenger vil vere knytt til om fartøyet er havfiskefartøy, vil det heller ikkje vere nødvendig å føre vidare føresegna i deltakarlova § 12 andre ledd om at kongen kan gje nærare føresegner i forskrift om kva som er å rekne som havfiskefartøy og fastsetje krav om spesielt løyve for å nytte andre fartøy enn havfiskefartøy til ervervsmessig fiske og fangst. Dette er naturlegvis ikkje til hinder for å vidareføre skiljet mellom havfiskefartøy og kystfiskefartøy som i dag er fastsett i forskrift, og som inneber ei øvre storleiksavgrensing for fartøy i kystfiskeflåten på 500 kbm lasteromsvolum. Regjeringa har ikkje signalisert noka endring i denne storleiksavgrensinga.
Det følgjer vidare av første ledd andre og tredje punktum at departementet kan fastsetje ein nærare definisjon av dei enkelte fiskeria som skal vere underlagde eit slikt krav om fiskeriløyve, og kva artar dei omfattar. Som døme på kva for definisjonskriterium departementet kan bruke, nemner føresegna område, reiskap og fartøystorleik, men denne lista er ikkje uttømmande. Desse definisjonskriteria er alle mykje nytta i dag for å definere rekkevidda til dei ulike konsesjonsgruppene og dei ulike lukka fiskeria som er regulerte med årlege deltakarrettar. Eit døme kan vere fisket etter torsk, hyse og sei nord for 62 grader nord med konvensjonelle reiskapar for fartøy med lasteromsvolum under 500 kbm som er regulert med deltakarretter i lukka gruppe og der alle dei nemnde kriteria er med i definisjonen.
På denne måten legg vi opp til at ein kan føre vidare dei deltakargruppene som finst i dag, og dessutan skiljet mellom havfiskeflåten og kystfiskeflåten. Det vil likevel kunne vere naturleg å slå saman deltakargrupper, til dømes dersom ein slår saman strukturgrupper som er samanfallande med deltakargruppene, jf. at Stortinget har slutta seg til regjeringa sitt forslag i kapittel 3.3.1 i kvotemeldinga om å slå saman strukturgruppene for torsketrålarar og seitrålarar, og strukturgruppene for ringnotfartøy, pelagiske trålarar og nordsjøtrålarar.
Departementet foreslår i høyringsnotatet å nytte omgrepet «fiskeriløyve» om dei nye løyva, medan Advokatforeningen i si høyringsfråsegn foreslår å nytte omgrepet «konsesjon» eller «spesielt løyve» for å skilje det klart frå ervervsløyve. Dei meiner at «fiskeriløyve» kan skape forvirring fordi det etter omstenda kan vere uklart om ein også inkluderer ervervsløyvet eller berre siktar til spesielt løyve/konsesjon.
Departementet meiner det er fleire gode grunnar til å nytte omgrepet «fiskeriløyve». For det første inneber dei nye felles fiskeriløyva noko nytt som kjem til erstatning både for deltakarrettar og for konsesjonar (spesielle løyve) som vi har i dag. Det er derfor naturleg å nytte eit anna namn enn deltakarrett eller konsesjon for å unngå misforståing. For det andre meiner vi i motsetning til Advokatforeningen at namnet skil seg tydeleg frå ervervsløyve, den andre typen av løyve som finst i deltakarlova i dag. Medan eit ervervsløyve gjeld for alle typar ervervsmessig fiske og fangst, uavhengig av kva fiskeri fartøyet tek del i, så gjeld eit fiskeriløyve berre for enkeltfiskeri. Dette går etter vår vurdering tydeleg fram av omgrepet som derfor bør vere godt eigna til å få fram nyansen mellom ervvervsløyve og fiskeriløyve som Advokatforeningen er oppteken av. Slik departementet ser det er det berre omgrepet «fiskeløyve» som det etter omstenda kan vere uklart om omfattar ervervsløyve, og dette har vi ikkje foreslege å nytte i lova. Departementet registrerer dessutan at høyringsinstansane gjennomgåande er positive til å opprette eit nytt felles fiskeriløyve, utan at andre enn Advokatforeningen meiner at omgrepet kan bidra til misforståing.
Andre og tredje ledd inneber ei vidareføring av føresegner om konsesjonar som i dag finst i deltakarlova §§ 12 første ledd andre og tredje punktum og tredje ledd, 13 og 15. Desse lovføresegnene vil heretter gjelde for alle fiskeriløyve. Det nye er dermed at føresegnene vil gjelde for dei lukka fiskeria som i dag er regulerte med deltakarrettar i tillegg til dei konsesjonsregulerte fiskeria, fordi begge vil verte regulerte med fiskeriløyve i nytt system. Dette har i praksis liten verknad fordi tilsvarande reglar for deltakarregulerte fiskerier allereie i dag enten følgjer av den årlege deltakarforskrifta, eller indirekte fordi tilsvarande reglar gjeld for ervervsløyve som i alle tilfelle er eit felles krav for alle fiskefartøy.
7.3 Deltakarlova § 13 – lukka fiskeri
Denne føresegna inneheld reglar om såkalla lukka fiskeri.
Med omgrepet lukka fiskeri siktar vi her til at ein har avgrensa talet på deltakande fartøy i eit fiskeri, gjerne ved at ein stiller krav om ei eller anna form for fiskeriløyve for å delta, og at ein i utgangspunktet ikkje opnar for nytildeling av slike løyve. Slik lukking er i dag gjennomført i dei sentrale kommersielle fiskeria våre.
Omgrepet lukka fiskeri er såleis noko anna enn at eit fiskeri er stengt for fiske, dvs. at ingen kan delta i fiske. Lukking er heller ikkje til hinder for at ein kan ha ei open gruppe i fiskeriet der det ikkje er eit tak på talet på deltakande fartøy. Størstedelen av kvotegrunnlaget vil likevel typisk fordelast på fartøya i lukka gruppe, slik at det har ein klar verdi å vere i denne gruppa. Omgrepet ope fiskeri kan såleis vere ei motsetning enten til lukka fiskeri eller til stengt fiskeri, avhengig av samanhengen.
Departementet vurderer at kapasitets-avgrensing kan vere eit alternativt omgrep til lukking i fiskeriregelverket, men har likevel kome til at lukking og lukka fiskeri er så innarbeidd at vi føretrekkjer å nytte det i lova.
Lukking av fiskeri er eit heilt grunnleggjande element i norsk fiskeriforvaltning og er gjennomført i dei sentrale fiskeria, mellom anna av omsyn til lønnsemda for den enkelte aktøren innanfor berekraftige rammer. I og med at lukking av fiskeri har stor potensiell økonomisk verknad for enkeltaktørane, framstår det som ein naturleg del av rettsutviklinga at eit slikt verkemiddel vert omtala eksplisitt i lova. Ein har både i forarbeida til deltakarlova og forarbeida til havressurslova omtala behovet for lukking i høve til prinsippet om at dei viltlevande marine ressursane ligg til fellesskapet, jf. omtala av retten til ressursane ovanfor i kapittel 4.3.1.
Formålet med føresegna er ikkje primært å gjere endringar i gjeldande rett, men lovfeste overordna prinsipp for lukking av fiskeri slik at lova betre speglar dei grunnleggjande rettsreglane om deltaking i fiske. Vi viser likevel til omtalen nedanfor av dei ulike ledda i føresegna om nokre mindre materielle endringar.
Føresegna er ikkje ei direkte oppfølging av nokre av enkelttiltaka i kvotemeldinga, men må likevel kunne sjåast i samanheng med at ein opprettar eit system med faste kvotefaktorar som vert forankra i deltakarlova § 15, og at ein slår saman konsesjonar og deltakarrettar til ein felles type fiskeriløyve forankra i deltakarlova § 12. Systemet med faste kvotefaktorar vil berre vere direkte relevant for lukka fiskeri, og det nye felles fiskeriløyvet vil i hovudsak gjelde for lukka fiskeri. Begge desse endringane vert forankra i nye føresegner i deltakarlova og inneber derfor at ein i lova bør ta inn eit klarare skilje mellom lukka fiskeri og opne fiskeri. Vi vurderer det derfor som formålstenleg med ei eiga lovføresegn om lukka fiskeri som vil kome i tillegg til deltakarlova § 21 som berre vil gjelde opne fiskeri.
Føresegna fastset uttrykkeleg i første ledd at departementet har kompetanse til å fastsetje at eit fiskeri er lukka. Denne kompetansen for forvaltninga følgjer i dag implisitt av lovheimlane i deltakarlova kapittel III og IV.
Føresegna gjev vidare reglar i andre til fjerde ledd om korleis gå fram når det unntaksvis er aktuelt å auke talet på deltakarar i eit fiskeri som allereie er lukka, og om korleis gå fram for å lukke eit fiskeri som er ope eller i ferd med å opnast etter å ha vore stengt. Føresegna inneber ei vidareføring av deltakarlova § 16 om korleis forvaltninga kan auke talet på deltakarar i konsesjonsregulerte fiskeri, medan føresegnene om korleis ein skal gå fram for å lukke eit fiskeri ikkje tidlegare er lovfesta.
Første ledd slår fast at departementet kan fastsetje i forskrift at eit fiskeri regulert med fiskeriløyve skal vere lukka. Dette inneber i praksis ei vidareføring av departementet sin kompetanse til å lukke eit enkelt fiskeri gjennom innføring av konsesjonsregulering eller anna deltakarregulering. Vi viser til at departementet i dag er delegert kompetanse til å endre konsesjonsforskrifta, og til å fastsetje årlege deltakarforskrifter i medhald av deltakarlova § 21.
Departementet kan såleis ved overgangen til nytt kvotesystem fastsetje forskrift som inneber ei vidareføring av gjeldande lukka deltakargrupper, uavhengig av at ein går frå eit system med konsesjonar og deltakarrettar til eit nytt system med felles fiskeriløyve. Dette vil vere ei naturleg tilnærming i og med at verken kvotemeldinga eller Stortinget legg opp til noko anna med unntak for gruppene for torsketrålarar og seitrålarar, og gruppene for ringnotfartøy, pelagiske trålarar og nordsjøtrålarar, jf. omtale ovanfor i merknadene til § 12.
Ved overgangen til nytt system vil det vidare kunne vere formålstenleg å definere eit fiskeri innanfor rammene av gjeldande lukka gruppe. Til dømes kan ein definere fisket etter sei med not nord for 62 gradar nord for fartøy med lasteromsvolum mindre enn 500 kbm (seinot nord) som eit fiskeri avgrensa til berre å gjelde fartøy med største lengde på eller over 13 meter. I utgangspunktet vil open gruppe då ikkje vere omfatta av fiskeridefinisjonen fordi berre fartøy med ei største lengd under 13 meter kan delta i open gruppe i dette fisket. Uansett bør ein i slike tilfelle regulere open gruppe utan krav om fiskeriløyve og med heimel i § 21. Ei regulering av open gruppe med krav om fiskeriløyve etter § 12 vil vere mest formålstenleg for fiskeri utan parallell lukka gruppe, som i dag er tilfelle for til dømes kvalfangst og snøkrabbe.
Det vil vere mogleg å føre vidare alle dei ulike vilkåra som gjeld for dei ulike deltakargruppene vi har i dag, som vilkår for tildeling av relevant fiskeriløyve i den aktuelle gruppa. Vi vil såleis kunne føre vidare vilkåra som gjeld særskilt for fiskeria som er regulerte med årlege deltakarrettar i medhald av § 21, som vilkår for tildeling av fiskeriløyve i berre desse fiskeria. Eit døme på eit slik vilkår er kravet om registrering i på blad B i fiskarmanntalet for fartøyeigar og høvedsmann for å kunne delta i lukka gruppe i dei ulike kystfiskeria.
Ein konsekvens av å innføre felles fiskeriløyve er at desse særskilde vilkåra for årlege deltakarrettar vil endrast frå å vere ein føresetnad for å ha rett til å delta i fisket (utan at ein treng eit særskilt løyve) til å verte vilkår for tildeling av løyve utan særskild tidsavgrensing. Dette vil mellom anna innebere at om fartøyeigar melder seg ut av fiskarmanntalet etter at nye reglar er på plass, så vil ikkje fartøyet automatisk misse fiskeriløyvet slik det vil misse deltakarretten i dag, men framleis vere tildelt fiskeriløyve inntil ei eventuell forvaltningssak om tilbakekalling av fiskeriløyve har resultert i endeleg vedtak. Dette vil gje fartøyeigar høve til å halde fram med fisket for ei tid etter at vilkåret ikkje lenger er oppfylt og eventuelt rette opp i mangelen før endeleg vedtak om tilbakekalling ligg føre, slik at han ikkje treng å ta ein pause frå fisket.
Andre ledd regulerer når ein skal kunne nytildele fiskeriløyve i eit fiskeri som allereie er lukka. Føregna fører vidare gjeldande § 16 i deltakarlova som gjeld for konsesjonsregulerte fiskeri. Nytt er det at føresegna i tillegg vil gjelde for lukka fiskeri som i dag er regulerte med årlege deltakaravgrensingar i medhald av § 21 i deltakarlova, fordi desse fiskeria i det nye systemet vil vere regulerte med fiskeriløyve i medhald av deltakarlova kapittel III.
Andre ledd rettar seg mot den situasjonen at det er aktuelt å auke det totale talet på fiskeriløyve i eit fiskeri, dvs. nytildeling i eigentleg forstand. Når det er aktuelt å tildele eit fiskeriløyve til erstatning for eit anna fiskeriløyve, dvs. utan at det totale talet på fiskeriløyve i fiskeriet aukar, gjeld ikkje § 13 andre ledd, men føresegna om erstatningstildeling i deltakarlova § 14.
Det følgjer av andre ledd første punktum at kompetansen til å avgjere om ein skal opne for nytildeling i eit fiskeri ligg til departementet. Ei avgjerd om å opne for nytildeling skal etter andre ledd berre kunne skje «etter en vurdering ut fra lovens formål». Meininga med denne formuleringa er å føre vidare innhaldet i deltakarlova § 16, og ho inneber ei reell materiell avgrensing på når departementet kan nytildele. I kva tilfelle departementet har høve til å opne for nytildeling vil avhenge av ei konkret vurdering ut frå formålet til lova, på same vis som etter gjeldande deltakarlov. I fiskeri som har gjennomgått ei jamnleg strukturering ved bruk av strukturkvoteordningar, for å tilpasse talet på fartøy i gruppa til ressursgrunnlaget, vil det normalt vere lite aktuelt med nytildeling av fiskeriløyve etter denne føresegna.
Departementet registrerer at Advokatforeningen meiner at ordlyden i andre ledd første punktum der det står at avgjerda skal skje «etter en vurdering ut fra lovens formål» er tungt språk, og at det er tilstrekkeleg at føresegna berre viser til at departementet kan tildele nye fiskeriløyve for lukka fiskeri. Dei viser vidare til at denne tilføyinga er unødvendig, ettersom fiskeriforvaltninga alltid skal utøve sin skjønskompetanse i samsvar med lovsformålet, og at departementet kan peike på dette i lovforarbeida dersom det er behov for dette.
Departementet er samd med Advokatforeningen i at det er ønskeleg med godt språk i lovteksten. Vi er derimot ikkje samde i at den aktuelle referansen til formålet med lova er overflødig. Referansen er ei vidareføring av formuleringa som står i deltakarlova § 16 i dag, og han har vore forstått av departementet som ei reell avgrensing på kompetansen for forvaltninga til å nytildele til dømes torsketrålkonsesjonar, som ei følgje av at det i fartøygruppa for torsketrålarar har foregått ei jamnleg strukturering ved bruk av strukturkvoteordningar. Det ville ha vore uheldig å fjerne denne formuleringa frå lovteksten fordi det ville ha innebore at ei ønskt avgrensing i høve til nytildeling ville ha forsvunne. Dette gjeld enda meir når ein høyringsinstans som Norges Fiskarlag går inn for å avgrense høvet til nytildeling ytterlegare. Departementet ser det uansett ikkje som formålstenleg å gjere endringar i desse vilkåra for nytildeling utan at dei er gjenstand for ei eiga høyring, jf. at slike endringar ikkje har vore tema i kvotemeldinga eller høyringsnotatet om lovendringar.
Andre ledd andre punktum fører vidare gjeldande § 16 andre ledd som inneber at slik nytildeling berre kan skje etter offentleg utlysing med mindre særlege grunnar tilseier noko anna. Det vil vere departementet som avgjer om ein eventuelt skal unnlate offentleg utlysing når vilkåra for dette er oppfylte. Føregna legg ikkje føringar på korleis ei utlysing skal skje.
Andre ledd tredje punktum stadfestar at lukking av eit fiskeri ikkje er til hinder for at departementet kan opprette ei open gruppe i same fiskeri i medhald av deltakarlova § 21. Dette inneber i og for seg ei vidareføring av gjeldande system. Deltakarlova §§ 12 og 13 inneber såleis at ein opnar for at eit lukka fiskeri med krav om fiskeriløyve kan supplerast både med ei open gruppe utan krav om fiskeriløyve, jf. § 21 og § 13 andre ledd andre punktum, og ei open gruppe med krav om fiskeriløyve, jf. § 12. Det er høve til å avgrense lukka gruppe til dømes til å gjelde ein viss fartøystorleik eller særskilde reiskapar ved å definere fiskeriet etter slike parametrar i medhald av § 12. Det er med andre ord ikkje nødvendig å lage ein eigen definisjon av kva for fiske lukka gruppe omfattar (fartøystorleik, område osv.) fordi dette følgjer direkte av definisjonen av fiskeri i medhald av § 12.
Tredje ledd omtalar korleis gjennomføre lukking av eit fiskeri med tidlegare open deltaking. Føresegna gjev inga uttømmande regulering av korleis lukking skal skje, men slår fast at det i slike tilfelle kan leggjast vekt på om fartøyet har fangsta eit visst kvantum i det aktuelle fiskeriet i ein nærare fastsett tidsperiode. Dette har vore eit avgjerande omsyn ved tidlegare lukkingar, men er i og for seg ikkje rettsleg til hinder for at departementet i framtida kan gjennomføre lukkingar på anna vis, til dømes ved utlysing. Tredje ledd siste punktum presierer at fiskeriløyve som måtte vere tildelte i eit ope fiskeri før lukkinga vert gjennomført, fell bort når ein gjennomfører nytildeling i det lukka fiskeriet. Dette er naturlegvis ikkje til hinder for at ein vidarefører ei eiga open gruppe etter lukkinga, slik som har vore vanleg særleg i kystfiskeflåten. Tredje ledd inneber ikkje nokre materielle endringar i gjeldande rett.
Fjerde ledd slår fast at dersom ein opnar eit fiskeri som tidlegare har vore stengt, og ein regulerer det nye fiskeriet med ei lukka deltakargruppe, så skal ein gjennomføre ei utlysing med mindre særlege grunnar tilseier noko anna. Når fisket tidlegare har vore stengt, gjev det lita meining å leggje vekt på tidlegare fiske, og utlysing framstår som det naturlege alternativet. På same måte som ved auke i talet på fiskeriløyve etter andre ledd, legg fjerde ledd opp til at ein kan unnlate utlysing i særlege tilfelle. Det må avhenge av ei konkret vurdering frå departementet om ein står overfor eit særleg tilfelle i den enkelte saka.
7.4 Deltakarlova § 14 – erstatnings-tildeling av fiskeriløyve i lukka fiskeri
Denne føresegna regulerer erstatningstildeling av fiskeriløyve i lukka fiskeri og erstattar førsegnene i deltakarlova § 17 om tildeling av spesielt løyve til erstatning for tilsvarande spesielt løyve (erstatningstildeling) og § 21 tredje ledd som gjev heimel til å fastsetje tilsvarande forskriftsføresegner om deltakarrettar. Systemet med erstatningstildeling av fiskeriløyve vart lovfesta ved lov 19. juni 2015 nr. 78, jf. Prop. 88 L (2014–2015) Endringer i deltakerloven (tildeling av spesiell tillatelse og adgang til å delta i fiske).
Føresegna fører i hovudsak vidare gjeldande rett og inneber i liten grad ei oppfølging av enkelttiltak i kvotemeldinga. Kvotemeldinga gjev ikkje systemet med erstatningstildeling noko nærare omtale og legg i og for seg ikkje opp til endringar i dette. Det er likevel nødvendig å gjere nokre justeringar i førsegna, mellom anna som følgje av at ein innfører ei ordning med felles fiskeriløyve i staden for konsesjonar og deltakarrettar, og som følgje av at ordninga med kvotefaktorar vert forankra direkte i lova.
Første ledd gjev departementet heimel til å gje forskrift om erstatningstildeling av fiskeriløyve. Føresegna har berre praktisk verknad i fiskeri der talet på fartøy er avgrensa, dvs. lukka fiskeri, og ho er derfor ikkje gjort gjeldande i opne fiskeri, sjølv om dei er regulerte med fiskeriløyve. Det inneber ei formell endring at erstatningstildeling no føreset at departementet fastset ei forskrift, medan det etter nogjeldande § 17 følgjer direkte av lova at departementet kan erstatningstildele konsesjon.
Erstatningstildeling kan etter første ledd bokstavane a–c skje i dei same tre tilfella som etter gjeldande §§ 17 og 21: høvesvis utskifting av fartøy, overtaking av fartøy for fortsett drift og såkalla splitting. På dette punktet inneber lovforslaget inga materiell endring.
Departementet foreslår likevel ei språkleg endring ved at ein tek inn i lovteksten kortnamn på dei tre tilfella nemnde i bokstavane a–c for å bidra til klarare omgrepsbruk. I bokstavane a og b nyttar vi kortnamn som er vanlege å nytte allereie i dag, høvesvis utskifting av fartøy og overtaking av fartøy for fortsett drift. I bokstav c foreslår vi eit omgrep som er mindre nytta av forvaltninga i dag. Bokstav c gjeld erstatningstildeling som følgje av at fartøyeigar eller eigar av anna fartøy gjev opp tilsvarande fiskeriløyve frå anna fartøy. Slik erstatningstildeling har ein gjerne omtala som splitting av konsesjonar eller deltakarrettar etter at det vart lovregulert frå 2015, jf. Prop. 88 L (2014–2015) Endringer i deltakerloven (tildeling av spesiell tillatelse og adgang til å delta i fiske). Departementet foreslår at ein i staden nyttar «flytting av driftsgrunnlag» som kortnamn i lova. Vi presiserer at det etter lova alltid vil vere eit krav om at forvaltninga gjer eit enkeltvedtak før «flytting» kan skje. Vi viser til nærare omtale av denne omgrepsbruken i kapittel 5.2.3.
Andre ledd erstattar andre og tredje ledd i gjeldande § 17 om høvesvis tilsegn om erstatningstildeling før fartøyeigar har erverva erstatningsfartøyet (utskiftingsløyve) og heimel til å fastsetje nærare føresegner i forskrift, mellom anna om avgrensingar i høvet til erstatningstildeling. Andre ledd inneber i seg sjølv ingen materielle endringar i regelverket, og departementet vil framleis fastsetje dei nærare reglane om erstatningstildeling i forskrift. Mellom anna vil departementet kunne føre vidare dei særskilde forboda mot erstatningstildeling ved overtaking av fartøy for fortsett drift og overføring av fiskeriløyve mellom fartøy i dei lukka fiskeria for kongekrabbe og rognkjeks. Departementet vil dessutan med heimel i andre ledd kunne fastsetje forskriftsføresegner som følgjer opp det eine tiltaket i kapittel 3.4.4 i kvotemeldinga, om at gruppeinndelinga etter heimelslengd i kystfiskeflåten vert erstatta av gruppeinndeling etter faktisk lengd. Departementet foreslår å ta inn eit nytt andre ledd andre punktum som slår fast at deltakarlova § 9 gjeld tilsvarande når det er gjeve slik tilsegn (utskiftingsløyve) som nemnd i andre ledd første punktum. Denne føresegna inneber inga endring i gjeldande rett, men det kjem tydelegare fram i lovteksten at endringar i eigarskapen i selskap som er gjeve utskiftingsløyve utan å eige fartøy, ikkje kan gjennomførast utan melding til eller løyve frå departementet i medhald av deltakarlova § 9 eller forskrifter fastsette i medhald av denne.
Tredje ledd omtalar kva som skjer med tildelte kvotefaktorar ved erstatningstildeling av fiskeriløyve som omfattar ei eller fleire kvotefaktorgrupper etter § 15 første ledd. Føresegna er ny i lova og er ei følgje av at ordninga med kvotefaktorar vert eksplisitt forankra i deltakarlova, jf. særleg deltakarlova § 15. Det prinsipielle utgangspunktet etter tredje ledd er at ein ved erstatningstildeling av fiskeriløyve skal fastsetje tilsvarande vedtak om erstatningstildeling av kvotefaktorane som er knytte til fiskeriløyvet, jf. § 15 fjerde ledd andre punktum. Føresegna inneber i realiteten ei vidareføring av gjeldande rett.
7.5 Deltakarlova § 15 – kvotefaktorar
Denne føresegna gjev ulike reglar om kvotefaktorar. I dag inneheld ikkje lova eksplisitte føresegner om kvotefaktorar, men dei er omtala sporadisk i forskrifter fastsette i medhald av havressurslova. Lovføresegna er derfor ny og bør kunne bidra til at regelverket på området vert meir avklart og tilgjengeleg.
Kvotefaktorane spelar ei grunnleggjande rolle i kvotesystemet ved at dei dannar grunnlag for årleg fordeling av kvotar mellom fartøy i dei mest sentrale fiskeria. Kvotefaktorane er knytte til konsesjonar eller deltakarrettar, eller til strukturkvotar dersom konsesjonen eller deltakarretten dei opprinneleg var tilknytte er oppgjeven som følgje av bruk av strukturkvoteordninga. I og med at kvotefaktorane såleis er eit bindeledd mellom deltakarlova og havressurslova, mellom fiskeriløyve og kvotar, legg departementet opp til at dei vert omtala i begge lovene. Føresegnene om oppretting av kvotefaktorgrupper, nytildeling av kvotefaktorar og overføring av kvotefaktorar mellom fartøy høyrer naturleg heime i den nye lovføresegna i deltakarlova § 15, medan føresegner om korleis fastsetje årlege kvotar med grunnlag i tildelte kvotefaktorar naturleg inngår i kvoteføresegnene i havressurslova §§ 11 og 12. Vi viser til kapittel 5.3.3 for ei nærare vurdering av korleis fordele føresegnene om kvotefaktorar mellom deltakarlova og havressurslova.
Dei nye føresegnene om kvotefaktorar i deltakarlova og havressurslova er mellom anna ei oppfølging av at Stortinget har slutta seg til regjeringa sitt forslag om å innføre faste kvotefaktorar, noko som inneber at eit fartøy sin del av disponibel kvote i utgangspunktet minst skal utgjere kvotefaktorane som er tildelte til fartøyet dividert med det totale talet på kvotefaktorar i den aktuelle gruppa. Tiltaket inneber ei forenkling av kvotesystemet ved at fastsetjinga av årleg fartøykvote primært vil avhenge av storleiken på kvotefaktorane tildelte til fartøyet og storleiken på årleg disponibel kvote. Ein treng såleis ikkje lenger ta omsyn til gruppekvotar, heimelslengd, basistonn eller konsesjonskapasitet ved fastsetjing av fartøykvote i lukka gruppe i kvotefaktorregulerte haustingsverksemder.
Første ledd slår fast det grunnleggjande, at departementet har heimel til å gje forskrift om at ei kvoteregulert haustingsverksemd der ein nyttar kvotefaktorar til å fordele kvotar til fartøy, skal utgjere ei kvotefaktorgruppe. Det er ein føresetnad at haustingsverksemda omfattar minst eitt lukka fiskeri. Dersom departementet på denne måten opprettar ei kvotefaktorgruppe, er den viktigaste konsekvensen at kvotefaktorane skal danne grunnlag for tildeling av kvote til fartøy i medhald av havressurslova § 12.
Føresegna gjev dessutan departementet høve til å definere nærare rekkevidda av den enkelte kvotefaktorgruppa. Verken kvotemeldinga eller Stortinget legg opp til endringar i eksisterande kvotegrupper, noko som inneber at dei kan førast vidare i nytt system under namnet «kvotefaktorgrupper» i medhald av første ledd, i den utstrekning ein nyttar kvotefaktorar til å fordele kvotar i den aktuelle gruppa. Dette inneber til dømes at reguleringsgruppa torsk nord for 62 grader nord vil kunne definerast som ei kvotefaktorgruppe, og reguleringsgruppa sei i Nordsjøen og Skagerrak som ei anna kvotefaktorgruppe. Ei enkelt kvotefaktorgruppe vil i praksis gjerne definerast til å gjelde berre eitt fiskeslag og vere avgrensa til eit nærare definert område.
Ein kan merke seg at rekkevidda til kvotefaktorgrupper definerte i medhald av § 15 første ledd, ofte vil kunne avvike frå rekkevidda til fiskeri (deltakargrupper) definerte i medhald av § 12 første ledd. Til dømes vil fiskeria ofte omfatte fleire fiskeslag, til dømes fiske etter torsk, hyse og sei nord for 62 grader nord med konvensjonelle reiskap. Kvotefaktorgruppene vil derimot ofte ikkje vere avgrensa til fartøytypar, som til dømes kystfiskefartøy, slik som enkeltfiskeri etter § 12 gjerne vil vere dersom vi fører vidare gjeldande deltakargrupper.
Føresegna opnar for at forvaltninga ved eit seinare høve kan endre definisjonen av den enkelte kvotefaktorgruppa dersom ein finn det formålstenleg, i medhald av første ledd tredje punktum.
Ved oppretting av ei heilt ny kvotefaktorgruppe etter at denne lovføresegna har teke til å gjelde, vil det vere opp til departementet å avgjere om dei nye kvotefaktorane skal lysast ut offentleg eller ikkje, jf. første ledd fjerde punktum.
Andre ledd pålegg departementet å fastsetje kor mange kvotefaktorar det totalt skal vere i den enkelte kvotefaktorgruppa. Fastsetjing av eit totalt tal på kvotefaktorar i den enkelte gruppa vil vere ein nødvendig føresetnad for det nye systemet med faste kvotefaktorar fordi tildeling av kvote til fartøy etter havressurslova skal ta utgangspunkt i kor stor del av det totale talet på kvotefaktorar det enkelte fartøyet er tildelt.
Andre ledd andre punktum regulerer når det totale talet på kvotefaktorar i ei kvotefaktorgruppe kan aukast. Det klare utgangspunktet må vere at det skal mykje til før det er aktuelt å auke det totale talet på kvotefaktorar. Det naturlege vil vere at same rettslege materielle avgrensing bør gjelde for når departementet kan auke det totale talet på kvotefaktorar, som for når departementet kan nytildele fiskeriløyve i lukka fiskeri etter § 13 andre ledd, dvs. at nytildeling berre kan skje «etter en vurdering ut fra deltakerlovens formål». Dette er ei vidareføring av prinsippet i gjeldande deltakerlov § 16 og inneber i praksis at det skal mykje til å auke talet på kvotefaktorar, jf. omtale av § 13 andre ledd ovanfor.
Lovføresegna presiserer dessutan at endringar i det totale talet på kvotefaktorar pr. gruppe berre kan endrast ved kvoteårsskifte. Det er praktiske grunnar til dette, mellom anna behovet for ei formålstenleg gjennomføring av kvoteutvekslingsordninga i medhald av havressurslova § 14.
Nytildeling av kvotefaktorar i ei allereie eksisterande kvotefaktorgruppe vil kunne skje i samband med nytildeling av fiskeriløyve etter § 13 andre ledd, men det treng ikkje vere slik. Ei nytildeling av fiskeriløyve i eit fiskeri med kvotefaktorregulering vil uansett vanskeleg kunne skje utan at ein samtidig nytildeler kvotefaktorar som kan knytast til dei nye fiskeriløyva. Ved nytildeling av kvotefaktorar i ei allereie eksisterande kvotefaktorgruppe skal dei nye kvotefaktorane lysast ut offentleg med mindre særlege grunnar tilseier noko anna. Det vil vere departementet som avgjer om ein eventuelt skal unnlate offentleg utlysing når vilkåra for dette er oppfylte. Føresegna legg ikkje føringar på korleis ei utlysing skal skje.
Tredje ledd første og andre punktum presiserer at kvotefaktorar kan tildelast fartøy med fiskeriløyve i lukka fiskeri som omfattar den aktuelle kvotefaktorgruppa, og at dei skal vere knytte til eit konkret fiskeriløyve som er tildelt fartøyet. I dette ligg det mellom anna at kvotefaktorar ikkje kan tildelast eit fartøy som ikkje er tildelt fiskeriløyve som omfattar den aktuelle kvotefaktorgruppa. Føresegna inneber vidare at kvotefaktorane rettsleg sett ikkje vil vere ein del av fiskeriløyvet som sådan, men tildelte gjennom eigne enkeltvedtak, sjølv om dei alltid skal vere knytte til eit konkret fiskeriløyve.
Føresegna er likevel ikkje til hinder for at kvotefaktorar for ein avgrensa periode ikkje treng vere knytte til fartøy. Eit døme på dette er at kvotefaktorar kan vere knytte til førehandstilsegn etter § 14 andre ledd (utskiftingsløyve). Slike utskiftingsløyve kan igjen danne grunnlag for løyve til å nytte leigefartøy, noko som i praksis inneber at kvotefaktoren faktisk kan verte fiska på medan han for ein periode ikkje er tildelt eit fiskefartøy. Eit anna døme på dette er når kvotefaktorar vert frigjorde som strukturgevinst når det ved strukturering skjer ei avkorting i kvotefaktorar, eller når ei av tidsavgrensingane i strukturkvoteordningane inntreffer. I slike tilfelle vil det i praksis kunne gå noka tid før forvaltninga fordeler strukturgevinsten slik at kvotefaktoren kan overførast til nytt fartøy. Departementet vil uansett kome tilbake til spørsmålet om fordeling av strukturgevinst etter at vi har utgreidd konsekvensane av Stortinget sitt vedtak 551 (2019–2020) om fordeling av strukturgevinst.
Tredje ledd tredje punktum slår fast at departementet kan gje forskrift om kva som skjer med relevante kvotefaktorar når ei fastsett tidsavgrensing inntreffer, gjerne omtala som fordeling av strukturgevinst. Med tidsavgrensing sikter vi her til at det er stilt vilkår i forskrift eller enkeltvedtak om at ein eller fleire kvotefaktorar på eit framtidig tidspunkt ikkje lenger skal kunne vere tildelt fartøyet. Tidsavgrensingane i gjeldande strukturkvoteordningar på 20 eller 25 år er døme på dette.
Departementet foreslår å ta denne forskriftsheimelen inn i lova som ein konsekvens av at ein innfører faste kvotefaktorar. Faste kvotefaktorar inneber at forvaltninga må fastsetje i forskrift eit totalt tal på kvotefaktorar pr. kvotefaktorgruppe, jf. merknader til deltakarlova § 15 andre ledd ovanfor. Dette inneber at kvotefaktorar ikkje lenger utan vidare kan falle bort, verken permanent eller midlertidig, heller ikkje når tidsavgrensinga inntrer. Føresegna legg såleis til rette for at departementet gjennom forskrift må avklare kva som vil skje med relevante kvotefaktorar når tidsavgrensinga inntreffer, innanfor dei rammene Stortinget set. Vi viser i denne samanheng til Stortinget sitt vedtak 551 (2019–2020) om fordeling av strukturgevinst som departementet vil måtte utgreie konsekvensane av og derfor kome tilbake til.
Fordeling av slik strukturgevinst vil tidlegast kunne skje etter at strukturgevinsten har oppstått, det vil seie etter at relevant tidsavgrensing har inntreft. Avgjerande for korleis ein slik strukturgevinst skal fordelast vil vere kva forskrifta som gjeld på fordelingstidspunktet seier om dette. Ei føresegn i forskrift om fordeling av strukturgevinst vil såleis i seg sjølv ikkje kunne gje reiarlaga noka forventning om framtidig fordeling av strukturgevinst, då dette mellom anna vil kunne avhenge av eventuelle framtidige endringar i forskrift.
Slike tidsavgrensingar for kvotefaktorar kan fastsetjast i samband med nytildeling av kvotefaktorar, og for kvotefaktorar som allereie er tildelte første gongen utan tidsavgrensing. Ordinær strukturering vil vere eit døme på at ein kan fastsetje tidsavgrensing for kvotefaktorar som allereie er tildelt første gongen etter søknad frå fartøyeigar, men det treng ikkje skje etter søknad. Ved eventuell fastsetjing av forskrift om tidsavgrensing for kvotefaktorar som allereie er tildelte første gongen utan tidsavgrensing, vil det kunne vere naturleg å gjere ei konkret vurdering av om aktørane har ei forventning som er verna gjennom avgrensingane i lovgjevingskompetansen i Grunnlova § 97 og Den europeiske menneskerettskonvensjonen (EMK) P 1-1, og dersom ein skulle finne at dei har ei slik forventning, ei vurdering av om den nye tidsavgrensinga vil vere i strid med dette vernet.
Det følgjer av kapittel 3.3 i kvotemeldinga at tidsavgrensingane på 20 eller 25 år skal vidareførast, og Stortinget har slutta seg til dette. I dette ligg det at kvotefaktorane som har sitt opphav i strukturkvotefaktorar i utgangspunktet vil måtte førast vidare i nytt system med tidsavgrensing i medhald av forskrifter fastsette i medhald av tredje ledd.
I tillegg til nemnde tidsavgrensingar på 20 og 25 år, er fleire av kvotefaktorane i dag underlagde ei årleg tidsavgrensing fordi dei er direkte knytte til strukturkvotar eller deltakarrettar som berre gjeld for eitt år om gongen. I nytt system vil i utgangspunktet alle desse kvotefaktorane vere knytte til fiskeriløyve utan tidsavgrensing, og ikkje lenger årlege deltakarrettar, og det vil derfor ikkje lenger vere naturleg å føre vidare systemet med årleg tildeling. Det vil gje ein monaleg positiv verknad at dei årlege tidsavgrensingane som berre gjeld nokre av kvotefaktorane, på denne måten vert avskaffa, og at alle kvotefaktorane med dette vert meir harmoniserte. Opphevinga av dei årlege tidsavgrensningane har ingen verknad for tidsavgrensingane på 20 og 25 år i strukturkvoteordningane som kvotemeldinga legg opp til å føre vidare.
Fjerde ledd gjev departementet heimel til å fastsetje forskrift om løyve til overføring av kvotefaktorar mellom fartøy. Føresegna omfattar både overføring av kvotefaktorar ved bruk av strukturkvoteordninga (strukturering) og overføring av kvotefaktorar utan bruk av strukturkvoteordninga, noko som gjerne vert omtala som splitting av kvotefaktorar i gjeldande regelverk. Dersom overføring av kvotefaktorar mellom fartøy skjer i samband med erstatningstildeling av fiskeriløyve, er det deltakarlova § 14 siste ledd som regulerer overføringa.
Føresegna vil saman med § 15 siste ledd utgjere ny lovheimel for strukturkvoteordningane som i dag er forankra i havressurslova § 14 om spesielle kvoteordningar. Ordningar om utveksling av årlege kvotar, som til dømes samfiskeordninga, vil derimot framleis måtte fastsetjast i forskrifter i medhald av havressurslova § 14.
Føresegna inneber at innhaldet i strukturkvoteordningane og splittingsordningane kan førast vidare i forskrift. Nytt er det likevel at det er kvotefaktorane som er hovudfokus i lovteksten, og ikkje kvoteordningane som sådan, noko som legg til rette for ei meir presis framstilling av det rettslege innhaldet i desse ordningane, som reelt sett dreiar seg om overføring av kvotefaktorar, ikkje om tildeling av kvotar.
Føresegna talar om løyve til «overføring» av kvotefaktorar, og ikkje «erstatningstildeling», i motsetning til kva som gjeld for fiskeriløyve. «Overføring» framstår etter vår vurdering her som eit meir treffande omgrep. Ein vil såleis kunne tale om overføring av kvotefaktorar både ved ordinær bruk av strukturkvoteordningar og ved såkalla splitting.
Føresegna inneber at ein i forskrift kan fastsetje vilkår for å gje løyve for overføring av kvotefaktorar, noko som inneber at alle dei materielle vilkår for strukturering og splitting som gjeld i dag kan førast vidare i forskrift, og med dei justeringane i strukturkvoteordningane som Stortinget har vedteke, som til dømes endra avkortingssats ved strukturering, jf. kapittel 3.3 i kvotemeldinga. Omgrepet «løyve» inneber vidare at strukturering og splitting ikkje kan skje utan etter at forvaltninga gjennom enkeltvedtak gjev nødvendig løyve til reiarlaget eller reiarlaga.
Femte ledd gjev departementet kompetanse til å gje forskrift med nærare reglar om tildeling av kvotefaktorar. Føresegna gjev såleis departementet høve til å vidareføre gjeldande føresegner om kvotefaktorar som er fastsette i forskrift, mellom anna føresegner om kvotetak, slik som kvotemeldinga legg opp til. Føresegna legg dessutan til rette for innføring av den nye gruppeinndelinga i kystfiskeflåten basert på faktisk lengd, ved at ho opnar for å knyte den enkelte kvotefaktoren til ei nærare definert fartøygruppe.
7.6 Deltakarlova § 18 – bortfall og tilbakekalling av fiskeriløyve mv.
Denne føresegna gjeld bortfall og tilbakekalling av fiskeriløyve i enkeltsaker. Ho erstattar gjeldande § 18 i deltakarlova som gjeld bortfall og tilbakekalling av konsesjonar i enkeltsaker.
Føresegna fører i hovudsak vidare gjeldande § 18, men det er gjort enkelte tekniske justeringar i første ledd som følgje av forslaget i kvotemeldinga om å erstatte konsesjonar og deltakarrettar med fiskeriløyve, og som følgje av forslaget om å omtale systemet med kvotefaktorar i lova.
Første ledd første punktum slår fast at eit fiskeriløyve fell bort dersom erversløyvet for fartøyet fell bort eller vert kalla tilbake. Dette følgjer av at ein ikkje kan tildele fiskeriløyve utan at ervervsløyve ligg føre, jf. § 12 tredje ledd andre punktum. Det er deltakarlova §§ 10 og 11 som regulerer når ervervsløyve fell bort og når ervervsløyve skal eller kan kallast tilbake. Departementet foreslår ingen endringar i §§ 10 og 11.
Føresegna inneber ei endring i høve til gjeldande § 18 ved at ho gjeld for fiskeriløyve i staden for konsesjonar og såleis i praksis vil få verknad for fiskeriløyve med opphav i deltakarrettar i lukka gruppe i nogjeldande system. I praksis medfører likevel ikkje dette noka større endring i gjeldande rett då det følgjer av deltakarforskrifta som er fastsett i medhald av § 21 at fartøy berre kan ha deltakarrett i lukka gruppe så lengde dei er registrerte i merkeregisteret. Registrering i merkeregisteret føreset at fartøyet er tildelt ervervsløyve.
Første ledd andre punktum slår fast at departementet kan gje forskrift om bruken av kvotefaktorar som er knytte til fiskeriløyvet som fell bort eller vert kalla tilbake. Føresegna er ny i lova og ei følgje av at systemet med kvotefaktorar vert omtala i den nye lova. Ho er ein logisk konsekvens av at ein innfører faste kvotefaktorar som inneber at det totale talet på kvotefaktorar ligg fast. Kvotefaktorar kan derfor ikkje falle bort slik som fiskeriløyve kan.
Andre ledd slår fast at reglane som gjeld for bortfall og tilbakekalling av erversløyve i enkeltsaker gjeld tilsvarande for fiskeriløyve. Føresegna inneber ei endring i høve til gjeldande rett ved at ho gjeld for fiskeriløyve uavhengig av om dei har sitt opphav i konsesjonar eller deltakarrettar, medan ho i gjeldande system berre har hatt direkte verknad for konsesjonar. Føresegna inneber at det i enkeltsaker kan vere aktuelt å kalle tilbake fiskeriløyve utan at tilsvarande skjer for ervervsløyve tildelt same fartøy.
7.7 Deltakarlova § 19 – tilbakekalling av alle fiskeriløyve i eit fiskeri
Denne føresegna gjeld tilbakekalling av ei heil gruppe fiskeriløyve, det vil seie alle fiskeriløyve i eit fiskeri. Ho er ei vidareføring av gjeldande § 19 om tilbakekalling og avgrensing av ei heil gruppe konsesjonar i eit fiskeri.
Føresegna er i hovudsak ei vidareføring av gjeldande § 19, men det er gjort enkelte tekniske justeringar i første ledd som følgje av forslaget i kvotemeldinga om å erstatte konsesjonar og deltakarrettar med fiskeriløyve, og som følgje av forslaget om å omtale systemet med kvotefaktorar i lova. I tillegg foreslår departementet å flytte kompetansen til å gjere vedtak etter føresegna frå kongen til departementet i tråd med at det er lagt opp til at departementet skal ha vedtakskompetansen etter alle føresegnene i lova, jf. omtale i kapittel 5.1.1–5.1.3.
Første ledd slår fast at departementet gjennom enkeltvedtak kan kalle tilbake alle fiskeriløyve i eitt eller fleire fiskeri. I dette ligg det at eit slikt tilbakekallingsvedtak vil vere eit enkeltvedtak, ikkje ei forskrift, fordi det vil måtte gjelde ein avgrensa krets av fartøyeigarar, jf. forvaltningslova § 2 første ledd bokstav b.
Føresegna gjeld i dag berre for konsesjonar, noko som medfører at ny føresegn får eit vidare verkeområde ved at ho gjeld tilbakekalling av alle fiskeriløyve både i fiskeri som i dag er regulerte med konsesjonar, og fiskeri som i dag er regulerte med deltakarrettar. Ein kan likevel oppnå det same resultatet i dag i fiskeri som er regulerte med deltakarrettar dersom ein ikkje fører vidare lukka gruppe i den årlege deltakarforskrifta som er fastsett i medhald av deltakarlova § 21. Ut over dette er det ingen materielle endringar i føresegna.
Føresegna gjev departementet ein vid kompetanse til å kalle tilbake alle fiskeriløyve i eitt eller fleire fiskeri og kan såleis potensielt ha som verknad for reiarlaga at fartøyet deira misser heile eller store delar av driftsgrunnlaget. I praksis har føresegna berre vore nytta til nødvendige tekniske justeringar i konsesjonssystemet som ikkje har medført nemneverdige endringar i driftsgrunnlaget for fartøya. Føresegna vil kunne verte meir aktuell når årlege deltakarrettar vert erstatta med felles fiskeriløyve, på den måten at forvaltninga ikkje lenger vil ha høve til å la vere å føre vidare deltakargruppene ved den årlege forskriftsfastsetjinga i medhald av deltakarlova § 21.
Andre ledd slår fast at departementet kan avgrense alle fiskeriløyve i eit fiskeri ved å endre definisjonen av fiskeriet i medhald av § 12 første ledd, til dømes til eit snevrare geografisk område eller til eit mindre omfang av typar fiske og fangst. Føresegna er ei vidareføring av gjeldande føresegn i § 19 første ledd andre punktum. I og med at fiskeriløyve i nytt system vil vere knytte til eit konkret fiskeri som vil kunne vere definert i medhald av § 12, vil det vere naturleg at ei avgrensing av alle fiskeriløyve i eit fiskeri skjer gjennom ei endring av den fastsette fiskeridefinisjonen. Det er derfor naturleg at den nye føresegna viser til heimelen for å definere fiskeri i § 12.
Tredje ledd er ei ny føresegn om moglege konsekvensar for relevante kvotefaktorar ved tilbakekalling av alle fiskeriløyve i eit fiskeri og ved avgrensing av alle fiskeriløyve i eit fiskeri. Føresegna gjev departementet kompetanse til å gje forskrift om bruken av aktuelle kvotefaktorar ved tilbakekalling eller avgrensing av alle fiskeriløyve i eit fiskeri etter første eller andre ledd, dersom det skulle oppstå behov i det enkelte tilfellet. Dette vil måtte avhenge av ei konkret vurdering der departementet mellom anna kan ta omsyn til at ei kvotefaktorgruppe etter § 15 gjerne har eit anna sakleg verkeområde enn eit fiskeri som er regulert med fiskeriløyve etter § 12.
7.8 Deltakarlova § 21 – avgrensingar i retten til å ta del i enkelte fiskeri
Føresegna gjev departementet heimel til å regulere deltakinga i opne fiskeri og i open gruppe i fiskeri som er lukka.
Føresegna er i og for seg ei vidareføring av gjeldande § 21 i deltakarlova, men med fleire endringar, mellom anna fordi føresegna berre vil gjelde deltaking i opne fiskeri og open gruppe, og ikkje lenger årlege deltakarrettar i lukka gruppe som i dag. Dette er ei følgje av forslaget i kvotemeldinga om å innføre nye felles fiskeriløyve til erstatning for konsesjonar og deltakarrettar. Fiskeriløyve som erstattar årlege deltakarrettar i lukka gruppe vil vere regulerte i § 13 om lukking av fiskeri. I praksis inneber dette at føresegnene i nogjeldande første ledd siste punktum om avgrensingar i talet på fartøy og i tredje ledd om erstatningstildeling ikkje lenger vil finnast i § 21, men i §§ 13 og 14 om høvesvis lukka fiskeri og erstatningstildeling.
Kvotemeldinga legg opp til fleire endringar i opne grupper i kapittel 3.5 om rekruttering til fiskerinæringa, og ho drøfter kva som bør vere formålet med open gruppe. Dei foreslegne tiltaka gjeld likevel i liten grad reglane om kven som skal kunne delta i open gruppe og krev i og for seg ikkje at ein gjer endringar i lovheimelen i § 21.
Første ledd gjev departementet kompetanse til å gje forskrift om vilkår for å kunne delta i fiskeri der det ikkje er krav om fiskeriløyve etter § 12, og vilkår for å kunne delta utan fiskeriløyve i open gruppe i fiskeri med krav om fiskeriløyve. Føresegna gjev dessutan fleire døme på krav som kan stillast i forskrift, på same måte som i gjeldande lov.
Første ledd inneheld enkelte endringar i gjeldande første ledd, utover det som følgjer av at lukka fiskeri ikkje lenger er omfatta av § 21.
For det første gjeld det ikkje lenger ei avgrensing om at forvaltninga berre kan fastsetje forskrift for eitt år om gongen. Denne endringa er ei følgje av at forskrifter om lukka gruppe ikkje lenger vil ha ei slik tidsavgrensing fordi dei vil inngå i forskrifter om fiskeriløyve. Departementet vurderer det som naturleg at lovheimelen for deltaking i open gruppe ikkje vil vere til hinder for ei mogleg framtidig harmonisering mellom dei ulike forskriftene om deltaking i fiskeria i kystfiskeflåten, og lova bør derfor ikkje stille ei absolutt tidsavgrensing på forskrifter om deltaking i open gruppe. Dette er naturlegvis ikkje til hinder for at departementet likevel kan fortsetje med å fastsetje forskrifter om deltaking i open gruppe for eit år om gongen slik som vi gjer i dag, eller gjennomføre endringar i forskrifta i løpet av kvoteåret etter alminneleg høyring dersom omstenda skulle tilseie det. Opphevinga av tidsavgrensinga i lova treng såleis ikkje medføre endringar i rammevilkåra for den enkelte aktøren, men dette gjer det likevel mogleg å gje meir stabile og føreseielege vilkår også i open gruppe.
For det andre inneheld ikkje føresegna lenger ei avgrensing om at forvaltninga berre kan fastsetje forskrift om deltaking i open gruppe eller opne fiskeri dersom omsynet til ressursforvaltninga, avviklinga av fisket eller lønnsemda i fisket gjer det nødvendig. Dette kravet om at tiltaket skal vere nødvendig har vore forstått som at tiltaket må vere formålstenleg for å oppnå ei eller fleire av målsettingane som er nemnde i lova. Departementet meiner derfor at omgrepet «nødvendig» kan vere misvisande og foreslår å fjerne det frå lova for å få ein meir treffande ordlyd. Dette vil dessutan bidra til harmonisering av lovføresegnene om deltaking i opne grupper i kystfiskeria i § 21 og lovføresegnene om fiskeriløyve for deltaking i lukka grupper i kystfiskeria i §§ 12 og 13.
For det tredje gjev første ledd kompetanse direkte til departementet til å fastsetje forskrifter, noko som inneber ei endring i høve til gjeldande lovføresegn som gjev kompetanse til kongen. Endringa har i liten grad praktiske konsekvensar då kongen uansett gjennom eit eige vedtak har delegert forskriftskompetansen etter gjeldande lovføresegn til departementet.
Andre ledd inneheld ytterlegare døme på kva for vilkår forskrifta kan fastetje og inneber hovudsakleg mindre språklege endringar i høve til gjeldande føresegn. For fangst av kongekrabbe inneber føresegna ei endring i ordlyden ved at ho presiserer at det i forskrifta kan skiljast etter kvar fartøyeigar er busett i tillegg til etter kvar fartøyet er registrert. Denne endringa inneber inga endring i gjeldande rett då ein alltid har forstått føresegna slik at ho opnar for å skilje etter bustad, men endringa bidrar til at ordlyden i lova vert meir treffande.
Tredje ledd inneber ei vidareføring av nogjeldande fjerde ledd, jf. at nogjeldande tredje ledd gjeld erstatningstildeling i lukka gruppe som er foreslått regulert i § 14. Føresegna vart vedteken av Stortinget ved lov 21. september 2012 nr. 66 og gjev personar busette i eit særskilt område ein rett til å delta i open gruppe. Ho er ei oppfølging av det såkalla kystfiskeutvalet, jf. Prop. 70 L (2011–2012) Endringar i deltakerloven, havressurslova og finnmarksloven.
Tredje ledd definerer det særskilde området ved å vise til fleire enkeltkommunar i Troms forutan dei geografiske områda Finnmark, Troms og Nordland, utan å nemne omgrepet fylkeskommune. Ingen av dei nemnde primærkommunane har vore gjenstand for kommunesamanslåing etter at føresegna vart vedteken i 2012. Finnmark, Troms og Nordland er å forstå som dei områda som utgjorde fylkeskommunane Finnmark, Troms og Nordland per 31. desember 2019. Det er derfor ikkje behov for å endre føresegna som følgje av dei endringane som i den seinare tida har funne stad i den norske kommunestrukturen.
Kvotemeldinga legg ikkje opp til endringar i denne føresegna. I denne lovproposisjonen legg vi berre opp til ei teknisk justering i referansen i tredje ledd første punktum som følgje av at lukka gruppe vert regulert i deltakarlova kapittel III i staden for kapittel IV.
7.9 Deltakarlova § 31 – straff
Forslaget til endringar i deltakarlova § 31 inneber ei oppdatering av referansane til kva for føresegner i lova som er underlagde trugsmål om straff. I praksis inneber dette at ein foreslår å oppheve referansen til deltakarlova § 15 fordi dei aktuelle føresegnene som skal vere underlagde straffetrussel vert flytta frå § 15 til § 12 som det allereie er referert til i straffeføresegna. Dei aktuelle førsegnene som vert flytta går ut på at fiskeriløyvet (tidlegare det spesielle løyvet) ikkje gjev rett til å nytte anna fartøy enn det fartøyet som er tildelt det aktuelle løyvet, forutan at andre enn den fysiske eller juridiske personen som har løyvet for fartøyet (eigaren av fartøyet) ikkje utan eige løyve kan drive fiske eller fangst med fartøyet.
7.10 Havressurslova § 11 – nasjonal kvote, disponibel kvote, restkvote mv.
Føresegna regulerer fastsetjing av nasjonal kvote, disponibel kvote, restkvote og andre kvotar som ikkje er fordelte til enkeltfartøy.
Vi legg opp til fleire endringar i føresegna, mellom anna som følgje av forslaget til tiltak i kvotemeldinga kapittel 3.1.2 som Stortinget har slutta seg til, om å opne for at det enkelte fartøyet sin del av disponibel kvote skal gå fram av kvotefaktorar som er tildelte til fartøyet. Andre endringar i føresegna har som grunngjeving eit ønske om å forenkle og korte ned føresegna.
Første ledd slår mellom anna fast at departementet kan gje forskrift om nasjonal kvote som utgjer eit største tillate uttak for viltlevande marine ressursar, at nasjonal kvote skal fastsetjast for konkrete tidsrom, og at nasjonal kvote utgjer ei øvre grense for den totale mengda kvotar som kan tildelast etter §§ 11 og 13. Det er ikkje synt til § 12 fordi ein gjennom fordeling av kvotar til enkeltfartøy, til dømes ved overregulering, kan fastsetje kvotar som til saman overstig nasjonal kvote, sjølv om dette ikkje treng medføre at total fangst overstig nasjonal kvote. Føresegna inneber i så måte ei vidareføring av gjeldande rett og ingen materielle endringar, berre ei forenklande omformulering av siste setning.
Andre ledd gjeld særskild for kvotefastsetjing i kvotefaktorgrupper oppretta i medhald av deltakarlova § 15, høvesvis fastsetjing av disponibel kvote etter andre ledd første punktum og restkvote etter andre ledd andre punktum.
Det følgjer av andre leddførste punktum at departementet skal fastsetje ein disponibel kvote som skal utgjere ein del av nasjonal kvote. Denne føresegna regulerer saman med deltakarlova § 15 femte ledd og havressurslova § 12 høvet mellom kvotefaktorar, disponibel kvote og kvotar tildelte enkeltfartøy. Føresegna er såleis ei av fleire som følgjer opp forslaget i kvotemeldinga kapittel 3.1.2 som Stortinget har slutta seg til, om innføring av faste kvotefaktorar. Dette inneber mellom anna at ein ikkje treng gå vegen om gruppekvotar for å fastsetje årleg kvote for fartøyet.
Føresegna talar derfor ikkje lenger om gruppekvotar, berre disponibel kvote og kvotefaktorar. Dette er likevel ikkje til hinder for at forvaltninga framleis kan velje å gå vegen om gruppekvotar ved fastsetjinga av kvotar til fartøy i haustingsverksemder som ikkje er kvotefaktorregulerte, men i haustingsverksemder med kvotefaktorregulering må fordelinga skje ved bruk av disponibel kvote og kvotefaktorar, jf. omgrepet «skal» i andre ledd første punktum.
Føresegna gjev ikkje føringar på kor stor del av nasjonal kvote den disponible kvoten bør utgjere fordi dette vil kunne variere frå fiskeri til fiskeri. Dette er i og for seg i tråd med situasjonen etter gjeldande rett fordi lova i dag ikkje avgrensar høvet til å setje av ein del av nasjonal kvote til ulike formål. Ved fastsetjing av låg disponibel kvote vil det likevel etter omstenda kunne vere aktuelt å gjere ei konkret vurdering av om aktørar kan ha ei forventning som er verna av Grunnlova § 97 eller Den europeiske menneskerettskonvensjonen (EMK) P 1-1. Dersom ein skulle finne at aktørar har ei slik forventning, vil ein kunne vurdere kva forventninga inneber, men staten vil uansett måtte ha stor fridom til å fastsetje kor stor del av nasjonal kvote den disponible kvoten skal utgjere.
Andre ledd andre punktum gjev nærare føresegner om restkvoten. Med restkvote siktar vi her til den delen av nasjonal kvote som ikkje er disponibel kvote i eit kvotefaktorregulert fiskeri. Føresegna gjev ei kort liste med døme på kva restkvoten kan nyttast til, men lista er ikkje uttømmande. To døme på kva som vil måtte inngå i restkvoten er avsetjing til open gruppe og avsetjing til sports- og rekreasjonsfiske då fiske i desse gruppene ikkje kan basere seg på kvotefaktorar. Vidare vil avsetjing til ekstrakvoteordningar inngå i restkvoten. Det følgjer av kvotemeldinga kapittel 3.7.6 at kvoteavsetjingar til rekrutteringsformål skal hentast frå ekstrakvoteordningar, og at inntil fem prosent av torskekvotane vil kunne avsetjast til ekstrakvoteordningar for særleg å kunne nyttast til å redusere sesongvariasjonar og auke tilgangen til ferskt råstoff for fiskeindustrien. Verken lova eller kvotemeldinga gjev eit rettsleg tak på kor stor del av nasjonal kvote som restkvoten kan utgjere.
Tredje ledd og fjerde ledd fører vidare føresegner om at ein del av nasjonal kvote kan setjast av til distriktskvote, og at forvaltninga kan fastsetje at ein del av nasjonal kvote skal leverast til ein særskild bruk eller i ein særskild tilstand. Departementet legg opp til å føre desse føresegnene vidare med nokre språklege justeringar mellom anna som følgje av at ein ikkje vil gå vegen om gruppekvoten ved fordeling av nasjonal kvote til fartøy i kvotefaktorregulerte fiskeri.
Ein foreslår å oppheve nogjeldande femte ledd som overflødig. Føresegna opnar i dag for at departementet kan fastsetje mellom anna fangstavgrensingar for fartøy som høyrer til i ei fartøygruppe som samla får ei rimeleg fangstordning. Dette er ikkje til hinder for at departementet framleis kan fastsetje fangstavgrensingar for slike fartøy, i og med at føresegna uansett har vore overflødig.
Femte ledd inneber ei vidareføring av nogjeldande sjette ledd. Føresegna gjeld fastsetjing av kvotar for det særskilde området som er omtala i deltakarlova § 21 siste ledd. Ho er ei oppfølging av det såkalla kystfiskeutvalet, jf. Prop. 70 L (2011–2012) Endringar i deltakerloven, havressurslova og finnmarksloven. Kvotemeldinga legg ikkje opp til endringar i føresegna, og departementet foreslår derfor ingen endringar.
7.11 Havressurslova § 12 – kvotar for fartøy
Føresegna regulerer fastsetjing av kvotar for enkeltfartøy.
Føresegna inneheld fleire endringar, hovudsakeleg som følgje av forslaget i kvotemeldinga om innføring av faste kvotefaktorar. Forslaget er forankra i tre nye lovføresegner som ein må sjå på i samanheng: deltakarlova § 15 og havressurslova § 11 andre ledd forutan § 12 andre ledd.
Første ledd gjev heimel til å fastsetje kvotar for enkeltfartøy i kvantum, individ, haustingsdøgn eller andre innsatsfaktorar. Føresegna opnar vidare for at kvotane kan fastsetjast for visse tidsrom eller per tur og for ein bestand eller samla for fleire bestandar. Føresegna er ei uendra vidareføring av nogjeldande første ledd.
Føresegna er ikkje til hinder for at ein kan fordele kvotar mellom fartøy etter andre saklege kriterium, til dømes etter alder. Vi viser i denne samanhengen til forslaget i kvotemeldinga kapittel 3.5.4 om at fartøy i open gruppe som er eigde av fiskarar under 30 år skal få eit kvotetillegg frå gruppekvoten til open gruppe som inngår i restkvoten i medhald av § 11 andre ledd andre punktum.
Andre ledd er ny og regulerer fastsetjing av kvote for fartøy i kvotefaktorgrupper oppretta i medhald av deltakarlova § 15.
Førsegna knyter saman med deltakarlova § 15 og havressurslova § 11 eit avgjerande band mellom kvotar og kvotefaktorar.
Andre ledd første punktum slår fast at i kvotefaktorgrupper oppretta i medhald av deltakarlova § 15 skal kvoten til fartøyet minst utgjere ein del av disponibel kvote som svarer til den delen av det totale talet på kvotefaktorar som kvotefaktorane til fartøyet utgjer.
Føresegna nyttar omgrepet «skal». Dette inneber at departementet må fordele disponibel kvote etter kor mange kvotefaktorar det enkelte fartøyet er tildelt. Føresegna er med andre ord ein del av den rettslege kjernen i forslaget i kvotemeldinga om faste kvotefaktorar, nemleg at det er dei tildelte kvotefaktorane som skal danne grunnlag for årleg tildeling av kvotar. Departementet er såleis avskore frå å fordele ein mindre del av disponibel kvote til det enkelte fartøyet enn kvotefaktorane det er tildelt tilseier.
Formålet med å nytte omgrepet «skal» er å gje reiarlaga som eig fartøy som er tildelte kvotefaktorar større visse med omsyn til kor stor del av disponibel kvote dei vil verte tildelte. Vissa vert likevel moderert av det faktum at § 11 andre ledd ikkje gjev noka rettsleg avgrensing på kor stor del av nasjonal kvote disponibel kvote skal utgjere, jf. omtale av denne føresegna ovanfor.
Føresegna er derimot etter sin ordlyd ikkje til hinder for at departementet kan fastsetje kvotar for fartøya som i sum er større enn disponibel kvote. Dette følgjer av ordlyden der det heiter at fartøykvoten «minst» skal utgjere ein del av disponibel kvote som svarer til den delen dei relevante kvotefaktorane som er tildelte til fartøyet, utgjer av det totale talet på kvotefaktorar i gruppa. Til dømes inneber dette at departementet framleis kan nytte overregulering, dvs. fastsetje kvotar for enkeltfartøy som medfører at den totale mengda kvotar overstig nasjonal kvote. Det kan også vere aktuelt å fastsetje høgre kvote dersom enkelte kvotefaktorar ikkje vert fiska på i løpet av kvoteåret, til dømes dersom det viser seg at alle fartøya ikkje fiskar opp tildelt kvote. Vidare er føresegna ikkje til hinder for tildeling av kvotar til forsking, overvaking, undervisning og praktiske reiskapsforsøk etter § 13, eller tildeling av ekstrakvotar frå ekstrakvoteavsetjinga etter § 11 andre ledd.
Andre ledd andre punktum presiserer at føresegna i andre ledd første punktum ikkje er til hinder for utveksling av kvotar, sjølv om slik utveksling i og for seg kan medføre at fartøyet ender opp med mindre kvote enn tildelte kvotefaktorar tilseier. Føresegna slår dessutan fast at kvoten kan reduserast i medhald av ordning om kvotefleksibilitet over årsskifte fastsett etter første ledd, sjølv om resultatet er mindre kvote enn tildelte kvotefaktorar tilseier. Dette er nødvendig for å kunne vidareføre kvotefleksibilitetsordningar på fartøy- eller gruppenivå, og for å kunne etablere kvotefleksibilitet på fartøynivå i fisket etter torsk, hyse og sei nord for 62 gradar nord i medhald av Stortinget sitt vedtak 553 (2019–2020).
Tredje og fjerde ledd erstattar noverande andre og tredje ledd og inneber ingen materielle endringar, berre forenkling av eit par referansar til andre føresegner.
7.12 Havressurslova § 14 – årleg kvoteutveksling
Føresegna gjev departementet heimel til å fastsetje forskrift om utveksling av årleg kvote.
Føresegna inneber ei monaleg endring av gjeldande § 14 og er ei oppfølging av forslaga til tiltak i kvotemeldinga kapittel 3.2.3 som Stortinget har slutta seg til, om å etablere ei ordning for kvoteutveksling for ut- og innleige av kvotar innanfor eit kvoteår og dessutan etablere ein sjølvfinansierande marknadsplass for å sikre effektiv, transparent og fleksibel kvoteutveksling.
Føresegna vil dessutan kunne tene som lovheimel for andre ordningar som er forankra i gjeldande § 14, til dømes samfiskeordninga. Dette gjeld også for ordningar for kortsiktig kapasitetstilpassing som kvotebytte og slumpfiske, som det kan vere aktuelt å vidareføre fram til ei ny ordning for kvoteutveksling tek til å gjelde. Føresegna vil derimot ikkje lenger kunne tene som lovheimel for ordningar for langsiktig kapasitetstilpassing som har verknad for meir enn eit år om gongen. Dette gjeld til dømes strukturkvoteordningane som i staden vil måtte forankrast i deltakerlova § 15.
Første ledd første punktum slår fast at departementet kan fastsetje forskrift om utveksling av årleg kvote mellom fartøy med ervervsløyve etter deltakarlova kapittel 2. Føresegna gjev ingen tidsavgrensingar på kor lenge forskrifta kan vare, men ho kan berre gjelde utveksling av årleg kvote, noko som i praksis inneber at utvekslingsordninga berre kan gjelde for haustingsverksemder som er regulerte med kvotar, og at sjølve utvekslinga ikkje kan ha verknad for meir enn eitt år. Føresegna er i og for seg ikkje til hinder for utveksling av kvote som varer i fleire år, så lenge utvekslinga ikkje har verknad for meir enn eitt år om gongen.
Føresegna inneber at utvekslingsordninga berre kan gjelde mellom fartøy med ervervsløyve. Kravet om at utvekslinga må vere «mellom fartøy» inneber at føresegna ikkje kan vere heimel for å tillate innleige av kvotar frå til dømes eit generelt utskiftingsløyve.
Formuleringa mellom fartøy «med ervervsløyve» inneber at departementet i forskrifta kan opne for at kvotar kan utvekslast sjølv om dei gjeld haustingsverksemder som ikkje er kvotefaktorregulerte i medhald av deltakarlova § 15, og sjølv om dei gjeld haustingsverksemder som ikkje er underlagde krav om fiskeriløyve etter deltakarlova § 12. Lovheimelen er gjord så vid mellom anna fordi kvotemeldinga i kapittel 3.2.1 legg opp til at det vil vere opp til ei vurdering i forvaltninga kva for haustingsverksemder som kvoteutvekslingsordninga bør gjelde for. Kvotemeldinga er inne på som eit døme at fartøygrupper med overregulering kan hende ikkje vil eigne seg for kvoteutveksling. I samband med utforminga av ei meldingsordning for kvoteutveksling kan det vidare vere formålstenleg å vurdere om det bør vere høve til erstatningstildeling av fiskeriløyve og overføring av kvotefaktorar i løpet av kvoteåret i dei fartøygruppene som meldingsordninga gjeld for.
Bruken av uttrykket «utveksling av … kvote» i første ledd første punktum og «leige» i første ledd andre punktum inneber at forskrifta ikkje treng stille krav om at utveksling må skje etter søknad og enkeltvedtak i forvaltninga, slik som til dømes ved overføring av kvotefaktorar i medhald av deltakarlova § 15 fjerde ledd, og ved erstatningstildeling av fiskeriløyve i medhald av deltakarlova § 14. Departementet vil såleis ved fastsetjing av forskrift om kvoteutveksling stå fritt til å fastsetje at utvekslinga kan skje utan enkeltvedtak frå forvaltninga, til dømes ved ei eller anna form for melding til eller registrering hos forvaltninga om den aktuelle kvoteutvekslinga. Dette vil sikre at forvaltninga kan ha oversikt over kva for fartøy som har høve til å fiske ulike kvotar. Liknande meldingsordningar finn vi i dag i samfiskeordninga og kvotebytteordninga som begge er fastsette i medhald av gjeldande § 14 i havressurslova.
Første ledd andre punktum slår fast at departementet kan fastsetje eit tak på kor stor kvote enkeltfartøy kan leige inn og ut kvart år, og fastsetje andre avgrensingar i retten til å utveksle kvotar. Føresegna er i og for seg overflødig då departementet uansett har kompetanse til å fastsetje slike avgrensingar i medhald av første ledd første punktum, men ho vil likevel kunne bidra til å klargjere at det ikkje er fritt fram for kvoteutveksling. Vi viser i denne samanhengen til at kvotemeldinga i kapittel 3.2 legg opp til at kvoteutvekslingsordninga skal avgrensast til utleige av maksimalt 20 prosent av verdien av kvotane til utleigande fartøy, og til innleige av maksimalt 50 prosent av verdien av kvotane til innleigande fartøy.
Kvotemeldinga legg dessutan opp til at kvoteutveksling ikkje kan verte tillaten på tvers av fartøygrupper, slik at ressursfordelinga kan liggje fast.
Vi presiserer dessutan at utvekslingsordninga gjeld kvotar etter havressurslova kapittel 3, og ikkje kvotefaktorar etter deltakarlova kapittel IV. Det følgjer såleis ikkje direkte av lova at kvoteutveksling må skje innanfor kvotetaka i strukturkvoteordningane i og med at kvotetaka gjeld kvotefaktorar pr. fartøy. Dette vil det vere opp til forskrifta om kvoteutveksling å regulere innanfor dei føringane Stortinget gjev, jf. i denne samanhengen at fleirtalet i næringskomiteen har gjeve uttrykk for at netto innleige som hovudregel skal avgrensast av kvotetaket i dei fiskeria som er omfatta av strukturkvoteordningar, jf. Innst. 243 S (2019–2020) pkt. 2.5.
Andre ledd slår fast at departementet i forskrift kan fastsetje føresegner om gebyr på kvoteutveksling for å finansiere organseringa av utvekslingsordninga, og at skuldig gebyr er tvangsgrunnlag for utlegg. Føresegna legg såleis til rette for etablering av ein marknadsplass som er sjølvfinansierande ved at ein kan leggje eit så stort gebyr på den enkelte utvekslinga av kvotar at det finansierer administrasjonen av marknadsplassen.
7.13 Havressurslova § 23 – omsetningsgrense for sports- og rekreasjonsfiske
Føresegna har i tredje ledd to referansar til føresegner i fiskeriforbodslova som no er oppheva og erstatta av føresegner i deltakarlova og havressurslova. Departementet foreslår å oppdatere desse to referansane.
7.14 Havressurslova § 34 – plikt til å leggje til rette for kontroll om bord i fartøy
Føresegna manglar eit punktum i bokstav h og har eit punktum for mykje i bokstav g. Departementet foreslår å rette opp i dette.
7.15 Havressurslova § 49 – utveksling av opplysningar mellom kontrollstyremakter o.a.
Føresegna har to referansar til «Fiskeri- og kystdepartementet». Departementet legg opp til å endre dette til «departementet» slik at dei to referansane vert samanfallande med andre referansar til departement i lova.
7.16 Havressurslova § 51 – tiltak mot dei som driv eller medverkar til ulovleg, urapportert og uregulert fiske
Føresegna har i andre ledd ein referanse til ei føresegn i fiskeriforbudslova som no er oppheva og erstatta av ei føresegn i deltakarlova. Departementet legg opp til å oppdatere referansen.
7.17 Havressurslova § 66 – havforsking og praktiske reiskapsforsøk
Føresegna gjeld havforskning og praktiske reiskapsforsøk. Departementet legg opp til å rette opp i ein stavefeil i denne føresegna.